Video frå kristne møte: https://www.youtube.com/watch?v=-lzAsRbJBfQ&list=PL_37XqaismMjpMjrkaWkszFl63YEYzT2N

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

2021.09.10-12. Filadelfia Ulsteinvik. Møtehelg ved Mark Wootton.

Jesus er med oss alle dagar, også når ein mann vil finne seg ei kone. Han kallar og leier oss, både i praktisk arbeid, studier og teoretisk arbeid.

Fredag. Få fast føde.

Innleiing.

2.Krøn.16, 9 For Herrens augo fer utover all jorda, så han med si makt kan hjelpa dei som heilhjarta held seg til han. Men i dette har du bore deg uklokt åt; heretter skal du støtt ha krig.»

Tale ved Mark.

Heb.5,11 11 Om dette har vi mykje å seia, men det er vanskeleg å forklara sidan de har vorte så trege til å høyra. 12 Etter så lang tid burde de sjølve vore lærarar, men de treng einkvan som atter lærer dykk dei fyrste og grunnleggjande ting i Guds ord. De må ha mjølk og toler ikkje fast føde. 13 For den som får mjølk, ser ikkje djupt inn i bodskapen om rettferd; han er umogen. 14 Men fast føde er for dei mogne, for dei som med øving har vant sansane til å skilja mellom godt og vondt.

Heb.6,1 Lat oss difor leggja bak oss det vi fyrst lærte om Kristus og skrida fram mot full mognad. Vi vil ikkje på nytt leggja grunnvollen og tala om omvending frå døde gjerningar og om tru på Gud,  2 eller undervisa om reinsingsbad og handspålegging, om oppstoda frå dei døde og den evige domen.  3 På den måten vil vi gå fram, om Gud så vil.
     4 Det er uråd at dei som ein gong har fått ljoset, har smaka den himmelske gåva og fått del i Den Heilage Ande,  5 har smaka Guds gode ord og kreftene som høyrer den komande verda til,  6 og så fell frå, atter kan fornyast til omvending. Dei krossfester sjølve Guds Son på nytt og gjer han til spott.  7 Den jord som drikk regnet som ofte fell på henne, og ber grøde til gagn for dei som dyrkar henne, får velsigning frå Gud.  8 Men den jord som ber torn og tistel, er til inga nytte. Forbanninga er ikkje langt borte, og det endar med at ho vert avsvidd.
    9 Men når det gjeld dykk, kjære vener, er vi visse om at det står betre til, og at de er på frelsevegen, endå vi talar som vi gjer. 10 For Gud er ikkje urettferdig så han gløymer det de har gjort, og den kjærleiken de har synt namnet hans med å tena dei kristne, no som før. 11 Vi ynskjer berre at kvar ein av dykk må vera like ivrig etter å eiga full visse i vona heilt til det siste. 12 Då må de ikkje vera likesæle, men fylgja etter dei som ved tru og tolmod får del i lovnadene.

Profetisk bodskap.

I slutten av møtet var der ein mann som sat langt bak som kom med ein profetisk bodskap. Det kom litt uventa på meg, så eg tok det ikkje opp. Men mykje av det som hadde vorte sagt vart gjenteke, så det verka som ei stadfestingt av det.

Laurdag. Elsk Jesus, hold hans bod og følg han.

Innleiing.

Rom.8,31 Kva skal vi så seia til dette? Er Gud for oss, kven er då imot oss? 32 Han som ikkje sparte sin eigen Son, men gav han for oss alle, kan han anna enn gje oss alle ting med han?

Tale ved Mark.

1.Mos.2,1 Såleis vart himmelen og jorda fullførte med heile sin hær.  2 Den sjuande dagen hadde Gud fullført heile sitt verk. Så kvilte Gud den sjuande dagen etter at han hadde gjort alt dette.  3 Og Gud velsigna den sjuande dagen og lyste han heilag. For den dagen kvilte Gud etter det verk han hadde gjort då han skapte.

Salme.119, 48 Eg lyfter mine hender
        til dine bod, som eg elskar,
        og eg grundar på dine føreskrifter.

    97 Å, kor eg elskar di lov,
        heile dagen er ho i mine tankar.
    98 Dine bod gjer meg visare enn mine fiendar,
        for dei har eg alltid hjå meg.
    99 Eg har større skjøn enn alle mine lærarar,
        for eg grundar på dine lovbod.
    100 Eg skjønar meir enn dei gamle,
        for eg fylgjer dine føresegner.

Profetisk bodskap ved Jarle Nygjerde.

«…. Du skal få ta oppatt igjen din vandring med meg. Jeg har ikkje forlatt deg, sier Herren, jeg går ved din side, jeg vil gå der og jeg har lovt å være med alle dager. Du synst det har vore vanskelig, men vit jeg …. gikk gjennom de vanskelige tider. Men vit, mitt barn, du skal få lov til å gå med meg. Jeg har ikkje fordømt deg for at ikkje du har gjort ditt og gjort datt. Du har vore gjennom mange ting, men så har du ikkje klart det og så ser du på deg sjølv, du klarar ikkje det. Men vit, mitt barn, du klarar alt i meg. Ta oppatt igjen vandringa med meg og du skal få se, jeg skal sette deg over større ting. Det som du synst det var lite, men du skal få oppleve eg vil velsigne det du har fått. Og vandre med meg, se deg ikke tilbake, se deg ikke til side, men se framover, jeg vil gå foran deg, mitt barn. Ja, vit, jeg går ved din side, jeg vandrer ved din gang. Og du skal få lov til å se tilbake, når dette her året er omme, om ikkje jeg har kommt og henta deg, mitt barn, så skal du få se, du skal få sjå merkesteinar i ditt liv. Og du skal få sjå, du skal få gjere erfaring med meg. Ja, mitt barn, begynt på vandringa igjen og du skal få se, du skal få oppleve ei herleg tid, saman med meg. Ja, sier Herren, prøvelser vil komme, men vit og stol på mine løfter og berre hold mine bod, sier Herren og du skal få se det er den riktige veien. Amen.

Aktuelle bibelvers.

Matt.10, 37 Den som har far eller mor kjærare enn meg, er ikkje verd meg. Den som har son eller dotter kjærare enn meg, er ikkje verd meg. 38 Og den som ikkje tek krossen sin og fylgjer etter meg, er ikkje verd meg. 39 Den som vinn livet sitt, skal missa det. Men den som misser livet sitt for mi skuld, skal vinna det!

Matt.16, 24 Same gongen sa Jesus til læresveinane: «Vil nokon vera i lag med meg, må han seia nei til seg sjølv og ta krossen sin opp og fylgja meg. 25 For den som vil berga livet sitt, skal missa det. Men den som misser livet sitt for mi skuld, han skal finna det. 26 Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? Eller kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel? 27 For Menneskesonen skal koma i herlegdomen åt Far sin med englane sine, og då skal han gje kvar og ein lika for det han har gjort. 28 Sanneleg, det seier eg dykk: Somme av dei som står her, skal ikkje smaka døden før dei ser Menneskesonen koma i sitt rike.»

Fil.3,1 Elles mine brør: Gled dykk i Herren! Eg vert ikkje trøytt av å ta det opp att, og det er det tryggaste for dykk.  2 Hald auga med hundane, med dei vonde arbeidarane, dei som skamskjer seg.  3 For det er vi som er dei omskorne, vi som gjer vår teneste ved Guds Ande; vi har vår ros i Kristus Jesus og set ikkje vår lit til oss sjølve.  4 Eg har rett nok det eg kunne setja mi lit til hjå meg sjølv. Om nokon meiner at han kan lita på seg sjølv, kan eg det endå meir.  5 Eg er omskoren på den åttande dagen, er av Israels folk og Benjamins ætt, ein hebrear av hebrearar, i syn på lova ein farisear,  6 så brennande ihuga at eg forfylgde kyrkja, ulastande i mi rettferd etter lova.  7 Men det som var meg ei vinning, det har eg for Kristi skuld halde for tap.  8 Ja, eg held i sanning alt for tap fordi kjennskapen til Kristus Jesus, min Herre, er så mykje meir verd. For hans skuld har eg tapt alt, og eg held det for skrap, så eg kan vinna Kristus  9 og verta funnen i han, ikkje med mi rettferd, den som er av lova, men med den som ein får ved trua på Kristus, rettferda frå Gud på grunn av trua. 10 Då kjenner eg han og krafta av hans oppstode, får del i hans lidingar og vert lik han med di eg døyr som han – 11 om eg òg kunne nå fram til oppstoda frå dei døde. 
12 Eg meiner ikkje at eg alt har nått det eller alt er fullkomen, men eg jagar mot det for å gripa det, av di eg sjølv er gripen av Kristus Jesus. 13 Brør, eg trur ikkje om meg sjølv at eg har gripe det. Men eitt gjer eg: Eg gløymer det som er attanfor og tøyer meg etter det som er framanfor, 14 og jagar mot målet, mot den sigerskrans som Gud frå det høge har kalla oss til i Kristus Jesus. 15 Lat oss sjå det på denne måten, alle vi som har nått kristen mognad. Og er det noko de ser annleis på, skal Gud gjera det klårt for dykk. 16 Lat oss berre, så langt vi er komne, halda fram i same sporet!
    17 Ha meg til førebilete, brør, og sjå på dei som ferdast på same måten som vi. 18 Eg har sagt dykk det ofte, og no seier eg det med tårer at mange lever som fiendar av Kristi kross. 19 Dei endar i fortaping, dei har magen til gud, dei set si ære i si skam, og dei er berre opptekne av jordiske ting. 20 Men vi har vår borgarrett i himmelen, og derifrå ventar vi Herren Jesus Kristus som frelsar. 21 Han skal omskapa vår veike og forgjengelege lekam og gjera han lik den lekamen han sjølv har i herlegdomen. For han har makt til å leggja alle ting under seg.

Fil.4,1 Difor, mine brør, som eg elskar og lengtar etter, mi glede og min krans, stå faste i Herren, mine kjære!
     4 Gled dykk i Herren alltid! Atter vil eg seia: Gled dykk!  5 Lat alle menneske få merka kor gode og milde de er! Herren er nær!  6 Gjer dykk inga sut for noko! Men legg alt de har på hjarta, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing.  7 Og Guds fred som går over alt vit, skal vara dykkar hjarto og tankar i Kristus Jesus.

Kommentar.

Kva er det Jesus har gitt meg, som han vil at eg skal bruke?

Bodskapen minner om andre del av bodskapen 22.8.2021:

«Se ikkje på alt det som ikkje du har, sier Herren. Men løft blikket og se på hva du har. Og hva dine evner, hva du er god på. Og gå ut på det du har og bruk det jeg har gitt deg. Og jeg skal sette deg over større ting, sier Herren, bare du er lydig og gå på det du har fått. Du synest det er ringe, sier Herren, men det er ikkje det, sier Herren. Bruk det du hev fått, jeg vil oppmuntre deg, løft blikket og se. Se, jeg står for døren endå og banker og det er mange som skal få oppleve meg, sier Herren, gjennom deg. Ja, løft blikket ditt og se, se deg omkring, du skal få se meir enn det du tror. Amen.»

Når eg kom til dette møtet tenkte eg på det han sa til meg tidlegare i sommar, om at eg skulle tene han fordi eg elskar han, fordi eg er glad i han, ikkje fordi eg må, men som gjensvar på hans kjærleik til meg.

Bodskapen 11.7.2021:

«Jeg ser deg og jeg vet om deg. Og jeg fryder meg over deg, jeg gleder meg over deg. Du er mitt barn og jeg elsker deg. Jeg har store planer for deg, jeg vil bruke deg, du er min tener og du er min venn og du er mitt barn. Du er min medarbeider i Guds rikes sak. Du er den som jeg sender ut for å fortelle til andre hva jeg har gjort. Du er min og du er kostbar i mine øyne. Du er dyrebar, jeg elsker deg, mitt barn. Og du kan tene meg fordi jeg elsker deg. Ikke fordi du må og ikke fordi det er plikt, men fordi du elsker meg, så kan du gi gjensvar med å si ja til kallet, si ja til det jeg kaller deg til, gå når jeg ber deg gå, tale når jeg ber deg tale, gjøre en god gjerning når jeg minner deg på det. Men gjør det fordi du er glad i meg, gjør det av kjærlighet, gjør dette som gjensvar på min kjærlighet til deg. Og da kan jeg fryde meg enda mer over deg.

Mitt hjerte blør for dem som ikke tar imot. Jeg er lei for alle de som bare forkaster mitt Ord. Det er en så stor høst som venter på å bli høsta inn. Det er så mange som lider, det er så mange som lengter, men ikke finner veien, det er så mange som søker på feil plass. Du må være med å veilede dem, du må være med å vise vei. Du må være med å kalle inn til mitt rike. Du må være med å frelse dem fra fortapelsen. Du må være med å gi dem håp og trøst og godhet, for menneskene trenger det i denne tid, enda mer enn før, de trenger min godhet, de trenger min kjærlighet. Og du skal bringe den, du skal gi det, du skal vise vei, du skal være den som veileder, du skal være den som blir brukt av meg til dette.»

Eg har bedt Jesus frelse menneska, som fyrste prioritet, og gi meg ei frelst kvinne til kone, som andre prioritet. Og medan eg studerte i Oslo oppdaga eg ei jente som var så vakker at eg sa til Jesus at dersom eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne, sjølv om eg ikkje kjende henne, eg hadde ikkje ein gong snakka med henne. Så dreiv den Heilage Ande meg slik at eg møtte på henne og fekk ei åndeleg openberring der han openberra seg for meg og for henne. Ja, Gud openberra si frelse for oss i Kristus. Når eg seinare bad for henne svarte Herren at slik som han har vore mot meg, vil han vere mot den som eg ber for. Han har snakka med meg, så då reknar eg med han vil snakke med henne også. Men eg har enno ikkje snakka med henne, så slik sett verkar det som dette ikkje er mykje å forholde seg til og satse på, ja, det verkar sopm det er lite. Han har sagt eg skal lovprise han for frelsa og glede meg i Herren, så vil han gi meg det som mitt hjarte attrår. Han frelser meg og han frelser henne, det trur eg og det takkar eg han for, eg lovpriser han er vår frelsar og Herre, slik gleder eg meg i Herren. Eg elskar han fordi han elska meg først og når eg høyrde denne bodskapen oppfatta eg det slik at det heng saman med at eg er glad i henne Reella. Eg elskar han i henne, for han frelser henne og gir henne liv, så han lever i henne. Han elskar meg og han elskar henne og når eg får oppleve at han elskar henne gjennom meg, så synest eg det er herleg, det gjer meg godt og det gjer meg glad. Eg velsignar Jesus og han velsignar meg og gjer meg til kanal for si velsigning, til henne og slik blir det til velsigning for mange.

Så kva er det eg har fått? Guds auge fer utover heile jorda, så han med si kraft kan komme den til hjelp som heilhjarta held seg til han. Og slik ventar eg at han vil gi meg hjelp i form av ei kone. Jesus gir oss ånd og liv ifrå himmelen og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Ja, slik held han oss i live. Og det gjeld henne også. Så eg trur han gir meg henne til kone ved gjenfødinga, han føder oss av vatn og Ande, så det er ved at vi let Anden råde i våre døyelege lekamar, det er ved at vi vert drivne av den Heilage Ande. Så eg trur Jesus talar om henne som han har gitt meg til kone. Han velsignar meg og henne som han har gitt meg til kone, ho Reella, så vi blir tilo velsigning. Han gir meg hjelp i form av ei kone og eg skal gjere bruk av den hjelpa. Slik gir han meg hjelp til å tene han og så gjeld det no heile mitt liv.

Vandre med Jesus.

Når Jesus kalla disiplane sine til å følgje han, så betydde det også å gi avkall på noko, å seie ja til å følgje han betydde å seie nei til noko anna, å seie ja til han betydde å seie nei til seg sjølv. Like vel kom dei til å få mykje igjen for det, i eit æve-perstpektiv.

Men så veit vi korleis det gjekk, hyrdingen vart slått i hel og sauene vart spreidde. Men han stod opp att frå dei døde og samla dei igjen og sa dei skulle vente på at han ville sende dei den Heilage Ande frå himmelen, så skulle dei forkynne evangeliet for alle folkeslag. Så for han opp til himmelen og då bana han vegen for oss dit, jau, han er vegen til Faderen. Så no har det vorte klart for oss at å vandre med han, betyr å følge han den vegen. Slik skal vi følgje han og vandre med han her på jorda. Så vi er i ein åndeleg røyndom og opplever den samtidig som vi er her på jorda og opplever den fysiske røyndomen. Så vi har to tenkemåtar, vi trur med hjertet og elskar han med hjertet, vi vender hugen opp til han. Han gir oss ånd og liv og vekker vårt hjerte til liv, så vi med hjertets opplatne auge ser på han og ser kva han har kalla oss til og kor rik på herlegdom arven er for oss som trur. Han vekker våre reine hug til å sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar. Samtidig ser og sansar vi den fysiske røyndomen og prøver å lære og forstå oss på den med forstanden. Så å følge Jesus kan også bety å lære seg eit praktisk yrke gjennom erfaring og å sette seg på skulebenken og lære til dømes realfag og teknologi.

Jesus gir meg hjelp i form av ei kone og det skal eg gjere meg bruk av. Ta oppatt studiane?

Ja, eg har vore fiskar og eg har studert realfag. For nokre år sa Jesus at eg skulle gå den vegen han hadde staka ut for meg og eg forstod det slik at det var å studere biologi, så det var samanfallande med å gå den vegen han har bana for meg, som går inn om forhenget i den himmelske heilagdomen. Eg dreiv med noko skriveri ved sidan av og meinte eg tente Herren med det, for eg skulle då dele den glade bodskapen med andre. Men det tok meir og meir tid, så det vart ikkje særleg progresjon i studiane, det var som ein hobby som vart meir og meir some ein jobb utan løn. Etter kvart innsåg eg at dette vart å ruinere meg, så eg slutta av og flytte heim. Det var billiegare å bu heime, så då kunne eg drive på med hobbyen min, utan å verte heilt ruinerte. Og eg påstår at slik har eg vore hans medarbeidar, slik som han sa i bodskapen 11.7.

Han har sagt eg skal gjere bruk av det som han har gitt meg og eg forstår det slik at han har gitt meg henne Reella til kone, så ho vert til hjelp for meg og det skal eg nytte meg av. Det kan samanliknast med talentane, det er om å gjere å handle med dei, så dei dublar seg. Så set Herren oss over større oppgåver. Og eg meinar at til ein viss grad har eg gjort det med dette skriveriet mitt. No kalla han meg til å ta oppatt mi vandring med han og eg forstod det slik at han kallar meg til å ta oppatt studiane mine. Det kan nok høve med at eg synest det er vanskeleg, eg ser på meg sjølv og seier eg klarar det ikkje. Eg er ikkje ung lenger heller og kva framtid kan eg sjå for meg i dette, jobb? Eg er då allereie pensjonist! Han minner om at eg klarer alt i han. I han, i hans nåde og kjærleik, ja, så gir han meg hjelp i form av ei kone. Han har ein plan med det, å sette meg over større oppgåver. Ja vel ja, så om eg skal fare tilbake til Oslo og kanskje studere meir, så vert det i så fall ved at eg får bruke den hjelpa Gud gir meg i form av ei kone, ho Reella.

Inntil vidare kan eg no godt byrgje å opne lærebøkene her og kike på det, slik som etter frukost og utover formiddagen. Men drøyer det med at eg får gjere meg bruk av den hjelpa Gud har gitt meg, i form av ei kone, så har eg god tid med studiane mine også.

Når eg vandrar med Jesus og følgjer han, så må eg vende hjertet og hugen til han og sjå på han. Når eg studerer realfag, så må eg konsentrere meg om studiane, så eg kan ikkje vere oppteken av så mykje anna i tillegg til det. Korleis kan dette passe i hop, korleis kan desse to tenkemåtane stemme overeins. I begge tilfelle er det mykje eg må kutte ut og ikkje vere oppteken av. Så å følgje Jesus blir god pedagogikk også når eg studerer realfag. Kva med tanken på å få meg ei kone, vil ikkje den distrahere meg? Jau, og der er no tydelegvis mykje maktinteresse i det attpå til. Kva kan eg gjere med det? Komme til Jesus med den saka og la han ta seg av den for meg. Halde fram med å be han frelse menneska og gi meg ei frelst kvinne til kone. Tru på han og takke han for at han vil gjere det, takke for frelsa og glede meg i Herren.

Men eg må no vere så pass sosial at eg finn høve til å fortelje dei andre om mi tru på Jesus. Og det er no på sin plass i eit personleg fellesskap og vennekrets. Det har å gjere med min rett til å tale på eigne vegne og presenterer meg sjølv slik som eg er, korleis eg sjølv meiner eg er eller ynsker å vere og då er det vesentleg for meg at Jesus er med meg, så eg representerer han og presenterer han gjennom meg.

Eg har ei lavare grad i realfag, cand mag, og så har eg brei kompetanse. Det kan forståast slik at mykje er påbegynt, men ikkje ført vidare fram til ei høgare grad, cand real (cand scient). Det verkar som eg møter på problem, men det er ikkje berre faglege problem, at det vert meir avansert, men eg møter også motstand mot den evangeliske forkynninga. Den fortel oss at vi får livets vatn av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Når det vert avvist, vert alternativet berre krav om at vi skal prestere og der ligg økonomisk og politiske makt-interesser i det. Slik vert menneska gjort til salsvare. Den går ikkje, men Kristus lever og er trufast. Det er det vi har å satse på.

Søndag.

Tale ved Mark.

1.Kor.13,1 Om eg talar med mennesketunger og engletunger, men ikkje har kjærleik, då er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølle.  2 Om eg har profetgåve og kjenner alle løyndomar og eig all kunnskap, og om eg har all tru, så eg kan flytta fjell, men ikkje har kjærleik, då er eg ingen ting.  3 Om eg gjev alt eg eig til mat for dei fattige, ja, om eg gjev meg sjølv til å brennast, men ikkje har kjærleik, då gagnar det meg ingen ting.
     4 Kjærleiken er langmodig, kjærleiken er velviljug, han misunner ikkje, briskar seg ikkje, blæs seg ikkje opp.  5 Kjærleiken gjer ikkje noko usømeleg, han søkjer ikkje sitt eige, harmast ikkje, gøymer ikkje på det vonde.  6 Han gleder seg ikkje ved urett, men gleder seg ved sanninga.  7 Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han.
     8 Kjærleiken fell aldri bort. Profetgåvene skal få ende, tungene skal tagna, og kunnskapen skal ta slutt.  9 For vi skjønar stykkevis og talar profetisk stykkevis. 10 Men når det fullkomne kjem, skal det som er stykkevis, få ende. 

2.Pet.3,9 Det er ikkje så som somme meiner, at Herren er sein med å oppfylla lovnaden. Nei, han er tolmodig med dykk og vil ikkje at nokon skal gå fortapt, men at alle skal nå fram til omvending.

Rom.4, 7 Sæle er dei
        som har fått sine brot tilgjevne
        og sine synder tildekte.
     8 Sælt er det menneske
        som Herren ikkje tilreknar synd.

Eit syn eller ein draum?

Ei av kvinnene som leia lovsangen sa ho hadde hatt eit syn eller ein draum, der ein person (Pers1) vende seg til lyset, men en annan person (Pers2) var komen inn mellom Pers1og lyset, den kasta skugge, så den var mørk altså. Det er synda di, men du skal få lov til å oversjå den. Pers2 var synda til Pers1, men Pers1 skal få lov til å oversjå Pers2.

Kommentar.

Vi skal prøve alt på Guds Ord. Denne draumen eller synet også. Synda skilde menneska frå Gud, men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle. Vi må rekne med at der er verdslege, meir eller mindre religiøse maktinteresser som vil prøve å få makt over oss med synda og som vil føre klagemål mot oss for å få slik makt og behalde den, tradisjonen tru. Men då må vi sjå på Kristus i staden for å sjå på dei, soleis er det berre å oversjå dei. For Kristus har sigra, hans frelseverk er fullført og fullkome, det er berre å vende seg til han og ta imot i tru. Det er gyldig, så når vi vender oss til han og tek imot, så får vi oppleve at det er gyldig for oss.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: