Tale ved Oddleif Wahl. Nattverd.
Heb.1,1 I fordoms tid tala Gud mange gonger og på mange måtar til fedrane gjennom profetane. 2 Men no, i desse siste dagar, har han tala til oss gjennom Sonen. Han har Gud sett til arving over alle ting, for ved han skapte han verda. 3 Han er ei utstråling av Guds herlegdom og biletet av hans vesen, og han ber alt med sitt mektige ord. Då han hadde gjort reinsing for syndene våre, sette han seg ved høgre handa åt Majesteten i det høge.
So.Ordt.18, 21 Tunga har makt over død og liv,
og dei som gjerne brukar henne,
får nyta hennar frukt.
Jak.3,1 Mine brør! Ikkje mange av dykk bør verta lærarar; for de veit at vi skal få dess strengare dom. 2 Alle misfer vi oss ofte. Den som ikkje misfer seg i ord, er ein fullkomen mann som greier å styra heile lekamen.
3 Vi legg beisel i munnen på hesten så han skal lystra oss, og då kan vi styra heile hesten. 4 Ja, jamvel store skip som vert drivne av sterke vindar, kan styrast med eit lite ror dit styrmannen vil. 5 Sameleis er det med tunga: Ho er ein liten lem, men kan skryta av store ting. Tenk på at ein liten eld kan setja den største skog i brann! 6 Men tunga er òg ein eld. Som ei verd av vondskap har ho sin plass blant lemene våre. Ho smittar heile lekamen og set livsens hjul i brann, men vert sjølv sett i brann av helvete. 7 Mennesket er slik skapt at det kan temja alle andre skapningar, både ville dyr og fuglar, krypdyr og fiskar. 8 Men tunga kan ikkje noko menneske temja, ustyrleg og vond som ho er, full av drepande gift. 9 Med henne lovprisar vi Herren og Faderen, og med henne forbannar vi menneska som er skapte i Guds bilete. 10 Or same munnen kjem det både lovprising og forbanning. Såleis må det ikkje vera, mine brør! 11 Kan det vel strøyma både friskt og beiskt vatn or same kjelda? 12 Mine brør, kan eit fikentre bera oliven, eller eit vintre bera fiken? Like lite kan ei salt kjelde gje ferskt vatn.
1.Kor.13,1 Om eg talar med mennesketunger og engletunger, men ikkje har kjærleik, då er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølle. 2 Om eg har profetgåve og kjenner alle løyndomar og eig all kunnskap, og om eg har all tru, så eg kan flytta fjell, men ikkje har kjærleik, då er eg ingen ting. 3 Om eg gjev alt eg eig til mat for dei fattige, ja, om eg gjev meg sjølv til å brennast, men ikkje har kjærleik, då gagnar det meg ingen ting.
Jesu blod reinser oss frå all urettferd (1.Joh.1,9).
Når isralesfolket skulle innta Jeriko, leia Josva dei til å gå rundt byen kvar dag, i sju dagar og då skulle dei ikkje seie noko før. Slik unngjekk dei at nokon sa noko som spreidde ei negativ innstillling. Siste dagen skulle dei gå sju gongar rundt og på hans ordre skulle dei sette i krigsropet.
Det vart sett ut rykte om Jesus, så slik også vart evangeliet spreidt.
Ord til nattverden.
1.Kor.11,23 For eg har fått frå Herren det som eg har overgjeve dykk:
Den natta Herren Jesus vart sviken, tok han eit brød, 24 takka og braut det og sa: «Dette er min lekam som er for dykk. Gjer dette til minne om meg!» 25 Like eins tok han kalken etter måltidet og sa: «Denne kalken er den nye pakt i mitt blod. Så ofte som de drikk av han, så gjer det til minne om meg!» 26 For så ofte som de et dette brødet og drikk av kalken, forkynner de Herrens død til dess han kjem. 27 Den som et brødet og drikk Herrens kalk på urett vis, syndar mot Herrens lekam og blod. 28 Kvar og ein må prøva seg sjølv, og så skal han eta av brødet og drikka av kalken. 29 For den som et og drikk utan å tenkja på at det er Herrens lekam, han et og drikk seg sjølv til doms. 30 Difor er det mange veike og sjuke hjå dykk, og nokre sovnar av. 31 Men dømde vi oss sjølve, vart vi ikkje dømde. 32 Når vi vert dømde av Herren, vert vi refste, så vi ikkje skal verta fordømde saman med verda.
Tungetale ved Ingelin, tyding ved Oddleif.
Mine barn, som jeg elsker, som jeg har gitt mitt liv for, jeg ønsker at dere skal være hellige og rene liksom jeg er hellig og ren, sier Herren. Jeg ønsker at det liv som jeg har kallt dere til, skal være et liv som dere kan være – som jeg kan være stolt av. Jeg ønsker at det liv dere lever her i verden, skal være et liv hvor jeg bestemmer, et liv hvor jeg taler til dere og gjennom dere. Jeg ønsker at dere skal leve her i denne verden og også vite at dere er ikke av denne verden. For jeg har tatt dere ut og gitt dere et nytt liv, et nytt hjerte, og dere er nye skapninger i meg, sier Herren. At dere har fått en ny identitet. Derfor skal du ikke se på deg sjølv og dine egne mangler, din egen ufullkommenhet. Men du skal se på meg, for se, jeg gjør alle ting nye. Se jeg gjør alle ting nye, sier Herren. Også i ditt liv. Derfor skal du vende deg bort fra det som ikke gir frukt, du skal vende deg bort frå det tomme snakk, du skal vende deg bort fra ugudelighet. Så skal du vende deg til meg og se opp på meg og jeg skal virke i deg og gjennom deg, som bare jeg kan gjøre, sier Herren.
Se, jeg vet om dine gjerninger, jeg vet at du har liten styrke, jeg vet at du har trådt feil. Men jeg vil at du nå skal se på meg, se, jeg har sett foran deg en open dør, sier Herren. Og den døren skal du gå inn igjennom, jeg inviterer deg på nytt til å gå inn gjennom opne dører. Jeg inviterer deg på nytt til å gå videre med meg, sier Herren. Og løpet er ikke fullført enda, du har ikke kommet til veis ende. Men du skal jage mot målet, mot den seierspris som jeg har kallt deg til, sier Herren. For det er en seierspris jeg har kallt deg til, ikke en nederlagspris, men en seierspris. Og derfor skal du ha målet i sikte, du skal ha min ånd i ditt hjerte og værer bevisst på at jeg vil bruke deg, jeg vil tale til deg. Og du skal få se noe som du ikke har sett på lenge, du skal få se at jeg kaller på de ufrelste, jeg kaller på bønnebarna, jeg vil igjen skape nytt liv i ditt hjerte, men også i de som enno ikke kjenner meg. Og du skal få se at det er bare en måte å komme til tro på, det er at mitt namn holdes høyt, mitt namn proklameres. Og når jeg blir opphøyet, så skal jeg dra alle til meg, sier Herren. Halleluja.
Aktuelle bibelvers.
Joh.Op.3,7 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia:
Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna: 8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn. 9 Sjå, eg lèt nokre koma frå Satans synagoge, av dei som lyg og seier dei er jødar, men ikkje er det. Dei skal koma og kasta seg ned for føtene dine, og dei skal skjøna at eg har elska deg. 10 Du har halde fast på mitt ord om tolmod. Difor vil eg halda fast på deg i den prøvingstid som skal koma over heile verda, for å prøva dei som bur på jorda. 11 Eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen skal ta krona di!
12 Den som sigrar, han vil eg gjera til ei søyle i min Guds tempel, og han skal aldri meir gå ut derifrå. Eg vil skriva min Guds namn på han og namnet på min Guds by – det nye Jerusalem, som kjem ned frå himmelen, frå min Gud – og like eins mitt eige nye namn.
13 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!
Joh.Op.21,5 Då sa han som sit på kongsstolen: «Sjå, eg gjer alle ting nye!» Og han la til: «Skriv det opp! For desse orda er pålitelege og sanne.» 6 Så sa han til meg: «Det har hendt! Eg er Alfa og Omega, opphavet og enden. Eg vil gje den tyrste av kjelda med livsens vatn for inkje. 7 Den som sigrar, skal arva dette, og eg vil vera hans Gud, og han skal vera min son.
Esekiel.11,19 Då vil eg gje dei eit nytt hjarta og la dei få ei ny ånd. Eg vil ta steinhjarta ut or kroppen deira og gje dei eit kjøthjarta i staden. 20 Så skal dei fylgja mine føreskrifter og ta vare på mine lover og leva etter dei. Dei skal vera mitt folk, og eg vil vera deira Gud.
Matt.5,43 De har høyrt det er sagt: Du skal elska nesten din og hata fienden din. 44 Men eg seier dykk: Elska fiendane dykkar, velsigna dei som forbannar dykk, gjer vel mot dei som hatar dykk, og bed for dei som forfylgjer dykk, 45 så de kan vera born åt Far dykkar i himmelen. For han lèt si sol skina over vonde og gode, og lèt det regna over rettferdige og urettferdige. 46 Om de elskar dei som elskar dykk, er det noko å løna dykk for? Gjer ikkje tollarane det same? 47 Og om de helsar venleg på dykkar eigne, kva stort gjer de då? Gjer ikkje heidningane det same? 48 Ver då fullkomne liksom Far dykkar i himmelen er fullkomen.
Joh.15,18 Når verda hatar dykk, skal de vita at ho har hata meg fyrst. 19 Hadde de vore av verda, då hadde verda elska sitt eige. Men de er ikkje av verda; eg har valt dykk ut or verda. Difor hatar verda dykk. 20 Kom i hug det ordet eg sa dykk: Ein tenar er ikkje større enn herren sin. Har dei forfylgt meg, vil dei forfylgja dykk òg. Har dei halde fast på mitt ord, vil dei halda fast på dykkar ord òg. 21 Men alt dette kjem dei til å gjera mot dykk for mitt namn skuld, fordi dei ikkje kjenner han som har sendt meg. 22 Var eg ikkje komen, og hadde eg ikkje tala til dei, då hadde dei vore utan skuld. Men no har dei ingen ting å orsaka synda si med. 23 Den som hatar meg, hatar Far min òg. 24 Hadde eg ikkje gjort slike gjerningar mellom dei som ingen annan har gjort, hadde dei vore utan skuld. Men no har dei sett dei, og likevel hatar dei både meg og Far min. 25 Men det ordet som står i lova deira, skulle oppfyllast: Dei hata meg utan grunn. 26 Når talsmannen kjem, han som eg skal senda dykk frå Faderen, Sanningsanden som går ut frå Faderen, då skal han vitna om meg. 27 Men de òg skal vitna, for de har vore med meg frå det fyrste.
Fil.3,12 Eg meiner ikkje at eg alt har nått det eller alt er fullkomen, men eg jagar mot det for å gripa det, av di eg sjølv er gripen av Kristus Jesus. 13 Brør, eg trur ikkje om meg sjølv at eg har gripe det. Men eitt gjer eg: Eg gløymer det som er attanfor og tøyer meg etter det som er framanfor, 14 og jagar mot målet, mot den sigerskrans som Gud frå det høge har kalla oss til i Kristus Jesus. 15 Lat oss sjå det på denne måten, alle vi som har nått kristen mognad. Og er det noko de ser annleis på, skal Gud gjera det klårt for dykk. 16 Lat oss berre, så langt vi er komne, halda fram i same sporet!
2.Kor.5,17 Difor, om nokon er i Kristus, er han ein ny skapning. Det gamle er borte, sjå, det er kome noko nytt. 18 Men alt dette er av Gud, han som forsona oss med seg sjølv ved Kristus og gav oss forsoningstenesta.
Gal.6,14 Men eg vil aldri rosa meg av noko anna enn av vår Herre Jesu Kristi kross. Ved den er verda krossfest for meg, og eg for verda. 15 For det som tel, er korkje å vera omskoren eller uomskoren, men å vera ein ny skapning. 16 Fred og miskunn vere med dei som har dette til rettesnor, og over Guds Israel!
Kommentar.
Gud skaper ein ny himmel og ei ny jord (1.Mos.1), han gjer alle ting nye og då byrjar han med mennesket (1.Mos.2), han gjer oss til nye skapningar i Kristus.
I sommar og i haust kom der bodskap gjennom tyding av tungetale som eg tolka slik at Gud ville gi meg ei kone og eg kunne forstå det slik at han allereie hadde gitt meg henne og då var det henne Reella eg tenkte på. Eg kunne tenke på henne som kjelda med det levande vatnet (S.Ordt.4-5). Eg trengde hjelp i form av ei kone og ville bruke henne slik, ved at ho også snakka med han Jesus. Eg kan forstå det slik at det er ei nådegåve Gud har gitt meg og som eg skal kveike og fornye og bruke. Men då er det også på den måten at Kristus brukar henne, som lem på sin lekam.
Jesus sa eg skulle bruke det han har gitt meg. Korleis kan eg bruke henne som nådegåve, som kona mi, når ho ikkje er her som kona mi? Han sa også eg skulle bruke det eg er god på. Ja, eg har no nyst fortalt at når eg byrja på ungdomsskule vart det klart at eg hadde gode evner i matematikk. Sidan eg trudde på Kristus, trudde eg på det fullkomne. Så dette høver bra med Descartes filosofi og dei andre rasjonalistane.
Bodskapen 22.8.2021:
Så eg tenkte på å ta oppatt studiane, i først omgang berre ta fram att lærebøkene og kike i dei her heime med meg sjølv og rekne litt. Men førebels har det vore berre å bruke dei som oppslagsverk.
Bodskapen 11.9.2021:
«…. Du skal få ta oppatt igjen din vandring med meg. Jeg har ikkje forlatt deg, sier Herren, jeg går ved din side, jeg vil gå der og jeg har lovt å være med alle dager. Du synst det har vore vanskelig, men vit jeg …. gikk gjennom de vanskelige tider. Men vit, mitt barn, du skal få lov til å gå med meg. Jeg har ikkje fordømt deg for at ikkje du har gjort ditt og gjort datt. Du har vore gjennom mange ting, men så har du ikkje klart det og så ser du på deg sjølv, du klarar ikkje det. Men vit, mitt barn, du klarar alt i meg. Ta oppatt igjen vandringa med meg og du skal få se, jeg skal sette deg over større ting. Det som du synst det var lite, men du skal få oppleve eg vil velsigne det du har fått. Og vandre med meg, se deg ikke tilbake, se deg ikke til side, men se framover, jeg vil gå foran deg, mitt barn. Ja, vit, jeg går ved din side, jeg vandrer ved din gang. Og du skal få lov til å se tilbake, når dette her året er omme, om ikkje jeg har kommt og henta deg, mitt barn, så skal du få se, du skal få sjå merkesteinar i ditt liv. Og du skal få sjå, du skal få gjere erfaring med meg. Ja, mitt barn, begynt på vandringa igjen og du skal få se, du skal få oppleve ei herleg tid, saman med meg. Ja, sier Herren, prøvelser vil komme, men vit og stol på mine løfter og berre hold mine bod, sier Herren og du skal få se det er den riktige veien. Amen.
Når året var omme, skulle eg få sjå merkesteinar i mitt liv. Det tyder vel på at det var noko viktig som skjedde dette siste halvåret. Då tenker eg først og fremst på at Gud vil gi meg ei frelst kvinne til kone og då er det henne Reella eg tenker på. Og så at eg skal ta opp att mi vandring med han, vandre vidare med han. Men det er no først og fremst å gå vegen til Faderen, gå den vegen han bana for oss gjennom forhenget i det himmelske tempelet. Forhenget er symbol på hans kropp som døde for oss. Det er først og fremst å gå gjennom den døra han har opna for meg.
Eg trur på han og elskar han og har teke vare på hans ord, eg elskar fordi han elska meg først. Så eg får oppleve at han gjer seg til kjenne for meg og openberrar seg for meg, slik gjer han Gud kjend for meg. Slik skal eg sjå på han. Då blir det til at eg snakkar om han. Ja, så vi forkynner han, ikkje oss sjølve. Slik skal eg også vite å vinne meg mi eiga kone i helging. Jesus lever i meg og det blir som om han frir til henne på mine vegne. Og eg frir til henne på hans vegne. For han elskar både meg og henne og eg ynskjer å få oppleve at han elskar henne gjennom meg. Liksom Faderen er han kjærleik og det kjennest som kjærleik at han rører ved oss.
Når vi går gjennom døra, så kjem vi inn i ein åndeleg røyndom som er ny i forhold til denne verda. Vi får oppleve at Gud gjer alle ting nye og då byrjar han med oss, med våre hjarto. Menneska har ikkje moglegheit til å komme fram til dette ved å granske denne verda. Sjølv om vi ikkje er av denne verda, har vi likevel moglegheit til å granske den, som ved å studere realfag og teknologi. Eg forstår det slik at det tome pratet som det var tale om her, er for dumt til å verte inkludert i realfag og teknologi, det manglar rasjonalitet (forstand).
3 responses to “2022.01.30. Sion Åheim. Sjå på Jesus. Han gjer alle ting nye.”
[…] 2022.01.30. Sion Åheim. Sjå på Jesus. Han gjer alle ting nye. – Sivert’s Speakers̵… […]
[…] 2022.01.30. Sion Åheim. Sjå på Jesus. Han gjer alle ting nye. 2022.05.26. Kristi himmelfartsdag. Sion Åheim. Velkommen til Herrens bord. 2022.05.29. Sion Åheim. Verte avvist eller verte inkludert. […]
[…] 2022.01.30. Sion Åheim. Sjå på Jesus. Han gjer alle ting nye. 2022.05.26. Kristi himmelfartsdag. Sion Åheim. Velkommen til Herrens bord. 2022.05.29. Sion Åheim. Verte avvist eller verte inkludert. […]