Innleiing ved fru Wahl (Ellen?).
Ef.3, 16 Må han som er så rik på herlegdom,
styrkja dykkar indre menneske med kraft ved sin Ande.
17 Må Kristus ta bustad i hjarta dykkar ved trua
og de stå rotfeste og grunnfeste i kjærleik.
18 Må de saman med alle dei heilage
få styrke til å fatta breidd og lengd, høgd og djupn,
19 ja, kjenna Kristi kjærleik, som er større enn nokon kan forstå.
Må de bli oppfylte med heile Guds fylde!
Oddleif refererte til ei undersøking som viste at det norske folk har mista mykje av trua på å få framtid og håp. Då trengst vår forkynning av at Gud vil gi oss framtid og håp.
Tale ved Oddleif Wahl.
Denne Jesus:
Ap.gj.1,9 Då han hadde sagt dette, vart han lyft opp medan dei såg på, og ei sky tok han bort for auga deira. 10 Som dei stod og stirte opp mot himmelen då han fór bort, stod det med eitt to menn i kvite klede framfor dei 11 og sa: «Galilearar, kvifor står de og ser opp mot himmelen? Denne Jesus, som vart teken bort frå dykk opp til himmelen, han skal koma att på same måten som de såg han fara opp til himmelen.»
Be konkret:
Mark.10,46 Så kom dei til Jeriko. Og då Jesus drog ut av byen saman med læresveinane sine og ei stor folkemengd, sat det ein blind tiggar attmed vegen. Han heitte Bartimeus og var son til Timeus. 47 Då han høyrde at det var Jesus frå Nasaret som kom, sette han i å ropa: «Jesus, du Davids son, miskunna deg over meg!» 48 Mange tala hardt til han og bad han teia, men han ropa berre endå høgare: «Du Davids son, miskunna deg over meg!» 49 Då stogga Jesus og sa: «Rop på han!» Dei ropa på den blinde og sa til han: «Ver ved godt mot! Reis deg opp! Han kallar på deg.» 50 Mannen kasta av seg kappa, sprang opp og kom bort til Jesus. 51 «Kva vil du at eg skal gjera for deg?» spurde Jesus. Den blinde svara: «Rabbuni, lat meg få att synet!» 52 Då sa Jesus til han: «Gå du! Trua di har frelst deg.» Med det same kunne han sjå, og han følgde Jesus på vegen.
Johannes.5,1 Etter dette kom ei av høgtidene til jødane, og Jesus drog opp til Jerusalem. 2 Ved Saueporten i Jerusalem er det ein dam som dei på hebraisk kallar Betesda. Rundt dammen er det fem bogegangar. 3 Der låg det ei mengd menneske som var sjuke, blinde, lamme og uføre. *Dei venta på at vatnet skulle koma i rørsle, 4 for ein engel frå Herren steig frå tid til anna ned i dammen og rørte opp vatnet. Den første som då steig nedi etter at vatnet var rørt opp, vart frisk, same kva sjukdom han hadde.•
5 No var det ein mann der som hadde vore sjuk i trettiåtte år. 6 Jesus såg han liggja der og visste at han hadde vore sjuk lenge, og sa til han: «Vil du bli frisk?» 7 «Herre», svara den sjuke, «eg har ingen som kan ta meg ned i dammen når vatnet blir rørt opp, og når eg er på veg, stig ein annan uti før meg.» 8 Jesus seier til han: «Stå opp, ta båra di og gå!» 9 Og straks vart mannen frisk. Han tok båra si og gjekk.
Men det var sabbat den dagen. 10 Difor sa jødane til han som hadde vorte lækt: «Det er sabbat, du har ikkje lov til å bera båra di.» 11 Mannen svara: «Han som gjorde meg frisk, sa til meg: ‘Ta båra di og gå!’» 12 «Kven er det mennesket som sa at du skulle ta båra di og gå?» spurde dei. 13 Men han som hadde vorte frisk, visste ikkje kven det var, for Jesus hadde trekt seg unna; det var så mykje folk der. 14 Seinare fann Jesus mannen på tempelplassen og sa til han: «No har du vorte frisk att. Synd ikkje meir, så ikkje noko verre skal henda deg.» 15 Mannen gjekk då og fortalde jødane at det var Jesus som hadde gjort han frisk.
Joh.8,1 og Jesus gjekk ut til Oljeberget. 2 Tidleg om morgonen dagen etter kom han til tempelet att. Alt folket samla seg omkring han, og han sette seg og underviste dei. 3 Då kom dei skriftlærde og farisearane med ei kvinne som var gripen i ekteskapsbrot. Dei førte henne fram 4 og sa: «Meister, denne kvinna har dei gripe på fersk gjerning i ekteskapsbrot. 5 I lova har Moses påbode oss å steina slike kvinner. Kva seier no du?» 6 Dette sa dei for å setja han på prøve, så dei kunne få noko å klaga han for. Jesus bøygde seg ned og skreiv på jorda med fingeren. 7 Men då dei heldt fram med å spørja, rette han seg opp og sa: «Den av dykk som er utan synd, kan kasta den første steinen på henne.» 8 Så bøygde han seg ned att og skreiv på jorda. 9 Då dei høyrde dette, gjekk dei bort, den eine etter den andre, dei eldste først. Til sist var Jesus att åleine, og kvinna stod framfor han. 10 Då rette han seg opp og sa: «Kvar er dei, kvinne? Var det ingen som dømde deg?» 11 «Nei, Herre, ingen», svara ho. Då sa Jesus: «Så dømmer ikkje eg deg heller. Gå bort og synd ikkje meir!»•
Mark.5,21 Då Jesus var komen over til andre sida att med båten, samla mykje folk seg om han. Medan han var nede ved sjøen, 22 kom ein av synagogeforstandarane; han heitte Jairus. Då han fekk sjå Jesus, kasta han seg ned for føtene hans 23 og bad han inderleg: «Dotter mi held på å døy. Kom og legg hendene på henne så ho kan bli frisk og få leva.» 24 Jesus gjekk med han, og ein stor folkehop følgde etter og trengde seg innpå han.
25 Det var ei kvinne der som hadde hatt blødingar i tolv år. 26 Ho hadde lide mykje hos mange legar, og ho hadde brukt alt ho eigde, utan å få hjelp; det hadde heller vorte verre med henne. 27 Ho hadde fått høyra om Jesus, og no kom ho bakanfrå i folkemengda og rørte ved kappa hans. 28 For ho tenkte: «Om eg så berre får ta i kleda hans, blir eg frisk.» 29 Då stansa blodet med ein gong, og ho kjende det på seg at ho var lækt og kvitt plaga. 30 Med det same kjende Jesus at det gjekk ei kraft ut frå han, og han snudde seg i mengda og spurde: «Kven var det som rørte ved kleda mine?» 31 «Du ser korleis folket trengjer seg innpå deg», svara læresveinane, «og så spør du kven som rørte ved deg!» 32 Men Jesus såg seg om etter den som hadde gjort det. 33 Kvinna var så redd at ho skalv, for ho visste kva som hadde hendt med henne. No kom ho og kasta seg ned for han og fortalde han alt som det var. 34 Då sa han til henne: «Trua di har frelst deg, dotter. Gå i fred. Ver frisk og kvitt plaga di.»
35 Før han hadde tala ut, kom det folk frå huset til synagogeforstandaren og sa: «Dotter di er død. Kvifor bryr du meisteren lenger?» 36 Jesus høyrde det som vart sagt, og sa til synagogeforstandaren: «Ver ikkje redd, berre tru!» 37 Han lét ingen andre følgja med seg enn Peter, Jakob og Johannes, bror til Jakob. 38 Då dei kom heim til synagogeforstandaren og han såg alt oppstyret og folket som gret og bar seg, 39 gjekk han inn og sa til dei: «Kva er det de ståkar og græt for? Barnet er ikkje død; ho søv.» 40 Dei berre lo av han. Men han dreiv dei ut, alle saman, og tok med seg far og mor til barnet og dei som var med han, og gjekk inn der barnet låg. 41 Så tok han henne i handa og sa: «Talita kumi!» Det tyder: «Vesle jente, eg seier deg: Stå opp!» 42 Og straks stod jenta opp og gjekk omkring; ho var tolv år. Då vart dei reint ifrå seg av undring. 43 Men Jesus forbaud dei strengt å la nokon få vita det, og sa at dei skulle gje henne noko å eta.
Mark.6,1 Sidan gjekk han derifrå og kom til heimstaden sin, og læresveinane følgde han. 2 Då sabbaten kom, tok han til å undervisa i synagogen. Mange som høyrde han, var fulle av undring og sa: «Kvar har han dette frå? Kva er det for ein visdom han har fått? Og slike mektige gjerningar som han gjer! 3 Er ikkje dette tømmermannen, son til Maria og bror til Jakob og Joses og Judas og Simon? Og bur ikkje systrene hans her hos oss?» Og dei vart forarga og avviste han. 4 Men Jesus sa til dei: «Ein profet blir ikkje vanvørd andre stader enn på heimstaden sin, hos slektningane sine og i sitt eige hus.» 5 Han kunne ikkje gjera noka mektig gjerning der; han berre la hendene på nokre få sjuke og lækte dei. 6 Og han undra seg over at dei var så vantruande.
Den Gud har velsigna har potensial i seg til å verte eit mirakel.
Ef.1,3 Velsigna er Gud,
vår Herre Jesu Kristi Far,
han som i Kristus velsigna oss
med all Andens velsigning
i himmelen.
Gal.2,21 Ved lova døydde eg bort frå lova, så eg kan leva for Gud. Eg er krossfest med Kristus; 20 eg lever ikkje lenger sjølv, men Kristus lever i meg. Og det livet eg no lever som menneske av kjøt og blod, det lever eg i trua på Guds Son, som elska meg og gav seg sjølv for meg.
Rom.4, 3 For det var ikkje ved lova Abraham eller ætta hans fekk lovnaden om at han skulle bli arving til verda, men ved den rettferda ein får ved tru. 14 Er det dei som held seg til lova, som er arvingar, då er trua utan meining og lovnaden sett ut av kraft. 15 For lova kallar fram vreide, men der det ikkje finst lov, finst det heller ikkje lovbrot. 16 Difor fekk han lovnaden fordi han trudde, så alt skulle vera av nåde. Då kan lovnaden stå fast for heile etterslekta hans, ikkje berre for dei som har lova, men òg for dei som har same tru som Abraham. For han er far for oss alle, 17 som det står skrive: Eg har gjort deg til far for mange folk. Han er vår far i Guds auge; for han trudde Gud, han som gjer dei døde levande og byd at det som ikkje er, skal bli til. 18 Endå alt håp var ute, heldt Abraham fast på håpet og trudde, og difor vart han far til mange folkeslag, som det var sagt han: Så talrik skal ætta di bli. 19 Han var då nesten hundre år, men han vart ikkje veik i trua når han tenkte på at hans eigen kropp var utan kraft og at Sara var for gammal til å bli mor. 20 Han var ikkje vantru og tvila ikkje på Guds lovnad, men var sterk i trua og gav Gud ære. 21 For han var overtydd om at det Gud hadde lova, det hadde han òg makt til å gjera. 22 Difor vart han rekna som rettferdig.
1.Joh.4,17 I dette har kjærleiken vorte fullenda hos oss, at vi har frimod på dommens dag. For som Kristus er, slik er vi i denne verda. 18 Det finst ikkje frykt i kjærleiken. Den fullkomne kjærleiken driv frykta ut. For frykta ber straffa i seg, og den som fryktar, har ikkje vorte fullenda i kjærleiken. 19 Vi elskar fordi han elska oss først.
1.Joh.5,4 For alt som er fødd av Gud, sigrar over verda. Og det som har sigra over verda, er vår tru.
1.Joh.2, 27 Men den salven de har fått av han, blir verande i dykk, og de treng ikkje at nokon lærer dykk. For hans salve lærer dykk alt, og den er sann og utan løgn. Bli difor verande i han, slik de har lært.
Profetisk bodskap ved Mindor Myklebust.
Det vart ikkje innspelt, så det blir ikkje ordrett gjengitt: Våkn opp du som søv. Og Kristusa skal lyse for deg. Pust inn ny frisk luft. (Den fullkomne kjærleiken skal vere mellom oss, også i ekteskapet?).
Tungetale ved Ingelin Stahl, tyding ved Mindor Myklebust:
Ja, mine barn, kom, kom til måltid, kom og smak mitt bord, tvil ikkje lenger, kom inn i min nærleik. Ta deg sjølv på alvor og ta meg på alvor, seier Herren. Så skal du få oppleve og kjenne, det er meir enn nok, til å utfri deg av …., Det er allereie betalt ein gong for alle, på Golgata – Herre Jesus. For alle menneske, for alle plager. Så kom, kom og et ved Herrens bord. Du har ingen til å kaste deg ut i ein betestadamm. Betestadam er her. Eg er her for å utfri, så gleda kan vere fullkommen, i ditt hjerte, i ditt sinn, i ditt ekteskap, i din familie. Amen.
Aktuelle bibelvers.
Salme 23,1 Ein salme av David.
Herren er min hyrding,
eg manglar ikkje noko.
2 Han lèt meg liggja i grøne enger,
han fører meg til vatn der eg finn kvile.
3 Han gjev meg nytt liv.
Han leier meg på rettferds stigar
for sitt namn skuld.
4 Om eg så går i dødsskuggens dal,
er eg ikkje redd for noko vondt.
For du er med meg.
Din kjepp og din stav,
dei trøystar meg.
5 Du dukar bord for meg
framfor mine fiendar.
Du salvar mitt hovud med olje.
Mitt beger renn over.
6 Berre godleik og miskunn
skal følgja meg alle mine dagar,
og eg skal bu i Herrens hus
gjennom alle tider.
Salme.63,1 Ein salme av David, då han var i Juda-øydemarka.
2 Gud, du er min Gud, som eg søkjer.
Mi sjel tyrstar etter deg,
min lekam stundar etter deg
i det aude, turre og vasslause landet.
3 Så skodar eg deg i heilagdomen
og ser di makt og din herlegdom.
4 For di miskunn er betre enn livet.
Mine lipper skal syngja din pris.
5 Så vil eg lova deg heile mitt liv
og lyfta mine hender i ditt namn.
6 Då mettast mi sjel som med feite retter,
med jublande lipper prisar eg deg.
7 Eg tenkjer på deg når eg ligg og kviler,
og grundar på deg kvar nattevakt.
8 For du har vore ei hjelp for meg,
eg jublar i skuggen av dine venger.
9 Mi sjel heng fast ved deg,
du held meg oppe med di høgre hand.
10 Men dei som står meg etter livet,
skal fara ned i jordedjupet.
11 Dei skal gjevast over til sverds makt
og verta til rov for sjakalar.
12 Men kongen skal gleda seg i Gud.
Alle som sver ved han, skal jubla
når lygnarane vert målbundne.
1.Pet.2,1 Legg difor av all vondskap, svik og hykleri, misunning og baktale, 2 og lengta som nyfødde born etter den reine mjølka som ordet er, så de kan veksa ved den til frelse. 3 For de har smaka at Herren er god.
4 Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men som er utvald og kosteleg for Gud. 5 Ver de òg levande steinar. Bli oppbygde til eit åndeleg hus, til eit heilagt presteskap, og ber fram åndelege offer, som Gud tek imot med glede, ved Jesus Kristus. 6 For det heiter i Skrifta:
Sjå, på Sion legg eg ein hjørnestein,
utvald og kosteleg;
den som trur på han,
skal ikkje bli til skamme.
7 Så blir han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur,
har steinen som bygningsmennene vraka,
vorte hjørnestein,
8 ein snublestein og eit berg til fall.
Fordi dei ikkje er lydige mot Ordet, snublar dei. Slik var det òg fastsett at det skulle gå dei.
9 Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som Gud har vunne så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk frå mørkret og inn i sitt underfulle lys.
10 De som før ikkje var eit folk,
er no Guds folk.
De som før ikkje fann miskunn,
har no funne miskunn.
Jesaja.58,6 Nei, dette er fasta eg har valt:
å løysa urettferdige lenkjer,
sprengja banda i åket,
setja undertrykte fri
og å bryta kvart åk sund,
7 å dela ditt brød med svoltne
og la hjelpelause og heimlause koma i hus.
Du skal sjå til den nakne og kle han,
du skal ikkje snu ryggen til dine eigne.
8 Då skal lyset renna for deg som morgonròden,
brått skal du lækjast.
Di rettferd skal gå framfor deg
og Herrens herlegdom følgja etter deg.
9 Då skal du kalla, og Herren skal svara,
du skal ropa, og han skal seia: «Eg er her!»
Om du tek bort kvart åk hos deg,
ikkje peikar med fingrane og talar vondt,
10 om du gjev av ditt eige til den svoltne
og sjølv mettar den som lid naud,
då skal lyset ditt gå opp i mørkret,
natta di skal bli som høglys dag.
11 Herren skal alltid leia deg
og metta sjela di i det tørre landet.
Han skal styrkja kroppen din
så du blir som ein vassrik hage,
ei kjelde der vatnet aldri sviktar.
12 Dine gamle ruinar skal byggjast opp att,
du skal gjenreisa grunnmurar frå eldgamle slekter.
Du skal kallast
Den som murar att rivner,
Den som set i stand vegar
så folk kan bu der.
13 Om du sluttar å trakka på sabbaten
og gjera som du vil på min heilagdag,
men kallar sabbaten ei lyst
og Herrens heilagdag ærverdig,
om du held han i ære
og ikkje går dine eigne vegar,
gjer som du vil og talar tomme ord,
14 då skal du ha di lyst i Herren.
Eg lèt deg ri over høgdene i landet
og eta av arven etter Jakob, far din.
For Herrens munn har tala.
Ef.5,13 Men alt kjem for dagen når lyset får avsløra det, 14 og alt som kjem for dagen, er lys. Difor heiter det:
Vakna, du som søv,
stå opp frå dei døde,
og Kristus skal lysa for deg.
Matt.25,13 Så vak då, for de kjenner ikkje dagen eller timen.
Esekiel.35,1 Herrens hand kom over meg, og i ånda førte han meg ut og sette meg ned i ein dal som var full av bein. 2 Han førte meg rundt ikring dei. Og sjå, det låg ei stor mengd med bein utover dalen, og dei var heilt turre. 3 Så sa han til meg: «Menneske, kan desse beina livna opp att?» Eg svara: «Herre Gud, det veit berre du.» 4 Då sa han til meg: «Tal profetisk over desse beina og sei til dei: De turre bein, høyr Herrens ord! 5 Så seier Herren Gud til desse beina: Sjå, eg lèt det koma livsande i dykk, så de livnar opp att. 6 Eg lèt det koma sener og kjøt på dykk og dreg hud over. Så gjev eg dykk livsande, og de livnar opp att. Då skal de sanna at eg er Herren.»
7 Eg tala profetisk som eg var føresagd. Og medan eg tala, tok det til å buldra og skjelva. Beina la seg innåt kvarandre, bein til bein. 8 Og medan eg såg på, kom det sener og kjøt på dei, og det drog seg hud over dei. Men livsande var det ikkje i dei. 9 Då sa han til meg: «Tal profetisk til livsanden! Menneske, tal og sei til han: Så seier Herren Gud: Kom, livsande, frå heimsens fire hjørne og blås på desse drepne mennene, så dei livnar opp att.» 10 Eg tala profetisk, som han baud meg. Då kom det livsande i dei, og dei livna; dei reiste seg opp og stod. Det var ein veldig hær.
11 Så sa han til meg: Menneske, desse beina er heile Israels-folket. Høyr kva dei seier: «Våre bein har turka inn; vår von har vorte til inkjes, det er ute med oss!» 12 Tal difor profetisk og sei til dei: Så seier Herren Gud: Sjå, mitt folk, eg opnar gravene dykkar og lèt dykk stiga opp or dei. Så fører eg dykk til Israels-landet. 13 De skal sanna at eg er Herren, når eg opnar gravene og lèt dykk, mitt folk, stiga opp or dei. 14 Eg gjev dykk min Ande, så de livnar opp att, og lèt dykk bu i dykkar eige land. Då skal de sanna at eg, Herren, har tala og sett det i verk, lyder ordet frå Herren.
Kommentar.
Ein sjukdom mellom Guds folk, som Gud vil lækje.
Eg byrja å studere i Oslo hausten 1985 og etter ei tid (anslagsvis innen 1 til to år) sa Jesus til meg at der var ein sjukdom mellom hans folk og at eg hadde fått kjenne noko av denne sjukdomen i meg, men at han ville lækje meg. Eg har samanlikna dette med Jeremias, han sørgde over fråfallet til folket, det vart sjukt, det hadde fått ein skade og han kjende det som ein sjukdom og ei skade i seg sjølv. Herren varsla han om at kona hans skulle døy og slik gjekk det.
Både han og andre profetar tala om Israels-folket som Guds kone, men ho forstod ikkje at det var han som stelte så vel med henne. Ho vende seg til avgudane og vart soleis ei hore. Derfor ville ikkje Herren ta omsorg for henne lenger og då gjekk det henne gale. Ho dyrka avgudane til nabofolka og sidan tok dei henne med makt. Mennene vart drepne og konene deira vart valdtekne. Elles vart dei gjorde til trælar.
Ei slik maktinteresse viser seg i Noreg i vår tid og det heng utvilsamt saman med ein tradisjon som kyrkja og presteskapet har brakt vidare, også gjennom samtale og semje med mange andre meir eller mindre «lærde». Dette viser seg i kvinnerørsla sin protest mot Paulus si lære, om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud.
Men Paulus granngav denne læra si både utifrå skapingssoga og frelsesverket, så protesten mot læra hans ferer også til at den menneskelege naturen ikkje lenger fungerer rett, mennesket vert sjukt.
Jesus tek seg av mi sak.
Jesus har nyleg sagt eg skal bruke det som Gud har gitt meg. Eg forstår det slik at han har gitt meg ei nådegåve og den skal eg bruke. Eg trur og forstår det også slik han gir meg hjelp i form av ei kone og den hjelpa skal eg bruke. Korleis då?
Jesus sa eg skulle søke han av heile mitt hjerte og gå ut og vitne om han, ei lita helsing frå han ville vere nok for han til å bruke det til å gjere storverk, for han ville vere med meg og den Heilage Ande ville bruke det eg sa. Det var ikkje eg som skulle overtyde verda om synd, dom or rettferd, men han sende den Heilage Ande til verda for at den skulle gjere det.
Jesus sa eg skulle sjå på han i alle livets samanhengar. Då tenkte eg fyrst på henne Virtuella, så på henne Reella.
Bodskapen 17.2.2013:
Ja, endå ein gong har eg talt til deg, gjennom mitt Ord og ved den Heilage Ande, og for å vekke ditt reine samvit, at du skal sjå på meg, eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, du skal sjå på meg gjennom alle ting, i alle livets forhold og tilskikkelsar. For du har fått oppleve prøvingar og du tenker i ditt hjerte, det nyttar ikkje. Men kom til meg, alle som strever og har tungt å bere og eg vil gi deg kvile.
Eg vil gi deg ei herleg og vidunderleg kvile. Ei kvile som du ikkje kan forstå med din menneskelege forstand. Men eg vil gi deg kvile i ditt hjerte og ditt sinn, så du kan stole på meg i ei kvar tid, at eg er den eg har sagt meg å vere og eg vil føre deg ut av vansken. Og du skal love meg og du skal prise meg, for eg Herren er den som elskar deg, eg er den som har teke deg opp og eg er den som leiar deg. Og når du ser på meg, så skal du ikkje gå feil, men du skal få oppleve ei røyst bak deg som seier:” Dette er vegen, vandre på den.”
Frå eg var ung, har eg bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og han har svart meg at eg skal takke han for frelsa, så vil han gi meg det som mitt hjarte attrår. Eg skal glede meg i Herren og hans frelse, gleda i Herren er vår styrke. Slik svarde han meg når eg bad for henne Poly-Ester. Ho var frå Ukraina og når eg er med å be for Ukraina, vil eg gjere det på den måten at eg ber for henne og folket hennar. Det er først og frems ved å takke Gud og Lammet for at frelseverket er fullført og fullkome. Ved å tru og ta imot av berre nåde, får det koneskvensar for våre liv her på jorda, så vi ber frukt i denne verda.
Bodskapen 12.10.2014:
«Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.
Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.»
I det siste har det helst vorte til å vitne ved å skrive på facebook og på bloggesidene. No har eg også oppretta ei gruppe på facebook som eg kallar «Profetiane – vente på Jesu gjenkomst», eg har invitert kristne fb-venner til å verte med i den, men berre to predikantar har vorte med til no. Berre eg sjølv har kome med inn legg, men eg snakkar no med Herren om det. Vidare har eg tenkt å bruke det som artiklar på mi bloggeside. Eg treng vel eigentleg ikkje så mykje kraft for å skrive, det er som med teoretisk arbeid. Men på lang sikt er det likevel viktig å mosjonere for å halde kroppen i form.
For å tenke over kva eg skal skrive, brukar eg å setje meg i stresslessen og vende hugen og sinnet opp til Herren, sjå på han, både i mitt forhold til henne Reella og henne Virtuella. Men det blir ofte til at eg sovnar i stresslessen. Så dette er svært passiviserande og i lengda er det usunt.
Eg ser fram til at eg skal aktivisere meg sjølv meir, både ved å mosjonere, gå eller sykle på tur, styrketrening og fagleg arbeid. Det verkar som eg får motstand frå den vonde på alle område, men Kristus har sigra over han og ved trua på han skal eg sigre saman med han.
Eg og min bodskap, til samanlikning med engelen for kyrkjelyden i Filadelfia.
Dette er imidlertid sentralt i min bodskap; Gud forsona verda med seg, ved at Kristus døde i staden for oss. På det grunnlaget kjem vi inn i eit slikt forhold til han som menneska var i før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er firå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd.
Jesus har mange gangar minna meg om å sjå at han har sett framfor meg ei open dør og ynskjer meg velkommen inn. Det refererer til bodskapen til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia.
Joh.Op.3,7 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia:
Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna: 8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn. 9 Sjå, eg lèt nokre koma frå Satans synagoge, av dei som lyg og seier dei er jødar, men ikkje er det. Dei skal koma og kasta seg ned for føtene dine, og dei skal skjøna at eg har elska deg. 10 Du har halde fast på mitt ord om tolmod. Difor vil eg halda fast på deg i den prøvingstid som skal koma over heile verda, for å prøva dei som bur på jorda. 11 Eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen skal ta krona di!
12 Den som sigrar, han vil eg gjera til ei søyle i min Guds tempel, og han skal aldri meir gå ut derifrå. Eg vil skriva min Guds namn på han og namnet på min Guds by – det nye Jerusalem, som kjem ned frå himmelen, frå min Gud – og like eins mitt eige nye namn.
13 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!
Det referer til at Jesus er døra inn til sauene og til himmelen, han har bana vegen for oss inn i den himmelske heilagdomen. I Joh.10 er det tale om å gå både inn og ut gjennom døra, men her er det berre tale om å gå inn. Dessutan er det engelen for kyrkjelyden, det vil seie bodberaren, frå Gud. Så han skal innså at der er ei open dør både for han og for bodskapen han har å bringe. Dessutan handlar det også å sjå den opne døra for han og bodskapen hans i nærmiljøet til kyrkjelyden. Innsjå at det er noko som folket der treng og soleis finn opne dører for han og bodskapen hans. Slik er det viktig for meg også så sjå og finne opne dører for meg og bodskapen eg har å bringe.
Pinserørsla likar godt å bruke namnet Filadelfia om den lokale kyrkjelyden, for det ser ut til at det var engelen for kyrkjelyden i Filadelfia som kom best ut av det. Han hadde lita kraft, då kunne han vel trenge at Gud styrka han, ja, men hugs då kva Paulus sa om at når eg er svak, då er eg sterk, det er eit paradoks, men poenget er å vere svak i eiga kraft, for å gjere bruk av Guds kraft.
2.Kor.12,9 Men Herren sa til meg: «Min nåde er nok for deg, for mi kraft vert fullenda i vanmakt.» Difor vil eg helst rosa meg av mi vanmakt, så Kristi kraft kan bu i meg. 10 Og difor er eg, for Kristi skuld, ved godt mot i vanmakt, i hard medferd, i naud, i forfylging, i trengsler. For når eg er veik, då er eg sterk.
Jesus er brødet som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, han gir oss ånd og liv frå himmelen og dette er fullkome og det er nytt for verda. Gud gjer noko nytt ved sitt Ord og sin Ande. Vi forkynner Gud Ord og det vender ikkje tomt tilbake, men utfører det som Gud sender det til. Så vi er svake og skrøpelege på den måten at vi er heilt avhengige av å høyre det, tru det og ta imot det og forkynne det. Så sjølv om engelen for kyrkjelyden i filadelfia hadde lita kraft, så hadde Kristus likevel sett framfor han ei open dør og det var viktig for han å sjå det og bruke den døra, gå inn gjennom den døra.
Jesus sa at den som gjer seg sjølv liten, han er stor.
Matt.18,1 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?» 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa: «Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.
Så det er om å gjere å gjere seg sjølv liten, som eit barn som treng Faderens kjærleik og omsorg, oppseding og opplæring. Så vi tek imot lærdom på den måten. Vi drikk av den åndelege uforfalska melka, som er Guds ord, den gir oss næring, så vi veks og vert styrka ved den. Slik er vi også svake i oss sjølve men vert styrka ved Guds kraft.
Guds augo fer ut over heile jorda, så han med si kraft kan komme den til hjelp som heilhjarta held seg til han.
2.Krøn.16, 9 For Herrens augo fer utover all jorda, så han med si makt kan hjelpa dei som heilhjarta held seg til han. Men i dette har du bore deg uklokt åt; heretter skal du støtt ha krig.»
Og slik ventar eg at han vil gi meg hjelp i form av ei kone.
Kristus er Sanninga som set oss fri, han dekker bord for meg framfor augo på mine fiendar.
Dei som protesterte mot Paulus si lære har forkynn eit falskt evangelium og ein falsk frigjerande bodskap. Dei er fiendar til Paulus og Kristus og slik er dei også mine fiendar. I det gamle testamentet er avgudane, laga av stokk og stein, kalla Lygna. Som motsetnad til den er Kristus Sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane. Den som han får sett fri, vert verkeleg fri.
David var ein mann og ein konge som sa at Herren dekka bord for han rett framfor augo på sine fiendar. Det får eg også seie. Men når han dekkar bord for meg, så trur eg også får seie at han dekker bord for mange med meg, vi er i alle fall mange som er inviterte til hans festmåltid. Ho Virtuella er invitert og eg trur og håper framleis at ho kjem til å ta imot og at det vert mange med henne. Ho Reella er invitert og eg trur ho tek imot og at det vert mange med henne. Ho Poly-Ester er invitert og eg håper ho tek imot og at det vert mange med henne.
Ta deg sjølv på alvor og ta Jesus på alvor.
Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og skal ta meg sjølv på alvor og ta han på alvor i den saka. Skal eg få meg ei kone, så må det no verte slik at eg får møte henne fysisk og snakke med og ha henne hos meg. Korleis då? Jau, Gud er den same og han skaper oss framleis i samsvar med 1.Mos.2, Gud skapte kvinna av mannens sidebein og førde henne til han, så dei skulle vere eitt kjøt, ein kropp. Så når han gir meg ei kone, vert kroppen hennar min kropp, som kona mi, og kroppen min vert kroppen hennar, som mannen hennar. Men no er Kristus den siste Adam, som er frå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Så det handlar også om at vi som Kristi kyrkje er hans brud, hans kropp. Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Så det er to sider av same sak og med den vedkjenninga skal eg ta meg sjølv på alvår og ta han på alvår.
Det primære er å verte frelst for æva og få evig liv, å få sitt namn oppskrive i livets bok i himmelen. Vi får Guds Ande av berre nåde, ved trua på Kristus og den er som eit segl vi får, som viser at vi tilhøyrer han. Han gir oss ånd og liv frå himmelen, han gir liv til vår sjel og ånd i vår ånd og det er viktig for oss å ta imot, det er som mat som vi har å leve av, næring som gir oss vekst.
Men slik gjer han også kroppane våre levande.
Rom.8,10 Men bur Kristus i dykk, då er nok lekamen død på grunn av synd, men ånda er levande av di de er rettferdige for Gud. 11 Han var det som reiste Jesus opp frå dei døde. Og dersom hans Ande bur i dykk, skal han som reiste Kristus opp frå dei døde, også gjera dykkar døyelege lekam levande ved sin Ande som bur i dykk.
Anden er som luft vi pustar inn, livet er som lys som skin i våre hjerter og som livets vatn som vi drikk. Og vatn er tyntflytande. Slik er det også med den åndelege, uforfalska melka, som er Guds Ord. Det er lett å ta imot, i tru, og det er lett fordøyeleg. Men Bibelen talar også om fast føde, spesielt for dei som er litt eldre i livet med Gud. Då er det slik at du må sjølv aktivt gå til bords og sette deg, forsyne deg sjølv, tygge og fordøye fast føde. Eg tenker meg at det er noko som kroppen treng i tillegg til melka. Det er Anden og livet dette også, men det opplevest som noko meir enn det som gjer ånda, sjela og hjertet levande, det gjer kroppen levande også.
Jesus er det brødet som kom den frå himmelen for å gi verda liv (Joh.6,22-59). Når Jesus sa dette var det mange som sa imot. Då svarde han med å seie at det var kroppen hans som var det brødet som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, dei måtte ete kroppen hans og drikke blodet hans for å ha liv i seg (v50-53). Då sa dei endå meir imot, men han svara at det er Anden som gjer levande, her kan menneske ingen ting gjera, det ord han har tala til oss er ånd og liv (v63). Men slik var det og slik vart det, ved at Jesus døde i staden for oss på korset, som eit offer for all verda si syn. Det er symbolisert i nattverden.
Eg trur og meiner eg får oppleve at Jesus ved sin Ande gjer kroppen min levande og soleis gir han meg ei frelst kvinne til kone i samsvar med 1.Mos.2. Jesus sa at betestadam var der, i kyrkjelydene, ja vel, så då ventar eg meg at han gjer det der og at eg får møte henne der.
Jesus har sagt eg skal lovprise han for frelsa, glede meg i han og hans frelse, så vil han gi meg det som mitt hjarte attrår. Så frelsa og takkseiinga og lovprisinga for den kjem først. Så ventar eg at han gjev meg ei frelst kvinne til kone. Når Jesus gjer kroppen min levande med sin Ande, så opplever eg det, så kan det no verke som om eg først opplever det og så erkjenner det. Det er som når Gud let ein djup svevn falle over mannen og så skapte han kvinna av sidebeinet hans og førde henne til han. Då erkjente han at ho var teken av ein kar og derfor kalla han henne kvinne. Slik år eg først oppleve at Gud gjer sitt verk med meg og så får det vise kven ho er. Når han fører henne til meg, så vil eg erkjenne det, takke han og gi han æra for det. Men som sagt kom frelsa og takkseiinga og lovprisinga for den før dette igjen.
4 responses to “2022.05.26. Kristi himmelfartsdag. Sion Åheim. Velkommen til Herrens bord.”
[…] Sion Åheim. Sjå på Jesus. Han gjer alle ting nye. 2022.05.26. Kristi himmelfartsdag. Sion Åheim. Velkommen til Herrens bord. 2022.05.29. Sion Åheim. Verte avvist eller […]
[…] Sion Åheim. Sjå på Jesus. Han gjer alle ting nye. 2022.05.26. Kristi himmelfartsdag. Sion Åheim. Velkommen til Herrens bord. 2022.05.29. Sion Åheim. Verte avvist eller […]
[…] https://blessings-from-heaven.com/2022/05/28/2022-05-26-kristi-himmelfartsdag-sion-aheim-velkommen-t… […]
[…] https://blessings-from-heaven.com/2022/05/28/2022-05-26-kristi-himmelfartsdag-sion-aheim-velkommen-t… […]