Video frå kristne møte: https://www.youtube.com/watch?v=-lzAsRbJBfQ&list=PL_37XqaismMjpMjrkaWkszFl63YEYzT2N

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

2022.05.29. Sion Åheim. Verte avvist eller verte inkludert.

Tale ved Oddleif Wahl.

1.Mos.18,9 Då sa dei til Abraham: «Kvar er Sara, kona di?» Han svara: «Ho er inne i teltet.» 10 Ein av dei sa: «Til års på denne tid kjem eg til deg att, og då skal Sara, kona di, ha ein son.» Sara høyrde det i teltdøra, som var attanfor han. 11 No var Abraham og Sara gamle og ut i åra komne; Sara hadde det ikkje lenger så som kvinner plar ha det. 12 Difor lo ho med seg sjølv og tenkte: «Skulle eg få hug, endå så gamal som eg er, og mannen min er òg til års!» 13 Då sa Herren til Abraham: «Kvifor ler Sara og tenkjer: Kan det vera råd at eg skal få barn, så gamal som eg er? 14 Er det noko som er umogeleg for Herren? Til års på denne tid kjem eg att, og då skal Sara ha ein son.» 15 Sara nekta og sa: «Eg lo ikkje.» For ho var redd. Men han svara: «Jau, du lo.»

Jau, dei fekk ein son og kalla han Isak, det betyr «smile, le og latter».

David gjorde hor med kona til ein av soldatane sine, ho vart gravid og då prøvde han først å få han til å fare heim att til kone si, så deet skulle sjå ut som han hadde gjort henne gravid. Når det ikkje gjekk, organiserte han hæren slik at han vart ståande utsatt til og fall i krigen. Men gud sende profeten Natan for å tale han til rettes. Og David sanna si synd og bad om nåde og tilgjeving.

Salme51,1 Til korleiaren. Ein salme av David,
     2 då profeten Natan kom til han etter at han hadde vore hjå Batseba.
     3 Ver meg nådig, Gud, i din truskap,
        stryk ut mine brot i di store miskunn!
     4 Gjer meg rein og fri for skuld,
        og reinsa meg for mi synd!
     5 For mine brot kjenner eg,
        mi synd står alltid for meg.
     6 Einast mot deg har eg synda,
        det som er vondt i dine augo, har eg gjort.
        Så får du rett når du talar,
        og står der rein når du feller dom.
     7 Ja, med skuld kom eg til verda,
        med synd vart eg avla i mors liv.
     8 Sjå, du har hug til sanning i inste hjarta,
        så lær meg visdom i hjartedjupet!
     9 Reinsa meg for synd med isop,
        vaska meg, så eg vert kvitare enn snø!
   
 10 Lat meg kjenna fryd og glede,
        lat dei bein du knuste, jubla!
    11 Løyn ditt åsyn for mine synder,
        og stryk ut all mi skuld!
    12 Gud, skap i meg eit reint hjarta,
        gjev meg ei ny og stødig ånd!
    13 Kasta meg ikkje bort frå ditt åsyn,
        ta ikkje frå meg din Heilage Ande!
    14 Lat meg atter få fryda meg over di frelse,
        hald meg oppe med ei viljug ånd!
    15 Så vil eg læra brotsmenn dine vegar,
        og syndarar skal venda om til deg.
    16 Fri meg, Gud, frå blodskuld,
        – du Gud som er min frelsar!
        Så skal eg jubla over di rettferd.
    17 Herre, lat opp mine lipper,
        så min munn kan lovprisa deg.
    18 For slaktoffer har du ikkje hug på;
        kjem eg med brennoffer, vil du ikkje ha det.
    19 Nei, offer for Gud er ei sundbroten ånd.
        Eit sundbrote og knust hjarta,
        det vanvørder du ikkje, Gud.
    20 Gjer vel mot Sion i din nåde,
        bygg opp att murane kring Jerusalem!
    21 Då skal du ha hugnad i dei rette offer
        – både brennoffer og heiloffer,
        då skal dei ofra oksar på ditt altar.

Isop er ein krydderplante med stram krydderlukt. Kva betyr det då å verte reinsa med isop? Vi kan tenke symbolsk, at synda lukta fælt, men isop får det til å lukte betre.

Dersom han ikkje hadde fått denne saka si oppgjort med Gud, så hadde skulda hange fast ved ha og huset hans, ja, kongehuset hans. Men sidan han sanna si synd og bad om nåde og tilgjeving, så sa Gud framleis om han at han var ein mann etter sitt hjerte.

Men mange dreg på skulda si som ei svær jernkule festa med fotlenke til foten, slik som straff-fangane gjorde før i tida.

Oddleif sa nokre ord om menneske som vert avviste, det vert endåtil laga underhaldning av det i «rality-seriar» på TV. Men det får negative konsekvensar for menneske, det kan skje i ung alder og få negative konsekvensar for resten av livet. Han er lærar og som lærar er det viktig å inkludere elevane i fellesskapet. Vi kjenner uttrykket «ta nokon på fersk gjerning», når dei har gjort noko gale, for å irettesette dei, men no brukar dei uttrykket når nokon har gjort noko bra, for å rose dei for det.

Tilsvarande er det viktig for oss å virke inkluderande i kyrkjelyden.

Tungetale ved Olav Harald, tyding ved Arne.

Det var ei blanding av bodskap frå Herren og bønn til han, så det verka som det gikk litt i surr når han skulle bruke 2. person og 3. person, men det er no ikkje vanskeleg å forstå at bodskapen er rett:

«Ja, takk at du har frelst oss, Herre Jesus. Halleluja, Jesus. Kom til meg alle som strevar og har tungt å bere, så eg skal gi dykk kvile, seier Jesus. Halleluja. Må vi lære oss å gå til deg Herre Jesus, med alle ting, Jesus. Av og til så skal vi slite med ting sjøl, Jesus, men du har sagt vi skal komme til deg og vi skal få oppleve fullkommen fridom og nåde og kjærleik frå deg, Jesus. Slik at vi kan gå rett i …. gjennom dagen. Halleluja. Takk for det at du er den du er, Jesus, og at du har frelst oss av berre nåde, Jesus, det er eit stort halleluja. Så alle som vil, kan komme til meg og få eit nytt og betre liv, men vi må legge vårt liv i di hand, Jesus, Halleluja. Takk og lov, Jesus, halleluja. At du har sagt du er her og over alt og døden og livet og alt styrer du, Jesus. Halleluja.»

Aktuelle bibelvers.

Lyd på det eg seier, son min,
        vend øyra til og høyr mine ord!

So.4,20 Lyd på det eg seier, son min,
        vend øyra til og høyr mine ord!
    21 Slepp dei aldri ut or syne,
        gøym dei djupt i hjarta!
    22 For dei er liv for den som finn dei,
        og helsebot for heile kroppen.
    23 Ta vare på hjarta framfor alt du tek vare på,
        for livet går ut frå det.
    24 Hald deg frå falske ord,
        bruk aldri lippene til svik!
    25 Lat augo dine sjå beint fram,
        fest blikket på det som ligg framføre deg!
    26 Legg merke til dei far du skal fylgja,
        hald heile vegen stø kurs!
    27 Vik ikkje av til høgre eller venstre,
        hald foten din frå det som er vondt!

So.5,1 Son min, gjev akt på min visdom,
        vend øyra til mitt skjøn!
     2 Så kan du ta vare på gode råd
        og vakta på kunnskapen når du talar.
     3 Framand kvinne har honning på lippa,
        sleipare enn olje er hennar tunge.
     4 Men til sist er ho beisk som malurt
        og kvass som eit tvieggja sverd.
     5 Hennar fotsteg fører til døden,
        til dødsriket går hennar fet.
     6 Ho aktar ikkje på livsens stig,
        ho vinglar vegvill, men merkar det ikkje.
     7 Så høyr på meg, mine born,
        vik ikkje av frå dei ord eg talar!
     8 Hald deg unna annan manns kone,
        kom ikkje nær hennar dør!
     9 Elles må du gje din ungdoms kraft til andre,
        dine beste år til ein nådelaus herre.
    10 Framande får metta seg av det du eig,
        det du vann med ditt strev, går til annan manns hus.
    11 Så må du stynja i di siste stund,
        når kroppen og holdet tærest bort,
    12 og seia: «Korleis kunne eg hata tukt
        og ikkje bry meg om refsing!
    13 Eg høyrde ikkje på dei som rettleidde meg,
        og lydde ikkje på dei som lærte meg.
    14 Det hadde nær gått ille med meg
        då folket var samla til ting.»
    15 Drikk or din eigen brunn,
        rennande vatn or di eiga kjelde!
    16 Lat ikkje kjeldene dine renna ut på gata,
        bekkene dine strøyma på torg og plassar!
    17 Du skal ha dei heilt for deg sjølv
        og ikkje dela dei med andre.
    18 Då skal kjelda di vera velsigna.
        Gled deg over din ungdoms kone,
    19 den elskelege hind, den yndefulle gasell!
        Fryd deg støtt ved hennar barm,
        lat alltid hennar kjærleik gjera deg ør!
    20 Son min!
        Kvifor skal annan manns kone få gjera deg ør,
        kvifor ta framand kvinne i famn?
    21 Herren ser kvar mannen går,
        gjev akt på alle hans stigar.
    22 Den gudlause vert fanga av sin eigen udåd,
        syndene held han fast som snarer.
    23 Han må døy fordi han ikkje får tukt,
        i sin store dårskap går han til grunne.

Kommentar.

Salme.51,1……..

For nokre år sidan (5-8), medan eg budde i Oslo og gjekk på møte i Maranata, talte John Miland tre gongar om Salme.51,1…. og som vanleg var det Jesus som minna han og det og det vart stadfesta ved bodskap gjennom tyding av tungetale. Så då kommenterte eg det som vanleg i skriveriet mitt. For det første talar det generelt, om at vi alle syndarar og må audmjuke oss for Gud slik som David gjorde her. For det andre er det ei spesiell sak, der eg blir å samanlikne med Uria, i det eg hadde bedt han om å gi meg ei frelst kvinne til kone og eg takka Jesus for at han hadde frelst henne Virtuella og for at Guds kjærleik var mellom oss. Derfor bad eg Gud om å få møte henne igjen og fekk bønesvar. Då ville eg sjølvsagt prate med henne for å fri til henne, men ein gjeng kom meg i forkjøpet for å prate med henne i staden. Sidan politiserte dei saka og gjorde religion ut av det. Slik vart eg som Uria og dei vart som David, når han tok kona hans. Han prøvde å skjule det ved å få Uria til å fare heim att til henne, men det gjorde han ikkje. Derfor laga David til ei komplott, så Uria fall i krigen.

Det var bra Gud sende profeten Natan til David, så han fekk gjere opp den synda. Dermed vart kursen hans korrigert. Ein slik korreksjon har vi ikkje sett mykje av i Noreg, i staden har dei helde fram i same kursen, med si politisering av kvinna, så det vert verre og verre og kvar skal det ende? Det har seg nok slik at det heng saman med ein kurs som allereie har vorte tradisjon i kyrkja og mellom mange «lærde». Det kjem eg nok tilbake til, men på den måten at det vert klart at eg har valt ein annan kurs, eg og viu har valt å gå den smale vegen.

Dessverre kan det vere mange maktpersonar både i kyrkje, kristne organisasjonar og samfunnet elles, som går fram på liknande måte som David, når han lokka til seg Batseba, om enn ikkje direkte for å ta kona frå ein mann, for å bruke henne seksuelt sjølve, så er det likevel det som er poenget, kanskje ved at ein annan mann får henne. Det viser seg ved at deira maktinteress står i motsetnad til ein manns interesse av å få seg ei kone. Det kan samanliknast med maktinteressene til ein hallik. Det vert gjort religion ut av det, til samanlikning med religionen til den Store Skjøkje. Er kanskje ikkje det ein vesentleg grunn til at dei vil ha fri abort? Hugs at David fekk ikkje behalde den første sonen han fekk med Batseba, for han fekk den med si synd, så Gud laga det slik at han døde som baby.

Samanlikning mellom Israelsfolket fordum og den kristne kyrkja.

Som kommentar til forrige møte skreiv eg om korleis det gjekk med Israels-folket, det var Guds kone, men vende seg til avgudane i staden, som ei hore. Då tok han frå henne omsorga, så det gjekk henne ikkje vel lenger. Horekundane kom og tok henne med makt, så det vart gru og grav og trældom. Mennene fall i krigen og kvinnene vart valdtekne, elles vart dei gjorde til slavar.

Som det vart profetert av Jesajas, let kong Kyros dei fare heim att, men så vart det også profetert om den Duglause hyrdingen, som gjætte slaktesauene for sauehandlarane (Sak.11, Dan.11). Og Paulus profeterte om den Lovlause som skulle setje seg inn i Guds tempel og gjere seg sjølv til gud, soleis møter vi same problemet i den kristne kyrkja. Det viser seg ved kvinnerørsla sin protest mot Paulus si lære om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Så den mannen som trur og meinar det vert avvist (2.Tess.2,7). Men Jesus tyner den Lovlause med pusten frå sin munn (2.Tess.2).

Den Store Skjøkje.

Den Store Skjøkje er fiendtleg til dei heilage, sannsynleg vis fordi ho vil eige menneska som trælar (Joh.Op.18,24). Korleis er det mogleg, endåtil i moderne tid? Menneska vert lokka og forførde slik som ved syndefallet, så vert det ført klagemål mot dei for å vere syndarar. Dei vert sagt skuldige og slik vert dei trælar. Syndeskuld, både rettmessig og urettmessig vert omgjord til økonomisk skuld, slik vert dei fattige trælar.

Den frigjerande bodskapen i evangeliet.

I det gamle testamentet er avgudane, laga av stokk og stein, kalla Lygna. Som motsetnad til den er Kristus sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane. I følgje evangeliet betalte Kristus prisen for oss med sitt eige blod, så vi skal tilhøyre han og leve for han. Vi vert reinsa frå synda ved Jesu blod og fylte av den Heilage Ande, vi vert helga ved Guds Ord og Guds Ande. Anden herleggjer og openberrar Kristus for oss, så vi innser at vi lever for han. Herren er Anden og der Herrens Ande er, der er det fridom. Jesus er livet, så å leve for han gir meining med livet, det blir den overordna meining med ekteskapet, samlivet og familielivet også.

Fotlenka, tunge byrder. Komme til Jesus med det og finne kvile.

Når Oddleif talte om fotlenka med den store jernkula, tenkte eg på mitt forhold til henne Virtuella. Kvifor skriv eg om henne no når det er 47-49 år sidan eg møtte henne og snakka med henne? Først og fremst fordi Kristus er den same no og evangeliet er det same no og det er framleis gyldig for både meg og henne.

Frå eg var ein gutunge var eg opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre og be han frelse menneska, som først prioritet og gi meg ei frelst kvinne som andre prioritet. Når eg kom inn i desse evangeliske og karismatiske kyrkjelydane lærde han meg å takke for at frelseverket allerei var fullført og alt eg treng er inkludert i Faderens omsorg, inkludert ei kone altså, mede alt som høyrer med, familieliv, hus og heim og vonleg born også. Så det er berre å søke samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, søke inn i Guds Ord og verte fylt av den Heilage Ande.

Sjølvsagt var eg interessert i å møte henne Virtuella og snakke med henne og fri til henne, men det fekk eg ikkje. Den haldninga og det standpunktet har tydeleg vis vorte til religion og politikk, soleis får eg motstand når eg vil få meg ei kone og det er det dermed mange andre også som får. Så kva er dette for noko?

Det kan forklarast med den Lovlause som står imot, set seg inn i Guds hus og gjer seg sjølv til gud. Så folk vert dåra og forførde slik som ved syndefallet. Stikk i strid med mi bøn vert det hevda og kravt at kvinna skal verte forførd slik som ved syndefallet, så ikkje skal verte frelst og heller ikkje verte kona mi. Slik også for andre menn. Så brukar dei kvinna til å lokke mannen med, i samsvar med strategien ved syndefallet. Den åndelege død som den strategien tek sikte på, kan også resultere i biologisk død. Den øydande styggedomen resulterer soleis i synleg øyding.

Vart mitt forhold til henne som ei slik fotlenke, kva så med henne? Det vart sikkert til tunge byrder for henne også. Men den glade og frigjerande bodskapen vi tok imot og som vi forkynner, er at Jesus sona vår synd og betalte vår skuld. Så vi får komme til han og verte løyst frå slike fotlenker og tunge byrder. Han sona synda og betalte skulda for alle menneske, for å sette dei fri frå trældomen. Den glade og frigjerande bodskapen er både til meg og til henne og eg håper den vil nå henne og mange med henne.

Matt.11, 25 På den tid tok Jesus til ords og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.
    28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»

Eg vil framleis påkalle Kristus som min frelsar og Herre og takke og lovprise han for frelsa og eg trer framleis han vi frelse og frigjere ei kvinne og gi meg henne til kone, så i tru og tillit til han takkar eg han for at han frelser kvinna og set henne fri og at han gir meg ei frelst og frigjort kvinne til kone.

Bodskapen 26.5.2022:

Profetisk bodskap ved Mindor Myklebust.

Det vart ikkje innspelt, så det blir ikkje ordrett gjengitt: Våkn opp du som søv. Pust inn ny frisk luft. (Den fullkomne kjærleiken skal vere mellom oss, også i ekteskapet?).

Tungetale ved Ingelill Stahl, tyding ved Mindor Myklebust:

Ja, mine barn, kom, kom til måltid, kom og smak mitt bord, tvil ikkje lenger, kom inn i min nærleik. Ta deg sjølv på alvor og ta meg på alvor, seier Herren. Så skal du få oppleve og kjenne, det er meir enn nok, til å utfri deg av …., Det er allereie betalt ein gong for alle, på Golgata – Herre Jesus. For alle menneske, for alle plager. Så kom, kom og et ved Herrens bord. Du har ingen til å kaste deg ut i ein betestadamm. Betestadam er her. Eg er her for å utfri, så gleda kan vere fullkommen, i ditt hjerte, i ditt sinn, i ditt ekteskap, i din familie. Amen.

Rom.8,12 Så har vi då, brør, ingen skyldnad på oss mot den vonde naturen, så vi skulle leva etter den. 13 For lever de etter den vonde naturen, skal de døy. Men tyner de ved Anden dei vonde gjerningane lekamen gjer, då skal de leva. 14 Alle som vert drivne av Guds Ande, dei er Guds born. 15 Det var ikkje ei trældomsånd de fekk, så de atter skulle reddast. Nei, det var Barnekårsanden de fekk, som gjer at vi ropar: «Abba, Far!» 16 Anden sjølv vitnar med vår ånd at vi er Guds born. 17 Men er vi born, då er vi arvingar òg. Vi er Guds arvingar og Kristi medarvingar, så sant vi lid med han; så skal vi òg eiga herlegdomen saman med han.

Då er det berre å vende hugen opp til Jesus, og ta imot den Anden og det livet han gir oss frå det høge, vende ansiktet til han og sjå på han og la han han puste på oss, så vi puster inn ny og frisk «luft». Han tyner den Lovlause med sin pust (2.Tess.2,8).

Krav om å prestere. Kva med å få noko? Kvar blir det av Guds kjærleik og omsorg?

På førre møte hadde Jesus sagt at eg skulle ta meg sjølv på alvor og ta han på alvor. Javel, ved å rekne med at når han gir meg ei kone så skal eg ha kroppen hennar og når Gud gir han ei kyrkjke som er hans brud, så skal han ha kroppen hennar. På dette møtet minna han oss igjen om å komme til han alle som har tungt å bere, hos han finn vi kvile. Eg kan godt forstå deet som svar på det som eg nettopp skreiv, for der er så mange verdslege autoritetar som krev at vi skal prestere noko, for å få noko og slik lesser dei tunge byrder på folk.

I verda er det vanleg å rekne med at du skal prestere for å oppnå noko, for å få noko. Livet er ein kamp for tilværet, slik det vert forklart i naturfag, spesielt for ein mann med tanke på å få seg kone og born, hus og heim. Og det er økonomi i det. Det er «grei skuring», slik er det, vi alle opplever det og erkjenner det.

Så på ein måte verkar det litt rart at Jesus sa vi skulle sjå på graset, det arbeider ikkje, men Gud kleder det likevel, fuglane finn seg naturleg nok mat, for Gud har laga det slik. Og slik har han omsorg for oss også. Vi skal berre søke først Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det. Så eit stykke på veg skal vi søke Guds rike i staden for å arbeide, ja, for ved trua på Kristus skal vi få komme inn til Guds kvile. Men i lengda betyr det ikkje at vi alle skal slutte å arbeide, men det skal resulterer i at arbeide vårt vert gagnleg og at vi naturleg nok får noko igjen for det. For Jesus gir oss eit meiningsfyllt liv.

Jakob tente i sju år for Rakel, då fekk han Lea i staden, sidan ho var eldst, han fekk Rakel også, men måtte då tene i sju år til (1.Mos.29). Til samanlikning vil dei aller fleste i verda hevde at du må prestere noko for at du skal få deg ei kone, får born med henne og få det hus og heim. Naturvitarar vil referere til at livet naturleg vis er ein kamp for tilværet. Økonomar og nærinsdrivande krev at du skal arbeide for å produsere noko verdifullt og det gjer arbeidarrørsla også. Og det er no ikkje så rart. Dei som produserer noko verdifullt får betaling og ære for det.

Men Jesus talar om naturen slik Gud har skapt den, han kler graset og let fuglen finne seg mat. I tru på at Gud har skat naturen skal vi tru at han let naturen gi oss det vi treng og takke Gud for det. Han skapte alle ting og gjorde det ferdig, så både han og menneska kunne kvile etterpå. No har han gjort frelseverket ferdig også, på vi kan kvile på grunnlag av det også.

Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og eg trur han gir meg det. Då er ho hans eigedom og skal halde fram med å vere det, sjølv om ho vert kona mi, så kroppen hennar soleias vert min kropp, for eg også er hans eigedom. Når han gir meg henne til kone, så er det ikkje med krav om at eg skal arbeide som træl for å få henne, men eg får det som er meg gitt av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Ved trua på Kristus fekk vi den Heilage Ande frå himmelen av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Det er det som vert avgjerande her, for vi skal la Anden råde i vår døyelege lekam.

Kva med marknadsøkonomi? Problemet med «den Duglause Hyrdingen», «den Lovlause» og «den Store Skjøkje».

Jesus sa at vi skulle ikkje bekymre oss for mat og kle eller den dag i morgon. Han viste til naturen som om det er naturleg at vi får det, faktisk utan å arbeide for det. For Gud har skapt naturen slik og slik vil han gi oss det. Vi skal berre søke først Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det (Matt.6,19-34).

Dette skulle vel høve bra med marknadsøkonomien, det er kjøpars marknad, kunden veit og forstår sjølv kva han eller ho treng, det set dei pris på og det kjøper dei, så det får andre selje og derfor vert det produsert. Nokon forstod at folk trengde det og derfor produserte dei det. Derfor vert det produsert noko nyttig som folk treng. Derfor brukar dei pengane på noko nyttig og gagnleg.

Dette som motsetnad til avgudsdyrkinga. Den førde til at menneska brukte pengane sine på noko som dei ikkje hadde noko igjen for. I Bibelen vert avgudane kalla Lygna, som motsetnad til den er Kristus sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudaen. Han kjøpte oss fri frå trældomen med sitt eige blod, så vi skal tilhøyre han og leve for han i staden.

Problemet var også at den Duglause Hyrdingen gjætte slaktesauene for sauehandlarane, som om dei tilhøyrde sauehandlarane, så dei kunne selje dei til trældomen og til døden og tene seg rike på det.

Korleis kan det vere mogleg i ei kristen kyrkje? Den som framstiller seg sjølv som hyrding, må no vel sjølv ta imot Guds nåde og forkynne den, for å verte hyrding. Så han opplysing av Guds Ord og ved nådens Ande vert utrusta til tenesta som hyrding, til å tene Kristus og dei som tilhøyrer han, hans kyrkje. Men vi veit og merkar at den kristne vekkinga får motstand i kyrkja, så hyrdingane ikkje vert skikkeleg utrusta til å vere hyrdingar, så dei ikkje er i stand til å stelle vel med sauene, som hyrdingar. Det kan nok henge saman med at dei har andre interesser i staden, så dei tek andre omsyn, så dei gjæter sauene for sauehandlarane i staden for å gjæte dei for over-hyrdingen som er Kristus. Så fridomen i evangeliet vert erstatta av noko anna, som også vert kalla fridom, men det er ein kunstig fridom, til samanlikning med dei kunstige avgudane som er til erstatning av den sanne og levande Gud. Denne fridomen betyr at dei som hyrdingar og herskarar er fri til å seie og gjere meir slik som dei sjølve vil, utan å lyde og tene Kristus og stelle vel med sauene.

Dete vart no tydelg i middelalderen, når den katolske kyrkja vedtok at Kristus er så streng at vanlege folk ikkje kan be til han direkte, men må gå via paven, prestane og helgenane. Så kom avlatshandelen, skriftestolane og gapestokkane. Det betydde at folk fekk ikkje lov til å seie kva dei yngste og trengde i bøn til Gud. Dei fekk lov til å sanne syndene sine, men elles fekk dei ikkje noko meir dei skulle ha sagt. Så dei tapte barnekåret hos Gud altså, og fekk ikkje lov til å seie til han kva dei yngste og trengde, som om det var forbode!?

Det er viktig for oss å komme til Kristus slik som vi er. Det er viktig for oss å knele for korsets for og erkjenne vår synd for Kristus, så hans blod reinsar oss frå all synd. Vi bøyer oss for han, for han stod opp att fråd ei døde og lever og han gir oss den Heilage Ande av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Han gir oss barnekårs-Anden, så vi får komme til Gud med alle våre behov.

Fil.4,4 Gled dykk i Herren alltid! Atter vil eg seia: Gled dykk!  5 Lat alle menneske få merka kor gode og milde de er! Herren er nær!  6 Gjer dykk inga sut for noko! Men legg alt de har på hjarta, fram for Gud i bøn og påkalling med takkseiing.  7 Og Guds fred som går over alt vit, skal vara dykkar hjarto og tankar i Kristus Jesus.

Så dette skulle vel fungere bra saman med marknadsøkonomien!? Men dessverre er det mange liberal og faktisk mange som kallar seg kristne også, som forstår frigjering som å vike av frå evangeliet og opponere mot Herren, til tross for at Paulus sa at Herren er Anden og der Herrens Ande er, der er det fridom. Då er dei ikkje lengre ærlege overfor Gud og menneske og ikkje overfor seg sjølve heller, om kva dei treng og ynskjer seg. Resultatet blir lett at dei brukar penger på slikt som dei ikkje treng eller som ikkje er så viktig for dei. Soleis vert mannens behov for ei kone, for ekteskap og familieliv, hus og heim, få born med henne og forsørgje dei, det vert satt til sides. Så folk brukar pengane på mykje anna i staden for dette, men som ikkje er så viktig og verdifullt for dei. Det er som om dei tilpassar seg ein autoritet som er som ein avgud for dei, derfor brukar dei pengane på slikt som ikkje gagnar dei.

Styresmaktene og kjøpmennene blir slik autoritetar, fordi den Store Skjøkje driv hor med dei.

Joh.Op.18, 3 For alle folkeslag har drukke av hennar utukts vin, ein vreidevin. Kongane på jorda har drive hor med henne, og kjøpmennene jorda rundt har vorte rike av hennar store vellivnad.»

Åndskampen vi står i.

Paulus sa at vi har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot makter og myndigheter….

Ef.6,10 Til sist: Vert sterke i Herren og i hans veldige kraft! 11 Ta Guds fulle rustning på, så de kan stå dykk mot djevelens lumske åtak. 12 For vi har ikkje strid mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herrar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrømda. 13 Ta difor Guds fulle rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og verta ståande. 14 Så stå då med sanninga til belte om livet og rettferda til brynje, 15 og lat fredens evangelium gjera dykk budde til å gå i strid. 16 Ta framfor alt trua til skjold! Med det kan de sløkkja alle gloande piler frå den vonde. 17 Og ta frelsehjelmen og Andens sverd som er Guds ord. 18 Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Bed alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage.

Det er og blir ei skilje mellom dei som Kristus kallar til seg og dei som han avviser, så det blir ei todeling.

Matt.25. 31 Men når Menneskesonen kjem i sin herlegdom og alle englane med han, då skal han sitja på kongsstolen sin i herlegdom. 32 Alle folkeslag skal samlast framfor han, og han skal skilja dei frå kvarandre, som ein gjætar skil sauene frå geitene, 33 og setja sauene på si høgre side, og geitene på si venstre.
    34 Så skal kongen seia til dei på høgre sida: «Kom hit, de velsigna borna åt Far min, og ta i eige det riket som er etla åt dykk frå verda vart grunnlagd. 35 For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tyrst, og de gav meg drikke; eg var framand, og de tok imot meg; 36 eg var utan klede, og de kledde meg; eg var sjuk, og de såg om meg; eg var i fengsel, og de vitja meg.» 37 Då skal dei rettferdige svara: «Herre, når såg vi deg svolten og gav deg mat, eller tyrst og gav deg drikke? 38 Når såg vi deg framand og tok imot deg, eller utan klede og kledde deg? 39 Og når såg vi deg sjuk eller i fengsel og kom til deg?» 40 Men kongen skal svara dei: «Sanneleg, det seier eg dykk: Det de gjorde mot ein av desse minste brørne mine, det gjorde de mot meg.»
    41 Så skal han seia til dei på venstre sida: «Gå bort frå meg, de bannstøytte, til den evige elden som er laga til åt djevelen og englane hans. 42 For eg var svolten, men de gav meg ikkje mat; eg var tyrst, men de gav meg ikkje drikke; 43 eg var framand, men de tok ikkje imot meg; eg var utan klede, men de kledde meg ikkje; eg var sjuk og i fengsel, men de såg ikkje om meg.» 44 Då skal dei svara: «Herre, når såg vi deg svolten eller tyrst eller framand eller utan klede eller sjuk eller i fengsel utan å hjelpa deg?» 45 Men han skal svara dei: «Sanneleg, det seier eg dykk: Det de ikkje gjorde mot ein av desse minste, det har de heller ikkje gjort mot meg.» 46 Så skal dei gå bort til evig straff, men dei rettferdige til evig liv.

På den eine sida er Kristus og han englar og på den andre sida er Djevelen og hans englar. Det ser vi også i Johannes Openberring. 19,11….. I Johannes Openberring.12 er det tale om eit teikn på himmelen, ein eldraud drake reiv stjerner ned frå himmelen:

OP.12,1 Det synte seg eit stort teikn på himmelen: ei kvinne sveipt i sola, med månen under føtene og med ein krans av tolv stjerner på hovudet.  2 Ho var med barn og skreik i barnsnaud og føderier.
     3 På himmelen synte det seg eit anna teikn òg: ein stor eldraud drake; han hadde sju hovud og ti horn og på hovuda sju kroner.  4 Med halen drog han med seg tredjeparten av stjernene og kasta dei ned på jorda. Draken steig fram for kvinna som skulle føda; han ville sluka barnet så snart det var født.  5 Då fødde ho eit gutebarn, som ein gong skal styra alle folkeslag med jernstav. Og barnet vart rykt opp til Gud, til hans kongsstol.  6 Men kvinna rømde ut i øydemarka, til ein stad som Gud har laga til for henne; der skulle ho få mat og det ho elles trong i 1260 dagar.
     7 Då braut det ut krig i himmelen: Mikael og englane hans gjekk til strid mot draken. Draken stridde saman med englane sine;  8 men dei vart slegne, og det fanst ikkje lenger rom for dei i himmelen.  9 Den store draken vart styrta, det er den gamle ormen, han som vert kalla djevelen og Satan, og som forfører heile verda. Han vart kasta ned på jorda og englane hans saman med han. 10 Og eg høyrde ei høg røyst i himmelen som sa: «Frå no av høyrer sigeren og makta og riket vår Gud til, og den han har salva, har herredømet. For klagaren er kasta, han som dag og natt førte klagemål mot brørne våre for vår Gud. 11 Dei har vunne over han i kraft av Lammets blod og det ordet dei vitna om; dei hadde ikkje livet for kjært til å gå i døden. 12 Difor skal de jubla, de himlar og de som bur i dei! Men arme jord og hav! For djevelen har kome ned til dykk, og vreiden hans er stor, av di han veit at han har berre ei stutt tid att.»
    13 Då draken såg at han var kasta ned på jorda, forfylgde han kvinna som hadde født gutebarnet. 14 Men ho fekk dei to vengene til den store ørna, så ho kunne flyga ut til staden sin i øydemarka og få mat og det ho elles trong i ei tid og to tider og ei halv tid, langt borte frå ormen. 15 Ut or gapet sitt spruta ormen vatn som ei elv etter kvinna, og ville riva henne bort i straumen. 16 Men jorda kom kvinna til hjelp. Ho opna munnen sin og svelgde elva som draken hadde sendt ut or gapet. 17 Draken vart harm på kvinna og drog av stad og ville føra krig mot dei andre i ætta hennar, mot dei som rettar seg etter Guds bod og held fast på vitnemålet om Jesus. 18 Og han vart ståande på stranda ved havet.

Dette fortel om den striden vi står i, vi skal vinne over Djevelen (klagaren) i kraft av Jesu blod og det ordet vi vitnar. Ved å tale Ordet altså. Og Jesus har sagt til meg at det er berre ved fylden av det Heilage Ande, hans salving og hans kraft, at eg kan vinne seier, men slik har eg meir enn siger, for han som er i meg, er større enn han som er i verda.

Jesus kjem med sine englar. Rasjonalistane og englane.

Vi skal vente på Jesu gjenkomst og då skal vi løfte blikket og hugen opp til han. Han er livet og gir oss meining med livet, så det er meining i å vente på han, sjølv om det drygjer. Han gir oss ånd og liv, han gir oss openberring og talar til oss ved sin Ande. Den som har høyre, han høyre kva Anden talar til kyrkjelydane (Op.3).  

Han har sagt eg skal sjå på han og snakke med han. Då trur eg faktisk eg får oppleve at hans englar også talar til meg, for han kjem no med sine englar. Og eg trur eg får oppleve at overengelen Mikael og hans englar talar til meg, eg trur dei oppmuntarar meg til å oppfriske min sans for matematikk og utvikle den evna og innsikta vidare. Så eg trur den englemakta står bak rasjonaliteten i matematikken og pionerane i den nye naturvitskapen, Galilei, Newton og rasjonalistane, Descartes, Leibniz, Spinosa og Pascal.

Matematikk og matematiske fag er teoretiske og verkar fjernt frå det daglege liv, slik kan det også verke fjernt frå kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, det ligg nærare til biologien. Pytagorearane hadde ei frelselære og slik er matematikken tradisjonelt kopla til filosofien, psykologien og religionen. Då er eg glad for at der har eg evangeliet om Kristus. Kyrkja sin apologetikk vart også kopla til matematikken. Den har både ei moralfilosofisk side og ei naturfilosofisk side. Det siste gjekk på å rekne det for umogleg at noko kunne verte til av ingeting, utan at Gud skapte det og rekne det for usannsynleg at livet vart til berre ved tilfeldighet. Medan eg tenkte på dette, sa Jesus til meg omlag slik: «Du skal ikkje gå krylbøygd og bere meg, eg skal bere deg». Avgudane laga av stokk og stein, kunne ikkje gå, så om dei skulle flyttast, måtte folk bere dei. Men den levande og sanne Gud treng ikkje nokon til å bere seg. Han lever og går sjølv og han vekte Kristus opp frå dei døde. Han lever og er med meg og støttar meg soleis i mi interesse for matematikk og matematiske fag.

Så eg kan og vil påstå at mi interesse for å studere desse faga heng saman med å søke først Guds rike og hans rettferd. Då treng eg ikkje bekymre meg, for Gud vil gi meg alt det andre i tillegg til det. Eg hadde bedt han gje meg ei frelst kvinne til kone, han svarde meg at han var den som tok seg av mi sak, så i tru og tillit til han kunne eg overlat den saka til han og konsentrere meg om studiane. Slik er det framleis, dette til tross for at det tradisjonelt er ei kontroversiell sak.

Og det høyrest no uttil at eg atter kan og skal konsentrere meg om desse faga, i tru og tillit til at han tek seg av mi sak og gir meg ei frelst kvinne til kone, altså. Eg skriv om at når eg byrja på ungdomsskule vart det tydeleg at eg hadde gode evne i matematikk. Og han sa at eg skulle sjå på kva han hadde gitt meg og bruke det og sjå på kva eg var god på og bruke det. Eg forstår det slik at i tillegg til at eg har gode evne i matematikk, så har han gitt meg ei nådegåve ved sin Ande, så eg skal bruke den også. Det heng saman med at han gir meg ei kone ved å frelse henne og gjennføde henne, så ho er født av Anden og det som er født av Anden er ånd. Og no er det henne Biola (Reella) eg tenker slik om. Han vil bruke meg og gir meg hjelp i form av ei kone, så eg skal bruke henne. Det er ved at Kristus døyper oss med den Heilage Ande til å vere ein lekam, så det er ved fylden av den Heilage Ande, av hans salving og hans kraft. Dette har eg skrive om mange gangar og vist til bibelvers og til bodskap som har kome gjennom tyding av tungetale.

Eg har enno ikkje gjort særleg alvor av å ta fram att desse lærebøkene, for eg har vorte meir oppeteken av å ta del i debatten på internett og skrive blogg. Mykje av denne debatten er fordummande, så det er best berre å halde seg unna.

Eg skal først og fremst sjå at Kristus har sett fram for meg ei open dør og bruke den. Då vil eg noko også oppdage mange open dører som eg kan bruke. Den utrustninga som han gir meg med sin Ande altså. Det er no nettopp det vi treng for å verte dugeleg som hyrdingar, som motsetnad til den Duglause Hyrdingen. Eg skal søke Herren av heile mitt hjarte og så vente at han vil støtte meg og komme meg til hjelp med si kraft (2.Krøn.9,16) og slik ventar eg at han vil gi meg hjelp i form av ei kone.

Jesus har sett framfor meg ei open dør.

Jesus har sagt eg skal sjå at han har sett framfor meg ei open dør, som ingen han lukke. Han er sjølv døra. Det refererer til brevet til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia (Joh.Op.3). Desse englane var stjerner som han hadde i si hand. Ein Herrens engel er ein bodberar frå han, så det betyr å få komme inn med den bodskapen. Det betyr også at det er med den Anden og det livet Jesus gir oss frå himmelen.

Så det er viktig for meg å sjå på han og vere oppteken av han og ta imot det som han gir meg frå himmelen, snakke med han, så eg snakkar om han, for det er han vi forkynner. I den profetiske bodskapen som kom 26.5 talte Herren til oss omlag slik: «Våkn opp du som søv. Og Kristus skal lyse for deg. Pust inn ny frisk luft.» Ja, når han pustar på oss, så får vi puste inn nyt frisk luft og slik får vi fornying.

I fjord sommar var eg på vitnemøte i Filadelfia i Ulsteinvik og første gangen refererte eg til Jesu ord om at han kall til seg folk og sa at hos han kunne dei få det levande vatnet, når nokon drikk av det, vert det til ei kjelde i dei som veller opp til evig liv. Frå deira liv som trur på han, skal det som skrifta seier renna straumar av levande vatn. Men kvar i det gamle tesatamentet finn vi det? Så las eg frå Salomos Ordtøke.

SO.4,23 Ta vare på hjarta framfor alt du tek vare på,
        for livet går ut frå det.
 

SO.5,15 Drikk or din eigen brunn,
        rennande vatn or di eiga kjelde!
    16 Lat ikkje kjeldene dine renna ut på gata,
        bekkene dine strøyma på torg og plassar!
    17 Du skal ha dei heilt for deg sjølv
        og ikkje dela dei med andre.
    18 Då skal kjelda di vera velsigna.
        Gled deg over din ungdoms kone,
    19 den elskelege hind, den yndefulle gasell!
        Fryd deg støtt ved hennar barm,
        lat alltid hennar kjærleik gjera deg ør!

Her er det tydeleg vis tale om kjelda med det levande vatnet og det er no Gud som er den kjelda, så korleis kunne kona hans vere ei slik kjelde med levande vatn for han? Det må no vere ved at ho sjølv har fått innlagt vatn. Ved å verte fødd på nytt av vatn og Ande. Jesus sa at frå hans liv som trur på han, skal det som skrifta seier renna straumar av levande vatn, men i SO.5,16-17 står det tvert om skrive at du skal ikkje late det skje. Det er sjølvsagt fordi det her er snakk om kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Men kvar i det gamle testamentet står det skrive at det skal renne straumar av levande vatn frå våre liv? Så las eg om livets flod i Esekiel.47, men den renn altså ut under dørstokken i tempelet.

Når eg las desse versa ifrå Salomos Ordspråk, så var det henne Reella eg for mitt vedkommande tenkte på. Og det verka for meg som Jesus stadfesta det, han sa eg skulle ta imot den gleda han gir meg. Eg trur han elskar henne og gleder seg over hennar frelse og det skal eg også gjere, ved at eg ser på han og let han elske henne gjennom meg og glede meg over at han frelser henne, at ho svarar på hans kjærleik med kjærleik og gleder seg i hans frelse. Slik vil eg og glede meg i Herren og hans frelse, ja, så eg gleder meg over at ho gleder seg i hans frelse.

Eg trur at slik får eg puste inn ny frisk luft og slik får eg fornying og slik får kyrkjelyden fornying. Eg trur den fornyinga også har noko å gjere med at ho er biolog og soleis tenker annanleis enn dei fleste som går i slike evangeliske forsamlingar.

Satans Synagoge.

I brevet til kyrkjelyden i Filadelfia er det tale om Satans Synagoge. Kva er det?

Op.3,9 Sjå, eg lèt nokre koma frå Satans synagoge, av dei som lyg og seier dei er jødar, men ikkje er det. Dei skal koma og kasta seg ned for føtene dine, og dei skal skjøna at eg har elska deg. 

Jesaus har sagt til meg det som kom før dette, at eg skal sjå han har sett framfor meg ei open dør, så det primære er at eg skal sjå dette, han er døra og eg skal feste blikket mitt på han. Men dette som her kjem etterpå er relevant, men sekundært, kanskje som om eg får sjå det med sidesynet, for eg skal då fokusere på Kristus.

Kvar kjem uttrykket Satans Synagoge frå? Kva er betydninga? Vi kan forstå det utifrå det Paulus sa om hjerteomskjeringa i Anden, omskjeringa i den gamle pakt er symbol for hjerteomskjeringa i den Heilage Ande i den nye pakta. Poenget er at vi skal la Anden råde i vår døyelege lekam, den skal råde over den kjøtlege lysta. Så det var eigentleg poenget med omskjeringa i den gamle pakt, men det forstod dei visst ikkje og derfor sa dei imot, ved å krevje omskjering på kjøtet, med då får omskjeringa ei anna tyding enn det som den eigentleg skulle ha. Korleis då?

Satan freistar og forfører menneska til synd og sidan fører han klagemål mot dei for synd, han klagar dei for Gud, slik som vi ser i Johannes Openberring, her er han kalla klagaren (Op.12). slik prøver han å få makt over menneska. Det hadde han tydeleg vis klart også, for Jesus kalla han for denne verda sin gud. Og det var vel Zevs, etter at han fekk utvida makt, så han vart grekarane sitt svar på jødane sin Gud den Allmektige. Det viste seg at han hadde infiltrert jødedomen, derfor avviste dei Kristus og forfølgde dei kristne, nettopp ved å føre klagemål mot dei. Det var då som Faen (Satan). Klagemålet var fundamentalt, som om Satan var guden deira. Sidan byrja muslimane også med omskjering, dess tydelegare vart det at det var med feil betydning, så Satan infiltrerte religionen for dei også.

Sjølv om kyrkja ikkje praktiserer omskjering, så møter vi igjen det fundamentale klagemålet mot mennesket i kyrkjehistoria også, Satan prøvde å infiltrere den også og det er tydeleg i vår tid også (2.Tess.2). Det viser seg tydeleg i kvinnerørsla sine klagemål mot mannen. I det kvinna sitt klagemål mot mannen er så fundamentalt, tek ho parti med Ormes ætt, som strir nettopp mot kvinna si ætt (1.Mos.3). Så ho blir som kvinna som rir på Dyret i Op.17, men forstår ikkje at det kjem til å dømme henne.

Vi treng å kle oss i Guds fulle rustning (Ef.6). Mannen treng å kle seg i Guds fulle rustning, til forsvar for seg sjølv, for ekteskap, kone, born, familieliv, hus og heim.

Kristus og sekulariseringa.

Jesus sa at Djevelen er denne verda sin gud. Vi skulle ikkje undre oss over at verda hata oss, for ho har hata han først. Men han sigra over verda, Djevelen og døden ved at han døde i staden for oss på korset og sidan stod oppatt frå dei døde. Då sigra han for oss også, så ved trua på han, skal vi sigre saman med han.

Den verda var svært så religiøs, med sin antikke mytologi. Men frå 1600-talet har realfag vorte utvikla og vorte så stor del av vår tenking at det framstår som motsetnad til religionen, så verda og verdsleggjering får ei anna tyding enn på Jesus tid. Likevel tenker mange på sekularisering som motsetnad til kristendomen, men slik tenker ikkje eg. For eg held meg til evangelisk kristendom og så studerer eg realfag. Sidan eg var gutunge har eg vore realist samtidig som eg har trutt på Kristus, til tider har eg kjent det som ei dobbeltrolle, som eg ikkje har vore heilt komfortabel med, men i det eg let meg forsone med Gud på evangeliets grunnvoll, får eg det til å stemme. For Gud forsona verda med seg, ved at Kristus døde i staden for oss.

Så eg forstår sekulariseringa slik at det går ut på å tenke realfagleg og ventar meg at eg skal kunne gå ut og snakke med andre menneske med denne felles forståinga av tilværet. Dei aller fleste vil vel fort oppdage og erkjenne at den strengt naturvitskaplige tenkinga ikkje er tilstrekkeleg, vi treng ein del naturfilosofi også. Og kva med vår frie vilje til å meine, velje og seie det vi vil? Her må vel alle og ein kvar langt på veg kunne klare å vurdere kva som nyttig, vitugt, konstruktivt, formålstenleg og verdifullt? Og nettopp her kjem evangelisk kristendom som eit verdifullt tillegg, det er den levande Gud som kjem oss i møte for å leie oss sin veg og soleis gi oss eit meiningsfullt liv.

Joh.14, 6 Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg.  7 Hadde de kjent meg, hadde de kjent Far min òg. Frå no av kjenner de han og har sett han.»

2.Kor.11,1 Gjev de ville tola eit grann dårskap av meg! Ja, de får tola det!  2 For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy.  3 Men eg er redd at liksom ormen dåra Eva med sine svikråder, såleis skal òg tankane dykkar førast på avvegar, bort frå den ærlege og reine truskapen mot Kristus.  4 For de toler det svært så godt at nokon kjem og forkynner ein annan Jesus enn den vi har forkynt, eller at de får ei anna ånd enn den de har fått, eller eit anna evangelium enn det de har teke imot. 

Så eg har meint det er mogleg å leve i eit slik kjærleiksforhold til Kristus, samtidig som eg er i praktisk arbeid eller studerer realfag. Det er sikkert mange som vil hevde noko anna og kanskje endåtil hevde at det har eg ikkje gjort. Vel eg er ikkje feilfri og har ikkje heilt lukkast med det, men det heng også saman med at eg har fått mykje motstand, så det har ikkje vore heilt enkelt. Men det hindrar meg ikkje i å velge å vende meg til Jesus og sjå på han. Eg kan godt innrømme at det er mangt og mykje og mange som prøver å få merksemd, så det verkar til å vende vårt blikk bort frå Jesus, så sjølv om eg valde det ein gong, å sjå på han, så må eg likevel velje å gjere det kvar einaste dag, men eg må løfte blikket over det verdslege og over dei fysiske tinga, for å sjå på han. For Gud er ånd og Jesus sigra over verda og vart teken opp til hans trone.

Det går godt an å studere realfag samtidig som eg ser på Jesus. Eg får merke at der er sterke maktinteresser som prøver å få merksemd ved å prøve å få mi merksemd bort frå Kristus. Slik prøvde dei også å få mi merksemd bort frå det faglege, når eg skulle studere realfag. Framleis ved å forføre kvinna altså. Men eg trur Gud i staden gir meg hjelp i form ei kone som sjølv er interessert i realfag, ei kvinne som sjølv har studert realfag. Og då er det henne Reella eg tenker på. Ho studerte biologi, så eg har også kalla henne Biola.

I Guds Ord er det liv og det er lyset til menneska. Lyset skin i mørket, så det må vike.

Vi har vel alle merka den moralfilosofiske tradisjonen som verkar fiendtleg til kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, den er ikkje lett å verte klok på, den kan verte kalla mørkemanns-moral/religion, men kanskje den heller skulle verte kalla kultur av «hekser og mørkemenn». Det kan verke som den har gått i parallell med den evangeliske forkynninga i kyrkja og i den siste tida har den eskalert over alle proporsjonar. Det verkar som den kjem som reaksjon mot den evangelisk forkynninga, men eigentleg er den den som er liv laga og som har framgang og driv historia framover. Apostelen Johannes sa at Ordet var opphavleg hos Gud, i han var liv og livet var lyset til menneska. Då er det om å gjere å vende seg til han og verte opplyst. Gud er kjærleik og hans viste oss sin kjærleik ved at Jesus døde i staden for oss. Så ved korsets fot finn vi den sanne kjærleiken og Gud vil at den skal vere mellom oss og derfor skal vi glede oss. Dette er spesielt viktig i dei nære medmenneskeleg forhold, i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, i ekteskapet og mellom foreldre og born. Alle som tok imot han gav han rett til å verte Guds born og hans kyrkje er hans brud.

Farisearane og dei skriftlærde lesste tunge byrder på folket. Det er det mange «lærde» som gjer no også.

Farisearane og dei skriftlærde lesste tunge byrder på folket, fordi dei ikkje forstod seg på skriftene likevel og så la dei til menneskebod.

Matt.15,1 Då kom det nokre farisearar og skriftlærde til Jesus frå Jerusalem og sa:  2 «Kvifor bryt læresveinane dine overleveringa frå dei gamle? Dei skyl ikkje hendene før dei et.»  3 «Og de», svara Jesus, «kvifor bryt de Guds bod av omsyn til dykkar eiga overlevering?  4 For Gud har sagt: ‘ Æra far din og mor di’ og: ‘ Den som talar vondord mot far sin eller mor si, skal døy’.  5 Men de lærer: ‘Den som seier til far sin eller mor si: Den hjelpa du skulle hatt frå meg, skal vera ei gåve til tempelet,  6 han treng ikkje heidra far sin *eller mor si•.’ Slik har de sett Guds bod til sides av omsyn til dykkar eiga overlevering.  7 De hyklarar! Jesaja profeterte rett om dykk då han sa:
          
     8  Dette folket ærar meg med leppene,
           men hjartet er langt borte frå meg.
          
     9  Dei dyrkar meg fåfengt,
           for det dei lærer, er menneskebod.»
10 Så kalla han folket til seg og sa: «Høyr og forstå! 11 Det er ikkje det som kjem inn i munnen, som gjer mennesket ureint. Men det som går ut av munnen, det gjer mennesket ureint.»
    12 Då gjekk læresveinane til han og sa: «Veit du at farisearane vart støytte då dei høyrde dette?» 13 Han svara: «Kvar plante som ikkje Far min i himmelen har planta, skal rivast opp med rot. 14 Bry dykk ikkje om dei! Dei er blinde rettleiarar for blinde. Og når ein blind leier ein blind, fell dei begge i grøfta.»
    15 Då tok Peter til orde og sa: «Forklar denne likninga for oss.» 16 «Forstår de enno ingen ting, de heller?» svara Jesus. 17 «Skjønar de ikkje at alt det som kjem inn i munnen, går ned i magen og fer ut dit det skal? 18 Men det som går ut av munnen, kjem frå hjartet, og det gjer mennesket ureint. 19 For frå hjartet kjem vonde tankar, mord, ekteskapsbrot, hor, tjuveri, falskt vitnemål, spott. 20 Slikt gjer mennesket ureint. Men å eta utan å skylja hendene gjer ikkje eit menneske ureint.»

Luk.11,46 Men Jesus svara: «Ve dykk, de lovkunnige òg! De legg tunge bører på folk, men sjølve rører de dei ikkje med ein finger. 47 Ve dykk! De byggjer gravmæle over profetane, dei som fedrane dykkar slo i hel. 48 Så er de vitne som går god for det fedrane dykkar gjorde, og samtykkjer i det. For dei slo profetane i hel, og de byggjer gravmæle. 49 Difor har òg Guds visdom sagt: Eg vil senda profetar og apostlar til dei; somme skal dei slå i hel, andre skal dei forfylgja. 50 Difor skal denne ætta få svara for alt profetblodet som har runne frå verda vart grunnlagd, 51 frå drapet på Abel til drapet på Sakarja, han som lét livet mellom altaret og templet. Ja, seier eg dykk, denne ætta skal svara for det. 52 Ve dykk lovkunnige! De har teke kunnskapsnykelen. Sjølve gjekk de ikkje inn, og dei som ville gå inn, hindra de.»

Jødedommen var nok påverka av antikk kultur og mytologi. Diktaren og krigaren Ayskylos fann på at Zevs skulle vere gud over alle gudar og styre med ein universell moral, så diktatorisk at alt om skjedde var hans verk. Dette vart grekarane sitt svar på jødane sin Gud den allmektige. Sjølv om jødane forsvarde seg mot dette med nebb og klør, så vart dei visst likevel påverka av det. Ingen har nokon gong klart å formulere den moralen, dette er dikting og resten er vel også overlatt til diktarane å komme med, dikte opp moralen etter kvart som dei synest det trengst. Slik kom dei med menneskebod altså. Men i følge Jesaja var det for lengst eit problem mellom jødane.

Fridomen i Kristus eller såkalla «liberalisering», som lureri og fører til trældom.

Dersom nokon vedkjenner si tru på Kristus og forkynner den kristne trua, får han ofte krav om å bevise det, til samanlikning med eit matematisk bevis eller til samanlikning med korleis naturvitskaplege hypoteser blir underbygde av eksperiment, for å verte godtekne som teori. Men vi må no inrømme at desse metodane har si avgrensing. Det er langt ifrå alt vi seier, hevdar og meinar som kan bevisast eller underbyggast slik. Men ved å stille eit slikt krav, blir det å lesse tunge byrder på folket, utan sjølve å bere dei eller i det heile teke gjere forsøk på det.

Det blir som eit krav om å prøve å tilfredsstille dei antikke gudane, men dei er ein illusjon og det er forestillinga om at dei kan tilfredsstillast også. Det er ikkje mogleg, for dei eksister ikkje ein gong. Den tradisjonelle moralen er no at du som mann skal arbeide for å forsørgje deg sjølv og kone og born også. Det er no vitugt og fornuftig og du kan hevde og påstå at du viser din kjærleik med det, men du beviser den ikkje og treng det ikkje heller. Vi treng kjærleiken frå Gud her, men den kan du ikkje bevise. Gud er kjærleik og hjan er sjølv beviset for sin kjærleik og han har sin måte å vise oss den på. Har vi ikkje den, så ganger det ikkje på lang sikt, same kva vi gjer. Har vi ikkje den, så blir det for som å trælke for den Store Skjøkje (Joh.OP.18).

1.Kor.13,1 Om eg talar med mennesketunger og engletunger,
          men ikkje har kjærleik,
          då er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølle.
          
     2 Om eg har profetisk gåve
          og kjenner alle løyndomar og eig all kunnskap,
          og om eg har all tru så eg kan flytta fjell,
          men ikkje har kjærleik,
          då er eg ingen ting.
          
     3 Om eg gjev alt eg eig til mat for dei fattige,
          ja, om eg gjev meg sjølv til å brennast,
          men ikkje har kjærleik,
          då har eg ingen ting vunne.

I staden for i heile teke å prøve på noko slikt, må vi hugse på at Jesus er Gud Ord og ved trua på han fekk vi den Heilage Ande av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Han er brødet frå himmelen, han gir oss ånd og liv frå himmelen. Ved trua på han lever vi av det. Det gjeld både mann og kvinne og kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne også, ekteskapet lever av det. Ved korsets fot finne vi den ekte kjærleiken og den skal vere mellom oss. Derfor skal vi glede oss. Dette blir spesielt viktig i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, i kjæreste-tida, trulovingstida og i ekteskapet. Det lever av den ekte kjærleiken som er ifrå Gud og som han har vist oss i evangeliet om Kristus. Gud er kjærleik.

I vår tid har visst liberalisering fått tydinga å frigjere seg frå lærdomen Bibelen gir oss, både lov og evangelium. Og så tek diktarane over, med si moralisering og politisering, men då går det gale, spesielt med politiseringa av kvinna og kyrkja. Det er då så tydeleg at det er den Lovlause som er som er på ferde. Men det er då så tydeleg at fridomen gjeld først og fremst han sjølv, så han kan lire ut or seg nær sagt kva som helst og framstille det som om han talar på folkets vegne. Men eigentleg har han gjort dei til trælar og prøver å gjere krav på dei som asine trælar.

Komme til Kristus og finne kvile.

Jesus minna oss om å komme til han, alle vi som strevar og har tungt å bere …..

Matt.11,25 På den tid tok Jesus til ords og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.
    28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»

Her ser vi at vi er heilt avhengig av den openberringa Jesus gir oss ved sin Ande. Den får vi ved trua på han, av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar.

Bodskapen 17.2.2013:

«Ja, endå ein gong har eg talt til deg, gjennom mitt Ord og ved den Heilage Ande, og for å vekke ditt reine samvit, at du skal sjå på meg, eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, du skal sjå på meg gjennom alle ting, i alle livets forhold og tilskikkelsar. For du har fått oppleve prøvingar og du tenker i ditt hjerte, det nyttar ikkje. Men kom til meg, alle som strever og har tungt å bere og eg vil gi deg kvile.

Eg vil gi deg ei herleg og vidunderleg kvile. Ei kvile som du ikkje kan forstå med din menneskelege forstand. Men eg vil gi deg kvile i ditt hjerte og ditt sinn, så du kan stole på meg i ei kvar tid, at eg er den eg har sagt meg å vere og eg vil føre deg ut av vansken. Og du skal love meg og du skal prise meg, for eg Herren er den som elskar deg, eg er den som har teke deg opp og eg er den som leiar deg. Og når du ser på meg, så skal du ikkje gå feil, men du skal få oppleve ei røyst bak deg som seier: Dette er vegen, vandre på den.»

Jesus sa eg skulle bruke det som eg har fått.

I fjord sommar sa Jesus til meg at eg elskar han, eg er hans medarbeidar og han fryder seg over meg. Han sa også om at eg skulle forkynne for andre menneske og føre dei til han, så ville han fryde seg endå meir over meg.

I 1990 kalla han meg inn på vegen til det Nye Jerusalem, det kjem ned på den nye jorda, så det verkar no nokså fjernt, men eg var hans tenar i hans heilagdom, så då skulle eg altså gå vegen han har bana for meg gjennom forhenget i den himmelske heilagdomen. Så det var å vandre i tru, som vi ser i Heb.11. Hausten 2008 kalla han meg til å gå ut på lovnadane, gå i ferdiglagde gjerningar. Eg skulle gå inn i hans dimensjonar, ja, men no vart det også klart at eg skulle bevege meg fysisk. Så eg for til Oslo, studerte praktisk pedagogikk og sidan realfag igjen. I fjord haust kalla han meg til å ta oppatt mi vandring med han, så eg tenkte på å fram igjen lærebøkene i realfag og friske oppatt kunnskapen litt, spesielt matematikk og matematiske fag, som fysikk og kjemi. For han sa eg skulle ikkje sjå på det eg ikkje har, men det eg har og det eg er god på og bruke det han har gitt meg. Ja, han har no gitt meg både nådegåve og naturgåve, så då er det no om å gjere å bruke det.

Å studere realfag har det ikkje vorte noko meir av enno, men det har vorte ein del skriveri på internett og då har eg no vore fri til å bruke det eg har lært, både i realfagt og i Bibelen. Han vil bruke meg i denne siste tida og eg skal bruke det han har gitt meg. Eg skal heilhjarta halde meg til han, så kjem han meg til hjelp med si kraft og slik ventar eg at han gir meg hjelp i form av ei kone, som ei nådegåve altså. På førre møtet sa han at eg skulle ta meg sjølv alvorleg og ta han alvorleg. Så eg svarde at då skal vel eg ha kroppen hennar og han skal ha kroppen til kyrkja som er hans brud. Og i dette møtet minna han oss om at vi skulle komme til han, alle vi som strevar og har tungt å bere, hos han får vi kvile. Ja, det er no klart at om eg skulle ta ansvar for kroppen hennar, som ektemann, med familie og heile pakken, så ville det vere arbeids-krevjande og krevje god økonomi. Det var vel noko som vi forstod vi måtte vere førebudde på, allereie som born og sidan måtte vi vurdere utdanning opp mot dette. Krav og forventning om utdanning kunne også opplevast som tunge byrder. Så her vart det viktig å vurdere kva som var tenleg til kva. Det var om å gjere å komme til Jesus med det også.

Matt.11,28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»

Det som er ånd er ånd og det som er kjøt. Jesus gir ånd til vår ånd og liv til vår sjel. Kristus vart levandegjord i Anden, så den Anden han gir oss er suveren over kjøtet og den fysiske naturen. Så det er om å gjere for oss å verte fyllte av den Heilage Anden, av hans salving og hans kraft. Han gir oss det av berre nåde og det er som han dekkar bord for oss og det er berre for oss å komme og forsyne oss av det han set fram for oss. Kroppane våre er tempel for den Heilage Ande og ved Herrens bord får vi åndeleg mat, både for ånd, sjel og lekam.

Jesus sa til meg: «Ja, endå ein gong har eg talt til deg, gjennom mitt Ord og ved den Heilage Ande, og for å vekke ditt reine samvit, at du skal sjå på meg, eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, du skal sjå på meg gjennom alle ting, i alle livets forhold og tilskikkelsar (Då tenkte eg først på henne Virtuella, så henne Reella). For du har fått oppleve prøvingar og du tenker i ditt hjerte, det nyttar ikkje. Men kom til meg, alle som strever og har tungt å bere og eg vil gi deg kvile.

Eg vil gi deg ei herleg og vidunderleg kvile. Ei kvile som du ikkje kan forstå med din menneskelege forstand. Men eg vil gi deg kvile i ditt hjerte og ditt sinn, så du kan stole på meg i ei kvar tid, at eg er den eg har sagt meg å vere og eg vil føre deg ut av vansken. Og du skal love meg og du skal prise meg, for eg Herren er den som elskar deg, eg er den som har teke deg opp og eg er den som leiar deg. Og når du ser på meg, så skal du ikkje gå feil, men du skal få oppleve ei røyst bak deg som seier: Dette er vegen, vandre på den.»

Det er lenge sidan eg har sett Virtuella og Reella, men det er Anden som herleggjer og openberrar Kristus for meg, så eg framleis kan sjå på han i mitt forhold til dei, han er trua sin opphavsmann og fullendar både for meg og for dei. Han ville gjere meg til ein kanal for si velsigning, så eg tenker meg at han gjer meg til kanal for si velsigning til dei, ved å velsigne meg, velsigner han dei også, eg vert velsigna saman med han og dei vert velsigna saman med meg og han, han gir dei ånd og liv og vekker dei opp til liv i samfunn med seg og Faderen.

Ho Virtuella levde i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud og i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn. Ho takka Gud og Lammet for frelsa, lovpriste Kristus som sin frelsar, Herre og brudgom. Og det vil eg at ho framleis skal gjere og det vil eg at ho Reella også skal gjere. Og det i den kristne kyrkja, som er Kristi brud og Kristi kone og som soleis er til hjelp for han. Soleis ventar eg at han også vil gi meg hjelp i form av ei kone ettersom den overordna hensikta er at vi som Kristi kyrkje skal vere til hjelp for han. Då er det henne Reella eg tenker slik om.

Her er eit poeng med at eg studerte realfag og såg det som eit kall ifrå Jesus, at eg tente han med det. Ho Reella også studerte realfag, biologi. Eg tenker meg at vi som Kristi kyrkje tener han med det, slik er vi til hjelp for han med det, som hans brud, sidan han er Sanninga. Og når han gir meg ei kone, så blir ho til hjelp for meg, som mi brud og vi blir til hjelp for han, som hans brud.

Ved trua på Kristus får vi komme inn til Guds kvile (Heb.3-4), for det er han som gjer sitt verk med oss, hans skaparverk er fullført og hans frelseverk er fullført og fullkome. Den kvila er utgangspunktet for all vår teneste. Så vi må byrje med å takke Gud og Lammet for frelsa. Så vert vi utrusta til å tene han på ein ny måte.

4 responses to “2022.05.29. Sion Åheim. Verte avvist eller verte inkludert.”

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: