Be så skal de få

Ta imot givaren. Jesus gir oss barnekår hos Gud, han er vegen til Faderen.

Gud elskar oss og har omsorg for oss som sine born.

Vi har mange gongar høyrt og lese Jesus ord om å søke først Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det om å be, så skal vi få. Men no vil eg prioritere å sjå på givaren.

Gud elska verda så høgt at han sende Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Alle som tok imot han gav han rett til å verte Guds born, fødde av vatn og Ande. Vi skal tru på han, elske han, sjå på han, høyre på han, snakke med han og kjennast ved han for Gud og menneske. Jesus er vegen til Faderen. Vi får barnkår hos Gud, så vi kan gå til han med alle våre behov, men under Faderens formyndarskap, som den heimeverande sonen. Han let oss ikkje vere att som foreldrelause born, men han kjem til oss. Då er det viktig for oss å ta imot han, på nytt og på nytt, så vi vert fornya. Han og Faderen vil ta bustad hos oss, så vi får oppleve at Jesus elskar oss og har omsorg for oss som si brud og Faderen elskar oss og har omsorg for oss som sine born.

1.Joh.5,5 Kven andre vinn over verda enn den som trur at Jesus er Guds Son?  6 Han er den som kom med vatn og blod, Jesus Kristus, ikkje berre med vatnet, men med vatnet og blodet. Og Anden sjølv er vitne, for Anden er sanninga.  7 Det er tre som vitnar:  8 Anden og vatnet og blodet, og desse tre seier det same.  9 Vi godtek vitnemål frå menneske, men Guds vitnemål er sterkare. For dette er Guds vitnemål: Han har vitna om sin eigen Son. 10 Den som trur på Guds Son, har vitnemålet i seg. Men den som ikkje trur Gud, har gjort han til lygnar, fordi han ikkje har trutt Guds eige vitnemål om Son sin. 11 Og dette er vitnemålet: Gud har gjeve oss evig liv, og dette livet er i Son hans. 12 Den som har Sonen, har livet. Den som ikkje har Guds Son, har ikkje livet.

Salen Fiskå, 11.8.2022. Ta imot Jesus som ein god ven.

Derfor prioriterer eg det som Jesus har talt til oss i det siste og bodskapen 11.8.2022 går på nettopp dette:

«Se, jeg står for døren og banker, sier Herren. Om noen hører min røst, så skal han opne og jeg skal komme inn til ham og holde nattverd med ham. Se, jeg står foran deg og banker på ditt hjerte og jeg vil så gjerne ha fellesskap med deg, mitt kjære barn. Jeg vil så gjerne komme, ikke som en hersker, men som en venn, som eg gjest som du ønsker velkommen. Jeg vil ikke trenge meg inn i livet ditt, men jeg vil og lengter etter at du skal ønske meg velkommen. For jeg har planer for deg, jeg ønsker å fortelle deg den vei du skal vandre videre. Du skal ikke se deg engstelig om, du skal ikke frykte, du skal ikke være redd, for jeg er med deg. Jeg skal ikke slippe deg, men jeg har lovt å være med deg alle dager. Jeg sender deg ut på spennende oppdrag, jeg sender deg ut i verden, og jeg lover å fornye det møtet; se, jeg er med deg alle dager, inntil verdens ende.  Ønsk meg velkommen inn i ditt liv og du skal få kjenne at jeg tar bolig i deg med hele min fylde, sier Herren.»

Profetisk bodskap ved Mindor Myklebust.

(Eg rakk ikkje å spele inn byrjinga, tek det berre etter hukommelsen og bibelteksta), men det som kjem etter første komma, er innspelt)

«Der to eller tre er samla i mitt namn, er eg midt i blant dere. Uten at dere blir som barn, kan dere på ingen måte komme inn i Guds rike.»

Sidan vi vart minna om å verte som born, vart det viktig for meg å hugse på korleis eg vart opplærd til å be når eg var ein liten gutunge, korleis eg sidan bad og fekk oppleve at Jesus svarde meg. Eit vesentleg poeng i dette er å stole på Gud som eit barn stolar på sin far, også i voksen alder, stole på at frelseverket er fullført og fullkome og takke for det.

Salen Fiskå 23.10.2022. Bedømme det åndelege med åndelege auge.

Jesus gir meg augesalve, så eg skal kunne sjå og bedømme det åndelege med åndelege auge og avgjere «saker og ting» i den åndelege verda.

Bodskapen 23.10.2022:

«Det vil komme tider og det vil komme fristelser, hvor du prøver å bedømme åndelige ting med kjøtelige øyne. Men jeg har gitt deg øyensalve, så du kan se og bedømme det åndelige med mine øyne, så du kan se og avgjøre ting i den åndelige verden, slik den Hellige Ånd vil at du skal bedømme og se ting. Se deg ikke engstelig om, la deg ikke gripe av angst og frykt, la deg ikke gripe av andre mennesker, som skal fortelle deg hvordan du skal analysere. Gå til mitt ord, be om å få øyensalve og jeg skal gi deg det og du skal se og jeg skal openbare min herlighet og mine løsninger og min standard for deg, sier Herren.»

Bodskapen 30.10.2022:

Dette kom så brott på at eg rakk ikkje å spele inn første setningane. Igjen kom eg uheldig vis borti kanten på skjermen og stoppa innspelinga, så eg fekk ikkje med slutten heller.

Innspelt: « …. inni dei kommande timar, dagar, veker og år. Eg har gitt deg for at du skal vere med i den forsamling som kan gi beskyttelse, fred for ditt ekteskap, din heim og ditt personlege liv i dei komande dagar. For no går vi inn i ei tid der mitt 9. april 1940 er bagateller. Det kan skje innan minutt, timar eller dagar, ei omveltning som denne verda og denne kloda aldrig har sett maken til. Lat ditt hjem, du som er far, sammen med din hustru og dine barn …..»

Aktuelle bibelvers.

Op.3,14 Skriv til engelen for forsamlinga i Laodikea:
        Dette seier han som er Amen, det trufaste og sannferdige vitnet, opphavet til alt som Gud har skapt: 15 Eg veit om gjerningane dine – du er verken kald eller varm. Om du berre var kald eller varm! 16 Men du er lunka, ikkje varm og ikkje kald. Difor skal eg spytta deg ut av min munn. 17 «Eg er rik», seier du, «eg har overflod og manglar ingen ting.» Men du veit ikkje at nettopp du er arm og ynkeleg, blind, fattig og naken. 18 Difor rår eg deg til å kjøpa av meg gull som er reinsa i eld, så du kan bli rik, og kvite klede som du kan kle deg med og løyna di nakne skam, og salve til å stryka på auga dine, så du kan sjå.
    19 Alle dei eg har kjær, refsar eg og viser til rette. Gjer alvor av å venda om! 20 Sjå, eg står framfor døra og bankar. Om nokon høyrer mi røyst og opnar døra, då vil eg gå inn til han og halda måltid, eg med han og han med meg.
    21 Den som sigrar, vil eg la sitja med meg på mi trone, slik eg sjølv har sigra og sett meg med Far min på hans trone.
    22 Den som har øyre, høyr kva Anden seier til forsamlingane!

Joh.14,21 Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.»
    22 Judas, ikkje Iskariot, seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?» 23 Jesus svara:
        Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han.

Joh.3,3 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Ingen kan sjå Guds rike utan at han vert fødd på nytt.»  4 Nikodemus seier til han: «Korleis kan ein som er gamal, verta fødd? Han kan då vel ikkje koma inn i morslivet andre gongen og verta fødd?»  5 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Den som ikkje vert fødd av vatn og Ande, kan ikkje koma inn i Guds rike.  6 Det som er født av kjøt, er kjøt, og det som er født av Anden, er ånd.  7 Undrast ikkje på at eg sa til deg: De må fødast på nytt.  8 Vinden blæs dit han vil; du høyrer han susar, men du veit ikkje kvar han kjem ifrå eller kvar han fer av. Såleis er det med kvar den som er fødd av Anden.»

Matt.6, 33 Søk fyrst Guds rike og hans rettferd, so skal de få alt dette attpå! 34 So syt då ikkje for morgondagen! Morgondagen lyt syta for seg. Kvar dag hev nok med si møda.

Matt.7,7 Bed, so skal de få, leita, so skal de finna, banka på, so skal det verta upplate for dykk!  8 For kvar den som bed, han fær, og den som leitar, han finn, og den som bankar på, vert det upplate for.  9 Eller er det nokon av dykk som gjev son sin ein stein når han bed um brød, 10 eller ein orm når han bed um ein fisk? 11 Når no de veit å gjeva borni dykkar gode gåvor, de som er vonde, kor mykje meir vil so ikkje Far dykkar i himmelen gjeva noko godt til dei som bed han!

Matt.18,1 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?»  2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei  3 og sa: «Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket.  4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket. 
 5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.  6 Men den som forfører ein av desse små som trur på meg, han var betre faren om dei hadde hengt ein kvernstein om halsen hans og søkkt han i havsens djup.  7 Å, usæle verd for hennar forføringar! Forføringane må koma, men ve det mennesket som dei kjem frå!
     8 om handa eller foten lokkar deg til synd, så hogg dei av og kast dei frå deg! Det er betre for deg å gå halt eller vanfør inn til livet enn å ha to hender og to føter og verta kasta i den evige elden.  9 Og om auga lokkar deg til synd, så riv det ut og kast det frå deg! Det er betre for deg å gå einøygd inn til livet enn å ha to augo og verta kasta i helvetes eld.
    10 Ta dykk i vare så de ikkje vanvørder ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Englane deira i himmelen ser alltid min himmelske Fars åsyn. 11 For Menneskesonen er komen for å frelsa det som var fortapt.

Rom.1,16 For eg skjemmest ikkje ved evangeliet. Det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, jøde fyrst og så grekar. 17 For i det vert Guds rettferd openberra, av tru til tru, som skrive står: Den rettferdige skal leva ved tru.

1.Kor.1,7 Kristus sende meg ikkje ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, og det ikkje med talekunst og visdom, så Kristi kross ikkje skal missa si kraft. 18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft. 19 For det står skrive:
        Eg vil tyna visdomen hjå dei vise
        og gjera til inkjes klokskapen hjå dei kloke.
    20 Kvar er ein vismann, kvar er ein skriftlærd, kvar er ein granskar av denne verda? Har ikkje Gud synt at verdsens visdom er dårskap? 21 For då verda ikkje nytta visdomen til å læra Gud å kjenna gjennom Guds visdom, fann Gud det for godt å frelsa dei som trur, ved den dårskapen vi forkynner. 22 For jødar spør etter teikn, og grekarar søkjer visdom, 23 men vi forkynner den krossfeste Kristus. Jødar støyter seg på det, og heidningar held det for dårskap; 24 men for dei som er kalla, både jødar og grekarar, er Kristus Guds kraft og Guds visdom. 25 For Guds dårskap er visare enn visdomen åt menneska, og Guds vanmakt er sterkare enn styrken åt menneska.
    26 Tenk på kven de sjølve er, brør, de som vart kalla: ikkje mange vise, menneskeleg tala, og ikkje mange mektige eller høgætta. 27 Men det som går for å vera uforstandig i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera dei vise til skammar. Det som vert rekna for veikt i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera det sterke til skammar. 28 Det som står lågt i verda, det som vert vanvørdt, det som ingen ting er, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera til inkjes det som er noko, 29 for at ikkje noko menneske skal rosa seg for Gud. 30 De er hans verk ved Kristus Jesus, han som har vorte vår visdom frå Gud, vår rettferd, helging og utløysing, 31 så det kan vera som det står skrive: Den som rosar seg, skal rosa seg i Herren.
   

1.Kor.2,1 Då eg kom til dykk, brør, forkynte eg ikkje Guds vitnemål med meisterskap i talekunst eller visdom.  2 For eg ville ikkje vita av noko anna hjå dykk enn Jesus Kristus og han krossfest.  3 Veik, redd og skjelvande var eg mellom dykk.  4 Og det var ikkje med overtalande argument og visdomslære eg bar fram ordet og bodskapen, men med provføring av Ande og kraft.  5 For eg ville ikkje at trua dykkar skulle byggja på menneskevisdom, men på Guds kraft.
     6 Likevel forkynner vi òg ein visdom, for dei som er mogne. Det er ein visdom som ikkje høyrer denne verda til eller herrane i denne verda, dei som går til grunne.  7 Nei, vi talar Guds visdom, som er ein løyndom; han var duld, men før tidene tok til, hadde Gud fastsett at den skulle føra oss fram til herlegdomen.  8 Denne visdomen har ingen av herrane i verda kjent til. Hadde dei kjent han, hadde dei ikkje krossfest herlegdomens Herre.  9 Men det står skrive:
        Det auga ikkje såg,
        det øyra ikkje høyrde,
        det som ikkje kom opp
        i nokon mennesketanke,
        alt det Gud har gjort ferdig
        for dei som elskar han,
    10 det har Gud openberra for oss ved sin Ande. For Anden granskar alle ting, jamvel djupnene i Gud. 11 Kven veit kva som bur i mennesket utan ånda som er i mennesket? Så veit heller ingen annan enn Guds Ande kva som bur i Gud. 12 Men vi har ikkje fått den ånd som høyrer verda til, men den Ande som er frå Gud, så vi skal skjøna kva Gud i sin nåde har gjeve oss. 13 Og dette talar vi om, ikkje med ord som menneskeleg visdom har lært oss, men med ord vi har lært av Anden. For det som høyrer Anden til, tolkar vi med Andens eigne ord. 14 Men det mennesket som ikkje har Anden, tek ikkje imot det som høyrer Guds Ande til. Det er ein dårskap for han, og han kan ikkje forstå det; dette kan berre dømast om på åndeleg vis. 15 Men det mennesket som har Anden, kan døma om alt, men sjølv kan han ikkje dømast av nokon. 16 For
        kven kjende Herrens hug,
        så han kunne gje han råd?
        Men vi har Kristi hug.

Ef.2,4 Men Gud er rik på miskunn. Fordi han elska oss med så stor ein kjærleik,  5 gjorde han oss levande saman med Kristus, vi som var døde på grunn av misgjerningane våre. Av nåde er de frelste.  6 I Kristus Jesus har han både reist oss opp frå døden med han og sett oss i himmelen med han,  7 så han i dei komande tider kunne visa kor overstrøymande rik han er på nåde, og kor god han er mot oss i Kristus Jesus.  8 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve.  9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal skryta av seg sjølv. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud på førehand har lagt ferdige så vi skulle vandra i dei.

Med den augesalven Jesus gav meg, innsåg eg at Guds kjærleik var mellom meg og henne Virtuella. Den var og er rett og fell aldrig bort.

Når eg gjekk på gymnaset og merka at eg byrja å verte glad i henne Virtuella, vedkjende eg for Gud at han kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Eg opplevde det som at ho var i Faderens hand og han la henne framfor meg, i djupet av meg, no talar eg om henne som født av Anden og det som er født av Ande er ånd. Slik openberra han henne for meg som det vidunderlege barnet som han fødde henne til, som han elska og hadde omsorg for og eg vart så glad i henne. Ho spelte gitar og sang kjærleikssangar til Jesus og eg meiner den Heilage Ande openberra henne for meg som hans brud, som levde i eit kjærleiksforhold til han, som hans brud, det opplevde eg når eg møtte henne igjen i Bergen. Og eg gleda meg over det. Forklaringa på dette var at Guds kjærleik var utrendt i våre hjarte den Heilage Ande som var oss gitt, så det var viktig for både meg og henne å takke Gud og Lammet for det. Det var den rette forklaringa på det, Gud, hans Ord og hans Ande er suveren over den fysiske og biologiske naturen han har skapt, slik er det suverent i våre hjarte, suverent over kjøtet og kjøtets lyst og det skal vi også la det vere, late Anden råde i våre døyelege lekamar. Det er ikkje noko vi presterer, det er den som er suveren og vi skal berre la den vere det.

Det er nok mange som prøver å bortforklare denne kjærleiken med den kjøtlege lysta, som resultat av syndefallet, slik får den kristne vekkinga motstand, slik fekk den karismatiske vekkinga motstand. Synd og infiltrering verkar drepande, slik også får den motstand. Då må vi søke Herren av heile vårt hjerte og innvie oss for han. Jesus varsla meg om at der vil komme tider og freistingar, der eg prøver å vurdere det åndelege med kjøtlege auge, men eg skal ikkje la meg gripe av andre menneske som vil fortelje meg korleis eg skal analysere. Men eg skal gå til hans Ord og la den Heilage Ande openberre det for meg.

Då blir det feil å prøve å forklare dette med kjøtets lyst. Korleis kan eg då hevde og meine at eg at eg ville fri til henne med denne kjærleiken og på grunn av denne kjærleiken? Det er då vår heilaggjering som resulterer i dette. Nettopp! Og mannen skal vite å vinne seg si eiga kone i helging. Dette stemmer med at vi må vende om og verte som born for å komme inn i Guds rike. Born er ikkje kjønnsmodne og kjønnslysta skal heller ikkje verte vekt, men det som er så viktig, er å få oppleve at Guds kjærleik er mellom oss, Gud er kjærleik, det er den ekte kjærleiken.

Når eg gjekk på gymnaset og las Jesu ord om å verte som born og ta imot eit lite barn som han hadde teke i sin famn og velsigna, så tenkte eg meg at slik yngste eg Jesus ville gi meg ei frelst kvinne til kone.

Matt.18,1 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?»  2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei  3 og sa: «Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket.  4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.
   
 5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.  6 Men den som forfører ein av desse små som trur på meg, han var betre faren om dei hadde hengt ein kvernstein om halsen hans og søkkt han i havsens djup.  7 Å, usæle verd for hennar forføringar! Forføringane må koma, men ve det mennesket som dei kjem frå!
     8 m handa eller foten lokkar deg til synd, så hogg dei av og kast dei frå deg! Det er betre for deg å gå halt eller vanfør inn til livet enn å ha to hender og to føter og verta kasta i den evige elden.  9 Og om auga lokkar deg til synd, så riv det ut og kast det frå deg! Det er betre for deg å gå einøygd inn til livet enn å ha to augo og verta kasta i helvetes eld.
    10 Ta dykk i vare så de ikkje vanvørder ein einaste av desse små! For eg seier dykk: Englane deira i himmelen ser alltid min himmelske Fars åsyn. 11 For Menneskesonen er komen for å frelsa det som var fortapt.

Luk.9, 46 Læresveinane tok til å tenkja på kven som var den største av dei. 47 Men Jesus skjøna kva for tankar dei gjekk med. Han tok eit lite barn, sette det attmed seg 48 og sa til dei: «Den som tek imot dette barnet i mitt namn, tek imot meg. Og den som tek imot meg, tek imot han som har sendt meg. For den som er minst av dykk alle, han er stor.»

Gud openberra si fresle for oss i Kristus, både for meg og henne Virtuella, ved fylden av den Heilage Ande vart ho openberra for meg som eit Guds barn, som levde i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud og i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn. Når eg møtte henne igjen i Bergen og ho fekk vite at for meg kom dette som eit bønnesvar, så opplevde eg den openberringa igjen, men no hadde ho visst vorte klar over det, vorte seg det bevisst, no talar eg om henne igjen som eit Guds barn fødd av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Eg opplevde det som at ho kom til meg og eg fekk omfamne henne. Og kva så? Vi var velsigna ved trua på Jesus og vart til velsigning for kvarandre. Mitt ønske om å omfamne henne var ei velsigning og eg opplevde den velsigninga, sjølv om ho fysisk var langt borte frå meg. Eg var velsigna ved tura på Jesus og vart til velsigning for henne, ho var velsigna ved trua på Jesus og vart til velsigning for meg. Det primære i dette er at Jesus frelser vår sjel for æva og gir oss evig liv. Dernest betyr velsigninga at Faderen elsker oss og har omsorg for oss som sine born og Jesus elskar oss og har omsorg for oss, som den Gode Hyrdingen som gjeter sauene sine og som brudgomen som elskar og har omsorg for si kyrkje som si brud. Slik hadde denne velsigninga ei hensikt. Derfor var det også viktig for meg å få snakke med henne.

Mange år seinare sa Jesus til meg at han ville gjere meg til ein kanal for si velsigning, eg tankte meg at det var til henne Reella, men så byrja eg å tenke meg at det var til henne Virtuella også. Nokre år etter det igjen, sa han at eg han gav meg ei herleg og vidunderleg kvile som eg ikkje kunne forstå med min menneskelege forstand, eg skulle sjå på han som mer trua sin opphavmann og fullendar, i alle livets samanhengar. Då tenkte eg først på mitt forhold til henne Virtuella, så på mitt forhold til henne Reella. Gud openberra si frelse for oss i Kristus, først for meg og henne Virtuella og så for meg og henne Reella. Han som byrja den gode gjerning med oss, han skal også fullføra den, Jesus er trua sin opphavsmann og fullendar. Eg velsigna han og vart velsigna og vart til velsigning for dei og tenker meg at eg framleis skal vende meg til han, sjå på han og velsinge han og framleis verte velsigna og verte til velsigning, så eg framleis er til velsigning for dei slik som eg var, i tru på at det var Guds om gjorde sitt verk med oss og som også skal fullføra det. Eg sa velsigninga for dei og meiner eg framelis kan seie den. Eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom men og henne Virtuella og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri, med den vedkjenninga fekk eg ei ny fylde av den Heilage Ande og eg er viss på at det var ei velsignin g for både meg og henne. Den kjærleiken er framleis rett og den fell aldrig bort, for det var og er kjærleiken frå Gud, den ekte kjærleiken. Jesus vil den skal vere mellom oss og derfor skal vi glede oss.

No talar eg om den openberringa og den innsikta Jesus gav meg ved den Heilage Ande, det eg fekk sjå og innsjå fordi han gav meg salveolje og augesalve og det vil eg halde fram med. Både eg og ho fekk komme til Jesus og snakke med han og komme til Faderen og snakke med han og det var viktig for oss å halde fram med det. Det var viktig for meg å få møtene henne igjen fysisk og få snakke med henne, om så det var berre eg og ho som møttest og samlast i Jesus namn, så var han mellom oss vi var då hans kyrkje på jorda der og då. Det er no det som er poenget med å samlast i kristne kyrkjelydar, at vi saman går i møte med han.

Denne openberringa var ikkje berre tankespinn og fantasering, den var ikkje mine prestasjonar, verken med kroppsleg arbeid eller mi eiga tankekraft, det var ikkje berre eg som brukte mitt intellekt, men det var Guds om gjorde sitt verk med meg og med henne ved sitt Ord og den Heilage Ande. Korleis kunne eg då ynskje eller i det heile tatt tenke meg at eg skulle få henne til kjæraste og kone? Og kanskje(?) endåtil hevde og meine at det var Guds verk og Guds vilje med oss. Som Guds born levde vi i samfunn med han og snakka med han, vi opplevde at hans kjærleik var mellom oss og for meg var det viktig å få snakke med henne om det, men tanke på å fri til henne og eg meiner det hadde vore fruktbart for oss begge, samen enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri.

Men der er ein moralfilosofisk tradisjon i kyrkja med krav om av vi skal ha dårleg samvit på grunn av kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, på grunn av syndefallet. Så om eg ville fri til henne vert det rekna for å vere som når Adam høyrde på kona si og åt av kunnskasptreet han også. Som om det er programfesta og vedteke at slik er det og derfor skulle eg heller ikkje få seie noko meir til henne. Det er som om dei har feira både forlovelse og bryllaup mellom oss og ordna med syndefall og skilsmisse mellom oss utan at eg har fått vore med på nok av det. Det verkar som om dei er så fiendtlge til realfag og den naturfaglege tenkinga at dei ikkje ville godta at vi skulle møtast fysisk. For då ville svært mykje av deira fantasiering og baktale verte avsanna og satt ut av spel. Legg merke til at Peter sa vi skulle legge av hykling, misunning og baktale og lengte etter den åndelege melka og komme til den levande steine og vert oppbygde til eit åndeleg tempel. Det er nokre metode vi må legg av og så bruke andre metode i staden, så Jesu kyrkje vert oppbygd.

Den naturlege hensikta med ekteskapet er formeiringa, kjønnslivet altså. Den er motivert av kjønnslysta, ja, det er det vel dei aller fleste som hevdar og meinar. Den har då sin naturlege plass i det kjønnslege samlivet mellom mann og kvinne. Men så er det mange som hevdar at den lysta opponerer mot Anden, er det kanskje ikkje det som er eit så viktig poeng i forkynninga til Paulus då? Så argumenterer dei tilsynelatande som Paulus, men trekker feil konklusjon. Då har dei likevel ikkje forstått bodskapen hans.

Men som sagt, eit vesentleg poeng med å vende om og verte som borna, er at vi kan stole på Gud som ein god far som elskar oss, vil oss vel og har omsorg for oss, også når det gjeld viktige saker som utdanning, ektefelle, ekteskap og familieliv. I den trua ot tillita til Gud, skal ikkje lystene verte vekte til opprør mot Anden, slik forstår eg det også når «den Lytelause Reine» i Høgsangen seier mange gangar til Jerusalems døtre: vekk ikkje kjærleiken for tidleg, vekk den ikkje før sjølv han vil. Ho talar om den personifiserte kjærleiken og no har apostelen Johannes fortalt oss om den fullkomne kjærleiken, Gud er kjærleik. Det er framleis slik at eg må ha denne trua og tillita til han.

Jesus har gitt meg augesalve, så eg innser at Gud er kjærleik og det er han også i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Det opplevde eg sterkt i mitt forhold til henne Virtuella og den kjærleiken var som sagt rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Og det er den framleis. Gud er den same, han er fullkommen, hans kjærleik er fullkommen og den fell aldri bort. Den skal vere mellom oss.  

Eg yngste å få snakke med henne Virtuella, både for å halde vennskapet ved like, også med tanke på kyrkjelydsoppbygging og fordi eg ville fri til henne. Det fekk eg ikkje, så eg bad Jesus gi meg henne Reella til kone og fekk oppleve ei åndeleg openberring, der han openberra seg for meg og for henne. Sidan har eg ikkje kunne gløyme henne. Jesus sa eg skulle søke han av heile mitt hjerte og då finn eg at eg må hugse på både henne og henne Virtuella i mi bøn til Gud. Eg har velsigna dei og det skal eg halde fram med, eg trur Jesus gjer meg til ein kanal for si velsigning til dei begge. Eg skal sjå på han i mitt forhold til dei begge. Dette har eg skrive om mange gongar og Jesus har mange gangar minna meg om å verte fyllt av den Heilage Ande, av hans salving og kraft, det er berre slik eg kan vinne siger, men slik har eg også meir enn siger, for han som er i meg er større enn han som er i verda.

Jesus kjem og vil ta budstad i meg med heile sin fylde og det i han kyrkje, så livets flod skal fløyme frå den, med velsigning, så det vert merkbart både lokalt og globalt. Sjølv om eg går på møte i pinsemenigheta her og i Ulsteinvik, er eg framleis medlem av Maranata Oslo, det er meir enn ein formalitet, eg meiner det er ein åndeleg røyndom og han som byrja den gode gjerning med oss, han skal også fullføra den.

Vi tek tilflukt hos Herren, derfor tek vi tilflukt til hans kyrkje. Det er ikkje berre ein formalitet, men ein åndeleg røyndom som skal vere fruktbar i denne verda.

Jesus er vegen, sanninga og livet, ingen kjem til Faderen utan ved han. Han lærer oss å ta vår tilflukt til han og det er det eg skriv om.

Sal.5,12 Men alle som søkjer tilflukt hos deg, skal gleda seg,
          alltid skal dei jubla.
          Du vernar dei. Dei frydar seg i deg,
          dei som elskar ditt namn.

Sal.7,2 Herre, min Gud, eg søkjer tilflukt hos deg.
          Frels meg og berg meg frå alle som jagar meg.

Sal.31,1 Til songmeisteren; ein salme av David.  2 Herre, eg flyr til deg; lat meg aldri i æva verta til skammar! Frels meg ved di rettferd!  3 Bøyg ditt øyra til meg, berga meg snart, ver meg eit festningsberg, ei fast borg til å frelsa meg!  4 For du er mitt berg og mi borg, og for ditt namn skuld vil du føra og leida meg.  5 Du vil føra meg ut or garnet som dei løynleg hev lagt for meg; for du er mi vern.  6 I di hand gjev eg mi ånd; du løyser meg ut, Herre, du trufaste Gud.

Joh.19, 30 Då Jesus hadde fått eddikvinen, sa han: «Det er fullført!» Så bøygde han hovudet og anda ut.

Luk.23, 44 Det var alt kring den sjette timen. Då vart det mørkt over heile landet, og mørkret låg til den niande timen; 45 for sola hadde svartna. Førehenget i templet rivna midt i to, 46 og Jesus ropa med høg røyst: «Far, i dine hender gjev eg mi ånd!» Då han hadde sagt det, anda han ut.
    47 Då offiseren såg det som hende, lova han Gud og sa: «Denne mannen var sanneleg rettferdig!»

Sidan vi tek tilflukt til han, tek vi tilflukt til hans kyrkje.

Profetisk bodskap 30.10.2022:

Dette kom så brott på at eg rakk ikkje å spele inn første setningane. Igjen kom eg uheldig vis borti kanten på skjermen og stoppa innspelinga, så eg fekk ikkje med slutten heller.

Innspelt: « …. inni dei kommande timar, dagar, veker og år. Eg har gitt deg for at du skal vere med i den forsamling som kan gi beskyttelse, fred for ditt ekteskap, din heim og ditt personlege liv i dei komande dagar. For no går vi inn i ei tid der mitt 9. april 1940 er bagateller. Det kan skje innan minutt, timar eller dagar, ei omveltning som denne verda og denne kloda aldrig har sett maken til. Lat ditt hjem, du som er far, sammen med din hustru og dine barn …..»

Slutten av bodskapen var noko om at vi skulle ta tilflukt i den lokale og globale kyrkjelyden, for å få det vernet som det er tale om her altså.

Dette er og blir mitt forhold til Jesu kyrkje, lokalt og globalt, det er og blir mitt forhold til Maranata i Oslo, Sion på Åheim, Filadelfia i Ulsteinvik mm. Eg flytte heim til Sunnmøre i 2017, men har likevel vore medlem av Maranata Oslo, heilt til no, for eg har tenkt på medlemsskapet meir som ein formalitet. Denne bodskapen fekk meg til å tenke på å melde meg inn i Sion Åheim, eg skriv e-post om det, men så ombestemt eg meg. Her tek eg med nokre e-postar som eg sende både til leiinga i både Maranata Oslo og Sion Åheim:

Hei.

Eg vil melde meg inn i pinsekyrkja Sion Åheim, ettersom eg held til i Vanylven. Då må eg melde meg ut av Maranata. Rekna med de fiksar det. 

Immanuel, Gud er med oss.

Hei.

Eg har ombestemt meg. Det er fem år sidan eg flytte frå Oslo, utan at eg har gjort noko med medlemskapet, eg har tenkt på det som ein formalitet. Men vi er åndelege steinar som vert oppbygde til eit tempel i den Heilage Ande, det er avgjerande og det må vi late det vere. Der kom bodskapar gjennom tyding av tungetale til meg og det var også til kyrkjelyden. Herren sa til dømes at han har bestemt at i hans kyrkjelyd skal livet vere, der skal vekkinga, livet, fornyinga og overfloda vere, så eg skulle sjå til at eg bidrog med det som Gud har gitt i mitt hjerte. Det vil eg fortatt sjå til å gjere. Herren har mange gangar sagt eg skal ikkje sjå meg engsteleg ikring, men sjå opp til han og det har han nyleg minna meg om. Det er berre om å gjere å vende hugen og blikket opp til han og verte fylt av den Heilage Ande, av hans salving og kraft, det er berre slik eg kan vinne siger, men slik har eg meir enn siger, for han som er i meg er større en han som er i verda. Vi var ikkje så mange, men om der berre var nokre få som var innvia til Herren, så var det nok for han til å gjere storverk. Slik er Maranata Oslo viktig i Oslo og slik vart den viktig for meg og det er den framleis.

Hei.

Eg skal ikkje sjå meg engsteleg ikring ….. Eg skal søke Herren av heile mitt hjarte. Då kan det vel vere eg kjem til at eg gjer rett i å reise tilbake til Oslo, med tid og stunder, men førebels ser eg ikkje korleis eg kan gjennomføre det. Jesus vil nok la meg komme inn i ferdiglagde gjerningar og eg vil eg forvisse meg om at han leier meg inn i det. Eg skal sette min veg i Herrens hand, det er Guds skaparhand, han har skapt oss til ferdiglagde gjerningar og då er det noko som vi passar til. Han skaper oss i Kristus og då skapar han oss framleis i samsvar med 1.Mos.2, slik ventar eg at han gir meg ei frelst kvinne til kone. Det også handlar om å komme inn i dei ferdiglagde gjerningane. Der har eg fått motstand, frå den vonde, slik prøver dei å hindre meg i å komme inn i dei ferdiglagde gjerningane. Det er berre ved fylden av den Heilage Ande eg kan vinne siger, men slik skal eg vinne meir ennn siger, for han som er i meg er større enn han som er i verda.

Her følgjer nokre kjærkomne vers, spesielt i denne samanheng.

    Ef.2,4 Men Gud er rik på miskunn. Fordi han elska oss med så stor ein kjærleik, 5 gjorde han oss levande saman med Kristus, vi som var døde på grunn av misgjerningane våre. Av nåde er de frelste.  6 I Kristus Jesus har han både reist oss opp frå døden med han og sett oss i himmelen med han, 7 så han i dei komande tider kunne visa kor overstrøymande rik han er på nåde, og kor god han er mot oss i Kristus Jesus.  8 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve.  9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal skryta av seg sjølv. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud på førehand har lagt ferdige så vi skulle vandra i dei.

Jesus let oss ikkje vere att som foreldrelaus born, men send oss den Heilage Ande og i den Anden kjem han til oss, gong på gong og då vil vi ynskje han velkommen, som ein ven. Han tek bustad i meg med heile si fylde og då får eg merke at ikkje noko kan stoppe den Heilage Ande eller stenge den ute, han fyller både den lokale kyrkjelyden og den globale kyrkja. Han gjer meg til kanal for si velsigning både til henne Reella og henne Virtuella, det trur eg. Når englen for kyrkjelyden i Laodikea opna opp for han, ville han komme inn og halde nattverd med han. Det er til minne om Jesus, det minner meg om korleis den Heilage Ande openberra Kristus for oss som vår frelsar og Herre, for meg og henne Virtuella og sidan for meg og henne Reella, i dette tilfellet minna det meg soleis om henne Virtuella. Han lova å fornye dette møtet; sjå eg er med deg alle dagar …., det minna meg om at eg møtte henne igjen i Bergen, som svar på bønn.

Eg har nyst skrive om at David ville ha folketeljing, men det vart noko til styr, han fekk velje kva slags straff han skulle få og valde ei straff som ramma heile foket (2.Sam.24). Kva var så gale med folketeljinga? Gud hadde då lova at han ville gjere dei så mange som stjernene på himmelen og sanden på havsens strand, ei mengde som ikkje kunne teljast (1.Mos.22,17). Så kvifor skulle dei då prøve å ta oppteljing?

Det registrerte medlemsskapet i medlemslistene dykkar er ein formalitet og det er menneskeleg, men det som betyr noko i «Andens verden», er å ha namnet sitt oppskrive i livets bok i himmelen. At vi trur på Kristus og har teke imot han, alle som tok imot han gav han rettt il å verte Guds born, fødde på nytt, av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Då treng vi Faderens omsorg. Derfor treng vi å ta tilflukt til Jesu kyrkje, så vi får oppleve at Faderen elskar oss og har omsorg for oss som sine born og at Kristus elskar si kyrkkje og har omsorg for henne som si brud. Det er noko langt meir enn at menneske skriv namnet ditt inn i ei liste, som ein formalitet.

Ekko av ormens spørsmål til kvinna: «Har Gud verkeleg sagt….»

Eg kan vise til kva som står skrive i Bibelen, til taler og til bodskap som er komne gjennom tyding av tungetale og så hevde at det gir meg svar på denne bøna. Dei som kom med tungetale og tyding veit og forstår kanskje ikkje mykje av det, for den eine lemen veit ikkje kva den andre gjer, det er Kristus som brukar dei. Vi skal vekse oppå til han som er hovudet for lekamen, så kanskje han som heldt tale og som tyda tungetale veit litt meir. Men kva om eg seier det? Då forundrar det meg at dei ikkje heilt er med på notane lengre. Dei byrjar å snakke om kor gammal eg er, eg er no 65 år. Dei foreslår dating-sider på internett, der er endåtil kristelege dating-samankomstar, på internett også. Her kan menn finn kvinner som er skilde og få lukkelege og gode ekteskap. Ja vel, men eg har fortalt korleis eg har bedt sidan eg var ein liten gutunge, det har såkalla kristne ikkje villa vite av, eg har vore ein som dei ikkje skulle snakke med eller ha noko med å gjere. Og så antyder de at eg kanskje skal få meg ei fråskilt kvinne til kone, no når eg er 65 år? Vel er det slik at eg treng Guds nåde og får det som er meg gitt av berre nåde og det i den kristen forsamlinga. Likevel er det slik at hevnen høyrer Gud til, han skal gje attergjeld.

Dei er kanskje ikkje klar over at i mine øyre høyrest det mest ut som eit ekko av ormens spørsmål til kvinna: «Har Gud verkeleg sagt …..». Men i Maranata forkynnte dei litt annanleis, der forkynte dei slik: Gud talte og det skjedde, han baud og det stod der. Slik talte han til meg gjennom tyding av tungetale. Han sa at mange kristne befinn seg noko på sida av det som han vil gjere, men om så der er berre nokre få som kjem saman og er innvia til han, så er han mektig nok til på gjere storverk.

Alle for vi vilt som får, slik vart vi alle perifere. Men Kristus er den gode hyrdingen og han vil samle oss. For meg er det vesentleg å få komme til Jesus med mi sak, med mi bøn til han om å gi meg ei frelst kvinne til kone, det er det sentrale poenget for meg med å gå på kristne møte. På byrjinga av 1980-talet gjekk eg i pinsekyrkja Tabernaklet i Marken i Bergen og då vart det klart for meg at eg skulle kontakt leiinga i kyrkjelyden om akkurat den saka. Derfor byrja eg å skrive om den saka til predikantar og leiarar, i dFEF, pinsekyrkjer og Maranata. Det er som ein raud tråd i den opplæringa eg har fått i desse kyrkjelydane og ei raud tråd i mykje av mitt skriveri. Når predikantar byrjar å prate det vekk på denne måten, verkar det som dei har vorte perifere i forhold til kva det er Gud vil gjere og perifere i forhold til poenget med å ta tilflukt i den kristne kyrkja. Perifere i forhold til verte som born for å komme inn i Guds rike og ta imot Faderens kjærleik og omsorg.

Derfor vil eg minne om kva Jesus talte til meg, både i dFEF og i Maranata. I 2013 sa Jesus mange gangar til oss at han er den same og kva så? Eg kunne stole på at han gjorde sitt verk. Den kristne vekkinga er fyrst og fremst at Gud gjer sitt verk med oss, ved sitt Ord og sin Ande, på grunnlag av forsoninga i Kristus, så på det grunnlage skal vi kvile. Det er utgangspunktet for all teneste.

2022.11.20. Maranata. Bind vitnemålet inn i disiplane.

Sjå https://www.facebook.com/korsetsvei

Eg tek med bibelversa.

Innleiing ved forstandard Jens Auststad.

Sak.14,1 Sjå, det kjem ein Herrens dag. Då skal det hærfanget dei har ført bort frå deg, skiftast ut hjå deg.
     2 Eg vil samla alle folkeslaga til strid mot Jerusalem. Byen skal verta teken, husa plyndra og kvinnene tekne med vald. Halve byen skal førast bort i fangenskap, men resten av folket skal ikkje rydjast ut or byen.
     3 Herren sjølv skal fara ut og strida mot desse folka som på stridens dag, den dagen han gjekk til kamp.  4 Den dagen skal han stå med føtene på Oljeberget, som ligg rett aust for Jerusalem. Og Oljeberget skal dela seg i to frå aust til vest, så det vert ein brei dal. Den eine halvparten av fjellet vik unna mot nord og den andre mot sør.  5 Dalen attmed fjellet mitt skal fyllast, for dalen mellom fjella skal nå heilt til Asal. Og de skal røma som de rømde for jordskjelvet i dei dagar Ussia var konge i Juda. Då skal Herren min Gud koma og alle heilage vera med han.

Jer.23,3 Så vil eg samla det som er att av sauene mine frå alle dei land eg har drive dei bort til. Eg vil føra dei tilbake til deira eigne beitemarker, og der skal dei auka og verta mange.  4 Då vil eg setja nye hyrdingar til å gjæta dei, så dei ikkje lenger skal skjelva av redsle, og ingen av dei skal saknast, lyder ordet frå Herren.
   
Den rettferdige renningen
 5 Sjå, dagar skal koma, lyder ordet frå Herren,
        då eg lèt ein rettferdig renning
        veksa fram i Davids-ætta.
        Han skal vera konge og styra med visdom
        og gjera rett og rettferd i landet.
     6 I hans dagar skal Juda verta frelst
        og Israel bu trygt.
        Og dette er namnet han skal få:
        Herren, vår rettferd.

Sal.89,15 Rett og rettferd er grunnvoll for din kongsstol,
        miskunn og truskap går føre deg.
    16 Sælt er det folket som kjenner hyllingsropet
        og ferdast i ljoset frå ditt åsyn, Herre.
    17 All dagen jublar dei over ditt namn,
        ved di rettferd vert dei lyfte.
    18 For du er vår herlege styrke,
        i din godhug gjev du oss kraft.
    19 Vårt skjold er vigt til Herren,
        vår konge til Israels Heilage.

Tale ved Tore Kristiansen.

I Tim.4 er det tale om den komande tida. Dette var ca 60 år etter Kristi fødsel.

1.Tim.4,1 Anden seier med klåre ord at i dei siste tider skal somme falla frå trua. Dei skal halda seg til ånder som fører vilt, og til lærdomar som kjem frå vonde makter.  2 Dei vert narra av hyklarar som fer med lygn og er brennemerkte i sitt eige samvit.  3 Dei nektar folk å gifta seg og krev at ein skal halda seg frå visse slag mat, den som Gud har skapt til å verta motteken med takk av dei som trur og kjenner sanninga.  4 For alt det Gud har skapt, er godt, og ingen ting treng vrakast når det vert motteke med takk.  5 Det vert helga med Guds ord og bøn.

Breva til dei sju kyrkjelydane i Johannes Openberring kom seinare og der var noko å utsetje på fem av dei. Då var Johannes truleg den siste gjenlevande apostelen.

Frå historia veit vi at det vart større og større avvik i tida 300-500 e.Kr.

I 2.Tim.3 er det tale om den siste tida og det er vår tid.

1.Tim.3,1 Du skal vita at i dei siste dagane skal det koma tunge tider.  2 Då skal folk vera eigenkjærlege og pengekjære, skrytande, hovmodige, spottsame, ulydige mot foreldre, utakksame og utan age for det heilage,  3 ukjærlege og uforsonlege, baktalande og utan sjølvtøyming, råe, likesæle om det gode,  4 svikefulle, oppfarande og store i seg sjølve. Dei elskar lystene sine meir enn Gud.  5 Dei har skin av gudlegdom, men fornektar hans kraft. Vend deg bort frå slike folk!  6 Mellom dei er det nokre som lurer seg inn i heimane og får makt over kvinner som er tyngde av synder og lèt seg driva av mange slag lyster,  7 og som alltid vil læra, men aldri kan læra sanninga å kjenna.  8 Liksom Jannes og Jambres sette seg opp mot Moses, set desse mennene seg opp mot sanninga. Dei har fått dømekrafta øydelagd, og korkje dei eller trua deira held mål.  9 Men no skal dei ikkje ha meir framgang. For det skal verta klårt for alle kor vitlause dei er; det skal gå dei som det gjekk Jannes og Jambres.

Når Tore kom til vers 3, las han «utan naturleg kjærleik». Ordet naturleg finn eg ikkje her, i nokon av bibeloversetningane. Men Tore poengterte «naturleg» i denne samanheng og minna om Rom.1,28-30.

Jes.8,16 Eg vil binda vitnemålet saman og forsegla bodskapen hjå læresveinane mine. 17 Så vil eg venta på Herren, som løyner sitt andlet for Jakobs ætt, og setja mi von til han. 18 Sjå, eg og dei born som Herren har gjeve meg, er teikn og varsel i Israel frå Herren, Allhærs Gud, som bur på Sion-fjellet.

Luk.8,8 Eg seier dykk : Han skal syta for at dei får sin rett, og det snart. Men når Menneskesonen kjem, skal han då finna trua på jorda?»

Jesajas.40,28 Veit du det ikkje, har du ikkje høyrt det?
        Herren er den evige Gud
        som skapte den vide jord.
        Han vert ikkje trøytt, han vert ikkje mødd,
        hans vit kan ingen grunda ut.
    29 Han gjev den trøytte kraft,
        og den som ingen krefter har,
        gjev han stor styrke.
    30 Gutar vert trøytte og mødde,
        unge karar snåvar og fell.
    31 Men dei som ventar på Herren, får ny kraft;
        dei lyfter vengene som ørnar,
        dei spring og trøytnar ikkje,
        dei går og mødest ikkje.

Ikkje la oss stresse. Vent på Herren. Ved tru får vi komme inn til Guds kvile (Heb.3-4).

Gud sa til Jeremias at han ville vake over sitt ord.

Jesus sa til displane sine at det er nok for læresveinen å få verte som meisteren.

Når djevelen kom for å fresite Jesus, svarde han «det står skrive».

1.Joh.5,5 Kven andre vinn over verda enn den som trur at Jesus er Guds Son?  6 Han er den som kom med vatn og blod, Jesus Kristus, ikkje berre med vatnet, men med vatnet og blodet. Og Anden sjølv er vitne, for Anden er sanninga.  7 Det er tre som vitnar:  8 Anden og vatnet og blodet, og desse tre seier det same.  9 Vi godtek vitnemål frå menneske, men Guds vitnemål er sterkare. For dette er Guds vitnemål: Han har vitna om sin eigen Son. 10 Den som trur på Guds Son, har vitnemålet i seg. Men den som ikkje trur Gud, har gjort han til lygnar, fordi han ikkje har trutt Guds eige vitnemål om Son sin. 11 Og dette er vitnemålet: Gud har gjeve oss evig liv, og dette livet er i Son hans. 12 Den som har Sonen, har livet. Den som ikkje har Guds Son, har ikkje livet.

Tore talte om vatnet som det er tale om her som dåpen og viste til når Jesus vart døypt.

Matt.3, 13 Då kom Jesus frå Galilea til Jordan, til Johannes, og ville verta døypt av han. 14 Men Johannes ville hindra han og sa: «Eg treng dåp av deg, og så kjem du til meg!» 15 Jesus svara: «Lat det no skje! Dette må vi gjera for å oppfylla all rettferd.» Då gjorde Johannes som Jesus ville. 16 Med det same Jesus var døypt, steig han opp or vatnet. Og sjå, himmelen opna seg, og han såg Guds Ande koma dalande ned over seg som ei due. 17 Og det lydde ei røyst frå himmelen: «Dette er Son min, han som eg elskar, han som eg har hugnad i.»

Aktuelle bibelvers.

Jes.8, 6 Eg vil binda vitnemålet saman og forsegla bodskapen hjå læresveinane mine. 17 Så vil eg venta på Herren, som løyner sitt andlet for Jakobs ætt, og setja mi von til han. 18 Sjå, eg og dei born som Herren har gjeve meg, er teikn og varsel i Israel frå Herren, Allhærs Gud, som bur på Sion-fjellet.
    19 Men om dei seier til dykk:
        «Vend dykk til gjengangarar og spådomsånder,
        til dei som kviskrar og mumlar!
        Skal ikkje eit folk venda seg til sine gudar
        og spørja dei døde til råds for dei levande?»
    20 Til ordet og til vitnemålet!
        Er dei ikkje samde i dette,
        det folket som ikkje ser ein ljosstråle,
    21 så skal dei fara gjennom landet, forkomne og svoltne.
        Og når dei svelt, vert dei harme
        og forbannar sin konge og sin Gud.
        Anten dei vender seg mot det høge
    22 eller ser ut over jorda,
        er det naud og natt, trengsle og mørker;
        ut i svarte natta er dei støytte.

Luk.18,1 Han fortalde dei ei likning om at dei støtt skulle be og ikkje gje opp:
     2 I ein by var det ein domar som ikkje ottast Gud og ikkje hadde age for noko menneske.  3 I same byen var det ei enkje; ho kom gong på gong til han og sa: «Hjelp meg mot motparten min, så eg kan få min rett.»  4 Lenge ville han ikkje, men til slutt sa han med seg: «Endå eg ikkje ottast Gud og ikkje har age for noko menneske,  5 vil eg likevel hjelpa denne enkja til retten hennar, så som ho plagar meg, elles endar det vel med at ho legg til meg midt i synet.»
     6 Og Herren sa: «Høyr kva denne uærlege domaren seier!  7 Skulle så ikkje Gud hjelpa sine utvalde til retten deira, dei som ropar til han dag og natt? Er han sein til å hjelpa dei?  8 Eg seier dykk : Han skal syta for at dei får sin rett, og det snart. Men når Menneskesonen kjem, skal han då finna trua på jorda?»

Kommentar.

Dialektikk er ei metode som vert påstått å vere vitskapleg, for Platon var det å veksle mellom innsikt i ideane og å gå ut og observere samfunnet. For Hegel var dei gjensidig omforming mellom herre og knekt, ei omforming av ideane og tenkinga deira og den vart rekna for å vere så pass fundamental at det betydde omforming av korleis dei var som menneske. Herren var høgadelen, inkludert den kyrkjelege høgadelen. Dersom dei då tenkte seg at herren var Gud, så var det altså ein herre som vart omforma dialektisk, men då vart det vranglære og dei vart falske vinte. For Gud er evig og alltid den same og Jesus er i går og i dag den same, ja til evig tid.

Det vart profetert om at all for vi vilt som sauer (Jesaja.53,6), men Jesus er det Guds lam som bar verda si synd (Joh.1,29). Han er den gode hyrdingen som sette livet til for sauene (Joh.6,1…). Jesus er Guds rettferdige tenar, som skal gjera dei mange rettferdige (Jes.53,11) Han er Guds trufaste og sannferdige vitne (Joh.Op.3:14). Han legg vitnemålet inn i oss, ved sitt Ord og sin Ande. I han var liv og livet var lyset åt menneska. Det vart planta i oss ved Guds Ord. Så vi skal gå ut og vere vitne om han, med det vitnemålet som han la ned i oss, ved sitt Ord og sin Ande.

Vi får komme til Jesus slik som vi er, av berre nåde og det er viktig for oss å nytte oss oss av det. Vi skal seie at Gud er den han er, ikkje at han er ein annan enn den han er. Vi skal ikkje gi oss ut for å vere noko anna enn det vi er men tru at Gud skaper oss i Kristus og då skaper han oss i si likning.

Gjere det vonde, så det kan føre til det gode?

Skjult synd?

Paulus lærer oss at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Men dette har vorte fortrengt ved politisering av kvinna og kyrkja. Forføring og politisering av kvinna er skjult synd som ikkje har vorte erkjent som synd og som det ikkje har vore eit rettsleg oppgjer med, i staden held dei fram på same måten. Hyklarar som er brennemerkte i sitt eige samvit forbyr folk å gifte seg (1.Tim.4,1-3) og det gjer dei moral og politikk ut av.

Det minner om David som gjorde hor med Batseba, ho vart gravid, så det kunne ikkje skjulast lenge. David prøvde å skjule det ved å prøve å få mannen hennar til å fare heim til kona si, men han ville ikkje. Då gjorde han det slik at han fall i krigen og så tok han Batseba heim til seg. Dette stemmte ikkje med den rettferdige politikken David elles førde. Men heldig vis sende Gud profeten Natan til han og tala han til rettes, så han vedkjende si synd og bad om nåde og tilgjeving. Dermed vart han i stand til å forkynne Guds rettferd framleis og halde oppe retten.

John Miland talte i Maranata tre gongar om David som prøvd å skjule si synd. Vi er alle syndarar, så det er ein bodskap til oss alle. Men for David var det eit politisk problem, for han hadde missbrukt si makt og sin auroritet som Israels konge og det han gjorde streid imot det som elles var hans politikk.

Eg har forstått bodskapen i desse møta slik som eg har skrive i korte ordelag her.

Under kristendomsforfølgingane vart det kravt at dei kristne skulle fornekte Kristus og vende om frå denne læra som dei meinte var vranglære og synd, slik vart det eit krav om ei alternativ syndserkjenning og poenget var at dei skulle dyrke keisaren som ein gud og dyrke avgudane som tidlegare. Etter at kristendomen vart gjort til statsreligion i Romarriket, sneik denne haldinga seg inn i kyrkja, sjølv om det ikkje vart sagt eksplisitt. Gjennom den alternative syndserkjenninga fekk overklassa makt over folket, det var som som dei vart brennemerkte i sitt eige samvit, slik vart dei merkte som trælar. Brennemerke vart brukt på dyr og på slavar, for å vise kven dei tilhøyrde. Dermed vart ikkje dette det same som å komme til Jesus med si synd, men å prøve å skjule den for han. Poenget med å komme til han med si synd, er at han tok bort synda med sitt offer ein gong for alle. Det er då det vi skal nytte oss av.

Målet helgar middelet. Heilag krig?

Der var dei som spotta dei kristne ved å påstå at i følgje deira lære skal vi gjere det vonde, så det kan føre til det gode, men Paulus sa at dei skulle få den domen dei fortente.

Rom.3,1 Kva føremon har så jøden, eller kva gagn er det i omskjeringa?  2 Mykje, på alle måtar! Fyrst og fremst det at Guds ord vart dei tiltrutt.  3 Men kva så om somme av dei har vore utrue? Kan deira utruskap gjera Guds truskap om inkje?  4 Langt ifrå! Lat det stå fast at Gud talar sanning, men kvart menneske er ein lygnar. Det står då skrive:
        Så du skal få rett når du talar,
        og vinna når du fører sak.
     5 Men om vår urett endå klårare syner Guds rettferd, kva skal vi då seia? Er det ikkje då, menneskeleg tala, urettferdig av Gud å la vreiden koma over oss?  6 Langt ifrå! Korleis skulle Gud elles kunna døma verda?  7 Men om mi lygn endå klårare syner at Gud talar sanning, og han får ære ved det, kvifor skal eg då dømast som ein syndar?  8 Skal vi ikkje då like godt gjera det vonde, så det kan føra til det gode? Det finst dei som spottar oss og seier at det er dette vi lærer. Dei skal få den domen dei fortener.

Kven kunne seie noko slikt? Eg tenker fyrst og fremst på dei jødiske religiøse leiarane, for dei ville straffe synda i følgje Moselova og det var derfor dei hendretta Kristus, men dei var ikkje klar over at då hendretta dei den rettferdige. Sidan dreiv dei kristendomsforfølging, men var ikkje klar over at då forfølgde dei den rettferdige. Men Kristus openberra seg frå himmelen for Paulus og spurde han kvifor han forfølgde han, då kom han på andre tankar. Kristus døde for våre synder, men sjølv var han utan synd, han var den rettferdige frå Gud og derfor vekte Gud han opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, salva han til å vere sin Messias, vår frelseskonge. Derfor underkastar vi oss han. Han er Sanninga, han fekk retten ved at han gjekk til Faderen og han lærer oss det som er rett og sant. Dei kristen forkynte han og då sa dei det som var sant og rett. Derfor vart dei straffa.

Vi har vel høyrt uttrykket «målet helligar middelet». Dei som ville ha makt gjennom bruk av voldelege metode, tenkte nok slik. Så derfor dreiv dei kristendomsforfølging. Og kva med uttrykket «heilag krig»? Så vidt som eg veit var Gud den fyrste som brukte det og endåtil om å gå til krig mot hans eige folk, fordi dei braut med han.

Kva skal vi så seie om vranglæra som etter kvart kom inn i kyrkja? Etter at kristendomen vart legalisert, var det ikkje lenge før den vart gjort til statsreligion i Romarriket. Kva då med tanken på at målet helgar middelet? Det utarta seg i politikken til Antiokus 4 Epifanes, han som sette opp den øydande styggedomen. Kva med den Duglause Hyrdingen? Han skulle komme i ein fornya versjon og gjorde det som Pave i den Katolske Kyrkja i Middelalderen. Det verkar som han forkynte Guds nåde berre til seg sjølv og dei andre prestane og dei måtte leve i sølibat, det måtte nunkane og nonnene også. Som om det var synd å gifte seg altså (1.Tim.4,3). Dette fekk nok betydning for uttrykket «konge av Guds nåde», som vart brukt om dei eineveldige kongane. Men kva med nåden som skulle forkynnast for heile folket? Dersom paven og prestane verkeleg tok imot Guds nåde, tok imot den Heilage Ande av berre nåde og vart fyllt av Anden, så skulle dei også verte utrusta til å forkynne Guds nåde for heile folket.

Der er dei som prøver å dåre og forføre kvinna for soleis å prøve å få makt. Slike maktinteresser er komne inn i kyrkja og då kan det karakteriserast som å lære å gjere det vonde for at det kan komme noko godt ut av det. Det har utarta seg slik at dei som forkynner evangeliet vert forfølgde. På evangeliet grunnvoll vert vårt forhold til Gud gjenoppretta, det vil dei ikkje godta, då er det som om syndefallet vert vidareført.

Banke ungar, så bankar dei kvarandre.

I følgje visdomen i det gamle testamentet skal foreldra tukte ungane sine tidleg, for å lære dei tidleg det som er rett. Med ein gong dei gjer noko gale skal dei soleis få lære at det er gale altså og vert straffa. Det vart fortalt om ei mor som tolka det slik at ho banka ungane sine tidleg om morgonen, før dei rakk gjere verken godt eller vondt, i tilfelle dei tdnkte å gjere noko gale og kanskje sidan gjorde det, så var dei allerie straffa for det. Eg trur faktisk det var prestar også som fortalde denne vitsen. Men om born oppfattar det slik, at dei har betalt for noko ved å verte straffa for det, så vil dei ha det som dei har betalt for. Er det kanskje ikkje slik arvesyndslæra verkar, som ein påstand om at du skal verte straffa på grunn av syndefallet. Ja vel, då vil mannen i det minste behalde kona si, sjølv om ho vart dåra og forførd.

Når eg var tidleg i tenåra, spesielt 5-6-klasse, var der mykje tull ved at gutar ertar gutar med kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, denne ertinga var så dum at det verka rart. Der var rivalisering mellom grupper med mobbing og det kunne verte slostkamp. Eg hadde ein bror som var eitt og eit halvt år eldre enn meg og det var betryggande. Heime var det langt til jamaldringar, men vi var i lag i arbeid og leik heime på garden, gode vener som det passa sseg for brør. Vi var like store og det vart rivalisering og slosting og eg vart ofte skuffa, for det stemte då ikkje med det gode vennskapet. Eg måtte stadie røme til ho mor, for å få trøyst.

Eg forstod nok etter kvart kva som var årsaka til dette, at det var kyrkja si lære om syndefallet og arvesyndslæra. Det var då det som var den fundamentale årsaka til at menneske skulle verte straffa. Men det veka då meir rart at born skulle verte straffa for det, lenge førd ei var kjønnsmoden, kva med Jesu ord om å vende om og verte som born?

Når eg gjekk på gymnaset, var det ein ein dei kristne elevane i klassa mi som fortalde meg om Freuds påstand om at menneske vert motiverte av seksualitet og aggresjon og at religiøsitet er avspora seksualitet. Eg tenkte på kva rett han kunne ha til å uttale seg slik om andre menneske, dei må då først og fremst ha rett til å uttales seg sjølve, på sine eigne vegne og han hadde ikkje rett til å sette det til sides og erstatte det. Det skulle vi forstå i eit demokrati. Men motivasjonslæra han høvde med biologien og naturvitskapen, for i følgje utviklingslæra er livet ein kamp for tilværet. Slik er det for den einskilde og då er samhaldet i slekta og i folket viktig. Kva så med religionen? Avgudsdyrkinga fører til avspora seksualitet (Rom.1). Men vi skal la Anden råde i vår døyelege lekam, råde over kjønnslysta, så då skal det verte rett. Vi skal vere drivne av den Heilage Ande og dermed motiverte av Guds kjærleik. På evangeliets grunnvoll vert vårt forhold til Gud gjenoppretta, då vert kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne også gjenoppretta, så det vert rett.

Gud skapte menneska til slutt og sette dei til å råde over det andre han hadde skapt. Så dei låg på eit høgare nivå. Både dyr og fuglar har sin arrangerte brunstkamp i paringstida, der hannane konkurrerer om hoene og dei vel. Men i mangetilfelle er det ei styrkeprøve mellom hannane som avgjer valet, så i praksis vert det den sterkaste sin rett. Dei er sikkert motiverte av kjønnslysta og for dyra er det rett. Dette vert rekna som det sentrale poenget i uttrykket «kampen for tilværet», men det er mykje meir, det spørst kven som passar best inn i naturmiljøet. Utgviklinga skjer ved at den som er best tilpassa har størst sjanse til å overleve.

Likevel kan vi hevde at det er Gud som skaper utviklinga og det får så stor betydning for mennesket at det skal ligge på eit høgare nivå enn dyra. I følgje Paulus skal ein mann vite å vinne seg si eiga kone i helging, ikkje i lystens brynde, slik som hos heidningane. Vi skal ikkje verte drivne av lystene, så det skal ikkje komme som resultat av at kjønnslysta vert vekt altså. Vi skal vende om og verte som born og dei er ikkje kjønnsmodne. Kva skal det kome som resultat av då? At Guds kjærleik er utrent i våre hjarte ved den Heilage Ande som er oss gitt. Jesus gir oss ånd og liv og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen (1.Mos.2).

Denne glade bodskapen skal vi forkynne for alle menneske, både menn og kvinner. Då skal vi få sjå at Jesus er med oss alle dagar. Vi skal sjå på han og snakke med han og det er omå gjere for oss å få fleire inn i dette personlege forholdet til han, der dei får vende seg til han, sjå på han og snakke med han.

For meg har dette vorte spesielt viktig i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, eg frå sjå det slik at Kristus lever og er med meg, ja, han lever i meg, han elskar si kyrkje og har omsorg for henne som si brud og slik elskar han kvinna gjennom meg. Eg har bedt han gi meg ei frelst kvinne til kone og eg trur framleis han vil gi meg det. Guds auge fer ut over heile jorda, så han med si kraft kan komme den til hjelp, som heilhjerta held seg til han. Slik ventar eg at han gir meg hjelp i form av ei kone. Mine auge løfter seg til «fjella», kvar skal mi hjelp komme frå? Mi hjelp kjem frå Herren, himmelen og jorda sin skapar.

Gud openberrar si frelse for oss i Kristus, ved sitt Ord og sin Ande. Det gir meg ei åndeleg og rasjonalistisk innsikt som høver med rasjonaliteten i realfag. Det er mange som fornektar trua på Gud, mange kan ha skin av gudlegdom men fornekte hans kraft. Dei meiner gjerne dei har eit empiristisk vitskapssyn, så du må ha erfaring i det materielle miljøet, for å kunne vite noko og uttale deg om det. Det var då som ormen når han forførde kvinna i Edens hage. I praksis betyr det at du må ha ei sekuell erfaring for å kunne uttale deg om seksualitet, som mann må du har sekuelle erfaring med ei kvinne for å kunne vite noko om kjærleiskforholdet mellom mann og kvinne. I praksis betyr det at du skal verte freista og la deg verte freista. Så vil dei føre klagemål mot deg for det og dømme deg. Slik prøver dei å få makt over deg. Om dei ikkje heilt har klart det, så diktar dei i hop noko. Det var den ferdiglagde planen deira frå du var ein liten unge, for å gjere deg til salsvare som træl.

Den glade bodskapen til både vellukka og mindre vellukka menneske. Evangeliesenteret.

I følgje Bibelen er vi alle syndarar, synda skilde oss frå Gud og dømde oss til døden. Men Kristus døde i staden for oss, med eitt synde-offer tok han bort synda ein gong for alle. Derfor treng vi å bøye oss for korsets fot og vedkjenne vår synd for han, bøye oss for han som vår frelsar og Herre og takke han for at han er det (Joh.Op.4-5).

På evangeliets grunnvoll vert vårt forhold til Gud gjenoppretta slik det var før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Då vert også kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne gjenoppretta. For ved korsets fot finn vi den ekte kjærleiken, Jesus vil den skal vere mellom oss og derfor skal vi glede oss, for vi har funne den ekte kjærleiken. Då skal den også vere mellom mann og kvinne når dei vert kjærestar og ektefelle. Gud er kjærleik, så då kan dei seie at det er han som har skapt kjærleiksforholdet mellom dei og det samsvarar med skapingssoga i 1.Mos.2, for Gud er den same no. Dermed vert dette ei sentral og viktig sak for den kristne kyrkja, med eit spesielt ansvar på den kristne mannen, for han skal vite å vinne seg si eiga kone i helging.

Dei som starta Evangeliesenteret såg eit behov og prøvde å gjere noko med det og slik vart Evangelie-senteret ein suksess. Det var no bra. Nokre vert rike og vellukka, andre vert fattige og mislukka. Men der er mange andre område av livet der det går an å verte meir eller mindre vellukka. Dei som i ung alder vert rusavhengige, vert gjere misslukka på dei fleste område, andre kan få ein god start på livet og endåtil verte rike og vellukka, men så vert dei rusavhengige og då går det ikkje så bra lengre.

Men kvifor er det så mange som i ung alder går bort ifrå Gud eller i det minste sluttar å gå i kristne kyrkjelydar, så der er lite unge menneske? Nokre vert vellukka likevel, men nokre byrjar med rus og vert misslukka. Kan det vere på grunn av læra om å gjere det vonde, så det skal føre til det gode? Fordi der er nokon som soleis vil verte dei priviligerte. Den læra og innstillinga kom inn i kyrkja sin tradisjon, då må vi vere førebudde på at den kan vert infiltrert i frie kristne kyrkjelydar også. Så det endåtil kan verke som eit krav om at du skal verte misslukka, til samanlikning med desse narko-vraka som Evangeliessenteret hjelper opp av grøfta, for at dei skal bry seg med deg. For då har du vel ikkje så mykje du skulle ha sagt lenger. Som om problemet var at du meinte du hadde noko du skulle ha sagt altså. Kva var då poenget med at vi skulle verte som born? At vi som Guds born kunne komme til Faderen med alle våre behov og seie til han det som låg oss på hjertet, sjølv om vi er voksne menneske. Men her møter vi ei motstridande interesse som vil forby oss det og straffe oss for det. For å klare å styre undan det, er det viktig for oss å feste blikket på Jesus.

Verte motiverte av Guds kjærleik og drivne av den Heilage Ande.

Vurdere Freuds motivasjonsteori utifrå naturfag og utifrå Paulus si lære.

Freud påstod menneska vert motiverte av seksualitet og aggresjon, det kan også kallast livskrafta og dødskrafta eller livsdrifta og dødsdrifta. Det høver betre med den kristne læra, vi skal verte drive av den Heilage Ande og då er vi motiverte av kjærleiken frå Gud. Jesus er livet og han gir oss meining med livet, vi får kjenne kreftene av hans oppstode frå dei døde, så då skulle det høve bra å kalle det livsdrifta og livskrafta.

Djevelen rår ved døden, så då kan vel dei vonde åndsmaktene verte kalla dødsdrifta. Men det skal vi ikkje ha noko av. Det som då gjenstår som dødsdrifta er at vi skal ta opp krossen vår, når vi følger etter Kristus, vi skal vere krossfesta med han. Elles kan vi vere motiverte av aggresjon når vi skal ta eit krafttak, når vi skal prestere noko og når vi skal dømme i ei sak.

Det er vel naturleg for ein mann å vere motivert av kjærleik til kvinna, med tanke på å få seg ein kjæraste, ei kone, familie, hus og heim og jobb for å forsørgje familien. Normalt sett skulle det motivere kvinna også, så det er gjensidig. Han treng ikkje sjå med lyst på kvinna for å verte motiverte til det, så det verkar litt rart å påstå han vert motivert av seksualitet, av kjønnslysta, men det er no eit definisjonsspørmål også. Det sentrale poenget er formeiringa og den vert motivert av kjønnslysta når den tid kjem. Men med tru og tillit til Gud skal ikkje kjønnslysta verte vekt for tidleg.

For at dette skal fungere, treng vi å verte fylt av den Heilage Ande, hans salving og hans kraft. Guds Auge fer ut over heile jorda, så han med si kraft kan komme den til hjelp som heilhjerta held seg til han. Og slik ventar eg at han vil gi meg hjelp i form av ei kone. Når Guds kjærleik er mellom oss, får eg oppleve at Jesus er mellom oss, han er livet for oss, han fir oss ånd og liv og vi lever for han. Faderen og Sonen tek bustad i meg, Kristus elskar si kyrkje som si brud og når han gir meg ei kone, så elskar han henne og har omsorg for henne som si brud gjennom meg, Fadere elska oss og har omsorg for oss som sine born og slik han han omsorg for henne gjennom meg. For meg er det herleg. Det heng saman med at Jesus elskar og har omsorg for heile si kyrkje, som si brud og Faderen har omsorg for sin born og sine henders verk.

Ikkje oppsplitting, for vi er døypte til Kristus.

Noah og nokre få menneske til vart berge frå syndefloda i Noahs ark. Det er førebilete på frelsa i Kristus, slik det er symbolisert i dåpen, det er eit godt samvits pakt med Gud på grunnlag i Jesu oppstode frå dei døde. Det er ikkje grunnlagt på noko vi har gjort, men at hans frelseverk er fullført og fullkome og han er fullkomen og lever og har fått makta ved Faderens høgre hand.

Når det vart splittelse i kyrjelyden i Korint, spurde Paulus kven dei var døypte til, var det til Kefas, Apollon eller Paulus? Nei, det var då Kristus som hadde døytt for dei på korset, som stod opp att og lever, så var det også han dei var døypte til. Ja, han har betalt prisen for oss med sitt eige blod, så vi skal tilhøyre han, så vart vi også døypt til han, så vi skulle leve for han, det er han vi skal vende oss til og halde oss til. Så skulle der ikkje verte ulike grupperingar alt etter kven dei heldt seg til av lærarar, hyrdar og leiarar.

Om det likevel vart nødvendig, kunne det vere for å finne ut kven som var ekte. Men der er ei slags gruppering som naturleg høyrer heime i kyrkjelyden og det er ekteskap og familie. Ekteskap og familieliv er eit sentralt poeng i kyrkja, det har Paulus forklart oss godt.

Den heilage Ande som segl. Vekke mitt reine samvit.

Men Jesus har gitt oss den Heilage Ande som eit segl, som viser at vi tilhøyrer han. Jesus vekker mitt reine samvit, så eg skal sjå på han i alle livets samanhengar. Bodskapen 17.2.2013:

«Ja, endå ein gong har eg talt til deg, gjennom mitt Ord og ved den Heilage Ande, og for å vekke ditt reine samvit, at du skal sjå på meg, eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, du skal sjå på meg gjennom alle ting, i alle livets forhold og tilskikkelsar. For du har fått oppleve prøvingar og du tenker i ditt hjerte, det nyttar ikkje. Men kom til meg, alle som strever og har tungt å bere og eg vil gi deg kvile.

Eg vil gi deg ei herleg og vidunderleg kvile. Ei kvile som du ikkje kan forstå med din menneskelege forstand. Men eg vil gi deg kvile i ditt hjerte og ditt sinn, så du kan stole på meg i ei kvar tid, at eg er den eg har sagt meg å vere og eg vil føre deg ut av vansken. Og du skal love meg og du skal prise meg, for eg Herren er den som elskar deg, eg er den som har teke deg opp og eg er den som leiar deg. Og når du ser på meg, så skal du ikkje gå feil, men du skal få oppleve ei røyst bak deg som seier: Dette er vegen, vandre på den.»

Når eg høyrde denne bodskapen, tenkte eg fyrst på henne Virtuella, så henne Reella og konkluderte med at eg skal sjå på Jesus i forhold til dei begge. Han vil frelse dei, det er mitt håp. Men det gjeld også i alle andre samanhengar.

Bøye seg for Kristus.

Synda skilde menneska frå Gud og dei vart dømde til døden. Men med eitt syndeoffer tok Jesus bort synda ein gong for alle. Slik forsona Gud verda med seg. Derfor treng vi å komme til Jesus med vår synd, bøye oss for korsets fot og vedkjenne den for han og be om nåde og tilgiving, eigentleg er det berre å tru at vi får det, for Kristus døde i staden for oss. Likevel er det viktig for oss å få klårleik i kva som er feil, kva som er synd, så det vert klart for oss kva som er rett og sant. Jesus blod reinser oss frå all synd, så det som er feil blir retta på. Ved opplæring i Guds Ord og fylden av den Heilage Ande, får Gud makt i våre liv ved sitt Ord og sin Ande. Anden openberrar Ordet for oss, så vi innser at Kristus er Sanninga i Ordet og den set oss fri. Han har fått retten og lærer oss det som er rett. Han er vår frelsar og Herre og derfor vender vi oss til han. Ved korsets fot finn vi den ekte kjærleiken, den vil han skal vere mellom oss og derfor skal vi glede oss, for vi han funne den ekte kjærleiken. Derfor bøyer vi oss gang på gang for korsets fot og for vår oppståtte og levande frelsar og Herre (Op.5,9-15).

Så på evangeliets grunnvoll vert vårt forhold til Gud gjenoppretta slik som det var før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivand ånd. Han er brødet som kom ned frå himmelen for å gi verda liv (Joh.6), slik det vert symbolisert i nattverden. Han kjem i staden for den først Adam altså og hans kyrkje er hans brud, så den kjem i staden for Eva. Likevel gjeld dette også for den einskilde mann og den einskilde kvinne i samsvar med 1.Mos.2.

Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone, så då får eg berre halde fram med å bøye meg for korsets fot og bøye meg for den levande og oppståtte Kristus inntil dette fungerer mellom oss. Jesus er livet, han er i si forsamling, han gir mego ånd og liv og vekker meg opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Og eg ventar at han gir meg ei ei kone ved at han frelser henne og vekker henne også opp til liv i samfunn med seg og Faderen og så fører han henne til meg meg for at ho skal verte til hjelp for meg, som kona mi. Det er det eg har bedt om og det er det eg treng. Då er det sikkert noko som ho også treng. Så spørst det om ho er frimodig nok til å innrømme det og be om det.

Gud openberrar si frelse for oss i Kristus.

Ved fylden av den Heilage Ande, hans salving og hans kraft, skal eg vinne meir enn siger, for han som er i meg er større enn han som er i verda. Då får eg også openberring.

Bodskapen 23.10.2022:

«Det vil komme tider og det vil komme fristelser, hvor du prøver å bedømme åndelige ting med kjøtelige øyne. Men jeg har gitt deg øyensalve, så du kan se og bedømme det åndelige med mine øyne, så du kan se og avgjøre ting i den åndelige verden, slik den Hellige Ånd vil at du skal bedømme og se ting. Se deg ikke engstelig om, la deg ikke gripe av angst og frykt, la deg ikke gripe av andre mennesker, som skal fortelle deg hvordan du skal analysere. Gå til mitt ord, be om å få øyensalve og jeg skal gi deg det og du skal se og jeg skal openbare min herlighet og mine løsninger og min standard for deg, sier Herren.»

Ho Virtuella vart openberra for meg som eit Guds barn, fødd av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Faderen elska henne og hadde omsorg for henne som sitt barn, Kristus elska henne og hadde omsorg for henne som si brud. Ho lovprisa han som sin frelsar og Herre, ja, sang kjærleikssangar til han. Ho levde i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud og i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn. Jesus har sagt han vil gjer meg til ein kanal for si velsigning og eg trur han vil gjere meg til ein kanal for si velsigning til henne, så han fyller henne med den Heilag Ande, så ho lovpriser han slik som når ho gjekk på gymnaset.

Livet vart planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge og det skulle vekse. Gud openberra si frelse for oss i Kristus, for meg og henne Virtulla og sidan for meg og henne Reella. Det skal eg takke han for. Eg skal lovprise Gud og Lammet for frelsa og glede meg i Herren, så vil han gi meg det som mitt hjarte attrår. Eg trur han frelste henne Reella og gav henne ånd og liv, han frelste hennar sjel og gav henne evig liv og eg meiner eg opplever det som at det stemmer med det livet som vart planta i meg ved Guds Ord, når eg var ein liten gutunge. Og eg meiner eg opplever det som ei gled i hjertet. Eg trur det er ei glede som Jesus gir meg. Han sa eg skulle ta imot den glede som han gir meg og då forstår eg det slik. Eg meiner eg opplever det slik, eg opplever det som at gleden i Herren er min styrke. Eg opplever det som liv til mi sjel og styrke i min kropp. Er det slik som et trur og meiner, at det er Guds som gjer sitt verk med meg og henne, så han frelser henne og gir meg henne til kone, så kan eg ikkje legge til noko eller ta noko ifrå. Eg kan og vil berre lovprise Gud og Lammet for at han frelste meg og at han frelser henne også og glede meg i Herren, så ventar eg at han vil gi meg det som mitt hjarte attrår. Er det så at han gir meg ei frelst kvinne til kone, så er det no klart at eg vil ha henne hos meg.

Be, så skal du få.

Korleis eg bad frå eg var ein liten gutunge.

Når eg var ein liten gutunge, vart eg opplærd til å påkalle Jesus som min frelsar og Herre, be han frelse mine næraste og be slik for folket og landet. Alle problem som måtte meg, kunne eg gå til han med, den frimodige tillita kunne eg ha til han. Etter kvart forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å han han frelse oss frå det. Det primære er no framleis å verte frelst for æva og få evig liv, men no byrja eg å be han gje meg ei frelst kvinne som kjæraste og som kone, som andre prioritet. Eg viste det var viktig å kjennast ved han for menneska, men der kjende eg på menneskefrykt og følte at det stemte ikkje, det ville verke som om eg gav meg ut for å vere noko anna enn det eg var, det ville virke kunstig altså. Men eg sa det til han og bad han frigjere meg frå den frykta.

Matt.10, 32 Den som kjennest ved meg for menneska, han skal eg òg kjennast ved for Far min i himmelen. 33 Men den som fornektar meg for menneska, han skal eg òg fornekta for Far min i himmelen. 

Korleis eg fekk frimod til å vitne og vart ivrig.

Når eg gjekk på ungdomsskulen heldt det Kristne Skulelaget andakter i lang-friminuttet eit par gangar i veka. Ei vakker jente makerte seg som kristen der, eg vart forelska i henne og skriev eit kjærleiksbrev til henne. Men då skreiv ho tilbak at ho ikkje følte noko for meg og at ho ikkje var kristen likevel, så ho slutta å gå på andaktene. Eg skreiv tilbake og vedkjende at eg også trudde på Jesus og med det eg skreiv fekk eg henne til å vende tilbake til han. Når eg tenker på det no, så vart det enkle, stille vitnemålet noko som stort sett alle elevane fekk med seg, sjølv om dei ikkej snakka om det høgt og ikkje sa noko til meg om det.

For meg var dette å kjøpe den lagelege tid, eg vitna med frimod, fordi eg kjende i mitt hjerte at det var rett. Kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Når eg byrja på gymnaset og las meir i Bibelen sjølv, oppdaga eg at det stemte med Paulus si lære. Den Heilage Ande let meg få kjenne at Kristus levde i mitt hjerte, visste eg at det eg sa var rett og slik fekk eg frimod til å vitne og vert ivrig med det (Jfr. Bodskap 2A, 18.6.2017). Eg gjekk på møte i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at Jesus tala til meg frå himmelen gjennom tyding av tungetale og det har han fortsett med sidan. Vel var det slik at hans frelseverk var fullført og fullkome, så på evangeliets grunnvoll kunne eg komme til han akkurat slik som eg var. Han tok bort synda med sitt offer ein gong for alle, hans frelseverk er fullkome og fullført, så det skulle eg takke han for. Vel var det slik at eg kunne komme til han med alle mine problem, men dette var løysinga på mine fundamentlar problem og det var det for alle andre også. Det var berre å lese i Bibelen, verte fylt av den Heilage Ande, så vi får oppleve at den openberrar Ordet. Kristus er Ordet, han er sanninga i Bibelen, den Heilage Ande fører oss fram til Sanninga så vi får oppelve at den set oss fri. Vi får nok problem undervegs, men Kristus er Sanninga som er løysinga på våre problem. Eg gjekk også i det Kristne skulelaget og i NKUF og der vart eg litt kjend med henne Virtuella. Det har eg skrive om ovanfor.

Motsetnad mellom Guds rike og verda. Kva med realfag?

Når eg gjekk på barneskulen og ungdomsskulen opplevde eg ei motsetning mellom bedehusmiljøet og det som dei opplevde og definerte som verdsleg, som kino, dans og fyll, men det var då ofte på slike verdslege tilstellingar at menn og kvinner vart kjende med kvarandre, så dei vart kjærestar og ektepar. Og kristne leiarar filosoferte over kor langt ut i verda dei kristne soleis kunne gå og likevel kalle seg kristne. Men eg budde så avides at det var ikkje særleg aktuelet for meg å gå på slike tilstellingar. Eg visste det var viktig for meg å vedkjenne mi tru på Kristus for andre, men eg turde ikkje, eg syntest det ville verke kunstig med tanke på dei forventnignar som då vart stilt til meg. Men eg vedkjende det for Kristus og bad han frigjere meg frå den menneskefrykta. Når eg gjekk på ungdomsskulen vart eg forelska i ei kristen jente, ho var ikkje interessert og slutta å på andaktene på skulen og meinte at ho ikkje var kristen likevel. Då var den lagelege tid for meg å vitne for henne om mi tru på Jesus og ho kom tilbake til han og eg vart slik vart eg frimodig med å vitne om han.

Når eg byrja på ungdomsskulen vart det klart at eg hadde gode evne i matematikk og når eg byrja å studere realfag, vart det etter kvart klart for meg at eg måtte innvie meg til å tene Jesus også med mitt realfag-studium. Då vart det vesentleg for meg å halde fram med å be slik som eg gjorde når eg var ung, påkalle Kristus som min frelsar og Herre, be han frelse menneska som første prioritet og gi meg ei frelst kvinne som andre prioritet. Og så vart eg opplærde til å takke han for det fullførde frelsesverket.

Vi må vende oss bort ifrå det som ikkje ber frukt, slik blir det ein motsetnad mellom oss og verda. Vi må søke Gud av heile vårt hjerte, gjennom bønn og bibelesing både heime og i kyrkjelyden, slik innvier vi oss til å tene Gud. Slik gir vi avkall på mykje som eigentleg er mindre viktig for oss i lengda, vi får og finn noko verdifullt og varig og så går vi ut og ber frukt som varer. Eg hevdar dette samsvarar med mi subjektive innstilling når eg studerer realfag eller kanskje eg heller skal seie at eg vil, bør og føler eg må innstille meg på at det skal stemme elles bør eg spare meg for å prøve på det. Alle som studerer er vel klar over at dei må gi avkall på noko, for å oppnå noko. Men vi har også lovnadar i Guds Ord, som vi skal gå ut på, for å oppnå noko.

I det gamle testamentet sa Gud til jødane at i tilleg til at han var nær hos dei, var han også ein Gud som var langt borte. Men så for han bort ifrå dei og dei vart bortførde frå landet sitt. Då fekk dei merke at han også var langt borte. Men når eg gjekk på møte i Maranata, minna han oss om at han var komen nær. Og eg forstod det slik at eg skulle få merke og oppleve hans kjærleik og omsorg der, ved at han gav meg ei frelst kvinne til kone.

Livet vart planta i meg ved Guds Ord.

Etter at eg var ferdig på gymnaset, reiste eg på tråling. Når eg kom på land att, bad eg Jesus om å få komme inn i eit slikt kristeleg miljø som eg opplevde på gymnaset og så bad eg spesielt om å få møte igjen henne. Litt ut på hausten vart det til at eg reiste til Bergen og byrja å studere realfag, då møtte eg henne igjen på Studentsenteret ein av første dagane. Etter ei tid skreiv eg eit brev der eg fortalde om at eg vart forelska i henne når vi gjekk på gymnaset og at dette kom som eit bønnesvar. Eg gav henne det opp i handa. Men det var då rart at eg framleis ikkje var frimodig nok til å prate med henne om det. Dei sjansane gjekk meg visst forbi. Omlag eit halvt år etter at eg byrja å studere realfag i Bergen, talte Jesus til meg omlag slik: «Du som fekk livet planta i deg, dette livet, det skal vekse.» Då visste livet vart planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge. Og eg kan forstå det slik at det skulle veks og utfolde seg ved at eg prate med andre menneske og spesielt ved at eg prata med den jenta som eg vart så glad i. Han sa også at eg måtte lære å skilje mellom kva det er eg skal gjere og kva det er han skal gjere.

Jak.1, 19 Dette må de vita, mine kjære sysken: Kvar og ein skal vera snar til å høyra, men sein til å tala og sein til å bli sint. 20 For sinne hos eit menneske fører ikkje til det som er rett for Gud. 21 Legg difor av alt som er ureint, og all slags vondskap, og ta audmjukt imot det ordet som er planta i dykk, det som har kraft til å frelsa sjelene dykkar. 22 De må gjera det Ordet seier, ikkje berre høyra det. Elles lurer de dykk sjølve. 23 For den som høyrer Ordet og ikkje gjer det Ordet seier, er lik ein mann som ser på sitt eige andlet i ein spegel: 24 Han ser på det, går sin veg og gløymer straks korleis han såg ut. 25 Men den som ser inn i fridomens fullkomne lov og held fram med det, gløymer ikkje det han høyrer, men gjer etter det. Eit slikt menneske skal vera lukkeleg i si gjerning.

Trua kjem av forkynninga og forkynninga og forkynninga av Kristi Ord. Den gjerninga Gud vil vi skal gjere, er å tru på den som han sende.

Joh.6,28 Då sa dei til han: «Kva gjerningar er det då Gud vil vi skal gjera?» 29 Jesus svara: «Dette er den gjerninga Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.» 

Jesus er livet, han kom for å gir oss liv og overflod. Det vart planta i mitt hjerte ved Guds Ord, når jorda vert vatna så veks planten. Det er ikkje noko som eg gjer eller kan gjere, ved trua på Jesus skal eg berre la det vekse, ved en nåden som Gud gir meg i han.

Jesus har bestemt at det skal vere i hans kyrkjelyd (Sjå bodskapen 29.3.2015 i slutten av dokumnetet), ja, han er livet og han er mellom oss og eg skal bøye meg for han. Eg skal også bidra med det Gud har gitt i mitt hjerte. Eg fekk den Heilage Ande ved trua på Jesus, av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar, slik blir fortsetjinga også, vi byrja i Anden og skal fullføra i Anden. Den Heilage Ande openberrar Guds Ord for oss, Jesus er Ordet, den Heilage Ande herleggjer og openberrar han for oss som vår frelsar og Herre. Eg skal sjå på han, bøye meg for han, lovprise han for frelsa, glede meg i han, snakke med han. Då blir det også til at eg snakkar om han og slik skal eg vitne om han. Det eg då seier har ikkje sitt grunnlag i noko som eg ser eller sansar i den fysiske verda rundt meg. Men det har sitt grunnlag i Jesu oppstode frå dei døde.

Tru og vitne, sjå på Jesus og forkynne han.

Eg kunne stole på at Jesus tok seg av denne saka for meg, så eg kunne konsentrere meg om studiane. Når vi følger Jesus, må vi gi avkall på noko for å oppnå noko. Slik er det med studiane også, ikkje alt er like verdifullt, noko kan endåtil vere vranglære som det er meir enn bortkasta å bruke tid på, men eg kunne vere trygg på at realfag var rett og verdifullt. Likevel treng eg å søke Gud, for å gå den vegen som Jesus stakar ut for meg, for å få oppleve Faderens kjærleik og omsorg, for å sikre at eg verkeleg når fram til noko verdifult for både meg sjølv og andre, også med mitt realfag-studium.

No har Jesus nyleg minna oss om at vi må verte som born, for å komme inn i Guds rike og eg har skrive at eit vesentleg poeng med det er å stole på han som eit barn som stolar på sin far og påstått at det er spesielt for oss når vi kjem opp i den alderen at ein ung mann vil ha seg ei kone og ei kvinne vil ha seg ein ektemann, at vi går til Faderen med den saka, i tru og tillit til at han elskar oss og har omsorg for oss som sine born.

Jesus minna meg om å vitne om han, så seint som 18.6.2017 yngste han eg skulle verte like ivrig som før. Så eg var visst ikkje like frimodig lengre. Det hadde noko å gjere med at eg måtte skjerpe meg for å gjere ein innsats i studiane. Der var ein motsetnad mellom det og den kvila Jesus gir oss og som er utgangspunkt for all teneste. Dessutan følte eg at dersom eg ville ha meg ei frelst kvinne til kone, så var det henne eg måtte og ville snakke med og fri til henne. Det ville ikkje vere rett å gå omvegar og snakke med andre om henne i staden, med spekulasjonar om korleis ho ville forholde seg til det. Vi skal då ikkje fare med baktale, det må vi passe oss vel for. Sjølv om andre brukar slike metode. Evangeliet gir oss andre metode og det er å forkynne evangeliet om Kristus. Vi forkynner ikkje verken oss sjølve eller andre, men vi forkynner han. Vi skal sjå at han er med oss alle dagar, så talar vi om han som vi ser på, vi høyrer på han og talar det han seier til oss.

Evangeliet er til alle, slik forkynner vi og det går godt an å ordlegge seg på den måten. For meg blir det då rett å fortelje at eg var opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre, be han frelse mine næraste og be for folket og landet. Etter kvart forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han om å gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone. Slik har eg bedt sidan, sjølv om det enno ikkje har vorte noko av, ber eg han om det framleis og trur han vil gi meg det.

Det er då klart at dette er eit frieri frå meg, men det heng saman med at Kristi kyrkje er hans brud, han frir til menneska med sin kjærleik, når dei tek imot, svarar dei ja på hans frieri, så dei blir hans brud.

Kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne.

Når eg gjekk på ungdomsskulen merka eg at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Så eg fekk frimod til å vedkjenne mi tru på Jesus for ei kristen jente som eg vart glad i. Eg trudd og meinte at min kjærleik til henne hadde med hans kjærleik til oss å gjere, så eg ved kjende mi tru på han for henne og det utan å skamme meg ved han. For eg var då overtyda om at det var rett. Når eg byrja på gymnaset, byrja eg å lese meir i Bibelen sjølv og då oppdaga eg at det stemte med Paulus si lære og med Heb.3-4.

Eg vart litt kjend med ei kristen jente som eg kallar Virtuella, eg merka at eg byrja å verte gld i henne, så eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville sie ja eller nei til mitt frieri. Men den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande (Rom.5,5). Eg besøkte henne nokre gongar på hybelen og fekk oppleve at Jesus var der midt i mellom oss. Då kunne eg snakke både med han og med henne, men kvifor var eg ikkje frimodig nok til å prate med henne om det? Eg følte eg fann ikkje dei rette orda, men det som eg sa til Jesus kunne eg vel seie til henne også. Sidan var det ein som gjorde meg merksam på Peter sine ord om dåpen (1.Pet.3,21), så då forstod eg at det stemte med dåpen også.

1.Pet.3,18 For Kristus leid og EIN gong for synder, ein rettferdig for urettferdige, so han kunde føra oss fram til Gud, han som leid dauden i kjøtet, men vart levandegjort i åndi; 19 i åndi gjekk han og burt og preika for åndene som var i varetekt, 20 dei som fordom hadde vore stride, den gong Guds langmod venta i Noahs dagar, medan arki vart bygd, der nokre få – åtte sjeler – vart frelste gjenom vatn, 21 det som no og frelser oss i motbiletet sitt, dåpen, som ikkje er avleggjing av ureinskap på kroppen, men eit godt samvits pakt med Gud ved Jesu Kristi uppstoda, 22 han som er uppfaren til himmelen og er ved Guds høgre hand, der englar og makter og krafter er han underlagde.

Bryllup og Lammets bryllup.

Ein ung mann ser fram til å få seg ein kjæraste og ei kone og naturleg nok er det gjensidig. Bryllaupsnatta er ei oppleving dei naturleg nok ser fram til, men ikkje som det først og primære slik sett, alt i si tid. Med tru og tillit til Gud skal dei ikkje bekymre seg for det, ikkje vekker lystene og vert skuffa. Dei får ta kvar dag som den kjem, kvar dag har nok med si eiga møde. Så dei ikkje vekker kjærleiken for tidleg (Høgsangen). Håpet om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrent i våre hjarte ved den Heilage Ande som er oss gitt. Det er verdt å satse på.

Bryllaupet er ofte ein stor fest, kanskje med mange gjester. Kjærleiken mellom ekteparet vert feira. Vi kan også sjå det som ein feiring av at samfunnet og det sosiale nettverket har fungert slik at dei fann kvarandre og at kjærleiken oppstod mellom dei.

Jesu kyrkje er hans brud og evangeliet er ein glade bodskap med invitasjon om å vere med på å feire bryllaupet. Då er det viktig for oss å innsjå og erkjenne at Guds nåde er nok til at vi får vere med på å feire det og å ta imot den. Så vi blir som dei fem vituge brurmøyane som hadde med seg olje på kanner i tillegg til oljen på lampane, så dei kunne fylle på dei. Sidan Guds nåde er nok, skal vi ha nok olje, så vi får vere med på feiringa.

Det var vanleg at bryllaupsgjestane fekk utlevert bryllaupsklednaden når dei kom. Då er vi kledde til å vere med på feiringa og det høver med at det er av berre nåde. Ved trua på Jesus har vi teke imot den Anden som han gir oss frå himmelen, av berre nåde. Då tilhøyrer vi han og er frelst. Då har vi ikledt oss han. I Johannes Opeberring står det skrive at bruda har kledt seg i kvitt lin, det er gjerningane til dei heilage. Då er det trua sine gjerningar.

I evangeliske kyrkjelydar får vi ei sosialisering inn i Jesu kyrkje og ho førebur seg som bruda som skal gifte seg med Kristus og då vert der mange bryllaups-gjestar. Det er ei sosilaisering som også tek sikte på at ekteskap mellom mann og kvinne skal gå i orden. For meg har det vorte tydeleg at dette er to sider av same sak. Eg skal vite å vinne meg mi eiga kone i helging, eg skal helge Kristus som Herre i mitt hjerte, han er den siste Adam, ssom er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han lever i meg og elskar henne gjennom meg, som si brud og for meg er det herleg.

Dette meiner eg er rett til alle tider, det er rett å vake og vente på han slik, same enten vi får oppleve hans gjenkomst i vår levetid eller ikkje.

Eg skal sjå på Jesus og det verket han har gjort for meg i meg og gjennom meg og bruke det han har gitt meg.

Bodskapen 13.9.2009:

«Jeg (er med deg?), sier Herren, inntil denne stund, og jeg skal være med deg til du står der seirende og jublende heime hos meg i herligheten. Jeg vil aldri slippe deg, jeg vil aldri forlate deg. Jeg ønsker at du skal halde deg nær til meg. Ja, jeg ønsker at du skal trenge enda dypere inn i mitt ord og enda dypere inn i livet med meg. For se, jeg har skatter som ligger og venter på deg, på steder du ennå ikke har sett. Vær open for meg, jeg skal lede deg skritt for skritt. Gjennom prøvelser og (……), gjennom åndelige tuneller, og (util…?) åndelige landskap som du (elles/enno?) i dag ikke forstår rekkevidden av. Og jeg vil bruke deg i de siste dager. Du skal ikke frykte, du skal ikke bli missmodig. Så når missmodsånden kommer og vil knuge deg, da er det ikke fra meg. Se, sier Herren, jeg vil at du skal prise meg for frelsen, for frelsen jeg har satt deg i, den holder, sier Herren. Det verk som jeg har gjort for deg og i deg og gjennom deg, det holder. Frelsesverket er fullbrakt. Se ikke på omgivelsene, se ikke på stormene omkring deg, men se på mitt fullbrakte verk. Se, jeg (taler?) til deg i denne stund, fordi jeg vet du har gått gjennom vanskeligheter og depresjoner. Men jeg, Herren, jeg elsker deg og jeg skal føre deg seirende gjennom dette. Og du skal prise meg med en tunge som skal juble og som skal (rulle fortere?) og du skal prise mitt herlige seierrike namn. 

Tiden heretter er kort. Jeg kommer tilbake for å hente alle dem som elsker meg, alle dem som elsker min openbarelse, alle dem som er født på ny. Alle de små barna, ja, jeg skal rykke alt som kalles barn opp til meg. Og det skal bare være tomme graver tilbake der det var senka ned legemer av mennesker som levde med meg, til et vitnesbyrd om at jeg har henta mine. Se du som nå i endens tid våker (og ber) og som kjemper med meg, du skal fortsette i det løpet som er deg foresatt. Du er snart ved målet og jeg er overhyrden, jeg skal gi deg ærens uvisnelige krans. Snart skal du se meg som jeg er, og nu en kort tid (til?), og du er ved målet, sier Herren.

Du har vært gjennom vanskelige og vonde ting i ditt liv og det er endå rett at du har fordømt deg selv, men jeg taler kjærlig til deg i kveld, sier Herren, om enn ditt hjerte fordømmer deg, så er jeg større og jeg fordømmer deg ikke. Se, sier Herren, alt som du har bekjent for meg, det ligger under nåden og du skal ikke grave det frem igjen. Du er en ny skapning. Jeg har tilgitt deg alt. Du er en skatt som jeg elsker og vil ta til min himmel. Du er min og det kan ingen makt hindre deg i å være.»

Bodskapen 28.2.2010:

«Når du høyrer ordet bli forkynt, så tenker du, gjeld dette her for meg. Og grunnen til at du spør, mitt barn, det er for at du har hatt tunge tider. Du har hatt mange tunge tak å bære. Og vanskelege forhold rundt deg. Men du skal vite at ingen ting er skjult for meg, sier Herren. Eg har sett dine fotetrinn, eg har sett din smerte, eg har sett din nattevak. Eg har sett alt du har bært. Men husk, mitt barn, at eg har bært saman med deg. Eg har gått saman med deg heile veien og det er ein opning i tunellen, det er ein veg ut. Og du skal få legge desse tinga som du ber på og som du held få fast på, skal du få legge hos meg, seier Herren. Og eg skal føre deg ut i fritt rom og du skal kjenne, at i sannhet Herren lever, eg er den eg har sagt meg å være. Men du må vere villig til å legge det på meg, seier Herren, for eg har bært det for deg fordum. Og du skal vere villig til å legge det på meg og eg skal føre deg ut i fritt rom, der du kjenner at det er godt å leve, du skal få fryde deg i blant de frelse og kjenne det at eg, Herren, gjer menneske fri.

Eg talar til dykk, mi menighet, sjå på den åkerlapp som du har fått, for du har fått ein åkerlapp du, på lik linje med alle dei andre. Sjå på det område du betener, seier Herren, sjå på det området du går, blant de menneske du møter, eg har gitt deg eit område du skal få vere med å tene i. Og du veit også kva teneste eg har gitt deg, du er fullt viss på kva du har fått av meg, seier Herren. Eg ynskjer at du skal vere med på å tene med det du har fått, for då vil eg også utvide dine områder. Og du skal få sjå at når du byrjar å ause ut av det eg har gitt deg av den Heilage Ande, så skal du få lov til å kjenne og oppleve at det aukar i tall, det aukar kvalitet… i kvantitet[1].  Og du skal og oppleve at du kjem i kontakt med menneske på ein måte som du aldri gjorde før. Du skal få vere med på å gi positive impulsar inn i familiar der menneske skal verte frelst. Bli …  våken, lytt etter Andens røyst i ditt liv, eg talar som fordum, seier Herren, og eg talar i dag til mi menighet, eg brukar mi menighet og eg ynskjer å bruke dykk, ja, det skal høyrast fryderop om frelse i dykkar leir, det skal verte trongt om plassen, seier Herren.  Om de berre er villige til å gå på mitt ord og gi avkall på alle om og men og stige ut av båten og gå bortover havet, så skal du kjenne det, at du får oppleve min nåde over nåde i ditt liv. Eg kallar dykk til fornya innsats. Ver ikkje seine til å høyre, men eg vil gi dykk disippeløyre, så de høyrer som disiplar høyrer, ver frimodige …. Eg går med dykk. Amen. Amen.»

Bodskapen 24.4.2016:

«Eg står bak mitt Ord, eg er den evige, sanne klippe, urokkeleg, uforanderleg er mitt namn. Og eg har kalla deg ved namn og du er min. Og det eg har tenkt for ditt liv, det skal ingen menneske kunne stanse, det kan ingen vonde ånder stanse. For eg, Herren som elska deg så, og eg gav mitt liv for at du skulle få liv og overflod av liv. Ja, himmelens forrådskammer har eg åpna. Då det lydde frå korset med mi eiga røyst: Det er fullbrakt, så gjorde eg det for deg og for ditt liv her nede. Du skal ikkje vandre åleine, du skal ikkje lenger vere i fortviling. Du skal ikkje lenger vere under, men du skal vere over. Du skal ikkje lenger vere hale, men du skal vere hovud. Og sett di lit til meg, for eg er Herren og byrja og eg skal fullføra det.

For når eg vert opphøgd, så vil eg dra alle menneske til meg. Så når du opnar din munn opp, så vil eg, Herren, fylle den. Eg vil fylle deg så det flyt over. Eg vil gjere di tunge til ein hurtig skrivars griffel. Det skjer ikkje med dine anstrengingar eller med eiga kraft, men  du vert fyllt av meg, eg som fyller alt i alle. Eg vil stå med mitt folk i avslutningstida. Snart så kjem eg, Herren, og hentar mine heim, men inntil den dagen, så skal eg, Herren, setje på krafta, med min Heilage Ande og du skal ikkje mangle nokon ting, i prøvingar og vanskar. For eg elskar deg og eg gav meg sjølv for deg. Derfor, sjå opp til meg og du skal få stråle av glede. Og den Heilage Ande skal vere over deg, den Heilage Ande skal vere i deg og gjennom deg og mi kraft skal du kjenne, åleine ved meg, så vert det meir enn siger. Abba. Halleluja.»

Bodskapen 22.8.2021:

«Her er mange endå i mitt land, sier Herren, som ikkje har hørt om meg, dere tror det ikke, men det er sant, her er enda mange som ønsker å få møte meg, men som ikkje vet veien, sier Herren. Dere er utvalt til å vise dere veien, vise veien til meg. Og løft blikket deres og se. Der er ting som dere skal få oppleve i dagene som kommer, om dere løfter blikket deres og ikkje ser på det umulige, for jeg er i går og i dag den samme, jeg er det, ikkje noko som dere berre har lært utenat, men jeg er i går og i dag den samme, jeg kan sette alle ting i stand, sier Herren.

Se ikkje på alt det som ikkje du har, sier Herren. Men løft blikket og se på hva du har. Og hva dine evner, hva du er god på. Og gå ut på det du har og bruk det jeg har gitt deg. Og jeg skal sette deg over større ting, sier Herren, bare du er lydig og gå på det du har fått. Du synest det er ringe, sier Herren, men det er ikkje det, sier Herren. Bruk det du hev fått, jeg vil oppmuntre deg, løft blikket og se. Se, jeg står for døren endå og banker og det er mange som skal få oppleve meg, sier Herren, gjennom deg. Ja, løft blikket ditt og se, se deg omkring, du skal få se meir enn det du tror. Amen.»

Striden mellom ormen og kvinna.

Leve i barnekåret hos Gud eller ete av kunnskapstreet?

Når eg besøkte henne Virtuella på hybelen opplevde eg at Jesus var mellom oss, vi kunne snakke med han og så snakke med kvarandre om det vi snakka med han om. Slik også når eg møtte henne igjen i Bergen. Jesus var med oss og han var mellom oss. Vi hadde begge moglegheit til å snakke med han og det var viktig for oss å nytte den og eg følte det var viktig for meg å få snakke med henne også.

Men på Universitetet var der tydeleg vis grupper som meinte dei var så lærde at dei heldt dette for dårskap som dei skulle overvinne med sin kunnskap og visdom. Der var to grupperingar som striddest, dei kristne mot dei venstreradikale. Denne oppfatninga kunne vere hos dei begge. Hos dei venstreradikale stod ateismen sterkt så dei heldt det for dårskap på sin måte. Eg skal ikkje spekulere så mykje i det her og no. Men kurleis kunne dei hevde og meine at det som menneske soleis tenkte og meinte og ville seie var då dumt at det ikkje skulle vere lovleg å seie det eller gje uttrykk for det på nokon måte? Det måtte vere med den kunnskapen dei fekk av frukta på kunnskapstreet. Men eg var opplærde i evangelisk kristendom og meinte at med den kristne trua tenkte eg annanleis enn dette, så for meg var ikkje realfag ein slik kunnskap som menneska fekk av kunnskapstreet.

I følgje Bibelen er vi alle syndarar, derfor må vi bøye oss for korsets fot og vedkjenn vår synd for Kristus, så vi får tilgjeving, vert reisa i Jesu blod og fylte av den Heilage Ande. Derfor lovpriser vi Kristus som vår frelsar og Herre. Han frelser og frigjer menneske frå trældomen under synda og avgudane. Derfor ville dei kristne heller ikkje tilbe keisaren som ein gud. Det vart definert som forføring, dårskap og synd og derfor vart dei forfølgde. Det vart kravt at dei skulle erkjenne dette som synd, fornekte Kristus og vende om frå denne forføringa. Ein slik motsetnad mellom Krstus og den verdslege makt møter vi framleis og det endåtil i kyrkja.

Prestar har moglegheit til å kontakte psykologar og psykiaterar, for å få hjelp med ein «pasient». Freuds psykoanlyse synest vere anvendeleg, det kan vere viktig at pasienten vert minna om noko han har gjort eller opplevt i fortida, for å få ei oppklaring som kan løyse pasientens problem. Det skulle vel høve med å få ei syndserkjenning, same enten det er pasienten eller andre som har gjort noko gale. Men problemet er at det dei tek sikte på ikkje alltid er å bøye seg for Kristus, men å bøye seg for kyrkjemakta og den aktuelle politikken for kyrkja i samfunnet. Dette har det vorte tydelegare i det siste, dermed forandrar dei definisjonen på kva som er synd. Kva betydning har «arvesynda» i denne samanheng. At fedrane åt sure druer og borna vart sårtente? (Esekiel.18,2….) Vi fekk barnekår hos Gud, så både menne og kvinner fekk snakke med han, som hans barn. Når dei ikkje vil godta eller tillate det, kva er då alternativet? Trældom under synda og avgudane, dikting, fantasering og baktale, som blir til avgudsdyrking og synd, som framleis gjer folk til trælar. I det siste har det vorte tydeleg at ei slik kunnskapssøking dominerer teologisk fakultet i Oslo. Det er andre metode enn eg brukar, når eg søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll. Og det er andre metode enn det eg brukar når eg studerer realfag eller lærer eit yrke gjennom erfaring. Det er konkurrerande metode og eg forstår det som striden mellom ormen si ætt og kvinna si ætt, då må eg prisere at det er ein motsetnad mellom den kvinna som sigrar over ormen si ætt ved trua på Kristus og den kvinna som vert førførd, liksom den Store Skjøkje (Op.17-18).

Eg forstår det slik at den karismatiske vekkinga fekk motstand på denne måten. Ved syndefallet åt menneska av frukta på kunnskapstreet, då vart augo deira opna, så dei såg at dei var nakne, derfor gøymde dei seg for Gud med dårleg samvit. Dei søkte ein kunnskap ved å sjå på seg sjølve, det ytre mennesket, sine eigne kroppar i det naturlege miljøet, ein kunnskap som fungerte som argument mot å leve i samfunn med Gud som er ånd og som talte til dei. Dei gøymde seg for han med dårleg samvit, slik prøvde dei å stenge han ute frå sine liv. Slik er vi alle syndarar og treng den tilgjevinga og nåde vi får i evangeliet om Kristus.

Når vi tek imot nåden i Kristus og tek imot den Anden som han gir oss frå himmelen av berre nåde, kjem vi på hans side i denne konflikta. Då får vi merke denne motstanden frå den vonde, at vi står i ein åndskamp. Då er det nyttig for oss å forstå at det er med ein slik kunnskap og argumentasjon at vi får motstand. Men ein slik argumentasjon og ei slik kunnskapssøking og står menneske Guds Ande imot, er fiendtlege til det åndelege livet i samfunn med han og strir mot hans sak. Slik er det ein livsfiendtleg moralfilosofi som også blir til fiendskap mot det biologiske og kjønnlege samlivet mellom mann og kvinne.

Paulus sa at vi har ikkje kamp mot kjøt og blod, men mot vondskapens åndehær og herrane i denne verda. Derfor må vi kle oss i Guds fulle rustning.

Ef.6, 10 Til sist: Bli sterke i Herren, i hans veldige kraft! 11 Ta på dykk heile Guds rustning, så de kan stå fast mot djevelens listige åtak. 12 For vår strid er ikkje mot kjøt og blod, men mot makter og herredøme, mot verdsens herskarar i dette mørkret, mot vondskapens åndehær i himmelrommet. 13 Ta difor heile Guds rustning på, så de kan gjera motstand på den vonde dagen, vinna over alt og bli ståande. 14 Så stå då fast: Spenn sanninga til belte om livet, ta rettferda til brynje, 15 og snør fredens evangelium til skor på føtene, så de er klare til å gå. 16 Lyft trua høgt til skjold i alt som hender! Med det kan de sløkkja alle brennande piler frå den vonde. 17 Ta frelsa til hjelm, og grip Andens sverd, som er Guds ord. 18 Gjer dette i bøn, og legg alt fram for Gud! Be alltid, i Anden! Vak og hald ut i bøn for alle dei heilage. 19 Be òg for meg, at ordet må bli gjeve meg når eg opnar munnen, så eg med frimod kan forkynna mysteriet i evangeliet, 20 det som eg er sendebod for òg når eg er i lenkjer. Be om at eg ved evangeliet må få frimod til å tala som eg skal.

Frå eg var ein liten gutunge var eg opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre, be han frelse mine næraste og be for folket og landet. Etter kvart forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be Kristus frelse oss frå det, som første priorietet og gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone, som andre prioritet.

Men her møtte eg ei motstridande interesse, som om denne barnelærdomen var feil og dum, noko som dei kunne drive ap med. Som om dei var vitugare og skulle be i staden for meg og be annanleis, be om noko anna i staden. I tråd med at i middelalderen vedtok den katolske kyrkja at Kristus er så streng at vanlege folk ikkje kan be til han direkte, så dei må gå via paven, prestane og helgenane.

Men var det å be til den same Gud då? Det vart klart for meg at det var det ikkje. Det var ormen som dåra og forførde kvinna slik som ved syndefallet, for så å bruke henne til å lokke mannen med. Første prioritet var at ho skulle gå fortapt, så at ho ikkje skulle verte kona til ein kristen mann. Dette opplevde eg som ein åndskamp, men det eg hadde å gjere, var å halde fram med å vende meg til Kristus og søke samfunn med han i evangeliske kyrkjelydar.

Den øydande styggedomen som står på heilag grunn, Dyret i Op.11.

I Op.11 er det tale om tempelet og dei to tempelvitna, det refererer seg til Øvstepresten Josva og Serubabel i Sak.3-4, men det er i den nye pakta, så det handlar om å prestetenest i den nye pakta og om korleis Jesu kyrkje vert oppbygd, for Serubabel var bygg-herre når det nye tempelet skull byggast. Dyret drap desse to tempelvitna i den store byen som åndeleg tala var Sodoma og Egypt. Sodama står for synd og Egypt står for avgudsdyrking. I det gamle testamentet er Avgudane kalla Lygna, som motsetnad til den er Kristus Sanninga som set oss fri frå trældomen under Synda og avgudane. Desse to tempelvitna forkynte slik, men dette dyret drap dei, det tyder vel på at det prøvde å gjere slutt på denne frigjerande forkynninga deira.

Jesus profeterte om den øydande styggedomen som stod på heilag grunn, som profeten Daniel tala om. Antipokus 4. Epifanes prøvde å erstatte den levittiske øvstepresten med ein øvsteprest som dyrka Zevs. Jødane gjorde opprør og gjorde vennskaps-avtale med Romarane. Jødane klarde å sette inn sin eigen øvstepres og det gresk-syriske Selevkide-riket prøvde å fine seg inn igjen.

Men når Jesus kom og forkynte evangeliet om Guds rike, fekk han motstand frå den jødiske øvstepresten, frå prestane, farisearane og dei skriftlærde og det viste at jødedomen var infiltrert, så det var som om den øydande styggedomen framleis stod på heilag grunn.

Etter at Jesus stod opp frå dei døde, sa han til disiplane at dei skulle forkynne evangeliet for alle folkeslag. Dei forkynte det for heidningane også, men då var det mange jødar som kravde at heidningane skulle omskjerast. Slik fekk Satan seg synagoge (Op.2-3) og slik står den øydande styggedomen framleis på heilag grunn.

Dyret i Op.12.

I Op.12 er det fortalt at Draken reiv ned stjerner med halen sin. Eg forstår det slik at det er menneske som har teke imot Guds Ord og Guds Ande i tru, så dei har teke imot livet og det er lys for dei og derfor lyser dei. Jesus er Guds Ord, i han er liv og livet er lyset til menneska (Joh.1,1…). Englane for dei sju kyrkjelydane i Op.2-3 vart omtala som stjerner. Og det er då klart at det er menneske som Jesus har gitt ånd og liv som vert omtala slik, i det minste ånda deira, vi er fødde av Anden og det som er født av Anden er ånd.

Når vi vender oss til han og tek imot den Anden og det livet han gir oss frå himmelen, så lever vi for han og han gir oss meining med livet. Når Draken reiv dei ned, betyr det då at han dåra og forførde dei slik som ved syndefallet eller at han angreip dei og førde krig mot dei eller var det begge deler? Metoden hans er å lokke, dåre og forføre, for så å dømme og drepe. Slik prøvde han seg overfor Jesus også, men vart avslørt.

Kvinna fødde gutebarnet, Jesus, Draken prøvde å sluke det, men det vart rykt opp til Gud. Sidan forfølgde Draken kvinna, så ho måtte røme. Det er vel ein profeti om at jødane kom til å verte jaga frå landet sitt igjen.

Slavesamfunnet eller barnekår hos Gud.

Folk kunne verte slavar fordi dei tapte i krig eller fordi dei gjekk dårleg med dei økonomisk, så dei vart gjeldsslavar. For slavane var det ikkje så lett å sjå noko meining i livet anna enn den slavedrivarane hadde med dei. Og med avgudsdyrkinga vart dei alle lurte, så dei vann ikkje ikkje den rette meining med livet. I tradisjonell moralfilosofi vert det hevda at vanlege folk er for dumme og for vonde til å vere med på å styre gjennom demokrati, slik vert det argumentert for diktatur. Men kva om den såkalla «lærde overklassa» også er for dum, kva om den også manglar den rette innsikta?

Jesus kalla til seg alle dei som streva og hadde tungt å bere, hos han skulle dei få kvile. Han gav dei openberring som gav dei meining med livet (Matt.11,28-32). Han og disiplane hans prioriterte og gå til dei som stod lavast i i samfunnet, sett frå farisearane og dei skriftlærde sin synsstad, for det var dei som trengde det mest. Dei forkynte ein frigjerande bodskap, ved at dei fann ei overordna meining og ei djupare meining med livet, for Herren bur i det høge og heilage og hos den som er broten og nedbøygd i ånda.

Jesus sa at vi måtte vende om og verte som born og at englane til hans minste små fekk alltid sjå Faderens åsyn (Matt.18,3&10). Eg tenker meg at englane deira er ånda deira eller ånder frå Gud som har kontakt med ånda deira. Guds englar er Guds bodberarar, som fortel oss kva som er rett, og som tener oss til vår frelse.

Paulus sa at vi fekk Anden ved trua på Jesus av berre nåde og så skulle vi la Anden råde i vår døyelege lekam. Vi får nok merke at kjøtets lyst opponerer mot Anden, men då skal vi døyve den ved Anden. Guds Ande er Gud og han har makt over den naturen han har skapt. Dt er ikkje fordi han hatar det han har skapt, men han elskar oss og har omsorg for oss som sine born og slik har han omsorg for sine henders verk. Slik skal vi sigre med han, som han kyrkje, som han er hovudet for. Det er den kvinne-ætta som sigrar over ormen si ætt.

Draken reiv ned sjerner på himmelen og forfølgde kvinna som hadde født gutebarnet. Vi kan nok prøve å forklare det med lysta som opponerer mot Anden, men det er ikkje heile forklaringa, det er ei åndsmakt som ikkje er av Gud, som står Guds Ande imot. Vi har ikkje kamp mot kjøt og blod, men mot makter og myndigheter, mot verda sine herrar i dette mørket, mot vondskapens åndehær i himmelrømda (Ef.6).

Lækjedom ved bønn.

Lækjedom frå fråfall og sjukdom, på evangeliets grunnvoll.

På byrjinga av 1980-talet var eg i Bergen og gjekk på møte i pinsekyrkja Tabernaklet i Marken. Då sa Jesus til meg gjennom tyding av tungetale at denne verda si ånd og kraft er så sterk og så djevelsk at dersom du ikkje kjem no, så vert du reven bort frå meg. Så eg tok kontakt med leiinga i forsamling og fortalde om korleis eg hadde bed for henne Virtuella og korleis eg meinte at Jesus hadde svara meg.

I 1984 byrja eg å studere realfag i Oslo, eg gjekk på møte i dFEF i Møllergata 40 og tok kontakt med leiinga i kyrkjelyden om same sak. Der kom bodskap gjennom tyding av tungetale der Jesus sa at han ville lækje dine år å fråfall. Han ville frelse den djupast fallne. Eg forstod det slik at det var til henne E.E., sjølv om ho ikkje var der. Han sa der er ein sjukdom mellom Guds folk og at du har fått kjenne noko av denn sjukdomen i deg, men han ville lækje den. Dette forstod eg som ein bodskap til meg. Eg hadde bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og fann at det stemte med Paulus si lære om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Han grunngav det både utifrå skapingsoga og evangeliet om forsoninga i Kristus. Men dette hadde ikkje fungert, mange hadde tvert om protestert mot Paulus si lære. Det var årsak til denne sjukdomen.

Seinare har eg oppdaga likskapen med Jeremias og den tida han levde i, utan at eg prøver å framstille meg som ein helgen etter katolsk standard og heller ikkje som profetane i det gamle testamentet. Frelsa, helginga og lækjedomen skal eg ære Gud og Lammet for.

Jer.6,7 Som ei kjelde held vatnet kaldt,
          slik held byen vondskapen kald.
          Der høyrer ein om vald og ran,
          alltid ser eg sjukdom og sår.
          
     8 Lat deg refsa, Jerusalem,
          elles bryt eg med deg
          og gjer deg til ein aud stad,
          eit land der ingen kan bu.

Jer.10,18 For så seier Herren:
          Sjå, denne gongen slengjer eg bort
          dei som bur i landet.
          Eg gjev dei trengsle
          for at dei skal finna meg.
          
    19 Ve meg, for eit brot!
          Eg har eit sjukt sår.
          Eg tenkte: Dette er berre ei liding
          som eg må bera.
          
    20 Teltet mitt er øydelagt,
          alle snorer avrivne.
          Borna mine har forlate meg, dei er borte.
          Det er ikkje lenger nokon
          som set opp teltet mitt
          og spenner ut teltdukane.
          
    21 For gjetarane er dumme,
          dei søkjer ikkje Herren.
          Difor lukkast dei ikkje,
          heile flokken deira blir spreidd.

Jer.14,17 Dette ordet skal du seia til dei:
          Tårene renn frå auga mine
          natt og dag, dei tek ikkje slutt.
          For jomfrua, dotter til folket mitt,
          har falle heilt saman
          og fått eit ulækjande sår.
          
    18 Går eg ut på marka,
          ser eg folk drepne av sverd,
          og går eg inn i byen,
          ser eg svolt og sjukdom.
          Sjølv profetar og prestar
          må fara til eit land dei ikkje kjenner.
          
    19 Har du heilt støytt Juda frå deg,
          har du avsky for Sion?
          Kvifor har du slege oss
          så det ikkje finst lækjedom?
          Vi har vona på fred,
          men det finst ikkje noko godt,
          og på ei tid med lækjedom,
          men sjå, det er redsle.

Jer.16,1 Herrens ord kom til meg, og det lydde so:  2 Du skal ikkje taka deg kona og ikkje få søner og døtter på denne staden.  3 For so segjer Herren um dei sønene og døtterne som vert fødde på denne staden, og um møderne som føder dei, og um federne som avlar dei i dette landet:  4 Ein pinefull daude skal dei lida, ingen skal gråta yver dei, og ingen skal jorda dei; til møk utyver marki skal dei verta, og av sverd og svolt skal dei verta tynte, og liki deira skal verta til mat åt fuglane i lufti og dyri på jordi.  5 For so segjer Herren: Du skal ikkje koma i gravøl og ikkje ganga av stad og barma deg med dei og ikkje syna dei medkjensla; for eg hev teke freden min burt frå dette folket, segjer Herren, min nåde og mi miskunn. 

Hausten 1985 kom der ein bodskap gjennom tyding av tungetale, der Jesus sa til meg: «Den lovsangen eg la ned i deg, den er din og den skal vere din i all æva, i djupet av deg, der er den. Den pakt du inngjekk med meg, den står ved lag og skal stå fast i all æva.» Eg meinte Gud la denne lovsange ned i meg ved fylden av den Heilage Ande og at det også var ho Virtuella. Dette skreiv eg til leiinga i kyrkjelyden. Då kom der eit nytt angrep frå vondskapens åndehær. Eg gjekk til forbøn og Jesus talte til meg omlag slik: «Der finst ikkje ord for kva eg har teke på meg, for at du skulle verte frelst for æva, men eg har teke det på meg, så reis deg og rist av deg støvet, for du er min. I æva, framfor nådens trone, der skal også din stemme høyrast.» Det ante meg at den siste setninga var til henne Virtuella. Ein gong sa han at han noko om at han hadde makt til å frelse den djupast falne, for når han døde istaden for oss, så sank han djupare, men stod oppatt altså. Eg er ikkje så sikker på kva tid han sa dette, men eg trur helst det var etter dette.

Eg i hug korleis eg bad for henne Virtuella, når vi gjekk på gymnaset, det var ei takkebøn, der eg takka for at Guds kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Den kjærleiken var frå Gud, den var ekte, den var rett og det var den frmleis. I følgje den gode samvits pakt med Gud, skulle vi ikkje ha dårleg samvit for den.

Når eg studerte realfag, måtte eg prestere noko, slik måtte eg stille krav til meg sjølv. Eg skreiv noko om at eg forstod det men det var ikkje så lett å hugse det. Då svarde Jesus meg at det var han som gjorde sitt verk med meg, «sjå, dette skal du hugse», sa han.

Hausten 1988 oppdaga eg henne Reella og sa til Jesus at eg syntest ho var så vakker at dersom eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne. Sjølv om eg ikkje hadde snakka med henne og vorte kjend med henne. Den Heilage Ande dreiv meg og leia meg slik at eg møtte på henne, då sa eg i mitt stille sinn: «Der er ho». Då fekk eg ei åndeleg openberring, det var som om himmelen opna seg og Jesus openberra seg for meg og for henne og sa det same til henne, samtidig som eg sa det: « Der er ho». Gud openberra si frelse i Kristus for meg og for henne, sidan har eg ikkje kunna gløyme henne, men eg både ville og følte eg måtte hugse på henne i mi bøn til Gud og det var ei takkebøn, å takke og lovprise Gud og Lammet for frelsa, i tru og von om at han som frelste meg ville frelse henne også og mange med henne.

Eg har lækjedom på grunnlag av at Jesus tok bort synda med sitt offer ein gong for alle, både for meg sjølv og den eg ber for.

Vi bad om lækjedom for mor mi og fekk bønnesvar. Eg tek med kommentarane som fortel korleis eg opplevde det og korleis det gjekk. Eg skreiv også litt om henne «Miss Oslo 1990», det er henne eg sidan har kalla «Reella» eller «Biola».

JESUS BLES LIV I OSS. LÆKJEDOM TIL ÅND, SJEL OG LEKAM. MØTE I MARANATA 30.9.2012.

Innleiing.

Ein mann las om korleis Boas vart løysingsmann for Rut og samanliknar det med korleis Kristus frelser oss. (Rut.3,1….).

Forbønn.

Det vart spurt etter bønne-emner og eg bar fram ein lapp der eg hadde skrive:

” Mor mi har bedt for meg i alle år og Gud har høyrt både mine og hennar bøner. For over 10 år sidan braut ho lårbeinet og det har ikkje villa grott. No er ho 87 år og har fått lungebetenning og helveteseld. No vil eg legge henne fram for Gud i bønn. Vi ynskjer frelse for vår nære slekt, men vi ynskjer også synlege bønnesvar.”

Lappen vart lagt oppå ein Bibel og tre mann la hendene på den og så la vi det fram for Gud i bønn.

Tale.

Tore Kristiansen talte over:

EFE 3,14 – EFE 3,21 {BØN OM STYRKE OG SKJØN}  Difor bøyer eg mine kne for Faderen, 15 han som har gjeve namn til alt som heiter far og born i himmel og på jord. 16 Eg bed om at han som er så rik på herlegdom, må styrkja dykkar indre menneske med si kraft og sin Ande, 17 så Kristus ved trua kan bu i hjarto dykkar, og de kan vera rotfeste og grunnfeste i kjærleik. 18 Då skal de saman med alle dei heilage maktast å fatta breidd og lengd, høgd og djupn, 19 ja, kjenna heile Kristi kjærleik som er større enn nokon kan skjøna, og verta fylte med all Guds fullnad. 20 Han som verkar i oss med si kraft og kan gjera så mykje meir enn alt det vi bed om og skjønar, 21 han skal ha ære i kyrkjelyden og i Kristus Jesus gjennom alle ætter og i alle æver! Amen. 

Stille bønn.

Medan han talte sat eg i stille bønn, eg bad både for mor mi og for henne som eg trur Gud gjev meg til kone, ho ”Miss Oslo 1990”. Med synlege bønnesvar tenkte eg både på lækjedom for mor mi og at Gud gjev meg ei kone som eit synleg bønesvar til velsigning for meg sjølv og til vitne og velsigning for slekt og venner. Eg tenkte på at Guds auge fer ut over all jorda for kraftig å støtte den som heilhjarta held seg til han, slik gjev han meg hjelp i form av ei kone og det er eit verk som han gjer i mitt indre menneske og slik vil han styrke meg i mitt indre menneske, han fyller meg og henne med den Heilage Ande og slik styrker han mitt indre menneske med si kraft. Kristus bur ved trua i mitt hjerte og eg ynskjer at han møter henne i mitt hjerte og openberrar seg for henne, som hennar Herre og frelsar, brudgom og ektemann, så eg sat og påkalla Herrens namn til frelse for henne og bad han om å openberre seg for henne og elske henne gjennom meg, så vi får oppleve at han elskar henne som si brud og slik skal vi vere rotfeste og grunnfeste i kjærleik, slik som det vart sagt her. Dette er det også eg vil takke han for, slik vil eg takke han og lovprise han som min frelsar og Herre, slik vil eg tilbe han i ånd og sanning. Og eg trur det er nettopp dette som er så viktig, å påkalle Herrens namn, så vi får oppleve at han openberrar seg for oss, som vår frelsar og Herre og at han elskar oss som menigheta sin brudgom og ektemann.

Tyding av tungetale.

John Miland kom med tungetale og Tore Kristiansen tyda det:

Du skal ikkje frykte for nokon ting. Men la i alle ting, alle dine ynskje komme fram for meg i bønn, med påkalling, med takkseiing, i tilbeding, og eg som veit før du ber, kva du treng, eg skal ause ut over deg min herlegdom, eg skal gi deg straumar av levande vatn, eg skal gi deg overflod av liv. Eg skal gi deg det Golgata har brakt deg, og det er eit fullbrakt og fullkome verk. I meg skal du få kjenne at du ingen ting skal mangle. I meg skal du få oppleve at du blir gjort rik på alt det du behøver, både her og i all framtid. Så pris meg og lov meg, eg er Herren, din gjenløysar.

Berre løys deg frå dine band, i mitt namn skal du kjenne banda brest, i mitt namn skal du kjenne lenkene, dei vert frigjorde. Og du skal få lov til å – kan du løfte frimodig ditt hovud, og du skal få kjenne at den eg set fri, er verkeleg fri. Du skal få oppleve det, at du skal stråle av glede. For fordømminga er teken bort, alt det tunge har eg bore, alle dine plager og sjukdomar tok eg på meg og i mine sår har du fått lækjedom. I kveld har du fått lækjedom, her og no har du fått lækjedom. Din kropp skal få oppleve lækjedom, fordi eg sona di synd, eg tok bort rota og eg fjerna årsaka og eg vart opphav til herleg frelse, til ånd og sjel og lekam for deg. Derfor i denne kveldsstund er du verkeleg fri, til ånd, til sjel og til lekam. Og er du broten ned på det ytre plan, eg kan reise deg oppatt, er du broten ned i ånda, eg skal blåse liv i deg, så du skal kjenne du blir ein ny skapning. Halleluja.

VI SKAL IKKJE  VERE OPPTEKNE AV DENNE VERDA, DEN GÅR SIN UNDERGANG I MØTE, MEN VI SKAL VENDE BLIKKET OPP TIL JESUS OG VERE OPPTEKNE AV HAN. Møte i Maranata søndag 14.10.2012.

Bønne-samling før møtet.

Dei brukar å ha bønnesamling ein time før møtet og no var eg og tidleg ute, bønnesamlinga var på kontoret, men Knut og John sat framme i møtelokalet. Knut spurde om eg kunne vere vakt, jau, det var ok for meg.  Så fortalde eg korleis det hadde gått med mor mi og Knut spurde om eg kunne vitne om det og ta innleiinga. Eg tenkte litt på det og så sa eg ok.

Innleiing, kjærleik sterk som døden.

Eg innleia med å fortelje om korleis det hadde gått med mor mi,ette eit par dagar fekk eg vite at helveteselden hadde gått attende, dei raude utsletta hadde vorte grå og betrring heldt fram seinare også. Men lungebetenninga var strid og ho vart send på sjukehuset i Volda for nye undersøkingar, dei skulle ta prøve av slimet i lungene for å finne ut kva slags bakteriar det var og tilpasse medisineringa deretter, ho fekk oksygen og intravenøs antibiotika. Så vart ho send heim att. Men i dag var ho så slapp at det var lite og ingen prat i henne, dei fann ut at ho hadde lav blodprosent, så dei sende henne tilbake til sjukehuset. Eg sa at ho var 87 år og at eg var glad og takknemmeleg for at eg har fått hatt henne så lenge.

Så las eg

HSA 8,6 – HSA 8,7   Set meg til eit segl på ditt hjarta,  eit segl på din arm!  For kjærleiken er sterk som døden  og mektig som dødsriket i si trå.  Han brenn som logande eld,  han logar mot himmelen. [eit segl: Signetringen, som var viktig og verdifull, bar mannen gjerne i ei snor kring halsen, sjeldan på armen.]  7   Vassflaumar kan ikkje sløkkja kjærleiken,  elvar kan ikkje fløyma han bort.  Om einkvan ville gje  alt han åtte for kjærleik,  så vart han berre til narr. 

Når eg las dette, så vart det så sterkt for meg at det vart med ei gråtkvalt stemme, det var ikkje slik at tårene trilla, men med eg hadde vanskar med å få fram eit einaste ord, og eg måtte stoppe og be om unnskuldning, for eg er så glad i mot mi og ho er så glad i meg og så og når eg les om kjærleiken her, så tenkte eg på mor mi og på hennar kjærleik. Slik vart det også når eg sidan las ifrå 1.Kor.13.

Så sa eg om ho ”Lytelause Reine” i Høgsangen, at dei andre ungjentene spurde henne kva det er som gjer elskaren hennar så mykje betre enn alle andre menn. Dei forstod det ikkje og ho fekk problem med å forklare det. Det ser vi også når ho gjekk ute i byen og spurde etter kvar det hadde vorte av elskaren hennar, vaktmennene på muren slo henne[2]. Kva er det for slags kvinne som går ute og spør etter kvar det vart av elskaren hennar. Dei forstod det ikkje. Den kjærleiken ho tala om er sterk som døden og Jesus viste oss denne kjærleiken då han døde og stod oppatt for oss, han viste oss kjærleiken frå Gud, den kjærleiken som er sterkare enn døden, denne kjærleiken viste Gud oss ved at han vekte Jesus opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, høgt over all makt og mynde.

Så las eg

1KO 13,4 – 1KO 13,8   Kjærleiken er langmodig, kjærleiken er velviljug, han misunner ikkje, briskar seg ikkje, blæs seg ikkje opp. 5 Kjærleiken gjer ikkje noko usømeleg, han søkjer ikkje sitt eige, harmast ikkje, gøymer ikkje på det vonde. 6 Han gleder seg ikkje ved urett, men gleder seg ved sanninga. 7 Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han. 8a  Kjærleiken fell aldri bort.

Så sa eg at når eg las dette tenkte eg på kjærleiken til mor mi, det er nettopp ein slik kjærleik ho har vist oss og så sa eg at denne kjærleiken er ifrå Gud, det er Jesus som elskar henne som si brud. Så sa eg at eg har bedt Gud om å gje meg ei kone og poenget med det er at ho skal ha den same kjærleiken som mor mi hadde, eg ynskjer at ho skal få oppleve denne kjærleiken frå Gud, at det er Kristus som elskar henne som si brud. Dette er kjærleiksforholdet mellom menigheta og Kristus, for Paulus sa at han hadde framstilt menigheta for Kristus som ei rein møy[3]. Det er slik som det vart sagt i Høgsangen at om nokon ville gje alt han eig i sitt hus, for kjærleiken, så vert han berre for narr. Men Kristus har kjøpt oss til Gud med sitt eige blod, då betalte han prisen for denne kjærleiken for oss, då betalte han for ei slik kone til meg, med denne betalinga kjøpte han meg fri og med denne betalinga kjøpte han henne fri. Mor mi har bedt for meg i alle år og Kristus har høyrt både mine og hennar bøner og eg skulle så inderleg ynskje at ho fekk oppleve at dette bønnesvaret stod der synleg framfor henne før ho døde.

Etterpå kom han som leia møtet (Knut) også opp på talarstolen med eitt eller to bønnebehov til som vi saman med mitt bønnebehov la fram for Gud i bønn.

Tale ved John Miland.

John Miland talte om at vi har ulike nådegåver og ulike tenester og det var viktig for kvar einskild å vite og forstå kva nådegåve han har og bruke den, kva teneste Gud har kalla han og utrusta han til og komme inn i den tenesta. (1.Kor.12&14). Han fortalte om ein gong når han sjølv var menig soldat, så hadde han funne seg ei offisersuniform og teke på seg og så lurt seg inn på ein offisers-fest. Men der var ein som gjenkjende han og han vart kasta ut. Så den gjekk ikkje. Så samanlikna han dette med tenestene i menigheta, dersom det er den tenesta og oppgåva Gud har gjeve deg er som å vere menig soldat, skal du ikkje prøve deg på ei høgare stilling, altså ved å ta offisersuniforma til ein annan. Har Gud gjeve deg å vere menig soldat, så er det den oppgåva du skal ta deg av, har han gjeve deg ei offisersoppgåve, så er det den oppgåva du skal gjere, det vesentlege er at kvar einskild veit og forstår kva oppgåve Gud har for han og kjem inn i den funsjonen.

Han sa noko om denne mentaliteten som var så tydeleg i visse kretsar, at det var så om å gjere å få mest mogleg folk inn i bibelskular og så sende dei alle ut som forkynnarar og misjonærar, ja, driv med underhaldning[4], men kvar vert det då av dette at med ein Ande er vi alle døypte til å vere ein lekam, der lemene har ulike oppgåver? Men kvar vert det då av dette,  at der skulle vere ulike nådegåver og ulike tenester?

Så sa han at dersom Gud har aklla deg til ei viktig leiaroppgåve, som er som å bere offisersdrakt, som å verte forkynnar, så er det heller slik at du nødig vil gå, for det kostar for kjøtet. Slik var det for han, når Gud kalla han til å verte forkynnar, det var ikkje alle tider så lett. Slik var det for Moses også, han ville unnskylde seg med at han ikkje var så flink til å tale og bad Gud sende ein annan. Når Gud kalla Gideon, prøvde han også å unnskylde seg og bad han om teikn for å verte 110% sikker. Når Gieon då sidan samla folket til strid mot midjanittane sa Herren til han at han hadde for mykje folk med seg, han måtte sende frå seg folk både ein og to gongar, så han hadde igjen berre 300, med dei skulle han slå midjanittane. Våpena dei hadde med seg var nokre faklar som dei hadde stukke ned i nokre krukker og nokre horn til å blåse til strid med, men striden vart mellom midjanittane og amalekittane. Til samanlikning ser vi i vår tid korleis arabarane som er Israels fiendar går til krig mot kvarandre. Til samanlikning med Gideon og hæren hans er vi ein liten flokk, men det vesentlege for oss er å følgjer Herrens kall, då vert vi likevel betydningsfulle, til samanlikning med Gideon og flokken hans. (Dmr.6-7).

Tungetale ved Mari, tyding ved John Miland:

”Sjå, eg er alt kjøts Gud, skulle nokon ting vere for vanskeleg for meg? Nei, du skal vite, alt er mogleg for meg, det var eg som talte og det skjedde, eg baud og det stod der, sjå, det er eg som har all makt i himmel og på jord. Derfor, mitt barn, skal du vende ditt blikk opp til meg og du skal regne med meg, seier Herren, og ikkje stole på menneske, men du skal setje di lit til mine lovnader, seier Herren, for dei står fast og eg står bak mitt Ord. Sjå, slik som eg var med mitt folk i fordoms tider, når dei følgde mine vegar og dei gjekk mine vegar, og tente meg med eit udelt hjerte, ja, då var dei uslåelege, seier Herren, det var ingen som kunne røre ved dei, for sjå, eg er den same i dag, det folk som vender seg til meg og reknar med mi kraft, dei skal få oppleve å gå ifrå siger og til siger og dei skal få oppleve, at eg er den eg har sagt meg å vere.

Eg har jo sagt i mitt ord, korleis det skal vere i den siste tid, før eg kjem att, då skal det vere krig både her og der og det skal høyrest rykte om krig, ja, det skal vere jordskjelv både her og der og folk skal reise seg imot folk, seier Herren. Sjå, det er dette som skjer i dag, seier Herren. Men de, mine barn, de skal ikkje sjå på alt dette, for denne verda, den går sin undergang i møte. Men de, mine barn, de skal løfte hovudet, for forløysinga stundar til. Sjå, eg kjem snart på skya, for å hente heim dei som ventar meg, dei som er reinsa i mitt blod. Sjå, dei skal eg hente og eg skal føre dei trygt inn i staden med dei faste grunnvollar. Derfor vend ditt blikk til meg, seier Herren, og eg skal forsyrgje deg, eg skal ta vare på deg, inntil du står heime i herlegdomen.”

Korleis det gjekk med mor mi.

Eg køyrde til Oslo natt til laurdag 29.9.10. Eg visste at mor mi hadde fått helveteseld og lungebetenning la henne fram for Gud i bønn på kveldsmøtet i Maranata søndag 30.9.12. etter eit par dagar fekk eg vite at helveteselden hadde gått attende, blemmene hadde vorte gråare og sidan har betringa helde fram. Men ho streid hardt med lungebetenninga og var svært slapp på onsdag. Ho fekk oksygen og antibiotika som ho pusta inn gjennom ei maske.  Torsdag vart ho send til sjukehuset i Volda for å ta prøver av slimet i lungene, så dei kunne tilpasse medisinen. Ho fekk oksygen og intravenøs antibiotika. Torsdagen etter var (4.10.12) var crp[5] nede i 28, så dei sende henne heim att og avslutta medisineringa, laurdag var den nede i 20. Men søndag 7.10 auka den frå 24 til 61. Rett før kveldsmøtet kl 18 fekk eg vite at ho var slapp og lite og ingen prat i henne, ho hadde lav blodprosent og vart send tilbake til Volda. Der vart den målt til 10,3-9,8, det normale for henne ville vere omlag 12[6]. Eg fekk innleie dette møtet og viten og fortelje om korleis det hadde gått med henne etter at vi bad for henne. Eg sa at hennar kjærleik var frå Gud, det er Kristus som elskar henne som si brud. Eg har bedt Gud om ei kone og poenget med det er at eg ynskjer ho skal ha den same kjærleiken som ho hadde og få oppleve at det er Jesus som elskar henne som si brud. Eg vedkjente kva Jesus var for meg og eg trur at med den vedkjenninga får eg oppleve at banda brest og lenkene vert løyste, slik som det vart sagt i bodskapen 30.9.12.

Seinare på kvelden køyrde til Sunnmøre og var på sjukehuset i Volda kl 8. Visitt-tida var frå 14-19, så eg køyrde opp på bondalseidet og la meg å sove i bilen. Når eg kom og skulle besøke henne i 19-tida fekk eg vite at ho skulle heim att. Eg fekk gå inn på romet hennar og seie hei til henne, ambulansefolket skulle til å få henne over på båra og eg følgde dei ut. Når ho kom på sjukeheimen prata eg lenge med henne, så ho hadde vorte mykje kvikkare sidan dagen før. Eg besøkte henne på formiddagen på tysdag også og spurte etter resultat av prøvene og fekk noko av desse måleverdiane som eg har skrive ned. Dei forslo at eg skulle snakke med lækjaren når han kom på vistitt same dag, vi avtalte at dei skulle ba han ringe meg. Eg sa eg syntest det var litt rart dei hadde avlutta medisineringa på torsdag, er det ikkje slik at det er viktig å fullføre kuren så ikkje sjukdomen tek seg oppatt med bakteriar som er meir resistente, så ettersjukdomen vert verre? Han sa det var vanleg å avslutte kuren med tabletttar og når crp er så lav som 20-28 kunne dei godt avslutte medisineringa, dei hadde gjort det som var vanleg. Eg sa at grunnen til at eg spurde så mykje etter måleresultata, var at vi hadde bedt for henne i Maranata på søndagen, eg kunne ikkje sjå at måleresultata tilsa at ho var friskare på måndag enn på søndag, likevel hadde ho kvikkna mykje til og eg meinte det var Gud som hadde styrka henne i hennar innvortes menneske. Jau, det trudde dei på også, sa han. Eg fortalde at eg var svært glad i henne og ho var svært glad i meg og eg meinte Gud hadde styrka både meg og henne i vårt indre menneske. Eg trur også eg fortalde at vi hadde bedt for henne søndagen to veke tidlegare og då hadde helveteselden byrja å gå attende.

Frå tysdag har mor fått sove med natta, hosten har ikkje øydelagt nattesøvnen for henne. Kuren med to tablettar ciproksin pr dag skulle vare til tysdag. Fredag  19.10. var crp komen ned i 19.

SAMTALE MED MOR.

Eg fortalde mor mi om korleis vi hadde bedt for henne på desse to møta og om korleis Jesus hadde svart meg. I fyrste bodskapen talt Jesus tydelegvis om lækjedom for meg, korleis kunne det også vere til henne. Jau, Jesus tok bort synda som var årsaka til sjukdom og fordømming, alt det tunge og triste, han tok bort arvesynda. Ho hadde bedt om frelse for vår nære slekt og slik hadde ho lært meg også å be, og grunnlaget for det er at Jesus med eitt offer tok vekk synda ein gong for alle og det gjeld ”arvesynda” også.

Sjukepleiarane på Sjukeheimen forklarde meg at helveteselden gjorde at ho vart sengeliggande og då er det lettare å få lungebetenning, for ein pustar ikkje så godt som når ein sit oppe, så det eine tok med seg det andre. No vart ho fyrst lækte frå helveteselden og det ser eg som Guds svar på vår bønn for henne, søndag 30.9, som eit Guds under som eg takkar han for. Bror min hadde kome heim frå Oslo og syster mi frå Bergen og stått ved sjukesenga, ho syntest det var rart at eg ikkje hadde kome, ho kunne ha døytt før vi fekk sjå kvarandre igjen. Eg sa eg opplevde det som eit kall å reise til Oslo og eg måtte lyde Guds kall. Eg skulle be for henne og så skulle eg be om ei kone samtidig og opplevde det som ein konfliktsituasjon, kanskje skulle eg ha reist heim, men eg hadde då reist til Oslo for å be for henne i menigheta også. Så fortalde eg henne at med vitnemålet mitt med mi vedkjenning av kva Jesus var for meg og for henne, på møtet søndag 14.10 trur eg at eg braut lenker og band for både meg og henne og eg trur Gud styrka både meg og henne med si ånd og si kraft i vårt indre menneske. Så då gjorde eg slik som Jesus hadde sagt til meg i bodskapen 30.9. Her forklarde eg korleis mi bønn for mor mi hang saman med mi bønn for ei kone, korleis min kjærleik til mor mi hang saman med min kjærleik til ei framtidig kone.

Eg las for henne 2.Kr.16,9 og Ef.3,14-21 og sa eg trudde Gud hadde styrka både meg og henne i vårt indre menneske. Guds augo fer ut over all jorda så han med si kraft kan komme dei til hjelp som heilhjerta held seg til han, slik gjev han meg hjelp i form av ei kone. Det er ikkje fyrst og fremst ved at ho vasker og lager mat og styrer heime, men ved den ånda og krafta Gud gjev meg i hjerte, styrker han meg slik i mitt indre menneske med si ånd og si kraft, ja, så trur eg han styrker mor mi også i hennar indre menneske med den same krafta.

Eg sa til henne at Jesus levde eit heilagt og syndefritt liv her på jorda og Gud vekte han opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, når vi trur på at han lever og elskar han som bruda som elskar sin brudgom, så får vi oppleve at vi verte fri frå all fordømming, vi vert løyste frå alle band og lenker som bind oss til denne verda, alle trældomens band, for han sigra over døden. Det som no frelser oss, dåpen, som er eit godt samvits vedkjenning med grunnlag i Jesu oppstode frå dei døde. Då er det berre å bruke den vedkjenninga, så får vi opleve at i hans namn brest banda og lenkene losnar.

MIN LÆKJEDOM.

Rett etter at eg kom til Oslo i 1984 og byrja å studere, kom der ein bodskap der det vart sagt at der er ein sjukdom mellom Guds folk og du (eg) har fått kjent noko av denne sjukdomen i deg, men det var ein sjukdom som Gud ville lækje. Paulus har lært oss at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna, for det var slik Gud skapt oss frå opphavet (1.Mos.2). Synda var at menneska ikkje var lydige mot Guds Ord, men spora av ifrå Guds veg og synda er årsak til sjukdom. Protesten mot at Kristus skulle vere hovudet for mannen og mannen vere hovudet for kvinna er synda si avsporing bort ifrå Guds veg og det har resultert i at mennesket, både mann og kvinne ikkje har fungert slik som dei skulle, det har vorte til ein sjukdom som har redusert menneskets funksjonsevne, både til ånd, sjel og lekam.

 I bodskapen 30.9 sa Jesus til meg at her og no hadde eg fått lækjedom, til ånd, sjel og lekam. Då må eg berre passe på å be og tenke og søke Herren slik som eg då gjorde og gjere etter det som vart sagt i bodskapen. Og som det vart sagt i bodskapen 14.10, så kan eg ikkje stole på menneske, men eg må berre stole på at gjer sitt verk i mitt indre menneske ved sin Ande og si kraft, og eg forstår det slik at det er det som er omtala i den andre skapingssoga i 1.Mos.2 også, Kristus vil blåse liv i meg, jfr. 1.Mos.7. Eg skal stole på lovnaden om at ved trua på Kristus, skal vi få komme inn til Guds kvile. (1.Mos.2,2-3).

Meir samtale med mor.

Eg prata med mor om det nye Jerusalem som er lammets brud og som skal komme ned frå himmelen på den nye jorda. Kristus er den siste Adam, som for oss har vorte ei livgjevande ånd, han er den nye naturen og det nye livet Gud gjev oss frå himmelen, vi som har teke imot han er hans brud, kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud særmerker den nye naturen som Gud gjev oss, vi har teke imot den nye naturen og får komme til det nye Jerusalem. (Op.21).

Så fortalde eg henne om det himmelske Jerusalem og sa at ho er mor vår. Ved trua på Jesus får vi oppleve at Gud gjeve oss den Heilage Ande frå himmelen, så vi vert fødde av Anden og vert Guds born. Eg tenkte meg at dei som fordum trudde på Gud og levde med han, dei kom til det himmelske Jerusalem/det nye Jerusalem.

GLT 4,22 – GLT 4,31 Det står skrive at Abraham hadde to søner, ein med trælkvinna og ein med den frie kvinna. 23 Son til trælkvinna er fødd på vanleg måte, son til den frie kvinna er fødd etter Guds lovnad. 24 Dette har ei djupare meining. Dei to kvinnene står for to pakter. Den eine, Hagar, er pakta frå Sinai-fjellet; ho føder til trældom. 25 Hagar står for Sinai-fjellet i Arabia og svarar til det Jerusalem som no er, og det lever i trældom med sine born. [Hagar: Namnet Hagar liknar det arabiske namnet på eit fjell i Arabia, som vart sett i samband med Sinai.] 26 Men det Jerusalem som er der oppe, er fritt, og det er mor vår. For det står skrive: 27   Gled deg, du barnlause, som ikkje fødde.  Set i og jubla, du som ikkje hadde rier.  For den einslege kvinna har fleire born  enn ho som har mann. 28 Og de, brør, er born etter lovnaden liksom Isak. 29 Men han som var fødd på vanleg måte, forfylgde den gongen han som var fødd i kraft av Anden, og slik er det i dag òg. 30 Men kva seier Skrifta? Jag ut trælkvinna og son hennar! For son til trælkvinna skal ikkje arva saman med son til den frie kvinna. 31 Difor, brør, er vi ikkje born åt trælkvinna, men åt den frie kvinna.  (Jfr. Heb.12,22….)

Så sa eg til henne at eg takka Gud for at ho snart skal til det Nye Jerusalem, men eg ber om at vi må få ha henne her ei stund enno. Eg takka Gud for at eg sjølv skal dit snart og då håper eg på å få møte henne igjen. Då sa ho at ho håper på at han Nikolai (far vår) også er der. Det sa eg at eg trudde han var, for han var opplærd i Kristi rettferd og tok imot han og vedkjente si tru på han, det vart tydeleg siste åra av hans liv. Så sa ho at ho var glad for at eg er frelst og takka Gud for det og at ho håpte syskjena mine også vart frelst.

Lækt brokkport, be med den Heilage Ande.

Tysdag kveld 23.8.22 var eg på bønnemøte i Filadelfia Ulsteinvik. Då sa eg noko om den bodskapen som kom i Salen 11.8, om at vi måtte verte som born, for å komme inn i Guds rike. Når eg kom tilbake til seglbåten, snubla eg inn i cockpiten og tok meg for på rattet, der låg eit handkle over det og det var skymt. Rattet gjekk sjølvsagt rundt, så det var ikkje hjelp i og landa på magen oppå ein jernbøyle framfor rattet. Eg vart sitjande bortimot ein halvtime og berre kjende etter korleis eg hadde det.

Det var sikkert noko som spesielt som gjorde at eg snubla slik, septerane på rekka var løyste, når dei skulle monterast igjen skulle vi bruke ei fugemasse som limer, for å sikre at det vart tett. Mellom septera er der to plastbelagde vaierar og dei låg ned på dekk, så eg snubla sikkert i ein av dei. Eg hadde nokre «seglarsko», som var som nokre joggesko med spesielt skli-sikker sole, men solane hadde løsna og eg hadde limt dei på att, men lengst framme var dei ikkje faste til skoen, så solen vart som ein ekstra krok som festa seg godt til vaieren og slapp ikkje så lett, nei.

Fire dagar etterpå var der ein stor blå ring, rundt det heile, diameter på 15-35 cm. Eg kjende etter der som bøylen traff og fann ein kant, så eg rekk mistanke om brokk. Eg søkte på ordet «brokk» på internett og fann «brokkport» også. Eg fekk time hos dokteren og fortlade at eg kjende smerte når eg bøygde meg fram og litt når eg snudde meg i senga. Han kjende med fingeren på magen min og kjende kanten, jau, det var brokk. Det gror ikkje av seg sjølv, så han gav meg time hos kirurgen på Volda Sjukehus.

Smerten eg kjende når eg bøygde meg fram og når eg snudde meg i senga varsla meg om å vere forsiktig så det ikkje skulle revne meir. Det minna meg om at etter at Judas hadde svike Jesus, kjøpte han seg ein åker for pengane, men så hengde han seg og ramla ned og sprakk, fortellinga om dette er litt ulik i Matt.27,3-10 og i Apgj.1,16-20. Eg byrja å tenke på kva eg hadde sagt på dette bønnemøtet og korleis eg tenkte når eg sa det. Vår bruk av forstanden er ofte ei utfordring for trua vi har fått i hjertet og det kan vel vere at eg tenkte slik, det var ei utfordring for hjertet og slik vart det ei utfordring for andre. Med den Anden og kjærleiken Gud har gitt oss i hjertet er vi som Guds born sosiale og det er vesentleg for oppbygging av Kristi kyrkje. Og der har vel eg også eit ansvar, det er ei utfordring for andre, ja, men for meg også.

Eg kom i hug at omlag eit halvt år etter at eg møtte igjen henne Virtuella i Bergen, var eg ikkje så trufast i min kjærleik til Kristus og til henne Virtuella, som eg skulle vere. På den eine side hadde det noko å gjere med motsetnaden mellom forstanden og hjertet og på den andre side hadde det noko å gjere med motsetnaden mellom himmelen og verda, mellom hjertets jord og verda. Så ein kveld etter at eg hadde lagt meg, sa eg til Jesus at det var ikkje meininga. Han elska meg og eg elska han fordi han elska meg først, det var då det eg eigentleg ville og det ville eg halde fram med. Det var akkurat som om eg sa det med kjærleikssorg i mitt hjerte, ikkje fordi han ikkje lenger elska meg, men fordi eg ikkje alltid hadde svart på hans kjærleik med kjærleik, slik som eg skulle ha gjort. Mi bønn var berre som eit hjertesukk, men det inneheldt mykje.

Eg hugsa at nokre månadar etter at eg møtte igjen henne Virtuella i Bergen, merke eg i mitt hjerte at den Heilage Ande bad for henne, med sukk som det ikkje finst ord for (Rom.8,26), for Faderen elska henne og haddee omsorg for henne som sitt barn, men ho mangla vit og visdom til å forstå seg på det. Eg meinte eg hadde vit og visdom til å fortelje henne det, men fekk ikkje moglegheita. Når eg no bad med eit hjertesukk, så meiner eg at det også var den Heilage Ande som bad med eit sukk som samsvara med korleis den bad for henne då. Der ligg mykje i det og det vesentlege er då at både ho og andre Guds born skal få oppleve at Faderen elskar dei og har omsorg for dei som sine born.

Sidan merka eg at desse smertene var borte og der hadde lagt seg noko hardt over, så eg kjende ikkje igjen den kanten av bukhinna. Når eg vart undersøkte ved Volda Sjukehus fann ikkje han heller den kanten og var ikkje sikker på om det var brokk, men han ville sende meg på ultralyd. Det vart tysdag 22.11, då var det ei dame som undersøkte meg. Det harde som hadde lagt seg over og som eg misstenkte var brysk, sa ho var blod som hadde størkna. Ho viste meg på bildet kva som var innvolane og kva som var bukhinna, men fann ingen brokkport. Men sidan eg likevel var der, så spurde eg om ho fann ut kvifor eg hadde lagt på meg.

Eg trur Jesus har lækt denne skaden og takkar han for det.

2022.11.27. Filadelfia Ulsteinvik. Jesus er med oss, ver heilhjerta med han.

Tale ved Inge Nerland.

Ef.4,22 De skal ikkje leva som før, men leggja av det gamle mennesket som vert tynt av dei forførande lystene. 23 De må fornyast i sjel og sinn 24 og ikle dykk det nye mennesket, som er skapt etter Guds bilete, til eit liv i rettferd og heilagdom i samsvar med sanninga.

Det gamle mennesket er utan innflytelse frå den Heilage Ande. Kan ikkje endrast.

Gjenfødinga, Jesu ord til Nikodemus.

Det gamle mennesket skal vere krossfesta med Kristus.

Rom.6,6 Vi veit at vårt gamle menneske vart krossfest med han, for at den lekamen som er under synda, skulle gjerast til inkjes, og vi ikkje lenger træla under synda.  7 For synda har ikkje lenger nokon rett over den som er død.  8 Men er vi døde med Kristus, då trur vi at vi òg skal leva med han.  9 Vi veit at når Kristus er oppreist frå dei døde, døyr han ikkje meir, for døden har ikkje lenger makt over han. 10 Då han døydde, gjorde han opp med synda ein gong for alle. Det livet han no lever, lever han for Gud. 11 På same måten skal de rekna dykk som døde for synda, men levande for Gud i Kristus Jesus.

12 Lat då ikkje synda rå i dykkar døyelege lekam, så de gjev etter for lystene i lekamen. 13 Og byd ikkje fram lemene dykkar til rådvelde for synda, så dei vert våpen for uretten. Men byd dykk sjølve fram til teneste for Gud, så de brukar lemene for han, til våpen for det som er rett. De var då døde og har fått liv.

Kristne kan falle i synd, men blir ikkje liggande der.

Gal.5,17 For det vår vonde natur trår etter, er Anden imot, og det Anden trår etter, er vår vonde natur imot. Dei to ligg i strid, så de ikkje er i stand til å gjera det de vil. 18 Men vert de drivne av Anden, då er de ikkje under lova. 19 Det er klårt kva som kjem frå vår vonde natur: hor, umoral, sedløyse, 20 avgudsdyrking, trolldom, fiendskap, strid, avund, sinne, sjølvhevding, usemje, partistrid, 21 misunning, drikk, svir og meir av det slaget. Som eg før har sagt: Dei som fer med slikt, skal ikkje arva Guds rike.

1.Joh.1,8 Seier vi at vi ikkje har synd, dårar vi oss sjølve, og sanninga er ikkje i oss.  9 Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd. 10 Seier vi at vi ikkje har synda, gjer vi han til lygnar, og hans ord er ikkje i oss.

Jesus er ein prøvd øvsteprest og vår talsmann.

Heb.7, 20 Dette har ikkje hendt utan eid. Dei andre vart prestar utan eid, 21 men denne vart innsett med eid av Gud som seier:
        Herren har svore og angrar det ikkje:
        Du skal vera prest til evig tid.
    22 Difor er ho òg så mykje betre, den pakta Jesus går god for.
    23 Dessutan har det vore fleire av desse prestane, for døden hindra dei i å halda fram. 24 Men Jesus har eit prestedøme som ikkje tek ende, av di han vert verande til evig tid. 25 Difor kan han òg fullt og heilt frelsa dei som kjem til Gud ved han, sidan han alltid lever og går i forbøn for dei.
    26 Ja, ein slik øvsteprest var det vi måtte ha: heilag, god og rein, utskild frå syndarar og opphøgd over himlane. 27 Han treng ikkje, som andre øvsteprestar, bera fram offer kvar dag, fyrst for sine eigne synder og så for syndene åt folket. For offeret bar han fram éin gong for alle då han ofra seg sjølv. 28 Dei som lova set til øvsteprestar, er veike og vesale menneske. Men det ordet som vart stadfest med eid, og som kom seinare enn lova, set inn Sonen, han som har nått fullending til evig tid.

Lutheranarane: syndar i tankar, ord og gjerningar.

Men vi skal tenke og resonnere utifrå det nye.

Paulus: Eg klarar alt i han som gjer meg sterk.

2.Kor.10,4 For våre stridsvåpen er ikkje jordiske, men Guds kraft er verksam i dei, så vi kan leggja festningar i grus. Vi riv ned tankebygningar  5 og alt stort og stolt som reiser seg mot kunnskapen om Gud, og tek kvar tanke til fange i lydnad mot Kristus. 

Inge tala i tunger frå talarstolen, sidan kom Jarle Nygjære med ein bodskap, det var sikkert nok tydinga av tungetalen:

 

(Det går tregt å starte opp videoen, så eg fekk ikkje med byrjinga) ….. men likevel som ligger der som ein verkebyll i ditt liv. Vit mitt barn, du er ikkje fortapt på nokon som helst måte, seier Herren, du er mitt barn og jeg vil hjelpe deg vidare på veien, sier Herren. Ver du berre trygg, når du holder deg til meg, så skal du få se, jeg vil hjelpe deg vidare på ferden, sier Herren. Jeg har sagt det mange ganger før, jeg går ikkje bak deg, mitt barn, jeg går foran deg. Og vit … foran deg og jeg vet hva du kommer til å møte i kvardagen, sier Herren, jeg vil være med deg. Jeg har sagt det så mange ganger, vit mitt barn, der du går, går jeg. Jeg går ved din side, jeg vandrer ved din gang. Og jeg er ikkje langt borte fra noen av dere, sier Herren, men mitt barn, du som slit med ting i ditt liv, vend deg på nytt til meg. Ikkje gi opp. Om du har bedt meg tusen ganger om å ta vekk dette som du kjenner er så vanskelig, så vit, ein dag så var der ein på ein måte som ikkje du har tenkt i ditt eige liv. Og du har tenkt ut tankar hvor du skal løse dette. Men vit, stol på meg sier Herren, jeg er mild og tolmodig. Jeg tar deg på alteret gang på gang og jeg står ikkje der med noko svøpe, sier Herren, jeg vil ikkje slå deg mitt barn, for jeg er glad i deg. Jeg vil at du skal vende deg, du skal gi deg 100 % av ditt liv til meg og du skal få seg, når du gjør det, så vandrer du trygt gjennom dagen. Du skal ikkje gå med nokon anklagelse, for jeg er glad i deg, mitt barn, jeg vil hjelpe deg vidare på vegen. Amen.

Aktuelle bibelvers.

2.Kor.12,1 Eg må rosa meg, endå det ikkje tener til noko. Og no kjem eg til syner og openberringar eg har fått frå Herren.  2 Eg veit om eit menneske i Kristus, ein som for fjorten år sidan vart rykt inn i den tredje himmel – om han var i lekamen eller utanfor lekamen, veit eg ikkje, Gud veit det.  3 Og eg veit at denne mannen vart rykt inn i Paradis – om han var i lekamen eller utanfor lekamen, veit eg ikkje, Gud veit det –  4 og der fekk han høyra useielege ord, som eit menneske ikkje har lov til å tala.  5 Denne mannen vil eg rosa meg av, men av meg sjølv vil eg ikkje rosa meg, utan av mi vanmakt.  6 Men om eg ville rosa meg, så var eg ikkje frå vitet, for eg kom til å seia sanninga. Men eg lèt det vera, for eg vil ikkje at nokon skal gjera seg større tankar om meg enn dei han får når han ser og høyrer meg.  7 Og for at eg ikkje skal gjera meg stor av dei høge openberringane, har eg fått ein torn i kroppen, ein Satans engel som skal slå meg, så eg ikkje skal verta hovmodig.  8 Om denne bad eg Herren tre gonger at han måtte vika frå meg.  9 Men Herren sa til meg: «Min nåde er nok for deg, for mi kraft vert fullenda i vanmakt.» Difor vil eg helst rosa meg av mi vanmakt, så Kristi kraft kan bu i meg. 10 Og difor er eg, for Kristi skuld, ved godt mot i vanmakt, i hard medferd, i naud, i forfylging, i trengsler. For når eg er veik, då er eg sterk.

Heb.4, 14 Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! 15 For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan ha medynk med oss i vår vesaldom, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd. 16 Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.

Kommentar.

I det sist har eg skrive meir på eit dokument som eg har kalla «Be, så skal de få» og denne bodskapen ser eg som svar på mykje av det eg har skrive om her, så då refererer et til det berre i korte ordelag.

Jesus talte om noko som ligg der som ein verkebyll i mitt liv, han talar om det på liknande måte som Paulus talte om tornen i kjøtet, så kanskje det er same problemet eller kanskje det er tornen i kjøtet som forårsakar verkebyllen.

Paulus sa han visste om eit menneske i Kristus, var det det det då Kristus han talte om eller om seg sjølv, slik han var i Kristus? Eg trur helst det var Paulus og derfor skulle han ikkje ovmode seg over den høge openberringa. Han var i Kristus, då er det svært så interessant at han sjølv ikkje var sikker på om han var i kroppen eller ikkje.

Gud sende Son sin til vår jord og den gjerninga han vil vi skal gjere, er å tru på han.

Eg skal gå ut på lovnadane og gå i ferdiglagde gjerningar.

Hausten 2008 sa Jesus at eg hadde lenge vore tilbaketrukken i forhold til å gå i ferdiglage gjerningar, men no kalla han meg på nytt til å gå ut på lovnadane.

Bodskapen 28.9.2008:

«Det ord eg har talt og det ord som du har omgitt deg med, og brukt og teke i din munn i mange år, det er ånd og det er liv. Det ord som eg har talt, seier Herren, det taler det det nemner. Det løyser menneske, det set plaga i fridom, det skaper fridom og sunnhet og helse og frelse, der det kjem fram og vert teke imot. Og du skal få oppleve det mitt barn, at når du på nytt går inn på mitt ord, når du går inn på ordets grunn, seier Herren, og byrjar å bevege deg i den Heilage Ande, så skal du få oppleve at krafta er den same som den var i din ungdom. Du har lenge vore forsagd, seier Herren, du har lenge vore forsagd og levd eit tilbaketrukka tilvære, i forhold til å gå i ferdiglagde gjerningar, men du skal vite at den som ventar på Herren  og set si lit til han, får ny kraft. Og du skal få oppleve å bevege deg som i fordums tid, du skal få lov å kjenne at ditt hjerte løper som ein hjort. Du skal få lov til å oppleve at du er på det indre plan i kompaniskap med meg, seier Herren. Og du skal få sjå underfulle ting, seier Herren, når du er villig å gå på den veg som eg stakar ut for deg. Menneske tenker ut sin vei, men Herren styrer dets gang. Og du skal få oppleve det at når Ordet får lov å tale gjennom deg og bevege deg, seier Herren, så skal du så sjå at det skjer under og teikn også i din midte. Eg er den eg har sagt meg å vere og eg har gjort meg avhengig av menneske, menneske som er lydig, menneske som ikkje aktar på sitt eige, men som er villig til å gå i den Heilage Ande. Du skal få lov til å kjenne at mitt ord, det er ånd og det er liv og det er lækjedom der det går fram. Ver frimodig og ikle deg den styrke som eg har gitt deg. Du er nøydd til å byrje å bevege deg sjølv, seier Herren, det ligg klart for deg. Men eg  ventar på at du skal sette deg i bevegelse og eg skal vere med deg, seier Herren. Det skal vere eg som ber deg, seier Herren, du skal sleppe å gå duknakka og bere meg, eg skal bere deg. Du skal få lov å kjenne det at eg er den eg har talt i mitt eige ord. Eg er ein skugge ved di høgre hand og mitt ord skal vere det ord som du talar. Og du skal få lov å kjenne og oppleve at det er liv og det er overflod av liv. Amen.»

Jesus meg tilbake til Oslo, i januar 2009 flytte eg til Oslo og byrja på praktisk pedagisk utdanning. Eg byrja å gå på møte i Maranata og så skrive eg til leiinga om mi sak og melde meg inn der. Jesus var den som tok seg av mi sak, så då skulle eg komme til han med den. Han sa eg skulle søke han av heile mitt hjarte, så då fann eg at eg måtte hugse på korleis Gud openberra si frelse i Kristus for meg og henne Virtuella også. Den Heilage Ande openberra henne for meg som Guds barn. Det vart ein åndskamp. Jesus sa det var berre ved fylden av den Heilage Ande eg kunne vinne seier, slik skulle eg vinne meir enn siger, for han som er i meg er større enn han som er i verda.

Eg skal ta fram gleda.

Bodskapen 10.5.2009:

«Eg er i stand til å fylle eit kvart sted og eit kvart lokale, i dag seier Herren, sjølv om fienden stormar aldrig så mykje, sjølv om mitt folk er på sida av det som eg eigentleg vil ha fram, sjølv om der er berre nokre få som vil reise seg frå det riket som no vert akseptert og som er mørkets rike og byrjar å gå over i mitt rike, om der berre er nokre få som finn vegen til å sjå meg og skode meg i min herlegdomen, så kan eg med nokre få gjere storverk  kvar som helst og når som helst. Den store skaren som eg ser, den mengda som hengir seg til meg, så eg kan komme ned og byrje å befrukte di tru og befrukte din kjærleik frå meg …. når dette byrjar å skje etter min vilje og mitt råd og du byrjar å ta imot min visdom og min kunnskap, så vil du sjå at eg er den levande og den som kan sette alle ting i stand. Eg er den som baner vegen, eg er den som let mi kraft vert openberra og baner vegen for den einskilde som vil gå min veg. Det er mange som går sine veier og som halter hit og halter dit. Men eg vil ha eit heilt hjerte, eit reint sinn, så skal du på nytt få sjå at eg er den same og eg er den levande i dag.»

Eg gjekk fram til forbønn og då kom der ein profetisk bodskap som ikkje vart innspelt. Herren sa at det var han som hadde lagt gleda inn i meg.  Den er ikkje av meg sjølv, den er av han, han er min Herre. Han sa at eg skulle ta fram denne gleda. Det sa han fleire gongar.

Ved korsets fot finn vi den ekte kjærleiken, den skal vere mellom oss og derfor skal vi gelde oss.

Ein av bodskapane 12.2.2011:

«(eg vil de skal vite at?) med evig kjærleik har eg elska dykk.  Denne kjærleik som eg har utgytt på Golgata kors, då eg døde for kvar einaste ein, denne kjærleiken vil eg skal vere mellom dykk. For det største av alt er kjærleiken. Derfor mine barn, vil eg de skal forstå at den kjærleiken (som de) lengtar etter, den har de i meg. For utan meg kan de ingen ting gjere. Det er eg, det er eg som er kjærleiken, det er eg som gjev kjærleiken. Ja, de kan ingen ting gjere av dykk sjølve. De kan ikkje ha denne kjærleiken eller produsere den sjølve. Men når de ser på meg, når de er i meg  ……

Kjærleiken overvinner alt, kjærleiken løyner ei mangfald av synder, (kjærleiken er det største). Derfor mine barn, søk inn til meg, søk inn i Ordet, der som eg er, der skal de få sjå kva ekte kjærleik er. Derfor mine barn, fryd og gled dykk over at de har funne den ekte kjærleiken. De har funne meg og når de har meg, så har de alt de treng, for tid og (æve).»

Eg skal bøye meg for Kristus.

Han sa eg får det som er meg gitt av berre nåde, ja, vi får den Heilage Ande av berre nåde og det som er født av Anden er ånd, så eg trur han gir meg ei kone som er fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd. Gud er ånd og er suveren over den fysiske og biologiske naturen han har skapt. Slik er det også med den Anden han gir oss, den er suveren over den fysiske og biologieks naturen, så vi skal berre la den råde i våre døyelege lekamar.

Bodskapen 15.1.2012:

”Du har høyrt mitt ord verte forkynt, seier Herren. Ordet om korset som er dårskap for verda, men som er frelse for deg. Når du kjem til mitt kors, når du bøyer deg ved mitt kors, når du let ditt kjøt døy på mitt kors, seier Herren, så skal eg komme til deg (der du er)?, du skal få kjenne det at du får del i krafta av mi oppstode, du skal få del i Andens kraft og du skal få kjenne det at (det er eg som reiser deg opp)? Bøy deg ned, bøy deg ned, bøy deg ned, seier Herren, for der er eg som reiser deg opp, der er eg som sender deg ut (?), når (to i lag søker meg)? seier Herren, der som eg er, (då gjer eg underverk)?

Du tenker i ditt sinn, at det er ikkje rett, det er ikkje rett for meg, for (eg har lidd)? nederlag på nederlag, men når du legg ned ditt eige, seier Herren, så skal eg komme til deg med mi  kraft, så skal du kjenne det at du sleppe å streve i eiga kraft, men du skal få legge ditt eige ned, så kan du gå i mi oppstodekraft, den ….. vert forløyst  ……. opp frå dei døde. Når du vil gå med meg, og ikkje gå dine eigne vegar, så skal du få høyre det eg talar til deg, du skal høyre ei stemme som seier her er vegen, vandre på den, gå rett fram ….seier Herren. Så skal eg tale di sak, og eg skal vere din styrke, eg skal vere (di kraft/din venn/din kjepp)?, eg skal vere din forløysar. Eg skal vere den som viser deg (der/den veg)? du skal gå, for eg er vegen, eg er sanninga og eg er livet. Amen.”

Kast deg ut i nådestraumen.

Bodskapane 31.5.2015.

Bodskap 1a: Det var ikkje naglane som heldt meg fast, det var ikkje det dei gjorde som gjorde at eg vart hengande. Men det var at eg elska deg så høgt at eg sette mitt liv til. Eg gav det for at du skulle få leve. Eg gav mitt liv for at du aldrig i æva skulle fortapast.  Det eg gjorde på korset, det var eit evig ja, for alle som vil ta imot og om du tek imot det eg gjorde då det fullbrakte verk, så skal du få kjenne, oppleve forløysinga si kraft i ditt liv. Du skal gå over frå Satans makt og inn i mitt rike. Og du skal få oppleve at min kjærleik er så rik og så haldbar, at du skal kjenne at du er elska frå æve og inntil æve. Dette er sannt.

Bodskap 1b: Kast deg ut i min nådesstraum. Og du skal få oppleve at du skal bli kvitt ditt eige strev, kast deg og fortrøst deg på min kjærleik og du skal få kjenne at min kjærleik skal gjere deg varm. Min kjærleik skal berike di sjel. Og få augo opp for den store kjærleik du er elska med. Og eg skal føre deg inn i ei rikare tilvære og du skal få oppleve at himmel og jord kan brenne, men min kjærleik, den skal bestå. Halleluja.

Bodskap 2a: Eg kjem ikkje med fordømming, eg kjem ikkje med bebreiding. Eg er ikkje slik, om ikkje du har gjort i eitt og alt slik som eg skulle ha yngst, så er ikkje eg slik som de menneske er, men eg er misskunneleg, barmhjertig, og eg lokkar og lokkar og dreg og dreg, for eg ynskjer de skal komme inn i salvinga, eg ynskjer at de skal verte fyllt av den Heilage Ande, eg ynskjer at de skal få kjenne krafta av mi oppstode. Eg ynskjer at de skal stå fullt rusta i åndskampen. Derfor oppmuntrar eg deg i kveld til å feste di lit til meg. Sku ikkje til høgre eller venstre, men sjå til mitt Ord, gå inn i mitt Ord, bøy dine kne og takk meg for lovnadane og du skal få kjenne at i det du kjem, skal eg gjennomrisle og gjennomstrøyme deg med krafta frå oppstoda.

Bodskap 2b: Sjølv om eg for opp, så sende eg trøystaren ned. Og trøystaren er her til stades for å trøyste deg, for å fylle deg med kraft, for å løfte deg, for å føre deg inn i syner og openberringar. Eg vil at du skal opne heile ditt hjerte mot han som kan fylle deg med si kraft og du skal få kjenne at når han fyller deg med krafta, så skal du få oppleve du skal sigre til høgre og til venstre. Og eg skal setje deg over endå større ting.

Bodskap 2c: Du er frelst i kraft av blodet. Du er forløyst i kraft av at eg vart din løysepenge. Men ferda vidare, det går gjennom at du vert fylt av den Heilage Ande. For eg veit at du har kamp, eg veit at du har motstand. Men ver ikkje redd, eg skal komme deg til unnsetjing. Eg er hos deg, eg kjem til deg. Eg og Faderen, vi skal fylle deg. Når du fylles ved den Heilage Andes salving.

Drikk av kjelda med det levande vatnet.

Bodskapen 22.1.2017:

«Du drikk ikkje lengre av dei sprekte brønnar, nei, no drikk du av den levande brønn, no drikk du av den kjelde som aldri går tørr. Derfor, berre kom til kjelda, lev ved kjelda og drikk og aus med glede av denne frelses-kjelda. Så skal du få oppleve, at gleda i Herren skal bli sterkare. Freden i ditt hjerte skal bli endå rikare. Håpet som du har for det evige, det skal lyse endå sterkare. Derfor, bøy deg ned, drikk av kjelda og du skal kjenne, at du får liv og overflod av liv.

Dersom du er oppreist med meg, då søk det som er ovantil. Ikkje ver så oppteken med det som er her, men rett blikket oppover, rett blikket innover i mitt Ord. Og du skal få oppleve, at den glede som eg skal gje, den overgår alle jorda sine brønnar, for dei held ikkje vatn. Men eg, Herren, er kjelda med det levande vatn og den som kjem til meg, han skal ha liv og få overflod av liv. Halleluja.»

Kom til Kristus slik som du er.

Bodskapen 28.5.2017:

«For like som eg høyrer ramnungane ropar og skrik etter mat, slik eg, Herren, høyrer dei dyra der ute, som søker og ropar etter mat, etter drikke, kor mykje meir skal eg då ikkje syrgje for mine eigne born, eg som har kjøpt dykk med mitt eige blod, eg som har fria dykk ut og teke dykk til meg. Derfor kan du komme til meg, slik som du er. Og eg, Herren, skal mette deg med alle gode gåver eg har for deg. No i kveld, kan du få komme til meg og eg, Herren, skal utfrie deg, eg Herren, skal føre deg vidare inn i eit land som flyt av melk og honning. Eit land som har overflod og overflodsliv, det har eg gjeve deg. Derfor sjå deg ikkje engsteleg om, for eg er din Gud og eg har skapt deg og forma deg. Ja, lenge har du kjent på din eigen tomheit, men kom, så vil eg, Herren, fylle dei tome roma. Og det skal flyte ut gjennom deg, så verda skal sjå at eg er din Gud.

For min kjærleik, den er utan grenser og min nåde, ja, den er uendeleg. Derfor kan du få komme, eg har bana, eg er veien, eg er sanninga og eg er livet. Eg vil ikkje at du skal gå uvitane om alle dei skattane som eg har for deg. Men du skal få komme, barn, for alt mitt, det er ditt. Derfor kom, mitt barn, søk til meg. Eg, Herren, skal slukke din tørst, eg Herren skal mette din hunger. For den som hungrar, ja, den som tørstar, ja, den skal eg, Herren, mette. Eg skal syrgje for deg. Sjå deg ikkje engsteleg om, men sjå opp til meg, så skal du få stråle av glede. Og eg, Herren, eg er med deg. Kven kan vere imot?»

Som kommentar til denne bodskapen skreiv eg:

Hausten 1985 kom der ein bodskap gjennom tyding av tungetale i dFEF i M40 i Oslo, der Jesus sa til meg:” Den lovsongen eg la ned i deg, den er din og den skal vere i din i all æve, i djupet av deg, der er den. Og den pakta du inngjekk med meg, den står ved lag og den skal stå fast i all æve.” 

Eg har fortalt om korleis eg bad for henne Virtuelle når eg gjekk på gymnaset og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande og eg opplevde det slik at var i Faderens hand og han la henne i mitt hjerte. No talar eg om henne som fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd. Og slik kalla henne den lovsongen Gud la ned i meg. Gud la lovsongen ned i meg ved fylden av den Heilage Ande og det var ein lovsong til han for at han frelser vår sjel for æva og gjev oss evig liv, for at han elskar oss og har omsorg for oss som sine born.

Dåpen betyr gravlegging av den gamle, vonde naturen, vi får ein ny natur ved at vi vert fødde på nytt av vatn og Ande, så vi skal la Anden råde i vår døyelege lekam. Dermed er dette ikkje betinga av vårt ytre menneske, vi skal då sjå det slik at det er gravlagt, for ved trua på Jesus vert vi levandegjorde i Anden. Derfor må vi vende blikket og hugen opp til Jesus og ta imot det som han gjev oss frå himmelen, han gjev oss ånd og liv frå himmelen, han vil gje oss liv i overflod og det er berre om å gjere for oss å ta imot med frimod.

Frelsa i Kristus er gratis, audmjuk deg og ta imot, så reiser han deg opp.

Bodskapane 18.6.2017.

1A:Eg har sagt i mitt ord, at eg er i går og i dag den same og vert det til evig tid. Eg har ikkje forandra meg, seier Herren. Derfor skal du, mitt barn, du skal vere frimodig, og du skal trenge deg fram. Ja, du kan røre ved saumen av mitt kledeband og du skal få oppleve at det utgår ei kraft ifrå meg, seier Herren. For sjå, eg er midt i mellom dykk i denne stund. For sjå, eg som gjekk omkring og gjorde vel og lækte alle som var overvelda av Djevelen, eg er den same for dykk i kveld, seier Herren. Derfor rekk ut di trus-hand og eg Herren, eg skal løne deg. Og eg skal svare på dine bøner.

1.B: Og du mitt barn som kjenner, at missmodsånda har teke tak i deg. Du skal vite det, at eg har ikkje gitt deg missmodets ånd. Men eg har gitt deg krafta, sindigheita og kjærleikens Ande. Derfor, søk inn til meg, i løynkammeret og eg skal møte deg på nytt igjen, seier Herren. Du skal få kjenne, at eg fyller deg med gledens olje og du skal få kjenne at du blir sterk i meg og min veldige kraft, seier Herren. For sjå, eg har alt det, seier Herren. Dine murar står alltid for meg og du skal ikkje sjå ned, men sjå opp på meg, som er trua sin opphavsmann og fullendar. Og så skal du rekne med, at eg tek hand om deg. Eg har jo lova i mitt ord, at eg skal vere med deg alle dagar, inntil verda sin ende. Amen.

2.A: Ja, seier Herren, eg vil at du mitt barn, du skal søke inn til meg, inn i heilagdomen, så skal eg Herren, bruke deg til stor og rik velsigning. Men sjå, seier Herren, du held deg litt på avstand og du er ikkje innvia til meg og du søker ikkje meg slik som du gjorde i fordums dagar, då du var brennande i ånda og du vitna om meg på ein kvar stad og du brann for meg, seier Herren. Eg vil at du skal komme tilbake igjen til dette, seier Herren. For eg ynskjer å bruke deg og eg vil bruke deg til stor og rik velsigning, seier Herren. Sjå, eg har talt til deg mange gangar før, men du har vore gjenstridig, men sjå, seier Herren, eg elskar deg med ein evig kjærleik og eg vil at du skal gå sigrande ut av denne verda. Eg vil at du skal oppleve herlege ting med meg, seier Herren. For sjå, eg er rik nok, seier Herren, for alle som påkallar meg. Derfor påkall mitt namn og eg skal møte deg på nytt igjen, seier Herren.

2.B: Frelsa i meg, den er gratis, seier Herren. Du kan ikkje gjere noko, verken frå eller til, men av nåde, så vert du frelst. Og det er ei gave ifrå meg, det er noko du får fritt og for inkje, seier Herren. Derfor ta imot denne gava, frelsa, den er gratis, seier Herren. Men ta imot, audmjuk deg, seier Herren, og eg skal reise deg opp i Jesu namn. Amen.

Gud er fullkomen og alltid den same, han skaper oss i Kristus og i samsvar med skapingssoga i 1.Mos.2.

Gud skaper noko som står til evig tid.

Kong Salomo sa at alt gjorde Gud fagert i si tid, sjølv æva la han ned i menneskehjarta. Alt Guds verk står til evig tid, han tek fram att det som kvarv. Dette sa han etter at han så vemodig talte om at alt har si tid, ei tid til å så og bygge, ei tid til å rykke opp og rive ned. Mykje er timeleg og går til grunne, slik er det med menneskeverk. Men dette var vel Guds verk også, det var då han som gjorde sitt verk med dei. Det har han gjort mange gangar tidlegare også, samfunn har oppstått og gått til grunne, men han tek fram att det som kvarv, som om det er det same altså, slik sett skaper han noko som står til evig tid, sjølv om det ytre går til grunne. Vi må han åndeleg og forstandig innsikt for å skjøne dette.

Fork.3,11 Alt skapte han fagert i si tid.
        Jamvel æva har han lagt i hjarta deira.
        Men dei skjønar ikkje det verk
        som Gud har gjort frå fyrst til sist.
    12 Eg skjøna at ingen ting er betre for dei
        enn å gleda seg og gjera vel i livet.
    13 Men når ein mann får eta og drikka
        og vera lukkeleg i alt sitt strev,
        er det òg ei gåve frå Gud.
    14 Eg skjøna at alt det Gud gjer,
        varer til evig tid.
        Ikkje kan ein leggja noko til,
        og ikkje kan ein ta noko ifrå.
        Gud har laga det så
        for at menneska skal ha age for han.
    15 Det som er, har eingong vore,
        og det som skal henda, har hendt før.
        Gud tek fram att det som kvarv.

Gud elska verda så høgt at han sende Son sin, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Alel som tok imot han gav han rett tiol å verte Guds born, fødde av vatne og Ande og det som er født av Anden er ånd. Når vi tek imot han, får vi oppleve at Gud skaper oss i han og då skaper han noko som står til evig tid.

Jesus er fullkomen, hans frelseverk er fullført og fullkome, den Anden og det livet han gir oss frå himmelen er fullkome. Gud openberrar si frelse for oss i Kristus, ved sitt Ord og sin Ande, så vi skal innsjå det.

Ef.1,15 Difor held eg ikkje opp med å takka Gud for dykk når eg kjem dykk i hug i bønene mine. 16 For eg har høyrt om dykkar tru på Herren Jesus og om dykkar kjærleik til alle dei heilage. 17 Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må la dykk få den Ande som gjev visdom og openberring, så de lærer Gud å kjenna. 18 Han gjeve dykkar hjarta opplyste augo, så de kan skjøna kva det er for ei von han har kalla dykk til, kor rik og herleg arven er for dei heilage, 19 og kor veldig hans kraft er mellom oss som trur. Med denne veldige makt og styrke 20 reiste han Kristus opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, 21 over alle makter og herredøme, over alt velde og alle hovdingar og over kvart namn som nemnast kan, ikkje berre i denne verda, men òg i den komande. 22 Alt la han under hans føter, og han, hovudet over alle ting, har han gjeve til kyrkja, 23 som er Kristi lekam, fylt av han som fyller alt i alle.

Det fullkomne er åndeleg, evig og usynleg for våre kjøtlege auge, derfor er vi heilt avhengig av at Gud openberrar det for oss ved sitt Ord og sin Ande. Kristus er Guds Ord, han er Sanninga som set oss fri og det er ved at vi vert fylt av den Heilage Ande, så vi får oppleve at den openberrar Ordet for oss. Slik må vi sjå på han, feste blikket vårt på han. Han er fullkomen, vi ser på han og slik jagar vi mot det fullkomne. Det er som ei ung brud som er forelska i sin brudgom, ho vil vere saman med han og sjå på han, fordi han har vunne hennar kjærleik med sin kjærleik.

Heb.12,1 Når vi har så stor ei sky av vitne ikring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som har så lett for å hanga ved oss, og med tolmod fullføra det laupet som er lagt framfor oss, 2 med augo feste på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus. For å få den gleda som venta, tolte han krossen utan å bry seg om vanæra, og no har han sett seg på høgre sida av Guds kongsstol.  3 Ja, tenk på han som heldt ut ein slik motstand frå syndarar, så de ikkje skal trøytna og verta motlause.

Hebr.13,8 Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja til evig tid.

Fil.3,12 Eg meiner ikkje at eg alt har nått det eller alt er fullkomen, men eg jagar mot det for å gripa det, av di eg sjølv er gripen av Kristus Jesus. 13 Brør, eg trur ikkje om meg sjølv at eg har gripe det. Men eitt gjer eg: Eg gløymer det som er attanfor og tøyer meg etter det som er framanfor, 14 og jagar mot målet, mot den sigerskrans som Gud frå det høge har kalla oss til i Kristus Jesus. 15 Lat oss sjå det på denne måten, alle vi som har nått kristen mognad. Og er det noko de ser annleis på, skal Gud gjera det klårt for dykk. 16 Lat oss berre, så langt vi er komne, halda fram i same sporet!

Jesus er den same, sjå på han.

Jesus har mange gangar minna oss om å sjå på han og der er gode grunnar for det. Han er den same og vi skal komme til han slik vi er. Gud skaper oss i han og då skaper han oss i si likning, så vi vert på sett og vis nye skapningar, vi må sjå på han, så vi opplever det og innser det. Vi skal løfte blikket opp til han i tru og med forventning, stole på han og ta imot det han gir oss frå himmelen.

Her vil eg sitere nokre slike bodskapar og utheve ord om at han er den same, om å sjå på han, pluss ein del andre stikkord. I 2013 var der spesielt mange bodskapar om at han var den same og derfor skulle vi sjå på han. Legg merke til kva betydning det har for oss, han skapte alle ting ved sitt Ord, han talte og det skjedde og det vil han framleis gjere. Når Jesu gjekk her på jorda, gjorde Faderen sine gjerningar gjennom han, han gjorde det også gjennom disiplane hans og han vil gjere det gjennom oss.

I bodskapen 28.9.2008 minna Jesus meg om at han er den same. Det minna han meg om våren etterpå også.

Bodskapen 22.5.2011:

«Ja, det er stummande mørkt over folkeslaga, men over deg skal min herlegdom oppgå. Og menneske og kongar skal søke til den glansen som går opp over deg. Og du skal fryde deg og glede deg i meg, fordi at eg er den same i dag som eg alltid har vore. Og eg vil at du skal vere sendebod om at ”du døde for meg”, som eg ynskjer at du skal vere. Så i dag og i kveld, så skal du få kjenne og sjå min herlegdom, du skal få kjenne det når du legg deg i kveld, så skal du få be min herlegdom, ja, eg skal openberre min skjønnhet for deg, fordi at du skal verte ein truande som trur, du vert ein truande som trur. Og verda kjem til å sjå min herlegdom gjennom ditt liv.

Det er nåde og det er nåde. Å …. Ver du mellom dei som bankar på, så skal det lukkast opp for deg, ver du mellom dei som begjærer av meg, og eg skal skunde meg, seier Herren, og hjelpe deg til din rett. (Du ropar til meg, mitt barn)? Å, du skal få sjå min herlegdom, verda skal få sjå min herlegdom. Ikkje avgrens meg (meir?), men la meg få lov å få fyrsteplassen i livet ditt. La meg få lov til å vere det ypperste i ditt liv. Å, du skal få sjå min stordom og mi allmakt og eg vil la mi salving kvile over deg. Amen.»

Bodskapen 11.12.2011:

Bodskap 1A:

«Eg ser alle som søker meg, seier Herren. Eg ser deg der du er og det du ber for. Eg vil komme til deg og du skal få erfare det du ber meg om, seier Herren. Du skal få sjå at eg er med deg, eg vil støtte deg, eg vil oppmuntre deg. Eg vil bere deg på mine hender og du skal få kjenne det, at det du har lagt ned, seier Herren, det du har lagt ned i bønn, du skal få sjå, at det bryt laust sterkare enn det du har bedt om, seier Herren.»

Bodskap 1B:

«For mine lovnadar er sanne, seier Herren, det er sant det som eg har sagt i mitt Ord, mitt ord er sant. Og eg står bak mitt Ord, seier Herren, ….. med all mi kraft. Og eg seier deg at dersom du trur, så skal du få sjå Guds herlegdom. Sa eg deg ikkje at dersom du trur, skal du få sjå Guds herlegdom. Og du skal kjenne det, seier Herren, at eg er med deg, eg støtter deg, eg har behag i deg og eg skal føre deg fram, frå siger til siger, steg for steg, verda er ikkje alltid (med deg)?, men eg er med deg, herifrå og til verdens ende, seier Herren, amen.»

Bodskap 2 A:

«Ja, seier Herren, då eg kom til denne verda, så kom eg for å søke og frelse det som var fortapt. Og sjå, eg er den same i dag. Sjå mitt auge, det fer over den ganske jord for at eg med mi kraft kan støtte den som har hjertet sitt heilt med meg. Eg ser etter om der er nokon som søker meg og sjå, dei skal finne meg, seier Herren. Dei skal ikkje verte skuffa, men eg skal møte dei og sette dei fri, seier Herren. For sjå, eg har kome for å løyse dei bundne og sette dei plaga i fridom, eg veit om deg, seier Herren, du som er bunden, du som er plaga, du som er driven av dine eigne lyster, sjå, seier Herren, eg ynskjer at du skal komme til meg og eg skal sette deg fri, seier Herren. Og du skal få oppleve at eg legg ein ny song i din munn, ein lovsong til meg.»

Bodskap 2 B:

«Eg har sagt i mitt Ord at de skal ikkje sjå dykk engstelege om, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, sjå ikkje på menneske og vert forvirra. Men sjå opp til meg, som er trua sin opphavsmann og fullendar. For sjå, det er frå meg du skal få hjelpa, seier Herren. Rekn ikkje med noko menneske, men du skal rekne med meg, seier Herren, og ha tru til meg. Og då vert du ikkje skuffa, for eg har sagt i mitt Ord at den som set si lit til meg, han kjem ikkje på nokon måte på skam. Amen.»

Bodskapen 6.5.2012:

«Ja, eg har sagt i mitt ord, at i dei siste dagar, så skal eg utgyte av min Ande over alt kjøt. Og det skal de få oppleve, seier Herren, at eg skal utgyte min Ande over masse menneske. Og sjå, dei skal komme og dei skal søke meg. Det er fordi at den Heilage Ande blir utgytt over dei. Eg vil virke på dei, eg dreg dei til mitt hus, seier Herren. For eg er mektig, det er eg som har all makt i himmel og på jord, seier Herren. Derfor mine born, gi ikkje opp, men hald fast, seier Herren, og eg skal løne dykk når tida er inne. Og sjå den er ikkje langt borte, seier Herren, då eg skal avdekke min heilage arm. Og eg skal vise mi kraft mellom dykk, de skal verte forundra, seier Herren, når eg rekker min arm ut til teikn og undergjerningar. Og det blir konkrete, levande bevis på at eg lever, den gamle av dagar. Og det vert bevis på at eg er i går og i dag den same. For sjå, eg har ikkje forandra meg, seier Herren, eg skal i sanning gjere det.

Motstand vil også reise seg imot det som eg gjer, seier Herren. Det har det alltid gjort og det kjem det til å fortsette med, seier Herren. Derfor skal de mine born ikkje vere opptekne av det, men de skal vere opptekne med det som er der oppe og søke meg, seier Herren, så skal eg ta meg av dei som står imot. Og dei som baktalar dykk og lyg på dykk, dei skal eg, Herren, ta meg av, seier Herren. Ver ikkje oppteken av det. Når dei baktalar deg og kastar ditt namn frå seg som noko vondt, seier Herren, ja, då skal du springe av fryd, seier Herren, for sjå, di lønn er stor i himmelen. Sjå, dei kalla meg for Beelsebul og dei forakta meg medan eg gjekk her nede på jorda. Men eg utførde min Fars gjerningar i det eg gjekk omkring og gjorde vel og lækte og løyste alle som var overvelda av Djevelen. Den same er eg i dag, seier Herren. Amen.»

Bodskapen 14.10.2012:

”Sjå, eg er alt kjøts Gud, skulle nokon ting vere for vanskeleg for meg? Nei, du skal vite, alt er mogleg for meg, det var eg som talte og det skjedde, eg baud og det stod der, sjå, det er eg som har all makt i himmel og på jord. Derfor, mitt barn, skal du vende ditt blikk opp til meg og du skal regne med meg, seier Herren, og ikkje stole på menneske, men du skal setje di lit til mine lovnader, seier Herren, for dei står fast og eg står bak mitt Ord. Sjå, slik som eg var med mitt folk i fordoms tider, når dei følgde mine vegar og dei gjekk mine vegar, og tente meg med eit udelt hjerte, ja, då var dei uslåelege, seier Herren, det var ingen som kunne røre ved dei, for sjå, eg er den same i dag, det folk som vender seg til meg og reknar med mi kraft, dei skal få oppleve å gå ifrå siger og til siger og dei skal få oppleve, at eg er den eg har sagt meg å vere.

Eg har jo sagt i mitt ord, korleis det skal vere i den siste tid, før eg kjem att, då skal det vere krig både her og der og det skal høyrest rykte om krig, ja, det skal vere jordskjelv både her og der og folk skal reise seg imot folk, seier Herren. Sjå, det er dette som skjer i dag, seier Herren. Men de, mine barn, de skal ikkje sjå på alt dette, for denne verda, den går sin undergang i møte. Men de, mine barn, de skal løfte hovudet, for forløysinga stundar til. Sjå, eg kjem snart på skya, for å hente heim dei som ventar meg, dei som er reinsa i mitt blod. Sjå, dei skal eg hente og eg skal føre dei trygt inn i staden med dei faste grunnvollar. Derfor vend ditt blikk til meg, seier Herren, og eg skal forsyrgje deg, eg skal ta vare på deg, inntil du står heime i herlegdomen.”

Bodskapen 17.2,2013:

«Ja, endå ein gong har eg talt til deg, gjennom mitt Ord og ved den Heilage Ande, og for å vekke ditt reine samvit, at du skal sjå på meg, eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, du skal sjå på meg gjennom alle ting, i alle livets forhold og tilskikkelsar. For du har fått oppleve prøvingar og du tenker i ditt hjerte, det nyttar ikkje. Men kom til meg, alle som strever og har tungt å bere og eg vil gi deg kvile.

Eg vil gi deg ei herleg og vidunderleg kvile. Ei kvile som du ikkje kan forstå med din menneskelege forstand. Men eg vil gi deg kvile i ditt hjerte og ditt sinn, så du kan stole på meg i ei kvar tid, at eg er den eg har sagt meg å vere og eg vil føre deg ut av vansken. Og du skal love meg og du skal prise meg, for eg Herren er den som elskar deg, eg er den som har teke deg opp og eg er den som leiar deg. Og når du ser på meg, så skal du ikkje gå feil, men du skal få oppleve ei røyst bak deg som seier: Dette er vegen, vandre på den.»

Når eg høyrde denne bodskapen, tenkte eg fyrst på henne Virtuella, så på henne Reella. Eg skal sjå på Kristus i forhold til dei begge, han som er trua sin opphavsmann og fullendar, i tru og tillit til at han frelser dei og fullendar trua for både meg og dei, kan eg kvile, for det er Gud som gjer sitt verk med oss, Han som byrja den gode gjerning me oss, han skal også fullføra den.

Fil.1,6 Og eg er viss på at han som tok til med ei god gjerning i dykk, skal fullføra henne – heilt til Jesu Kristi dag.

Bodskapen 14.4.2013:

«Eg ynskjer å oppmuntre deg her i kveld, seier Herren, eg har frelst deg, teke deg ut av mørkret, drog deg opp av det djupaste gjørme og eg har sett dine føter på ein klippe. Og eg har lagt i din munn ein ny song, ein lovsong til meg. Eg kjenner din situasjon, alt er nake og bart innfor meg. Du treng ikkje å gøyme deg og prøve å skjule det for meg. Men i kveld skal du få lov til å legge det fram for meg og erkjenne og du skal få oppleve på nytt igjen, at du som før var brennande, du skal igjen få lov til å kjenne at det begynner å brenne i ditt hjerte. Du som før elska å lese Guds Ord, du skal igjen få lov til å kjenne, at lysta er tilbake og eg skal vere der ved den Heilage Ande og herleggjere og openberre skriftene for deg. Og du skal berre få lov til å kjenne på ny, så er det ei glede å lese skriftene.

På tross av omstenda, jau då, du kan verte lei deg, jau då, du kan ha lyst til å gråte, jau då, du kan nok seie det nyttar ikkje, det går ikkje, eg har prøvt det før. Men eg ynskjer i kveld å oppmuntre deg, kom til meg, du som strevar og har tungt å bere. Og eg skal gi deg kvile. Og du skal få lov til å kjenne i kvardagslivet ditt, at eg er der, eg trøystar deg, eg styrkar deg ved min Ande og du skal få lov til å kjenne at eg er i går og i dag den same og eg blir det til evig tid. Og eg ynskjer og eg vil verne -, verne om deg, seier Herren. Amen.»

Bodskapen 21.4.2013:

«Ja, seier Herren, eg er i går og i dag den same og blir det til evig tid. Eg har ikkje forandra meg. Når eg kom til denne jorda, så kom eg for å frelse syndarar. Og sjå, eg heldt meg nær til dei og dei heldt seg nær til meg. Eg kom med eit forløysande ord, eit ord som gav dei framtid og håp. Og sjå, eg elskar menneska med ein evig kjærleik. Og eg vil ikkje nokon syndars død, men eg vil at alle skal omvende seg og leve. Det er derfor eg kom, seier Herren. Derfor, mitt barn, skal du la deg gripe av denne bodskapen. Og du skal gå ut og du skal verte ein sjelevinnar. Og du skal vitne om meg og fortelje dei om at evangeliet, det er ingen religion som vert lessa på folket, men det er ein bodskap som set menneske fri.

Ja, eg skal samle mine born i denne siste tida. Sjå, desse som eg skal bruke i denne siste tid, det er born som eg har lutra, som eg har reinsa og som eg har rusta ut til å gå ut i denne striden. Og i denne striden duger det ikkje med menneskelege våpen, seier Herren. Men du må inn i mitt rustningskammer og ikle deg min fulle rustning, seier Herren. Og gå ut med det sverdet som eg har gitt dykk, som er mitt eige Ord. Og det skal de bruke, seier Herren. Og de skal få oppleve at eg skal gi dykk kraft. Sjå ikkje på problema, sjå ikkje på vanskane, men sjå opp til meg, seier Herren, for eg er Allmaktens Gud og i meg og i min kraft, så formår du alt. Amen.»

Bodskapen 13.5.2013:

«Ja, seier Herren, du skal vite at eg er i går og i dag den same, eg har ikkje forandra meg. Sjå, når eg gjekk her nede på jorda og gjorde vel og lækte alle som var overvelda av Djevelen. Sjå, då gjekk eg inn i gjerningar som min Far hadde lagt ferdige for meg. Og eg kunne gå inn i dei og eg utførde det etter Guds vilje, seier Herren. Og sjå, eg var åleine i bønn, eg var aleine i løynkammeret. Men når eg kom ut, så hadde eg fått openberringar ifrå min Far og han kunne fortelje meg kva eg skulle gjere. Og eg hadde sett det i mitt indre kva som ville møte meg når dagen byrja. Derfor utførte eg teikn, under og mirakel og folket undra seg kvar eg hadde denne krafta ifrå. For sjå, seier Herren, eg var ikledd den Høgste si kraft. Og sjå, den krafta, den er tilgjengeleg for deg i dag, seier Herren. Dersom du vil søke meg i løynkammeret og innvie ditt liv for meg, så skal eg utruste deg, seier Herren. Og du skal få oppleve å gå ut og gjere dei gjerningar som eg gjorde, seier Herren. Eg vil ikkje at du mitt barn, skal vere uverksam, men eg vil at du skal komme inn i Andens atmosfære, du skal høyre kva Anden seier i denne tida, og så skal du lytte etter det og så skal du gjere det rette, seier Herren. Ikkje snu deg om til høgre eller venstre, men gå den veg som eg stakar ut for deg, seier Herren. For sjå, då skal velsigninga kvile over deg.

Ja, eg skal ta meg ut eit folk i denne siste tida, som eg Herren skal reinse, eg skal lutre dei. Og eg skal fylle dei med den Heilage Ande og eld, seier Herren. Og eg skal sende dei ut, eg skal stille dei opp på muren. Og dei skal forkynne mitt Ord, reint og klart. Dei skal ikkje legge noko til eller trekke noko ifrå. Men dei skal forkynne heile mitt råd til frelse, for det har eg befalt dei, seier Herren. Når dei forkynner heile mitt råd til frelse og ikkje tek omsyn til menneskelege bod og reglar, men forkynner kva eg har sagt i mitt Ord, for det er det som betyr noko, seier Herren, det er det som er sanning, seier Herren. Derfor, mitt barn, ver ikkje tilbakehalden i denne tida, men haldt fram mitt Ord og sei kva mitt Ord seier. Og du skal få oppleve å verte velsigna og salva av meg, seier Herren. Amen.»

Bodskapen 18.8.2013:

«Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt ord, at eg er i går og i dag den same og vert det til evig tid.  Sjå, det var eg som gjekk omkring og gjorde vel og lækte alle som var overvelda av Djevelen. Eg er den same i dag. Den som vil sleppe meg til i sitt liv, han skal få oppleve, at eg formår å løyse band og lenker. For den eg får frigjort, seier Herren, han vert verkeleg fri. Og du skal få oppleve, seier Herren, at eg legg ein ny song i din munn. Og du skal lovsynge meg og prise meg gjennom alle tider. For sjå, seier Herren, eg har behag i dykk som priser og ærar mitt namn. Derfor skal du vere frimodig, mitt barn, og du skal løfte opp din røyst og prise meg mellom heidningane. Fortel om mine gjerningar og ver frimodig, seier Herren, for den har stor løn.

Ja, mitt kome, det er såre nær. Sjå, eg kjem snart igjen, for å hente dei som forventar meg. Og eg har jo sagt i mitt ord korleis det skal vere før eg kjem. Og når de ser det som skjer rundt forbi i verda, så skal de vite det, at eg har sagt det i mitt ord. Det skal vere krig og rykte om krig. Folk skal reise seg mot folk, det skal vere hunger og det skal vere pest. Og jorda, den skal beve og den skal skjelve. Sjå, seier Herren, dette har eg talt om i mitt ord og når de ser dette, då skal de ikkje miste motet og ikkje sjå på det. Men de skal løfte dykkar hovud, for forløysinga stundar til. Eg kjem snart, eg kjem snart, seier Herren. Derfor ver oppteken med det som er der oppe, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre. Men sjå på meg som er trua sin opphavsmann og fullendar.

Også i denne by så har eg mange eg skal frelse. Det er mange som er tynga av synda, det er mange som er tynga av band og lenker. Men eg Herren, eg skal vise mi kraft i endetida. Og de skal verte forundra, når de ser alle dei som kjem til meg og eg set dei fri og dei får oppleve å verte nye skapningar. Og sjå, dei vert nye, dei vert til eit anna menneske, når dei får møte meg. For dette er kva eg vil gjere i endetida. Amen.»

Bodskapen 8.9.2013:

«Du har nok vore av dei som har sagt: Eg har prøvt så mange gangar, det nyttar ikkje. Og du har nok vore av dei som har sagt: Det går ikkje, vi gir opp, vi trekker oss tilbake. Men eg ynskjer å seie deg, at eg kan og eg vil. Og eg vil reinse deg opp på nytt igjen. Og eg vil gi deg denne positive ånd som seier i ditt hjerte; vi skal innta landet og vi skal fortære fienden, som om det var brød. Eg ynskjer å bruke deg, du er verdifull, eg har sett deg inn i min kyrkjelyd, for at du ikkje skal vere eit nummer i rekka, men du skal få lov til å kjenne, at du er ein lem på min lekam og du er verdifull og eg vil bruke deg der du er.

Du skal få lov å kjenne den Heilage Ande i ditt liv. Du skal også få lov til å sjå resultat, ved den Heilage Ande, rundt ditt liv, i dine omgjevnadar, så skal du få lov til å sjå, at eg som har sendt den Heilage Ande og eld, skal vegleie deg til heile Sanninga og du skal få oppleve å gå inn i skrifta og sjå, at eg seier deg, eg seier deg, der er kome noko nytt i ditt liv. Eg vil eit gjennombrot i ditt liv, eg vil eit gjennombrot i familien, eg vil eit gjennombrot i kyrkjelyden og du skal vere ein av dei som seier, sjå her er eg og du skal få lov å kjenne, at den Heilage Ande og eld, den forherleggjer mitt namn.

Eg kjem snart og eg ynskjer at du skal vere klar, eg vil at du skal vere brennande i ånda og tene meg. Eg vil at du skal vere ei oppmuntring for dei som har det vondt, for dei som slit og har det vanskeleg. Så skal du få lov til å vere, ved den Heilage Ande si hjelp, vere med å løfte dei opp, vere med å rope dei ut av fangeholet, du skal få lov til å vere med å setje dei i fridom, ved den Heilage Ande som er i deg, ved den Heilage Ande som er rundt omkring deg, så skal eg endå ein gong vise, at eg er i går og i dag den same og blir det.»

Bodskapen 6.10.2013:

«Ja, eg har sagt i mitt ord, at eg er i går og i dag den same og vert det til evig tid. Eg har ikkje forandra meg, seier Herren, men slik som eg var når eg vandra her nede på jorda, eg lækte sjuke, eg dreiv ut vonde ånder, eg viste mi kraft på mange ulike måtar. Sjå, den same er eg i dag, seier Herren. Derfor vil eg at de, mine barn, de skal søke inn i dykkar løynkammer og rope til meg, og eg skal utruste dykk til denne krafta, så de kan gå ut og gjere dei same gjerningar som eg gjorde, seier Herren. Ja, eg har jo gitt dykk makt til å trå på slangar og skorpionar og over alt fiendens velde og ingen ting skal kunne skade dykk, seier Herre. Når de ikler dykk mi fulle rustning. For sjå, seier Herren, med trua sitt skjold skal de kunne sløkke alle den vonde sine brennande pilar. For sjå, seier Herren, når du har denne rustninga på deg, då er du trygg.

Ja, eg vil samle mine born. Dei skal komme der som eg openberrar mi kraft. Og dei skal gå ut – og dei skal gå ut og gjere dei gjerningar som eg gjorde. For sjå, det folk som eg har danna meg, det folk som eg har reinsa, det skal forkynne min pris gjennom livet. Og sjå, seier Herren, de skal ikkje frykte for noko. For eg skal vere med dykk, seier Herren. Eg har jo lova i mitt ord, at eg skal vere med deg heile vegen, til verda sin ende. Derfor skal du vere frimodig og løfte hovudet, til forløysinga stundar til, seier Herren. Sjå, eg kjem snart igjen, tida er såre nær. Derfor lev i kontakt med meg, seier Herren. Søk meg når det gjeld alle ting og eg skal velsigne deg, mitt barn. Amen.»

Bodskapen 1.12.2013:

«Ja, seier Herren, du skal vite, at eg elskar deg med ein evig kjærleik. Men sjå, du har vore borte, du har gått dine eigne vegar. Men i kveld så kallar eg deg igjen, for at du skal komme inn på den vegen som eg vil leie deg. Og det er velsigninga sin veg, seier Herren. Og den veg du no går på, den fører ikkje fram til det himmelske, som eg har gjort ferdig for dei som elskar meg. Derfor vil eg at du skal snu og du skal komme til meg igjen, seier Herren, og eg skal lækje ditt fråfall og eg skal lækje dine sår, seier Herren. Eg veit at du har vorte skuffa på menneske, men sjå, seier Herren, eg er den som trøystar deg, eg er den som gjenopprettar deg. Derfor kom til meg, seier Herren.

Eg stod fram på den siste store dag i høgtida og eg ropte ut:” Om nokon tyrstar, han komme til meg og drikke. Om nokon har tunge byrder å bere, han komme til meg og eg skal gi deg kvile”. Sjå, eg er i går og i dag den same og eg vert det til evig tid, seier Herren. Derfor skal du ikkje bere dei byrdene som du sliter med. Men du skal legge det over på meg, seier Herren. Eg har no sagt i mitt ord, kast all dykkar sorg på meg, for eg har omsorg for dykk, seier Herren. Eg har byrja verket i deg og eg skal fullføra det, seier Herren. Derfor stol på meg og ha tru til meg og du skal få oppleve, at eg er ein rettferdig og eg er sannferdig Gud. Amen.

Ja, eg vil prise og opphøye deg, min frelsar. Eg vil takke deg for kva du har gjort for meg, eg takkar deg for den fred og den glede som du har gjeve i mitt hjerte. Derfor vil eg prise deg og love deg midt i kyrkjelyden. Eg takkar deg fordi eg kan få lov til å gå med deg kvar einaste dag og eg kan få rekne med deg i alle ting. Derfor priser eg deg og lovsyng ditt namn og eg takkar deg Herre, for at du har lova å vere med meg alle dagar inntil verda sin ende. Eg fryktar ikkje for det som skal komme over jorderiket, men eg løfter mitt åsyn, for eg veit at du kjem snart, ja, kom snart, Herre Jesus. Amen.»

Bodskapen 8.12.2013:

«Ja, seier Herren, du skal vite at eg er i går og i dag den same og vert det til evig tid. Liksom eg var på denne enka si tid, då eg velsigna henne med olje, sjå, den same er eg i dag, seier Herren. Dersom du set fram det du har og let meg få ta hand om det, let meg få lov å velsigne det, så skal du få sjå at det vert til mange. For sjå, ingen ting er umogleg for meg, skulle nokon ting vere for vanskeleg for meg? Nei, seier Herren, det var eg som skapte himmel og jord. Det var eg som talte og det skjedde, eg baud og det stod det. Sjå, alt vert helde oppe med mitt krafts Ord, seier Herren. Derfor skal du sette di lit til meg og stole på meg gjennom alle ting, seier Herre. For sjå, eg har omsorg for deg.

Eg skal igjen ryste denne by, seier Herren, med mi kraft, de skal verte forundra, seier Herren, når eg openberrar mi kraft midt i mellom dykk. For sjå, mi kraft, den er til stades og derfor så vil eg at du mitt barn, du skal søke meg og du skal gå inn i mitt rustningskammer. Og eg, Herren, skal ruste deg ut med den kraft du treng. Og sjå, folk skal verte forundra når du taler mitt ord og bringer ei helsing ifrå meg, så skal folk oppleve å verte frelst. Ja, dei skal endåtil komme i syndenød og dei skal rope til meg om frelse, seier Herren. For sjå, det er ikkje du som skal overbevise menneska om synd og dom og om rettferd, det skal eg gjere ved min Heilage Ande, seier Herren. Den har eg sendt, for at den skal overbevise om synd og om dom og om rettferd og når den Heilage Ande får råde mellom dykk og når den får fylle deg og den får fylle lokalet, seier Herren, så skal eg seie at syndarane kjem til å falle på kne og dei kjem til å rope på meg om frelse. Amen. Halleluja.»

Bodskapen 1.3.2015:

«Ja, seier Herre, sjå, eg er i går og i dag den same og forblir det til evig tid. Eg som gjekk omkring her nede og gjorde vel, og eg lækte alle som var overvelda av Djevelen. Det var eg som døypte i den Heilage Ande og eld. Det var eg som gav mine disiplar kraft til å nå ut og forkynne mitt evangelium. Og sjå, eg var med dei og eg stadfesta Ordet med dei medfølgjande teikn. Det er dette kva eg vil gjere i denne siste tid. Eg vil ta meg ut tenarar, sanne vitner som går – står på muren og forkynner mitt Ord, reint og klart. Som ikkje legg noko til eller trekk noko ifrå. Men dei forkynner heile mitt råd til frelse. Og dei står for det som eg har uttalt i mitt Ord. Då skal dei få oppleve at eg skal gå med dei og eg skal stadfeste Ordet, med dei medfølgjande teikn og folk skal få sjå, at eg lever, den gamle av dagar.  At eg er den same som eg var i fordoms tid. Eg har ikkje forandra meg, seier Herren.

Motstand vil reise seg imot dei som forkynner heile mitt råd til frelse. Men frykt ikkje, mitt barn, vit at eg har sagt i mitt Ord, sjå, eg er med dykk alle dagar, inntil verda sin ende. Sjå, eg har no sagt i mitt Ord at de skal trå på slangar og skorpionar og over alt fiendens velde og ingen ting skal skade dykk. Men, sjå, seier Herren, eg har lova å vere med, eg skal bevare deg, eg skal gi deg kraft, seier Herren, og du skal vere eit vitne for meg. Amen. Amen. Halleluja.»

Gud skaper kvart menneske som er frelst av berre nåde, så hentar han dei til sin kjære heim.

Bodskapen 17.2.2019. (Eg flytte heim att til Sunnmøre i 2017, så eg var ikkje på dette møtet):

”Ja, eg er Herren din Gud, eg er Herren din Gud, eg er den eg er og eg er den som forløyser. Eg er den som har skapt himmel og jord. Eg er den som er tre i ein, eg er Faderen, eg er Sonen og eg er den Heilage Ande. Eg er den som har skapt alt og det er eg som former og utviklar kvart menneske som er frelst av berre nåde, for at eg skal verte æra, eg skal verte æra for alt det eg har gjort. Og eg har gjort alt, frå start til slutt,  (slutt – det?) er ikkje over for alle, men det kjem til å gå over, fordi  når det er over på denne jord, så skal eg hente deg og då skal du få sjå min herlegdom og den kjære heim som du har fått erfare i – på denne her jorda.

Eg skapte Adam og Eva, eg skapte Isak, eg skapte Abraham, eg skapte Paulus, eg skapte Peter, eg skapte alle dei menneska som står i mitt Ord. Eg har gjort alt dette og har brukt dei menneska, slik at du skal få sjå kven eg er og kva eg har gjort med dei menneska, eg har også gjort opplevingar, eg har forløyst, eg har gjort alle ting. Og la min Ande flyte over deg, så skal du få kjenne og erfare det som eg har gjort og det eg framleis vil gjere. Eg er ikkje ferdig med ditt, eg vil bruke deg og når eg bruker deg, så er det for velsigning for andre menneske. Eg har også gitt deg nådegåver, det er i deg, det er i hjertet. Du må berre tru det og du må berre seie, seie til meg at du vil ha det, fordi eg, eg er den som vil gi den Heilage Ande, eg er den som døyper i Anden, eg er den som døyper i vatn. Eg er den eg er, eg er alfa og omega, byrjinga og enden. For eg, eg er Herren din Gud, som har skapt deg og eg vil forme og utvikle deg, slik som eg vil. Berre søk meg, søk mitt Ord, så vil eg openberre mitt Ord for deg, slik som eg vil at du skal få det. Og eg, eg har alle løyndomane. Det er løyndomar i mitt Ord og det vil eg at du skal få tak i, fordi eg er Sanninga og det er eg som openberrar Ordet. Og det er eg, eg er den einaste som kan gjere, for eg er alle stadar nærverande. For du skal ikkje frykte, du skal ikkje bekymre deg for nokon ting. Men du skal berre stole på at det eg har gitt til deg, det er ifrå meg.”

Vere krossfesta og gravlagd med Kristus.

Jesus frelser og frigjer oss frå dåringa og forføringa ved syndefallet.

Kristus openberra seg frå himmelen for Paulus og spurde han kvifor han forfølgde han. Det vart eit tankekors for han at han som ein ivrig fariear hadde forfølgt Kritus og dei som tilhøyrde han. Han forklarde det med at synda i kjøtet brukte lova til å dåre han og drepe han med den. Og at han var seld som træl, utan at han var klar over det. Jesus valde han som apostel i staden for Judas, dermed valde han ein som var seld som træl utan å vere klar over det, i staden for ein som selde og var fullt klar over kva han gjorde. Gud openberra si frelse for Paulus, ved sitt ord og sin Ande, det var både frigjering frå trældomen under synda og avgudane og fridom frå trældomen under lova, det verka som om dåringa ved synda i kjøtet og trældomen under lova sin bokstav var to sider av same sak. Men evangeliet frigjer oss frå begge deler. Jesus sone vår synd og betalte vår skuld med sin død på korset, så vi ikkje skal vere trælar under synd og skuld, han betalte prisen for oss, for å kjøpe oss tilbake til den sanne og levande Gud, så vi skal tilhøyre han. I staden for tærlekår, får vi barnekår hos Gud, slik er det frigjerande.

 Paulus lærer oss at ved trua på Kristus er vi krossfesta med han og i dåpen er vi gravlagde med han. Dette høyrest livsfiendtleg ut, men dersom vi trur på han med hjertet, så veit vi og forstår vi betre. Når nokon stig ned i dåpens grav og så stig opp att, så ser dei sameleis ut, same kroppen som steig ned, steig også opp att.

Gud gjer sitt verk, det er fullkome og usynleg for det kjøtlege auget, men det står til evig tid, menneske kan ikkje legge til noko eller ta noko ifrå. Ordet om korset lærer oss at vi skal ikkje prøve på det heller, å vere krossfesta med Kristus betyr at vi skal ikkje prøve å legge til noko eller ta noko ifrå, vi skal ikkje prøve å gjere oss lik med Gud, prøve å gjere hans verk, men overlate det til han å gjere sitt verk med oss.

Mange moralfilosofar krev nettopp det, at menneska skal prøve å gjere Guds verk, til tross for at dei ikkje kan det, slik gjerd ei menneska til trælar. Då blir det dess klarare for oss at evangeliet er ein frigjerande bodskap, du treng ikkje prøve på det og skal heller ikkje gjere det. Det er mange som forventar at vi skal gjere noko og som krev det, slik moral er det mykje av i samfunnet, men den gjerninga Gud vil vi skal gjere, er at vi skal tru på han som Gud sende.

I dåpen er vi gravlagde med Kristus, der er vi også oppreiste med han. Då skal vi vende hugen og blikket opp til han og ta imot den Anden og det livet han gir oss frå himmelen. Han døyper oss med den Heilage Ande, slik gjennomfører han det som dåpen symboliserer i våre liv. Anden herleggjer og openberrar han for oss som vår frelsar og Herre, slik må vi sjå på han og sjå at han er med oss alle dagar. Han er Sanninga som set oss fri, han er livet og det er han for oss, han gir liv i vårt indre menneske, han er vegen til Faderen, det er den vegen vi har å gå. Slik kjem vi til Faderhuset, så vi får oppleve at han elskar oss og har omsorg for oss som sine born.

Når små born byrjar på skulen, vert det forventa og kravt at dei skal prestere noko og slik er fortsettinga, på skulen, i idrett og sidan i arbeidslivet. Slik er det med religiøse og politiske interesser også og kva med demokratiet, med det skulle vi vel kunne sikre oss at vi fekk noko igjen sjølve også?! Og kristendomen er ikkje ein religion som vert lessa på folket som tunge byrder, men ein frigjerande bodskap som frir oss frå trældomen og dei tunge byrdene (Matt.11,28-31).

Har Gud verkeleg sagt ….?

For nokre år sidan (2012-2015) budde eg på Mortensrud, Oslo sør-aust, der fekk eg vevnelg beøsk av eit eldre ektepar frå Jehovas vitne. Eg baud dei inn på kaffi og kake og eg vart litt overraka over at dei sa seg samde i så mykje av det eg sa. Motstnaden mellom dei og «vanlege kristne» er nok at dei reknar seg for spesielt utvalde etter Joh.Op.14,1.. og har ein annan Bibel-oversetting, så derfor skaffa eg meg ein messiansk Bibel. Han var kritisk til pinserørsla og den karismatiske vekkinga, utifrå Jesu ord i Matt.7.21-23 om at ikkje alle dei som seier til han Herre, Herre, skal komme inn i himmelriket, men dei som gjer det Faderen i himmelen vil. Ved syndefallet sa Ormen sa til kvinna at dei skulle ikkje døy. Han meinte visst der var dei som forkynnte evangeliet slik. «Vanlege kristne» legg mest vekt på at ormen sa: «Har Gud verkeleg sagt …..». Han stilte spørsmål ved Guds Ord altså. Nokre går litt vidre og er meir nøyaktige ved å gjer merksam på at det var ei forvrengning av Guds Ord han stilte spørsmål ved. Kvinna gjennomskua det og svarde rett. Men så sa ormen til henne at dei skulle ikkje døy om dei åt av frukta på kunnskapstreet, men dei skulle verte liksom Gud og kjenne godt og vondt. Då var det ho let seg freiste til å ta av frukta og ete av den. Ho gav mannen sin med seg og han åt. Då vart augo deira opna, dei såg at dei var nakne og så gøymde seg seg for Gud med dårleg samvit. Derfor vart dei utestengde frå hagen, mannen vart dømd til døden. Formuleringa er annanleis for kvinna og så er det mange som meiner at det ikkje gjalt henne, men det minnser mest om det som armen sa til henne om at dei ikkje skulle døy, prøver han ho å seie til henne at ho skal ikkje døy og dersom ho får med seg mannen sin ogås, så skal ikkje han heller døy. Det er nok hans forhandlingsposisjon, ja. Men eg forstår det slik at det som gjeldt mannen, gjaldt henne også. Synda si løn er døden og det gjeld for alle menneske. Derfor døde også Jesus for oss alle.

Den tradisjonelt lærde overklassa har nok likt å føre klagemål mot den ulærde underklassa, om at dei er dumme og vonde og derfor må den lærde overklassa råde over dei. Men no kom Paulus med slik klagemål mot seg sjølv, som representant for den lærde overklassa, endåtil den jødiske, som skulle ha den rette læra. For trældomen under synda i kjøtet og under lovens bokstav er to sider av same sak, men evangeliet set oss fri frå begge deler.

No kan der vel vere ei ny «lærd» overklasse som talar om synda i kjøtet som eit problem, som evangeliet gir løysing på, men så talar dei framleis om lov og moral som dei miner vi skal rette oss etter, om ikkje det akkurat er lovens bokstav, så kan det vere ei psykologisk framstilling om kva dei meier er god moral. Men då befinn dei seg fort på sida av det som er det sentrale poenget i Kristendomen, det er nemmeleg Kristus sjølv.

Kristus er Guds Ord og vi er heilt avhengige av å løfte blikket og hugen opp til han og ta imot den anden og det livet han gir oss frå himmelen. Så vi får oppleve at Anden openberrar Guds Ord for oss, openberre Kristus for oss, så vi innser at han er Sanninga i Bibelen, han er Sanninga som set oss fri.

Gud var ånd, mennesket var mold, det var ikkje slik som Gud og kunne ikkje gjere som han likevel. Til molda skulle det attende, det skulle døy. Med moralfilosofien vert det kravt at menneske skal prøve å gjere som Gud likevel, sjølv om dei ikkje kan det og slik vert dei gjort til trælar. Men ved trua på Kristus er vi krossfesta med han, vi døyr med han, då er det ingen som kan krevje det av oss meir, slik er det ein frigjerande bodskap. Vi verte frigjorde så vi slepp å prøve på det noko meir, vi vert frelste slik at vi skal tilhøyre den sanne og levande Gud. Så vi får oppelve at han gjer sitt verk med oss, ved sitt Ord og sin Ande. Det vi skal og kan gjere, er å tru på det og erkjenne det for Gud og menneske, han har openberra si frelse for oss i Kristus, vi skal vende oss til han og tru på han og kjenneast ved han for Gud og menneske.

1.Pet.3,18 For Kristus sjølv leid for synder,
          éin gong for alle,
          den rettferdige for urettferdige,
          for å føra dykk fram til Gud.
          Med kroppen døydde han,
          men ved Anden vart han gjord levande,
          
    19 og slik gjekk han bort og forkynte
          for åndene som var i fangenskap.
20 Dei hadde vore ulydige i Noahs dagar, den gongen Gud venta tolmodig medan arka vart bygd. I henne vart nokre få menneske, åtte i talet, frelste gjennom vatn. 21 Dette er eit bilete på dåpen, som no frelser dykk òg. Dåpen er ikkje å vaska kroppen rein for skit, men ei bøn til Gud om eit godt samvit, i kraft av Jesu Kristi oppstode – 22 han som fór opp til himmelen og no sit ved Guds høgre hand, og englar og makter og krefter er lagde under han.

Luk.9,23 Så sa han til dei alle: «Vil nokon vera i lag med meg, lyt han seia nei til seg sjølv og dag for dag ta krossen sin opp og fylgja meg. 24 For den som vil berga livet sitt, skal missa det. Men den som misser livet sitt for mi skuld, han skal berga det. 25 Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men misser seg sjølv og går til grunne? 26 For den som skjemmest ved meg og orda mine, han skal Menneskesonen skjemmast ved når han kjem i herlegdomen åt Far sin og dei heilage englane. 27 Sanneleg, det seier eg dykk: Somme av dei som står her, skal ikkje smaka døden før dei får sjå Guds rike.»

Matt.10,16 Sjå, eg sender dykk ut som sauer mellom ulvar. Ver kloke som ormar og godtrune som duer! 17 Ta dykk i vare for folk! For dei skal gje dykk over til domstolane og piska dykk i synagogene. 18 Og de skal førast fram for landshovdingar og kongar for mi skuld og vitna for dei og for folkeslaga. 19 Men når dei dreg dykk for retten, så syt ikkje for korleis de skal tala eller kva de skal seia. Det de skal seia, skal de få i same stunda. 20 For det er ikkje de som talar; det er Anden åt Far dykkar som talar gjennom dykk. 21 Bror skal senda bror i døden, og ein far barnet sitt, og born skal reisa seg mot foreldra sine og valda at dei døyr. 22 Og alle skal hata dykk for mitt namn skuld. Men den som held ut til enden, han skal verta frelst.
    23 Men når dei forfylgjer dykk i ein by, så røm til ein annan! Sanneleg, det seier eg dykk: De vert ikkje ferdige med byane i Israel før Menneskesonen kjem. 24 Ein læresvein står ikkje over meisteren sin, og ein tenar står ikkje over husbonden sin. 25 Det er nok for ein læresvein at han får det som meisteren, og for ein tenar at han får det som husbonden. Har dei kalla husbonden Beelsebul, kan då husfolket hans venta noko betre?
    26 Ver ikkje redde dei! For ingenting er gøymt utan at det skal fram, og ingenting er løynt utan at det skal verta kjent. 27 Det eg seier dykk i mørkret, skal de tala i ljoset; det som vert kviskra dykk i øyra, skal de ropa ut frå hustaka.
    28 Ver ikkje redde dei som drep lekamen, men ikkje kan drepa sjela. Ottast heller han som kan tyna både sjel og lekam i helvete. 29 Sel dei ikkje to sporvar for eit par øre? Men utan han som er Far dykkar, fell ikkje éin av dei til jorda. 30 Ja, kvart håret på hovudet dykkar er talt. 31 Så ver ikkje redde! De er meir enn mange sporvar.
   

32 Den som kjennest ved meg for menneska, han skal eg òg kjennast ved for Far min i himmelen. 33 Men den som fornektar meg for menneska, han skal eg òg fornekta for Far min i himmelen. 34 Tru ikkje at eg er komen for å skapa fred på jorda. Eg er ikkje komen med fred, men med sverd.
    35 Eg er komen for å setja skilje:
        Son står mot far,
        dotter mot mor,
        sonekone mot vermor,
    36 og ein manns husfolk er hans fiendar.
    37 Den som har far eller mor kjærare enn meg, er ikkje verd meg. Den som har son eller dotter kjærare enn meg, er ikkje verd meg. 38 Og den som ikkje tek krossen sin og fylgjer etter meg, er ikkje verd meg. 39 Den som vinn livet sitt, skal missa det. Men den som misser livet sitt for mi skuld, skal vinna det!

Gud har omsorg for sine born og sine henders verk.

Bodskapen 8.12.1999:

«Eg har talt til deg, sier Herren, fordi eg er glad i deg. For du er dyrebar i mine øyne. Fordi du er akta høyt og eg elsker deg. Derfor har eg gitt mitt ord, for eg ønsker at du skal leva nær meg. Eg ønsker ikkje ein gang at den nest beste planen skal bli nådd med livet ditt. Men eg har en fullkommen hensikt og eg har ein fullkommen plan. Og eg ønsker at nettopp du skal få lov til å vandra i den planen. Få oppleve at eg leder deg, eg tar hånd om deg. Og husk på, mitt elskede barn, når du følger meg, så går eg foran deg. Eg bruker ikkje slepp-kjeppen for å piska deg framover, slik at du skal tene meg i angst og i beven. Men eg ønsker også at du skal få lov til å oppleva at eg møter deg slik at du kan ha ærefrykt for meg. Og slik at du kan bøya ditt ord- eller din- ditt liv under mitt eget ord. Så fordi du vet at det er gitt deg fordi eg har ein plan, eg har ein lengsel, eg har ein hensikt og eit formål, og det er barnets sanne vel, aleina. Gi akt på mitt ord, la det få vera rettesnor for livet ditt. Og det er veien til velsignelse, det er veien til frigjørelse. Det er veien for eit liv i trivsel og eit liv i etterfølgelse og tjeneste. Og eg ønsker ikkje at fiendens planer skal bli nådd i livet ditt. Eg ønsker å velsigna deg for at du skal vera til velsignelse.

Derfor skal du heller ikkje trekka deg undan formaningane i mitt ord. Du skal få lov til å gi akt på de, for de er gitt for å hjelpa deg, de er gitt for å løfta deg. Og flytt ikkje heller mitt Ords grense-skille. Eg har satt de der for at eg ønsker de skal stå der. Og når du respekterer mitt ord, bøyer deg i ydmykhet under mitt eget ord, i staden for å begynna å diskutera det og bøya det og lena deg imot det, for å få skyva det ut, så la grense-skillene stå der eg har satt de. Så skal du få oppleva at -, at du ikkje taper på det, men du vinner på det. Søk først mitt rike og min rettferdighet, så skal du få oppleve at om du kan synest du taper på det, så skal du alikevel oppleva at e -, eg vil gi deg alt det du trenger til. Eg har omsorg for deg. Når enn du følger meg, på mitt Ords vei, så er det eg som den gode hyrde som tar ansvar for deg. Når du går dine egne veier, så må du ofta ta ansvar for dine egne valg. Men når du lar meg få leda deg, så skal du vite at eg har full oversikt. Eg er der, eg tar ansvar for deg, eg hjelper deg. Eg gir deg kraft til å stå. Og eg har også seierskraft for deg, mitt elskede barn. Og du skal også sleppa å -, å sjå tilbake på e-, episoder og ting som har skjedd i ditt liv, der du kom utav sporet og utav veien. Eg vil igjen ta meg av deg. Min hånd, den er rakt ut. Eg har løfta deg inn igjen. No skal du få glemma det som er bak, så skal du få tøya deg ut etter det som er fram-forbi, og så skal eg gi deg ein lengsel etter å fylla deg med mitt ord. Og ikkje berre lesa det og fylla deg med det, men også la det få bli fyrlyset på veien din. La det få lysa deg framover, la det få væra det som avgjør dine valg, når du står ved eit veiskille. Kva seie Herrens ord. Og eg vil gi deg råd ved mitt øye. Og eg vil leda deg framover. Og eg har underfulle planar med deg. Eg vil ha deg i den beste planen for livet ditt. Eg hadde også ein plan med mitt folk Israel fordum, at de skulle få dra inn i landet, men de valgte en annen vei. Eg tok meg også hånd om de gjennom ørkenen, de manglet intet, deres klær ble ikke utslitt, deres føtter ble ikke hovne. Men allikavel, så var det ikkje min fullkomne plan. Og alt dette er skrevet dere til lærdom, for at eg ønsker at dere skal få følga og koma i den beste planen, med min fullkomne plan i min fullkomne vilje. For det er der du trivest, det er der du får lov til å bruka den utrustning eg har gitt deg. Og det er der du skal også oppleva å blomstra, ikkje berre blomstra, men bæra moden åndens frukt, sier Herren. Eg har gitt ditt ord (meininga må sikkert vere “mitt ord”), fordi eg er glad i deg. For eg vil fylla deg og møta deg og velsigna deg og bruka deg. Amen. Amen i Jesu navn.»

Bodskapen 12.12.1999:

«Eg er her, sier Herren, eg er her. Og eg vil visa deg at dørane ikkje er stengt, at ikkje det er blokkert framforbi deg. Eg kom fordum og så sa eg: “Du høye fjell som reiser deg foran Serubabel, bli til en slette.” Og slik er eg også den som fremdeles kan jevna bakkane, eg kan sprenga dører av kobber og bommar av jern. Du skal få oppleve at eg baner veg for deg, og når eg lukker opp, så er det ingen som kan lukka til. Gå inn gjennom de opningar og de dører eg har satt foran deg. Og så skal du få oppleva at det er sannt, det er sannt, eg våker over mitt ord for å fullbyrda det. Og eg har gitt mine løfter for at du skal få oppleve, at eg er ein sanndru Gud som -, som står bak det eg har sagt, sier Herren.

Og det er dette glade budskap du mitt barn også skal få bringa vidare, at frelsens dør fremdeles er open. Endå drøyer eg, endå kallar eg, endå er det nåde å få. Endå vil eg løfta syndens byrder av og løsa lenker og bånd. Og her gjelder det at alle mennesker, alle slags mennesker, dører er open. Og den er stor nok til at du skal få komma med dine problem og dine vanskeligheter, sier Herre. Tred fram, utifra mørke, utifra kulden, kom inn i min nærhet, inn i mitt lys, inn i min varme. Så skal eg også setta ditt hjerte i brann, slik at du kan også vera et fyrlys for meg, som lyser menneskene imot de dører eg har opna opp, frelsens dør, fornyelsens dør. Og over det heile så kommer det en dag, når du skal få løfta blikket ditt og sjå at det eg gjorde på korset, det har også opna himmeldøren og du skal få være blant den skaren som skal få tåga hjem og inn, i triumf, i de evige boliger og de lyse himmelsaler, sier Herren. Amen. Amen.»

Bodskapen 15.12.1999.

«Ja, veien kjenner jeg, sier Herren, derfor skal du være frimodig og trygg og ikke engste deg for om den blir kronglete eller bratt. Om du ikke ser hvor veien går rundt neste sving, jeg har vandret der foran og jeg slutter ditt tog og du skal være trygg i min nærhet, sier Herren.

Ja, du opplever denne verdens tåredal som det den i sannhet er og du kjenner det trykker fra mange kanter, men opp til meg, skal du vite, sier Herren, at det er fri adgang. Det er slik at jeg er sammen med deg gjennom alle dine trengsler. Jeg vil værne om ditt liv og styrke deg på veien og du skal kjenne at min omsorg for deg, den støtter deg og gir deg den hjelpen du trenger, sier Herren din Gud.

Ja, jeg er den gode hyrde, sier Herren. Ja, jeg vokter mine og jeg kjenner mine og jeg kjennes av mine, sier Herren. Derfor lytt etter min røst, sier Herren, la deg oppmuntre av min hyrderøst og vit at jeg vil ta hånd om ditt liv og verne om deg i dager som kommer, sier Herren.»

Bodskapane 12.11.2006.

Fyrste bodskapen:

«Eg vet akkurat (korleis du har det) ……, so ønskar eg fyrst og fremst å løfta deg opp på fanget mitt. Eg spør ikkje fyrst og fremst etter kva du kan gjera for meg, eg krev ikkje at du skal tjena meg, eg ønskar berre og lengtar etter at du skal få lena hodet ditt inntil mitt hjerte, og vera der på mitt fang, vera der i min nærhet, det er dette som er den hvileplass som er utgangspunktet for all tjeneste, det er dette som er den hvileplass der du kan få henta ny styrke, her finst det legedom for din sårede sjel, her kan du få kjenna det løftet som eg vil gi deg ved min hånd, eg løfta deg – løfta deg i ditt indre og eg løfta deg opp tilbake til et liv av verdighet, for du er dyrebar i mine øyne. Eg tok deg ikkje på avbetaling, eg betalte heile prisen og det kosta mitt eget blod, derfor skal du også få kjenne at du skal få senka dine skuldre, du kan få slappe av, vera mitt barn, eg som har sagt gjennom mitt ord, se hvor stor kjærlighet Faderen har vist oss, at vi skal kalles Guds barn, og det er vi. Du er barnet mitt, og som barnet mitt vil eg dra omsorg for deg. La meg dra omsorg for mine barn og mine henders verk, sier Herren.

Og fordi du er barn, så har du også del i arverett, ikkje berre har eg gitt deg barnerett, men eg har også gitt deg arverett. Du er arving til mine løfter, du er arving til det himmelske hjem. Men du skal vite at også de herlige løftene som gjelder det – den herlighet som ligger fram forbi, når du en gang skal få se meg som eg er og bli meg lik, de løftene skal nøye bli oppfylt. Men eg har ikkje berre gitt deg løfter for det som kommer, eg har også gitt deg løfter for din vandring imot dette herlige hjem. Og eg har gitt deg løfter som du også er arving til, løfter som gjelder, midt inni den situasjon som kan møta deg i hverdagen. Når du kjenner trykket, når du kjenner at motløsheten og bekymringen vil overvelda deg, då ønsker eg, sier Herren, at du skal opna testamentet ditt, og så skal du få lesa, både det gamle og det nye, det skal du få lesa det som arving. Det skal du få lesa det og ta det til deg, det er gyldig, sier Herren, for eg som er testamentator, eg gikk i døden, testamentet er gyldig, les det som arvingen og la det få løfta deg, og la det du leser få vera min sterke hånd som løfter deg opp og gir deg nytt mot. Eg som har gitt løftene som ligg fram forbi, eg har også gitt løftene som gjeld i dag. Og du skal få merka at slik skal du bli boren, slik skal du bli løfta fram. Og du skal få kasta på meg det som tynger deg. Eg vil ingenlunde sleppa deg, eg vil ingenlunde forlata deg. Eg er trofast heile vegen, heile dagen, og alle dagar, bli i min nærhet. Halleluja.»

Andre bodskapen.

«….eg som sitter på tronen, sier Herren, eg har oversikten, når du er midt inni prøvelsen, så ser du berre det som vil stenga veien, og du synest veien er ufarbar, den er uframkommelig. Men du skal vite at eg som siter på tronen, eg har den fulle oversikten. Og derfor skal du få vera trygg, du skal få overlata saken din i mine hender. Og du skal få oppleva underveis, akkurat når du trenger det og på den måten du behøver det og har behov for det, så skal du få kjenna igjen og igjen at en hånd er nettopp utrakt ifrå denne trone.

            Dette er ikkje fordømmelsens trone, det er ikkje den store hvite dommens trone, men eg site på nådens trone, sier Herren, og eg har opna adgangen inn til denne tronen ved mitt eget blod, så du skal få tre fram med frimodighet, og du skal få oppleva at når du trer inn så kommer eg deg i møte med miskunn og nåde i hjelp i rette tid. Eg kan komma på min egen måte, ved at min hånd openbares, men som oftest kommer eg i samarbeid med nokon av mine, som har tatt sin tilflukt til meg, eg minna de om forbønn, eg minna de om et besøk, eg minna de om et oppmuntrande ord, eg minna de å komma også deg i møte på den måten at du får oppleva håndspåleggelse, du får oppleva varme og du får oppleva forståelse og imøtekommenhet. Det er eg som kommer deg i møte også på den måten, gjennom mine. Og du skal også få vera eit redskap for meg, som eg vil virka gjennom, slik at også gjennom dine svake hender flyter min kraft, til hjelp og utfrielse. Ikkje lat dine hender synka ned i motløshet og oppgitthet. Du er lem på mitt legeme, og eg vil bruka deg, eg vil bruka deg som kanal for mi velsignelse og du skal få vera berar av min herlighet. Og så skal du få oppleva at eg som er på tronen, eg har det fulle overblikk, og du skal få vere trygg, trygg i mine allmakts hender. Ver derfor frimodig. Amen. Amen. I Jesu namn.»

Sjå til at ….

Gud gir våre hjerte opplaten auge og då er det noko han vil vi skal sjå.

Ef.1,7 Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må la dykk få den Ande som gjev visdom og openberring, så de lærer Gud å kjenna. 18 Han gjeve dykkar hjarta opplyste augo, så de kan skjøna kva det er for ei von han har kalla dykk til, kor rik og herleg arven er for dei heilage, 19 og kor veldig hans kraft er mellom oss som trur. Med denne veldige makt og styrke 20 reiste han Kristus opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, 21 over alle makter og herredøme, over alt velde og alle hovdingar og over kvart namn som nemnast kan, ikkje berre i denne verda, men òg i den komande. 22 Alt la han under hans føter, og han, hovudet over alle ting, har han gjeve til kyrkja, 23 som er Kristi lekam, fylt av han som fyller alt i alle.

Sjå til at ikkje nokon får føre dykk vill.

Bodskapen 25.10.2015:

«Eg har sagt i mitt ord, sjå til at ikkje nokon fører dykk vill. De skal vite, mine barn, at det er mange forførarar som har gått ut i denne tida. Og dei prøvar å lokke mine born til seg. Dei samlar til seg sjølv, men sjå, no skal du vokne opp, seier Herren og du skal vere lydhøyr og høyre kva Anden seier til deg. La deg ikkje blende av dei som synest å ha framgang og dei synest å ha framgang på alle sine vegar. Du skal vere våken, seier Herren og du skal kunne kjenne og dersom du kjenner at der er noko som ikkje stemmer, så skal du søke inn til meg og eg skal openberre det for deg, kva det er for noko, seier Herren. For sjå, eg vil leie deg framover på vegen. Eg vil leie deg på den rette veg, seier Herren. Amen.

Ja, når de høyrer basunen lyder, der skal de samle dykk, seier Herren. Ja, eg skal reise opp vitne i denne tida, som skal blåse i ein basun og den basunen, den skal vere klar, den skal vere tydeleg. Og alle mine born, som er født av meg, dei skal samle seg om dei som har den rette lyden, seier Herren. For sjå, seier Herren, då folket samla seg på pinsefestens dag, så høyrde dei lyden. Og det er det som skal høyrast i denne tida, det er lyden frå himmelen. For sjå, når eg kom med pinse, sjå, då kom der eit framfarande veldig ver og folk, dei høyrde lyden, seier Herren, og dei strøymde saman. Og eg brukte mine tenarar. Eg salva dei med den Heilage Ande og kraft. Dei tala drivne av den Heilage Ande og eg virka med og stadfesta ordet med dei medfølgjande teikn. Det same vil eg gjere i denne endens tid, seier Herren. I denne forvirringens tid, så skal eg ta meg ut (disippel?)vitne som tenar meg med eit udelt hjerte og som ynskjer å opphøye mitt namn, seier Herren. Amen.»

Sjå til at nådegåvene ikkje døyr ut og at dei åndelege tenestene ikkje forsvinn. Det som Gud har lova, skal fungere, at den som ber, han får.

Bodskapen 17.6.2012:

«Sjå til at nådegåvene ikkje døyr ut. Sjå til at ikkje embeta forsvinn. Men ver med å be om at Andens frukter, Andens nådegåver og dei åndelege embet og tenester, at dei må komme fram igjen, i ei kvar forsamling. For utan mine frukter, utan den Heilage Ande sine gåver, utan den Heilage Ande sine embet, så vil menigheter stoppe opp, stagnere og forsvinne. Det er ikkje ved menneskeleg styrke mi menighet skal gå fram, men det er ved den Heilage Ande si kraft, det er ved mitt ord, seier Herren. Menneskelege anstrengelsar kan ikkje utrette kva min Ande kan gjere. Derfor legg dei menneskelege anstrengelsane til side og vert fylt av min Heilage Ande. Og du skal vere med og du skal kunne be og du skal få kjenne at det byrjar å skje noko i den åndelege verda.

La ikkje trua verte broten ned av alt det du ser, av alt det du leser. Så bevar ditt hjerte framfor alt det som bevarast kan. La trua sin løyndom vere til stades i eit reint samvit og du skal få kjenne du skal leve under inspirasjon og salving. La trua sin løyndom i eit reint samvit, som er reinsa i blodet og som vandrar i lyset. Då skal du få oppleve at det skal fungere, det som eg har lova. Nemleg at den som ber, han skal få, den som leitar, han skal finne. Ver derfor meg undergjeven i alle delar og la ikkje den vonde overrumple deg med sine kunstgrep, men vert fylt av min Ande og eg skal vise deg den beste vegen du skal gå. Halleluja.»

Bodskap 1, 7.6.2015:

«Ja, eg vil at du skal vite, mitt barn, at du tilhøyrer meg. At eg har kjøpt deg fri med mitt blod, at du er dyrt kjøpt, du er betalt. Fordi eg elskar deg, fordi eg har utvalt deg før verda sin grunnvoll vart lagt, til å vere mitt barn, min son og mi datter. Og eg vil at du skal vere trygg, og eg vil at du skal ha denne vissa og denne gleda i ditt hjerte, om at du tilhøyrer meg, og at du er på veg til himmelen og til eit evig liv saman med meg, seier Herren. Så at du kan løfte opp hovudet ditt, at du kan sjå opp til meg. For frå meg kjem di forløysing, frå meg kjem di frelse og di hjelp, seier Herren. Så frykt ikkje, men set di lit til meg, eg som er din gjenløysar.

Ja, eg lova då eg drog herifrå at eg ville komme og vere nær hos deg ved min Heilage Ande. Og eg bor i ditt hjerte, ved min Ande, seier Herren. Eg er nær hos deg kvar dag, du behøver berre rope på meg, så er eg der og eg vil svare deg og eg vil hjelpe deg, fordi du er mitt barn og eg er din far, seier Herren. Og eg ynskjer at du skal oppleve mi hjelp, eg ynskjer at du skal oppleve min nærleik. Så ver frimodig og strekk deg ut og ta imot av det som eg har gitt deg. For eg er nær hos deg og eg vil gi deg av mi kraft. Eg vil fylle deg med min nærleik, med mi velsigning, sånn at du ikkje skal vere i tvil, men vite det at eg er nær hos deg og eg hjelper deg og eg held deg oppe med mi rettferds høgre hand, seier Herren. Amen.»

Bodskap 2, 7.6.2015:

«Ja, min Ande (er utgytt over) alle menneske…. Min Ande skal fungere i hjertet ditt, dersom du held deg tett til meg, heile tida. Ha din relasjon til meg, ……. Ikkje la noko menneske forstyrre dine tankar, ditt sinn. Og ikkje la andre menneske påføre deg tankar som ikkje er frå meg. (Men at eg døde for deg på)? Golgata kors. Så la min Ande virke 100 % i deg. For min Ande vert sorgfull og skuffa når ilden i ditt hjerte vert slukka, når du påfører ditt eige sinn tankar som ikkje er ifrå meg, seier Herren. Amen.»

Sjå til at du bidreg med det Gud har gitt deg i hjertet.

Bodskapen 29.3.2015:

«Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemmt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrgje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.

Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod.

Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske.»


[1] Dette var kanskje ei retting.

[2]

HSA 5,6 – HSA 5,16   Så opna eg døra for min ven,  men min ven hadde fare sin veg.  Eg vart reint ifrå meg fordi han var borte.  Eg leita etter han, men fann han ikkje;  eg ropa på han, men han gav ikkje svar.  7   Då møtte eg vaktmennene  som sveiv ikring i byen.  Dei slo meg så eg fekk sår.  Dei reiv sjalet av meg,  vaktmennene på murane.  8   “Eg naudbed dykk, Jerusalems døtrer!  Om de finn min ven,  kva skal de då seia han?  At eg er sjuk av kjærleik.”  9   “Kva er din ven framom andre,  du fagraste av kvinner?  Kva er din ven framom andre,  sidan du naudbed oss så?”  10   Min ven er raudleitt og ljos,  han skil seg ut mellom ti tusen menn. 11   Hans hovud er som det skiraste gull,  og lokkane krusa, svarte som ramnen.  12   Augo er som duer  ved rennande bekker.  Dei laugar seg i mjølk,  der dei kviler i sine holer.  13   Hans kinn er som angande blomesenger,  der kryddeurter veks.  Lippene er som liljer,  dei dryp av rennande myrra.  14   Armane er som stavar av gull,  sette med krysolittar,  midja er som ei elfenbeins-skive,  prydd med safirar.  15   Leggene er som marmorsøyler,  reiste på soklar av gull.  Hans skapnad er som Libanon,  traust som sedrane der.  16   Munnen er full av ynde,  og hugnad er heile han.  Så er min ven, så er min kjære,  de Jerusalems døtrer. 

[3]

2KO 11,2 For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy.

[4] Jesus Church sender ut danse-grupper, med moderne dans til kristen musikk. Eg fekk sjå det i ”Jesus Church” og likte det, eg oppatta det slik at det demonstrerte den kristne fridomen og den kristne gleda. Vi må hugse på at Dansa framfor arka og vi må ikkje reagere slik som kona hans som var dotter til Saul. I arka låg det sentrale og viktige vitnemålet i den gamle pakta og  desse dansegruppene må berrre syte for at det går klart fram for alle og ein kvar  at det er Sanninga i evangeliet dei vil forkynne, den som set oss fri og gjer oss glade og det er den fridomen og den gleda dei vil gje uttrykk for.

[5] Måling for lungebetenninga, normalen er 8.

[6] Desse tala skulle visst multipliserast med 7,43.

%d bloggers like this: