Immanuel; Gud med oss

Den Gode Hyrdingen og den Duglause Hyrdingen.

Jesajas profeterte om at ei jomfru skulle verte med barn og føde Immanuel, som betyr «Gud med oss». Slik sende Gud Son sin til vår jord, til heilt vanlege menneske i Israel, så dei fekk oppleve at Gud var med dei. Gud elska verda så høgt at han sende Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Alle som tok imot han gav han rett til å verte Guds born, fødde av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Så stilte han seg sjølv i posisjonen til den einskilde som trudde på han og som leid urett og døde i staden for han. Med sitt syndeoffert sona han synda og betalte skulda for alle og ein kvar.

Etter at han hadde stått oppatt frå dei døde, gav han disiplane sine misjonsbefalinga og sa at dei skulle sjå at han var med dei alle dagar. Sidan valde han ut Paulus til apostel i staden for Judas, det vart eit tankekors for han at han som ein ivrig farisear hadde forfølgt Kristus og hans kyrkje og teke så feil. Han forklarde det med at synda som budde i kjøtet hans dåra han og drap hans åndelege liv i samfunnet med Gud. Og så forklarde han det også med at han hadde vorte seld til synda som træl, utan at han visste det eller var klar over det, altså. Så Kristus valde ut ein som var seld til træl, utan å vite det, i staden for ein som selde og visste kva han gjorde. Dette betyr også at den frigjerande bodskapen i evangeliet har to sider, den gjeld både sjela sitt forhold til vår kjøtelege natur og det gjeld den einskilde si sosialisering. Gud er ånd, han og hans rike er vår redning, vi må lære å ta tilflukt til han. Kristus er vegen til Faderen, det er den vegen vi har å gå.

På grunn av syndefallet vart menneska utestengde frå det nære samfunnet med Gud, jorda vart forbanna og mannen vart dømd til døden. Men Gud forsona verda med seg sjølv ved at han let Son sin, Jesus Kristus, døy på eit kors i staden for oss. Gud reiste han oss frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, slik openberra han si frelse for oss i Krisuts, så vi ved trua på han vert rettferdiggjorde, velsigna og frelste.

Etter at kristendomen vart gjort til stats-religion, prøvde prestane å få makt gjennom kyrkja ved å forbanne utanforståande og det utarta seg etter kvart slik at dei påstod at vanlege folk ikkje kunne be til Kristus direkte, men måtte gå via paven, prestane og helgenane. Paven og prestane skulle leve i sølibat. Det betyr at dersom nokon gifte seg, så vart dei utstøtte frå det nære samfunnet med Gud. Det var då som syndefallet på nytt.

Det kravet melder seg framleis, så det er mange som framleis seier den forbanninga, sjølv om dei kanskje ikkje er klar over det. Til tross for reformasjone som kom for omlag 400 år sidan. Korleis er det mogleg? Reformasjone gjorde det klart at vi vert rettferdige ved trua på Kristus, av berre nåde, utan krav om gjerningar. Det skulle vere frigjerande både i forhold til vår gamle syndige natur og i forhold til kravet om å gjer oss til trælar igjen.

Kristus er gresk for Messias og det betyr den salvevigde, salvinga er symbol på den Heilage Ande. Den Heilage Ande kom over han og salva han til å forkynne evangeliet om Guds rike og det betydde fridom for fangar. Ved å ta imot den Anden han gir oss av berre nåde, tek vi imot Guds rike. Slik blir vi frelst og fri. Og det er ved fylden av den Heilage Ande vi også vert i stand til å forkynne den glade bodskapen til andre. Slik blir den Duglause Hyrdingen erstatta av den Gode Hyrdingen.

Midt i Jesu kyrkjelyd skal livet, vekkinga, fornyinga og overfloda vere.

Jesus sa eg skulle sjå til at eg bidraog med det Gud har gitt meg i hjertet, så vil han rake glørne saman, så det blir til eit stort pinsebål.

Bodskapen 29.3.2019:

«Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemmt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrgje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.

Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod.

Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske.»

På ein stor fotballkamp er der oftast langt fleire tilskodarar enn aktørar. Einast korona-restriksjonane gjorde endring på det. Men kva om ballen vert spelt utover sidelinja og så vert den vekkgøymt. Det ville vere svært så kjedeleg, endåtil i koronatida, men i dei siste åra har det vorte vanleg å han mange ballar klar, for å få spelet fort i gang igjen.

Eit fotballlag har ein reservebenk, nokon vert utskifta, så vi kan seie at personen vert spelt utofer sidelinja. Slik kan det ofte verke elles i samfunnet også, at den einskilde personen vert spelt utover sidelinja. Men når evangeliet vert forkynnt for menneska, så er det til einskildmenneske, så den einskilde kjem inn i eit personleg forhold til Kristus og dermed til Faderen, Kristus er den Gode Hyrdingen og han kallar sauene sine på namn og dei kjenner han på røysta (Joh.10,1…). Så følgjer dei han og han samlar dei og går føre dei og leier dei. Det var den einskilde som kom til tru på Kristus, som bøygde seg ved korsets fot og vedkjende si synd for han og ved kjende at du døde også for mine synder, du tok bort mine synder ved ditt offer. Slik fekk den einskilde oppleve å verte reinsa i Jesus blod og få ånd og liv frå himmelen ved trua på han. Slik fekk den einskilde oppleve at Jesu ord var ikkje berre tørr teori, men det var ånd og liv. Dette må vi ære og takke han for og derfor må vårt forhold til han framleis vere at vi bøyer oss for hans kors, slik bøyer vi oss for han som stod oppatt og som lever og er med oss. Ved korsets fot finn vi den ekte kjærleiken og den vil han skal vere mellom oss. Derfor skal vi glede oss. Soleis frigjer han Sions dotter og kallar henne ut i dansen med dei glade, for han er Herren hennar brudgom.

Har eg vorte spelt utover sidelinja? Har eg hatt meg ein dukkert i nådens flod og så kravla meg opp på breidda og vorte ståande som ein tilskodar og sjå på livets flod? I så fall er det om å gjee for meg å hoppe uti att, med erkjenninga av at det gjeld meg også, så eg også er inkluderte. Jesus har då mange gongar sagt at han er den som tek seg av mi sak. Og det saka gjaldt, var at eg påkalla han som min frelsar og Herre, bad han frelse menneske og gi meg ei frelst kvinne til kone. Då fekk eg motstand, for dette strir mot den forbanninga som diverse prestar og andre «lærde» har sagt heilt i frå den mørke middelalderen og vel så det.

Men eg skal feste blikket mitt på Kristus, han som er trua sin opphavsmann og fullendar, så eg ser på han i alle livets samanhengar, altså både i forhold til henne Virtuella og i forhold til henne Reella. Eg fekk den Heilage Ande ved trua på Jesus av berre nåde, gratis, utan krav om lovgjerningar. Soleis ventar eg at han vil gi meg ei kone av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. For både eg og ho fekk den Heilage Ande ved trua på Jesus, av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Vi tok imot Jesus og vart fødde på nytt av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd.

Abraham trudde Gud og det vart rekna han til rettferd og den rettferdige, ved trua skal han leva. Noah fekk tre søner, Sem, Kam og Jaffet, semittane ættar frå Sem. Abraham ætta frå Sem, soleis er jødane semittar. Gud lova Abram at han skulle få landet til andre folkeslag og så skulle han verte far til mange folk, derfor fekk han namnet Abraham, det betyr «far til mange folk».

1.Mos.15,1 Etter at dette hadde hendt, kom Herrens ord til Abram i eit syn: «Ver ikkje redd, Abram! Eg er ditt skjold. Løna di skal bli stor!»  2 Men Abram svara: «Herre, min Gud, kva vil du gje meg? For barnlaus går eg bort, og Elieser frå Damaskus er arving til huset mitt.»  3 Og Abram sa: «Du har ikkje gjeve meg etterkomarar. Sjå, ein av husfolket mitt skal arva meg.»  4 Då kom Herrens ord til han: «Han skal ikkje arva deg, men ein av ditt eige kjøt og blod skal arva deg.»  5 Så førte han Abram ut og sa til han: «Sjå opp mot himmelen og tel stjernene, om du kan telja dei!» Og han sa: «Så talrik skal ætta di bli.»  6 Abram trudde Herren, og det vart rekna han til rettferd.
     7 Og han sa til han: «Eg er Herren, som førte deg ut frå Ur i Kaldea for å gje deg dette landet i arv.»  8 Abram sa: «Herre, min Gud, korleis kan eg vita at eg skal få det i arv?»  9 Då svara han: «Hent meg ei treårs kvige, ei treårs geit og ein treårs vêr, ei turteldue og ein dueunge.» 10 Abram henta alt dette til han, skar dyra i to og la delane rett mot kvarandre. Men fuglane skar han ikkje i to. 11 Rovfuglar slo ned på skrottane, men Abram dreiv dei bort.
    12 Då sola heldt på å gå ned, fall ein djup søvn over Abram. Og sjå, redsle og eit stort mørker fall over han. 13 Og Gud sa til Abram: «Dette skal du vita: Ætta di skal bu som innflyttarar i eit land som ikkje er deira. Dei skal vera slavar og bli plaga av folket der i fire hundre år. 14 Men det folket dei må slava for, vil eg òg dømma, og sidan skal dei dra ut med stort bytte. 15 Sjølv skal du gå til fedrane dine i fred, i høg alder skal du bli gravlagd. 16 I det fjerde slektsleddet skal dei koma tilbake hit. For syndeskulda til amorittane har enno ikkje fylt sitt mål.»
    17 Sola gjekk ned, og det vart mørkt. Og sjå, ein rykande omn kom til syne, og ein flammande fakkel fór mellom kjøtstykka. 18 Den dagen gjorde Herren ei pakt med Abram og sa: «Di ætt gjev eg dette landet, frå Egyptarelva heilt til Storelva, Eufrat, 19 landet til kenittane, kenisittane og kadmonittane, 20 hetittane, perisittane og refaittane, 21 amorittane, kanaanearane, girgasjittane og jebusittane.»

1.Mos.17,1 Då Abram var 99 år gammal, synte Herren seg for han og sa:
          «Eg er Gud, Den veldige.
          Lev for mitt andlet,
          ver heil i di ferd!
          
     2 Eg vil gjera ei pakt
          mellom meg og deg
          og gjera deg umåteleg stor.»
 3 Då kasta Abram seg ned med andletet mot jorda, og Gud sa til han:
          
     4 «Sjå, dette er mi pakt med deg:
          Du skal bli far til ei mengd folkeslag.
          
     5 Du skal ikkje lenger heita Abram,
          men Abraham skal namnet ditt vera;
          for eg gjer deg til far for mange folkeslag.
 6 Eg vil gjera deg svært fruktbar, ja, gjera deg til mange folkeslag. Kongar skal gå ut frå deg.  7 Eg vil oppretta mi pakt mellom meg og deg og etterkomarane dine frå slekt til slekt, ei evig pakt: Eg vil vera Gud for deg og etterkomarane dine.  8 Landet du bur i som innflyttar, heile Kanaan, vil eg gje deg og etterkomarane dine i eige til evig tid. Og eg vil vera deira Gud.»
     9 Så sa Gud til Abraham: «Du skal halda pakta mi, både du og etterkomarane dine, frå slekt til slekt. 10 Dette er pakta de skal halda, pakta mellom meg og dykk og etterkomarane dine: Alt av hannkjønn hos dykk skal omskjerast. 11 De skal la forhuda bli omskoren, og det skal vera teiknet på pakta mellom meg og dykk. 12 Kvart gutebarn hos dykk skal omskjerast når det er åtte dagar gammalt, i slekt etter slekt, både dei som er fødde i huset, og dei som er kjøpte for pengar hos framande, slike som ikkje er av di ætt. 13 Både dei som er fødde i huset, og dei du har kjøpt for pengar, skal omskjerast. Såleis skal pakta mi vera ei evig pakt på kroppen dykkar. 14 Men ein uomskoren, ein av hannkjønn som ikkje har fått forhuda omskoren, ein slik skal støytast ut frå folket sitt, for han har brote mi pakt.»
    15 Og Gud sa til Abraham: «Sarai, kona di, skal du ikkje lenger kalla Sarai. Sara skal ho heita. 16 Eg vil velsigna henne og gje deg ein son også med henne. Eg vil velsigna henne, og ho skal bli til folkeslag. Kongar over mange folk skal koma frå henne.»

Omskjeringa på kroppen var teiknet på den pakta som han ville gjere med Abraham og etterkomarane hans, frå ætt til ætt, ei evig pakt, at han vil vera Gud for han og etterkomarane hans. Han ville gi dei dette landet og han skulle vere deira Gud (v 7-8). Omskjeringa var teiknet på denne pakta (v 11).

Det vesentlege blir då å tru på Gud, liksom Abraham og så leve ved tru.

Habakuk.1,1 Dette er dei domsord som profeten Habakkuk fekk i synene sine.
 2 Kor lenge, Herre, skal eg ropa
        utan at du gjev meg svar,
        klaga og skrika til deg om vald
        utan at du frelser?
     3 Kvifor lèt du meg sjå urett
        og vera vitne til ulukke?
        Eg ser berre øyding og vald,
        det kjem til strid og trette.
     4 Difor er lova maktlaus,
        og retten vinn ikkje fram.
        For gudlause kringset dei rettvise,
        og dermed vert retten rengd.

Habakuk.2,4 Sjå, frekk og uærleg er han.
        Men den rettferdige skal leva ved si tru.

Habakuk var profet før Jeremias, midt mellom Samarias fall og Jerusalems fall. Men lovnaden i 1.Mos.17,8 hadde æve-perspektiv.

Rom.1,16 For eg skjemmest ikkje ved evangeliet. Det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, jøde fyrst og så grekar. 17 For i det vert Guds rettferd openberra, av tru til tru, som skrive står: Den rettferdige skal leva ved tru.

Bibelsk og historisk bakgrunn for Immanuel.

Ved innviinga av tempelet sa Salomo: «Måtte Gud vere med oss».

Kong Salomo fekk oppdraget med å bygge tempelet, så det skulle vere ein bustad for Guds namn. Sjølv om Gud ikkje treng noko hus å bu i, så skulle det verke slik at menneska kunne søke han ved å vende seg til dette huset, for å få nåde og få gjenopprette sitt forhold til han. Og det gjaldt heidningane også. Så sa han: «Gjev Herren vår Gud må vera med oss som han var med fedrane våre!» (1.Kong.8,57).

1.Kong.8,1 Då kalla Salomo dei eldste i Israel og alle ættehovdingane, leiarane for Israels-ættene, saman til seg i Jerusalem. Dei skulle henta Herrens paktkiste opp frå Davids-byen, det er Sion.  2 Og alle menn i Israel samla seg hjå kong Salomo på høgtida i etanim månad, det er den sjuande månaden i året.
     3 Då alle dei eldste i Israel var komne, tok prestane Herrens paktkiste  4 og bar henne opp, og like eins møteteltet og alle dei heilage kara som var i teltet. Det var prestane og levittane som bar dei. 

….

 10 Så hende det då prestane gjekk ut or heilagdomen, at skya fylte Herrens hus. 11 Prestane kunne ikkje stå og gjera teneste på grunn av skya; for Herrens herlegdom fylte templet.
   
Salomos bøn ved tempelvigsla
12 Då sa Salomo:
        Herren har sagt
        at han vil bu i skoddemørkret.
    13 No har eg bygt deg ein bustad,
        ein stad der du kan bu til evig tid.

……

  27 Men bur Gud verkeleg på jorda? Sjå himmelen, den høge himmel, rømer deg ikkje, langt mindre dette huset som eg har bygt! 28 Vend deg til den inderlege bøna åt tenaren din, Herre, min Gud, og høyr det ropet og den bøna som tenaren din ber fram for deg i dag! 29 Vak over dette huset natt og dag, over den staden der namnet ditt skal bu, som du har sagt. Høyr dei bønene som tenaren din ber fram, vend mot denne staden! 30 Ja, høyr dei inderlege bønene som tenaren din og Israel, folket ditt, bed, med augo vende mot denne staden! Og når du høyrer dei i himmelen, der du bur, så bønhøyr og tilgjev!

……

   41 Det kan òg henda at utlendingar som ikkje høyrer Israel, folket ditt, til, kjem frå eit land langt borte for ditt namn skuld. 42 For dei får nok høyra om ditt store namn, di sterke hand og din strake arm. Når dei så kjem og ber fram bønene sine, med augo vende mot dette huset, 43 så må du høyra dei i himmelen, der du bur, og gjera alt det dei ropar til deg om. Då skal alle folk på jorda læra namnet ditt å kjenna, og dei skal ottast deg liksom ditt eige folk, Israel, og skjøna at namnet ditt er nemnt over dette huset som eg har bygt.

…….

46 Det kan henda at folket syndar mot deg – for det finst ikkje noko menneske som ikkje syndar – og du vert harm på dei og gjev dei i fiendens hand, så han tek dei til fange og fører dei til fiendelandet, anten det no er langt borte eller nær. 47 Men så går dei i seg sjølve i det landet der dei er fangar, og vender om og bed deg om nåde der i landet og seier: «Vi har synda og bore oss ille åt; gudlause har vi vore.» 48 Vender dei då om til deg av heile sitt hjarta og heile sin hug i fiendelandet, hjå dei som førte dei bort, og bed til deg, med augo vende mot det landet du gav fedrane deira, mot den byen som du har valt ut, og mot det huset som eg har bygt for namnet ditt, 49 då må du høyra dei inderlege bønene deira i himmelen, der du bur, og hjelpa dei til deira rett. 50 Tilgjev folket ditt alle syndene og misgjerningane dei har gjort mot deg. Lat dei møta miskunn hjå dei som held dei fanga, så dei gjer sælebot på dei. 51 Dei er då ditt folk og din eigedom, som du førte ut or Egypt, midt ut or jernomnen. 52 Lat augo dine vera opne for dei inderlege bønene som stig opp frå tenaren din og frå folket ditt, Israel, så du alltid høyrer på dei når dei ropar til deg. 53 For du har skilt dei ut frå alle folkeslag på jorda, så dei skal vera din eigedom, som du sa gjennom Moses, tenaren din, då du førte fedrane våre ut or Egypt, Herre, vår Gud!
   

…….

54 Då Salomo hadde bore fram heile denne inderlege bøna for Herren, reiste han seg opp framfor Herrens altar, der han hadde lege på kne med hendene utbreidde mot himmelen. 55 Han steig fram og velsigna heile Israels-lyden med høg røyst og sa: 56 Lova vere Herren, som har gjeve Israel, folket sitt, ro, så som han lova. Ikkje eitt av alle dei gode orda som han tala gjennom Moses, tenaren sin, har falle til jorda. 57 Gjev Herren vår Gud må vera med oss som han var med fedrane våre! Gjev han aldri må sleppa oss og aldri støyta oss frå seg, 58 men bøya hjarta vårt til seg, så vi alltid går på hans vegar og held dei bod, føresegner og lover som han gav fedrane våre. 59 Gjev denne inderlege bøna som eg har bede til Herren, må koma fram for Herren vår Gud dag og natt, så han hjelper tenaren sin og Israel, folket sitt, til retten deira, etter som det trengst dag for dag. 60 Då skal alle folk på jorda skjøna at Herren er Gud, han og ingen annan. 61 Hald dykk heilhjarta til Herren vår Gud, så de ferdast etter hans føresegner og held hans bod, som de gjer i dag.

Riket vart delt, ny dans rundt gullkalven.

Men på sine gamle dagar var ikkje Salomo lenger så heilhjerta med Herren og Herren straffa son hans, Rehabean for det, når han skulle ta over makta, han fekk berre den sørlege delen av riket, som vert kalla Juda, med Jerusalem. Ein annan vart konge i den nordlege delen, med Samaria som hovudstad. Han var redd for at folket skulle vende tilbake til Davids hus og verte eitt rike igjen, ved at dei vende seg til tempelet i Jerusalem. Derfor laga han ein skulptur av ein kalv i Samaria og sa at dei skulle tilbe den. Det var då som dansen rundt gullkalven medan Moses fekk lova.

1.Kong.11,29 Så hende det ein gong på den tid at Jeroboam gjekk ut or Jerusalem. På vegen møtte han profeten Akia frå Sjilo, og han var kledd i ei ny kappe. Dei to var åleine ute på marka. 30 Då tok Akia den nye kappa han hadde på seg, reiv henne i tolv stykke 31 og sa til Jeroboam: Ta ti av desse stykka! For så seier Herren, Israels Gud: Eg vil riva riket ut or hendene på Salomo og gje dei ti ættene til deg. 32 Berre den eine ætta skal han få ha for Davids skuld, han som var tenaren min, og for Jerusalems skuld, den byen eg har valt ut i alle Israels-ættene. 33 Det gjer eg fordi Salomo har vendt seg bort frå meg og tilbede Astarte, gudinna åt sidonarane, Kamosj, guden åt moabittane, og Milkom, guden åt ammonittane. Han har ikkje gått på mine vegar og ikkje gjort det som rett er i mine augo. Han har ikkje halde lovene og boda mine, som David, far hans, gjorde. 34 Likevel vil eg ikkje ta noko av riket frå han sjølv; han skal få vera fyrste så lenge han lever, for Davids skuld, han som var tenaren min, han som eg valde ut, og som heldt seg etter boda og lovene mine. 35 Men eg vil ta riket frå son hans og gje dei ti ættene til deg. 36 Ei ætt vil eg gje son hans, så David, tenaren min, alltid skal ha ei lampe som lyser for mitt åsyn i Jerusalem, den byen eg har valt ut til bustad for namnet mitt. 37 No set eg deg til å rå over alt det du ynskjer; du skal vera konge over Israel. 38 Og høyrer du på alt det eg seier deg, går du på mine vegar og gjer det som rett er i mine augo, held du boda og lovene mine, som David, tenaren min, gjorde, så skal eg vera med deg og byggja deg eit hus som står støtt, så som eg gjorde for David, og eg skal gje deg Israel. 39 Davids-ætta vil eg audmykja for det som er gjort, men ikkje for all framtid.
    40 Salomo freista no å drepa Jeroboam. Men Jeroboam tok ut og rømde til Egypt, til Sjisjak, som var konge der. Og han vart verande i Egypt til Salomo var død.

David fall i synd, men når profeten kom og tala han til rettes, så audmjuka han seg for Herren, erkjende si synd og bad om tilgjeving. Det gjorde ikkje Salomo. Dei offerhaugane han hadde laga for avgudane vart ei forbanning for Israel, heilt til riket gjekk under.

Sjølv om jødane ikkje var pliktarbeidarar (slavar) for Salomo, hevda dei at han hadde lagt eit tungt åk på dei og bad son hans, Rehabeam, om å lette det. Men han valde å avvise det kravet, derfor miste han makta over meir enn halve folket.

1.Kong.12,1 Rehabeam fór til Sikem; for heile Israel var kome dit og skulle gjera han til konge.  2 Dette fekk Jeroboam Nebatsson høyra. Han var endå i Egypt. Dit hadde han rømt for kong Salomo, og der budde han.  3 No sende dei bod etter han. Og så kom han og heile Israels-lyden til Rehabeam og sa:  4 «Far din la eit tungt åk på oss. Men lettar no du det harde arbeidet og det tunge åket som far din la på oss, så skal vi tena deg.»  5 Han svara: «Gå bort og venta i tre dagar! Kom så hit att til meg!» Så gjekk folket sin veg.
     6 Kong Rehabeam samrådde seg fyrst med dei gamle, som hadde gjort teneste hjå Salomo, far hans, medan han levde. Han spurde: «Kva rår de meg til å svara dette folket?»  7 Dei sa: «Høyrer du på folket i dag, gjer du dei til viljes og gjev dei eit velviljug svar, så kjem dei til å tena deg alle dine dagar.»  8 Men Rehabeam brydde seg ikkje om det rådet dei gamle gav. Han spurde dei unge til råds, dei som hadde vakse opp saman med han og no gjorde teneste hjå han.  9 «Kva rår de oss til å svara dette folket?» spurde han. «Dei har bede meg letta det åket som far min la på dei.» 10 Då svara dei unge som hadde vakse opp saman med han: «Så skal du seia til dette folket som sa til deg: Far din la eit tungt åk på oss. Gjer no du det lettare for oss! – så skal du svara dei: Litlefingeren min er tjukkare enn midja åt far min. 11 Far min la eit tungt åk på dykk, men eg skal gjera det tyngre. Far min tukta dykk med sveper, men eg skal tukta dykk med piggreimar.»
    12 Tredje dagen kom Jeroboam og heile folket til Rehabeam, så som kongen hadde bede dei då han sa: «Kom hit att til meg om tre dagar!» 13 Kongen gav dei no eit hardt svar. Han brydde seg ikkje om det rådet dei gamle hadde gjeve han, 14 men svara så som dei unge hadde rådt han til: «Far min la eit tungt åk på dykk, men eg skal gjera det tyngre. Far min tukta dykk med sveper, men eg skal tukta dykk med piggreimar.» 15 Kongen høyrde ikkje på folket. Herren laga det så, fordi han ville oppfylla det ordet han hadde tala til Jeroboam Nebatsson gjennom Akia frå Sjilo.
    16 Då no heile Israel såg at kongen ikkje ville høyra på dei, gav dei han dette svaret:
        «Kva del har vi i David?
        Vi har ingen lut i Isai-sonen.
        Heim til telta dine, Israel!
        Syt no, David, for ditt eige hus!»
        Så fór israelittane heim att. 17 Og Rehabeam vart ikkje konge over andre israelittar enn dei som budde i Juda-byane.
    18 Kong Rehabeam sende Adoniram til dei, han som hadde tilsyn med pliktarbeidet. Men israelittane steina han i hel, og Rehabeam sjølv laut i all hast stiga opp i vogna si og røma til Jerusalem. 19 Såleis fall Israel frå Davids-ætta, og såleis har det vore til denne dag.
   
Jeroboam vert konge over dei ti ættene
20 Då Israels-folket fekk høyra at Jeroboam var komen heim att, sende dei bod etter han og henta han til tings. Der gjorde dei han til konge over heile Israel. Berre Juda-ætta heldt seg til Davids hus.
    21 Så snart Rehabeam var komen til Jerusalem, samla han heile Juda-folket og Benjamins-ætta, hundre og åtti tusen utvalde krigarar. Dei skulle strida mot Israels-riket og vinna kongedømet att åt Rehabeam, son til Salomo. 22 Då kom Herrens ord til gudsmannen Sjemaja, og det lydde så: 23 «Sei til Rehabeam, son til Salomo, kongen i Juda, og til heile Juda- og Benjamins-ætta og alt hitt folket: 24 Så seier Herren: De skal ikkje fara opp og strida mot israelittane, brørne dykkar. Far heim att, kvar til sitt hus! For det som har hendt, er kome frå meg.» Då lydde dei Herrens ord; dei snudde og fór heim att, som Herren hadde sagt.
   
Heilagdomane i Betel og Dan
25 Jeroboam bygde ut Sikem i Efraims-fjella og busette seg der. Sidan flytte han bort derifrå og bygde opp att festningsverka i Penuel.
    26 Jeroboam tenkte med seg: «Riket kunne snart gå attende til Davids-ætta. 27 Skal dette folket fara opp til Jerusalem og bera fram offer i Herrens hus, kjem dei atter til å venda hugen til den gamle herren sin, Juda-kongen Rehabeam. Så drep dei meg og gjev seg under han att.» 28 Kongen heldt råd, og så laga han to gullkalvar og sa til folket: «No har de lenge nok fare opp til Jerusalem. Sjå, her er gudane dine, Israel, dei som førte deg opp frå Egypt.» 29 Den eine gullkalven sette han opp i Betel, den andre i Dan. 30 Dette vart opphav til synd. Folket gjekk heilt til Dan og steig fram for gullkalven der. 31 Jeroboam bygde òg hus på offerhaugane og sette kven han ville til prestar, endå dei ikkje var av Levi-ætta.

Profeti om Samarias fall og profetien om Immanuel.

Kongen i Samaria og kongen i Damaskus ville gå til krig mot kongen i Juda, men då vart det profetert at dei skulle begge miste makta si. Og så kom også profetien om Immanuel.

Jesaja.7,1 I dei dagane då Ahas, son til Jotam, Ussias son, var konge i Juda, drog kong Resin av Aram og kong Pekah av Israel, son til Remalja, opp i krig mot Jerusalem. Men dei greidde ikkje å gå til åtak på byen.
     2 Det vart meldt til Davids hus: «Aramearane har slege leir i Efraim.» Då skalv hjartet både hos kongen og folket, slik trea i skogen skjelv for vinden.
     3 Då sa Herren til Jesaja: Gå ut, du og son din Sjear-Jasjub, og møt Ahas ved enden av vassleidningen frå Øvredammen, på vegen til vaskeplassen.  4 Sei til han: Ta deg i vare og hald deg i ro! Ver ikkje redd og mist ikkje motet for desse to utbrende og rykande vedskiene, for den brennande harmen til Resin og Aram og son til Remalja!
     5 Fordi Aram, Efraim og son til Remalja har lagt vonde planar mot deg og sagt:  6 «Lat oss dra opp mot Juda og setja skrekk i det, leggja det under oss og gjera Tabeels son til konge der»,  7 så seier Herren Gud:
          «Det skal ikkje lukkast,
          og det skal ikkje skje.
          
     8 For Damaskus er Arams hovud,
          og Resin er hovud i Damaskus
          – men om sekstifem år er Efraim knust,
          og det er ikkje lenger eit folk –
          
     9 og Samaria er Efraims hovud,
          og son til Remalja er hovud i Samaria.
          Vil de ikkje tru, kan de ikkje stå støtt.»
Immanuel-teiknet
10 Herren tala igjen til Ahas og sa: 11 «Be om eit teikn frå Herren din Gud, nede frå dødsriket eller oppe frå det høge!» 12 Men Ahas svara: «Eg vil ikkje be om noko og ikkje setja Herren på prøve.»
    13 Då sa han: «Så høyr då, Davids hus! Er det ikkje nok at de trøyttar menneske, må de òg trøytta min Gud? 14 Difor skal Herren sjølv gje dykk eit teikn: Sjå, den unge jenta skal bli med barn og føda ein son, og ho skal gje han namnet Immanuel. 15 Rømme og honning skal han eta til han forstår å forkasta det vonde og velja det gode. 16 For før guten forstår å forkasta det vonde og velja det gode, skal det bli audt i landet til dei to kongane du fryktar. 17 Og over deg og folket ditt og huset til far din skal Herren la det koma dagar som det ikkje har vore sidan Efraim skilde seg frå Juda – kongen av Assur.»

Oppfylling av profetien om Immanuel; Jesus vart fødd av jomfru Maria.

Jesus vart fødd av jomfru Maria, som oppfylling av lovnaden om Immanuel.

Matt.1, 16 og Jakob vart far til Josef, mannen til Maria. Av henne vart Jesus fødd, han som blir kalla Kristus.
    17 Slik er det i alt fjorten slektsledd frå Abraham til David, fjorten slektsledd frå David til bortføringa til Babylon og fjorten slektsledd frå bortføringa til Babylon fram til Kristus.
Jesus blir fødd
18 Då Jesus Kristus vart fødd, gjekk det såleis til: Mor hans, Maria, var lova bort til Josef. Men før dei kom saman, viste det seg at ho var med barn ved Den heilage ande. 19 Josef, mannen hennar, var ein rettvis mann og ville ikkje føra skam over henne; han sette seg føre å skilja seg frå henne i det stille. 20 Då han hadde tenkt ut dette, synte ein engel frå Herren seg for han i ein draum og sa: «Josef, Davids son! Ver ikkje redd å ta Maria heim til deg som kona di. For barnet som er avla i henne, er av Den heilage ande. 21 Ho skal føda ein son, og du skal gje han namnet Jesus, for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira.» 22 Alt dette hende så det skulle oppfyllast, det Herren har tala gjennom profeten:
          
    23  Sjå, møya skal bli med barn og føda ein son,
           og dei skal gje han namnet Immanuel
– det tyder: Gud med oss.
    24 Då Josef vakna frå søvnen, gjorde han som Herrens engel hadde bode han og tok Maria heim til seg som kona si 25 og levde ikkje saman med henne før ho hadde fødd son sin. Og han gav han namnet Jesus.

Likevel vert det sagt at han etter kjøtet var av Davids ætt og det er gjennom Josef, mannen til Maria.

Rom.1,1 Paulus, Kristi Jesu tenar, helsar dykk, eg som er kalla til apostel og utvald til å forkynna Guds evangelium,  2 det som Gud på førehand hadde lova gjennom profetane sine i heilage skrifter.  3 Det er evangeliet om hans Son, Jesus Kristus, vår Herre, komen som menneske av Davids ætt  4 og stadfest ved heilagdoms Ande som Guds mektige Son ved oppstoda frå dei døde.  5 Ved han har eg fått nåde og apostelteneste for å føra menneske av alle folkeslag til lydnad i tru, til ære for hans namn.  6 Mellom dei er òg de som er kalla til å høyra Jesus Kristus til.  7 Eg helsar dykk alle i Roma, de som er elska av Gud, de som vart kalla og er heilage: Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus!

Her vert det forkynt nåde igjen, til samanlikning med innviinga av tempelet.

Gud har sett inn sin konge på Sion.

Israel som storrike.

Gud lova Abraham at ætta hans skulle få landet mellom Middelhavet og Eufrat og slik vart det under kong David, for han vende seg til Herren og fekk hjelp og råd, så han vann i krig. Så son hans, kong Salomo fekk ei fredeleg tid som herskar over eit storrike.

1.Kong.4,20 Folket i Juda og Israel var tallaust som sanden ved havet. Dei åt og drakk og var glade. 21 Salomo herska over alle kongerika frå Eufrat til filistarlandet og heilt til grensa mot Egypt. Dei betalte skatt og stod under Salomo så lenge han levde.

……

24 For han herska over alt land vestafor Eufrat, frå Tifsah til Gaza, over alle kongane vestafor Eufrat, og hadde fred på alle kantar rundt ikring. 25 I Juda og Israel, frå Dan til Beer-Sjeba, sat kvar mann trygt under sin vinstokk og sitt fikentre så lenge Salomo levde. 

1.Kong.9,20 Alle som var att av amorittane, hetittane, perisittane, hevittane og jebusittane, folk som ikkje var av Israels ætt, 21 etterkomarane etter desse folka, så mange som endå var att i landet, fordi israelittane ikkje hadde makta å bannstøyta dei, dei gjorde Salomo til pliktarbeidarar, og det har dei vore til denne dag. 22 Men av israelittane sette han ingen til å gjera trælearbeid; dei var krigarar, hoffmenn, hovdingar, våpensveinar og hovudsmenn for stridsvognene og hestfolket hans. 23 Arbeidsformennene åt Salomo var fem hundre og femti i talet. Dei hadde tilsyn med det folket som gjorde arbeidet.

Det ser ut som Salme.2 er skreven på denne tida, medan Israel var eit storrike.

Salme.2,1 Kvifor er folkeslag i opprør?
          Kvifor grundar folka på det som er fåfengt?
          
     2 Kongane på jorda reiser seg,
          fyrstane slår seg saman
          mot Herren og den han har salva.
          
     3 «Lat oss slita sund deira lenkjer
          og kasta reipa av oss!»
          
     4 Han ler, han som tronar i himmelen,
          Herren spottar dei.
          
     5 Så talar han til dei i sin vreide,
          i sin harme slår han dei med redsle:
          
     6 «Det er eg som har innsett min konge
          på Sion, mitt heilage fjell.»
          
     7 Eg vil kunngjera det Herren har fastsett.
          Han sa til meg: «Du er son min, eg har fødd deg i dag.
          
     8 Be meg, så gjev eg deg folka som arv
          og heile jorda i eige.
          
     9 Du skal knusa dei med jernstav,
          som ei krukke frå pottemakaren skal du slå dei sund.»
          
    10 Kongar, ver forstandige!
          lat dykk refsa, de som styrer på jorda.
          
    11 Ten Herren med ærefrykt,
          gled dykk og skjelv for han!
          
    12 Kyss jorda, så han ikkje blir harm
          og de går til grunne på vegen.
          For hans vreide kan lett flamma opp.
        
          Sæle er dei som søkjer tilflukt hos han.

Profeti om Kristus.

Men allereie når son til Salomo, Rehabeam, skulle ta over makta, vart det gjort opprør og sidan gjekk det nord og ned med dette riket. Men Salme.2 er ein profeti om Messias.

Jesajas.53,1 Kven trudde
        det bodet vi høyrde,
        og kven fekk sjå Herrens makt?
     2 Han rann som ein kvist for Guds åsyn,
        som ein renning or turr jord.
        Nokon herleg skapnad hadde han ikkje,
        det var ingen hugnad å sjå han.
     3 Vanvørd var han, folk heldt seg unna,
        ein mann i pinsler, velkjend med sjukdom,
        ein svivørd mann som ingen ville sjå på;
        vi rekna han for inkje.
     4 Sanneleg, våre sjukdomar tok han på seg,
        og våre pinsler bar han.
        Vi trudde han var heimsøkt,
        slegen av Gud og ille plaga.
     5 Men han vart såra for våre brot
        og sundbroten for våre synder.
        Straffa låg på han, så vi skulle ha fred,
        og ved hans sår har vi fått lækjedom.
     6 Vi fór alle vilt som sauer,
        vi vende oss kvar til sin veg.
        Men Herren lét råka han
        det vi alle var skuld i.
     7 Ille medfaren vart han,
        men bar det audmjukt;
        han lét ikkje opp sin munn,
        som lammet dei fører til slakting,
        og sauen som teier når han vert klypt;
        han lét ikkje opp sin munn.
     8 Gjennom trengsle og dom vart han teken bort.
        Men kven i hans samtid vørde vel det?
        Bortriven vart han or levandelandet,
        for sitt folks brot laut han døy.
     9 Dei gav han ei grav mellom gudlause,
        hjå ein rikmann, då han var død,
        endå han ikkje hadde gjort nokon urett,
        og det ikkje fanst svik i hans munn.
    10 Det var Herrens vilje
        å knusa han med sjukdom.
        Men fordi han gav sitt liv til soning,
        skal han få etterkomarar og leva lenge,
        og ved han skal Herrens vilje ha framgang.
    11 Etter all si møde og sjelenaud
        skal han sjå ljos og mettast.
        Og når dei kjenner han,
        skal han, min rettferdige tenar,
        gjera dei mange rettferdige;
        for han har bore deira synder.
    12 Difor gjev eg han dei mange til del,
        og dei sterke skal han få til hærfang,
        fordi han gav sitt liv i døden
        og vart rekna mellom brotsmenn.
        Han tok på seg synda åt dei mange
        og bad for brotsmenn.

Dette er ein profeti om Jesus. Han er Guds Son og Faderen sa han skulle be han, så ville han gi han folka til arv og jorda sine endar til eige (Salme.2,7-8) Han får dei mange til del, dei som han frelser (v12). Han er jødane sin konge.

Bilde: INRI er et akronym for Iesus Nazarenus Rex Iudaeorum, som er latin og betyr «Jesus fra Nasaret, jødenes konge».

https://no.wikipedia.org/wiki/INRI

Guds kone eller hore.

Når Gud kalla Moses til å gå leie folket hans ut av Egypt, spurde Moses kven han skulle seie som hadde sendt han og Gud svarde han at han er Abraham, Isak og Jakobs Gud, det skulle dei kalle han og så skulle dei kalle han «Eg er» (IHVH), for han er den han er. Men når Moses var på fjellet og fekk lova, laga dei seg ein gullkalv og dansa rundt den og sa at det var guden som førde dei ut or Egypt. Så dei sa ikkje at han var den han var, men dei sa at han var ein annan enn den han var. Og det gjorde dei igjen, då Jeroboam laga to gullkalvar og sa at det var gudane som førde dei ut or Egypt.

Profetane sa at opphavleg var Israels-folket Guds kone, så borna hennar skulle vere Guds born, men ho vart ei hore ved at ho dyrka avgudane i staden. Så ho sa ikkje at han var den han var, men at han var noko anna enn det han var.

I Esekiel.16 er Jerusalem omtala som ei nyfødd jente, som foreldra ikkje brydde seg om, ho var berre kasta ut på marka.

Esekiel.16,1 Herrens ord kom til meg, og det lydde så:  2 Menneske, tal til Jerusalem om alt det stygge byen har gjort,  3 og sei: Så seier Herren Gud til Jerusalem: Du har ditt opphav og di ætt frå Kanaanearlandet. Far din var ein amoritt og mor di ei hetittkvinne.  4 Då du kom til verda, gjekk det så til: Den dagen du vart fødd, skar dei ikkje over navlestrengen; dei vaska deg ikkje rein med vatn, gneid deg ikkje inn med salt og la deg ikkje i reivar.  5 Ingen hadde medynk med deg, så dei gjorde noko slikt med deg, fordi dei tykte synd i deg. Nei, dei kasta deg ut på marka, fordi dei fekk motvilje mot deg den dagen du vart fødd.  6 Då gjekk eg framom og såg deg der du låg og sprala i ditt blod. Og eg sa til deg: «Du som ligg der i blodet ditt, skal leva; du skal leva  7 og veksa. Som blomen på marka gjer eg deg.» Og du voks og vart stor, ja, du vart ei fager kvinne. Brysta vart faste, og håret voks. Men du var naken og berr.
     8 Då eg gjekk framom, fekk eg sjå at tida var komen for deg, tida til å elska. Då breidde eg snippen av kappa mi over deg og løynde din nakne kropp. Eg svor deg truskap og gjorde pakt med deg, og du vart mi, lyder ordet frå Herren Gud.  9 Eg vaska deg med vatn, skylde blodet av deg og salva deg med olje. 10 Så kledde eg deg i fargerike klede, tok på deg sandalar av delfinskinn, batt lin om hovudet ditt og sveipte deg i silke. 11 Eg pynta deg med smykke, gav deg armband på hendene og kjede om halsen. 12 Eg gav deg ring i nasen, øyreringar i øyro og ei fager krone på hovudet. 13 Så pynta du deg med gull og sølv og kledde deg i lin, silke og fargerike klede. Du fekk fint mjøl, honning og olje til mat. Du vart strålande fager og skikka til å vera dronning. 14 Mellom folka gjekk det ord om din venleik; for han var fullkomen av di eg hadde pynta deg så fint, lyder ordet frå Herren Gud.
    15 Men du kjende deg trygg på din venleik og dreiv hor, fordi du hadde slikt ry. Som horkvinne baud du deg fram til kvar og ein som gjekk framom, og han fekk deg. 16 Du tok nokre av kleda dine og la dei på haugane som fargerike teppe. Og der dreiv du hor, som det aldri har hendt og aldri vil henda. 17 Du tok smykka dine av sølv og gull som eg hadde gjeve deg, og laga deg mannfolkbilete, som du dreiv hor med. 18 Du tok dine fargerike klede og hadde på dei, og min olje og min røykjelse sette du fram for dei. 19 Brødet som eg hadde gjeve deg, kveitemjølet, honningen og oljen som du hadde fått til mat, sette du fram for dei til godange, lyder ordet frå Herren Gud.
    20 Sønene og døtrene dine, som du hadde født meg, tok du og ofra til mat åt dei. Var det ikkje nok at du dreiv hor, 21 sidan du òg slakta sønene mine og gav dei frå deg, når du lét dei gå gjennom elden for bileta dine? 22 Og med all din styggedom og all di utukt kom du ikkje i hug di ungdomstid, då du var naken og berr og låg og sprala i ditt blod.
    23 Så hende det etter at du hadde gjort så mykje vondt – ve, ve deg! seier Herren Gud – 24 at du laga deg ei lege eller ein tram på alle torg. 25 På kvart gatehjørne bygde du ein tram. Der gjorde du din venleik til styggedom, når du opna fanget for kvar mann som gjekk framom; og støtt dreiv du hor. 26 Du låg med egyptarane, dine kraftige grannar, og med all di utukt harma du meg.
    27 Då rette eg ut handa mot deg og tok att det du skulle ha. Dine fiendar, filistardøtrene, som blygdest av di skjemdarferd, lét eg gjera med deg som dei ville. 28 Så dreiv du hor med assyrarane, for du hadde endå ikkje fått nok. Ja, ikkje eingong då fekk du nok. 29 Og du heldt fram med di utukt, heilt til kræmarlandet Kaldea. Men heller ikkje då fekk du nok.
    30 Å, kor du brann av lyst! lyder ordet frå Herren Gud. At du kunne gjera alt dette og bera deg åt som ei skamlaus skjøkje! 31 Du laga ei lege på kvart gatehjørne og bygde deg ein tram på alle torg. Men du var ikkje som andre skjøkjer, for du brydde deg ikkje om skjøkjeløn. 32 Du horkvinne, i staden for å halda deg til mannen din tek du framande menn. 33 Alle andre skjøkjer får gåver, men du gav løn til alle elskarane dine. Du betalte dei for å koma til deg frå alle kantar og driva hor med deg. 34 Såleis gjorde du det motsette av det kvinner plar gjera. Det var ingen som sprang etter deg, og ingen gav deg skjøkjeløn; men sjølv gav du løn. Så bakvendt bar du deg åt. 35 Difor, horkvinne, høyr Herrens ord!
    36 Så seier Herren Gud: Du tok av deg kleda og viste fram din nakne kropp til elskarane dine som du dreiv hor med, alle dei avskyelege avgudane dine, og du drap borna dine som du gav dei. 37 Difor vil eg samla alle elskarane dine, som hadde glede av deg, både dei du elska og dei du hata. Eg samlar dei rundt deg frå alle kantar og kler av deg, så dei får sjå deg naken. 38 Så dømer eg deg så som kvinner vert dømde for ekteskapsbrot og drap; i harme og brennande iver lèt eg deg verta drepen. 39 Eg gjev deg over til elskarane dine, og dei skal bryta ned lega di og øydeleggja tramane dine. Dei riv av deg kleda, tek dei fine smykka dine og lèt deg liggja der naken og berr. 40 Så samlar dei ei folkemengd mot deg, steinar deg og høgg deg ned med sverd. 41 Dei brenner husa dine og held dom over deg, medan mange kvinner står og ser på.
        Såleis gjer eg ende på di utukt, så du ikkje meir kan gje horeløn. 42 Eg stiller min harme på deg. Så vik min brennande iver frå deg; eg held meg i ro og er ikkje lenger harm. 43 Fordi du gløymde di ungdomstid og gjorde meg harm med alt dette, vil eg òg la deg få att for di åtferd, seier Herren Gud. Har du ikkje gjort andre skamlause ting attåt all din styggedom?
    44 Sjå, alle som brukar ordtak, skal ha dette ordtaket om deg: «Som mora, så dottera.» 45 Du er dotter til mor di, som ikkje brydde seg om mann og born. Og du er syster til systrene dine, som ikkje brydde seg om mennene og borna sine. Mor dykkar var ei hetittkvinne og far dykkar ein amoritt. 46 Den store syster di er Samaria, som bur med døtrene sine nord for deg. Og den vesle syster di er Sodoma, som bur med døtrene sine sør for deg. 47 Du bar deg ikkje åt berre som dei og fór med den same styggedomen, men etter ei kort tid bar du deg verre åt enn dei i alt du tok deg føre. 48 Så sant eg lever, seier Herren Gud: Sodoma, syster di, og døtrene hennar gjorde ikkje slikt som du og døtrene dine har gjort. 49 Sjå, hovmod er synda som Sodoma, syster di, gjorde seg skuldig i. Ho og døtrene hennar hadde rikeleg med brød og levde i fred og ro. Men ho sytte ikkje for dei ulukkelege og fattige. 50 Hovmodige var dei og gjorde slikt som eg har avsky for. Men då eg såg det, dreiv eg dei bort.
    51 Samaria har ikkje synda halvparten så mykje som du. Du har gjort styggare ting enn systrene dine, og med all din styggedom har du vist at dei er rettferdigare enn du. 52 Så må du òg ta vanæra på deg, du som med di eiga synd har gått god for systrene dine. Fordi du har gjort verre ting enn dei, er dei rettferdigare enn du. Så må du skjemmast og bera di vanære, sidan du har vist at systrene dine er rettferdigare.
    53 Men eg vil venda lagnaden for Sodoma og døtrene hennar og for Samaria og døtrene hennar. Og samstundes vil eg venda lagnaden for deg. 54 Så skal du bera di vanære og skjemmast av alt du har gjort, og såleis vera til trøyst for dei.
    55 Syster di, Sodoma, og døtrene hennar skal koma i same stilling som før, like eins Samaria og døtrene hennar; og med deg og døtrene dine skal det òg verta som før. 56 Tala du ikkje mykje om Sodoma, syster di, den tid du var hovmodig? 57 Det var før vondskapen din vart synleg. Men no har du vorte til spott og spe for Edoms døtrer og alle der ikring og for filistardøtrene, som hånar deg på alle kantar. 58 Di vanære og all din styggedom må du bera sjølv, lyder ordet frå Herren.
    59 Ja, så seier Herren Gud: Eg gjer med deg som du sjølv gjorde då du vanvørde eiden og braut pakta. 60 Men eg vil minnast pakta eg gjorde med deg då du var ung, og eg vil skipa ei evig pakt med deg. 61 Du skal minnast di åtferd og skjemmast når eg tek systrene dine, både dei som er større enn du, og dei som er mindre, og gjer dei til døtrene dine, endå dei ikkje er i pakt med deg. 62 Når eg gjer mi pakt med deg, då skal du sanna at eg er Herren. 63 Så skal du minnast di åtferd og blygjast og aldri meir opna din munn for skam, når eg tilgjev deg alt du har gjort, lyder ordet frå Herren Gud.

Habakuk var profet rett før Jeremias, kring 600 f.Kr, midt mellom Samarias fall og Jerusalems fall. Esekiel var profet etter Jeremias, rett før Jerusalems fall, men profetien i Esekiel.16 går lengre bak i tid, det var då under Kong David og kong Salomo Gud pynta Jerusalem som ei dronning. Når ho var ei nyfødd jente, brydde ikkje foreldra seg om henne, dei hadde berre lagt henne frå seg på marka. Men Herren kom over henne at sa at ho skulle leve. Det var nok til å berge henne, så ho overlevde og voks til ho vart ei voksen og moden kvinne. Korleis kunne det vere mogleg? Abraham trudd Gud og det vart rekna han til rettferd. Den rettferdige, ved tru skal han leve.

Men i Esekiel.16 er det sagt at mor hennar var ei hetittkvinne og far hennar var ein amoritt. Det er då dei folka som var i landet før jødane kom der. Det hadde seg vel slik at jødane ikkje makta å drive dei ut, slik som Gud først hadde sagt til dei.

Domarane.2,1 Herrens engel kom frå Gilgal opp til Bokim og sa: Eg førte dykk opp frå Egypt og lét dykk koma til det landet som eg med eid lova fedrane dykkar. Og eg sa: «Aldri vil eg bryta mi pakt med dykk.  2 Og de må ikkje gjera pakt med dei som bur her i landet; de skal riva ned altara deira.» Men de høyrde ikkje på orda mine. Kvifor gjorde de ikkje det?  3 No seier eg dykk: Eg vil ikkje driva dei ut. Dei skal verta til snarer for dykk, og gudane deira skal verta ei felle.
     4 Då Herrens engel hadde tala desse orda til israelittane, gret folket.  5 Difor kalla dei den staden Bokim. Der ofra dei til Herren.

Der vart nok ein del inngifte mellom jødane og desse andre folka, så Gud kalla mor til Jerusalem for ei hetitt-kvinne og far hennar kalla han ein amoritt. Likevel stelte han så vel med henne, så ho vart kona hans. Men det forstod ho ikkje, så ho brydde seg ikkje om mann og born. Som mora, så dottera, ho brydde seg ikkje om verken ektemannen eller borna (v 44-45) Ho vart ei hore som drap borna som han fekk med henne og derfor straffa han henne, ved at han ikkje tok omsorg for henne lengre.

Jesaja.1,7 Landet er ei øydemark,
        byane er brende,
        og framande et opp jorda
        beint framfor augo på dykk.
        Alt ligg i øyde,
        som når framande har herja.
     8 Berre Sions dotter er att
        som ei lauvhytte i ein vingard,
        som eit vaktarskjol på ei agurkmark,
        som ein kringsett by.
     9 Hadde ikkje Herren, Allhærs Gud,
        late nokre av oss sleppa unna,
        då var vi som Sodoma,
        vi såg ut som Gomorra.

Dei som set si tru og tillit til Herren, vert ikkje til skamme.

Medan Israels-folket vende seg til Herren.

Skriftene i det gamle testamentet lærde folk å vende seg til Herren og sette si tru og tillit til han, så skulle dei ikkje verte til skamme. Dette til tross for at ugudlege og vonde menneske kunne skade og drepe dei for vinning skuld, fange dei i fella og gjere dei til trælar. Kong David såg det som si oppgåve å krige mot slike ugudlege menneske og straffe dei, for å berge dei som leid urett.

Salme.14,1 Til korleiaren. Av David.
        Dåren seier i sitt hjarta:
        «Det er ingen Gud.»
        Vonde og stygge er deira gjerningar,
        det finst ikkje ein som gjer godt.
     2 Frå himmelen skodar Herren
        ned på menneska.
        Han vil sjå om det finst nokon vitug,
        nokon som søkjer Gud.
     3 Alle er komne på avveg,
        alle er dei vonde.
        Det finst ikkje éin som gjer godt,
        ikkje ein einaste.
     4 Skjønar dei då ingen ting,
        desse ugjerningsmennene?
        Dei sluker mitt folk,
        som ein et opp brød,
        og kallar ikkje på Herren.
     5 Men dei skal skjelva av redsle,
        for Gud er med den rettferdige ætt.
     Gjer berre stakkarens plan til skammar!
        Hjå Herren finn han livd.
     7 Å, gjev det må koma
        frelse for Israel frå Sion!
        Når Herren vender lagnaden for sitt folk,
        skal Jakob jubla og Israel gleda seg.

Salme.25,1 Av David.
        Herre, eg lyfter mi sjel til deg,
     2 eg set mi lit til deg, min Gud.
        Lat meg ikkje verta til skammar,
        lat ikkje mine fiendar triumfera over meg!
     3 Ingen som ventar på deg, vert til skammar;
        til skammar vert berre dei
        som ber seg trulaust åt – til inga nytte.
     4 Herre, syn meg dine vegar,
        og lær meg dine stigar!
     5 Lat meg få ferdast i di sanning;
        lær meg, Gud,
        for du er min frelsar!
        Eg ventar dagen lang på deg.
     6 Kom i hug di miskunn, Herre,
        og dine velgjerningar;
        for dei er frå evig tid.
     7 Kom ikkje i hug min ungdoms synder
        og mine misgjerningar!
        Kom meg i hug i din truskap, Herre,
        for din godhug skuld.
     8 God og rettvis er Herren;
        difor viser han syndarar vegen.
     9 Han leier dei arme til det som er rett,
        og lærer dei hjelpelause sin veg.
    10 Alle Herrens stigar er miskunn og truskap
        mot dei som held hans pakt og hans bod.
    11 For ditt namn skuld, Herre,
        tilgjev mi synd, for ho er stor!
    12 Kvar den som har age for Herren,
        lærer av han den veg han skal velja.
    13 Han skal alltid ha det godt,
        og ætta hans skal arva landet.
    14 Herren har fortruleg samfunn
        med dei som ottast han,
        i pakta med han får dei rettleiing.
    15 Eg vender alltid mine augo mot Herren,
        for han dreg mine føter ut or garnet.
    16 Vend deg til meg og ver meg nådig,
        for eg er einsam og i naud.
    17 Fri meg frå det som tyngjer mitt hjarta,
        og før meg ut or mine trengsler!
    18 Tenk på mi naud og mi møde,
        og tilgjev alle mine synder!
    19 Sjå mine fiendar, kor mange dei er!
        Dei hatar meg med eit ofseleg hat.
    20 Vern mitt liv og fri meg ut,
        lat meg ikkje verta til skammar;
        for eg flyr til deg.
    21 Lat ærlegdom og rettvise verna meg, Herre;
        for eg set mi von til deg!
    22 Å, Gud, løys Israel ut
        or alle trengsler!

Salme.31,1 Til korleiaren. Ein salme av David.
          
     2 Herre, eg søkjer tilflukt hos deg,
          lat meg aldri bli til skamme!
          Fri meg ut i di rettferd!
          
     3 Vend øyret til meg,
          skund deg og redd meg!
          Ver meg eit vern og eit berg,
          ei borg til frelse!
          
     4 Du er mitt fjell og mi borg;
          for ditt namn skuld fører og leier du meg.
          
     5 Løys meg or garnet dei har spent ut for meg!
          For du er mi tilflukt.
          
     6 I dine hender gjev eg mi ånd,
          du løyser meg ut, Herre, du trufaste Gud.
          
     7 Eg hatar dei som held seg til vind og fåfengd.
          Sjølv set eg mi lit til Herren.
          
     8 Eg vil jubla av glede over di miskunn
          fordi du har sett mi naud,
          du kjenner mi trengsle.
          
     9 Du gav meg ikkje over i handa til fienden,
          men førte meg ut i ope land.
          
    10 Ver meg nådig, Herre,
          for eg er i naud.
          Auget sløvest av bitter sorg,
          pust og kropp svinn bort.
          
    11 Livet mitt endar i sorg,
          åra mine i klage.
          Min styrke sviktar
          på grunn av mi skuld,
          beina i kroppen svinn.
          
    12 Eg blir til spott for fienden,
          til hån for grannane,
          ei redsle for dei som kjenner meg,
          dei som ser meg på gata, vik unna.
          
    13 Som ein død er eg gløymd av menneske,
          lik eit kar som er kasta bort.
          
    14 For eg høyrer mange som kviskrar
          – å, redsle på alle kantar! –
          når dei samlar seg mot meg
          og legg planar om å ta mitt liv.
          
    15 Men eg set mi lit til deg, Herre,
          eg seier: «Du er min Gud.»
          
    16 Mine tider er i di hand,
          fri meg frå fiendar som jagar meg!
          
    17 Lat ditt andlet lysa over din tenar,
          frels meg i di miskunn!
          
    18 Herre, lat meg ikkje bli til skamme,
          for eg ropar til deg.
        
          Lat dei urettferdige stå med skam
          og gå stille til dødsriket!
          
    19 Lat lygande lepper tagna,
          dei som talar frekt mot den rettferdige
          med hovmod og forakt.
          
    20 Kor stor di miskunn er,
          som du har spart til dei som fryktar deg!
          Rett framfor menneske har du vist di miskunn
          mot dei som søkjer tilflukt hos deg.
          
    21 Hos deg finn dei vern
          mot overgrep frå menneske.
          Du gøymer dei i di hytte
          for tunger som kjem med klagemål.
          
    22 Velsigna er Herren som gjer under!
          Han viste meg miskunn i ein kringsett by.
          
    23 Eg sa i min angst:
          «Eg er støytt bort frå dine auge.»
          Men du høyrde mi bøn
          då eg ropa til deg.
          
    24 Elsk Herren, alle hans trugne!
           Herren vernar dei trufaste,
          men den hovmodige gjev han att i fullt mål.
          
    25 Ver modige og sterke,
          alle de som ventar på Herren!

Salme.37,1 Av David.
        Harmast ikkje på dei som gjer vondt,
        misunn ikkje dei som gjer urett!
     2 For dei visnar så snart som graset
        og turkar bort som grøne groen.
     3 Lit på Herren og gjer det gode,
        så skal du få bu i landet.
        Legg vinn på truskap!
     4 Ha di lyst og glede i Herren,
        så skal han gje deg det hjarta ditt ynskjer!
     5 Legg din veg i Herrens hand,
        lit på han, så skal han gripa inn.
     6 Han skal la di rettferd bryta fram som ljoset,
        din rett skal verta som høgljos dag.
     7 Ver still for Herren og venta på han!
        Lat ikkje harmen loga
        mot den som har lukka med seg,
        mot den som set vonde planar i verk!
     8 Gjev vreiden opp, lat harmen fara!
        Lat ikkje harmen loga
        – det fører berre ulukke med seg.
     9 For dei som gjer vondt, skal rydjast ut,
        men dei som ventar på Herren, skal arva landet.
    10 Om ei lita stund er den gudlause borte;
        ser du etter på hans stad, så er han der ikkje.
    11 Men dei tolsame skal arva landet
        og gleda seg over lukke og fred.
    12 Den gudlause legg vonde planar
        mot den rettferdige
        og skjer tenner mot han.
    13 Men Herren ler åt han,
        for han ser at hans dag kjem.
    14 Dei vonde dreg sverdet og spenner bogen,
        dei vil fella den arme og fattige
        og drepa den som fer ærleg fram.
    15 Men sverdet skal råka dei sjølve i hjarta,
        og bogane skal brytast sund.
    16 Det vesle den rettferdige eig,
        er betre enn den store rikdomen åt dei gudlause.
    17 For den makt dei gudlause har, skal brytast,
        men Herren held dei rettferdige oppe.
    18 Herren kjenner dagane åt dei ærlege,
        deira arv skal vara til evig tid.
    19 Dei vert ikkje til skammar i vonde tider,
        når hungeren herjar, får dei eta seg mette.
    20 Men dei gudlause går til grunne.
        Som blomeskrudet på marka
        vert Herrens fiendar borte,
        dei kverv som røyk.

Der er mange skriftstadar i det gamle testamentet som gir uttrykk for ei slik tru og eit slikt håp til Gud. I Heb.11 ser vi at dei vart forfølgde for si tru. At David med denne trua vart ein stor konge er heilt spesielt. Davids fiendar ville gjere armingens planar til skamme (Salme.14,6-7), men David venta på frelse for Israelsfolket, at Gud ville vende lagnaden deira.

Trua og vona til Gud, når Israels-folket og kongane deira vende seg bort frå han.

Men når Israels-kolket og kongane deira vende seg bort frå Herren, vart armingens planar gjort til skamme i Israel også. Det vart tydeleg ved at Herren stilte seg i ein slik posisjon, som den einskilde som leid urett.

Jesajas.59,1 Sjå, Herrens hand er ikkje så kort
        at han ikkje kan frelsa,
        og hans øyra ikkje så tunghøyrt
        at han ikkje kan høyra.
     2 Nei, det er misgjerningane dykkar
        som skil mellom dykk og dykkar Gud.
        Syndene dykkar løyner hans åsyn,
        så han ikkje høyrer dykk.

 8 Freds veg kjenner dei ikkje,
        det finst ingen rett i deira spor.
        Dei går på krokete stigar,
        og ingen som ferdast der, veit av fred.
     9 Difor er retten langt borte frå oss,
        rettferda når oss ikkje.
        Vi ventar på ljos, men sjå, det er mørkt,
        på solskin, men ferdast i skugge.
    10 Vi trivlar langs veggen som blinde,
        vi trivlar som folk utan augo.
        Vi snåvar på ljose dagen
        som om det var skumring,
        i vår beste alder er vi som døde.
    11 Vi gryler alle som bjørnar
        og klynkar og klagar som duer.
        Vi ventar på rettferd, men ho kjem ikkje,
        på frelse, men ho er langt borte frå oss.
    12 Du ser at våre synder er mange,
        våre brot vitnar imot oss.
        Ja, våre synder veit vi om,
        våre misgjerningar kjenner vi:
    13 Vi har reist oss mot Herren,
        har fornekta han
        og gått bort frå vår Gud.
        Vi har tala om vald og fråfall
        og mumla fram svikefulle ord
        som var avla i hjarta.
    14 Difor er retten unnatrengd,
        rettferda står langt borte.
        På torget er sanninga fallen,
        og det rette vinn ikkje fram.
    15 Truskapen er borte,
        og den som held seg frå vondskap,
        vert plyndra.
        Herren såg – og det var vondt i hans augo –
        at det ikkje var retten som rådde.
    16 Han såg at ikkje ein steig fram,
        og undra seg over
        at ingen førte hans sak.
        Då kom hans arm han til hjelp,
        hans rettferd stødde han.
    17 Han tok rettferd på seg til brynje
        og sette frelseshjelm på sitt hovud.
        Så kledde han seg i hemnens klednad
        og sveipte om seg brennhug til kappe.
    18 Han løner folk etter det dei har gjort,
        med harme mot uvener, hemn over fiendar;
        jamvel mot øyar og strender
        gjer han attergjeld.

Synda skilde menneska frå Gud, men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle. Slik vende han lagnaden deira.

Trua og vona i den nye pakta gjer oss ikkje til skamme.

Ved trua på Jesus har vi von om Guds herlegdom og den gjer oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrent i våre hjarte ved den Heilage Ande som er oss gitt, den herleggjer og openberrar Kristus for oss, som vår frelsar og Herre.

Rom.5,1 Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus.  2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom.  3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande,  4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von.  5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss.  6 Medan vi endå var hjelpelause, døydde Kristus til fastsett tid for ugudelege.  7 Snautt nok vil nokon gå i døden for ein rettvis mann – endå det kan vel henda at einkvan vågar livet for ein som er god.  8 Men Gud syner sin kjærleik til oss med di Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar.  9 Når vi no har vorte rettferdige ved Kristi blod, kor mykje meir skal vi ikkje då ved han verta frelste frå vreiden! 10 Medan vi endå var fiendar, vart vi forsona med Gud då Son hans døydde. Når vi no er forsona, kor mykje meir skal vi ikkje då verta frelste ved hans liv. 11 Ja, ikkje berre det, men vi prisar oss lukkelege i Gud, ved vår Herre Jesus Kristus, han som har gjeve oss forsoninga.

Joh.16,12 Enno har eg mykje å seia dykk, men de kan ikkje bera det no. 13 Men når han kjem, Sanningsanden, skal han leia dykk fram til heile sanninga. For han skal ikkje tala av sitt eige, men tala det han høyrer, og kunngjera for dykk det som skal koma. 14 Han skal herleggjera meg, for han skal ta av mitt og forkynna for dykk. 15 Alt det Faderen har, er mitt. Difor sa eg at han skal ta av mitt og forkynna for dykk.

2.Kor.3,17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.

Sions datter og Sions søner.

Jesus fekk det namnet fordi han skulle frelse folket sitt frå syndene deira, det betyr Jahve er frelse. Sitat frå https://nn.wikipedia.org/wiki/Jesus :

Namnet Jesus er avleidd frå latinske Iesus, ein translitterasjon av det greske ἸησοῦςIesous.[36] Den greske forma er ei fortolking av det hebraiske ישוע, (Jeshua), ein variant av det tidlegare namnet יהושע, (Jehoshu’a), på norsk «Josva».[37][38][39] Namnet Jeshua ser ut til å ha vore i bruk i Judea i tida rundt Jesu fødsel.[40] Verka til historikaren Flavius Josefus frå det første hundreåret, forfatta på koinegresk – same språk som i Det nye testamentet,[41] – refererer til minst tjue ulike personar ved namn «Jesus» (dvs. Ἰησοῦς).[42] Etymologien til Jesus i kontekst av Det nye testamentet er generelt gjeve som «Jahve er frelse».

 I profetien vart han kalla Immanuel, det betyr «Gud med oss». Alle som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born, fødde av vatn og Ande. Dette er det profetert om i Jesajas 62.

Jesajas.62,1 For Sions skuld vil eg ikkje teia,
        for Jerusalems skuld vil eg ikkje vera still,
        før hennar rett strålar fram med glans
        og hennar frelse som ein brennande fakkel.
     2 Då skal folkeslag sjå di rettferd
        og alle kongar din herlegdom.
        Du skal få eit nytt namn,
        som Herren sjølv skal gje deg.
     3 Du skal vera ein herleg krans i Herrens hand,
        ein kongeleg hovudprydnad
        i handa åt din Gud.
     4 Du skal ikkje lenger kallast «Den forlatne»,
        og ditt land skal ikkje meir heita «Øydemark».
        Men du skal kallast «Mi kjære»,
        og landet ditt skal heita «Kone».
        For Herren skal ha deg kjær,
        og landet ditt skal takast til ekte.
     5 Som ein ungdom gifter seg med ei møy,
        skal dine søner ta deg til ekte.
        Og som ein brudgom gleder seg over si brur,
        skal din Gud gleda seg over deg.
     6 På murane dine, Jerusalem,
        har eg sett vaktmenn.
        Og dei skal aldri teia
        anten dag eller natt.
        De som prisar Herren,
        unn dykk ikkje ro!
     7 Lat heller ikkje han få ro
        før han byggjer opp att Jerusalem
        og gjer byen til ein lovsong på jorda.
     8 Herren har svore ved si høgre hand
        og ved sin veldige arm:
        Aldri meir skal eg gje ditt korn
        til føde for dine fiendar,
        og ikkje skal framande drikka din vin,
        som du har hatt møda med.
     9 Nei, dei som haustar kornet,
        skal eta det og prisa Herren;
        og dei som sankar druene,
        skal drikka vinen
        i mine heilage tempelgardar.
På heimveg
10 Dra ut, dra ut gjennom portane,
        og ryd ein veg for folket!
        Bygg, ja bygg ein kongsveg
        og reinsa han vel for stein!
        Reis ei merkestong for folka!
    11 Høyr, Herren lèt det ljoma
        til heimsens ende:
        Sei til Sions dotter:
        Sjå, di frelse kjem!
        Sjå, dei han fekk i løn, er med han,
        dei han vann, går føre han.
   
 12 Dei skal kallast det heilage folket,
        dei som Herren har løyst ut.
        Og sjølv skal du kallast den søkte,
        byen som ikkje ligg aud og tom.

Gud gir Jerusalem eit nytt namn, han kallar henne sin kjære og vil glede seg over henne som ein brudgom gleder seg over si brud. Landet hennar er som ei møy som sønene hennar tek til ekte (v 4-5). Sei til Sions dotter: sjå di frelse kjem (v 11). Immanuel, Gud med oss, Jesus er vår frelsar og Herre.

Det himmelske Jerusalem.

Abraham fekk Isak med Sara etter at dei var gamle, så ho var for gammal til å få born. Det var den sonen som dei fekk lovnad om og det var eit Guds under. At Jesus vart fødd av jomfru Maria var også eit Guds under, det var ved den Heilage Ande. Då vart det altså slik at alle som tok imot han gav han rett til å verte Guds born, fødde av vatn og Ande.

Gal.4, 21 Sei meg, de som vil vera under lova: Høyrer de ikkje på lova? 22 Det står skrive at Abraham hadde to søner, ein med trælkvinna og ein med den frie kvinna. 23 Son til trælkvinna er fødd på vanleg måte, son til den frie kvinna er fødd etter Guds lovnad. 24 Dette har ei djupare meining. Dei to kvinnene står for to pakter. Den eine, Hagar, er pakta frå Sinai-fjellet; ho føder til trældom. 25 Hagar står for Sinai-fjellet i Arabia og svarar til det Jerusalem som no er, og det lever i trældom med sine born. 26 Men det Jerusalem som er der oppe, er fritt, og det er mor vår. For det står skrive:
   
 27 Gled deg, du barnlause, som ikkje fødde.
        Set i og jubla, du som ikkje hadde rier.
        For den einslege kvinna har fleire born
        enn ho som har mann.
    28 Og de, brør, er born etter lovnaden liksom Isak. 29 Men han som var fødd på vanleg måte, forfylgde den gongen han som var fødd i kraft av Anden, og slik er det i dag òg. 30 Men kva seier Skrifta? Jag ut trælkvinna og son hennar! For son til trælkvinna skal ikkje arva saman med son til den frie kvinna. 31 Difor, brør, er vi ikkje born åt trælkvinna, men åt den frie kvinna.

Heb.12, 18 De er ikkje komne til eit fjell som ein kan ta og kjenna på, med logande eld, med skyer, mørker og storm, 19 med gjallande horn og med ei røyst som tala slik at dei som høyrde på, bad om å få sleppa å høyra meir. 20 For dei kunne ikkje tola det påbodet som vart gjeve: «Om så eit dyr kjem innåt fjellet, skal det steinast.» 21 Ja, så gruvekkjande var synet at Moses sa: «Eg er så redd at eg skjelv.» 22 Nei, de er komne til Sion-fjellet, til den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, til dei mange tusen englar, til ei høgtidsstemne, 23 til samlinga av dei fyrstefødde som er oppskrivne i himmelen. De er komne til ein domar som er Gud for alle, til åndene åt dei rettferdige som har nått fullendinga, 24 til Jesus, mellommannen for ei ny pakt og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod.
    25 Sjå til at de ikkje viser frå dykk han som talar! Dei som viste frå seg han som tala sitt ord her på jorda, slapp ikkje unna. Endå mindre skal vi sleppa unna om vi vender oss bort frå han som talar frå himmelen. 26 Hans røyst fekk den gongen jorda til å skjelva. Men no har han lova: «Endå ein gong vil eg skaka, ikkje berre jorda, men himmelen med.» 27 Her står det: «endå ein gong». Det syner at det som kan rikkast, fordi det er skapt, skal skiftast ut, så det som ikkje kan rikkast, skal verta ståande. 28 Sidan vi får eit rike som ikkje kan rikkast, så lat oss vera takksame og såleis tena Gud til hans hugnad, med otte og age. 29 For Gud er ein øydande eld.

Alle som tok imot Jesus gav han rett til å verte Guds born, fødde av vatn og ande og det som er født av Anden er ånd. Gud er vår far og det himmelske Jerusalem er vår mor, så då er vi fødde frå himmelen.

Jesus kallar Sions dotter ut i fridomen, ut i dansen med dei glade, for han er herren hennar brudgom.

Immanuel, Gud med oss, Jesus er med oss og han har kalla Sions dotter ut i fridomen, ut i dansen med dei glade, for han er herren hennar brudgom.

Jeremias.31,1 På den tid, lyder ordet frå Herren, vil eg vera Gud for alle ættene i Israel, og dei skal vera mitt folk.
     2 Så seier Herren:
        Det folket som slapp unna sverdet,
        har funne nåde i øydemarka.
        Israel skal fara av stad og finna ro.
     3 Langt bortanfrå synte Herren seg for dei:
        Med evig kjærleik har eg elska deg,
        difor lèt eg mi miskunn mot deg vara ved.
     4 Endå ein gong skal eg byggja deg,
        ja, du skal byggjast,
        Israel, du unge møy.
        Endå ein gong skal du pryda deg med handtrommer
        og gå ut i dansen med dei glade.
     5 Endå ein gong skal du planta vinhagar
        på Samaria-fjella;
        og dei som plantar, skal sjølve nyta frukta.
     6 Ja, det kjem ein dag
        då vaktmenn ropar på Efraims-fjellet:
        Kom, lat oss fara opp til Sion,
        til Herren vår Gud!
     7 Så seier Herren:
        Gled deg storleg over Jakob,
        og rop av fagnad over han som er hovding mellom folka!
        Lat lovsongen ljoma og sei:
        «Herren har frelst sitt folk,
        dei som er att av Israel.»
     8 Eg fører dei heim att frå landet i nord,
        eg samlar dei frå utkantane av jorda.
        Blant dei er både blinde og halte,
        ja, svangre og fødande kvinner med;
        dei kjem attende i store flokkar.
     9 Gråtande kjem dei, med audmjuk bøn;
        eg leier og fører dei
        til rennande bekker,
        på jamn veg, der dei ikkje snåvar.
        Eg er som ein far for Israel,
        Efraim er min fyrstefødde son.
    10 Høyr Herrens ord, de folkeslag!
        Forkynn det på fjerne strender og sei:
        Han som spreidde Israel,
        samlar og gjæter det
        som ein hyrding gjæter sin flokk.
    11 For Herren har fria ut Jakob
        og løyst han or overmanns hand.
    12 Dei kjem med jubelrop til Sion-fjellet,
        dei strålar av glede over Herrens gode gåver:
        korn og vin og olje,
        sauer og geiter og oksar.
        Sjølve skal dei vera som ein vassrik hage
        og ikkje lenger lida naud.
    13 Då skal jentene dansa av glede
        og gamle menn gleda seg med dei unge.
        Eg vender deira sorg til fryd,
        og trøystar og gleder dei som syrgde.
    14 Eg lèt prestane få rikeleg med feite retter
        og mettar mitt folk med gode gåver,
        lyder ordet frå Herren.

Tyding av tungetale, ein av bodskapane 12.2.201:

«Du har høyrt min bodskap år etter år, ja, gjennom eit langt liv har du fått høyre at det er nok nåde. Ja, min nåde er deg nok og mi kraft fullendast i vanmakt. Det beste livet kan gje deg, får du gratis, rennande vatn, lufta du trekker inn, surstoffet du da får, og du får av meg nåde gratis. Eg døde for alle synder, for alle dine synder, for nasjonane sine synder. Og den dagen eg skal dømme nasjonane, så ver nøye med at du finst på rett stad og at du tidleg kom inn i nåden som einskildperson. Ver merksam på at når eg gjev liv, så gjev eg eit liv som held, legg merke til at når eg seier at mi kraft skal fullendast i vanmakt, så spelar det inga rolle korleis du føler deg, korleis du er og kva du har opplevd i livet i fortida, for eg vil vende ditt ansikt til framtida. Og eg vil la deg vandre med min nåde på ein slik sterk måte at kvart einaste menneska som kjem i berøring med deg, vil sjå meg gjennom deg. Du skal ikkje leite etter å verte betre som menneske, du skal ikkje lengte etter å verte perfekt som mann og kvinne. Du skal berre lengte etter meg, eg som gjev liv og let deg få moglegheita til å gløyme det som er bak og strekke deg ut etter det som er framanfor, og jage mot målet, for målet vinkar deg så nær no og tida heretter er kort. Og som eg er, vil eg at du skal vere i denne verda. Eg vil at min bodskap til deg om total frigjering skal resultere i at du gjer deg laus banda om din hals, du fanga Sions dotter. Og at du synger da kongebodet kom at vi kunne vende om, då vart hjerta sett i brann. Eg vil bruke alt kva du har høyrt og alt kva du har lært og alt kva du har sett på ein rett måte for framtida og la deg få oppleve at ditt hus vert forandra og forvandla, dine barn skal verte frelst, din ektefelle skal verte frelst, du sjølv skal få eit møte med meg som forandrar deg for tid og æve. Og hugs at tida heretter er kort og det hastar for deg å få eit nytt møte med meg, seier Herren.

Du leser mitt ord og du vil finne ved tre høve så gret eg, på same måte gret eg over mitt namn i dag. Eg gret over den synd og den umoral som er til, eg gret over at mine barn gøymer seg, dei har fått nåde så det rekker for mange. Eg gret når eg ser ut over det nærmiljøet du beveger deg i. Alle dei som ropar og lengtar etter livsforvandling og forandring. Kvar er du i dette?  Eg lengtar å sjå deg på kne med menn og kvinner som eg døde for. Min nåde er deg nok og eg har gjort deg levande med meg. Eg herleggjorde min Far her nede og eg vil at du også skal vere med i det koret, å herleggjere min Far. Dette er din dag, eg har bestemt at dine steg skulle gå hit i kveld, seier Herren, og det er din dag, det er di moglegheit, det er deg som skal få det du lengtar etter, ikkje sidemannen, ikkje ektefellen, ikkje barna dine, ikkje foreldra dine, det er deg eg kallar ut ifrå mørket i kveld, seier Herren.»

Bodskapen 18.12.2011:

«Endå ein gang skal eg fylle din munn med latter og di tunge med jubel. Og eg som har ført deg ut i fritt rom, meg kan du av heile ditt hjerte prise meg utan nokon frykt og fordømming. For dersom du finst under mitt blod, du finst i mine sår, då er det ingen fordømming, men du kan fritt få finne mitt Ord, du kan fritt prise mitt namn. For eg har skjult deg i mine sår, eg har skjult deg i mine sår både for dine synders skuld og for dine sjukdommars skuld. Du kan ha frimod både innover og utover og  oppover, for eg har reinsa deg.

Gjer deg laus av alle band som bind deg, du fanga Sions Dotter. Kom ut i fridomen. Vinteren er over. Regn ikkje (lenger)? med at du var langt borte, men sjå opp hit. For nådens sol skin, rettferdssola har gått opp med lækjedom og du kan gå ut i fridomen og du skal fryde  og du kan gå ut i dansen med dei glade. Du skal ikkje bry deg om kva menneske seier om det, men du skal løfte blikket mot det høge og prise mitt heilage namn, for eg er Herren din ektemann, eg er Herren din brudgom og det er meg du skal skode (”beskue”), for eg som tok deg og drog deg opp av grava, eg skal gjere dine trinn faste og eg skal legge ein ny song i din munn og du skal gå ut i dansen med dei glade og prise mitt namn. Halleluja.»

Styresmaktene er innsett av Gud.

I det gamle testamentet er det fortalt om rike som oppstod og gjekk til grunne, kongene deira dyrka avgudane og gjorde seg til guder, men Gud straffa dei for det og så påstod han at eigentleg var det ha som gjorde det heile, sjølv om dei ikkje forstå det. Israels-folket skulle vel forstå det, så lenge dei vende seg til han. Det gjorde dei ikkje bestandig, men ha let sine profeter fortelle korleis det skulle gå, ettersom det gjekk slik, vitne det om han, uten at dei kunne seie at det var dei som gjorde det. Jesus profetene om at det skulle verte krig, men hans læresveinar skulle holde fram med å forkynne evangeliet. Evangeliet om Guds rike, det er eit evig rike. Ved trua på Jesus får vi den Heilage Ande av berre nåde, gratis, uten krav om gjerninger. Då er Guds rike inni oss.

Dei kristne skulle ikkje gjere opprør mot Romarriket, dei skulle vere lydige mot styresmaktene, for dei var innsette av Gud, for å hevne uretten, den styresmakta som ikkje er innsett av Gud, finst ikkje.

Rom.13,1 Kvar og ein skal vera lydig mot dei styremaktene han har over seg. Det finst inga styremakt som ikkje er av Gud, og dei som finst, er innsette av Gud.  2 Den som set seg opp mot styremakta, han står Guds ordning imot, og dei som det gjer, skal få sin dom.  3 Dei som styrer, er inga skræmsle for den som gjer godt, men for den som gjer vondt. Vil du sleppa å vera redd styremakta? Gjer det som godt er, og ho kjem til å rosa deg.  4 For styremakta er Guds tenar, til gagn for deg. Men gjer du det vonde, har du grunn til å vera redd; for ho ber ikkje sverdet for inkje. Ho er Guds tenar som set hans dom iverk over den som gjer det vonde.  5 Difor er det naudsynt å vera lydig, ikkje berre for å sleppa straff, men òg av omsyn til samvitet.  6 Det er òg grunnen til at de betaler skatt; for styremaktene er Guds tenarar, og dette er dei sette til å ta seg av.  7 Gjer rett og skil mot alle: Svar skatt til den som skatt skal ha, og toll til den som toll skal ha. Ha age for den som har krav på age, gjev ære til den de skuldar ære.

Men dei skulle ikkje tilbe avgudane og heller ikkje keisaren. Derfor vart dei forfølgde. Men kyrkja voks likevel. For Kristus er vegen til Faderen, sanninga som sette dei fri og livet som dei fekk ved trua på han, dei gjekk den vegen og kom inn i samfunnet med Faderen. Kristus frelste menneske inn i samfunnet med seg og Faderen. Derfor voks kyrkja.

Keisar Konstantin og kyrkja.

Keisarane prøvde å utrydde kristendomen, men kyrkja voks likevel. Så keisar Konstantin valde å legalisere kristendomen, det betydde at han ikkje lenger kravde å verte dyrka som ein gud. Og på kyrkjemøtet i Nikea vart han og forsamlinga overtyda om at den rette kristne læra var at Jesus var Guds Son og derfor var han Gud. Dei kristne gjorde ikkje opprør mot keisaren, men i staden for å dyrke han som ein gud, vende dei seg til Kristus og påkalle han som sin frelsar og Herre. Den metoda førde fram, for Kristus er vegen til Faderen og det er framleis vegen å gå.

Augustin.

Med «kyrkje-faderen» Augustin (354-430) kom der ei syntese mellom nyplatonisme og kristendom. Han definerte «gudsstaten» som ei åndeleg kraft og «den jordiske staten» som krefter som strir mot Gud. Gudsstaten svarar til Guds rike, det er lyst, den jordiske staten er då mørkets makt. Det er ei svart-kvitt-tenking altså. Gud har skapt både kyrkjemakta og den verdslege makta og begge skal tene Gud. Dersom den verdslege makta ikkje tener Gud, men berre tener den jordiske staten, skuldar kyrkjemakta å gå til strid mot den verdslege makta.

Jordisk og verdsleg får dermed to ulike tydingar i denne filosofien, sjølv om det elles betyr det same. Dette synest vere noko uklart, eg meiner det er ei forenkling som ikkje er så klargjerande som det gir inntrykk av.

Augustin godtok ei lære som hadde vore framme før, om at det ikkje fanst nokon annan veg til frelse enn gjennom kyrkja. Så allereie her er kyrkja på veg bort frå evangelisk kristendom og verre vart det.

For Kristus sa at han var vegen til Faderen.

Joh.14,6 Jesus svarar: Eg er vegen og sanningi og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjenom meg.

Sidan sa han at dei skulle gå ut i all verda og forkynne evangeliet for alle folkeslag. Og då skulle dei få sjå at han var med dei alle dagar.

Pave Gregor den Store.

Pave Gregor den Store (590-604) bygde vidare på Augustins lære, men han vraka Augustins lære om predestinasjonen, i staden hevda han at kyrkja er eit naudsynt mellomledd mellom Gud og menneske. Ved å stenge menneske ute frå kyrkja, kunne den hindre at menneske vart frelst (bannlysing). Han innførde læra om skjærselden.

I austerlanda var det mange som søkte Gud i einsemda, men så kom dei saman i kloster, Benedikt bygde eit kloster i Italia og la grunnlaget for klostersamskipnaden i Europa. Klostera vart viktige kultursenter.

Lensskipnaden, aristokratiet og evangeliet.

Under Karl den Store vart Frankarriket eit stort keisarrike. Sidan vart det borgarkrig under son hans og ved fredssemja i Verdun i 843, vart det delt mellom dei tre soneborna hans, i Frankrike, Tyskland og Italia, der keisar-tittelen følgde Italia. For å få vern, var det naturleg å ty til ætta, men den kunne sjeldan gi godt no vern. Derfor var lensskipnaden innførd.

Aristokratiet i Europa var først eit fødselsaristokrati, det var noko dei var fødde til altså. Seinare vart det eit embetsaristokrati, det var noko dei vart utdanna til. Dette gjaldt adelen og kyrkjeadelen, prestane.

Men kva med evangeliet? Kva resulterer det i? Forkynninga skulle føre til at menneske vart fødde på nytt, berre slik kunne dei sjå Guds rike og komme inn i det. Med den vidare opplæringa skulle dei lære å komme til Faderen som hans born, verte opplærde og oppseda av han, komme til han med alle sine behov og få oppleve at han elska dei og hadde omsorg for dei som sine born.

https://value-and-entropy.com/2022/07/23/adelstand-eller-barnekar-hos-gud/

Immanuel, Gud med oss, «Gott mit uns».

Immanuel betyr «Gud med oss» og er namnet som er brukt om Jesus i ein profeti, at han skulle verte fødd av ei jomfru (Matt.1,23). Sidan vart det brukt av nazistane under andre verdskrig, på beltespenna til soldatane stod der «Gott mi tuns», «Gud med oss». Så vi må sjå det på grunnlag av kyrkjehistoria i Tyskland, fyrst det Tysk-Romerske keisarriket (962-1806), så reformasjonen.

Bilde-tekst: Slagordet “Gott mit uns” vart brukt både av Keisar Vilhelm og nazistane. Her eit bilete av beltespennet til dei tyske soldatane under andre verdskrig.

Dei kalla det for det tredje riket, tanken var visst at først kom Faderens rike, så Sonens rike og så riket til den Heilage Ande. Men det var helst i forkant av krigen at der var slike tankar om det tredje riket, for det var litt usikkert kva som kom til å verte det fjerde. Då måtte det vel vere ved å vise til profetien i Daniels bok om dei store verdsrika, så det tredje riket var Persarriket. Det hadde sitt opphav i Iran, så herskarane der måtte vere ariar. Så det er altså opphavet til teorien om den ariske rase. Men det er då heilt skrullete å kalle europearar for ariar.

Sitat frå https://no.wikipedia.org/wiki/Ariere :

Arier (sanskritĀrya, «nobel», gammelpersiskaryan, «iraner») er en betegnelse med ulik betydning i moderne historie og vitenskap, men brukes særlig som samlebetegnelse på folkeslag som snakker indoeuropeiske språk i India og Iran.

Tidligere var arier de folk som snakket persiske språk. I dag betegner arier forfedrene til de iranske folkene som snakker persiske språk og som innvandret til det midt-østlige subkontinentet fra Iran i eldre tid. De kalte seg også arier de indoeuropeiske gruppene som rundt 20001500 f.Kr. flyttet inn i nåværende Iran, AfghanistanArmenia og Nord-India, mest sannsynlig fra det nordøstlige Europa og Russland. Navnet Iran betyr «ariernes land». I India fantes det en nomadegruppe som kalte seg selv ārya. Ifølge eldre raselære var ariere en stamme fra menneskerasen kaukasoid. Andre stammer fra rasen kaukasoid er germanere og slavere.

……..

Persarkongen Kyros let jødane far heim att til landet sitt og det same gjaldt dei andre folka som hadde vorte bortførde til Babylonia. Dette er førebilete på evangeliet om Kristus, som skulle forkynnast for alle folkeslag. Det er han som er Immanuel.

Så her er noko som skurrar i nazistane si lære. Kva har europearar felles med arier? Dei som forskar på religions-historie hevdar det ser ut til at mange religionar stammar frå ein felles indo-europeisk religion.

Å påstå at Kristus er så streng at vanlege folk ikkje kan be til han direkte, men må gå via paven, prestane og helgenane strir mot Paulus si lære om at Guds nåde er nok for oss, det blir som med dei uvituge brurmøyane som ikkje hadde med seg nok olje til lampane sine. Kristus er brødet som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, det ord han har tala til oss er ånd og liv. Det vert symbolisert i nattverden.

Men det verkar som nazistane erstatta dette med å byrje å tale om den ariske rase, men det ligg då eigentleg fjernt frå den germanske rase. Som om den ikkje var bra nok og derfor måtte dei tenke seg noko arisk som ideal. Dette er då det reidige tullball.

Dersom vi i staden trur at Guds nåde er nok, så vi får komme til Kristus slik som vi er, ja vel, så gjer vi det. Då er germanarane bra nok slik som dei er, det er gotarane og folket i Norden også.

Ein ny raseteori.

Ved det teologiske fakultet i Oslo har dei drive med religionsforsking som tydeleg vis er som når kvinna let seg forføre til å ete av kunnskapstreet. Strategien er å forføre kvinna for så å bruke henne til å lokke mannen med. Så det skal resultere i at mannen vert dømd til døden. Så det er hensikta med at dei har avvist evangelisk kristendom.

Denne «forskinga» har visst vorte utvida til kvinneforsking og sidan til kjønnsforsking som har engasjert fleire fakultet, men ikkje realfag, til tross for at det er biologien som gir den vitskaplege forståinga for kva kjønn er for noko. Den «kunnskapen» dei soleis får, gjev dei visst uttrykk for gjennom slikt som «Pride», «avkoloniserings-aktivismen» og kva meir?

Men saka er den at dei har utvikla ein ny raseteori med rasehat mot den kvite man, som om han ikkje skulle vere bra nok som ektemann til den kvite kvinna. Men det er altså fordi dei har vraka Kristus, som om han ikkje er bra nok for dei. Så dei vil erstatte han med noko anna.

Dette er også eit angrep på Noreg som sjølvstendig nasjon, soleis vert det argumentert for å styrke ein overnasjonalitet på kostand av nasjonaliteten. Så det er med slike oppfatningar dei vil ha oss inn i EU. Då kan det samanliknast med korleis nazistane under andre verdskrig samla saman unge kvinner med lyst hår frå landa som dei okkuperte.

Gud er ånd og han vekker menneske opp til liv i samfunn med seg. Men der er ein moralfilosofisk tradisjon som er fiendtleg til det, slik som det viste seg ved syndefallet. Ironisk nok kan historia framstillast slik at moralfilosofane ville nekte mannen å få seg ei kone. For dei var som hallikar som ville selje kvinnene som horer og så tente dei godt på horehusa sine. Men så vart dei sosialiserte, så staten skulle få inntekta av dei. Så slo moralfilosofane til på nytt nekta mennene å få bruke dei som horer, men staten skulle krevje horeløn likevel, gjennom skattar og andre avgifter. Soleis vart fiendskapen til det åndelege livet i samfunnet med Gud til fiendskap mot det biologiske livet.

Evangeliet skulle forkynnast til alle folkeslag. Så kvifor rase-teorier?

Evangeliet skulle forkynnast for alle folkeslag, det er til alle, slik er det felles. Alle som tok imot Jesus gav han rett til å verte fødde på nytt, av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Deter frå himmelen. Slik er det likt for alle, sjølv om vi elles er ulike. At vi er ulike som individ og som ulike folk med ulike tungemål, har si naturlege forklaring, så vi gjer rett i å forklare både likskap og ulikskap med naturfag. Men den Anden og det livet som Jesus gir oss frå himmelen kjem i tillegg til det. Gud og hans Ord er mest fundamentalt, på evangeliets grunnvoll vert vi forsona med Gud, så vi får fred med han. Det gir grunnlag for fred mellom menneske og mellom ulike folk.

Jesus profeterte likevel om at det kom til å verte krig. Den naturlege forklaringa er motsetnadar mellom ulike folk, fordi dei er ulike og har motstridande interesser. Ulike religionar har også vore årsak til krig og er det framleis. Men det har seg likevel slik at der er ein samanheng mellom eit folk makt-interesser og religionen, så det blir politikk ut av det.

Men legg merke til at i dei to raseteoriane som eg nemnde ovanfor, er det likevel noko som ikkje stemmer med at dette skulle vere representativt for folket, for den einskilde mann og kvinne, at det skulle ivareta deira interesser. Forklaringa på det er framleis at i middelalderen vedtok den Katolske Kyrkja at Kristus er så streng at vanlege folk ikkje kan be til han direkte.

Dommedag.

I Bibelen er det tale om lyset som skin i mørket, så mørket må vike. Det er brukt symbolsk for det åndelege lyset som Gud gir oss (Joh.1,1…).

Malakias.4,2 Men for dykk som har age for mitt namn,
        skal rettferdssola renna
        med lækjedom under sine venger.
        De skal gå ut og kjæta dykk som kalvar
        når dei slepp or fjøset.

Den rettferdige sin veg er som morgonroden, det vert lysare og lysare inntil høglys dag (Jes.58,8 Ordt.4,18 Høgs.6,10).

Slik får vi i Bibelen ei svart-kvitt tenking.

Luk.11,23 Den som ikkje er med meg, er imot meg; og den som ikkje sankar med meg, han spreider.

Men det er ikkje så liketil å overføre ei slik svart-kvitt-tenking på styresmaktene. I vår tid vert det tydeleg vis prøvt på det, så vi får svart-kvitt-tenking som rasist eller anti-rasist, fasist eller anti-fasist, klima-aktivist eller klimafornektar. Eg meinar dette blir for dumt.

Men Jesus profeterte om at på dommedag vil han skilje folka i to grupper, som han kalla sauene og geitene. Geitene hadde ikkje omsorg for han, derfor avviste han dei. Dei lurte på kva tid dei ikkje hadde hatt omsorg for han. Då svarde han at det som dei ikkje hadde gjort mot ein av hans minste små, det hadde dei ikkje gjort mot han. Så velsigna han sauene fordi dei hadde hatt omsorg for han. Men dei lurte på kva tid dei hadde gjort det. Då svarde han at dei dei gjorde mot ein. Av hans minste små, det gjorde dei mot han (Matt.25,31….).

Matt.25, 31 Men når Menneskesonen kjem i sin herlegdom og alle englane med han, då skal han sitja på kongsstolen sin i herlegdom. 32 Alle folkeslag skal samlast framfor han, og han skal skilja dei frå kvarandre, som ein gjætar skil sauene frå geitene, 33 og setja sauene på si høgre side, og geitene på si venstre.
    34 Så skal kongen seia til dei på høgre sida: «Kom hit, de velsigna borna åt Far min, og ta i eige det riket som er etla åt dykk frå verda vart grunnlagd. 35 For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tyrst, og de gav meg drikke; eg var framand, og de tok imot meg; 36 eg var utan klede, og de kledde meg; eg var sjuk, og de såg om meg; eg var i fengsel, og de vitja meg.» 37 Då skal dei rettferdige svara: «Herre, når såg vi deg svolten og gav deg mat, eller tyrst og gav deg drikke? 38 Når såg vi deg framand og tok imot deg, eller utan klede og kledde deg? 39 Og når såg vi deg sjuk eller i fengsel og kom til deg?» 40 Men kongen skal svara dei: «Sanneleg, det seier eg dykk: Det de gjorde mot ein av desse minste brørne mine, det gjorde de mot meg.»
    41 Så skal han seia til dei på venstre sida: «Gå bort frå meg, de bannstøytte, til den evige elden som er laga til åt djevelen og englane hans. 42 For eg var svolten, men de gav meg ikkje mat; eg var tyrst, men de gav meg ikkje drikke; 43 eg var framand, men de tok ikkje imot meg; eg var utan klede, men de kledde meg ikkje; eg var sjuk og i fengsel, men de såg ikkje om meg.» 44 Då skal dei svara: «Herre, når såg vi deg svolten eller tyrst eller framand eller utan klede eller sjuk eller i fengsel utan å hjelpa deg?» 45 Men han skal svara dei: «Sanneleg, det seier eg dykk: Det de ikkje gjorde mot ein av desse minste, det har de heller ikkje gjort mot meg.» 46 Så skal dei gå bort til evig straff, men dei rettferdige til evig liv.

No kan ein spekulere på korleis det gjekk til. Det kan vere fordi dei hadde omsorg for heile folket, derfor hadde dei også omsorg for den einskilde. Eller sidan dei hadde ekte omsorg for den einskilde, hadde dei også ekte omsorg for folket.

Jesu frelseverk er Guds verk og det er fullført og fullkome.

Eg kom over ein artikkel der det vart spurt om Gud verkeleg meinte det var nødvendig å drepe Jesus. I kommentarfeltet vart det debatt skreiv nokre kommentarar som eg tek med her.

Sakarjas var profet med det same israelsfolket fekk komme tilbake til landet sitt og han profeterte om Guds nåde og miskunn. Men i Sak.11 profeterte han om at Gud kalla den Duglause Hyrdingen til å gjete slaktesauene for sauehandlarane. For han ville ikkje lenger spare folket i landet. Han ville ikkje vise dei miskunn altså. Ordet hyrding vert bruk om både konge, prest og profet og denne profetien spenner over eit langt tidsrom, så det handlar om mange, sjølv om det er sagt i eintal. Det kan også bety at øvstepresten vert hovudpersonen i dette. Han vart hovudpersonen ved at han betalte Judas for å svike Jesus og slik vart Judas prototypen for den Duglause Hyrdingen. Det ser vi av dette verset:

Sak.11,12 Eg sa til dei: «Om de så synest, så gjev meg løna mi; om ikkje, så lat det vera!» Då vog dei opp løna mi, tretti sølvstykke. 13 Men Herren sa til meg: «Ta pengane og kast dei til smeltaren, den herlege summen som dei har verdsett meg til.» Og eg tok dei tretti sølvstykka og kasta dei inn i Herrens hus, til smeltaren.

Deretter sa Gud til nokon at han skulle atter bu seg som ein Duglaus Hyrding og sauene fekk lide for det, men så vart det klart at Gud ville straffe den Duglause Hyrdingen.

No veit vi korleis det gjekk med Judas, så det kunne ikkje vere han denne gangen. Men Jesus valde ut Paulus til apostel i staden for Judas, då valde han ut ein som var seld som træl utan å vite det, i staden for ein som selde og visste kva han gjorde. Gud openberra si frelse i Kristus for Paulus og det vart eit tankekors for han at han som ein overtyda og ivrig farisear hadde forfølgt Kristus og dei som tilhøyrde han. Han forklarde det med at han hadde vorte dåra av synda som budde i han og at han hadde vorte seld til synda. Men som Kristi tenar forkynte han den frigjerande bodskapen i evangeliet liksom dei andre apostlane, ja, endå til meir radikalt enn dei, så han vart den rette til å gå til heidningane med evangeliet.

Når såkalla lærde menneske vil avvise bodskapen hans, må vi vere førebudde på at det har seg slik at dei vil ha tilbake den Duglause Hyrdingen, for å gjete slaktesauene for sauehandlarane. Og kvifor det? Fordi der var mange som tente seg rike på det.

I Bibelen er avgudane, laga av stokk og stein, er kalla Lygna. Som motsetnad til den er Kristus Sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane. Han forkynte evangeliet om Guds rike, så dei som tok imot i tru, vart frelst og fri. Derfor vart han hendretta. Men då betalte han prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss tilbake til den levande og sanne Gud, så vi skulle tilhøyre han. Den betalinga er nok for alle og ein kvar.

Dersom nokon ikkje heilt vil godta dette, er det som om dei krev ei betaling i tillegg, men det held ikkje. Likevel må vi vere førebudde på at soleis vil den Duglause Hyrdingen prøve å gjete slaktesauene for sauehandlarane, så det resulterer i slavehandel og menneskeofring til samanlikning med gammaldagse religionar, psykologien i det er nok omlag sameleis, sjølv om det er kamuflert med ein meir moderne klednad. Så her feilar «logikken» til SA fundamentalt. Med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle. Derfor trengst det ikkje å bere fram fleire syndeoffer med den levittiske prestetenesta. Denne glade bodskapen vert forkynt til heidningane også. Så då skulle den gjere slutt på menneskeofringa også.

Jesajas sa at Guds hand var ikkje for kort til å frelse, men det var syndene deira som skilde dei frå Gud. Så fortel han om eit samfunn der sanninga er fallen, men så stilte Herren seg i den stillinga som den einskilde som leid urett. Dette er ein profeti om at Jesus døde i staden for oss, så med eitt offer tok han bort synda ein gong for alle. Deretter kledde han seg i hemenes klednad. Det har seg slik at hemnen høyrer Gud til, han har sett styresmaktene til å straffe uretten.

Jesaja.59,1 Sjå, Herrens hand er ikkje så kort
        at han ikkje kan frelsa,
        og hans øyra ikkje så tunghøyrt
        at han ikkje kan høyra.
     2 Nei, det er misgjerningane dykkar
        som skil mellom dykk og dykkar Gud.
        Syndene dykkar løyner hans åsyn,
        så han ikkje høyrer dykk.

…….

13 Vi har reist oss mot Herren,
        har fornekta han
        og gått bort frå vår Gud.
        Vi har tala om vald og fråfall
        og mumla fram svikefulle ord
        som var avla i hjarta.
    14 Difor er retten unnatrengd,
        rettferda står langt borte.
        På torget er sanninga fallen,
        og det rette vinn ikkje fram.
    15 Truskapen er borte,
        og den som held seg frå vondskap,
        vert plyndra.
        Herren såg – og det var vondt i hans augo –
        at det ikkje var retten som rådde.
    16 Han såg at ikkje ein steig fram,
        og undra seg over
        at ingen førte hans sak.
        Då kom hans arm han til hjelp,
        hans rettferd stødde han.
    17 Han tok rettferd på seg til brynje
        og sette frelseshjelm på sitt hovud.
        Så kledde han seg i hemnens klednad
        og sveipte om seg brennhug til kappe.
    18 Han løner folk etter det dei har gjort,
        med harme mot uvener, hemn over fiendar;
        jamvel mot øyar og strender
        gjer han attergjeld.

I Jesajas.53 er Messias omtala som lammet som vert ført til slakting og så vert det sagt at det var Herrens vilje å knuse han med sjukdom.

Jesajas.53,1 Kven trudde
        det bodet vi høyrde,
        og kven fekk sjå Herrens makt?
     2 Han rann som ein kvist for Guds åsyn,
        som ein renning or turr jord.
        Nokon herleg skapnad hadde han ikkje,
        det var ingen hugnad å sjå han.
     3 Vanvørd var han, folk heldt seg unna,
        ein mann i pinsler, velkjend med sjukdom,
        ein svivørd mann som ingen ville sjå på;
        vi rekna han for inkje.
     4 Sanneleg, våre sjukdomar tok han på seg,
        og våre pinsler bar han.
        Vi trudde han var heimsøkt,
        slegen av Gud og ille plaga.
     5 Men han vart såra for våre brot
        og sundbroten for våre synder.
        Straffa låg på han, så vi skulle ha fred,
        og ved hans sår har vi fått lækjedom.
     6 Vi fór alle vilt som sauer,
        vi vende oss kvar til sin veg.
        Men Herren lét råka han
        det vi alle var skuld i.
     7 Ille medfaren vart han,
        men bar det audmjukt;
        han lét ikkje opp sin munn,
        som lammet dei fører til slakting,
        og sauen som teier når han vert klypt;
        han lét ikkje opp sin munn.
     8 Gjennom trengsle og dom vart han teken bort.
        Men kven i hans samtid vørde vel det?
        Bortriven vart han or levandelandet,
        for sitt folks brot laut han døy.
     9 Dei gav han ei grav mellom gudlause,
        hjå ein rikmann, då han var død,
        endå han ikkje hadde gjort nokon urett,
        og det ikkje fanst svik i hans munn.
    10 Det var Herrens vilje
        å knusa han med sjukdom.
        Men fordi han gav sitt liv til soning,
        skal han få etterkomarar og leva lenge,
        og ved han skal Herrens vilje ha framgang.
    11 Etter all si møde og sjelenaud
        skal han sjå ljos og mettast.
        Og når dei kjenner han,
        skal han, min rettferdige tenar,
        gjera dei mange rettferdige;
        for han har bore deira synder.
    12 Difor gjev eg han dei mange til del,
        og dei sterke skal han få til hærfang,
        fordi han gav sitt liv i døden
        og vart rekna mellom brotsmenn.
        Han tok på seg synda åt dei mange
        og bad for brotsmenn.

Dette er kjerna i kristendomen, det er sjølve grunnvollen som vi har å bygge på. Dette er Jesus frelseverk og det er Guds verk, då var det sjølvsagt Guds vilje. Han er allmektig og gjer akkurat slik som han vil.

Jesus døde på korset fordi han var lydig mot Faderen.

Matt.26,36 Så kom Jesus med læresveinane til ein stad som heiter Getsemane, og han sa til dei: «Sit her medan eg går bort der og bed.» 37 Han tok med seg Peter og dei to Sebedeus-sønene, og han tok til å syrgja og kvidast. 38 Då sa han til dei: «Mi sjel er sorgtyngd til døden. Ver her og vak med meg!» 39 Så gjekk han eit lite stykke fram, kasta seg ned med andletet mot jorda og bad: «Far, er det råd, så lat denne skåla gå meg forbi! Men ikkje som eg vil, berre som du vil.» 40 Då han kom attende til læresveinane, fann han dei sovande, og han sa til Peter: «Så greidde de ikkje å vaka ein time med meg? 41 Vak og bed at de ikkje må koma i freisting! Ånda er viljug, men menneskenaturen er veik.» 42 Så gjekk han bort att andre gongen og bad: «Far, kan ikkje denne skåla gå meg forbi, men må eg tøma henne, så lat det vera som du vil.» 43 Då han kom attende, såg han at dei hadde sovna til att, for augo deira var tunge av svevn. 44 Då lét han dei vera og gjekk bort att og bad same bøna tredje gongen. 45 Så kom han attende til læresveinane og sa: «De søv framleis og kviler, de! Timen er komen då Menneskesonen skal gjevast i syndarhand. 46 Stå opp, lat oss gå! Svikaren er nær.»

 Fil.2,5 Lat det same huglaget vera i dykk som òg var i Kristus Jesus!
     6 Då han var i Guds skapnad,
        heldt han det ikkje for eit rov
        å vera Gud lik.
     7 Men han gav avkall på sitt eige,
        tok på seg ein tenars skapnad
        og vart menneske lik.
        I si ferd var han
        som eit menneske;
     8 han nedra seg sjølv
        og vart lydig til døden,
        ja, døden på krossen.
     9 Difor har Gud storleg opphøgt han
        og gjeve han det namn
        som er over alle namn,
    10 så kvart kne skal bøya seg i Jesu namn,
        i himmelen, på jorda og under jorda,
    11 og kvar tunge sanna:
        Jesus Kristus er Herre, til Gud Faders ære!

Jesus blir lovprisa i himmelen fordi han betalte prisen for oss med sitt eige blod.

Joh.Op.5,7 Lammet kom bort til han som sat på kongsstolen, og tok imot boka frå hans høgre hand.  8 Då det tok boka, fall dei fire skapningane og dei tjuefire eldste ned for Lammet. Dei hadde kvar si harpe og gullskåler fulle av røykjelse, det er bønene åt dei heilage.  9 Og dei song ein ny song:
        Verdig er du til å ta imot boka
        og bryta segla på henne.
        For du vart slakta
        og har med ditt blod frikjøpt for Gud
        menneske av alle ætter og tungemål,
        av alle folk og folkeslag.
    10 Du har gjort dei til eit kongerike,
        til prestar for vår Gud,
        og dei skal råda på jorda.
    11 I synet mitt høyrde eg røysta av dei mange englane som stod kring kongsstolen og dei fire skapningane og dei eldste – dei var titusen på titusen og tusen på tusen. 12 Dei ropa med høg røyst:
        Verdig er Lammet som vart slakta,
        verdig til å få all makt og rikdom, visdom og styrke,
        ære og pris og takk.
    13 Og kvar skapning i himmelen og på jorda og under jorda og på havet, ja, alt som der finst, høyrde eg seia:
        Han som sit på kongsstolen,
        han og Lammet skal ha all takk og ære,
        pris og makt i all æve.
    14 Dei fire skapningane svara: Amen. Og dei eldste kasta seg ned og tilbad.

Dersom nokon kunne stele jødane sin Gud, så måtte det vere fordi dei sa han var noko anna enn han var, ein gullkalv til dømes.

Dan.18,15 Så tok dei vegen dit og kom til huset hans Mika, der den unge levitten budde, og dei helsa på han. 16 Medan dei seks hundre fullvæpna mennene av Dans-ætta vart ståande i porten, 17 gjekk dei fem mennene som hadde vore på speiding der i landet, opp til huset. Dei gjekk inn og tok med seg det utskorne gudebiletet, efoden, husgudane og det støypte biletet. Presten stod nede ved porten saman med dei seks hundre fullvæpna mennene. 18 Då dei fem gjekk inn i huset hans Mika og tok det utskorne gudebiletet, efoden, husgudane og det støypte biletet, sa presten til dei: «Kva er det de gjer?» 19 «Tei stilt!» svara dei. «Ikkje eit ord! Kom heller med oss og ver far og prest for oss! Er det ikkje mykje betre for deg å vera prest for ei ættgrein og ætt i Israel enn for ein huslyd?» 20 Dette tykte presten vel om. Han tok efoden, husgudane og det utskorne gudebiletet og gav seg i lag med flokken. 21 Så snudde dei og fór av garde. Og borna, buskapen og eignelutene sine hadde dei fremst i ferda.
    22 Dei var alt komne langt ifrå huset hans Mika før mennene i grannelaget fekk samla seg. Då dei nådde dei att 23 og ropa på dei, snudde Dans-folka seg og sa til Mika: «Kva er tids, sidan du har samla folka dine?» 24 Han svara: «De har teke gudane mine som eg har laga, og drege av garde med presten min. Kva har eg så att? Og endå spør de meg kva som er tids!» 25 Då sa dei til han: «Lat oss ikkje høyra eit ord meir av deg! Elles kunne bråhuga karar ryka på dykk og drepa både deg og dine.» 26 Så fór dei sin veg, Dans-folka. Og då Mika såg at dei var han for sterke, snudde han om og fór heim att.

Sitat frå https://snl.no/dogme :

Dogme er det samme som læresetning. Begrepet hadde opprinnelig politisk betydning som et påbud eller kunngjøring, men ble etter hvert et filosofisk begrep som betegnet en grunnleggende sannhet.

Faktaboks

UTTALE 

dˈogme

ETYMOLOGI 

av gresk ‘mening’

teologien brukes dogme om de læresetningene som er autoritativt fastslått av kirken. Katolisismen har en klart avgrenset og forpliktende dogmedannelse, mens protestantismens holdning overfor dogmene er mer problemfylt, da den ikke anerkjenner noen annen absolutt autoritet enn Bibelen.

Dogme brukes også i mer allmenn språkbruk om det aksiomatiske grunnlaget for et livssyn.

Her ser vi at dogme kjem av gresk og betyr meining. Jesus er livet, så han gir oss meining med livet og det gjeld den einskilde, for han er den Gode Hyrdingen som kalla sauene sine på namn (Joh.10). Han frelser oss og set oss fri, soleis vert vi sjølvstendige, men ved at vi vert avhengige av han. Han samlar sauene sine og det vert viktig for vår sosialisering.

%d bloggers like this: