Bilde: Tetragrammet i ei strålande sol bak Kristus på krossen. Skulptur i Église Saint-Merri i Paris.
Gud er ein og tre-einig. Gud gjorde namnet sitt kjent; JHVH. Så kvar den som kallar på Herrens namn skal verte frelst.
Som å diskutere med Jehovas vitne.
Eg deltok i diskusjonen i kommentarfeltet, i byrjinga vart det omtrent som å diskutere med Jehovas vitne. At dei har problem med treeinigheita heng nok saman med at dei vil vere ei lærd elite som prøve å få makt gjennom kyrkja. Jehovas vitne meiner dei skal vere ei elite av 144000 i følge Joh.Op.7,4 og så har dei si eiga Bibel-oversetting. Dette gjorde at det enda med påstand mot påstand. Men så fann eg på at eg kanskje kunne bruke jødisk oversettings-tradisjon i tillegg til den vanlege norske og engelske, så eg kontakta messianske organisasjonar og vart tipsa om ei messiansk oversetting. I innleiinga til den fann eg mykje interessant stoff om Bibel-oversetting som eg fekk bruk for i denne diskusjonen. Eg tek med det meste av kommentarane mine her.
Grunnlag for å seie at Gud er treeinig.
Du har heilt rett i at utrykket “treenig Gud” ikkje finst i Bibelen, det er ei forenkling, men for å forstå det betre er det best å bruke dei bibelversa som gjev grunnlag for å påstå det. For det første er Gud forskjellig frå den naturen han har skapt, han er ånd og hans Ande sveiv over vatnet (1,Mos.1,1-2), så talte Gud og det skjedde. Og så seier Johannes at Jesus er Guds Ord (Joh.1,1..). Jesus var etter kjøtet av Davids ætt, men av herlegdoms Ande var han Guds veldige Son, det viste seg ved at han stod oppatt frå dei døde (Rom.1,4). Det vesentlege er å trua at han stod oppatt frå dei døde og er Guds Son, slik vert vi rettferdige ved tru) og vedkjenne at han er Herre (slik vert vi frelste) (Rom.10).
Jesus sa til disiplane sine at dei skulle vere eitt liksom han og Faderen er eitt.
Jesus sa at han og Faderen er eitt (Joh.6,30) og så sa han endåtil at dei som trudde på han skulle vere eitt, liksom han og Faderen er eitt. Han er i Faderen og Faderen er i han (Joh.14,10-11). Han sa endåtil at dei som trudde på han at dei skulle vere i han (Joh.15,1-17), han bad Faderen om at dei måtte vere eitt slik som han og Faderen var eitt (Joh.17,20-23). Korleis er det mogleg då? Ved at vi et av det eine brødet som kom ned frå himmelen (Joh.6), slik det er symbolisert i nattverden.
Er JHVH treeinig?
David H. Stern er ein messiansk jøde som kom med Bibel-oversettinga “Complete Jewish Bible”. Når Stern vart messiansk prøvde han å finne ut av om det Nye Testamentet verkeleg påstod at Gud var treeinig. Grunnteksta er gresk og det greske ordet for herre er «kurios», same enten det er herren på ein herregard eller ein gud. Så dei fleste bibeltekstar brukar berre herre om både Faderen, Sonen og den Heilage Ande. Korleis kunne han då vite om det betydde Adonai eller JHVH? Jau, han fann nokre bibelvers i det Nye Testamentet som refererte til vers i det Gamel testamentet, der det var brukt JHVH. Her er dei.
Fil.2. 10 I Jesu namn skal difor
kvart kne bøya seg,
i himmelen, på jorda og under jorda,
11 og kvar tunge vedkjenna
at Jesus Kristus er Herre,
til Gud Faders ære!
Jesaja.45,22 Vend dykk til meg og bli frelste,
alle endane av jorda!
For eg er Gud, og ingen annan.
23 Ved meg sjølv har eg svore,
rettferd har gått ut frå min munn,
eit ord som ikkje vender attende:
For meg skal kvart kne bøya seg,
kvar tunge skal sverja ved meg.
24 Om meg skal dei seia:
«Berre hos Herren er rettferd og styrke.»
Til han skal dei koma i skam,
alle som var harme på han.
2.Kor.3, 13 Vi gjer ikkje som Moses, som la eit slør over andletet så israelittane ikkje skulle sjå den minkande glansen før han var borte. 14 Men dei vart forherda. For heilt til denne dag ligg dette sløret der når dei les frå den gamle pakta, og det blir ikkje fjerna, for det er i Kristus det blir teke bort. 15 Ja, heilt til denne dag ligg det eit slør over hjartet deira når det blir lese frå Moselova. 16 Men når dei vender om til Herren, blir sløret teke bort. 17 Herren, det er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som utan slør over andletet ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi blir alle omdanna til dette biletet, frå herlegdom til herlegdom, og dette skjer ved Herrens Ande.
2.Mos.34, 27 Herren sa til Moses: «Skriv ned desse orda, for etter desse orda gjer eg ei pakt med deg og Israel.» 28 Moses var hos Herren i førti dagar og førti netter, og han smaka korkje mat eller drikke. Og han skreiv paktorda, dei ti boda, på tavlene. 29 Så gjekk Moses ned frå Sinai-fjellet; han hadde vitnemålet, dei to tavlene, i hendene då han gjekk ned frå fjellet. Moses visste ikkje at det stråla av andletet hans fordi Herren hadde tala med han. 30 Aron og israelittane såg at det stråla av andletet hans, og dei var redde for å koma nær han. 31 Men Moses ropa på dei, og då kom Aron og alle leiarane i forsamlinga til han, og han tala til dei. 32 Sidan kom alle israelittane til han, og Moses bar fram alle dei boda Herren hadde gjeve han på Sinai-fjellet. 33 Då Moses var ferdig med å tala med dei, la han eit slør over andletet sitt. 34 Men kvar gong han gjekk fram for Herrens andlet for å tala med han, tok han sløret bort til han skulle ut att. Og når han kom ut, tala han til israelittane om det som var sagt han føre. 35 Då såg israelittane korleis det stråla av andletet hans, og Moses la sløret over andletet att til han skulle inn og tala med Herren.
Gud gjorde namnet sitt kjent; JHVH, så kvar den som kallar på Herrens namn skal verte frelst.
Når Gud kalla Moses til å føre folket hans ut frå Egypt, spurde han kven han skulle seie som hadde sendt han, kva var namnet hans. Han var Abraham, Isak og Jakobs Gud og så skulle dei kalle han «Eg er», for han er den han er.
Og gjennom folket sitt gjorde han namnet sitt kjent for dei andre folka også. Det ser vi i lovprisinga etter at dei hadde fått paktkista inn i møteteltet.
1.Krøn.16,8 Pris Herren, kall på hans namn,
gjer gjerningane hans kjende blant folka!
9 Syng for han og spel for han,
syng om alle hans under!
10 Ver stolte over hans heilage namn!
Gled dykk i hjartet, de som søkjer Herren.
11 Spør etter Herren og hans makt,
søk alltid hans andlet!
28 Gjev Herren ære, de folk og slekter,
gjev Herren ære og makt!
29 Gjev Herren den ære hans namn skal ha.
Kom fram for han med gåver!
Bøy dykk for Herren
i heilag prakt!
35 De skal seia: Frels oss, Gud, vår frelsar.
Sank oss inn og berg oss frå folka,
så vi kan prisa ditt heilage namn
og uredde lovsyngja deg.
Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verte frelst og det gjeld heidningane også.
Joel.3, 5 Men kvar den som kallar på Herrens namn,
skal verta frelst.
For på Sion-fjellet og i Jerusalem
skal det finnast ein flokk som har sloppe unna,
så som Herren har sagt.
Og mellom dei som har berga seg,
er dei som Herren kallar.
Den katolske kyrkja vedtok at Kristus er så streng at vanlege folk ikkje kan be til han heller.
I middelalderen vedtok leiinga i den Katolske Kyrkje at Jesus var så streng at vanlege folk ikkje kunne be til han direkte, dei måtte gå via paven, prestane og helgenane. Dette liknar på kor strenge dei jødisk prestane hadde vorte med å forby folk å nemne Guds namn. Korleis kunne det vere mogleg, når Gud hadde gjort sitt namn kjent for både jødar og heidningar og lovnaden var at kvar den som kallar på Herrens namn skal verte frelst?
Utviklinga av moderne vitskap byrja med astronomi allereie på slutten av 1400-talet, til dømes ved Nicolas Copernicus (1473-1543). Pionerane var kristne lærde menneske, dei kjende godt til både kristendomen og antikk filosofi. Galilei var til dømes overvelda av oppdagingane han hadde gjort og takka Gud for det. Likevel forfølgde den Katolske Kyrkja han. Då måtte det vere fordi dei gjennom den antikke filosofien hadde erstatta kristendomen med antikk mytologi.
Men så kom rasjonalistane med ein ny filosofi som høvde både med den nye naturvitskapen, metodane den brukte og kristendomen. Eg tenker, altså er eg, sa Descartes. Han var bevisst, derfor kunne han vere sikker på at han eksisterte. Så tenkte han seg ei bevisstheit, Gud, som eksisterte sjølv om menneske ikkje veit det, sjølv om menneske ikkje er bevist. Det vesentlege var altså ikkje å uttale ordet JHVH rett, men å forstå kva det betydde, «Eg Er» betyr «Eg Eksisterer»
Spinosa bygde vidare på Descartes filosofi og meinte at der er ei allmenngyldig sanning som set oss fri. Det finn vi hos mange filosofar tidlegare, til dømes Sokrates, dermed også Platon. Og vi finn det i kristendomen.
Joh.14,1 Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud, og tru på meg! 2 I huset åt Far min er det mange rom. Var det ikkje så, hadde eg sagt dykk det. For eg går bort og vil stella til ein stad åt dykk. 3 Og når eg har gått bort og stelt til ein stad åt dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er. 4 Og dit eg går, veit de vegen.»
5 Tomas seier til han: «Herre, vi veit ikkje kvar du går av; korleis kan vi då vita vegen?» 6 Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg. 7 Hadde de kjent meg, hadde de kjent Far min òg. Frå no av kjenner de han og har sett han.»
8 Filip seier til han: «Herre, lat oss få sjå Faderen, så har vi nok.» 9 Jesus svarar: «No har eg vore så lang ei tid saman med dykk, og du kjenner meg ikkje, Filip? Den som har sett meg, har sett Faderen. Korleis kan du då seia: Lat oss få sjå Faderen? 10 Trur du ikkje at eg er i Faderen og Faderen i meg? Dei ord eg talar til dykk, har eg ikkje frå meg sjølv; det er Faderen som er i meg og gjer sine gjerningar. 11 Tru meg når eg seier at eg er i Faderen og Faderen i meg. Om ikkje for anna, så tru det for gjerningane skuld. 12 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som trur på meg, han skal gjera dei gjerningane som eg gjer. Ja, han skal gjera større gjerningar enn dei, for eg går til Faderen. 13 Det de bed om i mitt namn, vil eg gjera, så Faderen skal verta herleggjord gjennom Sonen. 14 Bed de meg om noko i mitt namn, så skal eg gjera det.
Når Gud skapte, talte han med seg sjølv i eintal og i flerital.
Når Gud ville skape menneske, sa han “la oss skape menneske”. som om det var fleire som var med på å skape altså! Veit du kven han då snakka med? 1.Mos.1,26 Då sa Gud: «Lat oss skapa menneske i vårt bilete, i vår likning! Dei skal råda over fiskane i havet og fuglane under himmelen, over feet og alle villdyra og alt krypet som krælar på jorda.» 27 Så skapte Gud mennesket i sitt bilete, i Guds bilete skapte han det, til mann og kvinne skapte han dei. ………. Her ser det ut til at han talte om seg sjølv både i eintal og i fleirtal. Eller kven meiner du han tala med?
Israels-folket var Guds kone, men ho vart ei hore som drap borna hans og sa han var noko anna enn det han var.
Israelsfolket var Guds kone, så borna hennar skulle vere hans born.
Guds plan med Israels-folket var at dei skulle vere hans barn. Det vart forkynt allereie ved Moses, men innsåg og profeterte at dei ikkje var så særleg innstilte på det.(5.Mos,32). Profetane Esekiel og Hoseas sa det slik at dei som folk var Guds kone, så borna deira skulle vere Guds born, men det forstod ho ikkje, så ho vart ei hore som ikkje brydde seg om mann og born, så ho endåtil drap borna ho fekk med han. Då gjekk det henne ikkje vel. (Esekiel 23, Hoseas 2). Dette viste seg også då jødane ikkje ville godta at Jesus kalla seg Guds Son, så dei hendretta han for det og med kristendomsforfølgingane prøvde dei å drepe dei andre som kalla seg Guds born også.
Gud kalla Son sin frå Egypt, han hadde ei bok der han skreiv dei opp.
Gud kalla son sin frå Egypt før dei fekk moselova og han skreiv i den boka eg snakka om rett før dei fekk den. 2.Mos.32,30 Dagen etter sa Moses til folket: «De har gjort ei stor synd. Men no vil eg stiga opp til Herren; kan henda eg kunne gjera soning for synda dykkar.» 31 Så gjekk Moses attende til Herren og sa: «Å, dette folket har gjort ei stor synd! Dei har laga seg ein gud av gull. 32 Gjev du ville tilgje dei synda deira! Kan du ikkje, så stryk meg ut or boka som du skriv i!» 33 Då svara Herren: «Den som syndar mot meg, stryk eg ut or boka mi. 34 Gå no og før folket til den staden eg har sagt deg! Sjå, engelen min skal gå framføre deg. Men når oppgjerdsdagen kjem, skal eg straffa dei for syndene deira.» 35 Såleis straffa Herren folket fordi dei tilbad den kalven som Aron hadde laga.” Dessutan kalla han Abraham lenge før dette og gav han lovnaden fordi han trudde. Det var lenge før dei fekk Toraen.
Dei var opprørske under Moses si leiing også, men Gud hadde ei bok der han skriv opp nokre av dei til livet, så eg hevdar og meinar at dei var Guds born, så det stemmer med at frå Egypt kalla han son sin (Hoseas.11). Dei er allereie i himmelen og er det himmelske Jerusalem, Paulus kalla det mor vår. Jesus tala også om den boka og sa til disiplane sine at dei skulle glede seg mest av alt over at deira namn var skrivne i livets bok i himmelen. Gud er ånd og alle som tok imot Jesus gav han rett til å verte Guds born, fødde av vatn og ande og det som er født av Anden er ånd. Jesus gir oss ånd og liv frå himmelen og det er fundamentalt forskjellig frå kjøt som er langa av mold
I 2.Mos.32,32.. ser vi at Gud allereie hadde skrive opp namna deira i boka si (livets bok), før dei fekk Moselova, men så strauk han ut namna på mesteparten av dei tett før dei fekk Moselova, ja, medan han gav den til Moses. Fordi dei synda før dei fekk lova og kva var den synda? Gud hadde då sendt Moses til dei og han skulle seie til dei at “Eg Er” hadde sendt han, fordi han er den han er. Men no hadde dei laga seg ein gullkalv og dansa rundt den og sagt at dette var guden deira, som førde dei ut or Egypt. Så i staden for å seia at han var den han var, laug dei og sa at han var ein annan enn den han var. soleis også med kalven i Samaria seinare, slike avgudar kalla profetane Lygna. Som motsetnad til dette er Kristus sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane. Faderen var med han og gjorde sitt verk gjennom han. Men dei religiøse leiarane var ikkje villige til å seie at han var den han var, men dei laug og sa at han var ein annan enn den han var. Så dei fekk eit større problem med å seie JHVH enn uttalen, dei fekk problem med å seie det med den opphavlege meininga, at Gud eksisterer og viser at han er den han er ved å gjere sine gjerningar.
…..
Guds kone var først trufast mot han og fødde hans born, dei er no det himmelske Jerusalem.
Vart du dotter til mor di og far din fordi du gjorde slik som dei sa før du lærde å snakke eller fordi du vart fødd til det? Dersom det var fordi du vart fødd til det, så var det ikkje fordi du gjorde noko som helst for å verte det, men fordi du vart fødd slik.
Du talar om Israel i Hoseas11, men eg talar om kva som står skrive i Hoseas.2,1 Før klagemål mot mor dykkar,
før klagemål mot henne!
For ho er ikkje kona mi,
og eg er ikkje mannen hennar.
Lat henne få horemina bort frå andletet
og horemerket frå barmen!
3 Elles skal eg kle henne naken
og stella henne fram som ho var
den dagen ho vart fødd.
Eg vil gjera henne lik ei øydemark, eit turrlende,
og la henne døy av torste.
4 Borna hennar vil eg ikkje miskunna,
for dei er horeborn.
5 For mor deira var utru,
ho som fekk dei, bar seg skamleg åt.
Ho sa: «Eg vil fara etter mine elskarar,
som gjev meg brød og vatn,
ull og lin, olje og vin.»
Dei var opprørske under Moses si leiing også, men Gud hadde ei bok der han skriv opp nokre av dei til livet, så eg hevdar og meinar at dei var Guds born, så det stemmer med at frå Egypt kalla han son sin (Hoseas.11). Dei er allereie i himmelen og er det himmelske Jerusalem, Paulus kalla det mor vår. Jesus tala også om den boka og sa til disiplane sine at dei skulle glede seg mest av alt over at deira namn var skrivne i livets bok i himmelen. Gud er ånd og alle som tok imot Jesus gav han rett til å verte Guds born, fødde av vatn og ande og det som er født av Anden er ånd. Jesus gir oss ånd og liv frå himmelen og det er fundamentalt forskjellig frå kjøt som er langa av mold og er forgjengeleg.
Det er no merkeleg at dei som har gløymt namnet på guden sin likevel vil fortelje andre kva han heiter.
Det er merkeleg at jødane har gløymt Guds namn: “Eg Er”. Dei kallar han Adonai (min Herre). Lenge kalla dei han min Baál, det også betyr “min herre”. Men når han forbarmar seg over henne igjen og viser henne sin nåde og kjærleik, skal ho kalle han for sin mann. Soleis er Jesu kyrkje hans brud. Hoseas.2,14 Sjå, eg vil lokka henne, føra henne ut i øydemarka og tala venleg til henne. 15 Når ho kjem derifrå, vil eg gje henne att vinhagane hennar, og Akor-dalen skal verta ein port som gjev von. Der skal ho svara meg som i ungdomsdagane, som då ho fór opp frå Egypt.
16 Den dagen, lyder ordet frå Herren, skal ho kalla meg sin mann; ho skal ikkje lenger kalla meg sin Ba’al. 17 Eg vil ta Ba’al-namna ut or munnen hennar; dei skal ikkje nemnast meir.
18 Den dagen vil eg gjera ei pakt for dei med dyra på marka, fuglane under himmelen og kreket på jorda. Boge, sverd og andre krigsvåpen vil eg bryta sund og rydja ut or landet, og eg vil la deg bu trygt. 19 Eg vil trulova meg med deg for alltid. Eg vil trulova meg med deg i rettferd og rett, i nåde og miskunn. 20 Ja, i truskap vil eg trulova meg med deg, og du skal kjenna Herren.
21 Den dagen vil eg bønhøyra, lyder ordet frå Herren. Eg vil bønhøyra himmelen, og han skal bønhøyra jorda. 22 Jorda skal bønhøyra kornet, vinen og oljen, og dei skal bønhøyra Jisre’el.
23 Eg vil så Israel ut i landet og miskunna meg over ’Utan miskunn’. Til ’Ikkje mitt folk’ vil eg seia: «Du er mitt folk.» Og han skal svara: «Min Gud!»
Det er no elles svært så rart at dei som ikkje hugsa navnet på guden sin skal prøve å fortelle andre korleis det skal seiast.
Frå skriveriet til masoretane til fullstendig jødisk Bibel.
David H. Stern er ein messiansk jøde som oversette heile Biblen spesielt for jødar, så han kalla den «Complete Jewish Bible» (CJB). Han skreiv eit interessant forord og eg vil referere til den som CJBf.
JHVH vert kalla tetragrammet, det består av fire konsonantar, for dei brukte ikkje å skrive ned vokalane. Eigentleg er det hebraiske konsonantar som i CJBf vert skrivne «Yud-Hev-Vav-Heh», det skal uttalast omtrent slik altså, men sidan dei ikkje skriv ned vokalane, gløymde dei korleis det skulle uttalast. Det hadde seg også slik at dei var redde for å seie Guds namn, dei var redde for å missbruke det, for det var straffbart. Det høyrest tragisk ut, for alle som kalla på Herrens namn skulle verte frelst, så då var no det viktig for dei. I synagogene brukar dei no berre Adonai (min Herre) som Guds namn, dersom dei vil presisere at det er «Eg er», så seier dei berre «Namnet».
Allereie på Jesu tid var det berre øvstepresten som uttalte Guds namn (JHVH) og berre ved Yom Kippur feiringa, når han gjekk inn i det høgheilage. Masoretane var jødiske skriftlærde som skreiv av dei hebraiske og arameiske tekstane i Tanaken i tidleg middelalder, 600-900 e.Kr. resultatet var den Masoretiske bibeltteksta (MT). Masora er hebraisk for tradisjon. Dei tilføya vokalar på ein slik måte at det var tydeleg kva som var den opphavlege teksta, dei brukte punkt og strek som koda for vokalane.
Men kravet om at dei ikkje skulle misbruke Guds namn, var så strengt at når dei skulle skrive vokal-punkta i Torahen, brukte dei ikkje vokalane til JHVH, men vokalane til Adonai i staden. Dette namnet finn vi ofte i Bibelen og betyr «min Herre». Desse vokalane har saman med JHVH vorte til det engelske ordet Jehova, men det er altså eit hybrid ord som det ikkje er historisk grunnlag for.
Men han får problem med å oversette «Adonai Yud-Hev-Vav-Heh», det kan verte oversett med «Adonai Elohim», sidan Elohim er eit namn på Gud. Men mange jødar, spesielt dei ultra-ortodokse har slutta med å bruke desse orda også. Dei brukar andre namn, eit av dei er «HaShem», som betyr «Namnet». I engelske Biblar vert Gud kalla «the Lord». Kva med å kalle han Yahweh eller Yahveh (Jahve)? Dei veit ikkje for sikkert om dette er rette uttalen og det verkar rart for jødane. Så Stern valde ikkje noko av desse namna, men han har ikkje særleg mot at dei vert brukte, han vil ikkje kjenne seg såra av den grunn.
Herren stilte seg i posisjonen til den einskilde som leid urett.
Når Israels-folket vende seg bort frå Herren og dyrka avgudane, vart det slik at den einskilde, som framleis vart trugen mot Herren, leid urett. Men Herren var trufast mot dei som vende seg til han, så trufast at han sjølv stilte seg i den situasjonen at han leid slik urett. Det viste han ved at han sende sin einborne Son, Jesus, til vår jord. Han stilte seg i den situasjonen og vart hendretta. Men den sanne og levande Gud gjorde han levande att, vekte han opp fråd ei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen. Jau, Herren er framleis ei trygg borg for alle dei som tek si tilfukt til han.
Jes.59,13 Vi har reist oss mot Herren,
har fornekta han
og gått bort frå vår Gud.
Vi har tala om vald og fråfall
og mumla fram svikefulle ord
som var avla i hjarta.
14 Difor er retten unnatrengd,
rettferda står langt borte.
På torget er sanninga fallen,
og det rette vinn ikkje fram.
15 Truskapen er borte,
og den som held seg frå vondskap,
vert plyndra.
Herren såg – og det var vondt i hans augo –
at det ikkje var retten som rådde.
16 Han såg at ikkje ein steig fram,
og undra seg over
at ingen førte hans sak.
Då kom hans arm han til hjelp,
hans rettferd stødde han.
Guds Son står over englane.
I det gamle testamentet er det fortalt om menneske som fekk besøk av englar, dei kunne endåtil sjå ut som menneske, men når dei oppdaga at det var englar, vart menneska redde, for dei meinte at dei hadde sett Gud og derfor måtte dei døy. I Johannes Openberring er det fortalt at Johannes ville til å tilbe engelen, men han sa at det skulle han ikkje gjere, Gud skulle han tilbe. Israels-folket fekk lova ved englar, men det var ikkje under englar Gud la den komande verda, men under Sonen. I fordoms tid tala Gud mange gonger og på mange måtar til fedrane gjennom profetane. 2 Men no, i desse siste dagar, har han tala til oss gjennom Sonen. Han har Gud sett til arving over alle ting, for ved han skapte han verda. 3 Han er ei utstråling av Guds herlegdom og biletet av hans vesen, og han ber alt med sitt mektige ord. Då han hadde gjort reinsing for syndene våre, sette han seg ved høgre handa åt Majesteten i det høge.
Sonen står over englane
4 Såleis vart han mykje større enn englane; for det namnet han har fått, er så mykje større enn deira. 5 For til kven av englane har Gud nokon gong sagt:
Du er son min,
eg har født deg i dag?
Eller, som det òg står:
Eg vil vera far hans,
og han skal vera son min.
6 Men når han atter fører den fyrstefødde inn i verda, seier han:
Alle Guds englar skal tilbe han.
7 Og om englane seier han:
Han gjer englane sine til vindar,
tenarane sine til logande eld.
8 Men om Sonen:
Din kongsstol, Gud, står i all æve,
rettferds stav er din kongsstav.
9 Du har elska rettferd og hata urett;
difor, Gud, har din Gud salva deg
med fagnads olje framfor dine frendar.
10 Og vidare:
Du, Herre, i opphavet grunnla du jorda,
og himmelen er eit verk av dine hender.
11 Dei skal gå til grunne, men du vert verande.
Dei skal alle eldast som ein klednad;
12 du rullar dei saman som ei kappe,
dei vert utskifte som klede.
Men du er den same,
dine år tek aldri ende.
13 Til kven av englane har han nokon gong sagt:
Set deg ved mi høgre hand
til eg får lagt dine fiendar
til skammel for dine føter?
14 Er dei ikkje alle ånder som tener Gud og vert utsende for å hjelpa dei som skal få frelsa?
Jesu frelseverk er fullført og fullkome, så vi verte frelste ved å tru på han og påkalle han som vår frelsar og Herre, slik kjem vi inn i tilbedinga av den sanne og levande Gud, så vi tilber han i ånd og sanning. Endåtil Guds englar skal tilbe han.
Heb.2,1 Difor må vi så mykje meir akta på det vi har høyrt, så vi ikkje glid bort frå det. 2 For jamvel det ordet som vart tala gjennom englar, stod fast, så kvart lovbrot og kvar ulydnad fekk si rettkomne straff. 3 Korleis kan då vi sleppa unna om vi ikkje bryr oss om ei frelse som er så mykje større? Ho vart fyrst forkynt av Herren og sidan stadfest for oss av dei som hadde høyrt han. 4 Gud har sjølv vitna for denne frelsa med teikn og under og mange slag mektige gjerningar og med å dela ut Den Heilage Andens gåver etter sin vilje.
5 Det var ikkje under englar Gud la den komande verda som vi talar om. 6 Om dette er det ein som har vitna ein stad:
Kva er eit menneske, sidan du kjem det i hug,
ein menneskeson, sidan du tek deg av han?
7 Ei lita stund sette du han lågare enn englane.
Så krona du han med herlegdom og ære.
8 Alt la du under hans føter.
Når det står: «Alt la du under han», då er ingenting unnateke; alt skulle leggjast under han. Enno kan vi ikkje sjå at alt er lagt under han. 9 Men vi ser Jesus, han som for ei lita stund var sett lågare enn englane, krona med herlegdom og ære fordi han leid døden. Såleis skulle han ved Guds nåde smaka døden for alle.
10 For Gud som er grunnen og opphavet til alle ting, ville føra mange born til herlegdom. Då måtte han la hovdingen som fører dei til frelsa, nå fullendinga gjennom lidingar. 11 Han som helgar, og dei som vert helga, har alle same opphav. Difor skjemmest ikkje Sonen ved å kalla dei brør. 12 Han seier:
Eg vil forkynna ditt namn for mine brør,
midt i lyden vil eg lovsyngja deg.
13 Og like eins:
Eg vil setja mi lit til han.
Og endå ein stad:
Sjå, her er eg og dei born Gud har gjeve meg.
14 Sidan borna er menneske av kjøt og blod, måtte han òg verta menneske som dei. Såleis skulle han med sin død gjera ende på han som rår ved døden, det er djevelen, 15 og fria ut alle dei som av redsle for døden var i trældom heile sitt liv. 16 For det er ikkje englar han tek seg av, men Abrahams ætt tek han seg av. 17 Difor måtte han verta brørne sine lik i alle ting, så han kunne vera ein miskunnsam og trufast øvsteprest i tenesta for Gud og sona syndene åt folket. 18 Fordi han sjølv har lide og vorte freista, kan han hjelpa dei som vert freista.
Faderen var med Jesus og gjorde sitt verk gjennom han og Jesus æra han for det.
Faderen var med Jesus og gjorde sitt verk gjennom han, det var forklaringa på at det skjedde under, Jesus gjorde Faderens gjerningar, fordi Faderen var med Son sin og gjorde sitt verk. Og Jesus æra han for det og det gjorde han ved å bruke uttrykket «Eg er han» og «Eg er» om seg sjølv. Ja, for Gud viser at han er den han er ved å gjere sitt verk, ved å gjere under. Då er det forpliktande for oss å ære og takke han for det, så vi seier at han er den han er. Dersom nokon ikkje vil godta det, så er det opplagt fordi dei lyg og seier at han er ein annan en den han er og så krev dei at andre også skal lyge os eie at han er ein annan enn den han der. Men det er då å missbruke Guds namn.
Joh.8, 26 «Mykje har eg å seia om dykk og døma dykk for. Men han som sende meg, talar sant, og det eg har høyrt av han, det talar eg til verda.»
27 Dei skjøna ikkje at det var om Faderen han tala til dei. 28 Difor sa Jesus: «Når de får lyft Menneskesonen opp, då skal de skjøna at «eg er Han», og at eg ikkje gjer noko av meg sjølv, men talar så som Faderen har lært meg. 29 Og han som har sendt meg, er med meg. Han lèt meg ikkje vera åleine; for eg gjer alltid det som er etter hans gode vilje.» 30 Då han sa dette, var det mange som trudde på han.
Joh.8, 54 Jesus svara: «Dersom eg ærar meg sjølv, er æra mi ingen ting verd. Det er Far min som ærar meg, han som de kallar dykkar Gud. 55 De har aldri kjent han, men eg kjenner han. Sa eg at eg ikkje kjenner han, var eg ein lygnar, liksom de. Men eg kjenner han og held fast på hans ord. 56 Abraham, far dykkar, gledde seg hjarteleg til å sjå min dag. Han fekk sjå han og fryda seg.» 57 «Du er enno ikkje femti år,» sa jødane, «og så har du sett Abraham?» 58 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Før Abraham var, er eg.»
59 Då tok dei opp steinar og ville kasta på han. Men Jesus løynde seg og gjekk bort frå tempelplassen.