Jesus er vår øvsteprest og talsmann hos Faderen og den Heilage Ande er vår talsmann på jorda.
Jesus bad for syndarar og døde i staden for oss, slik vart han også bønhøyrd og vart vår øvsteprest og talsmann hos Faderen. Derfor er det viktig for oss å bøye oss for han lovprise han som vår frelsar og Herre og la han be for oss. Han send oss den Heilage Ande, så den skulle vere vår talsmann på jorda. Då er det viktig for oss å ta imot den og la den openberre Ordet for oss og be for oss. Soleis lærer vi å be i Jesu namn, då får vi bønnesvar fordi han får bønnesvar. Gud salva han med den Heilage Ande til å vere sin Messias, vår øvsteprest og frelses-konge og han gjer oss til eit kongeleg presteskap.
I det nye testamentet står det skrive at Gud har gjort oss til eit kongeleg presteskap og det er profetert at det kjem til å få stor betydning. Korleis er det mogleg? Alle som tok imot Kristus gav han rett til å verte Guds born, fødde av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Slik måtte vi verte fødde på nytt, for å sjå Guds rike og komme inn i det, vi måtte verte som barn for å komme inni det. Det sentrale poenget her er å tru på Kristus, Guds Son og tru på Faderen, stole på at han elskar oss og har omsorg for oss som sine born. Til tross for det vi ser og sansar rundt oss.
Kristus er vegen til Faderen, ved at vi går den vegen, kjem vi inn i samfunn med Faderen, så vi får leve i fridomen i barnekåret og får oppleve hans kjærleik og omsorg, vi er arvingar og får gjere bruk av arven under Faderens formyndarskap (Rom.8,14….).
Prestetenesta i den gamle pakt er førebilete på prestetenesta i den nye pakta. Øvstepresten skulle ein gang om året bere fram eit syneoffer, først for seg sjølv og så for folket. Det er den store forsonings-dagen, Yom-Kippur. Han skulle bruke blodet til reinsing av heilagdomen, bere noko av det innom forhenget, inni i det høgheilage og bruke det til reinsing der også (3.Mos.16).
Kristus er øvsteprest etter Melkesedeks vis, til evig tid, med eitt syndeoffer har han teke bort synda ein gong for alle. Dette er suverent over den levittiske prestetenesta, like vel er den på sett og vis førebilete på prestetenesta i den nye pakta. Reinsingsblodet er symbol på Jesu blod, oljen er symbol på salvinga av den Heilage Ande (3.Mos.14,25-29). Nådestolen var over vitnemålet, det er vel paktkista. Øvstepresten måtte skvette noko av blodet frå syndeofferet framfor nådestolen.
Gud forsona verda med seg, ved at Kristus døde på eit kors i staden for oss. Forhenget i tempelet er symbol på kroppen hans, når han døde rivna det i to. Han bar sitt blod inn i det høgheilage, den himmelske heilagdomen og gjorde soning for oss. På det grunnlaget kan vi alle gå inn i den himmelske heilagdomen og tre fram for nådens trone.
Heb.4,14 Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! 15 For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan ha medynk med oss i vår vesaldom, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd. 16 Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.
Levittane fekk ikkje eit eige landområde, slik som dei andre ættegreinene, men dei fekk litt land kring nokre byar i dei andre landområda. Eg forstår det slik at dei skulle representere Gud for folket og lære dei opp og så skulle dei representere folket overfor Gud, då måtte dei ha ei viss kontakt med dei. Til samanlikning skal vi gjennom den lokale kyrkjelyden verte velsigna og verte til velsigning i lokalmiljøet, soleis skal vi representere Gud for folket og representere dei for Gud. For evangeliet skal forkynnast for alle folk og han vil renne ut sin Ande over alle folk.
1.Pet.2,9 Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som Gud har vunne så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk frå mørkret og inn i sitt underfulle lys.
10 De som før ikkje var eit folk,
er no Guds folk.
De som før ikkje fann miskunn,
har no funne miskunn.
Den store forsonings-dagen, Yom Kippur, som førebilete på forsoninga ved at Kristus døde i staden for oss.
Ein gang om året, på den store forsoningsdagen, skulle øvstepresten ofre ein okse og ein ver som syndeoffer for seg sjølv. Det vert forklart korleis han skulle ofre oksen og eg reknar med han skulle ofre veren på same måten, men der står faktisk ikkje noko meir om den. Det er faktisk det einaste lammet som er nemnt her og er soleis førebilete på at Jesus er Guds Lam (Joh.1,36).
Deretter skulle han leie fram to syndebukkar for folket, den eine skulle slaktast som syndeoffer, den andre skulle bannlysast og førast ut i øydemarka.
3.Mos.16,2 Herren sa til Moses: Sei til Aron, bror din, at han ikkje kva tid som helst skal gå innanfor forhenget i heilagdomen, fram til soningsstaden som er loket på paktkista, for då må han døy. For eg viser meg i skya over soningsstaden.
3 Dette skal Aron ha med seg når han går inn i heilagdomen: ein ung okse til syndoffer og ein vêr til brennoffer. 4 Han skal kle seg i ein heilag kjortel av lin, dekkja kroppen med ei bukse av lin, spenna eit linbelte om livet og ta på seg ein turban av lin. Dette er dei heilage kleda. Han skal vaska kroppen med vatn før han tek dei på seg. 5 Frå Israels forsamling skal han ta to geitebukkar til syndoffer og ein vêr til brennoffer. 6 Aron skal leia fram den oksen som er syndoffer for han sjølv, og gjera soning for seg og sitt hus. 7 Så skal han ta dei to bukkane og stilla dei fram for Herrens andlet, i inngangen til teltheilagdomen. 8 Aron skal kasta lodd om bukkane, eitt lodd for Herren og eitt for Asasel. 9 Den bukken som loddet for Herren fell på, skal Aron leia fram og laga til som syndoffer. 10 Men den bukken som loddet for Asasel fell på, skal leiast levande fram for Herrens andlet. Ved han skal det gjerast soning når han blir send ut i ørkenen til Asasel.
11 Aron skal leia fram sin eigen syndofferokse og gjera soning for seg og sitt hus. Han skal slakta syndofferoksen sin. 12 Så skal han fylla glopanna med glør frå altaret framfor Herrens andlet, og ta to fulle nevar med finstøytt, velluktande røykjelse og bera det innanfor forhenget. 13 Han skal leggja røykjelsen på elden for Herrens andlet så skya av røykjelsen gøymer soningsstaden som er over vitnemålet; elles må han døy. 14 Så skal han ta litt av okseblodet og skvetta det med fingeren mot soningsstaden, på austsida. Framfor soningsstaden skal han sju gonger skvetta litt blod med fingeren.
15 Så skal han slakta den syndofferbukken som er for folket, og bera blodet innanfor forhenget. Han skal gjera med blodet som han gjorde med blodet av oksen: skvetta det på soningsstaden og framfor soningsstaden. 16 Han skal gjera soning for heilagdomen på grunn av ureinskapen til israelittane, lovbrota og alle syndene deira. Såleis skal han gjera med teltheilagdomen, som står hos dei midt i ureinskapen deira. 17 Det må ikkje finnast noko menneske i teltheilagdomen frå Aron går inn for å gjera soning i heilagdomen, og til han kjem ut att. Han skal gjera soning for seg og sitt hus og for heile Israels forsamling.
18 Så skal han gå ut til altaret som står for Herrens andlet, og gjera soning for det. Han skal ta litt av okseblodet og litt av bukkeblodet og stryka det rundt om på altarhorna. 19 Sju gonger skal han skvetta noko av blodet på altaret med fingeren, reinsa det frå ureinskapen til israelittane og gjera det heilagt.
20 Når Aron har fullført soninga for den heilage staden, teltheilagdomen og altaret, skal han leia fram den levande bukken, 21 leggja begge hendene på hovudet til bukken og sanna over han heile skulda til israelittane, alle lovbrota og syndene deira. Han skal leggja dei på hovudet til bukken. Så skal han la ein mann som står ferdig, senda han ut i ørkenen. 22 Bukken skal bera alle syndene deira ut i villmarka. Bukken skal sendast ut i ørkenen.
23 Så skal Aron gå inn i teltheilagdomen og ta av seg linkleda som han hadde på då han gjekk inn i heilagdomen, og han skal leggja dei der. 24 Han skal vaska kroppen med vatn på ein heilag stad, ta på seg sine eigne klede og så gå ut og laga til sitt eige brennoffer og brennofferet for folket. Han skal gjera soning for seg og for folket.
25 Han skal la feittet av syndofferet gå opp i røyk på altaret. 26 Den mannen som sende bukken ut til Asasel, skal vaska kleda sine og kroppen med vatn. Så kan han få koma inn i leiren. 27 Når blodet er bore inn i heilagdomen til soning, skal syndofferoksen og syndofferbukken førast ut av leiren, og skinnet og kjøtet og mageinnhaldet skal brennast. 28 Den som brenner det, skal vaska kleda sine og kroppen med vatn. Så kan han koma inn i leiren.
29 Dette skal vera ei evig forskrift for dykk: I den sjuande månaden, på den tiande dagen, skal de audmjuka dykk. De skal ikkje gjera noko slag arbeid, korkje den som er fødd i landet, eller innflyttaren som bur hos dykk. 30 For den dagen skal det gjerast soning for dykk så de blir reine. De skal reinsast frå alle syndene dykkar for Herrens andlet. 31 Ein sabbat, ein kviledag skal han vera for dykk, og de skal audmjuka dykk. Det er ei evig forskrift. 32 Den presten som blir salva og innsett til å gjera presteteneste etter far sin, skal stå for soninga. Han skal ta på seg linkleda, dei heilage kleda, 33 og gjera soning for Det høgheilage. Han skal gjera soning for teltheilagdomen og altaret, for prestane og for heile folket som er samla.
34 Dette skal vera ei evig forskrift for dykk: Éin gong om året skal det gjerast soning for syndene til israelittane.
Det var bra desse dyra kom i staden for menneske, så ikkje dei vart drepne eller bannlyste og jaga ut i øyde marka. Men så kom Jesus og var er det Guds lam som bar verda sin synd, som vart slakta som eit syndeoffer til Gud, med eitt offer tok han bort synda ein gong for alle, så då trengst der ikkje fleire slike syndeoffer etter den levittiske prestetenesta.
Kva då med den bukken som vart send ut i øydemarka? Har Kristus teke bort synda med sitt offer ein gong for alle, så trengst vel ikkje den bukken heller? Men når kristendomen vart gjort til stats-religion i Romarriket på slutten av 300-talet, vart det med Augustin ei syntese mellom kristendom og nyplatonisme og han godtok ei lære om at menneska kunne verte frelst berre gjennom kyrkja. Dei som stod utanfor skulle verte bannlyste og det betydde at dei ikkje skulle verte frelst. Slik fekk prestane meir og meir makt ved å bannlyse dei som stod utanfor og dei fekk meir og meir makt over dei som stod innanfor, ved å hevde at Kristus var så streng at vanlege folk ikkje kunne be til han direkte, men måtte gå via paven, prestane og helgenane. Paven, prestane, munkane og nonnene måtte leve i sølibat. Så dersom nokon gifte seg, kunne dei ikkje be til Kristus direkte altså. Det var no som når Adam og Eva gøymde seg med dårleg samvit etter syndefallet og det endå med at dei vart utestengde frå det nære samfunnet med Gud og så vart jorda bannlyste.
Påstanden og argumentasjonen er at synda skil menneska frå Gud, men evangeliet er då at med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle.
Gud lova å bønhøyre Jisre’el, det er ein profeti om Jesus.
Israels-folket var Guds kone, så borna hennar skulle vere hans born. Han hadde omsorg for henne som kona si og stelte vel med henne, men ho forstod det ikkje og vart ei hore. Derfor var ho straffa. Men så lovde han ei tid då han ville ta henne til nåde, som kona si og då skulle ho verte trufast mot han. Det er ein profeti om nåde dei får i Kristus og den er for heidningane også.
Hoseas.2, 14 Sjå, eg vil lokka henne, føra henne ut i øydemarka og tala venleg til henne. 15 Når ho kjem derifrå, vil eg gje henne att vinhagane hennar, og Akor-dalen skal verta ein port som gjev von. Der skal ho svara meg som i ungdomsdagane, som då ho fór opp frå Egypt.
16 Den dagen, lyder ordet frå Herren, skal ho kalla meg sin mann; ho skal ikkje lenger kalla meg sin Ba’al. 17 Eg vil ta Ba’al-namna ut or munnen hennar; dei skal ikkje nemnast meir.
18 Den dagen vil eg gjera ei pakt for dei med dyra på marka, fuglane under himmelen og kreket på jorda. Boge, sverd og andre krigsvåpen vil eg bryta sund og rydja ut or landet, og eg vil la deg bu trygt. 19 Eg vil trulova meg med deg for alltid. Eg vil trulova meg med deg i rettferd og rett, i nåde og miskunn. 20 Ja, i truskap vil eg trulova meg med deg, og du skal kjenna Herren.
21 Den dagen vil eg bønhøyra, lyder ordet frå Herren. Eg vil bønhøyra himmelen, og han skal bønhøyra jorda. 22 Jorda skal bønhøyra kornet, vinen og oljen, og dei skal bønhøyra Jisre’el.
23 Eg vil så Israel ut i landet og miskunna meg over ’Utan miskunn’. Til ’Ikkje mitt folk’ vil eg seia: «Du er mitt folk.» Og han skal svara: «Min Gud!»
Denne Jisre’el er Kristus, han er vår øvsteprest og talsmann hos Faderen, han ber for oss og Faderen bønhøyrer han og bønhøyrer dermed himmelen. Den Heilage Ande er på jorda og ber for oss, så himmelen bønhøyrer jorda. Kornet er symbol på Guds Ord og dei som trur på det; når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, får vi komme inn til Guds kvile, for det er Gud som gjer sitt verk med, oss ved sitt Ord og sin Ande (Heb.3-4). Vinen er symbol på kjærleiken frå Gud, slik vi ser i Høgsangen og i nattverden. Oljen er symbol på den Heilage Ande. Slik er den åndelege velsigninga.
Hoseas var profet rett før Samaria fall.
Preste-tenesta og bygginga av tempelet.
Israels-folket vende seg bort frå Gud, landet deira vart hærteke. Jesajas var profet når Samaria fall. Han profeterte om at det skulle leggast ein ny grunnstein, til eit nytt tempel altså.
Jesajas.28,9 «Kven vil profeten gje kunnskap?
Kven vil han få til å skjøna sin bodskap?
Born som nett er avvande,
som nyss er tekne frå brystet?
10 Bod på bod,
krav på krav,
litt her og litt der!»
11 Ja, gjennom folk med stammande lipper
og med framandt tungemål
skal han tala til dette folket,
12 han som sa til dei:
«Her er staden
der dei kan slå seg ned.
Lat den trøytte få ro,
her kan han kvila.»
Men dei ville ikkje høyra.
13 Så skal då Herrens ord
for dei verta «bod på bod,
krav på krav,
litt her og litt der!»
Når dei går, skal dei snåva,
detta bakover og skamslå seg,
gå i snara og verta fanga.
14 Så høyr då Herrens ord, de spottarar
som rår over folket i Jerusalem!
15 De seier: «Vi har gjort ei pakt med døden,
ein avtale med dødsriket.
Når flaumen kjem veltande,
skal han ikkje nå oss.
For vi har gjort lygn til livd
og løynt oss bak svik.»
16 Difor, så seier Herren vår Gud:
Sjå, eg legg ein grunnstein på Sion,
ein velprøvd stein,
ein dyrverdig, grunnfast hjørnestein.
Den som trur, tek det med ro.
17 Eg vil gjera rett til mælesnor,
rettferd til loddsnor.
Hagl skal sopa bort lygnlivda,
vatn skal skylja vekk deira gøymsle.
18 Den pakt de har med døden,
skal setjast ut av kraft,
avtalen med dødsriket
skal ikkje stå ved lag.
Når flaumen kjem veltande,
skal han slå dykk ned.
Sidan fall Jerusalem også, mange vart drepne og mesteparten av dei som var att vart bortførde til Babylonia. Etter nokre år fekk dei kome attende til landet sitt. Då var det viktig for dei å komme i gang med prestetenesta og å bygge opp tempelet. Serubabel leia bygginga av tempelet og Josva var øvsteprest. Dei fekk motstand, men profetane Sakarja fekk eit syn som forklarde motstanden og som gav dei oppmuntring og von. Djevelen førde klagemål mot øvstepresten Josva, men den grunnsteinen som vart lagt framfor han, hadde sju augo. Josva skulle sjå fram til at Gud let sin tenar «Renning» koma. På ein dag skulle skulda som kvilte på landet takast bort. Dette er ein profeti om Kristus, at han med sitt syndeoffer tok bort synda ein gong for all, både for den levittiske øvstepresten og for folket.
Sak.3,1 Så lét han meg sjå Josva, øvstepresten, som stod framfor Herrens engel, medan Satan stod på høgre sida hans og førte klagemål mot han. 2 Herren sa til Satan: «Gjev Herren må visa deg til rettes, Satan! Ja, gjev Herren, som har valt ut Jerusalem, må visa deg til rettes! Er ikkje denne mannen ein brand, riven ut or elden?» 3 Josva var kledd i skitne klede der han stod framfor engelen. 4 Og engelen sa til dei som stod framfor han: «Ta av han dei skitne kleda!» Til Josva sa han: «Sjå, eg tek bort syndeskulda di og kler deg i høgtidsbunad.» 5 Då sa eg: «Set ein rein turban på hovudet hans!» Og dei sette ein rein turban på hovudet hans og tok på han kleda, medan Herrens engel stod der. 6 Då gav Herrens engel denne lovnaden til Josva:
7 Så seier Herren, Allhærs Gud:
Går du på mine vegar
og rettar deg etter det eg har fastsett,
skal du få styra mitt hus
og vakta mine føregardar,
og eg vil gje deg tilgjenge
saman med dei som gjer teneste her.
8 Høyr no, Josva, øvsteprest!
Du og embetsbrørne dine,
som sit framføre deg,
de er varselsmenn.
For sjå, eg lèt min tenar Renning koma.
9 Ja, på den steinen eg har lagt framfor Josva,
på denne eine steinen med sju augo
ritar eg den innskrift som skal stå,
lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.
På ein einaste dag vil eg ta bort
den skuld som kviler på dette landet.
10 Den dagen, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud,
skal de be kvarandre til gjestebod
under vintre og fikentre.
Sak.4,6 Då tok han til ords og sa til meg:
Dette er Herrens ord til Serubabel:
Ikkje med makt og ikkje med kraft,
men med min Ande,
seier Herren, Allhærs Gud.
7 Kven er vel du, du mektige fjell?
Framfor Serubabel skal du verta ei slette.
Han skal føra fram toppsteinen,
medan dei ropar:
«Nåde, nåde vere med han!»
8 Herrens ord kom til meg, og det lydde så: 9 Serubabels hender har tufta dette huset,
og hans hender skal fullføra det.
Då skal du sanna
at Herren, Allhærs Gud, har sendt meg til dykk.
10 Ja, alle som har vanvørdt
den dagen då det tok til i det små,
skal gleda seg når dei får sjå
blyloddet i Serubabels hand.
– Dei sju, det er Herrens augo
som fer over heile jorda.
Heb.4,14 Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! 15 For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan ha medynk med oss i vår vesaldom, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd. 16 Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.
Heb.6,14 Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! 15 For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan ha medynk med oss i vår vesaldom, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd. 16 Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.
1.Pet.2,1 Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale, 2 og lengta som nyfødde born etter den ekte, åndelege mjølk, så de kan veksa ved henne til frelsa er nådd. 3 De har då smaka at Herren er god.
4 Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyr for Gud. 5 Ver de òg levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel! Ver eit heilagt presteskap og ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus. 6 For det heiter i Skrifta:
Sjå, eg legg på Sion ein hjørnestein,
som er utvald og dyrverdig;
den som trur på han,
skal ikkje verta til skammar.
7 Så vert han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur, har den steinen bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein, 8 ja, ein støytestein og eit berg til fall. Fordi dei ikkje trur Ordet, snåvar dei – det var dei òg etla til.
9 Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos. 10 Før var de ikkje eit folk, men no er de Guds folk. Før hadde de ikkje fått miskunn, men no har de funne miskunn.
Vår presteteneste er å gå inn i den himmelske heilagdomen, tre fram for nådens trone og få miskunne og finne nåde til hjelp i rette tid. Ta imot den åndelege velsigninga, verte velsigna og verte til velsigning. Vende hugen og blikket opp til Jesus og ta imot den Anden og det livet han gir oss frå himmelen. Slik skal vi tilføre denne verda noko nytt og friskt frå Guds himmel.
Gud gjer noko nytt ved sitt Ord og sin Ande.
Det er sikkert mange med politisk og økonomisk makt som tenker som so at vi kjem inn i himmelriket først etter døden, Guds rike kjem ein gang i framtida. Mange radikale vil gjere revolusjon, men gjer eigentleg ikkje endring på dette, då verkar det heller som om dei vil tilbake til noko som liknar meir på slavesamfunnet. Men Gud byrja å gjere noko nytt allereie ved patriarkane og let sine tenarar profetere om det seinare også. Dei skulle gå inn i det lova landet og det skal vi også.
Heb.11,8 I tru var Abraham lydig då han vart kalla, så han drog ut til eit land som han skulle få til odel og eige. Han tok ut endå han ikkje visste kvar han skulle koma. 9 I tru levde han som innflyttar i det landet Gud hadde lova han. Han budde i telt saman med Isak og Jakob, som var medarvingar til den same lovnaden. 10 For han venta på byen med dei faste grunnvollane, den som har Gud til byggmeister og skapar.
11 I tru fekk òg Sara, gamal som ho var, kraft til å grunnleggja ei ætt. For ho leit på at han som hadde gjeve lovnaden, var trufast. 12 Frå éin mann, som jamvel var utan livskraft, kom det difor ei ætt så talrik som stjernene på himmelen og så tallaus som sanden på havsens strand.
13 I tru døydde alle desse utan å ha fått det som var lova. Dei berre såg det langt borte og helsa det, og dei sanna at dei var framande og utlendingar på jorda. 14 Dei som talar slik, syner at dei søkjer eit fedreland. 15 Om dei hadde tenkt på det landet dei drog ut frå, hadde dei hatt tid til å fara attende. 16 Men no er det eit betre land dei lengtar etter: det himmelske. Difor skjemmest ikkje Gud ved dei, men kallar seg deira Gud; for han har gjort ein by ferdig åt dei.
17 I tru bar Abraham fram Isak som offer då han vart sett på prøve. Einaste son sin var han viljug til å ofra, han som hadde fått lovnadene, 18 og han som det var sagt til: «Det er gjennom Isak du skal få ei ætt.» 19 Han rekna med at Gud hadde makt jamvel til å vekkja opp døde. Difor fekk han sonen att; i dette ligg eit førebilete.
Gud ville gjere noko nytt, ved sitt Ord og sin Ande.
Jesaja.43,18 Tenk ikkje på det som hende før,
gjev ikkje akt på det som eingong var!
19 Sjå, eg skaper noko nytt.
No gror det fram.
Merkar de det ikkje?
Ja, eg legg veg i øydemarka
og stigar i den aude hei.
Vi får kjenna kreftene av Jesu oppstode frå dei døde, kreftene av den nye verda, han gir oss ånd og liv frå himmelen, så vi får oppleve allereie her på denne jorda at han gjer alle ting nye i våre liv.
2.Kor.4,6 For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram.
7 Men vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss. 8 Vi er alltid i trengsle, men ikkje i stengsle, tvilrådige, men ikkje fortvila, 9 forfylgde, men ikkje oppgjevne, nedslegne, men ikkje tynte. 10 Alltid ber vi Jesu død med oss i lekamen, så òg Jesu liv skal verta openberra ved vår lekam. 11 For enno medan vi lever, vert vi stadig overgjevne til døden for Jesu skuld, så òg Jesu liv skal verta openberra ved vår døyelege lekam.
Fil.3,8 Ja, eg held i sanning alt for tap fordi kjennskapen til Kristus Jesus, min Herre, er så mykje meir verd. For hans skuld har eg tapt alt, og eg held det for skrap, så eg kan vinna Kristus 9 og verta funnen i han, ikkje med mi rettferd, den som er av lova, men med den som ein får ved trua på Kristus, rettferda frå Gud på grunn av trua. 10 Då kjenner eg han og krafta av hans oppstode, får del i hans lidingar og vert lik han med di eg døyr som han – 11 om eg òg kunne nå fram til oppstoda frå dei døde.
Gud har velsigna oss med all Andens velsigning i himmelen i Kristus Jesus og der har han sett oss.
Ef.1,3 Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far,
han som i Kristus har velsigna oss
med all Andens velsigning i himmelen.
Ef.2,1 De var ein gong døde på grunn av misgjerningane og syndene dykkar. 2 De levde i dei på denne verdsens vis og lét dykk leia av hovdingen i himmelrømda, den ånd som no verkar i dei ulydige. 3 Ja, ein gong levde vi alle som dei. Vi fylgde lystene i vår syndige natur og lét oss leia av den og av våre eigne tankar. Og vi var av naturen under Guds vreide liksom alle dei andre.
4 Men Gud er rik på miskunn. Av di han elska oss med så stor kjærleik, 5 gjorde han oss levande med Kristus, vi som var døde på grunn av våre synder. Av nåde er de frelste. 6 I Kristus Jesus har han reist oss opp frå døden saman med han og sett oss i himmelen med han, 7 så han i dei komande tider kunne visa sin overstrøymande rikdom på nåde og sin godleik mot oss i Kristus Jesus. 8 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.
I tru skal vi gå ut på lovnadane og slik skal vi gå inni det lova landet, så det blir himmel på jord, for Gud har satt oss i himmelen, samtidig som vi er på denne jorda. Slik skal vi tilføre den noko nytt og betre. Det vil føre til ei omvelting ved inngangen til eit tusenårsrike der denne prestetenesta får langt større betydning (Joh.Op.20,4-6).
Med denne prestetenesta vår skal vi vandre mot det nye Jerusalem, som kjem ned frå himmelen på den nye jorda, det er det framtidsmålet vi skal ta sikte på.
Joh.Op.21,1 Eg såg ein ny himmel og ei ny jord. For den fyrste himmel og den fyrste jord hadde kvorve bort, og havet var ikkje meir. 2 Og eg såg den heilage byen, det nye Jerusalem, koma ned frå himmelen, frå Gud, budd som ei brur som er pynta for sin brudgom. 3 Frå kongsstolen høyrde eg ei høg røyst som sa: «Sjå, Guds bustad er hjå menneska. Han skal bu hjå dei, og dei skal vera hans folk, og Gud sjølv skal vera hjå dei. 4 Han skal turka kvar tåre frå augo deira, og døden skal ikkje vera meir, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pinsle. For det som før var, er borte.»
5 Då sa han som sit på kongsstolen: «Sjå, eg gjer alle ting nye!» Og han la til: «Skriv det opp! For desse orda er pålitelege og sanne.» 6 Så sa han til meg: «Det har hendt! Eg er Alfa og Omega, opphavet og enden. Eg vil gje den tyrste av kjelda med livsens vatn for inkje. 7 Den som sigrar, skal arva dette, og eg vil vera hans Gud, og han skal vera min son.
Jesus kalla meg til å tene han.
Eg er Jesu tenar i hans heilagdom, slik har eg formulerte det og byrja å tenke meg at det var ordrett sitat får bodskap gjennom tyding av tungetale, men ser eg at det er ei forenkling og ei samanslåing av slike bodskap, dei følgjer nedanfor. Eg forstår det som ei presteteneste i den himmelske heilagdomen. Jesus har kalla meg til det og vil utruste meg til det.
Vel eit år etter at eg hadde oppdaga henne Reella, kalla Jesus meg inn på vegen til det nye Jerusalem. Sitat frå bodskapen 2.12.1990:
«I den første tid, så utvalde eg Abraham. Den utvelginga står fast enno i dag, ja til evig tid. Like fast står det at det var eg som utvalde min elskede Son, Jesus. Og eg vil gjere det slik at nasjonane vender sine blikk på Israel. Og eg vender mine hender til nasjonane, dei er der biletleg tala utstrekkte med innbydelse til mine nådegåver, endåtil dei som ikkje vil ha noko med mitt namn å gjere, men som berre vil trakke det ned under føter, innbyr eg til fellesskap.
Og det var eg som utvalde deg. Og eg innbyr deg i dag til å innvie deg til teneste for meg. Du skal ikkje tene denne verda, men du skal tene himmelen. Verda og all dens lyst forgår, men eg vil gi deg av dei himmelske verdier og skatter, som er gull verd, og som aldrig forgår. Eg kaller deg no inn på vegen til det nye Jerusalem. Du skal sette di tru og tillit til meg. Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verte frelst.
Du har høyrt det før, at eg er den som døyper deg med den Heilage Ande og eld. To ganger har du høyrt det, og tre ganger har eg talt til deg, og eg trykker no på advarselens knapp; i dag om du høyrer mi røyst, så forherd ikkje ditt hjerte. Eg vil sjølv komme og ta bolig i deg. I det høge og heilage bur eg, og hos den som er broten og nedbøygd i ånda.
Du skal ikkje føle deg vissen og kraftlaus i din kvardag, men alt du treng i dagane som ligg foran, det har du i meg.»
Søndag 9.12.90. Eg er Jesu tenar, han har kalla meg til det og vil utruste meg til det.
«Enten så tenar du denne verdens gud, det er Djevelen, eller så tenar du meg. Men du er min tenar, og du skal tene meg. Djevelen arbeider strengt no, for å hindre deg i å overgi deg heilt til meg. Eg venter på at du skal overgi deg heilt til meg, og innvie deg til teneste for meg. Eg har ikkje berre kalla deg til teneste, men eg vil også utruste deg til den teneste som eg har kalla deg til. Eg vil gi deg av slike himmelske rikdommar som du enno ikkje har fått del i. Eg har framleis min hugnad i menneska sine barn, og eg har min hugnad i deg.»
Søndag 23.12.90. Eg skal betene Herren og eit medmenneske.
«Eg gjer sundknuste hjerter levande, og eg gjer ditt sundknuste hjerte levande. Eg bur i denne sundknusing. Eg gir deg den tru i hjertet som sigrar over verda, den overvinnande tru. Så når trua utvatnast og uttynnast hos mange, så har du ei sterk og levande tru. Du skal ikkje slås ned, men du skal vere ein overvinnar. Eg vil frigjere trua i deg, så du fritt kan bevege deg i Anden verden. Du skal ikkje knyte deg i hop og strype deg inne, men fritt bevege deg i Andens verden. Eg vil sjølv bu der inne og skape ekte glede og høgtid hos deg. Du skal betene meg og du skal betene eit medmenneske.»
Tirsdag.25.12.90. Ikkje vere hale, men hovud.
«Når eg rører deg og beveger deg, så la deg bevege av meg. Når du rører saumen av mitt klesplagg, så får du erfare at der går ei kraft utifrå meg. Der er framleis nåde og styrke å hente hos meg. Eg er framleis den som fører di sak. Du skal ta til deg av mitt ord og glede deg over mitt ord, og styrkast ved det i ditt innvortes menneske.
Sjølv om du ikkje alltid ser meg, men føler at eg er langt borte, så er eg der. Det verk som er gjort i deg, det er det eg som har gjort ved mitt ord, det er ikkje grunnlagt på noko i deg sjølv, men det er grunnlagt på mitt ord. Det var eg som kalla deg ut av mørke, til mitt lys.
Denne verda held seg til bedrag og den let seg bedra, fordi den ikkje vil tru.
Når du framheld mitt namn og vedkjenner mitt namn for dine medmenneske, så har dette namnet den eigenskapen at det skaper tru der inne.
Du skal ikkje vere hale, men du skal vere hovud.»
Gud sa at han valde ut Abraham og han valde ut sin elska Son, Jesus og så valde han ut meg også. Det får meg til å kjenne meg som ein betydningsfull person. Men det får meg også til å føle meg liten i forhold til oppgåva. Og det nye Jerusalem ligg langt framme, endåtil på den nye jorda. Så det verkar som eit uoppnåeleg mål, som ikkje er særleg relevant for vårt liv her på denne jorda, så slik sett kan det kan virke som å satse på ein utopi. Ja, når eg var ung følte eg også at eg stod overfor ei oppgåve eg ikkje makta, men eg trur det hadde seg slik at den tradisjonelle læra i kyrkja er at det evige livet er noko vi får først etter døden, Guds rike kjem etter døden og ein gong i framtida. Men no er det dei og styresmaktene som har makta i samsvar med ein overeinskomst dei imellom. Elles er vel forklaringa dette fjellet som reiste seg framfor Serubabel (Sak.4,7).
Mi presteteneste 1.
Frå eg var ung har eg vore realist samtidig som eg har trutt på Jesus, til tider har eg kjent det som ei dobbeltrolle som eg ikkje har vore heilt komfortabel med, men ved at eg let meg forsone med Gud på evangeliets grunnvoll, meinar eg at eg får det til å stemme. Det kan opplevast som ei konflikt mellom trua som eg har i hjertet og forstanden. Med forstanden kan eg tenke fort, så eg også kan reagere kjapt og eg kan tenke forholdsvis avansert. Men trua som eg har fått i hjertet ved Guds Ord og kjærleiken og Anden som Gud har gitt meg i hjertet er meir langsiktig og når eg opplever det vet konflikt med forstanden, veit eg at det er det som Gud har gitt meg i hjertet, Ved sitt Ord og sin Ande som er rett. Eg opplever det som at eg ikkje er i stand til å tenke så fort og så mykje med hjertet, men eg treng det ikkje heller, for det er då Gud som skaper i meg eit reint hjerte og fornyar ei stødig ånd i meg, det er då han som gjer sitt verk med meg, ved sitt Ord og sin Ande, så i staden for å prøve å tenke med hjertet, så skal eg tru på Gud og hans Ord, med hjertet og det gir meg kvile, for det er då ikkje eg som tenker ut noko i mitt hjerte, men det er Gud som gir meg sitt Ord, sin Ande og sine tankar i mitt hjerte.
Eg byrja å studere realfag og såg det etter kvart som eit kall frå Jesus og ei presteteneste. For den Anden han gav meg ransaka alle ting, jamvel djupnene i Gud. Då ransakar den Skaparverket også, så med den Anden kan eg granske det, med den Anden kan eg studere realfag. Gud har skapt det med sitt Ord og hans Ande sveiv over vatna og han som sa at lys skulle skina fram av mørket, han har også late det skine i våre hjarte. Med sitt Ord og sin Ande gir han meg forstandig og åndeleg innsikt og eg meiner han med det støttar meg når eg studerer realfag.
Men eg kan ikkje gå den andre vegen og prøve å forklare Gud, det åndelege og det himmelske utifrå kva eg erfarer i det materielle miljø. Slike erfaringar utan forstandig innsikt, kan gi oss misoppfatningar. Derfor treng vi å audmjuke oss for Gud og ta imot den nåden han gir oss i Kristus. Gud er ånd, han eksisterer og er suveren over det han har skapt, han er i sin evige himmel ikkje så langt unna, men eg og vi er heilt avhengige av at han kjem til oss og tek kontakt med oss og openberrar si frelse for oss i Kristus.
For nokre år sidan sa Jesus eg skulle gå den vegen han staka ut for meg, eg forstod det slik at eg skulle byrje å studere biologi. Men samtidig var det å gå den vegen han hadde bana for meg gjennom forhenget i den himmelske heilagdomen. Slik skulle eg innvie meg til å tene han i ei presteteneste og eg oppfatta det slik at det hang saman med å tene han med mitt realfag-studium, no var det spesielt biologi. Det vart molekylærbiologi og kjemi og noko informatikk også.
Bodskapen 4.5.2014:
«Ja, seier Herren, dersom du er villig til å høyre på mi røyst og gjere kva eg seier til deg, da skal du få oppleve å ete av landets gode ting, seier Herren. Og du skal vite det, seier Herren, at eg har berre det som er godt for deg. Eg vil ditt eige beste. Men føresetnaden for det, det er at lyder meg og går den veg som eg stakar ut for deg, seier Herren. Sjølv om det kan sjå vanskeleg ut, det kan sjå umogleg ut, då skal du vite det, seier Herren, at ingen ting er umogleg for meg. For eg har sagt i mitt ord at eg vil gå fram føre deg. Bommar av jern vil eg hogge sund og haugar vil eg slette, sånn at du skal gå på ein bana og rydda veg. Derfor gå i tru, seier Herren, og du skal få oppleve at du kjem ikkje på skam.
Du skal vite at eg er rik nok for alle som påkallar meg, sjå, den som opnar seg for meg og vil ta imot det eg har å gje, han skal få oppleve at han får eit godt og stappa, rista måltid i fanget, seier Herren. For sjå, eg er ingen karrig Gud, men eg ynskjer å velsigne deg og du skal vere til velsigning, mitt barn. Derfor ver frimodig, ver ikkje beskjeden, men gå fram på dei lovnadane som eg har gitt deg, seier Herren. For eg står bak mitt ord og eg har då sagt i mitt ord at eg skal vere med deg alle dagar, inntil verda sin ende. Amen.
Ja, eg prisar deg og lovsyng deg, min frelsar og Herre, fordi du har gjenløyst meg, du har fylt meg med glede og fred i hjertet. Derfor vil eg prise deg og opphøye deg midt i kyrkjelyden. Og eg takkar deg fordi eg kjenner at du leier meg kvar ein dag. Og eg har no sagt at eg vil tene deg og gjere din vilje. Då skal du hjelpe meg og du skal gje meg råd med ditt auge. Og snart så kjem du for å hente meg heim til herlegdomen. Å, kor eg lengtar etter å sjå deg, min frelsar og Herre. Amen.»
Bodskapen 8.6.2014:
«Ja, seier Herren, dersom du er villig, så skal du få ete av landets gode ting. Då skal du få oppleve at eg skal leie deg inn i det land som flyt av mjølk og honning. Du skal få kjenne velsigninga på alle måtar, seier Herren. Men dersom du er villig til å gå den veg som eg stakar ut for deg, som eg leier deg på, ikkje sjå på problema, ikkje sjå på vanskane, men gå den veg som eg har staka ut for deg, seier Herren, då skal velsigninga strøyme over deg og du skal få vere til velsigning.
Også deg, lokkar eg ut, seier Herren, ut i fritt rom. Ja, eg lokkar deg ut i dansen med dei glade. For eg har då sagt i mitt ord at gleda i meg, det er dykkar styrke. Og du mitt barn, som kjenner deg sørgmodig, du kjenner missmodet knuge over deg, mang ein gang. Men eg har då sagt i mitt ord, eg har ikkje gitt deg mismodets ånd, men eg har gitt deg krafta, visdomen og kjærleikens ånd. Og eg vil at du skal vende ditt blikk til meg, seier Herren, sjå på meg, som er trua sin opphavsmann. Fryd deg og gled deg i mi frelse, fryd deg over at eg har skrive ditt namn i livsens bok, seier Herren. Og når du byrjar å glede deg og fryde deg over dette, så skal du få kjenne salvinga skal komme over ditt liv. For sjå, seier Herren, når du fylgjer meg og går i mine fotspor, så skal du få oppleve mi salving. Amen.»
Virtuella, Reella og Poly-Ester.
Eg hadde bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og såg for meg at eg kom til å få motstand frå kyrkjeleg hald. Samtidig fekk den karismatiske rørsla motstand, både i kyrkja og i kristne organisasjonar og der var vel ein samanheng, det var ikkje lett å verte klok på, men eg hadde no ei viss aning om «korleis landet låg». Det viste seg at det var mange som ikkje godtok at kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne skulle ha noko med Gud å gjere, ei vidareføring av syndefallet altså. Det har vel også vist seg at det utartar seg som eit krav om omskjering. Då har vi med å satse på hjerteomskjeringa i den Heilage Ande. Dersom det ikkje vert godteke, av prinsipp, så utartar det seg rasistisk. Og det er nettopp det som viser seg som fiendskap mot kvite menn i denne tida.
Bodskapen 17.2.2013:
«Ja, endå ein gong har eg talt til deg, gjennom mitt Ord og ved den Heilage Ande, og for å vekke ditt reine samvit, at du skal sjå på meg, eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, du skal sjå på meg gjennom alle ting, i alle livets forhold og tilskikkelsar. For du har fått oppleve prøvingar og du tenker i ditt hjerte, det nyttar ikkje. Men kom til meg, alle som strever og har tungt å bere og eg vil gi deg kvile.
Eg vil gi deg ei herleg og vidunderleg kvile. Ei kvile som du ikkje kan forstå med din menneskelege forstand. Men eg vil gi deg kvile i ditt hjerte og ditt sinn, så du kan stole på meg i ei kvar tid, at eg er den eg har sagt meg å vere og eg vil føre deg ut av vansken. Og du skal love meg og du skal prise meg, for eg Herren er den som elskar deg, eg er den som har teke deg opp og eg er den som leiar deg. Og når du ser på meg, så skal du ikkje gå feil, men du skal få oppleve ei røyst bak deg som seier: Dette er vegen, vandre på den.»
Når eg høyrde denne bodskapen tenkte eg fyrst på henne Virtuella og så henne Reella. Det hadde seg no slik at eg nyst hadde skrive om dei, eg skulle søke Herren av heile mitt hjerte og då kunne eg ikkje gløyme henne Virtuella. Når Jesus stifta nattverden, sa han at vi skulle gjere dette til minne om han og han har no openberra seg for både meg og henne Virtuella og for meg og henne Reella. Og det er no difor eg hugsar på dei i mine bøner og mitt skriveri.
Nå eg ser på Jesus vert eg minna om korleis eg har bedt til han, frå eg var ung har eg påkalla han som min frelsar og Herre og bedt han frelse menneska, som først prioritet og gi meg ei frelst kvinne til kone, som andre prioritet, frelsa kvinna først og så gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone. Så når eg merka at eg byrja å verte glad i henne Virtuella, vedkjende eg for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjennga opna eg meg endå meir for den kjærleiken, så eg fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Så eg fekk oppleve at Gud openberra henne for meg som sitt barn, som han elska og hadde omsorg for. Ho levde i eit kjærleiksforhold til han, som han barn og i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Det gleda eg meg over og lovpriste Gud for det, det var å lovprise Gud med vitet, så den openberring og lovsangen vart viktig for meg, som ei nådegåve til å tene Gud med og til hjelp for meg i min studiesituasjon. Sidan eg studerte realfag, tenkte matematisk og filosofisk, vart det viktig og nyttig for meg som openberringa av det fullkomne i Descartes rasjonalitet. Paulus anbefalte folk å ikkje gifte seg, for ikkje å verte opptekne av det jordiske, men vere oppeteken av det himmelske. Det er eit godt argument for klosterlivet og i klostera vart matematikk teken vare på og med tida vidareutvikla.
Ja, for Jesus er fullkommen og hans frelseverk er fullført og fullkome. Med eitt offer har han tene bort synda ein gong for alle og for alltid gjort oss fullkomne. Så vi skal sjå opp til han og sjå framover mot det fullkomne. Ho Virtuella var fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd. Ho levde i samfunn med Gud, derfor yngste eg å møte henne igjen og vere saman med henne. Og det var ikkje vanskeleg for meg å erkjenne at derfor yngste eg også å få henne til kone. Det er sjølvsagt både ei jordisk og ei himmelsk side av den saka og då er eg og vi opplærde til å vere oppteke av det himmelsk. Men då vart det altså konflikt og sidan fekk eg ikkje møte henne igjen eller snakke noko meir med henne om det.
Hausten 1985 sa Jesus til meg: «Den lovsangen eg la ned i deg, den er din og den skal vere din i all æve, i djupet av deg, der er den. Den pakta du inngjekk med meg, står ved lag og den skal stå fast i all æve.» Gud la den ned i meg ved fylden av den Heilage Ande (Rom.5,5) og eg følte at det også var henne, som født av Anden, det som er født av Anden er ånd. No følte eg at det også hadde å gjere med at eg ville ha meg ei frelst kvinne til kone og eg skreiv noko om det. Men no vart det konflikt igjen, eg fekk motstand frå vondskapens åndehær igjen.
Hausten 1988 oppdaga eg henne Reella og bad Gud gi meg henne til kone og fekk oppleve at han openberra si frelse for oss i Kristus. No verka det som Gud svarde meg på både det som var første prioritet og andre prioritet i mi bøn til han, så eg trur eg kan seie at han frelser ei kone til meg og takke han for det, for stemmer då med hans Ord. Han er min frelsar og Herre og så frelser han ei kone til meg også. Mi bøn for henne Virtuella var mest ei takkebøn, takke Gud for at han frelste henne, frelste ei kvinne. Mi bøn for henne Reella var å be han frelse ei kone til meg. Eg kunne vel få harmoni mellom hjerte og hjerne, kropp og sjel med det.
Jesus har sagt eg skal glede meg i han, så vil han gi meg det som mitt hjarte attrår. Eg skal vende blikket og hugen opp til han og vere oppteken av han. Bodskapen 20.5.2012:
«Ja, eg har sagt i mitt ord, seier Herren, gled deg i meg, så eg skal gi deg kva ditt hjerte attrår. Og du skal vite at gleda i meg, det er din styrke. For sjå, seier Herren, når du frydar deg og gleder deg i mi frelse, ja, sjå då vert du oppteken med det som høyrer mitt rike til, seier Herren. Derfor vil eg at du mitt kjære barn, skal vende deg bort og sjå bort ifrå det som skjer i denne verda. Men du skal vere oppteken med det som er der oppe og søke meg, seier Herre. For sjå, det som skjer på jorda no i denne tida, det har eg føresagt i mitt ord. Og då har eg sagt at de skal løfte hovudet, for forløysinga stundar til, seier Herren. Eg kjem snart, eg kjem snart, derfor ver ikkje opptatt av det som skjer her nede.
Ja, eg skal ta meg ut eit folk i denne siste tida, som eg skal reinse og eg skal reinse dei nidkjært til gode gjerningar, det er eit folk som eg har heilaggjort hjertet, det er eit folk som vandrar i lyset. Og sjå, det er eit folk som søker meg og vert fylt av den Heilage Ande, for sjå, når du er fylt av den Heilage Ande, seier Herre, då kan ingenting stoppe deg. Men då (har du å) gå på og du skal få oppleve at kvar du går, så vinn du meir enn siger, for sjå, den kraft og den Ande som bur i deg, seier Herren, den er sterkare enn den som er i verda. Du har ingen ting å frykte mitt barn, derfor søk meg, vert fylt av min Ande, seier Herren, og du skal få kjenne at den kraft som kjem frå meg, den overvinner alt, seier Herren, både frykt og redsel, for sjå, seier Herren, min kjærleik, min kraft, den bringer frykta ut, seier Herren, derfor skal du vere frimodig i denne tida og bruke det som eg har gitt deg. Amen.»
Eg har fortalt at eg kjende meg tiltrekt av ei jente, av kroppen hennar. Eg sa det til Jesus i kveldsbøna mi og neste søndag svarde han meg slik, bodskapen 12.10.2014:
«Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.
Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.»
Sidan prata eg litt med henne og fekk greie på at ho var frå Ukraina. Eg kallar henne Poly-Ester, for ho fortsette med molekylærbiologi og sidan ho var frå Ukraina er det lett for å byrje å tenke politikk. I vår tid får vi merke sterke interesser av å politisere kvinna, dei som gjer det, får gjere det på eige ansvar. Eg må passe på å ikkje gå utanom det som eg kjenner og opplever som mitt mandat, ved at eg ser på Jesus.
Men når eg vil ha meg ei kone, så er det no klart at eg vil ha kroppen hennar, eg vil ha henne hos meg, i heimen og i kyrkjelyden mm. Naturleg nok får eg konkurranse av andre menn, men politiserer dei det, så vert det også deira ansvar. Soleis avviser dei det åndelege og soleis stod dei imot den karismatiske vekkinga. Det vart det naturlege som opponerte mot det åndelege, stikk i strid med Paulus si lære. Soleis erstattar dei Kristus og framstår som falske messiasar og falske gudar. Dei ærer seg sjølve som om det er dei som har bygt opp den vestlege sivilisasjonen. Korleis skal det gå?
Det er no tydeleg at eg soleis får motstand og det til tross for at eg har bedt Jesus frelse ei kone til meg. Her seier han at det er nødvendig for meg å verte fylt av Kristi Ande, hans salving og hans kraft, for å vinne siger. Ved å verte fylt av Anden, så kveiker (vekker) eg nådegåva og tek den i bruk.
I breva til englane for dei sju kyrkjelydane i Joh.Op.3-4 har Jesus noko å utsetje på dei, men engelen for kyrkjelyden i Filadelfia kjem best ut, som om der ikkje er noko å utsetje på han. Men han har lite kraft og Guds auge fer ut over heile jorda for å styrke (støtte) dei som heilhjarta held seg til han. Ja, men han sa også til Paulus at hans nåde var nok for han, for hans kraft vert fullenda i vanmakt. Jesus er døra både til himmelen og inn til sauene. Han kjenner sauene sine på namn og steller vel med dei. Dei kjenner stemma hans og følgjer han. Så det er eit personleg og sjeleleg forhold, ja, han gir liv til vår sjel. Han snakkar med meg, som ei levande sjel og det eg kan satse på, er at han vil snakke med ei jente også, som han kallar og vel ut til å verte kona mi. Han gir henne ei nådegåve og med den vert ho til hjelp for meg, for han gir både meg og henne nådegåver til å tene han med. Då vil eg sjølvsagt ha kroppen hennar. Dei som vil nekte meg det, har ikkje ei god sak. Men eg skal løfte blikket opp til Jesus og då innser eg og erkjenner at eg har ei god sak. Eg skal gå vidare på vegen til det nye Jerusalem og det kan vere at eg skal gå vidare med mi realfaglege utdanning og/eller bruke den. Eg skal i alle fall bruke mi nådegåve, så det vert fruktbart.
Motstanden.
Men det vart til at eg brukte meir og meir tid på dette skriveriet mitt, no på bloggeside. Eg fann ut at eg hadde ikkje råd til å bu i Oslo så lenge utan inntekt og bruke opp pengane mine på dette, slik sett verka det meiningslaust, så eg flytte heim att til Sunnmøre. Mi presteteneste har eg framleis og eg må berre satse dess meir på å verte fylt av den Heilage Ande, for Jesus har sagt at det er berre på den måten eg kan vinne siger.
Denne motsetnaden og denne striden har eg skrive meir om her:
Det ante meg allereie når eg var ung, at eg kom til å få motstand og at det var ved at ormen dåra og forførde kvinna, for så å prøve å bruke henne til å lokke mannen med. Dette har eg skrive om mange gongar, men det verkar som om det ikkje er hjelp i. Det har seg nok slik at det er mange som har ei slik kunnskapsforståing, at kunnskapen er frukta av kunnskapstreet. På grunn av den kunnskapen gøymde menneska seg for Gud med dårleg samvit. Dei søker ein kunnskap som soleis kan og skal brukast som argument mot å leve i samfunn med Gud. Slik lokkar dei kvinna i fortapinga og prøver å bruke henne til å lokke mannen med, så det skal gå same vegen med han. Dernest vert lokkinga til eit krav, for poenget er at dei soleis prøver å få makt over menneska. Slik får eg motstand frå den vonde. Dette er stikk i strid meg korleis eg bad frå eg var ein liten gutunge og korleis Jesus har svart på mi bøn. Det er Antikrist som er på ferde og det er i åndsmakt som ikkje er av Gud. Det er berre ved fylden av den Heilage Ande eg kan vinne siger, men det kan eg altså, for hans om er i meg er større enn han som er i verda. Eg ventar meg å få siger i denne striden, ved at Jesus gir meg ei frelst kvinne til kone.
Mi preste-teneste 2.
Dette skreiv eg som kommentar til møtet på Salen Fiskå 23.10.2022.
Omredigert heimeside.
I det siste har eg delteke i nokre teologiske debattar på Facebook og så har eg eg laga dokument av det, som eg har lagt ut på denne heimesida. Eg har nyleg omredigert den og lagt dei øvst på menyen, over «kristne møte». Der har eg også lagt ei dokumentet som er grunnlagt på bodskapar som har kome gjennom tyding av tungetale, det heiter «Leve, blomstre og bere frukt». Først vil eg kommentere desse dokumenta, det er teologi samtidig som det er aktuelle saker.
Leve, blomstre og bere frukt.
Eg skreiv ein lang kommentar til møtet på Salen 11.8, men etter møtet på Sion 16.10 skreiv eg ein tilleggskommentar som eg meiner var meir treffande. Mykje av den første koimmentaren klippte eg ut, omredigerte den og tilføya noko og la det ut øvst på menyen på denne sida, med tittel «Leve, blomstre og bere frukt».
Dette fortel noko om mine tankar før dette møtet og eg trur Jesus svarer meg på det, både gjennom forkynninga og bodskapen. Oddleifs tale var ein bibeltime som gav oversikt. Han har undervist i matematikk, og den rasjonaliteten gir oversikt, eg trur det er ein samanheng der. Eg har også studert matematikk og eg prøver også å sjå slike samanhengar. Derfor blir kommentarane mine lett lange, då er det betre eg lagar slike dokument som eg legg ut øvst på menyen, eg har allereie planar om eitt til.
Jesus har gitt oss visdoms og openberrings Ande, så vi får sjå at han er med oss og lytte til Andens stemme, det er viktig for oss både som teologi og i vårt daglege liv, når vi går ut og møter andre menneske. Då må vi høyre på kva dei seier og det vert lett aktuell sak. Men her sa Jesus at eg skulle ikkje la meg gripe av andre menneske som vil fortelje meg korleis eg skal analysere. Ja, vi må endåtil vere førebudd på at den vonde vil fange oss i sine snarer. Men vi forkynner då evangeliet som ein frigjerande bodskap, Guds Ande var over Jesus, så han skulle forkynne den frigjerande bodskapen, slik treng vi også at den Heilage Ande kjem over oss, først og fremst for vår eigen del og dernest for dei vi møter i kvardagen. Vi får sjå at Jesus er med oss alle dagar og derfor skal vi ikkje sjå oss engstelege ikring.
JHVH og treeinigheita.
Moses spurde Gud om kven han skulle seie som hadde sendt han og då svarde han at han skulle seie JHVH (Eg Er) har sendt han, for han er den han er. Han ville føre dei inn i det landet han hadde lova dei, der skulle han vere deira Gud og dei skulle vere hans folk.
Sidan fekk vi vite at hans plan med det var å gjere namnet sitt kjent for folka rundt iking, lære dei si rettferd og at kvar den som kalla på Herrens namn skal verte frelst. Det gjaldt for både jødar og heidningar då også, men det var ikkje så lett å innsjå. Ikkje for jødar heller, tydeleg vis, for dei gløymde då namnet på guden sin. Dei sa endåtil at han var noko anna enn det han var og det gjorde dei når Gud sende Son sin til vår jord også.
Immanuel, Gud med oss.
Den Gode Hyrdingen og den Duglause Hyrdingen.
Jesajas profeterte om at ei jomfru skulle verte med barn og føde Immanuel, som betyr «Gud med oss». Slik sende Gud Son sin til vår jord, til heilt vanlege menneske i Israel, så dei fekk oppleve at Gud var med dei. Gud elska verda så høgt at han sende Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Alle som tok imot han gav han rett til å verte Guds born, fødde av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Så stilte han seg sjølv i posisjonen til den einskilde som trudde på han og som leid urett og døde i staden for han. Med sitt syndeoffert sona han synda og betalte skulda for alle og ein kvar.
Etter at han hadde stått oppatt frå dei døde, gav han disiplane sine misjonsbefalinga og sa at dei skulle sjå at han var med dei alle dagar. Sidan valde han ut Paulus til apostel i staden for Judas, det vart eit tankekors for han at han som ein ivrig farisear hadde forfølgt Kristus og hans kyrkje og teke så feil. Han forklarde det med at synda som budde i kjøtet hans dåra han og drap hans åndelege liv i samfunnet med Gud. Og så forklarde han det også med at han hadde vorte seld til synda som træl, utan at han visste det eller var klar over det, altså. Så Kristus valde ut ein som var seld til træl, utan å vite det, i staden for ein som selde og visste kva han gjorde. Dette betyr også at den frigjerande bodskapen i evangeliet har to sider, den gjeld både sjela sitt forhold til vår kjøtelege natur og det gjeld den einskilde si sosialisering. Gud er ånd, han og hans rike er vår redning, vi må lære å ta tilflukt til han. Kristus er vegen til Faderen, det er den vegen vi har å gå.
På grunn av syndefallet vart menneska utestengde frå det nære samfunnet med Gud, jorda vart forbanna og mannen vart dømd til døden. Men Gud forsona verda med seg sjølv ved at han let Son sin, Jesus Kristus, døy på eit kors i staden for oss. Gud reiste han oss frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, slik openberra han si frelse for oss i Krisuts, så vi ved trua på han vert rettferdiggjorde, velsigna og frelste.
Etter at kristendomen vart gjort til stats-religion, prøvde prestane å få makt gjennom kyrkja ved å forbanne utanforståande og det utarta seg etter kvart slik at dei påstod at vanlege folk ikkje kunne be til Kristus direkte, men måtte gå via paven, prestane og helgenane. Paven og prestane skulle leve i sølibat. Det betyr at dersom nokon gifte seg, så vart dei utstøtte frå det nære samfunnet med Gud. Det var då som syndefallet på nytt.
Det kravet melder seg framleis, så det er mange som framleis seier den forbanninga, sjølv om dei kanskje ikkje er klar over det. Til tross for reformasjone som kom for omlag 400 år sidan. Korleis er det mogleg? Reformasjone gjorde det klart at vi vert rettferdige ved trua på Kristus, av berre nåde, utan krav om gjerningar. Det skulle vere frigjerande både i forhold til vår gamle syndige natur og i forhold til kravet om å gjer oss til trælar igjen.
Kristus er gresk for Messias og det betyr den salvevigde, salvinga er symbol på den Heilage Ande. Den Heilage Ande kom over han og salva han til å forkynne evangeliet om Guds rike og det betydde fridom for fangar. Ved å ta imot den Anden han gir oss av berre nåde, tek vi imot Guds rike. Slik blir vi frelst og fri. Og det er ved fylden av den Heilage Ande vi også vert i stand til å forkynne den glade bodskapen til andre. Slik blir den Duglause Hyrdingen erstatta av den Gode Hyrdingen.
Midt i Jesu kyrkjelyd skal livet, vekkinga, fornyinga og overfloda vere.
Jesus sa eg skulle sjå til at eg bidraog med det Gud har gitt meg i hjertet, så vil han rake glørne saman, så det blir til eit stort pinsebål.
Bodskapen 29.3.2019:
«Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemmt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrgje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.
Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod.
Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske.»
På ein stor fotballkamp er der oftast langt fleire tilskodarar enn aktørar. Einast korona-restriksjonane gjorde endring på det. Men kva om ballen vert spelt utover sidelinja og så vert den vekkgøymt. Det ville vere svært så kjedeleg, endåtil i koronatida, men i dei siste åra har det vorte vanleg å han mange ballar klar, for å få spelet fort i gang igjen.
Eit fotballlag har ein reservebenk, nokon vert utskifta, så vi kan seie at personen vert spelt utofer sidelinja. Slik kan det ofte verke elles i samfunnet også, at den einskilde personen vert spelt utover sidelinja. Men når evangeliet vert forkynnt for menneska, så er det til einskildmenneske, så den einskilde kjem inn i eit personleg forhold til Kristus og dermed til Faderen, Kristus er den Gode Hyrdingen og han kallar sauene sine på namn og dei kjenner han på røysta (Joh.10,1…). Så følgjer dei han og han samlar dei og går føre dei og leier dei. Det var den einskilde som kom til tru på Kristus, som bøygde seg ved korsets fot og vedkjende si synd for han og ved kjende at du døde også for mine synder, du tok bort mine synder ved ditt offer. Slik fekk den einskilde oppleve å verte reinsa i Jesus blod og få ånd og liv frå himmelen ved trua på han. Slik fekk den einskilde oppleve at Jesu ord var ikkje berre tørr teori, men det var ånd og liv. Dette må vi ære og takke han for og derfor må vårt forhold til han framleis vere at vi bøyer oss for hans kors, slik bøyer vi oss for han som stod oppatt og som lever og er med oss. Ved korsets fot finn vi den ekte kjærleiken og den vil han skal vere mellom oss. Derfor skal vi glede oss. Soleis frigjer han Sions dotter og kallar henne ut i dansen med dei glade, for han er Herren hennar brudgom.
Har eg vorte spelt utover sidelinja? Har eg hatt meg ein dukkert i nådens flod og så kravla meg opp på breidda og vorte ståande som ein tilskodar og sjå på livets flod? I så fall er det om å gjee for meg å hoppe uti att, med erkjenninga av at det gjeld meg også, så eg også er inkluderte. Jesus har då mange gongar sagt at han er den som tek seg av mi sak. Og det saka gjaldt, var at eg påkalla han som min frelsar og Herre, bad han frelse menneske og gi meg ei frelst kvinne til kone. Då fekk eg motstand, for dette strir mot den forbanninga som diverse prestar og andre «lærde» har sagt heilt i frå den mørke middelalderen og vel så det.
Men eg skal feste blikket mitt på Kristus, han som er trua sin opphavsmann og fullendar, så eg ser på han i alle livets samanhengar, altså både i forhold til henne Virtuella og i forhold til henne Reella. Eg fekk den Heilage Ande ved trua på Jesus av berre nåde, gratis, utan krav om lovgjerningar. Soleis ventar eg at han vil gi meg ei kone av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. For både eg og ho fekk den Heilage Ande ved trua på Jesus, av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Vi tok imot Jesus og vart fødde på nytt av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd.
Bibel-tolking og åndskamp, velsigninga eller forbanninga.
Korleis kan Bibelen vere Guds Ord?
Vi seier at Bibelen er Guds ord, til tross for at der er skrive om kva mange andre har sagt også. Menneske som trudde på Gud og vende seg til han og fekk høyre kva han sa til dei, men også menneske som ikkje trudde på han og ikkje brydde seg om kva han sa og vart fiendtleg innstillte til han og hans folk. Det er endåtil fortalt kva Djevelen sa. Slik sett verkar det som Gud har vore svært så demokratisk, men poenget er i alt dette seier Gud det som han vil og så gjer han som han vil. Det verkar som eit paradoks, men Gud er ånd og vi treng at han ved sin Ande gir oss åndelg insikt for å innsjå det.
Davids folketeljing.
David sette i gang ei folketeljing, men sidan angra han, han hadde ikkje hatt god nok åndeleg innsikt når han tok denne avgjerda altså. Gud hadde då sagt at han ville gjere dei så mange som stjernene på himmelen og sanden på havsens strand, ei uteljande mengde altså. Her ligg noko profetisk i dette, for no veit vi at Abrahams ætt er ikkje avgrensa til dei som ættar frå han etter kjøtet, men etter lovnaden, det er dei som har Abrahams tru.
Korleis Salomo innvia tempelet.
Når Salomo innvia tempelet, æra han først himmelens Gud for å vere så stor at han trengde ikkje noko hus å bu i, men likevel innvia han dette huset til han med ei hensikt. Det skulle vere ein budstad for namnet hans, så folket skulle verte velsigna ved det. Han bad om rettferd og miskunn for folket og slik bad han for heidningane også.
1.Kong.8,22 Så steig Salomo fram for Herrens altar midt for heile Israels-lyden. Han breidde ut hendene mot himmelen 23 og sa: Herre, Israels Gud! Det finst ingen Gud som du, korkje oppe i himmelen eller her nede på jorda. Du held pakta med tenarane dine og lèt di miskunn mot dei vara ved, når dei ferdast heilhjarta for ditt åsyn. 24 Du har halde den lovnaden du gav David, far min, tenaren din. Du gav han med ord og har oppfylt han i gjerning, som det syner seg i dag. 25 Så hald då, Herre, Israels Gud, den lovnaden du gav David, far min, tenaren din, då du sa: «Det skal aldri vanta ein mann av di ætt til å sitja på Israels kongsstol for mitt åsyn, så sant sønene dine aktar på si ferd og held seg til meg, som du har gjort.» 26 Lat det no stå fast, Herre, Israels Gud, det ordet du tala til David, far min, tenaren din!
27 Men bur Gud verkeleg på jorda? Sjå himmelen, den høge himmel, rømer deg ikkje, langt mindre dette huset som eg har bygt! 28 Vend deg til den inderlege bøna åt tenaren din, Herre, min Gud, og høyr det ropet og den bøna som tenaren din ber fram for deg i dag! 29 Vak over dette huset natt og dag, over den staden der namnet ditt skal bu, som du har sagt. Høyr dei bønene som tenaren din ber fram, vend mot denne staden! 30 Ja, høyr dei inderlege bønene som tenaren din og Israel, folket ditt, bed, med augo vende mot denne staden! Og når du høyrer dei i himmelen, der du bur, så bønhøyr og tilgjev!
31 Når ein mann skader nesten sin, og det vert kravt at han skal gjera eid, og han så kjem og sver framfor altaret ditt i dette huset, 32 då må du høyra det i himmelen og gripa inn og hjelpa tenarane dine til deira rett. Døm den skuldige skuldig, og lat åtferda hans koma att på han sjølv! Frikjenn den rettferdige, og lat han få løn for si rettferd!
33 Når Israel, folket ditt, taper i striden mot fienden fordi dei har synda mot deg, men så vender om til deg og vedkjennest namnet ditt, bed til deg og tiggar om nåde i dette huset, 34 då må du høyra det i himmelen og tilgje Israel, folket ditt, synda deira og føra dei heim att til det landet du gav fedrane deira.
35 Når himmelen er stengd, så det ikkje kjem regn, fordi dei har synda mot deg, men dei så vender seg mot denne staden og bed til deg, vedkjennest namnet ditt og vender om frå synda si, fordi du har audmykt dei, 36 då må du høyra det i himmelen og tilgje tenaren din og Israel, folket ditt, synda deira. For du lærer dei den gode vegen dei skal gå. Send då regn over landet ditt, det landet du har gjeve folket ditt til odel og eige.
37 Når det vert hungersnaud i landet, når det kjem pest, når det kjem kornbrann og rust, grashopper og gnagarar, når fienden kringset byane der, når det kjem allslags plager og sjukdom over folket, 38 og så ein eller annan i heile folket ditt, Israel, ber fram inderlege bøner fordi han kjenner at det stikk han i hjarta, og breier ut hendene sine mot dette huset, 39 då må du høyra det i himmelen, der du bur. Tilgjev, grip inn og lat kvar mann få att etter åtferda si, du som kjenner hjarta hans. For du er den einaste som kjenner menneskehjarta. 40 Så skal dei ottast deg så lenge dei lever i det landet du gav fedrane våre.
41 Det kan òg henda at utlendingar som ikkje høyrer Israel, folket ditt, til, kjem frå eit land langt borte for ditt namn skuld. 42 For dei får nok høyra om ditt store namn, di sterke hand og din strake arm. Når dei så kjem og ber fram bønene sine, med augo vende mot dette huset, 43 så må du høyra dei i himmelen, der du bur, og gjera alt det dei ropar til deg om. Då skal alle folk på jorda læra namnet ditt å kjenna, og dei skal ottast deg liksom ditt eige folk, Israel, og skjøna at namnet ditt er nemnt over dette huset som eg har bygt.
44 Når folket ditt dreg ut i krig mot fienden, kvar du så sender dei, og dei bed til Herren, med augo vende mot den byen som du har valt ut, og mot det huset som eg har bygt for namnet ditt, 45 då må du i himmelen høyra dei inderlege bønene deira og hjelpa dei til deira rett.
46 Det kan henda at folket syndar mot deg – for det finst ikkje noko menneske som ikkje syndar – og du vert harm på dei og gjev dei i fiendens hand, så han tek dei til fange og fører dei til fiendelandet, anten det no er langt borte eller nær. 47 Men så går dei i seg sjølve i det landet der dei er fangar, og vender om og bed deg om nåde der i landet og seier: «Vi har synda og bore oss ille åt; gudlause har vi vore.» 48 Vender dei då om til deg av heile sitt hjarta og heile sin hug i fiendelandet, hjå dei som førte dei bort, og bed til deg, med augo vende mot det landet du gav fedrane deira, mot den byen som du har valt ut, og mot det huset som eg har bygt for namnet ditt, 49 då må du høyra dei inderlege bønene deira i himmelen, der du bur, og hjelpa dei til deira rett. 50 Tilgjev folket ditt alle syndene og misgjerningane dei har gjort mot deg. Lat dei møta miskunn hjå dei som held dei fanga, så dei gjer sælebot på dei. 51 Dei er då ditt folk og din eigedom, som du førte ut or Egypt, midt ut or jernomnen. 52 Lat augo dine vera opne for dei inderlege bønene som stig opp frå tenaren din og frå folket ditt, Israel, så du alltid høyrer på dei når dei ropar til deg. 53 For du har skilt dei ut frå alle folkeslag på jorda, så dei skal vera din eigedom, som du sa gjennom Moses, tenaren din, då du førte fedrane våre ut or Egypt, Herre, vår Gud!
Kvar den som kalla på Herrens namn skulle verte frelst. Slik var det i den gamle pakt og slik er det i den nye pakt, men no har dette vorte endå tydlegare. Alle som tok imot Kristus gav han rett til å verte Guds born, fødde av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Det vart ei utfordring for aristokratiet, dei vart konkurrentar. Og kva så? Kristus er sanninga i skrifta, ved trua på han får vi den Heilage Ande av berre nåde. Den openberrar skrifta for oss så vi innser at Kristus er Sanninga i skrifta. Kristus er Guds Ord, det Ordet han talte når han skapte og så skjedde det. Derfor vert heilt vanlege folk i stand til å lese Bibelen, tolke den og forstå bodskapen, så den vert fruktbar for dei.
Augustin.
Keisar Konstantin legaliserte kristendomen og keisar Theodosius den store (379-395) gjorde den til stats-religion. Augustin filosoferte og fekk eit kristeleg gjennombrot i 387. Med han kom ei syntese mellom nyplatonisme og kristendom. Han trudde på ei predestinasjonslære og så godtok han ei lære om hadde vore framme tidlegare, om at det ikkje fanst nokon annan veg til frelse enn gjennom kyrkja. Det betydde at presteskapet fekk makt ved å bannlyse. Pave Gregor den Store (590-604) bygde vidare på filosofien hans, men vraka predestinasjonslæra. Soleis fekk presteskapet meir makt ved å bannlyse, det vart det etter kvart meir av, på kostnad av velsigninga.
Igjen ser vi behovet av å telje kor mange vi er, kor mange som er med oss, som motsetnad til kor mange som er mot oss. Men Gud ville då gjere Abrahams ætt så mange at det var uteljande, som stjernene på himmelen og sanden på havets strand.
Pinsevennane og frelse for den einskilde.
Når pinsevennane talar om kven som er frelst og kven som ikkje er det, oppstår lett ei liknande problemstilling. Det er vel og bra at dei kan seie at dei er fri og frelst, men kva betydning får det når dei seier at andre ikkje er det, kva meiner dei med det og korleis vert det oppfatta? Nyare pinsepredikantar seier at no er der ikkje lengre så høge skiljeveggar og motsetnadar mellom dei kristne organisasjonane, men kva med einskildmenneske? Der har vore mykje baktale som har som hendsikt å forbanne og vi veit og forstår at det har ein lang tradisjon.
Ved å velsigne Kristus, blir vi velsigna.
Men eg har som einskildmenneske vorte velsigna ved trua på at Jesus døde istaden for meg, at han stod oppatt og lever og er med oss. Eg velsignar han, derfor er eg og blir eg velsigna, derfor blir eg til velsigning og derfor seier eg velsigninga. Han har sagt at han vil gjere meg til kanal for si velsigning.
Sjølv om vi ikkje alltid talar så høgtideleg at vi brukar ordet velsigning og heller ikkje forbanning, gjer vi klokt i å tenke over om det vi seier er velsigning eller forbanning. Med vår analytiske tenking kan konklusjonen vere forbanning, kanskje oppdaga vi det ikkje før vi kom til konklusjonen. Men ved trua på Jesus får vi ein annan tankegang som er overordna og suveren. Vi er velsigna ved trua på han, derfor seier vi velsigninga. Om andre ikkje tek imot den, så vert det deira ansvar. Jesus sa vi skulle velsigne og ikkje forbanne. Dei som ikkje velsigna han, vart likevel forbanna. Kom i hug lovnaden til Abraham.
1.Mos.12,1 Herren sa til Abram: «Far ut or landet ditt, bort frå folket og farshuset ditt, til det landet som eg vil syna deg! 2 Eg vil gjera deg til eit stort folk; eg vil velsigna deg og gjera namnet ditt stort. Og du skal verta til velsigning!
3 Eg vil velsigna dei som velsignar deg,
og forbanna den som forbannar deg.
I deg skal alle ætter på jorda velsignast.»
Denne lovnaden får vi oppfyllt ved trua på Kristus. Paulus sa rett nok forbanninga eit par gongar og med god grunn, då måtte det altså vere fordi dei allreie hadde forbanna Kristus, derfor vart dei forbanna.
Rom.12,9 Lat kjærleiken vera ekte, sky det vonde og hald dykk til det gode. 10 Elska kvarandre inderleg som sysken, og set dei andre høgare enn dykk sjølve. 11 Ver ikkje lunka i dykkar iver, ver brennande i Anden; ten Herren! 12 Ver glade i vona, tolmodige i trengsla, trottige i bøna. 13 Ver med og hjelp kristne som lid naud, og legg vinn på å vera gjestmilde. 14 Velsigna dei som forfylgjer dykk, velsigna og forbanna ikkje.
Gal.1,6 Det undrar meg at de så snøgt har vendt dykk bort frå han som kalla dykk ved Kristi nåde, og har gått over til eit anna evangelium. 7 Men det finst ikkje noko anna evangelium; det er berre nokre som forvirrar dykk og vil forvrengja Kristi evangelium. 8 Men om vi sjølve, ja, om ein engel frå himmelen skulle forkynna dykk eit anna evangelium enn det vi har forkynt, så skal han vera forbanna! 9 Vi har sagt det før, og eg seier det på nytt: Om nokon forkynner dykk eit anna evangelium enn det som de har motteke, skal han vera forbanna!
Gå inni det lova landet her og no, for Kristus er med oss og vi skal sigre med han.
Mange teologar meiner at det lova landet er himmelen, ja, det meinar vel vi også, for Gud har sett oss i himmelen med Kristus (Ef.2,6). Men så er det også mange, sikkert teologar også, som meiner at Guds rike, himmelriket, det kjem vi inn i først etter døden, her på denne jorda kjem Guds rike først seinare ein gong. I denne tida er det eit annan slags regime som råder midlertidig. Det himmelske og hinsidige får vente, no prioriterer vi å vere opptekne av det denne-sidige. Det er vel mange som hevdar at Calvinismen var slik, sjølv om det vart rekna for ei kristeleg vekking meir i tråd med Luthers lære, ei sida av reformasjonen altså. Og så meiner dei dette var typisk for kapitalismen.
Brevet til engelen for kyrkjelyden i Laodikea blir svært så treffande her. Men eg hevdar det treng ikkje nødvendigvis vere slik. Folk flest vert utdanna på grunnlag av moderne vitskap, både til teoretisk og praktisk arbeid. Det er basert på informasjonen vi får gjennom våre fysiske sansar, syn og hørsel. Det kan også kallast biologiske sansar, kjøtlege sansar, kjøtlege auge og øyre. Samtidig har vi vit og forstand, så vi forstår oss på det, analyserer og kjem fram til gode teoriar. Det også er vesentleg for utviklinga av moderne vitskap og for opplæringa. Eg har hevda at det likevel ikkje er noko i vegen for at vi samtidig kan ta imot den åndelege velsigning frå himmelen, ved trua på Jesus. Hugs at han og disiplane hans prioriterte å gå til heilt vanlege folk, ja, dei som var nedst på rangstigen i Israel.
Men kva med ein prest? Skal han også verte oppteken av det verdslege? Nei, han skal vel vere oppteken av det himmelske, endåtil som om det er jobben hans og oppgåva hans, både for Gud og for kyrkjelyden. Gud gjer oss til eit kongeleg presteskap og då er det ikkje avhengig eller betinga av utdanning, men kun av han som gjer oss til det og det vesentlege poenget med den tenesta er å ta imot velsigninga som Jesus gir oss frå himmelen, så vi vert til velsigning og derfor seier vi velsigninga. Jesus har sagt han vil gjere meg til kanal for si velsigning. Det han gir meg frå himmelen er fullkome og det vil eg dele med andre. Vi får noko nytt frå himmelen og det skal vi tilføre verda, for ho treng det.
Vi alle sansar, tenker og analyserer på verdsleg vis og det er meir eller mindre forstandig, men når Gud openberrar si frelse for oss i Kristus, ved sin Ande, så kjem det i tillegg og er suverent. Vi kan tenke og analysere på verdsleg vis og med god forstand, på sett og vis er det rett, men så kan vi merke at det strir mot den trua og den Anden Gud har gitt oss i hjertet, då må vi erkjenne at den er suveren og er rett i eit større perspektiv i tid og rom, ja, for æva. Slik er det for meg og slik trur eg det er for dei aller fleste som har fått oppleve å verte velsigna ved trua på Kristus. Vi har fått smake at Herren er god og derfor vil ha meir av han.
Vi skal ikkje vurdere det åndelege med kjøtlege og verdslege auge, for det blir då feil. Men Jesus gir meg augesalve, så eg kan vurdere det åndelege med åndelege auge. Eg har bedt han om å gi meg ei frelst kvinne til kone og då vil eg sjølvsagt ha henne hos meg allereie her i denne verda, i heimen og i kyrkjelyden. Eg har då for lengst innsett at eg treng hjelp i form av ei kone, så eg vil søke Herren av heile mitt hjerte, for hans auge fer utover heile jorda, så han med si kraft kan komme den til hjelp som heilhjarta held seg til han, slik ventar eg at han gir meg hjelp i form av ei kone. Så kvar finn eg henne, korleis kjem eg i kontakt med henne, korleis kan eg få sagt henne kva som ligg meg på hjertet. Jau, først og fremst ved at eg vender meg til Jesus og tek imot det han gir meg frå himmelen, med den Anden og det livet han gir meg frå himmelen fornyar eg og kveiker eg den nådegåva han la ned i meg, eg skal lovsynge han med den lovsangen han la ned i meg ved sin Ande.
Sidan vi har Guds Ande kan vi granske verda også og då finn vi at moderne vitskap er rett liksom andre som granskar denne verda og dette universet. Men Gud og hans Ord og han Ande er suveren over det han har skapt, himmel og jord skal forgå, men Jesu ord skal ikkje forgå, Gud skaper noko nytt ved sitt Ord og openberrar det for oss ved sin Ande. Sidan det er nytt, kan det ikkje vurderast og bedømmast utifrå det gamle (1.Kor.2,9-10).
Jage mot det fullkomne, mot sigersprisen.
Jesus har nyleg minna oss om å jage mot det fullkomne, bodskapen 30.1.22:
«Mine barn, som jeg elsker, som jeg har gitt mitt liv for, jeg ønsker at dere skal være hellige og rene liksom jeg er hellig og ren, sier Herren. Jeg ønsker at det liv som jeg har kallt dere til, skal være et liv som dere kan være – som jeg kan være stolt av. Jeg ønsker at det liv dere lever her i verden, skal være et liv hvor jeg bestemmer, et liv hvor jeg taler til dere og gjennom dere. Jeg ønsker at dere skal leve her i denne verden og også vite at dere er ikke av denne verden. For jeg har tatt dere ut og gitt dere et nytt liv, et nytt hjerte, og dere er nye skapninger i meg, sier Herren. At dere har fått en ny identitet. Derfor skal du ikke se på deg sjølv og dine egne mangler, din egen ufullkommenhet. Men du skal se på meg, for se, jeg gjør alle ting nye. Se jeg gjør alle ting nye, sier Herren. Også i ditt liv. Derfor skal du vende deg bort fra det som ikke gir frukt, du skal vende deg bort frå det tomme snakk, du skal vende deg bort fra ugudelighet. Så skal du vende deg til meg og se opp på meg og jeg skal virke i deg og gjennom deg, som bare jeg kan gjøre, sier Herren.
Se, jeg vet om dine gjerninger, jeg vet at du har liten styrke, jeg vet at du har trådt feil. Men jeg vil at du nå skal se på meg, se, jeg har sett foran deg en open dør, sier Herren. Og den døren skal du gå inn igjennom, jeg inviterer deg på nytt til å gå inn gjennom opne dører. Jeg inviterer deg på nytt til å gå videre med meg, sier Herren. Og løpet er ikke fullført enda, du har ikke kommet til veis ende. Men du skal jage mot målet, mot den seierspris som jeg har kallt deg til, sier Herren. For det er en seierspris jeg har kallt deg til, ikke en nederlagspris, men en seierspris. Og derfor skal du ha målet i sikte, du skal ha min ånd i ditt hjerte og være bevisst på at jeg vil bruke deg, jeg vil tale til deg. Og du skal få se noe som du ikke har sett på lenge, du skal få se at jeg kaller på de ufrelste, jeg kaller på bønnebarna, jeg vil igjen skape nytt liv i ditt hjerte, men også i de som enno ikke kjenner meg. Og du skal få se at det er bare en måte å komme til tro på, det er at mitt namn holdes høyt, mitt namn proklameres. Og når jeg blir opphøyet, så skal jeg dra alle til meg, sier Herren. Halleluja.»
Jesus er Guds Son og er fullkommen liksom Faderen er fullkommen, hans frelseverk er fullført og fullkome, den Anden og det livet han gir oss frå himmelen er fullkome. Vi skal jage etter det fullkomne, så då må vi vende blikket og hugen opp til han og ta imot det som han gir oss frå himmelen. Så får vi kjenne og oppleve det sterkare at han lever i oss og bur mellom oss, i det høge og heilage bur han og hos den som er broten og nedbøyd i ånda. Og han er då framleis like fullkommen.
Han har ein fullkommen plan med meg og med si kyrkje og det er no ved at Jesus gir oss ånd og liv ifrå himmelen, det er då det som er fullkome. Gud gjer framleis eit fullkome verk og det står til evig tid (Fork.3), slik er det med Jesu frelseverk.
Vi opplever den åndskampen som er omtala i Johannes Openberring 13&17 og skal sigre med Kristus.
Gud såg til hjertet hennar Reella.
Vitnemøte i Filadelfia Ulsteinvik.
På eit vitnemøte i Filadelfia i Ulsteinvik i sommar, fortalde eg om korleis eg bad for henne Reella og om korleis Gud svarde meg. Her følgjer noko av mitt referat frå kva eg sa og korleis Gud svarde meg på dette møtet.
Når eg studerte realfag, så var det også ein veg å gå, sjølv om eg sat i ro og for meg var det då om å gjere å sjå det slik at det var ved å gå inn i den himmelske heilagdomen. Når eg studerte realfag i Oslo, oppdaga eg ei jente som eg syntest var så vakker, så medan eg sat på den store lesesalen øvst (3.etg) i Vilhelm Bjerknes hus, sa eg til Jesus i mitt stille sinn at eg syntest ho var så vakker at dersom eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne. Sjølv om eg ikkje kjende henne og ikkje hadde snakka med henne. Seinare ein gong når eg sat der opplevde eg at den Heilage Ande minna meg om det og dreiv meg til å gå ut og ned. På høgre sida av siste trappa ned til første etasje er der ein murvegg og når eg kom ned siste trinna, kom ho frå høgre og gjekk rett forbi meg. Då sa eg i mitt stille sinne: «Der er ho». Då fekk eg ei åneleg openberring, det var som om himmelen opna seg og Jesus openberra seg for meg og for henne og han sa det same til henne, samtidig som eg sa det: «Der er ho».
Så det var ikkje berre eg som elska henne, men Kristus var med meg og han også elska henne. Sidan har eg ikkje kunna gløyme henne. Når Kristus stifta nattverden, sa han at vi skulle gjere dette til minne om han. Men vi har ikkje sett han fysisk her på jorda. Likevel kjenner vi han, fordi vi har fått hans ord og hans Ande og Anden openberrar han for oss. Det er det som gjer at vi kjenner han og hugsar han. Så vi er heilt avhengige av at den Heilage Ande openberrar han for oss.
Dette sa eg på eit vitnemøte i Filadelfia Ulsteinvik 24.7.2022 og Jesus svarde meg gjennom tyding av tungetale:
«Jeg ser din situasjon, jeg vet om alt i ditt liv og jeg fordømmer deg ikke. Jeg oppmuntrer deg, jeg støtter deg, jeg hjelper deg, jeg styrker deg, jeg fyller deg med min glede, jeg gir deg det du trenger. Du kan være trygg, når du hører meg, så er du trygg, uansett omstendighetene, uansett hvor sterkt vinden blåser, uansett hvor høye bølgene er, så er jeg hos deg, jeg er nær deg, jeg leder deg, jeg tar meg av deg. Du er i min favn, du er hos meg. Du er min, du er kjøpt, du er betalt, du er dyerebar i mine øyne. Du er min skatt, du er min hjertes-skatt, du er hos meg. Om du føler det eller ikke, bry deg ikke så mye om det, men husk at du er hos meg, i min varetekt, min trygghet. Uansett hva du nå står framfor, så er jeg med deg og jeg er for deg og jeg leder deg på min veg. Jeg opner de stengte dører, jeg leder deg gjennom vanskelighetene og ut av tunellen og ut i lyset igjen hos meg. Du kan være trygg, du er mitt barn.
Om du så skal ut på fremmed land, et sted du ikke har vært før, om du skal på nye stier og veier, så trenger du ikke å frykte, for dag for dag så leder jeg deg og det er nytt område å innta. Det er nytt område, det er nye ting du skal ut i, du skal ta i bruk nye gaver, du skal være, du skal blomstre for meg på en ny måte, fra nå av. For det er en ny tid som står foran, det er forandring, det er ny tid. Og du skal få merke mitt nærvær og mi hjelp enda sterkere enn før, når du våger å stole på meg. For jeg er med deg, i det nye, i det vanskelige, i det som du tenker at du aldri kunne klare, nei, du kan ikke klare det, men jeg er med deg og da går det bra. Stol på meg, mitt barn.»
Gud ser til hjertet og så seier han «Du er min hjerteskatt».
Første dagane etter at at eg møtte henne Reella slik, såg eg etter henne i von om å få møte henne igjen og kanskje komme i prat med henne. Då såg eg andre kvinner kvinner også, jau visst er der mange vakre kvinner, men ingen som henne. Ho var verkeleg så vakker. På eit møte i dFEF i Møllergata 40 (M40), sa Jesus til meg gjennom tyding av tungetale at han ser ikkje på det eg ser på, men han ser til hjertet. Det minna meg om eit vers i Bergpreika:
Matt.5,8 Sæle dei som er reine i hjarta,
dei skal sjå Gud.
Både eg og ho var reine i hjertet, derfor fekk vi sjå Gud, derfor fekk vi denne openberringa. Sidan minna Jesus meg om å la kjærleikens flamme blusse opp i mitt hjerte, vere brennande i ånda og eg skjøna at det var i mi kjærleik til henne. Sidan har eg ikkje kunna gløyme henne, men eg har følt at eg må hugse henne slik og slik har Jesus også minna meg om henne. No har eg også forklart det med nattverden, den er til minne om Jesus, den minner meg om han og derfor minner den meg om korleis han openberra seg for meg og for henne og slik hugsar eg på henne.
No svarde Jesus meg og sa «du er min hjerteskatt», ja vel, så er eg det, men eg oppfatta det også som ein bodskap til henne, at ho er hans hjerteskatt, som hans hjerteskatt er ho også min hjerteskatt. Gud har gitt meg ein skatt i leirkar, ved fylden av den Heilage Ande, håpet om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrendt i våre hjarte ved den Heilage Ande som er oss gitt (Rom.5,5). Slik har han gitt meg ei nådegåve som eg skal kveike, ein lovsang som eg skal lovsynge han med. Eg skal sjå til at eg bidreg med de Gud har gitt meg i hjertet. Korleis er det mogleg. Jau, Jesus tek bustad hos oss med heile sin fylde, så vi får oppleve at alt er mogleg for Gud.
Eg talar om kva den Heilage Ande overtyda meg om, den openberra si frelse for oss i Kristus, for meg og for henne Reella. Ho gleda seg over det og det gleda meg endå meir. Og eg har den rette forklaringa på det, ved korsets fot fann eg den den ekte kjærleiken, som så mange andre, Jesus vil at den skal vere mellom oss og derfor skal vi glede oss, for vi har funne den ekte kjærleiken. Den var mellom meg og henne, det gleda meg og eg er viss på at det gleda henne også. Den gleda skal vare ved. Jesus har nyleg sagt at eg skal ta imot den gleda han gir meg, så i tru og tillit til han gleder eg meg over at han frelser meg og han frelser henne. Frelseskjelda er då vår gledeskjelde! Han har sagt eg skal glede meg i han og lovprise han for frelsa, så vil han gi meg det som mitt hjerte attrår. Eg har bedt han gi meg ei frelst kvinne til kone og eg trur framleis han vil gi meg det.
Jesus sa til meg at han ser ikkje på deet som eg ser på, men han ser til hjertet. Det refererer til kva han sa til profeten Samuel, når han skulle salve David til konge.
1.Sam.16,6 Då dei så kom, og han fekk sjå Eliab, tenkte han: «Her, framfor Herren, står den han vil salva.» 7 Men Herren sa til Samuel: «Sjå ikkje på skapnaden hans og den høge voksteren! For eg har vraka han. Gud ser ikkje på det som menneska ser på. Menneska ser på det som fell i augo, men Herren ser på hjarta.» 8 Då ropa Isai på Abinadab og lét han gå fram for Samuel. Men Samuel sa: «Heller ikkje han har Herren valt ut.» 9 Så lét Isai Sjamma gå fram; men Samuel sa: «Heller ikkje han har Herren valt ut.» 10 Såleis lét Isai sju søner gå fram for Samuel. Men Samuel sa til Isai: «Herren har ikkje valt ut nokon av desse.»
11 Då spurde Samuel: «Var dette alle gutane dine?» Isai svara: «Det er endå ein att, den yngste. Men han er ute og gjæter småfeet.» Då sa Samuel: «Send bod etter han! Vi går ikkje til bords før han kjem.» 12 Så sende Isai bod etter han. Han var raudleitt og bjartøygd, og vent vaksen var han òg. Då sa Herren: «Reis deg og salva han! For han er det.» 13 Då tok Samuel oljehornet og salva han der han stod mellom brørne sine. Frå den dagen kom Herrens Ande over David og var med han sidan. Så tok Samuel ut og fór heim att til Rama.
Samuel salva David til konge, fordi Gud valde han ut til det, fordi han såg til hjertet hans og sa at han var ein mann etter sitt hjerte. Når Samuel salva han til det, fekk han oppleve at Herren kalla han og leia han til det han hadde utvalt han til.
Til samanlikning har Gud valt ut henne Reella til noko, for han såg til hennar hjarte, så eg kan trygt seie at ho var ei jente etter hans hjarte. Ho er hans hjerteskatt, så då er ho framleis ei kvinne etter hans hjarte. Han har valt henne ut og kallar henne til noko viktig, han frelser henne og frelser mange saman med henne.
Det saka gjaldt for mitt vedkommande, var at eg bad Gud gi meg ei frelst kvinne til kone og det frå visst større konsekvensar enn kva eg kunne ane. Eg innser at eg har kome i ein liknande posisjon som profeten Samuel og så kjem ho Reella i ein liknande posisjon som kong David.
Ikkje bedømme det åndelege utifrå det kjøtlege.
Sidan ho Reella kom i ein liknande posisjon som då kong David vart salva til konge, kom eg i ein liknande posisjon som profeten Samuel og så verkar det som ho Virtuella kjem i ein liknande posisjon som kong Saul. Samuel salva først han til konge, men han vraka Gud Ord og derfor vraka Gud han som konge, Herren angra på at han hadde gjort han til konge og Samuel syrgde over han. Alt tyder på at det gjekk slik med henne Virtuella, men der kan vel framleis vere høve til omvending. Jesus har sigra over Satan, så han er i stand til å frelse menneske ut av Satans Synagoge.
Joh.Op.3, 9 Sjå, eg lèt nokre koma frå Satans synagoge, av dei som lyg og seier dei er jødar, men ikkje er det. Dei skal koma og kasta seg ned for føtene dine, og dei skal skjøna at eg har elska deg.
Det kan eg nok komme tilbake til ved tid og høve. Dette berører dermed mange menneske. Samanlikninga har nok si avgrensing, men det som er så viktig for meg å vere klar over i denne samanheng, er at eg er heilt avhengig av salvinga.
I vår tid er det mange som har vraka Guds Ord, til samanlikning med Saul. Til samanlikning er det mange som har vraka Guds Ord ved protesten mot Paulus sin bodskap om at Kristus er hovudet for mannen, mennen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Dette er å fornekte Kristus og av vise hans kjærleik og omsorg for si brud, det er å fornekte Faderen og avvise hans omsorg for sine born. Og det gjer dei moral, politikk og religion ut av. Men det er Antikrist som fornektar Faderen og Sonen og den åndsmakta er ikkje av Gud.
Men vi må vere nøyaktige med å halde oss til Guds Ord. Jesus sa der vil komme tider og freistingar der eg vil prøve å bedømme det åndelege med kjøtlege auge, men eg skal ikkje la meg gripe av menneske som vil fortelje meg korleis eg skal analysere. Det minna meg om det problemet eg såg for meg at eg kom til å møte allereie når eg var ung, men som ikkje var så lett å verte klok på, at mange lærde ville påstå at slike «ulærde» menneske som meg, skulle vere utestengde frå «det gode selskapet» på grunn av syndefallet. Men då heng det saman med at deira strategi er å dåre og forføre kvinna slik som ved syndefallet, for så å prøve å bruke henne til å lokke mannen med. Dette har eg skrive og forklart mange gangar, men det verkar som om det ikkje er hjelp i, som om det framleis er deira strategi, for slik har dei kome i ein maktposisjon i samfunnet. I staden verkar det som om dei vil fortelje meg korleis eg skal analysere, for å komme fram til den konklusjonen. Å sjå det åndelege med kjøtelege auge, vurdere det, bedømme det og analysere det slik, verkar drepande på det åndelege livet i samfunnet med Gud, det verkar drepande på sjelslivet. Slik verkar dermed lovens bokstav også, som Paulus sa, bokstaven slår i hel, men Anden gjer levande.
Vert fylt av den Heilage Ande.
Jesus har mange gangar minna meg om å verte fylt av den Heilage Ande.
Bodskapen 12.10.2014:
Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.
Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.
Bodskapen 31.5.2015:
Bodskap 1a: Det var ikkje naglane som heldt meg fast, det var ikkje det dei gjorde som gjorde at eg vart hengande. Men det var at eg elska deg så høgt at eg sette mitt liv til. Eg gav det for at du skulle få leve. Eg gav mitt liv for at du aldrig i æva skulle fortapast. Det eg gjorde på korset, det var eit evig ja, for alle som vil ta imot og om du tek imot det eg gjorde då det fullbrakte verk, så skal du få kjenne, oppleve forløysinga si kraft i ditt liv. Du skal gå over frå Satans makt og inn i mitt rike. Og du skal få oppleve at min kjærleik er så rik og så haldbar, at du skal kjenne at du er elska frå æve og inntil æve. Dette er sannt.
Bodskap 1b: Kast deg ut i min nådesstraum. Og du skal få oppleve at du skal bli kvitt ditt eige strev, kast deg og fortrøst deg på min kjærleik og du skal få kjenne at min kjærleik skal gjere deg varm. Min kjærleik skal berike di sjel. Og få augo opp for den store kjærleik du er elska med. Og eg skal føre deg inn i ei rikare tilvære og du skal få oppleve at himmel og jord kan brenne, men min kjærleik, den skal bestå. Halleluja.
Bodskap 2a: Eg kjem ikkje med fordømming, eg kjem ikkje med bebreiding. Eg er ikkje slik, om ikkje du har gjort i eitt og alt slik som eg skulle ha yngst, så er ikkje eg slik som de menneske er, men eg er misskunneleg, barmhjertig, og eg lokkar og lokkar og dreg og dreg, for eg ynskjer de skal komme inn i salvinga, eg ynskjer at de skal verte fyllt av den Heilage Ande, eg ynskjer at de skal få kjenne krafta av mi oppstode. Eg ynskjer at de skal stå fullt rusta i åndskampen. Derfor oppmuntrar eg deg i kveld til å feste di lit til meg. Sku ikkje til høgre eller venstre, men sjå til mitt Ord, gå inn i mitt Ord, bøy dine kne og takk meg for lovnadane og du skal få kjenne at i det du kjem, skal eg gjennomrisle og gjennomstrøyme deg med krafta frå oppstoda.
Bodskap 2b: Sjølv om eg for opp, så sende eg trøystaren ned. Og trøystaren er her til stades for å trøyste deg, for å fylle deg med kraft, for å løfte deg, for å føre deg inn i syner og openberringar. Eg vil at du skal opne heile ditt hjerte mot han som kan fylle deg med si kraft og du skal få kjenne at når han fyller deg med krafta, så skal du få oppleve du skal sigre til høgre og til venstre. Og eg skal setje deg over endå større ting.
Bodskap 2c: Du er frelst i kraft av blodet. Du er forløyst i kraft av at eg vart din løysepenge. Men ferda vidare, det går gjennom at du vert fylt av den Heilage Ande. For eg veit at du har kamp, eg veit at du har motstand. Men ver ikkje redd, eg skal komme deg til unnsetjing. Eg er hos deg, eg kjem til deg. Eg og Faderen, vi skal fylle deg. Når du fylles ved den Heilage Andes salving.
Bodskapen 20.9.2015:
Ja, seier Herren, dersom du er villig til å opne ditt hjerte for meg, så skal eg toge inn og eg skal holde nattverd med deg og du med meg. Og du skal vite det, seier Herren, at eg er rik nok for alle som påkallar meg. Eg veit, mitt barn, at du er tilbakehalden og beskjeden. Men eg har sagt i mitt ord, at du skal rope til meg og du skal be til meg og eg skal gi deg bønnesvar. Ja, eg skal gi deg langt meir kva du har forstand til å be meg om, seier Herren. Derfor opne ditt hjerte, så eg kan få komme til og fylle deg med mi salving og mi kraft. Og du skal få merke, seier Herren, at di teneste, den skal bli rik og den skal bli til velsigning for mange, seier Herren. Derfor ver ikkje tilbakehalden og beskjeden, men ver frimodig. Og du skal vite at frimod, det har stor løn, seier Herren.
Ja, de skal verte foundra, seier Herren, når eg tek fram mine vitne i denne siste tid, som eg har rusta ut i løykammer, eg har salva dei og eg har gitt dei mitt levande Ord. Og eg skal snart stille dei på muren, seier Herren, og dei skal få nåde av meg til å forkynne mitt Ord i Andens salving og kraft. Og mange skal komme til tru gjennom deira virke, seier Herren. For sjå, seier Herre, det skjer ikkje ved hær og ikkje ved makt, men åleine ved min Ande, seier Herren. Derfor, søk meg, bli fyllt av Anden, seier Herren, i denne tida. Det er berre den Heilage Ande som kan leie dykk og som kan leie dykk på den rette veg, seier Herren. Amen.
Bodskapen 16.5.2016:
Eg vil at mine barn, at deira liv skal vere som ei open kjelde, som er fylt til stadigheit av min Heilage Ande. Slik at det til ei kvar tid kan byrje å flyte over. Derfor må du påsjå, at du stiller deg under min nåde, under mine lovnads ord, innfor mitt åsyn. Og du står der som ei open kjelde og let min Heilage Ande få lov til å fylle, så det flyt over. Då skal det komme til syne, som du lengtar etter. Då skal du kjenne det som du tørstar etter. Då skal fruktene og mine nådegåver byrje i ditt liv å fungere. Ikkje av deg sjølv, men det er min Ande som skal gjere det. Derfor, vert fyllt av min Ande, så skal alt det du stundar etter, det skal skje med deg.
Når salvinga fyller deg, då skal alle lenker briste. Då skal alle bånd rivast i stykker. Då skal alt det som du kjenner tynger deg ned, det skal du kjenne, skal verte løfta bort. Når den levandegjerande, min Heilage Ande, pinsekrafta, kjem inn i ditt tilvære, då skal du få oppleve å få Bibel som du aldrig før har eigd, den skal verte levande. Du skal kjenne at Ordet skal bli eld for deg. Ordet skal lyse for deg. Du skal merke at Ordet skal byrje å danne deg, slik eg vil ha deg. Derfor bli fylt av min Heilage Ande og du skal få leve under ein open himmel. Halleluja.
Eg har talt til mine born gjennom mitt Ord. Men når mine born ikkje vil ta til seg av mitt Ord, kva skal eg då gjere. Når mine born ikkje vil opne seg for meg, kva skal eg då gjere? Jau, det er berre ein ting å gjere, det er at truas Ord får lyde. At evangeliets bodskap får lyde. At Andens salving får virke. Då skal de oppleve i dykkar møte, at eg Herren, skal opne stengde dører. Eg, Herren skal slette det bakkede. Eg, Herren, skal opne himmelens sluser. Og då nyttar det ikkje å stoppe til, då nyttar det ikkje å hindre. For der min Ande kjem til, der banast nye vegar, der opnast nye dører. Der smykkast mi menigheit i dei herlegaste prydingar og mi menigheit, den skal reisast opp i kraft og i herlegdom. Halleluja.
Sjå, bedømme og avgjere saker og «ting» i den åndelege verda, slik den Heilage Ande vil.
Bodskapen 23.10.2022:
«Det vil komme tider og det vil komme fristelser, hvor du prøver å bedømme åndelige ting med kjøtelige øyne. Men jeg har gitt deg øyensalve, så du kan se og bedømme det åndelige med mine øyne, så du kan se og avgjøre ting i den åndelige verden, slik den Hellige Ånd vil at du skal bedømme og se ting. Se deg ikke engstelig om, la deg ikke gripe av angst og frykt, la deg ikke gripe av andre mennesker, som skal fortelle deg hvordan du skal analysere. Gå til mitt ord, be om å få øyensalve og jeg skal gi deg det og du skal se og jeg skal openbare min herlighet og mine løsninger og min standard for deg, sier Herren.»
Den naturlege hensikta med kjønnslivet er formeiringa, slik er det for dyra og slik er det for menneska. Men Gud skapte menneska i si likning, så dei står på eit høgare nivå, som den siste og mest avanserte skapningen, som skulle råde over alt det andre han hadde skapt. Gud såg at det han hadde skapt var godt og kvilte den sjuande dagen etter alt sitt verk. Menneska var i hans kvile saman med han, men ved syndefallet fall dei ut av den, mannen vart dømd til døden, med sveitte i andletet skulle mannen ete sitt brød til han vart til mold igjen. Gud sette strid mellom ormen si ætt og kvinna si ætt, vi forstår at det gjaldt menneskelivet, så dei degenererte til eit lavare nivå.
Men Gud forsona verda med seg ved at Son hans, Jesus Kristus, døde i staden for oss. På det grunnlaget får vi ved trua på han atter komme inn til Guds kvile, når Ordet ved trua smeltar ssaman med oss i våre hjerte, får vi komme inn til Guds kvile. Jesus er Guds Ord, den Heilage Ande openberrar han for oss, soleis må vi feste blikket på han som er trua sin opphavsmann og fullendar.
Bodskapen 17.2,2013:
«Ja, endå ein gong har eg talt til deg, gjennom mitt Ord og ved den Heilage Ande, og for å vekke ditt reine samvit, at du skal sjå på meg, eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, du skal sjå på meg gjennom alle ting, i alle livets forhold og tilskikkelsar. For du har fått oppleve prøvingar og du tenker i ditt hjerte, det nyttar ikkje. Men kom til meg, alle som strever og har tungt å bere og eg vil gi deg kvile.
Eg vil gi deg ei herleg og vidunderleg kvile. Ei kvile som du ikkje kan forstå med din menneskelege forstand. Men eg vil gi deg kvile i ditt hjerte og ditt sinn, så du kan stole på meg i ei kvar tid, at eg er den eg har sagt meg å vere og eg vil føre deg ut av vansken. Og du skal love meg og du skal prise meg, for eg Herren er den som elskar deg, eg er den som har teke deg opp og eg er den som leiar deg. Og når du ser på meg, så skal du ikkje gå feil, men du skal få oppleve ei røyst bak deg som seier: Dette er vegen, vandre på den.»
Når eg høyrde denne bodskapen, tenkte eg fyrst på henne Virtuella, så henne Reella, så eg skal sjå på han i forhold til dei begge.
På grunnlag av forsoninga vert vårt forhold til Gud gjenoppretta slik det var før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Det betyr at når vi let oss forsone med Gud på evangeliets grunnvoll, så innser vi at sann vitskap stemmer bra overeins med Guds Ord, for Gud talte og det skjedde, men han er framleis så suveren og vil skape noko nytt. Han frelser oss så vi atter får vere gjenstand for hans nyskaping.
Det kan nok verke som det skal mykje åndeleg og rasjonalistisk innsikt til å innsjå dette, mykje Bibelkunnskap og mykje naturfagleg kunnskap og mange vil heller konkludere med at det vert berre tydelegare at det ikkje stemmer overeins. Eg er sjølvsagt klar over at vitskapen ofte vert brukt som argument mot den kristne trua, det vert ofte hevda at vitskapen avsannar religionen og at det gjeld kristendomen også, det er historia som gjentek seg. Men eg hevdar historia som gjentek seg er at menneska erstattar Gud med avgudar og så vert deira eksistens avsanna av vitskapen. Når menneska opponerer mot Gud, lagar dei seg avgudar i staden og resultatet er noko som strir mot både sann vitskap, realfag, og kristendomen. Det er historia som gjentek seg.
Det skulle ikkje vere så vanskeleg å forstå at hendsikta med kjønnslivet er formeiringa. Borna treng ikkje vere så store før dei byrjar å forstå det. Det er den naturlege hensikta og det sentrale poenget med kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Men når Gud openberrar si frelse for oss i Kristus, så vert det klart for oss at Gud kjærleik. Det er han også i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne og det er viktig for oss.
Jesus har nyleg minna oss om at vi må verte som born for å komme inn i Guds rike. Vi må tru på han som hans born, stole på at han elskar oss og har omsorg for oss som sine born. Det sentrale poenget i dette er at når ein ung mann kjem opp i den alderen at han blir interessert i jenter, med tanke på å finne seg ein kjæraste og ei kone, så kan han be Gud om det og tru og forvente at han vil gi han det. Tilsvarande for den unge jenta når ho vert interessert i gutar, med tanke på å finne seg ein kjæraste og ein ektemann, ho gjer rett i å gå til Faderen med det og tru og forvente at han vil gi henne det.
Eg har fortalt at eg har bedt slik sidan eg var ung, når eg gjekk på gymnaset og vart litt kjend med henne Virtuella, merka eg at Guds kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Eg opplevde det slik at den Heilage Ande openberra henne for meg som Guds barn, som han elska og hadde omsorg for og som Jesus brud, som han elska og hadde omsorg for. Ho levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Etter gymnaset bad eg om å få møte henne igjen og eg møtte henne igjen på studentsenteret ved Universitetet i Bergen. Ho fekk vite at eg var glad i henne og at dette kom som eit bønnesvar. Eg opplevde framleis dette samfunnet med henne i Anden, men eg fekk ikkje møte henne igjen fysisk og snakke noko meir med henne om det. Men eg fekk fortsette å snakke med Jesus om det og han svarde meg, han sa at han var den som tok seg av mi sak. Lenge oppfatta eg det slik at den Heilage Ande overtyda meg om at han ville gi meg henne til kone.
Jesus sa at vi skulle vere i han liksom han var i Faderen, soleis får vi oppleve at han har omsorg for oss som si brud og Faderen har omsorg for oss som sine born. Når han gir meg ei kone så er det då på den måten at min kjærleik og omsorg for henne er inkludert i Jesu omsorg for si brud og Faderens omsorg for sine born. Om ho Virtuella ville seie nei til mitt frieri, så så meinte eg og yngste eg at ho likevel skulle halde fram med å leve i dette kjærleiksforholdet til Faderen og Sonen.
Og eg kunne framleis tru og stole på at han ville gi meg ei frelst kvinne til kone. Soleis var mi bøn rett og logikken var klar og eg gjer rett i å halde fram med å be slik. Den Heilage Ande ber også for oss og gir oss svar frå himmelen. Den openberrar Guds Ord for oss og då må eg tenke slik som den lærer meg og seie det som den overtyder meg om.
Nattverden er til minne om Jesus, han er brødet som kom ned frå himmelen for å gi verda liv (Joh.6), det ordet han har tala til oss er ånd og liv. Det er til minne om at han døde i staden for oss. Dermed minner det meg om korleis Guds frelse vart openberra for oss i Kristus, for meg og henne Virtuella og sidan for meg og henne Reella også. Eg vender meg framleis til Jesus, vender hugen opp til han, for å ta imot den Anden og det livet han gir meg frå himmelen, for å verte fyldt av den Heilage Ande, hans salving og hans kraft og då finn eg det rett å framleis takke Jesus for begge desse openberringane, for at han frelser dei begge. Eg skal takke han for frelsa og glede meg i Herren, så vil han gi meg det som mitt hjarte attrår, ei frelst kvinne til kone. I det siste har der kome bodskapar som tyder på nettopp det, at han frelser ei kone til meg.
Bodskapen 13.3.2022:
«Min sjel fryder seg i din frelse, takk at du har lagt en lovsang i mitt hjerte og jeg ynskjer å opphøye ditt namn, kjære frelser, jeg ønsker å opphøye deg over alle andre namn, for du er min sjels frelse, du er mitt legemes forløser og helbreder og jeg vil gi deg ære, for at du er over alle andre. Og jeg vil prise deg midt i de helliges forsamling og jeg vil gi deg ære så lenge jeg lever. Amen.»
Bodskapen 20.3.2022:
«Ja, seier Herren, endå ein gong har eg sendt ein av mine tjenarar til din stad, bringe lys, fred, frelse, glede og å samle mitt folk med meg, til vederkvegelse, til fornyelse, i ditt ekteskap, i din heim, … Og eg vil endå ein gong vende fedranes hjerte til barna og barnas sine hjerte til fedrane, så ikkje eg skal slå landet med bann, men til velsigning. Opne ditt hjerte vidt opp og ta imot det budskap, som endå ein gong blir sendt imot deg. Amen.»
Bodskapen 26.5.2022:
«Ja, mine barn, kom, kom til måltid, kom og smak mitt bord, tvil ikkje lenger, kom inn i min nærleik. Ta deg sjølv på alvor og ta meg på alvor, seier Herren. Så skal du få oppleve og kjenne, det er meir enn nok, til å utfri deg av …., Det er allereie betalt ein gong for alle, på Golgata – Herre Jesus. For alle menneske, for alle plager. Så kom, kom og et ved Herrens bord. Du har ingen til å kaste deg ut i ein betestadamm. Betestadam er her. Eg er her for å utfri, så gleda kan vere fullkommen, i ditt hjerte, i ditt sinn, i ditt ekteskap, i din familie. Amen.»
Syntese mellom teoriar? Lunken!?
Tett før år 400 kom der ei syntese mellom kristendom og nyplatonisme, ved Augustin og rundt 1250 kom der ei syntese mellom kristendom og aristotelisme, ved Thomas Aquinas. Denne «thomismen» vart filosofien til den Katolske Kyrkje. Aristoteles vert kalla logikkens far, til tross for at han gjorde den fatale feilen at han brukte den på synlege gjenstandar i staden for å bruke den på teoriar. Feilen vart tydeleg ved utviklinga av den nye naturvitskapen, men det gjekk tid før det vart forstått, at metoden hypotetisk deduktiv, ein kan kalle det ei syntese mellom rasjonalisme og empirisme, det er hypotesa og teorien som kan kallast ei syntese. Men no vert det klart at logikken ligg i rasjonaliteten, så den vert brukt på usynlege teoriar altså. Då kan vi beregne kva som kjem til å skje med og i den fysiske tingen. Ettersom teoriane vert sikre og utrekningane vert rette og nøyaktige, finn vi at prognosene stemmer. Men det har opplagt si avgrensing.
Empirismen og liberalismen vart ei katastrofe for pietisten Immanuel Kant, så han konkluderte med at kyrkja sin rasjonalitet ikkje fantest. Han meinte der er utsegner som alltid er rette, det er apriori rett, før vi sansar noko altså, dei vert ikkje avsanna av det vi erfarer gjennom sansane. Så meinte han at der er noko som er syntetisk apriori sant for oss alle, som om vi ser med same slags briller. Han kalla det uforanderlege transendentale former, det er slikt som rom og tid, kausalitet og kontradiksjonsprinsippet. Men kontradiksjonsprinsippet er matematisk logikk, resten er fysikk, i følgje relativitetsteorien er rom og tid relativt og soleis foranderleg og i kvantefysikken er kausaliteten borte.
Som oppfølgar til Kant, kom Hegel med foranderlege former i tillegg og Marx forsterka det til ein revolusjonær teori. Hans «prognose» var at arbeidarane kom til å verte framandgjorde, men det betyr då at dei kom til å verte dumme. Rasjonalitet betyr forstand, men opposisjonen mot rasjonliteten ville komme til å verte fordummande altså. Det verkar som fordumminga ved aristotelismen gjentek seg, feilen var at han brukte logikken på den synlege gjenstanden i staden for å bruke den på teorien. Det er historia som gjentek seg.
Kva betydning får ordet «syntese» i denne filosofihistoria? Ta litt av to teoriar og gjere det til ein ny teori. Som når to makt-personar forhandlar og kjem til ei samje, to kongar har motstridande makt-interesser, kanskje kjem det til krig mellom dei, men så vert det våpenkvile, dei forhandlar og inngår ei fredsavtale.
Men det er då verkeleg ikkje det som er vårt forhold til Gud. Ormen sa til Eva at dersom de et av kunnskapstreet, skal de verte liksom Gud og kjenne godt og vondt. Men vi er vel ikkje så dumme at vil et oss lokke slik, vi trur vel ikkje at vi er liksom Gud, som om vi kan forhandle med han på grunnlag av vår eigen maktposisjon? Når vi forsker og lærer ved realfaglege metode, kjem vi fram til sanning, men som realisar trur vi at den sanninga var der før vi oppdaga den og erkjente den, slik sett kom den ikkje som resultat av at vi brukte makt, vi var ikkje i den posisjonen at vi kunne bruke makt for bestemme at slik var det og slik skulle det vere. Dersom vi meinte det, så ville konklusjonen vere at vi hadde fuska med eksperimentet, så derfor var det ikkje gyldig lenger, det var ikkje brukande som vitskapleg metode.
Slik må vi også forhalde oss til Sanninga i Guds Ord. Jesus kom for å gi oss liv og liv i overflod. Han vil fylle oss med sin Ande, så vi vert brennande i ånda. Dersom noko vil forhandle for å komme fram til eit kompromiss, som ei syntese, kan det verke som å blande kaldt og varmt vatn, så det vert lunka. Men det går ikkje i lengda.
Joh.Op.3, 14 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Laodikea:
Dette seier han som er Amen, det trufaste og sannferdige vitnet, opphavet til Guds skaparverk: 15 Eg veit om gjerningane dine; du er korkje kald eller varm. Gjev du var kald eller varm! 16 Men du er lunka, ikkje kald og ikkje varm. Difor vil eg spytta deg ut or min munn.
Då må vi i det minste tenke over kva vi meiner med syntese. Gud talte og det skjedde, han forsona verda med seg ved at han let Son sin Jesus, Kristus døy på eit kors i staden fos oss. Det var før vi var fødde, så vi var slett ikkje i den posisjon at vi kunne forhandle med han. Men når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, får vi komme inn til Guds kvile. Då kan vi vel kalle det ei syntese mellom oss og Ordet. No ser vi stykkevis og delt, vi ser ikkje det heile, slik sett har vi har enno ikkje fått med oss alt. Vi har likevel alt i Kristus, sjølv om vi enno ikkje innser det og han er med oss, sjølv om vi ikkje alltid innser det. Den rettferdige sin veg er som morgonglima, som vert lysare og lysare inntil høglys dag. Jesus er fullkomen, som Faderen, hans frelseverk er fullkome og fullført, den Anden og det livet han gir oss frå himmelen er fullkome.
Fork.3,11 Alt skapte han fagert i si tid.
Jamvel æva har han lagt i hjarta deira.
Men dei skjønar ikkje det verk
som Gud har gjort frå fyrst til sist.
12 Eg skjøna at ingen ting er betre for dei
enn å gleda seg og gjera vel i livet.
13 Men når ein mann får eta og drikka
og vera lukkeleg i alt sitt strev,
er det òg ei gåve frå Gud.
14 Eg skjøna at alt det Gud gjer,
varer til evig tid.
Ikkje kan ein leggja noko til,
og ikkje kan ein ta noko ifrå.
Gud har laga det så
for at menneska skal ha age for han.
Då er vi ikkje i den posisjon at vi kan forhandle for å komme fram til eit kompromiss, som ei syntese. Kvifor skulle vi vel det, når hans frelseverk er fullført og det som han gir oss frå himmelen er fullkome. Jesus er vegen, sanninga og livet, ingen kjem til Faderen utan ved han. Der finst ingen kompromissets veg.
Mi presteteneste 3.
Når eg er på desse evangeliske møta, sit eg ned i salen i lag med dei andre og høyrer på og tek del i lovsongen. Elles seier eg sjeldan noko. Likevel hevdar eg at Jesus har gitt meg ei presteteneste og at eg gjer den, prøvar i alle fall. Han har sagt eg skal sjå til at eg bidreg med det Gud har gitt meg i hjartet. Og så hevdar eg at eg gjer det, prøva i alle fall.
Eg tenker meg at eg er i ein liknande posisjon som Josva, i Sak.3, predikanten som står fram på talarstolen er i posisjonen som engelen, engel betyr bodberar, han er ein bodberar frå Gud.
Sak.3,1 Han viste meg øvstepresten Josva, som stod framfor Herrens engel, medan Satan stod på høgre sida hans og førte klagemål mot han. 2 Herren sa til Satan: « Herren refsar deg, Satan! Herren, som har valt ut Jerusalem, refsar deg! Sanneleg, denne mannen er ei vedskie raka ut or elden.» 3 Josva var kledd i skitne klede der han stod framfor engelen. 4 Engelen tok til ords og sa til dei som stod framfor han: «Ta av han dei skitne kleda!» Til Josva sa han: «Sjå, eg tek bort skulda di og kler deg i festklede.» 5 Då sa eg: «Set ein rein turban på hovudet hans!» Dei sette den reine turbanen på hovudet hans og tok på han kleda medan Herrens engel stod der. 6 Så gav Herrens engel denne lovnaden til Josva:
7 Så seier Herren over hærskarane:
Går du på mine vegar
og tek deg av tenesta for meg,
skal du få styra mitt hus
og vakta føregardane mine.
Eg gjev deg tilgang
mellom dei som står her.
8 Så høyr, Josva, øvsteprest!
Du og dei andre prestane
som sit framfor deg, er eit varsel.
For sjå, eg lèt min tenar Spire koma.
9 Sjå, eg ritar ei innskrift
på den steinen eg har lagt framfor Josva,
denne eine steinen med sju auge,
seier Herren over hærskarane.
Eg stryk ut skulda til dette landet
på ein einaste dag.
10 Den dagen, seier Herren over hærskarane,
skal de be kvarandre inn
under vinstokk og fikentre.
Kristus er Guds tenar, Renning, han er også steinen med sju auge som vart lagt framfor Josva, med eitt syndeoffer strauk han ut skulda som kvilte på dette landet og vart med det hjørnesteinen og grunnsteinen til Guds tempel. Det skulle altså øvstepresten Josva innsjå og tenke så fundamentalt. Då var det profetisk innsikt, no er det fortid, men eg og vi skal framleis bygge på denne grunnvollen og feste blikket på Kristus, han som er trua sin opphavsmann og fullendar. Vi skal takke han for hans fullførde frelseverk og lovprise han som vår frelsar og Herre, vi skal glede oss i Herren alltid, så vi med glede ynskjer han velkommen i vår forsamling, han har då sagt at han vil komme til oss og at vi skal sjå at han er med oss alle dagar. Slik vil vi også med glede sjå fram til at han skal kome att.
Ved trua på at Gud vekte Jesus opp frå dei døde, er vi rettferdige for Gud, liksom Abraham. Vi seier oss samde i at Faderen berga sin rettferdige tenar frå døden og ynskjer han velkommen mellom oss, som den levande, Gud viste oss si rettferd og si frelse ved at han gjorde sin rettferdige tenar levande og vekte han opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen. I det høge og heilage bur han og hos den som er broten og nedbøygd i ånda. Vi bøyer oss for han og får oppleve at han gir oss ånd og liv frå himmelen og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen.
Denne steinen med sju auge er Guds Lam.
Joh.Op.5,6 Og eg såg eit lam: Det stod midt i krinsen, mellom kongsstolen og dei fire skapningane og dei eldste, og Lammet såg ut som det var slakta. Det hadde sju horn og sju augo, og augo er dei sju Guds ånder som er utsende over heile jorda.
7 Lammet kom bort til han som sat på kongsstolen, og tok imot boka frå hans høgre hand. 8 Då det tok boka, fall dei fire skapningane og dei tjuefire eldste ned for Lammet. Dei hadde kvar si harpe og gullskåler fulle av røykjelse, det er bønene åt dei heilage. 9 Og dei song ein ny song:
Verdig er du til å ta imot boka
og bryta segla på henne.
For du vart slakta
og har med ditt blod frikjøpt for Gud
menneske av alle ætter og tungemål,
av alle folk og folkeslag.
10 Du har gjort dei til eit kongerike,
til prestar for vår Gud,
og dei skal råda på jorda.
2.Krøn 16,9 For Herrens augo fer utover all jorda, så han med si makt kan hjelpa dei som heilhjarta held seg til han. Men i dette har du bore deg uklokt åt; heretter skal du støtt ha krig.»
Guds auge fer utover heile jorda, så han med si makt kan komme den til hjelp som heilhjarta held seg til han. Slik ventar eg at han vil gi meg hjelp i form av ei kone. Eg skal lovprise Gud og Lammet for frelsa og glede meg i Herren, så vil han gi meg det som mitt hjarte attrår, ei frelst kvinne til kone. Jesus er brødet som kom ned frå himmelen for å gi verda liv (Joh.6), slik det er symbolisert i nattverden. Det gjer oss til eitt, som hans kyrkje, hans brud og det gjer også meg og henne til eit i ekteskap, i samsvar med skapinga i 1.Mos.2.