Leve, blomstre og bere frukt

Bildetekst: Denne rosebusken vart mykje prektigare etter at den fekk noko å støtte seg på.

Innleiing:

Menneska lengtar etter Gud og han lengtar etter å fylle den lengselen. Han er kjelda med det levande vatnet. Hos Jesus får vi drikke av det, så det blir i oss ei kjelde som veller opp til evig liv. Jesus er det sanne vintreet, vi er greinene og må vere i han, så vi får sevje frå rota, så vi kan leve, blomstre og bere fullmoden frukt. Faderen er vingardsmannen, han beskjer treet, så det skal bere meir frukt. Og så skal vi leve og blomstre og bere frukt. Han er fullkommen og han frelseverk er fullkome og fullført. Han har ein fullkommen plan med meg og med sin kyrkjelyd. Han har kalla Sions dotter til å frigjere seg og komme ut i dansen med dei glade, for han er Herren hennar brudgom.

Menneska lengtar etter Gud og han lengtar etter å fylle den lengselen.

Jesus har lagt lengselen ned i meg og vil fylle den.

Jesus har lagt lengselen ned i meg og vil fylle den. Korleis då? Med kjelda av det levande vatnet. Når nokon drikk av det, vert det i han ei kjelde med levande vatn, som veller opp til evig liv. Slik får vi innlagt vatn. Eg har bedt han gi meg ei frelst kvinne til kone, ei som soleis har fått innlagt vatn. Då blir ho for meg ei slik kjelde med levande vatn. Men det heng saman med at eg sjølv allereie har fått innlagt vatn.

Djupare liv på nådens hav. Jesus har skapt lengselen og fyller den.

Jesus sa han talte til meg for å vekke min lengsel på nytt, bodskapen 1.Pinsedag.19.05.91. (Kassettband-opptak.):

«Sjå, seier Herren, eg talar for å vekke din lengsel på nytt, at dette er vegen til å søke et djupare liv, at eg får lov til å få den plassen eg ynskjer i ditt liv, og sjå, eg er den som ynskjer at du skal kaste fortøyingane, du liker deg så godt der inne ved strandbreidda, men eg vil føre deg vidare fram, du er komen til den staden der, og det punktet der du ynskjer å fare utover det i dette nådens hav, og legge deg på sym, du skal få sjå det løfter, det  ber deg, og du skal få kjenne understraumen  i frå meg, der du erfarer det lyfter, det er berande, det er ikkje du som skal klare dette, men det er eg som gjer verket i deg.

Du får oppleve og du får erfare, det er eg som har byrja, og fordi det er eg som har byrja den gode gjerning i ditt liv, så er det eg som skal fullføre.»

Ikkje kassettband-opptak, batteria var utladda, så dette er ikkje ordrett gjengjeve:

Tida heretter er ikkje berre kort, men den er såre kort. Søk meg i dag, for i dag er eg å finne. I morgon er det for seint. Men eg er her for å møte deg i denne kveldsstund. Når eg har skapt lengselen, så fyller eg den. Du som ein gong var brennande i ånda, eg vil du skal gjenopplive den nådegåve som er i deg. Det var ikkje tilfeldigheit som gjorde at då skuggen av Peter fall på den sjuke (den lame), så vart han lækt. Det er ikkje du som skal gjere ditt verk, med dine prestasjonar, men det er eg som gjer mitt verk i deg. Vinden bles dit den vil. Igjen vil eg minne deg om at vinden bles dit den vil. Eg tek sterke, (ja, kongar), i mi eige. Sjå, du som sår med tårer, du skal få hauste med glede. Du skal få vende tilbake med fulle kornband. Den som eg vil gjere sterk, han vil eg først gjere svak. Sjå, eg har førebudt meg eit ringe og audmjukt folk. …., som kan svinge Andens kvasse sverd.

Nådens flod:

Jfr. Esekiel.47,1 Han førte meg tilbake til tempelinngangen. Og sjå, vatn strøymde ut under dørstokken på austsida av tempelet, for framsida på tempelfasaden vender mot aust. Vatnet rann ned på høgre sida av tempelet, sør for altaret.  2 Så førte han meg ut gjennom nordporten, og der ute følgde han meg omkring til den ytre porten, som vender mot aust. Og sjå, vatnet sildra fram på høgre sida.
     3 Mannen gjekk austover med ei målesnor i handa. Han målte opp tusen alner. Så lét han meg gå gjennom vatnet. Det nådde meg til anklane.  4 Han målte tusen til og lét meg gå gjennom vatnet. Det nådde meg til knes. Så målte han opp tusen til og lét meg gå gjennom vatnet. Det nådde meg til hoftene.  5 Atter målte han opp tusen alner. No var det ei elv som eg ikkje kunne vada over. For vatnet hadde stige til ei elv der ein måtte symja; ho lét seg ikkje vada.

Eg gjer rett i å vende meg til Jesus og velsinga han, så eg vert velsigna og vert til velsigning, han gjer meg til kanal for si velsigning, så eg trur han gjer meg til kanal for si velsigning, både til henne Reella og henne Virtuella. Eg fekk komme til Jesus og drikke av det levande vatnet, så det vart i meg ei kjelde som vella opp til evig liv. Så skal det frå mitt liv fløyme straumar av levande vatn, det strøymde både til henne Virtuella og henne Reella og sikkert mange med dei. Så min lengsel er som tørsten etter det levande vatnet og hann tiulfredsstiller den ved å la meg drikke av det.

Lengselen kan også forståast som eit tørt og tørstig land, den vert tilfredestilt ved at det får vatn.

Jesaja 44,1 Høyr no, Jakob, tenaren min,
          og Israel, som eg har valt ut!
          
     2 Så seier Herren,
          som laga deg og forma deg i mors liv,
          han som hjelper deg:
          Ver ikkje redd, min tenar Jakob,
          Jesjurun, som eg har valt ut!
          
     3 Eg auser vatn over det tørste
          og bekker over det tørre.
          Eg auser min Ande over di ætt
          og mi velsigning over dine etterkomarar.
          
     4 Dei skal spira fram som siv i vatn,
          som poplar attmed bekkefar.
          
     5 Ein skal seia: «Eg høyrer Herren til»,
          ein annan skal kalla seg med Jakobs namn.
          Ein skal skriva i si hand: «Til Herren»,
          og Israel skal han få som heidersnamn.

Jesus vekker lengselen i meg og vil fylle meg med sin Ande. Han let meg få ete ved sitt bord.

 Bodskapen onsdag. 24.9.97:

«Ja, enda en gang, sier Herren, så legger jeg ned denne lengsel i ditt hjerte. Jeg, vil vekke ditt indre, jeg vil vekke det som har ligget i ditt hjerte i ditt indre gjennom lang tid. Men jeg vil vekke det på nytt igjen. Slik at du begynner å se mulighetene, på nytt. Slik at du begynner å se at jeg er mektig. Så du får se at der er en utrakkt hånd ifra min trone, også over deg. Jeg taler til dere i kveld. Ja, jeg har sett din bønn, jeg har hørt dine mange rop, men du skal fortsatt rope til meg, sier Herren. Og jeg vil på nytt svare og jeg vil bønnhøre deg.

Jeg har ikke gitt deg motløshetens ånd, men du har kjent den har ligget der, over ditt liv. Du har merka det har vært så tungt, hvordan du har mangla den kraft i ditt bønneliv, hvorpå de ting som før var din lyst og din glede har blitt et ork. Men du skal få lov til å legge det ifra deg, ja, legg det på meg.  Og jeg vil fylle deg med min Hellige Ånd, jeg vil løfte deg opp på høyden, jeg vil at du skal få skue inn i min verden. Jeg vil at du skal få lov til å ete ved mitt bord. Ja, jeg dekker et bord for dere i kveld. Ja, jeg vil at du skal  ta til deg så du igjen kjenner styrke, så du igjen kjenner gleden, så du kjenner seierstonane, de som har ligget der, de som har vært der, de som var der før, for tid tilbake, men det er så lenge siden de har vært der, du har mistet de, men du skal ta de fram i kveld, sier Herren, og jeg vil på ny gi deg tonen, jeg vil fylle deg med min ånd igjen, sier Herren, og du skal få lov til å gå med et oppløfta hode ut igjen, også fra dette samværet. Amen.»

Jesus har ein lengsel: barnets sanne vel. Han gir meg lengsel etter å fylle meg med Guds ord.

På møte i dFEF i Møllergata 40 i Oslo onsdag 8.12.99, talte forstandar Kjell Arve Tolås over Salme.23,1 Ein salme av David.
        
           Herren er min hyrding,
          eg manglar ikkje noko.
          
     2 Han lèt meg liggja i grøne enger,
          han fører meg til vatn der eg finn kvile.
          
     3 Han gjev meg nytt liv.
          Han leier meg på rettferds stigar
          for sitt namn skuld.
          
     4 Om eg så går i dødsskuggens dal,
          er eg ikkje redd for noko vondt.
          For du er med meg.
          Din kjepp og din stav,
          dei trøystar meg.
          
     5 Du dukar bord for meg
          framfor mine fiendar.
          Du salvar mitt hovud med olje.
          Mitt beger renn over.
          
     6 Berre godleik og miskunn
          skal følgja meg alle mine dagar,
          og eg skal bu i Herrens hus
          gjennom alle tider.

Så kom der ein bodskap der Jesus sa at hans lengsel er barnet sanne vel og han ville gi meg ein lengsel etter sitt Ord. Tyding av tungetale ved Kjell Arve Tolås:

«Eg har talt til deg, sier Herren, fordi eg er glad i deg. For du er dyrebar i mine øyne. Fordi du er akta høyt og eg elsker deg. Derfor har eg gitt mitt ord, for eg ønsker at du skal leva nær meg. Eg ønsker ikkje ein gang at den nest beste planen skal bli nådd med livet ditt. Men eg har en fullkommen hensikt og eg har ein fullkommen plan. Og eg ønsker at nettopp du skal få lov til å vandra i den planen. Få oppleve at eg leder deg, eg tar hånd om deg. Og husk på, mitt elskede barn, når du følger meg, så går eg foran deg. Eg bruker ikkje slepp-kjeppen for å piska deg framover, slik at du skal tene meg i angst og i beven. Men eg ønsker også at du skal få lov til å oppleva at eg møter deg slik at du kan ha ærefrykt for meg. Og slik at du kan bøya ditt ord- eller din- ditt liv under mitt eget ord. Så fordi du vet at det er gitt deg fordi eg har ein plan, eg har ein lengsel, eg har ein hensikt og eit formål, og det er barnets sanne vel, aleina. Gi akt på mitt ord, la det få vera rettesnor for livet ditt. Og det er veien til velsignelse, det er veien til frigjørelse. Det er veien for eit liv i trivsel og eit liv i etterfølgelse og tjeneste. Og eg ønsker ikkje at fiendens planer skal bli nådd i livet ditt. Eg ønsker å velsigna deg for at du skal vera til velsignelse.

Derfor skal du heller ikkje trekka deg undan formaningane i mitt ord. Du skal få lov til å gi akt på de, for de er gitt for å hjelpa deg, de er gitt for å løfta deg. Og flytt ikkje heller mitt Ords grense-skille. Eg har satt de der for at eg ønsker de skal stå der. Og når du respekterer mitt ord, bøyer deg i ydmykhet under mitt eget ord, i staden for å begynna å diskutera det og bøya det og lena deg imot det, for å få skyva det ut, så la grense-skillene stå der eg har satt de. Så skal du få oppleva at -, at du ikkje taper på det, men du vinner på det. Søk først mitt rike og min rettferdighet, så skal du få oppleve at om du kan synest du taper på det, så skal du alikevel oppleva at e -, eg vil gi deg alt det du trenger til. Eg har omsorg for deg. Når enn du følger meg, på mitt Ords vei, så er det eg som den gode hyrde som tar ansvar for deg. Når du går dine egne veier, så må du ofta ta ansvar for dine egne valg. Men når du lar meg få leda deg, så skal du vite at eg har full oversikt. Eg er der, eg tar ansvar for deg, eg hjelper deg. Eg gir deg kraft til å stå. Og eg har også seierskraft for deg, mitt elskede barn. Og du skal også sleppa å -, å sjå tilbake på e-, episoder og ting som har skjedd i ditt liv, der du kom utav sporet og utav veien. Eg vil igjen ta meg av deg. Min hånd, den er rakt ut. Eg har løfta deg inn igjen. No skal du få glemma det som er bak, så skal du få tøya deg ut etter det som er fram-forbi, og så skal eg gi deg ein lengsel etter å fylla deg med mitt ord. Og ikkje berre lesa det og fylla deg med det, men også la det få bli fyrlyset på veien din. La det få lysa deg framover, la det få væra det som avgjør dine valg, når du står ved eit veiskille. Kva seie Herrens ord. Og eg vil gi deg råd ved mitt øye. Og eg vil leda deg framover. Og eg har underfulle planar med deg. Eg vil ha deg i den beste planen for livet ditt. Eg hadde også ein plan med mitt folk Israel fordum, at de skulle få dra inn i landet, men de valgte en annen vei. Eg tok meg også hånd om de gjennom ørkenen, de manglet intet, deres klær ble ikke utslitt, deres føtter ble ikke hovne. Men allikavel, så var det ikkje min fullkomne plan. Og alt dette er skrevet dere til lærdom, for at eg ønsker at dere skal få følga og koma i den beste planen, med min fullkomne plan i min fullkomne vilje. For det er der du trivest, det er der du får lov til å bruka den utrustning eg har gitt deg. Og det er der du skal også oppleva å blomstra, ikkje berre blomstra, men bæra moden åndens frukt, sier Herren. Eg har gitt ditt ord (meininga må sikkert vere “mitt ord”), fordi eg er glad i deg. For eg vil fylla deg og møta deg og velsigna deg og bruka deg. Amen. Amen i Jesu navn.»

Hans lengsel var barents sanne vel, det gjaldt no framleis for henne Virtuella og det gjaldt for meg og henne Reella også. Han ville gi meg ein lengsel etter Guds Ord. Ja, Gud har skapt alle ting ved sitt Ord og han skaper oss framleis ved sitt Ord, så han skaper oss framleis i samsvar med 1.Mos.2 og slik venter eg meg at han gir meg ei kone. Han frelser oss også ved sitt Ord, så det er ved at han frelser både meg og henne. Jesus er Guds Ord. I han er liv og livet er lyset til menneska. Det ordet han har tala til oss er ånd og liv. Han gir oss ånd og liv frå himmelen og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen.

Jesus gir meg ånd og liv og vekker meg opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Han har lagt lengselen etter Guds Ord ned i meg, lengselen etter at han gir meg ånd og liv og liv i overflod, til eit rikt liv i samfunn med seg og Faderen, så han gir ånd og liv til ei kvinne og vekker henne også opp til liv i samfunn med seg og Faderen og til samfunn med meg, som kona mi. Så får det vise seg kven det er.

La hugen vere vendt til det som er der oppe, hos Jesus.

Dåpen frelser oss i den forstand at det er eit godt samvits pakt med Gud (vedkjenning til Gud) på grunnlag av Jesu oppstode frå dei døde (1.Pet.3,21). Då må vi vende blikket opp til han og ha hug på det han gir oss frå himmelen, han gir oss ånd og liv frå himmelen. Han gav oss livets vatn og vi skal halde fram med då drikke av det. Han gav oss den Heilage Ande og den herleggjer og openberrar han for oss som vår frelsar og Herre.

Kol.2,6 De har teke imot Kristus Jesus som Herre; så må de òg leva i han.  7 Ver rotfeste i han og oppbygde på han! Stå faste i trua så som de har lært, rike på takk til Gud!  8 Sjå til at ingen får fanga dykk med visdomslære og tom dåring som kviler på menneskelege tradisjonar og kjem frå grunnkreftene i verda, og ikkje frå Kristus.  9 For i han bur heile guddomens fullnad lekamleg, 10 og i Kristus, som er hovud for alle makter og herredøme, har de òg fått del i denne fullnad. 11 I han vart de òg omskorne, ikkje med ei omskjering som er gjord med hender, men med Kristi omskjering, då de la av den lekamen som er under synda. 12 For i dåpen vart de gravlagde med han; der vart de òg oppreiste med han, ved trua på Guds kraft, som reiste Kristus opp frå dei døde. 13 De var døde på grunn av syndene dykkar, uomskorne som de var med dykkar vonde natur. Men han gjorde dykk levande saman med Kristus, med di han tilgav oss alle våre synder. 14 Og han strauk ut skuldbrevet mot oss, det som var skrive med lovbod og gjekk oss imot; han tok det bort då han nagla det til krossen. 15 Han avvæpna maktene og herredøma og stelte dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.

Kol.3,1 Er de då oppreiste med Kristus, så søk det som er der oppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand.  2 Lat hugen dykkar vera vend til det som er der oppe, ikkje til det som er på jorda.  3 De er då døde, og livet dykkar er løynt med Kristus i Gud.  4 Men når Kristus, vårt liv, openberrar seg, skal de òg openberrast i herlegdom saman med han.

Jesus lengtar etter å gi sin kyrkjelyd noko og det er avhengig av at eg opnar meg for det.

Bodskapen 6.9.95, tyding av tungetale, ikkje diktaforn-opptak, så det vert ikkje ordrett gjengitt:

Kor eg lengter etter å gi min menighet det som eg vil gi henne. Men dette er avhengig av din lydighet, at du opner deg for det som eg vil gi. Opn deg og eg vil fylle deg, opn din munn og eg vil legge mine ord i den. Takk for at du opner deg.

Gud lengta etter å høyre mi tilbeding og min lovsang.

Bodskapen 29.10.95:

«Ja, jeg minner deg om, sier Herren, at du er i meg, fullkomen ren, uklanderlig innfor meg. I min Sønns blod så har du renselsen ifra alle dine synder. Og derfor så ønsker jeg mitt barn at ikke det skal være med å tynge deg ned. Denne verdens problemer skal ikke få ta glansen vekk fra ditt øye, fra ditt hjerte. For du er satt i fullkommen frihet, sier Herren.

Du tenker på tidligere tider, sier Herren. Den gang jeg fikk velsigne ditt hjerte. Da det strømmet over fra din munn og det var lovsang i din sjel. Men jeg er den samme sier Herren. Jeg har jo ikke forandret meg. Og du er like dyrebar for meg i dag. Tre frem for mitt åsyn. La lovsangen slippe fram. Å hvor jeg lengter etter å høre din tilbedelse. Som jeg lengter å høre din lovsang innfor mitt åsyn, sier Herren. Det skal frigjøre noe i ditt liv, slik at du kan være det du skal være der du vandrer, en lovsang for meg.

Derfor ber jeg deg mitt barn, se deg ikke lenger tilbake, men se framover, opp mot meg, se meg og møt mitt blikk full av kjærlighet, det skal gi deg den kraft og styrke du trenger. Å, jeg råder deg, søk meg der jeg er å finne, i mitt ord, i fellesskapet med vennene, der jeg satt velsignelsen, der ønsker jeg å møte deg. Amen.»

Jesus har det eg lengtar etter.

Bodskapen 19.01.97:

«Ja, jeg kommer deg i møte med min velsignelse, sier Herren. Med utstrakte armer tar jeg imot deg. Jeg har enda mere å gi deg i dag, sier Herren. Jeg ønsker å velsigne deg. .. (velsigne din sjel)…, sier Herren. Ta imot det jeg gir deg i dag.

I generasjoner som … , det profetene forkynnte om, det er her nå. Jeg …. er midt iblant dere. Her er velsignelsen, i min menighet. Her får du kjenne jeg trofast er med, her får du kjenne at min velsignelse er for deg. Det du lengter etter, det har jeg, sier Herren. … min godhet og min velvilje. Min nåde er for deg.»

Menneske i denne byen (Oslo) lengtar etter å møte Herren og eg lengtar etter at menneske rundt meg skal få møte han.

Bodskapen sundag, 2. desember 2001:

«Ja, også i denne byen er det mennesker som lengter etter meg. I din nærhet er det mennesker som venter på et ord om meg ifra din munn, sier Herren. Jeg har plassert deg akkurat der du er, for at du skal være mitt vitne i denne tiden. Ja, lys og salt, det er det denne verden trenger. Og det er den egenskapen du har fått fra meg, sier Herren.

Oppgaven kan virke umulig, sier du, kanskje. Ja, du har følt på at du kommer til kort så mange ganger, at ordene ikke strakk til. Men det er nettopp da jeg kan få virke i deg, sier Herren, fordi jeg gav deg ikke motløshets ånd, men jeg har gitt deg min ånd i ditt indre, i ditt hjerte, for at du skal kunne tale mitt ord til de du møter, ja være en duft fra liv til liv, det skaper min ånd der du vandrer, sier Herren.

Og når du sier at din tid er over, du har gjort ditt, så skal du vite det, at ennå er det arbeidsmuligheter for deg, sier Herren. Alder og utdannelse, alle de menneskelige forutsetningene som verden ser etter, det er ubetydelig for meg. Men nettopp der du er plassert, der du bor, der du treffer et menneske, der er kontaktpunktet for meg, sier Herren. Og du skal virke, du skal forkynne mitt budskap til de du møter, for det er  muligheten for dem til å høre evangeliet og bli frelst. Og det jeg vet, det er det du lengter etter, sier Herren, at mennesker rundt deg skal møte meg, og du skal kunne brukes i denne tiden, fordi jeg går med deg, jeg har ikke overlatt deg til tilfeldigheter, og dere er ikke etterlatt farløse, men jeg er midt iblant mitt folk, for å virke i dere, sier Herren.»

Jesus står for døra og bankar på og lentar etter å verte yngst velkommen, som ein ven.

Bodskap 1, 11.8.2022, tyding av tungetale:

«Se, jeg står for døren og banker, sier Herren. Om noen hører min røst, så skal han opne og jeg skal komme inn til ham og holde nattverd med ham. Se, jeg står foran deg og banker på ditt hjerte og jeg vil så gjerne ha fellesskap med deg, mitt kjære barn. Jeg vil så gjerne komme, ikke som en hersker, men som en venn, som eg gjest som du ønsker velkommen. Jeg vil ikke trenge meg inn i livet ditt, men jeg vil og lengter etter at du skal ønske meg velkommen. For jeg har planer for deg, jeg ønsker å fortelle deg den vei du skal vandre videre. Du skal ikke se deg engstelig om, du skal ikke frykte, du skal ikke være redd, for jeg er med deg. Jeg skal ikke slippe deg, men jeg har lovt å være med deg alle dager. Jeg sender deg ut på spennende oppdrag, jeg sender deg ut i verden, og jeg lover å fornye det møtet; se, jeg er med deg alle dager, inntil verdens ende.  Ønsk meg velkommen inn i ditt liv og du skal få kjenne at jeg tar bolig i deg med hele min fylde, sier Herren.»

Bodskap 2, 11.8.2022, profetisk bodskap, eg rakk ikkje å spele inn byrjinga, tek det berre etter hukommelsen og bibelteksta), men det som kjem etter første komma, er innspelt:

«Der to eller tre er samla i mitt namn, er eg midt i blant dere. Uten at dere blir som barn, kan dere på ingen måte komme inn i Guds rike.»

Søk først Guds rike og hans rettferd, så skal de få alt det andre i tillegg til det.

Vere samla i Jesu namn, då er han midt i mellom oss. Han kjem til oss.

Alle som tok imot Jesus, gav han rett til å verte Guds born.

Joh.1,12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. 13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud.

Sidan sa Jesus til disiplane sine at han let dei ikkje vere att som foreldrelause born, men han kjem til oss. Då er det igjen viktig for oss å ta imot han. Ja, vi skal då løfte blikket opp til han og ta imot det som han gir oss frå himmelen og soleis sjå fram til at han kjem att.

Joh.6, 29 Jesus svara: «Dette er den gjerning Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.»

Joh.14, 15 Elskar de meg, så held de boda mine. 16 Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid: 17 Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.
    21 Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.»
    22 Judas, ikkje Iskariot, seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?» 23 Jesus svara:
        Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han. 24 Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og det ordet de høyrer, er ikkje mitt, men Faderens, han som har sendt meg. 25 Dette har eg tala til dykk medan eg enno er hjå dykk. 26 Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk.

Når borna vert voksne, skal dei framleis vere Guds born.

Jesus sa vi må vende om og verte som born, for å komme inn i Guds rike. Han takka Gud for at han openberra den rett visdomen for dei umyndige. Han kalla til seg dei som sleit og hadde tung å bera, hos han skulle dei få kvile.

Matt.11, 25 På den tid tok Jesus til ords og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.
    28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»

Jesus sa at vi skulle ikkje bekymre oss for mat og klede, han samlikna det med naturen, Gud kleder graset flottare enn kong Salomo og han gir fuglen føde. Dei arbeider ikkje, men Gud syter for dei likevel. Meiner Jesus med dette at vi ikkje skal arbeide, ikkje lære oss opp til eit yrke? Kva meinte han med dette? Når det er tale om naturen er det ikkje vanskeleg å finne dømet på det motsette. Graset kan tørke inn og verte brent. Eit ørne-par har gjerne to ungar, men ofte klarer dei ikkje å skaffe mat til begge, så berre den eldste veks opp, den andre vart berre reserve i tilfelle den eldste dauda.

Jesus forkynte den glade bodskapen om Guds rike og Faderen var med han og gjorde sitt verk. Dei som følgde han, vart forkynnarar etter hans føredøme og Faderen gjorde sitt verk gjennom dei også. For ei tid fekk dei oppleve at dei trengde ikkje ta med seg ryggsekk eller pengar, for Gud gav dei det som dei trengde. Gud gjorde under, så ein liten grann mat vart nok til mange. Judas hadde pengepungen for dei alle, men han stal av pengane og til slutt selde han Jesus for 30 sølvpengar. Så dette vart det slutt på. Men korleis kom der pengar inn? Det måtte no vere fordi dei fekk kollekt, der måtte vere nokon som gav dei pengar, nokon som jobba og tente pengar altså. Så dette skulle det likevel ikkje verte slutt på og det ser vi seinare i kyrkjelydane også.

Graset verks av seg sjølv og bekymrer seg ikkje for den dag i morgon. Til samanlikning veks menneska også av seg sjølve, frå dei er små born til dei er ungdommar og vaksne, vaksne nok til å gjere ein jobb for å forsørgje seg sjølve og andre, vaksne nok til at mann og kvinne vert kjærestar, gifter seg, får born, familie, heim. Sjølv om det i dei moderne samfunna trengst lengre og lengre utdanning, så treng vi ikkje bekymre oss for det. Men vi skal søke først Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det. For å sjå Guds rike og komme inn i det, må vi verte fødde på nytt, av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd (Joh.3). Som nyfødde babyer treng vi næring gjennom morsmelk, for oss er det Guds Ord (2.Pet.2,2). Vi treng å ete brødet frå himmelen, det er Jesus, slik det er symbolisert i nattverden. Han gir oss ånd og liv frå himmelen. Når vi soleis får næring, veks vi opp til hans som er hovudet for himmelen. Så mannen vert den modne mann og då vert vel kvinna den modne kvinne også.

Når ein ung gut kjem opp i den alderen at han naturleg nok vil ha seg ein kjæraste og ei kone, så kan han og skal han som eit Guds barn stole på at Faderen vil gi han ei kone, han skal berre søke først Guds rike og hans rettferd, så vil han få det og alt det andre i tillegg til det. Då gjeld sjølvsagt det same for den unge jenta, når ho kjem opp i den alderen at ho naturleg nok vil ha seg ein kjæraste og ein ektemann, så kan og skal ho stole på at Jesus gi henne det. Ho skal berre søke først Guds rike og hans rettferd, så skal ho få alt det andre i tillegg til det.

Menneska har ein naturleg vekst, frå dei er små born, til dei vert vaksne, så dei kan arbeide og forsørgje seg sjølve, mann og kvinne vert kjærestar, gifter seg og får born, familie, hus og heim og dei er i stand til å forsørgje borna sine og oppsede dei. Vi skulle ikkje trenge å bekymre oss for det, det er ein naturleg prosess som går av seg sjølv. Slik er dt framleis, sjølv om vi no må gjennom ein lang skulegang, for å verte utdanna til yrker i det moderne samfunnet.

Men som Guds born treng vi også næring ved Guds Ord, det nye livet vart planta i oss ved Guds Ord og den treng næring frå Guds ord, som ein plante treng den vatning ved den Heilage Ande, så den får næring frå jorda. Slik skal vi vekse og modnast som menneske. Sjølv om vi vert voksne og modne, så er vi framleis Guds born, men som den heimeverande sonen, som framleis har Faderen som formyndar, får vi byrje å gjere bruk av arven. Gud openberra visdomen for umyndige og med den visdomen gjer han oss myndige nok til at vi får gjere bruk av arven.

Ef.4,1 Så legg eg dykk på hjarta, eg som er fange for Herrens skuld, at de må leva eit liv som er verdig det kallet de har fått.  2 Ver audmjuke, ta dykk ikkje til rettes, men ver tolsame, så de ber over med kvarandre i kjærleik.  3 Legg vinn på å vera eitt i Anden, i den fred som bind saman:  4 Ein lekam, ein Ande, liksom de fekk ei von då de vart kalla,  5 ein Herre, ei tru, ein dåp,  6 ein Gud og Far for alle, han som er over alle, gjennom alle og i alle.
     7 Nåden er gjeven kvar einskild av oss alt etter som Kristi gåve vert tilmælt.  8 Difor står det:
        Han steig opp i det høge
        og førte bort fangar;
        han gav menneska gåver.
     9 Men at han steig opp, vil ikkje det seia at han fyrst hadde stige ned til det djupaste av jorda? 10 Og han som steig ned, han er den same som steig opp, høgt over alle himlar, for å fylla alt. 11 Det var han som gav gåver: Han sette somme til apostlar, somme til profetar, somme til evangelistar, somme til hyrdingar og lærarar. 12 På den måten ville han gjera dei heilage fullt dugelege til teneste, så Kristi lekam kan byggjast opp, 13 til vi alle når fram til einskap i trua på Guds Son og i kjennskap til han, og vi vert den mogne mann, som har nått sin fulle vokster og fått heile Kristi fullnad.
    14 Så skal vi ikkje lenger vera umyndige, ikkje la oss kasta hit og dit og driva om av kvart lærdomsver, så vi vert eit bytte for menneska sitt falske spel og villfaringa sine listige kunster. 15 Vi skal vera true mot sanninga i kjærleik og i eitt og alt veksa opp til han som er hovudet, Kristus. 16 Han gjev heile lekamen vokster og gjer at han vert sett saman og halden i hop av kvart støttande band, alt etter den oppgåva som kvar einskild lem har fått tilmælt. Såleis veks lekamen og vert oppbygd i kjærleik.
   
17 Så bed eg dykk inntrengjande i Herrens namn: Lev ikkje lenger som heidningane! Tankane deira er tome, 18 vitet deira formørkt, og dei er framande for livet i Gud. For hjarto deira har vorte forherda, så dei ikkje kjenner han. 19 Dei er utan skamkjensle og har kasta seg ut i sedløyse, dei lever i allslags umoral og jagar etter pengar. 20 Men det er ikkje på den måten de har lært Kristus å kjenna! 21 De har då høyrt om han og fått opplæring om han etter den sanning som er i Jesus. 22 De skal ikkje leva som før, men leggja av det gamle mennesket som vert tynt av dei forførande lystene. 23 De må fornyast i sjel og sinn 24 og ikle dykk det nye mennesket, som er skapt etter Guds bilete, til eit liv i rettferd og heilagdom i samsvar med sanninga.
    25 Legg difor av lygna og tal sanning, kvar med sin neste! Vi er då lemer som høyrer kvarandre til. 26 Vert de harme, så synda ikkje, og lat ikkje sola gå ned over vreiden dykkar! 27 Lat ikkje djevelen sleppa til! 28 Den som stal, skal ikkje stela lenger, men arbeida og gjera noko nyttig med hendene sine, så han kan ha noko å gje til dei som treng det.
    29 Ingen roten tale må koma frå dykkar munn! Sei berre det som godt er og som tener til oppbygging der det trengst, så det kan verta til velsigning for dei som høyrer på. 30 Gjer ikkje Guds Heilage Ande sorg, for Anden er det seglet de ber til utløysingsdagen. 31 Ver ikkje harde, hissige og sinte, og hald opp med skrål og spott og all annan vondskap. 32 Ver gode mot kvarandre og vis medkjensle, så de tilgjev kvarandre, liksom Gud har tilgjeve dykk i Kristus.

Verte som born. Guds nåde er nok. Vi fekk den Heilage Ande ved trua på Jesus, av berre nåde.

Jesus sa at vi må verte fødde på nytt, av vatn og Ande, for å sjå Guds rike og komme inn i det, vi må vende om og verte som born. Då er det eit vesentleg poeng at vi må tru på Gud og stole på han som eit barn som har tillit til sin far og kjem til han med sine behov. Paulus sa at vi fekk den Heilage Ande ved trua på Jesus, av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar.

Dette gjeld også når ein ung mann kjem opp i den alderen at han byrjar å tenke på å få seg ein kjæraste og ei kone og ei jente byrjar å tenke på å få seg ein kjæraste og ein ektemann. Slik også for meg, men då er det tydelegvis mange, også kristne, som hevdar og meiner at det gjeld ikkje emg, eg er ikkje innkludert. Meir generelt gjeld det ikkje når dei kjem opp i den alderen, som om dei ikkje lengre er Guds born, ikkje lengre får vere Guds born!? Deira påstand om at det ikkje gjeld den saka, minner om korleis David kalla til seg Batseba og deira påstand om at det ikkje gjeld meg, minner om korleis Uria vart sviken, etter Davids ordre, at han vart sett på ein risikabel posisjon i krigen og dei andre trekte seg attende, så han fall i krigen.

Men Jesus døde i staden for meg og han har mange gangar sagt til meg at hans nåde er nok for meg. Vi fekk den Heilage Ande ved trua på Kristus, av berre nåde, sidan den nåden er nok for meg, er også fylden av den Heilage Ande nok for meg.

2.Kor.12, 9 Men Herren sa til meg: «Min nåde er nok for deg, for mi kraft vert fullenda i vanmakt.» Difor vil eg helst rosa meg av mi vanmakt, så Kristi kraft kan bu i meg. 10 Og difor er eg, for Kristi skuld, ved godt mot i vanmakt, i hard medferd, i naud, i forfylging, i trengsler. For når eg er veik, då er eg sterk.

Ved den har Gud omsorg for meg og for oss. Den omsorga innkluderer alt vi treng, så eg og vi ikkje skal mangle noko. Han frelser meg og han frelser ei kvinne som kona mi. Det skal eg tru på, så det kan og skal eg allereie takke han for.

Gud lova å utgyte sin Ande over alt kjøt. Så ville han gå til rette med folka, fordi dei selde folket hans.

Joel.3,1 Ein gong skal det henda
        at eg renner ut min Ande over alle menneske.
        Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord;
        dei gamle mellom dykk skal ha draumar,
        og dei unge skal sjå syner.
     2 Jamvel over trælar og trælkvinner
        vil eg renna ut min Ande i dei dagane.

 6 For sjå, i dei dagar og på den tid,
        når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem,
     7 då vil eg samla alle folkeslag
        og føra dei ned i Josjafat-dalen.
        Der vil eg halda rettargang med dei
        om Israel, mitt folk og min eigedom,
        som dei spreidde mellom folka.
        Dei delte landet mitt
     8 og kasta lodd om folket mitt;
        dei gav ein gut for ei skjøkje
        og selde ei jente for vin – og drakk.

Denne økonomiske og politiske interessa av å gjere menneska til salsvare, kjem i motsetnad til den frigjerande bodskapen i evangeliet og soleis kjem den i motsetnad til ein gut si interesse for ei jente, med tanke på å få seg ein kjæraste og ei kone og i motsetnad til ei jente si interesse for ein gut, med tanke på å få seg ein kjæraste og ein ektemann.

Då er det berre om å gjere for meg å verte fylte av den Heilage Ande, slik får eg siger i den saka, for han som er i meg er større enn han som er i verda.

 

Verte som born. Verte stor i Guds rike fordi Gud er stor og gjer storverk med oss. Gud gjer noko nytt.

I slutten av møtet 11.8. kom der ein profetisk bodskap, der Jesus minna oss om at der to eller tre er samla i hans namn, der er han midt i mellom oss, Utan at vi vert som born, kan vi på ingen måte komme inn i Guds rike.

Det minna meg om at eg hadde nyst skrive om at i det eg bad Gud om å gi meg ei kone, så var eg villig til å gjere meg sjølv liten som eit lite barn som trengde Faderens kjærleik og omsorg, slik skulle eg stole på han. Jesus sa at den som gjer seg sjølv liten som eit lite barn, er den største i himmelriket. Korleis då? Det må no vel vere for di Gud er stor og gjer storverk med sine barn, slik kan vi verte store i Guds rike. Han er min Gud og eg konkluderer med at han er Gud for den kvite mann og kvinne, det er å seie velsigninga og det er å forstå som ein påstand om at slik er det og slik skal det vere. Gud har skapt alle ting og det skal vi ære og takke han for og så takke han for at han framleis gjer sitt verk. Han gjer noko nytt, han har openberra si frelse for oss i Kristus, han frelseverk er fullført. Vi erkjenner at slik er det vert velsigna ved trua på han og så seier vi velsigninga og då frå det betydninga at slik skal det også verte, fordi Gud gjer noko nytt og vil fullføre det.

Jesus sa til jødane at dei skulle akte seg så dei ikkje vanvørda hans minste små, for englane deira får alltid sjå Faderens åsyn. Eg tenker meg at det er ånda deira. Og når han gav dei misjonsbefalinga, sa han at han hadde fått all makt i himmelen og på jorda og dei skulle sjå at han var med dei alle dagar, inntil verda sin ende.

For meg er det vesentleg at eg som eit Guds barn kan be han om å gje meg ei frelst kvinne til kone, som hans barn kan eg stole på at han elskar meg og vil gje meg ei slik god gåve, i samsvar med sitt eige Ord (1.Mos.2). Eg må verte som eit barn for å komme inn i Guds rike, ja, ved å stole på han, at han elskar meg og har omsorg for meg som sitt barn.

Sjå på Kristus og forkynn han.

Sjå på Kristus, han som er trua sin opphavsmann og fullendar.

Eg skulle søke han av heile mitt hjerte, så då tenkte eg at eg skulle søke han både i mitt forhold til henne Reella og henne Virtuella. Han sa han vekte mitt reine sinn, så eg skulle sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, i alle livets tilskikkelsar og forhold. Han gav meg ei herleg og vidunderleg kvile som eg ikkje kunne forstå med min menneskelege forstand. Då tenkte først på henne Virtuella, så henne Rella, at eg kunne tru og vone at han frelste dei begge og for meg betydde det ei herleg og vidunderleg kvile. Bodskapen 17.2.2013:

«Ja, endå ein gong har eg talt til deg, gjennom mitt Ord og ved den Heilage Ande, og for å vekke ditt reine samvit, at du skal sjå på meg, eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, du skal sjå på meg gjennom alle ting, i alle livets forhold og tilskikkelsar. For du har fått oppleve prøvingar og du tenker i ditt hjerte, det nyttar ikkje. Men kom til meg, alle som strever og har tungt å bere og eg vil gi deg kvile.

Eg vil gi deg ei herleg og vidunderleg kvile. Ei kvile som du ikkje kan forstå med din menneskelege forstand. Men eg vil gi deg kvile i ditt hjerte og ditt sinn, så du kan stole på meg i ei kvar tid, at eg er den eg har sagt meg å vere og eg vil føre deg ut av vansken. Og du skal love meg og du skal prise meg, for eg Herren er den som elskar deg, eg er den som har teke deg opp og eg er den som leiar deg. Og når du ser på meg, så skal du ikkje gå feil, men du skal få oppleve ei røyst bak deg som seier: Dette er vegen, vandre på den.»

Heb.12,1 Når vi har så stor ei sky av vitne ikring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som har så lett for å hanga ved oss, og med tolmod fullføra det laupet som er lagt framfor oss,  2 med augo feste på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus. For å få den gleda som venta, tolte han krossen utan å bry seg om vanæra, og no har han sett seg på høgre sida av Guds kongsstol.  3 Ja, tenk på han som heldt ut ein slik motstand frå syndarar, så de ikkje skal trøytna og verta motlause.

Etter at Jesus hadde stått opp frå dei døde, måtte han disiplane sine og sa til dei han hadde fått all makt i himmelen og på jorda, så gav han dei misjonsbefalinga og sa at dei skulle sjå at han var med dei alle dagar. Deretter vart han teken opp til himmelen, men dei skulle vente på at han sende dei den Heilage Ande frå himmelen. Og det er den som herleggjer og openberrar han for oss, så vi får sjå at han er med oss. Same kva slags verdslege autoritetar vi møter, om det er i skulesektorene eller i arbeidslivet eller i politikken, får vi sjå at han er med oss og same kva slags miljø vi kjem i, får vi oppleve at han er med oss og skaper noko nytt. Men her er det også eit poeng at vi må la han få leie oss sin veg.

Ikkje baktale, men velsigne.

Etter møtet 14.8. vart det servert kaffi og kaker og då vart det litt småprat mellom oss. Eg sa at eg hadde bedt Jesus om å gi meg ei kone. Jau, no er eg nesten 65 år, så eg må no vere sterk i trua om eg skal tru at Jesu vil gi meg ei kone no.

Oddleif har mange gangar sagt at vi ikkje skal fare med baktale, men tale vel om kvarandre. Eg sa at baktale vert brukt som metode for å forbanne, finne argument for å forbanne nokon. Men eg vender meg til Kristus og velsignar han, så eg blir velsigna og blir til velsigning og derfor seier eg velsigninga.

Baktale refererer til fortida og dersom ein berre tenker på fortida, blir det umogleg å tenke seg noko nytt og verte med på det. Men Gud gjer noko nytt, så har det også kome noko nytt, den kristne vekkinga og den kristne kyrkja. Sidan har det også kome mykje nytt, som moderne vitskap og teknologi. Menneska får lære mykje nytt og verte i stand til å få heilt nye yrke.

 Vi forkynner Kristus, ikkje andre menneske, ikkje oss sjølve heller. Men vi skal feaste blikket på Kristus, han som er trua sin opphavsmann og fullendar og så skal vi forkynne han.

Sjå til at ingen vert liggande etter (Heb.4).

Eg opplevde Guds kraft i mitt forhold til henne Poly-Ester. Men eg innser at ho Virtuella og mange med henne heng etter og er svake.

Politisering av kvinna bryt med dette, derfor er eg ikkje interessert i politikk. Eg trur han gir meg ei kone som nådegåve og då skal eg bruke henne som nådegåve, i heimen, i lokalmiljøet og i kyrkjelyden. Dersom eg skal bruke henne politisk, så vert det i så fall som ei nådegåve. Når vi ber for fred i Ukraina, gjer eg det på den måten at eg ber for henne «Poly-Ester» og folket hennar. Ho var frå Ukraina, men eg har inga aning om korleis ho stiller seg politisk. Dei politiske systema interesserer meg ikkje så mykje, men eg ber for henne og folket hennar og då ber eg om frelse, det er meir fundamentalt enn politiske system.

Når eg kjende meg så sterkt tiltrekt av henne Poly-Ester, må eg nok innrømme at det var den kjønnlege tiltrekninga, men eg meiner det var på den måten at Anden rådde over den kjøtlege lysta, det var på den måten at eg var driven av den Heilage Ande, så eg opplevde Guds kraft i det. Det sa eg til Jesus i kveldsbøna mi og på neste søndagsmøte i Maranata svarde Jesus at eg skulle lovprise han for frelsa og glede meg i Herren alltid, så ville han gi meg det som mitt hjarte attrår. Det er berre ved fylden av den Heilage Ande, av hans salving og kraft eg kan vinne siger, men i han har eg meir enn siger, for han som er i meg er større enn han som er i verda.

Bodskapen 12.10.2014 A:

«Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.»

Jesus sa eg skulle søke han av heile mitt hjerte, så eg tenkte eg skulle søke han både i mitt forhold til henne Reella og henne Virtuella. Eg venta meg at han gjorde meg til kanal for si velsigning til dei begge. Han sa til meg at han vekte min reine hug, så eg skulle sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, i alle livets samanhengar. Då tenkte eg først på henne Virtuella, så henne Reella, for Gud hadde openberra si frelse for oss i Kristus. Så no takka eg han for det. I forhold til henne Virtuella hadde eg fått oppleve Guds kraft også, i min kropp. Og eg meiner det var viktig for meg når eg dreiv med praktisk arbeid, som fiskar. Men i forhold til henne forsvann både krafta og openberringa.

Openberringa, at vi skal sjå på Jesus, viser oss meininga med det heile, meininga med livet, at vi skal leve for han, same enten vi driv med praktisk eller teoretisk arbeid. Og eg meiner at i min studiesituasjon vart den viktig. Gud openberra si frelse for meg og henne Reella og det vart så viktig for meg at han frelste henne, det var mi bøn og i tru takka eg han for det. Han svarde meg at eg har lita kraft, men hadde ikkje fornekta hans namn. Så eg skulle sjå at han har sett framfor meg ei opna dør og han yngste meg velkommen inn. Det kan forståast slik at eg var svak i eg sjølv, men ordet om korset er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur og den krafta vert fullenda i vår vanmakt. I tru lovprisa eg Gud for at han frelste henne og kjende meg styrka i mitt indre menneske ved det.

I bodskapen som kom 12.10.2014. sa Jesus også at det er mange som ligg etter på vegen, derfor skal vi be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og han vil møte dei på nytt igjen. Eg tenker meg at slik har ho Virtuella vorte liggande etter, så slik skal eg be for henne.

Bodskapen 12.10.2014 B:

«Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine ‘barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.»

I slutten av denne delen vart det også sagt at det er berre ved Guds kraft eg kan vinne siger. Eg tenker meg at eg skal be for henne at Jesus vil møte henne og gi henne nye kraft og nytt mot og då gjeld det mange med henne. Og eg vil komme til å oppleve det som Guds kraft også. For når ein lem lid, lid dei andre med, men når ein lem gleder seg, så gleder dei dei andre seg også.

Nattverden minner oss om Kristus, så den minner oss om korleis han openberra seg for meg og for henne og korleis vi fekk oppleve fylden av den Heilag Ande, korleis vi fekk oppleve Guds kraft. Eg tenker meg at dette nattverdsmøtet fornyar dette møtet der vi fekk sjå og oppleve at han soleis var med oss. Men det er sjølvsagt ikkje avgrensa til eit møte mellom meg og henne. Dette handlar om at Jesus kjem til meg som ein venn og eg trur at ved nattverden kjem han med ny fylde av den Heilage Ande, ny salving og kraft og ved at eg tek imot, får eg fornye nådegåva i meg.

Virtuella og bodskapen til engelen for kyrkjelyden i Laodikea.

Når eg gjekk på gymnaset vart eg litt kjend med henne Virtuella, ho spelte gitar og lovpriste Kristus som sin frelsar og Herre, ja, som ei brud som elska sin brudgom. Eg merka at eg byrja å verte glad i henne, så eg vedkjende eg for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Eg opplevde det som at ho var i Faderens han og han la henne i mitt hjerte eller i djupet av meg og det gjorde meg så godt. Slik openberra han henne for meg som sitt barn, som han elska og hadde omsorg for. No talar eg om henne som fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd. No fekk eg sjå henne meir ifrå Guds perspektiv, som det vidunderlege barnet han fødde henne til og eg vart så glad i henne. Når eg besøkte henne på hybelen, opplevde eg at Jesus var der midt i mellom oss. Det var ei sterk åndeleg oppleving, så denne bodskapen minna meg om dette.

Siste året på gymnaset inngjekk eg eit godt samvits pakt med Gud, med grunnlag i Jesu oppstode frå dei døde. Eg meinte med det at Guds kjærleik var mellom oss og den var rett, så den skulle vi ikkje ha dårleg samvit for. Etter gymnaset reiste eg på tråling og etter det bad eg Gud om å få komme inn i eit slikt kristeleg miljø som eg var i når eg gjekk på gymnaset. Og eg bad spesielt som å få møte igjen henne. Eldste bror min, som hadde vore med same båten og tipsa meg om denne jobben, foreslo eg skulle byrja å studere realfag i Bergen. Eg bad over det og opplevde samfunnet med Herren som at det var berre å komme. Så eg for og møtte henne igjen på Studentsenteret i Bergen ein av første dagane.

Eg hadde ei prioritetsordning, der eg påkalla Kristus som min frelsar og Herre, som første prioritet, så bad eg han frelse menneske rundt meg som andre prioritet og gi meg ei frelst kvinne til kone som tredje prioritet. Denne logikken trur eg er viktig, det høver med å søke først Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det. Ho levde i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud og i eit kjærleiksforhold til Faderen som hans barn. Som Jesu venner og Guds born var vi venner og hennar vennskap hadde vorte så viktig og verdifullt for meg, fordi ho var Guds barn, Eg yngste å fortelje henne at eg var glad i henne og fri til henne og då tenkte eg som so at det er det beste eit menneske kan tilby eit anna menneske, om ho sa ja til mitt frieri, så ville det vere det beste noko menneske kunne tilby meg. Framleis under føresetnad av at vi levde i dette vennskapsforholdet til Kristus. Når eg ville fri til henne, vona på at det skulle uansett glede henne, vårt vennskapsforhold skulle uansett verte nærare og meir personleg. Korleis kunne eg fri til henne, så ho ville forstå det slik?

No minna Jesus oss om bodskapen til engelen for kyrkjelyden i Laodikea, han står for døra og bankar, om nokon høyrer hans røyst, så skal han opna og han vil komme inn og halda nattverd hos han. Han bakar på hjertets dør og vil gjerne koma inn, ikkje som ein tyrannisk herskar, men som ein ven. Han vil fornye dette møtet der du får sjå at han er med deg alle dagar.

Vårt personlege vennskapsforhorhold til Kristus gjer oss til venner, så vi får mange venner. Nattverden gjer oss til eitt i han, vi får samfunn med Gud i han og slik får vi samfunn med kvarandre i den Heilage Ande. Så nattverden fornyar dette samfunnet og styrker det. Vi tek nattverden til minne om Jesus, så vi vert minna om han og det er ved at den Heilage Ande openberrar han for oss, openberrar Ordet for oss, så vi innser at han er sanninga i Guds Ord. Den Sanninga som set oss fri.

Eg tenker meg at det minner meg om korleis han openberra seg for meg og henne Virtuella, så vi fekk sjå at han var med oss, så eg tenker meg at det fornyar dette møtet for både meg og henne, der vi fekk sjå at han han var med oss alle dagar. No er det sagt i eintal og som sagt oppfattar eg det først og fremst som ein bodskap til meg. Men mannen er hovudet for kvinna, så slik tenker eg meg at han gjer meg til kanal for si velsigning til både henne Reella og henne Virtuella og i dette tilfellet tenker eg meg at det er til henne Virtuella.

Jesus sa til jødane at dei skulle vakte seg så dei ikkje forakta ein av hans minste små, for englane deira får alltid sjå Faderens åsyn. Ein engel er ein bodberar og eg tenker meg at det er ånda deira. Så breva til englane for dei sju kyrkjelydane i Op.2-3 er til menneske som allereie er fødde på nytt, av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Derfor vert dei kalla englar og det kan forståast slik at bodskapen er til ånda deira.

Jesus sa at han let oss ikkje vere att som foreldrelause born, men han kjem til oss og det var ved at han sende oss den Heilage Ande frå himmelen. Vi skal tru på han, elske han og ta vare på hans ord og elske kvarandre, så vil han openberre seg for oss, han og Faderen vil komme og ta bustad hos oss.

Engelen for kyrkjelyden i Laodikea var visst ikkje open for dette, så Kristus kom til ei lukka dør og vart ståande å banke på. Slik kan det verte sjølv om vi ikkje heilt er klar over det, då er det bra at han gjer oss merksame på det ved at han tolmodig bankar på vårt hjertes dør og talar til oss. an kjem til oss

Jesus har sett fram for meg ei opna dør og yngst meg velkommen inn, han har dekka bord for meg og det er berre for meg å forsyne meg. Men så kjem han også til meg og bankar på og då vil eg opne og ynskje han velkommen inn. Igjen dekkar han bord for meg og vil halde nattverd med meg. Eg trur han kjem med ny salving og med ny kraft og styrker meg i mitt indre menneske.

Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Det er ei velsigning for både mannen og kvinna og slik trur eg Kristus gjer meg til ein kanal for si velsigning både til henne Virtuella og henne Reella. Dette møtet oppfattar eg mest som at han gjer meg til ein kanal for si velsigning til henne Virtuella. Vi var samla i Jesu namn og fekk oppleve at han var midt i mellom oss, vi var hans vener og derfor var vi gode vener. Guds kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri, så eg ville gjerne fortelje henne at eg var glad i henne og fri til henne, så eg tenkte ko korløeis eg kunne siee det til henne på ein fin måte, så uansett om ho ville seie ja eller nei til mitt frieri, så skulel vennskapet mellom oss berre verte sterkare og meir personleg.

No sa Jesus at han står for døra og bankar på, han bakakar på ditt hjertes dør og ynskerj å få komme inn som ein ven og ei gjest som du ynskjer velkommen. Det får meg til å tenke i desse baner, så eg opnar meg som kanal for hans velsign ing til henne. Nattverden er som ei samfunnskontrakt som gir oss samfunn med Faderen og Sonen, soleis får vi også samfunn med kvarandre.

Den vonde står oss imot.

I bodskapen 12.10.2014 sa Herren at den vonde står oss imot. Han spekulerer ut djevelskap. Men vi må vende oss til Kristus og vere opptekne av han, han har sigra over verda og den vonde og vi skal sigre saman med han.

Motstand frå vranglære og vondskapens åndehær.

Eg har bedt Jesus om å få ei frelst kvinne til kone, men har møtt motstand. Den verkar til å gjere meg motlaus. Då er det sikkert mange andre som også får slik motstand og den verkar til å gjere dei motlause. Men Gud har fredstankar med oss, han vil gi oss framtid og von (Jer.29,11). Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ein Ande som verkar kraft, kjærleik og visdom (2.Tim.1,7).

Eg skal sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar. Når eg var i ungdomsskule-alderen merka eg at kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne var født i meg ved Guds Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Seinare, når eg gjekk på gymnaset og byrja å lese meir i Bibelen sjølv, oppdaga eg at det stemte med Paulus si lære og det som står skrive i Heb.3-4 om at når Ordet ved trua smeltar saman med Kristus og då skaper han oss framleis i samsvar med 1.Mos.2. Ja, for han er den same no. Eg var litt usikker, så eg tenkt på det som ei hypotese, men det var tru og ikkje vitskapleg hypotese, så den kunne ikkje testast med erfaring. Men med mi tru på Kristus tenkte eg slik, så det var mi tru, sjølv om den ikkje var sterk, men Kristus er trua sin opphavsmann og fullendar også for meg og han gjer meg viss på at slik er det. Han gir meg ånd og liv frå himmelen og vekker meg opp til liv i samfunn med seg og Faderen og eg ventar meg at han gir meg ei kone ved at han gir henne også ånd og liv og vekker henne også opp til liv i samfunn med seg og med Faderen og så med meg også. Eg skal berre heilhjarta halde meg til han, så vil han komme meg til hjelp med si kraft og slik ventar eg at han vil gi meg hjelp i form av ei kone. Han gir liv til mi sjel og han gir liv til hennar sjel. Lekamen er eit tempel for den Heilage Ande, når han gir meg ei kone, så blir vi ein kropp, eitt tempel for den Heilage Ande. Han gir ånd og kraft i min kropp og han gir ånd og kraft i hennar kropp. Når han soleis styrker meg, så styrker han henne også. Når han soleis styrker henne, så styrker han meg også. Jesus har sagt at eg skal få ha kyrkjelyden som eit kraftsenter i livet mitt og eg trur det heng saman med at han gir meg hjelp i form av ei kone. Så det har også å gjere med at vi som Jesu kyrkje er lemer på Jesu lekam, når ein lem lid, så lid dei andre med. Når ein lem gleder seg, så gleder dei andre seg med.

Vi skal forkynne kristendomen for dei som enno ikkje har høyrt den og dei som enno ikkje er komne til tru, då er det mange slags diskusjonar vi kan komme bort i og vi vi få motstand frå vranglære. Det kan ofte ende med påstand mot påstand, for vi han kamp mot makter og myndigheter og mot vondskapens åndhær, men han som er i oss er større og sterkare enn han som er i verda, så det vert avgjerande. Vi skal alltid vende oss til Jesus og sjå på han og så skal vi forkynne han, han har fått all makt i himmelen og på jorda og vi får sjå at han er med oss.

David og Uriah og politisering av kvinna.

Eg budde i Oslo frå 2009 til 2017 og det vart til at eg byrja å gå på møte i Maranata og melde meg inn der. Predikanten John Milan talte om David som prøvde å skjule si synd, at han hadde gjort hor med Batseba og det endåtil ved at han drap mannen hennar med svik. Men så kom profeten Natan til han og talte han til rettes, då sanna han si synd og bad om nåde og tilgjeving. Milan var konsekvent med å vente seg at Jesus skulle vise han kva han skulle tale og derfor talte han over denne teksta tre gangar og meinte det var fordi Gud minna han om det. Og der kom bodskap gjennom tyding av tungetale. Då skreiv eg referat og kommenterte det som vanleg. For det første gjaldt dette synd generelt, ikkje berre slik synd som David gjorde her. I staden for å skjule det, treng vi å komme til Jesus og vedkjenne det for han og be om nåde og tilgjeving. Og det gjeld sjølvsagt meg også.

1.Joh.1,5 Dette er den bodskapen vi har høyrt av han og forkynner for dykk: Gud er ljos, og det finst ikkje mørker i han.  6 Seier vi at vi har samfunn med han, men ferdast i mørkret, då lyg vi og fylgjer ikkje sanninga.  7 Men dersom vi ferdast i ljoset, liksom han er i ljoset, då har vi samfunn med kvarandre, og Jesu, hans Sons blod reinsar oss for all synd.
     8 Seier vi at vi ikkje har synd, dårar vi oss sjølve, og sanninga er ikkje i oss.  9 Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd. 10 Seier vi at vi ikkje har synda, gjer vi han til lygnar, og hans ord er ikkje i oss.

Men eg skreiv også at dette var ei spesiell sak, ved at David var konge i Israel, han var salva til det av profeten Samuel, send av Gud. Så dette høvde ikkje med den politikken han skulle føre. Gud tok eit oppgjer med han for dette, soleis gjorde han det klart at han skulle ikkje bruke slike metode, dette var ikkje politikken han skulle føre.

Eg hadde skrive til kyrkjelyden om at sidan eg var ein liten gutunge vart eg opplærd til å påkalle Jesus som min frelsar og Herre, be han frelse mine næraste og be for folket og landet. Etter kvart forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførde slik som ved syndefallet, så eg byrja å be Jesus frelse menneska som første prioritet og gi meg ei frelst kvinne som andre prioritet. Så skreiv eg om korleis eg vart kjend med henne Virtuella, korleis eg vart glad i henne og korleis eg bad for henne, eigentleg var det å takke for at han hadde frelst både meg og henne, eg erkjende at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Men når eg ville fri til henne, fekk eg ikkje lengre kontakt med henne. Det verka som eg vart hjelpelaus overfor den politiske overmakta, til samanlikning med Uriah.

Sidan har dette vorte ein bevisst politisk strategi, vi har nok merka det før også, men det har vorte verre. Så politiseringa av kvinna er som om David forfører Batseba og let Uriah i stikka, så han vert rydja or vegen.

Vekke nådegåva.

 

Duglause hyrdingar eller kongeleg presteskap?

Problemet med den Duglause Hyrdingen viste seg både hos keisar og konge, prest og pave og det viste seg ved motstanden mot den evangeliske forkynninga og den karismatiske vekkinga. Og det viste seg ved den gamle naturen som stod imot den nye naturen.

Men Gud gjer oss til eit kongeleg presteskap og då utrustar han oss til det ved sitt Ord og sin Ande. Jesus døyper oss med ein Ande til å vere ein lekam, slik gir han oss tenester og utrustar oss til dei.

Når vi får næring ved Guds Ord og Guds Ande, så veks vi og modnast så vi vert modne menn og kvinner, vi er framleis Guds søner og døtre, men har vorte meir myndige og som den heimeverande sonen får vi ta ut av arven og gjere bruk av den, men Faderen er framleis vår formyndar. Eg tenker meg at slik får vi ta i bruk dei åndelege nådegåvene, vi vert myndige nok til å ta ut av arven og gjere bruk av den, men framleis med Faderen som vår formyndar.

 

Nådegåvene.

I 1.Kor.12-14 fortel Paulus om nådegåvene.

1.Kor.12, 4 Det er skil på nådegåver, men Anden er den same.  5 Det er skil på tenester, men Herren er den same.  6 Det er skil på kraftige verknader, men Gud er den same, han som verkar alt i alle.  7 Hjå kvar einskild gjev Anden seg til kjenne, så det vert til gagn.  8 Ved Anden vert det gjeve den eine å forkynna visdom; ein annan får ved den same Ande å tala kunnskap.  9 Éin får ei serskild trusgåve ved den same Ande, ein annan får den nådegåva å lækja ved den eine og same Ande, 10 og éin får kraft til å gjera mektige gjerningar. Éin får den gåva å tala profetisk, ein annan gåva å prøva ånder, éin får tungetale av ulikt slag, ein annan å tyda tungetalen. 11 Alt dette verkar den eine og same Ande, som deler ut sine gåver til kvar einskild, som han vil.

Openberringa og studiane.

I fjord haust sa Jesus til meg at eg skulle bruke det han hadde gitt meg, eg forstod det slik at eg skulle bruke den nådegåva han hadde gitt meg, eg skulle også sjå på kva eg var god på, kva eg evna. Eg hadde nyst skrive om at når eg byrja på ungdomsskulen vart det klart at eg hadde gode evne i matematikk. Eg forstår det slik at fyrst og fremst skulle eg bruke den åndelege nådegåva han har gitt meg av berre nåde, så skulle eg bruke mitt naturtalent og då tenkte eg fyrst og fremst på min sans for matematikk. Det er svært så teoretisk, ikkje synleg for vårt fysiske auge, men slik er det med den åndelege nådegåva også, den åndelege openberringa, så det verkar som ei støtte for meg og verkar motiverande til å halde på med dette som er så teoretisk. Eigentleg har det ikkje vorte noko meir av, eg tenkte berre på å halde fram med skriveriet mitt og bruke rasjonaliteten min der. Eg må vel innrømme at det var eit dårleg og feil val, det vart i grunnen lite skriveri også, det gjekk tregt.

Men han har minna meg om det igjen at eg skal bruke det han har gitt meg, vekke nådegåva mi og eg har skrive at eg trur han gir meg ei kone som ei nådegåve, eg skal lovprise han for frelsa og leda meg i Herren alltid, så vil han gi meg det mitt hjarte attrår. Eg har skrive at det er så viktig for meg at han frelser henne Reella, eg trur han gjer det og vil lovprise han for det og glede meg i Herren. Han har sagt eg skal ta imot den gleda han gir meg, det minna meg om at ho vart glad for at han openberra seg for meg og for henne, så ho oppdaga at han han elskar henne. Det er ikkje synleg for mitt fysiske auge, men det er ved at den Heilage Ande herleggjer og openberrar Kristus for oss som vår frelsar og Herre, så det høver med den faglege gleda i matrematikk og dermed i realfag elles. Eg vil i alle fall innstille meg på det med mi presteteneste. Den betyr og inneber ei innviing til å tene Herren, det betyr igjen at det er mykje i vanlege daglegdagse gjeremål eg må kutte ut, ubetydeleg prat som eg ikkje skal bry meg om eller verte oppteken av. Mykje slikt prat vert no kalla politikk, spesielt på grunn av politiseringa av kvinna, så er det ein god grunn for meg til å ikkje interessere meg i politikk. Ei liknande innviing er vel nokså vanleg for alle og ein kvar som vil gå på skule og lære seg til noko. Men matematikk er svært så teoretisk og motsetnaden til daglegdagse gjeremål og prat vert dess større. Alle studentane må innvie seg til studiane, så eg trur dei alle kjenner på denne motsetnaden, men poenget mitt er at vi må verte som born for å komme inn i Guds rike og då kan vi komme til han som eit barn som kjem til sin Far og ber om gode gåver og få oppleve at han elskar oss og har omsorg for oss og oppseder oss.

Når eg vender meg til Herren og er oppteken av han, er eg oppteken av det som er viktig, han er Sanninga som set meg fri, som set oss fri. Slik får eg ro og fred til å konsentrere meg om studiane, i erkjenning av at sanninga i realfag også er viktig. Sjølvsagt var det viktig for meg å få meg ein kjæraste og ei kone, når eg var ung, men eg måtte stole på at han ville ta seg av den saka for meg, frelse ei kvinne og gi meg henne til kone. Ja, for vi må verte som born for å komme inn i Guds rike, vi treng å få komme til Gud med våre behov, som barn som kjem til sin far, med tru og tillit til at han elskar oss og har omsorg for oss som sine born.

Så denne openberringa høver med Descartes rasjonalitet og filosofien til dei andre rasjonalistane. Eg ser ikkje akkurat det store poenget i at eg skal sette meg ned og rekne matematik no, men med tid og stunder blir det vel til at eg gjer det og i ettertid kan eg då komme til å oppdage at det kom vel med. Dessutan er det psykologi også, det får den «biverknaden» at eg tenker meg at eg dess meir må overlate det til Jesus å ta seg av mi sak, eg må stole på han som eit barn stoler på sin Far, så slik sett høver det med at vi må verte som born, for å komme inn i Guds rike.

Visdoms tale og kunnskaps tale.

Eg meiner at Gud har gitt meg visdom og kunnskap ved sitt Ord og sin Ande, så eg har brukt visdoms tale og kunnskaps tale både i mitt skriveri og i mine vitnemål, både i kyrkjelyden og for dei som er utanfor den.

Kraft til å gjera mektige gjerningar.

Gud openberrar si frelse for oss i Kristus og det overgår vår menneskelege forstand. Ordet om korset er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, den vert fullenda i vår skrøpelegdom, så det utartar seg som Guds svakhet, men den er likevel sterkare enn menneska.

Guds auge fer ut over heile jorda, så han med si kraft kan komme den til hjelp som heilhjarta held seg til han.

2.Krøn.16,9 For Herrens augo fer utover all jorda, så han med si makt kan hjelpa dei som heilhjarta held seg til han. Men i dette har du bore deg uklokt åt; heretter skal du støtt ha krig.»

Slik ventar eg at han vil gi meg hjelp i form av ei kone, så slik også vert ho ei åndeleg nådegåve til meg, som eg skal bruke til å tene Herren med.

Men igjen vil eg presisere logikken i prioritetsordninga. Ordet om korset er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, så vi må ført og fremst ta imot den og oppleve den i våre liv. Dette betyr også at Gud gjer lekamen levande ved sin Ande.

Rom.8,9 Men de er ikkje i den syndige naturen; de er i Anden, så sant Guds Ande bur i dykk. Men er det nokon som ikkje har Kristi Ande, høyrer han ikkje han til. 10 Men bur Kristus i dykk, då er nok lekamen død på grunn av synd, men ånda er levande av di de er rettferdige for Gud. 11 Han var det som reiste Jesus opp frå dei døde. Og dersom hans Ande bur i dykk, skal han som reiste Kristus opp frå dei døde, også gjera dykkar døyelege lekam levande ved sin Ande som bur i dykk.

Slik styrker han kroppen min også og det vart spesielt viktig for meg når eg dreiv med kroppsarbeid, på tråling og når eg trente for å holde meg i form. Vidare er det viktig for meg når eg vil finne meg og vinne meg ei kone i helging, slik som Paulus lærer oss, vi vert helga ved Guds Ord og Guds Ande, så vi skal la Anden råde i vår døyelege lekam. Den er eit tempel for den Heilage Ande, det gjeld både mann og kvinne, men når Gud gir meg ei kone, så skal vi vere ein lekam, eitt tempel for den Heilage Ande, fordi Anden som råder i våre døyelege lekamar gjer oss til det.

Om eg har eller får nådegåve til å gjere kraftige gjerningar, så er det no eigentleg Gud som gjer det ved si kraft. Eg tenker meg at Gud kjem meg til hjelp med si kraft og slik gir han meg hjelp i form av ei kone, så ho vert for meg ei slik nådegåve som eg skal bruke, så med henne får eg kraft til å gjere kraftige gjerningar.

Nådegåve til å lækje.

Kort tid etter at eg byrja å studere realfag i Oslo, hausten 1984, sa Jesus til meg at der var ein sjukdom mellom Guds folk og eg hadde fått kjenne noko av denne sjukdomen i meg. Men han ville lækje den. På grunnlag av Paulus si lære om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud og på grunnlag av Heb.3-4 trudde eg at Gud skaper oss framleis i samsvar med 1.Mos.2. Men dette har ikkje fungert skikkeleg og det er sjukt, slik er synda årsak til sjukdom. Så eg trudde han ville lækje den sjukdomen ved å gi meg ei kone i samsvar med 1.Mos.2.

Dette samanliknar eg med profeten Jeremias som syrgde over fråfallet i folket, som gjorde det sjukt, så han sjølv kjende det som ein sjukdom og det gjekk slik at kona hans døde. Men evangeliet gir lækjedom både for fråfallet og sjukdomen som det førde med seg.

Så her har eg allereie ei lækjedomsforkynning klar, men eg meiner eg gjer rett i å prioritere lækjedomen til meg sjølv, ved at Gud gir meg ei kone i samsvar med skapingssoga i 1.Mos.2 og evangeliet om Jesus, Guds Son. Ved at eg sjølv tek imot velsigninga vert eg kanal for velsigninga og det gjeld lækjedom ved bøn også.

Seinare når mor mi vart sjuk av helveteseld og lungebetenning, bad vi for henne i Maranata, først vart ho lækt frå helveteseld og sidan bad vi for henne igjen og då vart ho lækt for for lungebetenning også. Legg merke til at han svarde meg at eg har lækjedom på grunnlag av at han tok bort synda med sitt offer ein gong for alle. Det er den mest sentrale lækjedomspreika eg kan tenke meg. Så derfor vart mor mi lækt som svar på vår bønn for henne.

Bodskapen 30.9.2012:

«Du skal ikkje frykte for nokon ting. Men la i alle ting, alle dine ynskje komme fram for meg i bønn, med påkalling, med takkseiing, i tilbeding, og eg som veit før du ber, kva du treng, eg skal ause ut over deg min herlegdom, eg skal gi deg straumar av levande vatn, eg skal gi deg overflod av liv. Eg skal gi deg det Golgata har brakt deg, og det er eit fullbrakt og fullkome verk. I meg skal du få kjenne at du ingen ting skal mangle. I meg skal du få oppleve at du blir gjort rik på alt det du behøver, både her og i all framtid. Så pris meg og lov meg, eg er Herren, din gjenløysar.

Berre løys deg frå dine band, i mitt namn skal du kjenne banda brest, i mitt namn skal du kjenne lenkene, dei vert frigjorde. Og du skal få lov til å – kan du løfte frimodig ditt hovud, og du skal få kjenne at den eg set fri, er verkeleg fri. Du skal få oppleve det, at du skal stråle av glede. For fordømminga er teken bort, alt det tunge har eg bore, alle dine plager og sjukdomar tok eg på meg og i mine sår har du fått lækjedom. I kveld har du fått lækjedom, her og no har du fått lækjedom. Din kropp skal få oppleve lækjedom, fordi eg sona di synd, eg tok bort rota og eg fjerna årsaka og eg vart opphav til herleg frelse, til ånd og sjel og lekam for deg. Derfor i denne kveldsstund er du verkeleg fri, til ånd, til sjel og til lekam. Og er du broten ned på det ytre plan, eg kan reise deg oppatt, er du broten ned i ånda, eg skal blåse liv i deg, så du skal kjenne du blir ein ny skapning. Halleluja.»

Bodskapen 14.10.2012:

”Sjå, eg er alt kjøts Gud, skulle nokon ting vere for vanskeleg for meg? Nei, du skal vite, alt er mogleg for meg, det var eg som talte og det skjedde, eg baud og det stod der, sjå, det er eg som har all makt i himmel og på jord. Derfor, mitt barn, skal du vende ditt blikk opp til meg og du skal regne med meg, seier Herren, og ikkje stole på menneske, men du skal setje di lit til mine lovnader, seier Herren, for dei står fast og eg står bak mitt Ord. Sjå, slik som eg var med mitt folk i fordoms tider, når dei følgde mine vegar og dei gjekk mine vegar, og tente meg med eit udelt hjerte, ja, då var dei uslåelege, seier Herren, det var ingen som kunne røre ved dei, for sjå, eg er den same i dag, det folk som vender seg til meg og reknar med mi kraft, dei skal få oppleve å gå ifrå siger og til siger og dei skal få oppleve, at eg er den eg har sagt meg å vere.

Eg har jo sagt i mitt ord, korleis det skal vere i den siste tid, før eg kjem att, då skal det vere krig både her og der og det skal høyrest rykte om krig, ja, det skal vere jordskjelv både her og der og folk skal reise seg imot folk, seier Herren. Sjå, det er dette som skjer i dag, seier Herren. Men de, mine barn, de skal ikkje sjå på alt dette, for denne verda, den går sin undergang i møte. Men de, mine barn, de skal løfte hovudet, for forløysinga stundar til. Sjå, eg kjem snart på skya, for å hente heim dei som ventar meg, dei som er reinsa i mitt blod. Sjå, dei skal eg hente og eg skal føre dei trygt inn i staden med dei faste grunnvollar. Derfor vend ditt blikk til meg, seier Herren, og eg skal forsyrgje deg, eg skal ta vare på deg, inntil du står heime i herlegdomen.”

Jesus sa at eg skulle komme til han med alle mine behov, så eg skulle ingen ting mangle og eg forstår det slik at det gjeld ei kone også, har eg bedt han om å gi meg ei frelst kvinne til kone, så skal eg ikkje mangle henne.

Kanal for Guds velsigning.

Når eg vart glad i ei jente, gjorde Jesus meg til kanal for si velsigning til henne.

Eg fekk komme til Jesus og drikke av livets vatn og det vart i meg ei kjelde som vella opp til evig liv. Det var viktig for meg. Så strøymde det elvar av levande vatn frå mitt liv, så eg vart ein kanal for hans velsigning. Det overgjekk min forstand, dette hadde eg ikkje kontroll på. Men det var hans hensikt og meining med meg og Jesus sa han ville gjere meg til ein kanal for si velsigning. Då tenkte eg først på henne Reella, så på henne Virtuella, men eg trur og forstår at han ville gjere meg til kanal for si velsigning til dei begge og mange med dei.

No handlar det om at eg vart kanal for Guds velsigning til henne Virtuella, eg opna meg for velsigninga og vart velsigna og fekk oppleve at eg vart kanal for Jesu velsigning til henne, så ho også vart velsigna saman med meg. Eg vende meg til Kristus og fekk oppleve at Gud openberra si frelse for oss i han, så eg takka Gud og Lammet for frelsa. Dette var rett fordi Kristus fekk retten ved at han gjekk til Faderen.

Jesus plan med meg er eit folk som lever og blomstrer.

Jesus har mange gongar sagt at eg skulle opne meg for fylden av den Heilage Ande. Han sa han ville gjere meg til kanal for si velsigning. Bodskapen søndag 15. september 1996, Finn Arne Lauvås hadde tyding av tungetale. Diktafon-opptaket er av og til litt vanskeleg å gjengi, innspelings-farta er ujamn:

«Ja, sier Herren, når du lar denne kjærlighet fylle deg, prege ditt sinn og prege ditt innvortes menneske da vil du også være i en atmosfære og du vil være i et område i Åndens verden som gjør at dette ny som jeg har talt til deg vil vokse, ja, det nye livet vil blomstre. For kjærligheten sier Herren, det er …. sirkulasjonen, det er hjerteslaget, det er livet fra meg. (La det få prege deg), la mitt ord om kjærlighet helbrede sår og skavanker i din personlighet, slik at du våger å leve, slik at du våger å opne deg. La min kjærlighet i denne stund helbrede all skuffelse, alle ting som har gjort at du har lukket deg til, slik at du igjen kan leve og blomstre. For jeg, min plan med deg er … et folk som blomstrer og lever, sier Herren. Derfor la min legende hånd være over ditt hjerte i denne stund. Alle de sår og indre ting som har bundet deg, se, jeg Herren leger deg i denne stund.

…..og da denne guddommelige duft i ditt indre stiger opp for meg, innfor nådens trone og denne duft, den blir til røkelse og tilbedelse, skal du vite mitt barn, at der vil min trone bygges, der vil min makt komme mer til syne, der vil mine gjerninger, der vil min hånd, der vil mitt verk igjen komme til syne, for jeg virker gjennom kanaler som er åpne, sier Herren. Jeg har valt å virke gjennom mennesker. Jeg kan gjøre hva jeg vil, men jeg har valt å virke gjennom mitt folk som er mitt legeme. Derfor lukk deg ikke til, men åpne deg vidt opp, slik at hele ditt liv blir en blomstring (av det) guddommelige jeg har lagt i deg. For du har lagt,- fått noe i deg, en skatt som du har i lerkar, som skal berike. Du skal være velsignet, men du skal også være til velsignelse. Amen.»

Når eg merka at eg byrja å verte glad i henne Virtuella, vedkjende eg for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekke i ny fylde av den Heilage Ande. Sidan inngjekk eg eit godt samvits pakt med Gud, på grunnlag av Jesu oppstode frå dei døde. Med det meinte eg framleis at denne kjærleiken var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Eg forstår at då opna eg meg som kanal for Guds velsigning til henne, så både eg og ho vart velsigna. Vi påkalla og lovpriste Kristus som vår frelsar og Herre, han var vår beste ven og derfor vart vi gode vener og denne kjærleiken og velsigninga skulle gjere vennskapet mellom oss sterkare og meir personleg. I det eg framleis vender meg til han og ser på han, vedkjenner eg at det framleis er rett, så eg framleis opnar meg for denne kjærleiken og velsigninga, soleis opnar eg meg framleis som kanal for Guds velsigning til henne. Sjølv om han er Herre, så er han ingen diktator som vil diktere oss i eitt og alt, som Guds born har vi noko vi skulle ha sagt vi også og det er viktig for oss å komme til han med det. Og det kan vere tilfelle der Kristus kallar oss til noko spesielt og då er det viktig for oss å lyde, i det vi trur og forstår og stolar opå at han elskar og har omsorg for både oss og andre. Eg påkallar han framleis som min frelsar og Herre og får prate med han som min beste ven og det får ho også. Eg vart velsigna ved å velsigne han og velsigne henne, så det handlar om at eg tok imot velsigninga og vart velsigna og slik vil eg halde fram med å velsigne han og henne, så eg framleis vert velsigna slik. Soleis opnar eg meg framleius som kanal for Guds velsinging til henne. Så håper eg at ho igjen vil vende seg til han og påkalle han som sin frelsar og Herre og ta imot han og prate med han som sin beste ven. Velsigne han så ho blir velsigna.

Rom.8, 31 Kva skal vi så seia til dette? Er Gud for oss, kven er då imot oss? 32 Han som ikkje sparte sin eigen Son, men gav han for oss alle, kan han anna enn gje oss alle ting med han?
    33 Kven vil klaga Guds utvalde? Gud er den som frikjenner. 34 Kven kan då fordøma? Kristus Jesus døydde, ja, meir enn det, han stod opp og sit ved Guds høgre hand, og han bed for oss. 35 Kven kan skilja oss frå Kristi kjærleik? Trengsle eller angst eller forfylging eller svolt eller nakenskap eller fare eller sverd? 36 Det står då skrive:
        For di skuld vert vi drepne
        dagen lang,
        vi vert rekna som slaktesauer.
    37 Men i alt dette vinn vi meir enn siger ved han som elska oss. 38 For eg er viss på at korkje død eller liv, korkje englar eller krefter, korkje det som no er eller det som koma skal, eller noka makt, 39 korkje det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.

Ved korsets fot finn vi den ekte kjærleiken.

Synda skilde menneska frå Gud, men med eitt offer tok Jesus den bort ein gong for alle. Slik har Gud vist oss sin kjærleik. Så ved korsets fot finn vi den ekte kjærleiken og den skal vere mellom oss og derfor skal vi glede oss.

Ein av bodskapane 12.2.2011:

«Eg vil de skal vite at?) med evig kjærleik har eg elska dykk.  Denne kjærleik som eg har utgytt på Golgata kors, då eg døde for kvar einaste ein, denne kjærleiken vil eg skal vere mellom dykk. For det største av alt er kjærleiken. Derfor mine barn, vil eg de skal forstå at den kjærleiken (som de) lengtar etter, den har de i meg. For utan meg kan de ingen ting gjere. Det er eg, det er eg som er kjærleiken, det er eg som gjev kjærleiken. Ja, de kan ingen ting gjere av dykk sjølve. De kan ikkje ha denne kjærleiken eller produsere den sjølve. Men når de ser på meg, når de er i meg  ……

Kjærleiken overvinner alt, kjærleiken løyner ei mangfald av synder, (kjærleiken er det største). Derfor mine barn, søk inn til meg, søk inn i Ordet, der som eg er, der skal de få sjå kva ekte kjærleik er. Derfor mine barn, fryd og gled dykk over at de har funne den ekte kjærleiken. De har funne meg og når de har meg, så har de alt de treng, for tid og (æve).»

Denne kjærleiken var mellom meg og henne Virtuella. Derfor yngste eg også å fri til henne. Korleis kunne eg få sagt det på ein fin måte? Om ho ikkje var interessert i mitt frieri, om ho ville seie nei, så meinte eg at den kjærleiken likevel skulle vere mellom oss, den skulle heller verte sterkare, ved at vårt vennskapsforholde vart meir personleg og betre.

Denne kjærleiken skal vere mellom oss ja, og for meg er det viktig når eg vil prøve å finne meg og vinne meg ei kone gjennom helging, så ekteskapet vert inngått i ekte kjærleik.

1.Kor.12, 31 Men streva etter dei største nådegåvene! Og eg skal visa dykk den beste vegen:

1.Kor.13, Om eg talar med mennesketunger og engletunger, men ikkje har kjærleik, då er eg ein ljomande malm eller ei klingande bjølle.  2 Om eg har profetgåve og kjenner alle løyndomar og eig all kunnskap, og om eg har all tru, så eg kan flytta fjell, men ikkje har kjærleik, då er eg ingen ting.  3 Om eg gjev alt eg eig til mat for dei fattige, ja, om eg gjev meg sjølv til å brennast, men ikkje har kjærleik, då gagnar det meg ingen ting.
     4 Kjærleiken er langmodig, kjærleiken er velviljug, han misunner ikkje, briskar seg ikkje, blæs seg ikkje opp.  5 Kjærleiken gjer ikkje noko usømeleg, han søkjer ikkje sitt eige, harmast ikkje, gøymer ikkje på det vonde.  6 Han gleder seg ikkje ved urett, men gleder seg ved sanninga.  7 Alt held han ut, alt trur han, alt vonar han, alt toler han.
     8 Kjærleiken fell aldri bort. Profetgåvene skal få ende, tungene skal tagna, og kunnskapen skal ta slutt.  9 For vi skjønar stykkevis og talar profetisk stykkevis. 10 Men når det fullkomne kjem, skal det som er stykkevis, få ende. 11 Då eg var barn, tala eg som eit barn, tenkte eg som eit barn, dømde eg som eit barn. Men då eg vart mann, la eg av det barnslege. 12 No ser vi som i ein spegel, i ei gåte; men då skal vi sjå åsyn til åsyn. No kjenner eg stykkevis, men då skal eg kjenna fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av Gud. 13 Så vert dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken.

Våk og be, ver brennande i ånda og ivrige i tenesta.

Eg skal våke i bøna med takkseiing og Jesus vil svare meg i den retninga han veit er best for meg.

Jesus vil fylle oss med herlegdomens sky. Han vil leie meg til levande vatn,til kjelder, til frukter og nådegåver. Maranata 23.1.2016. Tyding av tungetale ved Tore Kristiansen:

Våk i bønna med takkseiing. Og når du våker på den måten i bønna, så skal eg, Herren, svare deg, med store og ufattelege ting, kanskje ikkje i den retninga du tenkte, men eg skal svare i den retninga og med det mål som eg veit er best for deg. Og du skal få oppleve noko du aldrig før har opplevt. For framleis høyrer eg bønner, framleis svarar eg bønner, framleis så ynskjer eg å fyll mitt barn og fylle mi menigheit med herlegdomens sky, så du skal få oppleve, at du aldrig før har opplevd maken.

Du er fri, du er forløyst, gjennom blodet har eg løfta deg opp, gjennom Jesu blod er du befridd frå all di synd. Du kan frimodig prise meg, du kan frimodig love mitt heilage namn. Og når du prisar mitt namn, så kjem gleda inn i ditt liv, når du prisar mitt namn, så går fridomen opp for deg. Når du prisar mitt namn, vil alt det vonde fly. Når du prisar mitt namn, då vil rettferds-sola gå opp som aldrig før i ditt hjerte.

Slå ikkje blikket ned, løft det opp imot himmelen. La ikkje dine hender synke, men løft dei opp imot himmelen. Stå ikkje stille på den stad der du befinn deg, men sett din veg i mi hand og eg skal dra deg, leie deg, føre deg og eg skal føre deg til levande vatn, eg skal føre deg til kjelder, eg skal føre deg til frukter og nådegåver og du skal få oppleve å verte berika av mi velsigning i overmål på overmål. Fordi eg Herren har satt dører opne for deg. Halleluja.

I SO.5,15-20 vart det sagt til ein mann at han skulle halda seg til kona si, utan å ha hug på andre kvinner, ho vart omtala som ei kjelde med vatn som han hadde å drikke av og då skulle han ikkje drikke av andre kjelder. Det vart også sagt på den måten at han skulle ikkje la kjeldene sine fløyma på gater og torg, han skal ha dei heilt for seg sjølv. Det er Gud som er kjelda med det levande vatnet, men dei har altså begge fått innlagt vatn.

I Joh.4,14 ser vi korleis vi får innlagt vatn og i Joh.7,37-39 seier Jesus om dei som trur på han, at fråd eira indre skal det renna straumar av levande vatn.

Det høver med

SO.4, 20 Son min, lytt når eg talar,
          vend øyret til mine ord!
          
    21 Slepp dei aldri av syne,
          gøym dei djupt i hjartet!
          
    22 Dei er liv for den som finn dei,
          og gjev helse til heile kroppen.
          
    23 Ta vare på hjartet framfor alt,
          for livet går ut frå det.

Det høver ikkje med SO.5,15-20, sikkert fordi dette er ei spesiell sak, det handlar om kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, om ekteskapet.

I denne bodskapen sa Jesus at han ville leie meg til levande vatn, til kjelder. Korleis då? Det er no ved at eg les i Bibelen, søker Herren av heile mitt hjarte og innviar meg for han. For det er då Gud som er kjelda med det levande vatnet.

Når eg merka at eg byrja å verte glad i henne Virtuella, så vedkjende eg for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same entne ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde den Heilage Ande (Rom.5,5). Slik vart ho ei kjelde med vatn for meg, for både eg og ho hadde fått innlagt vatn. Eg kjem til at for meg er det ei kjelde som eg framleis kan drikke av, for det er då Gud som er kjelda med det levande vatnet. Guds bekk er full av vatn. Den vert aldri tørr.

Eg gjer rett i å lovprise Jesus for at han frelste henne Virtuella, for at han gav henne ånd og liv og vekte henne opp til liv i samfunn med seg og Faderen. I denne bodskapen ser vi at der er mange lovnadar som vert innfridde ved at vi lovprisar Gud og Lammet for frelsa.

Jesus vil gjere meg ivrig etter  å vitne om han igjen. Korleis vart eg frimodig nok til det og endåtil ivrig?

Jesus ville eg skulle innvie meg til han, verte brennande i ånda og ivrig etter å vitne om han. Andre bodskapen 18.6.2017:

«Ja, seier Herren, eg vil at du mitt barn, du skal søke inn til meg, inn i heilagdomen, så skal eg Herren, bruke deg til stor og rik velsigning. Men sjå, seier Herren, du held deg litt på avstand og du er ikkje innvia til meg og du søker ikkje meg slik som du gjorde i fordums dagar, då du var brennande i ånda og du vitna om meg på ein kvar stad og du brann for meg, seier Herren. Eg vil at du skal komme tilbake igjen til dette, seier Herren. For eg ynskjer å bruke deg og eg vil bruke deg til stor og rik velsigning, seier Herren. Sjå, eg har talt til deg mange gangar før, men du har vore gjenstridig, men sjå, seier Herren, eg elskar deg med ein evig kjærleik og eg vil at du skal gå sigrande ut av denne verda. Eg vil at du skal oppleve herlege ting med meg, seier Herren. For sjå, eg er rik nok, seier Herren, for alle som påkallar meg. Derfor påkall mitt namn og eg skal møte deg på nytt igjen, seier Herren.

Frelsa i meg, den er gratis, seier Herren. Du kan ikkje gjere noko, verken frå eller til, men av nåde, så vert du frelst. Og det er ei gave ifrå meg, det er noko du får fritt og for inkje, seier Herren. Derfor ta imot denne gava, frelsa, den er gratis, seier Herren. Men ta imot, audmjuk deg, seier Herren, og eg skal reise deg opp i Jesu namn. Amen.»

Når eg var ein liten gutunge, vart eg opplærd til å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be han frelse våre næraste og be for folket og landet. Når eg vart noko eldre forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførde slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse menneska frå det og gi meg ei frelst kvinne til kone.

Når eg gjekk på undomsskulen vart eg forelska i ei kristen jente og let henne få vite det. Då slutta ho å gå i det kristne skulelaget og svarde meg at ho ikkje følte noko for meg og at ho var ikkje kristen likevel. Eg skreiv tilbake og vitna om mi tru på Jesus. Det overraska henne, jau, ho var kristen likevel. Slik fekk eg frimod til å vitne om Jesus og for meg var det frigjerande. Eg merka at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var fødd i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Sidan, når eg byrja å lese meir i Bibelen sjølv, oppdaga eg at dette stemte med Paulus si lære og med Heb.3-4. Hos Jesus fekk vi  drikke av det levande vatnet og det vart i oss ei kjelde som veller opp til evig liv. Dette var så viktig for meg og det gjorde meg ivrig etter å vitne om han.

Israelsfolket skulle vere Guds born, dei var hans born, likevel levde dei som trælar i den gamle pakta. Paulus forklarer dette slik:

Gal.4,1 Lat meg forklara dette. Så lenge ein arving er umyndig, er det ingen skilnad på han og trælen, endå han er herre over heile eigedomen.  2 Han står under formyndarar og hushaldarar til den tid far hans har fastsett.  3 Såleis var det med oss òg. Då vi var umyndige, var vi trælar under grunnkreftene i verda.  4 Men då tida var fullkomen, sende Gud Son sin, fødd av ei kvinne, fødd under lova.  5 Han skulle kjøpa dei frie som var under lova, så vi kunne få barnekår.  6 Og sidan de er born, har Gud gjeve sin Sons Ande i hjarto våre, og Anden ropar: «Abba, Far!»  7 Difor er du ikkje lenger træl, men son. Og er du son, då er du òg arving, innsett av Gud.
   
 8 Den tid de ikkje kjende Gud, træla de under gudar som i røynda ikkje er gudar.  9 Men no når de kjenner Gud, ja, det som meir er, når de er kjende av Gud, korleis kan de no på nytt venda attende til desse veike og fattigslege grunnkreftene i verda? Vil de atter træla under dei? 10 De aktar nøye på dagar og månader, høgtider og år. 11 Eg er redd at alt strevet mitt med dykk har vore fåfengt.

Då skulle ein vel tru at det er slik i oppveksten for den einskilde også? Men Jesus sa at dei måtte vende om og verte som born for å komme inn i Guds rike. Då kan vi konkludere med at det kjem an på kva slags opplæring vi får.

Eg trudde på Jesus i oppveksten og eg visste det var viktig for meg å vedkjenne mi tru for andre, men det var eg redd for. Men eg vedkjende det for Jesus og bad han frigjere meg frå den menneskefrykta, ja, for eg var opplærd til at eg kunne komme til han med alle mine problem. Men kvifor var eg redd for det? Frykta heng saman med trælekåret, det betyr å tene jordiske herrar. Om eg vedkjende mi tru, så ville kristne leiarar stille forventnignar om korleis eg skulle vere, men eg ville ikkje komme til å passe inn i det bildet. Det vart eit spørsmål om å tilpasse seg slike sjefar altså. Og meir verdslege autoritetar ville komme med sine krav, som motsetnad til det frykta eg mest. Skulle eg kanskje berre snu det andre kinnet til og verte så forsvarslaus? Vel, seinare har eg nok innsett at i dei fleste tilfelle, om enn ikkje så bokstavleg, ville det faksisk vere det beste forsvaret likevel. Om eg skulle vitne fordi eg kjende det som eit krav frå kristne leiarar, så ville eg oppleve det som eit kunstig krav, som om det ikkje var ekte altså og derfor hadde eg eigentleg god grunn til å frykte.

Men når eg vart forelska i ei kristen jente og let henne få vite det og ho ikkje var interessert, då vitna eg for henne om mi tru på Jesus og det utan frykt. For no følte eg ikkje at det var på grunn av noko kristne leiarar ville, det var ikkje for å tene dei, som om dei skulle vere mine formyndarar og herrar, det var heller ikkje på grunn av noko verdsleg makt ville med meg eller oss. Men ved tru på Jesus fekk eg den Heilage Ande av berre nåde, slik fekk eg ein skatt i leirkar. Så eg merka at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så det kom frå hjetet og det var ekte, derfor kjende eg det som rett å vitne om han. Derfor frykta eg heller ikkje for det. Ved korsets fot fann eg den ekte kjærleiken og den dreiv frykta ut (Rom.8,15 1.Joh.4,9-10 18-20).

Slik fekk eg frimod til å vitne om Jesus og når eg byrja på gymnaset vart ivrig både med å vitne og å gå på møte. Eg vart litt kjend med henne Virtuella, ho spelte gitar og lovriste Jesus som sin frelsar og Herre. Eg merka at eg byrja å verte glad i henne, så eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri, med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Og eg er overtyda om at eg soleis vart til kanal for Guds velsigning til henne. Det gjorde meg endå meir entusiastisk og frimodig, så då skulle eg også ha frimod til å fortelje henne det og fri til henne. Fridomen i barnekåret hos Gud inneber at vi er fri til å seie det som ligg opp på hjertet, for Gud har gitt oss sin Ande og sin kjærleik i hjertet. Om vi ikkje har moglegheit til det, så har vi i alle fall moglegheit til å seie det til Jesus, han er vår frelsar, vår venn og vår Herre, slik har vi fått eit personleg Gudsforhold. Vi har fått barnekår hos Gud, så vi får seie til han det som ligg oss på hjertet. Dette er det primære og viktigaste.

Omlag eit halvt år etter at eg byrja å studere realfag i Bergen, talte Jesus til meg omlag slik: Du som fekk livet planta i deg, dette livet, det skal vekse. Då visste eg at det var planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge. Ein plante treng vatning så den får næring frå jorda, gjennom røtene og den treng sollys, så den veks og blomstrer. Jesus gir liv til vår sjel og ånd i vår kropp, sjå sjela lever i Anden. Dette er individuelt, slik får den einskilde leve og blomstre. Det er viktig for oss å lese i Bibelen og søke Gud av heile vårt hjerte, både i heimen og i kyrkjelyden, for å gi dette livet det som det treng å leve av. Dette er meir fundamentalt enn verdslege maktinteresser, politiske og økonomiske maktinteresser. Om slike maktinteresser fortrenger det, verkar det drepande. Det er ei konflikt som vi alle får merke.

Jesus har ein fullkommen plan med meg.

Jesus har nyleg minna oss om å jage mot det fullkomne. Bodskapen 30.1.2022:

«Mine barn, som jeg elsker, som jeg har gitt mitt liv for, jeg ønsker at dere skal være hellige og rene liksom jeg er hellig og ren, sier Herren. Jeg ønsker at det liv som jeg har kallt dere til, skal være et liv som dere kan være – som jeg kan være stolt av. Jeg ønsker at det liv dere lever her i verden, skal være et liv hvor jeg bestemmer, et liv hvor jeg taler til dere og gjennom dere. Jeg ønsker at dere skal leve her i denne verden og også vite at dere er ikke av denne verden. For jeg har tatt dere ut og gitt dere et nytt liv, et nytt hjerte, og dere er nye skapninger i meg, sier Herren. At dere har fått en ny identitet. Derfor skal du ikke se på deg sjølv og dine egne mangler, din egen ufullkommenhet. Men du skal se på meg, for se, jeg gjør alle ting nye. Se jeg gjør alle ting nye, sier Herren. Også i ditt liv. Derfor skal du vende deg bort fra det som ikke gir frukt, du skal vende deg bort frå det tomme snakk, du skal vende deg bort fra ugudelighet. Så skal du vende deg til meg og se opp på meg og jeg skal virke i deg og gjennom deg, som bare jeg kan gjøre, sier Herren.

Se, jeg vet om dine gjerninger, jeg vet at du har liten styrke, jeg vet at du har trådt feil. Men jeg vil at du nå skal se på meg, se, jeg har sett foran deg en open dør, sier Herren. Og den døren skal du gå inn igjennom, jeg inviterer deg på nytt til å gå inn gjennom opne dører. Jeg inviterer deg på nytt til å gå videre med meg, sier Herren. Og løpet er ikke fullført enda, du har ikke kommet til veis ende. Men du skal jage mot målet, mot den seierspris som jeg har kallt deg til, sier Herren. For det er en seierspris jeg har kallt deg til, ikke en nederlagspris, men en seierspris. Og derfor skal du ha målet i sikte, du skal ha min ånd i ditt hjerte og være bevisst på at jeg vil bruke deg, jeg vil tale til deg. Og du skal få se noe som du ikke har sett på lenge, du skal få se at jeg kaller på de ufrelste, jeg kaller på bønnebarna, jeg vil igjen skape nytt liv i ditt hjerte, men også i de som enno ikke kjenner meg. Og du skal få se at det er bare en måte å komme til tro på, det er at mitt namn holdes høyt, mitt namn proklameres. Og når jeg blir opphøyet, så skal jeg dra alle til meg, sier Herren. Halleluja.»

Byrjinga av andre delen av denne bodskapen refererer til brevet til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia (Op.3), han hadde lite kraft, men hadde ikkje fornekta Jesu namn. Han skulle sjå at Kristus hadde sett fram for han ei open dør, så ingen kunne lukke. Vi har lett for å tenke på det som ei fysisk dør som vi fysisk ikkje kjem gjennom utan at den er open. Men dette er sagt til ein engel, så vi kan tenke på han som ein åndeleg person, som er ein bodberar frå Gud. Han skal først og fremst sjå den opne døra i kyrkjelyden, at der er ei open dør for den bodskapen han har å bringe og gå gjennom den, med bodskapen sin. Det har seg slik at Jesus har bana vegen for oss inn i den himmelske heilagdomen.

Fysisk kan vi komme inn i mange slags sosiale samanhengar, utan at der er ei open dør for bodskapen vi har å bringe. Det må vi ha sosiale antenner for og finne ut av. Jesus har planar med meg. Det har den vonde også, han er i verda. Men Jesus har gitt meg den Heilage Ande frå himmelen, så han som bur i meg er større enn han som er i verda.

Ein bodskap som kom gjennom tyding av tungetale hausten 1995:

«…… med en gang du ser på de stengte dører. Men du skal vite, når dører lukkes igjen for deg, så står jeg med nye muligheter, jeg vil åpne nye dører for deg, sier Herren.

Difor ønsker jeg av deg at du vender deg mot et nytt mål, de muligheter som stiller åpen, sier Herren. Studer mitt ord og se hvilke velsignelser jeg har gitt deg der. Åpne deg for meg i bønn og lovprisning slik at jeg kan få legge ned i deg den velsignelsen som jeg ønsker å gi deg, sier Herren. Jeg har noe å gi deg, det er for deg.

Ja, bli stille for meg sier Herren. La meg få fylle dine tanker og ditt sinn. La mitt ord få gjennomsyre deg, slik at du får tenke mine tanker, sier Herren. Jeg har nye veier for deg. Og du skal få se at jeg har planer for deg, for din familie, for menigheten, for din omgangskrets. Du skal få være med på det. Midt i velsignelsen skal du stå og nyte det, sier Herren.»

Alle som tok imot Jesus gav han rett til å verte Guds born, fødde av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Jesus set dei fri, så dei får leve i fridomen i barnekåret hos Faderen, dei lever i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans born, og får oppleve at han elskar dei og har omsorg for dei som sine born. Soleis må vi vende om og verte som born, for å komme inn i Guds rike. Jesus har planar med meg og med sin kyrkjelyd og eg forstår det slik at kyrkjelyden er Jesu brud og det betyr at kvinnene i kyrkjelyden lever i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Eg har bedt han gje meg ei frelst kvinne til kone og det betyr at han gir meg ei kone som lever i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Så Kristus elskar henne gjennom meg, som si brud og slik elskar eg henne som mi brud. For Jesus lever i meg og han har sagt at han har ein fullkommen plan med meg. Sitat frå bodskapen 8.12.1999:

«Eg har talt til deg, sier Herren, fordi eg er glad i deg. For du er dyrebar i mine øyne. Fordi du er akta høyt og eg elsker deg. Derfor har eg gitt mitt ord, for eg ønsker at du skal leva nær meg. Eg ønsker ikkje ein gang at den nest beste planen skal bli nådd med livet ditt. Men eg har en fullkommen hensikt og eg har ein fullkommen plan. Og eg ønsker at nettopp du skal få lov til å vandra i den planen. Få oppleve at eg leder deg, eg tar hånd om deg. Og husk på, mitt elskede barn, når du følger meg, så går eg foran deg. Eg bruker ikkje slepp-kjeppen for å piska deg framover, slik at du skal tene meg i angst og i beven. Men eg ønsker også at du skal få lov til å oppleva at eg møter deg slik at du kan ha ærefrykt for meg. Og slik at du kan bøya ditt ord- eller din- ditt liv under mitt eget ord. Så fordi du vet at det er gitt deg fordi eg har ein plan, eg har ein lengsel, eg har ein hensikt og eit formål, og det er barnets sanne vel, aleina. Gi akt på mitt ord, la det få vera rettesnor for livet ditt. Og det er veien til velsignelse, det er veien til frigjørelse. Det er veien for eit liv i trivsel og eit liv i etterfølgelse og tjeneste. Og eg ønsker ikkje at fiendens planer skal bli nådd i livet ditt. Eg ønsker å velsigna deg for at du skal vera til velsignelse.

                        Derfor skal du heller ikkje trekka deg undan formaningane i mitt ord. Du skal få lov til å gi akt på de, for de er gitt for å hjelpa deg, de er gitt for å løfta deg. Og flytt ikkje heller mitt Ords grense-skille. Eg har satt de der for at eg ønsker de skal stå der. Og når du respekterer mitt ord, bøyer deg i ydmykhet under mitt eget ord, i staden for å begynna å diskutera det og bøya det og lena deg imot det, for å få skyva det ut, så la grense-skillene stå der eg har satt de. Så skal du få oppleva at -, at du ikkje taper på det, men du vinner på det. Søk først mitt rike og min rettferdighet, så skal du få oppleve at om du kan synest du taper på det, så skal du alikevel oppleva at e -, eg vil gi deg alt det du trenger til. Eg har omsorg for deg. Når enn du følger meg, på mitt Ords vei, så er det eg som den gode hyrde som tar ansvar for deg. Når du går dine egne veier, så må du ofta ta ansvar for dine egne valg. Men når du lar meg få leda deg, så skal du vite at eg har full oversikt. Eg er der, eg tar ansvar for deg, eg hjelper deg. Eg gir deg kraft til å stå. Og eg har også seierskraft for deg, mitt elskede barn. Og du skal også sleppa å -, å sjå tilbake på e-, episoder og ting som har skjedd i ditt liv, der du kom utav sporet og utav veien. Eg vil igjen ta meg av deg. Min hånd, den er rakt ut. Eg har løfta deg inn igjen. No skal du få glemma det som er bak, så skal du få tøya deg ut etter det som er fram-forbi, og så skal eg gi deg ein lengsel etter å fylla deg med mitt ord. Og ikkje berre lesa det og fylla deg med det, men også la det få bli fyrlyset på veien din. La det få lysa deg framover, la det få væra det som avgjør dine valg, når du står ved eit veiskille. Kva seie Herrens ord. Og eg vil gi deg råd ved mitt øye. Og eg vil leda deg framover. Og eg har underfulle planar med deg. Eg vil ha deg i den beste planen for livet ditt. Eg hadde også ein plan med mitt folk Israel fordum, at de skulle få dra inn i landet, men de valgte en annen vei. Eg tok meg også hånd om de gjennom ørkenen, de manglet intet, deres klær ble ikke utslitt, deres føtter ble ikke hovne. Men allikavel, så var det ikkje min fullkomne plan. Og alt dette er skrevet dere til lærdom, for at eg ønsker at dere skal få følga og koma i den beste planen, med min fullkomne plan i min fullkomne vilje. For det er der du trivest, det er der du får lov til å bruka den utrustning eg har gitt deg. Og det er der du skal også oppleva å blomstra, ikkje berre blomstra, men bæra moden åndens frukt, sier Herren. Eg har gitt ditt ord (meininga må sikkert vere “mitt ord”), fordi eg er glad i deg. For eg vil fylla deg og møta deg og velsigna deg og bruka deg. Amen. Amen i Jesu navn.»

Gud ville føre folket sitt til det lova landet og føre dei inn til si kvile. Det var den beste planen, som vi kan kalle plan A. Men sidan dei ikkje trudde og var så motstridige, førde han dei ut i øydemarka og let dei vandre der i 40 år først. Det var ikkje den beste planen, vi kan kalle plan B. Ved tru får vi komme inn til Guds kvile, så eg trur Gud gir meg ei kone i samsvar med sitt Ord, i samsvar med 1.Mos.2. Normalt sett skulle eg ha fått henne når eg var ung, 18-30 år, så det kan virke som eg allereie har vore gjennom plan B, som ei ørkenvandring på 40 år. Så då er det vel på tide å komme over i plan A. Kven er det i så fall som skal bli kona mi, kva er soleis beste planen?

Men i denne bodskapen høyrest det ut som plan B ikkje er aktuell, Gud er berre interessert i å få meg inn i plan A. Kanskje eg er i plan B, men han vil ha meg over i plan A? Vi er på vegen til livet, dersom vi tek av frå den vegen, så skal vi få høyre ei stemme bak oss som seier at dette er vegen, vandre på den. Slik vert retninga vår korrigert. Jesus er vegen, sanninga og livet, ingen kjem til Faderen utan ved han. Han vil leie meg inn i den beste planen, han er den gode hyrdingen som leier oss til grøne marker og vatn der vi finn kvile. Vi skal jage mot det fullkomne, Jesus er fullkommen og vi skal sjå på han, slik finn vi den rette retninga.

Jesus har ein fullkommen plan med oss. Den vonde har ein annan plan. Kva mede styresmakta? Den har sikkert nok ein plan, kanskje vi kan kalle det plan B, men det er ikkje den beste. Dette har eg skrive meir om her:

For å forstå skilnaden må vi hugse på at i Israel var prestetenesta noko anna enn kongsmakta, kongen og øvstepresten hadde to ulike funksjonar, det var ikkje same person. No er Jesus både øvsteprest etter Melkesediks vis og kongars konge. Og han har gjort oss til eit kongeleg presteskap. Så skal vi jage mot det fullkomne og det er i himmelen. Han har kalla meg inn på vegen til det nye Jerusalem og det er på den nye jorda.

Bodskapen 2.12.90.

I den første tid, så utvalde eg Abraham. Den utveljinga står fast enno i dag, ja til evig tid. Like fast står det at det var eg som utvalde min elska Son, Jesus. Og eg vil gjere det slik at nasjonane vender sine blikk på Israel. Og eg vender mine hender til nasjonane, dei er der biletleg tala utstrekte med innbyding til mine nådegåver, endåtil dei som ikkje vil ha noko med mitt namn å gjere, men som berre vil trakke det ned under føter, innbyr eg til fellesskap.

Og det var eg som utvalde deg. Og eg innbyr deg i dag til å innvie deg til teneste for meg. Du skal ikkje tene denne verda, men du skal tene himmelen. Verda og all si lyst forgår, men eg vil gi deg av dei himmelske verdiar og skattar, som er gull verd, og som aldrig forgår. Eg kallar deg no inn på vegen til det nye Jerusalem. Du skal sette di tru og tillit til meg. Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verte frelst.

Du har høyrt det før, at eg er den som døyper deg med den Heilage Ande og eld. To gangar har du høyrt det, og tre gangar har eg talt til deg, og eg trykker no på åtvaringa sin knapp; i dag om du høyrer mi røyst, så forherd ikkje ditt hjerte. Eg vil sjølv komme og ta bustad i deg. I det høge og heilage bur eg, og hos den som er broten og nedbøygd i ånda.

Du skal ikkje føle deg vissen og kraftlaus i din kvardag, men alt du treng i dagane som ligg føre, det har du i meg.

2022.08.11. Salen Fiskå. Jesus bankar på hjertets dør og ynskjer å få komme inn som ein god ven som vert yngst velkommen.

Bodskapane 11.8.2022.

Her er dei bodskapane som kom, først tyding av tungetale:

Se, jeg står for døren og banker, sier Herren. Om noen hører min røst, så skal han opne og jeg skal komme inn til ham og holde nattverd med ham. Se, jeg står foran deg og banker på ditt hjerte og jeg vil så gjerne ha fellesskap med deg, mitt kjære barn. Jeg vil så gjerne komme, ikke som en hersker, men som en venn, som eg gjest som du ønsker velkommen. Jeg vil ikke trenge meg inn i livet ditt, men jeg vil og lengter etter at du skal ønske meg velkommen. For jeg har planer for deg, jeg ønsker å fortelle deg den vei du skal vandre videre. Du skal ikke se deg engstelig om, du skal ikke frykte, du skal ikke være redd, for jeg er med deg. Jeg skal ikke slippe deg, men jeg har lovt å være med deg alle dager. Jeg sender deg ut på spennende oppdrag, jeg sender deg ut i verden, og jeg lover å fornye det møtet; se, jeg er med deg alle dager, inntil verdens ende.  Ønsk meg velkommen inn i ditt liv og du skal få kjenne at jeg tar bolig i deg med hele min fylde, sier Herren.

Så profetisk bodskap:

(Eg rakk ikkje å spele inn byrjinga, tek det berre etter hukommelsen og bibelteksta), men det som kjem etter første komma, er innspelt)

«Der to eller tre er samla i mitt namn, er eg midt i blant dere. Uten at dere blir som barn, kan dere på ingen måte komme inn i Guds rike.»

Mine kommentarar 18.10.2022.

Høyre og sjå.

Breva til englane for kyrkjelydane i Johannes Openberring vert avslutta med at den som har øyre, han høyre kva Anden talar til kykjelydane. Inn i brevet vert det av og til tale om å sjå, i brevet til kyrkjelyden i Laodikea, skulle engelen sjå at Jesus stod for døra og banka på. Men her er auge og øyre lemer på Jesu lekam, å høyre og å sjå er nådegaver og tenester, korleis er det mogleg? Ja, denne engelen trengde augesalve så han kunne sjå skikkeleg.

Johannes Openberring.3,14 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Laodikea:
        Dette seier han som er Amen, det trufaste og sannferdige vitnet, opphavet til Guds skaparverk: 15 Eg veit om gjerningane dine; du er korkje kald eller varm. Gjev du var kald eller varm! 16 Men du er lunka, ikkje kald og ikkje varm. Difor vil eg spytta deg ut or min munn. 17 «Eg er rik,» seier du, «eg har overflod og vantar ingen ting.» Men du veit ikkje at nett du er arm og ynkeleg, blind, fattig og naken. 18 Difor rår eg deg til å kjøpa av meg gull som er lutra i eld, så du kan verta rik, og kvite klede som du kan kle deg med og løyna di nakne skam, og salve til å ha på augo dine, så du kan sjå.
    19 Alle dei eg har kjær, refser og tuktar eg. Gjer alvor av å venda om! 20 Sjå, eg står for døra og bankar på. Om nokon høyrer mi røyst og opnar døra, då vil eg gå inn til han og halda måltid, eg med han og han med meg.
    21 Den som sigrar, han vil eg la sitja med meg på min kongsstol, liksom eg sjølv har sigra og sett meg med Far min på hans kongsstol.
    22 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!

At Kristus stod utanfor og banka på samanliknar eg med Adam og Eva som gøymde seg for Gud med dårleg samvit etter syndefallet. Eg reknar med at det måltidet det er tale om her er nattverden, det var også skrive i 1938-oversettinga. Englen meinte han var rik, men eigentleg var han fattig. Men dette måltidet vil gi han det han treng, så han vert rik.

Nattverden og dåpen. Omsorga og lovsangen.

Nattverden er til minne om Jesus, han er brødet som kom ned frå himmelen, det ordet han har tala til oss er ånd og liv.  Så det minner oss om korleis den Heilage Ande har openberra han for oss, minna oss om Guds Ord og openberra det for oss.

Vi skulle søke fyrst Guds rike og hans rettferd, så skulle vi få alt det andre i tillegg til det. Den omsorga har han for oss i nattverden. Sentralt i den omsorga er ekteskapet, så eg trur Jesus gir meg ei kone i nattverden, i måltidet med han.

Nattverden er til minne om Jesus, så den minner meg om korleis Gud openberra si frelse for meg og henne Reella og for meg og henne Virtuella. I dette møtet minna det meg spesielt om korleis Gud openberra si frelse for meg og henne Virtuella, som om hans plan var å gi meg henne til kone. Slik gjekk det ikkje, det er no avgjort for lenge sidan, då verkar det paradoksalt å verte minna om det no.

Hausten 1985 kom der ein bodskap gjennom tyding av tungetale der Jesus sa til meg: «Den lovsangen som eg la ned i deg, den er din og den skal vere din i all æve, i djupet av deg, der er den. Og den pakta du inngjekk med meg, den står ved lag og skal stå fast i all æve». Det fekk meg til å tenke på henne Virtuella, eg vart litt kjend med henne når vi gjekk på gymnaset, ho spelte gitar og sang lovsangar til Jesus og prisa han som sin frelsar og Herre. Ho levde i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud, og i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn. Eg merka at eg byrja å verte glad i henne, så eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Eg opplevde det som om ho var i Faderens hand og han la henne framfor meg eller i djupet av meg. Slik openberra han henne for meg som det vidunderlege barnet han fødde henne til, født av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd.  Han elska henne og hadde omsorg for henne og eg vart så glad i henne.

Siste året på gymnaset inngjekk eg eit godt samvits pakt med Gud, med grunnlag i Jesu oppstode frå dei døde. Eit vesentleg poeng med det var erkjenninga av at denne kjærleiken var frå Gud og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Så det var ikkje noko vi skulle ha dårleg samvit for, så vi skulle gøyme oss for Gud slik som Adam og Eva etter syndefallet. Eg hadde nemmeleg forstått at slik var motstanden mot den kristne vekkinga, spesielt den karismatiske vekkinga, det var å føre klagemål mot dei, med krav om at dei skal gå og gøyme seg vekk med dårleg samvit. Og det endåtil før det har vorte ekteskap, så tidleg som mogeleg så dei ikkje får høve til å snakke om det ein gong, så det kjem ikkje på tale og derfor vert det heller ikkje noko av. Jesus er livet, men denne moralenfilosofien er fiendtleg til han, derfor er den fiendtleg til det biologiske livet også.

Etter gymnaset reiste eg ein tur på tråling og når eg kom på land att bad eg om å få komme inn i eit slikt kristent fellesskap som eg var i når eg gjekk på gymnaset og så bad eg spesielt om å få møte henne igjen. Så eg for til Bergen for å studere realfag og då møtte eg henne igjen på Studentsenteret ein av første dagane. Det var eit møte der eg fekk oppleve at Jesus var med meg. Det vart eg minna om i denne bodskapen, når Jesus sa han lova å fornye dette møtet, sjå, eg er med deg alle dagar inntil verda sin ende.

Verte som born.

Jesus sa til jødane at dei måtte verte fødde på nytt av vatn og Ande for å sjå Guds rike og komme inn i det. Dei må vende om og verte som barn. Det verkar som eit paradoks at voksne menneske skal verte som born, men Jesus syntest det var rart at Nikodemus ikkje visste dette, han var då ein lærar i Israel. Eg trur dei aller fleste som er opplærde i den kristne trua vil oppleve dette som ei konflikt når dei veks opp, men poenget er å tru på Jesus og stole på han, tru på Faderen og stole på at han elskar oss og tek omsorg for oss som sine born.

Dette har eg skrive om i det vide og breide i generelle ordelag, når det gjeld meg sjølv kan eg godt gjenta noko av det. Omlag eit halvt år etter at eg byrja å studere i Bergen talte Jesus til meg omlag slik: Du som fekk livet planta i deg, dette livet det skal vekse. Då visste eg at det var planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge. Eg vart opplærd til å påkalle Jesus som min frelsar og Herre, be han frelse mine næraste og be for folket og landet. Etter kvart forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse menneska frå det og gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone. Når eg voks opp vart det då viktig for meg å halde fram med å tru på han og stole på at han ville gi meg det, som eit barn som kjem til sin far og ber om kjærleik og omsorg og gode gåver.

Når eg byrja på gymnaset, byrja eg å gå i den Freie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at Jesus tala til meg gjennom tyding av tungetale. Han sa til meg at hans frelseverk var fullført og fullkome, så det var bere for meg å takke han for det. Han var den som tok seg av mi sak. Soleis var eg lenge overtyda om at han ville gi meg henne Virtuella til kone, sjølv om eg møtte motstande. Sjølv om det ikkje gjekk slik, så var eg overtyda om at det var då i alle fall noko han hadde kalla henne til, ho levde i barnekåret hos Gud og han ville ho skulle halde fram med det. Det var det eg også yngste og ville.

Vi skulle søke først Guds rike og hans rettferd, så skulle vi få alt det andre i tillegg til det. Soleis hadde eg ei prioritetsordning, fyrst og fremst at menneske skal verte frelst, dernest at eg ville ha meg ei frelst kvinne til kone. Med den prioritetsrdninga var eg klartenkte og slik kan eg framleis tenke og det gjer eg rett i. Eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande.

Rom.5,5 Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus.  2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom.  3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande, 4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von.  5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss. 

Så sant eg som eit Guds barn kunne stole på at Gud ville gi meg ei frelst kvinne til kone, så skulle ikkje denne kjærleiken gjere meg til skamme i den saka, men her må eg igjen hugse på korleis eg formulerte mi takkebøn: Guds kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Og den kjærleiken er framleis rett, sjølv om ho ikkje ville vite av noko frieri frå meg.

Motstand frå Antikrist, ei uhyrleg antitese. Men han som er i oss er større enn han som er i verda.

I det vi blir som barn, tek vi imot det som Faderen gir oss, så vi vert fyllte av den Heilage Ande, av hans salving og hans kraft. Då vert det klart at vi har motstand frå den vond, frå Antikrist, han som nektar Faderen og Sonen, så den kjærleiken Faderen har til sine born ikkje skal bere frukt, så hans born ikkje skal få den omsorga som han vil gi dei. Men når det blir klart, så blir det også klart at han som er i oss er større enn han som er i verda. Kristus har sigra over den vonde og ved trua på Kristus skal vi sigre saman med han. Amen.

Kristendomen vart gjort til statsreligion i Romarriket og då kom den lærde overklassa inn i kyrkja og dei striddest i universaliestriden. Trua på Gud og hans ord, evangeliet og Guds rike er universalie. Om nokon vert frelst, så er det partikularia, men i den forstand at det som er født av Anden er ånd.

Vi skal søke først Guds rike og hans rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det. Det er ei prioritetsordning, første prioritet er at menneske vert frelst og fødde på nytt. Så får dei oppleve at Faderen elskar dei og har omsorg for dei som sine born, så det kjem som andre prioritet. Ekteskapet slik det var skapt av Gud er inkludert i dette. Så ein mann kan tru og håpe at Gud vil gi han ei frelst kvinne til kone og ei kvinne kan tru og håpe at Gud vil gi han ein frelst mann til ektemann. Då kjem det altså som andre prioritet, men i dette tilfelle som resultat av det som er av første prioritet. Likevel kan der vere mange ekteskap der berre den eine av dei trur på Jesus, berre den eine er frelst.

Dersom ein frelst mann ventar seg at han skal få seg ei frelst kvinne som kone, så kan begge kallast partikularia, men då må vi hugse på at det som er født av Anden er ånd. Men så kan det vere at nokon med bakgrunn i universaliestriden tenker på partikularia som berre den konkrete tingen, som motsetnad til universalia og dermed som motsetnad til Anden. Slik seier dei imot og står Anden imot. Dei seier mannen imot ved å formulere ei antitese, at ho ikkje skal verte kona hans og helelr ikkje verte frelst, ho vert forførd slik som ved syndefallet og så brukar dei henen til å lokke mannen med også. Deira krav er at heller ikkje han skal verte frelst. Det heng saman med at ein annan mann vil ha henne i staden. Om det var så at mannen ville ha seg ei kone, så skulle han ikkje få leve i barnekåret hos Gud lengre.

Det vil seie at om ein mann vil ha seg ei kone, så skal han krevje at ho ikkje skal verte freslt og ikkje få leve i barnekåret hos Gud lengre. I staden skal ho gå fortapt. Og om ei kvinne vil ha seg ein ektemann, så skal ho krevje at han ikkje skal få leve i barnekåret hos Gud lengre. I staden skal han gå fortapt. Dette karakteriserer eg som uhyrleg. Korleis kan ein mann krevje at ei kvinne skal gå fortapt om ho blir kona hans eller krevje at ho skal gå fortapt om ho ikkje blir kona hans? Men er det kanskje ikkje det som ligg i moralfilosofane si motsegn mot evangeliet, slik som det endåtil viste seg i kyrkja?

Derfor er det så viktig for meg å gjere klart at logikken i denne prioriteringsordninga mi er haldbar. Ved trua på Jesus kjem vi inn i eit personleg forhold til Faderen og Sonen, så vi får oppleve at Jesus er vår frelsar og Herre, han er med oss og han er vår venn. Vi får komme til Faderen som hans born og oppleve at han elskar oss og har omsorg for oss som sine born. At ein mann vil ha seg ei kone og ei kvinne vil ha seg ein ektemann er ei viktig sak for oss og derfor er det så fiktig for oss å få komme til Faderen og Sonen med det behovet.

I kyrkja er dette kontroversielt med ein lang tradisjon, det har eg skrive meir om her:

Sjå på Jesus i alle livets samanhengar, både i forhold til henne Virtuella og henne Reella og bruke det han har gitt meg. Rettferd ved tru.

Eg skal sjå på Jesus i alle livets samanhengar, både i forhold til henne Virtuella og henne Reella og bruke det han har gitt meg, eg skal lovsynge han med den lovsangen han la ned i meg ved den Heilage Ande. Guds kjærleik var mellom meg og henne Virtuella og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Og det er den framleis og eg skal framleis glede meg over det og lovprise Herren for den. Slik har eg hugsa på henne i mitt hjerte i det siste og eg trur det har å gjere med at eg skal søke Herren av heile mitt hjerte. Jau, det stemmer, eg kan ikkje gløyme verken henne eller henne Reella. Dette har også å gjere med at eg skal bruke det Jesus har gitt meg, eg skal kveike den nådegåva han har gitt meg og tene han med den.

I møtet på Sion 16.10 tenkte eg på henne Reella igjen. Når eg oppdaga henne syntest eg ho var så vakker at eg sa til Jesus at om eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne. Og den Heilage Ande dreiv meg slik at eg møtte på henne og då fekke eg ei åndeleg openberring, der Jesu openberra seg for meg og for henne. Eg sa i mitt stille sinn: «Der er ho» og eg opplevde det som at Herren sa det same til henne, samtidig som eg sa det: «Der er ho».

Ho var så vakker at det syntest som ein uoppnåeleg illusjon at eg kunne få henne til kone, det verka ikkje særleg realistisk nei. Men det som gjer skilnaden er at vi er rettferdige for Gud ved trua på Jesus og får oppleve at han er med oss. Så det handlar også om at både eg og ho er rettferdige ved trua på at Jesus stod oppatt frå dei døde og at Jesus er rettferdig både mot meg og mot henne. Ja, han er då den rettferdige frå Gud og han fekk retten ved at han gjekk til Faderen.

Jesus har kalla Sions dotter ut i friodomen, ut i dansen med dei glade, fordi han er Herren hennar brudgom.

Bodskapane som kom i dFEF i M40 12.2.2011 gir ei god oversikt.

”Eg har behag i deg, eg elska deg så høgt, før du vart fødd, såg eg deg. Du var rekna med på Golgata, ikkje for å leve eit liv for deg sjølv, men leve eit liv for meg og i meg, leve eit liv som kan fortelje andre menneske kva eg vann på Golgata for heile menneskeheta. Du skal ikkje vandre i syn (”beskuelse”), men i tru og eg har gøymt visdom for deg på stadar som du skal erobre og innta, som eg skal openberre meg i. Og du skal få sjå kor enkelt og liketil det er når eg har gjort deg til ein menneskefiskar, når eg har salva deg frå himmelen, eg har bygd deg opp innvendig og gitt deg bodskap om at du skal gå ut, så skal du ikkje frykte for verken kvar stega dine tek deg eller for kva hendene dine utfører for meg, eller kva du seier om meg, for eg skal inspirere deg frå fotsole til isse. Og eg skal tenne deg på ein måte som du aldrig har vore i nærleiken av. Men eg må ha deg villig, brukbar, open, så eg kan få min veg og vilje fram gjennom deg, seier Herren.

Trur du ikkje eg ser deg når du er aleine, trur du ikkje eg ser deg når dine tankar bringer deg langt av stad? Trur du ikkje eg ser deg og høyrer deg når dine bønner stiger opp til meg og du er utruleg lengselsfull mot dette, å om eg kan vinne nokon for Jesus. Dette har eg lagt ned i deg og mitt namn er Jesus, mitt namn er verdens frelsar, mitt namn er vakrare enn noko anna namn og mitt namn er ei kraftkjelde, ikkje berre for deg, men alle du kjem i nærleiken av. Eg veit om alt, seier Herren, men eg seier det ikkje til nokon, eg veit om alt i ditt liv og eg vil endre alt i ditt liv, ikkje negativt, men positivt som mi sak, og du skal få vere ein mann, ei kvinne som alltid vil vere i dei beste åra av ditt liv, for meg, for sjølv når du er nedtrykt, så er eg der, når du er oppskrytt, så er eg der også. Når du er i stille farvatn, så er eg der. Når du er i stormens brus, så er eg der. Og eg vil alltid vere deg nær, for å vise deg enda betre veg til å vere eit brennande vitne og eit rett vitne for meg. Verden treng deg fordi den treng meg. Og du er min munn og mine hender. Så eg har denne bodskapen til deg, eg som er alfa og omega, byrjinga og enden, denne dagen har eg gitt deg til di velsigning og forstand, så du kan nytte den rett til di framtid, til Guds ære.”

….

(eg vil de skal vite at?) med evig kjærleik har eg elska dykk.  Denne kjærleik som eg har utgytt på Golgata kors, då eg døde for kvar einaste ein, denne kjærleiken vil eg skal vere mellom dykk. For det største av alt er kjærleiken. Derfor mine barn, vil eg de skal forstå at den kjærleiken (som de) lengtar etter, den har de i meg. For utan meg kan de ingen ting gjere. Det er eg, det er eg som er kjærleiken, det er eg som gjev kjærleiken. Ja, de kan ingen ting gjere av dykk sjølve. De kan ikkje ha denne kjærleiken eller produsere den sjølve. Men når de ser på meg, når de er i meg  ……

Kjærleiken overvinner alt, kjærleiken løyner ei mangfald av synder, (kjærleiken er det største). Derfor mine barn, søk inn til meg, søk inn i Ordet, der som eg er, der skal de få sjå kva ekte kjærleik er. Derfor mine barn, fryd og gled dykk over at de har funne den ekte kjærleiken. De har funne meg og når de har meg, så har de alt de treng, for tid og (æve).

…..

Du har høyrt min bodskap år etter år, ja, gjennom eit langt liv har du fått høyre at det er nok nåde. Ja, min nåde er deg nok og mi kraft fullendast i vanmakt. Det beste livet kan gje deg, får du gratis, rennande vatn, lufta du trekker inn, surstoffet du da får, og du får av meg nåde gratis. Eg døde for alle synder, for alle dine synder, for nasjonane sine synder. Og den dagen eg skal dømme nasjonane, så ver nøye med at du finst på rett stad og at du tidleg kom inn i nåden som einskildperson. Ver merksam på at når eg gjev liv, så gjev eg eit liv som held, legg merke til at når eg seier at mi kraft skal fullendast i vanmakt, så spelar det inga rolle korleis du føler deg, korleis du er og kva du har opplevd i livet i fortida, for eg vil vende ditt ansikt til framtida. Og eg vil la deg vandre med min nåde på ein slik sterk måte at kvart einaste menneska som kjem i berøring med deg, vil sjå meg gjennom deg. Du skal ikkje leite etter å verte betre som menneske, du skal ikkje lengte etter å verte perfekt som mann og kvinne. Du skal berre lengte etter meg, eg som gjev liv og let deg få moglegheita til å gløyme det som er bak og strekke deg ut etter det som er framanfor, og jage mot målet, for målet vinkar deg så nær no og tida heretter er kort. Og som eg er, vil eg at du skal vere i denne verda. Eg vil at min bodskap til deg om total frigjering skal resultere i at du gjer deg laus banda om din hals, du fanga Sions dotter. Og at du synger da kongebodet kom at vi kunne vende om, då vart hjerta sett i brann. Eg vil bruke alt kva du har høyrt og alt kva du har lært og alt kva du har sett på ein rett måte for framtida og la deg få oppleve at ditt hus vert forandra og forvandla, dine barn skal verte frelst, din ektefelle skal verte frelst, du sjølv skal få eit møte med meg som forandrar deg for tid og æve. Og hugs at tida heretter er kort og det hastar for deg å få eit nytt møte med meg, seier Herren.

Du leser mitt ord og du vil finne ved tre høve så gret eg, på same måte gret eg over mitt namn i dag. Eg gret over den synd og den umoral som er til, eg gret over at mine barn gøymer seg, dei har fått nåde så det rekker for mange. Eg gret når eg ser ut over det nærmiljøet du beveger deg i. Alle dei som ropar og lengtar etter livsforvandling og forandring. Kvar er du i dette?  Eg lengtar å sjå deg på kne med menn og kvinner som eg døde for. Min nåde er deg nok og eg har gjort deg levande med meg. Eg herleggjorde min Far her nede og eg vil at du også skal vere med i det koret, å herleggjere min Far. Dette er din dag, eg har bestemt at dine steg skulle gå hit i kveld, seier Herren, og det er din dag, det er di moglegheit, det er deg som skal få det du lengtar etter, ikkje sidemannen, ikkje ektefellen, ikkje barna dine, ikkje foreldra dine, det er deg eg kallar ut ifrå mørket i kveld, seier Herren.

2011.12.18. Maranata. Jesus kalla Sions datte ut i fridomen, ut i dansen med dei glade, for han er Herren hennar brudgom.

Bodskapen som kom i Maranata 18.12.2011:

Endå ein gang skal eg fylle din munn med latter og di tunge med jubel. Og eg som har ført deg ut i fritt rom, meg kan du av heile ditt hjerte prise meg utan nokon frykt og fordømming. For dersom du finst under mitt blod, du finst i mine sår, då er det ingen fordømming, men du kan fritt få finne mitt Ord, du kan fritt prise mitt namn. For eg har skjult deg i mine sår, eg har skjult deg i mine sår både for dine synders skuld og for dine sjukdommars skuld. Du kan ha frimod både innover og utover og oppover, for eg har reinsa deg.

Gjer deg laus av alle band som bind deg, du fanga Sions Dotter. Kom ut i fridomen. Vinteren er over. Regn ikkje (lenger)? med at du var langt borte, men sjå opp hit. For nådens sol skin, rettferdssola har gått opp med lækjedom og du kan gå ut i fridomen og du skal fryde og du kan gå ut i dansen med dei glade. Du skal ikkje bry deg om kva menneske seier om det, men du skal løfte blikket mot det høge og prise mitt heilage namn, for eg er Herren din ektemann, eg er Herren din brudgom og det er meg du skal skode (”beskue”), for eg som tok deg og drog deg opp av grava, eg skal gjere dine trinn faste og eg skal legge ein ny song i din munn og du skal gå ut i dansen med dei glade og prise mitt namn. Halleluja.

 

%d bloggers like this: