Nasjonal frigjering

Bygge på evangeliets grunnvoll.

Israels-folket vart bortførde til Babylonia som slavar, men så fekk dei kome heim att til landet sitt. Det same gjaldt dei små nabofolka deira. Dei vart små nasjonar med Persarriket som overnasjonalt storrike. Før dei vart bortførde profeterte Jesajas at Persarkongen Kyros var Guds tenar og skulle la dette skje. Gud salva han til konge. Dette er førebilete på evangeliet som skulle forkynnast for alle folkeslag, Gud har salva Kristus til å vere vår øvsteprest hos Faderen og kongars konge.

Daniel var mellom dei bortførde når han profetert at det skulle komme fire store rike, Babylonia (det riket som var då), Media, Persia og det Greske riket, ved Aleksander den Store. Det som ikkje er så lett å innsjå, er at Romarriket er alle desse fire rika til saman, men det kan vi forstå når vi les Johannes Openberring. Jesus kom og forkynte den glade bodskapen om Guds rike, det kom som profetert. Han fortalde korleis vi kan komme inn i det og han bana vegen for oss med sin død på korset.

Kvar einskild av oss får bygge på evangeliets grunnvoll og det er om å gjere å bygge som Guds medarbeidar, bygge med noko verdifullt som varer. I den kristne kyrkjelyden får vi bygge i lag. Og kva er viktig for oss å bygge? Utdanning, ekteskap, heim og familieliv, lokalsamfunn og nasjon. Men det mest verdifulle og varige er at Gud frelser menneske for æva og gir dei evig liv.

 

Syndefallet og straffa. Eller frelse?

Ved syndefallet lokka ormen kvinna med at dersom dei åt av frukta på kunnskapstreet, skulle dei verte liksom Gud og kjenne godt og vondt. Men med den kunnskapen dei fekk av den frukta oppdaga dei at dei var nakne, så dei gøymde seg for Gud med dårleg samvit. Men Gud gjekk likevel i hagen og kalla på dei og det vart eit rettsoppgjer, så dei vart utestengde frå hagen.

Seinare i Bibelen ser vi at mange laga seg gudar av stokk og stein, riker oppstod og kongane deira dyrka slike gudar og gjorde seg sjølve til gudar, men Gud straffa dei for det, dei døde slik som andre menneske og rika deira også gjekk til grunne. Og så påstod Gud at eigentleg var det han som gjorde det heile.

Gud frigjorde folket sitt frå trældomen under gudane i Egypt og gav dei sitt eige land, der han skulle vere deira Gud og dei skulle vere hans folk. Men så gjekk det slik med dei også. Landet deira vart hærteke, folk vart drepne og mesteparten av dei som var att vart bortførde som trælar.

Samaria vart hærteke av Assyrarane (Assur) i 722 f.Kr. Sidan tok Babylonarane Jerusalem også, i 575 f.Kr. Jesajas var profet rett før Samarias fall, men allereie då profeterte han om at dei skulle få komme tilbake til heimlandet sitt. Det same gjaldt dei små nabofolka deira. Dette er førebilete på evangeliet som skulle forkynnast for alle folkeslag, for der er mykje Messias-profeti i det.

Jesajas.52, Herren kjem tilbake til Sion

1 Vakna, vakna og kled deg i kraft, Sion!
          Kled deg i finklede, Jerusalem, heilage by!
          For aldri meir skal ein uomskoren eller urein
          koma inn i deg.
          
     2 Rist støvet av deg, reis deg opp,
          set deg, Jerusalem!
          Løys lenkjene du har om halsen,
          dotter Sion i fangenskap!
          
     3 For så seier Herren:
          De vart selde utan betaling,
          og utan pengar skal de løysast ut.
          
     4 For så seier Herren Gud:
          Før i tida drog folket mitt ned til Egypt
          for å bu der som innflyttarar.
          Assur undertrykte dei utan grunn.
          
     5 Og no, kva skal eg gjera her?
          seier Herren.
          For folket mitt er teke utan vederlag.
          Dei som herskar over det, hyler,
          seier Herren,
          og alltid, dagen lang, blir namnet mitt forakta.
          
     6 Difor skal folket mitt kjenna namnet mitt
          på den dagen,
          for eg er Han,
          han som seier: «Her er eg!»
          
     7 Kor vakre dei er
          der dei spring over fjella,
          føtene til den som ber bod,
          forkynner fred,
          kjem med god bodskap,
          forkynner frelse
          og seier til Sion:
          «Din Gud er konge!»
          
     8 Høyr, vaktmennene dine ropar høgt,
          dei jublar alle saman.
          For med eigne auge ser dei
          at Herren vender attende til Sion.
          
     9 Bryt ut i jubel saman,
          de Jerusalems ruinar!
          For Herren trøystar folket sitt,
          han løyser Jerusalem ut.
          
    10 Herren viser sin heilage arm
          for auga på alle folkeslag.
          Heile jorda får sjå
          frelsa frå vår Gud.
Dra ut
    11 Dra bort, dra bort! Gå ut derifrå!
          Rør ikkje noko ureint!
          Gå ut frå henne, gjer dykk reine,
          de som ber Herrens kar!
          
    12 For de skal ikkje gå ut i hast,
          og ikkje skal de flykta.
          For Herren går framfor dykk,
          og bak dykk går Israels Gud.
Herrens lidande tenar
    13 Sjå, min tenar skal ha framgang,
          han skal opphøgjast og lyftast opp og bli svært høg.
          
    14 Slik mange vart forfærde over deg
          – så øydelagd var han,
          han likna ikkje ein mann,
          han såg ikkje ut som eit menneske –
          
    15 slik skal mange folkeslag undrast,
          for hans skuld skal kongar lata att sin munn.
          For det som ikkje vart fortalt dei, skal dei sjå,
          og det dei ikkje høyrde, skal dei skjøna.

Når Gud sende Moses for å føre Israels-folket ut frå Egypt, skulle han seie at JHVH hadde sendt han. Det betyr «Eg ER». No skulle han seie «eg er han», her er eg.

     Vers 6 Difor skal folket mitt kjenna namnet mitt
          på den dagen,
          for eg er Han,
          han som seier: «Her er eg!»

Jesus sa både «Eg Er» og «Eg er han» og «Her er eg», men det fall ikkje i god jord.

Joh.8,23 Jesus sa til dei: «De er nedanfrå, eg er ovanfrå. De er av denne verda, eg er ikkje av denne verda. 24 Eg sa at de skal døy i syndene dykkar. For trur de ikkje at Eg er, skal de døy i syndene dykkar.» 25 «Kven er du?» spurde dei. «Den eg har sagt dykk frå først av», sa Jesus. 26 «Mykje har eg å seia om dykk og dømma dykk for. Men han som har sendt meg, talar sant, og det eg har høyrt av han, det talar eg til verda.»
    27 Dei skjøna ikkje at det var Far sin han tala om. 28 Difor sa Jesus til dei: «Når de får lyft Menneskesonen opp, skal de skjøna at Eg er, og at eg ikkje gjer noko av meg sjølv, men talar slik som Far har lært meg. 29 Og han som har sendt meg, er med meg. Han lèt meg ikkje vera åleine, for eg gjer alltid det som er etter hans gode vilje.» 30 Då han sa dette, var det mange som tok til å tru på han.

….

58 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Før Abraham var, er eg.»

Dette var 2011-oversettinga, her står det «Eg Er», i 1978/85-oversettinga står det «eg er han».

Jesajas 52,7 er ein profeti om dei som forkynner evangeliet, vers 13-15 er ein profeti om at Kristus skulle lide og døy i staden for oss og at Gud ville vekke han oppatt frå dei døde og setje han ved si høgre hand i himmelen.

Og profetien går langt fram i tid, det ser vi i Johannes Openberring 17-18. Her er det tale om Babel, den Store Skjøkje. Etter førebilete av Babylonia altså, der så mange folk var bortførde som slavar. Men Guds folk skulle gå ut av henne og då blir det etter førebilete av korleis både jødane og dei andre små folka fekk komme heim att til landa sine, etter at dei hadde vore bortførde til Babylonia.

Joh.Op.18,1 Deretter såg eg ein annan engel stiga ned frå himmelen. Han hadde stor makt, og jorda vart opplyst av glansen omkring han.  2 Han ropa med veldig røyst: «Fallen, fallen er Babylon den store! Ho har vorte ein bustad for vonde ånder, ein tilhaldsstad for alle ureine ånder, ja, ei livd for alle slag ureine og avskyelege fuglar.  3 For alle folkeslag har drukke av hennar utukts vin, ein vreidevin. Kongane på jorda har drive hor med henne, og kjøpmennene jorda rundt har vorte rike av hennar store vellivnad.»
     4 Frå himmelen høyrde eg ei anna røyst: Far bort frå henne, folket mitt, så de ikkje vert medskuldige i syndene hennar og ikkje råka av plagene hennar.  5 For syndene hennar når opp til himmelen, og Gud har kome i hug all uretten ho har gjort.  6 Gjev henne att likt for likt, ja, gjev henne dobbelt att for det ho har gjort, og skjenk henne to gonger i det staupet ho sjølv har fylt.  7 Gjev henne like mykje pine og sorg som det ho sjølv har unnt seg av stas og vellivnad. Ho tenkjer med seg: «Her sit eg som dronning, eg er ikkje enkje, og sorg skal eg aldri vita av.»  8 Difor skal plagene hennar koma på éin dag: pest og sorg og hungersnaud, og ho skal brennast opp med eld. For veldig er Herren Gud som dømer henne.

…….

 20 Gled dykk over hennar fall, du himmel og de heilage, de apostlar og profetar! For Gud har dømt og straffa henne for det ho gjorde mot dykk.
    21 Då tok ein mektig engel opp ein stein, stor som ein kvernstein, kasta han i havet og sa: «Såleis skal Babylon, den store byen, kastast ned med veldig kraft, og aldri meir skal han finnast. 22 Harpespelarar og songarar, fløytespelarar og basunblåsarar, aldri meir skal dei høyrast i deg. Handverkarar av alle slag, i deg skal dei aldri meir finnast. Kverna som durar, i deg skal ho aldri meir verta høyrd. 23 Ljoset frå lampa, i deg skal det aldri meir lysa. Røyster frå brur og brudgom, i deg skal dei aldri meir høyrast. For kjøpmennene dine var stormenn på jorda, og med trolldomen din vart alle folkeslag forførte. 24 I denne byen vart det funne blod av profetar og heilage, ja, av alle dei som er myrda på jorda.»

Når evangeliet vert forkynt for oss og vi kjem til tru på Kristus, så vi tek imot den nåden Gud gir oss i han, vert vi reinsa ved Jesu blod og helga ved Guds Ord og Guds Ande. Slik får vi ei åndeleg og forstandig innsikt og eg hevdar det var viktig ved utviklinga av den nye naturvitskapen. Denne reinsinga og heilaggjeringa har gitt meg ei åndeleg og forstandig innsikt og bevara den og det har vore viktig for meg når eg har studert realfag.

Dei rasjonalistiske filosofane har prøvt å forklare den innsikta og det er eg takksam for, eg takkar Gud for det. Spinosa sa, som Sokrates og mange etter han, at sanninga gjer oss fri. For meg og mange andre er Kristus Sanninga som set oss fri.

Men den Store Skjøkje strir mot denne heilaggjeringa, det resulterte i at ho forfølgde dei kristne, dei heilage og så viste det seg at ho også forfølgde pionerane i den nye naturvitskapen. Den motsetnaden, konflikta og maktkampen merkar vi framleis. Då må vi berre halde fram med på vende oss til Kristus, verte reinsa ved hans blod og helga ved Guds Ord og Guds Ande. Verte fylte av den Heilage Ande. Slik skal vi sigre saman med Kristus. Han har gjort oss til eit kongeleg presteskap og den prestetenesta vert viktig i tusenårsriket.

Nasjonal frigjering i den gamle pakt, som førebilete på evangeliet.

Jesajas var profet på den tida då Samaria fall, før Jerusalem fall, men profeterte allereie då at dei fekk dei komme tilbake til landet sitt. Det same gjaldt dei små nabo-folka deira som også hadde vorte bortførde. Det vart ei nasjonal frigjering for dei altså, men det var framleis under Persia, eit stor-rike som kan kallast ein over-nasjonalitet for desse små nasjonane. Kyros var konge i Persia og Gud kalla han til å tene han slik at han let dei komme heim att til landet sitt. Dette er førebilete på evangeliet om Kristus, som skulle forkynnast for alle folkeslag.

Jesajas.41 Herren har kalla Kyros

1 Ver stille, de øyar og strender,
        og høyr på meg,
        lat folka samla nye krefter!
        Lat dei koma og tala si sak,
        lat oss saman gå fram for retten!
     2 Kven har vekt den mannen frå aust
        som sigeren møter kvar han set foten?
        Kven gjev folkeslag i hans makt
        og lèt han råda over kongar?
        Med sverdet gjer han dei lik støv,
        med bogen lik fykande halmstrå.
     3 Han forfylgjer dei, og trygt går han fram,
        er berre så vidt nedpå vegen med foten.
     4 Kven var det som sette dette i verk?
        Han som frå opphavet kalla ættene fram.
        Eg, Herren, er den fyrste,
        og eg skal vera hjå dei siste.
     5 Øyar og strender ser det og reddast,
        heimsens endar skjelv.
        Dei stimar i hop og kjem.
Gudebilete er menneskeverk
 6 Den eine hjelper den andre og seier:
        «Gå frimodig til verket!»
     7 Meisteren set mot i gullsmeden,
        den som bankar til metallet med hamar,
        set mot i han som slår på ambolten.
        Han seier om loddinga: «Ho er god.»
        Så fester dei biletet med naglar,
        og det står støtt.
        
Herren er med Israel
 8 Men du Israel, min tenar,
        Jakob, som eg har valt ut,
        du ætt av Abraham, min ven!
     9 Eg henta deg frå heimsens endar
        og kalla deg frå den ytste utkant.
        Eg sa til deg: «Du er min tenar,
        eg har valt deg ut og ikkje støytt deg bort.»
    10 Ver ikkje redd, for eg er med deg!
        Sjå deg ikkje rådvill ikring,
        for eg er din Gud!
        Eg styrkjer deg og hjelper deg
        og held deg oppe med mi frelsarhand.
    11 Sjå, dei vert til spott og skam,
        alle som harmast på deg.
        Dei vert til inkjes, går til grunne,
        dei som set seg opp mot deg.
    12 Om du leitar, finn du dei ikkje,
        dei som står deg imot.
        Dei går heilt til grunne,
        dei som strider mot deg.
    13 For eg er Herren din Gud,
        som har gripe di høgre hand
        og seier til deg: «Ver ikkje redd!
        Eg hjelper deg.»
    14 Ver uredd, Jakob, du arme kryp,
        og de, Israels menn!
        Eg hjelper deg, lyder ordet frå Herren,
        Israels Heilage er din utløysar.
    15 Sjå, eg gjer deg til ein treskjeslede,
        kvass og ny, med mange taggar!
        Du skal treskja fjell og krasa dei,
        og haugar skal du gjera lik agner.
    16 Du skal kasta dei i veret, så vinden tek dei,
        og stormen spreier dei vidt ikring.
        Men sjølv skal du jubla i Herren
        og rosa deg av Israels Heilage.
Herren gjer under i øydemarka
17 Dei arme og fattige leitar fåfengt etter vatn,
        medan tunga brenn av torste.
        Eg, Herren, vil høyra deira bøn,
        Israels Gud går ikkje frå dei.
    18 Eg lèt elvar strøyma fram på snaue høgder
        og kjelder midt i dalar.
        Eg gjer øydemarka til sevgrodd tjørn
        og turre landet til ein kjeldevang.
    19 Eg lèt sedrar veksa i øydemarka,
        akasie, myrt og oliventre.
        Eg plantar sypress på den aude hei
        saman med gran og buksbom,
    20 så alle kan sjå og vita
        at Herrens hand har gjort det,
        leggja seg på hjarta og skjøna
        at Israels Heilage har skapt det.
Herren eller avgudane
21 Legg fram dykkar sak! seier Herren.
        Kom med grunnane! seier Jakobs konge.
    22 Lat dei koma og kunngjera oss
        det som sidan skal henda.
        Fortel oss kva som før har hendt,
        så vi kan merka oss det!
        Eller lat oss få høyra kva som skal koma,
        så vi kan vita kva utgangen vert!
    23 Kunngjer det som eingong skal henda,
        så vi kan skjøna at de er gudar!
        Ja, gjer eitkvart, godt eller vondt,
        så vi alle kan sjå det og undrast!
    24 Sjå, de er reine inkjevetta,
        og det de gjer, er ingenting verdt.
        Ein styggedom er det å velja seg dykk.
    25 Eg har vekt ein mann frå nord,
        og han kjem, frå eit land i aust;
        han skal kalla på mitt namn.
        Styresmenn trakkar han ned som søle,
        liksom pottemakaren stampar leire.
    26 Kven kunngjorde dette frå fyrst av,
        så vi kunne vita det?
        Kven forkynte det i gamal tid,
        så vi kunne seia: «Det er rett»?
        Ingen har kunngjort det,
        ingen har sagt frå,
        ingen har høyrt eit ord frå dykk.
    27 Eg er den fyrste som seier til Sion:
        «Sjå, der er dei!»
        og sender gledebod til Jerusalem.
    28 Eg ser meg om, men det finst ikkje ein,
        ikkje ein som kan gje råd,
        så eg kunne spørja og få svar.
    29 Nei, alle er dei inkjevetta,
        og det dei gjer, er ingenting verdt.
        Gagnlause er deira støypte bilete.

Jesajas.44, Herren velsignar Israel

1 Men høyr no, Jakob, min tenar,
        du Israel, som eg har valt ut!
     2 Så seier Herren,
        han som har skapt deg og laga deg
        og hjelpt deg alt frå mors liv:
        Ver ikkje redd, du min tenar Jakob,
        Jesjurun, som eg har valt ut!
     3 For eg vil renna vatn over det tyrste
        og straumar over det turre.
        Min Ande vil eg renna ut over di ætt
        og mi velsigning over dine etterkomarar.
     4 Dei skal veksa opp som sev i vatn,
        som poplar attmed bekkefar.
     5 Ein skal seia: «Eg høyrer Herren til»,
        ein annan skal kalla seg med Jakobs namn.
        Ein skal skriva i si hand: «For Herren»,
        og Israel skal han få til ærenamn.
Den einaste Gud
 6 Så seier Herren,
        Israels konge og utløysar,
        Herren, Allhærs Gud:
        Eg er den fyrste, og eg er den siste,
        og utan meg finst det ingen Gud.
     7 Kven er som eg?
        Lat han stiga fram og fortelja,
        ja, leggja fram for meg det som har hendt
        alt frå eg skapte det fyrste folket.
        Og lat han seia dei det som sidan skal henda.
     8 Ottast ikkje, ver ikkje redde!
        Har eg ikkje for lenge sidan
        kunngjort og sagt deg det?
        De er mine vitne.
        Finst det ein Gud utan meg?
        Eg veit ikkje om noko anna berg.

….

Jerusalem skal byggjast opp att
24 Så seier Herren, din utløysar,
        han som skapte deg i mors liv:
        Eg er Herren som gjorde alt;
        himmelen spente eg ut åleine,
        og jorda breidde eg ut utan hjelp.
    25 Eg gjer teikna åt varseltydarane til inkjes
        og lèt spåmennene verta til narr.
        Eg får vismenn til å tagna,
        gjer deira visdom til dårskap.
    26 Men eg stadfester orda åt mine tenarar
        og gjennomfører den plan
        som mine sendebod forkynner.
        Eg seier om Jerusalem:
        «Der skal det bu folk,»
        og om byane i Juda:
        «Dei skal byggjast opp att;
        eg skal reisa det som ligg i røys.»
    27 Eg seier til havdjupet: «Torna!
        Dine straumar turkar eg ut.»
    28 Eg seier om Kyros:
        «Han er min hyrding,
        han skal fullføra alt det eg vil;
        han skal seia om Jerusalem:
        Byen skal byggjast!
        og om templet:
        Det skal atter verta grunnlagt.»
        

Jesajas.45 Kyros, Herrens salvevigde.

1Så seier Herren
        til den han har salva,
        til Kyros, som eg held i hans høgre hand
        for å tvinga folkeslag under han,
        løysa beltet av kongar
        og opna dører for han,
        så ingen port skal vera stengd.
     2 Eg vil gå føre deg.
        Bakkar vil eg jamna,
        bronsedører vil eg sprengja,
        og jernbommar vil eg slå sund.
     3 Eg vil gje deg skattar, dulde i mørkret,
        og rikdomar, gøymde på løynlege stader,
        så du skal vita at eg er Herren,
        Israels Gud, som har kalla deg på namn.
     4 For min tenar Jakobs skuld,
        for Israel, min utvalde,
        har eg kalla deg og gjeve deg eit ærenamn,
        endå du ikkje kjende meg.
     5 Eg er Herren, og ingen annan,
        utan meg finst det ingen Gud.
        Eg spente beltet om livet på deg,
        endå du ikkje kjende meg,
     6 så dei skal vita både i aust og vest
        at det finst ingen annan enn eg.
        Eg er Herren, og ingen annan.
     7 Eg skaper ljoset,
        og eg lagar mørkret;
        eg skaper lukke og ulukke.
        Det er eg, Herren, som gjer alt dette.
     8 Lat det drypa ovanfrå, du himmel,
        lat rettferd strøyma, de skyer!
        Jorda skal opna seg for det,
        og den frukt ho ber, er frelse,
        det ho lèt gro, er rettferd.
        Eg, Herren, skaper dette.
Kven kan døma om Herrens verk?
 9 Ve den som trettar med sin skapar
        – eit krusbrot mellom krusbrot av jord!
        Kan leiret seia til han som formar det:
        «Kva er det du gjer?»
        Kan verket seia:
        «Han har ikkje handlag»?
    10 Ve den som seier til ein far:
        «Kva er det du avlar?»
        og til ei kvinne:
        «Kva er det du føder?»
    11 Så seier Herren, Israels Heilage,
        han som skaper dei ting som kjem:
        Kvi spør de meg om mine søner,
        kvi seier de meg kva eg skal gjera?
    12 Det var eg som laga jorda
        og skapte menneske der.
        Eg spente ut himmelen med mine hender,
        og heile hans hær baud eg ut.
    13 I rettferd har eg vekt ein mann
        og jamna alle hans vegar.
        Han skal byggja min by
        og senda heim mitt bortførte folk
        utan vederlag, utan betaling,
        seier Herren, Allhærs Gud.
        
Gud som løyner seg
14 Så seier Herren:
        Du skal få all den rikdom
        som egyptarane har samla med sitt strev
        og nubiarane med sin handel.
        Og røslege karar frå Seba
        skal koma og høyra deg til.
        Deg skal dei fylgja,
        og i lekkjer skal dei gå.
        For deg skal dei kasta seg ned,
        til deg skal dei fagnande seia:
        «Berre hjå deg er Gud;
        og det finst ingen annan,
        ingen annan Gud.»
    15 Sanneleg, du er ein Gud som løyner seg,
        du Israels Gud og frelsar.
    16 Til spott og skam skal dei verta,
        alle som lagar gudebilete;
        med vanære skal dei gå bort.
    17 Men Israel finn frelse hjå Herren;
        ei evig frelse skal det vera.
        De skal aldri verta til spott og skam.
For Herren skal kvart kne bøya seg
18 Ja, så seier Herren,
        som skapte himmelen,
        han, den einaste Gud,
        som laga og forma jorda
        og gjorde hennar grunnvollar faste,
        som ikkje skapte henne til ei audn,
        men laga henne til bustad for folk:
        Eg er Herren, og ingen annan.
    19 Eg har ikkje tala i det dulde,
        ein stad i det mørke land.
        Eg har ikkje sagt til Jakobs ætt:
        «Søk meg i det aude og tome!»
        Eg, Herren, talar sanning
        og forkynner det som er rett.
    20 Samla dykk og kom,
        stig fram i lag,
        de som har sloppe unna folkeslaga!
        Dei skjønar ingenting,
        dei som ber sine gudebilete av tre
        og bed til ein gud som ikkje kan frelsa.
    21 Ta til ords, legg fram dykkar sak,
        ja, berre rådlegg saman!
        Kven har kunngjort dette føreåt
        og forkynt det for lenge sidan?
        Er det ikkje eg, Herren?
        Utan meg er det ingen Gud;
        det finst ingen annan rettferdig og frelsande Gud.
    22 Vend deg til meg og få frelse,
        heile du vide jord!
        For eg er Gud, og ingen annan.
    23 Ved meg sjølv har eg svore,
        eit sanningsord har gått ut or min munn,
        eit ord som eg ikkje tek att:
        For meg skal kvart kne bøya seg,
        kvar tunge skal sverja meg truskap.
    24 Om meg skal dei seia:
        «Berre hjå Herren er frelse og styrke.»
        Til han skal dei skamfulle koma,
        alle som harmast på han.
    25 Ved Herren skal dei vinna rettferd,
        og av han skal dei rosa seg,
        alle som er av Israels ætt.

Jesus har talt til meg gjennom tyding av tungetale ved å minne meg om korleis han talte til Kyros (Jesajas.45,2-3) og om korleis han talte til folket sitt (Jesajas.41,10, så han talar slik vil meg også.  

Gud frelser dei, så dei erkjenner at dei tilhøyrer han. Velsigninga betyr at dei får oppleve at Gud gjer sitt verk med dei, dei innser at Gud har skapt dei og opplever det framleis.

Jesajas. 44,

1 Men høyr no, Jakob, min tenar,
        du Israel, som eg har valt ut!
     2 Så seier Herren,
        han som har skapt deg og laga deg
        og hjelpt deg alt frå mors liv:
        Ver ikkje redd, du min tenar Jakob,
        Jesjurun, som eg har valt ut!
     3 For eg vil renna vatn over det tyrste
        og straumar over det turre.
        Min Ande vil eg renna ut over di ætt
        og mi velsigning over dine etterkomarar.
     4 Dei skal veksa opp som sev i vatn,
        som poplar attmed bekkefar.
     5 Ein skal seia: «Eg høyrer Herren til»,
        ein annan skal kalla seg med Jakobs namn.
        Ein skal skriva i si hand: «For Herren»,
        og Israel skal han få til ærenamn.
Den einaste Gud
 6 Så seier Herren,
        Israels konge og utløysar,
        Herren, Allhærs Gud:
        Eg er den fyrste, og eg er den siste,
        og utan meg finst det ingen Gud.

Jes.45,21-25 er ein profeti om Kristus, vår frelsar og Herre.

Fil.2, 6 Han var i Guds skapnad
          og såg det ikkje som eit rov
            å vera Gud lik,
          
     7 men gav avkall på sitt eige,
          tok ein tenars skapnad
            og vart menneske lik.
        
          Då han stod fram som menneske,
          
     8 fornedra han seg sjølv
            og vart lydig til døden, ja, døden på krossen.
          
     9 Difor har òg Gud
          opphøgd han til det høgste
            og gjeve han namnet over alle namn.
          
    10 I Jesu namn skal difor
          kvart kne bøya seg,
            i himmelen, på jorda og under jorda,
          
    11 og kvar tunge vedkjenna
          at Jesus Kristus er Herre,
            til Gud Faders ære!
        

Kven kan forklara kva som har skjett etter at Gud skapte det fyrste folket og fortelje kva som sidan skal skje? (Jes.41,7) Men han som kalla fram ættene er den fyrst og skal vera mellom dei siste, han har kalla Israel, som sin tenar (Jes.41,4&9). Han har vekt Kyros, så han skal kalla på Herrens namn (Jes.41,25). Han har kalla Kyros (Jes.45,3-4).

Det får meg til å tenke på at Adam og Eva gøymde seg for Gud med dårleg samvit, men Gud gjekk likevel i hagen og kalla på dei. Det vart eit rettsoppgjer og dei vart utestengde frå hagen og Adam vart dømd til døden. Men at Gud kalla på menneska har tydeleg vis hatt ei effekt på menneska likevel, slik som han yngste og hadde til hensikt, for her seier han at han kalla fram ættene. Då må det vel vere nokon som har høyrt kallet og følgt det, kanskje dei ikkje har vore heilt klar over det, ikkje heilt bevisst at det var det dei gjorde. Men slik vart det likevel. Slik skapte Gud gjennom utvikling. Han sa til Israels-folket at dei var som leiren i pottemakarens hand, men det var dei andre folka også, sjølv om dei ikkje var klar over det.

Skaping, utvikling og identitet.

Gud har skapt gjennom utvikling, han har skapt utviklinga og for oss verkar det som ei gåte. Det høver med utviklingslæra, i følgje den har livet utvikla seg slik at det har vorte ulike artar med sine særpreg. Men kva med starten, den første cella. Eg hevdar Gud skapte den som eit Guds under og sjølv om det har skjett ei utvikling sidan, så er det likevel han som har skapt den. I følgje utviklingslæra skjer utviklinga ved tilpassing til naturmiljøet, den som er mest veltilpassa har størst sjanse for å overleve og det vert avgjerande for utviklinga. Men så vil Gud ha eit Ord med i laget, ja, det har han vel allereie då, same enten vi er klar over det eller ei. Men så talar han til oss, så vi vert klar over det og vert bevisst at han eksisterer og skaper ved å tale sitt Ord til oss. Korleis høver det med å tilpasse seg naturmiljøet? Dei skulle dyrke og verne Guds hage og det betydde vel å lære av erfaring og soleis tilpasse seg naturmiljøet. Men der er ei åndeleg side av saka også. Gud hadde skapt alt ved sitt Ord og så kvilte han den sjuande dagen og lyste den heilag og dei var i hans kvile saman med han.

Men ved syndefallet vende menneska seg bort frå han, dei vart utestengde frå det nære samfunnet med han og opplevde det ikkje lengre så klart og tydeleg som før, då vart det nok som om denne bevisstheita forsvann, dei hadde den ikkje lenger, kanskje dei hadde eit minne om det, men opplevde det ikkje. Dei forguda seg sjølve med sin kunnskap om godt og vondt og erstatta Gud med avgudar laga av stokk og stein. Det kunne ha som funksjon å holde folket saman  ved å prøve å definere in felles identitet for folket, ved å vise til ein felles stamfar, ein felles hovding og å vise til ein gud som dei kunne sjå for seg som ein skulptur eller eit bilete. Slik hadde det nok ein sosial funksjon, likevel var det fordummande og høvde ikkje verken med å tilpasse seg naturmiljøet eller å tilpasse seg den levande og sann Gud. Derfor gjekk det ikkje bra i lengda.

I det gamle testamentet er avgudane, laga av stokk og stein, kalla Lygna, som motsetnad til den er Kristus Sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane. Gud elska verd så høgt at han gav Son sin den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Alle som tok imot han gav han rett til å verte Guds born, fødde på nytt av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Slik får vi ein ny identitet. Han er vegen til Faderen, når vi går den vegen kjem vi til Faderhuset og kjem inn i barnekåret hos han. Kristus gjer Gud kjend for oss, det evige livet er å kjenne Faderen og den som han sende, Jesus Kristus.

Evangeliet om han skal forkynnast for alle folkeslag, så dei får ein ny identitet, som erstatning for avgudane, laga av stokk og stein. Dei treng ikkje avgudane til å holde dei samla og gi dei identitet, for i følgje Bibelen er det den sanne og levande Gud som gjer sitt verk med dei og det er viktig for dei å innsjå det og erkjenne det, så dei får betre innsikt. For Gud skapte mennesket i si likning, til mann og kvinne skapte han dei og sette dei til å råde over det andre han hadde skapt. Han skapte manne og sette han til å dyrke og verne hagen og han skapte  kvinna av sidebeinet hans og førde henne til han, så ho skulle vere ei hjelp som høvde for han. Slik skapte han det første folket. Slik har han skapt folka sidan, han har kalla dei fram og slik har han skapt dei gjennom utvikling.

Evangeliet om Kristus gjer ikkje slutt på dette, men det gjenoppretter det, for i fylgje Paulus er han hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er han hovudet for kyrkja som er hans brud. Han og disiplane hans prioriterte å gå til dei som var nedst på rangstigen i samfunnet, for det var dei som trengde det mest. Dei stod også nærast naturen, her ser eg poenget i å tilpasse seg naturmiljøet, det er verdifullt i lengda. Det er også eit verdifullt poeng med små nasjonalstatar. Om der er ein overnasjonalitet, bør den ikkje få så stor makt at den verkar drepande på næringslivet i lokalsamfunnet og dei små nasjonalstatane.

Til samanlikning er Jesu kyrkje viktig både som lokal kyrkjelyd og som global kyrkje.

Guds nåde og kall til den einskilde, til folka og nasjonane.

Guds nåde og kall er til einskildmenneske, det var tydeleg ved at han sende sin einborne Son, Jesus Kristus, til vår jord, han og disiplane hans forkynte evangeliet om Guds rike til einskildmenneske og etter at han hadde stått oppatt frå dei døde, gav han dei misjonsbefalinga, at dei skulle forkynne evangeliet for alle folkeslag. Er det til den einskilde, så er det også til ekteskap, familieliv og kyrkjelydsliv, sosial aktivitet som er verdifull for  folk og nasjon. Slik er det også nåde til folk og nasjon. Her følgjer nokre bodskap som kom gjennom tyding avtungetale, der han talt om sin nåde til nasjonane og vår oppgåve med å tene han og forkynne for einskildmenneske.

Bodskapen 2.12.1990.

            «I den første tid, så utvalde eg Abraham. Den utveljinga står fast enno i dag, ja til evig tid. Like fast står det at det var eg som utvalde min elska Son, Jesus. Og eg vil gjere det slik at nasjonane vender sine blikk på Israel. Og eg vender mine hender til nasjonane, dei er der biletleg tala utstrekte med innbyding til mine nådegåver, endåtil dei som ikkje vil ha noko med mitt namn å gjere, men som berre vil trakke det ned under føter, innbyr eg til fellesskap.

Og det var eg som utvalde deg. Og eg innbyr deg i dag til å innvie deg til teneste for meg. Du skal ikkje tene denne verda, men du skal tene himmelen. Verda og all si lyst forgår, men eg vil gi deg av dei himmelske verdiar og skattar, som er gull verd, og som aldrig forgår. Eg kallar deg no inn på vegen til det nye Jerusalem. Du skal sette di tru og tillit til meg. Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verte frelst.

Du har høyrt det før, at eg er den som døyper deg med den Heilage Ande og eld. To gangar har du høyrt det, og tre gangar har eg talt til deg, og eg trykker no på åtvaringa sin knapp; i dag om du høyrer mi røyst, så forherd ikkje ditt hjerte. Eg vil sjølv komme og ta bustad i deg. I det høge og heilage bur eg, og hos den som er broten og nedbøygd i ånda.

Du skal ikkje føle deg vissen og kraftlaus i din kvardag, men alt du treng i dagane som ligg føre, det har du i meg.»

Bodskapane 12.2.2011.

Møte kl 15:30. Tale ved Owe Henrik Larsen: Kraftfull evangelisering i endetida. Tyding av tungetale ved Frank Søgård:

”Eg har behag i deg, eg elska deg så høgt, før du vart fødd, såg eg deg. Du var rekna med på Golgata, ikkje for å leve eit liv for deg sjølv, men  leve eit liv for meg og i meg, leve eit liv som kan fortelje andre menneske kva eg vann på Golgata for heile menneskeheta. Du skal ikkje vandre i syn (”beskuelse”), men i tru og eg har gøymt visdom for deg på stadar som du skal erobre og innta, som eg skal openberre meg i. Og du skal få sjå kor enkelt og liketil det er når eg har gjort deg til ein menneskefiskar, når eg har salva deg frå himmelen, eg har bygd deg opp innvendig og gitt deg bodskap om at du skal gå ut, så skal du ikkje frykte for verken kvar stega dine tek deg eller for kva hendene dine utfører for meg, eller kva du seier om meg, for eg skal inspirere deg frå fotsole til isse. Og eg skal tenne deg på ein måte som du aldrig har vore i nærleiken av. Men eg må ha deg villig, brukbar, open, så eg kan få min veg og vilje fram gjennom deg, seier Herren.

Trur du ikkje eg ser deg når du er aleine, trur du ikkje eg ser deg når dine tankar bringer deg langt av stad? Trur du ikkje eg ser deg og høyrer deg når dine bønner stiger opp til meg og du er utruleg lengselsfull mot dette, å om eg kan vinne nokon for Jesus. Dette har eg lagt ned i deg og mitt namn er Jesus, mitt namn er verdens frelsar, mitt namn er vakrare enn noko anna namn og mitt namn er ei kraftkjelde, ikkje berre for deg, men alle du kjem i nærleiken av. Eg veit om alt, seier Herren, men eg seier det ikkje til nokon, eg veit om alt i ditt liv og eg vil endre alt i ditt liv, ikkje negativt, men positivt som mi sak, og du skal få vere ein mann, ei kvinne som alltid vil vere i dei beste åra av ditt liv, for meg, for sjølv når du er nedtrykt, så er eg der, når du er oppskrytt, så er eg der også. Når du er i stille farvatn, så er eg der. Når du er i stormens brus, så er eg der. Og eg vil alltid vere deg nær, for å vise deg enda betre veg til å vere eit brennande vitne og eit rett vitne for meg. Verden treng deg fordi den treng meg. Og du er min munn og mine hender. Så eg har denne bodskapen til deg, eg som er alfa og omega, byrjinga og enden, denne dagen har eg gitt deg til di velsigning og forstand, så du kan nytte den rett til di framtid, til Guds ære.”

Møte kl 17. Tale ved Yngvar Pettersen: Omsorgsarbeid for alle.

Tyding av tungetale ved ei kvinne, dette er vanskeleg å høyre, det eg blir usikker på, set eg i parentes:

 «(eg vil de skal vite at?) med evig kjærleik har eg elska dykk.  Denne kjærleik som eg har utgytt på Golgata kors, då eg døde for kvar einaste ein, denne kjærleiken vil eg skal vere mellom dykk. For det største av alt er kjærleiken. Derfor mine barn, vil eg de skal forstå at den kjærleiken (som de) lengtar etter, den har de i meg. For utan meg kan de ingen ting gjere. Det er eg, det er eg som er kjærleiken, det er eg som gjev kjærleiken. Ja, de kan ingen ting gjere av dykk sjølve. De kan ikkje ha denne kjærleiken eller produsere den sjølve. Men når de ser på meg, når de er i meg  ……

«Kjærleiken overvinner alt, kjærleiken løyner ei mangfald av synder, (kjærleiken er det største). Derfor mine barn, søk inn til meg, søk inn i Ordet, der som eg er, der skal de få sjå kva ekte kjærleik er. Derfor mine barn, fryd og gled dykk over at de har funne den ekte kjærleiken. De har funne meg og når de har meg, så har de alt de treng, for tid og (æve).»

Vekkingsmøte ved Emanuel Minos, kl 19. Yngvar Pettersen og Frank Søgård deltok.

Tyding av tungetale ved Frank Søgård:

«Du har høyrt min bodskap år etter år, ja, gjennom eit langt liv har du fått høyre at det er nok nåde. Ja, min nåde er deg nok og mi kraft fullendast i vanmakt. Det beste livet kan gje deg, får du gratis, rennande vatn, lufta du trekker inn, surstoffet du da får, og du får av meg nåde gratis. Eg døde for alle synder, for alle dine synder, for nasjonane sine synder. Og den dagen eg skal dømme nasjonane, så ver nøye med at du finst på rett stad og at du tidleg kom inn i nåden som einskildperson. Ver merksam på at når eg gjev liv, så gjev eg eit liv som held, legg merke til at når eg seier at mi kraft skal fullendast i vanmakt, så spelar det inga rolle korleis du føler deg, korleis du er og kva du har opplevd i livet i fortida, for eg vil vende ditt ansikt til framtida. Og eg vil la deg vandre med min nåde på ein slik sterk måte at kvart einaste menneska som kjem i berøring med deg, vil sjå meg gjennom deg. Du skal ikkje leite etter å verte betre som menneske, du skal ikkje lengte etter å verte perfekt som mann og kvinne. Du skal berre lengte etter meg, eg som gjev liv og let deg få moglegheita til å gløyme det som er bak og strekke deg ut etter det som er framanfor, og jage mot målet, for målet vinkar deg så nær no og tida heretter er kort. Og som eg er, vil eg at du skal vere i denne verda. Eg vil at min bodskap til deg om total frigjering skal resultere i at du gjer deg laus banda om din hals, du fanga Sions dotter. Og at du synger da kongebodet kom at vi kunne vende om, då vart hjerta sett i brann. Eg vil bruke alt kva du har høyrt og alt kva du har lært og alt kva du har sett på ein rett måte for framtida og la deg få oppleve at ditt hus vert forandra og forvandla, dine barn skal verte frelst, din ektefelle skal verte frelst, du sjølv skal få eit møte med meg som forandrar deg for tid og æve. Og hugs at tida heretter er kort og det hastar for deg å få eit nytt møte med meg, seier Herren.

Du leser mitt ord og du vil finne ved tre høve så gret eg, på same måte gret eg over mitt namn i dag. Eg gret over den synd og den umoral som er til, eg gret over at mine barn gøymer seg, dei har fått nåde så det rekker for mange. Eg gret når eg ser ut over det nærmiljøet du beveger deg i. Alle dei som ropar og lengtar etter livsforvandling og forandring. Kvar er du i dette?  Eg lengtar å sjå deg på kne med menn og kvinner som eg døde for. Min nåde er deg nok og eg har gjort deg levande med meg. Eg herleggjorde min Far her nede og eg vil at du også skal vere med i det koret, å herleggjere min Far. Dette er din dag, eg har bestemt at dine steg skulle gå hit i kveld, seier Herren, og det er din dag, det er di moglegheit, det er deg som skal få det du lengtar etter, ikkje sidemannen, ikkje ektefellen, ikkje barna dine, ikkje foreldra dine, det er deg eg kallar ut ifrå mørket i kveld, seier Herren.»

Sidan krev han folka til ansvar.

Matt.25, 31 Men når Menneskesonen kjem i sin herlegdom og alle englane med han, då skal han sitja på kongsstolen sin i herlegdom. 32 Alle folkeslag skal samlast framfor han, og han skal skilja dei frå kvarandre, som ein gjætar skil sauene frå geitene, 33 og setja sauene på si høgre side, og geitene på si venstre.
    34 Så skal kongen seia til dei på høgre sida: «Kom hit, de velsigna borna åt Far min, og ta i eige det riket som er etla åt dykk frå verda vart grunnlagd. 35 For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tyrst, og de gav meg drikke; eg var framand, og de tok imot meg; 36 eg var utan klede, og de kledde meg; eg var sjuk, og de såg om meg; eg var i fengsel, og de vitja meg.» 37 Då skal dei rettferdige svara: «Herre, når såg vi deg svolten og gav deg mat, eller tyrst og gav deg drikke? 38 Når såg vi deg framand og tok imot deg, eller utan klede og kledde deg? 39 Og når såg vi deg sjuk eller i fengsel og kom til deg?» 40 Men kongen skal svara dei: «Sanneleg, det seier eg dykk: Det de gjorde mot ein av desse minste brørne mine, det gjorde de mot meg.»
    41 Så skal han seia til dei på venstre sida: «Gå bort frå meg, de bannstøytte, til den evige elden som er laga til åt djevelen og englane hans. 42 For eg var svolten, men de gav meg ikkje mat; eg var tyrst, men de gav meg ikkje drikke; 43 eg var framand, men de tok ikkje imot meg; eg var utan klede, men de kledde meg ikkje; eg var sjuk og i fengsel, men de såg ikkje om meg.» 44 Då skal dei svara: «Herre, når såg vi deg svolten eller tyrst eller framand eller utan klede eller sjuk eller i fengsel utan å hjelpa deg?» 45 Men han skal svara dei: «Sanneleg, det seier eg dykk: Det de ikkje gjorde mot ein av desse minste, det har de heller ikkje gjort mot meg.» 46 Så skal dei gå bort til evig straff, men dei rettferdige til evig liv.

Debatt på facebook.

SB:

Du synes ikke etterlivet høres kjedelig ut? Etter ca. to millioner år, vil ikke du gå lei av å gå på fisketur, spise middag sammen med løver og lam, og ha et evigvarende liv uten bekymring?

Hva er motstand? Hva vil motivere deg til å strebe etter noe?

Personlig synes jeg dette høres ut som noe som vil uansett gi mentale forstyrrelser etterhvert. Jeg higer heller etter det som er faktisk, målbart og observerbart: Alle fundamentalpartikler i kroppen som utgjør meg, er ca. 13.7 milliarder år gamle. Det er en viss sansynlighet for at atomene som utgjør min venstre hånd er et resultat av en supernova, og det er en helt annen supernova som utgjør atomene i min høyre hånd.

Og den dagen jeg dør, vil samtlige elementærpartikler som utgjør kroppen min, fortsette å eksistere inntil universet selv opphører å eksistere.

Det, er etter min mening, en mye, mye mer fascinerende forklaring enn noe som helst av det religion har klart å komme opp med.

Mine svar.

Visdomen var verks-meister hos Gud.

Kong Salomo talte om den personifiserte visdomen, som var med på skapinga.

Salomos Ordtak.8,27 Då han bygde himmelen, var eg der, då han slo kvelv yver djupet. 28 Då han feste skyene i det høge, då han batt kjeldone i djupet, 29 då han sette grensa for havet, so vatnet ikkje gjeng lenger enn han byd, då han la grunnvollar for jordi – 30 då var eg verksmeister hjå han, og eg var til hugnad for han dag etter dag, eg leika meg stødt for hans åsyn; 31 eg leika på heile jordkringen hans og hadde min hugnad i mannsborni.

Av samanhengen får vi vite at den gir visdom i samfunns-samanheng også. Når eg les dette, tenker eg på den Heilage Ande, at den er den personifiserte visdomen.

1.Mos.1,1 I opphavet skapte Gud himmelen og jorda.
     2 Jorda var aud og tom, mørker låg over djupet, og Guds ande svevde over vatnet.  3 Då sa Gud: «Det skal bli lys!» Og det vart lys.  

2.Kor.4, 6 For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram.
     7 Men vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss. 

2.Kor.2, 9 Men som det står skrive:
          Det auge ikkje såg og øyre ikkje høyrde,
          det som ikkje kom opp i noko menneskehjarte,
          alt det Gud har gjort ferdig for dei som elskar han,
10 det har Gud openberra for oss ved sin Ande. For Anden utforskar alle ting, til og med djupnene i Gud. 

Ved tru skjønar vi at verda har vorte skapt av Guds ved Guds Ord, så det synlege har vorte til av det usynlege. Derfor er naturen forståeleg. Så spørst det kor mykje vi forstår.

Visdomen var verksmeister for Gud, dei leika støtt for hans åsyn og på heile jorda. Vi kan tenke oss at leiken var som å eksperimentere med saker og ting og å eksperimentere med tankar og idear om korleis saker og ting var og om kva som kunne verte ut av dei.

Det handlar både om å få ei rett forståing av tilværet, naturen og samfunnet og forstå kva som vil vere ei god og rett utvikling og korleis få den. Til det treng vi at Gud frelser oss og gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande.

Forsoninga i Kristus.

Bibelen seier at Gud har skapt alt ved sitt Ord, han er ånd og er suveren over det han har skapt. Gud, hans Ord og hans Ande, hans rike og hans himmel, er mest fundamentalt. Han skapte mannen av mold frå marka og så bles han livets ande i nasa hans, så han vart til ei levande sjel. Slik vekte han mannen opp til liv i samfunn med seg.

Men på grunn av synde fallet vart mannen dømd til døden, Gud sa til han at han var mold og til molda skulle han attende. Gud er i sin evige himmel ikkje så langt unna, men vi kan likevel ikkje komme til han utan at han kjem til oss. Så han sende Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. Alle som tok imot han gav han rett til å verte Guds born, fødde av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd. Kristus viste oss Guds kjærleik ved at han døde i staden for oss på korset. Ved korsets fot finn vi den ekte kjærleiken og den vil han skal vere mellom oss og derfor skal vi glede oss, for vi har funne den ekte kjærleiken. Håpet om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrent i våre hjarte ved den Heilage Ande som er oss gitt (Rom.5,5).

Den nye pakta og moderne fysikk.

Jeremias profeterte om at Gud ville gjere ei ny pakt med folket sitt.

Jer.31,31 Sjå, dagar skal koma, seier Herren,
        då eg gjer ei ny pakt
        med Israels ætt og Judas ætt,
    32 ei pakt som er annleis
        enn den eg gjorde med fedrane deira,
        den gongen eg tok dei i handa
        og førte dei ut or Egypt,
        den pakta med meg som dei braut,
        endå eg var deira rette herre, seier Herren.
    33 Nei, såleis er den pakta eg vil gjera
        med Israels-folket i dagar som kjem,
        lyder ordet frå Herren:
        Eg vil leggja mi lov i hugen deira
        og skriva henne i hjarta deira.
        Eg vil vera deira Gud,
        og dei skal vera mitt folk.
    34 Då skal ingen lenger
        læra sin neste og sin bror
        og seia: «Kjenn Herren!»
        For dei skal alle kjenna meg,
        både små og store, seier Herren.
        For eg vil tilgje deira misgjerning
        og aldri meir koma deira synd i hug.
    35 Så seier Herren,
        han som sette sola til å lysa om dagen
        og laga det så
        at månen og stjernene lyser om natta,
        han som rører opp havet så bylgjene brusar,
        – Herren, Allhærs Gud, er hans namn:
    36 Lèt eg denne skipnaden vika,
        lyder ordet frå Herren,
        skal Israels-ætta òg for alltid
        halda opp med å vera mitt folk.
    37 Så seier Herren:
        Kan himmelen der oppe mælast,
        og grunnvollane under jorda der nede granskast,
        då vil eg òg støyta frå meg heile Israels ætt
        for alt dei har gjort, seier Herren.

    38 Dagar skal koma, lyder ordet frå Herren, då byen skal byggjast opp att for Herren, frå Hananel-tårnet til Hjørneporten. 39 Derifrå skal mælesnora gå beint fram til Gareb-haugen og så bøya av til Goa. 40 Heile dalen med lika og den feite offeroska og alle skråningane ned til Kedron-dalen, til hjørnet ved Hesteporten mot aust, skal vera vigde til Herren. Aldri meir skal byen rivast eller brytast ned.

Det er visst mange som trur at alt kan granskast ved å måle og vege, klart det er viktige metode i realfag og det har gitt oss mykje. Men det har si avgrensing, det viser seg ved bruk av metodene. Lyset treng tid til å komme til oss, så vi ser det som har skjett tidlegare, det vi ser eit lysår borte, skjedde for eit år sidan, men kva som skjer der no, kan vi ikkje vite. Kvas med grunnvollane under jorda? Det er radioaktivitet som har gitt energi til landheving, så tørt land har kome til syne. Radioaktivitet er forklart med kvantefysikken, der er Heisenbergs usikkerheits-relasjon vesentleg og den fortel oss at der er noko som ikkje kan målast. I vers 35 er det tale om lyset og havbølgjene, det gir oss eit hint, lyset har bølgje-rørsle og det har elementærpartiklane også. Forskarane har likevel funne halveringstida til radioaktive materiale og det kan brukast til nøyaktige prognoser, den er grei.

Men her er det tale om mennesket, ingen kunne hindre Gud i å gjere i ny pakt med Israelsfolket, å legge si lov i hugen deira og skrive den i hjartet deira. Den pakta er for oss også, det er den nye pakt i Jesu blod.

Når vi høyrer om atom og elementærpartiklar tenker vi på dei utifrå vår erfaring av ballar, klinkekuler og sandkorn. Det er sjølvsagt ei forenkling, men ingen har sett verken atom, deira orbitalar eller elementærpartiklar. Orbitalane er utrekna utifrå teorien i kvantefysikken og så har dei prøvt å forklare dei kjemiske reaksjonane utifrå orbitalane, det er gode forklaringar og det stemmer noko så forbløffande. Det synest eg er fasinerande.

I følgje kvantefysikken har elemetærpartiklane både bølgefunksjon og partikkelfunksjon. Ved målingane kollapsar bølgefunksjonen, den fortel sannsynet til målingane, over mange nok målingar stemmer det. Det er det vesentlege, så dei kan slå seg til ro med det, slik er Kjøpenhamn-interpretasjonen, representert ved Niels Bohr. Men det er mange har filosofert over det og tenkt seg alternativ. Endåtil Ervin Schrødinger som kom med bølgelikninga. Og Richard Feynmann gav uttrykk for det paradoksale ved å seie at dersom du tur du har forstått kvantefysikken, så har du ikkje forstått den.

Dobbeltspalte-eksperimentet er så pass enkelt at kven som helst kan gjere det heime med enkelt utstyr. Likevel er det eit sensasjonelt eksperiment, nyare og meir avanserte dobbelt-eksperiment, med noko tilleggsutstyr altså, viser at den einskilde elementærpartikkelen går gjennom begge spaltene samtidig. Det gjer faktisk heile atom også, sjølv om dei er så store at dei har fleire hundrede elementærpartiklar i kjerna. Det betyr at følgefunksjonen er meir fundamental enn partikkeleigenskapen og bølgefunksjonen er ein usynleg teori. Så det høver faktisk godt med den platonske idelæra.

Ved målinga skjer det ein kollaps av bølgefunksjonen og det er det som gjer at vi kan sanse noko med våre fysiske sansar. Men elementærpartiklane brukar ingen tid på kollapsen, dei har då heile tida ein bølgefunksjon. Den betyr berre at bølgefunksjonen får ein annan formel, som når eit elektron skifter orbital. Slik forstår eg det og eg meiner det er rett, eg må likevel innrømme at det er eit uforståeleg paradoks.

Vel, der er noko som heiter planck-tid, vi kan ikkje skilje mellom to tidspunkt innanfor eit tidsintervall på ei Planck-lengde.

SB: Du har lest om emnet, men du har ikke forstått det, ser jeg.

Eg: Her er det ikkje eit enten eller, men kor mykje ei forstår. Det innrømme sjølv Feynman med å formulere eit paradoks. Prøver du å gi in trykk av at du forstår det betre enn meg, så vil eg gjerne høyre. Eg venter i spenning.

SB: Nei, jeg påstår ikke at jeg forstår det bedre enn deg.

Men noen ting er faktisk ganske elementære, sånn som Heisenbergs prinsipp.

Og den klassiske feilen mange gjør når de snakker om “observasjon av elementærpartikler” og at en kvantebølgefunksjon brytes ned av det, er at de behandler det som at nedbrytningen er som følge av en observasjon utgjort av en selvbevisst art.

Det er så langt fra tilfellet som er overhodet mulig: Skal du observere noe så lite som en elementærpartikkel er du nødt til å belyse den ganske kraftig. Og, når du bombarderer en elementærpartikkel med fotoner vil den selvsagt endre både hastighet og retning.

Eg: At partikkelen vert bombardert av andre partiklar og endrar fart kjem inn under måleusikkerhet, men det er ikkje det same som Heisenbergs uskarphetsrelasjon. I byrgjnga vart det framstilt som om det var det same, men det er feil. Når du har ei smal spalte som partikkelen må gjennom, så er breidda delta-x liten då er delta-p forholdsvis stor i følgje Heisenbergs uskarphetsrelasjon, det får betydning for retninga, så partikkelen kan treffe eit større område bak skjermen. Vel kan vi kalle det ei måling, vi veit at partikkelen for gjennom spalta, den måtte treffe der med ei usikkerhet delta-x, men det er eigentleg ikkje ei måling, vi sanser det ikkje, men forstår det. At den traff der er bestemt av bølgefunksjonen, den bestemmer rørsla gjennom spalta og bak spalta, heilt til den treff skjermen, der kollapsar den og der får vi målinga, posisjonen der partikkelen treff. Bølgefunksjonen gav sannsynet for kvar den skal treffe, men vi kan ikkje vite det på førehand at den vil treffe der, då kollapsa bølgefunksjone, for posisjonen vart bestemt, vi fekk ei måling. Der er dei som meiner at eigentleg skjer der ikkje nokon kollaps av bølgefunksjonen og så prøver dei å finne ei betre forklaring, men det verkar temmeleg vanskeleg å komme nokon veg med det.

%d bloggers like this: