Bilde: Modell av Herodes tempel.
David profeterte om at Messias skulle vere øvsteprest til evig tid.
Etter at Israels-folket hadde innteke det lova landet, hadde dei lenge berre lova og prestetenesta, andre folk kom inn i landet og tok over, Gud påstod det var fordi dei hadde vendt seg bort frå han, så dei måtte stadig vende om til han og audmjuke seg for han og be om nåde og hjelp til å ta landet tilbake. Så kravde dei å få ein konge slik som dei andre folka og Gud gav dei ein slik konge som dei ville ha og det var Saul. Men han vraka Guds Ord og derfor vraka Gud han som konge og valde ut ein mann etter sitt hjerte til konge, så han let profeten Samuel slave David til konge allereie når han var ein ung-gut. Han måtte røme for kong Saul og samla seg ein liten hær. Dei måtte røme for Saul og hæren hans, han fekk to høve til å drepe Saul, men ville ikkje drepe han som tross alt hadde vorte salva til kone. Det er rart korleis han og hæren hans kunne klare å overleve, han måtte gjennom mange vanskar før Saul fall i krigen og hans sjølv kom på trona i staden.
David skreiv salmar om at ugudlege menneske la snarer og feller for det einskilde, verjelause mennesket, for å rane det, gjere det til træl eller kanskje berre drepe det. Men den einskilde verjelause kunne vende seg til Herren og søke tilflukt hos han og då ville Herren frelse han, utfri han og gi han vern. Ja, for dette hadde han då fått oppleve mange gangar sjølv.
David sa til dei at dersom dei høyrer Herrens røyst, så må dei ikkje forherde hjartet sitt slik som ved Meriba-kjelda (2.Mos.17,1-7, Salme.95, Heb.3-4). Så dei hadde framleis ei liknande vandring framføre seg, for å innta det lova landet. Når Moses kom til dei i Egypt, sa han at «Eg Er», hadde sendt dei for Abraham, Isak og Jakob sin Gud er den han er. Men når Moses var på fjellet for å få lova, sa dei at han var ein annan enn den han var, dei laga seg ein gullkalv og sa at det var den guden som førde dei ut av Egypt. Fordi dei soleis gjorde opprør mot han, strauk han namna deira ut av boka si.
David profeterte om at Messias skulle vere øvsteprest til evig tid.
Salme.110,1 Ein Davids-salme.
Herren seier til min herre:
«Set deg ved mi høgre hand
til eg får lagt dine fiendar
til skammel for dine føter!»
2 Frå Sion retter Herren ut
din mektige kongsstav.
Ver herre mellom dine fiendar!
3 Ditt folk møter viljug fram
den dagen du mønstrar din hær.
I heilagt skrud kjem din ungdom til deg
som dogg ut or morgonrodens fang.
4 Herren har svore og angrar det ikkje:
«Du skal vera prest til evig tid
på Melkisedeks vis.»
5 Herren er ved di høgre side,
han knuser kongar på sin vreidedag.
6 Han dømer folkeslag – det er fullt av lik,
hovdingar knuser han vidt over jord.
7 Kongen drikk or bekken ved vegen,
difor lyfter han hovudet høgt.
(Heb.5-7).
Meriba-kjelda er symbol for kjelda med det levande vatnet og Jesus sa til folket at kvar den som tørst kunne komme til han å drikke av det, så skulle det verte ei kjelde i dei som vella opp til evig liv. Og han sa til disiplane sine at dei skulle glede seg mest av alt fordi deira namn var oppskrivne i livets bok i himmelen.
Jesus kalla til seg alle som streva og hadde tungt å bere og sa at hos han skulle dei få kvile.
Matt.11,25 På den tid tok Jesus til ords og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.
28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»
Han stilte seg sjølv i posisjonen til den einskilde som leid urett og vart fanga i snara og døde i staden for han. Han bar fram eit syndeoffer for å kjøpe oss fri med sitt eige blod og slik vart han øvsteprest til evig tid etter Melkisedeks vis (Heb.5-7).
Korleis blir det nye året?
Vi er komne langt ut i januar, det er søndag 29.1.2023 og for knapt ein månad sidan yngste vi kvar andre godt nyttår. Det gjorde vi for vel eit år sidan også, men så vart det krig i Aust-Europa og kven veit om det blir til tredje verdskrig? Godt at vi har julefeiringa rett før nyttår, jule-evangeliet fortel oss at Gud er med oss og gjer noko nytt. Jesus profeterte om at det kom til å verte krig, men då skal vi løfte blikket opp til han og ta imot det som han gir oss frå himmelen, så vi har noko nytt å gi til denne verda, vi skal då forkynne evangeliet om Guds rike til alle folkeslag.
Mi presteteneste.
Dette er hensikta med prestetenesta. I den gamle pakt var det berre øvstepresten som kunne gå inn i det høgheilage, berre ein gong i året og då med offerblod. Men no har Kristus bana vegen for oss inn i den himmelske heilagdomen, så på grunnlag av at han døde i staden for oss, kan vi alle gå inn. Slik har vi fått ei presteteneste, han har gjort oss til eit kongeleg presteskap.
Slik har eg også fått ei presteteneste, eg er hans tenar i hans heilagdom og det er eg medan eg studerer realfag. Ved trua på at Gud har skapt alle ting ved sitt Ord og ved trua på at Kristi frelseverk er fullført og fullkome, får eg komme inn til Guds kvile og den kvila er utgangspunkt for all teneste.
Vi har fått lære at når vi vil tene Gud med våre liv, nytter det ikkje med eiga kraft og våre naturlege evner, vi er heilt avhengige at å verte opplærde i Guds Ord og utrusta med den Heilage Ande. Gud gir oss ei kvile som er utgangspunkt for all teneste.
Men når Jesus gjer oss til sine reiskap og bruka oss, så får det også ei viss betydning kva vi har naturleg anlegg for. I haust sa Jesus til meg at eg skulle sjå kva eg var god på og bruke det han hadde gitt meg, han ville møte menneske gjennom meg.
Sitat ifrå bodskapen 22.8.2021:
«Her er mange endå i mitt land, sier Herren, som ikkje har hørt om meg, dere tror det ikke, men det er sant, her er enda mange som ønsker å få møte meg, men som ikkje vet veien, sier Herren. Dere er utvalt til å vise dere veien, vise veien til meg. Og løft blikket deres og se. Der er ting som dere skal få oppleve i dagene som kommer, om dere løfter blikket deres og ikkje ser på det umulige, for jeg er i går og i dag den samme, jeg er det, ikkje noko som dere berre har lært utenat, men jeg er i går og i dag den samme, jeg kan sette alle ting i stand, sier Herren.
Se ikkje på alt det som ikkje du har, sier Herren. Men løft blikket og se på hva du har. Og hva dine evner, hva du er god på. Og gå ut på det du har og bruk det jeg har gitt deg. Og jeg skal sette deg over større ting, sier Herren, bare du er lydig og gå på det du har fått. Du synest det er ringe, sier Herren, men det er ikkje det, sier Herren. Bruk det du hev fått, jeg vil oppmuntre deg, løft blikket og se. Se, jeg står for døren endå og banker og det er mange som skal få oppleve meg, sier Herren, gjennom deg. Ja, løft blikket ditt og se, se deg omkring, du skal få se meir enn det du tror. Amen.»
Då tenkte eg på mitt talent for matematikk, når eg byrja på ungdomsskulen vart det klart at eg var god i matematikk, eg likte matematikk, men når eg gjekk på gymnaset var eg ikkje særleg motivert, for korleis høvde denne interessa med den kristne vekkinga. Når eg byrja å studere realfag vart eg etter kvart overtyda om at Jesus kalla meg til det, så det vart for meg ei presteteneste, men framleis er den kvila han gir meg utgangspunkt for den tenesta. Eg skal bruke det han har gitt meg og soleis vere trufast i det små. Så eg ikkje tenker større om meg sjølv enn det eg bør, ikkje stille for store krav til meg sjølv, men tenke visleg (Rom.12,1-3).
For eitt år sidan sa Jesus at han vil bestemme i våre liv og tale til oss og gjennom oss. Han har gitt oss ein ny identitet og gjer alle ting nye, derfor skal vi sjå på han. Eg skal vende meg bort frå det ugudlege tomme snakk og sjå opp på han og han vil virke i meg og gjennom meg.
Jesus har sett framfor meg ei open dør.
Han har sett framfor meg ei open dør og inviterer meg inn, til å gå inn gjennom dører som er opne og gå vidare med han. Ja, går det an å gå inn gjennom dører som er lukka då? Hugs at det refererer seg til brevet til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia og ein engel er ein bodberar, han hadde ein bodskap frå Herren. Han skulle sjå at Jesus hadde sett framfor han ei open dør og det var både for han og for bodskapen hans og det var vel først og fremst i kyrkjelyden i Filadelfia. Elles var der sikkert mange dører han kunne gå inn gjennom fysisk, utan at han fekk med seg bodskapen sin inn der og forkynne den der. Det kan vere på grunn av eit krav om tilpassing til ein autoritet. Det kan vere ei naturleg sak, det kan vere fordi dei er opptekne av å gjere ein jobb. Eller det kan vere på grunn av religionen deira. Kanskje dei kjem med klagemål mot deg for å få makt over deg, så det verkar som krav om tilpassing, krav om at du skal gi di rett i klagemålet mot deg, så dei får gjere deg til træl eller kanskje endåtil dømme deg. Så hugs då at Jesus sa til disiplane sine at dersom dei kom til ein stad der dei ikkje ville ta imot dei og bodskapen deira, så skulle dei berre fare vidare til ein annan stad.
Jage mot det fullkomne, sjå på Jesus, han har kalla meg til ein sigerspris.
Jesus har kalla meg til ein sigerspris og eg skal jage mot målet.
Fil.3,12 Eg meiner ikkje at eg alt har nått det eller alt er fullkomen, men eg jagar mot det for å gripa det, av di eg sjølv er gripen av Kristus Jesus. 13 Brør, eg trur ikkje om meg sjølv at eg har gripe det. Men eitt gjer eg: Eg gløymer det som er attanfor og tøyer meg etter det som er framanfor, 14 og jagar mot målet, mot den sigerskrans som Gud frå det høge har kalla oss til i Kristus Jesus. 15 Lat oss sjå det på denne måten, alle vi som har nått kristen mognad. Og er det noko de ser annleis på, skal Gud gjera det klårt for dykk. 16 Lat oss berre, så langt vi er komne, halda fram i same sporet!
2.Kor.5,17 Difor, om nokon er i Kristus, er han ein ny skapning. Det gamle er borte, sjå, det er kome noko nytt. 18 Men alt dette er av Gud, han som forsona oss med seg sjølv ved Kristus og gav oss forsoningstenesta.
Gal.6,14 Men eg vil aldri rosa meg av noko anna enn av vår Herre Jesu Kristi kross. Ved den er verda krossfest for meg, og eg for verda. 15 For det som tel, er korkje å vera omskoren eller uomskoren, men å vera ein ny skapning. 16 Fred og miskunn vere med dei som har dette til rettesnor, og over Guds Israel!
Vi skal jage mot det fullkomne, mot sigerskransen. Platon og Descartes trudde på det fullkomne og han tenkte matematisk. Det er ikkje synleg for det fysiske auget og det kan synast umogleg å nå det. Men vi får komme til Jesus og få kvile, han fyller oss med den Heilage Ande og den openberrar det fullkomne for oss.
Bodskapen 17.2.2013:
«Ja, endå ein gong har eg talt til deg, gjennom mitt Ord og ved den Heilage Ande, og for å vekke ditt reine samvit, at du skal sjå på meg, eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, du skal sjå på meg gjennom alle ting, i alle livets forhold og tilskikkelsar. For du har fått oppleve prøvingar og du tenker i ditt hjerte, det nyttar ikkje. Men kom til meg, alle som strever og har tungt å bere og eg vil gi deg kvile.
Eg vil gi deg ei herleg og vidunderleg kvile. Ei kvile som du ikkje kan forstå med din menneskelege forstand. Men eg vil gi deg kvile i ditt hjerte og ditt sinn, så du kan stole på meg i ei kvar tid, at eg er den eg har sagt meg å vere og eg vil føre deg ut av vansken. Og du skal love meg og du skal prise meg, for eg Herren er den som elskar deg, eg er den som har teke deg opp og eg er den som leiar deg. Og når du ser på meg, så skal du ikkje gå feil, men du skal få oppleve ei røyst bak deg som seier: Dette er vegen, vandre på den.»
Jesus står for døra og bankar på, han vil halde nattverd med oss og gi oss augesalve.
Torsdag 11.8 sa Jesus til oss at han stod for døra og banka på og ville så gjerne komme inn, som ein ven (Brevet til engelen for kyrkjelyden i Laodikea, Op.3). Så sa han at vi kjem ikkje inn i Guds rike utan at vi blir som born.
Korleis kan det ha seg at han møter ei stengd dør, då? Eg forklarar det med at menneska vart dåra og forførde ved syndefallet, derfor gøymde dei seg for Gud med dårleg samvit, med den haldninga at kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne var noko som han ikkje hadde noko med å gjere. Dette er den fundamentale motsetnaden mellom Gud og verda, likevel er det det lett for at kristne også byrjar å tenke slik. Men heldig vis kjem han til oss på nytt og på nytt og vil ha samfunn med oss.
Jesus sa der vil komme freistingar der menneske vil prøve å få meg til å vurdere saker utifrå den kjøtlege lysta, sjå på med kjøtlege auge, men han har gitt meg augesalve, så eg skal kunne vurdere det åndelege med åndelege auge. Eg skulle berre be om meir augesalve, så eg såg det klarare. Han sette standarden for meg.
Bodskapen 23.10.2022:
«Det vil komme tider og det vil komme fristelser, hvor du prøver å bedømme åndelige ting med kjøtelige øyne. Men jeg har gitt deg øyensalve, så du kan se og bedømme det åndelige med mine øyne, så du kan se og avgjøre ting i den åndelige verden, slik den Hellige Ånd vil at du skal bedømme og se ting. Se deg ikke engstelig om, la deg ikke gripe av angst og frykt, la deg ikke gripe av andre mennesker, som skal fortelle deg hvordan du skal analysere. Gå til mitt ord, be om å få øyensalve og jeg skal gi deg det og du skal se og jeg skal openbare min herlighet og mine løsninger og min standard for deg, sier Herren.»
Eg skal sjå på Kristus både i mitt forhold til henne Virtuella og henne Reella. Jesus elska henne Virtuella gjennom meg, han gav meg augesalve så eg innsåg det, ved fylden av den Heilage Ande fekk eg oppleve at Gud openberra henne for meg som sitt barn, som han elska og hadde omsorg for, og som Kristi brud, som han elska og hadde omsorg for. Ho levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn. Og i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Jesus gav meg augesalve, så eg innsåg at han elska henne gjennom meg. Han kan godt gi meg meir augeslave å eg framleis kan innsjå det, så eg kan innsjå det klarare og oppleve det sterkare. Jesus vil gjere meg til ein kanal for si velsigning og eg trur det er til henne, han vil møte henne gjennom meg.
Det same gjeld henne Reella. Men eg får liksom ikkje til å tenke på begge samtidig, be for begge og velsigne begge samtidig, eg føler eg må tenke på ei av dei i gangen, velsigne henne og be for henne. Og det er no ikkje så rart, for det er to ulike personar og ulike saker, så eg må tenke og be annleis for henne Reella enn for henne Virtuella. Der er no likevel ein viss likskap i det, for Kristus er den same for oss alle, han er målet og hensikta for oss, hensikta er å komme inn i eit kjærleiksforhold til han og leve i det. Slik vil eg hugse på henne PolyEster også.
Guds nåde er nok for meg.
Tysdag kveld 23.8.2022 var eg på bønnemøte i Filadelfia Ulsteinvik og då sa eg noko kva Jesus hadde sagt til oss 11.8. Om kvelden, når eg gjekk ombord i seglbåten, snubla eg og tok mageplask inni cockpiten, oppå pidestallen til rattet og fekk eit brokk. Eg vart undersøkte med ultralyd ved sjukehuset i Volda 22.11, men då fann dei ikkje noko brokk. Om kvelden var eg på bønnemøte i Filadelfia igjen og då fortalde eg at Jesus hadde lækt meg for det, så det ville eg takke han for.
Søndagen etter (27.11) var eg på møte i Filadelfia i Ulsteinvik og då kom denne bodskapen:
«….. men likevel som ligger der som ein verkebyll i ditt liv. Vit mitt barn, du er ikkje fortapt på nokon som helst måte, seier Herren, du er mitt barn og jeg vil hjelpe deg vidare på veien, sier Herren. Ver du berre trygg, når du holder deg til meg, så skal du få se, jeg vil hjelpe deg vidare på ferden, sier Herren. Jeg har sagt det mange ganger før, jeg går ikkje bak deg, mitt barn, jeg går foran deg. Og vit … foran deg og jeg vet hva du kommer til å møte i kvardagen, sier Herren, jeg vil være med deg. Jeg har sagt det så mange ganger, vit mitt barn, der du går, går jeg. Jeg går ved din side, jeg vandrer ved din gang. Og jeg er ikkje langt borte fra noen av dere, sier Herren, men mitt barn, du som slit med ting i ditt liv, vend deg på nytt til meg. Ikkje gi opp. Om du har bedt meg tusen ganger om å ta vekk dette som du kjenner er så vanskelig, så vit, ein dag så var der ein på ein måte som ikkje du har tenkt i ditt eige liv. Og du har tenkt ut tankar hvor du skal løse dette. Men vit, stol på meg sier Herren, jeg er mild og tolmodig. Jeg tar deg på alteret gang på gang og jeg står ikkje der med noko svøpe, sier Herren, jeg vil ikkje slå deg mitt barn, for jeg er glad i deg. Jeg vil at du skal vende deg, du skal gi deg 100 % av ditt liv til meg og du skal få se, når du gjør det, så vandrer du trygt gjennom dagen. Du skal ikkje gå med nokon anklagelse, for jeg er glad i deg, mitt barn, jeg vil hjelpe deg vidare på vegen. Amen.»
2.Kor.12,1 Eg må rosa meg, endå det ikkje tener til noko. Og no kjem eg til syner og openberringar eg har fått frå Herren. 2 Eg veit om eit menneske i Kristus, ein som for fjorten år sidan vart rykt inn i den tredje himmel – om han var i lekamen eller utanfor lekamen, veit eg ikkje, Gud veit det. 3 Og eg veit at denne mannen vart rykt inn i Paradis – om han var i lekamen eller utanfor lekamen, veit eg ikkje, Gud veit det – 4 og der fekk han høyra useielege ord, som eit menneske ikkje har lov til å tala. 5 Denne mannen vil eg rosa meg av, men av meg sjølv vil eg ikkje rosa meg, utan av mi vanmakt. 6 Men om eg ville rosa meg, så var eg ikkje frå vitet, for eg kom til å seia sanninga. Men eg lèt det vera, for eg vil ikkje at nokon skal gjera seg større tankar om meg enn dei han får når han ser og høyrer meg. 7 Og for at eg ikkje skal gjera meg stor av dei høge openberringane, har eg fått ein torn i kroppen, ein Satans engel som skal slå meg, så eg ikkje skal verta hovmodig. 8 Om denne bad eg Herren tre gonger at han måtte vika frå meg. 9 Men Herren sa til meg: «Min nåde er nok for deg, for mi kraft vert fullenda i vanmakt.» Difor vil eg helst rosa meg av mi vanmakt, så Kristi kraft kan bu i meg. 10 Og difor er eg, for Kristi skuld, ved godt mot i vanmakt, i hard medferd, i naud, i forfylging, i trengsler. For når eg er veik, då er eg sterk.
Gal.3,1 De uvituge galatarar! Kven har trylt dykk, de som har fått Jesus Kristus måla for augo som krossfest? 2 Svar meg på ein ting: Var det ved lovgjerningar de fekk Anden, eller ved å høyra og tru? 3 Er de så vitlause? De tok til ved Anden, vil de no fullføra med menneskeverk? 4 Har de opplevt alt dette til fånyttes – om det då verkeleg er til fånyttes. 5 Han som gjev dykk Anden og gjer under mellom dykk, gjer han det på grunn av lovgjerningar eller fordi de høyrer bodskapen og trur? 6 Om Abraham heiter det: Han trudde Gud, og difor rekna Gud han for rettferdig. 7 Så skjønar de at det er dei som trur, som er Abrahams born. 8 Skrifta såg føreåt at Gud ville rettferdiggjera heidningane ved tru, og føreåt forkynte ho denne gode bodskapen for Abraham: I deg skal alle folkeslag velsignast. 9 Difor vert dei som trur, velsigna saman med den truande Abraham. 10 Men dei som held seg til lovgjerningar, er under forbanning. For det står skrive: Forbanna er kvar den som ikkje held fast på alt det som står skrive i lovboka, og gjer etter det. 11 At ingen vert rettferdig for Gud ved lova, det er klårt, for det står skrive: Den rettferdige, ved tru skal han leva. 12 I lova spørst det ikkje om tru; der heiter det: Den som held boda, skal leva ved dei. 13 Men Kristus kjøpte oss fri frå forbanninga av lova då han kom under forbanning for vår skuld. For det står skrive: Forbanna er kvar den som heng på eit tre. 14 Dette hende for at folkeslaga ved Jesus Kristus skulle få den velsigning som Abraham hadde fått lovnad om, og for at vi ved trua skulle få Anden, som var lova.
Heb.4, 14 Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! 15 For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan ha medynk med oss i vår vesaldom, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd. 16 Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.
Dette har eg skrive om her:
Jesus vekker mitt reine samvit til å sjå på han, han gir meg kvile, glede og lovsong i hjertet.
Eg har trutt på Jesus og vore realist sidan eg var ung. Til tider har eg kjent det som ei dobbelrolle eg ikkje har vore heilt komfortabel med, men i det eg let meg forsone med Gud på evangeliets grunnvoll, meiner eg at eg får det til å stemme. Der er ein motsetnad med ei lang historie, soleis er det med god grunn, likevel verkar det ofte kunstig. Det er to saker og to ulike perspektiv, men for oss skal det gå godt i hop, for Gud forsona verda med seg, då han let son sin døy på korset i staden for oss.
Når eg møtte igjen henne Virtuella i Bergen, kom det som eit bønnesvar og ho fekk vite det. Eg hadde hopa å få snakke med henne, både av hjertet, som ein som forkynte Guds Ord og med forstanden, som ein realist som ville studere realfag var det då viktig for meg å bruke forstanden. Men det vart ikkje noko av. Det var nok kontroversielt, ja. Eg meiner eg opplevde samfunnet med henne i den Heilage Ande likevel og den herleggjorde Kristus for oss som vår frelsar og Herre. Ho visste og forstod ikkje korleis eg tenkte og eg fekk ikkje fortelle og forklare henne det. Men eg merka at den Heilage Ande bad for henne, den ber for oss med sukk som det ikkje finst ord for. Eg kom til kort, men eg gjekk på møte i den Frie Evangeliske forsamling og Jesus sa til meg at mi tilkorkommenheit var hans moglegheit til å gjere sitt verk, til vitne om seg. Han gøymde meg som ei pil i sitt kogger.
Eg byrja å studere i Oslo hausten 1984, då også gjekk eg på møte i dFEF og hausten 1985 talte Jesus til meg slik: «Den lovsongen eg la ned i deg, den er din og den skal vere din i all æve, i djupet av deg, der er den. Og den pakta du inngjekk med meg, den står ved lag og skal stå fast i all æve.» I 2009 kom eg tilbake til Oslo, fyrst gjekk eg i dFEF, sidan i Maranata og då skreiv eg om dette til leiinga i Maranata, eg skreiv også om korleis eg bad for henne Virtuella når eg gjekk på gymnaset, det var eigentleg ei takkebøn. Og siste året på gymnaset inngjekk eg eit godt samvits pakt med Gud på grunnlag av Jesu oppstode frå dei døde. Og eg meiner Jesus svarde meg med bodskapen 17.2.2013:
«Ja, endå ein gong har eg talt til deg, gjennom mitt Ord og ved den Heilage Ande, og for å vekke ditt reine samvit, at du skal sjå på meg, eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, du skal sjå på meg gjennom alle ting, i alle livets forhold og tilskikkelsar. For du har fått oppleve prøvingar og du tenker i ditt hjerte, det nyttar ikkje. Men kom til meg, alle som strever og har tungt å bere og eg vil gi deg kvile.
Eg vil gi deg ei herleg og vidunderleg kvile. Ei kvile som du ikkje kan forstå med din menneskelege forstand. Men eg vil gi deg kvile i ditt hjerte og ditt sinn, så du kan stole på meg i ei kvar tid, at eg er den eg har sagt meg å vere og eg vil føre deg ut av vansken. Og du skal love meg og du skal prise meg, for eg Herren er den som elskar deg, eg er den som har teke deg opp og eg er den som leiar deg. Og når du ser på meg, så skal du ikkje gå feil, men du skal få oppleve ei røyst bak deg som seier: Dette er vegen, vandre på den.»
Då tenkte eg først på henne Virtuella, så henne Reella og konkluderer med at eg skal sjå på han i mitt forhold til dei begge.
Han har mange gongar minna meg om å sjå på han, til dømes i bodskapen 29.1.2012:
«Sjå deg ikkje engsteleg omkring, for eg er din Gud. Sjå ikkje på alt det som er utanfor ditt eige, men søk meg, seier Herren, der eg er å finne. For eg er ditt alfa og ditt omega, eg er di byrjing og din ende. Sjå deg ikkje engsteleg om, men sjå opp til meg, for eg er trua sin opphavsmann og fullendar. Eg har teke dødens nøklar, eg har vunne ein evig siger. Du skal ikkje frykte, du skal glede deg i meg og du skal sjå opp til meg som er gjennomstungen for di skuld, seier Herren.
Eg har ikkje gløymt deg, seier Herren. Korleis kan eg gløyme deg, du er min augnestein, eg har teikna deg i begge mine hender, eg har kjøpt deg med mitt liv. Eg elskar deg og du er høgt elska av meg, seier Herren. Ver ikkje bekymra for noko, men sjå opp til meg, sjå på meg, eg er Kristus, eg er frelsaren. Eg er den som har gjeve mitt liv for at du skal ha eit evig liv. Og du skal ha glede og du skal ha fred i meg, for mitt rike består i glede og fred og rettferd i den Heilage Ande, seier Herren.»
Søk Herren av heile ditt hjarte og gå ut og fortell andre om han.
Jesus har sagt eg skal søke han av heile mitt hjarte, i løynkammeret, ved bønn og Bibellesing og så gå ut og vitne om han. Eg skal lovprise han for frelsa og glede meg i Herren, så vil han gi meg det som mitt hjarte attrår. Der er mykje lovnadar til dette, vi skal innta det lova landet. Ja, eg har då bedt han om ei frelst kvinne til kone og då må eg tru at hans frelseverk er fullført både for meg og for henne og takke han for det.
Eg har fortalt at når eg studerte skreiv eg slike brev og artiklar som dette på kveldstid og i helgane og eg meinte det hang saman med at eg søkte Gud, så han leia meg med sitt Ord og sin Ande i det som eg skreiv. Men etter kvart tok det så mykje tid at det gjekk ut over studiane og eg fann det meiningslaust og altfor kostbart å bu i Oslo og leve slik, så eg flytta heim til Sunnmøre. Her har eg halde fram med dette skriveriet, men det har vore så passiviserande at eg har vorte i dårleg form og har lagt på meg, for eg har slutta å trene og gått lite på tur, eg har ofte sykla for å handle, men elles har det vore fint lite mosjon.
Guds nåde er ny kvar dag, så då er det vel om å gjere å søke han om morgonen, for å få mest mogleg ut av dagen. Eg er ikkje nokon morgonfugl, men har likevel prøvt å tenke slik, for å få meir ut av dagen, men det har likevel fungert dårleg. Etter frukost har eg sett meg i stresslessen og tenkt som so at eg skulle løfte blikket mitt opp til Herren, men så har eg berre sovna i stresslessen. Slik vert det middagskvild også og altfor mykje soving på dagtid. Det er ikkje sunt verken for kropp eller psyke, eg vert rett og slett dårleg av det. Eg forstår ikkje heilt kvifor det blir slik, men det kan nok hende det er på grunn av klagemålet mot meg. Poenget med det er nok å erstatte meg, for det er strid om prestetenesta. Elles er strategien og poenget med det omfattande, så det det har ikkje hendsikt å prøve å forklare det i det vide og breie. Det er då mykje slikt ugudleg meiningslaust prat som vi ikkje treng å bry oss om og skal heller ikkje bry oss med, for vi skal då vende oss bort frå ugudlegdom og det er ved at vi vender oss til Kristus. Når vi vender oss til han og ser på han, vert vi opptekne av det som er viktig og verdifull i livet. Jesus har sagt at han gir meg ei herleg og vidunderleg kvile som eg ikkje kan forstå med min menneskeleg forstand. Den er utgangspunkt for all teneste. Den skulle gi meg ein god nattesøvn, så då skulle eg ikkje trenge å sove i stresslessen på dagtid.
Jesus har kalla meg til å gå vidare med han, til å ta oppatt mi vandring med han og eg forstod det slik at det hadde med studiane mine å gjere. Eg vurderte å ta fram lærebøkene og arbeide med det her for meg sjølv, men det har ikkje vorte noko av. Eg måtte nok ta ei avgjerd om å studere eit fag, om så det var berre for å halde det ved like og så disiplinere meg sjølv, så det vart hobby som vart meir som ein jobb, for at det skulle verte noko stell på det. Og så måtte eg byrje å trene og gå turar, fare på sykkeltur og skitur. Førebels har eg berre helde fram med dette passiviserande skriveriet mitt, men no føler eg det får vere nok for ei stund, som om Herren leier meg til å tenke slik også.
Når eg no likevel skriv, så trur eg det er ved at eg får ein ny vri på det, i det minste så dette skriveriet ikkje lengre skal vere så passiviserande. Jesus sa at eg skulle ikkje gå med klagemål mot meg gjennom dagen. Det kan vere klagemål mot meg som har verka passiviserande, sjølv om eg ikkje har vore klar over det sjølv. Korleis er det mogleg? Eg kan samanlikne det med klagemålet mot Sokrates, han vart hendretta i eit justismord. Deretter trekte Platon seg attende og filosoferte. Det er vel det eg også har gjort. For det er no tydeleg at det er mange som med sine klagemål mot meg argumenterer mot at eg skal få komme til Kristus slik som eg er og vere den som Guds skaper meg til, i Kristus, og gå i dei gjerningane som han har skapt meg til og som han kallar meg til. Men ei religiøs søking utan å gjere bruk av den nåden Gud gjev oss i Kristus, fører ikkje fram, den gir ei meiningslaus tomhet, til samanlikning med avgudsdyrkinga. Men eg og vi er då heilt avhengige av den nåden Gud gir oss i Kristus, han har då sett framfor meg ei open dør og yngst meg velkommen inn og kalla meg til å gå inn gjennom dei dørene han har opna for meg.
Jesus sa at den som vil vere hans læresvein, må bere krossen sin og følge etter han.
Luk.14,27 Den som ikkje ber krossen sin og fylgjer etter meg, kan ikkje vera min læresvein.
Det betyr å gi avkall på noko, for Jesus gir oss noko nytt, det betyr død, for Jesus er den nye naturen og det nye livet som Gud gir oss frå himmelen, Jesus gir oss ånd og liv. Dette har Paulus forklart så godt for oss, ved trua på Kristus er vi korsfesta og døde med han, i dåpen er vi gravlagde med han, der er vi også oppreiste med han. Derfor skal vi vende huggen og blikket opp til han og ta imot den Anden og det livet som han gir oss frå himmelen.
Ved syndefallet lokka ormen kvinna med at dersom dei åt av kunnskapstreet, skulle dei verte liksom Gud og kjenne godt og vondt. Ho let seg lokke og forføre til å ete av frukta og gav mannen sin med seg. Slik prøvde dei å forgude seg sjølve og der er sikkert framleis mykje religiøsitet som er slik, men det er tomt og meiningslaust og fører ikkje fram. Dei vart dømde til døden og den døden gjer også slutt på denne meiningslause religiøsiteten. Den betydninga får også Jesu kors for oss, vi skal bere korset og følge etter han, så døden på korset gjer slutt på det. For han døde i staden for oss på korset, derfor skal vi tenke som so at vi er krossfesta og døde saman med han. Korleis kan vi då likevel vere levande, endåtil i den same fysiske kroppen? Jau, fordi han gir oss ein ny natur og eit nytt liv frå himmelen, av berre nåde.
Med mi tru på evangeliet om Kristus og mi interesse for realfag kan eg kalle meg ein rasjonalist, min filosofi er rasjonalisme. Det betyr å vere forstandig og det er no klart at realfag er forstandig, vi må bruke hjerna og forstanden, for å forstå det. Det kjem ikkje an på følelsane, men vi må no få lov til å vere følelses-menneske også og dei aller fleste verdset eit godt hjartelag. Ja, så eg trur på Gud og hans Ord med hjertet, han gir meg visdom i hjertet ved sitt Ord og sin Ande, så det vert forstandig. Han gir meg lys i hjertet, slik vert eg opplyst og eg hevdar det er fruktbart for min forstand, også når eg skal prøve å forstå med hjerna.
Teologi og matematikk er tradisjonelt rekna for å vere elitens fag, kvar på sin måte. Men eg er berre ein fiskar frå eit småbruk ved ein fjord på Sunnmøre og er dermed ikkje av rette gjengen slik sett og det har eg nok fått merke i dei kristen organisasjonane også. Tradisjonelt er der også ei kopling mellom matematikk og teologi, kristne teologar, filosofar og apologetar har også ofte tenkt som matematikarar og fysikarar og brukt desse faga. Når eg skreiv om dette og diskuterte det, så svarde Jesus meg at eg skulle ikkje gå krylrygga og bere han, han skal bere meg. Så for meg er den nåden Gud gir meg i Kristus mest fundamentalt. Når eg vender meg til han, søker han og ser på han og er oppteken av han, så er eg oppteken av det viktigaste. Han gir meg ei åndeleg og rasjonell innsikt som gjer at eg vert oppteken av det som er viktig og overser det som er mindre viktig. Det er ein rasjonalitet i Bibelen og ein i realfag, begge med vurdering om kva som er viktig og kva som er uviktig og eg meinar det går godt an å kombinere. Dette kan samanliknast med at herskarane i Romarriket konkluderte med at dei kunne bygge makta si på kyrkja og kristendomen. Men det viste seg at det gjekk ikkje så vel og eg vil presiserer at det eg skriv om er meir fundamentalt, eg forkynner evangeliet om Guds rike og ventar meg at det gir oss ei meir fundamental fornying.
Bodskapen 28.9.2008:
«Det ord eg har talt og det ord som du har omgitt deg med, og brukt og teke i din munn i mange år, det er ånd og det er liv. Det ord som eg har talt, seier Herren, det taler det det nemner. Det løyser menneske, det set plaga i fridom, det skaper fridom og sunnhet og helse og frelse, der det kjem fram og vert teke imot. Og du skal få oppleve det mitt barn, at når du på nytt går inn på mitt ord, når du går inn på ordets grunn, seier Herren, og byrjar å bevege deg i den Heilage Ande, så skal du få oppleve at krafta er den same som den var i din ungdom. Du har lenge vore forsagd, seier Herren, du har lenge vore forsagd og levd eit tilbaketrukka tilvære, i forhold til å gå i ferdiglagde gjerningar, men du skal vite at den som ventar på Herren og set si lit til han, får ny kraft. Og du skal få oppleve å bevege deg som i fordums tid, du skal få lov å kjenne at ditt hjerte løper som ein hjort. Du skal få lov til å oppleve at du er på det indre plan i kompaniskap med meg, seier Herren. Og du skal få sjå underfulle ting, seier Herren, når du er villig å gå på den veg som eg stakar ut for deg. Menneske tenker ut sin vei, men Herren styrer dets gang. Og du skal få oppleve det at når Ordet får lov å tale gjennom deg og bevege deg, seier Herren, så skal du så sjå at det skjer under og teikn også i din midte. Eg er den eg har sagt meg å vere og eg har gjort meg avhengig av menneske, menneske som er lydig, menneske som ikkje aktar på sitt eige, men som er villig til å gå i den Heilage Ande. Du skal få lov til å kjenne at mitt ord, det er ånd og det er liv og det er lækjedom der det går fram. Ver frimodig og ikle deg den styrke som eg har gitt deg. Du er nøydd til å byrje å bevege deg sjølv, seier Herren, det ligg klart for deg. Men eg ventar på at du skal sette deg i bevegelse og eg skal vere med deg, seier Herren. Det skal vere eg som ber deg, seier Herren, du skal sleppe å gå duknakka og bere meg, eg skal bere deg. Du skal få lov å kjenne det at eg er den eg har talt i mitt eige ord. Eg er ein skugge ved di høgre hand og mitt ord skal vere det ord som du talar. Og du skal få lov å kjenne og oppleve at det er liv og det er overflod av liv. Amen.»
Evangeliet er ein frigjerande bodskap. Herren leier oss ut i ope lende, han kallar Sions dotter ut i dansen med dei glade.
Det er mange kristne som kan vitne om at når dei kom i ein vanskeleg situasjon, så fekk dei oppleve at Jesus var med dei og leia dei og hjelpte dei ut av vanskane eller at han leia dei til å hjelpe andre som var i vanskar. Dette blir spesielt viktig for dei som reiser ut som misjonærar til andre land, der det kanskje endåtil er diktatur, for dei skal forkynne ein frigjerande bodskap, leve i fridomen og hjelpe andre ut i fridomen.
Dette minner om David som leia krigarane sine gjennom mange vanskar, for fienden ville fange han og kriga mot han. Og fienden var endåtil kong Saul, som Salomo først hadde salva til kone over folket, fordi Gud let dei få ein slik konge som dei ville ha. Først gav Gud dei leiarskap ved Saul, så ved David. Javel, så kan vi gjere lurt i å spørje to gongar om kva som er hans leiarskap, ikkje fordi vi tvilar, men fordi vi trur han elskar oss som sine born, så vi vil ta imot hans kjærleik og omsorg.
Salme.18,20 Han førte meg ut i ope lende
og fria meg ut, for han har meg kjær.
21 Herren gjorde vel imot meg for mi rettferd,
han lønte meg fordi mine hender var reine.
22 For eg hadde halde meg til Herrens vegar
og ikkje falle frå min Gud i vondskap.
23 Alle hans lover hadde eg for auga
og støytte ikkje frå meg hans bod.
24 For han var eg heil i mi ferd
og akta meg vel, så eg ikkje synda.
25 Herren lønte meg for mi rettferd,
då han såg at mine hender var reine.
26 Du er trufast mot den som er trufast,
heilhjarta mot kvar heilhjarta mann.
27 Du viser deg rein mot den reine,
men vrang mot den svikefulle.
28 For du frelser dei hjelpelause,
men audmykjer dei som har stolte augo.
29 Ja, du lèt mi lampe skina, Herre,
min Gud lyser opp i mitt mørker.
30 Med deg kan eg storma mot ein krigarflokk,
med Guds hjelp kan eg springa over murar.
31 Guds veg er fullkomen,
Herrens ord er reint.
Han er eit skjold for alle
som flyr til han.
32 For kven er Gud forutan Herren,
og kven er eit berg om ikkje vår Gud?
33 Gud rustar meg ut med styrke
og gjer mi ferd ulastande.
34 Han gjev meg føter som ei hind
og lèt meg stå på høgdene.
35 Han lærer opp mine hender til strid,
mine armar til å spenna bronsebogen.
36 Du gjev meg di frelse til skjold
og stør meg med di høgre hand.
Du bøyer deg ned og gjer meg stor.
37 Du jamnar veg for mine steg,
og mine okle er støe.
Salme 31,1 Til korleiaren. Ein Davids-salme.
2 Herre, eg flyr til deg,
lat meg aldri verta til skammar!
Frels meg i di rettferd!
3 Vend øyra til og høyr meg,
skunda deg og fri meg ut!
Ver eit fjell der eg finn vern,
ei festning til mi frelse!
4 Du er då mitt berg og mi borg;
for ditt namn skuld fører og leier du meg.
5 Løys meg or garnet dei sette for meg!
For du er mitt vern.
6 I dine hender gjev eg mi ånd;
du løyser meg ut,
Herre, du trufaste Gud.
7 Eg hatar dei som dyrkar
falske og kraftlause gudar.
Til Herren set eg mi lit.
8 Eg vil gleda og fagna meg
over din truskap,
for du har sett mi naud
og teke deg av meg i mi trengsle.
9 Du gav meg ikkje i fiendehand,
men lét meg ferdast i ope lende.
(Salme.118,5 & 119,45)
Dersom vi har det vanskeleg, så er vi meir avhengige av at han leier oss til å ta rett avgjerder i vårt daglege liv, men når han leier oss ut av vanskane, så frå vi komme ut i fritt from og det betyr vel at vi får gjere meir slik som vi sjølve vil, vi gjer våre daglegdagse val utan at vi treng å spørje Herren til råds i eitt og alt og utan at vi treng å bebreide oss for det vi vel å gjere. For vi treng då ikkje å gå med klagemål mot oss gjennom dagen. Vi er ikkje trælar, han gav oss ikkje ei trældomsånd, så vi atter skulle frykte, men han gav oss barnekårs-Anden som gjer at vi ropar Abba, Far. Jesus er vår frelsar og Herre, likevel kallar han oss vener i staden for tenarar, for han har vist oss og lært oss kva han vil, han har gjort Faderen kjend for oss. Han har gitt oss sin Ande i hjertet og då er det berre for oss å kjenne at våre val samsvarar med den og dermed med den visdomen Gud har gitt oss i hjertet ved sitt Ord og sin Ande.
Jesus gav disiplane sine misjonsbefalinga og sa dei skulle sjå at han var med dei alle dagar, inntil verdens ende. Men først skulle dei halde seg i ro i Jerusalem, inntil han sende dei den Heilage Ande frå himmelen. Han gir oss visdoms og openberrings Ande til kunnskap om seg, han gir oss hjertets opplaten auge, så vi skal sjå kva han kallar oss til og kor rik på herlegdom arven vår er og kor veldig hans kraft er for oss.
Ef.1,17 Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må la dykk få den Ande som gjev visdom og openberring, så de lærer Gud å kjenna. 18 Han gjeve dykkar hjarta opplyste augo, så de kan skjøna kva det er for ei von han har kalla dykk til, kor rik og herleg arven er for dei heilage, 19 og kor veldig hans kraft er mellom oss som trur. Med denne veldige makt og styrke 20 reiste han Kristus opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, 21 over alle makter og herredøme, over alt velde og alle hovdingar og over kvart namn som nemnast kan, ikkje berre i denne verda, men òg i den komande. 22 Alt la han under hans føter, og han, hovudet over alle ting, har han gjeve til kyrkja, 23 som er Kristi lekam, fylt av han som fyller alt i alle.
Så vi treng ikkje og skal ikkje vente oss at Jesus skal leie oss i alle våre val gjennom dagen, som om han var ein diktator som vil detaljstyre oss, dersom vi ventar oss det, blir det helst noko som vi finn på sjølve, likevel. Men vi skal vere vakne for at han vil gi oss råd med sitt auge, tale til oss ved sin Ande og kalle oss og leie oss. Spesielt med tanke på å vite om han for dei som vi møter. Det trengst ikkje ei heil masse med organisering og administrering, for å få til det. Han er vår ven og vi er venner med han og då er det liketil å prate med andre menneske og tilby dei også dette vennskapet.
Jesus har kalla Sions dotter ut i dansen med dei glade, for han er Herren hennar brudgom, han er Herren hennar ektemann. Eg har bedt han gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone, så då ventar eg at ho lever i dette kjærleiksforholdet til han, slik at han elskar henne gjennom meg, som si brud og som si kone.
Bodskapen 18.12.2011:
«Endå ein gang skal eg fylle din munn med latter og di tunge med jubel. Og eg som har ført deg ut i fritt rom, meg kan du av heile ditt hjerte prise meg utan nokon frykt og fordømming. For dersom du finst under mitt blod, du finst i mine sår, då er det ingen fordømming, men du kan fritt få finne mitt Ord, du kan fritt prise mitt namn. For eg har skjult deg i mine sår, eg har skjult deg i mine sår både for dine synders skuld og for dine sjukdommars skuld. Du kan ha frimod både innover og utover og oppover, for eg har reinsa deg.
Gjer deg laus av alle band som bind deg, du fanga Sions Dotter. Kom ut i fridomen. Vinteren er over. Regn ikkje (lenger)? med at du var langt borte, men sjå opp hit. For nådens sol skin, rettferdssola har gått opp med lækjedom og du kan gå ut i fridomen og du skal fryde og du kan gå ut i dansen med dei glade. Du skal ikkje bry deg om kva menneske seier om det, men du skal løfte blikket mot det høge og prise mitt heilage namn, for eg er Herren din ektemann, eg er Herren din brudgom og det er meg du skal skode (”beskue”), for eg som tok deg og drog deg opp av grava, eg skal gjere dine trinn faste og eg skal legge ein ny song i din munn og du skal gå ut i dansen med dei glade og prise mitt namn. Halleluja.»
Jer.31,1 På den tid, lyder ordet frå Herren, vil eg vera Gud for alle ættene i Israel, og dei skal vera mitt folk.
2 Så seier Herren:
Det folket som slapp unna sverdet,
har funne nåde i øydemarka.
Israel skal fara av stad og finna ro.
3 Langt bortanfrå synte Herren seg for dei:
Med evig kjærleik har eg elska deg,
difor lèt eg mi miskunn mot deg vara ved.
4 Endå ein gong skal eg byggja deg,
ja, du skal byggjast,
Israel, du unge møy.
Endå ein gong skal du pryda deg med handtrommer
og gå ut i dansen med dei glade.
5 Endå ein gong skal du planta vinhagar
på Samaria-fjella;
og dei som plantar, skal sjølve nyta frukta.
Eg skal bøye meg for Kristus og ta imot det som han gir meg av berre nåde.
Tre gangar på forholdsvis kort tid talte John Milan i Maranata om David som dreiv hor med Batseba og som prøvde å skjule si synd, endåtil med ei ny synd. Men profeten kom og talte han til rettes. Slik kan det vere mange som prøver å skjule si synd, men dei treng å komme til Kristus med den og vedkjenne den for han. Det gjeld generelt, slik er evangeliet. Men det spesielle er at David, som konge, nytta stillinga si til å gjere hor med kona til ein annan og skjule det ved å svike mannen hennar, så han vart drepen i krigen, så profeten klaga han for både hor og drap.
Det spesielle er også at eg kan samanlikne meg med Uria og henne Virtuella med Batseba, når eg ber Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone, så vil dei ta henne frå meg og bruke henne og det gjer dei politikk ut av. Slik rammar det mange andre norske menn også. Det er forbanninga som slår igjennom. Det synest som dette har vorte klarare i det siste, slik er det, slik har eg fått motstand, men eg skal sigre.
Motstanden kan også forklarast ved at menneska vert gjort til salsvare, ved at den Duglause Hyrdingen framleis gjeter slaktesauene for sauehandlarane og dei tener seg rike på det. Men Kristus betalte då prisen for oss med sitt eige blod, for å kjøpe oss tilbake til den sanne og levande Gud, så vi skal tilhøyre han. Så det er nettopp det vi treng å nytte oss av.
Bodskapen 15.1.2012:
”Du har høyrt mitt ord verte forkynt, seier Herren. Ordet om korset som er dårskap for verda, men som er frelse for deg. Når du kjem til mitt kors, når du bøyer deg ved mitt kors, når du let ditt kjøt døy på mitt kors, seier Herren, så skal eg komme til deg (der du er)?, du skal få kjenne det at du får del i krafta av mi oppstode, du skal få del i Andens kraft og du skal få kjenne det at (det er eg som reiser deg opp)? Bøy deg ned, bøy deg ned, bøy deg ned, seier Herren, for der er eg som reiser deg opp, der er eg som sender deg ut (?), når (to i lag søker meg)? seier Herren, der som eg er, (då gjer eg underverk)?
Du tenker i ditt sinn, at det er ikkje rett, det er ikkje rett for meg, for (eg har lidd)? nederlag på nederlag, men når du legg ned ditt eige, seier Herren, så skal eg komme til deg med mi kraft, så skal du kjenne det at du sleppe å streve i eiga kraft, men du skal få legge ditt eige ned, så kan du gå i mi oppstodekraft, den ….. vert forløyst ……. opp frå dei døde. Når du vil gå med meg, og ikkje gå dine eigne vegar, så skal du få høyre det eg talar til deg, du skal høyre ei stemme som seier her er vegen, vandre på den, gå rett fram ….seier Herren. Så skal eg tale di sak, og eg skal vere din styrke, eg skal vere (di kraft/din venn/din kjepp)?, eg skal vere din forløysar. Eg skal vere den som viser deg (der/den veg)? du skal gå, for eg er vegen, eg er sanninga og eg er livet. Amen.”
Når eg bøyer meg for Kristus, får eg drikke av kjelda med det levande vatnet, så det blir i meg ei kjelde med vatn som veller opp til evig liv. Eg drikk av den kjelda som aldrig vert tørrlagd, guds gledesbekk. Slik ventar eg å få meg ei frelst kvinne til kone, så både eg og ho har fått innlagt vatn og ho blir ei kjelde med vatn for meg (SO.4,23 SO.5,15-19).
Bodskapen 29.3.2015:
«Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemmt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrgje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.
Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod.
Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske.»
Bodskapen 22.1.2017:
«Du drikk ikkje lengre av dei sprekte brønnar, nei, no drikk du av den levande brønn, no drikk du av den kjelde som aldri går tørr. Derfor, berre kom til kjelda, lev ved kjelda og drikk og aus med glede av denne frelses-kjelda. Så skal du få oppleve, at gleda i Herren skal bli sterkare. Freden i ditt hjerte skal bli endå rikare. Håpet som du har for det evige, det skal lyse endå sterkare. Derfor, bøy deg ned, drikk av kjelda og du skal kjenne, at du får liv og overflod av liv.
Dersom du er oppreist med meg, då søk det som er ovantil. Ikkje ver så oppteken med det som er her, men rett blikket oppover, rett blikket innover i mitt Ord. Og du skal få oppleve, at den glede som eg skal gje, den overgår alle jorda sine brønnar, for dei held ikkje vatn. Men eg, Herren, er kjelda med det levande vatn og den som kjem til meg, han skal ha liv og få overflod av liv. Halleluja.»
Ja, Jesus gir oss den Heilage Ande av berre nåde og den gjer under mellom oss. I haust fekk eg brokk og eg kom i hug at etter eg møtte igjen henne Virtuella i Bergen, merka eg at den Heilage Ande bad for henne, den ber for oss med sukk som det ikkje inst ord for og slik bad den for henne også. Det hadde seg slik at Jesus elska meg og han elska henne gjennom meg. No innrømma eg at eg hadde ikkje bestandig svart på hans kjærleik med kjærleik, slik som eg skulle og sa at det var ikkje meininga, for eg elska han. No opna eg meg meir for å la den Heilage Ande be for oss og eg meiner at den lækte meg frå brokk, Jesus lækte meg for brokk og eg takka han for det. Jesus ber for oss og den Heilage Ande ber for oss og eg vil halde fram med å opne meg for å la den be for oss.
Jesus elskar oss med kjærleiken frå Gud, det er den ekte kjærleiken, Gud er kjærleik. Håpet om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrent i våre hjarte ved den Heilage Ande som er oss gitt. Det er om å gjere for oss å opne oss for den, så vi svarar på hans kjærleik med kjærleik. Så det er om å gjere for oss å la den Heilage Ande be for oss, den hjelper oss i vårt bønneliv, også med å be takke bøn og lovpriste Gud og Lammet, så vi svarer på Jesu kjærleik med kjærleik, svarar på Guds kjærleik med kjærleik.
Vi må halde fram med å bøye oss for Kristus, både for å be om nåde og ta imot hans kjærleik og velsigning og for å ære og takke han for det og svar på hans kjærleik med kljærleik.
Joh.Op.5,7 Lammet kom bort til han som sat på kongsstolen, og tok imot boka frå hans høgre hand. 8 Då det tok boka, fall dei fire skapningane og dei tjuefire eldste ned for Lammet. Dei hadde kvar si harpe og gullskåler fulle av røykjelse, det er bønene åt dei heilage. 9 Og dei song ein ny song:
Verdig er du til å ta imot boka
og bryta segla på henne.
For du vart slakta
og har med ditt blod frikjøpt for Gud
menneske av alle ætter og tungemål,
av alle folk og folkeslag.
10 Du har gjort dei til eit kongerike,
til prestar for vår Gud,
og dei skal råda på jorda.
11 I synet mitt høyrde eg røysta av dei mange englane som stod kring kongsstolen og dei fire skapningane og dei eldste – dei var titusen på titusen og tusen på tusen. 12 Dei ropa med høg røyst:
Verdig er Lammet som vart slakta,
verdig til å få all makt og rikdom, visdom og styrke,
ære og pris og takk.
13 Og kvar skapning i himmelen og på jorda og under jorda og på havet, ja, alt som der finst, høyrde eg seia:
Han som sit på kongsstolen,
han og Lammet skal ha all takk og ære,
pris og makt i all æve.
14 Dei fire skapningane svara: Amen. Og dei eldste kasta seg ned og tilbad.
David fekk tilgjeving, men vart likevel straffa. Hans nære rådgjevar sveik han, men han fekk hjelp av ein ven og av prestane.
David sanna si synd og fekk tilgjeving, så han slapp å døy, men han vart likevel straffa, ved at eldste son hans, Absalom, gjorde opprør. 2.Sam.12,7… Hans nære rådgjevar, Akitofel sveik han og heldt med Absalom, men han hadde ein annan ven, Husai, som berre lest som han også gjorde det. Han gav Absalom eit anna råd enn Akitofel og Absalom følgde det rådet. Då gjekk Akitofel heim og hengde seg. Prestane heldt fram med si Guds-teneste som før og gjennom dei fekk Husai sendt beskjed til David og åtvara han om Absaloms plan. 2.Sam.17,1….
I Salme.9 skreiv David om dei som sveik han og så om den eine svikaren, det er sikkert nok sikta til Akitofel, men det er også ein profeti om dei som hata Kristus og sveik han og spesielt om den eine svikaren, Judas Iskariot.
Salme.109,1 Til korleiaren. Av David. Ein salme.
Min Gud, som eg lovsyng, ver ikkje tagal!
2 No opnar dei gudlause munnen,
ein svikefull munn, imot meg.
Dei talar til meg med lygnartunge,
3 kringset meg med hatefull tale
og strider mot meg utan grunn.
4 Til løn for min kjærleik
klagar dei meg; men eg bed.
5 Dei løner godt med vondt
og gjev meg hat for min kjærleik.
6 Gjev min motstandar over til ein gudlaus,
lat ein klagar stå ved hans høgre side!
7 Lat han gå domfelt frå retten,
lat hans bøn verta halden for synd!
8 Lat hans levedagar verta få
og ein annan ta hans embete!
….
16 For han tenkte aldri på å visa truskap,
men forfylgde dei arme og fattige,
og dei motlause ville han drepa.
17 Han elska å forbanna
– lat forbanning råka han sjølv!
Han lika ikkje å velsigna
– lat han aldri få velsigning!
18 Han tok forbanning på som ein kledning
– lat henne trengja inn i hans kropp som vatn,
i hans bein som olje!
19 Lat henne verta som ei kappe han sveiper seg i,
som eit belte han alltid bind om seg!
20 Lat dette vera Herrens løn
til dei som klagar meg
og talar vondt imot meg!
David sa at ein klagar skulle stå ved hans høgre side (v.6), det fungerer som argument for forbanning og det David seier her er nettopp forbanning. Det er likevel ein profeti om Jesus og han sa ei velsigning også, dei som forbanna han vart forbanna, men dei som velsigna han, vart velsigna.
Motstanden mot gjenreisinga av tempelet og mot prestetenesta.
Når jødane kom attende til landet sitt etter at dei hadde vore bortførde til Babylonia, sa Gud til dei at dei skulle byrje å bygge oppatt tempelet, så ville han velsigne dei. Det var viktig å komme i gang med prestetenesta, altså. Ein gong i året skulle dei feire «Yom Kippur», den store forsoningsdagen. Då skulle øvstepresten bere fram to syndeoffer og gå inn i det høgheilage med blodet. Først eitt for seg sjølv og så eitt for folket.
Men no fekk dei motstand så arbeidet med bygginga stoppa opp, dermed var det motstand mot prestetenesta også. Men profetane oppmuntra dei. Sakarja såg i eit syn at Djevelen førde klagemål mot øvstepresten. Men han hadde likevel ein veg å gå, nettopp med syndeofferet, han og dei andre prestane skulle sjå fram til at Gud let sin tenar Renning koma. Hans syndeoffer kom til å erstatte øvsteprestens syndeoffer, soleis vart prestetenesta deira førebilete på prestetenesta i den nye pakta.
Sak.1,1 Så lét han meg sjå Josva, øvstepresten, som stod framfor Herrens engel, medan Satan stod på høgre sida hans og førte klagemål mot han. 2 Herren sa til Satan: «Gjev Herren må visa deg til rettes, Satan! Ja, gjev Herren, som har valt ut Jerusalem, må visa deg til rettes! Er ikkje denne mannen ein brand, riven ut or elden?» 3 Josva var kledd i skitne klede der han stod framfor engelen. 4 Og engelen sa til dei som stod framfor han: «Ta av han dei skitne kleda!» Til Josva sa han: «Sjå, eg tek bort syndeskulda di og kler deg i høgtidsbunad.» 5 Då sa eg: «Set ein rein turban på hovudet hans!» Og dei sette ein rein turban på hovudet hans og tok på han kleda, medan Herrens engel stod der. 6 Då gav Herrens engel denne lovnaden til Josva:
7 Så seier Herren, Allhærs Gud:
Går du på mine vegar
og rettar deg etter det eg har fastsett,
skal du få styra mitt hus
og vakta mine føregardar,
og eg vil gje deg tilgjenge
saman med dei som gjer teneste her.
8 Høyr no, Josva, øvsteprest!
Du og embetsbrørne dine,
som sit framføre deg,
de er varselsmenn.
For sjå, eg lèt min tenar Renning koma.
9 Ja, på den steinen eg har lagt framfor Josva,
på denne eine steinen med sju augo
ritar eg den innskrift som skal stå,
lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.
På ein einaste dag vil eg ta bort
den skuld som kviler på dette landet.
10 Den dagen, lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud,
skal de be kvarandre til gjestebod
under vintre og fikentre.
Striden om prestetenesta.
Den Duglause Hyrdingen og den Lovlause.
Men så profeterte Sakarja også om den Duglause Hyrdingen, som gjette slaktesauene for sauehandlarane (Sak.11). Det var ei verdsleg maktinteresse som prøvde å få øvstepresten til å tene seg, så det vart strid om prestetenesta. Dette vart tydeleg i den gresk-syriske tida og det toppa seg under Antiokus 4. Epifanes. Det var dette profeten Daniel hadde profetert om tidlegare, som den øydande styggedomen. Motsetnaden viste seg også ved motsetnaden mellom Kristus og prestane, så han vart seld for 30 sølvpengar. Sidan viste det seg ved avlatshandelen i den Katolsk Kyrkja. Og problemet er der framleis.
Dette har eg skrive mykje om tidlegare. Kva er det som gjer ein hyrding duglaus? Det er synda og forbanninga (Salme 109,6). Jødane gjorde opprør mot Romarriket, sikkert leia av øvsteprestane, i stil med korleis maccabearane hadde leia dei i striden mot Antiokus 4.Epifanes, men hadde dei gløymt at dei då gjorde avtale med romarane? Dei tapte i alle fall alle desse krigane.
Gud lova Abraham at i han skulle alle folkeslag velsignast, dei som velsigna han vert velsigna, dei som forbanna han, vert forbanna. Denne lovnaden får vi oppfylt i Kristus. Når Romarriket legaliserte kristendomen og sidan bygde makta si på den og på den kristne kyrkja, så vart Augustins teologi og filosofi grunnleggande. Det var ei svart-kvitt-tenking i tråd med både platonismen og kristendomen. Han godtok ei lære i tida om at det var berre gjennom kyrkja menneske kunne verte frelst. Så dei som var utanfor skulle verte forbanna, altså. Så viste det seg at dei fekk meir og meir interesse av å forbanne, sikkert fordi slik fekk dei makt og tene pengar på det. Det var då som – den Duglause Hyrdingen.
Jesus profeterte om at i den siste tid skal mange falle ifrå og svike og hate kvarandre. Det har seg nok slik at der er ei slik verdsleg maktinteresse som prøver å lure til seg og rive til seg prestetenesta. Metoden er baktale, lygn og svik. Slik prøver nok den Lovlause å setje seg inn i tempelet, men Kristus kjem til å tyne han med pusten frå sin munn (2.Tess.2). Men Kristus gir oss andre metode og lærer oss å bruke dei (1.Pet.2,1…).
Korleis verte dugande hyrdingar.
Det er lurare og greiare å byrje med å spørje kva er det som gjer oss dugande til å leve for Gud og tene han, korleis verte dugande hyrdingar. Jau, med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle, på det grunnlaget søker vi samfunn med Gud. Vi kjem til Kristus og bøyer oss for han og vedkjenner vår synd for han, så hans blod reinsar oss frå all synd og urettferd. Vi tek imot hans ord i tru, så vi får oppleve at han gir oss ånd og liv frå himmelen, med det livet han gir oss, lever vi for han og med den Anden han gir oss, tener vi han. I tru tek vi imot den Heilage Ande av berre nåde og med den utruster han oss til teneste.
Auget er lyset i lekamen, for med det ser vi lyset.
Om nokon prøver å ta ut rusk i auga på ein annan, bør han sjå godt, har han sjølv sand i augene, vert det vanskeleg.
Matt.6, 19 Samla dykk ikkje skattar på jorda, der mòl og makk øyder, og tjuvar bryt seg inn og stel. 20 Men samla dykk skattar i himmelen, der korkje mòl eller makk øyder og tjuvar ikkje bryt seg inn og stel. 21 For der skatten din er, der vil hjarta ditt òg vera. 22 Auga gjev lekamen ljos. Er auga ditt friskt, vert heile lekamen ljos. 23 Er auga ditt sjukt, vert heile lekamen mørk. Er no ljoset i deg mørker, kor djupt vert ikkje mørkret då!
24 Ingen kan tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.
Jesus er fullkommen og hans frelseverk er fullført og fullkome. Vi skal vende oss til han, søke han og sjå på han. Det er ved at vi tek imot hans ord i tru og trur på han og at den Heilage Ande herleggjer og openberrar han for oss. Då kan det vel vere at vi treng å be han om meir augesalve, så vi ser klarare (Joh.3,14-22).
S.Ordt.4,18 Men stigen åt dei rettferdige er lik morgonglima, som vert bjartare og bjartare til det er ljos dag.
2.Pet.1,19 Difor står profetordet dess fastare for oss. Og dette ordet gjer de vel i å akta på; det er eit ljos som skin på ein mørk stad, til dagen strålar fram og morgonstjerna går opp i hjarto dykkar.
Joh.Op.22,16 Eg, Jesus, har sendt min engel til å vitna for dykk om dette i kyrkjelydane. Eg er Davids rotrenning og ætt, den klåre morgonstjerna.» 17 Anden og brura seier: «Kom!» Og den som høyrer det, skal seia: «Kom!» Den som tyrstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn for inkje.
Kanal for Guds velsigning.
Jesus sa han ville gjere meg til kanal for si velsigning. Ja, eg vender meg til han og velsignar han og derfor vert eg velsigna. Då vert eg også til velsigning for andre og derfor seier eg velsigninga. Ja, til kven som helst som eg møter, fordi eg sjølv er velsigna. Så er det opp til dei om dei vil ta imot velsigninga.
Men sidan Jesus sa han ville gjere meg til ein kanal for si velsigning, har eg tenkt spesielt på å opne meg som ein kanal for hans velsigning til henne Virtuella, Reella og Poly-Ester. Då er det viktig for meg å minnest korleis eg bad for dei og korleis Jesus svarde meg og halde fram med å tenke slik. Når Jesus stifta nattverden, sa han at vi skulle gjere dette til minne om han. Korleis kan vi hugse han, når vi ikkje har møtt han fysisk? Ved å hugse på kva han har sagt, kva han har gjort for oss, at han døde i staden for oss, ved at vi vender oss til han og elskar han, så vi får oppleve at den Heilage Ande openberrar hans ord for oss og openberrar han for oss. Eg skulle sjå på han i alle livets samanhengar, så eg vender meg til han og ser på han, elskar han og velsignar han i mitt forhold til kvar og ei av dei. I haust velsigna eg han i mitt forhold til henne Virtuella og vart meir velsigna, eg trur eg opna meg endå meir som kanal for Guds kjærleik og velsigning til henne, så ho vart meir velsigna. Vi vart meir velsigna. Vi fekk oppleve meir av at den Heilage Ande bad for oss og det trur og vonar eg vis skal få oppleve endå meir av.
Jesus har sett framfor meg ei open dør, i hans kyrkjelyd og ynskjer meg velkommen inn, kallar meg inn, der vert eg velsigna og vert til velsigning med min bodskap. Han opnar vist mange dører for meg, der eg får gå inn og det vert sikkert til velsigning både for meg og for dei som eg møter der.
Gud talte og det skjedde, slik frelser, frir ut og lækjer han også.
Gud skapte menneska til å leve i samfunn med han.
I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. Jorda var aud og øyde og mørker låg over havdjupet. Men Guds Ande sveiv over vatna. Då sa Gud at det skulle verte lys og så vart det lys. Så talte han meir og det skjedde. Han som sa at lys skulle stråle fram av mørket, han har også late det skine i våre hjarte (2.Kor.4,6). Han talar til oss og det skjer, han frelser og frir oss ut, han skaper oss og lækjer oss.
Kristne apologetar har forkynt at Gud talte og det skjedde og brukt det som argument mot utviklingslæra. Men Guds profetar talte også Guds Ord, likevel gjekk det ofte lenge før det skjedde. Så då skjedde der ei historisk utvikling fram til tida var moden for det og så skjedde det.
Gud frelser menneska innatt i samfunnet med han.
I følgje Paulus er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Paulus grunngav dette både utifrå skapingssoga og evangeliet. Ja, for Gud er den same no, som då han skapte, han skapte menneska til mann og kvinne, han skapte kvinna av mannens sidebein, så ho skulle vere ei hjelp for han. Når dei levde i samfunn med Gud, levde dei i fridomen, når dei fall ut av det, kom dei i trældom. Vi kan godt samanlikne det med ein fisk som vert dregen opp på land, då er den ikkje lenger fri og det går ikkje lenge før den døyr. Men vert den kasta uti vatnet igjen, før den døyr eller får skade, er den atter fri. Til samanlikning vert vi verkeleg fri når Kristus får setje oss fri, for han er Guds Son. Alle som tok imot han gav han rett til å verte Guds born, fødde av vatn og Ande. Gud skaper oss i Kristus og då skaper han oss i si likning.
Den Duglause Hyrdingen og den øydande styggedomen.
Ja vel, så då ventar eg at han vil gi meg ei kone på den måten og seier det. Men då er det mange som protesterer, endåtil mellom desse kristne apologetane og moralfilosofane. For dei krev at eg skal gjere noko for å få meg ei kone, for dei har ein moral for dei gjerne forkynner og så ventar dei seg at det som dei seier, det skal skje. Elles kan det verte verst for meg og andre menn som hadde forventning om å få seg ei kone og for kvinner som ville ha seg ektemenn også. For lova trugar med straff. Men då talar dei ikkje lengre om at Gud talte og det skjedde, han baud og det stod der, at han soleis skapte altså. No talar dei i staden om kva dei ventar og langt på veg krev at menneske sjølv skal gjere, endåtil med trussel om å rive ned både Guds verk og menneskeverk. Det var då som den Duglause Hyrdingen som gjette slaktesauene for sauehandlarane. Er poenget med prestetenesta å leite etter høve til å seie forbanninga for å rive ned og øydelegge. Det er då den øydande styggedomen som fungerer slik.
Gud talte og det skjedde, slik skapte han og slik frelser han, så då er det berre for oss å jatte etter.
Gud talte og det skjedde, slik skapte han. Jesus er Guds Ord, så då er det berre for oss å tru på det, erkjenne det og tale det. Ved trua på at han stod opp frå dei døde vert vi rettferdige for Gud og ved erkjenning av at han er Herre, vert vi frelste.
Rom.10, 9 For sannar du med munnen din at Jesus er Herre, og trur du i hjarta ditt at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal du verta frelst. 10 Med hjarta trur vi så vi vert rettferdige for Gud, og med munnen sannar vi så vi vert frelste. 11 Skrifta seier: Ingen som trur på han, skal verta til skammar. 12 For her er det ingen skilnad på jøde og grekar: Alle har dei same Herren, og han er rik nok for alle som kallar på han. 13 Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verta frelst.
Det vi har å gjere for å verte frelst er å tru at Gud vekte Kristus opp frå dei døde og er kjenne at han er Herre. Det er også alt vi kan gjere, for Jesus er fullkommen, hans frelseverk er Guds verk og det er fullkome og fullført. Vi kan ikkje legge til noko eller ta noko ifrå.
Forkynnaren.3,11 Alt skapte han fagert i si tid.
Jamvel æva har han lagt i hjarta deira.
Men dei skjønar ikkje det verk
som Gud har gjort frå fyrst til sist.
12 Eg skjøna at ingen ting er betre for dei
enn å gleda seg og gjera vel i livet.
13 Men når ein mann får eta og drikka
og vera lukkeleg i alt sitt strev,
er det òg ei gåve frå Gud.
14 Eg skjøna at alt det Gud gjer,
varer til evig tid.
Ikkje kan ein leggja noko til,
og ikkje kan ein ta noko ifrå.
Gud har laga det så
for at menneska skal ha age for han.
15 Det som er, har eingong vore,
og det som skal henda, har hendt før.
Gud tek fram att det som kvarv.
Så vi kan ha godt samvit på grunnlag av at Jesus stod opp att frå dei døde. Det skal vi også ha og erkjenne det for Gud, slik er vår frelse.
1.Pet.3,18 For Kristus døydde for synder, éin gong for alle. Han som var rettferdig, leid for urettferdige, så han kunne føra dykk fram til Gud. Han døydde lekamleg, men vart levandegjord ved Anden, 19 og slik gjekk han bort og forkynte for åndene som var i fangenskap. 20 Det var dei som hadde vore ulydige i Noahs dagar, den gongen Gud i sitt langmod venta medan arka vart bygd. I henne vart nokre få menneske, åtte i talet, frelste gjennom vatn, 21 det som no frelser dykk i sitt motbilete, dåpen. Dåpen er ikkje ei reinsing frå ytre ureinskap, men eit godt samvits vedkjenning til Gud, med grunnlag i Jesu Kristi oppstode – 22 han som fór opp til himmelen og no sit ved Guds høgre hand, etter at englar og makter og krefter er han underlagde.
Immanuel, Gud med oss.
Abraham og Sara fekk sonen som var lova dei etter at dei var for gamle til å få born, så det var eit Guds under. Profeten Samuel salva David til konge når han var ung, likevel gjekk det lang tid der han og krigarane hans fekk mykje motstand og måtte gjennom mykje trengsle, men Gud var med han og hjelpte han gjennom det, inntil han kunne sette seg på kongsstolen. For Gud elska han og han gav han fleire koner, så då elska han dei gjennom han. Slik var det for Salomo også, når han var ung og det gir han tydeleg uttrykk for i Høgsangen; han elska henne «Lytelause Reine» og ho sa fleire gongar til Jerusalems døtre at dei skulle ikkje vekke kjærleiken før sjølv han so vil. Vinen er symbol på kjærleiken og det er kjærleiken frå Gud, så då kunne han med godt samvit invitere vennane sine til å feire kjærleiken mellom han og henne saman med dei. Dette blir også tydeleg i evangeliet om Kristus, han er Messias og han har bruda, han har større visdom enn Salomo.
Men Salomo fekk seg også mange utanlandske kone, endåtil mellom dei folka Herren hadde forbode det og dei fekk han til å vende hjartet hans til andre gudar.
1.Kong.11,1 Kong Salomo hugla mange framande kvinner forutan dotter til farao – kvinner frå Moab, Ammon, Edom, Sidon og hetittlandet. 2 Dei høyrde til dei folka Herren hadde tala om då han sa til israelittane: «De skal ikkje blanda dykk med dei, og dei ikkje med dykk. Elles kjem dei visseleg til å venda hjarta dykkar til gudane sine.» Desse kvinnene heldt Salomo seg til, og han elska dei. 3 Han hadde sju hundre koner med fyrsteleg rang og tre hundre fylgjekoner, og dei førte hugen hans på avveg. 4 Det var då Salomo vart gamal at konene hans fekk vendt hjarta hans til andre gudar. Hjarta hans var ikkje lenger heilt med Herren hans Gud, som hjarta åt David, far hans, hadde vore. 5 Salomo heldt seg til Astarte, gudinna åt sidonarane, og til Milkom, styggedomen åt ammonittane. 6 Han gjorde det som vondt var i Herrens augo, og fylgde ikkje trufast Herren, som David, far hans, hadde gjort. 7 På den tid bygde Salomo ein offerhaug for Kamosj, styggedomen åt moabittane, på den høgda som ligg midt for Jerusalem, og for Molok, styggedomen åt ammonittane. 8 Det same gjorde han for alle dei utanlandske konene sine, som kveikte offereld og bar fram slaktoffer til gudane sine.
9 Då vart Herren harm på Salomo fordi han hadde vendt hjarta sitt bort frå Herren, Israels Gud, som hadde synt seg for han to gonger 10 og sagt klårt ifrå at han ikkje skulle fylgja andre gudar; men han hadde ikkje retta seg etter Herrens bod. 11 Og Herren sa til han: «Sidan du har bore deg såleis åt og ikkje har halde den pakta eg gjorde med deg, og dei lovene eg gav deg, vil eg riva riket frå deg og gje det til ein av mennene dine. 12 Men for skuld David, far din, vil eg ikkje gjera det så lenge du lever; det er son din eg vil riva det frå. 13 Heile riket vil eg likevel ikkje ta frå han. Ei ætt vil eg gje han for Davids skuld, han som var tenaren min, og for Jerusalems skuld, den byen eg har valt ut.»
Desse offerhagane vart ikkje nedlagde av seinare kongar, dermed var dei ikkje heilhjerta med Herren, nokre vende seg heilt bort frå han og dyrka andre gudar. Men profeten Jesajas sa til kong at Davids ætt skulle få eit teikn.
Jesaja.7,1 På den tid då Akas, son til Jotam og soneson til Ussia, var konge i Juda, drog Resin, kongen i Aram, saman med Pekah Remaljason, kongen i Israel, opp til Jerusalem og ville ta byen. Men han greidde ikkje å koma til med noko åtak.
2 Det vart meldt til Davids hus at aramearane hadde slege leir i Efraim. Då skalv hjarta åt kongen og folket, liksom trea i skogen skjelv i vinden.
3 Men Herren sa til Jesaja: «Gå og møt Akas, du og Sjear-Jasjub, son din, ved enden av vassleidningen frå Øvredammen, på vegen til Bleikjevollen! 4 Og sei til han: Ta deg i vare og hald deg i ro! Ver ikkje redd, og miss ikkje motet for desse to rykande vedskiene, for den brennande harmen åt Resin og Aram og Remalja-sonen! 5 For aramearane har lagt vonde planar mot deg, saman med Efraim og Remalja-sonen. Dei seier: 6 Lat oss fara opp mot Juda og setja støkk i folket, leggja landet under oss og gjera Tabe’el-sonen til konge der!»
7 Men så seier Herren Gud:
«Det skal ikkje vara ved,
og så skal det ikkje vera
8 at Damaskus er Arams hovud
og Resin hovding i Damaskus
– om sekstifem år er det ute med Efraim,
så det ikkje meir er eit folk,
9 at Samaria er Efraims hovud
og Remalja-sonen hovding i Samaria.
Vil de ikkje tru, skal de ikkje trygt få bu.»
Immanuels-teiknet
10 Herren tala atter til Akas og sa: 11 «Krev deg eit teikn av Herren din Gud! Krev det nede i dødsriket eller oppe i høgda!» 12 Men Akas svara: «Eg vil ikkje krevja noko, eg vil ikkje setja Herren på prøve.»
13 Då sa profeten: «Så høyr då, du Davids hus! Er det ikkje nok at de trøyttar menneske, sidan de trøyttar min Gud òg? 14 Difor skal Herren sjølv gje dykk eit teikn: Sjå, ei møy skal verta med barn og føda ein son, og ho skal kalla han Immanuel. 15 Rjome og honning skal han eta ved det leitet då han skjønar å vraka det vonde og velja det gode. 16 For før guten skjønar å vraka det vonde og velja det gode, skal det verta audt i landet åt dei to kongane som du reddast for. 17 Og over deg og folket ditt og farshuset ditt skal Herren la det koma dagar som det ikkje har vore maken til sidan Efraim skilde seg frå Juda – Assur-kongen.»
Akas var konge 741-725 f.Kr, så det gjekk over 700 år før dette skjedde. Immanuel betyr Gud med oss og det viste seg allereie før han vart fødd, ved møya vart gravid, som eit Guds under, for Gud var kjærleiken mellom Josef og Maria, han var av Davids ætt og derfor vart Jesus kalla Davids son. Han vart kalla jødane sin konge, men fekk etter kvart folket mot seg, så den politiske situasjonen kan samanliknast med den som Akas opplevde (Jes.7,1…).
No er det over to tusen år sidan, men Jesus gir oss framleis denne himmelske gleda.
Jesus er døra, bruk den.
Aktuell sak, mi sak.
Ein mann (AL) ringde meg og fortalde at det skulle vere møte på Salen Fiskå søndag 29.1.2013, han skulle tale og spurde om eg ville innleie, om det vart ei lang innleiing, så var det ok for han. Eg takka ja og no har eg skrive meir om det eg sa, om at Jesus er døra inn til sauene og vi skal bruke den til å gå både inn og ut, om korleis eg forstod bodskapane som kom 11.8.2022, om mi takkebøn for henne Virtuella, eg fekk oppleve at den Heilage Ande bad for henne og dermed for mange med henne, den ber for oss med sukk som det ikkje finst ord for. No opna eg meg meir for å la den Heilage Ande be for oss og fekk oppleve at den lækte meg for brokk. Eg avslutta med å seie at no hadde eg vore personleg med mitt vitnemål, for når Jesus bankar på mitt hjertes dør og ynskjer å få komme inn som ein god ven, så blir det personleg, eg ynskjer han velkommen og det gjer eg her i møtet. Då blir det ikkje berre slik at eg snakkar om han, men eg snakkar med han. Og vi gjer no det når vi ber til han på møtet. Så avslutta eg og sette meg ned att og då klappa dei faktisk for meg. Tanken min var at sidan eg yngste han velkommen, så snakka eg med han både med mi tale og med mi bøn, mitt bønneemne låg no i mitt vitnemål. Då burde eg vel ha formulert ei bøn til slutt, for soleis å legge opp til at den personlege samtala med han skulle fortsette gjennom møtet. Men innleiinga var allereie i lengste laget, den ver eigentleg meir som ei tale, så eg tenkte det var berre å avslutte.
Når AL skulle tale, hadde han med seg ein liten bunke med A4-ark som han hadde skrive tale på og som han las ifrå, han fortalde at han var oppe tidleg om morgonen, allereie i 4-tida og skreiv taler før han for på jobb. Dette vart eigentleg meir som ein bibeltime, men at den einskilde tala med han Jesus og opplevde å få svar, vart det ikkje mykje meir av i dette møtet. Der kom ikkje bodskap gjennom tyding av tungetale. Det skjer ikkje i kvart møte, nei.
Vi sat rundt duka bord og etter møtet vart det servert kaffi og kaker og då kom praten i gang. Ein mann (AH) gjekk fram på sena og demonstrerte korleis det var å gå inn gjennom døra, han steig over dørstokken og vart frelst, slik la han verd bak seg. Å stige tilbake igjen vil då vere som å stige ut att i fortapinga og ut att i verda. Då sa eg at du skal gå ut att gjennom same døra og då skal du gå ut der og verte velsigna. Nokre som sat ved same bordet som meg, sa då at det var ei anna dør. Men eg sa at det var same døra og då sa dei seg samde i det.
Ja, for kva er alternativet? Jesus sa at dei som er komne før han er tjuvar og røvarar, dei har klive over ein annan stad, ulven er komen for å øyde. Har dei kristne byrja å tale om dette som om der skulle vere ei anna dør som står open for dei?
Moses talte om vegen til livet og vegen til døden og anbefalte dei å velje vegen til livet, så skulle dei få leve. Jesus talte om både vegen og porten til livet og vegen og porten til døden og sa at han var vegen, sanninga og livet, ingen kjem til Faderen utan ved han. Han er døra inn til sauene og vi skal gå både inn og ut gjennom den. Han har bana ein ny og levande veg som går inn om forhenget i den himmelske heilagdomen og vi må stadig gå den vegen. Han sa til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia at han skulle sjå at han hadde sett framfor han ei opna dør, som ingen kunne lukke. Sidan han hadde helde fast på hans ord om tolmod, ville han halde fast på han i den prøvingstida han let komme over verda. Han ville gjere han til ei søyle i sin Guds tempel og skrive sin Guds namn på den og han skulle aldri meir gå ut derifrå.
Dette vil eg skrive meir om her.
Går inn gjennom døra og vert frelst og vert hyrding.
Jesus er døra inn til sauene, den som går inn gjennom den vert frelst. Den som går inn gjennom døra vert også hyrding for sauene. Korleis kan det gå til, kan nokon vere både sau og hyrding? Han har også ei dobbeltrolle, han er både døra og hyrdingen. Eg tenker meg at ved å gå inn gjennom døra, så er du i Kristus, du er ein sau som han er hyrding for og ved at han er hyrding for deg, så er han hyrding for dei andre gjennom deg. Han er overhyrdingen og brukar deg som hyrding.
Joh.10,1 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som ikkje går inn til sauene gjennom døra, men kliv over ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar. 2 Men den som går inn gjennom døra, er hyrding for sauene. 3 For han lèt dørvaktaren opp, og sauene høyrer målet hans. Han kallar sauene sine på namn og leier dei ut. 4 Og når han har fått ut alle sine, går han føre dei, og sauene fylgjer han, for dei kjenner målet hans. 5 Men ein framand vil dei ikkje fylgja, dei rømer frå han; for dei kjenner ikkje målet til den framande.» 6 Denne likninga fortalde Jesus; men dei skjøna ikkje kva ho skulle tyda.
7 Då sa Jesus: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Eg er døra inn til sauene. 8 Alle som er komne før meg, er tjuvar og røvarar; men sauene høyrde ikkje på dei. 9 Eg er døra. Den som går inn gjennom meg, skal verta frelst, og han skal gå inn og gå ut og finna beite. 10 Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øyda. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.
11 Eg er den gode hyrdingen. Den gode hyrdingen set livet til for sauene. 12 Men leigekaren, som ikkje er hyrding og ikkje eig sauene, han lèt sauene vera og rømer når han ser ulven koma. Og ulven herjar mellom dei og jagar dei frå kvarandre. 13 For han er berre ein leigekar og har ikkje omsut for sauene. 14 Eg er den gode hyrdingen. Eg kjenner mine, og mine kjenner meg, 15 liksom Faderen kjenner meg, og eg kjenner Faderen. Eg set livet til for sauene. 16 Eg har andre sauer òg, som ikkje høyrer denne flokken til. Dei òg må eg leia; dei skal høyra mi røyst, og det skal verta éi hjord og éin hyrding.
17 Difor er det Faderen elskar meg, fordi eg set livet til så eg kan ta det att. 18 Ingen tek livet mitt, eg gjev det friviljug. Eg har makt til å gje det, og eg har makt til å ta det att. Denne oppgåva fekk eg av Far min.»
19 No vart det atter usemje mellom jødane på grunn av det han hadde sagt. 20 Mange av dei sa: «Han er forgjord; han er frå vitet. Kvifor høyrer de på han?» 21 Andre sa: «Såleis talar ikkje ein som er forgjord. Ei vond ånd kan då ikkje opna augo på blinde.»
Døra inn til sauene kan vi finne heime med oss sjølve også, ved å lese i Bibelen og søke han i løynkammerbøna. Så kan vi tenke oss kyrkjelyden som ein sauefjøs, ei kvie med ei dør, ei inngjering med eit led (dør av gjerde), Jesus er døra, men det er ein viss fare for at ein tjuvradd kan klive over ein annan stad. Men vi må bruke døra og passe på at ingen kjem inn på nokon annan måte. Her inne kjem hyrdingen nær kvar einskild sau og får sjå etter om den har det bra, er den skada på nokon måte, så prøver han å lækje skaden. Er der ulvar i fåreskinn så oppdagar han det jagar dei ut, tjuvraddane vert kasta ut. Eigentleg gjekk det litt annleis til, dei slo han i hel, for å stele sauene altså, då sette han livet til for dei. Dei vart spreidde. Men så stod han oppatt frå dei døde og samla dei igjen og det gjer han framleis og no klarer dei ikkje lengre å drepe han.
Han sa til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia at han skulle sjå at han hadde sett framfor han ei open dør og då kunne ingen lukke den.
Joh.Op.3,7 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia:
Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna: 8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn
Jesus har mange gongar minna meg om dette. Som engel for kyrkjelyden var han Guds bodberar, så han skulle sjå at der var ei open dør for både han og bodskapen hans inn i kyrkjelyden. Det var kanskje ikkje så lett å innsjå, det kan ha noko å gjere med korleis han legg fram bodskapen.
Jesus sa at eg skulle sjå til at eg bidrog med det som Gud har gitt i mitt hjerte.
Bodskapen 29.3.2015:
«Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemmt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrgje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.
Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod.
Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske.»
Bodskapen 20.9.2015:
«Ja, seier Herren, dersom du er villig til å opne ditt hjerte for meg, så skal eg toge inn og eg skal holde nattverd med deg og du med meg. Og du skal vite det, seier Herren, at eg er rik nok for alle som påkallar meg. Eg veit, mitt barn, at du er tilbakehalden og beskjeden. Men eg har sagt i mitt ord, at du skal rope til meg og du skal be til meg og eg skal gi deg bønnesvar. Ja, eg skal gi deg langt meir kva du har forstand til å be meg om, seier Herren. Derfor opne ditt hjerte, så eg kan få komme til og fylle deg med mi salving og mi kraft. Og du skal få merke, seier Herren, at di teneste, den skal bli rik og den skal bli til velsigning for mange, seier Herren. Derfor ver ikkje tilbakehalden og beskjeden, men ver frimodig. Og du skal vite at frimod, det har stor løn, seier Herren.
Ja, de skal verte forundra, seier Herren, når eg tek fram mine vitne i denne siste tid, som eg har rusta ut i løykammer, eg har salva dei og eg har gitt dei mitt levande Ord. Og eg skal snart stille dei på muren, seier Herren, og dei skal få nåde av meg til å forkynne mitt Ord i Andens salving og kraft. Og mange skal komme til tru gjennom deira virke, seier Herren. For sjå, seier Herre, det skjer ikkje ved hær og ikkje ved makt, men åleine ved min Ande, seier Herren. Derfor, søk meg, bli fyllt av Anden, seier Herren, i denne tida. Det er berre den Heilage Ande som kan leie dykk og som kan leie dykk på den rette veg, seier Herren. Amen.»
Gå ut gjennom døra og vert velsigna.
Så skal vi gå inn og ut og finne beite, vi skal bruke same døra mange gangar altså, både til å gå inn og gå ut. Du skal ut att også, då må du bruke same døra, då er du i han når du har gått ut att også. Han er framleis både døra og hyrdingen og no går han føre oss og leier oss grøne enger og til vatn der vi finn kvile. Han er komen for å gi oss liv og liv i overflod.
Salme.23,1 Ein Davids-salme.
Herren er min hyrding,
det vantar meg ingen ting.
2 Han lèt meg liggja i grøne enger;
han fører meg til vatn der eg finn kvile,
3 og gjev meg ny kraft.
Han leier meg på dei rette stigar
for sitt namn skuld.
4 Om eg så går i dødsskuggens dal,
ottast eg ikkje for noko vondt.
For du er med meg.
Din kjepp og din stav,
dei trøystar meg.
5 Du dukar bord åt meg
framfor augo på mine fiendar.
Du salvar mitt hovud med olje;
mitt staup fløder over.
6 Berre godleik og miskunn
skal fylgja meg alle mine dagar,
og eg skal bu i Herrens hus
i lange tider.
I tru går vi ut på lovnadane i Guds Ord og slik skal vi innta det lova landet, sjølv om det er den same verda, for vi er i Kristus, det lova landet har vi i han, Gud er med oss og gjer sitt verk i oss og gjennom oss, ved sitt Ord og sin Ande.
No får vi oppleve at Jesus opnar mange dører for oss og bodskapen vår, fordi han er døra vi brukar både til å gå inn og gå ut.
Vi bøygde oss for Kristus og tok imot han og det gjer vi framleis.
I Jesajas 57 refser Gud folket fordi dei hadde vendt seg bort frå han, men så forkynner han den galde bodskapen om at han vil frelse dei som tek tilflukt til han.
Jesajas 57,13 Lat dine avgudar berga deg
når du skrik!
Ein storm skal lyfta dei alle opp,
ein vind skal føykja dei bort.
Men dei som flyr til meg, skal arva landet
og ta mitt heilage fjell i eige.
14 Det lydde eit ord:
Bygg, ja bygg og ryd ein veg!
Ta bort kvar støytestein
frå vegen åt mitt folk!
15 Så seier han som er høgt opphøgd,
han som tronar evig og heiter Den Heilage:
I det høge og heilage bur eg
og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda.
Eg vekkjer ånda til liv hjå dei bøygde
og hjarta til liv hjå dei knuste.
16 For eg vil ikkje evig føra klagemål
og ikkje alltid vera harm.
Elles kom deira ånd
til å missa si kraft for mitt åsyn,
deira livsande som eg har skapt.
17 Fordi Israel hadde slik syndig lyst,
vart eg harm og slo dei;
så løynde eg meg i min vreide.
Men dei vende seg bort
og valde ein veg etter eigen hug.
18 Eg såg dei vegar dei gjekk,
men no vil eg lækja og leia dei
og gje dei ei rikeleg trøyst.
Og dei som syrgde over dei,
19 på deira lipper legg eg lovsong.
Så gjev eg fred til den som er nær,
og fred til den som er langt borte.
Eg vil lækja dei, seier Herren.
20 Men dei gudlause er som det bårande havet;
det kan aldri falla til ro,
og bylgjene rotar opp gjørme og skit.
21 Dei gudlause har ingen fred,
seier Herren.
I haust minna Jesus oss om å ta tilflukt hos han og spesielt for å redde ekteskapet. Profetisk bodskap 30.10.2022:
Innspelt: « …. inni dei kommande timar, dagar, veker og år. Eg har gitt deg for at du skal vere med i den forsamling som kan gi beskyttelse, fred for ditt ekteskap, din heim og ditt personlege liv i dei komande dagar. For no går vi inn i ei tid der mitt 9. april 1940 er bagateller. Det kan skje innan minutt, timar eller dagar, ei omveltning som denne verda og denne kloda aldrig har sett maken til. Lat ditt hjem, du som er far, sammen med din hustru og dine barn …..»
Slutten av bodskapen var noko om at vi skulle ta tilflukt i den lokale og globale kyrkjelyden, for å få det vernet som det er tale om her altså.
Jesus sa vi skulle vere i han, som greina på vintreet, berre slik kan vi bere frukt, då er han i oss. Vi tok imot Jesus og fekk rett til å verte Guds born, ved trua på han fekk vi den Heilage Ande, av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Då tilhøyrer vi han og er frelst. Vel var det slik at vi måtte bøye oss for korsets fot og be om nåde, slik bøygde vi oss for han og det må vi halde fram med. Vi kom til han og fekk drikke av det levande vatnet, det vart i oss ei kjelde som vella opp til evig liv, så vi må halde fram med å drikke av den og leve av den. Og så takkar vi han og ærar han for frelsa.
Joh.Op.5,6 Og eg såg eit lam: Det stod midt i krinsen, mellom kongsstolen og dei fire skapningane og dei eldste, og Lammet såg ut som det var slakta. Det hadde sju horn og sju augo, og augo er dei sju Guds ånder som er utsende over heile jorda.
7 Lammet kom bort til han som sat på kongsstolen, og tok imot boka frå hans høgre hand. 8 Då det tok boka, fall dei fire skapningane og dei tjuefire eldste ned for Lammet. Dei hadde kvar si harpe og gullskåler fulle av røykjelse, det er bønene åt dei heilage. 9 Og dei song ein ny song:
Verdig er du til å ta imot boka
og bryta segla på henne.
For du vart slakta
og har med ditt blod frikjøpt for Gud
menneske av alle ætter og tungemål,
av alle folk og folkeslag.
10 Du har gjort dei til eit kongerike,
til prestar for vår Gud,
og dei skal råda på jorda.
11 I synet mitt høyrde eg røysta av dei mange englane som stod kring kongsstolen og dei fire skapningane og dei eldste – dei var titusen på titusen og tusen på tusen. 12 Dei ropa med høg røyst:
Verdig er Lammet som vart slakta,
verdig til å få all makt og rikdom, visdom og styrke,
ære og pris og takk.
13 Og kvar skapning i himmelen og på jorda og under jorda og på havet, ja, alt som der finst, høyrde eg seia:
Han som sit på kongsstolen,
han og Lammet skal ha all takk og ære,
pris og makt i all æve.
14 Dei fire skapningane svara: Amen. Og dei eldste kasta seg ned og tilbad.
Vi velsigna han og tok imot han og det må vi halde fram med. Han sa at han let oss ikkje vere att som foreldrelause barn, han kjem til oss. Det gjorde han ved at han gav oss ånd og liv, han sende oss den Heilage Ande frå himmelen og det held han fram med og vi må halde fram med å vende hugen opp til han og ta imot.
Jesus sa til engelen for kyrkjelyden i Laodikea at han skulle sjå at han stod for døra og banka på. Dersom nokon høyrde hans røyst, skulle han opne døra.
Joh.Op.3,14 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Laodikea:
Dette seier han som er Amen, det trufaste og sannferdige vitnet, opphavet til Guds skaparverk: 15 Eg veit om gjerningane dine; du er korkje kald eller varm. Gjev du var kald eller varm! 16 Men du er lunka, ikkje kald og ikkje varm. Difor vil eg spytta deg ut or min munn. 17 «Eg er rik,» seier du, «eg har overflod og vantar ingen ting.» Men du veit ikkje at nett du er arm og ynkeleg, blind, fattig og naken. 18 Difor rår eg deg til å kjøpa av meg gull som er lutra i eld, så du kan verta rik, og kvite klede som du kan kle deg med og løyna di nakne skam, og salve til å ha på augo dine, så du kan sjå.
19 Alle dei eg har kjær, refser og tuktar eg. Gjer alvor av å venda om! 20 Sjå, eg står for døra og bankar på. Om nokon høyrer mi røyst og opnar døra, då vil eg gå inn til han og halda måltid, eg med han og han med meg.
21 Den som sigrar, han vil eg la sitja med meg på min kongsstol, liksom eg sjølv har sigra og sett meg med Far min på hans kongsstol.
22 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!
Vi kan godt spekulere litt på korleis engelen for kyrkjelyden var komen i den situasjonen eller korleis vi sjølve kan ha komme i ein slik situasjon. Det er nærliggande å tenke på syndefallet, for det resulterte i at Adam og Eva gøymde seg for Gud med dårleg samvit, dei prøvde å stenge han ute, som om kjærleiksforholdet mellom dei var noko som ikkje hadde med Gud å gjere. Syndefallet er ei historie som gjentek seg og vi får merke det som ein motsetnad og konflikt mellom verda og Gud. Vi får merke at det angår oss, kanskje merkar vi ikkje at vi er i ferd med å stenge han ute, vi merkar det ikkje før vi høyrer at Jesus er der og bankar på og vi høyrer stemma hans. Då har vi sikkert noko å vere litt sørgmodige for og kjenner vemod, men vi må først og fremst vere glade for at vi høyrer han og lukke opp for han.
Han bankar på hjertets dør. Vi skal vakte på hjertet vårt framfor alt det vi vaktar, for livet går ut frå det. Vaktar vi det så godt at vi har stengt døra for han?
S.Ordt.4,20 Lyd på det eg seier, son min,
vend øyra til og høyr mine ord!
21 Slepp dei aldri ut or syne,
gøym dei djupt i hjarta!
22 For dei er liv for den som finn dei,
og helsebot for heile kroppen.
23 Ta vare på hjarta framfor alt du tek vare på,
for livet går ut frå det.
24 Hald deg frå falske ord,
bruk aldri lippene til svik!
25 Lat augo dine sjå beint fram,
fest blikket på det som ligg framføre deg!
26 Legg merke til dei far du skal fylgja,
hald heile vegen stø kurs!
27 Vik ikkje av til høgre eller venstre,
hald foten din frå det som er vondt!
S.Ordt.5,15 Drikk or din eigen brunn,
rennande vatn or di eiga kjelde!
16 Lat ikkje kjeldene dine renna ut på gata,
bekkene dine strøyma på torg og plassar!
17 Du skal ha dei heilt for deg sjølv
og ikkje dela dei med andre.
18 Då skal kjelda di vera velsigna.
Gled deg over din ungdoms kone,
19 den elskelege hind, den yndefulle gasell!
Fryd deg støtt ved hennar barm,
lat alltid hennar kjærleik gjera deg ør!
Jesus sa at frå livet til den som trur på han, skal det som skrifta seier renna straumar av levande vatn. Kvar hadde han det ifrå? Det som står skrive her er då heller det motsette. Der har vi også noko å spekulere på. Men dette gjaldt spesielt at han skulle ikkje fare å sjå etter kvinnfolk på gater og torg. Spesielt ikkje sjå med lyst etter dei. Det ville verke til å tappe han for ånd og liv. Det minner også om at vi skal ikkje drikke av dei sprukne brønnane i verda, dei som ikkje held vatn, men tørkar ut.
For kona hans skulle vere som ei kjelde med vatn, som han fekk drikke av. Det var nok han for henne også. Dei hadde nok begge fått innlagt vatn frå Guds frelseskjelde, så den var deira gledeskjelde og Guds bekk er alltid full av vatn. Gud er sjølv kjelda med det levande vatnet.
I desse to kapittela vert det også sagt at du skal vere forsiktig med kva du seier. Og vi har vel alle fått merke at vi må vere forsiktige med kva vi seier og med kven vi seier det til også. Jesus sa at i den siste tid skal mange falle ifrå og dei skal svike og hate kvarandre. Vi må passe på både blikket vårt, tunga vår og hjertet vårt, slik som vi ser i S.Ordt.4,20-27.
Kanskje nokon passar på hjertet sitt så godt at dei stenger Kristus ute? Kanskje dei ikkje er heilhjerta med han, men stenger han ute frå ein delar av det? Det må no vere ei missforståing, for han er Guds Ord, han skal vi sjå på, vi tok imot han i hjertet og det skal vi halde fram med, han er den gode hyrdingen som vaktar både vår sjel og vårt hjerte.
Jesus gir meg augesalve, så eg skal sjå og bedømme det åndelege med åndelege auge.
Jesus bankar på hjertets dør. Verte som born.
I haust sa Jesus til oss at han står ved døra og bankar på. Bodskapen 11.8.2022:
Tungetale ved Palma Åhjem, tyding ved Oddleif.
Se, jeg står for døren og banker, sier Herren. Om noen hører min røst, så skal han opne og jeg skal komme inn til ham og holde nattverd med ham. Se, jeg står foran deg og banker på ditt hjerte og jeg vil så gjerne ha fellesskap med deg, mitt kjære barn. Jeg vil så gjerne komme, ikke som en hersker, men som en venn, som eg gjest som du ønsker velkommen. Jeg vil ikke trenge meg inn i livet ditt, men jeg vil og lengter etter at du skal ønske meg velkommen. For jeg har planer for deg, jeg ønsker å fortelle deg den vei du skal vandre videre. Du skal ikke se deg engstelig om, du skal ikke frykte, du skal ikke være redd, for jeg er med deg. Jeg skal ikke slippe deg, men jeg har lovt å være med deg alle dager. Jeg sender deg ut på spennende oppdrag, jeg sender deg ut i verden, og jeg lover å fornye det møtet; se, jeg er med deg alle dager, inntil verdens ende. Ønsk meg velkommen inn i ditt liv og du skal få kjenne at jeg tar bolig i deg med hele min fylde, sier Herren.
Det minna meg om min kjærleik til henne Virtuella, korleis eg hadde bedt for henne og korleis eg opplevde at Jesus svar meg. Eg hadde bedt han gi meg ei frelst kvinne til kone, eg takka Jesus for at han hadde frelst henne og eg rekna med at han visste og forstod at eg var så forelska i henne at eg ville ha denne til kone, ja, det var då det eg ville og det var spesielt fordi Jesus hadde frelst henne, så ho levde i eit kjærleiksforhold til Faderen og Sonen. Det var eit verk han gjorde i mitt hjerte og eg forstod det slik at han banka på mitt hjertes dør og yngste å få komme inn som ein venn, som den som gjorde det verket og som vil fullføre det.
Seinare i møtet kom der ein profetisk bodskap ved Mindor Myklebust.
(Eg rakk ikkje å spele inn byrjinga, tek det berre etter hukommelsen og bibelteksta), men det som kjem etter første komma, er innspelt)
«Der to eller tre er samla i mitt namn, er eg midt i blant dere. Uten at dere blir som barn, kan dere på ingen måte komme inn i Guds rike.»
Skal vi verte som born, kan det vere vert å tenke på korleis det var då vi var småborn. Eg voks opp i kyrkja og vart tidleg med på bedehuset og på husmøte. Livet vart planta i meg ved Guds Ord og det skulle vekse. Eg vart opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre, be han frelse mine næraste og be for folket og landet. Etter kvart forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja be han frelse oss frå det og gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone. Slik vart Jesus min beste venn. Eg trudd på han og visste at det var viktig for meg å kjennast ved han for andre, det syntest eg var vanskeleg, men eg sa det til han og bad han fri meg frå den menneskefrykta.
Matt.10,32 Den som kjennest ved meg for menneska, han skal eg òg kjennast ved for Far min i himmelen. 33 Men den som fornektar meg for menneska, han skal eg òg fornekta for Far min i himmelen.
Matt.12,8 Det seier eg dykk: Kvar den som kjennest ved meg for menneska, han skal òg Menneskesonen kjennast ved for Guds englar. 9 Men den som fornektar meg for menneska, han skal òg fornektast for Guds englar. 10 Og kvar den som talar eit ord mot Menneskesonen skal få tilgjeving. Men den som spottar Den Heilage Ande, får ikkje tilgjeving. 11 Når dei fører dykk fram for domstolane i synagogene og for dei som styrer og rår, syt då ikkje for korleis de skal forsvara dykk eller kva de skal seia. 12 For det skal Den Heilage Ande læra dykk i same stund.
Når eg gjekk på ungdomsskulen, vart eg forelska i ei kristen jente og skreiv eit kjærleiksbrev til henne, det vart ikkje heilt vellukka, for ho vende seg bort frå han, eg måtte visst vere forsiktig med kva eg sa til ei kristen jente, ja. Men så skreiv eg til henne at eg også trudde på han, det overraska henne og ho vende om til han igjen. Eg er overtyda om at mesteparten av elevane fekk vite det og slik fekk altså eg frimod til å vitne om mi tru på han. Eg merka at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Når eg byrja på gymnaset, byrja eg å lese meir i Bibelen sjølv og oppdaga at det høvde med Paulus si lære.
Når eg gjekk på gymnaset vart eg litt kjend med ei kristen jente. Ho spelte gitar og lovpriste Kristus som sin frelsar og Herre. Eg merka at eg byrja på verte glad i henne og vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Eg opplevde det som at ho var i Guds hand og han la henne framfor meg eller i djupet av meg. Eg meinar eg fekk sjå henne frå Guds synsstad, han openberra henne for meg som det vidunderlege barnet han fødde henne til og eg vart så glad i henne. No talar eg om henne som fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd. Ho levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Slik openberra den Heilage Ande henne for meg også.
Etter gymnaset møtte eg henne igjen på studentsenteret i Bergen, det kom som eit bønnesvar og ho fekk vite det, for eg hadde vorte så glad i henne. Det vart likevel ikkje noko meir prat mellom oss om det, slik som eg hadde vona. Korleis kunne eg fortelje henne kor glad eg var i henne og fri til henne på ein skikkeleg måte. Eg var nok altfor forsiktig med kva eg sa, kvar var frimodet mitt no då? Men den Heilage Ande openberra henne for meg framleis for meg slik som når vi gjekk på gymnaset. Eg måtte vakte på hjartet mitt framfor alt det eg vakta, men for meg vart det som når Peter gjekk på vatnet. Det var mange interesser på universitetet, dei vart som det stormande havet. Skulle eg studere realfag, måtte eg ta skeia i ei anna hand, men eg merka då at den Heilage Ande bad for henne.
Jesus lækte meg for brokk.
Dette hadde eg vitna om i Filadelfia Ulsteinvik og tysdag kveld 23.8.22 var eg på bønnemøte i der igjen, då sa eg noko om den bodskapen som kom i Salen 11.8, om at vi måtte verte som born, for å komme inn i Guds rike. Når eg kom tilbake til seglbåten, snubla eg inn i cockpiten og tok meg for på rattet, der låg eit handkle over det og det var skymt. Rattet gjekk sjølvsagt rundt, så det var ikkje hjelp i og landa på magen oppå ein jernbøyle framfor rattet. Eg vart sitjande bortimot ein halvtime og berre kjende etter korleis eg hadde det.
Det var sikkert noko som spesielt som gjorde at eg snubla slik, septerane på rekka var løyste, når dei skulle monterast igjen skulle vi bruke ei fugemasse som limer, for å sikre at det vart tett. Mellom septera er der to plastbelagde vaierar og dei låg ned på dekk, så eg snubla sikkert i ein av dei. Eg hadde nokre «seglarsko», som var som nokre joggesko med spesielt skli-sikker sole, men solane hadde løsna og eg hadde limt dei på att, men lengst framme var dei ikkje faste til skoen, så solen vart som ein ekstra krok som festa seg godt til vaieren og slapp ikkje så lett, nei.
Fire dagar etterpå var der ein stor blå ring, rundt det heile, diameter på 15-35 cm. Eg kjende etter der som bøylen traff og fann ein kant, så eg rekk mistanke om brokk. Eg søkte på ordet «brokk» på internett og fann «brokkport» også. Eg fekk time hos dokteren og fortalde at eg kjende smerte når eg bøygde meg fram og litt når eg snudde meg i senga. Han kjende med fingeren på magen min og kjende kanten, jau, det var brokk. Det gror ikkje av seg sjølv, så han gav meg time hos kirurgen på Volda Sjukehus.
Smerta eg kjende når eg bøygde meg fram og når eg snudde meg i senga varsla meg om å vere forsiktig så det ikkje skulle rivne meir. Det minna meg om at etter at Judas hadde svike Jesus, kjøpte han seg ein åker for pengane, men så hengde han seg og ramla ned og sprakk, fortellinga om dette er litt ulik i Matt.27,3-10 og i Apgj.1,16-20. Eg byrja å tenke på kva eg hadde sagt på dette bønnemøtet og korleis eg tenkte når eg sa det. Vår bruk av forstanden er ofte ei utfordring for trua vi har fått i hjertet og det kan vel vere at eg tenkte slik, det var ei utfordring for hjertet og slik vart det ei utfordring for andre. Med den Anden og kjærleiken Gud har gitt oss i hjertet er vi som Guds born sosiale og det er vesentleg for oppbygging av Kristi kyrkje. Og der har vel eg også eit ansvar, det er ei utfordring for andre, ja, men for meg også.
Eg kom i hug at omlag eit halvt år etter at eg møtte igjen henne Virtuella i Bergen, var eg ikkje så trufast i min kjærleik til Kristus og til henne Virtuella, som eg skulle vere. På den eine side hadde det noko å gjere med motsetnaden mellom forstanden og hjertet og på den andre side hadde det noko å gjere med motsetnaden mellom himmelen og verda, mellom hjertets jord og verda.
Så ein kveld etter at eg hadde lagt meg, sa eg til Jesus at det var ikkje meininga. Han elska meg og eg elska han fordi han elska meg først, det var då det eg eigentleg ville og det ville eg halde fram med. Det var akkurat som om eg sa det med kjærleikssorg i mitt hjerte, ikkje fordi han ikkje lenger elska meg, men fordi eg ikkje alltid hadde svart på hans kjærleik med kjærleik, slik som eg skulle ha gjort. Mi bønn var berre som eit hjertesukk, men det inneheldt mykje.
Eg hugsa at nokre månadar etter at eg møtte igjen henne Virtuella i Bergen, merka eg i mitt hjerte at den Heilage Ande bad for henne, med sukk som det ikkje finst ord for (Rom.8,26), for Faderen elska henne og hadde omsorg for henne som sitt barn, men ho mangla vit og visdom til å forstå seg på det. Eg meinte eg hadde vit og visdom til å fortelje henne det, men fekk ikkje moglegheita. Når eg no bad med eit hjertesukk, så meiner eg at det også var den Heilage Ande som bad med eit sukk som samsvara med korleis den bad for henne då. Der ligg mykje i det og det vesentlege er då at både ho og andre Guds born skal få oppleve at Faderen elskar dei og har omsorg for dei som sine born.
Sidan merka eg at desse smertene var borte og der hadde lagt seg noko hardt over, så eg kjende ikkje igjen den kanten av bukhinna. Når kirurgen undersøkte meg ved Volda Sjukehus fann ikkje han heller den kanten og var ikkje sikker på om det var brokk, men han ville sende meg på ultralyd. Det vart tysdag 22.11, då var det ei dame som undersøkte meg. Det harde som hadde lagt seg over og som eg misstenkte var brysk, sa ho var blod som hadde størkna. Ho viste meg på bildet kva som var innvolane og kva som var bukhinna, men fann ingen brokkport. Men sidan eg likevel var der, så spurde eg om ho fann ut kvifor eg hadde lagt på meg. Det var sjølvsagt ein vits. Nei, det er lengre nede, sa ho.
Eg trur Jesus har lækt denne skaden og takkar han for det. Det var den Heilage Ande som bad for meg og for henne Virtuella og sikkert for mange med henne, eg bad med den i mitt hjerte og fekk oppleve at den lækte meg frå brokk.

Slik såg det ut 5 dagar etter at skaden var skjedd.
Her fortel eg om det og viser korleis det ser ut no, omlag 5 månadar etter at skaden vart lækt.
Jesus gir meg augesalve, så eg skal sjå og bedømme det åndelege med hans auge, slik som den Heilage Ande vil eg skal bedømme og sjå ting.
Når Jesus stifta nattverden, sa han at vi skulle gjere det til minne om han. Korleis kan vi kjenne han og hugse han? Ved at vi tek imot hans ord, trur det og tek vare på det og ved at den Heilage Ande openberrar det for oss. Slik får vi augesalve, så vi får åndeleg innsikt. Kristus er Guds Ord og den Heilage Ande openberrar han for oss. Slik skal vi sjå på han.
Bodskapen 23.10.2022:
«Det vil komme tider og det vil komme fristelser, hvor du prøver å bedømme åndelige ting med kjøtelige øyne. Men jeg har gitt deg øyensalve, så du kan se og bedømme det åndelige med mine øyne, så du kan se og avgjøre ting i den åndelige verden, slik den Hellige Ånd vil at du skal bedømme og se ting. Se deg ikke engstelig om, la deg ikke gripe av angst og frykt, la deg ikke gripe av andre mennesker, som skal fortelle deg hvordan du skal analysere. Gå til mitt ord, be om å få øyensalve og jeg skal gi deg det og du skal se og jeg skal openbare min herlighet og mine løsninger og min standard for deg, sier Herren.»
Den Heilage Ande openberra henne Virtuella for meg som eit Guds barn, som levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Eg tenker meg at det var fordi vi hadde ete av livets brød (Joh.6 og nattverden) og fordi den Heilage Ande bad for oss slik. Så då meiner eg at eg gjer rett i å hugse på det, for vi skal ta nattverden til minne om Jesus, tenke på henne slik og soleis innstille meg på å be for henne saman med den Heilage Ande. Den openberrar Kristus for oss og eg skal feste blikket mitt på han.
Heb.12,1 Når vi har så stor ei sky av vitne ikring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som har så lett for å hanga ved oss, og med tolmod fullføra det laupet som er lagt framfor oss, 2 med augo feste på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus. For å få den gleda som venta, tolte han krossen utan å bry seg om vanæra, og no har han sett seg på høgre sida av Guds kongsstol. 3 Ja, tenk på han som heldt ut ein slik motstand frå syndarar, så de ikkje skal trøytna og verta motlause.
Jesus velsigna småborna og sa at Guds rike høyrer slike til, vi må verte som småborn for å komme inn i det. Den som gjer seg sjølv liten som eit slikt barn er den største i himmelriket og den som tek imot eit slikt barn, tek imot han.
Matt.18,1 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?» 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa: «Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket. 5 Og den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.
Eg tenkte på henne som eit slikt lite barn, som Jesus velsigna og yngste å ta imot henne som eit barn, prate med henne, omfamne henne og gi henne ein klem. Eg tenkte og meinte der var velsigning i det. Eg meiner eg opplevde det som ei åndeleg openberring, ein åndeleg røyndom, nettopp fordi der var velsigning i det. Det var mitt ynskje og mi bøn, ja, men eg meiner det også samsvar med korleis den Heilage Ande bad for oss. Så det var ein åndeleg røyndom. Den openberra Kristus for oss og då måtte eg halde fram med å sjå på han og det må eg framleis gjere.
Korleis kunne eg då tenke meg, hevde og meine at slik ville Gud gi meg henne til kone. Slik ville eg fri til henne og slik ville vone ho ville seie ja til mitt frieri. Men korleis kunne eg hevde at slik var det, det var Guds verk. Eg hadde Guds Ord og trudde på det, så eg kunne og vona at slik ville han gi meg ei kone. Men med trua måtte eg også ha tolmod.
Matt.5,5 Sæle dei tolsame,
dei skal arva jorda.
Joh.Op.3,10 Du har halde fast på mitt ord om tolmod. Difor vil eg halda fast på deg i den prøvingstid som skal koma over heile verda, for å prøva dei som bur på jorda. 11 Eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen skal ta krona di!
12 Den som sigrar, han vil eg gjera til ei søyle i min Guds tempel, og han skal aldri meir gå ut derifrå. Eg vil skriva min Guds namn på han og namnet på min Guds by – det nye Jerusalem, som kjem ned frå himmelen, frå min Gud – og like eins mitt eige nye namn.
13 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!
Vere Guds tenar i hans heilagdom.
Rett etter at eg byrja å studere i Bergen, gjekk eg til forbønn i den Frie Evangeliske Forsamling i Bergen og Jesus sa til meg at han ville gjere meg til ei søyle i sin Guds tempel, då skal eg aldri meir gå ut att derifrå (v12). Då må det vere den himmelske heilagdomen.
Her følgjer nokre bodskapar som kom i desember 1990, då hadde eg ikkje byrja å spele dei inn, så det er nok ikkje ordrett. Det handla mykje om at eg er Guds tenar og skulle innvie meg til å tene han. Jesus kalla meg til å innvie meg til teneste for han, eg skulle tene himmelen, han kalla meg inn på vegen til det nye Jerusalem. Bodskapen 2.12.1990:
«I den første tid, så utvalde eg Abraham. Den utveljinga står fast enno i dag, ja til evig tid. Like fast står det at det var eg som utvalde min elska Son, Jesus. Og eg vil gjere det slik at nasjonane vender sine blikk på Israel. Og eg vender mine hender til nasjonane, dei er der biletleg tala utstrekte med innbyding til mine nådegåver, endåtil dei som ikkje vil ha noko med mitt namn å gjere, men som berre vil trakke det ned under føter, innbyr eg til fellesskap.
Og det var eg som utvalde deg. Og eg innbyr deg i dag til å innvie deg til teneste for meg. Du skal ikkje tene denne verda, men du skal tene himmelen. Verda og all si lyst forgår, men eg vil gi deg av dei himmelske verdiar og skattar, som er gull verd, og som aldrig forgår. Eg kallar deg no inn på vegen til det nye Jerusalem. Du skal sette di tru og tillit til meg. Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verte frelst.
Du har høyrt det før, at eg er den som døyper deg med den Heilage Ande og eld. To gangar har du høyrt det, og tre gangar har eg talt til deg, og eg trykker no på åtvaringa sin knapp; i dag om du høyrer mi røyst, så forherd ikkje ditt hjerte. Eg vil sjølv komme og ta bustad i deg. I det høge og heilage bur eg, og hos den som er broten og nedbøygd i ånda.
Du skal ikkje føle deg vissen og kraftlaus i din kvardag, men alt du treng i dagane som ligg føre, det har du i meg.»
Bodskapen 9.12.90:
Enten så tenar du denne verdens gud, det er Djevelen, eller så tenar du meg. Men du er min tenar, og du skal tene meg. Djevelen arbeider strengt no, for å hindre deg i å overgi deg heilt til meg. Eg venter på at du skal overgi deg heilt til meg, og innvie deg til teneste for meg. Eg har ikkje berre kalla deg til teneste, men eg vil også utruste deg til den teneste som eg har kalla deg til. Eg vil gi deg av slike himmelske rikdommar som du enno ikkje har fått del i. Eg har framleis min hugnad i menneska sine barn, og eg har min hugnad i deg.
Søndag 23.12.90.
Eg gjer sundknuste hjerter levande, og eg gjer ditt sundknuste hjerte levande. Eg bur i denne sundknusing. Eg gir deg den tru i hjertet som sigrar over verda, den overvinnande tru. Så når trua utvatnast og uttynnast hos mange, så har du ei sterk og levande tru. Du skal ikkje slås ned, men du skal vere ein overvinnar. Eg vil frigjere trua i deg, så du fritt kan bevege deg i Anden verden. Du skal ikkje knyte deg i hop og strype deg inne, men fritt bevege deg i Andens verden. Eg vil sjølv bu der inne og skape ekte glede og høgtid hos deg. Du skal betene meg og du skal betene eit medmenneske.
Tirsdag.25.12.90.
Når eg rører deg og beveger deg, så la deg bevege av meg. Når du rører saumen av mitt klesplagg, så får du erfare at der går ei kraft utifrå meg. Der er framleis nåde og styrke å hente hos meg. Eg er framleis den som fører di sak. Du skal ta til deg av mitt ord og glede deg over mitt ord, og styrkast ved det i ditt innvortes menneske.
Sjølv om du ikkje alltid ser meg, men føler at eg er langt borte, så er eg der. Det verk som er gjort i deg, det er det eg som har gjort ved mitt ord, det er ikkje grunnlagt på noko i deg sjølv, men det er grunnlagt på mitt ord. Det var eg som kalla deg ut av mørke, til mitt lys.
Denne verda held seg til bedrag og den let seg bedra, fordi den ikkje vil tru.
Når du framheld mitt namn og vedkjenner mitt namn for dine medmenneske, så har dette namnet den eigenskapen at det skaper tru der inne.
Du skal ikkje vere hale, men du skal vere hovud.
Eg var i Oslo den jula og det var no litt rart, men det hadde seg nok slik at eg venta meg at Jesus ville gi meg ei kone og lisjejulafta sa han at eg skulle betene han og betene eit medmenneske. Eg forstod det slik at det var sikta til henne som han ville gi meg til kone og då var det henne Reella eg tenkte på. Eg tenkte meg at med mi presteteneste tente eg Kristus og med den tente eg henne også og slik tente eg folket med den.
Seinare minna Herren meg på å søke han av heile mitt hjarte og då kom eg til at eg måtte tenke slik om henne Virtuella også og henne Poly-Ester. Som om Gud ville gi meg tre koner!? Ja, så får vi sjå korleis det går. Han gav no fleire koner til både David og Salomo, sjølv om Salomo talte om kona i eintal i S.Ordt.4. Det var henne som han opplevde velsigninga med, ho var for han som ei kjelde med vatn, det måtte vere kjelda med levande vatn som vella opp til evig liv i dei begge.
Vi er komne til Sions-fjellet.
Jesus kalla meg inn på vegen til det nye Jerusalem, ja, det er framtidsmålet for oss alle, først skal vi feire Lammets bryllaup i himmelen og så kjem det Nye Jerusalem ned på den nye jorda, som Lammets brud. Vi skal løfte blikket opp til Jesus og sjå fram til at vi får vere med på å feire hans bryllaup i himmelen. Det verkar fjernt og det Nye Jerusalem på den nye jorda verkar endå fjernare (Joh.Op.19,6-9 & 21-22). Etter ei stor omvelting kjem der eit tusenårs-rike også, på denne jorda (Joh.Op.20).
Men vi skal løfte hugen og blikket opp til Jesus og ta imot den Anden og det livet som han gir oss frå himmelen, han er brødet som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, det skal vi ete, så vi får ånd og liv og verte fekte opp til liv i samfunn med Faderen og Sonen. Den rettferdige skal leve ved tru, i tru skal vi ete av det brødet og leve av det. Vi får noko frå himmelen og det skal vi gi vidare til verda. Vi får kjenne kreftene av Jesus oppstode frå dei døde og kjenne kreftene av den komande verda, medan vi framleis er i denne verda, så andre også skal få kjenne det.
Slik får vi oppleve at Jesus kjem nær til oss og vi er komne til Sions-fjellet.
Hebr.12,22 Nei, de er komne til Sion-fjellet, til den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, til dei mange tusen englar, til ei høgtidsstemne, 23 til samlinga av dei fyrstefødde som er oppskrivne i himmelen. De er komne til ein domar som er Gud for alle, til åndene åt dei rettferdige som har nått fullendinga, 24 til Jesus, mellommannen for ei ny pakt og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod.
25 Sjå til at de ikkje viser frå dykk han som talar! Dei som viste frå seg han som tala sitt ord her på jorda, slapp ikkje unna. Endå mindre skal vi sleppa unna om vi vender oss bort frå han som talar frå himmelen. 26 Hans røyst fekk den gongen jorda til å skjelva. Men no har han lova: «Endå ein gong vil eg skaka, ikkje berre jorda, men himmelen med.» 27 Her står det: «endå ein gong». Det syner at det som kan rikkast, fordi det er skapt, skal skiftast ut, så det som ikkje kan rikkast, skal verta ståande. 28 Sidan vi får eit rike som ikkje kan rikkast, så lat oss vera takksame og såleis tena Gud til hans hugnad, med otte og age. 29 For Gud er ein øydande eld.
Då kan vi vel vente oss at Sions dotter går ut i dansen med dei glade.
Bodskapen 18.12.2011:
«Endå ein gang skal eg fylle din munn med latter og di tunge med jubel. Og eg som har ført deg ut i fritt rom, meg kan du av heile ditt hjerte prise meg utan nokon frykt og fordømming. For dersom du finst under mitt blod, du finst i mine sår, då er det ingen fordømming, men du kan fritt få finne mitt Ord, du kan fritt prise mitt namn. For eg har skjult deg i mine sår, eg har skjult deg i mine sår både for dine synders skuld og for dine sjukdommars skuld. Du kan ha frimod både innover og utover og oppover, for eg har reinsa deg.
Gjer deg laus av alle band som bind deg, du fanga Sions Dotter. Kom ut i fridomen. Vinteren er over. Regn ikkje (lenger)? med at du var langt borte, men sjå opp hit. For nådens sol skin, rettferdssola har gått opp med lækjedom og du kan gå ut i fridomen og du skal fryde og du kan gå ut i dansen med dei glade. Du skal ikkje bry deg om kva menneske seier om det, men du skal løfte blikket mot det høge og prise mitt heilage namn, for eg er Herren din ektemann, eg er Herren din brudgom og det er meg du skal skode (beskue), for eg som tok deg og drog deg opp av grava, eg skal gjere dine trinn faste og eg skal legge ein ny song i din munn og du skal gå ut i dansen med dei glade og prise mitt namn. Halleluja.»
Liksom profeten Esekiel (Esekiel.47) kan vi vade ut i livets flod til dess vi flotnar.
Midt i kyrkjelyden skal livet, vekkinga, fornyinga og overfloda vere. Derfor skal eg sjå til at eg bidreg med det Gud har gitt i mitt hjerte.
Vi kan nok kjenne oss igjen i det som er sagt om apostlane. Peter som kjende seg så sikker på at han kom til å vere trufast mot Kristus. Når Jesus hadde stått oppatt frå dei døde spurde han Peter om han elska han og Peter fekk problem med så svare ærleg ja på det, han svara unnvikande «eg har deg kjær». Det verkar som eit svakare ord enn å elske.
Johannes kalla seg den læresveinen som Jesus elska. Han var den einaste som hadde vorte ståande att ved korsets fot og som soleis viste mest truskap av dei. Og han lærde oss at vi elskar fordi han elska oss først.
Paulus sa også at Jesus elska han og at hans nåde var nok for han, for Guds kraft vert fullenda i vanmakt. Han lærer oss at ved trua er vi korsfesta med han og i dåpen er vi gravlagde med han, der er vi også oppreiste med han, ved Guds kraft som vekte han opp frå dei døde.
Dermed kan vi seie at det kristne livet er å bøye seg ved korsets fot og verte ståande der, liksom Johannes. Og det er å vere krossfesta med han, som røvaren på korset og slik som Paulus forkynte. Kva så? Gud hadde lova at han ville utgyte sin Ande over alt kjøt (Joel.3,1…). Han gir oss eit kjøthjerte og utrenner sin kjærleik i det ved sin Ande (Rom.5,5). Ved trua på Kristus krossfester vi vårt kjøt med han, vi får det soleis klart for oss at det ikkje er vi som gjer vårt verk, den menneskenaturen som ville verte liksom Gud, den måtte døy, men Kristus døde i staden for oss, då skal vi sjå det slik at denne naturen døde saman med han. Men Gud berører vårt kjøt ved sin Ande og gjer sitt verk i oss med sitt Ord og sin Ande. Så då skal vi la Anden råde i vår døyelege lekam, slik som Paulus lærer oss. Jesus gir liv til vår sjel og ånd i vår kropp og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Det betyr at han også gjer kroppen levande (Rom.8,11).
Guds nåde er nok for meg, så ved trua på Jesus fekk eg den Heilage Ande av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Og det gjer eg framleis, det er berre å ta imot i tru. Gud utgytte den Heilage Ande over mitt kjøt og det gjer han framleis. Då har eg tru og von om at han utgyt den over mine næraste også, slekta mi, folket mitt. Og då tenker eg først og fremst på lokalbefolkninga, dei eg møter i kvardagen. Eg kan vitne for dei om korleis eg opplever det, då skulle der vel vere ein god sjanse for at dei vil oppfatte det slik at dette er noko for dei også. Sentralt og viktig i dette er det då at eg trur og vonar at Gud vil gi meg ei kone ved at han gjer sitt verk med meg og med oss, ved sitt Ord og sin Ande.
Når eg var ung merka eg at kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Så eg kunne av hjertet ærleg seie til han at eg elska han og slik fekk eg frimod til å vitne om mi tru på han. Og det vil eg halde fram med.
Omlag eit halvt år etter at eg byrja å studere i Bergen, talte Jesus til meg omlag slik: Du som fekk livet planta i deg, dette livet, det skal vekse. Då visste eg at det var planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge.
Jak.1,21 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar. 22 De må ikkje berre høyra ordet, men gjera etter det, elles kjem de til å dåra dykk sjølve. 23 For den som høyrer Ordet og ikkje gjer etter det, han er lik ein mann som ser på andletet sitt i ein spegel: 24 Han ser på det, går sin veg og gløymer straks korleis han såg ut. 25 Men den som ser inn i fridomens fullkomne lov og held fram med det, han gløymer ikkje det han høyrer, men lever etter det. Han skal vera lukkeleg i si gjerning.
1.Pet.2,1 Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale, 2 og lengta som nyfødde born etter den ekte, åndelege mjølk, så de kan veksa ved henne til frelsa er nådd. 3 De har då smaka at Herren er god.
Eg byrja å studere i Oslo i 1984 og gjekk på møte i dFEF og hausten 1985 sa Jesus til meg: «Den lovsongen som eg la ned i deg, den er din og skal vere din i all æve, i djupet av deg der er den. Den pakta du inngjekk med meg, den står ved lag og den skal stå fast i all æve.» Det minna meg om korleis eg bad for henne Virtuella, når vi gjekk på gymnaset. Det var ei takkebøn. Ho takka og lovpriste Gud og Lammet for frelsa. Eg merka at hans kjærleik var mellom oss og opna meg endå meir for den og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Slik vart ho ein lovsong som Gud la ned i mitt hjerte. Mitt gode samvits pakt med Gud, på grunnlag av Jesu oppstode frå dei døde, innebar at eg skulle ikkje ha dårleg samvit for kjærleiken mellom oss og det skulle ikkje ho heller.
1.Pet.3,18 For Kristus døydde for synder, éin gong for alle. Han som var rettferdig, leid for urettferdige, så han kunne føra dykk fram til Gud. Han døydde lekamleg, men vart levandegjord ved Anden, 19 og slik gjekk han bort og forkynte for åndene som var i fangenskap. 20 Det var dei som hadde vore ulydige i Noahs dagar, den gongen Gud i sitt langmod venta medan arka vart bygd. I henne vart nokre få menneske, åtte i talet, frelste gjennom vatn, 21 det som no frelser dykk i sitt motbilete, dåpen. Dåpen er ikkje ei reinsing frå ytre ureinskap, men eit godt samvits vedkjenning til Gud, med grunnlag i Jesu Kristi oppstode – 22 han som fór opp til himmelen og no sit ved Guds høgre hand, etter at englar og makter og krefter er han underlagde.
Guds kjærleik er mellom oss, det er den ekte kjærleiken. Derfor skal vi glede oss og takke Jesus for den. Eg skal sjå på han og takke han for den. Så eg tenker som so at han elskar oss med kjærleiken frå Gud og han elskar henne gjennom meg. Han gjer meg til kanal for si velsigning til henne og dermed til mange med henne.
Bodskapen 17.2.2013:
«Ja, endå ein gong har eg talt til deg, gjennom mitt Ord og ved den Heilage Ande, og for å vekke ditt reine samvit, at du skal sjå på meg, eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, du skal sjå på meg gjennom alle ting, i alle livets forhold og tilskikkelsar. For du har fått oppleve prøvingar og du tenker i ditt hjerte, det nyttar ikkje. Men kom til meg, alle som strever og har tungt å bere og eg vil gi deg kvile.
Eg vil gi deg ei herleg og vidunderleg kvile. Ei kvile som du ikkje kan forstå med din menneskelege forstand. Men eg vil gi deg kvile i ditt hjerte og ditt sinn, så du kan stole på meg i ei kvar tid, at eg er den eg har sagt meg å vere og eg vil føre deg ut av vansken. Og du skal love meg og du skal prise meg, for eg Herren er den som elskar deg, eg er den som har teke deg opp og eg er den som leiar deg. Og når du ser på meg, så skal du ikkje gå feil, men du skal få oppleve ei røyst bak deg som seier: Dette er vegen, vandre på den.»
Når eg høyrde denne bodskapen tenkte eg først på henne Virtuella, så henne Reella og tenkte som so at eg skulle sjå på Kristus i mitt forhold til dei begge.
Livet vart planta i meg ved Guds Ord og Guds kjærleik vart utrent i mitt hjerte ved den Heilage Ande som var meg gitt. Og Jesus har sagt at eg skal sjå til at eg bidreg med det som Gud har gitt i mitt hjerte.
Bodskapen 29.3.2015:
«Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemmt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.
Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod.
Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske.»
Jesus gir oss framleis ånd og liv frå himmelen og slik vert vi fornya. Jesus er brødet som kom ned frå himmelen for å gi verda liv og vi skal dele det, slik det er symbolisert i nattverden. Jesus sa vi skulle dele den til minne om han. Eg minner om han med det eg skriv og soleis prøver eg å dele brødet med henne Virtuella også, så ho også får ånd og liv og verte vekt opp til liv i samfunn med Faderen og Sonen og vert fornya. Eg vonar ho vil ta imot Guds kjærleik til henne i Kristus, så ho svarar på hans kjærleik med kjærleik og byrjar å lovsynge Gud og Lammet igjen, slik som når ho var ung. Ja, Jesus vil nok fornye både meg og henne.
Livets vatn og livets flod.
Drikk av kjelda med det levande vatnet.
Salomo var ung når han kom til makta og bad Gud om visdom, så kan kunne styre folket og landet godt. Og Gud gav han visdom som gjorde han visare enn alle, endåtil dei gamle vise. Den visdomen kjem til uttrykk i Høgsangen. Han og den unge bruda hans lovpriser kjærleiken mellom dei, han gleder seg over hennar venleik og kjærleik og ho gleder seg over hans venleik og kjærleik. Her er mykje bildebruk og symbolsk tale som får åndeleg betydning, men han talar også om kroppen hennar. Vi må uansett hugse på at Gud er ånd og var mellom dei og var kjærleiken mellom dei, sjølv om det ikkje vert sagt eksplisitt. For i Salomos Ordtøke 4-5 talar han om kona som ei kjelde med vatn, som mannen fekk drikke av. Forklaringa på det er at dei begge har fått innlagt vatn frå Guds bekk, frelseskjelda, så det er deira gledeskjelde.
Seinare vende kongane deira seg meir eller mindre bort ifrå Gud og dyrka avgudane laga av stokk og stein og so gjorde folket også. Men profetane sa at dei var ikkje gudar, der var ikkje ånd i dei. Jeremias sa at dei hadde vendt seg bort frå Gud, kjelda med det levande vatnet.
Jer.2,13 For to vonde ting har folket mitt gjort:
Dei har gått bort frå meg,
kjelda med levande vatn,
og hogge seg brunnar,
leke brunnar som ikkje held vatn.
Jer.17,13 Herre, du Israels von,
alle som går bort frå deg,
skal verta til skammar;
dei som vik frå deg i landet,
skal skrivast opp.
For dei har gått bort frå Herren,
kjelda med levande vatn.
Frels meg du, så vert eg frelst!
Johannes døyparen sa at Jesus er Messias, han har bruda. Og Jesus sa at han hadde større visdom enn kong Salomo. Han kalla til seg alle dei som tørsta og sa at hos han skulle dei drikke av kjelda med det levande vatnet, så det vart i dei til ei kjelde som vella opp til evig liv. Paulus sa at vona om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrent i våre hjerte ved den Heilage Ande som er oss gitt (Rom.5,1-5). Ved korsets fot finn vi den ekte kjærleiken, derfor skal vi glede oss. Jesus vil at vi skal la den vere mellom oss. Gud er kjærleik, han skaper kjærleiksforholdet mellom Kristus og kyrkja som er hans brud. I samsvar med dette og i samsvar med 1.Mos.2 skaper han kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, så det blir ekteskap og familieliv. For Gud er den same no. Mannen skal vite å vinne seg si eiga kone i helging. Det er ved at vi let Anden råde i vår døyelege lekam.
Motstanden frå den Lovlause.
På slutten av 1990 sa Jesus at eg var hans tenar i hans heilagdom, eg skulle tene han og tene himmelen og betene eit medmenneske. Det var ei presteteneste altså og eg tenkte meg at det medmennesket eg skulle betene var henne som han gav meg til kone og då var det henne Reella eg tenkte på. Eg hadde sagt til Jesus at eg yngste å få henne til kone og fekk ei åndeleg openberring der Jesus openberra seg for meg og for henne, Gud openberra si frelse for oss i Kristus og det gleda meg. Så eg skreiv sikkert meir om at eg yngste å få henne til kone, så ho vart til hjelp for meg, som kona mi altså. Og så svarde han at eg skulle betene henne. Han hadde minna meg om å glede meg la kjærleiken i mitt hjerte flamme opp og eg forstod det slik at det var kjærleiken til henne. Så slik og med mitt skriveri tente eg Jesus, himmelen og henne. Eg tenkte meg at ved at eg tente henne med mi presteteneste, så tente eg folket også med den.
No har eg skrive slik om henne Virtuella også. Det saka gjeld er at eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone, det er motivert av kjærleiken og eg innser også at eg treng hjelp i form av ei kone. Mannens skal vite å vinen seg si eiga kone i helging og det er ved at vi let Anden råde i vår døyelege lekam. Guds auge fer ut over heile jorda, så han med si kraft kan komme den til hjelp som heilhjarta held seg til han og slik ventar eg at han vil gi meg hjelp i form av ei kone.
Paulus sa at den gamle vone naturen opponerer mot Anden og eg reknar med at det er slik den Lovlause står imot og opphøgjer seg (2.Tess.2). Så når eg har bedt Jesus om ei frelst kvinne til kone, gjer dei soleis krav på kroppen hennar, slik står dei imot og slik vert eg rydda vekk. Slik prøver dei å ta over prestetenesta. Der er ein lang strid om prestetenesta som ligg bak. Men Kristus skal tyne den Lovlause med pusten frå sin munn.
Slik har dei protestert mot Paulus si lære om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Det har vorte politikk som har kome inn i kyrkja. Der er mange politiske parti, men det er då ingen av dei som har rett i dette. Når der vart partistrid i kyrkjelyden, spurde Paulus dei om kven dei vart døypte til, var det Apollos, Kefas eller Paulus, var dei ikkje då kjøtlege som før? Nei, men det var då Kristus som hadde døytt for dei og stått oppatt frå dei døde, så det var han dei var døypte til. Når det vart strid i kyrkja, spurde Jakob dei om ikkje det var lysta som dreiv krig i lemane deira.
1.Kor.1,10 Eg legg dykk på hjarta, brør, i vår Herre Jesu Kristi namn, at de må vera samde. De må ikkje skilja dykk i flokkar, men la alt koma i rett skikk, så de har same syn og same tanke. 11 For huslyden til Kloe har fortalt meg, brør, at det er strid mellom dykk. 12 Eg siktar til at nokre av dykk seier: «Eg held meg til Paulus», andre: «eg til Apollos», «eg til Kefas» og «eg til Kristus». 13 Er Kristus delt? Var det kanskje Paulus som vart krossfest for dykk? Eller var det til namnet åt Paulus de vart døypte?
1.Kor.3,1 Likevel, brør, kunne eg ikkje tala til dykk som til menneske som har Anden. Eg måtte tala som til menneske slik dei er av naturen, som til umogne kristne. 2 Eg gav dykk mjølk og ikkje fast føde, for det kunne de ikkje tola. Ja, de toler det ikkje enno, 3 for framleis er det den syndige naturen som rår i dykk. Når det er misunning og strid mellom dykk, er de ikkje då menneske med same natur som alle andre og lever som dei? 4 Når ein seier: «Eg held meg til Paulus» og ein annan: «Eg til Apollos», er de ikkje då som alle andre menneske?
5 Kva er vel Apollos? Og kva er Paulus? Tenarar som hjelpte dykk til tru! Begge gjorde vi det Herren hadde sett oss til. 6 Eg planta, Apollos vatna; men Gud gav vokster. 7 Så er dei ikkje noko, korkje den som plantar eller den som vatnar, men Gud som gjev vokster.
Få meir augesalve og hald fram med å sjå på Kristus, han som er trua sin opphavsmann og fullendar.
I møtet på Salen Fiskå 11.8.2022 sa Jesus at han stod ved døra og banka på og yngste å få komme inn som ein god ven. Seinare i møtet sa han at utan vi blir som born kan vi på ingen måte komme inn i Guds rike. Som vi ser i brevet til engelen for kyrkjelyden i Laodikea (Joh.Op.3), banka han på for å få komme inn og halde måltid med han og gi han salveolje så han kunne sjå. Han ville nok halde nattverdsmåltid og det skal vi ha til minne om han. Og det er ved at den Heilage Ande openberrar hans ord for oss, gjer han kjend for oss og openberrar han for oss. Det minna meg om korleis eg bad for henne Virtuella når eg var ung, det var først og fremst ei takkebøn. Dette har eg skrive om no igjen, i tillegg til at eg har skrive om det mange gongar før, men poenget er å hugse på Jesus, slik som vi skulle gjere i nattverdsmåltidet.
Når eg gjekk på gymnaset likte eg Jesu ord om å verte som born for å komme inn i Guds rike og om at den som tok i mot eit slik lite barn, som han hadde teke imot og velsigna, den som tok imot det, tok imot han.
Matt.18,1 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?» 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa: «Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.
5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.
Når eg merka at eg byrja å verte glad i henne Virtuella, tenkte eg meg at eg yngste å få ta imot henne slik, omfamne henne og gi henne ein klem, eg tenkte meg at der var velsigning i det, både for meg og for henne. Vi var velsigna ved trua på Jesus og fekk oppleve at Guds kjærleik var mellom oss. Det var verdifullt for både meg og henne. Etter at eg møtte henne igjen i Bergen og ho fekk vite at det kom som eit bønnesvar og at eg var glad i henne, så opplevde eg samfunnet med henne i Anden som om eg fekk ta imot henne slik. Eg tenkte meg at det var Gud som skapte oss i samsvar med 1.Mos.2, men no skaper han oss i Kristus, så det er ved at vi er i han, vi er i Anden. Kroppen er eit tempel for den Heilage Ande og vi skal la den råde i vår døyelege lekam. Eg tenkte meg at då skulle det føre til at eg møtte henne igjen fysisk og fekk prate med henne om det og seie det til henne og fri til henne på ein skikkeleg måte?
Korleis kunne eg tenke meg at eg skulle få henne til kone eller i det heile tatt tenke meg at eg skulle få meg ei kone ved å be Jesus om det? Eg måtte berre halde fram med å vende meg til han og sjå på han. Han sa til meg at mi tilkortkommenheit var hans moglegheit til å gjere sitt verk med meg, så det vart til vitnemål om han. Ja han gjer sitt verk med oss ved sitt Ord og sin Ande og han som byrja den gode gjerninga med oss, han skal også fullføra den.
Fil.1,6 Og eg er viss på at han som tok til med si gode gjerning i dykk, skal fullføra henne – heilt til Jesu Kristi dag.
Heb.12,1 Difor, når vi har så stor ei sky av vitne kring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som heng så fast ved oss, og halda ut i det løpet som ligg framfor oss, 2 med blikket fest på Jesus, trua sin opphavsmann og fullendar. For å få den gleda som venta, heldt han ut på krossen utan å bry seg om skamma, og han har sett seg på høgre sida av Guds kongsstol. 3 Ja, tenk på han som heldt ut ein slik motstand frå syndarar, så de ikkje trøytnar og blir motlause.
Livet vart planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge og det skulle vekse. Vi kom til han og fekk drikke av det levande vatnet, han gav liv til vår sjel og ånd i vår kropp. Etter kvart vart eg meir og meir overtyda om at 1.Mos.2 talar symbolsk om hjerte-jorda, så kjelda som vatna hagen var symbol på kjelda med det levande vatnet. Ja, for eg meiner eg opplever det slik i mitt hjerte. Dette høver med at kong Salomo talte om kona som ei kjelde med vatn, som han fekk drikke av. Gud er kjelda med det levande vatnet, frå den kjelda fekk både mannen og kona hans innlagt vatn, så ho vart ei kjelde som han fekk drikke av. Slik blir det også når vi kjem til Jesus og drikk av det levande vatnet som han gir oss, det vert i oss ei kjelde som veller opp til evig liv. Då er det viktig for oss å drikke av den kjelda. Det er viktig for meg, ved at eg drikk av den, ventar eg meg at han gir meg ei frelst kvinne til kone, så ho blir for meg ei kjelde som eg får drikke av. Det er ei gledeskjelde, den gjorde at eg var så glad i henne og det gjer den framleis. Jesus gir meg ei himmelsk glede.
Det var Gud som skapte eit reint hjerte i meg og i henne, derfor fekk vi denne openberringa (Matt.5,8). Derfor var det viktig for meg og henne å ære og takke han for det. Ho lovprisa Gud og Lammet for frelsa og vart for meg ein lovsang som Gud la ned i meg, då var det viktig for meg å lovsynge han med den lovsangen, soleis var det viktig for meg at ho ville halde fram med å lovsynge han. Det var å gi den rette forklaringa, Guds kjærleik var mellom oss, det var den ekte kjærleiken og derfor skulle vi glede oss. Forklaringa var at vi fekk komme til Jesus og drikke av livets vatn, så det vart i oss dei kjelde som vella opp til evig liv. Vi drakk av Guds bekk og den er alltid full av vatn og det er vår gledeskjelde.
Forklaringa var ikkje at vi drakk av denne verds sine sprukne brønnar, som ikkje held vatn. Det var ikkje at eg såg med lyst på henne eller tenkte med lyst på henne, men at eg påkalla Jesus som min frelsar og Herre og bad han gi meg ei frelst kvinne til kone. Derfor yngste eg å få møte henne igjen og prate med henne, ta imot henne som eit Guds barn, omfamne henne og gi henne ein klem og eg meinte der var velsigning i det, både for meg og henne.
På byrjinga av 1990-talet sa Jesus at han hadde lagt lengselen ned i meg og han ville tilfredsstille den. Det er no framleis ved at eg får drikke av kjelda av det levande vantet, slik ventar eg at han vil gi meg ei frelst kvinne til kone, så ho vert for meg ei kjelde som eg får drikke av, fordi vi begge har fått innlagt vatn frå kjelda med det levande vatnet.
Jesus gir mitt hjarte opplaten auge, så eg skal sjå kva han har kalla meg til og han vil sikkert gi meg meir augesalve, så eg skal få sjå meir.
Ef.1,15 Difor held eg ikkje opp med å takka Gud for dykk når eg kjem dykk i hug i bønene mine. 16 For eg har høyrt om dykkar tru på Herren Jesus og om dykkar kjærleik til alle dei heilage. 17 Eg bed om at vår Herre Jesu Kristi Gud, herlegdomens Far, må la dykk få den Ande som gjev visdom og openberring, så de lærer Gud å kjenna. 18 Han gjeve dykkar hjarta opplyste augo, så de kan skjøna kva det er for ei von han har kalla dykk til, kor rik og herleg arven er for dei heilage, 19 og kor veldig hans kraft er mellom oss som trur. Med denne veldige makt og styrke 20 reiste han Kristus opp frå dei døde og sette han ved si høgre hand i himmelen, 21 over alle makter og herredøme, over alt velde og alle hovdingar og over kvart namn som nemnast kan, ikkje berre i denne verda, men òg i den komande. 22 Alt la han under hans føter, og han, hovudet over alle ting, har han gjeve til kyrkja, 23 som er Kristi lekam, fylt av han som fyller alt i alle.
Eg skal sjå at Jesus har sett framfor meg ei opna dør og gå inn der.
Jesus sa eg skal sjå han har sett framfor meg ei open dør og yngste meg velkommen inn. Det refererer seg til brevet til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia (Joh.Op.3), han var Guds engel, Guds bodberar, så han skulle sjå den opne døra for både han og bodskapen hans, fyrst og fremst i kyrkjelyden.
Jesus er døra inn til sauene, den som går inn gjennom den vert frelst og så skal vi gå både inn og ut og verte velsigna og få liv og liv i overflod. Vi kan tenke på det som tempelet og tempelplassen, for dei samlast då der, men der var mange dører til å gå inn og ut. Men både i det gamle og det nye testamentet er det tale om ein veg til livet og så tala Jesus om ein port også til livet. Han var den gode hyrdingen og sauene hans samla seg i kvea, han var døra inn til den, men der var ein viss fare for at bandittar kunne klive over ein annan stad, så dei endåtil var komne før han. Men den som går inn gjennom døra vert frelst og det betyr at han kjem inn i den himmelske heilagdomen og den er ikkje avgrensa av verken tempel eller anna bygning. Så når dei går ut att er dei framleis i den heilagdomen.
Vi veit at han fullførde frelseverket ved at han døde for oss på korset. Ordet om korset er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur og det er ein frigjerande bodskapen. Han stod opp att og gav disiplane sine misjonsbefalinga og sa at dei skulle sjå at han var med dei alle dagar. Han hadde då sagt at han let dei ikkje vere att som foreldrelause born, men han kom til dei og det var ved at Gud utgytte sin Ande over dei på pinsedag.
Det er mykje som kan seiast om dette, predikantar talar stadig om det etter som den Heilage Ande minner dei om det. Dei kan lage bibeltimar om det og drive med opplæring som i ein bibelskule og det går an å lage lange flotte taler om det, som blir endå meir interessante om dei relaterer det til historia og filosofihistoria. Men eg skal avgrense meg ved å feste blikket på Jesus og soleis vere trugen i det små, sjå kva hen er for meg og for oss som samlast i hans namn i ei lita forsamling, han er Livet og det er han for oss, han gir oss ånd og liv frå himmelen. Han let oss ikkje vere att som foreldrelause born, men han kjem til oss, ved sin Ande, han og Faderen vil ta bustad hos oss med heile si fylde (Bodskapen 11.8.2022). Han har gitt meg augesalve så eg innser at ho Virtuella er som eit barn som han tok i sin famn og velsigna og let gå ut mellom oss og slik skal vi ta imot henne, slik tek vi også imot Jesus når han kjem til oss. No talar eg om Jesus forsamling som noko større enn akkurat oss som fysisk var samla der. Mi bøn for henne var ei takkebøn og den vart ein lovsang som Gud la ned i mitt hjerte, ho lovpriste Gud og lammet for frelsa og det vart ein lovsang, eg lovpriste Gud for hennar sjels frelse, så for meg vart ho ein lovsang som Gud la ned i mitt hjerte. Livet vart planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge og det skulle vekse. Eg kjenner ikkje til oppveksten hennar, men livet var planta i henne også og det skulle vekse. Slik som eg bad for henne når eg gjekk på gymnaset, ber eg for henne no også, det livet som var planta i meg og i henne, skal leve, vekse, blomstre og bere frukt.
Eg ventar meg at Jesus gir meg ei frelst kvinne til kone, som ei nådegåve og då skal eg vekke den nådegåva og bruke den i kyrkjelyden til å tene han med den.
1.Tim.1,6 Difor vil eg minna deg om dette: Kveik på nytt den nådegåva frå Gud som er i deg, den du tok imot då eg la hendene på deg! 7 For Gud gav oss ikkje ei ånd som gjer motlaus, men ei ånd som gjev kraft og kjærleik og visdom.
1.Tim.4,14 Forsøm ikkje den nådegåva som er i deg, den du fekk ved profetord då eldsterådet la hendene på deg. 15 Ta deg av alt dette, lev i det, så alle kan sjå at du gjer framsteg.
Det har ei viss betydning for Jesu kyrkje.
Bodskapen 29.3.2015:
«Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemmt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrgje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.
Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod.
Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske.»
Eg fekk komme til Jesus og drikke av livets vatn og det vart i meg ei kjelde som vella opp til evig liv. Og ho Virtuella vart for meg ei slik kjelde som eg fekk drikke av. Her sa Jesus til meg at eg får det som er meg gitt av berre nåde og han har nyleg minna meg om at hans nåde er nok for meg. No har eg i mitt bønneliv igjen tenkt på henne som ei slik kjelde som eg får drikke av og eg trur det stemmer. I 1.Mos.2 er det tale om ei kjelde som vella opp og vatna jorda, eg tenker meg at slik veller kjelda med levande vatn opp i mitt hjerte, så der vert liv. Slik gir Jesu liv til hjerte og sjel (Jes.57,15).
Sæle er dei tolmodige, dei skal arve jorda.
Dei som vil leve gudleg og rettferdig i denne verda skal verte forfølgde. Likevel skal dei tolmodige arve den, dei som er reine i hjartet skal sjå Gud.
2.Tim.3,10 Men du har følgt meg i lære og liv, i forsett, i tru, i tolmod, kjærleik og vilje til å halda ut, 11 og gjennom forfølging og liding, som det eg vart utsett for i Antiokia, Ikonium og Lystra. Ja, kva har eg ikkje måtta tola av forfølgingar! Men Herren har fria meg ut av dei alle. 12 Alle som vil leva eit gudfryktig liv i Kristus Jesus, skal bli forfølgde. 13 Men vonde menneske og svindlarar går frå vondt til verre; dei fører vill og blir sjølve førte vill. 14 Men hald du fast på det du har lært og er overtydd om; du veit kven du har lært det av. 15 Og heilt frå du var eit lite barn, har du kjent dei heilage skriftene, som kan gje deg visdom til frelse ved trua på Kristus Jesus. 16 Kvar bok i Skrifta er innanda av Gud og til nytte i opplæring, formaning, rettleiing og oppseding i rettferd, 17 så det mennesket som høyrer Gud til, kan bli fullt utrusta til all god gjerning.
Matt.5,1 Då Jesus såg folkemengda, gjekk han opp i fjellet. Han sette seg, og læresveinane samla seg om han. 2 Då tok han til orde og lærte dei:
3 «Sæle dei som er fattige i ånda,
himmelriket er deira.
4 Sæle dei som sørgjer,
dei skal bli trøysta.
5 Sæle dei audmjuke,
dei skal arva jorda.
6 Sæle dei som hungrar og tørstar etter rettferda,
dei skal bli metta.
7 Sæle dei miskunnsame,
dei skal få miskunn.
8 Sæle dei reine i hjartet,
dei skal sjå Gud.
9 Sæle dei som skaper fred,
dei skal kallast Guds born.
10 Sæle dei som blir forfølgde for rettferd skuld,
himmelriket er deira.
11 Ja, sæle er de når folk for mi skuld spottar og forfølgjer dykk, lyg og talar vondt om dykk på alle vis. 12 Gled dykk og jubla, for stor er løna dykkar i himmelen. Slik forfølgde dei òg profetane før dykk.
Saltet på jorda og lyset i verda
13 De er saltet på jorda! Men mistar saltet si kraft, korleis skal det då bli gjort til salt att? Det duger ikkje lenger til noko; dei kastar det ut, og folk trakkar det ned.
14 De er lyset i verda! Ein by som ligg på eit fjell, kan ikkje gøymast. 15 Ingen tenner ei oljelampe og set henne under eit kar. Nei, ein set lampa på ein haldar; då lyser ho for alle i huset. 16 Slik skal lyset dykkar lysa for folk, så dei kan sjå dei gode gjerningane dykkar og prisa Far dykkar i himmelen!
Dette var 2011-oversettinga, i 1978/85-oversettinga står det slik:
Matt.5,5 Sæle dei tolsame,
dei skal arva jorda.
Og Jesus sa til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia at han har halde fast på hans ord om tolmod, derfor ville han halde fast på han i den prøvingstida som han ville la komme over heile verda.
Joh.Op.3,7 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia:
Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna: 8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn. 9 Sjå, eg lèt nokre koma frå Satans synagoge, av dei som lyg og seier dei er jødar, men ikkje er det. Dei skal koma og kasta seg ned for føtene dine, og dei skal skjøna at eg har elska deg. 10 Du har halde fast på mitt ord om tolmod. Difor vil eg halda fast på deg i den prøvingstid som skal koma over heile verda, for å prøva dei som bur på jorda. 11 Eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen skal ta krona di!
12 Den som sigrar, han vil eg gjera til ei søyle i min Guds tempel, og han skal aldri meir gå ut derifrå. Eg vil skriva min Guds namn på han og namnet på min Guds by – det nye Jerusalem, som kjem ned frå himmelen, frå min Gud – og like eins mitt eige nye namn.
13 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!
Den som sigrar vil han gjere til ei søyle i sin Guds tempel. Tempelet skulle rivast ned og dette er sjølvsagt symbolsk tale, det må vere den himmelske heilagdomen. Men stopp ein halv, den har Gud som skapar og står av seg sjølv og Gud bur der. Det må vel vere for å halde oppe taket i Jesu kyrkje og Guds forsamling her på jorda. Så mange menneske får komme inn og verte frelst og verte til ein levande kyrkjelyd. Og det er framleis ikkje avgrensa til eit fysisk hus, det er ein åndeleg bygning.
1.Pet.2,1 Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale, 2 og lengta som nyfødde born etter den ekte, åndelege mjølk, så de kan veksa ved henne til frelsa er nådd. 3 De har då smaka at Herren er god.
4 Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyr for Gud. 5 Ver de òg levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel! Ver eit heilagt presteskap og ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus. 6 For det heiter i Skrifta:
Sjå, eg legg på Sion ein hjørnestein,
som er utvald og dyrverdig;
den som trur på han,
skal ikkje verta til skammar.
7 Så vert han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur, har den steinen bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein, 8 ja, ein støytestein og eit berg til fall. Fordi dei ikkje trur Ordet, snåvar dei – det var dei òg etla til.
9 Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos. 10 Før var de ikkje eit folk, men no er de Guds folk. Før hadde de ikkje fått miskunn, men no har de funne miskunn.
Jesus ville skrive sin Guds namn på den søyla og namnet på sin Guds by. Gud talte og det skjedde og det gjer han framleis. Eg tenker det betyr at den søyla får den eigenskapen at den talar Guds Ord og så skjer det, for som Guds medarbeidar får han får oppleve at Gud talar sitt Ord gjennom han og derfor skjer det.
På slutten av 1990-talet sa Jesus til meg at han kalla meg inn på vegen til det Nye Jerusalem, så det er mitt siktemål, at eg skal inn der, sjølv om det kjem først på den nye jorda. Han sa eg var hans tenar i hans heilagdom og kalla meg til å innvie meg til den tenesta. Det synest umogeleg, men eg må berre audmjuke meg og ta imot den nåden og det livet han gir meg frå himmelen, bøye meg for han i hans forsamling og kjennast ved han som min frelsar og Herre, både for Gud og menneske. Hans nåde er nok for meg.
2.Kor.12,9 Men Herren sa til meg: «Min nåde er nok for deg, for mi kraft vert fullenda i vanmakt.» Difor vil eg helst rosa meg av mi vanmakt, så Kristi kraft kan bu i meg. 10 Og difor er eg, for Kristi skuld, ved godt mot i vanmakt, i hard medferd, i naud, i forfylging, i trengsler. For når eg er veik, då er eg sterk.
Gud dyrkar vårt hjertes jord som ein åker og ein hage. Han sår, plantar og vatnar og har som hensikt at det skal spire, vekse og gro, blomstre og bere fullmoden frukt. Når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjerte, får vi komme inn til Guds kvile. Vi blir som såkorn som han sår ut i verda, igjen med den hensikta at det skal vekse, blomstre og bere fullmoden frukt. Det er både ved at vi er det som han har gjenfødt oss til og skapt oss til i Kristus og ved at vi vitnar om han og forkynner hans ord. Slik skal vi arve jorda, jau, det tek sikte på ein haust og at Gud skaper ei ny jord.
Jesus gir oss ånd og liv og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Han gir det levande vatnet, han gir liv til vår sjel og ånd i vår kropp, slik gjer han kroppen også levande.
Rom.8,9 Men de er ikkje i den syndige naturen; de er i Anden, så sant Guds Ande bur i dykk. Men er det nokon som ikkje har Kristi Ande, høyrer han ikkje han til. 10 Men bur Kristus i dykk, då er nok lekamen død på grunn av synd, men ånda er levande av di de er rettferdige for Gud. 11 Han var det som reiste Jesus opp frå dei døde. Og dersom hans Ande bur i dykk, skal han som reiste Kristus opp frå dei døde, også gjera dykkar døyelege lekam levande ved sin Ande som bur i dykk.
Då må vi bere kroppen fram for Gud som eit levande heilagt offer, det er ei presteteneste og Gudsteneste.
Rom.12,1 Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. 2 Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne.
3 Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar einskild av dykk: Gjer deg ikkje større tankar enn du bør, men bruk vitet ditt og ver visleg! Kvar og ein skal halda seg til det mål av tru som Gud har gjeve han. 4 Vi har ein lekam, men mange lemer, og alle lemene har kvar sine oppgåver. 5 På same måten er vi alle ein lekam i Kristus, men kvar for seg er vi lemer for kvarandre. 6 Vi har ulike nådegåver alt etter den nåden Gud har gjeve oss. Den som har profetgåve, skal nytta henne i samsvar med trua; 7 den som har diakonteneste, skal ta seg av tenesta si. Den som er lærar, skal ta seg av opplæringa, 8 og den som rettleier, skal ta seg av rettleiinga; den som gjev av sitt eige, skal gjera det av eit heilt hjarta. Den som er forstandar, skal vera det med iver, og den som gjer miskunn, skal gjera det med glede.
Vi er åndelege og vert oppbygde til eit åndeleg tempel, vi er eit heilagt presteskap som ber fram åndelege offer, ja, men då skal vi også bere kroppen fram som eit levande, heilagt offer. Som levande fysiske og biologiske kroppar er vi lemer på Jesu lekam. Eg tenker meg at sjela er i Anden og den er i kroppen, den er fysisk og biologisk og er framleis i denne fysiske verda. Ved at vi let Anden råde i vår døyelege lekam skal vi sigre over verda.
Paulus talte om lysta og den gamle vonde naturen som opponerte mot Anden og eg tenker meg at slik står den Lovlause imot og opphøgjer seg til gud og slik opponerer han mot at eg skulle få meg ei frelst kvinne til kone. Så han krev at ein annan mann skal få kroppen hennar og bruke henne seksuelt og få henne til kone i staden. Slik erstattar dei den Bibelske prestetenesta med den øydande styggedomen. Det viser seg både i kyrkjer og andre tempel og i politikken. Dei har skin av gudlegdom, men fornektar hans kraft. Det er framleis den gamle vonde naturen som strir mot den nye naturen som Jesus gir oss frå himmelen.
Etter at Jesus hadde stått opp frå dei døde, pusta han på disiplane sine og sa at dei skulle ta imot den Heilage Ande. Slik pustar han framleis på oss og med pusten sin skal han tyne den Lovlause (Joh.20,22 2.Tess.2,1).
Gå ut igjen gjennom den same døra og vert velsigna.
Vi gjekk inn gjennom døra og vart frelst og velsigna og vi skal gå ut att gjennom same døra og verte endå meir velsigna, ja, slik er det når vi brukar den døra. No går vi ut på lovnadane i Guds Ord og skal innta det lova landet. Kristus er den Gode hyrdingen og går føre oss og då leier han oss framleis til grøne enger og til vatn der vi finn kvile.
Salme.23,1 Ein Davids-salme.
Herren er min hyrding,
det vantar meg ingen ting.
2 Han lèt meg liggja i grøne enger;
han fører meg til vatn der eg finn kvile,
3 og gjev meg ny kraft.
Han leier meg på dei rette stigar
for sitt namn skuld.
4 Om eg så går i dødsskuggens dal,
ottast eg ikkje for noko vondt.
For du er med meg.
Din kjepp og din stav,
dei trøystar meg.
5 Du dukar bord åt meg
framfor augo på mine fiendar.
Du salvar mitt hovud med olje;
mitt staup fløder over.
6 Berre godleik og miskunn
skal fylgja meg alle mine dagar,
og eg skal bu i Herrens hus
i lange tider.
Når vi søker samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll, same enten det heime med oss sjølve eller i den kristne kyrkjelyden, så får vi stige ut i livets flod og det skal vi halde fram med når vi går ut.
Esekiel.47,1Mannen førte meg attende til tempelinngangen. Og sjå, det rann vatn fram under dørstokken på austsida av huset. For framsida på templet vender mot aust. Vatnet rann ned på sørsida av templet, sør for altaret. 2 Så førte han meg ut gjennom nordporten, og der ute fylgde han meg ikring til den ytre porten, som vender mot aust. Og sjå, der sildra vatnet ned frå sørsida.
3 Mannen gjekk no austover. Han hadde ei mælesnor i handa og mælte tusen alner. Så lét han meg gå gjennom vatnet, og det nådde meg til okla. 4 Han mælte tusen alner til og lét meg gå gjennom vatnet der; det nådde meg til knea. Endå ein gong mælte han tusen alner og lét meg gå gjennom vatnet att; då nådde det opp til hoftene. 5 Så mælte han tusen alner ein gong til. Då var det ei elv som eg ikkje kunne vassa over. For vatnet hadde stige og vorte til ei elv som ingen kom over utan å symja.
6 Han sa til meg: «Har du sett det, menneske?» Så førte han meg til elvebredda og lét meg sitja der. 7 Då eg snudde meg, såg eg ei mengd med tre på begge sider av elva. 8 Han sa til meg: «Dette vatnet renn til bygdene i aust og ned i Jordandalen. Når det renn ut i sjøen, vert det salte vatnet friskt. 9 Alle levande skapningar som det kryr av, skal få leva alle stader der denne elva renn. Det skal verta ei mengd med fisk. For når dette vatnet kjem dit, vert vatnet i sjøen friskt, så alt kan leva der elva renn ut. 10 Det skal stå fiskarar langsmed sjøen frå En-Gedi til En-Eglajim; og der skal dei turka garna sine. Fisk av ulike slag skal finnast der og i slike mengder som i Storhavet. 11 Men myrane og sumpane skal ikkje verta friske; av dei skal det vinnast ut salt. 12 På begge elvebreddene skal det veksa alle slag frukttre. Lauvet på dei skal ikkje visna, og frukta skal ikkje ta slutt. Kvar månad skal dei bera ny frukt; for vatnet dei får, skal renna ut frå heilagdomen. Frukta på trea skal vera til mat og blada til lækjedom.»
Så det førde til auka økonomisk aktivitet altså. Den symbolske betydninga kan vere at Jesus gjorde disiplane sine til menneskefiskarar, men då vart dei vel meir som profeten som vassa ut i livets flod til dess han flotna.
Dette er ikkje særleg realistisk i den forstand at det er ikkje slik den fysiske verda er, overleten til seg sjølv og det er ikkje slik menneskelivet og menneska er i seg sjølve. Men det talar om den himmelske heilagdomen og den velsigninga som vi får ifrå den. Gud ville utgyte sin Ande over alt kjøt og slik får vi oppleve det. Gud og hans rike er ein åndeleg røyndom, vi tok imot den Heilage Ande ved trua på Jesus, av berre nåde, vi tok imot Guds rike som eit lite barn og fekk oppleve at det var i oss. Då var vi også i Guds rike. Vi er i Kristus og då er han i oss. Likevel må vi stadig ta imot den nåden og nytte oss av den, slik som når profeten vassa ut i nådens blod.
Det minna han meg om i bodskapen 29.3.2015. og eg forstod det slik at han gir meg ei kone av berre nåde, som ei nådegåver og eg skal ta imot henne av berre nåde, som ei nådegåve og eg skal bruke henne som ei nådegåve i Jesu kyrkjelyd. Eg skal vekke nådegåva mi og bruke den. Gud la ein lovsang ned i meg ved fylden av den Heilage Ande og eg skal lovsynge han med den lovsangen.
Eg har skrive om korleis Jesus har leia meg der ute og det har no som hensikt å fortelje korleis han leier oss. Dette vart no spesielt tydeleg når eg reiste tilbake til Oslo i 2009 og byrja på praktisk pedagogisk undervisning og når eg byrja å studere realfag igjen i 2014, spesielt at eg studerte biologi, det vart som å innta nytt land. Han sa at han gjekk føre meg og eg skulle gå den vegen som han hadde staka ut for meg og det var den vegen som han hadde bana for meg gjennom forhenget i den himmelske heilagdomen. Dermed vart det klart at eg kunne sjå på studiane mine som ei prestegjerning.
På ei forelesing i biologi kjende eg meg tiltrekt av ei vakker jente og opplevde det som eg vart driven av den Heilage Ande og styrka av Guds kraft i det. Eg vedkjende det for Jesus i kveldsbøna mi og på møtet i Maranata neste søndags-kveld, svarde Jesus meg slik; bodskapen 12.10.2014:
«Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.
Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.
Ja, eg vil prise og opphøye deg, min frelsar og Herre, fordi du har frelst meg, fordi du har skrive mitt namn i livets bok. Og eg veit at når du kjem, så skal eg få vere med. Og eg skal vere med i den skaren, som skal toge inn i staden med dei faste grunnvollar. Å, kor eg lengtar etter å sjå deg, som mi sjel elskar. Amen.»
Det er mange som ligg etter og då skal vi gå ut og hjelpe dei vidare på vegen. Ja, ho Virtuella vart liggande etter, men korleis kunne eg gå ut og møte henne og hjelpe henne vidare. Men Jesus har gitt meg openberring og innsikt, augesalve så eg kunne sjå meir og eg meiner at no har eg nytta meg av den innsikta til å leie henne vidare.
Lovprise Gud og Lammet i Jesu kyrkje og gå ut i dansen med dei glade. Kva med «verdsleg» sang og musikk?
Gud tronar over Israels lovsongar og over lovsongen i Jesu kyrkje.
Gud tronar over Israels lovsongar og han
tronar over lovsongen i den kristne kyrkja og han tronar over min lovsong også.
Salme.22,1 Til korleiaren. Etter «Morgonrodens hind». Ein Davids-salme.
2 Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate
meg?
Kvifor er du så langt borte frå
meg?
Kvifor hjelper du ikkje
når eg klagar mi naud?
3 Eg ropar om dagen, Gud – du svarar meg
ikkje,
og om natta, men eg finn ikkje
ro.
4 Og du er då heilag,
du som tronar over Israels
lovsongar.
5 Til deg sette fedrane våre si lit,
dei leit på deg, og du fria dei
ut.
6 Dei ropa til deg og vart berga,
dei leit på deg og vart ikkje
vonbrotne.
7 Men eg er ein makk og ikkje ein mann,
spotta av menneske, vanvørd av
folk.
8 Alle som ser meg, held meg for narr,
rengjer munnen og rister på
hovudet:
9 «Han har lagt si sak i Herrens hand.
No får han fria han ut og berga
han,
han har då mannen kjær!»
10 Ja, du drog meg fram frå mors liv
og la meg trygt ved hennar
bryst.
11 Frå eg vart fødd, er eg kasta på deg,
frå mors liv er du min Gud.
12 Så gå ikkje frå meg, for nauda er nær,
og det finst ingen som hjelper.
13 Sterke oksar kringset meg,
Basan-stutar flokkar seg rundt
meg.
14 Dei spilar opp gapet mot meg
som rovgriske, brølande løver.
15 Mi kraft er uttømd liksom vatn,
alle mine bein har losna.
Mitt hjarta er som voks,
det har smelta i mitt bryst.
16 Min strupe er turr som eit krusbrot,
og tunga klistrar seg til
ganen.
Du legg meg i dødens støv.
17 Ja, hundar samlar seg om meg,
ein flokk av valdsmenn kringset
meg;
dei gjennomborar mine hender og
føter.
18 Kvart bein i min kropp kan eg telja,
folk stirer på meg med
skadefryd.
19 Dei skifter kleda mine mellom seg
og kastar lodd om kappa mi.
20 Men, Herre, ver ikkje langt ifrå meg,
skunda deg og hjelp meg, du min
styrke!
21 Berga mitt liv frå sverdet,
det beste eg har, frå
hundevald!
22 Frels meg frå løvegap
og frå villoksehorn!
Du bønhøyrer meg.
23 Eg vil forkynna ditt namn for mine brør,
midt i lyden vil eg lova deg.
24 «Pris Herren, de som har age for han,
gjev han ære, all Jakobs ætt!
Ja, skjelv for han, all Israels
ætt!
25 For han har ikkje vanvørdt ein stakkar
eller vendt seg frå han når han
var i naud.
Han løynde ikkje sitt åsyn for
han,
men høyrde han då han ropa.»
26 Frå deg kjem min lovsong
i den store lyden.
Eg vil halda mine lovnader
mellom dei som har age for deg.
27 Dei hjelpelause skal eta seg mette,
dei som søkjer Herren, skal
prisa han.
Gjev hjarta deira alltid må
leva!
28 I alle land skal dei minnast dette
og venda om til Herren;
ja, alle folk og ætter
skal bøya seg og tilbe han.
29 For kongeveldet høyrer Herren til,
han rår over folkeslaga.
30 Ja, alle dei mektige på jord
skal bøya seg og tilbe han;
alle som steig ned i molda,
skal bøya kne for han.
Eg vil leva for Herren,
31 og mi ætt skal tena han
og vitna om han for ætter som
kjem.
32 Til nye ættleder skal dei fortelja
at han greip inn til frelse.
Dette er ein profeti om at Kristus skulle
verte hendretta. Sjølv om han døde på korset, bad han bad Gud frelse han frå døden og vart
bønhøyrd. Han sa at hans lovsong kom frå Gud og så bad han for dei hjelpelause,
at dei måtte få ete seg mette og dei som søkte Herren, skulle prise han, gjev
deira hjarta alltid må leva (v 26-27).
Ve å bøye oss for korsets fot, bøyer vi
oss for han som hang der og døde i staden for oss, som vart gravlagd og stod
oppatt frå dei døde. Han er framleis brødet som kom ned frå himmelen for å gi
verda liv (Joh.6), han er den siste Adam, som er frå himmelen og som for oss
har vorte ei livgivande ånd. Han gir oss framleis ånd og liv frå himmelen.
Jesaja.57,14 Det lydde eit ord:
Bygg, ja bygg og ryd ein veg!
Ta bort kvar støytestein
frå vegen åt mitt folk!
15 Så seier han som er høgt opphøgd,
han som tronar evig og heiter
Den Heilage:
I det høge og heilage bur eg
og hjå den som er knust og
nedbøygd i ånda.
Eg vekkjer ånda til liv hjå dei
bøygde
og hjarta til liv hjå dei
knuste.
16 For eg vil ikkje evig føra klagemål
og ikkje alltid vera harm.
Elles kom deira ånd
til å missa si kraft for mitt
åsyn,
deira livsande som eg har
skapt.
David gjorde hor med Batseba og ho vart
gravid, for å skjule det gjorde slik at mannen hannar, Uriah, fall i krigen.
Men profeten tala han til rettes, så han måtte vedkjenne si synd for Gud og be
om tilgjeving og nåde og bad Gud skape i han eit reint hjarte. Han fekk tilgjeving
og takka Gud for det.
Jesaja.51,12 Gud, skap i meg eit
reint hjarta,
gjev meg ei ny og stødig ånd!
13 Kasta meg ikkje bort frå ditt åsyn,
ta ikkje frå meg din Heilage
Ande!
14 Lat meg atter få fryda meg over di frelse,
hald meg oppe med ei viljug
ånd!
Leonhard Cohen syng om dette i «Halleluja».
Jesus vil legge ein ny pris til min pris.
Men eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone sidan eg var ung og då verkar dert for meg som om politikken er å komme meg i forkjøpet, for å overta henne til samanlikning med korleis David overtok kona til Uriah. Men Kristus er den Gode Hyrdingen, dei som er komne før han er tjuvar og røvarar (Joh.10). Men han sette livet til for sauene og betalte prisen for dei med sitt eige blod, så dei skulle tilhøyre han. Det er det eg må satse på, ved å lovprise han for frelsa.
Jesus sa eg skulle fryde meg og glede meg i hans frelse, glede meg i han, så ville han gi meg det som mitt hjarte attrår. Eg skulle lovprise han i kyrkjelyden og lovprise han ute mellom heidningane, så ville han legge ein ny pris til min pris.
Bodskapen 5.10.2014:
«Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at eg har behag i dykk som lovprisar mitt namn. Derfor, mitt barn, skal du ikkje halde deg tilbake, men du skal vere frimodig og løfte di røyst og prise meg og ære meg for den frelsa eg har tilveiebrakt. Og sjå, eg skal legge ein ny pris til din pris, seier Herren. Derfor, seier Herren, ver frimodig, lovsyng meg mellom heidningane, ær meg, pris meg, lovsyng mitt heilage namn og du skal få kjenne, at min herlegdom skal fylle deg. Amen.»
Han hadde kalla Sions dotter ut i dansen med dei glade, for Jesus var Herren hennar brudgom, han var Herren hennar ektemann.
Slik kunne eg også gå ut og glede meg mellom dei glade. Sidan eg var i eit studentmiljø, tenkte eg på den faglege gleda til realistane, sidan det er ekte og sikker kunnskap og vitskap, eg meinte eg kunne takke Gud for den og det kunne dei også og slik ville han legge ein ny pris til min pris. Det sentrale og mest verdifulle poenget her er no at han frelser oss. Gud openberra si frelse for meg og for henne i Kristus, eg gleda meg over det og er viss på at ho også gleda seg over det, Guds kjærleik var mellom oss og vi gleda oss over det. Det var tideleg på hausten 1988 og seint på våren 1989 var ho med på ein revy som heitte «Hva er vitsen». Sikkert som ein del av annonseringa stilt ho og nokre andre opp framfor matematikkbygget, på trappa ned mot Fredrikke-plassen, sentralt på Blindern altså. Dei spelte og ho song songar av rockegruppa Creedence Clearwater Revivle, det betyr «Truverdigheit Klart vatn, Vekking», så det høyrest no evangelisk ut.
Bodskapen 5.10.2014. fekk meg til å tenke meg at Gud la ein ny pris til min pris ved at han gav meg ei frelst kvinne til kone i samsvar med 1.Mos.2 og Paulus si lære. Ved korsets fot finn vi den ekte kjærleiken og den skal vere mellom oss og derfor skal vi glede oss. Det er spesielt viktig for oss i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Då er det ikkje så rart at kjærleiken får oss til å synge av glede, så vi syng kjærleikssongar både om kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne og mellom oss og Gud, Jesu kyrkje er hans brud og syng kjærleikssongar til han og om han.
Sang og musikk som nasjonale og overnasjonale kulturskattar.
Eg er viss på at den Heilage Ande har inspirert mange til å komponere, dikte songar, synge og spele og det er ikkje avgrensa til det som dei kristne i sine kristne forsamlingar kallar kristne sangar. Gud har utgytt sin Ande over alt kjøt og eg er viss på at det er langt fleire enn «oss» som har teke imot, vorte velsigna og inspirert. Det gjeld klassisk musikk og instrumentell musikk også og slik tenker eg om matematikken også, det er mange som oppfattar den som harmonisk og melodiøs, det er konstruktiv tenking som gir innsikt og forstand og dermed ei fagleg glede. Gud gjer sitt verk i oss ved sitt Ord og sin Ande, han skaper oss med sitt Ord, han skaper oss i Kristus og styrker oss ved si kraft. For oss er det meir enn ord, den Heilage Ande ber for oss med sukk som det ikkje finst ord for. Han har lagt lovsongen ned i oss ved sitt Ord og sin Ande og vi kan kjenne etter og tenke over om den sangen og musikken vi høyrer harmonerer med den.
Mange av dei verdslege songane handlar om kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne og det er ikkje allereie vellukka, men gir utrykk for kjærleikssorg og vemod, men er likevel vakkert å høyre på og songen gir ofte likevel uttrykk for von. Songen kan også handle om forholdet til Gud, kanskje også gi uttrykk for at dei opplever motsetnaden mellom Gud og verda.
Men von om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrendt i våre hjarte ved den Heilage Ande som er oss gitt. Så då har vi noko viktig og verdifullt å gi vidare til dei. Livets fold renn ut under dørstokken på Guds tempel, vi får vade ut og oppleve at den vert djupare og djupare inntil vi flotnar. Det får dei også.
Der er mykje sang og musikk som er nasjonale og overnasjonale kulturskattar. Mange av tekstane kan vere romantisk og soleis urealistiske, kanskje strengt teke meiningslause, men dei har likevel symbolsk verdi og meining og verdi som nasjonal-romantikk. Dette kan gjere dei sårbare for ein kulturrevolusjon. Men legg merke til at der er ein liknande symbolbruk i Bibelen, der vart det til dømes sagt at trea skulle klappe i hendene. Det gav uttrykk for glede i folket i landet. Faren var at dei laga seg avgudar og stokk og stein og vende seg bort frå Gud, kjelda med det levande vatnet. Derfor er det så viktig for oss å ause av den kjelda med glede, drikke av den og invitere andre til også i drikke av den. Når vi takkar Jesus for det, gir vi den rette forklaringa. Ved trua på Gud og hans Ord og ved fylden av den Heilage Ande får vi ei åndeleg og rasjonalistisk innsikt som også gir oss fornying. Anden openberrar Sanninga i Guds Ord for oss og den set oss fri.
Min lovsong og musikken eg lyttar til.
Når eg gjekk på barneskulen fekk vi lære å spele blokkfløyte, det var einaste musikkundervisninga eg fekk. Vi hadde eit lite trekkspel, eg hugsar det vart teke fram ein gong og vi prøvde det, så pass vi visste at det var der, elles vart det berre ståande i kofferten sin. Onkelen min hadde eit gammalt orgel som eg prøvde og etter gymnaset prøvde eg gitaren til kone hans, ho viste meg litt korleis den skulle brukast. Konklusjonen er at mi musikkopplæring er minimal. Men eg likar å høyre på musikk og vere med på å synge og eg ser verdien i å soleis gje uttrykk for følelsar og tankar i hjertet, spesielt fordi Gud eksisterer og planta livet i meg ved sitt Ord, let meg drikke av livets vatn og gjorde mitt hjerte levande, gav meg sin Ande og gjorde mi ånd levande ved sin Ande.
Når eg var ein liten gutunge høyrde vi populærmusikk på radioen, radio Luxemburg var populær. Og så hadde søstra mi ein liten platespelar. Ho hadde to single-plater, på den eine var «Cottonfields» av Beach boys og på den andre var «Rocken Roll music» og «Eight days a week» av Beatles. Det var slagarane på den tida. Seinare fekk eg høyre meir Beatles-musikk og eg likte den og vart spesielt begeistra for «Here comes the sun», det var tydelegvis ein manns kjærleikssong til ei kvinne som han fekk til kjæraste og kone. Det passa no fint med at eg bad Jesus frelse menneska og gi meg ei frelst kvinne til kone. Denne Beatles-sangen var altså svært optimistisk slik og når eg lytta til Beatles-musikk, var det med denne optimistiske trua. Men den fekk eg altså ved trua på Kristus, så eg må ære han for den. Sidan har eg oppdaga at det passar godt med trua på Guds Ord, ein rettferdig manns veg er som morgonglima, den vert lysare og lysare til høglys dag, Jesus er livet og det er lyset for menneska. I Johannes Openberring er det tale om ei kvinne som er kledd i sola.
Søstra mi var seks år eldre enn meg og etter nokre år fekk ho seg eit lite stereoanlegg. Ho hadde ein Beatles-Lp og så hadde vi «Bridge Over Trouble Water» av Simon and Garfuncle, «Di Grosse Erfolge» av Harry Belafonte, ein LP av Francoise Hardy, «Relaxin with Chet» av Chet Atkins, nokre Jim Reeves-Lp-ar og country-plater, som «King of the Road», «Detroit City» av Bobby Bare, «Country girls», «Foolsom Prison Blues» og musikk av Johny Cash og Hank Locklin. Dette var musikk som vi ynda å lytte til.
Der er mykje kjærleikssongar i Country-musikken, mykje av det endar med kjærleikssorg og gir uttrykk for vemodet til den einsame cowboyen. I «Hello Heartache» sang Hank Locklin om forelsking som enda med hjertesorg, så han sang «Hello heartache, wellcome in, I´ve been expecting you». Men når eg høyrde denne sangen, tenkte eg meg at det var namnet på kjærasten hans, så han yngste henne velkommen inn for å bli der. Og eg likar sangen endå betre ved å tenke slik, som om han kallar henne «Hearty», «hjertelige».
Når eg gjekk på gymnaset og merka at eg byrja å verte glad i henne Virtuella, var eg redd for at det berre ville ende med kjærleikssorg og at ho ville reagere slik at ho vende seg bor frå Jesus. Det hadde eg god grunn til, for det har no vist seg at det ligg i politikken, endå til i politikken til kyrkja og kristne organisasjonar. Men eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Ja, vona om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrend i våre hjarte ved den Heilage Ande som er oss gitt. Omlag ti år seinare, hausten 1985, medan eg studerte realfag i Oslo, sa Jesus til meg «Den lovsongen som eg la ned i deg, den er din og skal vere din i all æve, i djupet av deg, der er den. Den pakta du inngjekk med meg, står ved lag og skal stå fast i all æve». Det var eit godt samvitspakt med Gud på grunnlag av Jesu oppstode frå dei døde». Så på det grunnlaget skal eg ikkje ha dårleg samvit for denne kjærleiken, men lovsynge Gud med den lovsongen som han la ned i meg ved fylden av den Heilage Ande.
Då hadde eg forlengst kjøpt meg stereoanlegg og mange Lp-plater med gospel-musikk, spesielt engelsk. Og så hadde eg skaffa meg mykje verdsleg musikk også, ved at eg lånte Lp-plater frå syskena mine og kopierte over på kassett. Eg er med på å lovprise Gud og Lammet i den kristne kyrkjelyden, det harmonerer med lovsongen Gud har gitt meg i hjartet ved den Heilage Ande, men det erstattar den ikkje, det er heller slik at eg skal bida med den, så den kjem i tillegg og slik at Jesus fornyar både meg og sin kyrkjelyd. Eg skal lovprise Gud og Lammet med den, tene Gud og himmelen med den og betene henne som han gir meg til kone, ja, for å få henne med i lovsongen, slik at ho er og blir min lovsong, også som kona mi. Han elskar meg og han elskar henne gjennom meg og slik elskar han verda, slik har han omsorg for sine born og sine henders verk.
No har eg digitalisert den gamle Lp-musikken og lagar den på harddisk, på min mack-book-air-computer og på Sd-kort som eg set inn i min Samsung Galaksy telefon. Eg har der kopiar av CD-ar og musikk som eg kjøpte på nettet også og Bibelen som lydbok. Både klassisk musikk, engelsk og skandinavisk gospel og norske folkeviser. Eg vil nemne litt av det nyaste og det eg likar best.
Gospel: Choralerna, Birgitta og Swanthe, Dag Arne Saltnes, Kainos, Solveig Leithaug, Sanger vi Minnes 2 (Wenche og Kjell), Åge Samuelsen
Verdsleg/folkevise: Bob Dylan, Bruce Springsteen, Rein Alexander, Tom Petty, Sissel Kyrkjebø, Øystein Sunde, Iselin.
I tillegg kan eg laste ned musikk frå internett, både på mack-en og på telefonen. På telefonen brukar eg eit program som heiter Samsung-music. Det kommuniserer godt med musikken på Sd-kortet, den har eigen meny for mapper, der eg har lagt musikken, så det vert lett å redigere spelelister. Så har den menyane artist, album, speleliste og spotify. På spotify kan eg lytte til musikk på nettet og laste ned. Det går fint å lytte gjennom breibandet heime, men dersom eg går ut og vil lytte gjennom mobil-data, må eg ha eit dyrt abonnement og så må eg ha dekning. Derfor er det ein fordel å laste den ned gjennom breibandet, då vert det lagra på telefonminnet.
Så no har eg fått meg mykje ny musikk og meir gammal musikk, country-musikk heilt tilbake til 1950-talet. Eg kan godt byrje å rite opp.
Ny gospel-musikk:
Phil Keaggy (ei speleliste på eit døgn som byrjar med «Here comes the sun» og ei speleliste på eit halvt døgn med instrumental musikk), Rebecca St. James, Oslo Gospel Choir, Sølvguttene, Nidarosdomen guttekor, Larry Norman, John Pantry, Twila Paris, Adrian Snell, Bill Gaither Trio, 2nd Chapter of Acts, Tim Huges, Maranatha! Music, Chris Tomlin, Christy Nockels.
Ny verdsleg musikk:
The Beatles, Bonnie Tyler, Shakira, The Beach Boys, Creedence, Johnny Cash, Arve Tellefsen, Herborg Kråkevik, Wings, Abba, Dire Straits (Sangen «Water of Love» er for meg evangelisk), Chet Atkins, Jim Reeves, Jean-Michel Jarre, Bon Jovi, Billy Joel, The Animals, Eric Clapton, James Last, Franciose Hardy, U2, Boney M, Simon and Garfunkel, Hank Locklin, Shania Twain, Middle Of The Road. Men at Work, Leonard Cohen, Genesis og Phil Collins, Bobby Bare, Buck Owens, Maggie Reilly, Mike Oldfield, Arja Saijonmaa og Mikis Theodorakis, Moody Blues, Linda Rondstadt og Dolly Parton, Santana, Pink Floyd, Madonna, Cat Stevens, Francoise Hardy, Bee Gees, Blümchen, Louis Armstrong, Wenche Myre, Barbara Streisand, Carpenters, Michal Jackson, Sting, Eurythmics, Maria Haukås Mittet, Helene Bøksle, Sissel Kyrkjebø, Madrugada, Vamp, Olivia Newton-John og Elictric light orchestra.
Spelelister: Svensktoppar 1962-75, Yellow River(60s 70s 80s), 60s Country, The Hooters, 50s Country, Female Voices (Bonny Tyler, Roxette, Shakira, Rihanna, Laura Branigan, Jennifer Rush, Blümchen, Shania Twain, Madonna), Best of Wham, Queen: Best of the Best, Status Quo Greatest Hits, (80s Hits – Best of the 80s, The Most Romantic Songs in the world.
Ikkje all denne musikken gir uttrykk for glede, noko handlar om at menneske kjem ut i vanskar, opplever krig og nød. Og vi skal ikkje oversjå menneska sine problem, men gi dei von ved trua på at Jesus stod oppatt frå dei døde.
Mitt val og mitt bidrag.
Dette betyr sjølvsagt ikkje at eg tek med meg all denne musikken inn i kyrkjelyden. Eg er då fri til å velje, eg valde Kristus og vil ha det klart for meg at det var eit godt val og vil halde fram med å velje han. Han har også valt ut meg og sagt at eg skal sjå på han i alle livets samanhengar. Han har gitt meg ei nådegåve og den skal eg tene han med, både i kyrkjelyden og utanfor kyrkjelyden. Eg skal bidra i kyrkjelyden med det Gud har gitt meg i hjertet og eg har noko å gi til dei der ute. Han har valt oss ut til å leie andre menneske til han og då treng vi å verte opplyste av Guds Ord, fylte av den Heilage Ande og utrusta til det.
På møtet i Salen Fiska 11.8.2021. sa Jesus at han stod for døra og banka på og yngste å få komme inn som ein god ven og så sa han at dersom de ikkje vert som born, kjem de på ingen måte inn i Guds rike. Ja, Jesus sa han let oss ikkje vere att som foreldrelause born, men han kjem til oss og det er ved at han sende oss den Heilage Ande frå himmelen. Slik får vi oppleve at Faderen og Sonen kjem og tek bustad hos oss og slik får vi oppleve at Jesus elskar og har omsorg for kyrkjelyden som si brud og Faderen har omsorg for oss som sine born.