
Velkommen til
Gode nyhende frå kristne møte.
Mi tru, mi bønn og mi von.
Eg voks opp i kyrkja og vart tidleg med på bedehuset og vart opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre og be han frelse menneske og be for folket og landet, alle problem og alle behov kunne eg gå til han med og han vart min beste venn. Når eg byrja på gymnaset, kom eg inn i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at Jesus talte til meg gjennom tyding av tungetale. Det var litt rart å oppleve at hans om var min beste venn når eg var ein liten gutunge, var han som sat ved Faderens høgre hand og talte til oss frå himmelen. Han er fullkommen og han frelseverk er fullført og fullkome og det er berre for oss å ta imot i tru og takke han for det. Vi skal glede oss framfor alt over at våre namn er skrivne i livets bok i himmelen. Håpet om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrent i våre hjarte ved den Heilage Ande som er oss gitt (Rom.5,5). Derfor er det også ei glede for oss å fortelje det til andre.

Jesus set fri.
LUk.4,18 Herrens Ande er over meg,
for han har salva meg til å forkynna
ein gledebodskap for fattige.
Han har sendt meg for å ropa ut
at fangar skal få fridom,
og at blinde skal få sjå,
for å løysa dei trælka or tvang
19 og ropa ut eit nådeår frå Herren.
Joh.8,31 Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: «Vert de verande i mitt ord, er de rette læresveinane mine. 32 Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.»

Gud er kjærleik.
1.Joh.4,9 Og Guds kjærleik vart openberra mellom oss då han sende sin einborne Son til verda så vi skulle ha liv ved han. 10 Kjærleiken er ikkje det at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sendt Son sin til soning for syndene våre. 11 De kjære, har Gud elska oss så, då er vi òg skuldige å elska kvarandre. 12 Ingen har nokon gong sett Gud, men dersom vi elskar kvarandre, vert Gud verande i oss, og hans kjærleik har vorte fullenda i oss.
13 At vi er i han, og han i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss av sin Ande. 14 Og vi har sett og vitnar at Faderen har sendt Sonen til frelsar for verda. 15 Den som sannar at Jesus er Guds Son, i han vert Gud verande og han i Gud. 16 Vi har lært å kjenna den kjærleiken Gud har til oss, og vi har trutt på den. Gud er kjærleik, og den som vert verande i kjærleiken, vert verande i Gud og Gud i han.

Jesus gir kvile.
Matt.11,25 På den tid tok Jesus til ords og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.
28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»

Spørsmål, bønne-emne?
Vi vender hugen opp til Jesus, han gir oss ånd og liv frå himmelen. Han høyrer oss og svarar oss. Vi har fått barnekår hos Gud, så vi får komme til han med alle våre behov. Vi ynskjer at fleire skal få komme inn i eit slikt forhold til han og det er ved at vi får hans Ande ved trua på Jesus, av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Luk.11, 11 Finst det ein far mellom dykk som gjev son sin ein orm når han bed om ein fisk, 12 eller gjev han ein skorpion når han bed om eit egg? 13 Når då de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje Faderen gje Den Heilage Ande frå himmelen til dei som bed han!»
Referat frå Kristne møte.
-

2025.06.29. Møte i Maranata Oslo. Du har ein skatt i leirkar, derfor gled deg, for det du har der inne, er gjennomvirka av gull. Jorda skal forsvinne, men det du trur på, skal aldri i æva forgå.
Tungetale ved ein mann, tyding ved Tore Kristiansen: «På meg oppfylles salmistens ord, enn i gråhåret alder skyter det friske skudd. På meg oppfyller salmenes ord, jeg er overgytt med frisk olje. Bedre kan jeg ikke ha det som eldre. Jeg kjenner fornyelsens ånd i mitt hjerte og det er det jeg kan oppleve i
-

2025.07.13. Søndag, Kl 11. Maranata Landsstemne. Tale ved Inge Røssland. Åneleg imunitet, imunforsvar mot å verte frelst???
Innleiing ved Jostein Kirkenes. Luk.1,28 Men då Elisabet var i sjette månaden, vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilea som heitte Nasaret, 27 til ei jomfru som var lova bort til Josef, ein mann av Davids ætt. Namnet hennar var Maria. 28 Engelen kom inn til henne og sa: «Ver helsa, du som
Tyding av tungetale.




