
Velkommen til
Gode nyhende frå kristne møte.
Mi tru, mi bønn og mi von.
Eg voks opp i kyrkja og vart tidleg med på bedehuset og vart opplærd til å påkalle Kristus som min frelsar og Herre og be han frelse menneske og be for folket og landet, alle problem og alle behov kunne eg gå til han med og han vart min beste venn. Når eg byrja på gymnaset, kom eg inn i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at Jesus talte til meg gjennom tyding av tungetale. Det var litt rart å oppleve at hans om var min beste venn når eg var ein liten gutunge, var han som sat ved Faderens høgre hand og talte til oss frå himmelen. Han er fullkommen og han frelseverk er fullført og fullkome og det er berre for oss å ta imot i tru og takke han for det. Vi skal glede oss framfor alt over at våre namn er skrivne i livets bok i himmelen. Håpet om Guds herlegdom gjer oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrent i våre hjarte ved den Heilage Ande som er oss gitt (Rom.5,5). Derfor er det også ei glede for oss å fortelje det til andre.

Jesus set fri.
LUk.4,18 Herrens Ande er over meg,
for han har salva meg til å forkynna
ein gledebodskap for fattige.
Han har sendt meg for å ropa ut
at fangar skal få fridom,
og at blinde skal få sjå,
for å løysa dei trælka or tvang
19 og ropa ut eit nådeår frå Herren.
Joh.8,31 Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: «Vert de verande i mitt ord, er de rette læresveinane mine. 32 Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.»

Gud er kjærleik.
1.Joh.4,9 Og Guds kjærleik vart openberra mellom oss då han sende sin einborne Son til verda så vi skulle ha liv ved han. 10 Kjærleiken er ikkje det at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sendt Son sin til soning for syndene våre. 11 De kjære, har Gud elska oss så, då er vi òg skuldige å elska kvarandre. 12 Ingen har nokon gong sett Gud, men dersom vi elskar kvarandre, vert Gud verande i oss, og hans kjærleik har vorte fullenda i oss.
13 At vi er i han, og han i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss av sin Ande. 14 Og vi har sett og vitnar at Faderen har sendt Sonen til frelsar for verda. 15 Den som sannar at Jesus er Guds Son, i han vert Gud verande og han i Gud. 16 Vi har lært å kjenna den kjærleiken Gud har til oss, og vi har trutt på den. Gud er kjærleik, og den som vert verande i kjærleiken, vert verande i Gud og Gud i han.

Jesus gir kvile.
Matt.11,25 På den tid tok Jesus til ords og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.
28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»

Spørsmål, bønne-emne?
Vi vender hugen opp til Jesus, han gir oss ånd og liv frå himmelen. Han høyrer oss og svarar oss. Vi har fått barnekår hos Gud, så vi får komme til han med alle våre behov. Vi ynskjer at fleire skal få komme inn i eit slikt forhold til han og det er ved at vi får hans Ande ved trua på Jesus, av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Luk.11, 11 Finst det ein far mellom dykk som gjev son sin ein orm når han bed om ein fisk, 12 eller gjev han ein skorpion når han bed om eit egg? 13 Når då de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje Faderen gje Den Heilage Ande frå himmelen til dei som bed han!»
Referat frå Kristne møte.
-

Ein ny standard i Guds Kyrkjelyd. Møte i Betania Knarvik 27.2.2026. «Returning To The Ancien Paths».
Tale ved Remy Andre Hornes. Åndeleg maktmisbruk i den karismatiske rørsla. Vere karismatisk med karakter; at Jesus vinn skapnad i oss. 2.Tim.2,15 Legg vinn på å stå di prøve for Gud, så du kan vera ein arbeidar som ikkje har noko å skjemmast ved, men legg fram sanningsordet utan å bøya av. 16 Hald deg frå det…
-

Guds dom startar i kyrkjelyden. Møte i Filadelfia Bodø. Fredag 13.2.2026. «Returning To The Ancien Paths».
Tale ved Remy Andre Hornes. Når Remy var nyfrelst las han om at Gud såg at det ikkje var godt for mannen at han var aleine, så han ville gi han ei hjelp som høvde for han, så han skapte kvinna av sidebeinet hans og førde henne til han. Så han løfta bibelen og peika…
Tyding av tungetale.




