Tale ved Inge Nerland.
Ef.4,22 De skal ikkje leva som før, men leggja av det gamle mennesket som vert tynt av dei forførande lystene. 23 De må fornyast i sjel og sinn 24 og ikle dykk det nye mennesket, som er skapt etter Guds bilete, til eit liv i rettferd og heilagdom i samsvar med sanninga.
Det gamle mennesket er utan innflytelse frå den Heilage Ande. Kan ikkje endrast.
Gjenfødinga, Jesu ord til Nikodemus.
Det gamle mennesket skal vere krossfesta med Kristus.
Rom.6,6 Vi veit at vårt gamle menneske vart krossfest med han, for at den lekamen som er under synda, skulle gjerast til inkjes, og vi ikkje lenger træla under synda. 7 For synda har ikkje lenger nokon rett over den som er død. 8 Men er vi døde med Kristus, då trur vi at vi òg skal leva med han. 9 Vi veit at når Kristus er oppreist frå dei døde, døyr han ikkje meir, for døden har ikkje lenger makt over han. 10 Då han døydde, gjorde han opp med synda ein gong for alle. Det livet han no lever, lever han for Gud. 11 På same måten skal de rekna dykk som døde for synda, men levande for Gud i Kristus Jesus.
12 Lat då ikkje synda rå i dykkar døyelege lekam, så de gjev etter for lystene i lekamen. 13 Og byd ikkje fram lemene dykkar til rådvelde for synda, så dei vert våpen for uretten. Men byd dykk sjølve fram til teneste for Gud, så de brukar lemene for han, til våpen for det som er rett. De var då døde og har fått liv.
Kristne kan falle i synd, men blir ikkje liggande der.
Gal.5,17 For det vår vonde natur trår etter, er Anden imot, og det Anden trår etter, er vår vonde natur imot. Dei to ligg i strid, så de ikkje er i stand til å gjera det de vil. 18 Men vert de drivne av Anden, då er de ikkje under lova. 19 Det er klårt kva som kjem frå vår vonde natur: hor, umoral, sedløyse, 20 avgudsdyrking, trolldom, fiendskap, strid, avund, sinne, sjølvhevding, usemje, partistrid, 21 misunning, drikk, svir og meir av det slaget. Som eg før har sagt: Dei som fer med slikt, skal ikkje arva Guds rike.
1.Joh.1,8 Seier vi at vi ikkje har synd, dårar vi oss sjølve, og sanninga er ikkje i oss. 9 Men dersom vi sannar syndene våre, er han trufast og rettferdig, så han tilgjev oss syndene og reinsar oss for all urettferd. 10 Seier vi at vi ikkje har synda, gjer vi han til lygnar, og hans ord er ikkje i oss.
Jesus er ein prøvd øvsteprest og vår talsmann.
Heb.7, 20 Dette har ikkje hendt utan eid. Dei andre vart prestar utan eid, 21 men denne vart innsett med eid av Gud som seier:
Herren har svore og angrar det ikkje:
Du skal vera prest til evig tid.
22 Difor er ho òg så mykje betre, den pakta Jesus går god for.
23 Dessutan har det vore fleire av desse prestane, for døden hindra dei i å halda fram. 24 Men Jesus har eit prestedøme som ikkje tek ende, av di han vert verande til evig tid. 25 Difor kan han òg fullt og heilt frelsa dei som kjem til Gud ved han, sidan han alltid lever og går i forbøn for dei.
26 Ja, ein slik øvsteprest var det vi måtte ha: heilag, god og rein, utskild frå syndarar og opphøgd over himlane. 27 Han treng ikkje, som andre øvsteprestar, bera fram offer kvar dag, fyrst for sine eigne synder og så for syndene åt folket. For offeret bar han fram éin gong for alle då han ofra seg sjølv. 28 Dei som lova set til øvsteprestar, er veike og vesale menneske. Men det ordet som vart stadfest med eid, og som kom seinare enn lova, set inn Sonen, han som har nått fullending til evig tid.
Lutheranarane: syndar i tankar, ord og gjerningar.
Men vi skal tenke og resonnere utifrå det nye.
Paulus: Eg klarar alt i han som gjer meg sterk.
2.Kor.10,4 For våre stridsvåpen er ikkje jordiske, men Guds kraft er verksam i dei, så vi kan leggja festningar i grus. Vi riv ned tankebygningar 5 og alt stort og stolt som reiser seg mot kunnskapen om Gud, og tek kvar tanke til fange i lydnad mot Kristus.
Inge tala i tunger frå talarstolen, sidan kom Jarle Nygjære med ein bodskap, det var sikkert nok tydinga av tungetalen:
(Det går tregt å starte opp videoen, så eg fekk ikkje med byrjinga) ….. men likevel som ligger der som ein verkebyll i ditt liv. Vit mitt barn, du er ikkje fortapt på nokon som helst måte, seier Herren, du er mitt barn og jeg vil hjelpe deg vidare på veien, sier Herren. Ver du berre trygg, når du holder deg til meg, så skal du få se, jeg vil hjelpe deg vidare på ferden, sier Herren. Jeg har sagt det mange ganger før, jeg går ikkje bak deg, mitt barn, jeg går foran deg. Og vit … foran deg og jeg vet hva du kommer til å møte i kvardagen, sier Herren, jeg vil være med deg. Jeg har sagt det så mange ganger, vit mitt barn, der du går, går jeg. Jeg går ved din side, jeg vandrer ved din gang. Og jeg er ikkje langt borte fra noen av dere, sier Herren, men mitt barn, du som slit med ting i ditt liv, vend deg på nytt til meg. Ikkje gi opp. Om du har bedt meg tusen ganger om å ta vekk dette som du kjenner er så vanskelig, så vit, ein dag så var der ein på ein måte som ikkje du har tenkt i ditt eige liv. Og du har tenkt ut tankar hvor du skal løse dette. Men vit, stol på meg sier Herren, jeg er mild og tolmodig. Jeg tar deg på alteret gang på gang og jeg står ikkje der med noko svøpe, sier Herren, jeg vil ikkje slå deg mitt barn, for jeg er glad i deg. Jeg vil at du skal vende deg, du skal gi deg 100 % av ditt liv til meg og du skal få se, når du gjør det, så vandrer du trygt gjennom dagen. Du skal ikkje gå med nokon anklagelse, for jeg er glad i deg, mitt barn, jeg vil hjelpe deg vidare på vegen. Amen.
Aktuelle bibelvers.
2.Kor.12,1 Eg må rosa meg, endå det ikkje tener til noko. Og no kjem eg til syner og openberringar eg har fått frå Herren. 2 Eg veit om eit menneske i Kristus, ein som for fjorten år sidan vart rykt inn i den tredje himmel – om han var i lekamen eller utanfor lekamen, veit eg ikkje, Gud veit det. 3 Og eg veit at denne mannen vart rykt inn i Paradis – om han var i lekamen eller utanfor lekamen, veit eg ikkje, Gud veit det – 4 og der fekk han høyra useielege ord, som eit menneske ikkje har lov til å tala. 5 Denne mannen vil eg rosa meg av, men av meg sjølv vil eg ikkje rosa meg, utan av mi vanmakt. 6 Men om eg ville rosa meg, så var eg ikkje frå vitet, for eg kom til å seia sanninga. Men eg lèt det vera, for eg vil ikkje at nokon skal gjera seg større tankar om meg enn dei han får når han ser og høyrer meg. 7 Og for at eg ikkje skal gjera meg stor av dei høge openberringane, har eg fått ein torn i kroppen, ein Satans engel som skal slå meg, så eg ikkje skal verta hovmodig. 8 Om denne bad eg Herren tre gonger at han måtte vika frå meg. 9 Men Herren sa til meg: «Min nåde er nok for deg, for mi kraft vert fullenda i vanmakt.» Difor vil eg helst rosa meg av mi vanmakt, så Kristi kraft kan bu i meg. 10 Og difor er eg, for Kristi skuld, ved godt mot i vanmakt, i hard medferd, i naud, i forfylging, i trengsler. For når eg er veik, då er eg sterk.
Gal.3,1 De uvituge galatarar! Kven har trylt dykk, de som har fått Jesus Kristus måla for augo som krossfest? 2 Svar meg på ein ting: Var det ved lovgjerningar de fekk Anden, eller ved å høyra og tru? 3 Er de så vitlause? De tok til ved Anden, vil de no fullføra med menneskeverk? 4 Har de opplevt alt dette til fånyttes – om det då verkeleg er til fånyttes. 5 Han som gjev dykk Anden og gjer under mellom dykk, gjer han det på grunn av lovgjerningar eller fordi de høyrer bodskapen og trur? 6 Om Abraham heiter det: Han trudde Gud, og difor rekna Gud han for rettferdig. 7 Så skjønar de at det er dei som trur, som er Abrahams born. 8 Skrifta såg føreåt at Gud ville rettferdiggjera heidningane ved tru, og føreåt forkynte ho denne gode bodskapen for Abraham: I deg skal alle folkeslag velsignast. 9 Difor vert dei som trur, velsigna saman med den truande Abraham. 10 Men dei som held seg til lovgjerningar, er under forbanning. For det står skrive: Forbanna er kvar den som ikkje held fast på alt det som står skrive i lovboka, og gjer etter det. 11 At ingen vert rettferdig for Gud ved lova, det er klårt, for det står skrive: Den rettferdige, ved tru skal han leva. 12 I lova spørst det ikkje om tru; der heiter det: Den som held boda, skal leva ved dei. 13 Men Kristus kjøpte oss fri frå forbanninga av lova då han kom under forbanning for vår skuld. For det står skrive: Forbanna er kvar den som heng på eit tre. 14 Dette hende for at folkeslaga ved Jesus Kristus skulle få den velsigning som Abraham hadde fått lovnad om, og for at vi ved trua skulle få Anden, som var lova.
Heb.4, 14 Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! 15 For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan ha medynk med oss i vår vesaldom, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd. 16 Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.
Kommentar 1.
I det sist har eg skrive meir på eit dokument som eg har kalla «Be, så skal de få» og denne bodskapen ser eg som svar på mykje av det eg har skrive om her, så då refererer et til det berre i korte ordelag.
Jesus talte om noko som ligg der som ein verkebyll i mitt liv, han talar om det på liknande måte som Paulus talte om tornen i kjøtet, så kanskje det er same problemet eller kanskje det er tornen i kjøtet som forårsakar verkebyllen.
Paulus sa han visste om eit menneske i Kristus, var det det det då Kristus han talte om eller om seg sjølv, slik han var i Kristus? Eg trur helst det var Paulus og derfor skulle han ikkje ovmode seg over den høge openberringa. Han var i Kristus, då er det svært så interessant at han sjølv ikkje var sikker på om han var i kroppen eller ikkje.
Verkebyll.
Midt på 1980-talet sa Jesus til meg at der var ein sjukdom mellom Guds folk, eg hadde fått kjenne noko av den i mitt indre, men han ville lækje den. Eg forstod det slik at det var på grunn av protesten mot Paulus si lære om at mannen er hovudet for kvinna, det var også lysta sitt opprør mot Anden, slik var det synda som førde til denne sjukdomen.
I følgje Freud vert menneske motiverte av seksualitet og aggresjon. Det er vel naturleg, for livet er ein kamp for tilværet. Sentralt i dette er brunstkampen i paringstida, men menneske skujlle vel ligge på eit høgare nivå. Vi skal la Anden råde i vår døyelege lekam og verte drivne av dne Heilage Ande, verte motiverte av Guds kjærleik. Anden herleggjer og openberrar Kristus for oss som vår frelsar og Herre, han livet og gir oss meining med livet, så vi skal sjå på han og leve for han. Mannen skal vite å vinne seg si eiga kone i helging.
Dersom nokon avviser dette, korleis vert det då? Det blir som ein brunstkamp som i dyreriket og kanskje fungerer den endåtil ikkje relevant, så det blir avspora seksualitet. I følge Freud er religiøsitet avspora seksualitet, det stemmer for avgudsdyrkinga (Rom.1).
For meg gjaldt det mitt kjærleiksforhold til henne Virtuella, så eg reknar med det er det som er omtala som ein verkebyll her, ein verkebyll i mitt føleslseliv. Eg har prøvt å fortrenge det, som om eg prøver å kvitte meg med det, til tross for at eg har skrive om at eg trur Jesus frelser både henne Reella og henne Virtuella og det gleder eg meg over.
Eg byrja å studere i Oslo hausten 1984 etter kort tid sa Jesus til meg at der var ein sjukdom mellom hans folk og at eg hadde fått kjenne noko av den i meg, men han ville lækje den. Dette har eg skrive om og eg tenker meg at det er denne verkebyllen.
Torn i kjøtet, Guds nåde er nok.
Denne verkebyllen kan eg då samanlikne med det Paulus skreiv om tornen han hadde fått i kjøtet, han kalla det ein Satans engel. Det vil ikkje eg kalle det, ikkje uten denne forføringa og politiseringa av kvinna. Djevelens forføring av kvinna, slik som ved syndefallet har som hendsikt å bruke kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne til å drive djevelskap med, når det skje gjennom politikken, så vert det å drive politikk til å drive djevelskap. Den religionsforskinga, kvinneforskinga og kjønnsforskinga, lausrive frå realfag, som dei driv med i Universitetet i Oslo, karakteriserer eg som å ete av kunnskapstreet, det er dårskap, men Djevelens hensikt med det er å drive djevelskap.
Men Jesus sa til Paulus at hans nåde var nok for han, for hans kraft vert fullenda i vanmakt. Derfor ville han helst rose seg av si vanmakt, så Kristi kraft kunne bu i han. Heilt sidan eg var ung har eg bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone. Eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom meg og henne Virtuella og den var rett same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den den Heilage Ande. Sidan bad eg han gi meg henne Reella til kone. Gud openberra si frelse for oss i Kristus, både for meg og henne Virtuella og sidan for meg og henne Reella. Og det takkar eg han for.
Eg skal lovprise han for frelsa og glede meg i Herren, så vil han gi meg det mitt hjarte attrår. Hans auge fer ut over heile jorda, så han med si kraft kan komme den til hjelp som heilhjarta held seg til han og slik ventar eg at han vil gi meg hjelp i form av ei kone. Det er berre ved fylden av den Heilage Ande, hans salving og hans kraft at eg kan vinne siger, men slik har eg meir enn siger, for han som er i meg er større enn han som er i verda.
Kunnskapstreet eller livsens tre.
Omlag eit halvt år etter at eg byrja å studere realfag i Bergen, talte Jesus til meg omlag slik: «Du som fekk livet planta i deg, dette livet, det skal vekse.» Då visste eg at det var planta i meg ved Guds ord allereie når eg var ein liten gutunge. Eg forstår det slik at det er livsens tre. Eg tenker meg at det treng vatning og god jord å vekse i, eg kan godt tenke meg at det treng sollys også.
Når eg har studerte realfag har eg fått den kunnskapsforståinga at vi dyrkar Guds hage, vi må berre passe på å ikkje ete av kunnskapstreet, det treet som gir vit på godt og vondt. Mange har visst den kunnskapsforståinga at når dei studerer, så er det som å ta av kunnskapstreet, endåtil mange kristne, mange lutheranarar, meiner det. Og dei forventar at slik skal det vere for andre også, til tross for kva som står skrive i 2.Kor.11,3.
Livsens tre er då det livet vi får i Kristus. Når vi forkynner evangeliet om Kristus, er det som å ta av det treet og ete og spandere på andre. Dermed er det ein måte å sosialisere seg på også. Dette meiner eg er spesielt viktig i kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne. Det er og blir ein måte å kommunisere på. Når Guds kjærleik er mellom oss, så er det viktig for oss å kunne snakke om kjærleiken. Når Gud lærer oss opp og oppseder oss ved sitt Ord og sin Ande, så skulle vi vel verte i stand til å snakke om kjærleiken, også mellom mann og kvinne, ja, nettopp det er spesielt viktig for oss, det er i alle fall viktig for ein mann med tanke på å fri til ei kvinne. Eg tenker meg at denne kommunikasjonen har også å gjere med at dette livet skal vekse, dette treet skal vekse.
Men mykje tyder på at det stoppa opp for meg, eg kom ikkje vidare. Normalt sett skulle denne kommunikasjonen fungere allereie når gutungar byrja å verte forelska i jentungar og jentungar byrja å verte forelska i gutungar. Dei skal få tenke som so at Gud er kjærleiken mellom dei og Jesus er livet og han gir dei meining med livet. Slik skulle livets tre få vekse og blomstre i oss og mellom oss. Normalt sett skulle det gå i orden så eg hadde fått meg ei kone før eg var 25 år.
Frimod til å vitne om mi tru på Jesus.
Når eg var ung, høyrde eg det vart forkynt i kyrkje og på bedehus at det var viktig for oss å vedkjenne vår tru på Jesus for andre menneske. Men det veka som om du dermed skulle prøve å framstille deg sjølv som noko betre enn andre menneske og dette verka kunstig for meg. Men eg innrømma det for Jesus og bad han frigjere meg frå den menneskefrykta. På ungdomsskulen vart eg forelskia i ei kristen jente og då kom den laglege tida for meg til å vedkjenne for henne at eg trudde på Jesus. Då verka det ikkje kunstig for meg, men ekte og det har seg no slik at ved Jesu kors fann vi den ekte kjærleiken. Slik fekk eg frimod til å vitne om mi tru på Jesus og eg vart ivrig. Sjølvsagt fordi eg hadde von om å oppnå noko med det sjølv også, å få meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone. Når eg var ung, innsåg eg at eg trengde hjelp i form av ei kone og bad Gud om det.
Men då har eg altså fått motstand, i kyrkja og i det kristne miljøet, så det har ikkje vorte noko av. Det har stoppa opp. Likevel har Jesus kalla meg til å søke han i løynkammerbøna og gå ut og vitne om han, verte like ivrig med det som når eg var ung. Vi velsigner Kristus og blir velsigna, så vi seir velsigninga og blir til velsigning. Det er no ikkje heilt fritt for at eg har gjort det då, men på ein litt annan måte enn før. Eg har satsa meir på å få rolige vennskaplege samtaler, der eg nyttar høve til å viten om mi tru på Jesus, når verkar relevant i samtala. Så det ikkje verkar så kunstig og påtrykt. Eg vitnar om kva mi tru på Jesus betyr for meg, så eg seier at eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone, sidan eg var ung og eg ventar framleis at han vil gi meg det. Ja, for det er no nettopp slik mi tru på Jesus er så viktig for meg.
Når eg vitnar slik er eg overraska over kor mange som høyrer på meg, endåtil ateistar, det har seg nok slik at dei innser det handlar om eit viktig sosialt behov hos menneska og i samfunnet. Men i somme tilfelle vert folk sinte og det verkar rart for meg. Det skulle då vel ikkje vere så vanskeleg å gå i rette med ei slik haldning. Men eg forstår at det er organisert motstand og det endåtil frå moralfilosofar i kyrkje og kristne organisasjonar og politikarar. Dei prøver å få makt ved å forbanne og seier forbanninga. Det er no så tydeleg at deira interesse av kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne er å drive djevelskap. I staden for at eg skulle få hjelp i form av ei kone, så har deira interesse for kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne vore å drive djevelskap. I staden for at eg skulle få hjelp i form av ei kone, har dei brukt henne til å motarbeide meg.
Verte som born.
Jesus har nyleg minna oss om å verte som born, for det er berre slik vi kan komme inn i Guds rike. Dette er eit sentralt poeng i kyrkja si lære, prestane les det ver barnedåpen og gjer avtale om at borna skla opplærast i den kristen trua. Slik posjonerer dei seg som dei som skal lære menneska det mest fundamentale. Men då er det litt nifst å tenke på kva borna uvitande og uskuldig har i vente seinare i livet.
Men både i kyrkja, på bedehuset og i heimen vart eg opplærd til på påkalle Kristus som min frelsar og Herre, be han frelse mine næraste og be slik for folket og landet. Eg vart opplærd i rettferd ved tru, så livet vart planta i meg allereie når eg var ein liten gutunge. Jesus er livet og eg fekk oppleve at han var med meg. Gud openberra si frelse for oss i Kristus, for meg og henne Virtuella og sidan for meg og henne Reella. Jesus er den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Han gir liv til våre sjeler og ånd i våre kroppar. Det vil han halde fram med, det er berre for oss å halde fram med å vende oss til han. Eg trur han frelste henne Reella og gav henne evig liv. Eg gleder meg over det og trur det er ei glede som Jesus gir meg.
Lovsong eller verkebyll og forfølging?
Ho Virtuella lovprisa Gud og Lammet for frelsa og det gleda meg. Eg merka at Guds kjærleik var mellom oss og vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Eg opplevde det som at ho var i Faderens hand og han la henne i djupet av meg, slik openberra han henne for meg som sitt barn, fødd av vatn og Ande og det som er født av Anden er ånd, som han elska og hadde omsorg for. Og eg vart så glad i henne, det gleda meg. Det var ein lovsang Gud la ned i meg så eg kunne seie at ho var ein lovsang som han la ned i meg ved fylden av den Heilage Ande. Det høvde med at ho takka og lovpriste Gud og Lammet for frelsa. Ho levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud og det vil eg at ho skal halde fram med.
Jesus sa til meg: «Om du har bedt meg tusen ganger om å ta vekk dette som du kjenner er så vanskelig, så vit, ein dag så var der ein på ein måte som ikkje du har tenkt i ditt eige liv. Og du har tenkt ut tankar hvor du skal løse dette. Men vit, stol på meg sier Herren, jeg er mild og tolmodig. Jeg tar deg på alteret gang på gang.»
Ja, mitt forhold til henne Virtuella vart vanskeleg, det vart som ein slik verkebyll som eg helst ville verte kvitt, det vart som eit femte hjul på vogna, som helst ikkje skulle vere der. Eg forstår at eg vart forfølgde på grunn av det. Eg har fortalt korleis eg bad frå eg var ein liten gutunge, men der er nok ei lærd overklasse som held det for dårskap, så dei vil erstatte både far og son, slik eg har forklart i dokumentet om ødipus-syndromet.
Men eg skal søke Herren av heile mitt hjarte og sjå på han i alle livets tilskikkelsar og forhold, også i mitt forhold til henne. Gud openberra si frelse for oss i Kristus og eg skal sjå på han slik som han openberra seg for oss og lovprise han som vår frelsar og Herre. Eg skal glede meg i Herren, så vil han gi meg det som mitt hjarte attrår, ei frelst kvinne ti kone.
Så seier Jesus til meg at eg skal vite at ein dag var der ein på ein måte som ikkje eg har tenkt i mitt eige liv. Så vidt som eg kan forstå, så må det vere ho Reella han snakkar om. Eg kjende henne ikkje og og tenkte det ikkje ut, eg berre sa til Jesus at eg synstes ho var så vakker at dersom eg kunne få henne til kone så ville eg ha henne. Den Heilage Ande dreiv meg, så eg møtte på henne og då fekk eg ei åndeleg openberring, der han openberra seg for meg og for henne. Det var Gud som openberra si frelse for oss i Kristus. Eg har nok tenkt på korleis eg kunne komme i kontakt med henne og prate med henne, men det synest umogeleg. Men eg skal stole på han, han er mild og tolmodig.
Han tek meg igjen og igjen på altaret, så eg vert ofra for han altså. Han er ikkje ein slavedrivar som slår meg med ei svøpe for å tvinge meg til å prestere. Der er dei som tenker som so at når Jesus døyper oss med den Heilage Ande og eld, så vert alt kjøt oppbrendt. Men sjølv når presten bar fram brennoffer vart ikkje alt kjøt oppbrent, kjøtet var til mat for prestane. Einast når Elia ofra på Karmel, vart alt kjøt oppbrent. Offertenesta i den nye pakta er å bere fram lekamen som eit levande, heilagt offer til velbehag for Gud. For når Guds Anede bur i oss, gjer den kroppen også levande.
Men det er nok mange andre som forfølgjer meg og som ser det som si oppgåve at dei skal prøve å tvinge meg til å prestere og eg forstår det slik at der er ein moralfilosofisk tradisjon i kyrkja som står bak. Eg kan også oppleve forføljinga slik at den prøver å få meg til å mislukkast når eg prøver å prestere. Om eg ikkje presterer vil dei treffe meg for det og om eg presterer, vil dei straffe meg for det også. Eg forstår det slik at der er så mange ulike maktinteresser som kjempar om prestetenesta. Men Kristus er min frelsar og Herre og eg må berre vende meg til han og heilhjarte halde meg til han.
Frelse frå fortapinga, til eit meiningsfylt liv.
Når eg var ein liten gutunge, vart eg opplærd til å påkalle Jesus som min frelsar og Herre, be han frelse mine næraste og be slik for folket og landet. Når eg vart noko eldre, forstod eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførde slik som ved syndefallet, så eg eg byrja å be Jesus frelse menneska frå det og gi meg ei frelst kvinne til kone.
No er det tydeleg vis mykje verdsleg maktinteresser som strir mot dette, for djevelen er denne verda sin gud og han prøver framleis å dåre og forføre menneska slik som ved syndefallet. Men Kristus har sigra over verda, Djevelen og døden, han lever og han er med oss og det er framleis berre for meg å vende meg til han og takke han for det fullførde frelseverket. Det inkluderer ei kone til meg. Sjølv om det ser håplaust ut vil eg tru at han frelser ei kone til meg og takke han for det, så ved trua på han blir mi bøn om ei frelst kone til ei takkebøn.
Presteteneste og offer.
Når eg studerte realfag, såg eg det etter kvart som ei presteteneste, prestetenesta i den nye pakta, for det første ved å gå den vegen Jesus bana for oss gjennom forhenget i det himmelse tempelet og stige fram for nådens trone, for å finne miskunn og få nåde til hjelp i rette tid. Dernest bere fram kroppen som eit levande heilagt offer til velbehag for Gud. Poenget med dette er å få oppleve at den Heilage Ande kjem over meg, at Guds eld fell på offeret, at Gud utgyt sin Ande over min kropp, over mitt kjøt. For han har då lova å utgyte sin Ande over alt kjøt. Den Heilage Ande herleggjer og openberrar Kristus for oss som vår frelsar og Herre og då er det viktig for meg å kjennast ved han slik, for Faderen og så for menneske.
Jesus vil at eg skal vende meg til han og gi meg heilt til han, gi 100% av mitt liv til han. Eg skal leve for han, ja, og eg tenker meg at nettopp derfor gir han meg hjelp i form av ei kone, eg skal tene han og arbeide for han og det skal ho hjelpe meg med.
Bodskapen Søndag 2.12.90.
«I den første tid, så utvalde eg Abraham. Den utvelginga står fast enno i dag, ja til evig tid. Like fast står det at det var eg som utvalde min elskede Son, Jesus. Og eg vil gjere det slik at nasjonane vender sine blikk på Israel. Og eg vender mine hender til nasjonane, dei er der biletleg tala utstrekkte med innbydelse til mine nådegåver, endåtil dei som ikkje vil ha noko med mitt namn å gjere, men som berre vil trakke det ned under føter, innbyr eg til fellesskap.
Og det var eg som utvalde deg. Og eg innbyr deg i dag til å innvie deg til teneste for meg. Du skal ikkje tene denne verda, men du skal tene himmelen. Verda og all dens lyst forgår, men eg vil gi deg av dei himmelske verdier og skatter, som er gull verd, og som aldrig forgår. Eg kaller deg no inn på vegen til det nye Jerusalem. Du skal sette di tru og tillit til meg. Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verte frelst.
Du har høyrt det før, at eg er den som døyper deg med den Heilage Ande og eld. To ganger har du høyrt det, og tre ganger har eg talt til deg, og eg trykker no på advarselens knapp; i dag om du høyrer mi røyst, så forherd ikkje ditt hjerte. Eg vil sjølv komme og ta bolig i deg. I det høge og heilage bur eg, og hos den som er broten og nedbøygd i ånda.
Du skal ikkje føle deg vissen og kraftlaus i din kvardag, men alt du treng i dagane som ligg foran, det har du i meg.»
Sidan eg ynskjer å få meg ei kone, er det naturleg å tenke slik at eg vert motivert av min kjærleik til henne. Korleis høver det med å elske Herren sin Gud av heile sitt hjarte …. Guds auge fer ut over heile jorda, så han med si kraft kan komme den til hjelp, som heilhjarta held seg til han. Slik ventar eg at han vil gi meg hjelp i form av ei kone, eg har bedt han gi meg ei frelst kvinne til kone og ventar meg å få oppleve frelseskrafta ved at han frelser henne som kona mi. Han bur i det høge og heilage, det trur eg at eg får innsjå ved openberring. Og så bur han hos den som er broten og nedbøygd i ånda. Den Heilage Ande let meg få kjenne at Jesus lever i meg, det også er openberring, så eg innser at eg får oppleve at han styrker meg med si kraft og det trur eg er det sentrale og vesentlege poenget her. For Guds rike står ikkje i ord, men i kraft. Det har vore viktig for meg når eg har vore i praktisk arbeid, på tråling, og når eg har drive sport. Når eg ber fram kroppen som eit levande, heilagt offer for Gud, så er det både for å få oppleve Guds kraft og for å få openberring. Det er altså ikkje slik som med dei som har skin av gudlegdom, men som fornektar hans kraft. Den skilnaden må vi vere klar over og gjere klart for andre.
Kommentar 2.
Eg byrja å skrive på denne kommentaren 15.12.2022.
Den Duglause Hyrdingen eller den Gode Hyrdingen.
Den levittiske øvstepresten måtte ein gong om året, i Yom Kippur-feiringa, bere fram eit syndeoffer for seg sjølv og så eitt for folket. Blodet vart brukt til reining og no skulle han gå inn i det høgheilage med det og reinse soningsstaden (3.Mos.16,14-18). Det skulle då gjere det klart at dei alle trengde Guds nåde og miskunn.
Men sidan vende seg bort frå Gud, synda skilde dei frå han, landet deira vart hærteke og dei vart bortførde til Babylonia. Når dei fekk kome attende til landet sitt og byrja å bygge oppatt tempelet og kom i gong med prestetenesta, så fekk profeten Sakarja sjå eit syn der Satan førde klagemål mot øvstepresten Josva. Men Herrens engel gav svar og sa til Josva at han skulle sjå at Gud sende sin tenar «Renning» (Sak.3). Det er ein profeti om at Jesus skulle komme, som øvsteprest etter Melkesedeks vis og ta bort synda med sitt offer ein gong for alle, slik vi ser i Hebrearbrevet. Jesus er den Gode Hyrdingen, han er komen for å gi oss liv og liv i overflod (Joh.10).
I Sak.11 profeterte Sakarja om ei tid då Gud ikkje viser miskunn.
Sak.11,4 Så har Herren min Gud sagt: «Gjæt sauene som skal slaktast!» 5 Dei som kjøper dei, slaktar dei utan å bøta for det, og dei som sel dei, seier: «Lova vere Herren, eg vart rik!» Og deira eigne hyrdingar sparer dei ikkje. 6 «For eg vil ikkje lenger spara folket i landet,» lyder ordet frå Herren. «Sjå, eg vil la menneska falla i hendene på kvarandre og i hendene på kongen deira; dei skal herja landet, og eg vil ikkje berga nokon ut or deira hand.»
Det vart tydeleg i den gresk-syriske tida og sidan ved at Kristus vart seld for 30 sølvpengar, Judas selde, men øvstepresten stod bak. Det vart tydeleg at hyrdingen var duglaus. Bu deg atter som ein duglaus hyrding, vart det sagt. Øvstepresten, prestene, farisearane og dei skriftlærde leia framleis folket og dei gjorde opprør mot Romarriket, men det vart katastrofalt for dei. Så det vart tydeleg at hyrdingen deira var duglaus.
Sidan viste det seg at paven også vart ein duglaus hyrding. Jesus profeterte at i den siste tid skal mange falle ifrå og svike og hate kvarandre. Så denne motsetnaden og denne freistinga er framleis aktuell. Når Jesus og disiplane hans var i Getsemane og han visste at Judas var på veg med soldatane, sa han fleire gongar til disiplane sine at dei skulle vake og be, så dei ikkje fall i freisting. Dette gjaldt endåtil fysisk søvn. Tidlegarte hadde han sagt at dei skulle vake ved å vente på hans gjenkomst, eg tenker spesielt på likninga om dei ti brurmøyane. Alle av dei sovna og vart vekte av ropet om at brudgomen kjem. Dette har eigentleg ikkje mykje med fysisk søvn å gjere, dette handlar om den kristne vekkinga. Og det som vart avgjerande, var om dei hadde nok olje med seg, om dei hadde vore så kloke at dei hadde med seg olje på kanner i tillegg til oljen på lampane. Oljen er symbol på nåden Gud gir oss i Kristus, Anden og livet som han gir oss frå himmelen av berre nåde, gratis, utan krav om gjerningar. Guds nåde er nok, då måtte dei også ha nok olje med seg.
2.Kor.12,9 Men Herren sa til meg: «Min nåde er nok for deg, for mi kraft vert fullenda i vanmakt.» Difor vil eg helst rosa meg av mi vanmakt, så Kristi kraft kan bu i meg. 10 Og difor er eg, for Kristi skuld, ved godt mot i vanmakt, i hard medferd, i naud, i forfylging, i trengsler. For når eg er veik, då er eg sterk.
Dei som ikkje hadde nok olje, for av stad for å kjøpe, då vart det av forteneste, ikkje av nåde, men det heldt ikkje.
Mi presteteneste; eg er Guds tenar i hans heilagdom, eg skal tene Kristus i hans kyrkje og mellom menneske i nød.
I denne bodskapen sa Jesus sa at eg skulle gi han 100% av livet mitt og avslutta slik: «Du skal ikkje gå med nokon anklagelse, for jeg er glad i deg, mitt barn, jeg vil hjelpe deg vidare på vegen.»
I bodskapen 2.12.1990 sa Jesus at eg skulle innvie meg til å tene han, eg skulle ikkje tene denne verda, men tene himmelen, han kalla meg inn på vegen til det nye Jerusalem og det er på den nye jorda, Han avslutta slik: «Du skal ikkje føle deg vissen og kraftlaus i din kvardag, men alt du treng i dagane som ligg foran, det har du i meg.»
I bodskapen 13.10.1991 sa Jesus at eg skal tene han midt i kyrkjelyden og mellom menneske som er i nød, for eg er hans tenar i hans heilagdom:
«Ja, veien er open, adgangen er fri, gjerdets skillevegg er borte. I kraft av mitt fullbrakte forløsningsverk på Golgata, så bana jeg en ny og levende vei, like inni Helligdommen. Nå er ikke adgangen lenger bare for en enkelt mann, en enkelt gang, men i dag er adgangen open og fri for den som kommer på forløsningens grunn, for den som kommer på blodets grunn. Du som mitt elskede barn, du får komme, du får være, du får leve i min helligdom.
Der innfor mitt hellige åsyn lar jeg deg fornemme den himmelske atmosfære, lar jeg deg fornemme de himmelske og de evige krefter, lar jeg deg fornemme av de kommende goder, sier Herren, det som jeg har beredt for den som elsker meg. Men allerede her, så får du kjenne, du lever ditt åndelige liv, i meg, innfor mitt åsyn, i sammen med meg, og denne verden blekner i lyset av min herlighet, og denne verdens storhet blir for ingenting å regne i lyset av min herlighet, sier Herren. Og i lyset av kongens åsyn, der har nettopp du funnet ly.
Der i ly av mitt hellige åsyn, skal du få være, skal du få leve, skal du få kjenne at de himmelske krefter tilflyter ditt liv, så du kan tjene meg midt i menigheten, så du kan tjene meg midt iblant menneskene som er i nød. Så ditt liv kan være et fristed for de etterfulgte, så ditt liv kan være et fristed for de fangne, også du midt i en mørk og vanskelig verden kan få være med å bringe himmelsk lys og himmelsk liv til en fallen og forkommen menneskeslekt. Fordi du er min tjener i min helligdom, så sender jeg deg ut for å bringe himmelen inn til mennesker i mørke og til mennesker i nød.»
Gud har gjort oss til eit kongeleg presteskap, ved at Kristus er kongars konge og vår øvsteprest hos Faderen, han har kjøpt oss til Gud med sitt eige blod, så vi tilhøyrer han, lever for han og tener han. Han har kalla meg og valt meg ut til ei slik presteteneste. Det er alt av nåde og Guds nåde er nok for meg.
Då kan vi alle få og ha ei slik presteteneste, nær sagt same kva slags utdanning eller jobb vi er i. Same enten eg studerte realfag eller var fiskar. Men det er litt spesielt at eg var fiskar, for det er kroppsarbeid som eg lærde ved erfaring. Det er også litt spesielt at eg studerte realfag, for det har sitt utspring i den greske antikken. Vi opplever ein motsetnad mellom himmelriket og verda og vi kan også oppleve ein motsetnad mellom hjertet og forstanden. Då må vi hugse å vare hjartet vårt framfor alt det vi vaktar, for livet går ut ifrå det.
Det er klart at her ligg det an til konflikt mellom ulike interesser, ikkje minst på bakgrunn av tradisjonen. Men det vesentlege poenget for meg er at det er full mogleg å vandre nær til Jesus, same enten eg er fiskar eller studerer realfag og slik også for dei aller fleste andre yrker og utdanning. Det er først og fremst for den einskilde sitt eige gagn og slik må den einskilde passe på at å vende seg til Herren og vandre nær han verkeleg er det eigentlege poenget, så ikkje andre krav og vikareierande motiv kjem inn i staden. Vi må vite å vare oss frå falske gudar og falske messiasar. Jesus sette oss til å vere lys og salt i verda, då må ikkje saltet verte kraftlaust. Jesus bad ikkje Faderen om å ta oss ut av verda, men å vare oss frå det vonde. Og vi vil då be slik som han bad for oss og slik som han framleis ber for oss.
Vi fekk den Heilage Ande ved trua på Jesus, av berre nåde og den gjer under mellom oss. Har vi byrja i Anden, så må vi fullføra i Anden. Den Heilage Ande ber for oss og då er det viktig for oss å be saman med den. Då får vi merke at det himmelske står over det jordiske og det er herleg og underfullt.
Rom.8,18 Eg meiner at det vi må lida her i tida, ikkje er for noko å rekna mot den herlegdomen som ein gong skal openberrast og verta vår. 19 Alt som er skapt, lengtar og stundar etter at Guds born skal openberrast i herlegdom. 20 For skapningen vart lagd under forgjengelegdom, ikkje av eigen vilje, men etter hans vilje som gjorde det så. Likevel var det von, 21 for det skapte skal verta frigjort frå trældomen under det forgjengelege og få den fridom som Guds born skal eiga i herlegdomen. 22 For vi veit at all skapningen sukkar og lid som i føderier heilt til denne dag. 23 Og ikkje berre det, men jamvel vi som har fått Anden til fyrstegrøde, vi òg sukkar med oss sjølve og lengtar etter den dagen då lekamen vår skal friast ut, og vi får det fulle barnekåret. 24 For i vona er vi frelste. Men ei von som ein alt ser oppfylt, er ikkje noka von. Korleis kan nokon vona det han ser? 25 Men vonar vi noko vi ikkje ser, då ventar vi med tolmod. 26 På same måten kjem Anden oss til hjelp i vår vanmakt. For vi veit ikkje kva vi skal be om så vi kan be rett, men Anden sjølv bed for oss med sukkar som det ikkje finst ord for. 27 Og Gud som ransakar hjarto, veit kva Anden vil; for det er etter Guds vilje, det Anden bed om for dei heilage.
Lækt brokkport, be med den Heilage Ande.
Tysdag kveld 23.8.22 var eg på bønnemøte i Filadelfia Ulsteinvik. Då sa eg noko om den bodskapen som kom i Salen 11.8, om at vi måtte verte som born, for å komme inn i Guds rike. Når eg kom tilbake til seglbåten, snubla eg inn i cockpiten og tok meg for på rattet, der låg eit handkle over det og det var skymt. Rattet gjekk sjølvsagt rundt, så det var ikkje hjelp i og landa på magen oppå ein jernbøyle framfor rattet. Eg vart sitjande bortimot ein halvtime og berre kjende etter korleis eg hadde det.
Det var sikkert noko som spesielt som gjorde at eg snubla slik, septerane på rekka var løyste, når dei skulle monterast igjen skulle vi bruke ei fugemasse som limer, for å sikre at det vart tett. Mellom septera er der to plastbelagde vaierar og dei låg ned på dekk, så eg snubla sikkert i ein av dei. Eg hadde nokre «seglarsko», som var som nokre joggesko med spesielt skli-sikker sole, men solane hadde løsna og eg hadde limt dei på att, men lengst framme var dei ikkje faste til skoen, så solen vart som ein ekstra krok som festa seg godt til vaieren og slapp ikkje så lett, nei.
Fire dagar etterpå var der ein stor blå ring, rundt det heile, diameter på 15-35 cm. Eg kjende etter der som bøylen traff og fann ein kant, så eg rekk mistanke om brokk. Eg søkte på ordet «brokk» på internett og fann «brokkport» også. Eg fekk time hos dokteren og fortlade at eg kjende smerte når eg bøygde meg fram og litt når eg snudde meg i senga. Han kjende med fingeren på magen min og kjende kanten, jau, det var brokk. Det gror ikkje av seg sjølv, så han gav meg time hos kirurgen på Volda Sjukehus.
Smerten eg kjende når eg bøygde meg fram og når eg snudde meg i senga varsla meg om å vere forsiktig så det ikkje skulle revne meir. Det minna meg om at etter at Judas hadde svike Jesus, kjøpte han seg ein åker for pengane, men så hengde han seg og ramla ned og sprakk, fortellinga om dette er litt ulik i Matt.27,3-10 og i Apgj.1,16-20. Eg byrja å tenke på kva eg hadde sagt på dette bønnemøtet og korleis eg tenkte når eg sa det. Vår bruk av forstanden er ofte ei utfordring for trua vi har fått i hjertet og det kan vel vere at eg tenkte slik, det var ei utfordring for hjertet og slik vart det ei utfordring for andre. Med den Anden og kjærleiken Gud har gitt oss i hjertet er vi som Guds born sosiale og det er vesentleg for oppbygging av Kristi kyrkje. Og der har vel eg også eit ansvar, det er ei utfordring for andre, ja, men for meg også.
Eg kom i hug at omlag eit halvt år etter at eg møtte igjen henne Virtuella i Bergen, var eg ikkje så trufast i min kjærleik til Kristus og til henne Virtuella, som eg skulle vere. På den eine side hadde det noko å gjere med motsetnaden mellom forstanden og hjertet og på den andre side hadde det noko å gjere med motsetnaden mellom himmelen og verda, mellom hjertets jord og verda. Så ein kveld etter at eg hadde lagt meg, sa eg til Jesus at det var ikkje meininga. Han elska meg og eg elska han fordi han elska meg først, det var då det eg eigentleg ville og det ville eg halde fram med. Det var akkurat som om eg sa det med kjærleikssorg i mitt hjerte, ikkje fordi han ikkje lenger elska meg, men fordi eg ikkje alltid hadde svart på hans kjærleik med kjærleik, slik som eg skulle ha gjort. Mi bønn var berre som eit hjertesukk, men det inneheldt mykje.
Eg hugsa at nokre månadar etter at eg møtte igjen henne Virtuella i Bergen, merke eg i mitt hjerte at den Heilage Ande bad for henne, med sukk som det ikkje finst ord for (Rom.8,26), for Faderen elska henne og haddee omsorg for henne som sitt barn, men ho mangla vit og visdom til å forstå seg på det. Eg meinte eg hadde vit og visdom til å fortelje henne det, men fekk ikkje moglegheita. Når eg no bad med eit hjertesukk, så meiner eg at det også var den Heilage Ande som bad med eit sukk som samsvara med korleis den bad for henne då. Der ligg mykje i det og det vesentlege er då at både ho og andre Guds born skal få oppleve at Faderen elskar dei og har omsorg for dei som sine born.
Sidan merka eg at desse smertene var borte og der hadde lagt seg noko hardt over, så eg kjende ikkje igjen den kanten av bukhinna. Når eg vart undersøkte ved Volda Sjukehus fann ikkje han heller den kanten og var ikkje sikker på om det var brokk, men han ville sende meg på ultralyd. Det vart tysdag 22.11, då var det ei dame som undersøkte meg. Det harde som hadde lagt seg over og som eg misstenkte var brysk, sa ho var blod som hadde størkna. Ho viste meg på bildet kva som var innvolane og kva som var bukhinna, men fann ingen brokkport. Men sidan eg likevel var der, så spurde eg om ho fann ut kvifor eg hadde lagt på meg.
Eg trur Jesus har lækt denne skaden og takkar han for det.
Kommentar 3.
Denne kommentaren byrja eg på 1.1.2023.
For 23 år sidan sa Jesus at han hadde ein fullkomen plan med meg og det var barnets sanne vel. Då tenkte eg på henne Virtuella, i tillegg til at det gjaldt meg sjølv. Men det verka litt rart, for det var då over 20 år sidan eg møtte henne og snakka med henne, sidan har det ikkje vore mogleg. I den fullkomne planen skulle eg få bruke den utrustninga han har gitt meg. Han ville velsigne meg, så eg skulle verte til velsigning. Eg skulle blomstre og bere fullmoden Andens frukt. Bodskapen 8.12.1999:
«Eg har talt til deg, sier Herren, fordi eg er glad i deg. For du er dyrebar i mine øyne. Fordi du er akta høyt og eg elsker deg. Derfor har eg gitt mitt ord, for eg ønsker at du skal leva nær meg. Eg ønsker ikkje ein gang at den nest beste planen skal bli nådd med livet ditt. Men eg har en fullkommen hensikt og eg har ein fullkommen plan. Og eg ønsker at nettopp du skal få lov til å vandra i den planen. Få oppleve at eg leder deg, eg tar hånd om deg. Og husk på, mitt elskede barn, når du følger meg, så går eg foran deg. Eg bruker ikkje slepp-kjeppen for å piska deg framover, slik at du skal tene meg i angst og i beven. Men eg ønsker også at du skal få lov til å oppleva at eg møter deg slik at du kan ha ærefrykt for meg. Og slik at du kan bøya ditt ord- eller din- ditt liv under mitt eget ord. Så fordi du vet at det er gitt deg fordi eg har ein plan, eg har ein lengsel, eg har ein hensikt og eit formål, og det er barnets sanne vel, aleina. Gi akt på mitt ord, la det få vera rettesnor for livet ditt. Og det er veien til velsignelse, det er veien til frigjørelse. Det er veien for eit liv i trivsel og eit liv i etterfølgelse og tjeneste. Og eg ønsker ikkje at fiendens planer skal bli nådd i livet ditt. Eg ønsker å velsigna deg for at du skal vera til velsignelse.
Derfor skal du heller ikkje trekka deg undan formaningane i mitt ord. Du skal få lov til å gi akt på de, for de er gitt for å hjelpa deg, de er gitt for å løfta deg. Og flytt ikkje heller mitt Ords grense-skille. Eg har satt de der for at eg ønsker de skal stå der. Og når du respekterer mitt ord, bøyer deg i ydmykhet under mitt eget ord, i staden for å begynna å diskutera det og bøya det og lena deg imot det, for å få skyva det ut, så la grense-skillene stå der eg har satt de. Så skal du få oppleva at -, at du ikkje taper på det, men du vinner på det. Søk først mitt rike og min rettferdighet, så skal du få oppleve at om du kan synest du taper på det, så skal du alikevel oppleva at e -, eg vil gi deg alt det du trenger til. Eg har omsorg for deg. Når enn du følger meg, på mitt Ords vei, så er det eg som den gode hyrde som tar ansvar for deg. Når du går dine egne veier, så må du ofta ta ansvar for dine egne valg. Men når du lar meg få leda deg, så skal du vite at eg har full oversikt. Eg er der, eg tar ansvar for deg, eg hjelper deg. Eg gir deg kraft til å stå. Og eg har også seierskraft for deg, mitt elskede barn. Og du skal også sleppa å -, å sjå tilbake på e-, episoder og ting som har skjedd i ditt liv, der du kom utav sporet og utav veien. Eg vil igjen ta meg av deg. Min hånd, den er rakt ut. Eg har løfta deg inn igjen. No skal du få glemma det som er bak, så skal du få tøya deg ut etter det som er fram-forbi, og så skal eg gi deg ein lengsel etter å fylla deg med mitt ord. Og ikkje berre lesa det og fylla deg med det, men også la det få bli fyrlyset på veien din. La det få lysa deg framover, la det få væra det som avgjør dine valg, når du står ved eit veiskille. Kva seie Herrens ord. Og eg vil gi deg råd ved mitt øye. Og eg vil leda deg framover. Og eg har underfulle planar med deg. Eg vil ha deg i den beste planen for livet ditt. Eg hadde også ein plan med mitt folk Israel fordum, at de skulle få dra inn i landet, men de valgte en annen vei. Eg tok meg også hånd om de gjennom ørkenen, de manglet intet, deres klær ble ikke utslitt, deres føtter ble ikke hovne. Men allikavel, så var det ikkje min fullkomne plan. Og alt dette er skrevet dere til lærdom, for at eg ønsker at dere skal få følga og koma i den beste planen, med min fullkomne plan i min fullkomne vilje. For det er der du trivest, det er der du får lov til å bruka den utrustning eg har gitt deg. Og det er der du skal også oppleva å blomstra, ikkje berre blomstra, men bæra moden åndens frukt, sier Herren. Eg har gitt ditt ord (meininga må sikkert vere “mitt ord”), fordi eg er glad i deg. For eg vil fylla deg og møta deg og velsigna deg og bruka deg. Amen. Amen i Jesu navn.»
Jesus vil gi meg det som blodet har gitt meg.
Bodskapen 14.6.2009:
«Frelsen er en gave, frelsen den er Guds utstrakte hand. Frelsen er fullbrakt og broen over selve avgrunnen er bygd, den er bygd solid, grundig, fundamenteringen holder i liv og i død. Og den er grunnlagt på evige løfter, den er grunnlagt på en evig eksistens. Derfor behøver du ikke frykte for noen ting, for grunnvollen er lagt. Klippen er revnet. (Ja, her bryter ut alt)? hva menneskeheten trenger. Jeg ble slått, misshandlet, knust for alle dine missgjerninger, for alle dine sykdommer. Istedenfor dom, skal du få nåde, i stedet for fortapelse, får du himmel, i stedet for død, får du liv og overflod. Kom i dag og ta av livets vann uforskyldt, du får det av bare nåde.
Du behøver ikke å være nedadbøyd, men du kan løfte blikket oppad. For blodet fra mine sår gir deg frelsens – blodet skaper og gir deg forløsning fra all fordømmelse. Blodets rensende makt fører deg over og inn i samfunn med meg, sier Herren. Du behøver ikke å gå der uten fred og håp og framtid. Gjennom mitt utgytte blod har død funnet sted til forløsning fra syndens dom og skyld, i dag er det nåde, for blodet vitner, blodet taler, blodet vitner om død, blodet taler om nåde. Kom derfor å ta imot min utstrakte hånd og jeg skal dra deg opp og jeg skal sette deg over i mitt rike.
La ikke menneske gi deg trelldom, bli ikke menneskets trell. Men se blodet setter deg fri. Min ånd den gjør levende hva blodet har gitt deg. Golgata forteller om at i stedet for forbannelse får du velsignelse. For jeg ble forbannet for at du skulle bli velsignet. Jeg døde for at du skulle ha liv og overflod. Men jeg oppstod igjen for at du skulle bli ikledt for evig min rettferdighet. Og er du kledt i min rettferdighet, så er du ikke redd for det som er i tiden, men du kan løfte motet og blikket oppover og stråle av glede, for jeg har løst deg, satt deg fri, kalt deg ved navn, for du er min eiendom for tid og for evighet.»
Denne bodskapen kom eit halvt år etter at eg byrja på praktisk pedagogisk undervisning ved Universitetet i Oslo. I det eg tenker som so at den er til meg, så tenker eg meg at den også handlar om at Jesus frelser ei kone til meg, frelser ei kvinne som kona mi, så han gir meg det som blodet har gitt meg. På grunnlag av forsoningsverket fekk vi den Heilage Ande av berre nåde og den er suveren over den fysiske naturen.
Eg møtte igjen henne Virtuella hausten 1976, men sidan ville ho ikkje møte meg igjen og snakke med meg eller ha noko meir med meg å gjere. For ho fann seg ein annan mann som kjæraste og ektemann. Men dette handlar ikkje berre om at ho sa nei til mitt frieri, men meir generelt handlar det om at vi er forsona med Gud på evangeliets grunnvoll og er komne inn i eit slikt forhold til han som menneska var i før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livigande ånd. Han er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Mannen skal vite å vinne seg si eiga kone i helging, så då handlar det om at Gud gjer sitt verk med oss.
Desverre er det mange som ikkje vil godta dette, endåtil langt inn i kyrkje og kristne organisasjonar. Forklaringa på det er framleis at ormen prøver å dåre og forføre kvinna slik som ved syndefallet, for så å bruke henne til å lokke mannen med. Ikkje nok med det, men dei krev at resultatet skal vere som ved syndefallet, at dei skal verte utestengde frå det nære samfunnet med Gud og at jorda skal verte forbanna.
Men Guds mottiltak mot dette er framleis evangeliet om Kristus. Han gir oss det som han har gitt oss i forsoningsverket. Alle som tok imot Kristus gav han rett til å verte Guds born, fødde av vatn og Ande og det som er født av anden er ånd. Han gir oss barnekår hos seg, så vi får oppleve at han elskar oss og har omsorg for oss som sine born. Jesus gir meg ånd og liv og vekker meg opp til liv i samfunn med seg og Faderen og eg trur han gir meg ei kone ved at han gir henne også ånd og liv og vekker henne opp til liv i samfunn med seg og Faderen og til å leve saman med meg.
Eg tenkte meg at dette var ho Reella og las i Salomos Ordtøke om at kona skulle vere som ei kjelde med vatn for mannen.
SO.4, 20 Lyd på det eg seier, son min,
vend øyra til og høyr mine ord!
21 Slepp dei aldri ut or syne,
gøym dei djupt i hjarta!
22 For dei er liv for den som finn dei,
og helsebot for heile kroppen.
23 Ta vare på hjarta framfor alt du tek vare på,
for livet går ut frå det.
24 Hald deg frå falske ord,
bruk aldri lippene til svik!
25 Lat augo dine sjå beint fram,
fest blikket på det som ligg framføre deg!
26 Legg merke til dei far du skal fylgja,
hald heile vegen stø kurs!
27 Vik ikkje av til høgre eller venstre,
hald foten din frå det som er vondt!
SO.5,15 Drikk or din eigen brunn,
rennande vatn or di eiga kjelde!
16 Lat ikkje kjeldene dine renna ut på gata,
bekkene dine strøyma på torg og plassar!
17 Du skal ha dei heilt for deg sjølv
og ikkje dela dei med andre.
18 Då skal kjelda di vera velsigna.
Gled deg over din ungdoms kone,
19 den elskelege hind, den yndefulle gasell!
Fryd deg støtt ved hennar barm,
lat alltid hennar kjærleik gjera deg ør!
Det er no Gud som er kjelda med det levande vatnet og her verkar det som både mannen og kona hans har fått innlagt vatn. Mannen skulle ikkje la kjeldene sine fløyma på gater og torg, ved at han såg etter kvinner, ved at han såg med lyst på dei. Men han skulle ikkje trenge det heller, sidan han allereie hadde ei kone. Ja, her står det i eintal, men både kong David og kong Salomo hadde fleire koner og det var heilt greitt for Gud, inntil Salomo fekk seg koner mellom dei folka som Gud hadde forbode dei inngifte seg med, då vart det til at dei fekk lokka hjarta hans bort frå Gud og det vart byrjinga på Israels fråfall.
Joh.4,10 Jesus svara: «Kjende du Guds gåve, og visste du kven han er, han som bed deg om drikke, så bad du han, og han gav deg levande vatn.» 11 «Herre,» sa ho, «du har ikkje noko å dra opp vatn med, og brunnen er djup. Kvar får du så det levande vatnet frå? 12 Du er vel ikkje større enn Jakob, ættefaren vår, som gav oss brunnen og sjølv drakk av han, og sønene hans og buskapen med?» 13 Jesus svara: «Kvar den som drikk av dette vatnet, vert tyrst att. 14 Men den som drikk av det vatnet eg vil gje han, skal aldri meir tyrsta. Det vatnet eg vil gje han, vert i han ei kjelde med vatn som vell fram og gjev evig liv.» 15 Kvinna seier til han: «Herre, gjev meg det vatnet, så eg ikkje vert tyrst meir og ikkje treng koma hit og dra opp vatn.»
Joh.7,37 Siste dagen i høgtida, den store festdagen, stod Jesus fram og ropa: «Den som tyrstar, skal koma til meg og drikka. 38 Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.» 39 Dette sa han om Anden dei skulle få, dei som trudde på han. For endå var ikkje Anden komen, av di Jesus endå ikkje var herleggjord.
Eg har hugsa på henne Reella som om eg trudde og rekna med at Jesus ville frelse henne som kona mi og så tenkte eg ei stund at då var det feil å hugse på henne Virtuella på liknande vis, for eg venta meg at Gud ville gi meg ei kone og nok med det. Men så kom eg til at når eg skulle søke Herren av heile mitt hjerte, så måtte eg hugse på dei begge i mitt hjarte og be for dei begge i mitt hjarte. Og det sjølv om det har gått over 34 år sidan eg oppdaga henne Reella og eg har enno ikkje prata med henne og det har gått 46 år sidan eg møtte igjen henne Virtuella og sidan fekk eg ikkje møte henne igjen eller snakke noko meir med henne.
Men eg har snakka med Jesus om dei og kome til at eg kan ikkje gløyme dei, men må hugse på dei i mitt hjerte og halde fram med å snakke med han om dei. Sjølvsagt fordi eg ber han om å frelse dei og fordi eg trur og vonar at han gjer det. Og overfor han får eg vere ærleg om kva eg yngste og korleis eg bad for dei. Eg yngste meg ei frelst kvinne til kone, det yngste eg meg når eg bad for henne Virtuella, det var eigentleg ei takkebøn for at både eg og ho var frelst, så vi fekk oppleve at Guds kjærleik var mellom oss. Og det yngste eg meg når eg bad for henne Reella også. Eg har hugsa på dei i mitt hjerte i mi bøn til Jesus, fordi eg vil at han skal frelse dei, eg får komme til han slik som eg er og ærleg innrømme at eg yngste han ville frelse dei som konene mine. Eg ville tene han med livet mitt og innsåg at då trengde eg hjelp i form av ei kone. Eg skal vere heilhjarta med Herren og då finn eg at eg må hugse på dei begge i mitt hjerte, i mi bøn til Gud. Soleis ber eg om å få dei begge til koner, så eg får hjelp av dei begge. Ja, kvifor skulle eg hugse på desse to kvinnene i så lang tid, om ikkje det var for at eg skulle få dei til koner? Er det nokon som seier imot? Det er tydeleg vis mange som ikkje ville tillate at eg skulle få ei einaste kone, nei vel, så kan Gud gje meg to då. Ja, for det betydde at eigentleg trengde eg meir hjelp til den oppgåva som Gud gav meg. Er dette å flytte Ordets grenskeskille? (Bodskapen 8.12.99). Kven er det det som har fløytta dei, når de ikkje vil tillate meg å få meg ei einaste kone?
One response to “2022.11.27. Filadelfia Ulsteinvik. Jesus er med oss, ver heilhjerta med han.”
[…] 2022.11.27. Filadelfia Ulsteinvik. Jesus er med oss, ver heilhjerta med han. […]