Video frå kristne møte: https://www.youtube.com/watch?v=-lzAsRbJBfQ&list=PL_37XqaismMjpMjrkaWkszFl63YEYzT2N

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

About

Bringe den glade bodskapen vidare.

Her refererer eg til kristne møte der det har kome bodskap gjennom tyding av tungetale, heilt tilbake til 1990. Sidan omlag 2008 har eg teke med litt av talene også og så har eg skrive kommentarar. Ettersom eg ser desse bodskapane  som svar på mine bøner, blir det personleg, men det er då nettopp det personlege Guds-forholdet som er så verdifullt for oss. Jesus gir ånd og liv til vår sjel og vekker oss opp til liv i samfunn med seg og Faderen. Jesus er Guds Ord, den Heilage Ande openberrar det for oss, så vi kjem til erkjenning av at Jesus er sanninga som set oss fri. Herren er Anden og der Herrens Ande er, der er det fridom. Fridomen får vi nettopp i det personlege forholdet til han.

Kristne møte.

Eg har trutt på Jesus samtidig som eg har vore realist, sidan eg var ein gutunge. Til tider har eg kjent det som ei dobbelrolle eg ikkje har vore heilt komfortabel med, men når eg let meg forsone med Gud på evangeliets grunnvoll, får eg det til å stemme. Eg har allsidige interesser og vidsyn og du er velkommen til å kommentere artiklane mine. Eg håpar berre du vil vere ærleg og tenke konstruktivt, konstruktiv kritikk kan vere verdifull, når ein får tenkt seg om.

Eg må likevel innrømme det er noko eg ikkje er villig til å diskutere, på annan måte enn å prøve å få betre forståing av det. Ja, slik er det vel med den realfaglege søkinga etter betre forståing og kunnskap, men no tenker eg også på mi tru på Jesus. Og kvifor det? Jau, Gud lova Abraham at i han skulle alle folkeslag velsignast, den som velsigna han skulle verte velsigna. Denne lovnaden får vi oppfylt ved trua på Jesus og eg har positiv erfaring av å verte velsigna ved å tru på han, ta imot han og velsigne han. Det er ei subjektiv innstilling som soleis har vorte verdifull for meg, så det vil eg berre halde fram med. Han vil gjere meg til ein kanal for si velsigning, så den skal nå andre menneske. Han talar til meg og seier velsigninga og då vil eg berre seie det som han seier, slik at eg seier den velsigninga. Om andre ikkje vil ta imot den velsigninga, så får dei svare for det sjølve. Eg vil berre halde fram med å vende meg til han og få oppleve at han velsigner meg og andre med meg. Men Gud skaper ved sitt Ord det som det nemner. Eg har sjølv fått oppleve at Gud gjer sitt verk i mitt liv ved sitt Ord og sin Ande, og det vil eg ære og takke han for. Han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den. Dette seier eg berre ja og amen til.

Den siste Adam og hagen hans.

Adam og Eva skulle dyrka og verna Edens hage, og dette er framleis oppgåva vår andre stader òg. Eg tenker på denne måten, både om landbruk, fiskeri, vitskap og teknologi. Men no er Jesus den siste Adam, som er frå himmelen og for oss har han vorte ei ånd som gir liv til vår sjel og vekker oss til å liv i samfunnet med Gud.

Vi trur på Jesus og vår himmelske Fader på same tid som vi lever i denne verda, så trua vår erstattar ikkje praktisk arbeid, naturvitskap, matematikk og teknologi. Vi kan godt snakka om det, men trua vår kjem i tillegg til det, ikkje for å erstatta noko av det. Viss nokon byrjar å tru at han skal erstatta det, for å endra verda eller noko sånt, som om det var oppgåva vår, kan det til og med byrja å bli farleg. Då er det avgjerande for oss å hugsa at Jesus døydde i staden for oss og å forstå tydinga av det i det daglege livet vårt. Jesus er Guds ord og det er ånd og liv for oss (Joh.6). Det er grunnleggande nytt og av stor verdi både for oss og for verda.

Der er sikkert noko skal bør erstattast, men kva? Det er opp til verda å finna ut av det, og når det gjer det, får det ei betre forståing og utviklar seg til noko betre. Men den vil ikkje klara å gjera det av seg sjølv, sidan verda og universet ikkje skaper seg sjølv. Profetien er at det endar i katastrofe på dødsdagen, men poenget er at Jesus frelser oss og gir oss evig liv og så han vil òg redde oss på dommedag også. Gud gjer alt nytt, men han byrjar allereie no, og skaper noko nytt i hjartet vårt, med sitt Ordet sin og sin Ande. Gud skapte det heile, og han gjer framleis arbeidet sitt og vil lykkast med det han har planlagt.

Når vi går ut og møter verda med sine problema, finn vi ut at vi har behov for openberring for å løysa det. Men er det relevant, eller korleis skal det bli aktuelt? Uansett er det viktig for oss å la Den Heilage Ånd openberre for oss korleis Jesus er løysinga på problema, slik at vi ser at det blir relevant i den situasjonen vi er i. Først av alt må vi snakka med han om problema , slik at vi ser korleis han er løysinga på dei, på denne måten ser og finn vi dei gode sjansane vi får til å fortelja om han og snakka om han. Det er også derfor og de er så viktig for oss å gjera det.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: