Video frå kristne møte: https://studio.youtube.com/channel/UCx-mgohovh4cNvy-rj6Je8A/videos/upload?filter=%5B%5D&sort=%7B%22columnType%22%3A%22date%22%2C%22sortOrder%22%3A%22DESCENDING%22%7D

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

1990.12.02.M40. Gud valde ut Abraham og Jesus og vil gjere det slik at nasjonane vender sine blikk på Israel og han innbyr dei til sine nådegåver og til fellesskap.

Tyding av tungetale:

I den første tid, så utvalde eg Abraham. Den utvelginga står fast enno i dag, ja til evig tid. Like fast står det at det var eg som utvalde min elskede Son, Jesus. Og eg vil gjere det slik at nasjonane vender sine blikk på Israel. Og eg vender mine hender til nasjonane, dei er der biletleg tala utstrekkte med innbydelse til mine nådegåver, endåtil dei som ikkje vil ha noko med mitt namn å gjere, men som berre vil trakke det ned under føter, innbyr eg til fellesskap.

Og det var eg som utvalde deg. Og eg innbyr deg i dag til å innvie deg til teneste for meg. Du skal ikkje tene denne verda, men du skal tene himmelen. Verda og all dens lyst forgår, men eg vil gi deg av dei himmelske verdier og skatter, som er gull verd, og som aldrig forgår. Eg kaller deg no inn på vegen til det nye Jerusalem. Du skal sette di tru og tillit til meg. Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verte frelst.

Du har høyrt det før, at eg er den som døyper deg med den Heilage Ande og eld. To ganger har du høyrt det, og tre ganger har eg talt til deg, og eg trykker no på advarselens knapp; i dag om du høyrer mi røyst, så forherd ikkje ditt hjerte. Eg vil sjølv komme og ta bolig i deg. I det høge og heilage bur eg, og hos den som er broten og nedbøygd i ånda.

Du skal ikkje føle deg vissen og kraftlaus i din kvardag, men alt du treng i dagane som ligg foran, det har du i meg.

M40. Søndag 2.12.90.

One response to “1990.12.02.M40. Gud valde ut Abraham og Jesus og vil gjere det slik at nasjonane vender sine blikk på Israel og han innbyr dei til sine nådegåver og til fellesskap.”

Leave a comment