Video frå kristne møte: https://studio.youtube.com/channel/UCx-mgohovh4cNvy-rj6Je8A/videos/upload?filter=%5B%5D&sort=%7B%22columnType%22%3A%22date%22%2C%22sortOrder%22%3A%22DESCENDING%22%7D

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

6-13.11.2022. Vanylven. Sjå fram til Jesu gjenkomst og gå han i møte.

Bildet er frå Salen Fiskå 13.3.2022.

Innleiande kommentar.

På to møter hende det at predikanten peikte på folk ned i forsamlinga og sa han såg noko om korleis det ville gå dei i den nære framtid. Dette var nytt for meg. Korleis skal vi forstå dette? Det er profeti og det er velsigning, det er å forstå som eit ynskje og ei bøn om at det skal gå deg vel og ein profeti som svar på ei slik bøn. Vi vil nok alle møte problem og vanskar i kvardagen, slik sett går det oss ikkje bestandig heilt vel. Men Jesus er vegen til Faderen, det er ein god veg gjennom problema og ut av dei og den fører fram til himmelsk glede og herlegdom til slutt.

No er Jesus ved Faderens høgre hand og vi skal sjå framover til hans gjenkomst og gå han i møte. Vi veit ikkje om det vil skje i vår levetid, men uansett gjere vi rett i å vente som om det kan skje kva tid som helst. Slik vender vi hugen og blikket opp til han og tek imot den Anden og det livet han gir oss frå himmelen, det gir oss meining med livet her og no, i den tida vi har att her på jorda.

Eg kom i hug bodskapen som kom 11.8.2022.

Bodskapen 11.8.2022.

Tyding av tungetale:

«Se, jeg står for døren og banker, sier Herren. Om noen hører min røst, så skal han opne og jeg skal komme inn til ham og holde nattverd med ham. Se, jeg står foran deg og banker på ditt hjerte og jeg vil så gjerne ha fellesskap med deg, mitt kjære barn. Jeg vil så gjerne komme, ikke som en hersker, men som en venn, som eg gjest som du ønsker velkommen. Jeg vil ikke trenge meg inn i livet ditt, men jeg vil og lengter etter at du skal ønske meg velkommen. For jeg har planer for deg, jeg ønsker å fortelle deg den vei du skal vandre videre. Du skal ikke se deg engstelig om, du skal ikke frykte, du skal ikke være redd, for jeg er med deg. Jeg skal ikke slippe deg, men jeg har lovt å være med deg alle dager. Jeg sender deg ut på spennende oppdrag, jeg sender deg ut i verden, og jeg lover å fornye det møtet; se, jeg er med deg alle dager, inntil verdens ende.  Ønsk meg velkommen inn i ditt liv og du skal få kjenne at jeg tar bolig i deg med hele min fylde, sier Herren.»

Profetisk bodskap:

(Eg rakk ikkje å spele inn byrjinga, tek det berre etter hukommelsen og bibelteksta), men det som kjem etter første komma, er innspelt)

«Der to eller tre er samla i mitt namn, er eg midt i blant dere. Uten at dere blir som barn, kan dere på ingen måte komme inn i Guds rike.»

Vi må forstå det slik at vi har opna døra og sleppt Jesus inn som ein god ven, så vi får oppleve at han talar til den einskilde som ein god ven. Vi blir som born og får oppleve at Faderen har omsorg for den einskilde som sitt barn. Ja, måtte det berre verte slik. Amen.

Laurdag 5.11. Personleg bønneliv?

Laurdag kveld, 5. november, var der ein som heitte Øyvind som talte på Sion Åheim. Han var frå Bergen og hadde tidlegare vore narkoman, men Jesus hadde frelst han og fria han ut og no leia han ei gruppe som dreiv med evangelisering i Bergen sentrum. Det var tydeleg at Gud hadde gjort sitt verk med han og heldt fram med å gjere sitt verk gjennom han.

Tala hans vil eg karakterisere som psykologisk prat der han sett ting på spissen, for så å komme med ein korreksjon, som ein komisk ironi. Det kan live opp ei tale, men eg syntest det vart vel mykje av det, så det vart kjedeleg. Han meinte kristne som ikkje gjekk ut og vitna om Jesus, var egoistiske, det minner meg om siste bodskapen 12.2.2011, der Jesus sa at han gret over at hans born gøymde seg vekk, i staden for å gå ut og forkynne evangeliet for syndarar.

Men Øyvind talte som om egoismen låg i at dei sat heime med sin Bibel og si bøn. Men det er då heilt feil. Vi gjer rett i å prioritere Bibel-lesinga og løynkammerbønna, om så det betyr å seie først meg sjølv og så meg sjølv igjen, for vi må først og fremst få noko sjølve, så vi kan ha noko å gi vidare til andre. Vi må innvie oss til Gud, så vi vert brukt av han. Det er då slik vi kler oss i Guds fulle rustning.

Så byrja han på peike på folk ned i salen og sa at han såg kva dei kom til å møte i framtida, det høyrdet ut som syn og profeti, det verka suverent. Men kva med deira eiga bøn, kvar vart det av den? Det har vore vanleg å invitere folk til forbønn i slutten av møtet, då får dei sjølve komme med det som ligg dei på hjertet, tenke over det formulere det og be om det. Vi kan ikkje utan vidare kalle den einskilde sitt bønneliv for egoisme, men heller tenke som so at den Heilage Ande skal vegleie oss og hjelpe oss i vårt bønneliv.

I slutten av møtet refererte han raskt til nokre bibelvers.

Eg vil vurdere denne tala ut ifrå det Paulus sa om å bygge på evangeliets grunnvoll, dette vart mykje bygging med tre, høy og strå. Først når han siterte frå Bibelen, kom han med noko som var av varig verdi, men det tok han så lett på at det gjekk inn eine øyra og ut att hi.

Søndag 6.11. Anstrenge oss for å tru, for å få lækjedom?

Søndag kveld 6. November leia Ingar eit møte på Salen Fiskå. Vi sette saman bord til eit langbord. Han hadde med seg ei bok i fleire eksemplar, så vi kunne kike i den, det handla om lækjedom ved bønn. Han byrja å fortelje frå byrjinga av boka og leia samtala om temaet. Dei ville prøve å byrje med regelmessige søndagsmøte her og fortsette å følje denne boka slik.

Han fortalde om at han hadde problem med ein fot og bad om lækjedom, det kjendest bra, han gjekk ein fjelltur, men så kom smertene igjen, men han bad på ein slik måte at han kravde at dei skulle forsvinne, han anstrengde seg, så det virka magisk. Han sa noko som høyrdest ut som han skulle jage vekk den vonde. Han talte om lækjedom ved bønn i den gamle pakt, men evangeliet gir då eit betre grunnlag for det.

Eg sa at eg trur ikkje vi treng å anstrenge oss for å tru. Paulus talte om synda i kjøtet og om trældom under lova, det er to sider av same sak. Men evangeliet frir oss frå begge deler, for det er Gud som gjer sitt verk med oss, ved sitt Ord og sin Ande. Anden får vi ved tru, av berre nåde og då må vi fullføre i nåden og Anden, slik det står skrive i Galatarbrevet. Paulus framstilte kyrkjelyden for Kristus som ei rein møy, då var det viktig for henne å vere oppteken av han (2.Kor.11,3). Men ho treng ikkje anstrenge seg for det, ei brud som er forelska i sin brudgom, ser på han og er oppteken av han, fordi ho vil det sjølv. Eg kan godt innrømme at eg må verte meir skjerpa med å sjå på han, men det er i grunnen enkelt, det er ved å verte den Heilage Ande, så Anden herleggjer og openberrar han for meg.

      

Søndag 13.11.2022. Jesu gjenkomst.

Tale ved Oddleif Wahl; Jesu gjenkomst.

Lovnaden om Jesu gjenkomst er til trøst for oss, ikkje for å flykte frå problema, men for å inspirere oss til å leve for han den tida vi har att.

1.Tess.4,13 Vi vil ikkje, sysken, at de skal vera uvitande om dei som har sovna inn, så de ikkje skal sørgja som dei andre, dei som er utan håp. 14 For så sant Jesus døydde og stod opp, og det trur vi, så skal òg Gud ved Jesus føra dei som har sovna inn, saman med han. 15 Dette seier vi dykk med eit ord frå Herren: Vi som enno lever og blir att her heilt til Herren kjem, skal slett ikkje koma før dei som har sovna inn. 16 For når det bydande ropet lyder, når erkeengelen lyfter si røyst og Guds basun ljomar, då skal Herren sjølv stiga ned frå himmelen, og dei døde i Kristus skal først stå opp. 17 Så skal vi som har vorte att og enno lever, rykkjast bort saman med dei i skyene og møta Herren i lufta. Og så skal vi alltid vera saman med Herren. 18 Trøyst kvarandre og set mot i kvarandre med desse orda!

I til knytning til klimatoppmøtet i Sharm el-Sheikh hadde visst Gro Harmel Bruntland sagt at tida heretter er kort, til kva? Til at det grøne skiftet må komme. Men vi ser framover til det store skiftet, til gjenopprettingens tider, til Jesu gjenkomst.

Apgj.3,18 Men på denne måten oppfylte Gud det han føreåt hadde late alle profetane forkynna, at hans Messias skulle lida. 19 Gjer difor bot og vend om, så syndene dykkar kan verta utstrokne. 20 Då skal det koma tider med lindring og trøyst frå Herren, og han skal senda den Messias som er etla åt dykk, Jesus. 21 Han lyt vera i himmelen til den tid kjem då det skal atterreisast, alt det som Gud har tala om frå eldgamle dagar gjennom dei heilage profetane sine. 22 Moses sa: Herren Gud skal reisa opp ein profet som meg mellom dykk, ein av dykkar eigne brør. Han skal de høyra på i alt det han seier dykk. 23 Men kvar og ein som ikkje høyrer på den profeten, skal rydjast ut or folket. 24 Alle profetane som har tala, heilt frå Samuel, har forkynt det som hender i desse dagar. 25 De er born åt profetane, og for dykk gjeld den pakta som Gud gjorde med fedrane dykkar då han sa til Abraham: I di ætt skal alle ætter på jorda velsignast. 26 Det var til dykk Gud fyrst sende tenaren sin; han skulle velsigna dykk når kvar og ein vender om frå sine vonde gjerningar.

Der kjem spottarar som spør kvar det vart av hans gjenkomst, men for Gud er ein dag som tusen år og tusen år som ein dag.

1.Pet.3,1 Dette er no alt det andre brevet eg skriv til dykk, de kjære. Med desse breva ville eg vekkja dykk opp, så de kan vera reine i hug og tanke. Eg vil minna dykk om 2 det dei heilage profetane har sagt, og om det bodet dykkar eigne apostlar har frå Herren og Frelsaren, dette må de koma i hug.
     3 Fyrst og fremst skal de vita at i dei siste dagar skal det koma folk som fer med spott og fylgjer sine eigne lyster.  4 Hånleg seier dei: «Kva med lovnaden om at han skal koma att? Fedrane våre er døde, men alt er som det har vore frå verda vart skapt.»  5 Dei som seier så, gløymer at himlar var det frå eldgamal tid og ei jord som i kraft av Guds ord steig opp or vatnet og vert halden oppe ved vatn.  6 Og ved vatn gjekk den fyrste verda under då ho vart overfløymd.  7 Men dei himlar og den jord som no er, har dette Guds ord spart til elden; dei vert haldne oppe til domedag då dei gudlause skal gå fortapt.
     8 Men ein ting må de ikkje gløyma, de kjære: For Herren er éin dag som tusen år, og tusen år som éin dag.  9 Det er ikkje så som somme meiner, at Herren er sein med å oppfylla lovnaden. Nei, han er tolmodig med dykk og vil ikkje at nokon skal gå fortapt, men at alle skal nå fram til omvending. 10 Men Herrens dag skal koma som ein tjuv. Då skal himmelen forgå med eit brak, elementa skal koma i brann og løysast opp, og jorda og alle gjerningane som er gjorde på jorda, skal koma fram i ljoset.
    11 Når no alt dette skal gå i oppløysing, kor heilagt og gudfryktig må de ikkje då leva, 12 medan de ventar på at Guds dag skal koma, og skundar han fram. Då skal himlane øydast i eld og elementa brenna og bråna. 13 Men vi ser fram til det han har lova: ein ny himmel og ei ny jord, der rettferd bur.

Framskunde den dagen ved reinsing i Jesu blod.

Evangeliet skal først forkynnast for alle folkeslag.

Matt.24,1 Så gjekk Jesus bort frå templet. Då han var på veg ut, kom læresveinane til han og peika på tempelbygningane.  2 Men han sa: «Sjå alt dette! Sanneleg, det seier eg dykk: Her skal det ikkje liggja att stein på stein; alt skal rivast ned.»
   
 3 Sidan, då han sat på Oljeberget og læresveinane var åleine med han, spurde dei: «Sei oss: Når skal dette henda? Og kva er teiknet på di atterkome og verdsens ende?»
     4 Jesus tok til ords og sa:
        Ta dykk i vare, så ingen fører dykk vilt!  5 For mange skal koma i mitt namn og seia: «Eg er Messias.» Og dei skal føra mange på villspor.  6 De skal høyra om krig, og det skal gå rykte om krig. Sjå til at de ikkje lèt dykk skræma! For dette lyt henda; men enno er ikkje enden komen.  7 Folk skal reisa seg mot folk og rike mot rike, og det skal vera hungersnaud og jordskjelv mange stader.  8 Men alt dette er berre dei fyrste føderiene.
     9 Då skal dei forråda dykk, driva dykk ut i trengsle og slå dykk i hel. Ja, alle folk skal hata dykk for mitt namn skuld. 10 Mange skal då falla frå, og dei skal svika kvarandre og hata kvarandre. 11 Mange falske profetar skal stiga fram og føra mange vilt. 12 Og av di lovløysa har vorte så stor, skal kjærleiken kolna hjå dei fleste. 13 Men den som held ut til enden, han skal verta frelst. 14 Og evangeliet om riket skal forkynnast i heile verda til vitnemål for alle folkeslag, og då skal enden koma.

Heb.2,8 Alt la du under hans føter.
        Når det står: «Alt la du under han», då er ingenting unnateke; alt skulle leggjast under han. Enno kan vi ikkje sjå at alt er lagt under han.  9 Men vi ser Jesus, han som for ei lita stund var sett lågare enn englane, krona med herlegdom og ære fordi han leid døden. Såleis skulle han ved Guds nåde smaka døden for alle.

Jesus vann ein fullkommen siger på korset. Oddleif samanlikna det med d-dagen, då ei allierte styrkane gjekk i land i Normandi.

David og folket hans flykta for Absalom og hæren hans,

2.Sam.15,23 Alt folket gret høgt då hæren fór framom. Kongen stod nedmed Kedron-bekken, og hæren gjekk framom han langs vegen ut mot øydemarka.

Oddleif samanlikna det med Jesus og disiplane i Getsemane, medan dei venta på svikaren og dei han hadde med seg.

David syrgde over son sin, men kven skulle først bringe David tilbake til trona? Dei som stod han nærast, judearane, sidan han var av Judas ætt.

2.Sam.19,41 Men best det var, kom alle israelittane til kongen og sa: «Kvifor har frendane våre, judearane, teke kongen og ført han og huslyden hans og alle Davids menn over Jordan?» 42 Då tok alle judearane til ords og svara israelittane så: «Fordi kongen står oss nærast.

Oddleif samanlikna det med når kong Håkon kom tilbake til Oslo etter at krigen var over.

«Apantesis» er eit gresk ord for å å gå ein konge, hovding eller hæførar i møte, for å bringe han tilbake på trona. Lyden av den siste basun som varslar Jesu gjenkomst, har den tydinga. Sameleis ropet om at brudgomen kjem i likninga om dei ti brurmøyane.

Det vart brukt om korleis dei kristne brørne tok imot Paulus når han kom til Rom.

Apgj.28,14 Der råka vi nokre brør, som bad oss vera hjå dei ei vekes tid. Så fór vi til Roma. 15 Brørne der hadde høyrt om oss og møtte oss heilt ute ved Forum Appii og Tres Tabernæ. Då Paulus såg dei, takka han Gud og fekk nytt mot.

Det vert brukt om korleis vi skal møte Jesus, når han kjem att.

1.Tess.3,13 Så skal han styrkja hjarto dykkar, og de skal stå ulastande og heilage for Gud, vår Far, når vår Herre Jesus kjem med alle sine heilage.

Vi skal proklamere at sigeren er vunnen. Oddleif samanlikna det med det kjende biletet av to norske heimevernsoldatar som møtte to tyske offiserar utanfor Akershus festning for å ta over festninga.

1.Joh.3,8 Den som syndar, er av djevelen, for djevelen har synda frå opphavet. Og det var for å gjera ende på djevelens verk at Guds Son openberra seg.

Profetisk bodskap.

Oddleif peika på ein mann ned i salen og sa noko om at han såg kva som kom til å møte han og sa:

« … drive fienden på flukt. Du skal få se at den vonde må vike, når du begynner endå sterkere å proklamere navnet Jesus, han som er over alle andre navn. Og jeg vil bare oppmuntre deg og si det, at det ord som du har i hjertet, det ord som er i din munn, det skal du med frimodighet tale ut og du skal ikke gå langt bak, men du skal gå foran og være med og heise flagg og vise vei til de som er i mørke.  Forvirringen skal bort og du skal se klart og du skal gå fram, ikke alene, men sammen med Jesus, sammen med kona di, sammen med dine nærmeste, så skal du få se at det er ferdiglagte gjerninger som venter på deg. Amen. Gir det mening, St? Ja, svara han.

Aktuelle bibelvers.

Kedronbekken renn i dalen mellom tempelberget og oljeberget, Getsemane er i dalbotnen. Denne dalen er også kalla Josjafat-dalen.

Joel.3,6 For sjå, i dei dagane og på den tida,
          når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem,
          
     7 då vil eg samla alle folkeslag
          og føra dei ned i Josjafat-dalen.
          Der vil eg halda rettargang med dei
          om Israel, mitt folk og min eigedom,
          som dei spreidde mellom folka.
          Dei delte landet mitt
          
     8 og kasta lodd om folket mitt,
          dei gav ein gut for ei hore
          og selde ei jente for vin,
          og den drakk dei opp.

2.Sam.19,8 Israelittane hadde rømt heim, kvar til seg.  9 Då tok folket i alle Israels-ættene til å tretta med kvarandre. Dei sa: «Det var kongen som berga oss frå fiendane våre og fria oss frå filistarveldet. No har han rømt landet for Absalom. 10 Men Absalom, som vi salva til konge over oss, er fallen i striden. Kvifor gjer de då ingen ting for å henta kongen heim att?» 11 Kong David fekk vita kva alle israelittane tala om. Då sende han bod til prestane Sadok og Abjatar med desse orda: «Tal til dei eldste i Juda og sei: Kvifor skal de vera dei siste til å henta kongen heim att? 12 De er då brørne mine, av same kjøt og blod som eg. Kvifor skal de vera dei siste til å henta kongen heim att? 13 Og til Amasa skal de seia: Er ikkje du av same kjøt og blod som eg? Gud la det gå meg ille både no og sidan om ikkje du heretter skal vera hærførar i staden for Joab.» 14 Såleis vann han judearane for seg, alle som ein. Dei sende bod til kongen og sa: «Kom att, både du og alle mennene dine!» 15 Så gav kongen seg på heimveg. Då han kom til Jordan, var judearane alt komne til Gilgal; dei ville ta imot han og føra han over Jordan.

Kommentar.

Ta tilflukt hos Herren og i hans kyrkjelyd, til vern for deg sjølv og dine næraste.

Søndag 30.10.2022 innleia Oddleif Wahl formiddagsmøtet med å lese frå Ef.4, om å vere eitt i Anden, verte den mogne mann og vekse opp til han som er hovudet for lekamen, Kristus. Vidar Dalsbø talte om at når Gud utgyt sin Ande over oss, så skal nådegåvene fungere. Han la vekt på ordet «skal».

Ja, det har då si årsak i at Gud ved sitt Ord og sin Ande får makt i våre liv, Gud har gitt oss sin Ande og vi let den råde i våre døyelege lekamar. I slutten av dette møtet kom ein profetiske bodskap, den kom så brott på at eg rakk ikkje å spele inn første setningane. Igjen kom eg uheldig vis borti kanten på skjermen og stoppa innspelinga, så eg fekk ikkje med slutten heller. Innspelt:

« …. inni dei kommande timar, dagar, veker og år. Eg har gitt deg for at du skal vere med i den forsamling som kan gi beskyttelse, fred for ditt ekteskap, din heim og ditt personlege liv i dei komande dagar. For no går vi inn i ei tid der mitt 9. april 1940 er bagateller. Det kan skje innan minutt, timar eller dagar, ei omveltning som denne verda og denne kloda aldrig har sett maken til. Lat ditt hjem, du som er far, sammen med din hustru og dine barn …..»

På ettermiddags-møtet talte Oddleif om «gjenoppretting og utviding», eg formulerer det kort slik: Vi veit at Jesus døde for oss for å gjenopprette vårt forhold til Gud, ved at han gir oss ein ny identitet. Men han har også ei stor hensikt med det, som kan kallast utviding, for evangeliet skulle forkynnast for alle folkeslag. Til slutt minna han oss om å kveike på nytt nådegåva (2.Tim.1,6).

Når eg høyrde denne profetiske bodskapen i slutten av formiddagsmøtet, tenkte eg med ein gong på skriveriet mitt på «Møre-jarl.no». I slutten av møtet foreslo leiaren at fleire kunne samle seg til forbønn framfor talarstolen, eg også kom fram og etterpå sa eg at eg ville melde meg inn i Sion Åheim. Heilt sidan eg var ung har eg bedt Jesus om å gi meg ei frelst kvinne til kone, han kalla meg til å komme til han med den saka, derfor kontakta eg leiinga i kyrkjelyden eg gjekk i om den saka og det har eg gjort sidan. Denne bodskapen går på det same, om å tilflukt til Jesus og hans kyrkje, for å få seg ei frelst kvinne til kone og for å redde ekteskap og familieliv. Men når eg pratar til dei om det, så viser det seg at dei ikkje heilt vil godta at eg skal kunne be Jesus om å gi meg ei kone. Dei kjem med forslag om «dating» også på internett og spesielt for kristne. Til tross for at eg viser til Guds Ord og til kva Gud har talt til meg gjennom taler og tyding av tungetale i mange år. Så det kjem som eit ekko av ormens spørsmål til kvinna: «Har Gud verkeleg sagt …..». Men då er det sentrale poenget med å gå på møte og verte med i ein kyrkjelyd borte, det vert ikkje forstått eller godteke. Medlemsskapet er ein formalitet, men det eigentlege åndelege poenget kjem ikkje skikkeleg med. Det minner om når David ville halde folketeljing, det gjekk ikkje særleg bra, for Gud hadde då lova Abraham at han ville gjere dei så mange som stjernene på himmelen og sanden på havsens strand, så mange at ingen kunne telje dei. David innsåg at han hadde vorte freista og fekk velje mellom tre straffedomar. Både han og folket vart straffa.

Jesus gir meg augesalve, så eg skal bedømme det åndelege med åndelege auge.

Jesus varsla meg om at der kjem tider og freistingar då eg prøver å bedømme det åndelege med kjøtlege auge, bodskapen 23.10.2022:

«Det vil komme tider og det vil komme fristelser, hvor du prøver å bedømme åndelige ting med kjøtelige øyne. Men jeg har gitt deg øyensalve, så du kan se og bedømme det åndelige med mine øyne, så du kan se og avgjøre ting i den åndelige verden, slik den Hellige Ånd vil at du skal bedømme og se ting. Se deg ikke engstelig om, la deg ikke gripe av angst og frykt, la deg ikke gripe av andre mennesker, som skal fortelle deg hvordan du skal analysere. Gå til mitt ord, be om å få øyensalve og jeg skal gi deg det og du skal se og jeg skal openbare min herlighet og mine løsninger og min standard for deg, sier Herren.»

Så eg ombestemte meg og ville ikkje melde meg inn i Sion Åheim. Eg skulle ikkje la meg gripe av andre menenske som ville fortelje meg korleis eg skulle analysere, det vart det tydeleg vis prøvt på allereie 6.11, ved at det vart forkynt at vi må anstrenge oss for å tru, for å få lækjedom.

Men Jesus har gitt meg augesalve, så eg har fått eit anna syn både på korleis eg skal få meg ei kone og på lækjedom ved bøn. Og det vil eg halde fram i det laupet og i den planen Jesus har med meg. Eg kan godt be om meir augesalve, så eg får meir innikt og kan analysere meir i den retninga eg trur Jesus leier meg. Eg har allereie byrja på eit nytt dokument, der eg skriv om at Gud er fullkommen og at han har omsorg for oss.

Leave a comment