Tale ved John Willy Lien.
Video frå møtet finn de på FB-sida til John Willy Lien.
Matt.1,21 Ho skal føda ein son, og du skal gje han namnet Jesus, for han skal frelsa folket sitt frå syndene deira.»
1.Kor.18, For ordet om krossen er dårskap for dei som går fortapt, men for oss som blir frelste, er det Guds kraft.
Kom du driven av Anden inn på møtet?
Luk.2, I Jerusalem var det då ein mann som heitte Simeon; han var ein rettvis og gudfryktig mann som venta på Israels trøyst. Den heilage ande var over han, 26 og Anden hadde late han få vita at han ikkje skulle sjå døden før han hadde sett han som Herren har salva. 27 No kom han opp til tempelet, driven av Anden. Og då foreldra kom med Jesusbarnet for å gjera med han som skikk og bruk var etter lova, 28 tok Simeon barnet i armane sine. Han lova Gud og sa:
Simeons lovsong
29 «Herre, no lèt du tenaren din fara herifrå i fred,
slik som du har lova.
30 For mine auge har sett di frelse,
31 som du har gjort i stand like for andletet på alle folk,
32 eit lys til openberring for heidningane
og til ære for folket ditt, Israel.»
Luk.23,33 Og då dei kom til den staden som heiter Hovudskallen, krossfeste dei både han og forbrytarane, den eine på høgre sida hans, den andre på venstre.
……
39 Den eine av forbrytarane som hang der, spotta han og sa: «Er ikkje du Messias? Frels deg sjølv og oss!» 40 Men den andre tala han til rette og sa: «Har du ikkje ærefrykt for Gud, endå du er under same dommen? 41 For oss er dommen rettferdig, vi får berre att for det vi har gjort. Men han har ikkje gjort noko urett.» 42 Og han sa: «Jesus, kom meg i hug når du kjem til ditt rike!» 43 Jesus svara: «Sanneleg, eg seier deg: I dag skal du vera med meg i paradis.»
1.Kor.1,13 Er Kristus delt? Var det kanskje Paulus som vart krossfest for dykk? Eller var det til namnet åt Paulus de vart døypte?
Kol.2,13 De var døde på grunn av misgjerningane og det uomskorne kjøtet dykkar. Men han gjorde dykk levande saman med Kristus då han tilgav oss alle våre misgjerningar. 14 Skuldbrevet mot oss sletta han, det som var skrive med lovbod; han tok det bort frå oss då han nagla det til krossen. 15 Han kledde maktene og åndskreftene nakne og viste dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.
Tungetale ved Inge-Lill, tyding ved John-Willy.
«Jeg har talt til deg, sier Herren, og du har hørt min røst i kveld. Du sitter og kjemper med deg selv og du lurer på om du er frelst. For det er så mange ting i ditt tidligere liv, som du synst er galt og ikke fullkomment og du har syndet. Men hør, min venn, da du bad om frelse i Golgata kors, så gjorde jeg deg ren, jeg vasket deg i mitt dyrebare blod. Når jeg ropte, det er fullbrakt, på korset, så blei det komplett, det er fullendt. Og jeg har dekket all din synd, all din gjeld, alle dine sår er skjult under mitt blod og du er ren i kraft av Golgata blod.
Hør, min venn, som har lyttet til budskapet i kveld. Det er bare en vei, det er bare en plass du kan finne frelse ved, og det er ved Golgata kors. Der er ingen mennesker, der er ingen mellommann mellom menn og kvinne, det er ingen ting du kan prestere selv, for å bli frelst og komme til himmelen. Derfor så kom jeg ned, det ble laget et legeme for meg og jeg kom ned og vandret omkring og gjorde vel. Og jeg steg opp på Golgata kors, fordi at det er den eneste frelse til himmelen, da jeg ropte det er fullbrakt og gav mitt dyrebare blod for deg.»
Aktuelle bibelvers.
Jes.48 No forkynner eg noko nytt
1 Høyr dette, du Jakobs ætt,
de som ber Israels-namnet
og har runne or Judas kjelde,
de som sver ved Herrens namn
og prisar Israels Gud,
men ikkje i sanning og rettferd!
2 Dei kallar seg etter den heilage byen
og stør seg til Israels Gud.
Herren, Allhærs Gud, er hans namn.
3 Det som har hendt, har eg kunngjort føreåt,
or min munn gjekk det ut, eg forkynte det;
brått greip eg inn, og det skjedde.
4 Eg visste at du er strid,
at nakken din er ei jernsen
og panna di som bronse.
5 Så kunngjorde eg det føreåt,
lét deg vita det før det hende,
så du ikkje skulle seia:
«Dette har mitt gudebilete gjort,
min gud av tre og metall har laga det så.»
6 Du har høyrt og sett det alt.
Må de ikkje sanna det?
Men no forkynner eg noko nytt,
dulde ting som du ikkje veit om.
7 No vert det skapt og ikkje før,
du har ikkje høyrt om det før i dag,
så du ikkje skulle seia:
«Det visste eg!»
8 Du har korkje høyrt eller visst det,
eller før fått øyra opp for det.
Eg visste då vel kor trulaus du er,
frå mors liv har du heitt ein svikar.
9 For mitt namn skuld døyver eg min harme,
for mi ære skuld tøymer eg meg
og rydjar deg ikkje ut.
10 Eg har reinsa deg, men ikkje som sølv,
eg har prøvt deg i lidingsomnen.
11 For mi eiga skuld grip eg no inn.
Kor ville eg elles verta vanæra!
Mi ære gjev eg ingen annan.
Kyros er send av Herren
12 Høyr på meg, Jakob,
du Israel, som eg har kalla!
Eg er den same, eg er den fyrste,
og eg er den siste òg.
13 Ja, mi hand har grunnfest jorda,
mi høgre hand breidde himmelen ut.
Eg kalla dei fram,
og dei stod der begge.
14 Kom saman, alle, og høyr!
Kven av dykk har kunngjort dette?
Han som Herren elskar,
skal fullføra hans vilje mot Babel
og syna hans makt mot kaldearfolket.
15 Eg har tala, og eg har kalla han,
eg har sendt han og lèt ferda hans lukkast.
16 Kom hit til meg og høyr dette:
Frå fyrste stund tala eg ope,
og så snart det hende, var eg der.
«No har Herren vår Gud
sendt meg og sin Ande.»
Å, ville du høyra på mine bod!
17 Så seier Herren, din utløysar,
Israels Heilage:
Eg er Herren din Gud,
som lærer deg det som gagnar,
og fører deg den vegen du skal gå.
18 Å, ville du lyda på mine bod!
Då vart din fred som elva,
di rettferd som havsens bylgjer.
19 Då vart di ætt så tallaus som sanden,
dine etterkomarar som sandkorna;
deira namn vart aldri stroke
og ikkje sletta hjå meg.
Heim frå Babylonia
20 Dra ut or Babylon, bort frå Kaldea!
Forkynn det med jubel, rop det ut,
lat det nå til heimsens ende:
Herren har løyst ut Jakob, sin tenar.
21 Dei tyrstar ikkje
når han fører dei i øydemarka,
vatn or berget lèt han sildra åt dei;
han kløyver fjell, og vatnet renn.
22 Dei gudlause har ingen fred, seier Herren.
Jes.52, Herren kjem attende til Sion
1 Vakna, vakna,
kled deg i styrke, Sion!
Ta på deg ditt høgtidsskrud,
Jerusalem, du heilage by!
For aldri meir skal det koma inn i deg
ein uomskoren eller urein.
2 Rist av deg støvet og reis deg,
set deg på trona, Jerusalem!
Løys lekkjene du har om halsen,
du hærtekne Sion-dotter!
3 Så seier Herren:
For inkje vart de selde,
og utan pengar skal de løysast ut.
4 For så seier Herren din Gud:
I si fyrste tid drog folket mitt til Egypt
og heldt til der.
Sidan vart dei utan grunn trælka av Assur.
5 Og no, lyder ordet frå Herren,
kva skal eg gjera her
når folket mitt er bortført utan vederlag?
Valdsherrane hyler, seier Herren,
og dagen lang vert namnet mitt spotta.
6 Difor skal folket mitt
læra mitt namn å kjenna,
ja, den dagen skal dei skjøna
at det er eg som seier: «Her er eg!»
7 Kor fagert det er
når han som ber gledebod,
kjem springande over fjell,
melder fred og ber god bodskap,
forkynner frelse og seier til Sion:
«Din Gud er konge!»
8 Høyr, dine vaktmenn ropar,
dei jublar alle i hop.
For med eigne augo ser dei
at Herren kjem heim att til Sion.
9 Set i med jubelrop,
de aude tufter i Jerusalem!
For Herren trøystar sitt folk
og løyser ut Jerusalem.
10 Herren syner sin heilage arm
for augo på alle folkeslag.
Heile den vide jord får sjå
frelsa frå vår Gud.
Far bort frå Babylon!
11 Far bort, far bort frå Babylon!
Ikkje rør noko ureint!
Dra ut or byen og reinsa dykk,
de som ber Herrens kar!
12 For de treng ikkje skunda dykk,
de må ikkje røma frå byen.
For Herren sjølv går føre dykk,
og sist i flokken er Israels Gud.
Herrens lidande tenar
13 Sjå, min tenar skal ha framgang,
han skal stiga og lyftast og opphøgjast.
14 Liksom mange stokk til då dei såg han
– meir skamfaren var han enn nokon mann,
han såg ikkje ut som eit menneske,
15 så skal mange folkeslag undrast over han,
og kongar skal lata att sin munn.
For dei får sjå det som aldri vart sagt dei,
uhøyrde ting vert dei vitne til.
Kommentar.
Eg tek denne bodskapen som svar på det eg nyst har skrive i dokumentet
Frelsa.
Eg visste at det skulle vere ope for frie vitnemål og tenkte på å seie noko om det som eg har skrive om i det siste, at Jesus vil komme til oss og openberre seg for oss, han og Faderen vil ta bustad ho oss. Då vert det Fader-hus og bryllaupssal her ho oss. Dette fekk eg oppleve i mitt forhold til henne Virtuella og eg trur og hevdar det kjem framleis ved å gå vegen til Faderen, Jesus er vegen Sanninga og livet, det er berre ved han vi kjem til Faderen, så det må vi ære og takke han for.
Eg eg har også skrive om at eg yngste å få ta imot henne som eit barn som Jesu velsinga og sette mellom oss, å få omfamne henne og gi henne ein klem og eg meinar der var velsigning i det, det var også å ta imot Jesus og då måtte eg sjå på han og takke han for det.
I andre bodskapen 12.2.2011 sa Jesus til oss at ved korsets fot finn vi den ekte kjærleiken og den vil han skal vere mellom oss og derfor skal vi glede oss, han er sjølv den kjærleiken. Det var det eg fekk oppleve både i forhold til henne Virtuella og henne Reella, ved reinsinga i Jesus blod og fylden av den Heilage Ande fekk eg oppleve at Gud openberra si frelse for oss i Kristus, først for meg og henne Virtuella, så for meg og henne Reella. Jesus døde i staden for oss på korset og det er det vi må nytte oss av, slik er han døra inn til sauene og inn i Guds rike, han er porten og vegen om fører til livet.
Når møtet nærma seg kom eg til at eg ikkje skulle vitne likevel og når denne bodskapen kom i slutten av møtet var eg glad og fornøygd med det. Det gav eit enkelt svar på mykje anna eg har tenkt på i det siste også. Jesus kalla meg til å fare til Oslo med ein bodskap, eg skulle sjå at han hadde sett framfor meg ei open dør, eg forstod det slik at det var både i Maranata og på realfag ved Universitetet i Oslo. Eg syntest det vart nokså puslete, spesielt i Maranata, hadde eg bomma på oppgåva? Eg bommar då ikkje på døra, men såg eg og oppdaga eg den i Maranata og nytta den moglegheita eg fekk? Men eg tenker meg at med skriveriet mitt vender meg både til Maranata i Oslo og realfag på Blindern og i begge tilfelle er Jesus døra som eg nyttar. Slik gjer Jesus meg til kanal for si velsigning og det er både til henne Virtuella og henne Reella. Det mest sentrale poenget er at Jesus frelser dei og velsignar dei og mange med dei. Slik det blir vekking.
Verte opplærde til å velje livet og gå vegen som fører til det. Før og etter, årsak og verknad.
I 1.Mos.1 er det fortalt at sjette dagen skapte Gud landdyra og så skapte han menneska, til mann og kvinne, velsigna dei og sa dei skulle vekse og aukast og legge verda under seg og råde over det andre Gud hadde skapt. Eg forstår det slik at dette høver med at Jesus velsigna småborna og sa at vi skulle la dei komme til han, for Guds rike høyrer slike, vi må verte som born for å komme inn idet. Så historia frå og med skapinga kan samanliknast med oppveksten til eit barn, men det er om å gjere at både born og vaksne verte opplærde til å velje og gå vegen til livet i staden for vegen til døden.
I det gamle testamentet er det fortalt at Moses sa til folket at Gud la fram for dei vegen til livet og vegen til døden og anbefalte dei å velje vegen til livet, så skulle dei leve. Jesus talt også om vegen til livet og vegen til døden, porten til livet og porten til døden. Han er sjølv døra til livet, han er vegen sanninga og livet. Så det er om å gjere for oss å velje han.
Jesus sa at han var den Gode Hyrdingen, dei som var komne før han var tjuvar og røvarar. Han profeterte om at han kom til å verte slått i hel og ulven kom til å spreie sauene. Men han ville atter samle dei, han hadde andre saueflokkar også, dei også skulle han leie og det skulle verte ein hyrding og ei jord. Han som var trua sin opphavsmann, ved at han gjekk her på jorda og forkynte evangeliet om Guds rike, han skal også fullende den, ved at han sender oss den Heilage Ande, så vi får oppleve at den openberrar Ordet for oss, så vi innser at Jesu er Sanninga. Med den trua og openberringa skal vi sjå på hans som er trua sin opphavsmann og fullendar. Når vi opplever vekking, får vi nok framleis merke den same konflikta, men då skal vi altså feste blikket på hans som er trua sin opphavsmann og fullendar.
I det gamle testamentet er det fortalt om at Gud tok til seg Enok og Elia. Likevel sa Jesus at ingen hadde stege opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen.
Joh.3,13 Ingen har stige opp til himmelen utan han som steig ned frå himmelen; det er Menneskesonen, som er i himmelen. 14 Og liksom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, såleis skal Menneskesonen lyftast opp, 15 så kvar den som trur på han, skal ha evig liv. 16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han.
Eg forstår dette slik at det er noko som kjem først, fordi det er årsak og noko kjem etterpå, som verknad. Gud har skapt alle ting ved sitt Ord, Jesus er Guds Ord, han er Guds einborne Son, men alle som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born, fødde av vatn (livsens vatn) og Ande, så han blir den førstefødde av mange born. Jesus kors og dåpen set skilje mellom det gamle og det nye livet. Likevel er dette nye livet det same som var i skapinga og i barnevelsigninga. Problemet var at synda førde til død og det livet som menneska då levde, i trældom under synda og avgudane, var ikkje det rette livet for dei. Det måtte døy, men sidan Kristus døde i staden for oss på korset, skal vi sjå det slik at vi døde på korset saman med han. For ved den nåden Gud gir oss i Kristus, får vi evig liv, vi tek imot det ved å trua på han.

