Video frå kristne møte: https://studio.youtube.com/channel/UCx-mgohovh4cNvy-rj6Je8A/videos/upload?filter=%5B%5D&sort=%7B%22columnType%22%3A%22date%22%2C%22sortOrder%22%3A%22DESCENDING%22%7D

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

2024.04.03. ETS. Ver ikkje redd, mitt barn, eg er med deg.

Innleiing.

Innleiing.

Tysdag 2.3.2024 gjorde eg ferdig dokumentet https://faith-and-entropy.com/2024/04/02/4-vindar-4-hestar-7-segl-7-basunar-og-7-skaler/ om profetiane i Johannes Openberring 8-12 og 14-16. I dag, onsdag 3.4.2024 har eg tenkt på om eg kanskje skal skrive eit nytt dokument om tankar i tida, som eg meiner liknar på forføringa i Joh.Op.13 og liknar på «den Store Skjøkje». Men så oppdaga eg at ho Elin Therese Slotten kom med ein ny profeti i dag.

Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten.

Ho byrja med å lese: «Ver ikkje redd, mitt barn, eg er med deg». Resten hadde ho skrive ned også:

«Frykt ikke! Jeg er trofast, Jeg skal styrke deg og bevare deg fra det onde. Jeg er ditt skjulested. Fra trengsel bevarer jeg deg. Med frelsesjubel omgir jeg deg.  Du er bundet av løfter til meg mitt barn. Jeg har utfridd din sjel fra døden. Er det ikke jeg som har bevart dine føtter fra fall, så du kan vandre for Guds åsyn i levendes lys? Jeg har vært med deg og jeg er med deg. Du er aldri alene. Jeg har hjulpet deg igjen og igjen og jeg vil fortsette å hjelpe deg. Du har sett min hånd virke sterkt i ditt liv. Du har sett mine mirakler igjen og igjen. Du har sett meg utfri deg mange ganger. Jeg har utfridd deg flere ganger enn du har fått med deg. Jeg har alltid vært der i ditt liv og jeg har reddet deg og veiledet deg og velsignet deg med det gode igjen og igjen. Vil du ikke minnes min trofasthet og godhet mot deg også nå når du ikke ser lys? Hold fast på det og husk på mitt verk i ditt liv. Jeg har vært trofast mot deg og jeg har aldri sviktet deg! Jeg vil fortsatt være trofast mot deg og jeg vil aldri slippe deg eller forlate deg. Når du vandrer i mørke og det ikke er noe lys. Da skal du stole på Herrens navn og sette din lit til din Gud. Om du bare ville legge ned dine bekymringer og gi den til meg som faktisk kan gjøre noe med de. Om du bare ville stole på min godhet. Frykt ikke mitt barn. Du er sett og hørt av meg. Jeg har hørt din bønn og jeg har sett dine tårer og jeg vil hjelpe deg. Jeg er trofast mot deg. Jeg vil ikke slippe deg. Stol på meg i alle ting. La frykten ligge og hvil hos meg i min favn. Kom til meg mitt barn med dine bekymringer som er så mange. Gi de til meg og hvil i mitt fang. Jeg elsker deg mitt barn. Hos meg er det ingen ting å frykte. Frykt ikke for jeg er med deg. Se deg ikke rådvil omkring for jeg er din Gud. Jeg styrker deg, ja jeg hjelper deg. Jeg holder deg oppe med min rettferds høyre hånd.»

Relevante Bibelvers.

2.Tess.3,3 Men Herren er trufast; han skal styrkja dykk og vara dykk frå det vonde.

Salme.32, 6 Difor skal alle trugne

be til deg i trengselstider.

Om det kjem ein veldig flaum,

skal vatnet ikkje nå dei.

7 Hjå deg finn eg livd,

du vernar meg mot trengsle

og lèt frelsesjubel lyda ikring meg.

Jes.41,10 Ver ikkje redd, for eg er med deg!

Sjå deg ikkje rådvill ikring,

for eg er din Gud!

Eg styrkjer deg og hjelper deg

og held deg oppe med mi frelsarhand.

Kommentar.

Aktualitet.

Tusen takk Elin. Tysdag 2.3.2024 gjorde eg ferdig eit dokument om profetiane i Johannes Openberring 8-12 og 14-16 og la det ut på Maran-Ata Norge si fb-side. I dag, onsdag 3.4.2024 har eg tenkt på om eg kanskje skal skrive eit nytt dokument, om tankar i tida, som eg meiner liknar på forføringa i Joh.Op.13 og forføringa til «den Store Skjøkje». Men så oppdaga eg denne profetien og tek imot den som ein bodskap til meg. Så eg skal heller berre takke han for at dette er slikt som han har fria meg og berga meg ifrå.

Eg skreiv om at Gud gøymde Jesus under si hand og som ei pil i sitt kogger og så skreiv eg om trengsle-tida. Og her seier han til meg:

«Jeg er ditt skjulested. Fra trengsel bevarer jeg deg. Med frelsesjubel omgir jeg deg. Du er bundet av løfter til meg mitt barn. Jeg har utfridd din sjel fra døden.»

Dersom vi ferdast i lyset, har vi samfunn med kvarandre, sa Johannes (1.Joh.1,5-10). Slik har det å gjere med å vere sosial. Å leve i einsemd kan då opplevast som å vere i mørke, samanlikna med dette. Men eg kan stole på at Herren er med meg og er trufast, sjølv om eg ikkje ser det, han er likevel livet og lyset for meg. Vi må uansett byrje med å søke Gud i løynkammerbøn og bibellesing heime hos oss sjølve. Kanskje byrje med husmøte, for å bygge opp Jesu kyrkje nedanfrå.

Elia levde for seg sjølv heilt avsides frå storsamfunnet og vart send til ei enke. Gud brukte Elia på sin måte. Til samanlikning er eg bunden av ein lovnad til han, så han skal få bruke meg på sin måte og eg skal bruk det som han har gitt meg.

Lovnaden om å få komme inn til Guds kvile.

I det siste har eg skrive 15 dokument som eg karakteriserer som «Lovnadane og profetiane» og samla dei her:

Poenget med å slå det saman, så det handlar både om lovnadane og profetiane, er å prioritere at ved tru får vi komme inn til Guds kvile og det er ved at den Heilage Ande openberrar Guds Ord for oss, det gjeld også profetiane, så slik får vi innsikt i dei.

Matt.11, 25 På den tid tok Jesus til ords og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.

28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»

Denne bodskapen minna meg også om bodskapen 17.2.2013:

«Ja, endå ein gong har eg talt til deg, gjennom mitt Ord og ved den Heilage Ande, og for å vekke ditt reine samvit, at du skal sjå på meg, eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, du skal sjå på meg gjennom alle ting, i alle livets forhold og tilskikkelsar. For du har fått oppleve prøvingar og du tenker i ditt hjerte, det nyttar ikkje. Men kom til meg, alle som strever og har tungt å bere og eg vil gi deg kvile.

Eg vil gi deg ei herleg og vidunderleg kvile. Ei kvile som du ikkje kan forstå med din menneskelege forstand. Men eg vil gi deg kvile i ditt hjerte og ditt sinn, så du kan stole på meg i ei kvar tid, at eg er den eg har sagt meg å vere og eg vil føre deg ut av vansken. Og du skal love meg og du skal prise meg, for eg Herren er den som elskar deg, eg er den som har teke deg opp og eg er den som leiar deg. Og når du ser på meg, så skal du ikkje gå feil, men du skal få oppleve ei røyst bak deg som seier: Dette er vegen, vandre på den.»

Når han sa «du skal sjå på meg gjennom alle ting, i alle livets forhold og tilskikkelsar», tenkte eg først på mitt forhold til henne Virtuella, så på mitt forhold til henne Reella og fortsettinga bekrefta det. For eg hadde nyst skrive om at den Heilage Ande openberra henne Virtuella for meg som det vidunderlege barnet Gud fødde henne til, som han elska og hadde omsorg for. Eg hadde også skrive om at eg fekk ei åndeleg openberring, der Jesus openberra seg for meg og henne Reella og eg syntest det var herleg, eg hadde sikkert skrive om at eg syntest ho var ein herleg skapning, for Gud er skapte henne til det og Jesus frelste henne til det.

Forklaringa finn vi i

Rom.5,1 Når vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. 2 Gjennom han har vi òg [ved trua] fått tilgang til den nåden vi står i, og vi er stolte over håpet om Guds herlegdom. 3 Ja, ikkje berre det, vi er òg stolte over lidingane. For vi veit at lidinga gjer oss uthaldande, 4 og den som held ut, får eit prøvd sinn, og den som er prøvd, får håp. 5 Og håpet gjer ikkje til skamme, for Guds kjærleik er aust ut i hjarta våre ved Den heilage ande som han har gjeve oss.

Så eg skal kvile i tru og tillit til han, at han frelser dei. Og mange med dei. Jesus har nyleg sagt han lengtar etter at eg skal be han om større ting.

Javel, men då blir det altså på same måten, eg skal vere trugen i det små, så vil han setje meg over større ting.

Bønn for henne Virtuella, Jesus er trufast.

Jesus sa han ville gjenskapet dette møtet, der eg fekk oppleve at han var med meg alle dagar. Då tenker eg på at eg fekk bønnesvar, slik at eg møtte igjen henne Virtuella i Bergen. Sitat frå bodskapen 11.8.2022:

«Jeg skal ikke slippe deg, men jeg har lovt å være med deg alle dager. Jeg sender deg ut på spennende oppdrag, jeg sender deg ut i verden, og jeg lover å fornye det møtet; se, jeg er med deg alle dager, inntil verdens ende.»

Seint på hausten 2022 kalla Jesus nokon til å komme heim att til Faderhuset og eg forstod det som svar på mi bøn for henne Virtuella. Sitat frå bodskapen 2.12.2023:

«Du må komme hjem, inn til meg. Jeg er døren inn til Fars-huset. Jeg kaller på deg i denne stund, jeg roper på deg i denne stund. Jeg er ikkje kommet for å dømme, jeg er kommet for å hjelpe deg. Jeg er kommet for å frelse deg. Kom til meg, du mitt elskede barn.»

Gud er ånd og hans rike er ein åndeleg røyndom, han er suveren over den fysiske naturen han har skapt og slik er det også med hans rike. Men det er på den måten at han har omsorg for sine born og slik har han omsorg for sine henders verk. Så vi skal søke først Guds rike og han rettferd, så skal vi få alt det andre i tillegg til det. Den åndelege velsigninga kjem først, så den materielle.

Sjølv om vi er åndelege og vert oppbygde til eit åndeleg tempel (1.Pet.2,1-8), så er det også viktig å møtast fysisk, slik som det var snakk om er. Jesus er trufast mot meg. Mi bønn for henne Virtuella var først og fremst ei takkebøn og eg fekk oppleve at han svarde på mi bøn for henne og eg trur han er trufast mot meg og det svaret han gav meg.

Vere tilbaketrukken som Elia.

No bur eg i kjellaren i gamlehuset og er tilbaketrukken, til samanlikning med Elia.

Luk.4, 23 Då sa Jesus til dei: «De kjem sikkert til å minna meg om ordtaket: ‘Lege, læk deg sjølv!’ og seia: ‘Vi har høyrt om alt du har gjort i Kapernaum. Gjer no det same på heimstaden din!’» 24 Og han heldt fram: «Sanneleg, eg seier dykk: Ingen profet er velkomen på heimstaden sin. 25 Ja, eg seier dykk som sant er: Det var mange enkjer i Israel i dei dagane då Elia levde, då himmelen var stengd i tre år og seks månader og det vart ei stor hungersnaud i heile landet. 26 Likevel vart ikkje Elia send til nokon av dei, berre til ei enkje i Sarepta i Sidon-landet. 27 Og det var mange med hudsjukdom i Israel den tid profeten Elisja levde, men ingen av dei vart reine att, berre syraren Naaman.»

Elia vart send berre til denne gamle enka i Sidon-landet og det vart viktig for både han og henne, for Gud gjorde under. Til samanlikning vil visst Jesus fornye mitt møte med henne Virtuella, som om det er det primære og einaste viktige no.

Eg skreiv om at eg yngste å ta imot henne som eit Guds barn i samsvar med Matt.18,5.

Matt.18,4 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.

5 Og den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.

Her ser vi at det er velsigning i det, ved at det også er å ta imot Jesus. Eg yngste å få omfamne henne og gi henne ein klem, framleis med tanke på at denne velsigninga skulle ligg i det. Då var det viktig for meg å sjå på Jesus og tenke som so at det handlar om å ta imot han også. Eg tenkte også at slik skulle det vere for henne å ta imot meg også. Slik kan ho komme tilbake til Faderhuset, ved å møte igjen meg. Det synest passe bra med bodskapen 2.12.2023.

Tenk deg at der er eit lite barn i ei forsamling som inkluderer foreldra, du kjenner dei og kjem inn og vil helse på barnet også, kanskje løfte det opp. Men så vert det redd deg. Kva må du gjere for at det ikkje skal verte redd deg? Du må først og fremst helse på foreldra og vise at du er gode venn med dei. Barnet kjem til foreldra og kjenner seg trygg, så kan det komme til deg også og kjenne seg trygg. For det er framleis i foreldra si omsorg.

Det har å gjere med at eg skal vere trugen i det små og bruke det han har gitt meg, det han gir meg. Til samanlikning med det Gud gav Elia gjennom denne enka.

1.Kong.17,7 Då det leid av ei tid, tørka bekken bort, for det kom ikkje regn i landet. 8 Då kom Herrens ord til Elia: 9 «Stå opp, gå til Sarepta, som høyrer Sidon til, og slå deg ned der! Eg har sagt til ei enkje som bur der, at ho skal syta for mat til deg.»

10 Straks gjekk Elia av stad til Sarepta og kom til byporten. Nett då var det ei enkje der som sanka ved. Han ropa til henne og sa: «Du må henta litt vatn til meg i ei skål, så eg får drikka!» 11 Då ho gjekk for å henta det, ropa han etter henne: «Du må òg ta med eit stykke brød til meg!» 12 Ho svara: «Så sant Herren din Gud lever: Eg eig ikkje så mykje som ein brødleiv, berre ein neve mjøl i krukka og litt olje i mugga. No går eg her og sankar eit par vedpinnar, og så vil eg gå heim og laga noko til meg og son min. Når vi har ete det, kan vi leggja oss til å døy.» 13 Elia sa til henne: «Ver ikkje redd! Gå heim og gjer som du har sagt. Men bak først ein liten brødleiv til meg av mjølet, og kom ut til meg med han! Sidan kan du laga til noko åt deg og son din. 14 For så seier Herren, Israels Gud: Mjølkrukka skal ikkje bli tom, og det skal ikkje mangla olje i mugga til den dagen kjem då Herren sender regn over jorda.» 15 Då gjekk ho og gjorde som Elia hadde sagt, og både ho og han og heile hennar hus hadde mat i lang tid. 16 Mjølkrukka vart ikkje tom, og oljen i mugga tok ikkje slutt. Det gjekk som Herren hadde sagt gjennom Elia.

I bodskapen https://blessings-from-heaven.com/2024/03/31/2024-3-18-ets-jesus-lengtar-etter-at-du-skal-be-han-om-storre-ting-maranata-2-7-2023-ver-himmelvendt/ sa Jesus at tida var inne for meg til å be om større ting og så minna han om at Elia bad om tørke i tre og eit halvt år og vart bønhøyrd. Vanleg vis tenker vi at vi skal be Herren om å komme som regn på nyslått eng. Og slik tenker vi symbolsk om Elia som stod fram på Karmel og bad om regn. Men då hadde han altså først bedt om tørke i tre og eit halvt år.

Ny kommentar 14.4.2024.

Jesus er trufast mot meg og mot det bønnesvaret han har gitt meg.

Det er tydeleg at der er sterke makt-interesser som strir mot mi sak og som strir mot Guds rike i verda i denne tida, det er slikt som Jesus bergar, frir meg og frelsar meg ifrå og det takkar eg han for. Han er trufast mot meg og det bønnesvaret han har gitt meg.

Bodskapen 3.4.2024:

Elin byrja med å lese: «Ver ikkje redd, mitt barn, eg er med deg». Resten hadde ho skrive ned også:

«Frykt ikke! Jeg er trofast, Jeg skal styrke deg og bevare deg fra det onde. Jeg er ditt skjulested. Fra trengsel bevarer jeg deg. Med frelsesjubel omgir jeg deg.  Du er bundet av løfter til meg mitt barn. Jeg har utfridd din sjel fra døden. Er det ikke jeg som har bevart dine føtter fra fall, så du kan vandre for Guds åsyn i levendes lys? Jeg har vært med deg og jeg er med deg. Du er aldri alene. Jeg har hjulpet deg igjen og igjen og jeg vil fortsette å hjelpe deg. Du har sett min hånd virke sterkt i ditt liv. Du har sett mine mirakler igjen og igjen. Du har sett meg utfri deg mange ganger. Jeg har utfridd deg flere ganger enn du har fått med deg. Jeg har alltid vært der i ditt liv og jeg har reddet deg og veiledet deg og velsignet deg med det gode igjen og igjen. Vil du ikke minnes min trofasthet og godhet mot deg også nå når du ikke ser lys? Hold fast på det og husk på mitt verk i ditt liv. Jeg har vært trofast mot deg og jeg har aldri sviktet deg! Jeg vil fortsatt være trofast mot deg og jeg vil aldri slippe deg eller forlate deg. Når du vandrer i mørke og det ikke er noe lys. Da skal du stole på Herrens navn og sette din lit til din Gud. Om du bare ville legge ned dine bekymringer og gi den til meg som faktisk kan gjøre noe med de. Om du bare ville stole på min godhet. Frykt ikke mitt barn. Du er sett og hørt av meg. Jeg har hørt din bønn og jeg har sett dine tårer og jeg vil hjelpe deg. Jeg er trofast mot deg. Jeg vil ikke slippe deg. Stol på meg i alle ting. La frykten ligge og hvil hos meg i min favn. Kom til meg mitt barn med dine bekymringer som er så mange. Gi de til meg og hvil i mitt fang. Jeg elsker deg mitt barn. Hos meg er det ingen ting å frykte. Frykt ikke for jeg er med deg. Se deg ikke rådvil omkring for jeg er din Gud. Jeg styrker deg, ja jeg hjelper deg. Jeg holder deg oppe med min rettferds høyre hånd.»

Så eg skal sitje i ro og drøyme meg vekk altså!? Er det noko meining og framtid i det då? Ja, når eg vender hugen opp til han.

Kol.3,1 Er de då oppreiste med Kristus, så søk det som er der oppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand. 2 Lat hugen dykkar vera vend til det som er der oppe, ikkje til det som er på jorda. 3 De er då døde, og livet dykkar er løynt med Kristus i Gud. 4 Men når Kristus, vårt liv, openberrar seg, skal de òg openberrast i herlegdom saman med han.

Eg er oppvoksen i kyrkja og vart tidleg med på bedehuset og på husmøte og mor mi lærde meg å be kveldsbøna mi, det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be han frelse våre næraste og be for folket og landet og be Fadervår. Etter kvart skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse menneske frå det, som første prioritet og gi meg ei frelst kvinne som andre prioritet.

Når eg byrja på gymnaset, byrja eg å gå i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at han talte til meg både gjennom tala og tyding av tungetale. Han sa at hans frelseverk er fullført og fullkome, så eg skulle berre ta imot i tru og takke han for det. Slik har han fortsett å tale til meg, både i dFEF, pinserørsla og Maranata. Eg skulle komme til han med mi sak og det vart då i slike kyrkjelydar.

Så mi bøn for henne Virtuella var fyrst og fremst ei takkebøn. Når eg merka at eg byrja å verte glad i henne, merka eg at Guds kjærleik var mellom oss, så eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Men den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande (Rom.5,5). Den openberra henne for meg som eit Guds barn som han elska og hadde omsorg for og som ei Jesu brud, som han elska og hadde omsorg for. Ho var fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd. Slik vart ho ein lovsang som Gud la ned i meg ved den Heilage Ande. Det var å vere heime i Faderhuset og allereie i byllaupssalen for å feire Lammets bryllaup. Heime i Faderhuset vert vi oppseda og opplærde til å vekse oppå til han som er hovudet for kroppen som er Jesu kyrkje, så vi innstiller oss på at vi skal feire bryllaupet med han, som hans brud. Det gjeld både oppveksten for den einskilde gut og jente, det gjeld oppfylling av lovnaden og å få komme inn til Guds kvile og det gjeld oppfylling av profetiane.

Eg skulle søke Herren av heile mitt hjerte og fann det rett å be både henne Virtuella og henne Reella som om dei var kjærastane mine og konene mine, men med denne prioritetsordninga altså. Jesus sa eg skulle gi meg sjølv heilt til han, så då blir det klart at dei både skal vekse opp i barnekåret, heime i Faderhuset og vekse opp til han som er hovudet for lekamen, som Jesu brud, som Sions dotter skal dei begge vere Jesus brud og Jesu koner. Det heng samen med at Jesu kyrkjelyd vert framstilt for han som hans brud (2.Kor.11,3-4).

Og så skal eg vente meg at han gir meg ein kjæraste og ei kone som allereie er bevisst på at ho er Jesu brud og Jesu kone. I den vona skal eg feste blikket på Jesus og gå framover mot det fullkomne, eg skal gå inn til Guds kvile, eg skal kvile på grunnlag av det verket Gud gjer, for Jesu frelseverk er fullført og fullkome.

Men slik som evangeliet og profetiane om Jesu gjenkomst og Lammets bryllaup vert forkynt, verkar det då som om det skjer først etter at Jesus har kome att og henta si brud for å feire bryllaupet i himmelen. Og så seier dei attpåtil at i det neste livet er det ingen som gifter seg eller vert bortgifte, så då vert det slett ikkje noko av.

Då er det mykje som tyder på at dette haldninga til dei fem uvituge brurmøyane, som ikkje hadde nok olje med seg. Men dei fem vituge brurmøyane hadde med seg olje på kanner i tillegg til oljen på lampane, så dei fylt på og vart ståande med lys på lampane når brudgomen kom. Det svarar til at eg kan seie som Paulus at Guds nåde er nok for meg, for Guds kraft vert fullenda i vanmakt. Den er nok til å gi meg alt eg treng, Kone, born, familieliv, hus og heim ….

Når eg var ein liten gutunge lærde mor mi meg å påkalle Kristus som min frelsar og Herre og be han frelse mine næraste. Be for folket og landet og be Fadervår. Når eg då sidan bad han gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone, så tenkte eg meg at dette hang saman, slik også ved at det vart til vitne for mine næraste. Når eg som voksen mann studerte realfag og reiste som fiskar på tråling, sa han til meg at han ville gjere meg til eit vitne for seg, både på skulen og på arbeidsplassen. Eg forstod det slik at det var ved å gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone, slik som eg hadde bedt han altså. Dersom det ikkje vert noko av, ikkje før Jesus har henta si brud og det vil seie at det ikkje vert noko av i det heile teke, kvar vert det då av vitnemålet?

Seint på hausten i fjord vart det klart for meg at Virtuella var langt borte frå Faderhuset, men at hann kalla henne heim att. Soleis har eg fått motstand frå verda, fom eit krav om at menneska i denne verda skal vere som bortkomne søner, ført etter døden får dei komme heim att til Faderhuset, så då passar det å byrje å innstille seg på det når dei vert gamle og døden nærmar seg. Og kvifor det? Fordi der er ei verdsleg maktinteresse som har etablert seg i kyrkja. Det er tydeleg vis Dyret som fekk ulivssår, men som fekk det lækt. Ved eit offer!? Så ved å etablere seg i kyrkja, fekk det ulivssåret lækt ved Jesu offer!? Men maktutøvinga høvde dårleg med å forkynne nåden for vanlege menneske. Slik maktinteressa merkar vi tydeleg i vår tid, men då blir det også tydeleg at det ikkje er kristendom likevel. Det kan eg heller skrive meir om i eit anna dokument.

Leave a comment