Video frå kristne møte: https://studio.youtube.com/channel/UCx-mgohovh4cNvy-rj6Je8A/videos/upload?filter=%5B%5D&sort=%7B%22columnType%22%3A%22date%22%2C%22sortOrder%22%3A%22DESCENDING%22%7D

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

2024.06.08 Fienden har lenge prøvt å stele gleda di. Bruk Guds Ord som sverd, trua som skjold og sanninga som belte. Profeti ved ETS.

 

Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten 8.6.2024.

Så oppdaga eg at Elin hadde kome med ein ny profetisk bodskap på youtube:

«Fienden har prøvd lenge å stjele gleden din lenge nå. Kom til meg og la meg fylle deg på nytt med gledes olje. Min glede vil styrke deg og holde deg brennende for meg. Djevelen er en løgner og løgnens Far. Han har visket sine løgner til deg og det har tatt fra deg synet på meg og sannheten som vil bevare deg i fred og glede. Stå han imot og proklamer sannheten og han vil fly fra deg! Jeg brenner for deg mitt barn. Min omsorg og kjærlighet for deg er evig og ufattelig stor. Du kan stole på meg! Jeg vil aldri svikte deg eller forlate deg. Du er dyrebar i mine øyne og jeg elsker deg. Søk sannheten i mitt ord. Bruk det som ditt våpen. Det er virksomt og skarpere enn noe tveegget sverd. Du er ikke alene, jeg er med deg i kampen og vil igjen fylle deg med glede. Du har ingen ting å frykte. Jeg har kontroll. Jeg er din Gud og jeg er den som holder hele jorden i min hånd. Håpets Gud skal fylle deg med all glede og fred i troen.»

Kommentar.

Eg la inn denne kommentaren:

Tusen takk Elin, du er som ein engel for meg og mange andre. Og takk Jesus. I går, laurdag 8.6 skreiv eg på eit dokument og kom til eit punkt der eg følte at eg fekk ikkje heilt sagt det eg ville, så eg kutta ned i staden for å satse på ei lang utgreiing, med spørsmål om kva menneske vel. Denne bodskapen passar flott inn her, som om den fyller eit tomrom. Gud har talt sitt ord og han står bak det og gjer sitt verk med sitt Ord og sin Ande. For oss som ved trua får oppleve det, er det ei glede.

I dokumentet https://faith-and-entropy.com/2024/06/10/lovnad-og-profeti-40-ei-hand-er-retta-ut-fra-herrens-hogsete-1-kom-inn-til-guds-kvile-ved-a-tru-pa-hans-ord/ skreiv eg om å vinne siger ved Guds Ande, hans salving og kraft. Så kom eg til eit punkt der eg følte det stoppa opp. Då kom Elin Therese Slotten med ein profetisk bodskap om at det var berre å tale Guds Ord. Så eg tok det inn i dokumentet akkurat der og her tek eg det med i eit utklipp.

Når eg så skreiv vidare på dette dokumentet, skreiv eg om missmodsånda som eg fekk merke vinteren 1977. Eg har skrive om at vi må sjå til at ingen heng etter, men hjelpe dei vidare på vegen og hjelpe folk inn på vegen til himmelen. Men mange har fornekta Guds Ord til samanlikning med Saul, så til samanlikning med David får vi motstand frå Saul og hæren hans. Saul hadde fornekta Guds Ord og mista salvinga, så når han då kjempa mot David, var det med ei anna ånd. Soleis var det ein åndskamp og slik frå vi motstand frå missmodsånda.

Det vi har å gjere då er å væpne oss med Guds Ord.

Eg tek denne bodskapen som svar på mi bøn for henne Virtuella, i samsvar med at Kristus er Guds Ord og er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna. Uttrykket «ufatteleg stor» i denne bodskapen samanliknar eg med uttrykket «ufatteleg høgt» i bodskapen 18.3.2024:

«Jeg elsker deg ufattelig høyt. Jeg lengter etter at du skal be meg om enda større ting. Nå er tiden inne for deg til å tørre å be meg om mer. Tro meg for mer enn det du kan se. Be meg om å vise deg hvor mye du er elsket av meg. Be meg om å vise deg de større gjerninger jeg har ment for ditt liv. Tro meg for mer. Rop til meg, så skal jeg vise deg store og ufattelige ting.»

Eg tenkte meg at ho Reella steig fram for Kristus som hans brud, det var ynskjetenking og bøn for henne og når Jesus sa han elska meg ufatteleg høgt, tok eg det som svar på den bøna, så det gjaldt henne også, at han elska henne ufatteleg høgt. Sidan har eg skrive at eg ynskje ho Virtuella også vil innvie seg for Kristus som hans brud og sjå fram til at han skal hente henne heim til seg, som si brud. Og eg trur han svarar meg på liknande måte for henne: «Min omsorg og kjærlighet for deg er evig og ufattelig stor.» Han har slik kjærleik og omsorg for henne gjennom meg og då er det kjærleik og omsorg for meg og.

Våke i bønna med takkseiing. Herren vil svare meg med store og ufattelege ting; han vil fylle sitt barn og sin kyrkjelyd med herlegdomens sky. Møte i Maranata 23.1.2016.

18.3.2024 sa Herren at eg skulle rope til han, så ville han vise meg store og ufattelege ting og 23.1.2016 sa Jesus at eg skulle vake i bøn med takkseiing, så ville han, så ville han svare meg med store og ufattelege ting. Ja, vi må vake som dei fem vituge brurmøyane, som hadde med seg olje på kanner i tillegg til oljen på lampane.

Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/07/20/vake-i-bonn-med-takkseiing-23-1-2016/ ,

Tungetale ved Oddbjørg, tyding ved Tore:

«Våk i bønna med takkseiing. Og når du våker på den måten i bønna, så skal eg, Herren, svare deg, med store og ufattelege ting, kanskje ikkje i den retninga du tenkte, men eg skal svare i den retninga og med det mål som eg veit er best for deg. Og du skal få oppleve noko du aldrig før har opplevt. For framleis høyrer eg bønner, framleis svarar eg bønner, framleis så ynskjer eg å fylle mitt barn og fylle mi menigheit med herlegdomens sky, så du skal få oppleve, at du aldrig før har opplevd maken. Du er fri, du er forløyst, gjennom blodet har eg løfta deg opp, gjennom Jesu blod er du befridd frå all di synd. Du kan frimodig prise meg, du kan frimodig love mitt heilage namn. Og når du prisar mitt namn, så kjem gleda inn i ditt liv, når du prisar mitt namn, så går fridomen opp for deg. Når du prisar mitt namn, vil alt det vonde fly. Når du prisar mitt namn, då vil rettferds-sola gå opp som aldrig før i ditt hjerte.

Slå ikkje blikket ned, løft det opp imot himmelen. La ikkje dine hender synke, men løft dei opp imot himmelen. Stå ikkje stille på den stad der du befinn deg, men sett din veg i mi hand og eg skal dra deg, leie deg, føre deg og eg skal føre deg til levande vatn, eg skal føre deg til kjelder, eg skal føre deg til frukter og nådegåver og du skal få oppleve å verte berika av mi velsigning i overmål på overmål. Fordi eg Herren har satt dører opne for deg. Halleluja.»

Leave a comment