Innleiing ved søster Astrid.
Breva til kyrkjelydane byrja slik «Skriv til engelen …..» og slutta slik «Den som har øyre, han høyre kva anden seier til kyrkjelydane.» Som om ikkje alle har øyre? Ja, for det kaqn vere ei nådegåve som ikkje alle har.
Tale ved Finn-Arne Lauvås.
Finn-Arne las ifrå
Joh.1,14 Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning. 15 Johannes vitnar om han og ropar ut: «Det var om han eg sa: Han som kjem etter meg, er komen framom meg, for han var til før meg.»
16 Av hans fullnad har vi alle fått, og det nåde over nåde. 17 For lova vart gjeven ved Moses; nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus. 18 Ingen har nokon gong sett Gud; men den einborne, som er Gud, og som er i Faderens fang, han har synt oss kven han er.
Joh.6,45 Det står skrive hjå profetane: Alle skal vera opplærte av Gud. Kvar den som høyrer på Faderen og lærer av han, kjem til meg.
1.Kor.2, 9 Men det står skrive:
Det auga ikkje såg,
det øyra ikkje høyrde,
det som ikkje kom opp
i nokon mennesketanke,
alt det Gud har gjort ferdig
for dei som elskar han,
10 det har Gud openberra for oss ved sin Ande. For Anden granskar alle ting, jamvel djupnene i Gud. 11 Kven veit kva som bur i mennesket utan ånda som er i mennesket? Så veit heller ingen annan enn Guds Ande kva som bur i Gud. 12 Men vi har ikkje fått den ånd som høyrer verda til, men den Ande som er frå Gud, så vi skal skjøna kva Gud i sin nåde har gjeve oss. 13 Og dette talar vi om, ikkje med ord som menneskeleg visdom har lært oss, men med ord vi har lært av Anden. For det som høyrer Anden til, tolkar vi med Andens eigne ord.
Her er ein fysiske dimensjon og ein åndeleg dimensjon. Tabernaklet var laga som kopi av den åndelege heilagdomen.
2.Mos.40,34 Så sveipte skya seg om møteteltet, og Herrens herlegdom fylte heilagdomen. 35 Moses kunne ikkje gå inn i møteteltet, fordi skya låg over teltet, og Herrens herlegdom fylte heilagdomen.
Matt.17,1 Seks dagar etter tok Jesus med seg Peter, Jakob og Johannes, bror hans, og førte dei opp på eit høgt fjell; der var dei åleine. 2 Då vart han forklåra for augo deira: Andletet hans skein som sola, og kleda vart kvite som ljoset. 3 Og best det var, fekk dei sjå Moses og Elia; dei stod og tala med han. 4 Då tok Peter til ords og sa til Jesus: «Herre, det er godt at vi er her. Vil du, så skal eg byggja tre hytter, ei til deg, ei til Moses og ei til Elia.» 5 Men før han hadde tala ut, kom det ei lysande sky og skygde over dei, og or skya lydde ei røyst: «Dette er Son min, han som eg elskar, han som eg har hugnad i. Høyr han!» 6 Då læresveinane høyrde det, kasta dei seg ned med andletet mot jorda, slegne av redsle. 7 Men Jesus gjekk bort og tok i dei og sa: «Reis dykk opp, og ver ikkje redde!» 8 Og då dei såg opp, såg dei ingen utan Jesus åleine.
Døme på bibelvers som gjorde at det var vanskeleg for jødane å skjøne at Jesus var Messias:
Jes.30,26 Månen skal lysa som sola, og solljoset skal verta sju gonger så sterkt – som ljoset for sju dagar, når Herren lækjer den skaden folket hans har fått, og fetlar det djupe såret deira.
Men så sa Jesus at Gud rike kjem ikkje slik at dei kan sjå det, for det er inni dei. Korleis kunne då sola verte 7 gangar klarare? Bibelen har metaforar og bilete.
Malakias.4,2 Men for dykk som har age for mitt namn,
skal rettferdssola renna
med lækjedom under sine venger.
De skal gå ut og kjæta dykk som kalvar
når dei slepp or fjøset.
2.Kor.3,17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.
Rom.8,16 Eg meiner at det vi må lida her i tida, ikkje er for noko å rekna mot den herlegdomen som ein gong skal openberrast og verta vår. 19 Alt som er skapt, lengtar og stundar etter at Guds born skal openberrast i herlegdom. 20 For skapningen vart lagd under forgjengelegdom, ikkje av eigen vilje, men etter hans vilje som gjorde det så. Likevel var det von, 21 for det skapte skal verta frigjort frå trældomen under det forgjengelege og få den fridom som Guds born skal eiga i herlegdomen. 22 For vi veit at all skapningen sukkar og lid som i føderier heilt til denne dag.
……..
30 Og dei som han føreåt etla til dette, dei har han òg kalla. Og dei han kalla, dei har han òg sagt rettferdige, og dei han har sagt rettferdige, dei har han òg herleggjort.
Frå Guds vinkling er alt fullført. Hans død betyr ein slutt på vår synd, den gamle Adam og den gamle pakts Israel. Den nye skapningen skal ned på den nye jorda på pinsedag.
I 1.Mos.3 sa Gud at ormen skulle ete mold og så sa Gud at mannen er mold. Så han et kjøtet ditt. Men dersom du er fødd av Anden, så er du ånd, så då svelt Djevelen i hel.
Tungetale ved ei kvinne, tyding ved Finn-Arne:
«Ja, sier Herren, jeg har steget ned og tatt bolig i mitt folk, du er et tempel for den Hellige Ånd, du er stedet hvor jeg ikke kommer på besøk, men du er stedet hvor jeg har inntatt med min herlighet. La dette komme ut i din personlighet, la det komme ut i ditt ansikt, dine øynene, din personlighet, hender og føtter, du er blitt levende menneske, fordi jeg Herren lever. Og dette vil stanse din aldringsprosess, sier Herren, det vil bryte motløshetens ånd. Det vil bryte dette tunge mørket fra avgrunnen, som vil trykke den ned, for jeg, Herren har ingen død i meg, jeg har ingen mørke i meg. Det er lys i meg siden jeg er levende og en berøring av meg og når jeg kommer ut gjennom deg blir du ung igjen som ørnen og jeg begynner å bevege meg blant dere, sier Herren, fordi jeg har vært der hele tiden, sier Herren, så la dette få rom, la det få på plass, la det komme ut i hender og føtter og bevege deg sammen med meg, den oppstandene herliggjorte. Amen.»
«Og når denne herlighet fyller huset er det ikke plass til kjød, det er ikke plass til mennesker, du er oppslukt av meg, du er et lem på meg, nå er det jeg, Herren, som beveger meg. Jeg vil bevege meg her på jorden gjennom et folk som er ett med meg. Derfor dropp alt ved siden av meg. Den som jeg lært av meg kommer til meg, sier Herren. Den som har Åndens undervisning beveger seg fra sanselige ting, til den usynlige virkeligheten i Kristus. Derfor bli kontinuerlig fylt av Ånden. Bli fylt av meg, sier Herren, bli fylt av Ånden og jeg skal komme ut gjennom deg, som strømmer av levende vann og spise opp alle ørken, spis opp all død, spis opp alt mørke og alltid ditt kjøtt, sier Herren. For jeg er levende i all evighet. Amen.»
«For dette handler ikke om dugelighet og dyktighet, det handler om meg, jeg Herren, som leter, som farer over den ganske jord, for at kraftig støtte den hvis hjerte er helt med meg, så se jeg ikke på deg selv.»
«For din skrøpelighet er min mulighet. Det er bare mennesker avhengig av meg, som jeg beveger meg gjennom. Derfor se ikke på deg selv, at du må være briljant på alle måter. Jeg ønsker alminnelige folk som er renset i mitt blod fylt av den Hellige Ånden og jeg vil komme ut gjennom dine øyne og din personlighet og beseire all smak av død og mørke rundt deg, fordi jeg Herren er levende. Amen.»
«Jeg er også alfa og omega, begynnelsen og enden, så alt det jeg har lagt ned i deg skal jeg fullende. Amen.»
Relevante bibelvers.
2.Kor.4,1 Difor misser vi ikkje motet; for ved Guds miskunn har vi fått denne tenesta. 2 Vi har sagt frå oss all løynleg og skamleg ferd; vi fer ikkje med knep og forfalskar ikkje Guds ord. Klårt og liketil forkynner vi sanninga, og for Guds åsyn byd vi oss sjølve fram med di vi vender oss til kvar manns samvit. 3 Er då vårt evangelium dult, så er det dult for dei som går fortapt. 4 For denne verdsens gud har blinda hugen åt dei vantruande, så dei ikkje ser ljoset som strålar fram frå evangeliet om Kristi herlegdom, han som er Guds bilete. 5 Vi forkynner ikkje oss sjølve, vi forkynner Jesus Kristus som Herre og oss som dykkar tenarar for Jesu skuld. 6 For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram.
7 Men vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss. 8 Vi er alltid i trengsle, men ikkje i stengsle, tvilrådige, men ikkje fortvila, 9 forfylgde, men ikkje oppgjevne, nedslegne, men ikkje tynte. 10 Alltid ber vi Jesu død med oss i lekamen, så òg Jesu liv skal verta openberra ved vår lekam. 11 For enno medan vi lever, vert vi stadig overgjevne til døden for Jesu skuld, så òg Jesu liv skal verta openberra ved vår døyelege lekam. 12 Såleis er døden verksam i oss, men livet i dykk. 13 Det står skrive: Eg trudde, difor tala eg. Så trur vi òg, og vi talar fordi vi har den same Ande som gjev tru. 14 For vi veit at han som reiste opp Herren Jesus, han skal òg reisa oss opp med Jesus og føra oss fram for seg saman med dykk. 15 Men alt dette hender for dykkar skuld, så nåden skal verta stor og få takkseiinga til å stiga opp frå fleire og fleire – til Guds ære.
Matt.7,21 Ikkje alle som seier til meg: Herre, Herre! skal koma inn i himmelriket, men dei som gjer det Far min i himmelen vil. 22 Den dagen skal mange seia til meg: Herre, Herre! Har vi ikkje tala profetord i ditt namn, og drive ut vonde ånder i ditt namn, og gjort mange mektige gjerningar i ditt namn? 23 Då skal eg seia dei beint ut: Eg har aldri kjent dykk. Gå bort frå meg, de som gjer urett!
Matt.11,25 På den tid tok Jesus til ords og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.
28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»
Joh.6,28 Då sa dei til han: «Kva gjerningar er det då Gud vil vi skal gjera?» 29 Jesus svara: «Dette er den gjerning Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.» 30 «Kva teikn gjer du, så vi kan sjå det og tru på deg?» spurde dei. «Kva kan du gjera? 31 Fedrane våre åt manna i øydemarka, som skrive står: Brød frå himmelen gav han dei å eta.» 32 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Moses gav dykk ikkje brødet frå himmelen. Det er Far min som gjev dykk det sanne brødet frå himmelen. 33 Guds brød er det brødet som kjem ned frå himmelen og gjev verda liv.» 34 Då sa dei: «Herre, gjev oss alltid det brødet!» 35 Jesus svara: «Eg er livsens brød. Den som kjem til meg, skal ikkje svelta, og den som trur på meg, skal aldri tyrsta.
Joh.14,12 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som trur på meg, han skal gjera dei gjerningane som eg gjer. Ja, han skal gjera større gjerningar enn dei, for eg går til Faderen. 13 Det de bed om i mitt namn, vil eg gjera, så Faderen skal verta herleggjord gjennom Sonen. 14 Bed de meg om noko i mitt namn, så skal eg gjera det.
Lovnad om Den Heilage Ande
15 Elskar de meg, så held de boda mine. 16 Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid: 17 Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.
21 Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.»
22 Judas, ikkje Iskariot, seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?» 23 Jesus svara:
Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han. 24 Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og det ordet de høyrer, er ikkje mitt, men Faderens, han som har sendt meg. 25 Dette har eg tala til dykk medan eg enno er hjå dykk. 26 Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk.
Rom.12,1 Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. 2 Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne.
3 Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar einskild av dykk: Gjer deg ikkje større tankar enn du bør, men bruk vitet ditt og ver visleg! Kvar og ein skal halda seg til det mål av tru som Gud har gjeve han.
Jak.1,19 Dette må de vita, mine kjære brør: Kvar og ein skal vera snar til å høyra, men sein til å tala og sein til å harmast. 20 For harmen åt eit menneske fører ikkje til det som er rett for Gud. 21 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar. 22 De må ikkje berre høyra ordet, men gjera etter det, elles kjem de til å dåra dykk sjølve. 23 For den som høyrer Ordet og ikkje gjer etter det, han er lik ein mann som ser på andletet sitt i ein spegel: 24 Han ser på det, går sin veg og gløymer straks korleis han såg ut. 25 Men den som ser inn i fridomens fullkomne lov og held fram med det, han gløymer ikkje det han høyrer, men lever etter det. Han skal vera lukkeleg i si gjerning.
26 Den som meiner at han dyrkar Gud, men ikkje tøymer tunga si, han narrar seg sjølv, og hans gudsteneste er gagnlaus.
Jes.42,1 Sjå, min tenar som eg stør,
min utvalde som eg har hugnad i!
Eg har lagt min Ande på han,
retten skal han føra ut til folka.
2 Han skal ikkje skrika og ikkje ropa
og ikkje bruka mælet på gata.
3 Han skal ikkje bryta eit broste sev
og ikkje sløkkja ein rykande veik.
Med truskap skal han føra retten ut.
4 Han skal ikkje trøytna
og ikkje bryta saman
før han har breitt ut retten på jorda.
Øyar og strender ventar på hans lære.
5 Så seier Herren Gud,
han som skapte himmelen og spente han ut,
og breidde ut jorda med alt som der gror,
han som gjev livspust til folket på jord
og ånd til dei som ferdast der:
6 Eg, Herren, har kalla deg i rettferd
og teke deg i handa.
Eg har skapt deg
og gjort deg til ei pakt for folket,
til eit ljos for folkeslaga.
7 Du skal opna blinde augo
og føra fangar ut or fengslet,
dei som sit i mørkret,
ut or fangeholet.
8 Eg er Herren, det er mitt namn.
Eg gjev ikkje mi ære til andre
og ikkje min pris til gudebilete.
9 Det som vart varsla før, er kome,
og no kunngjer eg nye ting.
Før dei enno gror fram,
lèt eg dykk få høyra om dei.
Den nye songen
10 Syng ein ny song for Herren,
lovsyng han frå heimsens endar,
de som ferdast på havet,
og alt som fyller det,
de øyar og strender
og de som bur der!
11 Øydemarka med sine byar skal syngja,
landsbyane der Kedar held til.
Dei som bur på fjellet, skal jubla,
frå fjelltoppane skal dei ropa høgt.
12 Dei skal gje Herren ære,
forkynna hans pris på øyar og strender.
Fil.1,3 Eg takkar alltid min Gud når eg tenkjer på dykk. 4 Og kvar gong eg bed for dykk alle, gjer eg det med glede. 5 For frå fyrste dagen og til no har de vore med i arbeidet for evangeliet. 6 Og eg er viss på at han som tok til med ei god gjerning i dykk, skal fullføra henne – heilt til Jesu Kristi dag. 7 Det er berre rett at eg tenkjer så om dykk alle. For eg ber dykk i hjarta, og de har alle del med meg i nåden, både når eg er i fengsel, og når eg forsvarar og stadfester evangeliet. 8 Ja, Gud er mitt vitne på at eg lengtar etter dykk alle med Kristi Jesu hjartelag.
9 Og dette bed eg om, at kjærleiken dykkar må verta rikare og rikare på dømekraft og skjøn, 10 så de i dei ymse spørsmål kan døma om kva som er rett. Då kan de stå reine og lytelause på Kristi dag, 11 fylte av rettferds frukt som veks fram ved Jesus Kristus, Gud til lov og ære.
Heb.12,1 Når vi har så stor ei sky av vitne ikring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som har så lett for å hanga ved oss, og med tolmod fullføra det laupet som er lagt framfor oss, 2 med augo feste på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus. For å få den gleda som venta, tolte han krossen utan å bry seg om vanæra, og no har han sett seg på høgre sida av Guds kongsstol. 3 Ja, tenk på han som heldt ut ein slik motstand frå syndarar, så de ikkje skal trøytna og verta motlause.
2.Krøn.16,9 For Herrens augo fer utover all jorda, så han med si makt kan hjelpa dei som heilhjarta held seg til han. Men i dette har du bore deg uklokt åt; heretter skal du støtt ha krig.»
2.Kor.12,9 Men Herren sa til meg: «Min nåde er nok for deg, for mi kraft vert fullenda i vanmakt.» Difor vil eg helst rosa meg av mi vanmakt, så Kristi kraft kan bu i meg. 10 Og difor er eg, for Kristi skuld, ved godt mot i vanmakt, i hard medferd, i naud, i forfylging, i trengsler. For når eg er veik, då er eg sterk.
Joh.6,26 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Det er ikkje fordi de såg teikn at de leitar etter meg, men fordi de åt av brøda og vart mette. 27 Arbeid ikkje for den mat som forgår, men for den mat som varer og gjev evig liv, den som Menneskesonen skal gje dykk. For på han har Gud, Faderen, sett sitt segl.»
28 Då sa dei til han: «Kva gjerningar er det då Gud vil vi skal gjera?» 29 Jesus svara: «Dette er den gjerning Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.» 30 «Kva teikn gjer du, så vi kan sjå det og tru på deg?» spurde dei. «Kva kan du gjera? 31 Fedrane våre åt manna i øydemarka, som skrive står: Brød frå himmelen gav han dei å eta.» 32 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Moses gav dykk ikkje brødet frå himmelen. Det er Far min som gjev dykk det sanne brødet frå himmelen. 33 Guds brød er det brødet som kjem ned frå himmelen og gjev verda liv.» 34 Då sa dei: «Herre, gjev oss alltid det brødet!» 35 Jesus svara: «Eg er livsens brød. Den som kjem til meg, skal ikkje svelta, og den som trur på meg, skal aldri tyrsta. 36 Men eg har sagt dykk: Endå de har sett meg, trur de ikkje. 37 Alle dei som Faderen gjev meg, kjem til meg; og den som kjem til meg, skal eg så visst ikkje visa bort. 38 For eg er ikkje komen ned frå himmelen for å gjera det eg sjølv vil, men det han vil, som sende meg. 39 Og det er hans vilje som sende meg, at eg ikkje skal missa nokon av alle dei han har gjeve meg, men reisa dei opp på den siste dagen. 40 For det vil Far min, at kvar den som ser Sonen og trur på han, skal ha evig liv, og eg skal reisa han opp på den siste dagen.»
41 Jødane murra mot han fordi han sa: «Eg er brødet som kjem ned frå himmelen.» 42 Og dei spurde: «Er ikkje dette Jesus, son til Josef? Vi kjenner då både far hans og mor hans. Korleis kan han seia at han er komen ned frå himmelen?» 43 Jesus svara: «Hald opp med denne murringa! 44 Ingen kan koma til meg utan at Faderen som sende meg, dreg han; og eg skal reisa han opp på den siste dagen. 45 Det står skrive hjå profetane: Alle skal vera opplærte av Gud. Kvar den som høyrer på Faderen og lærer av han, kjem til meg. 46 Eg seier ikkje at nokon har sett Faderen; berre han som er frå Gud, har sett Faderen. 47 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som trur, har evig liv. 48 Eg er livsens brød. 49 Fedrane dykkar åt manna i øydemarka, men dei døydde. 50 Det brødet som kjem ned frå himmelen, er slik at den som et av det, ikkje døyr. 51 Eg er det levande brødet som har kome ned frå himmelen. Den som et av dette brødet, skal leva til evig tid. Og det brødet eg vil gje, er lekamen min som eg gjev til liv for verda.»
52 No vart det strid mellom jødane, og dei sa: «Korleis kan han gje oss lekamen sin å eta?» 53 Jesus sa til dei: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Dersom de ikkje et lekamen til Menneskesonen og drikk blodet hans, har de ikkje livet i dykk. 54 Den som et min lekam og drikk mitt blod, har evig liv, og eg skal reisa han opp på den siste dagen. 55 For lekamen min er sann mat, og blodet mitt er sann drikk. 56 Den som et min lekam og drikk mitt blod, vert verande i meg og eg i han. 57 Liksom Faderen, den levande, har sendt meg, og eg har liv ved han, så skal òg den som et meg, ha liv ved meg. 58 Dette er det brødet som er kome ned frå himmelen; det er ikkje det som fedrane åt, dei som døydde. Den som et dette brødet, skal leva i all æve.» 59 Dette sa han medan han lærte i synagoga i Kapernaum.
Mange støyter seg på Jesu ord
60 Mange av læresveinane hans sa då dei høyrde det: «Dette er harde ord! Kven kan høyra på slikt?» 61 Jesus visste med seg at læresveinane hans murra, og han sa til dei: «Støyter de dykk på dette? 62 Kva så når de får sjå Menneskesonen stiga opp dit han var før? 63 Det er Anden som gjer levande; her kan menneske ingen ting gjera. Dei ord eg har tala til dykk, er ånd og liv.
Jer.31,33 Nei, såleis er den pakta eg vil gjera
med Israels-folket i dagar som kjem,
lyder ordet frå Herren:
Eg vil leggja mi lov i hugen deira
og skriva henne i hjarta deira.
Eg vil vera deira Gud,
og dei skal vera mitt folk.
34 Då skal ingen lenger
læra sin neste og sin bror
og seia: «Kjenn Herren!»
For dei skal alle kjenna meg,
både små og store, seier Herren.
For eg vil tilgje deira misgjerning
og aldri meir koma deira synd i hug.
Jes.54,13 Alle dine born skal vere opplærte av Herren,
og stor er freden for dine søner.
Jes.40,29 Han gjev den trøytte kraft,
og den som ingen krefter har,
gjev han stor styrke.
30 Gutar vert trøytte og mødde,
unge karar snåvar og fell.
31 Men dei som ventar på Herren, får ny kraft;
dei lyfter vengene som ørnar,
dei spring og trøytnar ikkje,
dei går og mødest ikkje.
Kommentar.
Skatten i leirkaret. Kroppen er eit tempel for den Heilage Ande.
Gud leia Israels-folket og følgde dei i skya, no var den komen inn i tabernaklet, han ville bu der, midt i mellom dei. Den var fysisk synleg, men vi må bruke det symbolsk om den Heilage Ande, vi har fått den og den er i oss, sjølv om den ikkje er fysisk synleg. Det er fundamentalt, slik som vi ser i skapinga, Guds Ande sveiv over vatna, då sa Gud at det skulle verte lys og så vart det lys. Han som sa at lys skulle skina fram or mørkret, han har også late det skina i våre hjarte. Sidan dette er så fundamentalt, er der ikkje plass til noko anna. Vi må ta vare på den fagre skatten som er oss gitt i leirkar, den Heilage Ande skal hjelpe oss til det (2.Kor.4,1-15).
Eg trudde, derfor tala eg, sa Paulus (2.Kor.4,13). Så han stilte ikkje noko krav til seg sjølv om at det var noko han skulle gjere først. Vi vert rettferdige ved trua på at Gud vekte Kristus opp frå dei døde og så vert vi frelste ved å erkjenne at han er Herre. Vi skal vedkjenne det for Faderen og Sonen og så skal vi vedkjenne Jesu namn for menneska.
Jesu åk er godt, hans byrde er lett.
Jessu takka Faderen for at det var noko han hadd løynt for dei vise og vituge, men openberra for dei umyndige. For det var Guds gode vilje. Så kalla han til seg alle som streva og hadde tungt å bere, hos han skulle dei få kvile.
Matt.11,28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»
Her trengst det openberring ved den Heilage Ande, vi får oppleve og innsjå at Gud Gud har gitt oss ein fager og dyrebar skatt i hjertet. Og så sa Paulus om kyrkjelyden i Filippi at han bar dei i hjartet (Fil.1,7). Han såg nok sitt ansvar i dette, men det var ikkje noko tung byrde for han, fordi Jesu frelseverk var fullført for både han og dei. Og så satsa han på å få hjelp ved Guds Ande og kraft.
Han vart forfølgde av dei som kravde omskjering og lovgjerningar og det var framleis å lesse tunge byrder på folk. Men Guds nåde var nok for han, for Guds kraft vert fullenda i vanmakt.
Bere fram kroppen som eit levande offer.
I følgje Rom.12,1-3 skal vi bere fram kroppen som eit levande heilagt, offer til velbehag for Gud. Det er vår åndelege Guds-teneste. Så skal vi la oss omskappe, så vi får eit nytt sinn, så vi kan dømme om kva som er Guds vilje, det gode, heilage og fullkomne. Å dømme om dette, høyrest ut som ei vurderingssak, men vi er heilt avhengige av at den Heilage Ande openberrar og overtyder oss om det.
Kroppen er eit tempel for den Heilage Ande.
Samtidig er vår lekam eit tempel for den Heilage Ande, så hensikta med denne prestetenesta er at tempelet skal vert fyllt av den Heilage Ande og at det skal renne straumar med levande vatn ut ifrå det, som vi ser i Esekiel.47. Esekiel fekk vasse ut i livets flod og fekk oppleve at den vart djupare og djupare, inntil han flotna. Slik skal det vere for oss når vi går ut og så skal vi forkynne evangeliet til dei andre. Det er Gud som gjer sitt verk i våre liv ved sitt Ord og sin Ande, det han gjer er fullkome, menneske kan ikkje legge til noko eller ta noko ifrå.
Sjå på han som er trua sin opphavsmann og fullendar.
Han la lovsangen ned i meg ved fylden av den Heilage Ande (Jes.42). Gud gir ikkje si ære til nokon andre, han gir ikkje si ære til avgudane. Han som byrja den gode gjerning i oss skal også fullføra den.
Nattverden.
Etter syndefallet sa Gud til ormen at han skulle skride på buken og ete mold og så sa han til mannen at han var mold og til molda skulle han attende. Gud var ånd, men mannen var mold, så då var han ikkje heilt slik som Gud like vel. Og som mold kunne mannen verte til mat for ormen.
Men Jesus er brødet som kom ned frå himmelen for å gi verda liv, slik det er symbolisert i nattverden (Joh.6). Når Jesus stifta nattverden, hadde brødet og vinen symbolsk tyding, men han såg fram til å ete den ny i Guds rike. Der er det ein åndeleg røyndom.
Luk.22,14 Då tida kom, sette Jesus seg til bords, og apostlane med han. 15 Og han sa til dei: «Eg har lengta inderleg etter å eta dette påskemålet i lag med dykk, før eg skal lida. 16 For eg seier dykk: Aldri meir skal eg eta det før det har fått si fullending i Guds rike.» 17 Så tok han ein kalk, bad takkebøna og sa: «Ta dette og del det mellom dykk. 18 For eg seier dykk: Heretter skal eg aldri drikka av frukta frå vintreet før Guds rike er kome.» 19 Så tok han eit brød, takka, braut det, gav dei og sa: «Dette er min lekam, som vert gjeven for dykk. Gjer dette til minne om meg.» 20 Like eins tok han kalken etter måltidet og sa: «Denne kalken er den nye pakt i mitt blod, som vert utrent for dykk.
Det fekk si fullending i Guds rike, når Jesus sette seg ved Faderens høgre hand og sende oss den Heilage Ande. soleis spurde han om å få komme inn og halde nattverd med engelen for kyrkjelyden i Laodikea.
Joh.Op.3,14 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Laodikea:
Dette seier han som er Amen, det trufaste og sannferdige vitnet, opphavet til Guds skaparverk: 15 Eg veit om gjerningane dine; du er korkje kald eller varm. Gjev du var kald eller varm! 16 Men du er lunka, ikkje kald og ikkje varm. Difor vil eg spytta deg ut or min munn. 17 «Eg er rik,» seier du, «eg har overflod og vantar ingen ting.» Men du veit ikkje at nett du er arm og ynkeleg, blind, fattig og naken. 18 Difor rår eg deg til å kjøpa av meg gull som er lutra i eld, så du kan verta rik, og kvite klede som du kan kle deg med og løyna di nakne skam, og salve til å ha på augo dine, så du kan sjå.
19 Alle dei eg har kjær, refser og tuktar eg. Gjer alvor av å venda om! 20 Sjå, eg står for døra og bankar på. Om nokon høyrer mi røyst og opnar døra, då vil eg gå inn til han og halda måltid, eg med han og han med meg.
21 Den som sigrar, han vil eg la sitja med meg på min kongsstol, liksom eg sjølv har sigra og sett meg med Far min på hans kongsstol.
22 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!
Engelen for kyrkjelyden i Laodikea hadde visst ikkje heilt forstått dette med nattverden enno, så Kristus sa han stod utanfor og banka på og yngste å få komme inn. Men først tala han om engelen som om han var mat som han hadde fått inn i munnen, men den var verken varm eller kald, derfor ville han spytte den ut. Eg trur ikkje det er mange av oss som har tenkt seg at vi er mat for han. Men eg tenker på det han sa om at vi skal vere i han, så er han i oss. Korleis går det til? Det er som om han et oss og så et vi han.
Joh.15,1 Eg er det sanne vintreet, og Far min er vingardsmannen. 2 Kvar grein på meg som ikkje ber frukt, tek han bort; og kvar grein som ber frukt, reinsar han så ho skal bera meir frukt. 3 De er alt reine på grunn av det ordet eg har tala til dykk. 4 Ver i meg, så er eg i dykk. Som greina ikkje kan bera frukt av seg sjølv, men berre når ho er på vintreet, såleis kan ikkje de heller bera frukt utan at de er i meg.
Vi har smaka og kjent at Herren er god, derfor vil vi ha meir av han og det er som om han dekker eit bord for oss og det er berre for oss å ete og forsyne oss. Og det er det han vil, for det var då derfor han døde så forsmedeleg på eit kors. Med vanleg menneskeleg tanklegang verkar det urettferdig overfor han at hans død skal verte til liv for oss, vi må no vise litt respekt for han som leid så mykje urett,vi kan no vel ikkje glede oss over at han leid så mykje urett? Jau, fordi han gjorde det i staden for oss. Og det er nettopp det han vil, at vi skal glede oss over at han leid så mykje urett og døde istaden for oss. Så vi takkar han for det og tenker oss at vi et hans lekam og drikk hans blod, så det vert til liv for oss, han sjølv lever i oss. Med sin død på korset har han dekka bord for oss og det er berre for oss å komme til Herrens bord og ete og forsyne oss. For Gud vekte han opp frå dei døde. Vi vart eitt med han i hans død, derfor skal vi også vert eitt med han i hans oppstode. Den kroppen som døde, den vart også levandegjord ved Guds Ande.
Rom.8,9 Men de er ikkje i den syndige naturen; de er i Anden, så sant Guds Ande bur i dykk. Men er det nokon som ikkje har Kristi Ande, høyrer han ikkje han til. 10 Men bur Kristus i dykk, då er nok lekamen død på grunn av synd, men ånda er levande av di de er rettferdige for Gud. 11 Han var det som reiste Jesus opp frå dei døde. Og dersom hans Ande bur i dykk, skal han som reiste Kristus opp frå dei døde, også gjera dykkar døyelege lekam levande ved sin Ande som bur i dykk.
12 Så har vi då, brør, ingen skyldnad på oss mot den vonde naturen, så vi skulle leva etter den. 13 For lever de etter den vonde naturen, skal de døy. Men tyner de ved Anden dei vonde gjerningane lekamen gjer, då skal de leva. 14 Alle som vert drivne av Guds Ande, dei er Guds born. 15 Det var ikkje ei trældomsånd de fekk, så de atter skulle reddast. Nei, det var Barnekårsanden de fekk, som gjer at vi ropar: «Abba, Far!» 16 Anden sjølv vitnar med vår ånd at vi er Guds born. 17 Men er vi born, då er vi arvingar òg. Vi er Guds arvingar og Kristi medarvingar, så sant vi lid med han; så skal vi òg eiga herlegdomen saman med han.
Jes.25,6 På dette fjellet skal Herren, Allhærs Gud,
gjera eit gjestebod for alle folk,
eit gjestebod med feite retter,
eit gjestebod med gamal vin,
med feite, mergfulle retter
og gamal, klåra vin.
7 På dette fjellet skal han ta bort
det sløret som ligg over alle folk,
det sveipet som er lagt over alle folkeslag.
8 Han skal gjera døden til inkjes for alltid.
Herren vår Gud skal turka
tårene av alle andlet.
Sitt folks vanære skal han ta bort
frå heile jorda.
For Herren har tala.
Salme 23, 1 Ein Davids-salme.
Herren er min hyrding,
det vantar meg ingen ting.
2 Han lèt meg liggja i grøne enger;
han fører meg til vatn der eg finn kvile,
3 og gjev meg ny kraft.
Han leier meg på dei rette stigar
for sitt namn skuld.
4 Om eg så går i dødsskuggens dal,
ottast eg ikkje for noko vondt.
For du er med meg.
Din kjepp og din stav, dei trøystar meg.
5 Du dukar bord åt meg
framfor augo på mine fiendar.
Du salvar mitt hovud med olje;
mitt staup fløder over.
6 Berre godleik og miskunn
skal fylgja meg alle mine dagar,
og eg skal bu i Herrens hus
i lange tider.
Ver ikkje tilbakholden og beskjeden, men ver frimodig. Møte med nattverd i Maranata Oslo. 20.9.2015.
Sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2016/07/31/2015-09-27-m-guds-nade-er-nok-for-meg/ :
Tungetale ved Mari, tyding ved John Miland.
«Ja, seier Herren, dersom du er villig til å opne ditt hjerte for meg, så skal eg toge inn og eg skal holde nattverd med deg og du med meg. Og du skal vite det, seier Herren, at eg er rik nok for alle som påkallar meg. Eg veit, mitt barn, at du er tilbakehalden og beskjeden. Men eg har sagt i mitt ord, at du skal rope til meg og du skal be til meg og eg skal gi deg bønnesvar. Ja, eg skal gi deg langt meir kva du har forstand til å be meg om, seier Herren. Derfor opne ditt hjerte, så eg kan få komme til og fylle deg med mi salving og mi kraft. Og du skal få merke, seier Herren, at di teneste, den skal bli rik og den skal bli til velsigning for mange, seier Herren. Derfor ver ikkje tilbakehalden og beskjeden, men ver frimodig. Og du skal vite at frimod, det har stor løn, seier Herren.
Ja, de skal verte foundra, seier Herren, når eg tek fram mine vitne i denne siste tid, som eg har rusta ut i løykammer, eg har salva dei og eg har gitt dei mitt levande Ord. Og eg skal snart stille dei på muren, seier Herren, og dei skal få nåde av meg til å forkynne mitt Ord i Andens salving og kraft. Og mange skal komme til tru gjennom deira virke, seier Herren. For sjå, seier Herre, det skjer ikkje ved hær og ikkje ved makt, men åleine ved min Ande, seier Herren. Derfor, søk meg, bli fyllt av Anden, seier Herren, i denne tida. Det er berre den Heilage Ande som kan leie dykk og som kan leie dykk på den rette veg, seier Herren. Amen.»

