Først tek eg med ei lita helsing som ho kom ned to dagar tidlegare.
2024.10.07. Ikkje gi opp, for store ting tek tid. ETS.
Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten.
Elin sa at ho hadde eit ord til deg i dag, ho følte at det var eit ord Gud hadde lagt på hennar hjerte, at det var eit ord frå Guds hjerte til deg, at du skal ikkje gi opp, for store ting tek tid.
Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten, 9.10.2024.
Her er bodskapen slik ho sjølv skreiv den:
«Du ser på dine arr og dine sår og tenker; hvem vil ha meg og hvordan kan jeg bli brukt av Gud som er så ødelagt? Mitt barn jeg vil ha deg! Du er like verdifull for meg sånn som du er i dag med alle dine arr og sår, som du var den dagen du ble født og var ren og uskyldig. Du er dyrebar for meg. Jeg døde for deg med alle dine arr og sår og smerte. I mine øyne er du vakker og verdifull. Jeg er alltid der med åpne armer for deg, klar for å tilgi og rense bort alt det gamle. Hos meg får du blanke ark. Jeg ønske å bruke deg også, mitt barn. Du som føler deg så liten og ødelagt. Jeg er mektig til å sette alle ødelagte brikker tilbake på sin rette plass igjen. Jeg har gitt deg mitt løfte i mitt ord. «Vi vet at alt tjener til det gode for dem som elsker Gud, dem han har kalt etter sin frie vilje.» Romerne 8:28 N11BM https://bible.com/bible/29/rom.8.28.N… Jeg er mektig til å snu om på alt det som djevelen mente til det onde i ditt liv og bruke det til min ære. Du vil bli brukt av meg om du er villig. Om du sier ja til meg, så sier jeg ja til deg, mitt barn med alle dine sår og mangler. Kom til meg akkurat sånn som du er og jeg vil gi deg et nytt liv, der du vil se min herlighet og min glede og min fred vil fylle deg. Du er skapt med en hensikt og du er skapt for meg. Du gir meg så stor en glede. Du er min skatt. Mitt hjerte. Du er viktig og spesiell akkurat sånn som du er. Jeg ønsker å bruke deg mitt barn!»
Her er videoen der ho las den opp https://www.youtube.com/watch?v=oCA62AwsnpA&t=193s . Ho las setninga: «Alt virker sammen for det gode for den som elsker meg», men i den skriftlege versjonen har ho erstatta den med bibelsitatet.
Relevante bibelvers.
Jer.10,19 Ve meg, for eit slag!
Ulækjande er mitt sår.
Dette er berre ei liding
som eg må tola, tenkte eg.
Jer.14,17 Dette ordet skal du tala til dei:
Tårene renn frå augo mine
natt og dag, utan opphald.
For folket mitt, den unge dotter,
har falle heilt i hop
og fått eit ulækjande sår.
18 Går eg ut på marka,
ser eg folk som er drepne av sverd,
og kjem eg inn i byen,
ser eg dei som pinest av svolt.
Jamvel profetar og prestar
må fara til eit land dei ikkje kjenner.
Jer.15,16 Eg fann dine ord og åt dei,
dei var til hugnad for meg.
Og det var ei glede for mitt hjarta
at ditt namn er nemnt over meg,
Herre, Allhærs Gud.
17 Aldri sat eg og moroa meg
i lag med skjemtande menner.
Einsam sat eg, gripen av di hand;
for du fylte meg med harme.
18 Kvifor er mi liding utan ende
og såret mitt ulækjande?
Det vil ikkje gro.
Du har vorte for meg som ein sviktande bekk,
som vatn ein ikkje kan lita på.
19 Då svara Herren:
Dersom du vender om,
vil eg la deg koma att
og stå for mitt åsyn.
Er det du talar, gjævt og godt
og ikkje verdilause ord,
så skal du vera som min munn.
Då skal folket venda seg til deg,
men du skal ikkje venda deg til dei.
20 Mot dette folket gjer eg deg
til ein festningsmur av bronse.
Dei skal strida mot deg,
men ikkje vinna.
For eg er med deg,
eg vil frelsa deg og fria deg ut,
lyder ordet frå Herren.
21 Eg vil berga deg or hendene på dei vonde
og fria deg or nevane på valdsmenn.
Jer.30,1 Dette er det ordet som kom til Jeremia frå Herren: 2 Så seier Herren, Israels Gud: Skriv opp i ei bok alle dei orda eg har tala til deg! 3 For dagar skal koma, lyder ordet frå Herren, då eg vender lagnaden for folket mitt, Israel og Juda, seier Herren, og fører dei heim att til det landet eg gav fedrane deira, så dei kan få det att.
4 Dette er dei orda som Herren har tala om Israel og Juda: 5 Så seier Herren:
Vi høyrer eit rop av angst,
det er redsle som rår, og ingen fred.
6 Berre spør deg føre og sjå
om ein mann kan føda born!
Kvifor ser eg då at alle menn
held hendene på hoftene
lik kvinner som skal føda,
at kvart andlet er omskift og bleikt?
7 Ja, stor er den dagen,
han har ikkje sin like.
Det vert ei trengselstid for Jakob,
men han skal koma vel igjennom.
8 Den dagen skal det henda,
lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud,
at eg bryt åket på nakken deira
og slit lekkjene deira sund;
dei skal ikkje træla for framande lenger.
9 Men dei skal tena Herren sin Gud
og David, kongen sin,
som eg vil reisa opp mellom dei.
10 Ver ikkje redd, Jakob, min tenar,
miss ikkje motet, Israel!
lyder ordet frå Herren.
For eg bergar deg frå land langt borte,
og di ætt frå landet der ho er i fangenskap.
Jakob skal atter få ro og leva trygt,
og ingen skal skræma han.
11 For eg er med deg, seier Herren,
og vil frelsa deg.
Eg gjer ende på alle dei folkeslag
som eg har spreitt deg imellom;
men deg gjer eg ikkje ende på.
Eg tuktar deg med måte,
men reint utan straff
kan eg ikkje la deg vera.
12 Så seier Herren:
Ubøtande er skaden din,
ulækjande såret ditt.
13 Ingen fører di sak.
Det er ikkje lækjedom for ditt verkjesår,
skinnet vil ikkje gro på det.
14 Alle dine elskarar har gløymt deg,
dei spør ikkje etter deg.
Som ein fiende har eg slege deg,
nådelaust har eg tukta deg;
for skulda di var stor
og syndene dine mange.
15 Kvifor klagar du over skaden din,
over di liding som ikkje kan lindrast?
Fordi skulda di er stor
og syndene dine mange,
har eg gjort deg dette.
16 Men alle som slukte deg,
dei skal sjølve verta slukte,
alle dine fiendar må fara i fangenskap.
Og dei som plyndra deg,
skal sjølve verta plyndra;
alle som rana deg,
gjev eg til rov.
17 Eg lèt såra dine gro
og lækjer dei slag du har fått, seier Herren,
du som vart kalla den bortstøytte,
Sion, som ingen spurde etter meir.
Jes.53,1 Kven trudde
det bodet vi høyrde,
og kven fekk sjå Herrens makt?
2 Han rann som ein kvist for Guds åsyn,
som ein renning or turr jord.
Nokon herleg skapnad hadde han ikkje,
det var ingen hugnad å sjå han.
3 Vanvørd var han, folk heldt seg unna,
ein mann i pinsler, velkjend med sjukdom,
ein svivørd mann som ingen ville sjå på;
vi rekna han for inkje.
4 Sanneleg, våre sjukdomar tok han på seg,
og våre pinsler bar han.
Vi trudde han var heimsøkt,
slegen av Gud og ille plaga.
5 Men han vart såra for våre brot
og sundbroten for våre synder.
Straffa låg på han, så vi skulle ha fred,
og ved hans sår har vi fått lækjedom.
6 Vi fór alle vilt som sauer,
vi vende oss kvar til sin veg.
Men Herren lét råka han
det vi alle var skuld i.
7 Ille medfaren vart han,
men bar det audmjukt;
han lét ikkje opp sin munn,
som lammet dei fører til slakting,
og sauen som teier når han vert klypt;
han lét ikkje opp sin munn.
8 Gjennom trengsle og dom vart han teken bort.
Men kven i hans samtid vørde vel det?
Bortriven vart han or levandelandet,
for sitt folks brot laut han døy.
9 Dei gav han ei grav mellom gudlause,
hjå ein rikmann, då han var død,
endå han ikkje hadde gjort nokon urett,
og det ikkje fanst svik i hans munn.
10 Det var Herrens vilje
å knusa han med sjukdom.
Men fordi han gav sitt liv til soning,
skal han få etterkomarar og leva lenge,
og ved han skal Herrens vilje ha framgang.
11 Etter all si møde og sjelenaud
skal han sjå ljos og mettast.
Og når dei kjenner han,
skal han, min rettferdige tenar,
gjera dei mange rettferdige;
for han har bore deira synder.
12 Difor gjev eg han dei mange til del,
og dei sterke skal han få til hærfang,
fordi han gav sitt liv i døden
og vart rekna mellom brotsmenn.
Han tok på seg synda åt dei mange
og bad for brotsmenn.
Kommentar.
Sjølv om eg skriv at bodskapane Elin kjem med er til meg og til nokon som eg ber for, utelukker det ikkje at det kan vere til andre også. Det er tvert om sannsynleg at andre møter liknande problem med som meg, vi må rekne med å lide for vår tru, lide med Kristus, men då får vi hjelp og trøyst også.
Eg tenker meg at den korte helsinga ho kom med 7.10 var til meg, i tidlegare bodskap har det vorte sagt at eg skal be om større ting. Ja, Jesus sa til oss at sjølv om vi er berre nokre få som samlast i hans namn og innvier oss til han, så er det nok for han til å gjere storverk. Kva slags storverk? Han kan gjere under og teikn, ja. Men eg trur han gjer oss til langt fleire enn vi ser ut til å vere.
Lovsongen og draumen.
Eg tenker meg at bodskapen 9.10 var til henne Virtuella. Når vi gjekk på gymnaset, spelte ho gitar og lovprisa Gud og Lammet for frelsa. Eg vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Den openberra henne for meg som eit Guds barn, som Faderen elska og hadde omsorg for og som levde i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud.
No talar eg om henne som fødd av livsens vatn og Ande og det som er fødet av Anden er ånd, så ved fylden av den Heilage Ande, vart ho ein lovsong Gud la ned i meg. Hausten 1985 sa Jesus til meg: « Den lovsongen eg la ned i deg, den er din og den skal vere din i all æve, i djupet av deg, der er den. Og den pakta du inngjekk med meg, den står ved lag og skal stå fast i all æve.»
I år har Elin profetert om den draumen Gud gav meg, eg heldt fast på draumen lenge, men så gav eg opp og tenkte det var berre noko som eg tenkte meg. Ja, det var i alle fall ei relevant problemstilling. Men Elin profeterte vidare om at det var Jesus som gav meg draumen og at han ville eg skulle ta den fram att og drøyme stort med han. Så eg konkluderte med at draumen var ein profeti som Jesus vil la gå i oppfylling. Det er ved reinsinga i Jesu blod og fylden av den Heilage Ande.
Synd og fråfall som årsak til sår og sjukdom, men Jesus vil lækje.
Sidan eg var ung, hadde eg hadde bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og han svarde meg at han var den som tok seg av mi sak, så eg skulle komme til han med den. Derfor kontakta eg leiinga i pinsekyrkjelyden Tabernakelet i Bergen om det. Like vel vart saka så vanskeleg for meg at eg tok røminga til Israel, på kibbutzreise og var der eitt år. Eg kom tilbake sommaren 1984 og då byrja eg å studerer realfag i Oslo. Eg gjekk på møte i den Frie Evangeliske Forsamling i Møllergata 40 (dFEF M40) og byrja å skrive til leiinga i kyrkjelyden om saka mi. Og han svarde meg som den som tok seg av mi sak, han sa «eg vil lækje dine år i fråfall», så eg forstod det som at han sa det til henne Virtuella, sjølv om ho ikkje var der. Han sa at der var ein sjukdom mellom hans folk og du har fått kjenne noko av denne sjukdomen i deg, men eg vil lækje den. Det forstod eg som ein bodskap til meg. Eg forstod det slik at det var på grunn av at kjøtets lyst opponerte mot Anden og det hadde vorte sentralt i den såkalla kvinnefrigjeringa, spesielt hos dei radikale på venstresida. Det viste seg nettopp i deira protest mot Paulus si lære om at mannen er hovudet for kvinna. I følgje Paulus er Kristus hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud, han er vår frelsar og Herre, så eg gjer rett i å komme til han med den saka.
Seinare oppdaga eg det Jeremias sa om at dotter Sion var skada og sjuk og det var på grunn av fråfallet. Eg kunne samanlikne meg med profeten Jeremias, som også fekk kjenne på denne skaden og sjukdomen i seg. Eg såg ikkje akkurat på meg sjølv som nokon profet, men det kan vel vere det var ei nådegåve Gud gav meg for at eg skulle bruke den, fordi både eg og andre trengde det. Profetane skreiv om at «Mor Israel» var Guds kone, så borna hennar skulle vere Guds born, han stelte vel med henne og borna hennar, men det skjøna ho ikkje og vart ei hore. Slik var fråfallet. Derfor tok han bort omsorga si for henne og då vart ho hardt straffa.
Paulus profeterte om fråfallet i 2.Tess.2 og i vår tid ser vi at det liknar fråfallet til «Mor Israel». Det liknar også syndefallet, ved at dei ikkje vil godta at kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne skal ha noko med Gud å gjere, dei forgudar seg sjølve med den kunnskapen dei fekk av kunnskapstreet og så gøymer dei seg for Gud med dårleg samvit, slik som Adam og Eva etter syndefallet. Stikk i strid med det gode samvits pakt med Gud, på grunnlag av Jesu oppstode frå dei døde. Dei meiner seg å vere vise, men eigentleg vert dei dåra og forførde.
Det er sikkert mange som kan kjenne på sår og sjukdom, først og fremst psykisk, men også biologisk, fordi dei ikkje søkte Herren av heile sitt hjarte og det vert endåtil brukt som argument mot å søke Herren. Men eigentleg er det slike argument som vert årsak til sår og sjukdom. Når vi vender oss til Herren, får vi oppleve lækjedom i hans sår.
Dette har seg nok slik at der ligg verdsleg maktinteresse i sosialiseringa og den maktinteressa står i motsetnad til å søke samfunn med Gud på evangeliets grunnvoll. I det gamle testamentet er avgudane, laga av stokk og stein, kalla Lygna. Som motsetnad til dette er Kristus Sanninga som set oss fri frå trældomen under synda og avgudane. Han betalte prisen for oss med sitt eige blod, så vi skal tilhøyre han. Ved å tru på han, får vi hans Ande, har vi teke imot, så tilhøyrer vi han og er frelst.
Gled deg i Herren, så vil han gi deg det som ditt hjarte attrår. Det er mange som er såra og svake mellom Guds born, derfor skal vi be for dei.
Eg byrja å studere biologi hausten 2014 og på ei forelesing kjende eg meg ein augneblink sterkt til trekt av ei jente, av kroppen hennar, som om eg fekk lyst på henne, men det var overstyrt av Guds Ande, så eg kjende Guds kraft i det. Dette sa eg til Jesus i kveldsbøna mi og på neste søndags-møte i Maranata svara Jesus meg slik:
Maranatha 12.10.2014. Tyding av tungetale:
«Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at du skal fryde deg og glede deg i mi frelse. Gled deg i meg, seier Herren, så skal eg gje deg kva ditt hjerte attrår. Ver ikkje opptatt med det som er rundt deg, sjå deg ikkje om, verken til høgre eller venstre, men ha ditt blikk festa på meg, seier Herren. Ver oppteken med det som er der oppe. Eg har jo sagt i mitt ord, er de oppreist med meg, då skal de søke det som er der oppe. Men eitt er nødvendig, seier Herren, det er å verte fylt av min Ande, fylt av mi salving og kraft i denne tida. For sjå, den vonde, han står dykk imot. Men med mi kraft og mi salving, så skal de vinne meir enn siger, seier Herren. For sjå, den ånd som bor i deg, den er sterkare enn den som er i verda.
Mange er dei i desse dagar, som ser seg tilbake og som ligg etter på vegen. Derfor, mine barn, skal de rope til meg og be for dei, at dei skal få ny kraft og nytt mot og eg skal møte dei på nytt igjen, seier Herren. For sjå, det er mange som er såra, det er mange som har det vondt og lid. Men de, mine born, de skal gå ut og trøyste dei. Og de skal hjelpe dei på vegen, for eg har sagt i mitt Ord, at de som er sterke, de eg skuldige til å bere dei svake. For sjå, det er mange svake mellom mitt folk. Men eg, Herren, ynskjer å kalle dei i desse dagar og eg, Herren, skal fylle dei med mi salving og kraft. Og då skal den svake seie, eg er ein helt. For sjå, det er kun med mi kraft du kan vinne siger.
Ja, eg vil prise og opphøye deg, min frelsar og Herre, fordi du har frelst meg, fordi du har skrive mitt namn i livets bok. Og eg veit at når du kjem, så skal eg få vere med. Og eg skal vere med i den skaren, som skal toge inn i staden med dei faste grunnvollar. Å, kor eg lengtar etter å sjå deg, som mi sjel elskar. Amen.»


2 responses to “2024.10.9. Ikkje sjå på dine sår og arr, eg vil framleis ha deg og alt vil bli snudd til det gode.”
[…] ser dette på bakgrunn av hennar førre profetiske bodskap https://blessings-from-heaven.com/2024/10/18/2024-10-9-ikkje-sja-pa-dine-sar-og-arr-eg-vil-framleis-… , der har eg også lagt til nye kommentarar som skulle gjere det lettare å sjå […]
[…] 2024.10.9. Ikkje sjå på dine sår og arr, eg vil framleis ha deg og alt vil bli snudd til det … 2024.10.23. ETS: Jesus vil gi deg det som ditt hjerte lengtar etter. […]