Video frå kristne møte: https://studio.youtube.com/channel/UCx-mgohovh4cNvy-rj6Je8A/videos/upload?filter=%5B%5D&sort=%7B%22columnType%22%3A%22date%22%2C%22sortOrder%22%3A%22DESCENDING%22%7D

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

2024.11.17. Maranata. No er frelsens dag, i dag er Jesus å finne. Han kallar deg til å komme og få deg eit nytt møte med han. Det er viktig at du nyttar den tida du har fått.

Innleiing ved Jens Austbø.

Salme.103,1 Av David.

Mi sjel, lov Herren!

Ja, alt som i meg er,

skal lova hans heilage namn.

2 Mi sjel, lov Herren,

gløym ikkje alle hans velgjerningar!

3 Han tilgjev all di skuld

og lækjer all din sjukdom.

4 Han friar ditt liv frå grava

og kronar deg med godleik og miskunn.

5 Han fyller ditt liv med det som godt er,

og gjer deg ung att som ørna.

6 Herren grip inn og frelser,

lèt alle som er trælka, få sin rett.

7 Han kunngjorde sine vegar for Moses,

sine gjerningar for Israels folk.

8 Mild og nådig er Herren,

langmodig og rik på miskunn.

9 Han kjem ikkje alltid med klagemål

og er ikkje evig harm.

10 Han gjer ikkje med oss etter våre synder

og løner oss ikkje etter våre misgjerningar.

11 Så høg som himmelen er over jorda,

så stor er Herrens nåde

over dei som ottast han.

12 Så langt som aust er frå vest,

så langt tek han våre synder bort frå oss.

13 Som ein far er miskunnsam mot borna sine,

er Herren miskunnsam

mot dei som ottast han.

14 For han veit korleis vi er skapte,

han kjem i hug at vi er støv.

Tale ved Ole Bjørn Saltnes.

Ole Bjørn las ifrå:

Luk.21, 23 Stakkars dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane! For det skal verta stor naud i landet; vreidedomen skal råka dette folket. 24 Dei skal falla for sverd og førast bort som fangar til alle folkeslag. Og andre folk skal trakka Jerusalem under fot til dess tida åt folkeslaga er ute.

25 Det skal syna seg teikn i sol og måne og stjerner, og på jorda skal folka verta gripne av redsle og rådløyse når hav og brotsjøar dyn. 26 Folk skal forgå av redsle og gru for det som kjem over jorda. For kreftene i himmelrømda skal skakast. 27 Då skal dei sjå Menneskesonen koma i skya med stor makt og herlegdom. 28 Men når dette tek til å henda, då rett dykk opp og lyft hovudet! For utløysinga dykkar er nær.

29 Så fortalde han dei ei likning:

Sjå på fikentreet og alle andre tre. 30 Når de ser at lauvet sprett, då veit de at sommaren er nær. 31 Såleis òg når de ser at dette hender, då veit de at Guds rike er nær. 32 Sanneleg, det seier eg dykk: Denne ætta skal ikkje forgå før alt dette hender. 33 Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå.

Ole Bjørn fortalde om profetien til Gunhild Smelhus og at i eit møte kom Åge Samuelsen med tungetale som predikanten Rein Sehus tyda, den var spesiell ved at den var detaljert, at der var ein mann i forsamlinga som Gud ville bruke til å føre jødane tilbake til landet sitt. Han skulle reise til Ny York og tale til politikarane som samla seg i FN si hovudforsamling i 1947 for å diskutere Midt-Austens skjebne. Og så kjende Rein Sehus sterkt at det var til han sjølv. Han hadde knapt vore utanfor Noregs grenser og kunne ikkje engelsk.

Han reiste med fly til Ny York og på gata møtte han generalsekretæren i FN, Trygve Lie. Han fekk vere med han inn og talte Guds Ord på talarstolen. Og når avstemninga kom i november, vart det eit stort fleirtal for at jødefolket skal få sitt landområde i Midt-Austen. 15.mai 1948 proklamerte jødane Israel som ein ny nasjon og etter kvart den godkjend av FN. Same året mobiliserte dei arabiske nabonasjonane til angrep, men ved eit Guds under snudde dei.

Midt under 6-dagers-krigen i juni 1967, var Rein Sehus i pinsekyrja i Drammen og dei hadde friluftsmøte. Han sa at om nokre dagar skal de få sjå at heile Jerusalem kjem på jødane sine hender. Han forstod det som slutten på heidningane si tid. Og slik gjekk det, når krigen var slutt, hadde jødane fått heile Jerusalem, Golanhøgdene og Vestbredden.

I 1973 kom Yom Kippur-krigen og i 7.oktober i fjord vart det krig igjen. Men sjå på Israel, sjå på fikentreet.

I 2018 proklamerte president Donald Trump Jerusalem som jødane sin hovudstad, så dei ville flytte ambassada si dit. Sidan har nokre andre nasjonar også valt å gjere det. Og no, før han vart valt til president igjen sa han at Vestbredden (Juda og Samaria) skal fullt og heilt tilhøyre Israel. Det stemmer med profetiane, sjå Esekiel 37.

Jeremia.23,3 Så vil eg samla det som er att av sauene mine frå alle dei land eg har drive dei bort til. Eg vil føra dei tilbake til deira eigne beitemarker, og der skal dei auka og verta mange.

………

8 men: «Så sant Herren lever, han som førte etterkomarane av Israels ætt heim att frå landet i nord», og frå alle dei andre landa eg hadde drive dei bort til, så dei kan få bu på si eiga jord.

Jer.31,8 Eg fører dei heim att frå landet i nord,

eg samlar dei frå utkantane av jorda.

Blant dei er både blinde og halte,

ja, svangre og fødande kvinner med;

dei kjem attende i store flokkar.

9 Gråtande kjem dei, med audmjuk bøn;

eg leier og fører dei

til rennande bekker,

på jamn veg, der dei ikkje snåvar.

Eg er som ein far for Israel,

Efraim er min fyrstefødde son.

10 Høyr Herrens ord, de folkeslag!

Forkynn det på fjerne strender og sei:

Han som spreidde Israel,

samlar og gjæter det

som ein hyrding gjæter sin flokk.

Amos.9,14 Då vender eg lagnaden for Israel, mitt folk.

Nedrivne byar skal dei byggja og bu i;

vingardar skal dei planta og sjølve drikka vinen,

hagar skal dei stella til og sjølve eta frukta.

15 Eg plantar dei atter i eiga jord;

aldri meir skal dei rykkjast opp or sitt land,

som eg har gjeve dei,

seier Herren din Gud.

1.Mos.12,1 Herren sa til Abram: «Far ut or landet ditt, bort frå folket og farshuset ditt, til det landet som eg vil syna deg! 2 Eg vil gjera deg til eit stort folk; eg vil velsigna deg og gjera namnet ditt stort. Og du skal verta til velsigning!

3 Eg vil velsigna dei som velsignar deg,

og forbanna den som forbannar deg.

I deg skal alle ætter på jorda velsignast.»

Jes.2,1 Det ordet som Jesaja, son til Amos, fekk i eit syn om Juda og Jerusalem:

2 I dei siste dagar skal det henda

at Herrens tempelberg skal stå

grunnfest høgt over alle fjell

og lyfta seg opp over haugane.

Dit skal alle folkeslag strøyma.

3 Mange folk skal gå av stad og seia:

«Kom, lat oss fara opp til Herrens fjell,

til huset åt Jakobs Gud,

så han kan læra oss sine vegar,

og vi kan ferdast på hans stigar!

For frå Sion skal lovlære gå ut,

og Herrens ord frå Jerusalem.»

4 Han skal døma mellom folkeslaga,

skifta rett for mange folk.

Då skal dei smida sverda sine om til plogjern

og spyda sine til vingardsknivar.

Folk skal ikkje meir lyfta sverd mot folk

og ikkje lenger læra å føra krig.

Ole Bjørn sa at dett handlar om tusenårsriket og det kjem etter at kyrkjelyden (Jesu brud) har vore i himmelen ei stund). Så kjem Jesus att ein gong til, med sine heilage og då skal han stå på oljeberget, slik det er sagt i Sak.14. Men det er om å gjere at jødane får høyre evangeliet, slik at så mange som mogleg av dei vert med i brude-skaren.

Profetisk bodskap ved Ole Bjørn:

«Ennå er det nådetid, ennå så er jeg å finne, sier Herren. Og det er viktig at du benytter den tiden du har fått. Nå er frelsens dag, i dag så kan du få et nytt møte med meg, sier Herren. Og jeg vil gjenopprette det som ble ødelagt en gang for lenge siden. Jeg kjenner ditt fall og nederlag, men du kan få lov til å legge det gamle fullt og helt bak og så kan du få lov til å se framover. Det gamle, det er blitt borte og det nye kommer til i ditt liv. Om du opner opp for meg og min nåde og la mitt blod få virke på både tankeliv og følelsesliv og ord og handlinger, hele deg, så skal du få lov til å bli en brudesjel, kledd i rene hvite klær, som skal være med den dagen jeg komme igjen, sier Herren.»

Relevante Bibelvers.

Salme.103,1 Av David.

……..

15 Menneskelivet er som graset.

Mennesket er som blomen på marka.

16 Når vinden fer framom, er han borte,

staden han stod på, veit ikkje meir av han.

17 Frå æve til æve er Herrens miskunn

over dei som ottast han.

Hans rettferd når til barneborn

18 når fedrane held hans pakt

og kjem i hug hans bod,

så dei lever etter dei.

19 Herren har reist sin kongsstol i himmelen,

han rår som konge over alle ting.

20 Lov Herren, de hans englar,

de sterke heltar, som set hans ord i verk,

så snart de høyrer hans røyst.

21 Lov Herren, alle hans hærskarar,

de hans tenarar, som gjer hans vilje!

22 Lov Herren, heile hans skaparverk,

på alle stader der han rår!

Mi sjel, lov Herren!

Sakarja.14,1 Sjå, det kjem ein Herrens dag. Då skal det hærfanget dei har ført bort frå deg, skiftast ut hjå deg.

2 Eg vil samla alle folkeslaga til strid mot Jerusalem. Byen skal verta teken, husa plyndra og kvinnene tekne med vald. Halve byen skal førast bort i fangenskap, men resten av folket skal ikkje rydjast ut or byen.

3 Herren sjølv skal fara ut og strida mot desse folka som på stridens dag, den dagen han gjekk til kamp. 4 Den dagen skal han stå med føtene på Oljeberget, som ligg rett aust for Jerusalem. Og Oljeberget skal dela seg i to frå aust til vest, så det vert ein brei dal. Den eine halvparten av fjellet vik unna mot nord og den andre mot sør. 5 Dalen attmed fjellet mitt skal fyllast, for dalen mellom fjella skal nå heilt til Asal. Og de skal røma som de rømde for jordskjelvet i dei dagar Ussia var konge i Juda. Då skal Herren min Gud koma og alle heilage vera med han.

Heb.12,18 De er ikkje komne til eit fjell som ein kan ta og kjenna på, med logande eld, med skyer, mørker og storm, 19 med gjallande horn og med ei røyst som tala slik at dei som høyrde på, bad om å få sleppa å høyra meir. 20 For dei kunne ikkje tola det påbodet som vart gjeve: «Om så eit dyr kjem innåt fjellet, skal det steinast.» 21 Ja, så gruvekkjande var synet at Moses sa: «Eg er så redd at eg skjelv.» 22 Nei, de er komne til Sion-fjellet, til den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, til dei mange tusen englar, til ei høgtidsstemne, 23 til samlinga av dei fyrstefødde som er oppskrivne i himmelen. De er komne til ein domar som er Gud for alle, til åndene åt dei rettferdige som har nått fullendinga, 24 til Jesus, mellommannen for ei ny pakt og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod.

25 Sjå til at de ikkje viser frå dykk han som talar! Dei som viste frå seg han som tala sitt ord her på jorda, slapp ikkje unna. Endå mindre skal vi sleppa unna om vi vender oss bort frå han som talar frå himmelen.

Tidlegare bodskap, i Maranata. Søndag 14.6.2009 : KLIPPEN ER REVNA.

Tyding av tungetale:

Frelsen er en gave, frelsen den er Guds utstrakte hand. Frelsen er fullbrakt og broen over selve avgrunnen er bygd, den er bygd solid, grundig, fundamenteringen holder i liv og i død. Og den er grunnlagt på evige løfter, den er grunnlagt på en evig eksistens. Derfor behøver du ikke frykte for noen ting, for grunnvollen er lagt. Klippen er revnet.   (Ja, her bryter ut alt)? hva menneskeheten trenger.  Jeg ble slått, misshandlet, knust for alle dine missgjerninger, for alle dine sykdommer. Istedenfor dom, skal du få nåde, i stedet for fortapelse, får du himmel, i stedet for død, får du liv og overflod. Kom i dag og ta av livets vann uforskyldt, du får det av bare nåde.

Du behøver ikke å være nedadbøyd, men du kan løfte blikket oppad. For blodet fra mine sår gir deg frelsens – blodet skaper og gir deg forløsning fra all fordømmelse. Blodets rensende makt fører deg over og inn i samfunn med meg, sier Herren. Du behøver ikke å gå der uten fred og håp og framtid.   Gjennom mitt utgytte blod har død funnet sted til forløsning fra syndens dom og skyld, i dag er det nåde, for blodet vitner, blodet taler, blodet vitner om død, blodet taler om nåde. Kom derfor å ta imot min utstrakte hånd og jeg skal dra deg opp og jeg skal sette deg over i mitt rike.

La ikke menneske gi deg trelldom, bli ikke menneskets trell. Men se blodet setter deg fri. Min Ånd den gjør levende hva blodet har gitt deg. Golgata forteller om at i stedet for forbannelse får du velsignelse. For jeg ble forbannet for at du skulle bli velsignet. Jeg døde for at du skulle ha liv og overflod. Men jeg oppstod igjen for at du skulle bli ikledt for evig  min rettferdighet. Og er du kledt i min rettferdighet , så er du ikke redd for det som er i tiden,  men du kan løfte motet og blikket oppover,  og stråle av glede, for jeg har løst deg, satt deg fri, kalt deg ved navn, for du er min eiendom for tid og for evighet.

Leave a comment