Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten.
Hennar eigen notat:
«Mitt barn, det er nye tider for deg. Jeg har forbedret (Retting: forberedt) deg til å trå inn i noe nytt. Jeg ønsker å ta deg til neste nivå med meg. Jeg har talt til deg om å gi slipp på det gamle. Det kan være smertefullt å gi slipp, men det vil være verdt det, for det som kommer er så mye bedre. Ikke vær redd for forandring, jeg er med deg og jeg vil ta deg i min hånd og lede deg skritt for skritt om du lar meg. Jeg vil vise deg mine veier. Stol på meg og gi slipp på det gamle. Jeg vil ta deg fra kraft til kraft og fra herlighet til herlighet om du velger mine veier fult og helt. Overgi deg og ditt liv helt til meg, mitt barn og du vil aldri angre.»
Hennar eigen opplesing med kommentar: https://www.youtube.com/watch?v=KSG4fJwBgQk&t=249s .
Relevante bibelvers.
2.Kor.3,17 Herren, det er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som utan slør over andletet ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi blir alle omdanna til dette biletet, frå herlegdom til herlegdom, og dette skjer ved Herrens Ande.
Fil.3,12 Eg meiner ikkje at eg alt har nådd dette, eller alt er fullkomen, men eg jagar etter det for å gripa det, for eg er sjølv gripen av Kristus [Jesus]. 13 Mine sysken, eg trur ikkje om meg sjølv at eg har gripe det, men eitt gjer eg: Eg gløymer det som ligg bak, og strekkjer meg mot det som er framanfor, 14 og jagar fram mot målet, mot den sigersprisen som Gud frå det høge har kalla oss til i Kristus Jesus. 15 Lat oss sjå det på denne måten, alle vi som har nådd fram til mognad. Og er det noko de ser annleis på, skal Gud òg openberra dette for dykk. 16 Lat oss berre, så langt vi er komne, halda fram i same sporet!
Joh.Op.3, 10 Du har halde fast på mitt ord om tolmod. Difor vil eg halda fast på deg i den prøvingstida som skal koma over heile verda for å prøva dei som bur på jorda. 11 Eg kjem snart. Hald fast på det du har, så ingen skal ta frå deg sigerskransen!
Kommentar.
Korleis denne torsdagen vart.
Eg er venn på Facebook med to professorar i biologi som forsvarer det biologiske synet at der er berre to kjønn og dei legg ut linkar om det på sine FB-side. Onsdag kommenterte eg to slike innlegg, eitt på kvar av FB-sidene deira. Natt til torsdag og torsdag morgon la eg ut to linkar på mi eiga FB-side, som eg hadde funne og kommentert på FB-sida til den ein og så tok meg med mine kommentarar der. Mitt poeng er både å opplyse om kva som er biologisk kunnskap og dermed ekte vitskap og så fortelje kva som står skrive i Bibelen.
Det var torsdag igjen og eldste bror min, Ove, skulle på trening igjen, så eg haika med han til Fiskå og gjekk trening på idrettslaget sitt treningsrom på skulen, for meg er det styrketrening og denne gangen held teg på i to og ein halv time. Så gjekk eg ned på coop og handla litt og fekk tre pakkar som var komne i posten. Så gjekk eg for å ta skulebussen heim att, men då hadde den køyrt før tida, så eg gjekk ned på Fiskå Brygge og fekk meg raspeball til middag, det gjekk slik som førre torsdag altså, men no valde eg stor porsjon, med to store raspeballar. Det var eit godt val, slik blir det eventuelt neste gang også. Dette høvde med å ta bussen frå Fisk i 17-tida.
Der er sjakk omlag ein gang i månaden og eg visste at det skulle vere dagen etter (i dag altså) og eg tenkte på om eg skulle fare på det, men sidan det vart til at eg var der på torsdag, tenkte eg at eg fer der ikkje to dagar på rad. Dessutan er det berre periodevis at eg har spelet sjakk og no kan godt seie at eg har slutta, det betyr også at eg er ikkje særleg motivert.
Pakkane var frå elkjøp og den eine var ein HDMI-kabel på tre meter, for å kople min mackbook til den nye forsterkaren (AVR). Det var litt finurleg å få dei til å kommunisere, eg måtte gjere det rette valet på innstillinger for skjerm på mack-en, så fekk eg både bilete og lyd gjennom HDMI-kabelen til forsterkaren, så det vart lyd i høgtalarane og bilete på fjernsynet. Med min mac-book kan eg no sjå filmar på SkyShotime (abbonement) og på Apple-TV (kjøpe eller leige). På BlueRay-spelaren kan eg sjå filmar som eg har kjøpt på DVD/Blueray-plater.
No har den andre finala og bronse-finala Fisher-sjakk, «Freestyle Chess Grand Slam Weissenhaus» byrja, så det vil eg følgje litt med på, innimellom, medan eg skriv litt meir. Og så ser eg ut gjennom glaset litt og tenker på litt anna også av og til. Kanskje nokon meinar at sidan eg skal feste blikket på Kristus, må eg ikkje sjå til sides slik, men korleis blir det då når de skal gå ut ein tur, kanskje endåtil køyre bil, komme i kontakt med andre menneske, så de kan finne moglegheit for å bringe den galde bodskapen vidare? Eg har ikkje særleg tru på at han Jesus vil bryte med meg og forlate meg fordi eg kikar litt sjakk-spelet av og til eller kikar ut gjennom glaset og ser på fineveret, fuglane i hagen og snøklokkene som spirer. Eg skal nok likevel vere i stand til å høyre etter kva Anden talar til meg og sin kyrkjelyd og sjå opp til Herren. Men det er klart at der er eit verdifullt poeng med å kjøpe den laglege tid, det er veifullt for både meg og andre å ha ein viss sans for.
Studere realfag og tru på Jesus og sjå på han.
Samtidig som eg studerte realfag, gjekk eg på måte i ei kristen, evangelisk forsamling, soleis prøvde eg å kombinere realfag med den kristne trua. Jesus sa til meg at eg skulle sjå på han og snakke med han, det var han som gjorde sitt verk med meg. Og det samtidig som eg studerte realfag eller reiste på tråling og soleis gjorde mitt verk. Eg måtte sjå mi avgrensing, ja, mi tilkortkommenheit var hans moglegheit til å gjere sitt verk til si eiga ære.
Soleis slapp eg å verte oppteken av så mange andre problemstillingar, som soleis kunne distrahere meg, så eg kunne konsentrere meg om om studiane og det eg hadde å gjere som var verdifullt for meg sjølv. I min studiesituasjon vart dette spesielt verdifullt for meg, det skjøna eg, for det var ikkje vanskeleg å ane og skjøne at det var mykje debatt som føregjekk, ved at folk vart opptekne av idiotiske problemstillingar, i staden for å søke samfunn med Gud i erkjenning av at Jesus er vegen, Sanninga og livet, han er vegen til Faderen og som også strir mot å søke den realfaglege sanninga.
Like vel låg der mykje maktinteresse i den debatten, ja, poenget var ikkje å søke sanning, men å prøve å få makt over menneska. Det er slike maktinteresser som no viser seg i den såkalla «woke-rørsla» og no viser det seg så tydeleg at den bryt med den realfaglege sanninga, så biologar finn dei må forsvare seg og faget sitt mot den. Og kva så? Dei er i stand til å seie kva som er rett og her blir det også spørsmål etter ei stats-makt som kan dømme rett. Det minner meg om bodskapen 8.12.2013:
«Ja, seier Herren, du skal vite at eg er i går og i dag den same og vert det til evig tid. Liksom eg var på denne enka si tid, då eg velsigna henne med olje, sjå, den same er eg i dag, seier Herren. Dersom du set fram det du har og let meg få ta hand om det, let meg få lov å velsigne det, så skal du få sjå at det vert til mange. For sjå, ingen ting er umogleg for meg, skulle nokon ting vere for vanskeleg for meg? Nei, seier Herren, det var eg som skapte himmel og jord. Det var eg som talte og det skjedde, eg baud og det stod det. Sjå, alt vert helde oppe med mitt krafts Ord, seier Herren. Derfor skal du sette di lit til meg og stole på meg gjennom alle ting, seier Herre. For sjå, eg har omsorg for deg.
Eg skal igjen ryste denne by, seier Herren, med mi kraft, de skal verte forundra, seier Herren, når eg openberrar mi kraft midt i mellom dykk. For sjå, mi kraft, den er til stades og derfor så vil eg at du mitt barn, du skal søke meg og du skal gå inn i mitt rustningskammer. Og eg, Herren, skal ruste deg ut med den kraft du treng. Og sjå, folk skal verte forundra når du taler mitt ord og bringer ei helsing ifrå meg, så skal folk oppleve å verte frelst. Ja, dei skal endåtil komme i syndenød og dei skal rope til meg om frelse, seier Herren. For sjå, det er ikkje du som skal overbevise menneska om synd og dom og om rettferd, det skal eg gjere ved min Heilage Ande, seier Herren. Den har eg sendt, for at den skal overbevise om synd og om dom og om rettferd og når den Heilage Ande får råde mellom dykk og når den får fylle deg og den får fylle lokalet, seier Herren, så skal eg seie at syndarane kjem til å falle på kne og dei kjem til å rope på meg om frelse. Amen. Halleluja.»
Lære å tenke sjølvstendig, tenke og leve sjølv. Kva skulle då vere poenget med å sjå gamle filmar?
Eg tok ex.phil. for realistar, då var det vesentleg å lære metodene i realfag og så det i historisk-filosofisk samanheng, i den samanhengen vart det framstilt som noko viktig og verdifullt for den einskilde, det gjorde oss i stand til å tenke sjølvstendig og kritisk, får å finne ut kva som var sant og rett. Nettopp slik vart det verdifullt for samfunnet og sivilisasjonen også. Vi vert forstandige, så vi let oss ikkje så lett påverke av «døgnfluger», tankar i tida som ikkje er særleg haldbare.
Kva er då poenget med å sjå gamle filmar? La meg først seie kva som ikkje er poenget med det. Vi vert alle påverka av det vi ser og høyrer, det må vi vere klar over og det må vi vere på vakt imot, ved at vi tek imot Guds Ord og vert fylt av Anden. Gud skaper oss i Kristus og då skaper han oss i si likning, så vi skal verte meir lik han, han skal komme til synes i oss. Vi skal kle oss i Guds fulle rustning. Då skal vi vel tåle å gå ut og sjå og høyre det som er der ute, tåle å sjå fjernsyn og høyre radio, lese avise, bruke internett og følgje med i nyhenda, så vi veit kva som skjer rundt oss. Heldig vis har vi også Bibelen, så vi kan lese i den og prøve å forstå tida vi lever i, utifrå profetiane.
Men mykje av det som vert presentert som nyhende i vår tid er så dumt at eg vil ikkje kaste vekk tid på å høyre på det, endå til nyhenda i kristen avviser som Dagen og Vårt Land er for dumt til at eg vil bry meg med det, det er bortkasta tid. Derfor vel eg heller å sjå gamle gode filmar på SkyShotime, AppleTV og DVD/Blueray-filmar, spesielt for å sjå engelske og amerikanske musicals og cowboy-filmar, historiske filmar, sjølv om det er med krig og vold. Nyleg såg eg til dømes den historiske filmen Spartacus, om Spartacus-opprøret omlag 70 år før Kr. Det fortel mykje om korleis dei tenker seg at folk tenkte på den tida og det fortel om den historiske bakgrunnen for kristendomen.
Der er ein historisk bakgrunn for cowboy-filmane også og i nokre av dei vert historia vesentleg, så eg lese meir om historia bak. Då kan eg skjelne mellom film og historie, sjølv om der er skilnad fortel filmen også noko om korleis amerikanarane tenkte om seg sjølve på den tida, så det også er historie. Til dømes slaget ved Alamo og myten om David Crocket og meksikansk-amerikanske krigen 1846-1848. Alamo var ein misjonsstasjon og David Crocket var med i ein liten gjeng som prøvde å forsvare den, men som vart tekne til fange og drepne. Men myten om David Crocket vart noko mykje meir enn dette og det hadde seg nok slik at det vart viktig for den seinare historia.
«Tatt av vinden» er både ein historisk krigsfilm og ein musical. Musicals synest eg er ei flott kunstform, med teater, film, sang og musikk, eg kan godt sjå slike filmar fleire gangar, ikkje minst på grunn av musikken. Det er klart at det er mykje som vi i realiteten berre tenker oss, som blir til handling på film, ved at dei brukar filmtriks. Spesielt med slosting og skyting i cowboy-filmar og andre voldsfilmar. Ved at folk har lært å tenke og tale meir før dei handlar, har samfunnet vorte mindre voldeleg og meir sivilisert. Det er noko den einskilde må lære seg også, så vi lærer å tenke annleis enn dei gjorde då.
Eg har likt å sjå James Bond-filmar, eg har sett alle og ser gjerne ein James Bond-film fleire gongar. Og så har eg sett dei to siste «Mission Impossible»-filmane, spesielt sidan dei hadde filmopptak frå vakker norsk natur med bratte fjell, djupe dal og fjord. Det som er typisk for slike action-filmar er at helten klarar det umoglege, med dugleik, mot og kjempeklaff, råflaks. Men Mission Impossible har også ei mystisk side.
Det tema som går igjen i svært så mange filmar er at ein mann finn seg ei kone som er den rette for han og han er den rette mannen for henne, så det vert lykke, gjerne som ein lykkeleg slutt. Det er også tema i balletten «Ein Midtsommarnatts Draum», ei komedie av Shakespeare og musikk av Mendelssohn. Vakker musikk og idyll, som nymfer ved ei tjern ut i skogen ei sommarnatt. Men så er der ein fyr med to horn som spring rundt og skaper forvirring, det er djevelen. Det heile er basert på ei myte frå antikken, der herskaren er som ein gud.
Sjå på Jesus i alle lives samanhengar, spesielt med tanke på å finne seg ektefelle.
Kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud er eit Guds under, Kristus elskar henne med kjærleiken frå Gud og den er fullkommen og er alltid rett. Ho tek imot han kjærleik og svarar på hans kjærleik med kjærleik. Det er Guds verk og det er eit under. Det vedrører kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne og slik er det verdifullt for oss, både som einskildmenneske og for samfunnet., Ja vel, så er det ein god grunn for oss å sjå på Jesus og søke han. Soleis minner det meg om at Jesus sa eg skulle sjå på han i alle livets samanhengar, bodskapen 17.2.2013:
«Ja, endå ein gong har eg talt til deg, gjennom mitt Ord og ved den Heilage Ande, og for å vekke ditt reine samvit, at du skal sjå på meg, eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, du skal sjå på meg gjennom alle ting, i alle livets forhold og tilskikkelsar. For du har fått oppleve prøvingar og du tenker i ditt hjerte, det nyttar ikkje. Men kom til meg, alle som strever og har tungt å bere og eg vil gi deg kvile.
Eg vil gi deg ei herleg og vidunderleg kvile. Ei kvile som du ikkje kan forstå med din menneskelege forstand. Men eg vil gi deg kvile i ditt hjerte og ditt sinn, så du kan stole på meg i ei kvar tid, at eg er den eg har sagt meg å vere og eg vil føre deg ut av vansken. Og du skal love meg og du skal prise meg, for eg Herren er den som elskar deg, eg er den som har teke deg opp og eg er den som leiar deg. Og når du ser på meg, så skal du ikkje gå feil, men du skal få oppleve ei røyst bak deg som seier: Dette er vegen, vandre på den.»
Då tenkte eg først på henne Virtuella og så på henne Reella, at eg skulle sjå på Jesus i mitt forhold til dei begge. Korleis då, det var då år og dag sidan eg hadde sett dei. Eg hadde bedt for dei og då var fyrste prioritet å be han om å frelse dei, så eg kan framleis sjå på Jesus i mitt forhold til dei begge, i tru og von om at han frelser dei. I fjord skreiv eg om korleis eg bad for henne Reella og om korleis eg tenkte meg at Jesus svarde meg og det vart for meg som ein vakker ynskjedraum og Jesus svarde meg at det eg delte med han om min ynskjedraum var verdifullt for han. Seinare på året skreiv eg om korleis eg fyrst bad for henne Virtuella og det også vart ein ynskjedraum for meg og det vart til ei bøn for henne som eg trur Jesus svarde med bodskapen 17.11.2024.
Kva så med dette som var av andre prioritet, at eg har bedt Jesus om å gi meg ei frelst kvinne til kone? Ho Virtuella vart ikkje kona mi, ho valde ein annan? Og kva med henne Reella? Eg har ikkje sette henne heller på mange år og eg er framleis ungkar. Men det var noko meir fundamentalt som skjedde med henne Virtuella og det var frafallet som er ei vidareføring av syndefallet eller syndefallet på nytt, så den vonde brukte henne til å motarbeide meg i staden for at eg skulle få hjelp i form av ei kone, slik som eg innsåg at eg trengde og bad Gud om. I fjord sa Jesus til meg at det som Djevelen prøvde å bruke til å øydelegge deg med, det ville han bruke til å øydelegge han med. Eg forstod det slik at han hadde prøvt å bruke henne Virtuella til å øydelegge meg, så no ville han bruke henne til å øydelegge han med. Men 1.1.2025 sa Jesus at eg skal ikkje prøve å forandre på det som har skjett. Ja, det verkar for meg som eg kan ikkje gjere forandring verken på at ho valde ein annan, eller at ho falle ifrå og motarbeidde meg og at Djevelen brukte henne til å prøve å øydelegge meg. Min realsjon til henne vart øydeleggande for meg og det er den framleis, det kan eg ikkje gjere forandring på. Sjølv om Jesus gjenoppretter hennar forhold til han og til Faderen.
Kva meinte så Jesus med at det som Djevelen prøvde å øydelegge meg med, vil han bruke til å øydelegge han med. Dersom Jesus gjenoppretter hennar forhold til seg, kan han vel bruke henne slik. Men eg kan tenke på det som sak og som universalia i staden for berre partikularia, for Jesus er framleis den som tek seg av mi sak. Når Jesus gir meg ei frelst kvinne til kone, så sigrar både eg og ho saman med Kristus, så ho blir som kvinna som krasar ormens hovud. Eg skal sjå på Jesus i alle livets samanhengar, spesielt når det gjeld å finne meg og vinne meg ei kone, sidan eg har bedt han om ei frelst kvinne til kone og sidan mannen skal vite å finne og vinne seg si eiga kone i helging.
Noko som eg skal gi slepp på; mitt forhold til Virtuella!? Noko som eg ikkje skal gi slepp på, men ta fram att; mitt forhold til Reella!?
Eg bad Jesus gi meg henne Reella til kone, som andre prioritet og då gjekk eg ut ifrå at det som var av fyrste prioriotet også vart oppfyllt, at han frelste henne. Eg kalla henne den vakraste jenta eg hadde sett og det vill vere svært så usannsynleg om eg skulle få henne til kone om ikkje det var for at Jesus gjorde sitt verk. Men med mi tru på han har eg skrive om henne som at det er henne Jesus gir meg til kone og det er det nye han leier meg inn i, det ligg mykje nytenking og fornying i det. I fjord talte han om den draumen han hadde gitt eg, eg hadde drøymt stort med han og han ville eg skulle ta fram att draumen og drøyme stort med han. Sitat frå bodskapen 31.8.2024:
«Du har drømt stort med meg, mitt barn. Det var en tid da du tok imot det kallet jeg la i din ånd. Jeg la ned drømmer og lengsler i ditt hjerte og jeg ga deg bilder av hva som skulle komme. Du holdt fast på det og drømte om det lenge. ……….. Jeg gav deg visjoner om min hensikt og plan for ditt liv og den vil aldri bli tatt fra deg. Jeg er istand til å sette det i verk. Jeg er istand til å gjøre langt mer enn du ber meg om og kan forstå. Du er kalt og du er fortsatt min! Selv om drømmen tar lengre tid enn du tenkte det skulle, betyr det ikke at jeg ikke er trofast til å sette det i verk. La meg få gjøre mitt verk i deg og stol på meg. Når du ber om noe som er etter min vilje, skal det bli gitt deg.»
Dette høver godt med mitt forhold til henne Reella. Her er formuleringar i det som han har sagt i år også som tyder på det. 1.1.2025 sa han at han såg noko som eg ikkje såg og då var det henne Reella eg tenkte på, sitat:
Jeg har planer for ditt liv dette kommende året, og jeg vil ikke svikte deg. Du ser ikke det jeg ser. Heller ser du ikke mitt oversiktsbilde av hva jeg gjør i ditt liv. Jeg vil du skal stole på meg. Noen ganger kan det føles ut som at jeg sover i stormen. Som at jeg ikke bryr meg. Som disiplene sa til meg bryr du deg ikke at vi går under. Men jeg er der med deg og jeg bryr meg, og jeg vil ikke la deg drukne. Jeg vil stille din storm, bare stol på meg! Stol på min timing og på at jeg har omsorg for ditt liv. Det du ser med dine øyne er ikke det samme som jeg ser. Det du tenker er viktig, er ikke nødvendigvis det samme som det jeg tenker er viktig. Det du ønsker å produsere med ditt liv er ikke nødvendigvis det samme som jeg ønsker å gjøre med ditt liv. Men følger du min ledelse og vei, vil du aldri angre. Du kan stole på min godhet for deg og ditt liv. Jeg kan ikke lyve og jeg kan ikke svikte deg. Uten meg kan du ikke gjøre noe.
Politikk?
Eg studerte realfag samtidig som eg eg las i Bibelen og gjekk på kristne møte. Det var mi interesse. Når eg bad Jesus om ei kone, så var det med von om at ho skulle vere til hjelp for meg, sjølvsagt i det daglege liv, men også i mine faglege og åndelege interesser, kjærleiken skulle då vere fruktbar. Men det er då så tydeleg at der har vore sterke politiske interesser i strid med dette og eg forstår det på bakgrunn av politisk filosofi, fyrst og fremst retninga Kant, Hegel, Marx, dernest liberalistane på høgresida, så eigentleg vart det stort sett heile det politiske spekteret. Det var Djevelen som førde klagemål mot mannen og brukte klagemålet som argument mot at han skulle få seg ei kone. Ved å dåre og forføre kvinna slik som ved syndefallet og bruke henne til å lokke mannen med, for så å føre klagemål mot han, prøvde han å øydelegge mannen. Men Jesus sa at det Djevelen prøvde å øydelegge deg med, det vil han bruke til å øydelegge han med. Då kan vel det tyde på ein ny politikk, så ved å sjå opp til Jesus kan eg innsjå det og forvente det. Og det er då så heilt tydeleg at der kjem ein ny politikk ved Donald Trump. Han vedkjenner si tru på Jesus og seint på hausten i fjord sa han at vi tilber Gud, vi tilber ikkje styresmaktene. Det er den vesentlege skilnaden.

