Video frå kristne møte: https://studio.youtube.com/channel/UCx-mgohovh4cNvy-rj6Je8A/videos/upload?filter=%5B%5D&sort=%7B%22columnType%22%3A%22date%22%2C%22sortOrder%22%3A%22DESCENDING%22%7D

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

2025.07.08. Tysdag, KL 19:30. Maranata Landsstemne 2025. Tale ved Randi Filtvedt Johansen. Gud som sa at lys skulle skine fram i mørkert, har lete det skine i våre hjarte. Slik har vi fått ein skatt i leirkar og det er om å gjere for oss at verda oppdagar det. Vi skal då vere lys og salt i verda.

Innleiing ved Åse Mella.

Joh.14,16 Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid:  17 Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.

21 Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.»

22 Judas, ikkje Iskariot, seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?»  23 Jesus svara:

Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han.  24 Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og det ordet de høyrer, er ikkje mitt, men Faderens, han som har sendt meg.  25 Dette har eg tala til dykk medan eg enno er hjå dykk. 26 Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk.

Ho refererte til 

Rom.8,26 På same måten kjem Anden oss til hjelp i vår vanmakt. For vi veit ikkje kva vi skal be om så vi kan be rett, men Anden sjølv bed for oss med sukkar som det ikkje finst ord for.

Så refererte ho til Salme.51.

Jes.51,12 Gud, skap i meg eit reint hjarta,

gjev meg ei ny og stødig ånd! 

13 Kasta meg ikkje bort frå ditt åsyn,

ta ikkje frå meg din Heilage Ande!

Bodskap 1, kveld 8.7.2025. I dag er tida for innhausting, Jesus vil fylle si kyrkje med den Heilage Ande og med latter, men korleis skal han få gjere det når du berre held tilbake det han vil gi deg? Profetisk bodskap, tungetale og tyding ved ei kvinne.

«Jeg vet om din lengsel. Jeg har sett dine tårer. Jeg vet at du har et ønske, det er å tjene meg. Jeg vil at du skal vite, at i dag er tiden for innhøstning. Du skal vite, at alle de ord som er sådd ut, alle de bønner som er blitt bedt, de har ikke gått forbi meg, jeg vet om de, jeg har hørt din nød, jeg har sett til lengsel. Tro ikke at tiden er slutt.  Når min ånd skal fylle en hver som søker meg. Du skal vite, det er ikke eventyr, å nei, jeg er Gud den allmektige, som vil fylle mitt legeme på jord. Hørte du hva jeg sa, mitt legeme på jord. Har du tatt imot meg, har du fått troen på meg, så vet du at i ditt indre er en ånd som fyller deg daglig, når du søker meg. Jeg lengter etter at enhver, enhver, som har tatt imot meg, skal være utrustet. Ja, hvor skal du finne rustningen?  Jo, nettopp i det dere skal få kraft, når den Hellige Ånd kommer over dere. Og dere skal være mine vitne, du skal ikke vite om deg selv, men du skal være mitt vitne. For jeg har kalt deg ved navn og du er min, du er min. Jeg er Herren din Gud, som vil hjelpe deg, som vil styrke deg, som vil fylle deg, så ditt beger flyter over. Å ja, jeg lengter etter å høre jubel.

Min menighet, juble innfor mitt åsyn. La din tunge være, la din tunge være en hurtig skriver penn, som får ut det ordet jeg vil ha ut. Hugs at tiden er kort. Dere behøver ikke hører at jeg sier det mer, for dere ser det. Du skal løfte dine øyner opp til meg og jeg skal fylle det. Men hvordan skal jeg fylle den med latteren, når du bare holder tilbake det jeg vil gi deg? Fryd deg i meg, fryd deg i meg, fryd deg over min frelse. Fryd deg over at du har fått meg inn i deg.  Kan du tenke deg at jeg har utvalt dere, som mine tjenere. Vær bare lydige. Men mangen en gang holder du tilbake. Men jeg sier deg, jeg trenger lydige tjenere, jeg trenger tjenere, som kan gi ut mitt Ord og være fylt av min ånd, sier Herren.»

Tale ved Randi Filtvedt Johansen.

1.Mos.2,6 Men så braut ei kjelde fram or jorda og vatna heile marka. 7 Og Herren Gud skapte mannen av mold frå marka og bles livsande inn i nasen hans, så mannen vart til ein levande skapning.

2.Kor.4,6 For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram.

7 Men vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss.

Jesus er Sanninga som set oss fri, han er klippen vi har å bygge på.

Det er fullkommen gjenoppretting i Kristus.

Joh.8,3 Då kom dei skriftlærde og farisearane med ei kvinne som var gripen i ekteskapsbrot; dei stelte henne fram 4 og sa: «Meister, denne kvinna har dei kome over medan ho gjorde ekteskapsbrot. 5 Moses har sagt oss føre i lova at slike kvinner skal steinast. Kva seier no du?» 6 Dette sa dei for å setja han på prøve, så dei kunne få noko å klaga han for. Jesus bøygde seg ned og skreiv på jorda med fingeren. 7 Men då dei heldt fram med å spørja, rette han seg opp og sa: «Den av dykk som er utan synd, kan kasta den fyrste steinen på henne.» 8 Så bøygde han seg ned att og skreiv på jorda. 9 Då dei høyrde det, gjekk dei bort, den eine etter den andre, dei eldste fyrst. Til sist var Jesus att åleine med kvinna som stod der. 10 Då rette han seg opp og sa: «Kvar er dei, kvinne? Var det ingen som dømde deg?» 11 «Nei, Herre, ingen,» svara ho. Då sa Jesus: «Så dømer ikkje eg deg heller. Gå bort og synda ikkje meir!»

Lækjedom ved bøn; den same kraft som budde i Kristus, skal levande gjere våre lekamar.

Bodskap 2, kveld, 8.7.2025. Tungetale ved ein mann, tyding ved Randi.

Ja, jeg vil lovsynge og takke deg, Herre, du som er selve ordet fra Gud, som ble kjød og tok bolig iblant oss. Herre, takk at jeg fikk se din herlighet, takk at jeg har fått oppleve din kjærlighet. Takk at du har tatt bolig i mitt hjerte, med den Hellige Ånd. Takk at du har gitt meg barnekårets ånd og det sier Abba Fader der inne. Ja, jeg vil lovsynge ditt navn, Herre, at din dør er åpen og adgangen er fri. Og jeg takker deg og at jeg går på en blodbestengt vei inntil min far i himmelen. Og takk at jeg får komme med mine bønne-emner i Jesu navn. Og jeg vet at du hører når jeg ber.

Jesus, jeg vil takke deg, at du døde med en åpen favn og i dine naglemerker er jeg tegnet. Der er alle mine sykdommer, alle mine piner og alle mine plager. Og takk Jesus at du har tatt vare på alle mine tårer. Takk at de skal vende tilbake som bønnesvar over de jeg har bedt for.  Og takk at du er her, Herre, til å lege og helbrede og utøse din Ånd, det vil jeg prise deg for, amen. 

Relevante bibelvers.

Jes.51,1 Til korleiaren. Ein salme av David, 2 då profeten Natan kom til han etter at han hadde vore hjå Batseba. 

3 Ver meg nådig, Gud, i din truskap,

stryk ut mine brot i di store miskunn!

4 Gjer meg rein og fri for skuld,

og reinsa meg for mi synd!

5 For mine brot kjenner eg,

mi synd står alltid for meg.

6 Einast mot deg har eg synda,

det som er vondt i dine augo, har eg gjort. 

Så får du rett når du talar,

og står der rein når du feller dom.

7 Ja, med skuld kom eg til verda,

med synd vart eg avla i mors liv. 

8 Sjå, du har hug til sanning i inste hjarta,

så lær meg visdom i hjartedjupet!

9 Reinsa meg for synd med isop,

vaska meg, så eg vert kvitare enn snø! 

10 Lat meg kjenna fryd og glede,

lat dei bein du knuste, jubla!

11 Løyn ditt åsyn for mine synder,

og stryk ut all mi skuld!

12 Gud, skap i meg eit reint hjarta,

gjev meg ei ny og stødig ånd! 

13 Kasta meg ikkje bort frå ditt åsyn,

ta ikkje frå meg din Heilage Ande!

14 Lat meg atter få fryda meg over di frelse,

hald meg oppe med ei viljug ånd!

15 Så vil eg læra brotsmenn dine vegar,

og syndarar skal venda om til deg. 

16 Fri meg, Gud, frå blodskuld,

– du Gud som er min frelsar!

Så skal eg jubla over di rettferd.  

17 Herre, lat opp mine lipper,

så min munn kan lovprisa deg.

Kommentar.

No får eg sjå desse møta på direkten, på youtube på TV og det er ei stor forbetring. Når eg slo på TV-en heldt Åse Mella på med innleiinga. I kommentarane mine på formiddagsmøtet og på kveldsmøtet skreiv eg om at eg hadde bedt Jesus frelse mine nærast og gi meg ei frelst kvinne til kone sidan eg var ung og det hang i saman, Jesu var livet som vart planta i meg når eg var ein liten gutunge og han har ikkje forlete meg, det livet skulle også vekse, både i meg og i den kristne kyrkjelyden. Eg heldt fram med å be slik og skreiv om det i desse kommentarane og då var det henne Viruella eg tenkte på.

Men etter den først bodskapen i dette møtet, så vart det henne Reella eg tenkte på og å be for henne vart så enkelt som ei takkebøn, det vart berre å tru at Jesus tok imot henne med opne armar, som si brud, som han elska og hadde omsorg for og så takke han for det. Og eg trur det er ein åndeleg røyndom, ein vakker draum som Jesus har gitt meg ved sitt Ord og sin Ande. Det høver no bra med takkebøna som kom i siste bodskapen også.

Eg har skrive om at eg kunne ikkje gløyme henne, for Jesus hadde svart på mi bøn for henne og eg måtte fortsette å be slik og det var fyrst og fremst ei takkebøn, det var å takke Jesus for hans fullførde og fullkomen frelseverk. Eg skulle søke Herren av heile mitt hjerte og då kom eg til at eg måtte hugse på å be for henne Virtuella også. Så det har vorte som om Gud gir meg to koner, til samanlikning med Jakob og Elkana, der Reella blir å samanlikne med Peninna og Virtuella vert å samanlikne med Hanna. 

Eg har også bedt for ei tredje jente, som eg har kalla «Poly-Ester», ho er frå Ukraina. Og eg tenker meg at eg kan be for folket hennar, ved å be for henne. Dette også vert hovudsakleg å takke Jesus for at hans fullførde og fullkomne frelseverk gjeld for henne og folket hennar også.

Jesus har sett fram for meg ei open dør, som ingen kan lukke og invitert meg. Han har bana vegen for meg inn i det høgheilage, så eg kan stige fram for nådens trone og få miskunne og finne nåde til hjelp i rette tid. Og det er ikkje noko i vegen for at eg kan gå inn der med mi bøn for dei alle tre, eg går inn der på blodets grunn og då vert det å takke for hans fullførde og fullkomne frelseverk. 

Eg skal heilhjarta halde meg til Herren og då ventar eg at han kjem meg til hjelp med si kraft og slik vil han gi meg hjelp i form av ei kone. Korleis går dette, gir han meg ei kone, i samsvar med skapingssoga, slik som eg opphavleg bad om? Eller gir han meg fleire, til samanlikning med David? Eg skal i alle fall ikkje ha noko kone til samanlikning med korleis David lokka til seg Batseba. Fri og bevare meg vel. Eg har då bedt Jesus om å gi meg ei frelst kvinne til kone, så då skulle eg vere på den sikre side slik sett!

Men det er noko som Jesus har gitt meg og som han har gitt til sin kyrkjelyd og så er det noko eller nokon som held det tilbake. Korleis kan eg få forandring på det, slik at ikkje noko held det tilbake, slik at ikkje verken eg sjølv eller andre held det tilbake? Det må vel vere ved å takka Jesus for hans fullførde frelseverk, at det som eg har bedt han om er inkluderte i hans fullførde frelseverk. Kjennast ved han for andre menneske og påstå at slik er det. 

Det har med openbering å gjere, så eg skal løfte blikket opp til han, feste blikket på han og snakke med han. Påkalle han, så vi går han i møte og han kjem oss i møte og han vinn skapnad i meg og i sin kyrkjelyd. Ved nåden som Gud har gitt oss i Kristus, frå vi vekse opp til han som er hovudet for lekamen, eg vert som den modne mann og hans kyrkjelyd vert ei moden brud.

Leave a comment