Innleiing ved Svein.
Ef.1,3 Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far,
han som i Kristus har velsigna oss
med all Andens velsigning i himmelen.
Rom.4,25 han som vart overgjeven til døden for våre synder og oppreist for at vi skulle verta rettferdige for Gud.
Rom.5,1 Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. 2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom.
Ef.3,12 I han har vi frimod, og i trua på han kan vi koma fram for Gud med tillit. 13 Difor bed eg dykk: Miss ikkje motet om eg lyt lida for dykkar skuld. Det er ei ære for dykk!
Heb.4,12 For Guds ord er levande og kraftig og kvassare enn noko tvieggja sverd. Det trengjer igjennom til det kløyver sjel og ånd, merg og bein, og dømer hjartans tankar og planar. 13 Ingen skapning er løynd for hans augo. Alt er nake og bert for han som vi skal gjera rekneskap for.
14 Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga! 15 For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan ha medynk med oss i vår vesaldom, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd. 16 Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.
Tale ved Jens Austbø.
Rom.1,16 For eg skjemmest ikkje ved evangeliet. Det er ei Guds kraft til frelse for kvar den som trur, jøde fyrst og så grekar. 17 For i det vert Guds rettferd openberra, av tru til tru, som skrive står: Den rettferdige skal leva ved tru.
18 Guds vreidedom vert openberra frå himmelen over all gudløyse og urett hjå menneske som held sanninga nede i urett.
1.Tess.4,16 For når det bydande ropet lyder, når erkeengelen lyfter si røyst og Guds basun ljomar, då skal Herren sjølv stiga ned frå himmelen. Og dei som døydde i trua på Kristus, skal fyrst stå opp. 17 Så skal vi som har vorte att og enno lever, saman med dei rykkjast opp i skyene, i lufta, og møta Herren. Og så skal vi alltid vera saman med Herren. 18 Trøysta kvarandre med desse orda!
Matt.6,9 Difor skal de be såleis:
Fader vår, du som er i himmelen!
Lat namnet ditt helgast.
10 Lat riket ditt koma.
Lat viljen din råda på jorda så som i himmelen.
Endetidsteikn 1: jødane vender heim til landet sitt.
Endetidsteikn 2 er større, evangeliet skal forkynnast for alle folkeslag.
Matt.24,14 Og evangeliet om riket skal forkynnast i heile verda til vitnemål for alle folkeslag, og då skal enden koma.
Dei 70 års-vekene i Dan.9,
Dan.9,1 I det fyrste året Dareios, son til Xerxes, var konge – han var av medisk ætt og hadde vorte konge over kaldearriket – 2 i det fyrste styringsåret hans granska eg, Daniel, i bøkene og la merke til kor lenge Jerusalem etter Herrens ord til profeten Jeremia skulle liggja i røys; det var sytti år. 3 Då vende eg meg til Herren Gud og ville søkja han i audmjuk bøn. Eg fasta, kledde meg i botsdrakt og strøydde støv på hovudet.
……
22 Han ville læra meg og sa: «Daniel, no er eg komen og vil gje deg fullt skjøn. 23 Då du tok til å be, gjekk det ut eit ord, og eg er komen og vil kunngjera deg det; for du er elska av Gud. Så merk deg ordet og gjev akt på synet!
24 Sytti veker er fastsette
for ditt folk og din heilage by
før vondskapen har nått sitt mål,
før synda tek slutt.
Då vert skulda utstroken,
det kjem ei evig rettferd,
det profetane såg, vert stadfest,
og Det høgheilage vert salva.
25 Du skal vita og skjøna: Frå den tid det ordet gjekk ut at folket frå Jerusalem skulle førast attende og byen byggjast opp att, og til det kjem ein som er salva, ein fyrste, skal det gå sju veker. I 62 veker skal så byen stå der atterreist og oppattbygd med gater og vollgraver. Men tidene skal vera harde. 26 Etter desse 62 vekene skal den salvevigde rydjast or vegen og ikkje meir vera til.
Byen og heilagdomen skal øydeleggjast
av hæren åt ein fyrste som kjem.
Han skal enda sine dagar i ein flaum.
Den fastsette øydelegging
skal vara til krigen er slutt.
27 Éi veke gjer han pakta tung for mange,
midt i veka gjer han ende
på slaktoffer og grødeoffer.
På styggedoms venger
kjem det ein som herjar,
heilt til den fastsette øydelegging
strøymer ned over øydaren sjølv.»
…
(58 min ut i tala)
Desse 70 års-vekene byrja i år 457 f.Kr, når dekretet til Artaxerxus gjekk ut. Og så gjekk det 69 års-veker, 483 år, til dess ein trur at Jesus starta si teneste. Den syttiande veka har ikkje byrja enno, som om der er eit intervall mellom dei. I vers 26 er det tale om at Jesus vart krossfesta og byen og heilagdomen vet øydelagd av ein fyrste som skal koma, det er «Antikrist». I vers 27, skal han stadfeste ei pakt for mange. Det betyr styrke ei pakt. Dette er den 70. veka.
Han meinar dette gjeld vår tid. Når du høyrer om forslag til fredsavtale i Midtausten, så kan det vere dette som er på gang, at han stadfestar ei pakt med mange.
Om vi ser på det som skjer i verda og vi held oss til dei mest bokstavelege tolkingane av endetida, så kan vi verte forvirra. Derfor prøver han å tenke nytt om det, så han vil komme med ei alternativ tolking som han trur stemmer. Men prøv alt på Guds ord.
Han har ikkje heilt forstått Gog-krigen (Esekiel.38), den er ikkje det same som Harmageddon (Joh.Op.16,16).
Israels-folket lever trygt i heimlandet sitt, så dei har kome tilbake til landet sitt, når Gog-krigen kjem.
Esekiel.38,8 Når lang tid har gått, skal du kallast til teneste. Og når åra er ute, skal du koma til eit land som er bygt opp att etter krig og herjing, og der folket er samla frå mange folk på Israels-fjella, som lenge låg aude. Dei vart henta heim frå folka, og no bur dei alle trygt. 9 Dit opp skal du fara. Du skal koma som eit uver og dekkja landet som ei sky, du og alle fylkingane dine og mange folk med deg.
10 Så seier Herren Gud: Den dagen skal tankar koma opp i deg; du skal leggja vonde planar 11 og seia: «Eg vil fara opp mot eit land med opne byar, gå mot fredelege folk som bur trygt. Dei bur alle på stader som er utan murar og korkje har bommar eller portar. 12 Eg vil rana og røva og ta hærfang og venda handa mot det som er reist av røys, mot eit folk som er samla frå andre folkeslag. No samlar dei seg fe og gods, der dei bur ved heimsens navle.»
Dei bur trygt og det kan vere på grunn av alle desse fredsavtalene. Jens meiner Gog ikkje er Antikrist, for Gog skal verte øydelagd. Men Antikrist skal setje seg inn i tempelet.
Ros betyr prins på hebraisk. Forslag: Tyrkia. Gog-Magog: Ukraina. Togarma kan vere europeiske land. Han forstår dette som at landa vert samla av islam mot Israel. Men Saudi-Arabia (Sjeba og Dedan) er ikkje med i dette.
Det er gjetning, men prøv det på Guds Ord og så får vi sjå.
Jødane ventar på Messias som ein som skal skape fred i verda og starte bygginga av det tredje tempelet.
Kongelova.
5.Mos.17,14 Når du kjem inn i det landet Herren din Gud gjev deg, legg det under deg og buset deg der, og du så seier: «Eg vil ha ein konge over meg liksom alle folka rundt ikring meg», 15 då skal du setja den mannen som Herren din Gud vel ut, til konge over deg. Ein av landsmennene dine skal du ta til konge. Du må ikkje ta ein utlending, ein som ikkje er landsmannen din. 16 Men kongen må ikkje halda mange hestar og ikkje senda folket sitt tilbake til Egypt, så han kan få seg fleire hestar. Herren har då sagt at de ikkje meir skal fara den vegen. 17 Kongen skal heller ikkje ta seg mange koner, så han vert lokka til fråfall, og han må ikkje samla seg sølv og gull i mengd.
18 Når han set seg i kongsstolen, skal han få ei avskrift av denne lova frå levittprestane; ho skal vera skriven i ein bokrull. 19 Den skal han ha hjå seg og lesa i alle sine levedagar, så han kan læra å ottast Herren sin Gud. Og han skal akta på alle bod og føresegner i denne lova og leva etter dei, 20 så han ikkje i hovmod set seg over landsmennene sine og ikkje vik av frå bodet, korkje til høgre eller venstre. Då skal han og etterkomarane hans ha kongsmakta i Israel i lange tider.
Kong Salomo synda mot alle desse boda.
1.Kon.10,9 Det gullet som Salomo fekk inn på eitt år, vog 666 talentar. 15 Til det kom avgiftene frå kjøpmennene og inntektene frå karavanehandlarane, frå alle arabarkongane og frå statthaldarane i landet.
16 Kong Salomo fekk laga to hundre store skjold av hamra gull; til kvart skjold gjekk det med seks hundre sekel gull. 17 Han fekk òg laga tre hundre små skjold av hamra gull; til kvart av dei gjekk det med tre miner gull. Alle desse skjolda sette kongen i Libanon-skoghuset.
18 Kongen fekk òg laga ein stor kongsstol av elfenbein og kledde han med reint gull. 19 Kongsstolen hadde seks troppesteg, og på baksida var det ein rund topp. På begge sider av setet var det stolarmar, og attmed stolarmane stod det to løver. 20 På dei seks troppestega stod det tolv løver, seks på kvar side. Maken til kongsstol har aldri vore laga i noko anna kongerike.
21 Alle drikkekara til kong Salomo var av gull, og alle reiskapane i Libanon-skoghuset var av fint gull. Ingen ting var av sølv; sølvet vart ikkje rekna for noko i Salomos dagar. 22 For kongen hadde Tarsis-skip på havet saman med skipa åt Hiram. Ein gong tredjekvart år kom Tarsis-skipa heim, lasta med gull og sølv, elfenbein, apekattar og påfuglar.
23 Kong Salomo var rikare og visare enn alle andre kongar på jorda. 24 Frå alle verdsens kantar kom dei og ville sjå han og høyra den visdomen Gud hadde lagt ned i hjarta hans. 25 Kvart år kom dei med gåver til han, ting av sølv og gull, kledebunader, våpen, krydder, hestar og muldyr.
26 Salomo la seg til vogner og hestar. Han hadde fjorten hundre vogner og tolv tusen hestar. Av dei la han somme i vognbyane, og somme hadde han hjå seg sjølv i Jerusalem. 27 Kongen gjorde sølv like vanleg i Jerusalem som stein, og sedertre like vanleg som morbærtre i Sjefela. 28 Hestane sine fekk Salomo frå Egypt og frå Kue. Kjøpmennene hans henta dei i Kue for betaling. 29 Kvar vogn som vart innført frå Egypt, kosta seks hundre sekel sølv, og kvar hest hundre og femti sekel. Sameleis henta dei vogner og hestar til alle hetittkongane og aramearkongane.
Matt.6,24 Ingen kan tena to herrar. Han vil hata den eine og elska den andre, eller halda seg til den eine og vanvørda den andre. De kan ikkje tena både Gud og Mammon.
Joh.Op.13,18 Her trengst det visdom. Den som har vit, lat han rekna ut talet for dyret! For det er talet for eit menneske, og talet for det er 666.
Same tal som i 1.Kong.10,9.
USA er verdens største krigsmakt. No har Tyskland byrja å ruste opp.
Dan.8,21 Den raggete bukken er kongen i Javan. Det store hornet han hadde i skallen, er den fyrste kongen. 22 Når dette hornet vart avbrote, og det voks opp fire andre i staden, tyder det at det skal koma fire kongerike av folket hans, men dei skal ikkje ha same kraft som han. 23 Ved slutten av herredømet deira, når brotsmennene har fylt syndemålet sitt, skal det stå fram ein konge med hardt andlet og sleip tunge. 24 Han skal få stor makt, men ikkje ved eiga kraft. Han skal gjera uhyggjeleg skade og ha lukka med seg i det han tek seg føre. Han skal gjera ende på mektige menn og folket av dei heilage. 25 Fordi han er klok, skal svikarferda lukkast for han. Han skal vera stor i eigne tankar og rydja ut mange når dei minst ventar det. Han skal reisa seg mot hovdingen over hovdingane og verta knust, men ikkje ved menneskehand. 26 Det er sant, dette synet om kveldar og morgonar som her er fortalt. Du skal gøyma på synet, for det peikar langt fram i tida.»
Dette siste hornet kalla han Antikrist, det har karaktertrekka til Antikrist.
Dette er ikkje ei politisk tale, men ei endetidstale, så vi skal sjå kva som skjer. Det Britiske imperiet vask fordi dei støtt, Israel, etter kollapsa det. USA-imperiet voks ved å støtte Israel. Kor lenge varer det?
Denne sju-års-perioda har vorte kalla den store trengselen, men den kan godt starte med fred.
Når vi ser endetidsteikna, så skal vi som Jesus brud gjere oss klar til å møte han.
Joh.Op.22,17 Anden og brura seier: «Kom!» Og den som høyrer det, skal seia: «Kom!» Den som tyrstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn for inkje.
Tungetale ved ein mann, tyding ved Jens.
Jeg, Herren, sier frykt ikke, frykt ikke. Du mitt lille barn, frykt ikke, selv om du kjenner at du er skrøpelig, så ikke frykt. Legg ditt liv i mine hender, legg ditt liv i mine hender og stole på meg. Ha full tillit og full visshet til meg. For jeg elsker deg og jeg vil deg bare godt, sier Herren.
Jeg venter på deg, jeg venter på deg, min Herre, jeg venter på deg, hele mitt hjerte lengter etter deg, min brudgom. Jeg er bruden som lengter etter deg, min brudgom. Og jeg lengter etter at du skal komme og jeg skal se deg, hvem du er og jeg skal bli den jeg alltid var tenkt til å bli. Med mitt herlighetsskrud, fullt av hvit lin. Å, min herre og Gud og jeg tilbed deg, min Herre og Gud, av hele min ånd, sjel og legeme. Jeg bare vil prise deg min, Herre og Gud. Jesus Kristus, halleluja.
Halleluja, Halleluja, for dansen, du, kjære brud, ta en dans, ta en dans til ære for meg. Og folket, Og Herrens folk reier seg opp og så skal vi ta og spille en sang som det passer seg å ta en dans til. Halleluja. For Herren sier dans min brud, dans min brud og gled deg i meg. For jeg er på vei, jeg er på vei og jeg kommer snart for å hente deg, min brud. Halleluja.
Referanse.
Xerxes 1 var konge 485-465 f.Kr,
Artaxerxes var konge 465 424 f.Kr.
62*7 = 434. 485-434 = 51. 51 f.Kr, altså.
69*7 = 483, 483-457 = 26. At han starta si teneste når han var 26 år, altså.
Først gjekk det ut eit ord om at folket frå Jerusalem skulle få vende attende til Jerusalem og byen byggast oppatt. Så går det sju veker til dess det kjem ein som er salva, er det årsveker, så er det 49 år. Så går det 62 veker, då byen skal ligge attreist og oppattbygd. Men då skal den salvevigde rydjast or vegen, når det har gått 69 veker altså!? Og Jesus var då den salvevigde. Men så talar Jens om dette som om det var då han byrja si gjerning? Det må då vere ei misforståing, dette kan då ikkje vere rette måten å bruke Bibelen som referanse.
Matt.6,7 Når de bed, skal de ikkje ramsa opp ord som heidningane; for dei trur at dei vert bønhøyrde berre dei brukar mange ord. 8 Gjer ikkje som dei! Far dykkar veit kva de treng før de bed han om det. 9 Difor skal de be såleis:
Fader vår, du som er i himmelen!
Lat namnet ditt helgast.
10 Lat riket ditt koma.
Lat viljen din råda på jorda så som i himmelen.
11 Gjev oss i dag vårt daglege brød.
12 Forlat oss vår skuld,
som vi òg forlèt våre skuldmenn.
13 Før oss ikkje ut i freisting,
men frels oss frå det vonde.
For riket er ditt, og makta og æra i all æve.
Amen.
14 For om de tilgjev andre menneske den urett dei gjer mot dykk, så skal Far dykkar i himmelen tilgje dykk òg. 15 Men tilgjev de ikkje, skal heller ikkje Far dykkar tilgje den urett de gjer.
Esekiel.20,9 Eg gjorde det for mitt namn skuld, så det ikkje skulle verta vanæra for augo på dei folka som dei levde imellom. Dei hadde då vore vitne til at eg gav meg til kjenne for dei då eg lova å føra dei ut or Egypt.
Jesaja.48, 1 Høyr dette, du Jakobs ætt,
de som ber Israels-namnet
og har runne or Judas kjelde,
de som sver ved Herrens namn
og prisar Israels Gud,
men ikkje i sanning og rettferd!
2 Dei kallar seg etter den heilage byen
og stør seg til Israels Gud.
Herren, Allhærs Gud, er hans namn.
3 Det som har hendt, har eg kunngjort føreåt,
or min munn gjekk det ut, eg forkynte det;
brått greip eg inn, og det skjedde.
4 Eg visste at du er strid,
at nakken din er ei jernsen
og panna di som bronse.
5 Så kunngjorde eg det føreåt,
lét deg vita det før det hende,
så du ikkje skulle seia:
«Dette har mitt gudebilete gjort,
min gud av tre og metall har laga det så.»
6 Du har høyrt og sett det alt.
Må de ikkje sanna det?
Men no forkynner eg noko nytt,
dulde ting som du ikkje veit om.
7 No vert det skapt og ikkje før,
du har ikkje høyrt om det før i dag,
så du ikkje skulle seia:
«Det visste eg!»
8 Du har korkje høyrt eller visst det,
eller før fått øyra opp for det.
Eg visste då vel kor trulaus du er,
frå mors liv har du heitt ein svikar.
9 For mitt namn skuld døyver eg min harme,
for mi ære skuld tøymer eg meg
og rydjar deg ikkje ut.
10 Eg har reinsa deg, men ikkje som sølv,
eg har prøvt deg i lidingsomnen.
11 For mi eiga skuld grip eg no inn.
Kor ville eg elles verta vanæra!
Mi ære gjev eg ingen annan.
Kyros er send av Herren
12 Høyr på meg, Jakob,
du Israel, som eg har kalla!
Eg er den same, eg er den fyrste,
og eg er den siste òg.
13 Ja, mi hand har grunnfest jorda,
mi høgre hand breidde himmelen ut.
Eg kalla dei fram,
og dei stod der begge.
14 Kom saman, alle, og høyr!
Kven av dykk har kunngjort dette?
Han som Herren elskar,
skal fullføra hans vilje mot Babel
og syna hans makt mot kaldearfolket.
15 Eg har tala, og eg har kalla han,
eg har sendt han og lèt ferda hans lukkast.
16 Kom hit til meg og høyr dette:
Frå fyrste stund tala eg ope,
og så snart det hende, var eg der.
«No har Herren vår Gud
sendt meg og sin Ande.»
Å, ville du høyra på mine bod!
17 Så seier Herren, din utløysar,
Israels Heilage:
Eg er Herren din Gud,
som lærer deg det som gagnar,
og fører deg den vegen du skal gå.
18 Å, ville du lyda på mine bod!
Då vart din fred som elva,
di rettferd som havsens bylgjer.
19 Då vart di ætt så tallaus som sanden,
dine etterkomarar som sandkorna;
deira namn vart aldri stroke
og ikkje sletta hjå meg.
Heim frå Babylonia
20 Dra ut or Babylon, bort frå Kaldea!
Forkynn det med jubel, rop det ut,
lat det nå til heimsens ende:
Herren har løyst ut Jakob, sin tenar.
21 Dei tyrstar ikkje
når han fører dei i øydemarka,
vatn or berget lèt han sildra åt dei;
han kløyver fjell, og vatnet renn.
22 Dei gudlause har ingen fred, seier Herren.
Kommentar.
Jens refererte til «første bøna i Fadervår», Lat riket ditt kome. Men då hadde han eigentleg hoppa over «Lat namnet ditt helgast». Og i det gamle testamentet ser vi at han ville la namnet sitt verte helga, ved at han let Israelsfolket vende heim att til landet sitt og så ville han reinse dei som sølv. Eg har teke med nokre bibelvers om det.
Ordet Antikrist vert brukt berre i Johannes første og andre brev og det er om ei åndsmakt, det er ikkje sikkert det er ein konge. Jens brukar det synonymt med den Lovlause i 2.Tess.2, her er det tale om ei åndsmakt som ikkje er av Gud, så slik sett kan vi kalle det Antikrist. I Dan.9 er det tydeleg vis tale om ein konge og det er då så tydeleg at dette er Antiokus 4. Epifanes.
I tenke seg eit langt opphald mellom veke 69 og veke 70 verkar kunstig. Men det er ikkje lett å finne ut kva det betyr.

