Innleiing ved Aud Østenstad. Eg veit at min gjenløysar lever og som den siste skal han stå fram på støvet.
Salme.33,13 Frå himmelen skodar Herren ned
og ser kvart menneske.
14 Frå sin tronstol held han auga
med alle som bur på jorda,
15 – han som har laga kvar manns hjarta,
og merkjer seg alt det dei gjer.
16 Stor makt gjev ingen konge siger,
stor styrke bergar ingen mann i krig.
17 Hesten er ein svikefull hjelpar,
han bergar ingen med all si kraft.
18 Men Herrens auga kviler på dei
som ottast han og ventar på hans miskunn,
19 så han kan fria dei frå døden
og berga dei gjennom hungersnaud.
20 Vi ventar med lengsle på Herren;
han er vår hjelp og vårt skjold.
Job var i naud, men så kom der ein ungdom og tala han til rettes.
Job.35,14 Jamvel når du seier at du ikkje ser han,
ser han di sak,
og du må venta på han.
….
Job om Gud: Eg veit at min gjenløysar lever, som den siste skal han stå fram på støvet.
Job.34,14 Dersom han berre tenkte på seg sjølv
og tok att sin ande og sin livspust,
15 då døydde kvar levande skapning,
og mennesket vart atter til mold.
Tale ved Tore Kristiansen. Vår Herre kjem.
Maranata betyr «Herren kjem» eller «vår Herre kjem».
Fil.3,2 Hald auga med hundane, med dei vonde arbeidarane, dei som skamskjer seg.
………
17 Ha meg til førebilete, brør, og sjå på dei som ferdast på same måten som vi. 18 Eg har sagt dykk det ofte, og no seier eg det med tårer at mange lever som fiendar av Kristi kross. 19 Dei endar i fortaping, dei har magen til gud, dei set si ære i si skam, og dei er berre opptekne av jordiske ting. 20 Men vi har vår borgarrett i himmelen, og derifrå ventar vi Herren Jesus Kristus som frelsar. 21 Han skal omskapa vår veike og forgjengelege lekam og gjera han lik den lekamen han sjølv har i herlegdomen. For han har makt til å leggja alle ting under seg.
Tre sjokk, svikaren, Jesus forlet dei, Peter kjem til å fornekte.
Joh.13,18 Eg talar ikkje om dykk alle, for eg veit kven eg har valt ut. Men dette ordet i Skrifta må oppfyllast:
Den som et mitt brød,
syner meg hælen.
19 Eg seier dykk det no, før det hender, så de når det har hendt, skal tru at eg er Han. 20 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som tek imot ein eg sender, tek imot meg. Og den som tek imot meg, tek imot han som har sendt meg.»
21 Då Jesus hadde sagt dette, vart han oppøst i hugen og sa sterkt og alvorleg: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Ein av dykk kjem til å svika meg!» 22 Læresveinane såg på kvarandre; dei skjøna ikkje kven det var han meinte. 23 Ein av dei, den læresveinen som Jesus hadde kjær, sat til bords attmed Jesus. 24 Simon Peter gav han eit teikn, at han skulle spørja kven det var han meinte. 25 Han bøygde seg då nærare innåt Jesus og sa: «Herre, kven er det?» 26 Jesus svara: «Det er han som eg gjev den beten eg no duppar.» Så duppa han ein bete i fatet og gav han til Judas, son til Simon Iskariot. 27 Då Judas hadde fått beten, fór Satan i han. Jesus seier til han: «Gjer det snart, det du vil gjera.» 28 Men ingen av dei som sat til bords, skjøna kva han meinte med dette. 29 Sidan Judas hadde pengepungen, tenkte somme at Jesus ville han skulle gå og kjøpa det dei trong til høgtida, eller at han skulle gje noko til dei fattige. 30 Med det same Judas hadde fått beten, gjekk han ut. Det var natt.
Eit nytt bod
31 Då han hadde gått, sa Jesus: «No vart Menneskesonen herleggjord, og Gud vart herleggjord gjennom han. 32 Og har Gud vorte herleggjord gjennom han, så skal Gud sjølv herleggjera han, og han skal gjera det snart. 33 Endå ei lita stund er eg hjå dykk, borna mine. De kjem til å leita etter meg; men det eg sa til jødane, seier eg no til dykk òg: Dit eg går, kan ikkje de koma. 34 Eit nytt bod gjev eg dykk: De skal elska kvarandre. Som eg har elska dykk, skal de elska kvarandre. 35 På det skal alle skjøna at de er mine læresveinar: at de har kjærleik til kvarandre.»
Jesus talar om Peters fornekting
36 Simon Peter seier til han: «Herre, kvar går du av?» Jesus svara: «Dit eg går, kan du ikkje fylgja meg no; men du skal fylgja meg seinare.» 37 «Kvifor kan eg ikkje fylgja deg no, Herre?» seier Peter, «eg vil gje livet mitt for deg.» 38 Jesus svara: «Du vil gje livet for meg? Sanneleg, sanneleg, det seier eg deg: Hanen kjem ikkje til å gala før du har fornekta meg tre gonger.
Joh.14,1 Lat ikkje hjarta dykkar uroast! Tru på Gud, og tru på meg! 2 I huset åt Far min er det mange rom. Var det ikkje så, hadde eg sagt dykk det. For eg går bort og vil stella til ein stad åt dykk. 3 Og når eg har gått bort og stelt til ein stad åt dykk, kjem eg att og tek dykk til meg, så de skal vera der eg er. 4 Og dit eg går, veit de vegen.»
5 Tomas seier til han: «Herre, vi veit ikkje kvar du går av; korleis kan vi då vita vegen?» 6 Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Faderen utan gjennom meg. 7 Hadde de kjent meg, hadde de kjent Far min òg. Frå no av kjenner de han og har sett han.»
Luk.21, 1 Jesus såg opp og fekk sjå at dei rike la gåvene sine i tempelkista. 2 Då la han merke til ei fattig enkje som la to småmyntar. 3 Og han sa: «Sanneleg, det seier eg dykk: Denne fattige enkja har gjeve meir enn nokon av dei andre. 4 For alle dei andre la gåver i kista av si overflod, men ho gav av si fattige råd, alt ho hadde å leva av.»
Det var nokre som tala om templet, kor fint det var prydd med fagre steinar og tempelgåver. Då sa Jesus: 6 «Det kjem ein dag då det de ser her, skal rivast ned; det skal ikkje liggja att stein på stein.»
7 Då spurde dei: «Meister, når skal dette henda, og kva er teiknet på at den tida er nær?» 8 Han svara:
Ta dykk i vare, så ingen fører dykk vilt! For mange skal koma i mitt namn og seia: «Det er eg», og: «Tida er nær». Fylg ikkje etter dei!
2.Pet.1,19 Difor står profetordet dess fastare for oss. Og dette ordet gjer de vel i å akta på; det er eit ljos som skin på ein mørk stad, til dagen strålar fram og morgonstjerna går opp i hjarto dykkar.
Luk.21,20 Når de ser Jerusalem kringsett av hærar, då skal de vita at byen snart ligg øyde. 21 Då må dei som er i Judea, røma til fjells; dei som er i byen, må koma seg ut, og dei som er ute på landet, må ikkje gå inn i byen. 22 For straffedomstida er komen, då alt som står skrive, skal oppfyllast. 23 Stakkars dei som ventar barn og dei som gjev bryst i dei dagane! For det skal verta stor naud i landet; vreidedomen skal råka dette folket. 24 Dei skal falla for sverd og førast bort som fangar til alle folkeslag. Og andre folk skal trakka Jerusalem under fot til dess tida åt folkeslaga er ute.
Først kom hærførar Gallius i år 66, då rømde dei kristne byen, for dei trudde på Jesu profeti. Så kom Vespasian i år 68 e.Kr og så kom Titus med sine hærar i år 70 e.Kr.
Kva er teiknet på Jesu gjenkomst, at det nærmar seg? At jødane kjem heim att til landet sitt. Jordskjelv. Jesus møtte disiplane på oljeberget og så vart han løfta opp. Det skjedde langsomt, så dei vart ståande å sjå etter han, men då var der nokre englar som spurde kva dei såg etter. Denne Jesus som vart teken opp til himmelen, skulle komme att på same måten som han vart teken opp. Paulus forkynte bortrykkelsen når Jesus kjem att. Vi skal omskapast og møte han i lufta. Så skal han sette sine føter på oljeberget. Men då har vi vore i Lammets bryllaup.

