Innleiing ved Harry Andersen.
Ef.2,4 Men Gud er rik på miskunn. Av di han elska oss med så stor kjærleik, 5 gjorde han oss levande med Kristus, vi som var døde på grunn av våre synder. Av nåde er de frelste. 6 I Kristus Jesus har han reist oss opp frå døden saman med han og sett oss i himmelen med han, 7 så han i dei komande tider kunne visa sin overstrøymande rikdom på nåde og sin godleik mot oss i Kristus Jesus. 8 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.
Kvar den som påkallar Herrens namn, skal verte frelst.
Rom.10,5 Moses skriv om den rettferd som lova gjev: Den som held lova, skal leva ved lova. 6 Men rettferda av tru seier: Tenk ikkje med deg sjølv: Kven skal fara opp til himmelen? – det vil seia for å henta Kristus ned – 7 eller: Kven skal stiga ned i avgrunnen? – det vil seia for å henta Kristus opp frå dei døde. 8 Men kva seier ho? Ordet er deg nær, i munnen din og i hjarta ditt. Det er ordet om trua, det som vi forkynner. 9 For sannar du med munnen din at Jesus er Herre, og trur du i hjarta ditt at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal du verta frelst. 10 Med hjarta trur vi så vi vert rettferdige for Gud, og med munnen sannar vi så vi vert frelste. 11 Skrifta seier: Ingen som trur på han, skal verta til skammar. 12 For her er det ingen skilnad på jøde og grekar: Alle har dei same Herren, og han er rik nok for alle som kallar på han. 13 Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verta frelst.
Harry las ifrå
Joh.15,1 Eg er det sanne vintreet, og Far min er vingardsmannen. 2 Kvar grein på meg som ikkje ber frukt, tek han bort; og kvar grein som ber frukt, reinsar han så ho skal bera meir frukt. 3 De er alt reine på grunn av det ordet eg har tala til dykk. 4 Ver i meg, så er eg i dykk. Som greina ikkje kan bera frukt av seg sjølv, men berre når ho er på vintreet, såleis kan ikkje de heller bera frukt utan at de er i meg. 5 Eg er vintreet, de er greinene. Den som er i meg, og eg i han, han ber mykje frukt; men skilde frå meg kan de ingen ting gjera. 6 Den som ikkje vert verande i meg, vert kasta ut som ei grein og visnar. Folk samlar saman greinene og kastar dei på elden, og dei brenn. 7 Vert de verande i meg, og vert orda mine verande i dykk, så bed om kva de vil, og de skal få det. 8 På den måten vert Far min herleggjord at de ber mykje frukt, og de skal vera mine læresveinar.
Tale ved Håkon Fagervik.
Håkon las ifrå
Joh.16,23 Den dagen skal de ikkje spørja meg om noko. Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Bed de Faderen om noko, skal han gje dykk det i mitt namn. 24 Til no har de ikkje bede om noko i mitt namn. Bed, så skal de få, så gleda dykkar kan vera fullkomen.
25 Det eg no har sagt dykk, er gåtefull tale. Det kjem ei tid då eg ikkje skal tala gåtefullt, men ope og endefram fortelja dykk om Faderen. 26 Den dagen skal de be i mitt namn. Eg seier ikkje at eg skal be Faderen for dykk; 27 for Faderen sjølv elskar dykk, av di de har elska meg og trutt at eg har gått ut frå Gud. 28 Eg har gått ut frå Faderen og er komen til verda. No fer eg bort frå verda att og går til Faderen.»
1.Pet.2,9 Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos.
Han samanlikna dette og spesielt bønnetenesta med den levittiske prestetenesta.
4.Mos.18,6 Det er eg som tek ut brørne dykkar, levittane, mellom israelittane og gjev dei til dykk som ei gåve. Dei er vigde til Herren og skal arbeida i møteteltet. 7 Men du og sønene dine skal ta dykk av prestetenesta, alt det som skal gjerast ved altaret og innanfor forhenget. Det arbeidet skal de gjera. Eg gjev dykk prestetenesta i gåve. Men kjem ein utanforståande innåt, må han døy.
Han tek oss ut av folket og lærer oss opp og vi innviar oss til presteteneste. Så gir han oss tilbake til folket som prestar for det.
Ap.gj.4,31 Då dei hadde bede, skalv staden der dei var samla, og dei vart alle fylte av Den Heilage Ande og tala Guds ord med frimod. 32 Heile flokken av truande var eitt i hjarta og hug, og ingen kalla det han åtte for sitt eige; dei hadde alt i lag. 33 Med stor kraft bar apostlane fram vitnemålet om at Herren Jesus var oppstaden, og stor nåde var over dei alle.
Be, så skal de få.
Luk.11,9 Og eg seier dykk: Bed, så skal de få. Leita, så skal de finna. Banka på, så skal det verta opplate for dykk. 10 For kvar den som bed, han får, og den som leitar, han finn, og den som bankar på, for han vert det opplate.
11 Finst det ein far mellom dykk som gjev son sin ein orm når han bed om ein fisk, 12 eller gjev han ein skorpion når han bed om eit egg? 13 Når då de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje Faderen gje Den Heilage Ande frå himmelen til dei som bed han!»
I tru kunne Abraham byrje å telje stjerner og takke for at Gud ville gjere ætta hans så mange som stjernene på himmelen. Å takke i tru, styrka hans tru.
Så inn gjennom Guds portar med takkesong.
Salme.100, 1 Ein salme til takkofferet.
Lat hyllingsrop lyda for Herren, all jorda!
2 Ten Herren med glede,
kom fram for han med fagnad!
3 Skjøn at Herren er Gud!
Han har skapt oss, ikkje vi sjølve,
til sitt folk og til den hjord han gjæter.
4 Gå gjennom hans portar med takkesong,
inn i hans tempelgardar med lovsong!
Lov han og pris hans namn!
5 For Herren er god, hans miskunn er evig,
hans truskap varer frå ætt til ætt.
1.Kor.1,9 Gud er trufast, han som har kalla dykk til samfunn med Son sin, Jesus Kristus, vår Herre.
Englane er dei som haustar inn grøda.
Matt.13, 39 Uvenen som sådde ugraset, er djevelen. Skurden er enden på verda; skurdfolket er englane.
Tungetale ved ein mann, tyding ved Randi.
«Løft dine øynene fra det stedet der du står, løft dine øynene til himmelen og se på jorden her nede. Løft dine øyne fra din håpløse situasjon, løft dine øyne fra sykdom og stengte dører, løft dine øynene til himmelen og se ned på jorden her nede. Se inn i mine øyne, jeg som er skaperen, jeg som holder alt oppe ved min rettferdighets høyre hånd. Jeg som har makt og all makt, jeg som har spikret din sykdom og din skrøpelighet og synd til korset. Skulle ikke jeg som skapte øret hører dine bønner? Det er en tid for å be, det er en tid for å gråte, men det er en tid for å få bønnesvar. Og da skal ditt hjerte fylles med glede og takk. Derfor ta inn en ny holdning i ditt bønneliv, begynn å takke, begynn å fryde deg i den Hellige Ånd. Begynner å gled deg over min storhet, over min godhet og over min trofasthet og la ditt hjerte fylles av tro og håp og kjærlighet og vær forventningsfull, så du kan få ta imot bønnesvar i fra meg. Amen, amen.»
Relevante bibelvers.
Joh.15,9 Som Faderen har elska meg, har eg elska dykk. Ver i min kjærleik! 10 Held de boda mine, er de i min kjærleik, liksom eg har halde boda til Far min og er i hans kjærleik. 11 Dette har eg tala til dykk så mi glede kan vera i dykk, og gleda dykkar kan vera fullkomen. 12 Og det er bodet mitt: De skal elska kvarandre som eg har elska dykk. 13 Ingen har større kjærleik enn den som gjev livet sitt for venene sine. 14 De er venene mine så sant de gjer det eg byd dykk. 15 Eg kallar dykk ikkje tenarar lenger, for tenaren veit ikkje kva herren hans gjer. Eg kallar dykk vener, for eg har sagt dykk alt eg har høyrt av Far min. 16 De har ikkje valt ut meg, men eg har valt ut dykk og sett dykk til å gå ut og bera frukt, frukt som varer. Då skal Faderen gje dykk alt de bed om i mitt namn. 17 Dette er det eg byd dykk: De skal elska kvarandre!
Matt.13,1 Same dagen gjekk Jesus ut or huset og sette seg nede ved sjøen. 2 Då samla det seg så mykje folk ikring han at han laut gå ut i ein båt og setja seg der, og alt folket stod på stranda. 3 Så tala han lenge til dei i likningar og sa:
«Ein mann gjekk ut og skulle så. 4 Og då han sådde, fall noko attmed vegen, og fuglane kom og åt det opp. 5 Noko fall på steingrunn, der det var lite jord, og det rann snøgt opp fordi der var så grunt. 6 Men då sola steig, sveid det av og visna, for det hadde ikkje rot. 7 Noko fall mellom klunger, og klungeren voks opp og kjøvde det. 8 Men noko fall i god jord og gav grøde: noko hundre foll, noko seksti foll, noko tretti foll. 9 Den som har øyro, han høyre!»
……
18 Så høyr no korleis likninga om såmannen skal tydast: 19 Kvar gong nokon høyrer ordet om riket og ikkje skjønar det, kjem den vonde og stel bort det som er sått i hjarta. Dette er den som vart sådd attmed vegen. 20 Den som vart sådd på steingrunn, er den som høyrer ordet og straks tek imot det med glede. 21 Men han har ikkje rot i seg og held ut berre ei stund. Når han møter trengsle eller forfylging for ordet skuld, fell han straks ifrå. 22 Den som vart sådd mellom klunger, er den som høyrer ordet; men suta for dette livet og den svikefulle rikdomen kjøver ordet, så det ikkje ber frukt. 23 Men den som vart sådd i god jord, er den som høyrer ordet og skjønar det. Han gjev grøde: hundre foll, seksti foll eller tretti foll.»
1.Kor.13,8 Kjærleiken fell aldri bort. Profetgåvene skal få ende, tungene skal tagna, og kunnskapen skal ta slutt. 9 For vi skjønar stykkevis og talar profetisk stykkevis. 10 Men når det fullkomne kjem, skal det som er stykkevis, få ende. 11 Då eg var barn, tala eg som eit barn, tenkte eg som eit barn, dømde eg som eit barn. Men då eg vart mann, la eg av det barnslege. 12 No ser vi som i ein spegel, i ei gåte; men då skal vi sjå åsyn til åsyn. No kjenner eg stykkevis, men då skal eg kjenna fullt ut, liksom eg fullt ut er kjend av Gud. 13 Så vert dei verande desse tre: tru, von og kjærleik. Og størst av dei er kjærleiken.
4.Mos.18,12 Alt det beste av olje og druesaft og korn, fyrstegrøda som dei ofrar til Herren, gjev eg deg. 13 Dei fyrste fruktene av alt det som veks i landet, og som dei kjem til Herren med, skal vera dine. Alle i huset ditt som er reine, kan eta dei. 14 Alt som er bannlyst i Israel, skal du òg ha. 15 Alt som kjem fyrst frå morsliv, alle levande skapningar som dei ber fram for Herren, anten det er menneske eller dyr, skal høyra deg til. Men det som er fyrstefødt av menneske, skal du la dei løysa, og like eins det som er fyrstefødt av ureine dyr. 16 Når dei er ein månad gamle eller meir, skal du ta den fastsette løysesummen, fem sekel sølv, etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, der ein sekel er tjue gera.
…….
25 Herren tala til Moses og sa: 26 Du skal seia til levittane: Når de tek imot tiend frå israelittane, den delen som eg lèt dykk få frå dei, då skal de ta ein tiandepart av tienda og gje i heilag gåve til Herren. 27 Denne gåva skal reknast for jamgod med kornet frå treskjevollen og vinen frå vinpressa. 28 På den måten skal de òg gje Herren ei heilag gåve av all tienda de får frå israelittane. Og den delen av tienda som Herren skal ha, skal de gje til Aron, presten. 29 Av alle gåvene de får, må de gje Herren det han skal ha. Den beste delen av dei skal de via til han.
30 Du skal seia til dei: Når de har gjeve det beste til Herren, kan de levittar sjå på resten som de ser på det som kjem frå treskjevoll og vinpresse. 31 De kan eta det kvar de vil, både de og huslydane dykkar. Det er den løn de skal ha for tenesta ved møteteltet. 32 Når de berre gjev Herren det beste, fører de ikkje synd over dykk. Då vanhelgar de ikkje dei heilage gåvene frå israelittane, og de skal ikkje døy.
Kommentar.
Gud valde ut leviætta så dei skulle tene han som prestar, då måtte dei innvie seg for han. Så gav han dei tilbake til folket, så dei skulle vere prestar for dei. Og den levittiske prestetenesta er førebilete på prestetenesta i den nye pakt (Sak.3). Når vi løfter hugen og blikket opp til Jesus, innvier vi oss til å tene han som prestar. Og i denne bodskapen ser vi at det er som om vi vert løfta opp til han, slik som vi ser i
Joh.Op.11,11 Men etter tre og ein halv dag kom det livsande frå Gud i dei; dei reiste seg opp og stod på føtene, og alle som såg dei, vart skjelvande redde. 12 Då høyrde dei ei høg røyst frå himmelen som sa til dei: «Stig opp her!» Og dei steig opp til himmelen i ei sky, midt for augo på fiendane sine.
Då kan vi sjå ned på jorda på ein annan måte, meir slik som Gud ser ned på jorda, frå sin himmel.
I 4.Mos.18,12.25-27 er det tale om kornet, vinen og oljen. «Mor Israel» var Guds kone, så borna hennar skulle vere Guds born. Han hadde omsorg for henne og gav henne kornet, vinen og oljen. Men det skjøna ho ikkje og vart ei hore. Derfor vart dei bortførde frå landet sitt. Men nå dei kom attende til det, ville han tale venleg til henne som i ungdomsdagane og ho skulle kalle han for sin mann. Då ville han gi henne attende kornet, vinen og oljen og det fine linet til å kle seg med.
Men dette har også ei symbolsk tyding, ved innhaustinga av Guds grøde.
Dette har eg skrive om i «Ny Tid 36-42».https://faith-and-entropy.com/2025/06/29/ny-tid-36-djevelen-er-komen-for-a-stele-slakte-og-oydelegge-men-jesus-er-komen-for-a-gi-oss-liv-og-overflod-sa-kva-er-det-rette-endetidssynet-11-sions-dotter-er-jesus-brud-han-har-omsorg-for-he/

