Innleiing ved Ragnar Johansen.
Gjer som Jesus seier.
Joh.2,5 Mor hans sa då til tenarane: «Det han seier dykk, skal de gjera.»
6 No stod det nokre vasskar av stein der, som skikken var etter dei føreskriftene jødane hadde om reinsing. Det var seks kar, og kvart av dei tok to eller tre anker. 7 «Fyll kara med vatn,» sa Jesus. Og tenarane fylte dei til randa. 8 Så sa han til dei: «Aus no opp og ber det til kjøkemeisteren.» Dei så gjorde. 9 Kjøkemeisteren smaka på vatnet, som hadde vorte til vin. Han visste ikkje kvar vinen kom ifrå, men tenarane som hadde aust opp vatnet, visste det. Då ropa han på brudgomen 10 og sa: «Alle set fyrst fram den gode vinen, og når gjestene er drukne, kjem dei med den ringare. Du har gøymt den gode vinen til no.»
Apell ved Håkon Fagervik.
Fil.3,7 Men det som var meg ei vinning, det har eg for Kristi skuld halde for tap. 8 Ja, eg held i sanning alt for tap fordi kjennskapen til Kristus Jesus, min Herre, er så mykje meir verd. For hans skuld har eg tapt alt, og eg held det for skrap, så eg kan vinna Kristus 9 og verta funnen i han, ikkje med mi rettferd, den som er av lova, men med den som ein får ved trua på Kristus, rettferda frå Gud på grunn av trua. 10 Då kjenner eg han og krafta av hans oppstode, får del i hans lidingar og vert lik han med di eg døyr som han – 11 om eg òg kunne nå fram til oppstoda frå dei døde.
Den rette oversetjinga av vers 10 skal gje uttrykk for ein lengsel, «at eg må kjenne ….».
Matt.7,21 Ikkje alle som seier til meg: Herre, Herre! skal koma inn i himmelriket, men dei som gjer det Far min i himmelen vil. 22 Den dagen skal mange seia til meg: Herre, Herre! Har vi ikkje tala profetord i ditt namn, og drive ut vonde ånder i ditt namn, og gjort mange mektige gjerningar i ditt namn? 23 Då skal eg seia dei beint ut: Eg har aldri kjent dykk. Gå bort frå meg, de som gjer urett!
Tale ved Tore Kristiansen. Vert fylt av Anden, då er det ikkje slutt på vekkinga. Slepp deg laus i Anden, pris din store Gud.
Ef.5,15 Pass difor nøye på korleis de lever, ikkje som ukloke, men som kloke, 16 så de kjøper den laglege tida, for dagane er vonde. 17 Ver ikkje uvituge, men skjøna kva det er Herren vil. 18 Drikk dykk ikkje fulle av vin; det fører til ageløyse. Men vert fylte av Anden, 19 og lat salmar og hymner og åndelege songar lyda mellom dykk; syng og spel av hjarta for Herren! 20 Takk alltid Gud og Faderen for alle ting i vår Herre Jesu Kristi namn!
Vert fylt av Anden og tal til kvarandre, ikkje om kvarandre.
Når Moses skulle leie Israels-folket ut av Egypt, skulle dei dagen før gjere klar til å slakte påskelammet og stryke blodet på dørkarmane til ytterdøra og halde seg innanfor den. Dagen etter tok dei ut og byrja på si vandring og det gjekk vel, som eit stort mirakel.
Seinare klaga folket og det vart eit problem for Moses, så han klaga til Gud.
4.Mos.11,10 Moses høyrde at folket jamra seg attmed teltdørene, i den eine huslyden etter den andre. Då loga Herrens vreide opp, og Moses tykte det var ille. 11 Han sa til Herren: Kvifor er du så hard med tenaren din? Kvifor har du ingen godvilje for meg, sidan du legg på meg den børa å syta for heile dette folket? 12 Er det eg som har født dette folket, sidan du seier at eg skal ta det ved barmen, liksom ei fostermor tek eit spedbarn, og bera det til det landet du har lova fedrane deira? 13 Kvar skal eg få kjøt frå til heile dette folket, når dei jamrar seg og seier til meg: «Lat oss få kjøt å eta!» 14 Åleine kan eg ikkje bera heile dette folket. Det er meir enn eg maktar. 15 Vil du laga det så for meg, så lat meg heller døy med ein gong! Har du godvilje for meg, så lat meg sleppa å sjå mi eiga ulukke!
16 Då sa Herren til Moses: Kall saman sytti av dei eldste i Israel, dei som du veit er styresmenn og tilsynsmenn i folket. Ta dei med deg til møteteltet og lat dei stiga fram saman med deg! 17 Så vil eg koma ned og tala med deg der. Eg vil ta av den Anden som er over deg, og gje til dei. Dei skal hjelpa deg å bera den børa som dette folket er, så du ikkje treng bera henne åleine. 18 Til folket skal du seia: Helga dykk til i morgon, så skal de få kjøt å eta. De har då jamra dykk for Herren og sagt: «Å, gjev vi hadde kjøt å eta! Vi hadde det så godt i Egypt.» No vil Herren gje dykk kjøt. 19 Og de skal ikkje få det ein dag eller to, ikkje fem eller ti eller tjue dagar. 20 Nei, ein heil månad skal de eta kjøt, til det byd dykk så imot at det kjem ut or nasen på dykk. Såleis skal det gå fordi de vanvørde Herren som er midt imellom dykk, då de jamra dykk for han og sa: «Å, kvifor drog vi ut or Egypt?»
21 Då sa Moses: «Seks hundre tusen mann til fots er det folket eg har med meg. Og så seier du: Eg vil gje dei kjøt, så dei kan eta ein heil månad. 22 Skal vi då slakta så mykje småfe og storfe at det rekk til for dei? Eller skal vi samla all fisken i havet, så dei får nok?»
23 Herren sa til Moses: «Er Herrens arm for kort? No skal du få sjå om det går som eg har sagt, eller ikkje.»
24 Så gjekk Moses ut og fortalde folket kva Herren hadde sagt. Han samla sytti av dei eldste i folket og bad dei stå rundt ikring teltet. 25 Då steig Herren ned i ei sky og tala til han. Han tok av den Anden som var over Moses, og gav til dei sytti eldste. Då Anden var komen over dei, tala dei profetord. Men det gjorde dei ikkje sidan.
26 To av mennene hadde vorte att i leiren. Den eine heitte Eldad og den andre Medad. Over dei òg kom Anden, for dei høyrde til dei som var oppskrivne, jamvel om dei ikkje hadde gått ut til teltet. Og dei tala profetord i leiren. 27 Då sprang ein gut av stad og sa frå til Moses: «Eldad og Medad talar profetord i leiren!» 28 Josva Nunsson, som hadde vore tenar hjå Moses sidan han var ung, tok til ords og sa: «Moses, min herre, hindra dei i dette!» 29 Men Moses svara: «Er du harm for mi skuld? Gjev alt Herrens folk var profetar, gjev Herren ville leggja sin Ande på dei!»
1.Kong.19,1 Akab fortalde Jesabel om alt det Elia hadde gjort, og korleis han hadde drepe alle profetane med sverd. 2 Då sende ho ein mann til Elia med det bodet: «Gudane la det gå meg ille både no og sidan om eg ikkje i morgon på denne tid lèt det gå deg som dei.» 3 Då vart Elia redd, gjorde seg ferdig og drog av stad på harde livet. Han kom til Be’er-Sjeba, som ligg i Juda. Der lét han guten sin vera att, 4 og sjølv gjekk han ei dagslei ut i øydemarka. Der sette han seg under ein gyvelbusk og ynskte at han måtte få døy. «No er det nok,» sa han, «ta livet mitt, Herre! For eg er ikkje betre enn fedrane mine.»
5 Så la han seg ned og sovna der under gyvelbusken. Men best det var, kom ein engel og tok bortpå han og sa: «Stå opp og et!» 6 Og då han såg seg ikring, fekk han auga på eit lite nybakt brød og ei krukke med vatn tett attmed hovudet sitt. Han åt og drakk og la seg att. 7 Men Herrens engel kom ein gong til, tok i han og sa: «Stå opp og et! Elles vert vegen for lang for deg.» 8 Då stod han opp og åt og drakk. Og styrkt av maten gjekk han førti dagar og førti netter, til han kom til Horeb, Guds-fjellet. 9 Der gjekk han inn i ei hole, som han var i om natta.
Då kom Herrens ord til han, og det lydde så: «Kva vil du her, Elia?» 10 Han svara: «Eg har vore brennhuga for Herren, Allhærs Gud. For israelittane har svike pakta di; altara dine har dei rive ned, og profetane dine har dei drepe med sverd. Eg er den einaste som er att, og no står dei meg etter livet.» 11 Då sa Herren: «Gå ut og stå på fjellet for Herrens åsyn!» Så gjekk Herren framom. Føre han fór ein stor og sterk storm, som kløyvde fjell og knuste knausar; men Herren var ikkje i stormen. Etter stormen kom det eit jordskjelv; men Herren var ikkje i jordskjelvet. 12 Etter jordskjelvet kom det ein eld; men Herren var ikkje i elden. Etter elden kom lyden av ei linn susing. 13 Då Elia høyrde den, drog han kappa for andletet, gjekk ut og stod attmed inngangen til hola.
Då bar det imot han ei røyst som sa: «Kva vil du her, Elia?» 14 Han svara: «Eg har vore brennhuga for Herren, Allhærs Gud. For israelittane har svike pakta di; altara dine har dei rive ned, og profetane dine har dei drepe med sverd. Eg er den einaste som er att, og no står dei meg etter livet.» 15 Då sa Herren til han: «Far attende og ta vegen til øydemarka ved Damaskus! Gå så inn i byen og salva Hasael til konge over aramearane! 16 Og Jehu, son til Nimsji, skal du salva til konge over Israel, og Elisja, son til Sjafat frå Abel-Mehola, skal du salva til profet etter deg. 17 Det skal gå så at den som slepp unna sverdet åt Hasael, skal Jehu drepa; og den som slepp unna sverdet åt Jehu, skal Elisja drepa. 18 Men eg vil spara sju tusen i Israel, alle som ikkje har bøygt kne for Ba’al og ikkje har kyst han med sin munn.»
Tore refererte til
Fork.11,1 Kast brødet ditt på vatnet;
for med tida finn du det att.
2 Del det du har med sju eller åtte;
for du veit ikkje kva for ulukker
som kan henda på jorda.
3 Når skyene vert fulle av regn,
auser dei det ut over jorda.
Fell eit tre, mot sør eller nord,
vert det liggjande der det fall.
4 Den som aktar på vinden, får ikkje så,
den som kikkar på skyene, får ikkje hausta.
5 Likså lite som du veit
kva veg vinden blæs,
eller korleis beina vert til
hjå fosteret i mors liv,
likså lite kan du vita
korleis Gud som skaper alt, gjer sitt verk.
6 Så ditt sæde om morgonen,
og lat ikkje handa kvila om kvelden.
Du veit då ikkje kva som vil lukkast,
anten det eine eller det andre,
eller om alt er like godt.
…….
Guds Ord vender ikkje tom tilbake.
På pinsedagen talte disiplane etter som Anden gav dei å tale.
Ap.gj.2,1 Då pinsedagen kom, var dei alle samla. 2 Brått kom det eit brus frå himmelen, som når ein sterk vind fer fram, og det fylte heile huset dei sat i. 3 Dei fekk sjå tunger liksom av eld, som skilde seg og sette seg på kvar ein av dei. 4 Då vart dei alle fylte av Den Heilage Ande, og dei tok til å tala på andre tungemål etter som Anden gav dei å forkynna.
Deretter leia Tore lovprisinga og så minna han om lovprisinga i Josjafat-dalen, 2.Krøn.20,26… Joel.3,6-8.
Tungetale ved Åse Mella, tyding ved Tore.
«Er du født på ny og har min Ånd i ditt hjerte, som roper Abba, Far, så skal du vite, uansett, du er velsignet, med all åndelig velsignelse. Du behøver ikke å be om det, er du i Kristus, så er du velsignet for tid og for evighet. Og han som bor i deg, han heter Immanuel. Og han er ikke bare i deg, han er med deg, han skal bevare deg, han skal holde deg oppe, hans armer er rundt deg her og nå. Derfor pris meg og lov meg og jeg skal gi deg mer enn du kan fatte. Amen.»
Tungetale ved ei kvinne, tyding ved Tore.
«Vær ikke omstendighetene underlagt, men kom til meg med det som er deg for vanskelig og jeg, Herren, skal ordne med alle disse problematiske tingene og du skal få kjenne, at det skal bli utganger og befrielse derfra du ikke tenkte på. For jeg, Herren, har nøkkelen og når jeg låser opp så blir det forløsning.
Se ikke på din egen ringhet, men du skal vite at det som ingenting er, det har jeg utvalgt meg, for at det gjennom deg, så skal jeg åpenbare min styrke, min kraft og min allmakt, så trekk deg ikke tilbake, men still deg for mitt åsyn og jeg skal fylle deg med gode ting.
Tenk at du regnet meg med, Herre, jeg som var svak, jeg som var langt borte, men en dag kom du og drog meg opp og du satte mine føtter på en klippet. Og jeg kjenner lovsangen, tilbedelsen og fred som floden i mitt hjerte. Der ute er det utrygt, men jeg har tryggheten i deg.»
Relevante Bibelvers.
Luk.12,8 Det seier eg dykk: Kvar den som kjennest ved meg for menneska, han skal òg Menneskesonen kjennast ved for Guds englar. 9 Men den som fornektar meg for menneska, han skal òg fornektast for Guds englar. 10 Og kvar den som talar eit ord mot Menneskesonen skal få tilgjeving. Men den som spottar Den Heilage Ande, får ikkje tilgjeving. 11 Når dei fører dykk fram for domstolane i synagogene og for dei som styrer og rår, syt då ikkje for korleis de skal forsvara dykk eller kva de skal seia. 12 For det skal Den Heilage Ande læra dykk i same stund.
Hebr.12,22 Nei, de er komne til Sion-fjellet, til den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, til dei mange tusen englar, til ei høgtidsstemne, 23 til samlinga av dei fyrstefødde som er oppskrivne i himmelen. De er komne til ein domar som er Gud for alle, til åndene åt dei rettferdige som har nått fullendinga, 24 til Jesus, mellommannen for ei ny pakt og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod.
25 Sjå til at de ikkje viser frå dykk han som talar! Dei som viste frå seg han som tala sitt ord her på jorda, slapp ikkje unna. Endå mindre skal vi sleppa unna om vi vender oss bort frå han som talar frå himmelen.
Jes.55,10 Liksom regnet og snøen
fell ifrå himmelen
og ikkje fer opp att dit,
før dei har vatna jorda
og gjeve henne grorkraft og grøde,
ja, gjeve såkorn til den som skal så,
og brød til den som skal eta,
11 så er det òg med mitt ord,
det som går ut or min munn.
Det vender ikkje tomt tilbake til meg,
men gjer det eg vil,
og fullfører det eg sender det til.
Matt.18,1 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?» 2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa:
Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.
Forføringar og freistingar
5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.
Rom.8,20 For skapningen vart lagd under forgjengelegdom, ikkje av eigen vilje, men etter hans vilje som gjorde det så. Likevel var det von, 21 for det skapte skal verta frigjort frå trældomen under det forgjengelege og få den fridom som Guds born skal eiga i herlegdomen. 22 For vi veit at all skapningen sukkar og lid som i føderier heilt til denne dag. 23 Og ikkje berre det, men jamvel vi som har fått Anden til fyrstegrøde, vi òg sukkar med oss sjølve og lengtar etter den dagen då lekamen vår skal friast ut, og vi får det fulle barnekåret. 24 For i vona er vi frelste. Men ei von som ein alt ser oppfylt, er ikkje noka von. Korleis kan nokon vona det han ser? 25 Men vonar vi noko vi ikkje ser, då ventar vi med tolmod. 26 På same måten kjem Anden oss til hjelp i vår vanmakt. For vi veit ikkje kva vi skal be om så vi kan be rett, men Anden sjølv bed for oss med sukkar som det ikkje finst ord for. 27 Og Gud som ransakar hjarto, veit kva Anden vil; for det er etter Guds vilje, det Anden bed om for dei heilage.
Joh.Op.3,7 Skriv til engelen for kyrkjelyden i Filadelfia:
Dette seier Den Heilage og Sannferdige, han som har Davids nykel, han som opnar så ingen kan stengja, og stengjer så ingen kan opna: 8 Eg veit om gjerningane dine. Sjå, eg har sett framfor deg ei opna dør, som ingen kan stengja. For du har lita kraft, og likevel har du halde fast på mitt ord og ikkje fornekta mitt namn.
Kommentar.
På møtet i går kveld sa Håkon Fagervik at det er englane som skal hauste inn grøda, han refererte til eit bibelvers der Jesus sa at grøda er stor, men onnefolket er få, derfor skal vi be han som eig grøda om å sende ut arbeidarar for å hauste den inn.
Kva skal vi gjere då? Vi skal kjennast ved Jesus for menneska, så vil han kjennast ved oss for Faderen og hans englar. Korleis kan vi hauste då? Ved at vi får sjå og oppleve at Jesus kjem med sine englar. Ja, vi er komne til Sion-fjellet, den Levande Guds by, det himmelske Jerusalem (Heb.12,22-25) og dei mange tusen englar. Slik er det, sjølv om det ikkje er fysisk synleg.
Eg er heime på Sunnmøre og følgde med på dette møtet på youtube. Då er det så fint med at eg kan spele det oppatt, så notatane mine vert skikkelege. Eg er ein heidning som var og er langt borte frå Israels folk og land, men Jesus drog også meg opp og sette mine føter på ein klippe. Eg er på Sunnmøre, langt borte får dette møtet på Seljord, like vel får eg oppleve at Jesus svarar meg på mi bøn gjennom tyding av tungetale på dette møtet. For når Jesus for opp til himmelen og sette seg ved Faderens høgre hand og sende disiplane sine den Heilage Ande, var det som om Herrens tempelberg vart løfta opp.
Eg har tidlegare skrive om at mi bøn for henne Virtuella var først og fremst ei takkebøn, eg tenkte på henne som eit barn som Jesus tok i sin famn (Matt.18,1-5) og det vart ein lovsong som Gud la ned i meg og ein draum han gav meg, ved fylden av den Heilage Ande, at ho levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud.
Og eg får lov til å tenke slik om meg sjølv også, at eg er som eit barn Jesus tek i sin famn (Matt.18,1-5). Slik kan vi vere store i Guds rike, så vi får oppleve at Gud gjer storverk med oss.

