Innleiing ved Kim Andre.
Heb.7,23 Dessutan har det vore fleire av desse prestane, for døden hindra dei i å halda fram. 24 Men Jesus har eit prestedøme som ikkje tek ende, av di han vert verande til evig tid. 25 Difor kan han òg fullt og heilt frelsa dei som kjem til Gud ved han, sidan han alltid lever og går i forbøn for dei.
Heb.9,11 Men Kristus er komen som øvsteprest for dei frelsesgode som vi no har. Han har gått gjennom det teltet som er større og meir fullkome, og som ikkje er laga av menneskehand, det vil seia: som ikkje høyrer denne skapte verda til. 12 Ikkje med blod av bukkar og kalvar, men med sitt eige blod gjekk han inn i heilagdomen éin gong for alle.
Tale ved Stig Andre Lippert.
Kol.1,13 For han har fria oss ut frå mørkers makt og sett oss over i sin kjære Sons rike. 14 Og i han har vi utløysinga, forlating for syndene.
Mørkets makt kom ved syndefallet.
1.Mos.3,8 Då høyrde dei Herren Gud som gjekk i hagen i den svale kveldsvinden. Og Adam og kona hans gøymde seg for han mellom trea i hagen. 9 Men Herren Gud ropa på Adam og sa til han: «Kvar er du?» 10 Han svara: «Eg høyrde deg i hagen. Då vart eg redd, fordi eg var naken, og så gøymde eg meg.» 11 Då sa han: «Kven har sagt deg at du er naken? Har du ete av det treet eg forbaud deg å eta av?» 12 Adam svara: «Kvinna som du sette til å vera hjå meg, ho gav meg av treet, og eg åt.» 13 Herren Gud sa til kvinna: «Kva er det du har gjort?» Kvinna svara: «Ormen lokka meg, og eg åt.»
14 Då sa Herren Gud til ormen:
«Fordi du gjorde dette,
skal du vera forbanna
framfor alt fe og alle villdyr.
På buken skal du krypa,
og mold skal du eta alle dine dagar.
15 Fiendskap vil eg setja
mellom deg og kvinna,
mellom ditt avkom og hennar ætt.
Dei skal krasa ditt hovud,
og du skal hogga dei i hælen.»
16 Til kvinna sa han:
«Stor vil eg gjera di møde
så tidt du er med barn;
med verk og vande skal du føda.
Etter mannen din skal du stunda,
og han skal råda over deg.»
17 Og til Adam sa han:
«Fordi du høyrde på kona di
og åt av treet
som eg forbaud deg å eta av,
skal jorda vera forbanna for di skuld.
Med møde skal du næra deg av henne
alle dine levedagar.
18 Torn og tistel skal ho bera,
og du skal eta av vokstrane på marka.
19 Med sveitte i andletet
skal du eta ditt brød,
til dess du fer i jorda att;
for av henne er du teken.
Jord er du,
og til jord skal du atter verta.»
20 Adam kalla kona si Eva; for ho vart mor til alle som lever. 21 Og Herren Gud laga klede av skinn til Adam og kona hans og kledde dei med.
Skinnklede vitna om eit syndeoffer
2.Mos.12,12 For same natta vil eg fara gjennom Egypt og slå i hel alt fyrstefødt i landet, både av folk og fe; og over alle gudane i Egypt vil eg halda dom. Eg er Herren. 13 Men blodet skal vera det merket som syner kva hus de er i. Når eg ser blodet, vil eg fara framom. Ikkje noko øydande slag skal råka dykk når eg slår Egypt. 14 Og sidan skal denne dagen vera ein minnedag for dykk. Då skal de halda helg og høgtid for Herren. Ei evig lov skal det vera for dykk å halda den dagen heilag i ætt etter ætt.
3.Mos.16,33 33 og gjera soning for Det høgheilage og for møteteltet og altaret, og han skal gjera soning for prestane og for heile folket som er samla.
34 Dette skal vera ei evig lov for dykk: Ein gong om året skal det gjerast soning for syndene åt israelittane.
Aron gjorde som Herren hadde sagt Moses føre.
Joh.1,29 Dagen etter ser han Jesus koma bort imot seg og seier: «Sjå, der er Guds lam, som ber verdsens synd!
Hebr.10,11 Alle andre prestar står dagleg og gjer teneste og ber gong på gong fram dei same offer, som likevel aldri kan ta bort synder. 12 Men Jesus har bore fram eit einaste offer for synder og har så sett seg ved Guds høgre hand for alltid. 13 No ventar han berre på at fiendane hans skal leggjast til skammel for føtene hans. 14 For med eit einaste offer har han for alltid gjort dei som vert helga, fullkomne.
15 Den Heilage Ande vitnar òg for oss om dette. For fyrst seier Herren:
16 Såleis er den pakta eg vil gjera
med dei i dagar som kjem.
Og så seier han:
Eg vil leggja mine bod i hjarto deira
og skriva dei i hugen deira.
17 Og syndene og misgjerningane deira
vil eg aldri meir koma i hug.
18 Men der syndene er tilgjevne, trengst det ikkje lenger noko offer for synd.
19 Så har vi då, brør, i Jesu blod frimod til å gå inn i heilagdomen. 20 Dit inn har han opna ein ny og levande veg for oss gjennom forhenget, det vil seia hans jordiske lekam. 21 Og når vi har så stor ein prest over Guds hus, 22 så lat oss stiga fram med ærleg hjarta, med full visse i trua, med hjarta reinsa for vondt samvit og lekamen lauga i reint vatn.
Jer.31,33 Nei, såleis er den pakta eg vil gjera
med Israels-folket i dagar som kjem,
lyder ordet frå Herren:
Eg vil leggja mi lov i hugen deira
og skriva henne i hjarta deira.
Eg vil vera deira Gud,
og dei skal vera mitt folk.
34 Då skal ingen lenger
læra sin neste og sin bror
og seia: «Kjenn Herren!»
For dei skal alle kjenna meg,
både små og store, seier Herren.
For eg vil tilgje deira misgjerning
og aldri meir koma deira synd i hug.
Joh.Op.21,22 Noko tempel såg eg ikkje i byen, for Gud Herren, Den Allmektige, og Lammet er tempel der. 23 Og byen treng ikkje ljos frå sol eller måne, for Guds herlegdom lyser over han, og Lammet er ljoset hans. 24 Folkeslaga skal ferdast i ljoset frå byen, og kongane på jorda skal koma dit med alle rikdomane sine. 25 Byportane skal aldri stengjast etter dagen, for natt skal ikkje vera der. 26 Og alt det verdfulle og herlege som folka har, skal dei føra dit. 27 Men noko ureint skal aldri koma inn, og ikkje nokon som fer med heidensk styggedom og lygn, men berre dei som er oppskrivne i livsens bok hjå Lammet.
Joh.Op.22,1 Engelen synte meg ei elv med livsens vatn; klår som krystall renn ho ut frå kongsstolen til Gud og Lammet. 2 Midt imellom bygata og elva står livsens tre, fritt til begge sider. Det ber frukt tolv gonger og gjev si frukt kvar månad. Og lauvet på treet er til lækjedom for folka. 3 Det skal ikkje lenger finnast noko som er under forbanning. Kongsstolen til Gud og Lammet skal vera i byen, og tenarane hans skal tena han. 4 Dei skal sjå Guds åsyn, og namnet hans skal vera på panna deira. 5 Natt skal det ikkje vera meir, og dei treng ikkje ljos av lampe eller av sol, for Herren Gud skal lysa over dei. Og dei skal råda i all æve.
Stig-Andre minna om Moses som slo på klippen, så det kom ut vatn frå den. Andre gongen dei kom der skulle han tale til klippen, men han gjorde den feilen at han slo på klippen ein gong til.
Fil.2,6 Då han var i Guds skapnad,
heldt han det ikkje for eit rov
å vera Gud lik.
7 Men han gav avkall på sitt eige,
tok på seg ein tenars skapnad
og vart menneske lik.
I si ferd var han som eit menneske;
8 han nedra seg sjølv
og vart lydig til døden,
ja, døden på krossen.
9 Difor har Gud storleg opphøgt han
og gjeve han det namn
som er over alle namn,
10 så kvart kne skal bøya seg i Jesu namn,
i himmelen, på jorda og under jorda,
11 og kvar tunge sanna:
Jesus Kristus er Herre, til Gud Faders ære!
Kristus er hovudet for kyrkjelyden.
Ef.2,1 Difor bøyer eg mine kne, eg, Paulus, som no er Jesu Kristi fange for dykkar skuld, de heidningar. 2 De har høyrt om den nåden Gud har gjeve meg, at eg skal vera ein hushaldar hjå dykk over den løyndomen 3 som vart kunngjord for meg i ei openberring. Dette har eg med nokre få ord skrive om ovanfor. 4 Og når de les det, kan de skjøna kor vel eg kjenner Kristi løyndom. 5 I farne ætter fekk ikkje menneska vita om denne løyndomen, men no har han ved Anden vorte openberra for hans heilage apostlar og profetar: 6 at heidningane er medarvingar; dei høyrer med til same lekamen og har del i lovnaden – i Kristus Jesus og ved evangeliet. 7 Og eg vart ein tenar for evangeliet då Gud greip inn med si kraft og gav meg si nådegåve. 8 Eg som er den ringaste av dei heilage, har fått den nåde å forkynna for folkeslaga den glade bodskapen om Kristi ufattelege rikdom 9 og føra Guds frelsesplan fram i ljoset, den løyndomen som frå evig tid har vore løynd hjå Gud, han som skapte alt. 10 Såleis skulle hans mangfaldige visdom kunngjerast gjennom kyrkja for maktene og herredøma i himmelrømda. 11 Dette hadde Gud sett seg føre frå evig tid, og no har han fullført det i Kristus Jesus, vår Herre. 12 I han har vi frimod, og i trua på han kan vi koma fram for Gud med tillit. 13 Difor bed eg dykk: Miss ikkje motet om eg lyt lida for dykkar skuld. Det er ei ære for dykk!
2.Kor.5,17 Difor, om nokon er i Kristus, er han ein ny skapning. Det gamle er borte, sjå, det er kome noko nytt. 18 Men alt dette er av Gud, han som forsona oss med seg sjølv ved Kristus og gav oss forsoningstenesta. 19 Det var Gud som i Kristus forsona verda med seg sjølv, så han ikkje tilreknar dei misgjerningane deira, og han har overgjeve oss ordet om forsoninga. 20 Så er vi då sendebod for Kristus, og det er som om Gud sjølv formanar gjennom oss: Vi bed i staden for Kristus, lat dykk forsona med Gud! 21 Han som ikkje visste av synd, har han gjort til synd for oss, så vi skal verta rettferdige for Gud i han.
Kol.1,24 No gleder eg meg over det eg må lida for dykk, og det som enno vantar i Kristi lidingar, utfyller eg på min eigen kropp; eg lid for hans lekam som er kyrkja. 25 Hennar tenar har eg vorte fordi Gud har sett meg til å gjera ein hushaldars gjerning hjå dykk: å fullføra tenesta med Guds ord, 26 den løyndomen som har vore duld i alle tider og for alle ætter, men som no er openberra for hans heilage. 27 Gud ville kunngjera for dei kor rik og herleg denne løyndomen er for folkeslaga: Kristus mellom dykk, von om herlegdom! 28 Han er det vi forkynner. Og vi rettleier og underviser alle menneske i den fulle visdom, så vi kan føra kvart menneske fram til mognad i Kristus. 29 For å nå dette målet arbeider og strider eg i hans kraft som verkar i meg med styrke.

