Innleiing ved Jens Austbø.
Salme.121,1 Ein song til festferdene.
Eg lyfter mine augo til fjella:
Kvar kjem mi hjelp ifrå?
2 Mi hjelp kjem frå Herren,
han som skapte himmel og jord.
3 Han lèt ikkje foten din vera ustø,
din vaktar blundar ikkje.
4 Nei, han blundar ikkje og søv ikkje,
Israels vaktar.
Tungetale ved ein mann, tyding ved ein mann.
«Når du ser inn i den usynlige verden, så er det ikke ditt legemes blikk du ser, men du skal få se etter rike som du aldri har opplevt. Du kan få oppleve en forsmak på himmelen i denne tid du lever i. Du vet ikke mitt barn, hva som venter deg hjemme for deg, men du må gi meg rett i ditt liv, du må la ditt kjøt dø og så må du la Ånden levendegjøre for deg hva jeg har i sikte og hva jeg har i vente for deg.
Det er ikke ved kraft, det er ikke ved makt, men det er ved den Hellige Ånds åpenbaring. Du kan få merke og kjenne hvordan din ånd skal begynne å lede deg og føre deg og ta deg med på oppdagelser i åndeverden, hvor jeg har en plass for deg. Vil du være med, men jeg vil at du skal ha mere, mere og flere med deg på veien. Amen.
Så la meg da få rett i ditt liv, på alle områder, på de hemmelige plasser, som du bare vet om i deg selv. I et hjerte som ikke er helt overgitt, men la meg få føre deg og lede deg og få en full kontroll i ditt liv, være fullkommen Frelser, får jeg lov? Jeg er en ånd som hører når du sier ja. Amen.»
Bibel-lesing ved Jens Austbø.
Høgs.1,1 Salomos høgsong.
Lengt etter kjærleik
2 Gjev han ville kyssa meg
med kyss av sin munn!
Din kjærleik er betre enn vin.
3 Ljuvleg er dåmen av dine salvar;
ein angande salve er ditt namn,
difor held møyane av deg.
Høgs.4,7 Alt hjå deg er fagert, min hugnad.
Det finst ikkje lyte på deg.
Mi syster, mi brur
8 Kom med meg frå Libanon, mi brur,
kom med meg frå Libanon!
Stig ned frå Amanas tind,
frå toppen av Senir og Hermon,
frå løveheimar, frå panterfjell.
9 Du har fanga min hug, mi syster, mi brur.
Du har fanga min hug med eit einaste augnekast,
med ei av lekkjene om din hals.
10 Kor fager din kjærleik er, mi syster, mi brur!
Din kjærleik er betre enn vin,
og angen av dine salvar
meir ljuvleg enn balsam.
11 Av honning dryp dine lipper, mi brur.
Honning og mjølk er under di tunge.
Angen av kleda dine
er som angen på Libanon.
12 Ein avstengd hage er mi syster, mi brur,
ein avstengd hage med kjelda forsegla.
Dine lemer er som ein lund av granataplar
med den gildaste frukt,
av hennabuskar og nardusplanter,
14 nardus, krokus, kalmus og kanel
og angande tre av alle slag,
myrra, aloë og alle slag balsam.
15 Du er som kjelda i ein hage,
ei oppkome med sildrande vatn,
som bekker frå Libanon.
Salme.40,1 Til korleiaren. Ein Davids-salme.
2 Eg venta og vona på Herren.
Han bøygde seg til meg og høyrde mitt rop.
3 Han drog meg opp or den tynande grav,
opp or den djupe gjørma.
Han sette mine føter på fjell
og lét meg gå med faste steg.
4 Han la ein ny song i min munn,
ein lovsong til vår Gud.
Mange skal sjå det og ottast
og setja si lit til Herren.
Tale ved Martin Gellein, frå «Ordet og Israel».
«Ordet og Israel» vil gi evangeliet til jødane og profetordet til kyrkjelydane. Jødar og heidningar går inn i Guds rike som aldri før, det er eit endetidsteikn.
Rom.11,25 Brør, eg vil seia dykk ein løyndom, så de ikkje skal ha for store tankar om dykkar eige skjøn: Forherding har kome over ein del av Israel til dess folkeslaga er komne inn i fullt tal. 26 På den måten skal heile Israel verta frelst, som det står skrive:
Frå Sion skal bergingsmannen koma,
han skal rydja gudløysa bort frå Jakob,
27 og dette er den pakt eg vil gjera med dei
når eg tek bort syndene deira.
Heile det etniske Israel, blir frelst.
To profetiar, evangeliet til alle folkeslag og Israels-folket vert frelst.
Bevar ditt hjerte framfor alt du bevarer. Alt i Kristus! I oss sjølve er vi ikkje noko. Jesu blod reinsar oss og kvalifiserer oss til teneste.
Jødane kjem heim att til landet sitt. Så får dei Jerusalem som hovudstad. Så vert verda sine nasjonar samla mot Israel, eit nytt organ: FN. Jødane vender seg til Jesus. Så kjem Jesus igjen og står på oljeberget.
Guds pakt med Abraham og han pakt med David er evig. Daniels bok: Davidssonen.
Matt.23,37 Jerusalem, Jerusalem, du som slår i hel profetane og steinar dei som er sende til deg! Kor ofte ville eg ikkje samla borna dine, som ei høne samlar kyllingane under vengene sine. Men de ville ikkje. 38 Så høyr: Audt og tomt skal huset dykkar verta. 39 For eg seier dykk: De får aldri sjå meg meir før de seier: Velsigna vere han som kjem, i Herrens namn!»
Eg gleder meg til himmelen, det er ei anna tale. På denne jorda skal Gud regjere i Kristus, frå Jerusalem. Derfor er det kamp og strid om det landet. Derfor er det kamp og strid om deg også.
Sak.2,14 Gled deg storleg, Sions dotter!
For sjå, eg kjem og tek bustad hjå deg,
lyder ordet frå Herren.
15 Den dagen skal mange folkeslag
gje seg til Herren.
Dei skal verta mitt folk,
og eg vil bu hjå deg.
Då skal du sanna
at Herren, Allhærs Gud, har sendt meg til deg.
16 Herren skal ta Juda i eige
som sin arvelut på heilag jord
og endå ein gong velja ut Jerusalem.
Sak.8,1 Då kom ordet frå Herren, Allhærs Gud, og det lydde så:
2 Så seier Herren, Allhærs Gud:
Eg er full av brennhug for Sion,
med stor harme brenn eg for det.
3 Så seier Herren:
Eg vender attende til Sion,
midt i Jerusalem vil eg bu.
Jerusalem skal kallast Truskapsbyen,
og berget åt Herren, Allhærs Gud,
skal kallast Det heilage fjellet.
4 Så seier Herren, Allhærs Gud:
Atter skal gamle menn og kvinner
sitja på torga i Jerusalem,
alle med stav i hand
fordi dei er så gamle.
5 Og torga i byen skal fyllast
av gutar og jenter som leikar seg der.
6 Så seier Herren, Allhærs Gud:
Om dette synest umogeleg
for dei som då er att av dette folket,
skulle det vera umogeleg for meg òg?
lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.
Sak.14, 1 Sjå, det kjem ein Herrens dag. Då skal det hærfanget dei har ført bort frå deg, skiftast ut hjå deg.
2 Eg vil samla alle folkeslaga til strid mot Jerusalem. Byen skal verta teken, husa plyndra og kvinnene tekne med vald. Halve byen skal førast bort i fangenskap, men resten av folket skal ikkje rydjast ut or byen.
3 Herren sjølv skal fara ut og strida mot desse folka som på stridens dag, den dagen han gjekk til kamp. 4 Den dagen skal han stå med føtene på Oljeberget, som ligg rett aust for Jerusalem. Og Oljeberget skal dela seg i to frå aust til vest, så det vert ein brei dal. Den eine halvparten av fjellet vik unna mot nord og den andre mot sør. 5 Dalen attmed fjellet mitt skal fyllast, for dalen mellom fjella skal nå heilt til Asal. Og de skal røma som de rømde for jordskjelvet i dei dagar Ussia var konge i Juda. Då skal Herren min Gud koma og alle heilage vera med han.
….
16 Alle som vert att av alle dei folkeslag som dreg imot Jerusalem, skal år etter år fara opp og bøya seg og tilbe Kongen, Herren, Allhærs Gud, og høgtida lauvhyttehelga.
Joel.3,6 For sjå, i dei dagar og på den tid,
når eg vender lagnaden for Juda og Jerusalem,
7 då vil eg samla alle folkeslag
og føra dei ned i Josjafat-dalen.
Der vil eg halda rettargang med dei
om Israel, mitt folk og min eigedom,
som dei spreidde mellom folka.
Dei delte landet mitt
…….
21 Herren skal torna frå Sion,
la røysta si ljoma frå Jerusalem,
himmel og jord skal skjelva.
Men Herren er eit vern for sitt folk,
ei borg for Israels søner.
22 Då skal de sanna
at eg er Herren dykkar Gud,
som bur på Sion, mitt heilage fjell.
Jerusalem skal vera ein heilag stad,
der skal framande aldri meir koma inn.
Jes.52,7 Kor fagert det er
når han som ber gledebod,
kjem springande over fjell,
melder fred og ber god bodskap,
forkynner frelse og seier til Sion:
«Din Gud er konge!»
8 Høyr, dine vaktmenn ropar,
dei jublar alle i hop.
For med eigne augo ser dei
at Herren kjem heim att til Sion.
9 Set i med jubelrop,
de aude tufter i Jerusalem!
For Herren trøystar sitt folk
og løyser ut Jerusalem.
10 Herren syner sin heilage arm
for augo på alle folkeslag.
Heile den vide jord får sjå
frelsa frå vår Gud.
Jes.62,6 På murane dine, Jerusalem,
har eg sett vaktmenn.
Og dei skal aldri teia
anten dag eller natt.
De som prisar Herren,
unn dykk ikkje ro!
7 Lat heller ikkje han få ro
før han byggjer opp att Jerusalem
og gjer byen til ein lovsong på jorda.
Det er dette Jerusalem, på denne jorda.
Åndskampen kulminerer med Antikrist. Antikrist er ein person, eit rike og ei ånd, den ånda er allereie verksam. Antikristeleg agenda, alle vert samde, men dei kristne er på utsida. Antikrist vil ha Jesus sin plass.
Djevelen prøver å sette Antikrist til å regjere i staden for Kristus, nettopp i Jerusalem. Men når Jesus kjem, skal han utslette Antikrist. Så skal han sjølv sette seg der.
Ef.2,11 De var ein gong heidningar og vart kalla uomskorne av dei som kallast dei omskorne, dei som er omskorne på kroppen av menneskehand. 12 Kom i hug at de den gongen var utan Kristus, utestengde frå borgarrett i Israel, utan del i paktene og lovnaden og difor utan von og utan Gud i verda. 3 Men no, i Kristus Jesus, er de som før var langt borte, komne nær ved Kristi blod.
……….
19 Så er de ikkje lenger framande og utlendingar, men de er borgarar saman med dei heilage og høyrer Guds husfolk til. 20 De er oppbygde på apostel- og profetgrunnvollen, men hjørnesteinen er Kristus Jesus sjølv. 21 Han held heile bygningen saman, så han i Herren veks til eit heilagt tempel, 22 og ved han vert de òg bygde opp til ein bustad for Gud i Anden.
Ef.3,6 at heidningane er medarvingar; dei høyrer med til same lekamen og har del i lovnaden – i Kristus Jesus og ved evangeliet. 7 Og eg vart ein tenar for evangeliet då Gud greip inn med si kraft og gav meg si nådegåve. 8 Eg som er den ringaste av dei heilage, har fått den nåde å forkynna for folkeslaga den glade bodskapen om Kristi ufattelege rikdom 9 og føra Guds frelsesplan fram i ljoset, den løyndomen som frå evig tid har vore løynd hjå Gud, han som skapte alt. 10 Såleis skulle hans mangfaldige visdom kunngjerast gjennom kyrkja for maktene og herredøma i himmelrømda. 11 Dette hadde Gud sett seg føre frå evig tid, og no har han fullført det i Kristus Jesus, vår Herre. 12 I han har vi frimod, og i trua på han kan vi koma fram for Gud med tillit. 13 Difor bed eg dykk: Miss ikkje motet om eg lyt lida for dykkar skuld. Det er ei ære for dykk!
Ved trua på Jesus har vi fått borgarrett i Israel. Men vi har borgarrett i himmelen også.
Fil.3,20 Men vi har vår borgarrett i himmelen, og derifrå ventar vi Herren Jesus Kristus som frelsar. 21 Han skal omskapa vår veike og forgjengelege lekam og gjera han lik den lekamen han sjølv har i herlegdomen. For han har makt til å leggja alle ting under seg.
Alt er fullkome i himmelen og det har det alltid vore. Ved syndefallet vart alt her på jorda lagt under forgjengelegdom. Jesu lærde oss å be: «Lat vilje din råda på jorda, slik som i himmelen.»
Heb.11,10 I tru var Abraham lydig då han vart kalla, så han drog ut til eit land som han skulle få til odel og eige. Han tok ut endå han ikkje visste kvar han skulle koma. 9 I tru levde han som innflyttar i det landet Gud hadde lova han. Han budde i telt saman med Isak og Jakob, som var medarvingar til den same lovnaden. 10 For han venta på byen med dei faste grunnvollane, den som har Gud til byggmeister og skapar.
11 I tru fekk òg Sara, gamal som ho var, kraft til å grunnleggja ei ætt. For ho leit på at han som hadde gjeve lovnaden, var trufast. 12 Frå éin mann, som jamvel var utan livskraft, kom det difor ei ætt så talrik som stjernene på himmelen og så tallaus som sanden på havsens strand.
13 I tru døydde alle desse utan å ha fått det som var lova. Dei berre såg det langt borte og helsa det, og dei sanna at dei var framande og utlendingar på jorda. 14 Dei som talar slik, syner at dei søkjer eit fedreland. 15 Om dei hadde tenkt på det landet dei drog ut frå, hadde dei hatt tid til å fara attende. 16 Men no er det eit betre land dei lengtar etter: det himmelske. Difor skjemmest ikkje Gud ved dei, men kallar seg deira Gud; for han har gjort ein by ferdig åt dei.
Hebr.12,18 De er ikkje komne til eit fjell som ein kan ta og kjenna på, med logande eld, med skyer, mørker og storm, 19 med gjallande horn og med ei røyst som tala slik at dei som høyrde på, bad om å få sleppa å høyra meir. 20 For dei kunne ikkje tola det påbodet som vart gjeve: «Om så eit dyr kjem innåt fjellet, skal det steinast.» 21 Ja, så gruvekkjande var synet at Moses sa: «Eg er så redd at eg skjelv.» 22 Nei, de er komne til Sion-fjellet, til den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, til dei mange tusen englar, til ei høgtidsstemne, 23 til samlinga av dei fyrstefødde som er oppskrivne i himmelen. De er komne til ein domar som er Gud for alle, til åndene åt dei rettferdige som har nått fullendinga,
Heb.13,13 Lat oss då gå ut til han utanfor leiren og bera hans vanære. 14 For her på jorda har vi ingen verande by, men vi lengtar etter den som skal koma.
Joh.OP.21,1 Eg såg ein ny himmel og ei ny jord. For den fyrste himmel og den fyrste jord hadde kvorve bort, og havet var ikkje meir. 2 Og eg såg den heilage byen, det nye Jerusalem, koma ned frå himmelen, frå Gud, budd som ei brur som er pynta for sin brudgom. 3 Frå kongsstolen høyrde eg ei høg røyst som sa: «Sjå, Guds bustad er hjå menneska. Han skal bu hjå dei, og dei skal vera hans folk, og Gud sjølv skal vera hjå dei. 4 Han skal turka kvar tåre frå augo deira, og døden skal ikkje vera meir, og ikkje sorg og ikkje skrik og ikkje pinsle. For det som før var, er borte.»
Dette gjeld alle folkeslag.
Det som skal skje på denne jorda ei anna sak.
Gud er ånd og himmelen er åndeleg, det Nye Jerusalem er i himmelen og er åndeleg, men kjem ned på den nye jorda, då møter himmelen jorda. Så vert det himmelske Jerusalem eitt med det Nye Jerusalem. Det vert her på jorda også.
Jes.66,13 Som ei mor trøystar son sin,
såleis vil eg trøysta dykk,
ja, i Jerusalem skal de få trøyst.
Det gjeld jødane, men oss også.
Det finst eit Jerusalem som Jesus vil regjere ifrå og det er ditt hjarte.
Tungetale ved ein mann, tyding ved ei kvinne.
«Eg taler til deg, seier Herren, som har latt deg lura av nyhetan, eg talar til deg som har latt deg lura av all løgnen som er komt på eteren, eg taler til deg som går rundt og fornektar at Israel er mitt folk. Eg taler til deg som seier du er full av meg, men alikevel hater mitt folk. Eg taler til deg i denne formiddagsstund og eg kaller deg nær mitt hjerta. Eg kallar deg nær mitt hjerta, så du skal få forstå, at eg elsker mitt folk. Eg kaller deg så nær mitt hjerta, at du skal få sjå og forstå sannheten. Det er ditt ansvar, mitt kjære barn, til å fylla deg med sannheten, det er ditt ansvar til å finna sannhetskjeldane, det er ditt ansvar til å lesa mitt ord, det er ditt ansvar, at du forstår sannheten. Eg har sendt sannhetsvitnar, eg har sendt mange sannhetsvitnar, til å fortella deg kva Israel betyr i dag. Men du har nektar å høyra etter, du nektar å høyra på sannheita. Du har en religiøs ånd i deg som har gjort at det har stengt for sannheten. Men hvis du vil, mitt kjære barn, i denne formiddagsstund, bøya kne innfor meg og erkjenna ditt nederlag, erkjenna din synd innfor meg, du som har valgt å ….. sannheten. Så skal jeg komma med min balsam, skal eg komma med min kjærlighet, skal eg komma med min tilgivelse og du skal få oppleve at du skal komma til å elska mitt folk, like høgt som du elske meg, så kom og ver ikkje lenger stridnakka, men høyr på sannheten, i Jesu namn. Amen.»
Relevante bibelvers.
2.Kor.3,12 Sidan vi no har slik ei von, går vi fram med stort frimod. 13 Vi gjer ikkje som Moses, han som la eit sveip over andletet, så israelittane ikkje skulle sjå den kvervande glansen før han var borte. 14 Men dei vart forherda. For heilt til denne dag ligg dette sveipet der når dei les frå bøkene i den gamle pakta. Og dei ser ikkje at pakta er avlyst i Kristus. 15 Ja, heilt til denne dag ligg det eit sveip over hjarta deira når Moses vert lesen. 16 Men når dei vender om til Herren, vert sveipet bortteke. 17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.

