Video frå kristne møte: https://studio.youtube.com/channel/UCx-mgohovh4cNvy-rj6Je8A/videos/upload?filter=%5B%5D&sort=%7B%22columnType%22%3A%22date%22%2C%22sortOrder%22%3A%22DESCENDING%22%7D

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

2025.07.13. Søndag, Kl 11. Maranata Landsstemne. Tale ved Inge Røssland. Åneleg imunitet, imunforsvar mot å verte frelst???

Innleiing ved Jostein Kirkenes.

Luk.1,28 Men då Elisabet var i sjette månaden, vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilea som heitte Nasaret, 27 til ei jomfru som var lova bort til Josef, ein mann av Davids ætt. Namnet hennar var Maria. 28 Engelen kom inn til henne og sa: «Ver helsa, du som har fått nåde! Herren er med deg!» 29 Ved desse orda vart ho forskrekka og undrast på kva denne helsinga skulle tyda. 30 Men engelen sa til henne:

«Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hos Gud.

31 Høyr! Du skal bli med barn og få ein son,

og du skal gje han namnet Jesus.

32 Han skal vera stor og kallast Son til Den høgste.

Herren Gud skal gje han kongsstolen til David, far hans.

33 Han skal vera konge over Jakobs hus til evig tid,

og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.»

34 Maria sa til engelen: «Korleis skal dette gå til når eg ikkje har vore saman med nokon mann?» 35 Engelen svara:

«Den heilage ande skal koma over deg,

og krafta frå Den høgste skal skyggja over deg.

Difor skal òg barnet som blir fødd,

vera heilagt og kallast Guds Son.

…….

43 Korleis kunne det henda meg at mor til Herren min kjem til meg? 44 For då lyden av helsinga di nådde øyret mitt, sparka barnet i magen min av fryd. 45 Ja, sæl er ho som trudde, for det Herren har sagt til henne, skal oppfyllast.»

Det er skilnad på å tru og å vone. Du må leve i Guds Ord, Guds Ande må ta tak i Guds Ord (Guds Ande må få openberre det for deg). 

Tale ved Inge Røssland; åndeleg immunitet.

Inge er pastor og evangelist, som evangelist hjelper han ufrelste menneske til å ta det først enkle steget inn i frelsa. Nyfrelste menneske får oppleve «den første kjærleiken».

Joh.14,5 Tomas seier til han: «Herre, vi veit ikkje kvar du går; korleis kan vi då vita vegen?» 6 Jesus seier: «Eg er vegen, sanninga og livet. Ingen kjem til Far utan gjennom meg. 7 Har de kjent meg, skal de òg kjenna Far min. Frå no av kjenner de han og har sett han.»

8 Filip seier til han: «Herre, syn oss Far, det er nok for oss.» 9 Jesus svarar: «No har eg vore så lang ei tid saman med dykk, og du kjenner meg ikkje, Filip? Den som har sett meg, har sett Far. Korleis kan du då seia: ‘Syn oss Far’? 10 Trur du ikkje at eg er i Far og Far i meg? Dei ord eg talar til dykk, har eg ikkje frå meg sjølv; det er Far som er i meg og gjer sine gjerningar. 11 Tru meg: Eg er i Far og Far i meg. Om ikkje for anna, så tru det for gjerningane skuld. 12 Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som trur på meg, skal gjera dei gjerningane som eg gjer, ja, større gjerningar enn dei, for eg går til Far. 13 Og det de bed om i mitt namn, vil eg gjera, så Faderen skal bli herleggjord gjennom Sonen. 14 Bed de meg om noko i mitt namn, så skal eg gjera det.

Luk.4,16 Han kom òg til Nasaret, der han var oppvaksen, og på sabbaten gjekk han inn i synagogen, som han brukte å gjera. Han reiste seg for å lesa frå Skrifta, 17 og dei gav han boka til profeten Jesaja. Han opna bokrullen og fann den staden der det står:

18 Herrens Ande er over meg,

for han har salva meg

til å forkynna ein god bodskap for fattige.

Han har sendt meg for å ropa ut

at fangar skal få fridom

og at blinde skal få sjå,

for å setja undertrykte fri

19 og ropa ut eit nådeår frå Herren.

20 Så rulla han bokrullen saman, gav han til synagogetenaren og sette seg. Og alle som var i synagogen, heldt auga feste på han. 21 Då tala han til dei og byrja slik: «I dag vart dette skriftordet oppfylt medan de høyrde på.» 22 Alle tala vel om han og undra seg over nådeorda som kom frå hans munn. «Er ikkje dette son til Josef?» spurde dei.

23 Då sa Jesus til dei: «De kjem sikkert til å minna meg om ordtaket: ‘Lege, læk deg sjølv!’ og seia: ‘Vi har høyrt om alt du har gjort i Kapernaum. Gjer no det same på heimstaden din!’» 24 Og han heldt fram: «Sanneleg, eg seier dykk: Ingen profet er velkomen på heimstaden sin. 25 Ja, eg seier dykk som sant er: Det var mange enkjer i Israel i dei dagane då Elia levde, då himmelen var stengd i tre år og seks månader og det vart ei stor hungersnaud i heile landet. 26 Likevel vart ikkje Elia send til nokon av dei, berre til ei enkje i Sarepta i Sidon-landet. 27 Og det var mange med hudsjukdom i Israel den tid profeten Elisja levde, men ingen av dei vart reine att, berre syraren Naaman.»

28 Då vart dei brennande harme, alle som var i synagogen og høyrde dette. 29 Dei fór opp og jaga han ut av byen, mot ein skrent i åssida der byen deira låg. Der ville dei støyta han utfor. 30 Men han gjekk midt igjennom flokken og bort derifrå.

Korleis kunne stemninga snu seg så brott og så totalt? Dei var immune. Dette handlar berre om å ta imot. Greit nok å vere ein god givar, men dette handlar om å vere ein god mottakar.

Joh.4,13 Jesus svara: «Den som drikk av dette vatnet, blir tørst att. 14 Men den som drikk av det vatnet eg vil gje, skal aldri meir tørsta. For det vatnet eg vil gje, blir til ei kjelde i han med vatn som bryt fram og gjev evig liv.» 15 Kvinna seier til han: «Herre, gjev meg det vatnet, så eg ikkje blir tørst meir og ikkje treng koma hit og henta opp vatn.»

16 Då sa Jesus til henne: «Gå og hent mannen din og kom tilbake hit.» 17 «Eg har ingen mann», svara kvinna. «Du har rett når du seier at du ikkje har nokon mann», sa Jesus. 18 «For du har hatt fem menn, og han du no har, er ikkje din mann. Det er sant, det du sa.» 19 «Herre, eg ser at du er ein profet», sa kvinna. 20 «Fedrane våre tilbad Gud på dette fjellet, men de seier at Jerusalem er den staden der ein skal tilbe.» 21 Jesus seier til henne: «Tru meg, kvinne, den timen kjem då det verken er på dette fjellet eller i Jerusalem de skal tilbe Far. 22 De tilbed det de ikkje kjenner; vi tilbed det vi kjenner, for frelsa kjem frå jødane. 23 Men den timen kjem, ja, han er alt komen, då dei sanne tilbedarane skal tilbe Far i ånd og sanning. For slike tilbedarar vil Far ha. 24 Gud er ånd, og dei som tilbed han, må tilbe i ånd og sanning.» 25 Kvinna seier til han: «Eg veit at Messias kjem», – Messias er det same som Kristus – «og når han kjem, skal han fortelja oss alt.» 26 Jesus seier til henne: «Det er eg, eg som snakkar med deg.»

Jesus såg til hjertet hennar og fekk hjertekontakt.

Jesus er midt i mellom oss. Det går like vel an å vere på møtet og vere uberørt av Jesus.

1.Tess.5,23 Må han sjølv, fredens Gud, helga dykk heilt igjennom. Og gjev at dykkar ånd og sjel og lekam må haldast uskadde, så de kan vera ulastande når vår Herre Jesus Kristus kjem!  24 Han som kallar dykk, er trufast; han skal gjera det.

Den fysiske verda; fysisk kontakt, berøring. Den intelektuelle verda; vi kan ikkje ta og føle på den intelektuelle verda, men eg kan tenke og resonere og det er på den måten eg kan ha kontakt med den intelektuelle verda. Den åndelege verda; Der er noko som heiter ånd, Gud er ånd og han vil berre ha tilbedarar som tilber i ånd og sanning. Den einaste måten å kontakte Gud på, er å møte han i ånd. Du må tru at han finst. Der er berr ein veg til Faderen. Der finst ein plass der du kan møte Gud og ta imot ifrå han, det er i hjertet ditt og det er ganske synonymt med di ånd. Det er der vi møter Gud. Vi kan ikkje no ta på Jesus fysisk. Vi kan heller ikkje nå han heilt berre med tankelivet. Det handlar ikkje om å forstå med intelektet, men å gripe det med hjertet.

1.Tess.5,23 har ei tredeling; ånd, sjel og lekam. Til samanlikning med ein treeinig Gud og tempelet med føregarden, heilgdomen og det høgheilage romet i heilagdomen. Inge samanlikna føregarden med kroppen, den fysiske røyndomen. Det heilage samanlikna han med sjels og der føregår det mykje, Men i det høgheilage, der gjekk presten inn berre ein gong i året, på forsoningsdagen og hadde med seg forsoningsblodet. Der var det lite som skjedde. Men i det heilage, var der prestar som gjorde teneste heile tida. Men i hjertet, i Anden, der er det du kan ta imot i dag. I vår tid kan det vere mykje aktivitet i det heilage, men det frelser ikkje.

Jak.2,18 Einkvan kan seia: «Den eine har tru, den andre har gjerningar.» Vis meg di tru utan gjerningar, så skal eg visa deg mi tru av mine gjerningar. 19 Du trur at Gud er éin? Det gjer du rett i. Dei vonde åndene trur det same – og skjelv! 

Jesus ropte på korset, det er fullbrakt. Då rivna forhenget i heilagdomen. Men for menneske er det ofte som eit forheng der like vel.

Heb.4,12 For Guds ord er levande og kraftig og kvassare enn noko tvieggja sverd. Det trengjer igjennom til det kløyver sjel og ånd, merg og bein, og dømer hjartans tankar og planar.  13 Ingen skapning er løynd for hans augo. Alt er nake og bert for han som vi skal gjera rekneskap for.

Ein offiser kom og bad til Jesus for tenaren sin og så sa han at han kunne seie berre eit ord, så vart tenaren god att. Han hadde si forklaring på det. Men vi kan forklare det med at Jesu ord gjekk gjennom ånda, Ikkje noko kan setje grense for Guds Ande.

Judas.1,17 Men de, mine kjære, kom i hug dei ord som vår Herre Jesu Kristi apostlar føreåt har tala.  18 Dei sa til dykk: «I dei siste tider skal det koma folk som spottar og lever etter sine eigne ugudelege lyster.»  19 Dette er dei som skaper kløyving mellom dykk; dei har sjel, men Anden vantar dei.

I det sjelelege området er det ikkje noko gjennombrot, for det er Gud som gir vekst.

Jak.1,5 Dersom nokon av dykk vantar visdom, skal han be til Gud, og han skal få; for Gud gjev alle, viljug og utan vondord.  6 Men han må be i tru, utan å tvila. For den som tvilar, liknar havbåra som vert driven ikring og kasta hit og dit av vinden.  7 Ikkje må eit slikt menneske venta å få noko av Herren, 8 tvihuga som det er og ustøtt i all si ferd.

Forhenget i tempelet er symbol på Jesu kropp. Der innom forhenget får vi frelsa, Anden som gjer under, så vi får lækjedom. Klippe du som brast for meg. 

Dersom du byrjar å tenke i sjela di, er det meg eller ikkje meg, slutt å tenke, det går langt over vår forstand det som Jesus held på med, det går like inn i det høgheilage, like inn i hjertet ditt, det er der stevnemøtet føregår.

Tungetale ved ei kvinne, tyding ved Inge.

Du har alltid synst og sagt at det har vært så vanskelig, sier Herren. Men det er ikke vanskelig, for det vanskelige, det gjorde jeg, på Golgata kors. Så for deg så er det ikke noe som handler om å være vanskelig lengre, sier Herren. Fordi at jeg gjorde jobben, jeg banet veien og i dag, så har du muligheten, ja, igjen sier Herren, så har du muligheten til å komme inn, tett inntil meg, for at jeg skal få frelse deg, for at jeg skal få røre ved deg, for at jeg kan få helbrede deg, sier Herren.

Du har satt din lit til deg selv, du har tenkt at du må finne ut av hvordan du skal bli frelst, men jeg har allerede gjort frelsesverket på korset, på Golgata, sier Herren. Så kom nå bare til med, i denna stund, ja, jeg kaller, sier Herren. At din jobb er å komme, så skal jeg føde deg på ny, sier Herren.

Du er akkurat nå i ferd med å motta den største gave som finnes, frelse, sier Herren. Det er intet større som kan tas imot. Du kan intet fortjene, du kan intet gjøre, men du kan ta imot og du kan ta imot ved å komme i denna stund, sier Herren. Og jeg vil frelse deg.

Relevante bibelvers.

Salme.62,10 Du har gjesta jorda og gjeve henne regn,

du har gjort henne ovende rik.

Guds bekk er full av vatn;

du syter for at kornet veks.

Såleis legg du alt til rettes: 

11 Du vatnar fòrene, jamnar veltene

og bløyter opp jorda med regn;

du signar hennar grøde. 

12 Du kronar året med gode gåver,

det spirer og gror i dine hjulspor, 

13 det spirer på dei aude beitemarker,

kring haugane er det jubel.

14 Markene er kledde med sauer

og dalane sveipte i korn.

Det lyder glederop og song.

Salme 135,1 Halleluja!

Pris Herrens namn,

syng lovsong, Herrens tenarar,

2 de som står i Herrens hus,

i føregardane til vår Guds hus!

3 Pris Herren, for han er god,

lovsyng hans namn, for det er herleg! 

4 For Herren har valt ut Jakob,

gjort Israel til sin eigedom.

Jes.57,15  Så seier han som er høgt opphøgd,

han som tronar evig og heiter Den Heilage:

I det høge og heilage bur eg

og hjå den som er knust og nedbøygd i ånda.

Eg vekkjer ånda til liv hjå dei bøygde

og hjarta til liv hjå dei knuste. 

16 For eg vil ikkje evig føra klagemål

og ikkje alltid vera harm.

Elles kom deira ånd

til å missa si kraft for mitt åsyn,

deira livsande som eg har skapt.

Luk.1,13 Men engelen sa til han: «Ver ikkje redd, Sakarja! Gud har høyrt bøna di. Elisabet, kona di, skal føda deg ein son, og du skal kalla han Johannes.  14 Han skal verta til glede og hugnad for deg, og mange skal gleda seg av di han er fødd. 15 For han skal vera stor i Herrens augo. Vin og sterk drikk skal han ikkje smaka, og heilt frå mors liv skal han vera fylt av Den Heilage Ande.  16 Mange i Israel skal han føra attende til Herren, deira Gud. 17 Sjølv skal han gå føre Herren med same ånd og kraft som Elia hadde. Og han skal venda fedrehjarto til borna, gje dei ulydige den hug som rettferdige har, og bu folket vel for Herren.»

Joh.1,24 Han sa: «Eg er ei røyst som ropar i øydemarka: Gjer vegen bein for Herren, som profeten Jesaja har sagt.»  24 Nokre av dei som var sende, høyrde til farisearane, 25 og dei spurde: «Kvifor døyper du då, når du ikkje er Messias og ikkje Elia og heller ikkje profeten?» 26 Johannes svara: «Eg døyper med vatn. Men midt imellom dykk står ein som de ikkje kjenner,  27 han som kjem etter meg, og som eg ikkje er verdig til å løysa skoreima åt.» 28 Dette hende i Betania på hi sida av Jordan, der Johannes var og døypte.

29 Dagen etter ser han Jesus koma bort imot seg og seier: «Sjå, der er Guds lam, som ber verdsens synd!  30 Det var om han eg sa: Etter meg kjem ein mann som er komen framom meg, for han var til før meg. 31 Eg visste heller ikkje kven han var, men eg er komen og døyper med vatn så han skal openberrast for Israel.» 32 Og Johannes vitna: «Eg såg Anden dala ned som ei due frå himmelen, og han vart verande over han.  33 Eg visste heller ikkje kven han var, men han som sende meg for å døypa med vatn, han sa til meg: Den du ser Anden dalar ned imot og vert verande over, han er den som døyper med Den Heilage Ande. 34 Og eg har sett det, og dette er vitnemålet mitt: Han er Guds Son.»

Joh.3,27 Johannes svara: «Eit menneske kan ikkje få noko utan at det vert gjeve han frå himmelen.  28 De er sjølve mine vitne på at eg sa: Eg er ikkje Messias; men eg er send føre han. 29 Den som har brura, han er brudgom. Men venen hans, som står og høyrer på, gleder seg når han høyrer målet til brudgomen. Slik glede har eg no fått, og det i fullt mål.  30 Han skal veksa, eg skal minka.

Matt.3,1 På den tid steig døyparen Johannes fram i øydemarka i Judea og forkynte: 2 «Vend om, for himmelriket er nær!»  3 Det er om han profeten Jesaja talar når han seier:

Ei røyst ropar i øydemarka:

Ryd veg for Herren,

gjer stigane hans rette!

4 Johannes gjekk i ei kappe av kamelhår og hadde eit lerbelte om livet, og maten hans var grashopper og vill honning.  5 Folk drog ut til han, frå Jerusalem og heile Judea og landet attmed Jordan. 6 Og han døypte dei i Jordan-elva, medan dei sanna syndene sine.

7 Men då han såg at mange farisearar og saddukearar kom og ville verta døypte, sa han til dei: «Ormeyngel! Kven har lært dykk korleis de skal sleppa unna den vreidedomen som skal koma?  8 Så ber då frukt som svarar til omvendinga. 9 Og tru ikkje at de kan seia: Vi har Abraham til far. For eg seier dykk: Gud kan reisa opp born for Abraham av desse steinane. 10 Øksa ligg alt innmed rota på trea; kvart tre som ikkje ber god frukt, vert hogge ned og kasta på elden.  11 Eg døyper dykk med vatn til omvending. Men han som kjem etter meg, er sterkare enn eg. Eg er ikkje eingong verdig til å ta av han sandalane. Han skal døypa dykk med Heilag Ande og eld.  12 Han har kasteskufla i handa og skal reinsa kornet på treskjevollen. Kveiten skal han samla i løa, men agnene skal han brenna opp med eld som aldri sloknar.» 

Jesus vert døypt

13 Då kom Jesus frå Galilea til Jordan, til Johannes, og ville verta døypt av han. 14 Men Johannes ville hindra han og sa: «Eg treng dåp av deg, og så kjem du til meg!» 15 Jesus svara: «Lat det no skje! Dette må vi gjera for å oppfylla all rettferd.» Då gjorde Johannes som Jesus ville. 16 Med det same Jesus var døypt, steig han opp or vatnet. Og sjå, himmelen opna seg, og han såg Guds Ande koma dalande ned over seg som ei due.  17 Og det lydde ei røyst frå himmelen: «Dette er Son min, han som eg elskar, han som eg har hugnad i.»

Heb.4, For Guds ord er levande og kraftig og kvassare enn noko tvieggja sverd. Det trengjer igjennom til det kløyver sjel og ånd, merg og bein, og dømer hjartans tankar og planar.  13 Ingen skapning er løynd for hans augo. Alt er nake og bert for han som vi skal gjera rekneskap for.

14 Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga!  15 For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan ha medynk med oss i vår vesaldom, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd.  16 Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.

Efesos.2,4 Men dette har eg imot deg: Du har gjeve opp din første kjærleik. 5 Kom i hug kvar du stod før du fall. Vend om og gjer dei gjerningane du gjorde før! Elles kjem eg til deg og tek lysestaken din bort – om du ikkje vender om.

Rom.10,9 For vedkjenner du med munnen din at Jesus er Herre, og trur du i hjartet ditt at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal du bli frelst. 10 Med hjartet trur vi så vi blir rettferdige, og med munnen vedkjenner vi så vi blir frelste. 11 Skriftordet seier: Ingen som trur på han, skal bli til skamme. 12 For her er det ingen skilnad på jøde og grekar: Alle har dei same Herren, og han er rik nok for alle som kallar på han. 13 Kvar den som kallar på Herrens namn, skal bli frelst.

Matt.8,5 Då Jesus gjekk inn i Kapernaum, kom det ein offiser til han og bad om hjelp: 6 «Herre,» sa han, «tenaren min ligg lam heime og lid vondt.» 7 Jesus sa: «Eg skal koma og lækja han.» 8 «Herre,» svara offiseren, «eg er ikkje verdig til at du stig inn under mitt tak. Men sei berre eit ord, så vert guten min god att. 9 For eg må sjølv lyda dei som er over meg, og eg har soldatar under meg. Seier eg til ein av dei: Gå! så går han, og til ein annan: Kom! så kjem han, og til tenaren min: Gjer dette! så gjer han det.» 10 Då Jesus høyrde det, undra han seg og sa til dei som fylgde han: «Sanneleg, det seier eg dykk: Ikkje eingong i Israel har eg funne så stor ei tru.  11 Og det skal de vita: Mange skal koma frå aust og frå vest og sitja til bords med Abraham og Isak og Jakob i himmelriket.  12 Men arvingane til riket skal kastast ut i mørkret utanfor, der dei græt og skjer tenner.»  13 Og Jesus sa til offiseren: «Gå heim! Det skal verta som du trudde.» Og tenaren vart frisk i same stunda.

Heb.11,1 Trua er pantet på det vi vonar, vissa om ting vi ikkje ser.  2 For si tru fekk menneske i gamal tid godt vitnemål. 3 I tru skjønar vi at verda er skapt ved Guds ord, og at det vi ser, ikkje har vorte til av det synlege.

Mark.8,31 Då tok Jesus til å læra dei: «Menneskesonen skal lida mykje og verta vraka av dei eldste, overprestane og dei skriftlærde. Han skal verta slegen i hel, og tre dagar etter skal han stå opp att.»  32 Dette sa han med reine ord. Då tok Peter han til sides og gav seg til å tala han til rettes. 33 Men Jesus snudde seg, såg på læresveinane og sa strengt til Peter: «Vik bak meg, Satan! Du har ikkje sans for det som Gud vil, berre for det som menneske vil.»

34 Sidan kalla han til seg folket og læresveinane sine og sa til dei: «Vil nokon vera i lag med meg, må han seia nei til seg sjølv og ta krossen sin opp og fylgja meg.  35 For den som vil berga livet sitt, skal missa det. Men den som misser livet sitt for mi skuld og for evangeliet, han skal berga det. 36 Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda, men taper si sjel? 37 Eller kva kan eit menneske gje til vederlag for si sjel? 38 Den som skjemmest ved meg og orda mine i denne utrue og syndige ætta, han skal òg Menneskesonen skjemmast ved når han kjem i herlegdomen åt Far sin, saman med dei heilage englane.»

Fil.1,6 Og eg er viss på at han som tok til med ei god gjerning i dykk, skal fullføra henne – heilt til Jesu Kristi dag.  

Relevante bodskapar som har kome før.

2024.08.31. Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten. Jesus la ein draum ned i mitt hjerte og han vil eg skal ta den fram att og drøyme stort med han.

Sitat fra https://blessings-from-heaven.com/2024/08/31/2024-08-31-jesus-gav-meg-draumar-og-lengslar-i-mitt-hjerte-han-gav-meg-visjonar-om-si-hensikt-og-sin-plan-for-mitt-liv-og-vil-gjennomfore-det/ : Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten:
«Du har drømt stort med meg, mitt barn. Det var en tid da du tok imot det kallet jeg la i din ånd. Jeg la ned drømmer og lengsler i ditt hjerte og jeg ga deg bilder av hva som skulle komme. Du holdt fast på det og drømte om det lenge. Men så en dag gav du opp kallet og la lokk på det som en gang ble gitt deg. Tiden gikk og du så aldri det som du drømte om. Og du tenkte at det bare var en drøm som aldri vil skje. Men mitt barn, den drømmen var gitt deg av meg. Det var ikke bare fra ditt eget hjerte. Du har kanskje glemt og lagt et lokk på det, men jeg har ikke glemt det. Du vil høste hvis du bare ikke gir opp og mister motet. Jeg kaller deg i dag til å tro meg igjen. Ta frem det som ble en gang gitt deg og drøm stort med meg. Ikke gi opp og mist ikke motet for det er ditt. Jeg gav deg visjoner om min hensikt og plan for ditt liv og den vil aldri bli tatt fra deg. Jeg er istand til å sette det i verk. Jeg er istand til å gjøre langt mer enn du ber meg om og kan forstå. Du er kalt og du er fortsatt min! Selv om drømmen tar lengre tid enn du tenkte det skulle, betyr det ikke at jeg ikke er trofast til å sette det i verk. La meg få gjøre mitt verk i deg og stol på meg. Når du ber om noe som er etter min vilje, skal det bli gitt deg.»

SJÅ OPP TIL HERREN,  møte i Maranata 29.1.2012. TYDING AV TUNGETALE.

Det var nattverdsmøte og vitne-møte, men allereie ved innleiinga av møtet, når vi skulle samle oss i bønn, kom ei kvinne med tungetale og ein ung mann tyda det:

«Sjå deg ikkje engsteleg omkring, for eg er din Gud. Sjå ikkje på alt det som er utanfor ditt eige, men søk meg, seier Herren, der eg er å finne. For eg er ditt alfa og ditt omega, eg er di byrjing og din ende. Sjå deg ikkje engsteleg om, men sjå opp til meg, for eg er trua sin opphavsmann og fullendar. Eg har teke dødens nøklar, eg har vunne ein evig siger. Du skal ikkje frykte, du skal glede deg i meg og du skal sjå opp til meg som er gjennomstungen for di skuld, seier Herren.

Eg har ikkje gløymt deg, seier Herren. Korleis kan eg gløyme deg, du er min augnestein, eg har teikna deg i begge mine hender, eg har kjøpt deg med mitt liv. Eg elskar deg og du er høgt elska av meg, seier Herren. Ver ikkje bekymra for noko, men sjå opp til meg, sjå på meg, eg er Kristus, eg er frelsaren. Eg er den som har gjeve mitt liv for at du skal ha eit evig liv. Og du skal ha glede og du skal ha fred i meg, for mitt rike består i glede og fred og rettferd i den Heilage Ande, seier Herren.»

SJÅ PÅ JESUS, KOMME TIL HAN OG FÅ KVILE. Møte i Maranata søndag 17.2.2013.

Tungetale ved Åse, tyding ved Per Bergan:

«Ja, endå ein gong har eg talt til deg, gjennom mitt Ord og ved den Heilage Ande, og for å vekke ditt reine samvit, at du skal sjå på meg, eg som er trua sin opphavsmann og fullendar, du skal sjå på meg gjennom alle ting, i alle livets forhold og tilskikkelsar. For du har fått oppleve prøvingar og du tenker i ditt hjerte, det nyttar ikkje. Men kom til meg, alle som strever og har tungt å bere og eg vil gi deg kvile. 

Eg vil gi deg ei herleg og vidunderleg kvile. Ei kvile som du ikkje kan forstå med din menneskelege forstand. Men eg vil gi deg kvile i ditt hjerte og ditt sinn, så du kan stole på meg i ei kvar tid, at eg er den eg har sagt meg å vere og eg vil føre deg ut av vansken. Og du skal love meg og du skal prise meg, for eg Herren er den som elskar deg, eg er den som har teke deg opp og eg er den som leiar deg. Og når du ser på meg, så skal du ikkje gå feil, men du skal få oppleve ei røyst bak deg som seier: Dette er vegen, vandre på den.»

På eit møte i Filadelfia Ulsteinvik 24.7.2022, vitna eg om korleis eg bad for henne Reella og fekk bønesvar og Jesus svarde meg slik:

«Jeg ser din situasjon, jeg vet om alt i ditt liv og jeg fordømmer deg ikke. Jeg oppmuntrer deg, jeg støtter deg, jeg hjelper deg, jeg styrker deg, jeg fyller deg med min glede, jeg gir deg det du trenger. Du kan være trygg, når du hører meg, så er du trygg, uansett omstendighetene, uansett hvor sterkt vinden blåser, uansett hvor høye bølgene er, så er jeg hos deg, jeg er nær deg, jeg leder deg, jeg tar meg av deg. Du er i min favn, du er hos meg. Du er min, du er kjøpt, du er betalt, du er dyerebar i mine øyne. Du er min skatt, du er min hjertes-skatt, du er hos meg. Om du føler det eller ikke, bry deg ikke så mye om det, men husk at du er hos meg, i min varetekt, min trygghet. Uansett hva du nå står framfor, så er jeg med deg og jeg er for deg og jeg leder deg på min veg. Jeg opner de stengte dører, jeg leder deg gjennom vanskelighetene og ut av tunellen og ut i lyset igjen hos meg. Du kan være trygg, du er mitt barn.

Om du så skal ut på fremmed land, et sted du ikke har vært før, om du skal på nye stier og veier, så trenger du ikke å frykte, for dag for dag så leder jeg deg og det er nytt område å innta. Det er nytt område, det er nye ting du skal ut i, du skal ta i bruk nye gaver, du skal være, du skal blomstre for meg på en ny måte, fra nå av. For det er en ny tid som står foran, det er forandring, det er ny tid. Og du skal få merke mitt nærvær og mi hjelp enda sterkere enn før, når du våger å stole på meg. For jeg er med deg, i det nye, i det vanskelige, i det som du tenker at du aldri kunne klare, nei, du kan ikke klare det, men jeg er med deg og da går det bra. Stol på meg, mitt barn.»

Når eg les Guds Ord, skal det av seg sjølv bringe fram den frukta eg lengtar etter. Bodskap 2. FM.11.7. Maranatas årsstemne 2024. 

Jesus er vintreet, eg er ei grein på det, utan han kan eg ikkje gjere noko. Men eg får sevje frå rota og stamma, berre slik kan eg bere frukt. Når eg les Guds Ord, så vil Ordet av seg sjølv bringe fram den frukta eg lengtar etter. Slik som det vart sagt i bodskapen B2.FM.11.7.2024, tungetale ved ein mann, tyding ved Håkon:

«For min kjærlighet er rikelig utøst i ditt hjerte ved min ånd. Derfor behøver du ikke å prøve å stige opp eller fare ned, for se, jeg bor ved troen i ditt hjerte. Jeg virker i deg ved min ånd. Og når du leser mitt ord, så vil ordet av seg selv bringe fram frukten som du så sårt har lengtet etter. Du kan ikke skape dette i din egen kraft og styrke og dyktighet, men du skal få se opp til meg og du skal stråle av glede, du vil ikke rødme av skam, for jeg, Herren, jeg elsker deg med en evig kjærlighet.

Slipp meg til, så skal jeg, Herren, ta meg av ditt sinn, dine tanker, missmotet, angsten og depresjonen, sykdom og plager. Når jeg ved mitt Ord og ved min Ånd får reist meg opp i ditt indre, så skal det som skriften har sagt, flyte strømmer av levende vann. Ut ifra din munn, når du taler om meg, så skal det være livgivende ord, for det Ord jeg har talt, det er ånd og det er liv og det skaper hva det sier. Derfor, mitt barn, frygt ikke for morgendagen, men i dag er jeg, Herren, å finne. Sett din lit til meg av hele ditt hjerte og du skal få se, at fienden, han må fly ifra deg. For jeg er den evige Seiers-Herren, jeg er Kristus, kongenes konge og herrenes Herre.

For om fienden reiser seg opp, som han gjør i disse dager, så skal du vite at jeg er Gud den Allmektige og når du blir hånet og mitt navn blir hånet, så vil du høre ha ha ha ifra meg. For jeg ser ikke slik som du ser, for jeg har all makt i himmel og på jord, alt er underlagt mine føtter, jeg er Gud den Allmektige, alfa og omega, begynnelsen og enden og du skal få se at jeg, Herren, reiser opp en menighet nå i denne tid, full av den Hellige Ånd og ild og kraft og mitt ord er og blir det viktigste av alle ting, for evig og alltid står mitt Ord.»

Eg erkjente i mitt stille sinn og mitt indre menneske at det var så viktig for meg at han frelste henne Reella, at det var som om eg ville legge meg langflat for Kristus i mi bøn til han om det, slik som når Johannes la seg langflat for han i Joh.Op.1. Han er Guds Ord og det er det viktigaste, Gud har skapt alt ved sitt Ord og det er viktig for vår forståing av naturen og vår forståing av realfag og ho Reella studerte då biologi.

Kommentar.

Når eg såg dette møtet på fjernsynet, fortsette eg å be slik som når eg såg møtet i går kveld, så eg tek med kommentaren til det møtet her.

Kommentar til møtet kl. 20, laurdag 12.7, «Gud har ikkje gløymt Norge»:

Mor mi lærde meg å be kveldsbøna mi, det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be han frelse våre næraste og be for folket og landet og be Fadervår. Når eg var 9 år skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det, spesielt frelse kvinna frå det, dette kom som første prioritet og så byrja eg å be han gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone, som andre prioritet. Når eg bad slik merka eg at Jesus var meg nær, som min beste venn, så eg kan seie som det står skrive, at han var ein skugge ved mi høgre hand. 

Å be slik er det sentrale poenget med prestetenesta, i den nye pakt vart dette heilt klart. Jesus har vore trufast mot meg, han har aldrig forlete meg og eg har aldrig fornekta han. Eg får oppleve at Gud svarar meg frå himmelen gjennom sin Messias og den Heilage Ande. Eg har teke vare på Jesu ord, både det som er skrive i Bibelen og det han har talt til meg og minna meg om, ved sin Ande i kyrkjelyden, heilt tilbake til 1990 og vel så det. Eg har sett det på grunnlag at det som står skrive i Bibelen. Og han har teke vare på det som eg har sagt og skrive. 

Eg tek denne bodskapen som svar på den enkle bøna eg har bedt sidan eg var ein liten gutunge.

Når eg gjekk på gymnaset vart eg litt kjend med ei kristen jente som eg kallar Virtuella og eg merka at eg byrja å verte glad i henne. Eg bad til Gud over det, ho var fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd, slik vart ho ein lovsong som Gud la ned i meg, ved den Heilage Ande, som Jesus sa i ein bodskap hausten 1985. 

På seinsommaren 1988 oppdaga eg henne Reella og sa til Jesus at eg syntest ho var så vakker at dersom eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne.  Og eg fekk bønnesvar. Sidan har eg ikkje kunna gløyme henne, men hugsa på henne i mi bøn og det var først og fremst ei takkebøn, det var først og fremst å takke for det fullførde frelseverket. Eg skulle søke Herren av heile mitt hjarte og då kom eg til at eg måtte hugse på henne Virtuella også. 

I 2024 talte Jesus til meg om henne, som ein draum han gav meg og som han ville eg skulle ta fram att og drøyme stort med han. Eg skreiv om henne som eit barn som Jesus tok i sin famn:

Matt.18,1 I same stunda kom læresveinane til Jesus og spurde: «Kven er den største i himmelriket?»  2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa:

Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket.  4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.

5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.  

Eg yngste å få ta imot henne slik, i min famn, det var som ein draum som Jesus gav meg. Eg yngste å få ta imot henne slik, som kjærasten min og kona mi, så eg forstod det utifrå skapingssoga 1.Mos.2, for Jesu gjenopprettar det som vart brote ved syndefallet. Så skulle eg også få tenke på meg sjølv som eit slikt barn, som Jesus tok i sin famn.

Eg sat heime og såg på dette møtet på youtube på fjernsynet, medan eg tenkte på henne som den lovsongen Gud la ned i meg ved den Heilage Ande og den draumen Jesus gav meg, samtidig som eg tenkte på at eg skulle sjå på Jesus og då vart det som om eg tenkte meg at eg kom i hans famn, som om det også var ei draum han gav meg. Ja, han lever og er med oss, så når vi vender oss til han, får vi oppleve at han gir oss draumar og visjonar og slik viser han oss kva han kallar oss til.

Når eg ber slik, så er det ikkje fyrst og fremst noko som eg tenker ut sjølv, heller ikkje noko som eg seier høgt, men eg hevdar det fyrst og fremst er tankar, draumar og visjonar som Gud har gitt meg i hjertet ved sitt Ord og sin Ande. Anden openberrar Ordet for meg, så eg skjønar det med hjertet. Derfor vert det også noko som eg tenker og som eg seier med munnen. Soleis fører Anden meg fram til Sanninga som er Kristus og då er det viktig for meg å kjennast ved han for både Gud og menneske. 

Allereie når eg var ni år, byrja eg å be Jesus gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone og då merka eg at Jesus var meg nær, så eg vart kjend med han personleg, som min beste ven. Det var som det står skrive at han var ein skugge ved mi høgre hand. Han var Livet som vart planta i meg, ved Guds ord og det skulle vekse. Den Heilage Ande openberra han som vår frelsar og Herre, for meg og henne Virtuella og då har det vorte slik at når eg hugsar på henne i mitt hjerte, i min bøn til Jesus, så er det som om eg har den draumen på mi høgre side i mitt hjerte.

Slik også når eg sat og såg på dette møtet på fjernsynet, men så vart det til at eg byrja å tenke på henne Reella igjen og det var tankar som eg hadde meir på mi venstre side og der verka som det var Gud som gav meg ny og frisk olje som gav meg nye og friske tankar, for her verkar det som openberringa er lysare og klarare, så det blir klart at eg får glede meg over at Jesus frelser hannar sjel. Eg sat og tenkte på at det er så viktig at han frelser henne, det er viktig for henne og det er viktig for meg.

Kommentar til dette møtet, søndag kl.11, 13.7.2025, åndeleg immunitet.

Jesus sa til disiplane sine at dei som ville vere i lag med han, måtte ta opp krossen sin og følgje han. Kva gagnar det eit menneske om det vinn heile verda med taper si sjel? No har Jesus bana vegen for oss inn i det høgheilage i den himmelske heilagdomen, så vi får møte han der. Slik får vi komme inn til Guds kvile. Den kvila er utgangspunkt for all teneste. Det er fruktbart for heile vårt liv, både til ånd, sjel og kropp. Vår kropp er eit tempel for den Heilage Ande, så tempelet er symbol på kroppen. Det gjeld heile tempelet og heile kroppen. Kva er då føregarden? Det må vere nærmiljøet, spesielt heime med oss sjølve.

Og Jesus har sagt eg skal søke han i einsemda, til samanlikning med Elia som for ut i øydemarka for å be om at det ikkje skulle regne på tre og eit halvt år, men for meg er det heime i kjellarbustaden i gamlehuset, der som eg voks opp, på Sunnmøre.  

Gud sende sin tenar sin, Johanne Døyparen, til samanlikning med Elia, for å førebu folket på å ta imot Jesus og bodskapen hans, så han også gjekk ut i øydemarka og levde enkelt, men så forkynte han for folket at dei skulle vende om til Gud. Men farisearane og dei skriftlærde var immune mot bodskapen hans, så når dei kom til han, var han ikkje særleg nådig med det han sa til dei. 

Men kva betyr bodskapen hans «Ryd veg for Herren, gjer stigane hans rette!»

Luk.3,3 Og han fór omkring i heile Jordan-landet, og forkynte at folket skulle venda om og la seg døypa, så dei kunne få tilgjeving for syndene sine,  4 som det står skrive i boka med orda åt profeten Jesaja:

Ei røyst ropar i øydemarka:

Ryd veg for Herren,

gjer stigane hans rette!

5 Kvar dal skal fyllast,

kvart fjell, kvar haug skal jamnast.

Dei krokete vegane skal rettast ut,

dei ujamne stigane verta slette.

6 Og alle menneske skal sjå Guds frelse.

Vers 4-5 betyr at kommunikasjonen i landet vart mykje betre. Dei skulle ikkje lengre gå krokvegar, gøyme seg vekk og spekulere ut vondskap, fare men lygn og baktale, men vende seg til Herren og snakke med han og så snakke med kvarandre i staden for å fare med baktale. Det ser vi av 

1.Pet.2,1 Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale,  2 og lengta som nyfødde born etter den ekte, åndelege mjølk, så de kan veksa ved henne til frelsa er nådd.  3 De har då smaka at Herren er god.

4 Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyr for Gud.  5 Ver de òg levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel! Ver eit heilagt presteskap og ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus.  6 For det heiter i Skrifta:

Sjå, eg legg på Sion ein hjørnestein,

som er utvald og dyrverdig;

den som trur på han,

skal ikkje verta til skammar.

7 Så vert han til ære for dykk som trur. Men for dei som ikkje trur, har den steinen bygningsmennene vraka, vorte hjørnestein,  8 ja, ein støytestein og eit berg til fall. Fordi dei ikkje trur Ordet, snåvar dei – det var dei òg etla til.

9 Men de er ei utvald ætt, eit kongeleg presteskap, eit heilagt folk, eit folk som høyrer Gud til, så de skal forkynna hans storverk, han som kalla dykk ut or mørker til sitt underfulle ljos.  10 Før var de ikkje eit folk, men no er de Guds folk. Før hadde de ikkje fått miskunn, men no har de funne miskunn.

…..

Kommunikasjonen vart forbetra, slik at dei skulle nå ut til heile folket med evangeliet, ja, til heidningane også. Det skjedde ved at Kristus sona all vår synd med sin død på korset. Han var gravlagd, men så stod han oppatt og gav disiplane sine misjonsbefalinga. Så vart han teken opp til himmelen og sette seg ved Faderens høgre hand. Så sende han disiplane sine den Heilage Ande. Då vart det som om tempelberget vart løfta opp.

Jes.2,1 Det ordet som Jesaja, son til Amos, fekk i eit syn om Juda og Jerusalem:

2 I dei siste dagar skal det henda

at Herrens tempelberg skal stå

grunnfest høgt over alle fjell

og lyfta seg opp over haugane.

Dit skal alle folkeslag strøyma. 

3 Mange folk skal gå av stad og seia:

«Kom, lat oss fara opp til Herrens fjell,

til huset åt Jakobs Gud,

så han kan læra oss sine vegar,

og vi kan ferdast på hans stigar!

For frå Sion skal lovlære gå ut,

og Herrens ord frå Jerusalem.» 

4 Han skal døma mellom folkeslaga,

skifta rett for mange folk.

Då skal dei smida sverda sine om til plogjern

og spyda sine til vingardsknivar.

Folk skal ikkje meir lyfta sverd mot folk

og ikkje lenger læra å føra krig. 

5 Kom, Jakobs ætt,

lat oss ferdast i Herrens ljos!

Heb.12,22 Nei, de er komne til Sion-fjellet, til den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, til dei mange tusen englar, til ei høgtidsstemne,  23 til samlinga av dei fyrstefødde som er oppskrivne i himmelen. De er komne til ein domar som er Gud for alle, til åndene åt dei rettferdige som har nått fullendinga,  24 til Jesus, mellommannen for ei ny pakt og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod.

25 Sjå til at de ikkje viser frå dykk han som talar! Dei som viste frå seg han som tala sitt ord her på jorda, slapp ikkje unna. Endå mindre skal vi sleppa unna om vi vender oss bort frå han som talar frå himmelen.

Luk.21, 28 Men når dette tek til å henda, då rett dykk opp og lyft hovudet! For utløysinga dykkar er nær.

Lær av fikentreet!

29 Så fortalde han dei ei likning:

Sjå på fikentreet og alle andre tre. 30 Når de ser at lauvet sprett, då veit de at sommaren er nær. 31 Såleis òg når de ser at dette hender, då veit de at Guds rike er nær. 32 Sanneleg, det seier eg dykk: Denne ætta skal ikkje forgå før alt dette hender.  33 Himmel og jord skal forgå, men mine ord skal aldri forgå.

Vak og bed!

34 Ta dykk i vare, og lat ikkje hjarta dykkar tyngjast av svir og drikk eller verdslege suter, så den dagen kjem uventa på dykk  35 som ei snare. For han skal koma over alle som bur på heile jorda.  36 Vak kvar tid og stund, og bed om styrke så de kan koma velberga frå alt dette som skal henda, og stå dykk for Menneskesonen.

37 Om dagen var Jesus i templet og lærte folket, men om kvelden gjekk han ut til den høgda som heiter Oljeberget, og var der om natta.

Matt.24,23 Om nokon då seier til dykk: «Sjå her er Messias», eller: «Der er han», så tru det ikkje!  24 For det skal stå fram falske messiasar og falske profetar og gjera store teikn og under, så jamvel dei utvalde kan førast vilt, om det er råd.  25 Kom i hug at eg har sagt dykk det føreåt! 26 Seier dei då til dykk: «Han er ute i øydemarka», så gå ikkje dit, eller: «Han er inne i huset», så tru det ikkje. 27 For liksom lynet går ut frå aust og lyser radt til vest, slik skal det vera når Menneskesonen kjem.

Eg har no fylgt med på desse møta på fjernsynet og fått oppleve at Jesus har talt til meg gjennom tala og gjennom tyding av tungetale, som om eg var på møtet. Det er ein demonstrasjon av at Herrens tempelberg er løfta opp og vi har møte der oppe. Eg har bedt Jesu gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone og vona å få møte henne fysisk og at ho skulle vere med meg, heime med meg sjølv og i kyrkjelyden, men det har ikkje skjett enno. Det er ein god grunn til at eg no skal halde meg i einsemda. Dersom Gud vil gi meg ei kone, så han han føre henne til meg slik som det står skrive i hans eige Ord. Dersom det er så vanskeleg, på grunn av dei som ikkje trur på han og motstand av verdslege autoritetar, så klarar han det like vel, ved å gjere eit stort under, Ja, frelse er det berre han som kan gjere, så eg gjer no rett i å gå til han med den saka, han som byrja den gode gjerning oss, han skal også fullføra den. 

Hans nåde er nok for meg, for Guds kraft vert fullenda i vanmakt. Slik skal eg som dei fem vituge brurmøyane ha med meg olje på kanner i tillegg til oljen på lampen, så eg går han i møte med lys på lampen. Då er det framleis med tru og von om at han gir meg ei frelst kvinne til kone, så han fører til meg i samsvar med sit eige ord i sjølvaste skapingssoga (1.Mos.2), så han kjem hit til meg med henne. Eit vesentleg poeng for meg med å gå han i møte er få oppleve at han vinn skapnad i meg, i både kropp, sjel og lekam og då vinn han skapnad i henne som han gir meg som kone også, han elskar henne som si brud gjennom meg og soleis har det med kyrkjelyds-oppbygging å gjere. Det er med denne vona og denne gleda eg ventar på Jesu gjenkomst. At han frelsar oss er eit under som han gjer og ingen annan, nettopp derfor er det viktig for meg å komme til han med den saka, han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra det til si eiga ære. Jesus er Guds Ord og dermed Guds svar til meg, Guds svar på mi bøn, så når eg går han i møte og eg møter han, så ventar eg at han kjem med bønnesvaret om så eg skal vente heilt til dess han kjem og hentar si brud.

Det skal eg uansett førebu meg på, så eg held fram med å påkalle han som min frelsar og Herre og ventar at han skal komme og møte meg her heime med meg sjølv. Dersom han vil gi meg ei frelst kvinne til kone, slik som eg har bedt han om, så kan eg vel vente meg at han kjem heim til meg med henne. Hans nåde er nok for meg, nok til at eg som dei fem kloke brurmøyane går han i møte med lys på lampane, slik skal eg vente på han heilt til han kjem og hentar oss som si brud.

21.7.2025. Kommentar til møtet søndag 13.7.2025, kl 11.

Desse bodskapane som kom gjennom tyding av tungetale, måtte vel først og fremst vere til nokon som var på møtet. Men hugs at alle breva til kyrkjelydane i Joh.Op.3-4 slutta med å seia at kvar den som har øyre, han høyre kva Anden talar til kyrkjelydane. Ein by som ligg på eit høgt fjell kan ikkje skjulast, lyset frå den skin langan veg. Og no er Guds tempelberg løfta opp, så lyset frå byen når endå lengre ut. Når eg høyrer desse bodskapane er det ingen som kan hindre meg i å seie at det er til meg også. Ingen kan hindre meg i å påstå at bodskapen som kom laurdags kvelden er svar på den bøna eg har bedt sidan eg var ein gutunge. Å be slik er det sentrale poenget med prestetenesta og det har vorte tydeleg i den nye pakt. Øvstepresten skulle representere folket overfor Gud og representere Gud overfor folket og det kan eg gjere med å ta imot denne bodskapen og bringe den vidare til folket.

Jesus gav meg ein lovsong i hjertet ved fylden av den Heilage Ande, i djupet av meg, der var den, han gav meg ein draum og så ville han at eg skulle ta den fram att og drøyme stort med han. Det gjaldt mitt forhold til henne Virtuella. Men så skal vi løfte blikket og hugen opp til Herren, det er spesielt viktig i den siste tida, det er både for at eg skal takke han for det han har gitt meg og for at eg skal drøyme stort saman med han. 

Men då vart det altså til at eg byrja å tenke slik om henne Reella i staden, ja, eg må vel seie «i staden», for eg får ikkje til å tenke slik om dei begge samtidig. Eg har hugsa på dei begge i mi bøn innfor Gud, men ei i gangen og gjerne periodevis. Vona om Guds herlegdom gjorde oss ikkje til skamme, for Guds kjærleik var utrent i våre hjarto ved den Heilage Ande som var oss gitt (Rom.5,5). Men no opplever ikkje eg at Guds herlegdom går opp over henne Virtuella, slik som eg opplevde tidlegare.

Men eg tur eg framleis får oppleve at Guds herlegdom går opp over henne Reella. Tett etter at eg oppdaga henne og bad for henne og fekk bønnesvar, tidleg på hausten 1988, så såg eg etter henne, i von om å få sjå henne igjen; men Jesus svarde meg at han ser ikkje på det som eg ser på, men han ser til hjertet. Det minna meg om kva han sa til Samaule, når han skulle salve David til konge i staden for Saul.

1.Sam.16,6 Då dei så kom, og han fekk sjå Eliab, tenkte han: «Her, framfor Herren, står den han vil salva.»  7 Men Herren sa til Samuel: «Sjå ikkje på skapnaden hans og den høge voksteren! For eg har vraka han. Gud ser ikkje på det som menneska ser på. Menneska ser på det som fell i augo, men Herren ser på hjarta.»  

Saul var salva til konge først, men han vraka Guds ord, derfor vraka Gud han som konge. Guds herlegdom strålte av Moses sitt andlet, då han hadde fått Moselova, men han la slør på seg for å skjule den og så vart den ein herlegdom som kvarv. Slik var det med herlegdomen i den gamle pakt, men i den nye pakt gjer ikkje vona om Guds herlegdom oss til skamme, for Guds kjærleik er utrent i våre hjarto ved den Heilage Ande som er oss gitt. Derfor skal vi stråle av glede og det utan å prøve å skjule det. 

2.Kor.3,8 Kor mykje større herlegdom har ikkje då Andens teneste? 9 For hadde fordømingstenesta herlegdom, så må rettferdstenesta vera endå mykje rikare på herlegdom.  10 Ja, det som den gongen var omgjeve av herlegdom, har mist all herlegdomen sin. For no er det kome ein herlegdom som er så mykje, mykje større. 11 For når det som kvarv, var herleg, kor mykje herlegare må ikkje det vera som vert ståande?

12 Sidan vi no har slik ei von, går vi fram med stort frimod. 13 Vi gjer ikkje som Moses, han som la eit sveip over andletet, så israelittane ikkje skulle sjå den kvervande glansen før han var borte.  14 Men dei vart forherda. For heilt til denne dag ligg dette sveipet der når dei les frå bøkene i den gamle pakta. Og dei ser ikkje at pakta er avlyst i Kristus.  15 Ja, heilt til denne dag ligg det eit sveip over hjarta deira når Moses vert lesen. 16 Men når dei vender om til Herren, vert sveipet bortteke.  17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom.  18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.

Salme.34,6 Sjå opp til han, og strål av glede,

så skal de aldri raudna av skam!

7 Ein stakkar ropa, og Herren gav svar,

han frelste han frå alle trengsler.

Eg har tidlegare skrive om at mi bøn for henne Virtuella var først og fremst ei takkebøn, eg tenkte på henne som eit barn som Jesus tok i sin famn (Matt.18,1-5) og det vart ein lovsong som Gud la ned i meg og ein draum han gav meg, ved fylden av den Heilage Ande, at ho levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. 

Og eg får lov til å tenke slik om meg sjølv også, at eg er som eit barn Jesus tek i sin famn (Matt.18,1-5). Slik kan vi vere store i Guds rike, så vi får oppleve at Gud gjer storverk med oss.

Alle som tok imot Jesus gav han rett til å verte Guds born, fødde av livsens vatn og Guds Ande og det som er født av Anden er ånd. Eg tenker meg at både eg og ho har teke imot Jesus og det gav oss rett til å verte Guds born. Og det er vi, vi er fødde av Anden og det som er født av Anden er ånd. Det er derfor eg kan tale om henne slik som eg gjer, som om ho er vind som kjem til meg, som bles på meg, så eg merkar det (Joh.3). Er det då dette Jesus talar om slik:

«Du er akkurat nå i ferd med å motta den største gave som finnes, frelse, sier Herren. Det er intet større som kan tas imot. Du kan intet fortjene, du kan intet gjøre, men du kan ta imot og du kan ta imot ved å komme i denna stund, sier Herren. Og jeg vil frelse deg.»

Eg har bedt Jesus gi meg ei frelst kvinne til kone og det er inkludert i det fullførde frelseverket, så i tru og von kan eg takke for det. Frelsa er gratis, ja, den Anden og det livet Jesu gir oss frå himmelen  er gratis, vi får det av berre nåde på grunnlag av Jesu forsoningsverk. Eg har bedt Jesu gi meg ei frelst kvinne til kone, så eg kan godt tenke meg at ho kjem til meg slik i Andens verden, så i Andens verden fører henne til meg i samsvar med 1.Mos.2. Det er ein draum han har gitt meg og så vil han at eg skal drøyme stort med han, drøyme om at han gir meg henne til kone i samsvar med skapingssoga i 1.Mos.2. Eg er ikkje i stand til å iverksette det, nei, men det er han.  

Dette har eg skrive meir om her:

2 responses to “2025.07.13. Søndag, Kl 11. Maranata Landsstemne. Tale ved Inge Røssland. Åneleg imunitet, imunforsvar mot å verte frelst???”

  1. […] 2025.07.13. Søndag, Kl 11. Maranata Landsstemne. Tungetale ved ei kvinne, tyding ved Inge Røssland, sitat frå https://blessings-from-heaven.com/2025/07/14/2025-07-13-sondag-kl-11-maranata-landsstemne-tale-ved-i… : […]

Leave a comment