Bilete: Oljetreet.
Mi bønneteneste er ei presteteneste.
Eg har fortalt om korleis eg var opplærd til å be får eg var ein liten gutunge, å be slik er det sentrale med prestetenesta både i den gamle og den nye pakt. No er eg i den nye pakt og får oppleve at Gud svarar meg frå himmelen gjennom sin Messias og den Heilage Ande. Eg har teke vare på Jesu ord, både det som er skrive i Bibelen og det han har talt til meg om minna meg ved sin Ande i kyrkjelyden, heilt tilbake til 1990 og vel så det. Eg har sett det på grunnlag at det som står skrive i Bibelen. Og han har teke vare på det som eg har sagt og skrive.
På barneskule og ungdomsskule.
Mor mi lærde meg å be kveldsbøna mi, det var å påkalle Kristus som vår frelsar og Herre, be han frelse våre næraste og be for folket og landet og be Fadervår. Når eg var 9 år skjøna eg at frelsa var det motsette av å verte dåra og forførd slik som ved syndefallet, så eg byrja å be han frelse oss frå det, spesielt frelse kvinna frå det, dette kom som første prioritet og så byrja eg å be han gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone, som andre prioritet. Når eg bad slik merka eg at Jesus var meg nær, som min beste venn, så eg kan seie som det står skrive, at han var ein skugge ved mi høgre hand. På den tida eg gjekk i 6. eller 7.klasse (ungdomsskulen) kom eg over noko kristen litteratur der det stod skrive at alle dei som tok imot han, gav han rett til å verte Guds born. Så eg tenkte over det og gjorde meg sjølv bevisst på at det var mitt standpunkt i mitt hjerte, sjølv om ingen andre visste det. Og så kom eg i hug korleis eg bad når eg var 9 år og byrja å be slik igjen.
Eg visste det var viktig å vedkjenne mi tru på Jesus for dei andre, men det var eg redd for, eg ville i alle fall ikkje fornekte han, så eg valde berre å teie stilt om det. Men eg sa det til han i mi kveldsbøn og bad han fri meg frå den menneskefrykta
Når eg gjekk på ungdomsskulen vart eg forelska i ei kristen jente, eg skreiv eit brev og fortalde henne det. Ho skreiv tilbake at ho ikkje følte noko for meg og at ho ikkje var kristen likevel, slutta på gå på møte i det Kristne Skulelaget og slo lag med ein annan gut i friminutta. Då skreiv eg tilbake at eg og trudde på Jesus og prøvde å overtale henne til å komme tilbake til han, eg skreiv at eg syntes teg såg henne for meg, men ho var i mørke, men passa ikkje inn der. Ho var heilt overraska over at eg var kristen og imponert over vitnemålet mitt, det verka, så ho vende seg til Kristus igjen.
For meg var dette var det laglege høvet for meg til å vedkjenne mi tru på Jesus, for det stemte med trua, vona og kjærleiken Gud hadde gitt meg i hjertet. Eg vedkjende Jesus namn i den samanhengen, då sa eg sanninga som set oss fri, nettopp i den samanheng, altså. Eg merka at kjærleiksforholdet mellom Kristus og hans brud var født i meg ved den Heilage Ande, så for meg gjaldt det kjærleiken mellom mann og kvinne.
Gymnaset, evangeliet og vitskapen.
Når eg byrja på gymnaset oppdaga eg at det stemte med Paulus si lære og lovnaden om at vi skulle få komme inn til Guds kvile (Heb.4-5). Så eg vart frimodig med å vitne om mi tru og vart ivrig med det. Når eg byrja på gymnaset, byrja eg å gå i den Frie Evangeliske Forsamling og fekk oppleve at Jesus tala til meg frå himmelen både gjennom tala og gjennom tyding av tungetale. Det har han helde fram med sidan, i pinsekyrkjer og i Maranata også. Det sentrale i dette er at hans frelseverk er fullført og fullkome, det er berre å ta imot i tru og takke han for det.
Det var Sanninga i Guds Ord som sette meg fri til det, så når eg gjekk på gymnaset, vart eg frimodig med å vitne om mi tru på Jesus. Eg oppdaga at det stemte med Paulus sine ord om at Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud. Han grunngav det både med skapingssoga og evangeliet. Det stemte med det som står skrive i Heb.3-4 om at når Ordet ved trua smeltar saman med oss i våre hjarte, får vi komme inn til Guds kvile. Og det stemte med det Peter skreiv om det gode samvits pakt med Gud med grunnlag i Jesu oppstode frå dei døde (1.Pet.3,20-22).
Eg tenkte meg at sidan det stemte med skapingssoga, så stemte det med vitskapen også og då var det naturvitskap eg tenkte på, det var i alle fall først og fremst det, sidan eg gjekk på reallinja og tenke som ein realist. Det er ikkje godt å forstå korleis naturvitskapen og skapingssoga skulle stemme overeins, det er klart at då måtte det symboltolking til og det har eg skrive mykje om seinare.
Sjølv om eg trudde og meinte at slik var det, var eg litt usikker på om mi tolking og forståing av det var rett, korleis kunne eg verte sikker? Vi søker sanninga på evangeliets grunnvoll, slik at den set oss fri, vi søker det som er sant og rett, slik at det retter på både vår tenking, tale og handling. Ved syndefallet spora menneska av, slik at dei tenkte feil, sa det som ikkje var sant og gjorde feil. Slike erfaringar er ikkje eigna til å underbygge sann vitskap med. Så det var bra at evangeliet vart forkynt først, så det rydda vegen for den moderne naturvitskapen.
Eg har berre vorte meir og meir overtyda om at Sanninga i Guds Ord, både i skapingssoga og i evangeliet, er mest fundamental og vi treng den også til å verne sann og ekte vitskap frå det som ikkje er sant og rett, ja, den kan rettleie vitskapen vidare. Kva elles skulle kunne gjere det? Den forstandige innsikta som vi er fødde med, må vi uansett bruke, med den skulle vi vel også kunne vurdere kva som gir god rettleiing.
Når det gjeld vårt liv på jorda og spesielt når det gjeld kjærleiksforholdet mellom mann og kvinne, blir det eit spørsmål om kva som er eit rett liv og kva som ikkje er det, men som er synd og kva som ikkje er det. Bibelen seier at vi alle er syndarar på grunn av syndefallet. Lova kom ved Moses, men nåden og Sanninga kom ved Kristus, så sanninga skal setje oss fri. Det er ved at vi vert tiltrekt av hans herlegdom, den herlegdomen han har frå Faderen, sidan han er Guds Son.
Joh,1,1 I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud. 2 Han var i opphavet hjå Gud. 3 Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av det som har vorte til. 4 I han var liv, og livet var ljoset for menneska. 5 Og ljoset skin i mørkret, men mørkret tok ikkje imot det.
6 Det stod fram ein mann, send av Gud; Johannes var namnet hans. 7 Han kom for å vitna; han skulle vitna om ljoset, så alle kunne koma til tru ved han. 8 Det var ikkje han som var ljoset, men han skulle vitna om ljoset.
9 Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda. 10 Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. 11 Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. 12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. 13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud.
14 Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning. 15 Johannes vitnar om han og ropar ut: «Det var om han eg sa: Han som kjem etter meg, er komen framom meg, for han var til før meg.»
16 Av hans fullnad har vi alle fått, og det nåde over nåde. 17 For lova vart gjeven ved Moses; nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus. 18 Ingen har nokon gong sett Gud; men den einborne, som er Gud, og som er i Faderens fang, han har synt oss kven han er.
Når eg gjekk på gymnaset, kom eg til at skapingssoga stemte med naturvitskapen og dermed med mesteparten av utviklingslæra. Gud er suveren over det han har skapt og det er Son hans Jesus Kristus også og hans frelseverk, det er fullført og fullkome. Bodskapen min er kort sagt at Gud forsona verda med seg sjølv ved at han let Son sin, Jesus Kristus, døy på eit kors i staden for oss, for å sone all verdens synd. På det grunnlaget får vi komme inn i eit slikt forhold til han, som menneska var før syndefallet, men no er Kristus den siste Adam, som er ifrå himmelen og som for oss har vorte ei livgivande ånd. Og så seier eg at det gjeld meg også, eg har bedt han gi meg ei frelst kvinne til kone og trur han vil gi meg det. Eg har endåtil formulert det slik at han allereie har gitt meg det. Han gir meg det som Golgata kors allereie har gitt meg, det som hans blod allereie har gitt meg, så han vil fylle meg til overflod med det som er fullkome. Gir han meg liv og liv i overflod, så det blir til andre også, henne Virtuella og mange med henne, henne Reella og mange med henne og henne Poly-Ester (ei jente frå Ukraina, som eg oppdaga i 2014) og mange med henne. For han har sagt han vil gjere meg til ein kanal for si velsigning, så då vel eg å sjå stort på det.
Jesus lova å vere med oss og komme til oss.
Eg har fortsett å be slik og han har svart meg at eg aldri har fornekta han og han har aldrig forlete meg. Slik er det sjølv om vi ikkje alle tider opplever det så sterkt, men det er viktig for oss å innstille oss på det slik at vi får oppleve det sterkt. For som Guds born er det viktig for oss å få oppleve Faderens kjærleik og omsorg og som Jesu kyrkje er vi Jesus brud og ynskjer å få oppleve hans kjærleik og omsorg.
Joh.14,15 Elskar de meg, så held de boda mine. 16 Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid: 17 Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.
21 Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.»
22 Judas, ikkje Iskariot, seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?» 23 Jesus svara:
Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han. 24 Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og det ordet de høyrer, er ikkje mitt, men Faderens, han som har sendt meg. 25 Dette har eg tala til dykk medan eg enno er hjå dykk. 26 Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk.
Joh.6, 29 Jesus svara: «Dette er den gjerning Gud vil de skal gjera: Tru på han som Gud har sendt.» 30 «Kva teikn gjer du, så vi kan sjå det og tru på deg?» spurde dei. «Kva kan du gjera? 31 Fedrane våre åt manna i øydemarka, som skrive står: Brød frå himmelen gav han dei å eta.» 32 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Moses gav dykk ikkje brødet frå himmelen. Det er Far min som gjev dykk det sanne brødet frå himmelen. 33 Guds brød er det brødet som kjem ned frå himmelen og gjev verda liv.» 34 Då sa dei: «Herre, gjev oss alltid det brødet!» 35 Jesus svara: «Eg er livsens brød. Den som kjem til meg, skal ikkje svelta, og den som trur på meg, skal aldri tyrsta.
……..
44 Ingen kan koma til meg utan at Faderen som sende meg, dreg han; og eg skal reisa han opp på den siste dagen. 45 Det står skrive hjå profetane: Alle skal vera opplærte av Gud. Kvar den som høyrer på Faderen og lærer av han, kjem til meg. 46 Eg seier ikkje at nokon har sett Faderen; berre han som er frå Gud, har sett Faderen. 47 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som trur, har evig liv. 48 Eg er livsens brød. 49 Fedrane dykkar åt manna i øydemarka, men dei døydde. 50 Det brødet som kjem ned frå himmelen, er slik at den som et av det, ikkje døyr. 51 Eg er det levande brødet som har kome ned frå himmelen. Den som et av dette brødet, skal leva til evig tid. Og det brødet eg vil gje, er lekamen min som eg gjev til liv for verda.»
52 No vart det strid mellom jødane, og dei sa: «Korleis kan han gje oss lekamen sin å eta?» 53 Jesus sa til dei: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Dersom de ikkje et lekamen til Menneskesonen og drikk blodet hans, har de ikkje livet i dykk. 54 Den som et min lekam og drikk mitt blod, har evig liv, og eg skal reisa han opp på den siste dagen. 55 For lekamen min er sann mat, og blodet mitt er sann drikk. 56 Den som et min lekam og drikk mitt blod, vert verande i meg og eg i han. 57 Liksom Faderen, den levande, har sendt meg, og eg har liv ved han, så skal òg den som et meg, ha liv ved meg. 58 Dette er det brødet som er kome ned frå himmelen; det er ikkje det som fedrane åt, dei som døydde. Den som et dette brødet, skal leva i all æve.» 59 Dette sa han medan han lærte i synagoga i Kapernaum.
……..
Dette vert symbolisert i nattverden og det er ein åndeleg røyndom som vi opplever. At Kristus openberra seg for meg og at han og Faderen tok bustad hos meg, opplevde eg sterkast når eg vart glad i ei jente og bad for henne, med takk til Jesus for at han frelser oss, dert var først og fremst ei takkebøn, altså. Når eg gjekk på gymnaset opplevde eg det sterkt og klart i forhold til ei jente som eg kallar Virtuella og når eg studerte realfag i Oslo, opplevde eg det sterkt og klart i forhold til ei jente som eg kallar Reella. Eg er viss på at det var Gud som gjorde sitt verk med oss, ved sitt Ord og sin Ande, så eg gjer rett i å takke Faderen og Sonen for det, soleis gjer eg også rett i å hugse på dei i mine bøner.
Virtuella.
Gymnastida og Universitetet i Bergen 1976.
Når eg gjekk på gymnaset engasjerte eg meg i det kristne skulelaget og der vart eg litt kjend med ei kristen jente som eg kallar Virtuella, ho spelte gitar og lovprisa Gud og Lammet for frelsa og det gleda meg. Eg merka at eg byrja å verte glad i henne og vedkjende for Gud at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den kjærleiken og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Eg opplevde det som at ho var i Guds hand og han la henne i mitt hjerte, slik openberra han henne for meg som det vidunderlege barnet som han fødde henne til, som han elska og hadde omsorg for, ho var fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd, ho levde i eit kjærleiksforhold til Kristus som hans brud. Det var ein åndeleg og usynleg røyndom, men den Heilage Ande openberra det for meg, slik er det med rasjonaliteten i kristendomen.
Rom.5,1 Sidan vi no har vorte rettferdige ved tru, har vi fred med Gud ved vår Herre Jesus Kristus. 2 Gjennom han har vi òg ved trua fått tilgjenge til den nåden vi står i, og vi prisar oss lukkelege fordi vi eig von om Guds herlegdom. 3 Ja, ikkje berre det, vi prisar oss òg lukkelege over trengslene våre. For vi veit at trengsla gjer oss uthaldande, 4 og den som held ut, får eit prøvt sinn, og den som er prøvd, får von. 5 Og vona gjer ikkje til skammar, for Guds kjærleik er utrend i hjarto våre ved Den Heilage Ande som han har gjeve oss.
Eg besøkte henne på hybelen i Volda og fekk oppleve sterkt at Jesus var midt i mellom oss. Eg yngste å fortelje henne at eg var glad i henne og eg opplevde Jesus nærvær som at han inviterte meg til å nytte meg av moglegheitene han la fram for meg. Eg lurte på korleis eg skulle få sagt det, eg leitte etter dei rette orda, men kvar vart det av frimodet då? Eg fortsette å snakke med han Jesus om det, så eg erkjende for han at eg yngste å få ta imot henne som eit Guds barn, i samsvar med Matt.18,2-5.
Matt.18,2 Då kalla han til seg eit lite barn, sette det midt imellom dei 3 og sa:
Sanneleg, det seier eg dykk: Utan at de vender om og vert som born, kjem de ikkje inn i himmelriket. 4 Den som gjer seg sjølv liten som dette barnet, han er den største i himmelriket.
5 Den som tek imot eit slikt lite barn i mitt namn, tek imot meg.
Den Heilage Ande openberra henne for meg som eit Guds barn, som han elska og hadde omsorg, ho levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn og i eit kjærleiksforhold tikl Kristus, som hans brud. Vi var heime i Faderhuset altså og fekk merke og oppleve at der vart det stelt i stand til bryllaup også, så der var det bryllaupssal også.
Siste året på gymnaset inngjekk eg eit godt samvits pakt med Gud på grunnlag av Jesu oppstode frå dei døde. Eg såg poenget med at vi ikkje skulle gøyme oss mede dårleg samvit, slik som Adam og Eva gjorde etter syndefallet. Adam vart dømd til døden, men Kristus døde i staden for oss. Då skal vi sjå det slik at vi er krossfesta og døde med han og i dåpen gravlagde med han. Der er vi også oppreiste med han. Då skal vi vende hugen opp til han og ta imot den Anden og det livet som han gir oss frå himmelen. Vi får oppleve at Gud elskar oss og har omsorg for oss som sine born i Kristus. Kristus elskar si kyrkje som si brud. Det skal vi ikkje ha dårleg samvit for.
Dåpen er eit godt samvits pakt med Gud på grunnlag av Jesu oppstode frå dei døde. Ei pakt er ei avtale, så det er lovnad som begge partar gir. Gud er trufast og held det han har lova og det må eg også vere.
Etter gymnaset reiste eg på tråling og kom heim att ut på seinsommaren. Då bad eg Gud om å få komme inn i eit slikt kristent fellesskap som eg var i når eg gjekk på gymnaset og så bad eg spesielt om å få møte igjen henne. Eldste bror min tipsa meg om å byrje å studere realfag i Bergen, så eg bad over det også. Igjen opplevde eg Jesu nærvær som at han inviterte meg til å nytte meg av moglegheitene han la fram for meg. Så eg bestemte meg for det og ved Universitetet i Bergen og møtte eg henne igjen ein av dei første dagane.
Gud openberra si frelse for oss i Kristus og slik openberra han henne for meg som sitt barn, fødd av vatne og Ande. Og det var det fullkomne som eg altså skulle ha som siktemål. Fordi Kristus er fullkommen og hans frelseverk er fullført og fullkome. Eg lovpriste Gud for at han hadde frelst henne og det høver med Descartes rasjonalitet og slik høver det med mitt talent for matematikk.
Eg var klar over motsetnaden mellom Matt.18,1-5 og det Matt.18,6-8 og samanlikna det med motsetnaden mellom Anden og kjøtets lyst i Romarbrevet. Eg var redd for at ho Virtuella skulle verte forførd, det var også ein god grunn for meg til å få snakke med henne, eg meinte eg hadde gode motiv både slik og med mitt frieri. Eg forstod og tenkte meg at eg stod overfor ein verdsleg autoritet med motstridande interesser, med klagemål mot mannen om at dersom han ville fri til ei kvinne, med å snakke med henne for å fortelje henne kor glad han var i henne og vise det med handling, så ville det vere som å lokke henne og freiste henne, forføre henne slik som ormen forførde kvinna i Edens hage altså, eller så ville det verte ho som allereie var forførd og som kom til å lokke og forføre han. Men eigentleg vart det då den verdslege autoriteten som forførde kvinna og brukte henne til å lokke mann med. Soleis vart det eit krav om tilpassning, men det høver då eigentleg dårleg med å tilpasse seg naturmiljøet, slik som utviklingslæra talar om. Eg tenkte også på om tenkinga mi kunne passe med det makanistiske verdsbildet, men det betydde i så fall mangel på tolmod. Dette vart farleg tenking.
Universitetet i Oslo frå hausten 1984.
Hausten 1984 byrja eg å studerer realfag i Oslo, eg gjekk på møte i dFEF i M40 og hausten 1985 kom der ein bodskap gjennom tyding av tungetale, der Jesus sa til meg: «Den lovsongen eg la ned i deg, den er din og den skal vere din i all æve, i djupet av den, der er den. Og den pakta du inngjekk med meg, den står ved lag og skal stå fast i all æve». Eg opplevde det som at det var ho Virtuella som var den lovsongen, det var hennar sjel som var i djupet av meg og lovsongen var å lovprise Gud og Lammet for hennar sjels frelse (Salme.33.40.96.149). Det hadde seg slik at ho var fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd, så ho fekk ein plass i mitt hjerte ved fylden av den Heilage Ande når vi gjekk på gymnaset, slik som eg har skrive om. Denne bodskapen minna meg om det.
Ho levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud og det fekk eg oppleve i mitt hjerte, for vi var fødde livsens vatn og Guds Ande og det som er født av Anden er ånd. Derfor vart eg så glad i henne at eg yngste å få henne til kone og så var det også fordi eg yngste ho skulle halde fram med å leve i dette kjærleiksforholdet til Faderen og Sonen. Eg yngste å få møte henne igjen og snakke med henne om det, men det var ikkje råd.
Eg hadde ei prioritetsordning, første prioritet var å be Jesus frelse menneske, men ho var då frelst, så det var berre å takke for det. Andre prioritet var å be Jesus gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone, så eg bad Jesus gi meg henne Reella til kone og fekk bønnesvar. Men då skulle det som var av første prioritet vere i orden, så eg skulle fyrst og fremst takke for at han frelste henne. Eg skulle takke for frelsa og glede meg i Herren, så ville han gi meg det som mitt hjarte attrår. Eg skulle søke Herren av heile mitt hjarte og då fann eg at eg gjorde rett i å halde fram med å be for henne Virtuella også, at ho må komme inn att i dette kjærleiksforholdet til Faderen, som hans barn og til Kristus, som hans brud, komme tilbake til Faderhuset. Og hans arm er ikkje for kort til å frelse.
Universitetet i Oslo frå 2009.
Hausten 2008 kalla Jesus meg til å gå med ein frigjerande bodskap, gå inn på lovnadane og gå i ferdiglagde gjerningar, så i januar 2009 reiste eg til Oslo og byrja på praktisk pedagogisk undervisning ved Universitetet i Oslo.
Heime på Sunnmøre etter 2017.
Verte som born for å komme inn i Guds rike og frå oppleve at den Heilage Ande ber for oss.
Jesus minna oss om at vi må verte som born, for å komme inn i Guds rike. Bodskapane 11.8.2022:
Tungetale ved Palma Åhjem, tyding ved Oddleif.
«Se, jeg står for døren og banker, sier Herren. Om noen hører min røst, så skal han opne og jeg skal komme inn til ham og holde nattverd med ham. Se, jeg står foran deg og banker på ditt hjerte og jeg vil så gjerne ha fellesskap med deg, mitt kjære barn. Jeg vil så gjerne komme, ikke som en hersker, men som en venn, som eg gjest som du ønsker velkommen. Jeg vil ikke trenge meg inn i livet ditt, men jeg vil og lengter etter at du skal ønske meg velkommen. For jeg har planer for deg, jeg ønsker å fortelle deg den vei du skal vandre videre. Du skal ikke se deg engstelig om, du skal ikke frykte, du skal ikke være redd, for jeg er med deg. Jeg skal ikke slippe deg, men jeg har lovt å være med deg alle dager. Jeg sender deg ut på spennende oppdrag, jeg sender deg ut i verden, og jeg lover å fornye det møtet; se, jeg er med deg alle dager, inntil verdens ende. Ønsk meg velkommen inn i ditt liv og du skal få kjenne at jeg tar bolig i deg med hele min fylde, sier Herren.»
Profetisk bodskap ved Magnor Myklebust.
(Eg rakk ikkje å spele inn byrjinga, tek det berre etter hukommelsen og bibelteksta), men det som kjem etter første komma, er innspelt)
«Der to eller tre er samla i mitt namn, er eg midt i blant dere. Uten at dere blir som barn, kan dere på ingen måte komme inn i Guds rike.»
Eg forstod det slik at Jesus ville møte henne Virtuella i mitt hjerte og opna meg meir for det. Den hausten skreiv eg meir om korleis Gud hadde openberra si frelse for oss i Kristus, for meg og henne Virtuella og venta meg at han ville gi meg mrir augesalve, så eg fekk sjå meir av det. Eg hugsa eg fekk oppleve at den Heilage Ande bad for henne i mitt hjerte og opna meg meir for å la den gjere det. Slik fekk eg oppleve at den lækte meg for ein brokkport.
Vere var på kva Herren legg på mitt hjerte å be om, la han leie meg i mitt bønneliv.
Dette høyrest ut som ein bodskap til ei kvinne og så er det ein bodskap til meg også, korleis heng det i hop? Jau, fordi Kristus er hovudet for mannen og mannen er hovudet for kvinna og slik er Kristus hovudet for kyrkja som er hans brud, profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten 25.1.2024:
«Jeg har hørt ditt nødrop til meg og jeg skal redde deg. Som Hanna utøste sitt hjerte til meg har jeg hørt alt hva du har sagt til meg. Og jeg vil svare deg. Jeg ser din lengsel og jeg har lagt det ned i deg, for at du skulle søke meg. Jeg kan ikke gjøre noe av det jeg ønsker å gjøre i ditt liv, utan at du ber meg om det. Derfor ber jeg deg om å være var på hva som blir lagt på hjertet ditt å be om. For det er det jeg ønsker å gjøre i ditt liv. Følg den ledelsen jeg legger ned i deg om hva du skal be om. Jeg som kaller deg er trofast, jeg skal gjøre det. Jeg er i stand til å gjøre langt mer enn hva du ber meg om, etter den kraft som er virksom i deg. Den samme kraften som oppreiste Kristus fra de døde, den bor i deg. Du er kallt til å være en av mine manifisterte barn, sier Herren, som hele verden stønner og lengter etter. Sier du ja til ditt kall? Er du villig til å legge ned ditt liv for meg? Alt hva du er og har og dine meninger og dine veier og tanker og la deg forme av meg? For de som er villig vil velsignelsen aldri ta slutt! De skal gjøre de større gjerninger, de skal se min herlighet og storhet, de skal få hvile i mine vingers skygge og finne mat i overflod! De skal drikke og aldri tørste. De skal se meg og leve med meg, sier Herren.»
Elkana hadde to koner, Hanna og Pennina. Eg tenker meg at Virtuella blir som Hanna her og Reella vert som Pennina. Eg blir då som Elkana, for eg ber for dei begge, som om dei skulle vere konene mine. Og kva så? Eg skal vere var på kva som vert lagt på mitt hjerte å be om, for kva Jesus ynskjer å gjere i mitt liv. Eg skal følgje den leiinga han legg ned i meg om kva eg skal be om.
Jesus vil eg skal ta fram att draumen han gav meg og tenke stort saman med han.
Jesus gav meg ein draum som han vil eg skal ta fram att og drøyme stort med han. Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten 31.08.2024:
«Du har drømt stort med meg, mitt barn. Det var en tid da du tok imot det kallet jeg la i din ånd. Jeg la ned drømmer og lengsler i ditt hjerte og jeg ga deg bilder av hva som skulle komme. Du holdt fast på det og drømte om det lenge. Men så en dag gav du opp kallet og la lokk på det som en gang ble gitt deg. Tiden gikk og du så aldri det som du drømte om. Og du tenkte at det bare var en drøm som aldri vil skje. Men mitt barn, den drømmen var gitt deg av meg. Det var ikke bare fra ditt eget hjerte. Du har kanskje glemt og lagt et lokk på det, men jeg har ikke glemt det. Du vil høste hvis du bare ikke gir opp og mister motet. Jeg kaller deg i dag til å tro meg igjen. Ta frem det som ble en gang gitt deg og drøm stort med meg. Ikke gi opp og mist ikke motet for det er ditt. Jeg gav deg visjoner om min hensikt og plan for ditt liv og den vil aldri bli tatt fra deg. Jeg er istand til å sette det i verk. Jeg er istand til å gjøre langt mer enn du ber meg om og kan forstå. Du er kalt og du er fortsatt min! Selv om drømmen tar lengre tid enn du tenkte det skulle, betyr det ikke at jeg ikke er trofast til å sette det i verk. La meg få gjøre mitt verk i deg og stol på meg. Når du ber om noe som er etter min vilje, skal det bli gitt deg.»
Eg trudde og meinte at skapingssoga var sameinleg med naturvitskapen og dermed med mesteparten av utviklingslæra, problemet vart at menneska vart skilde frå Gud ved syndefallet, så dei ikkje lenger fekk oppleve det og innsjå det. Synda skilde de ifrå Gud, men med eitt offer tok Jesus bort synda ein gong for alle. På det grunnlaget vart vårt forhold til Gud gjenoppretta, men no var Kristus den siste Adam, som var frå himmelen og som for oss har vorte ei livgjevande ånd. Sidan eg hadde bedt han om å gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone, vart dette ein draum som han gav meg, ei kvinne som levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud.
Fyrst drøymde eg slik om henne Virtuella, sidan drøymde eg slik om henne Reella også og det har eg halde fram med. Når han då seier eg skal ta fram att draumen han gav meg, verkar det som om det først og fremst er sikta til min draum om henne Virtuella. Eg forstår det slik at eg skal drøyme om dei begge og drøyme stort med han. Ja, for dette er då eigentleg ein stor filosofisk tanke og ide.
Verte ei brude-sjel.
Eg meiner han svarde på mi bøn for henne i mange møte, også i bodskapen i Maranata 17.11.2024: Profetisk bodskap ved Ole Bjørn Saltnes:
«Ennå er det nådetid, ennå så er jeg å finne, sier Herren. Og det er viktig at du benytter den tiden du har fått. Nå er frelsens dag, i dag så kan du få et nytt møte med meg, sier Herren. Og jeg vil gjenopprette det som ble ødelagt en gang for lenge siden. Jeg kjenner ditt fall og nederlag, men du kan få lov til å legge det gamle fullt og helt bak og så kan du få lov til å se framover. Det gamle, det er blitt borte og det nye kommer til i ditt liv. Om du opner opp for meg og min nåde og la mitt blod få virke på både tankeliv og følelsesliv og ord og handlinger, hele deg, så skal du få lov til å bli en brudesjel, kledd i rene hvite klær, som skal være med den dagen jeg komme igjen, sier Herren.»
Eg skulle søke Herren av heile mitt hjarte ja, og då fann eg at eg måtte ærleg innrømme at mitt hjertes lengsel og bønn til Gud var at han skulle gi meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone og det var den bønna han svarde på, både i mitt forhold til henne Virtuella og henne Reella. Og så kom der ein profetisk bodskap der Jesus sa eg skulle vere var på kva Herren legg på mitt hjarte å be for.
Reella.
Eg studerte realfag ved Universitetet i Oslo og hausten 1988 oppdaga eg henne Reella på Blindern og medan eg sat på den store lesesalen øvst (3.etg) i Vilhelm Bjerknes hus, sa eg til Jesus i mitt stille sinn at eg syntest ho var så vakker at dersom eg kunne få henne til kone, så ville eg ha henne, sjølv om eg ikkje kjende henne og ikkje hadde snakka med henne. Seinare ein gong når eg sat der opplevde eg at den Heilage Ande minna meg om det og dreiv meg til å gå ut og ned, det høvde no bra med å gå det vanlege ærendet på toalettet i kjellaren, så eg reiste meg og gjekk. På høgre side av trappa ned til først etasje var der ein murvegg og når eg gjekk ned siste trinna kom ho frå høgre og gjekk rett framfor meg. Då sa eg i mitt stille sinne: «Der er ho». Då fekk eg ei åndeleg openberring, det var som om himmelen opna seg og Jesus openberra seg for meg og for henne og sa det same, samtidig som eg sa det: «Der er ho». Eg kom ned rett bak henne og svinga til høgre for å gå ned trappa til kjellaren.
Sidan såg eg etter henne og yngste å få møte henne igjen og snakke med henne, då såg eg andre kvinner også, men det var no eigengtleg henne eg såg etter og tenkte på. Og Jesus sa til meg at eg han såg ikkje på det eg såg på, men han såg til hjertet (1.Sam.16,7). Så han lærde meg at det skulle eg gjere også. Sjølv om ho var så fantastisk vakker å sjå til, så var dette viktigast. Eg var viss på at ho også opplevde denne åndelege openberringa og forklarde det med
Matt.5, 8 Sæle dei som er reine i hjarta, dei skal sjå Gud.
Han minna meg om å vere brennande i hjertet og i ånda, eg hadde kjærleiken frå Gud i mitt hjerte (Rom.5,5) og eg skulle la den flamme opp. Det minna han meg om seinare også, så det er ein god grunn til at eg ikkje har kunna gløyme henne.
Seinare oppdaga eg at det refererte til kva Guds sa til Samuel, når han skulle salve David til konge:
1.Sam.16,4 Samuel gjorde som Herren hadde sagt. Då han kom til Betlehem, gjekk dei eldste i byen skjelvande imot han og spurde: «Varslar det godt at du kjem?» 5 Han svara: «Ja, det varslar godt; eg kjem og vil ofra til Herren. Helga dykk og ver med meg til offerhøgtida!» Så helga han Isai og sønene hans og bad dei vera med til høgtida.
6 Då dei så kom, og han fekk sjå Eliab, tenkte han: «Her, framfor Herren, står den han vil salva.» 7 Men Herren sa til Samuel: «Sjå ikkje på skapnaden hans og den høge voksteren! For eg har vraka han. Gud ser ikkje på det som menneska ser på. Menneska ser på det som fell i augo, men Herren ser på hjarta.» 8 Då ropa Isai på Abinadab og lét han gå fram for Samuel. Men Samuel sa: «Heller ikkje han har Herren valt ut.» 9 Så lét Isai Sjamma gå fram; men Samuel sa: «Heller ikkje han har Herren valt ut.» 10 Såleis lét Isai sju søner gå fram for Samuel. Men Samuel sa til Isai: «Herren har ikkje valt ut nokon av desse.»
11 Då spurde Samuel: «Var dette alle gutane dine?» Isai svara: «Det er endå ein att, den yngste. Men han er ute og gjæter småfeet.» Då sa Samuel: «Send bod etter han! Vi går ikkje til bords før han kjem.» 12 Så sende Isai bod etter han. Han var raudleitt og bjartøygd, og vent vaksen var han òg. Då sa Herren: «Reis deg og salva han! For han er det.» 13 Då tok Samuel oljehornet og salva han der han stod mellom brørne sine. Frå den dagen kom Herrens Ande over David og var med han sidan. Så tok Samuel ut og fór heim att til Rama.
David vart salva til konge, kva vart ho salva til då? Jesus hadde betalt prisen for henne med sitt eige blod, for at ho skulle vere hans brud, ho var reinsa i hans blod til å vere det og ho vart salva med den Heilage Ande til å vere hans brud.
Våren 1989 var ho med på ein revy som dei kalla «Hva er vitsen?». Dei annonserte den med at to studentar gjekk utkledde som ei kamel inn på den store lesesalen øvst i «Vilhelm Bjerknes Hus» og så hadde dei eit opptrinn der ho sang Creedence-sangar på Fredrikke-plassen (Blindern sentrum), på toppen av den lave, men breie trappa opp mot plassen mellom Matematikkbygget, Vilhelm Bjerknes hus og Sofus Lies Auditorium. Det er nok det største auditoriet på Blindern og der hadde dei revyen. Eg var der på ei av oppvisningane, eg sat langt bak på høgre side. På eit opptrinn kom dei med noko som likna kollektbøsser inn mellom benkeradene og sa «sel, sel, sel …». Eg rekna med det hadde noko med selfangst å gjere, for motstanden mot selfangs var ei politisk sak på den tida. Då kom ho inn eit par tre benkerader framfor meg og ringla med kollektbøssa og sa «sel, sel …». Dei hadde også eit opptrinn om årstalet 1990 og prisen 19,90, fordi det hadde nyst vorte så moderne å bruke slike prisar som salstriks.
Eg tenkte meg at ho Reella steig fram for Kristus, som hans brud, og det verdset han som ein stor skatt.
Eg tenkte meg at ho Reella steig fram for Kristus, som hans brud.
Eg skal sjå på Jesus og snakke med han og han har sagt at slik som han har vore mot meg, vil han også vere mot den som eg ber for, eg oppfatta det som svar på mi bøn for henne Reella, ja, ho også får då komme fram for han og snakke med han. Eg får komme fram for han og be han gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og kone og med alle dei behova som følgjer med. Ho får komme fram for han og be han om å gje henne ein frelst mann til kjæraste og ektemann og med alle dei behova som følgjer med. Eg trur og forstår det slik at han har allereie svart meg på det, at han frelser henne som kone mi og då har han allereie svart henne på det også. Eg har fått motstand og det har tydeleg vis vorte gjort politikk ut av det, då er det motstand mot vår felles sak også. Men ho får stige fram for han som hans brud, med alle sine behov som brud, då blir det også som hans prinsesse og hans dronning.
Eg får sitje i ro og snakke med Herren, som Elia før han steig fram på Karmel. Men også som Elia i bergsprekka.
Eg får site i ro og snakke med Herren, som Elia før han steig fram på Karmel. Like vel er det også som Elia når han gøymde seg i bergsprekka etterpå. For Kristus er klippen som brast for meg, så eg får gøyme meg i han. Slik er det for meg! Men dette har også å gjere med å forstå den tida vi er i, vere var for Herrens sesongar.
Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten 18.3.2024:
«Jeg ser alt du har sagt og skrevet ned til meg, sier Herren, det holder jeg som min største skatt. Alt er bevart og tatt vare på hos meg. Du er dyrebar og viktig. Det du deler med meg om dine drømmer og lengsler er viktig for meg. Ikke tro for et øyeblikk at jeg ikke har hørt det eller sett det eller ikke bryr meg. Jeg elsker deg ufattelig høyt. Jeg lengter etter at du skal be meg om enda større ting. Nå er tiden inne for deg til å tørre å be meg om mer. Tro meg for mer enn det du kan se. Be meg om å vise deg hvor mye du er elsket av meg. Be meg om å vise deg de større gjerninger jeg har ment for ditt liv. Tro meg for mer. Rop til meg, så skal jeg vise deg store og ufattelige ting. Ting du ikke kjenner til. Be meg om å vise deg hva du skal tro meg for og jeg skal legge det på hjertet ditt. Jeg har fortrolig samfunn med de som frykter meg og jeg skal vise dem min pakt. Elia var et menneske under samme kår som du. Og han bad inderlig om at det ikke skulle regne og det regnet ikke på jorden i tre år og seks måneder. Ett rettferdig menneskes bønn virker med stor kraft. Dine bønner er viktig og de virker. Vær lydig til meg. Lydighet er betre enn offer. Jeg lengter etter at mine barn skal ha fellesskap med meg daglig, høre etter min ledelse og stemme, gå i takt med mitt hjerte. Ikke gå når det er en tid for å sitte, men gå i takt med mine tider og sesonger. Uten et nært, intimt forhold med meg er det umulig for deg å handle utifra mitt hjerte. Kom og sit tett inntil meg, hør mitt hjerteslag som slår for deg og jeg skal vise deg mine tider og veier for deg. Jeg har enda mye mer for deg, mitt elskede barn. Ha ikke det synlige for øyet, men det usynlige. For det synlige tar slutt, men det usynlige er evig. Nå er det tid for å tro meg for mer, også for deg.»
I Israel og området rundt er tørke ein trussel, dei treng regn i rett tid og det vert brukt som symbol på den åndelege velsigninga. Første prioritet er å påkalle Herrens nam til frelse og så be og den åndelege velsigninga. Vi er vande til at slik skal vi be. Men her er det snakk om at Elia bad om at det ikkje skulle regne, der var ein sesong for det og dette vart heilt utanom det vanlege, for det skulle ikkje regne på tre år.
Profetisk bodskap ved ETS, 14.4.2024. (Møte i Lofoten); Sannelig, det er en fremtid for deg, og ditt håp skal ikke bli til intet. (Salomos Ordspråk 23:18 NB).
«Du er bundet av løfter til meg. Jeg vil gi deg mat i den rette tid. Stol på meg av hele ditt hjerte og sett ikke din lit til din egen forstand. Du vil aldri kunne se hele bilde for ditt liv som jeg gjør. Inviter meg inn i alle dine veier og jeg vil lede deg på de rette stier for ditt liv. Jeg vil rettlede deg! Jeg er med deg, ta min hånd og stol på meg. Veien min vil føre deg på stier du ikke hadde tenkt. I nye sesonger og steder du ikke så for deg. Jeg vil at du skal stole på at jeg leder deg på de rette veier, selv når det noen ganger går saktere enn du selv ønsker. Jeg har en plan og jeg ser hele ditt liv. Adlyd meg og ta min hånd og la meg lede deg. Du er trygg i min hånd. De rettferdiges sti er som det strålende lys, som skinner klarere og klarer til høylys dag. Jeg, Herren velsigner den rettferdige. Som et skjold omslutter jeg ham med favør. Jeg er den Gud som ser alle ting, alt er nakent og bart for meg. Jeg vil lønne deg som har levd et liv for meg. Jeg er trofast og min lønn er med meg. Jeg gjør godt mot de gode og mot den som er oppriktig av hjerte. Jeg ser deg som ber og gjør godt og ingen ting går meg forbi. Den som alltid går gråtende ut og bærer såkornet for å så, skal sannelig komme tilbake med jubel og bære sine kornbånd.« Salmenes bok 126:6 BGO I den rette tid skal du høste bare du ikke mister motet. Sett deres håp til meg, Herren! For hos meg er det trofast kjærlighet og rikelig forløsning er hos meg. Har jeg ikke utfridd deg igjen og igjen. Har jeg ikke vist min trofasthet i ditt liv. Jeg vil igjen vise deg min storhet og makt. Jeg vil igjen svare deg. Du er ikke glemt av meg. Jeg er sannhet og kan ikke lyve. Jeg er den Gud som ser deg. Jeg er den levende og den allmektige. Den ene sanne Gud. Skaperen av alle ting. Jeg har skapt deg for meg selv og jeg er en nidkjær Gud. Jeg lengter etter tid med deg. Jeg dagdrømmer om deg. Du er min dyrebare skatt som jeg elsker inderlig. Jeg elsker den tiden vi har sammen. Den er dyrebar for meg. Du er sannelig sett og hørt og elsket av meg sier Herren. Sannelig, det er en fremtid for deg, og ditt håp skal ikke bli til intet.»
Jesus sa han ville gi meg mat i rette tid. Eg er pensjonist og «er ikkje sytande», eg har og får det eg treng. Det får meg til å tenke på korleis Gud gav Elia mat og drikke i denne vanskelege tida og så brukar eg det symbolsk om livets brød, Guds Ord. Då er desse bodskapane som ETL kjem med som mat i rette tid, for meg. Til samanlikning med ramnane og denne enka som kom med mat til Elia.
Bibelvers om bryllaupet til kongssonen.
Så eg tenkte meg at ho steig fram for han som hans brud, med sine behov som brud. Og det set han pris på.
Salme.45,1 Til korleiaren. Etter «Liljene».
Av Korah-songarane. Ein læresalme.
Ein song om kjærleik.
2 Mitt hjarta strøymer over av gode ord,
eg vil kveda min song for kongen.
Mi tunge er som ein snøggskrivars griffel.
3 Du er den fagraste av menneske,
milde ord har du på lippa.
Difor har Gud velsigna deg for alltid.
4 Spenn sverdet om livet, du veldige kjempe,
i di høgd og din herlegdom!
5 Ha lukka med deg!
Dra ut til strid
for sanning, mildskap og rett!
Di høgre hand skal visa deg
skræmande storverk.
6 Dine piler er kvasse
– folk stuper for deg;
dei råkar kongens fiendar i hjarta.
7 Din kongsstol, Gud,
står til evig tid,
rettferds stav er din kongsstav.
8 Du elska rettferd og hata urett.
Difor har Gud, din Gud,
salva deg med fagnads olje framfor dine frendar.
9 Av myrra, aloë og kassia
angar heile ditt skrud.
Du gleder deg over strengespel
frå elfenbeinsprydde haller.
10 Mellom dine edle damer
er det kongsdøtrer,
og ved di høgre side
står dronninga i Ofir-gull.
11 Høyr, dotter, sjå hit og vend øyra til!
Gløym ditt folk og di farsætt,
12 så vil kongen gleda seg over din venleik!
For han er din herre, han skal du hylla.
13 Frå Tyrus kjem dei med gåver,
dei rike i folket søkjer din velvilje.
14 I all sin prydnad stig kongsdottera inn,
hennar kjole er gjennomvoven med gull.
15 I sin fargerike bunad vert ho leidd til kongen.
Etter henne fylgjer unge jenter,
hennar veninner, som vert førte fram for deg.
16 Medan folket ropar av fryd og glede,
går dei inn i kongens slott.
17 Dine søner skal koma i staden for fedrane;
set dei til hovdingar kringom i landet!
18 Frå ætt til ætt vil eg prisa ditt namn;
difor skal folka lova deg evig og alltid.
Matt.22,1 Så tok Jesus til ords att og fortalde dei ei anna likning: 2 «Himmelriket kan liknast med ein konge som skulle halda bryllaup for son sin. 3 Han sende ut tenarane sine til dei som var bedne, og bad dei koma til bryllaupet. Men dei ville ikkje. 4 Då sende han ut andre tenarar og sa: Sei til dei innbedne: Festmåltidet har eg stelt til, oksane mine og gjøfeet er slakta, og alt er ferdig. Kom til bryllaupet! 5 Men dei brydde seg ikkje om det; ein gjekk ut på åkeren sin og ein annan til krambua si. 6 Dei andre greip tenarane hans, fór ille med dei og slo dei i hel. 7 Då vart kongen harm. Han sende ut hærfolket sitt og gjorde ende på desse mordarane og brende byen deira. 8 Så sa han til tenarane: Alt er ferdig til bryllaupet, men dei bedne var ikkje verde det. 9 Gå difor ut på vegskila og bed til bryllaups alle de finn. 10 Så gjekk tenarane ut på vegane og bad i hop alle dei fann, både vonde og gode, og bryllaupssalen vart full av gjester.
11 Då kongen kom inn og ville helsa på gjestene, fekk han auga på ein som ikkje var bryllaupskledd. 12 Han seier til han: Kjære, korleis er du komen inn her utan bryllaupsklede? Men han tagde. 13 Då sa kongen til tenarane: Bind hender og føter på han og kast han ut i mørkret utanfor der dei græt og skjer tenner! 14 For mange er kalla, men få er utvalde.»
Joh.Op.19,6 Då var det som eg høyrde eit stort kor av røyster, som eit brus frå veldige vassmengder og drønn av sterk tore. Dei ropa:
Halleluja!
Herren vår Gud, Den Allmektige,
har vorte konge!
7 Lat oss gleda og fagna oss og gje han æra!
Tida er komen då Lammet skal halda bryllaup!
Brura har butt seg;
8 ho har fått ein bunad av skinande reint lin.
– Lin er her dei rettferdige gjerningane åt dei heilage.
9 Og han seier til meg: «Skriv: Sæle er dei som er bedne til bryllaupsmåltidet åt Lammet.» Og han la til: «Dette er Guds sanne ord.»
Livet vart planta i oss ved Guds Ord, det skal vekse. Jorda skal la rettferd vekse og bere frelse som frukt.
Gud vatnar jorda, så den skal la rettferd vekse og bere frelse som frukt.
Livet vart planta i meg ved Guds Ord og det skulle vekse. Det trur eg var og er tilfelle med henne Reella også. Kva så?
Jak.1,21 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar.
Jes.45,8 Lat det drypa ovanfrå, du himmel,
lat rettferd strøyma, de skyer!
Jorda skal opna seg for det,
og den frukt ho ber, er frelse,
det ho lèt gro, er rettferd.
Eg, Herren, skaper dette.
Når eg les Guds Ord, skal det av seg sjølv bringe fram den frukta eg lengtar etter. Bodskap 2. FM.11.7. Maranatas årsstemne 2024.
Jesus er vintreet, eg er ei grein på det, utan han kan eg ikkje gjere noko (Joh.15,1….). Men eg får sevje frå rota og stamma, berre slik kan eg bere frukt. Når eg les Guds Ord, så vil Ordet av seg sjølv bringe fram den frukta eg lengtar etter. Slik som det vart sagt i bodskapen B2.FM.11.7.2024, tungetale ved ein mann, tyding ved Håkon:
«For min kjærlighet er rikelig utøst i ditt hjerte ved min ånd. Derfor behøver du ikke å prøve å stige opp eller fare ned, for se, jeg bor ved troen i ditt hjerte. Jeg virker i deg ved min ånd. Og når du leser mitt ord, så vil ordet av seg selv bringe fram frukten som du så sårt har lengtet etter. Du kan ikke skape dette i din egen kraft og styrke og dyktighet, men du skal få se opp til meg og du skal stråle av glede, du vil ikke rødme av skam, for jeg, Herren, jeg elsker deg med en evig kjærlighet.
Slipp meg til, så skal jeg, Herren, ta meg av ditt sinn, dine tanker, missmotet, angsten og depresjonen, sykdom og plager. Når jeg ved mitt Ord og ved min Ånd får reist meg opp i ditt indre, så skal det som skriften har sagt, flyte strømmer av levende vann. Ut ifra din munn, når du taler om meg, så skal det være livgivende ord, for det Ord jeg har talt, det er ånd og det er liv og det skaper hva det sier. Derfor, mitt barn, frygt ikke for morgendagen, men i dag er jeg, Herren, å finne. Sett din lit til meg av hele ditt hjerte og du skal få se, at fienden, han må fly ifra deg. For jeg er den evige Seiers-Herren, jeg er Kristus, kongenes konge og herrenes Herre.
For om fienden reiser seg opp, som han gjør i disse dager, så skal du vite at jeg er Gud den Allmektige og når du blir hånet og mitt navn blir hånet, så vil du høre ha ha ha ifra meg. For jeg ser ikke slik som du ser, for jeg har all makt i himmel og på jord, alt er underlagt mine føtter, jeg er Gud den Allmektige, alfa og omega, begynnelsen og enden og du skal få se at jeg, Herren, reiser opp en menighet nå i denne tid, full av den Hellige Ånd og ild og kraft og mitt ord er og blir det viktigste av alle ting, for evig og alltid står mitt Ord.»
Eg erkjente i mitt stille sinn og mitt indre menneske at det var så viktig for meg at han frelste henne Reella, at det var som om eg ville legge meg langflat for Kristus i mi bøn til han om det, slik som når Johannes la seg langflat for han i Joh.Op.1. Han er Guds Ord og det er det viktigaste, Gud har skapt alt ved sitt Ord og det er viktig for vår forståing av naturen og vår forståing av realfag og ho Reella studerte då biologi.
13.1.2024 Eg skal få sjå Guds frelse over mitt liv og min familie. Profetisk bodskap ved Elin Therese Slotten.
«Du har gått gjennom mye smerte, men nå skal det snu. Din lønn vil bli stor. Du har gått gjennom mye mitt barn og fortsatt vært trofast. Du har hatt storm etter storm, men fortsatt trodd meg og søkt meg. Du har holdt fast, selv om det kostet deg alt av styrke. Du har bedt, du har fastet, du har grått og du har håpet! Selv om du ikke såg noe lys, selv om du ikke hørte min stemme, for lyden av stormen var så høy i ditt liv, så har du ikke veket av veien. Mitt elskede barn, du har holdt fast når andre ga opp! Du fortsatte å vise andre veien, selv når spørsmålene var så mange i ditt hjerte. Du sviktet aldri og fornektet meg aldri. Mitt barn, jeg har aldri forlatt deg ett sekund. Du har aldri vært alene eller glemt av meg! Hele himmelen vet ditt navn og din tro er sett og beundret i himmelen! Din lønn er umåtelig stor og den vil aldri bli tatt fra deg. Din kjærlighet til meg er nå prøvd og lutret i ild og mitt hjerte er uendelig berørt av din overgivelse og tro, selv gjennom dine mange tester og prøvelser. Du var aldri glemt, mitt barn. Du er viktig! Hvert eneste ord du har talt er skrevet ned. Jeg vil velsigne deg rikt, mitt barn. Mine løfter er sanne. Alt vil virke til det gode for deg. Det djevelen mente ødelegge deg med, vil jeg bruke mot han, for å ødelegge han! Han skal få betale for alt han har gjort mot deg. Vit mitt elskede barn at alle dine prøvelser kom ikke fra meg. Djevelen kommer for å ødelegge, myrde og stjele, men jeg kommer for å gi deg liv og det i overflod! Du vil få et liv i overflod så lenge du ikke fornekter mitt navn! Din lønn er stor mitt barn, og du vil få se min frelse over ditt liv og familie!»
