Jesus tok meg ut av synda og sette mine føter på fast grunn.
Tyding av tungetale:
Eg fekk ikkje med byrjinga, men det var noko om at det var Jesus som valde meg ut, Så sitat: ”Det var eg som tok deg ut av synda og eg plasserte dine føter på fast grunn, på klippen, som er meg. Derfor skal du prise meg, du skal ære meg og opphøye mitt namn. Så skal eg gi ny pris til din pris. Og du skal oppleve at du skal vandre i ferdiglagde gjerningar. Og eg skal gå føre deg og eg vil gjere store ting for deg, seier Herren.
Bodskapen vart lagt ut på facebook med kommentarar.
22.5.16. Svar på det eg nyleg hadde tenkt og skrive.
Eg tek denne bodskapen som svar på det som eg har skrive på Facebook siste veka. Den kom under innleiinga til møtet før tala, han som tyda den er ikkje teolog, men siviløkonom, men det hender han held taler også. Eg fekk ikkje med byrjinga, men det var noko om at det var Jesus som valde meg ut.
23.5.16. Eg gjekk midt under tala i Ekeberghallen.
Under Jesus-festivalen i Ekeberghallen gjekk eg midt under tala til han ifrå “Livets Ord” og kvifor det? Jau, fordi det var Jesus som tok meg ut av synda. Eg har bedt Jesus gje meg ei frelst kvinne til kone sidan eg var ung og han har svart meg positivt på det heile tida, det er inkludert i det fullførde frelsesverket. Det skal eg tru på og takke og lovprise han for og han har sagt han vil fornye visjonen i meg og han har tidlegare også sagt han vil legge ein ny pris til min pris og eg for står det slik at han vil gje meg ei kone som lovpriser han slik. Og eg trur og håper det blir ei jente som studerer biologi eller som er biolog. Den kombinasjonen mellom naturvitskap og evangelisk forkynning er kjærkomen og verdifull.
23.5. Avgudsdyrkinga og dialektikken.
I Bibelen er det fortalt at Gud sette jødane fri frå trældomen under avgudane i Egypt. Når dei seinare likevel vende seg til avgudane, prøvde han å forklare dei gjennom profetane at avgudane var menneskeverk, laga av stokk og stein, og det var heilt bort i natta å bøye seg for dei og tilbe dei som gudar, dei hadde ikkje ånd, dei høyrde ikkje og talte ikkje. Dette har sin parallell i den moralfilosofiske historia og tradisjonen. Med sin moralfilosofi kravde den lærde overklassa diktatorisk makt over menneska gjennom religionen med keisardyrkinga, med sin moralfilosofi skulle dei danne og forme menneska. Men så viste det seg at dei tok så grundig feil. Så Hegel innrømte at det var ikkje berre herren som skulle forme knekten, men knekten skulle forme herren også. Ja, så moralen som vart forkynt i Ekeberghallen var ikkje så absolutt lenger. Men som einsklidmenneske stod vil like makteslause over for den for det. Hegels dialektikk var ei gjensidig omforming mellom herre og knekt, men dei einskilde menneska var makteslause overfor den. Og så kom Marx med sin dialektikk. Om vi samanliknar dette med å dyrke avgudar laga av stokk og stein, så er det som om der er ei innrømming av at det er menneska som har skapt dei og forma dei sjølve, men dei held fram med å dyrke dei som gudar likevel. Eg treng ikkje nekte for at der er noko i dialektikken, men folk vert forførde av den og mange held det likevel for å vere rett, ja, som om den gjev ei heilskapleg beskriving av røyndomen og den historiske utviklinga. Det einskilde menneske vert makteslaust overfor dette. Men Bibelens Gud er ein personleg Gud som bryr seg om det einskilde mennesket og frelser det.