Den som fyller seg med Guds Ord og Guds Ande, får kjennskap til openberringssida. Møte i Maranatha 8.2.2015.
Innleiing ved Merete.
Merete las 1.Mos.2,1-3 og sa nokre ord om å gjere skilje mellom kviledagen frå yrkedagane.
Tale ved Tore Kristiansen.
Når Stefanes vart ført fram for rådet, lyste andletet hans av Herrens helegdom, til samanlikning med korleis det lyste av Moses når han kom ned av fjellet. Stafanes visste nok ikkje dette sjølv. Han var svært skriftlærd og hadde fått innsikt i Ordet, slik at han såg herlegdomen i det, derfor strålte han av Guds herlegdom. Likevel var oppgåva hans berre å gjere teneste ved borda. No stod han overfor dåtida si store teologar og vitna for dei og avslutta med å seie at han såg Jesus i herlegdomen ved Faderens høgre hand.
APG 6,15 Då feste dei augo på han, alle som sat i Rådet, og dei såg at andletet hans var som eit engleandlet.
APG 7,55 – APG 7,56 Men fylt av Den Heilage Ande vende Stefanus augo mot himmelen, og der såg han Guds herlegdom og Jesus stå ved Guds høgre hand. 56 Då sa han: “Eg ser himmelen open og Menneskesonen stå ved Guds høgre hand.”
Sjølv om israelittane knurra mot Herren, fekk dei likevel sjå hans herlegdom i skya.
2MO 15,27 Sidan kom dei til Elim. Der var det tolv kjelder og sytti palmetre. Og dei slo leir der attmed vatnet. [Elim: oase på vestsida av Sinai-halvøya.]
2MO 16,1 – 2MO 16,16 {HERREN METTAR ISRAEL I ØYDEMARKA} Heile Israels-folket tok ut frå Elim, og den femtande dagen i den andre månaden etter at dei hadde fare frå Egypt, kom dei til Sin-øydemarka, som ligg mellom Elim og Sinai. 2 Medan dei var i øydemarka, tok heile folket til å murra mot Moses og Aron 3 og sa: “Gjev vi hadde fått døy for Herrens hand i Egypt, då vi sat kring kjøtgrytene og åt oss mette! Men no har de ført oss ut i villmarka, så heile denne folkemengda skal døy av svolt.” 4 Då sa Herren til Moses: “Eg vil la det regna mat ned over dykk frå himmelen. Kvar dag skal folket gå ut og sanka det dei treng. Såleis vil eg prøva dei og sjå om dei held seg etter lova mi eller ikkje. 5 Og når dei lagar til det dei har kome heim med sjette dagen, skal det vera dobbelt så mykje som det dei elles sankar om dagen.” 6 Så sa Moses og Aron til alle israelittane: “I kveld skal de skjøna at det er Herren som har ført dykk ut or Egypt. 7 Og i morgon tidleg skal de få sjå Herrens herlegdom; for han har høyrt korleis de murrar mot han. Men kva er vel vi, sidan de murrar mot oss?” 8 “De skal få sjå det,” sa Moses, “når Herren gjev dykk kjøt å eta i kveld og brød å metta dykk med i morgon tidleg. For Herren har høyrt korleis de murrar mot han. Kva er vel vi? Det er ikkje mot oss de murrar, men mot Herren.” 9 Moses sa til Aron: “Sei til heile Israels-folket: Stig fram for Herren! For han har høyrt korleis de murrar.” 10 Så tala Aron til alle israelittane som var samla. Då vende dei seg mot øydemarka, og Herrens herlegdom synte seg i skya. 11 Og Herren sa til Moses: 12 “Eg har høyrt korleis israelittane murrar. Sei til dei: Straks etter soleglad skal de få kjøt å eta, og i morgon tidleg skal de få metta dykk med brød. Og de skal skjøna at eg er Herren dykkar Gud.” 13 Då det så vart kveld, kom det ei slik mengd med vaktlar at dei dekte leiren, og om morgonen låg det dogg rundt ikring leiren. [vaktlar: små flyttfuglar som held seg i store flokkar.] 14 Då dogga kvarv, fekk dei sjå eit fint, kornet lag bortover øydemarka. Det var som fint rim på marka. 15 Då israelittane såg det, sa dei seg imellom: “Kva er det?” For dei visste ikkje kva det var. Då sa Moses til dei: “Det er det brødet Herren har gjeve dykk til mat. 16 Dette er det påbodet Herren har gjeve: De skal sanka av det så mykje de treng, ein omer til manns. Kvar skal henta til dei som er i teltet hans, etter talet på dei som høyrer han til.”
Tore nemnde nokre vers om at Herrens herlegdom fylte heilagdomen, det var kanskje desse:
2MO 40,34 – 2MO 40,38 {HERREN ER I SIN HEILAGDOM} Så sveipte skya seg om møteteltet, og Herrens herlegdom fylte heilagdomen. [skya: som Herren openberra seg i. -> 13, 21.] 35 Moses kunne ikkje gå inn i møteteltet, fordi skya låg over teltet, og Herrens herlegdom fylte heilagdomen. 36 Kvar gong skya lyfte seg frå heilagdomen, tok israelittane ut. Såleis gjorde dei på heile ferda. 37 Men når skya ikkje lyfte seg, heldt dei seg i ro til ho lyfte seg att. 38 For Herrens sky låg over heilagdomen om dagen, og om natta lyste ho som eld for augo på alle israelittane, så lenge ferda varte.
Tore sa også noko om at over paktkista skulle dei finne miskunn.
2MO 25,17 Så skal du laga til ein soningsstad; han skal vera av reint gull, to og ei halv alen lang og halvanna alen brei. [soningsstaden: Det ordet som før var omsett med “nådestolen”, har samanheng med det hebr. ordet for soning. Det står anten for loket på lovkista i Det høgheilage eller heller for ein ting på kista. Her vart det på den store soningsdagen skvett blod frå det sonande offeret (3 Mos 16, 2. 13-15).]
Tungetale ved Oddbjørg, tyding ved Tore.
Den som fyller seg med skrifta og den Heilage Ande er over, han har kjennskap til openberringssida og når du får komme inn i openberringa av meg, så kan du kjenne di ånd vil byrje å fryde seg. Når ditt indre auge opnar seg og herlegdomens Far byrjar å vise deg kor høgt han har elska deg, då vil du kjenne at du har omsorg frå ein som aldrig slepp deg, aldrig forlet deg, aldrig kjem til å kaste deg bort frå sitt åsyn. Han som byrja, han skal fullføre.
Og han som drog deg opp, han som planta føtene på klippen, tillat han å få lov til å ta deg ved armen og leie deg vidare i si trufastheit. Då skal du få oppleve at du skal vandre i ferdiglagde gjerningar. Og over ditt liv skal herlegdomens sky vere, den Heilage Ande skal vere deg nær og mitt nærver skal kjennast kvar dag og om du nokon gong vil føle deg på avstand, skal han komme springande over haugane, hoppande over fjella til hjelp for deg og du skal få oppleve og sjå, likevel, i begge hans hender er du teikna.
Aktuelle bibelvers.
SLM 40,1 – SLM 40,5 {DU ER MIN HJELPAR OG BERGINGSMANN} Til korleiaren. Ein Davids-salme. 2 Eg venta og vona på Herren. Han bøygde seg til meg og høyrde mitt rop. 3 Han drog meg opp or den tynande grav, opp or den djupe gjørma. Han sette mine føter på fjell og lét meg gå med faste steg. 4 Han la ein ny song i min munn, ein lovsong til vår Gud. Mange skal sjå det og ottast og setja si lit til Herren. 5 Sæl er den mann som set si lit til Herren, og ikkje held seg til dei stolte, til dei som fell frå i lygn.
EFE 2,8 – EFE 2,10 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.
JES 52,7 – JES 52,10 Kor fagert det er når han som ber gledebod, kjem springande over fjell, melder fred og ber god bodskap, forkynner frelse og seier til Sion: “Din Gud er konge!” 8 Høyr, dine vaktmenn ropar, dei jublar alle i hop. For med eigne augo ser dei at Herren kjem heim att til Sion. 9 Set i med jubelrop, de aude tufter i Jerusalem! For Herren trøystar sitt folk og løyser ut Jerusalem. 10 Herren syner sin heilage arm for augo på alle folkeslag. Heile den vide jord får sjå frelsa frå vår Gud. [arm: bilete på styrke.]
NAH 2,1 Sjå, han som ber gledebod, kjem springande over fjell med bodskap om fred. Hald dine høgtider, Juda, og gjer det du har lova! For aldri meir kjem valdsmannen mot deg, heilt utrudd er han.
RMR 10,13 – RMR 10,17 Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verta frelst. 14 Men korleis kan dei kalla på ein som dei ikkje trur på? Og korleis kan dei tru på ein som dei ikkje har høyrt om? Og korleis kan dei høyra utan at einkvan forkynner? 15 Og korleis kan dei forkynna dersom dei ikkje vert utsende? Det står då skrive: Kor herleg det lyder når dei kjem, dei som ber gledebod! 16 Men ikkje alle var lydige mot evangeliet. Jesaja seier: Herre, kven trudde bodskapen vår? 17 Så kjem då trua av bodskapen ein høyrer, og bodskapen kjem ved Kristi ord.