Video frå kristne møte: https://www.youtube.com/watch?v=-lzAsRbJBfQ&list=PL_37XqaismMjpMjrkaWkszFl63YEYzT2N

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

2015.03.29.M. Livet, vekkinga og fornyinga.

Eg skal sjå til at eg bidreg med det Gud har gjeve i mitt hjerte. Møte i Maranatha 29.3.2015.

Innleiing ved Mari.

Mari las ifrå Ef.1:

EFE 1,3 – EFE 1,14 {GUD VERE LOVA FOR NÅDEN I KRISTUS!} Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i Kristus har velsigna oss med all Andens velsigning i himmelen. 4   I Kristus har han valt oss ut før verda vart skapt, så vi skulle vera heilage og lytelause for hans åsyn. 5   I kjærleik og av eigen fri vilje har han føreåt etla oss til å få barnekår hjå seg ved Jesus Kristus, 6   til lov og ære for hans herlegdom og for den nåde han gav oss i sin kjære Son. 7   I han har vi utløysinga som vart vunnen ved hans blod, forlating for syndene. Så rik er hans nåde, 8   som han i rikt mål har late oss få. Han gav oss all visdom og alt skjøn, 9   då han kunngjorde oss løyndomen om sin vilje, den frie avgjerd han hadde teke 10   om å fullføra sin frelsesplan når tida var inne: å sameina alt i Kristus, både det i himmelen og det på jorda. 11   I han har vi fått arvelut, vi som føreåt var etla til det etter Guds forsett, han som gjennomfører alle ting etter sin plan og vilje. 12   Så skulle vi vera til lov og ære for hans herlegdom, vi som alt no har sett vår von til Kristus. 13   I han kom de òg til tru då de høyrde sanningsordet, evangeliet om frelsa dykkar. I han er de merkte med eit segl, Den Heilage Ande som var lova, 14   han som er pantet på arven vår til dess utløysinga kjem for Guds folk, til lov og ære for hans herlegdom.

Tale ved Tore Kristiansen.

Tore hadde vorte minna om eit bibelvers og las ifrå Jak1:

JAK 1,19 – JAK 1,22 {HØYR ORDET OG GJER ETTER DET!} Dette må de vita, mine kjære brør: Kvar og ein skal vera snar til å høyra, men sein til å tala og sein til å harmast. 20 For harmen åt eit menneske fører ikkje til det som er rett for Gud. 21 Legg difor av all ureinskap og all vondskap, og ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar. 22 De må ikkje berre høyra ordet, men gjera etter det, elles kjem de til å dåra dykk sjølve.

Han hadde vorte minna om vers 21b: ” ta viljug imot det ordet som er planta i dykk, og som har kraft til å frelsa sjelene dykkar”.

1KO 3,6 Eg planta, Apollos vatna; men Gud gav vokster.

Han talte om bonden som sådde frøet i tru på at det ville vere spirekraftig, det fekk han berre satse på. Slik er Guds Ord spirekraftig. Så sa han nokre ord om likning om såmannen, vi må berre syrgje for at såkornet får komme i god jord hos oss.

JOH 1,14   Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning.

Tore syntest det var så godt å komme i forsamlingar der Ordet ved trua smelta saman med menneska i deira hjerte og soleis vart kjøt. Så lans han ifrå Heb.3,7-4,13. Igjen ser vi at Guds Ord er kraftig:

HEB 4,12 – HEB 4,13   For Guds ord er levande og kraftig og kvassare enn noko tvieggja sverd. Det trengjer igjennom til det kløyver sjel og ånd, merg og bein, og dømer hjartans tankar og planar. 13 Ingen skapning er løynd for hans augo. Alt er nake og bert for han som vi skal gjera rekneskap for.

Så fortalde han om dei som vart liggande etter i vandringa i øydemarka, amalekittane angreip dei og drap mange av dei. Om dei tolv speidarane, ti av dei kom tilbake med dårleg og nedslåande bodskap, dei forkynnte vantru og folket tok imot bodskapen deira, derfor fekk dei halde fram med å vandre i øydemarka i 40 år til. Men Josva og Kaleb forkynnte ein oppmuntrande bodskap i tru, det var ei anna ånd i dei.

Tore minna oss om Samson som mista krafta og forklarde det med at han ikkje lenger levde innvigd til Herren. Han minna oss også om at folket vraka Herren når ei kravde ein konge, då fekk dei Saul til konge og det vart sagt til han at han skulle verte ein ny skapning.

1SA 8,6 – 1SA 8,7 Samuel tykte det var ille at dei sa: “Set ein konge over oss, som kan styra oss!” Og han bad til Herren. 7 Men Herren sa til han: “Lyd folket og gjer alt det dei bed deg om! For det er ikkje deg dei har vraka; det er meg dei har vraka og ikkje vil ha til konge over seg.

1SA 10,5 – 1SA 10,6 Sidan kjem du til Guds Gibea, der filistarane har vaktpostane sine. Når du kjem til byen, råkar du ein flokk profetar som er på veg ned frå haugen. Føre dei går det nokre som slår på tromme og spelar på harpe, fløyte og lyre, og sjølve er dei i profetisk glød. [Gibea: byen som Saul var frå (v. 26), nord for Jerusalem.] 6 Då kjem Herrens Ande over deg, så du òg kjem i profetisk glød liksom dei og vert eit anna menneske.

Tungetale ved Aud, tyding ved Tore:

Midt i mi menigheit har eg bestemt det skal vere vekking, midt i mi forsamling har eg bestemmt at der skal livet vere. Det er ikkje noko som personar har, men det er noko som mi forsamling skal eige i si midte. Der skal livet vere, der skal overfloda vere, der skal fornyinga vere. Derfor sjå til at du bidreg med det Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrgje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg.

Stå ikkje ved bredda og sjå på nådens flod, men kast deg uti, så skal du kjenne den skal bere deg, den skal halde deg oppe og du skal få oppleve ein fryd i ditt hjerte som du aldrig før har kjent, for det er ikkje av gjerningar du får det, men du får det som er gitt av berre nåde. Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod.

Eg skal gi deg føter som hindane, du skal bli stilt opp på høgdene og du skal få sjå det vidstrakte landet, og med dine auge skal du sjå det og med di tru skal du innta det, for landet det ligg ope for deg, fiendane er besigra, det er ikkje ein mur som skal vere for høg for deg. Men du skal få kjenne at med tru skal du innta -, bry deg ikkje om omstenda, men ver oppteken med meg, så skal eg Herren løfte deg inn i ei atmosfære og du skal verte til eit anna menneske.

Aktuelle bibelvers.

Vekst.

1PE 2,1 – 1PE 2,5 {DEN LEVANDE STEINEN OG DET HEILAGE FOLKET} Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale, 2 og lengta som nyfødde born etter den ekte, åndelege mjølk, så de kan veksa ved henne til frelsa er nådd. 3 De har då smaka at Herren er god. 4   Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyr for Gud. 5 Ver de òg levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel! Ver eit heilagt presteskap og ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus.

2PE 1,5 – 2PE 1,11   Gjer difor alt de kan så trua viser seg i eit rett liv, og det rette livet i skjøn, 6 skjønet i sjølvtøyming, sjølvtøyminga i tolmod, tolmodet i kristen livsferd, 7 den kristne livsferda i brorskap og brorskapen i kjærleik. 8 For når alt dette finst hjå dykk og får veksa, då vert de ikkje yrkeslause eller utan frukt i kunnskapen om vår Herre Jesus Kristus. 9 Men den som ikkje har dette, han er nærsynt, ja, blind; han har gløymt at han er reinsa for sine førre synder. 10   Difor, brør, må de setja endå meir inn på å gjera dykkar kall og utveljing fast. For gjer de dette, skal de aldri falla. 11 Då skal de få ein fri og open inngang i vår Herre og frelsar Jesu Kristi evige rike.

2PE 3,13 – 2PE 3,18 Men vi ser fram til det han har lova: ein ny himmel og ei ny jord, der rettferd bur. 14   Difor, mine kjære: Sidan de ventar på dette, må de leggja vinn på å verta ståande for han med fred, utan flekk og lyte. 15 Og når Herren i sitt langmod dryer med å koma, skal de sjå det som eit høve til frelse. Det same har vår kjære bror Paulus skrive til dykk, ut frå den visdom han har fått. 16 Om dette talar han i alle dei brev der han kjem inn på desse spørsmåla. Det er nok somt der som er vanskeleg å skjøna, og dei ukunnige og ustøe vrir på det; det same gjer dei òg med dei andre skriftene, og det fører til deira eigen undergang. 17   No veit de dette på førehand, mine kjære. Ta dykk difor i vare, så de ikkje fell ut or dykkar faste stand. Lat dykk ikkje riva med og føra vilt av menneske som ikkje har noko å halda seg til. 18 De skal veksa i nåden og i kjennskapen til vår Herre og frelsar Jesus Kristus. Han skal ha æra, no og i all æve! Amen.

Jesus er Ordet, i han var liv og det er lyset for oss. Ordet vart kjøt.

JOH 1,1 – JOH 1,18 {ORDET VART MENNESKE} I opphavet var Ordet, og Ordet var hjå Gud, og Ordet var Gud. 2 Han var i opphavet hjå Gud. 3 Alt vart til ved han, og utan han vart ikkje noko til av det som har vorte til. 4 I han var liv, og livet var ljoset for menneska. 5 Og ljoset skin i mørkret, men mørkret tok ikkje imot det. 6   Det stod fram ein mann, send av Gud; Johannes var namnet hans. 7 Han kom for å vitna; han skulle vitna om ljoset, så alle kunne koma til tru ved han. 8 Det var ikkje han som var ljoset, men han skulle vitna om ljoset. 9   Det sanne ljoset som lyser for kvart menneske, kom no til verda. 10 Han var i verda, og verda har vorte til ved han, men verda kjende han ikkje. 11 Han kom til sitt eige, og hans eigne tok ikkje imot han. 12 Men alle som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans. 13 Dei er ikkje fødde av kjøt og blod, ikkje av menneskevilje og ikkje av manns vilje, men av Gud. 14   Og Ordet vart menneske og tok bustad mellom oss, og vi såg hans herlegdom, ein herlegdom som den einborne Sonen har frå Far sin, full av nåde og sanning. 15 Johannes vitnar om han og ropar ut: “Det var om han eg sa: Han som kjem etter meg, er komen framom meg, for han var til før meg.” 16   Av hans fullnad har vi alle fått, og det nåde over nåde. 17 For lova vart gjeven ved Moses; nåden og sanninga kom ved Jesus Kristus. 18 Ingen har nokon gong sett Gud; men den einborne, som er Gud, og som er i Faderens fang, han har synt oss kven han er.

1JO 4,1 – 1JO 4,6 {PRØV ÅNDENE!} De kjære, tru ikkje kvar ei ånd! Prøv åndene om dei er av Gud! For mange falske profetar har gått ut i verda. 2 På det kjenner de Guds Ande: Kvar ånd som sannar at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod, er av Gud. 3 Men kvar ånd som ikkje vedkjennest Jesus, er ikkje av Gud. Det er ånda til Antikrist, som de har høyrt skal koma. Og ho er alt i verda. 4   Men de, mine born, er av Gud, og har sigra over dei. For han som er i dykk, er større enn han som er i verda. 5 Dei er av verda, difor er òg deira tale av verda, og verda høyrer på dei. 6 Men vi er av Gud, og den som kjenner Gud, høyrer på oss. Den som ikkje er av Gud, høyrer ikkje på oss. Såleis kan vi skilja sanningsånda frå villfarings-ånda.

Gudstenesta og fornyinga.

RMR 12,1 – RMR 12,11 {DET KRISTNE LIVET} Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. 2 Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne. 3   Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar einskild av dykk: Gjer deg ikkje større tankar enn du bør, men bruk vitet ditt og ver visleg! Kvar og ein skal halda seg til det mål av tru som Gud har gjeve han. 4 Vi har ein lekam, men mange lemer, og alle lemene har kvar sine oppgåver. 5 På same måten er vi alle ein lekam i Kristus, men kvar for seg er vi lemer for kvarandre. 6 Vi har ulike nådegåver alt etter den nåden Gud har gjeve oss. Den som har profetgåve, skal nytta henne i samsvar med trua; 7 den som har diakonteneste, skal ta seg av tenesta si. Den som er lærar, skal ta seg av opplæringa, 8 og den som rettleier, skal ta seg av rettleiinga; den som gjev av sitt eige, skal gjera det av eit heilt hjarta. Den som er forstandar, skal vera det med iver, og den som gjer miskunn, skal gjera det med glede. 9   Lat kjærleiken vera ekte, sky det vonde og hald dykk til det gode. 10 Elska kvarandre inderleg som sysken, og set dei andre høgare enn dykk sjølve. 11 Ver ikkje lunka i dykkar iver, ver brennande i Anden; ten Herren!

Livets elv og livsens tre.

ESK 47,1 – ESK 47,12 {LIVSENS ELV} Mannen førte meg attende til tempelinngangen. Og sjå, det rann vatn fram under dørstokken på austsida av huset. For framsida på templet vender mot aust. Vatnet rann ned på sørsida av templet, sør for altaret. 2 Så førte han meg ut gjennom nordporten, og der ute fylgde han meg ikring til den ytre porten, som vender mot aust. Og sjå, der sildra vatnet ned frå sørsida. 3   Mannen gjekk no austover. Han hadde ei mælesnor i handa og mælte tusen alner. Så lét han meg gå gjennom vatnet, og det nådde meg til okla. 4 Han mælte tusen alner til og lét meg gå gjennom vatnet der; det nådde meg til knea. Endå ein gong mælte han tusen alner og lét meg gå gjennom vatnet att; då nådde det opp til hoftene. 5 Så mælte han tusen alner ein gong til. Då var det ei elv som eg ikkje kunne vassa over. For vatnet hadde stige og vorte til ei elv som ingen kom over utan å symja. 6   Han sa til meg: “Har du sett det, menneske?” Så førte han meg til elvebredda og lét meg sitja der. 7 Då eg snudde meg, såg eg ei mengd med tre på begge sider av elva. 8 Han sa til meg: “Dette vatnet renn til bygdene i aust og ned i Jordan-dalen. Når det renn ut i sjøen, vert det salte vatnet friskt. [sjøen: Daudehavet.] 9 Alle levande skapningar som det kryr av, skal få leva alle stader der denne elva renn. Det skal verta ei mengd med fisk. For når dette vatnet kjem dit, vert vatnet i sjøen friskt, så alt kan leva der elva renn ut. 10 Det skal stå fiskarar langsmed sjøen frå En-Gedi til En-Eglajim; og der skal dei turka garna sine. Fisk av ulike slag skal finnast der og i slike mengder som i Storhavet. [En-Gedi: midt på vest-stranda av Daudehavet.] [En-Eglajim: langt nord på vest-stranda av sjøen.] 11 Men myrane og sumpane skal ikkje verta friske; av dei skal det vinnast ut salt. 12 På begge elvebreddene skal det veksa alle slag frukttre. Lauvet på dei skal ikkje visna, og frukta skal ikkje ta slutt. Kvar månad skal dei bera ny frukt; for vatnet dei får, skal renna ut frå heilagdomen. Frukta på trea skal vera til mat og blada til lækjedom.”

ÅPE 22,1 – ÅPE 22,5 {LIVSENS VATN OG LIVSENS TRE} Engelen synte meg ei elv med livsens vatn; klår som krystall renn ho ut frå kongsstolen til Gud og Lammet. 2 Midt imellom bygata og elva står livsens tre, fritt til begge sider. Det ber frukt tolv gonger og gjev si frukt kvar månad. Og lauvet på treet er til lækjedom for folka. 3 Det skal ikkje lenger finnast noko som er under forbanning. Kongsstolen til Gud og Lammet skal vera i byen, og tenarane hans skal tena han. 4 Dei skal sjå Guds åsyn, og namnet hans skal vera på panna deira. 5 Natt skal det ikkje vera meir, og dei treng ikkje ljos av lampe eller av sol, for Herren Gud skal lysa over dei. Og dei skal råda i all æve.

ÅPE 22,17 Anden og brura seier: “Kom!” Og den som høyrer det, skal seia: “Kom!” Den som tyrstar, skal koma, og den som vil, skal få livsens vatn for inkje.

Springe over murane, føter som hindane, stå på høgdene.

 

2SA 22,1 – 2SA 22,4 {DAVID TAKKAR OG LOVSYNG} Då Herren hadde fria David frå alle fiendane hans og frå Saul, kvad han denne songen for Herren. 2 Han sa: Herren er mitt berg og mi borg, min utfriar, 3   min Gud, mitt fjell som eg flyr til. Han er mitt skjold, mitt frelsehorn og mitt vern, mi livd, min hjelpar som friar meg frå vald. [mitt frelsehorn: -> Sal 18, 3.] 4   Eg kallar på Herren, han som får lovsong, og eg vert frelst frå mine fiendar.

2SA 22,17 – 2SA 22,20   Han rette ut si hand frå det høge og greip meg, drog meg opp or det djupe vatnet. 18   Han berga meg frå min mektige fiende, frå motstandarar som var meg for sterke. 19   Dei gjekk imot meg på ulukkedagen, men Herren var ei støtte for meg. 20   Han førte meg ut i ope lende og fria meg ut, for han har meg kjær.

2SA 22,28 – 2SA 22,37   Du frelser dei hjelpelause, men vender deg mot dei stolte og audmykjer dei. 29   Ja, du er mitt ljos, Herre, Herren lyser opp i mitt mørker. 30   Med deg kan eg storma mot ein krigarflokk, med Guds hjelp kan eg springa over murar. 31   Guds veg er fullkomen, Herrens ord er reint. Han er eit skjold for alle som flyr til han. 32   For kven er Gud forutan Herren, og kven er eit berg om ikkje vår Gud? 33   Gud er mitt sterke vern; han gjer mi ferd ulastande. 34   Han gjev meg føter som ei hind og lèt meg stå på høgdene. 35   Han lærer opp mine hender til strid, mine armar til å spenna bronsebogen. 36   Du gjev meg di frelse til skjold, bøyer deg ned og gjer meg stor. 37   Du jamnar veg for mine steg, og mine okle er støe.

Kommentar: Bidra med det som Gud har gjeve i mitt hjerte.

Eg har nyleg skrive om livet som vart planta inni meg og opplever å få respons og svar på det ved at Tore talte om å ta velvillig imot det ordet som er planta i oss og som har kraft til å frelse våre sjeler. Eg bad for henne Virtuella og fekk oppleve at ho også fekk det evige livet, det evige livet er i Kritus, han er den siste Adam som for oss har vorte ei livgjevande ånd. Han gjev oss liv, det er som å ta av livets tre, han gjev oss det levande vatnet av berre nåde, så det er berre å drikke av det og det vert i oss ei kjelde som veller opp til evig liv.

Slik var det også når eg møtte igjen henne Virtuella i Bergen, eg håpte på å få møte henne igjen i det Kristne Studentlaget/Skulelaget, slik som tidlegare og eg hadde eit ynskje om å få henne med i forsamlinga av dei heilage, i ei pinsekyrkje. Og det var slik det eigentleg skulle vere, for som det vert sagt her, så er ikkje livet noko som personar har, men Jesus har bestemmt at det skal vere i hans forsamling, der skal vekkinga og fornyinga vere. Når vi ber lekamen fram som eit levande heilagt offer til velbehag for Gud, då får vi oppleve fornyinga. Og Jesus har nyleg sagt at du skal ikkje gøyme deg vekk, men du skal møte opp i forsamlinga så du skal kunne seie:” Sjå, her er eg”. Og eg forstod det som ein bodskap til henne.

Eg skal gå inn i heilagdomen og ta ut det evige livet og eg skal gi det vidare til andre. Det betyr ikkje at det vert mindre att til meg. Det er som å gå inn og ta av elden som brenn på altaret og kaste ut noko av det, det blir ikkje mindre eld av den grunn, men det vert meir. Jesus var komen for å kaste eld utover jorda og yngste det allereie hadde fata, men fyrst måtte han døypast med ei dåp som han grudde seg til, det var at han leid døden for å sone vår synd og skuld. På det grunnlaget døypte han disiplane sine med den Heilage Ande og eld og det skulle dei spreie utver heile jorda.

Men elden skal då ikkje brenne ut og slokne i forsamlinga av dei heilage, det er då tvert om derifrå den skal komme. Kven av oss er det som har dette i den forstand at vi eig det som vår eigen personlege og private eigedom? Vel, alle og ein kvar har vi vel fått det og teke imot det, så vi lever i eit personleg forhold til Faderen og Sonen (Joh.10,3). Har vi fått Kristi Ande, då tilhøyrer vi han, då er vi frelst. Tilhøyrer vi han, så skal vi leve for han. Då tilhøyrer vi hans menigheit, vi tilhøyrer kvarandre som lemer på hans lekam, så vi skal tene kvarandre med dei nådegåvene han gjev oss. Og no seier Jesus til meg : ”Derfor sjå til at du bidreg med det som Gud har gitt i ditt hjerte, så skal eg rake glørne saman og så skal bålet byrje å flamme og elden skal byrgje å brenne og du skal få kjenne at pinsefesten sin dag, den er ikkje over, den er framleis tilgjengeleg”.

Jesus seier til meg at eg skal kaste meg ut i nådens flod, eg skal ta imot det som er meg gitt av berre nåde:” Og skattkammeret mitt er ope og alle rikdommar og skattar er tilstades, skjult i meg. Men du må ha apetitt og når du har lengsel, så skal du gå inn og så skal du ta for deg av det som er fullbrakt og eg skal gi deg det som arv og då skal du fryde deg og glede deg. Fordi eg Herren skal fylle deg med overflod.”

Så seier han at eg skal innta landet. Det er ikkje med sverd og skjold slik som når jødane inntok landet fordum, dette blir berre symbol for åndelege våpen. Ikkje ved hær og ikkje ved makt, men ved Guds Ande. Så når eg skal innta landet, handlar det om å vere sosial. Men korleis? Ved at eg ikkje bryr meg om omstenda, men ser på Jesus, har blikket og hugen vendt opp til han og tek imot det som han gir meg og ærar og takkar han for det.

Jesu ord er ånd og liv, han gjev oss det evige livet. Det er ikkje synleg for det fysiske auget. Eg samanliknar det med matematikken, den er heller ikkje synleg for vårt fysiske auge, men den er likevel svært verdifull for oss, vi brukar den både i praktisk og teoretisk rekning. Det er berre å gå til matematikken og hente dei formlane vi treng. Til samanlikning skal eg vende mitt blikk og min hug opp til Jesus og ta imot det som han gjev meg. Det fullbrakte og fullkomne er evig og usynleg for det fysiske auget, men eg får ta imot det i tru. Slik er det også med det evige livet, det er i han og det er berre for meg å ta imot så det vert liv og overflod for meg.

JOH 7,37 – JOH 7,39   Siste dagen i høgtida, den store festdagen, stod Jesus fram og ropa: “Den som tyrstar, skal koma til meg og drikka. 38 Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.” 39 Dette sa han om Anden dei skulle få, dei som trudde på han. For endå var ikkje Anden komen, av di Jesus endå ikkje var herleggjord.

Guds nåde er så stor og rik at det er berre som å hive seg ut i den store elva og flyte i vatnet, la seg drive med straumen. Ja, gjev eg fekk oppleve det slik av og til.

 

 

10 responses to “2015.03.29.M. Livet, vekkinga og fornyinga.”

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: