Video frå kristne møte: https://www.youtube.com/watch?v=-lzAsRbJBfQ&list=PL_37XqaismMjpMjrkaWkszFl63YEYzT2N

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

2015.04.26.M. Herren er min hyrde.

Ver frimodig og sterk. Møte i Maranatha 26.4.2015.

Innleiing ved Mari.

SLM 23,1 – SLM 23,6 {HERREN ER MIN HYRDING} Ein Davids-salme   Herren er min hyrding, det vantar meg ingen ting. 2   Han lèt meg liggja i grøne enger; han fører meg til vatn der eg finn kvile, 3   og gjev meg ny kraft.   Han leier meg på dei rette stigar for sitt namn skuld. 4   Om eg så går i dødsskuggens dal, ottast eg ikkje for noko vondt. For du er med meg. Din kjepp og din stav, dei trøystar meg. [i dødsskuggens dal: kan òg setjast om “i mørkaste dal”.] 5   Du dukar bord åt meg framfor augo på mine fiendar. Du salvar mitt hovud med olje; mitt staup fløder over. [mitt staup: -> 16, 5.] 6   Berre godleik og miskunn skal fylgja meg alle mine dagar, og eg skal bu i Herrens hus i lange tider.

 

Tale ved Tarjei Berntsen.

 

SLM 103,1 – SLM 103,6 {MI SJEL, LOV HERREN!} Av David.   Mi sjel, lov Herren! Ja, alt som i meg er, skal lova hans heilage namn. 2   Mi sjel, lov Herren, gløym ikkje alle hans velgjerningar! 3   Han tilgjev all di skuld og lækjer all din sjukdom. 4   Han friar ditt liv frå grava og kronar deg med godleik og miskunn. 5   Han fyller ditt liv med det som godt er, og gjer deg ung att som ørna. 6   Herren grip inn og frelser, lèt alle som er trælka, få sin rett.

SLM 22,4   Og du er då heilag, du som tronar over Israels lovsongar. [du som tronar: Sml. 80, 2; 99, 1; Jes 6, 1 ff.]

SLM 33,1 {LOVSONG TIL HERREN, SKAPAREN OG STYRAREN} Rop av fryd for Herren, de rettferdige! Det sømer seg for dei ærlege å syngja Herrens pris.

SLM 147,1 {PRIS HERREN, JERUSALEM!} Halleluja! Ja, det er godt å prisa vår Gud, det sømer seg med fager lovsong.

 

Tungetale ved John Miland, tyding ved Mari:

Har eg ikkje befalt deg vere frimodig og sterk. Ikkje sjå deg til høgre eller venstre, men sjå på meg, studer mitt ord og du skal finne meg. Den som søker meg, han skal finne meg.

Den som ber og søker meg, han skal finne meg. Du er min Gud, eg set mi lit til deg. Du som styrer.

Takkebøn ved Mari.

Rett etter bodskapen slo Mari over i si eiga lovprising: Kjære Gud. Himmelske Far, eg prisar og opphøyer ditt heilage namn. Takk at du er nær hos den som søker deg, Jesus. Takk at du er nær hos den som har eit sundbrote hjerte, det vil du ikkje forakte Gud. Eg prisar og opphøyer ditt heilage namn.

 

Aktuelle bibelvers.

 

5MO 1,38 Men Josva Nunsson, som er tenaren din, han skal få koma inn. Gjer han djerv og sterk! For han skal hjelpa Israel til å vinna landet.

5MO 3,28 Gjev oppdraget til Josva og gjer han djerv og sterk! For han skal føra dette folket over og hjelpa dei til å vinna det landet som du no får sjå.”

5MO 31,7   Så kalla Moses til seg Josva og sa til han medan alle israelittane høyrde på: Ver djerv og sterk! For du skal føra dette folket inn i det landet Herren med eid lova å gje fedrane deira, og skifta det mellom dei.

5MO 31,23   Og Herren sa til Josva Nunsson: “Ver djerv og sterk! Det er du som skal føra israelittane inn i det landet eg med eid har lova dei. Eg skal vera med deg.”

JOS 1,6 – JOS 1,7 Ver djerv og sterk! For du skal hjelpa dette folket til å vinna det landet som eg med eid lova fedrane deira å gje dei. 7 Ver berre djerv og sterk, og legg vinn på å leva etter heile den lova som Moses, tenaren min, baud deg å halda. Vik ikkje av frå den, korkje til høgre eller venstre. Då skal du ha lukke med deg i all di ferd.

JOS 1,9 Eg har då sagt deg: Ver djerv og sterk! Lat deg ikkje skræma, og miss ikkje motet! For Herren din Gud er med deg i alt du tek deg føre.

SLM 27,14   Venta på Herren, ver frimodig og sterk! Ja, venta på Herren!

DNL 10,18   Han som var lik eit menneske, tok atter i meg og styrkte meg. Han sa: “Ver ikkje redd, du som er elska av Gud. Fred vere med deg! Ver frimodig og sterk!” Og då han tala med meg, fekk eg att styrken, og eg sa: “Tal, herre! For du har styrkt meg.”

HAG 2,4   Men no, ver frimodig og sterk, Serubabel! lyder ordet frå Herren. Ver frimodig, Josva Jehosadaksson, du øvsteprest! Ver frimodig, alt folket i landet! lyder ordet frå Herren. Gå og arbeid, for eg er med dykk! lyder ordet frå Herren, Allhærs Gud.

Kommentar.

Dersom det er so at ho Virtuella gret, så får ho trøyst ved at Jesus er henne nær til samanlikning med Maria Magdalena i Getsemane. Då er det viktig at han får trøyste henne og vende hennar sorg til glede, for gleda i Herren er vår styrke. Han kallar henne ut i dansen med dei glade, dei som gleder seg over at dei har fått si sjel frelst. Som Sions dotter, skal ho få lovprise han som sin frelsar og Herre, brudgom og ektemann.

 

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: