Han sette mine føter på ein klippe og la ein ny song i min munn. Møte i Maranatha 21.6.2015.
Sjå på Jesus og vere oppteken med det som høyrer himmelen til. Tungetale ved Oddbjørg, tyding ved Tore:
Min frelsar har sagt at han har gått bort for å berede stad og eg veit den stad, det vert himmel. Og eg gledar meg over at eg har byrja på himmelvegen og eg kjenner freden i mitt hjerte over at eg eig barnekårets Ande i mitt indre, som fortel at min arv, den er ikkje her, men den er der som Jesus er. Men om himmelen ventar meg i morgon, så har eg allereie himmel i mitt hjerte, for Jesus, han bor der inne ved trua og eg kjenner det er sant slik som eg song, at der Jesus er, eg himmlen har.
Og for meg er det godt å halde meg nær til han. For gjennom stormar og gjennom ting som rammar meg, så er han min sterke arm, han er min solide klippe, han er den som eg set mi lit til. Og om ting her nede svinn hen og ikkje er så attraktivt meir, så vert himmelen meir attraktiv, så vert Jesus større, så vert han meir herleg. Og det er det eg synest er så underbart. Han er frelsaren for meg.
Mine born, ikkje sjå nedad, men løft blikket oppad. Ikkje sjå på deg sjølv, men sjå og betrakt meg. Ver oppteken med det som høyrer himmelen til. Ver opptatt og sysselsatt med det som eg har gjort. Ver oppteken med det som eg har sagt og du skal verte ein vassrik hage og eg skal fylle deg så hjertet skal flyte over.
Aktuelle bibelvers.
JES 58,11 Herren skal alltid leia deg og metta deg i det turre land. Han skal styrkja deg; du skal verta som ein vassrik hage, ja, som ei rennande kjelde der vatnet aldri tryt.
JER 31,10 – JER 31,14 Høyr Herrens ord, de folkeslag! Forkynn det på fjerne strender og sei: Han som spreidde Israel, samlar og gjæter det som ein hyrding gjæter sin flokk. 11 For Herren har fria ut Jakob og løyst han or overmanns hand. 12 Dei kjem med jubelrop til Sion-fjellet, dei strålar av glede over Herrens gode gåver: korn og vin og olje, sauer og geiter og oksar. Sjølve skal dei vera som ein vassrik hage og ikkje lenger lida naud. 13 Då skal jentene dansa av glede og gamle menn gleda seg med dei unge. Eg vender deira sorg til fryd, og trøystar og gleder dei som syrgde. 14 Eg lèt prestane få rikeleg med feite retter og mettar mitt folk med gode gåver, lyder ordet frå Herren.
Innleiing ved Oddbjørg.
JOH 4,25 – JOH 4,26 Kvinna seier til han: “Eg veit at Messias kjem,” – Messias er det same som Kristus – “og når han kjem, skal han kunngjera oss alt.” 26 Jesus seier til henne: “Det er eg, eg som talar med deg.”
JOH 6,20 Men Jesus sa til dei: “Det er eg. Ver ikkje redde!”
JOH 18,4 – JOH 18,8 Jesus visste om alt det som venta han, og gjekk fram og spurde dei: “Kven leitar de etter?” 5 “Jesus frå Nasaret,” svara dei. “Det er eg,” seier Jesus. Judas, svikaren, var saman med dei, han òg. 6 Då Jesus sa: “Det er eg” , veik dei attende og fall til jorda. 7 Atter spurde han: “Kven leitar de etter?” “Jesus frå Nasaret,” svara dei. 8 “Eg har sagt dykk at det er eg,” sa Jesus. “Er det meg de leitar etter, så lat desse gå!”
Tale ved Tore Kristiansen.
SLM 40,1 – SLM 40,4 {DU ER MIN HJELPAR OG BERGINGSMANN} Til korleiaren. Ein Davids-salme. 2 Eg venta og vona på Herren. Han bøygde seg til meg og høyrde mitt rop. 3 Han drog meg opp or den tynande grav, opp or den djupe gjørma. Han sette mine føter på fjell og lét meg gå med faste steg. 4 Han la ein ny song i min munn, ein lovsong til vår Gud. Mange skal sjå det og ottast og setja si lit til Herren.
SLM 30,1 – SLM 30,13 {GUDS NÅDE VARER LIVET UT} Ein salme. Ein song til tempelvigsla. Av David. 2 Eg lovar og prisar deg, Herre; for du drog meg opp or djupet, du lét ikkje mine fiendar triumfera over meg. 3 Herre, min Gud, eg ropa til deg, og du lækte meg. 4 Herre, frå dødsriket førte du meg opp, du gav meg liv og berga meg frå grava. 5 Spel for Herren, de hans trugne, og lovsyng hans heilage namn! 6 Ein augneblink varer hans vreide, hans nåde varer livet ut. Om kvelden kjem gråt som gjest, om morgonen er det gledesong. 7 Eg kjende meg trygg og tenkte: “Aldri i æve skal eg rikkast!” 8 Herre, i din nåde sette du meg på fast fjell; men så løynde du ditt åsyn, og eg vart gripen av redsle. 9 Då ropa eg til deg, Herre, inderleg bad eg til min Gud: 10 “Kva gagnar det at eg må døy, at eg må gå i grav? Kan vel støvet prisa deg, kan det forkynna din truskap? 11 Høyr meg, Herre, og ver meg nådig! Herre, kom meg til hjelp! 12 Du vende mi sorg og mi klage til dans; du løyste min syrgjebunad og lét meg bera gledeskrud. 13 Difor vil eg av heile mi sjel syngja om deg og aldri teia. Eg takkar deg evig, Herre, min Gud.
David kom i nød når Saul forfølgde han, etter at han dreiv hor med Batseba og volda mannen hennar, Uria, døden (Salme.32) og etter at han sette i gang folketeljing. I dei to siste tilfella var det hans eigen feil, Herren refsa han og han la seg langflat og audmjuka seg. Derfor var han framleis mannen etter Guds hjerte.
2SA 24,1 – 2SA 24,4 {FOLKETELJING OG PEST} Endå ein gong vart Herren brennande harm på Israel. Han eggja David opp mot dei og sa: “Gå og hald folketeljing i Israel og Juda!” 2 Då sa kongen til Joab, hærføraren, som var hjå han: “Far ikring til alle Israels-ættene, frå Dan til Be’er-Sjeba, og mønstra folket, så eg kan få vita kor mange dei er.” 3 Joab svara kongen: “Gjev Herren din Gud må gjera folket hundre gonger så talrikt som det no er, og gjev du, herre konge, sjølv må få sjå det! Men kvifor vil du gjera dette, herre konge?” 4 Kongen stod likevel fast på det han hadde sagt, og gav ikkje etter for Joab og hærførarane. Så drog Joab og hærførarane bort frå kongen og skulle mønstra Israels-folket.
2SA 24,10 – 2SA 24,15 Men etter at David hadde talt folket, kjende han at det stakk han i hjarta, og han sa til Herren: “Eg har gjort ei stor synd. Men tilgjev no, Herre, misgjerninga mi! For eg har bore meg fælt uvitug åt.” 11 Då David stod opp om morgonen, var Herrens ord kome til profeten Gad, sjåaren åt David, og det lydde så: 12 “Gå til David og sei: Så seier Herren: Tre ting legg eg fram for deg. Vel ein av dei, så skal eg gjera det du vil.” 13 Så gjekk Gad til David, la dette fram for han og sa: “Vil du at det skal vera hungersnaud i landet ditt i sju år, eller at du må røma for fiendane dine i tre månader medan dei forfylgjer deg, eller vil du at det skal koma pest over landet ditt i tre dagar? Tenk etter og gjer opp med deg sjølv kva eg skal svara han som har sendt meg.” 14 David sa til Gad: “Eg er i stor naud. Lat oss då helst falla i Herrens hand! For hans miskunn er stor. Men i menneskehand vil eg ikkje falla.” 15 Så sende Herren ein pest over Israel, frå morgonen til den tida han hadde fastsett. Det døydde sytti tusen mann av folket, frå Dan til Be’er-Sjeba.
Kva var feil med å setje i gang folketeljing? Der låg stolthet i det, over kor stort og sterkt folket var og kor stor og sterk han var som konge over eit så stort folk. Men Gud ville gjere israelsfolket så mange at dei var uteljane og så ville han telje dei?
Vi skal ikkje vere opptekne av at vi er så få, om vi er mange eller få, av å telje kor mange vi er, for det er ikkje det vi er i det ytre mennesket som tel, kjøtet, det som er født av manns vilje, men det som betyr noko er å vere fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd. Det som betyr noko er det verket Gud gjer i vårt indre menneske ved sitt Ord og sin Ande.