Video frå kristne møte: https://www.youtube.com/watch?v=-lzAsRbJBfQ&list=PL_37XqaismMjpMjrkaWkszFl63YEYzT2N

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

2015.10.18.M. Lev i kjærleik, liksom Jesus elska oss.

Efesarbrevet er som Høgsongen i det nye testamentet. Møte i Maranata 18.10.2015.

Tale ved Tore Kristiansen.

 

Tore kalla Efesarbrevet for Høgsongen i det nye testamentet og las ifrå Ef.5:

EFE 5,2 Lev i kjærleik, liksom Kristus elska oss og gav seg sjølv for oss som ei gåve og eit offer, Gud til ein hugnadleg ange.

EFE 5,5 For det skal de vita at ingen som driv hor eller lever i umoral, skal få vera med i Guds og Kristi rike, heller ikkje den som er havesjuk, for han er ein avgudsdyrkar.

EFE 5,14 og alt som kjem for dagen, er ljos. Difor heiter det: Vakna, du som søv, stå opp frå dei døde, og Kristus skal lysa for deg.

EFE 5,21 – EFE 5,30 {HEIM OG HUSLYD} Ver kvarandre underordna i age for Kristus. 22 Dei gifte kvinnene skal underordna seg under mennene sine som under Herren sjølv. 23 For mannen er hovudet for kvinna liksom Kristus er hovudet for kyrkja; han er frelsar for lekamen sin. 24 Liksom kyrkja underordnar seg Kristus, skal ei kvinne underordna seg mannen sin i alle ting. 25   De menn skal elska konene dykkar, liksom Kristus elska kyrkja og gav seg sjølv for henne, 26 så han kunne helga henne og reinsa henne med vassbadet i kraft av eit ord. 27 På den måten ville han stella henne fram for seg i herlegdom utan flekk eller rukke eller noko slikt; heilag og lytelaus skulle ho vera. 28 På same måten skal mennene elska konene sine som sin eigen lekam. Den som elskar kona si, elskar seg sjølv. 29 Ingen har nokon gong hata sin eigen kropp, tvert om gjev han kroppen næring og tek seg av han på same måten som Kristus gjer med kyrkja. 30 For vi er lemer på hans lekam.

Tore minna oss også om Jona som for bort frå Herren og som låg og sov ned i båten, medan dei andre kjempa for å berge både seg sjølve og båten i uveret.

JON 1,3 – JON 1,6 Men Jona stod opp og ville røma for Herren til Tarsis. Han fór ned til Jaffa og fann eit skip som skulle dit. Så betalte han for ferda og gjekk om bord. Han ville vera med til Tarsis, bort frå Herren. 4   Men Herren sende ein sterk storm over havet. Det bles så hardt at skipet heldt på å verta knust. 5 Då vart sjømennene redde og ropa kvar til sin gud, og lasta som var om bord, kasta dei på sjøen, så skipet skulle letna. Jona hadde gått ned i skipet og låg og sov fast. 6 Då gjekk skipsføraren til han og sa: “Korleis kan du liggja og sova så godt? Stå opp og rop til guden din! Kanskje guden din vil koma oss i hug, så vi ikkje går under.”

 

Aktuelle bibelvers.

RMR 5,6 – RMR 5,11 Medan vi endå var hjelpelause, døydde Kristus til fastsett tid for ugudelege. 7 Snautt nok vil nokon gå i døden for ein rettvis mann – endå det kan vel henda at einkvan vågar livet for ein som er god. 8 Men Gud syner sin kjærleik til oss med di Kristus døydde for oss medan vi endå var syndarar. 9 Når vi no har vorte rettferdige ved Kristi blod, kor mykje meir skal vi ikkje då ved han verta frelste frå vreiden! 10 Medan vi endå var fiendar, vart vi forsona med Gud då Son hans døydde. Når vi no er forsona, kor mykje meir skal vi ikkje då verta frelste ved hans liv. 11 Ja, ikkje berre det, men vi prisar oss lukkelege i Gud, ved vår Herre Jesus Kristus, han som har gjeve oss forsoninga.

RMR 5,12 – RMR 5,21 {ADAM OG KRISTUS} Lat oss samanlikna dette med det som hende då synda kom inn i verda. Synda kom ved eitt menneske, og med synda kom døden. Og døden nådde alle menneske fordi dei alle synda. 13 Det var synd i verda før lova kom. Og endå synda ikkje vert rekna for synd der det ikkje er noka lov, 14 rådde likevel døden frå Adam til Moses også over dei som ikkje hadde gjort noko lovbrot liksom Adam. Adam står her som eit motstykke til han som skulle koma. 15 Likevel er det ikkje såleis med Guds nådegåve som med Adams fall. Mange laut døy fordi den eine fall, men Guds nåde er så mykje større: Han er ei gåve, som i rikt mål vert gjeven til dei mange på grunn av det eine menneske Jesu Kristi nåde. 16 Og det er annleis med gåva enn med den synd som den eine gjorde. For domen over ein mann førte til fordøming, men nådegåva førte til frikjenning, endå det var mange som hadde falle. 17 Døden fekk herredøme fordi eit einaste menneske fall. Kor mykje meir skal ikkje då dei få liv og herredøme ved den eine, Jesus Kristus, dei som tek imot Guds store nåde og rettferdsgåve. 18   Difor: Liksom ein manns fall vart til fordøming for alle menneske, så fører ein manns rettferdige gjerning til frikjenning og liv for alle menneske. 19 Liksom dei mange vart syndarar fordi det eine mennesket var ulydig, så skal no dei mange stå rettferdige fordi den eine var lydig. 20 Lova kom til så fallet skulle verta stort. Men der synda var stor, vart nåden endå større. 21 Og liksom synda rådde der døden var, skal nåden rå gjennom rettferda og gje evig liv ved Jesus Kristus, vår Herre.

FIL 2,3 – FIL 2,11 Gjer ikkje noko av sjølvhevding eller lyst til tom ære, men ver audmjuke og set dei andre høgare enn dykk sjølve. 4 Tenk ikkje berre på det som gagnar dykk sjølve, men tenk òg på det som gagnar dei andre. 5 Lat det same huglaget vera i dykk som òg var i Kristus Jesus! 6   Då han var i Guds skapnad, heldt han det ikkje for eit rov å vera Gud lik. 7   Men han gav avkall på sitt eige, tok på seg ein tenars skapnad og vart menneske lik.   I si ferd var han som eit menneske; 8   han nedra seg sjølv og vart lydig til døden, ja, døden på krossen. 9   Difor har Gud storleg opphøgt han og gjeve han det namn som er over alle namn, 10   så kvart kne skal bøya seg i Jesu namn, i himmelen, på jorda og under jorda, 11   og kvar tunge sanna: Jesus Kristus er Herre, til Gud Faders ære!

EFE 2,1 – EFE 2,10 {FRÅ DØD TIL LIV} De var ein gong døde på grunn av misgjerningane og syndene dykkar. 2 De levde i dei på denne verdsens vis og lét dykk leia av hovdingen i himmelrømda, den ånd som no verkar i dei ulydige. [hovdingen i himmelrømda: djevelen. Sjå 6, 12.] 3 Ja, ein gong levde vi alle som dei. Vi fylgde lystene i vår syndige natur og lét oss leia av den og av våre eigne tankar. Og vi var av naturen under Guds vreide liksom alle dei andre. 4   Men Gud er rik på miskunn. Av di han elska oss med så stor kjærleik, 5 gjorde han oss levande med Kristus, vi som var døde på grunn av våre synder. Av nåde er de frelste. 6 I Kristus Jesus har han reist oss opp frå døden saman med han og sett oss i himmelen med han, 7 så han i dei komande tider kunne visa sin overstrøymande rikdom på nåde og sin godleik mot oss i Kristus Jesus. 8 For av nåde er de frelste, ved tru. Det er ikkje dykkar eige verk, det er Guds gåve. 9 Og det kviler ikkje på gjerningar, så ingen skal rosa seg. 10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.

1JO 4,7 – 1JO 4,21 {GUD ER KJÆRLEIK} De kjære, lat oss elska kvarandre! For kjærleiken er frå Gud, og den som elskar, er fødd av Gud og kjenner Gud. 8 Den som ikkje elskar, har aldri kjent Gud, for Gud er kjærleik. 9 Og Guds kjærleik vart openberra mellom oss då han sende sin einborne Son til verda så vi skulle ha liv ved han. 10 Kjærleiken er ikkje det at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sendt Son sin til soning for syndene våre. 11 De kjære, har Gud elska oss så, då er vi òg skuldige å elska kvarandre. 12 Ingen har nokon gong sett Gud, men dersom vi elskar kvarandre, vert Gud verande i oss, og hans kjærleik har vorte fullenda i oss. 13   At vi er i han, og han i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss av sin Ande. 14 Og vi har sett og vitnar at Faderen har sendt Sonen til frelsar for verda. 15 Den som sannar at Jesus er Guds Son, i han vert Gud verande og han i Gud. 16 Vi har lært å kjenna den kjærleiken Gud har til oss, og vi har trutt på den. Gud er kjærleik, og den som vert verande i kjærleiken, vert verande i Gud og Gud i han. 17   Det er målet som kjærleiken har for oss, at vi skal ha frimod på domedag; for som han er, slik er vi òg, midt i denne verda. Det finst ikkje otte i kjærleiken. 18 Den fullkomne kjærleiken driv otten ut. For otten ber straffa i seg, og i den som ottast, har ikkje kjærleiken vorte fullenda. 19 Vi elskar av di han elska oss fyrst. 20 Om nokon seier at han elskar Gud, men likevel hatar bror sin, då er han ein lygnar. Den som ikkje elskar bror sin, som han har sett, han kan ikkje elska Gud, som han ikkje har sett. 21 Og dette er det bodet vi har frå han: Den som elskar Gud, må elska bror sin òg.

2KO 3,17 – 2KO 3,18 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.

 

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: