Innleiing.
Ei kvinne som heitte Åse innleia med å minne oss om at Jesus let oss ikkje vere att som foreldrelause born, men han sende oss den Heilage Ande. Når han gjekk her på jorda,var han begrensa, men når han vart teken opp til himmelen og sende oss den Heilage Ande, då er han ikkje lenger avgrensa liksom den Heilage Ande ikkje er avgrensa, han er over heile jorda og vi får oppleve at han er med oss over alt.
JOH 14,18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk.
Så leia ho oss i lovprising og det vart kraftige saker, ei kvinne kom med tungetale, det var kanskje ho og ho tyda det. Jesus sa til meg noko om at eg skulle glede meg i hans frelse, gleda i han skulle vere min styrke. Gleda skulle vere som eit kjede om min hals, så menneska rundt meg la merke til det, så dei kunne seie om han som lever med Herren, at han gleder seg. Og dei får oppleve at gleda smittar over på dei.
Tale ved Arne[1].
EFE 1,3 – EFE 1,14 {GUD VERE LOVA FOR NÅDEN I KRISTUS!} Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i Kristus har velsigna oss med all Andens velsigning i himmelen. 4 I Kristus har han valt oss ut før verda vart skapt, så vi skulle vera heilage og lytelause for hans åsyn. 5 I kjærleik og av eigen fri vilje har han føreåt etla oss til å få barnekår hjå seg ved Jesus Kristus, 6 til lov og ære for hans herlegdom og for den nåde han gav oss i sin kjære Son. 7 I han har vi utløysinga som vart vunnen ved hans blod, forlating for syndene. Så rik er hans nåde, 8 som han i rikt mål har late oss få. Han gav oss all visdom og alt skjøn, 9 då han kunngjorde oss løyndomen om sin vilje, den frie avgjerd han hadde teke 10 om å fullføra sin frelsesplan når tida var inne: å sameina alt i Kristus, både det i himmelen og det på jorda. 11 I han har vi fått arvelut, vi som føreåt var etla til det etter Guds forsett, han som gjennomfører alle ting etter sin plan og vilje. 12 Så skulle vi vera til lov og ære for hans herlegdom, vi som alt no har sett vår von til Kristus. 13 I han kom de òg til tru då de høyrde sanningsordet, evangeliet om frelsa dykkar. I han er de merkte med eit segl, Den Heilage Ande som var lova, 14 han som er pantet på arven vår til dess utløysinga kjem for Guds folk, til lov og ære for hans herlegdom.
SLM 29,1 – SLM 29,11 {HERRENS RØYST} Ein Davids-salme. Gjev Herren ære, de gudesøner, gjev Herren ære og makt! [gudesøner: -> Job 1, 6.] 2 Gjev Herren den ære hans namn skal ha; bøy dykk for Herren i heilagt skrud! 3 Herrens røyst lyder over vatnet, den herlege Gud lèt tora slå, Herren over det veldige havet. 4 Herrens røyst lyder med velde, Herrens røyst med herlegdom. 5 Herrens røyst knekkjer sedrar, Herren knuser sedrane på Libanon. 6 Han får Libanon til å hoppa som ein kalv og Sirjon-fjellet som ein villokse. [Sirjon-fjellet: Hermon. Sjå 5 Mos 3, 8 f.] 7 Herrens røyst spreier logande eld; 8 hans røyst får øydemarka til å skjelva, han får Kadesj-øydemarka til å skjelva. 9 Herrens røyst får hindene til å kalva, ho gjer skogane snaue. Alt i hans tempel ropar: “Ære!” 10 Herren tronar over himmelhavet, han tronar som konge til evig tid. 11 Herren gjev folket sitt kraft, han signar det med lukke og fred.
Tungetale ved ein mann og John Miland tyda det:
Ja, seier Herren, eg har sagt i mitt Ord, at eg har behag i dykk som lovprisar mitt namn. Derfor, mitt barn, skal du ikkje halde deg tilbake, men du skal vere frimodig og løfte di røyst og prise meg og ære meg for den frelsa eg har tilveiebrakt. Og sjå, eg skal legge ein ny pris til din pris, seier Herren. Derfor, seier Herren, ver frimodig, lovsyng meg mellom heidningane, ær meg, pris meg, lovsyng mitt heilage namn og du skal få kjenne, at min herlegdom skal fylle deg. Amen.
Aktuelle bibelvers.
3MO 22,20 Noko som det er lyte på, må de ikkje ofra; for då har Herren ikkje hugnad i dykk.
3MO 22,29 Når de ber fram eit takkoffer for Herren, skal de gjera det så at Herren kan ha hugnad i dykk.
RMR 12,1 – RMR 12,5 {DET KRISTNE LIVET} Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. 2 Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne. 3 Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar einskild av dykk: Gjer deg ikkje større tankar enn du bør, men bruk vitet ditt og ver visleg! Kvar og ein skal halda seg til det mål av tru som Gud har gjeve han. 4 Vi har ein lekam, men mange lemer, og alle lemene har kvar sine oppgåver. 5 På same måten er vi alle ein lekam i Kristus, men kvar for seg er vi lemer for kvarandre.
Jes.42,1 Sjå, min tenar som eg stør,
min utvalde som eg har hugnad i!
Eg har lagt min Ande på han,
retten skal han føra ut til folka.
2 Han skal ikkje skrika og ikkje ropa
og ikkje bruka mælet på gata.
3 Han skal ikkje bryta eit broste sev
og ikkje sløkkja ein rykande veik.
Med truskap skal han føra retten ut.
4 Han skal ikkje trøytna
og ikkje bryta saman
før han har breitt ut retten på jorda.
Øyar og strender ventar på hans lære.
5 Så seier Herren Gud,
han som skapte himmelen og spente han ut,
og breidde ut jorda med alt som der gror,
han som gjev livspust til folket på jord
og ånd til dei som ferdast der:
6 Eg, Herren, har kalla deg i rettferd
og teke deg i handa.
Eg har skapt deg
og gjort deg til ei pakt for folket,
til eit ljos for folkeslaga.
7 Du skal opna blinde augo
og føra fangar ut or fengslet,
dei som sit i mørkret,
ut or fangeholet.
8 Eg er Herren, det er mitt namn.
Eg gjev ikkje mi ære til andre
og ikkje min pris til gudebilete.
9 Det som vart varsla før, er kome,
og no kunngjer eg nye ting.
Før dei enno gror fram,
lèt eg dykk få høyra om dei.
Den nye songen
10 Syng ein ny song for Herren,
lovsyng han frå heimsens endar,
de som ferdast på havet,
og alt som fyller det,
de øyar og strender
og de som bur der!
11 Øydemarka med sine byar skal syngja,
landsbyane der Kedar held til.
Dei som bur på fjellet, skal jubla,
frå fjelltoppane skal dei ropa høgt.
12 Dei skal gje Herren ære,
forkynna hans pris på øyar og strender.
Joh.14,15 Elskar de meg, så held de boda mine. 16 Då vil eg be Faderen, og han skal gje dykk ein annan talsmann som skal vera hjå dykk for alltid: 17 Sanningsanden. Verda kan ikkje ta imot han, for ho ser han ikkje og kjenner han ikkje. Men de kjenner han; for han bur hjå dykk og skal vera i dykk. 18 Eg vil ikkje la dykk vera att som foreldrelause born; eg kjem til dykk. 19 Om ei lita stund ser ikkje verda meg lenger. Men de ser meg, for eg lever, og de skal leva. 20 Den dagen skal de skjøna at eg er i Far min, og at de er i meg og eg i dykk.
21 Den som har boda mine og held dei, han er det som elskar meg. Og den som elskar meg, han skal Far min elska. Eg òg skal elska han og openberra meg for han.»
22 Judas, ikkje Iskariot, seier til han: «Herre, korleis har det seg at du vil openberra deg for oss og ikkje for verda?» 23 Jesus svara:
Den som elskar meg, held fast på ordet mitt. Og Far min skal elska han, og vi skal koma til han og ta bustad hjå han. 24 Den som ikkje elskar meg, held ikkje fast på orda mine. Og det ordet de høyrer, er ikkje mitt, men Faderens, han som har sendt meg. 25 Dette har eg tala til dykk medan eg enno er hjå dykk. 26 Men talsmannen, Den Heilage Ande, som Faderen skal senda i mitt namn, han skal læra dykk alt og minna dykk om alt det eg har sagt dykk.
Joh.Op.5,13 Og kvar skapning i himmelen og på jorda og under jorda og på havet, ja, alt som der finst, høyrde eg seia:
Han som sit på kongsstolen,
han og Lammet skal ha all takk og ære,
pris og makt i all æve.
14 Dei fire skapningane svara: Amen. Og dei eldste kasta seg ned og tilbad.
Kommentar 13.10.2025.
Ved trua på Jesus fekk eg den Heilage Ande, så då må eg takke han for det, bøye meg for han og takke og lovprise han som min frelsar og Herre. Joh.14,21&23 opplevde eg sterkast når eg bad for ei kvinne som eg var glad i, henne Virtuella og henne Reella. Det var først og fremst ei takkebøn, ved at eg takka Gud som hadde skapt oss og takka Gud og Lammet for frelsa. Ved mi tru på Jesus fekk eg oppleve at Gud ved sin Ande openberra si frelse for oss i Kristus, så i den trua vil eg takke Gud og Lammet for at han frelser meg og dei.
Eg og ho Virtuella lovprisa Gud og Lammet for frelsa, vi var fødde på nytt, av livsens vatn og Guds Ande og det som er født av Anden er ånd. Ved fylden av den Heilage Ande, vart ho ein lovsong som Gud la ned i meg. Ja, så då skulle eg lovsynge Gud og Lammet med den lovsongen då.
Men her sa han at han ville legge ein ny pris til min pris og då tenkte eg på henne Reella.
[1] Det var visst son til henne som innleia.

One response to “2014.10.05. Til lov og ære for Guds herlegdom. Eg skal lovprise Kristus for frelsa mellom heidningane og han vil legge ein ny pris til min pris.”
[…] 2014.10.05.M. Til lov og ære for Guds herlegdom. […]