Video frå kristne møte: https://www.youtube.com/watch?v=-lzAsRbJBfQ&list=PL_37XqaismMjpMjrkaWkszFl63YEYzT2N

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

2013.09.08.M. Jesus vil reinse deg igjen.


Jesus vil reinse deg oppatt på nytt igjeng. Han ynskjer å bruke deg. Du er verdifull. Gjennombrot i ditt liv, i familien og i kyrkjelyden. Møte i Maranatha 8.9.2013.

 

Innleiing ved John Miland:

John las ifrå Apgj.2 og sa nokre ord om læresveinane som heldt saman og venta på å få oppfylt lovnaden om at den Heilage Ande skulle komme over dei og om korleis dei fekk det oppfylt.

APG 2,34 – APG 2,42 For David fór ikkje opp til himmelen; men han seier: Herren sa til min herre: Set deg ved mi høgre hand 35   til eg får lagt dine fiendar til skammel for dine føter! 36 Så skal heile Israels-folket vita for visst: Denne Jesus som de krossfeste, han har Gud gjort både til Herre og Messias. 37   Då dei høyrde dette, stakk det dei i hjarta, og dei sa til Peter og dei andre apostlane: “Kva skal vi gjera, brør?” 38 Peter svara: “Vend om og lat dykk døypa i Jesu Kristi namn, kvar og ein av dykk, så de får tilgjeving for syndene; då skal de få Den Heilage Ande i gåve. [så de får tilgjeving for syndene: før attgjeve: til forlating for syndene.] 39 For lovnaden gjeld dykk og borna dykkar og alle som er langt borte, så mange som Herren vår Gud kallar på.” 40 Med andre ord òg vitna han for dei, og han formana dei: “Lat dykk frelsa frå denne rangsnudde ætta!” 41 Dei som tok imot bodskapen hans, vart døypte, og den dagen vart om lag tre tusen lagde til kyrkjelyden. 42 Dei heldt trutt fast ved læra åt apostlane og ved samfunnet, brødsbrytinga og bønene. [brødsbrytinga: nattverden.]

Peter talte slik at det stakk folket i hjertet, kva skulle dei gjere, då forkynte han den glade bodskapen for dei. Kyrkjelyden voks og dei heldt fast ved læra åt apostlane, ved samfunnet, brødsbrytinga og bønene. Det skal vi også passe på å gjere i denne tida.

 

Tale ved John Langerud:

John Langerud sa noko om at han vakna ei natt eller ein morgon og fekk oppleve at den Heilage Ande sa ordet ” gjennombrot” til han fleire gangar, så vitna han om eit gjennombrot.

 

Tungetale ved John Miland, tyding ved John Langerud:

Du har nok vore av dei som har sagt: Eg har prøvt så mange gangar, det nyttar ikkje. Og du har nok vore av dei som har sagt: Det går ikkje, vi gir opp, vi trekker oss tilbake. Men eg ynskjer å seie deg, at eg kan og eg vil. Og eg vil reinse deg opp på nytt igjen. Og eg vil gi deg denne positive ånd som seier i ditt hjerte; vi skal innta landet og vi skal fortære fienden, som om det var brød. Eg ynskjer å bruke deg, du er verdifull, eg har sett deg inn i min kyrkjelyd, for at du ikkje skal vere eit nummer i rekka, men du skal få lov til å kjenne, at du er ein lem på min lekam og du er verdifull og eg vil bruke deg der du er.

Du skal få lov å kjenne den Heilage Ande i ditt liv. Du skal også få lov til å sjå resultat, ved den Heilage Ande, rundt ditt liv, i dine omgjevnadar, så skal du få lov til å sjå, at eg som har sendt den Heilage Ande og eld, skal vegleie deg til heile Sanninga og du skal få oppleve å gå inn i skrifta og sjå, at eg seier deg, eg seier deg, der er kome noko nytt i ditt liv. Eg vil eit gjennombrot i ditt liv, eg vil eit gjennombrot i familien, eg vil eit gjennombrot i kyrkjelyden og du skal vere ein av dei som seier, sjå her er eg og du skal få lov å kjenne, at den Heilage Ande og eld, den forherleggjer mitt namn.

Eg kjem snart og eg ynskjer at du skal vere klar, eg vil at du skal vere brennande i ånda og tene meg. Eg vil at du skal vere ei oppmuntring for dei som har det vondt, for dei som slit og har det vanskeleg. Så skal du få lov til å vere, ved den Heilage Ande si hjelp, vere med å løfte dei opp, vere med å rope dei ut av fangeholet, du skal få lov til å vere med å setje dei i fridom, ved den Heilage Ande som er i deg, ved den Heilage Ande som er rundt omkring deg, så skal eg endå ein gong vise, at eg er i går og i dag den same og blir det.

 

One response to “2013.09.08.M. Jesus vil reinse deg igjen.”

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: