Jesus kallar eit menneske til å komme til han. Han vil lækje ditt fråfall og dine sår. Du har gått dine eigne vegar og dei vegane du no går, fører ikkje til himmelen. Men han kallar deg til å vende om og komme inn på den vegen som fører til himmelen.
Frelst inn i Jesu kyrkje. Forsoninga sin veg. Møte i Jesus Church 1.12.2013.
Tale ved Stephan Christiansen.
Stephan talte om at vi er eit fellesskap som Jesu kyrkje. Vel er vi frelste som individ, men vi er også frelste inn i Jesu kyrkje. Vi seier ikkje berre eg, men vi seier vi. Vi er prestar som gjere presteteneste og vi er eit kongeleg presteskap som gjer prestetenest. Når Jesus lærde oss å be ”Fadervår”, sa han ikkje ”min” og ”meg”, men ”vår” og ”oss”.
Tyding av tungetale ved Stephan Christiansen.
Ved forbønn for eit menneske kom der tungetale og Stephan tyda det:
I byrjinga av bodskapen sa Herren noko om at han har sett deg i ditt mørke, han har sett deg i dine nattetimar. Opptak: Fortvil ikkje og sjå deg ikkje rådvill omkring, for vit at eg, Herren, er din Gud. Og eg er med deg heile vegen, ikkje nesten, ikkje litt, men heile vegen er eg med deg. Eg vil føre deg igjennom, eg vil ta deg ved handa, eg fører deg gjennom livets stormar og du skal verte ståande fast og stødig på andre sida. Ja, du skal få sjå, at det finst ein vei ut, det finst ein veg igjennom, seier den Heilage Ande.
Men eg vil du skal vite, seier den Heilage Ande, at vegen ut for deg, det er forsoninga sin veg. Det er å la seg forsone også med menneske, menneske som har gått imot deg, menneske som har villa vondt, menneske som har på ulike måtar såra og skada. For sjå, eg vil la deg erfare nåden og tilgivinga si kraft, som finst i forsoning. Eg står den stolte imot, men den audmjuke gjev eg nåde. Og så tenk ikkje, dei andre får ta initiativet, den andre får skvære opp, dei andre får ta tak, det er ikkje eg som har forårsaka dette no, kjenn at i tilgjevinga og i forsoninga og i audmjukskapens veg, så finst full gjenoppretting, både for deg, så vel å la mitt lys skine i ditt liv, slik at mørket og det tunge kan få vike. Og vit at det går gjennom forsoning, seier Herren. I Jesu namn. Amen.
Jesus kallar eit menneske til å komme til han. Han vil lækje ditt fråfall og dine sår. Du har gått dine eigne vegar og dei vegane du no går, fører ikkje til himmelen. Men han kallar deg til å vende om og komme inn på den vegen som fører til himmelen. Møte i Maranata 1.12.2013.
Tale ved John Miland.
John sa Herren hadde minna ha om noko som han ville dele med oss og så las han ifrå Apgj.24:
APG 24,22 – APG 24,26 Feliks visste vel korleis det hadde seg med “vegen”. Difor sette han ut saka og sa: “Når kommandanten Lysias kjem, skal eg ta saka opp til doms.” 23 Så gav han offiseren påbod om at Paulus skulle haldast i mild varetekt, og at ingen av hans eigne måtte hindrast i å vera han til hjelp. 24 Nokre dagar seinare kom Feliks i lag med Drusilla, kona si, som var ei jødisk kvinne. Han sende bod etter Paulus, og høyrde på medan han tala om trua på Jesus Kristus. [Drusilla: dotter til Herodes Agrippa I. -> 12, 1.] 25 Men då han tala om rettferd og fråhald og om domen som skal koma, vart Feliks skræmd og sa: “Det er nok for i dag. Gå no! Når eg får tid, skal eg kalla deg hit att.” 26 Feliks gjorde seg òg von om å få pengar av Paulus. Difor sende han gong på gong bod etter han og samtala med han.
1KO 6,8 – 1KO 6,10 Men de gjer urett og lèt andre lida tap – og det jamvel brør. 9 Veit de ikkje at dei som gjer urett, ikkje skal arva Guds rike? Far ikkje vilt! Korkje horkarar, avgudsdyrkarar, ekteskapsbrytarar, eller menn som ligg med menn eller lèt seg bruka til dette, 10 korkje tjuvar, pengekjære, drikkarar, spottarar eller ransmenn skal arva Guds rike.
Baktale vart også fordømt i same oppramsinga og då måtte det vere 1930-oversettinga:
1KO 6,8 – 1KO 6,10 Men de gjer urett og uskil, og det endå mot brør! 9 Eller veit de ikkje at dei urettferdige ikkje skal erva Guds rike? Far ikkje vilt! Korkje lauslevande eller avgudsdyrkarar eller horkarar eller slike som let seg bruka til synd mot naturi, eller slike som sjølve gjer sovori synd, 10 eller tjuvar eller havesjuke eller drikkarar eller baktalarar eller røvarar skal erva Guds rike.
”Spottarar” og ”baktalarar” er altså to oversettingar av same ordet.
Tungetale ved Oddbjørg, tyding ved John:
Ja, seier Herren, du skal vite, at eg elskar deg med ein evig kjærleik. Men sjå, du har vore borte, du har gått dine eigne vegar. Men i kveld så kallar eg deg igjen, for at du skal komme inn på den vegen som eg vil leie deg. Og det er velsigninga sin veg, seier Herren. Og den veg du no går på, den fører ikkje fram til det himmelske, som eg har gjort ferdig for dei som elskar meg. Derfor vil eg at du skal snu og du skal komme til meg igjen, seier Herren, og eg skal lækje ditt fråfall og eg skal lækje dine sår, seier Herren. Eg veit at du har vorte skuffa på menneske, men sjå, seier Herren, eg er den som trøystar deg, eg er den som gjenopprettar deg. Derfor kom til meg, seier Herren.
Eg stod fram på den siste store dag i høgtida og eg ropte ut:” Om nokon tyrstar, han komme til meg og drikke. Om nokon har tunge byrder å bere, han komme til meg og eg skal gi deg kvile”. Sjå, eg er i går og i dag den same og eg vert det til evig tid, seier Herren. Derfor skal du ikkje bere dei byrdene som du sliter med. Men du skal legge det over på meg, seier Herren. Eg har no sagt i mitt ord, kast all dykkar sorg på meg, for eg har omsorg for dykk, seier Herren. Eg har byrja verket i deg og eg skal fullføra det, seier Herren. Derfor stol på meg og ha tru til meg og du skal få oppleve, at eg er ein rettferdig og eg er sannferdig Gud. Amen.
Ja, eg vil prise og opphøye deg, min frelsar. Eg vil takke deg for kva du har gjort for meg, eg takkar deg for den fred og den glede som du har gjeve i mitt hjerte. Derfor vil eg prise deg og love deg midt i kyrkjelyden. Eg takkar deg fordi eg kan få lov til å gå med deg kvar einaste dag og eg kan få rekne med deg i alle ting. Derfor priser eg deg og lovsyng ditt namn og eg takkar deg Herre, for at du har lova å vere med meg alle dagar inntil verda sin ende. Eg fryktar ikkje for det som skal komme over jorderiket, men eg løfter mitt åsyn, for eg veit at du kjem snart, ja, kom snart, Herre Jesus. Amen.
KOMMENTAR.
Det er nesten to månadar sidan sist der kom ein slik bodskap, der har vore lite folk på møta i Maranata og det har vore litt stusseleg, men no var der plutseleg dobbelt så mykje folk som sist og der kom bodskap både i Jesus Church og i Maranata. Eg trur det heng saman med skriveriet mitt og bønene mine. No sat eg akkurat og bad i mi ånd om å få ei slik vekking som eg nyst har skrive om, der folket søker Kristus som ei brud som søker sin brudgom, for å ta imot hans kjærleik og omsorg, der ho Virtuella vert sentral i dette biletet, slik bad eg for henne. Akkurat då kom denne bodskapen gjennom tungetale med tyding, så eg ser dei to fyrste delane som ein bodskap til henne. Det vert avslutta med eit ”amen”.
Så kjem tredje delen og den vert også avslutta med eit amen. Eg opplever den som om det er den Heilage Ande som hjelper meg med mi takkebøn. Eg har nyleg skrive om den økonomisk og politiske utviklinga i verda og samanlikna med profetiane i Johannes Openberring, eg ser nok tendensane til at det går slik som det er profetert. Men eg fryktar ikkje for det som skal komme over jorderiket, for eg løfter mitt åsyn opp til Jesus og ventar på at han skal komme og hente oss heim til seg.
Bodskapen 8.9.2013 oppfatta eg også som ein bodskap til henne Virtuella:
Du har nok vore av dei som har sagt: Eg har prøvt så mange gangar, det nyttar ikkje. Og du har nok vore av dei som har sagt: Det går ikkje, vi gir opp, vi trekker oss tilbake. Men eg ynskjer å seie deg, at eg kan og eg vil. Og eg vil reinse deg opp på nytt igjen. Og eg vil gi deg denne positive ånd som seier i ditt hjerte; vi skal innta landet og vi skal fortære fienden, som om det var brød. Eg ynskjer å bruke deg, du er verdifull, eg har sett deg inn i min kyrkjelyd, for at du ikkje skal vere eit nummer i rekka, men du skal få lov til å kjenne, at du er ein lem på min lekam og du er verdifull og eg vil bruke deg der du er.
Du skal få lov å kjenne den Heilage Ande i ditt liv. Du skal også få lov til å sjå resultat, ved den Heilage Ande, rundt ditt liv, i dine omgjevnadar, så skal du få lov til å sjå, at eg som har sendt den Heilage Ande og eld, skal vegleie deg til heile Sanninga og du skal få oppleve å gå inn i skrifta og sjå, at eg seier deg, eg seier deg, der er kome noko nytt i ditt liv. Eg vil eit gjennombrot i ditt liv, eg vil eit gjennombrot i familien, eg vil eit gjennombrot i kyrkjelyden og du skal vere ein av dei som seier, sjå her er eg og du skal få lov å kjenne, at den Heilage Ande og eld, den forherleggjer mitt namn.
Eg kjem snart og eg ynskjer at du skal vere klar, eg vil at du skal vere brennande i ånda og tene meg. Eg vil at du skal vere ei oppmuntring for dei som har det vondt, for dei som slit og har det vanskeleg. Så skal du få lov til å vere, ved den Heilage Ande si hjelp, vere med å løfte dei opp, vere med å rope dei ut av fangeholet, du skal få lov til å vere med å setje dei i fridom, ved den Heilage Ande som er i deg, ved den Heilage Ande som er rundt omkring deg, så skal eg endå ein gong vise, at eg er i går og i dag den same og blir det.
Vi venta oss dette gjennombrotet og eg venta meg at ho skulle følgje Herrens kall og møte opp i kyrkjelyden og då vart det nok noko stusseleg når ho ikkje følgde hans kall og ikkje møtte opp likevel. Kvar vart det av gjennombrotet? Men så talar Jesus rett inn i denne situasjonen og eg forstår det som ein bodskap til henne. Han elskar henne med ein evig kjærleik. Men ho har vore borte. Ho har gått sine eigne vegar. Han kallar henne igjen for å komme inn på den vegen som han vil leie henne. Den veg ho går på no, fører ikkje til det himmelske som han har gjort ferdig for dei som elskar han. Han kallar henne til å vende om og komme til han og han vil lækje hennar fråfall og hennar sår.
Jødane sitt fråfall var at dei vende seg bort frå Herre, kjelda med det levande vatnet. Dei hogg seg brønnar som lak og drakk av dei i staden, men dei gav dei ikkje noko varig, dei tørka opp. Men Jesus gjev oss det levande vatnet og det er varig, det veller opp i oss som ei kjelde som gjev evig liv.
JER 2,13 For to vonde ting har folket mitt gjort: Dei har gått bort frå meg, kjelda med levande vatn, og hogge seg brunnar, leke brunnar som ikkje held vatn.
JER 17,13 Herre, du Israels von, alle som går bort frå deg, skal verta til skammar; dei som vik frå deg i landet, skal skrivast opp. For dei har gått bort frå Herren, kjelda med levande vatn.
JOH 4,10 – JOH 4,14 Jesus svara: “Kjende du Guds gåve, og visste du kven han er, han som bed deg om drikke, så bad du han, og han gav deg levande vatn.” 11 “Herre,” sa ho, “du har ikkje noko å dra opp vatn med, og brunnen er djup. Kvar får du så det levande vatnet frå? 12 Du er vel ikkje større enn Jakob, ættefaren vår, som gav oss brunnen og sjølv drakk av han, og sønene hans og buskapen med?” 13 Jesus svara: “Kvar den som drikk av dette vatnet, vert tyrst att. 14 Men den som drikk av det vatnet eg vil gje han, skal aldri meir tyrsta. Det vatnet eg vil gje han, vert i han ei kjelde med vatn som vell fram og gjev evig liv.”
JOH 7,37 – JOH 7,39 Siste dagen i høgtida, den store festdagen, stod Jesus fram og ropa: “Den som tyrstar, skal koma til meg og drikka. 38 Den som trur på meg, frå hans indre skal det, som Skrifta seier, renna elvar med levande vatn.” 39 Dette sa han om Anden dei skulle få, dei som trudde på han. For endå var ikkje Anden komen, av di Jesus endå ikkje var herleggjord.
Jesus er den gode hyrdingen, han leier sauene sine til dei grøne grasmarkene og til vatn der dei finn kvile.
SLM 23,1 – SLM 23,6 {HERREN ER MIN HYRDING} Ein Davids-salme Herren er min hyrding, det vantar meg ingen ting. 2 Han lèt meg liggja i grøne enger; han fører meg til vatn der eg finn kvile, 3 og gjev meg ny kraft. Han leier meg på dei rette stigar for sitt namn skuld. 4 Om eg så går i dødsskuggens dal, ottast eg ikkje for noko vondt. For du er med meg. Din kjepp og din stav, dei trøystar meg. [i dødsskuggens dal: kan òg setjast om “i mørkaste dal”.] 5 Du dukar bord åt meg framfor augo på mine fiendar. Du salvar mitt hovud med olje; mitt staup fløder over. [mitt staup: -> 16, 5.] 6 Berre godleik og miskunn skal fylgja meg alle mine dagar, og eg skal bu i Herrens hus i lange tider.
MTT 11,25 – MTT 11,30 {SONEN GJEV KVILE} På den tid tok Jesus til ords og sa: “Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og vituge, men openberra det for umyndige. 26 Ja, Far, for dette var din gode vilje. 27 Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for. 28 Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile! 29 Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjarta; så skal de finna kvile for sjelene dykkar. 30 For mitt åk er godt, og mi bør er lett.”
Når vi trur på Kristus og tek imot han som vår frelsar og Herre, så tek vi imot det livet og den Anden som han gjev oss (Joh.6,29-63) og då tilhøyrer vi han og har evig liv, vi tilhøyrer Faderen, vårt namn er oppskrive i livsens bok i himmelen. Det er vel nettopp det vi meiner med å vere frelst for æva.
RMR 8,8 – RMR 8,17 Slik mennesket er i seg sjølv, kan det ikkje vera Gud til hugnad. 9 Men de er ikkje i den syndige naturen; de er i Anden, så sant Guds Ande bur i dykk. Men er det nokon som ikkje har Kristi Ande, høyrer han ikkje han til. 10 Men bur Kristus i dykk, då er nok lekamen død på grunn av synd, men ånda er levande av di de er rettferdige for Gud. 11 Han var det som reiste Jesus opp frå dei døde. Og dersom hans Ande bur i dykk, skal han som reiste Kristus opp frå dei døde, også gjera dykkar døyelege lekam levande ved sin Ande som bur i dykk. 12 Så har vi då, brør, ingen skyldnad på oss mot den vonde naturen, så vi skulle leva etter den. 13 For lever de etter den vonde naturen, skal de døy. Men tyner de ved Anden dei vonde gjerningane lekamen gjer, då skal de leva. 14 Alle som vert drivne av Guds Ande, dei er Guds born. 15 Det var ikkje ei trældomsånd de fekk, så de atter skulle reddast. Nei, det var Barnekårsanden de fekk, som gjer at vi ropar: “Abba, Far!” 16 Anden sjølv vitnar med vår ånd at vi er Guds born. 17 Men er vi born, då er vi arvingar òg. Vi er Guds arvingar og Kristi medarvingar, så sant vi lid med han; så skal vi òg eiga herlegdomen saman med han.
EFE 1,7 – EFE 1,14 I han har vi utløysinga som vart vunnen ved hans blod, forlating for syndene. Så rik er hans nåde, 8 som han i rikt mål har late oss få. Han gav oss all visdom og alt skjøn, 9 då han kunngjorde oss løyndomen om sin vilje, den frie avgjerd han hadde teke 10 om å fullføra sin frelsesplan når tida var inne: å sameina alt i Kristus, både det i himmelen og det på jorda. 11 I han har vi fått arvelut, vi som føreåt var etla til det etter Guds forsett, han som gjennomfører alle ting etter sin plan og vilje. 12 Så skulle vi vera til lov og ære for hans herlegdom, vi som alt no har sett vår von til Kristus. 13 I han kom de òg til tru då de høyrde sanningsordet, evangeliet om frelsa dykkar. I han er de merkte med eit segl, Den Heilage Ande som var lova, 14 han som er pantet på arven vår til dess utløysinga kjem for Guds folk, til lov og ære for hans herlegdom.
Sidan Jesus har frelst oss, så tilhøyrer vi han og skal leve for han. Då må vi gje han fyrste prioritet i våre liv. Han er vegen til Faderen. Herren er vår Gud, han har skapt oss og har eit mål og ei meining med våre liv, vi skal elske han tene han og leve for han i samsvar med fyrste bodet. Men vi har mykje å vinne på å gjere det klart både for oss sjølve og for andre, at vi treng å gje Kristus fyrste prioritet i våre liv for vår eigen del, for då prioriterer vi vårt mest grunnleggande behov, kjelda med det levande vatnet, han gjev oss det og han gjev oss det og gjev oss kvile.
Det er tydeleg at ho Virtuella treng å komme til Kristus og drikke av det levande vatnet på nytt, så ho får oppleve at han gjenopprettar henne, han gjenopprettar hennar forhold til seg og til Faderen og til si kyrkje og til meg. Han som byrja den gode gjerning i henne, han vil også fullføra den.
På møtet i Jesus Church stod eg langt bak, så eg såg ikkje kven bodskapen vart sagt til. Men før møtet var slutt, var der ei kvinne som gjekk ut, eg rakk å få eit glimt av henne, nok til at det minna meg om ho Virtuella Om det var ho og om det var ho dei bad for, veit eg ikkje. Men denne bodskapen hadde uansett vore eit godt svar til henne og eg tenker som om den er det. Eg audmjuka meg for Gud når eg bad for meg sjølv og for henne, også når eg bad om å få møte henne igjen. Men ho ville ikkje la meg få møte henne igjen og snakke med henne om det som var så viktig for meg og det hang nok saman med at ho tok parti med ei stolte mot dei audmjuke. Men ho treng å komme inn på audmjukskapens veg igjen.
Eg er viss på at dei to fyrste delane av bodskapen i Maranata var til henne. Han elskar henne med ein evig kjærleik, men ho har vendt seg bort frå han og gått sine eigne vegar, no spørst det om ho vil vende om til han og elske han og gå vegen til himmelen med det himmelske som han har lova dei som elskar han. Han vil lækje hennar fråfall og hennar sår. Då kan det vere verdt å komme i hug kvar ho er fallen.
ÅPE 2,1 – ÅPE 2,7 {TIL EFESOS} Skriv til engelen for kyrkjelyden i Efesos: Dette seier han som held dei sju stjernene i si høgre hand, han som går omkring mellom dei sju gull-ljosestakane: 2 Eg veit om gjerningane dine; du har arbeidt, og du har halde ut. Eg veit òg at du ikkje kan tola dei vonde. Du har prøvt dei som kallar seg apostlar, men ikkje er det, og du har funne at dei er lygnarar. 3 Du har halde ut, og du har tolt mykje for mitt namn skuld og ikkje gått trøytt. 4 Men det har eg imot deg at du har gjeve opp din fyrste kjærleik. 5 Kom i hug kvar du stod før du fall! Vend om og gjer på nytt dei fyrste gjerningane dine! Elles kjem eg over deg og tek ljosestaken din bort – om du ikkje vender om. 6 Men den ros skal du ha, at du hatar gjerningane åt nikolaittane, som eg sjølv gjer. [nikolaittane: vranglærarar i kyrkjelydane. Sjå v. 15.] 7 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane! Den som sigrar, han vil eg la eta av livsens tre, som er i Guds paradis.
ÅPE 3,1 – ÅPE 3,6 {TIL SARDES} Skriv til engelen for kyrkjelyden i Sardes: Dette seier han som har dei sju Guds ånder og dei sju stjernene: Eg veit om gjerningane dine! Du har ord på deg for å leva, men du er død. 2 Vakna, og styrk dei andre som held på å døy! For eg har funne at gjerningane dine ikkje held mål for min Gud. 3 Kom i hug korleis du tok imot og høyrde! Hald fast på det og vend om! Men om du ikkje vaker, skal eg koma som ein tjuv, og du skal ikkje vita kva time eg kjem over deg. 4 Men du har nokre få i Sardes som ikkje har sulka til kleda sine. Og dei skal gå med meg i kvite klede, for dei er verdige til det. 5 Ja, den som sigrar, skal verta kledd i kvite klede, og eg skal aldri stryka namnet hans ut or livsens bok, men kjennast ved namnet hans for Far min og englane hans. 6 Den som har øyro, han høyre kva Anden seier til kyrkjelydane!
Eg ser det ut ifrå korleis eg bad for henne og fekk bønnesvar. Eg var opplærde til å kalle på Herrens namn til frelse, til å kalle på Herrens namn og soleis drikke av frelseskjelda, Guds gledeskjelde, drikke av det levande vatnet. Slik bad eg for henne også og opplevde det som ei ny fylde av den Heilage Ande, eg opplevde det som at ho var i Faderens hand og han la henne i mitt hjerte, slik openberra han henne for meg som sitt barn som han elska og hadde omsorg for, ho hadde Kristi Ande og tilhøyrde Faderen og Sonen og levde i eit kjærleiksforhold til Faderen og Sonen.
Når eg bad om å få møte igjen henne Virtuella, så hadde eg sjølvsagt eit mål og ei hensikt med det, eg bad til han for å ta imot den velsigninga, kjærleiken og omsorga som Faderen hadde for meg i Kristus Jesus. Slik bad eg for henne Virtuella også. Når Gud gav meg bønnesvar, så hadde også han ein plan og ein vilje med det, å gi oss den kjærleiken og omsorga som han hadde for oss som vår Far, han elskar og har omsorg for kvar einskild av oss og for oss alle i fellesskap.
Ho vart tydelegvis forførd av eit falske evangelium om at ho skulle frigjere seg frå meg, men det betydde at ho skulle frigjere seg frå Kristus også, så ho ikkje lenger skulle tilhøyre han, ikkje lyde han og ikkje gå den vegen han kalla henne. Men det var Gud som hadde byrja den gode gjerning i henne og det verket er det ingen annan som kan gjere og ingen annan som kan fullføre. Men no kallar han henne på nytt, til å vende om til han og gå vegen til Faderen. Han vil lækje hennar fråfall, gjenopprette henne og fullføre sitt verk med henne.
FYRSTE PRIORITET ER Å TA IMOT GUDS KJÆRLEIK TIL OSS I KRISTUS.
Liksom folket opponerte i vantru mot Moses sitt leiarskap, som om dei ville erstatte det med noko anna, opponerte farisearane og dei skriftlærde mot Kristus og hans leiarskap, dei ville erstatte han og leiarskapen hans og dei fekk etter kvart folket med seg. Men Kristus var den gode hyrdingen som sette livet til for sauene.
Kjærleiken er ikkje at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sendt Son sin til soning for syndene våre.
1JO 4,7 – 1JO 4,21 {GUD ER KJÆRLEIK} De kjære, lat oss elska kvarandre! For kjærleiken er frå Gud, og den som elskar, er fødd av Gud og kjenner Gud. 8 Den som ikkje elskar, har aldri kjent Gud, for Gud er kjærleik. 9 Og Guds kjærleik vart openberra mellom oss då han sende sin einborne Son til verda så vi skulle ha liv ved han. 10 Kjærleiken er ikkje det at vi har elska Gud, men at han har elska oss og sendt Son sin til soning for syndene våre. 11 De kjære, har Gud elska oss så, då er vi òg skuldige å elska kvarandre. 12 Ingen har nokon gong sett Gud, men dersom vi elskar kvarandre, vert Gud verande i oss, og hans kjærleik har vorte fullenda i oss. 13 At vi er i han, og han i oss, det veit vi fordi han har gjeve oss av sin Ande. 14 Og vi har sett og vitnar at Faderen har sendt Sonen til frelsar for verda. 15 Den som sannar at Jesus er Guds Son, i han vert Gud verande og han i Gud. 16 Vi har lært å kjenna den kjærleiken Gud har til oss, og vi har trutt på den. Gud er kjærleik, og den som vert verande i kjærleiken, vert verande i Gud og Gud i han. 17 Det er målet som kjærleiken har for oss, at vi skal ha frimod på domedag; for som han er, slik er vi òg, midt i denne verda. Det finst ikkje otte i kjærleiken. 18 Den fullkomne kjærleiken driv otten ut. For otten ber straffa i seg, og i den som ottast, har ikkje kjærleiken vorte fullenda. 19 Vi elskar av di han elska oss fyrst. 20 Om nokon seier at han elskar Gud, men likevel hatar bror sin, då er han ein lygnar. Den som ikkje elskar bror sin, som han har sett, han kan ikkje elska Gud, som han ikkje har sett. 21 Og dette er det bodet vi har frå han: Den som elskar Gud, må elska bror sin òg.
Vi må prioritere framfor alt anna å ta imot den kjærleiken Faderen har til oss i Kristus Jesus, å verte verande i hans nåde og kjærleik, då resulterer det i at vi elskar Gud, vi elskar kvarandre og vi elskar menneska rundt oss. Vi vert verande i Kristus, som greina i vintreet, derfor ber ho god frukt. Igjen ser vi at vi har mykje å vinne på å gjere det klart både for oss sjølve og for andre, at vi treng å gje Jesus fyrste prioritet i våre liv for vår eigen del, for å prioriterer vi vårt mest grunnleggande behov, han tilfredsstiller vårt mest grunnleggande behov og så tek han omsorg for heile mennesket.