Video frå kristne møte: https://www.youtube.com/watch?v=-lzAsRbJBfQ&list=PL_37XqaismMjpMjrkaWkszFl63YEYzT2N

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

2012.03.11.Maranata. Jesu kraft, herlegdom og lys.

Jesus sa til oss: Fienden forsøkte å formørke mitt åsyns lys, men dei kunne ikkje formørke det. Mitt åsyns lys strålte over eit folk som sat i mørke og dødsskugge. Mange var dei som forsøkte å formørke dette lyset ifrå Guds himmel, men mine fiendar klarde det ikkje. For Herrens kraft var hos meg og Herrens kraft var i meg.

Innleiing ved Mari:

 

JER 18,1 – JER 18,6 {LEIRA I HANDA PÅ KRUSMAKAREN} Dette er det ordet som kom til Jeremia frå Herren: 2 “Stå opp og gå ned til krusmakarens hus! Der skal du få høyra orda mine.” 3 Så gjekk eg ned til krusmakaren, som stod og arbeidde ved dreieskiva. 4 Når det kjeraldet han heldt på med, vart mislukka – slikt hender med leira i ein krusmakars hand – så gjorde han det om att og laga eit anna kjerald, som han ville ha det. 5   Då kom Herrens ord til meg, og det lydde så: 6 Skulle ikkje eg kunna gjera med dykk, Israels ætt, like eins som denne krusmakaren gjer med leira? lyder ordet frå Herren. Som leira i krusmakarens hand, så er de i mi hand, Israels ætt.

 

Tale ved Tore Kristiansen:

 

2KO 3,7 – 2KO 3,18 Den tenesta som var føreskriven med bokstavar hogne i stein, var ei dødens teneste. Likevel var ho omgjeven av ein slik herlegdom at israelittane ikkje kunne sjå Moses i andletet; så sterk var glansen frå det, endå det var ein glans som kvarv. 8 Kor mykje større herlegdom har ikkje då Andens teneste? 9 For hadde fordømingstenesta herlegdom, så må rettferdstenesta vera endå mykje rikare på herlegdom. 10 Ja, det som den gongen var omgjeve av herlegdom, har mist all herlegdomen sin. For no er det kome ein herlegdom som er så mykje, mykje større. 11 For når det som kvarv, var herleg, kor mykje herlegare må ikkje det vera som vert ståande? 12   Sidan vi no har slik ei von, går vi fram med stort frimod. 13 Vi gjer ikkje som Moses, han som la eit sveip over andletet, så israelittane ikkje skulle sjå den kvervande glansen før han var borte. 14 Men dei vart forherda. For heilt til denne dag ligg dette sveipet der når dei les frå bøkene i den gamle pakta. Og dei ser ikkje at pakta er avlyst i Kristus. 15 Ja, heilt til denne dag ligg det eit sveip over hjarta deira når Moses vert lesen. 16 Men når dei vender om til Herren, vert sveipet bortteke. 17 Herren er Anden, og der Herrens Ande er, der er fridom. 18 Men vi som med usveipt åsyn ser Herrens herlegdom som i ein spegel, vi vert alle omlaga til det same biletet, frå herlegdom til herlegdom. Dette skjer ved Herrens Ande.

Tungetale ved Mari, tyding ved Tore:

 

Fienden forsøkte å formørke mitt åsyns lys, men dei kunne ikkje formørke det. Mitt åsyns lys strålte over eit folk som sat i mørke og dødsskugge. Mange var dei som forsøkte å formørke dette lyset ifrå Guds himmel, men mine fiendar klarde det ikkje. For Herrens kraft var hos meg og Herrens kraft var i meg. Og når fienden mønstra og eg møtte dei, så var det kraft i min Ande til å lækje all slags sjukdom, til å løyse alle slags band, til å løfte opp alle dei som var misstrøstige, til å lindre all nød og sorg, fordi eg eigde ei kraft der inne i mi ånd, som fienden yngste å sløkke, men dei klarde ikkje å sløkke den. Derfor gjekk eg, Herren Jesus, omkring og gjorde vel og lækte all slags sjukdom og all slags skrøpelegdom. Og mine omgjevnadar, dei såg min herlegdom og dei fryda seg i Anden. Og du mitt barn som lever i dag, gled deg over dei store gjerningar eg har gjort, fryd deg over at eg framleis er mektig til å gjere det same i dag. For mi hand er ikkje for kort og mitt øyre er ikkje for tunghøyrt. Og du skal vite at den som trur på meg, han skal få sjå min herlegdom. Og du skal igjen få løfte blikket mot himmelen og fryde deg og glede deg og ikkje noko vondt skal komme nær til ditt telt, for eg er med deg. Amen.

 

Aktuelle bibelvers.

 

JES 9,2 – JES 9,7 {FREDSFYRSTEN} Det folket som ferdast i mørkret, skal sjå eit stort ljos; over dei som bur i skuggelandet, skal ljoset stråla. 3   Du lèt dei fegnast, gjer gleda stor. Dei gleder seg for ditt åsyn som ein gleder seg i kornskurden, som ein jublar når hærfang vert utskift. 4   For det tunge åket, stonga over nakken deira og staven åt drivaren deira, har du brote sund som på Midjans dag. [Midjans dag: då Gideon sigra over midjanittane. Sjå Dom 7, 23 ff.] 5   Ja, kvar støvel som trampa i stridsgny, og kvar kappe dregen i blod, skal brennast og verta til føde for elden. 6   For eit barn er oss født, ein son er oss gjeven. Herreveldet kviler på hans aksler, og han skal kallast: Underfull Rådgjevar, Veldig Gud, Evig Far, Fredsfyrste. [eit barn: ein konge av Davids ætt (Messias).] 7   Så skal herredømet verta stort og freden utan ende over Davids kongsstol og over riket hans. Han skal grunnfesta det og halda det oppe med rett og rettferd frå no og til evig tid. I sin brennhug skal Herren, Allhærs Gud, gjera dette.

 

JES 59,1 – JES 59,21 {SYND OG FRELSE} Sjå, Herrens hand er ikkje så kort at han ikkje kan frelsa, og hans øyra ikkje så tunghøyrt at han ikkje kan høyra. 2   Nei, det er misgjerningane dykkar som skil mellom dykk og dykkar Gud. Syndene dykkar løyner hans åsyn, så han ikkje høyrer dykk. 3   Hendene dykkar er tilsølte med blod og fingrane flekka med skuld, lippene dykkar talar lygn, og tunga mumlar svik. 4   Ingen stemner til doms med rette, og ingen fører sak på ærleg vis. Dei lit på fåfengd og talar lygn, dei ber på urett og føder vondskap. 5   Dei klekkjer ut ormeegg og vev spindelvev. Den som et deira egg, må døy, og knuser du eit, kjem det fram ein orm. 6   Deira vevnad duger ikkje til klede, ingen kan kle seg med det dei lagar. Det dei gjer, er vondskaps gjerning, valdsverk kjem frå deira hender. [Deira vevnad: Den moralske livnaden vert stundom samanlikna med klede. Sml. Sal 132, 9; Job 29, 14.] 7   Dei er snare på foten til det som er vondt, og snøgge til å renna ut skuldlaust blod. Alle deira tankar er vonde, der dei fer, er herjing og øyding. 8   Freds veg kjenner dei ikkje, det finst ingen rett i deira spor. Dei går på krokete stigar, og ingen som ferdast der, veit av fred. 9   Difor er retten langt borte frå oss, rettferda når oss ikkje. Vi ventar på ljos, men sjå, det er mørkt, på solskin, men ferdast i skugge. 10   Vi trivlar langs veggen som blinde, vi trivlar som folk utan augo. Vi snåvar på ljose dagen som om det var skumring, i vår beste alder er vi som døde. 11   Vi gryler alle som bjørnar og klynkar og klagar som duer. Vi ventar på rettferd, men ho kjem ikkje, på frelse, men ho er langt borte frå oss. 12   Du ser at våre synder er mange, våre brot vitnar imot oss. Ja, våre synder veit vi om, våre misgjerningar kjenner vi: 13   Vi har reist oss mot Herren, har fornekta han og gått bort frå vår Gud. Vi har tala om vald og fråfall og mumla fram svikefulle ord som var avla i hjarta. 14   Difor er retten unnatrengd, rettferda står langt borte. På torget er sanninga fallen, og det rette vinn ikkje fram. [På torget: der rettssaker kunne avgjerast.] 15   Truskapen er borte, og den som held seg frå vondskap, vert plyndra.   Herren såg – og det var vondt i hans augo – at det ikkje var retten som rådde. 16   Han såg at ikkje ein steig fram, og undra seg over at ingen førte hans sak. Då kom hans arm han til hjelp, hans rettferd stødde han. 17   Han tok rettferd på seg til brynje og sette frelseshjelm på sitt hovud. Så kledde han seg i hemnens klednad og sveipte om seg brennhug til kappe. 18   Han løner folk etter det dei har gjort, med harme mot uvener, hemn over fiendar; jamvel mot øyar og strender gjer han attergjeld. 19   Dei skal ottast Herrens namn i vest og hans herlegdom i aust. For han kjem som ein veldig flaum, som Herrens storm driv fram. 20   Han kjem som utløysar for Sion, for dei som snur om frå synd i Jakob, lyder ordet frå Herren. 21   Dette er den pakt som eg vil gjera med dei, seier Herren: Min Ande som er over deg, og mine ord som eg har lagt deg i munnen, skal aldri, frå no og til evig tid, vika frå din munn og heller ikkje frå munnen åt borna og barneborna dine, seier Herren.

 

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: