Gud vil utgyte sin Ande over alt kjøt, han vil openberre si kraft mellom oss.
Motstand vil reise seg mot det som han gjer. Men vi skal ikkje vere opptekne av det, men vi skal vere opptekne av det som er der oppe, søke Herren. Motstandarane sine metode er baktale og lygn, når dei brukar slike metoder mot meg, skal eg glede meg, for stor er løna mi i himmelen. Maranata 29.4 & 6.5. 2012.
Takk Jesus for at du ofra ditt liv for alle menneske. Møte i Maranata 29.4.
Tyding av tungetale.
Tungetale ved Mari, tyding ved Harald Risdal:
Eg priser deg Herre. Takk for den levande bodskapen. Takk for at du ofra ditt liv. Takk for kva du gjorde for alle menneske. Ingen var unnlatt, men du tok det alt saman, Herre. Og eg vil prise og lovprise deg Herre. Og det skal forkynnast over landegrenser, over land og hav … som du har sendt ditt ord til. For eg fryder meg og fryder meg, eg fryder meg, og takkar deg Herre, for denne bodskapen, som har nått mitt hjerte, at vi skal nå utover, utover til dei mange som treng det.
Å, eg prisar deg Herre, takk for ditt store verk, (det er ikkje noko nedrennt?) og innbilt verk eg er i deg Herre og eg kjenner at du har gitt meg visse og trua si visse, eg veit at du har frelst meg, eg veit at du har født meg på nytt. Å eg prisar deg og opphøyer ditt namn, for det at du har eit namn som er over alle namn, der finst ikkje noko namn som er over ditt og i det namnet, så veit eg at der er frelse, der er fridom og der er forløysing. Og ein dag skal alle kne bøyast og kvar tunge skal vedkjenne at du er Herre til Gud Faders ære. Du som er min frelsar og du som er mitt liv. Amen.
Gud kalla Peter til å gå til Korneius’ hus med evangeliet. MØTE I MARANATA 6.5.2012.
INNLEIING.
Ei kvinne innleia møtet med å lese
ÅPE 2,4 – ÅPE 2,5 Men det har eg imot deg at du har gjeve opp din fyrste kjærleik. 5 Kom i hug kvar du stod før du fall! Vend om og gjer på nytt dei fyrste gjerningane dine! Elles kjem eg over deg og tek ljosestaken din bort – om du ikkje vender om.
Ho sa ho hadde vorte minna om dette verset dagen før, men forstod viss ikkje heilt kvifor. Ho snakka om kor ivrig ho var med å fortelje andre om si frelse rett etter at ho vart frelst, men meinte at ho framleis hadde same kjærleiken, sjølv om metodane nok hadde endra seg.
Det vart også sagt noko om ei markering utanfor Stortinget som protest mot at regjeringspartia ville endre grunnlova for å fjerne kristendomen.
Kommentar:
Eg tenkte på at eg hadde brukt same verset på ein krass måte mot ein gammal kristen kamerat som så tydeleg er hemmeleg og stille fråfallen og tok denne innleiinga som ei stadfesting på at eg traff blink med den helsinga. Vidare tok eg det som ei stadfesting på at eg hadde gjort rett i tenke så mykje og skrive så mykje om mitt forhold til henne Virtuella så langt tilbake i tid som gymnastida.
Tale ved Jon Miland.
Jon talte om korleis Gud kalla Peter til Kornelius sitt hus for å forkynne evangeliet. Peter hadde sine vegringar mot å gå til heidningane med evangeliet, til tross for at Jesus hadde sagt det allereie då han gjekk her på jorda, men no overbeviste Gud han om det i eit syn. Det er talande for korleis vi kan vegre oss for å gå til nye grupper med evangeliet, nye grupper som vi opplever ligg fjernt frå oss og vår tenkemåte, vår snevre kulturkrets.
Kommentar.
Vi har så vanskeleg for å bryte ut av vår eigen kulturkrets som er så dominert av Krf. Det verste av det heile er at Krf-dominansen eigentleg er eit forsøk på å bringe menneska tilbake til trældomen. Det er eit svik imot Kristus og mot mannen som Kristus er hovudet for.
Vidare tek eg tala som ei stadfesting på at eg har gjort rett i å skrive og tale for at ho Virtuella skal verte frelst, eg har talt hennar frelses-sak for Gud og menneske og håper å få sjå resultat av det. Eg håpar å få møte henne igjen som ei frelst sjel og ei levande sjel, som elskar Jesus og syng kjærleikssongar til han, slik som ho gjorde då ho gjekk på gymnaset, eg har ei overtyding om at hennar forhold til meg må gjenopprettast for at ho skal kunne lovprise Jesus på same måten, med den same ekte kjærleiken, for den bodskapen som kom hausten 1985 tyder på det, ho var den lovsongen som Gud hadde lagt ned i meg og som var min og som skulle vere min i all æve, i djupet av meg, der var den. Det var hennar sjel og det var den nye skapningen som elska Jesus, ho var eit Guds barn som var fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd.
Tyding av tungetale.
Oddbjørg kom med tungetale og Jon Miland tyda det:
Ja, eg har sagt i mitt ord, at i dei siste dagar, så skal eg utgyte av min Ande over alt kjøt. Og det skal de få oppleve, seier Herren, at eg skal utgyte min Ande over masse menneske. Og sjå, dei skal komme og dei skal søke meg. Det er fordi at den Heilage Ande blir utgytt over dei. Eg vil virke på dei, eg dreg dei til mitt hus, seier Herren. For eg er mektig, det er eg som har all makt i himmel og på jord, seier Herren. Derfor mine born, gi ikkje opp, men hald fast, seier Herren, og eg skal løne dykk når tida er inne. Og sjå den er ikkje langt borte, seier Herren, då eg skal avdekke min heilage arm. Og eg skal vise mi kraft mellom dykk, de skal verte forundra, seier Herren, når eg rekker min arm ut til teikn og undergjerningar. Og det blir konkrete, levande bevis på at eg lever, den gamle av dagar. Og det vert bevis på at eg er i går og i dag den same. For sjå, eg har ikkje forandra meg, seier Herren, eg skal i sanning gjere det.
Motstand vil også reise seg imot det som eg gjer, seier Herren. Det har det alltid gjort og det kjem det til å fortsette med, seier Herren. Derfor skal de mine born ikkje vere opptekne av det, men de skal vere opptekne med det som er der oppe og søke meg, seier Herren, så skal eg ta meg av dei som står imot. Og dei som baktalar dykk og lyg på dykk, dei skal eg, Herren, ta meg av, seier Herren. Ver ikkje oppteken av det. Når dei baktalar deg og kastar ditt namn frå seg som noko vondt, seier Herren, ja, då skal du springe av fryd, seier Herren, for sjå, di lønn er stor i himmelen. Sjå, dei kalla meg for Beelsebul og dei forakta meg medan eg gjekk her nede på jorda. Men eg utførde min Fars gjerningar i det eg gjekk omkring og gjorde vel og lækte og løyste alle som var overvelda av Djevelen. Den same er eg i dag, seier Herren. Amen.
AKTUELLE BIBELVERS.
Gud vil utgyte sin Ande over alt kjøt.
1SA 10,1 Så tok Samuel ei krukke med olje og rende ut over hovudet hans og kyste han og sa: “No har Herren salva deg til fyrste over eigedomen sin. [Den gr. oms. har i andre halvparten av v. 1 ein lengre tekst, som lyder såleis: “No har Herren salva deg til fyrste over folket sitt, Israel, og du skal råda over Herrens folk og fria det frå fiendane på alle kantar. Og dette skal du ha til teikn på at Herren har salva deg til fyrste over eigedomen sin.”]
1SA 10,5 – 1SA 10,6 Sidan kjem du til Guds Gibea, der filistarane har vaktpostane sine. Når du kjem til byen, råkar du ein flokk profetar som er på veg ned frå haugen. Føre dei går det nokre som slår på tromme og spelar på harpe, fløyte og lyre, og sjølve er dei i profetisk glød. [Gibea: byen som Saul var frå (v. 26), nord for Jerusalem.] 6 Då kjem Herrens Ande over deg, så du òg kjem i profetisk glød liksom dei og vert eit anna menneske.
1SA 10,10 – 1SA 10,11 På vegen til Gibea møtte han ein flokk profetar. Då kom Guds Ande over han, og han vart gripen av profetisk glød midt imellom dei. 11 Alle som kjende han frå før, såg at han tala profetisk saman med profetane, og dei sa til kvarandre: “Kva er det som har hendt med son til Kisj? Er Saul òg mellom profetane?”
JOE 3,1 – JOE 3,2 {NÅR ANDEN VERT UTREND} Ein gong skal det henda at eg renner ut min Ande over alle menneske. Sønene og døtrene dykkar skal tala profetord; dei gamle mellom dykk skal ha draumar, og dei unge skal sjå syner. 2 Jamvel over trælar og trælkvinner vil eg renna ut min Ande i dei dagane.
Gud vil drage dei til sitt hus.
JOH 6,44 – JOH 6,45 Ingen kan koma til meg utan at Faderen som sende meg, dreg han; og eg skal reisa han opp på den siste dagen. 45 Det står skrive hjå profetane: Alle skal vera opplærte av Gud. Kvar den som høyrer på Faderen og lærer av han, kjem til meg.
JOH 6,60 – JOH 6,65 {MANGE STØYTER SEG PÅ JESU ORD} Mange av læresveinane hans sa då dei høyrde det: “Dette er harde ord! Kven kan høyra på slikt?” 61 Jesus visste med seg at læresveinane hans murra, og han sa til dei: “Støyter de dykk på dette? 62 Kva så når de får sjå Menneskesonen stiga opp dit han var før? 63 Det er Anden som gjer levande; her kan menneske ingen ting gjera. Dei ord eg har tala til dykk, er ånd og liv. 64 Men det er nokre av dykk som ikkje trur.” For Jesus visste frå fyrste stund kven det var som ikkje trudde, og kven som skulle svika han. 65 Og han la til: “Difor sa eg dykk at ingen kan koma til meg utan at det er gjeve han av Faderen.”
1PE 2,1 – 1PE 2,5 {DEN LEVANDE STEINEN OG DET HEILAGE FOLKET} Legg difor av all vondskap, svik og hyklarskap, misunning og baktale, 2 og lengta som nyfødde born etter den ekte, åndelege mjølk, så de kan veksa ved henne til frelsa er nådd. 3 De har då smaka at Herren er god. 4 Kom til han, den levande steinen, som vart vraka av menneske, men er utvald og dyr for Gud. 5 Ver de òg levande steinar som vert oppbygde til eit åndeleg tempel! Ver eit heilagt presteskap og ber fram åndelege offer, som er til hugnad for Gud ved Jesus Kristus.
Jesus vil løne oss.
JOH 4,35 – JOH 4,38 Seier de ikkje: Enno er det fire månader til grøda skal haustast inn? Men eg seier dykk: Lyft augo og sjå åkrane, korleis dei gulnar mot hausten! 36 Den som haustar, får løn og samlar grøde for det evige livet, så den som sår og den som haustar, kan gleda seg saman. 37 Her høver det ordet: Ein sår og ein annan haustar. 38 Eg har sendt dykk ut for å hausta det de ikkje har arbeidt med. Andre har arbeidt, og de har gått inn i arbeidet deira.”
2JO 1,7 – 2JO 1,11 {FALSKE LÆRARAR} For det har gått mange forførarar ut i verda, slike som ikkje sannar at Jesus Kristus er komen i kjøt og blod. Det er forføraren, det er Antikrist! 8 Ta dykk i vare, så de ikkje misser det de har vunne med arbeidet dykkar, men får full løn. 9 Den som ikkje held seg til Kristi lære, men går ut over den, har ikkje samfunn med Gud. Den som held fast ved læra, han har samfunn med Faderen og Sonen. 10 Kjem det nokon til dykk som ikkje fører denne læra, skal de ikkje ta han inn i huset og ikkje helsa han vel møtt! 11 For den som helsar han, vert medskuldig i alt det vonde han gjer.
ÅPE 22,10 – ÅPE 22,14 Så sa han til meg: “Set ikkje segl for dei profetiske orda i denne boka! For tida er nær. 11 Lat den som gjer urett, halda fram med å gjera urett, og den ureine halda fram med å vera urein! Lat den rettferdige gjera det som er rett, og den heilage halda fram i helging. 12 Sjå, eg kjem snart, og mi løn har eg med meg; eg vil gje kvar og ein att etter det han har gjort. 13 Eg er Alfa og Omega, den fyrste og den siste, opphavet og enden. 14 Sæle er dei som vaskar kleda sine, så dei får rett til å eta av livsens tre og gå inn gjennom portane i byen.
Herren vil avdekke sin heilage arm.
SLM 98,1 – SLM 98,9 {BRYT UT I JUBEL OG LOVSONG!} Ein salme. Syng ein ny song for Herren, for han har gjort under! Hans høgre hand har gjeve han siger, hans heilage arm har hjelpt han. 2 Herren har gjort si frelse kjend, har vist si rettferd for folkeslag. 3 Han kjem i hug si miskunn og sin truskap mot Israels ætt. Alle folk på jord har sett frelsa frå vår Gud. 4 Lat hyllingsrop lyda for Herren, all jorda! Bryt ut i jubel og lovsong! 5 Syng og spel på lyre for Herren, spel på lyre, medan songen ljomar! 6 Lat hyllingsrop lyda for kongen, Herren, til klangen av trompetar og horn! 7 Havet og alt som er i det, skal brusa, jorda og dei som der bur. 8 Elvane skal klappa i hendene, og fjella skal jubla i kor. 9 Dei skal jubla for Herren, for han kjem og vil døma jorda. Han skal døma verda med rettferd og folka med rettvise.
JES 52,7 – JES 52,10 Kor fagert det er når han som ber gledebod, kjem springande over fjell, melder fred og ber god bodskap, forkynner frelse og seier til Sion: «Din Gud er konge!” 8 Høyr, dine vaktmenn ropar, dei jublar alle i hop. For med eigne augo ser dei at Herren kjem heim att til Sion. 9 Set i med jubelrop, de aude tufter i Jerusalem! For Herren trøystar sitt folk og løyser ut Jerusalem. 10 Herren syner sin heilage arm for augo på alle folkeslag. Heile den vide jord får sjå frelsa frå vår Gud. [arm: bilete på styrke.]
Den gamle av dagar.
DNL 7,13 – DNL 7,14 Så såg eg i nattsynene mine: Sjå, med himmelens skyer kom det ein som var lik ein menneskeson. Han gjekk bort mot den gamle av dagar og vart ført fram for han. 14 Han fekk herredøme, ære og rike; folk og ætter med ulike språk, alle folkeslag skal tena han. Hans velde er eit evig velde, det skal ikkje forgå; hans rike går aldri til grunne.
DNL 7,21 – DNL 7,22 Eg såg at dette hornet førte krig mot dei heilage og vann over dei, 22 til dess den gamle av dagar kom. Då fekk dei heilage åt Den Høgste sin rett, og tida kom då dei heilage fekk riket i eige.
I går og i dag den same.
HEB 13,8 – HEB 13,9 Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja til evig tid. 9 Lat dykk ikkje riva med av allslags framande lærdomar. Det er godt at hjarta vert styrkt ved nåden, ikkje ved mat, for dei som held seg til dette, har ikkje hatt noko gagn av det.
Motstand.
HEB 12,1 – HEB 12,4 {TRUA SIN OPPHAVSMANN OG FULLENDAR} Når vi har så stor ei sky av vitne ikring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som har så lett for å hanga ved oss, og med tolmod fullføra det laupet som er lagt framfor oss, 2 med augo feste på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus. For å få den gleda som venta, tolte han krossen utan å bry seg om vanæra, og no har han sett seg på høgre sida av Guds kongsstol. 3 Ja, tenk på han som heldt ut ein slik motstand frå syndarar, så de ikkje skal trøytna og verta motlause. 4 {GUD OPPSEDAR OSS} I striden mot synda har de enno ikkje gjort slik motstand at det stod om livet.
TIT 2,7 – TIT 2,8 Ver sjølv eit føredøme for dei i gode gjerningar! Lat læra vera uforfalska, og ber henne fram med alvor! 8 Då vert forkynninga di sunn og ulastande, og kvar motstandar må skjemmast fordi han ikkje har noko vondt å seia om oss.
1PE 5,6 – 1PE 5,11 Audmyk dykk då under Guds mektige hand, så han kan opphøgja dykk i si tid. 7 Kast all dykkar sut på han, for han har omsut for dykk. 8 Ver edrue og vak! Dykkar motstandar djevelen går omkring som ei brølande løve for å finna nokon å gløypa. 9 Stå han imot, faste i trua! For de veit at brørne dykkar rundt om i verda lyt gå gjennom dei same lidingar. 10 Enno må de lida ei lita stund, men all nådes Gud, som ved Kristus har kalla dykk til sin evige herlegdom, han skal gjera dykk fullt dugande, faste, sterke og grunnfeste. 11 Han høyrer makta til i all æve. Amen.
Vere opptekne med det som er der oppe.
KOL 3,1 – KOL 3,10 {DET GAMLE OG DET NYE MENNESKET} Er de då oppreiste med Kristus, så søk det som er der oppe, der Kristus sit ved Guds høgre hand. 2 Lat hugen dykkar vera vend til det som er der oppe, ikkje til det som er på jorda. 3 De er då døde, og livet dykkar er løynt med Kristus i Gud. 4 Men når Kristus, vårt liv, openberrar seg, skal de òg openberrast i herlegdom saman med han. 5 Så lat då det jordiske i dykk døy: hor, ureinskap, lidenskap, vond lyst og havesykje, som ikkje er anna enn avgudsdyrking. 6 Det er slikt som gjer at Guds vreide kjem over dei ulydige. 7 Til dei høyrde de òg den gongen de levde i desse syndene. 8 Men no må de leggja av alt dette: sinne, ilske, vondskap, spott og rått snakk. 9 Og lyg ikkje for kvarandre! For de har lagt av det gamle mennesket med dei gjerningar det gjer 10 og ikledt dykk det nye mennesket, som vert fornya etter sin skapars bilete og lærer han å kjenna.
Baktale.
MTT 5,10 – MTT 5,12 Sæle dei som vert forfylgde for rettferd, himmelriket er deira. 11 Ja, sæle er de når folk for mi skuld spottar og forfylgjer dykk, lyg på dykk og talar vondt om dykk på alle vis. 12 Ver glade og fegne, for stor er løna dykkar i himmelen! Sameleis forfylgde dei òg profetane før dykk.
MTT 12,22 – MTT 12,37 {JESU MAKT OVER DEI VONDE ÅNDENE} Sidan kom dei til han med ein blind og mållaus mann som var forgjord. Jesus gjorde han god att, så han kunne både tala og sjå. 23 Alt folket vart frå seg av undring og sa: “Det skulle vel ikkje vera Davids-sonen?” 24 Men då farisearane høyrde det, sa dei: “Han kunne ikkje driva ut dei vonde åndene om han ikkje fekk hjelp av Beelsebul, hovdingen deira.” 25 Men Jesus visste kva dei tenkte, og sa til dei: “Eit rike som ligg i strid med seg sjølv, kjem snart til å øydast; og ein by eller ein heim som ligg i strid med seg sjølv, kan ikkje halda seg. 26 Om no Satan driv ut Satan, så er han komen i strid med seg sjølv. Korleis kan då riket hans halda seg? 27 Er det Beelsebul som hjelper meg til å driva ut dei vonde åndene, kven får då dykkar eigne tilhengjarar hjelp frå når dei driv ut ånder? Difor skal dei døma dykk. 28 Men er det ved Guds Ande eg driv ut dei vonde åndene, ja, då er Guds rike kome til dykk. 29 Eller kan nokon gå inn i huset til den sterke og røva det han eig, om han ikkje fyrst har bunde den sterke? Då kan han plyndra huset hans. 30 Den som ikkje er med meg, er imot meg; og den som ikkje samlar med meg, han spreier. 31 Difor seier eg dykk: All synd og spott skal menneska få tilgjeving for, men spott mot Anden skal ikkje tilgjevast. 32 Den som talar eit ord mot Menneskesonen, skal få tilgjeving. Men den som talar mot Den Heilage Ande, skal ikkje få tilgjeving, korkje i denne verda eller i den som kjem. 33 {TREET OG FRUKTENE} Anten er treet godt, og då er frukta òg god, eller treet er ringt, og då er frukta òg ring. Treet kjenner ein på frukta. 34 Ormeyngel! Korleis kan de som er vonde, seia noko godt? For det hjarta er fullt av, det talar munnen. 35 Eit godt menneske ber fram gode ting av det gode han gøymer på, eit vondt menneske ber fram vonde ting av det vonde han gøymer på. 36 Det seier eg dykk: Kvart gagnlaust ord som folk talar, skal dei svara for på domedag. 37 Ja, etter orda dine vert du frikjend, og etter orda dine vert du felt.”
MTT 10,24 – MTT 10,25 Ein læresvein står ikkje over meisteren sin, og ein tenar står ikkje over husbonden sin. 25 Det er nok for ein læresvein at han får det som meisteren, og for ein tenar at han får det som husbonden. Har dei kalla husbonden Beelsebul, kan då husfolket hans venta noko betre? [Beelsebul: Sjå Tillegg.]