Video frå kristne møte: https://studio.youtube.com/channel/UCx-mgohovh4cNvy-rj6Je8A/videos/upload?filter=%5B%5D&sort=%7B%22columnType%22%3A%22date%22%2C%22sortOrder%22%3A%22DESCENDING%22%7D

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

2011.12.18. Maranata. Jesus kalla Sions dotter ut i fridomen.

Jesus sa til Sions dotter:

For nådens sol skin, rettferdssola har gått opp med lækjedom og du kan gå ut i fridomen og du skal fryde og du kan gå ut i dansen med dei glade. Du skal ikkje bry deg om kva menneske seier om det, men du skal løfte blikket mot det høge og prise mitt heilage namn, for eg er Herren din ektemann, eg er Herren din brudgom og det er meg du skal skode (”beskue”), for eg som tok deg og drog deg opp av grava, eg skal gjere dine trinn faste og eg skal legge ein ny song i din munn og du skal gå ut i dansen med dei glade og prise mitt namn. Halleluja.

 

Tale.

Tore Kristiansen talte om kor viktig det var for jødane å bygge oppatt murane kring Jerusalem, då dei vende tilbake til landet sitt. Den einaste festningsmuren som gir godt nok vern, er Guds truskap.

 

Mi bønn og min lovsong.

I dette møtet sat eg og takka Jesus for at han frelser meg og at han frelser ei kone til meg, henne ”Miss Oslo 1990”. (Tilleggskommentar 8.8.2012: Dette er ei forenkling av korleis eg tenker, vel, til tider har eg vel tenkt så enkelt også, men her trengst ei presisering, sjå fotnoten[1]. Men det som er så enkelt, det er å takke og lovprise Gud som har skapt ei så vakker jente og takke og lovprise Gud og Lammet for det fullførde frelsesverket, det er fullført for meg og det er fullført for henne).

Slik tek eg imot Ordet i 1.Mos.2 i tru, slik at det smeltar saman med meg i mitt hjerte og opplever det som ein åndeleg røyndom, denne lovsongen min er ikkje tome ord, det er den lovsongen Gud har lagt ned i mitt hjerte ved den Heilage Ande, så det er ein åndeleg røyndom.

 

Tyding av tungetale.

I slutten av møtet kom ei kvinne med tungetale og Tore Kristiansen tyda det:

Endå ein gang skal eg fylle din munn med latter og di tunge med jubel. Og eg som har ført deg ut i fritt rom, meg kan du av heile ditt hjerte prise meg utan nokon frykt og fordømming. For dersom du finst under mitt blod, du finst i mine sår, då er det ingen fordømming, men du kan fritt få finne mitt Ord, du kan fritt prise mitt namn. For eg har skjult deg i mine sår, eg har skjult deg i mine sår både for dine synders skuld og for dine sjukdommars skuld. Du kan ha frimod både innover og utover og oppover, for eg har reinsa deg.

Gjer deg laus av alle band som bind deg, du fanga Sions Dotter. Kom ut i fridomen. Vinteren er over. Regn ikkje (lenger)? med at du var langt borte, men sjå opp hit. For nådens sol skin, rettferdssola har gått opp med lækjedom og du kan gå ut i fridomen og du skal fryde og du kan gå ut i dansen med dei glade. Du skal ikkje bry deg om kva menneske seier om det, men du skal løfte blikket mot det høge og prise mitt heilage namn, for eg er Herren din ektemann, eg er Herren din brudgom og det er meg du skal skode (”beskue”), for eg som tok deg og drog deg opp av grava, eg skal gjere dine trinn faste og eg skal legge ein ny song i din munn og du skal gå ut i dansen med dei glade og prise mitt namn. Halleluja.

 

[1] Tilleggskomentar 7.8.2016, til møtet i Maranata 30.9.2011: Eg hadde nyleg vitna om trua som ei nådegåve og ein visjon som Gud gav meg. Eg har vitna, skrive og fortalt, om korleis eg fekk oppleve at Jesus openberra seg for meg og for henne og eg trur han frelste henne inn i eit kjærleiksforhold til seg, som hans brud. Det er visjonen som eg trur på og som eg går på. Sjølv om eg skriv at eg trur han gjev meg henne til kone, så tenker eg meir slik at eg trur han gjev meg ei slik kvinne til kone, ei som Jesus har frelst inn i eit slikt kjærleiksforhold til seg.

Jesus seier til meg at i han skal eg få kjenne at eg ingen ting skal mangle, så eg skal heller ikkje mangle ei kone, ho er sentral i alt det andre som eg ikkje skal mangle. Eg kan frimodig løfte mitt hovud og kjenne at den han set fri vert verkeleg fri. Det er ein frigjerande bodskap til henne som han gjev meg til kone også, ho vert fri til å komme på møte i kyrkjelyden og fungere som ein lem på Jesu lekam og vere saman med meg som kona mi.

Ho ”Miss Oslo 1990” studerte biologi og med denne visjonen har Jesus sidan leia meg til å studere biologi.

23 responses to “2011.12.18. Maranata. Jesus kalla Sions dotter ut i fridomen.”

Leave a reply to Korleis hadde det vore med ein ny Nidaros-Gardarike-politikk, med ein moderne Tambarskjelve? – Faith & Entropy Cancel reply