Video frå kristne møte: https://www.youtube.com/watch?v=-lzAsRbJBfQ&list=PL_37XqaismMjpMjrkaWkszFl63YEYzT2N

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

2010.12.19.Jesus Church. Nådens kraft fyller deg.

2KO 12,9 – 2KO 12,10 Men Herren sa til meg: “Min nåde er nok for deg, for mi kraft vert fullenda i vanmakt.” Difor vil eg helst rosa meg av mi vanmakt, så Kristi kraft kan bu i meg. 10 Og difor er eg, for Kristi skuld, ved godt mot i vanmakt, i hard medferd, i naud, i forfylging, i trengsler. For når eg er veik, då er eg sterk.

JESUS CHURCHE, 19.12.10.

Tyding av tungetale ved Stefan Kristiansen, byrjinga fekk eg ikkje med på opptaket, men Den Heilage Ande sa fleire gongar: Min nåde er deg nok.

Opptak:

Det er nådens kraft som fyller opp din sjel, det er nådens kraft som fyller deg, med nytt mot, med nytt liv, med ny glede, med ny fylde. Min nåde er nok for deg. Seier den Heilage Ande.

Ja, seier Herren, du skal ikkje ta deg saman. Du skal ikkje forsøke å berre få det til. Men du skal ta imot min nåde, du skal ta imot min kraft, mi salving som kjem over deg og som fyller deg og som møter deg og som taler til deg og som fyller deg med lys, eit lys som driv mørket bort, eit lys som skin, å ta imot det, la nåden få fylle deg. Seier den Heilage Ande.

Etter tala, tyding av tungetale ved Stefan Kristiansen:

Å ja, igjen så talar eg til deg, seier den Heilage Ande, for å bringe lys inn i ditt mørke, for å bringe lys inn i ditt hjerte, for å bringe lindring inn i di sjel. Ja, sjå eg har teke deg hit, eg har ført deg hit, eg har lete deg få høyre ord og eg seier det igjen, for at du skal vite at eg er med deg i denne stund, eg er med det i denne augneblink, og eg skal føre deg igjennom, eg skal ta deg igjennom, eg vil ta deg ved handa og du skal få oppleve at min nåde, den er tilstrekkeleg for deg.

Ja, sjå eg har ein veg ut av håpløysa, eg har ein veg ut av dette mørket, eg har ein veg ut av denne vansken og den heiter tilgivinga sin veg, den heiter forsoninga sin veg, ja, sjå, om du vil, om du strekker handa ut, om du seier: kan du tilgi, eller eg vil tilgi, eg vil gjere noko for å forsone meg, så vil du oppleve, nåden, nåden, nåden kjem, nåden fyller deg, nåden tek tak i deg. For sjå, eg står den stolte imot, men den audmjuke gjev eg nåde. Så igjen taler eg til deg, så igjen så seier eg til deg, ta imot min nåde, ta imot mitt lys, ta imot min styrke, og la mørket få vike og la nåden få fylle deg. Og la mi kraft få ta fatt i deg og løfte deg opp, for min nåde er meir enn nok. – Amen. Amen. Amen.

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: