Profetisk bodskap:
Derfor skal du få regna med mitt nærvær og du skal få stola på at du vandrar i sammen med meg, så er eg der. Av og til vil du merka mitt nærvær sterkt og håndpåtakeleg. Av og til vil ditt følelsesliv eller dine tankar eller konsentrasjon og ditt fokus vere opptatt, sånn som Peter opplevde, å fokusera på bølgene, men eg var der, og slik er eg også nær deg, eg er med deg. Så len deg atter inntil meg, og du skal få oppleva du faller ikkje, men eg er sterk nok til å bera både deg og byrdene. Og eg som har begynna den gode gjerning, eg vil også i følge mitt eget løfte, fullføra den inntil min egen dag. Eg er med heile veien, stol på det, ver trygg i det, regn med det, og du skal ingenlunde bli til skamme, seier Herren. Amen.
Denne profetiske bodskapen i slutten av møtet ved Kjell-Arve. Etter det eg hugsar (ikkje nødvendigvis ordrett), byrja den slik: Eg vil ingenlunde forlate deg og ingenlunde gå ifrå deg. Minidisk-opptak byrja slik: …. på deg og for deg. derfor skal du få regna med ….
Forstandar Kjell-Arve Tolås talte over Guds ord til Moses om at dei skulle gå inn i landet som flyt av melk og honning, men at han ikkje ville gå med dei. Men Moses bad for folket om at Gud måtte gå med dei, og han vart bønhøyrd, Gud ville gå med dei. Tolås talte også om Guds ord til Josva om at han skulle vere frimodig og sterk. Gud hadde kalla han til å innta landet som han hadde lova dei. Han talte også om jødane si vandring gjennom Raudehavet og sa at der kan vere eit ”Raudehav” i våre liv som vi må gjennom.
Møte i M 40, Oslo, søndag 28.6.04.