INNSIKT
Kapitalen representerer ordenen i naturen, i naturressursane, i varene vi har produsert, i samfunnet vi har bygt opp og endå til i den ordenen vi har fått i hjerna når vi ha klart å lære oss noko verdifullt, skriv Torbjørn Sivertstøl i denne artikkelen. Han er cand.mag. og trålbas.
Skrevet av: Torbjørn Sivertstøl er cand.mag. og trålbas. (lørdag, 23.april 2005 09:04)
Entropien er det fysiske målet for uorden og entropilova seier at ved kvar fysisk og kjemisk prosess vil entropien i universet ikkje minke. Ved produksjonen av eit naturprodukt eller eit industriprodukt vert det opparbeidd ein orden som gjer at vara får verdi for oss, men totalt resulterer det i meir og meir uorden i universet. Til dømes brukar ei mekanisk maskin energi for å gjere eit arbeid, men ein stor del av denne energien vert utskilt som varme, og det betyr auka entropi. Det følgjer av termodynamikkens første og andre hovudsetning, og den andre er også kalla entropilova. Kapitalen representerer verdien av det arbeidet som har vorte utført, men varmen representerer også ein viss orden som kan vere av kapitaliserbar verdi for oss, inntil vi har fått temperaturutjamning. Kapitalen representerer ordenen i naturen, i naturressursane, i varene vi har produsert, i samfunnet vi har bygt opp og endå til i den ordenen vi har fått i hjerna når vi ha klart å lære oss noko verdifullt.
Det er med vår eiga subjektive vurdering vi avgjer kor mykje ei vare er verd for oss og pengane er symbol for denne verdivurderinga. Likevel kan vi ikkje avfeie kapitalinteressene som om det berre skulle vere subjektive vurderingar, for det svarer til fysiske realitetar, det er den opparbeidde fysiske orden som gjer at vara har verdi for oss, og derfor har der heller ikkje vore noko reelt alternativ til kapitalismen. Kapitalen representerer ein reell ressurs som vi treng til å løyse framtidige oppgåver med, enten det er økonomiske eller økologiske problem. Så spørst det korleis den vert forvalta.
Totalenergien uendra
I ein kvar fysisk og kjemisk prosess er totalenergien uendra, energien i universet er konstant. Når vi seier at vi forbrenner energi eller at vi må spare på energien, så er det den ordna energien vi talar om. Det som skjer ved forbrenninga, er at det vert meir uorden, entropien aukar. Skogen og plantelivet absorberer energi frå sollyset som vert lagra i den indre orden som vert opparbeidd i plantane når dei veks. Noko av dette vert til mat for dyr og menneske, der ordenen delvis vert nedbroten i forbrenninga og noko av det vert oppbygd i ein ny orden.
Når vi fyrer med ved, brukar vi også av denne energien, men når vi forbrenner fossilt organisk stoff, brukar vi restar av organisk materiale som har vorte opparbeidd over millionar av år, og med vårt høge forbruk er der ikkje balanse mellom produksjon og forbruk, så slik kan det ikkje halde fram særleg lenge. I staden må vi ta sikte på å bruke meir fornybare ressursar. Energiøkonomisering og forståinga av den underliggande fysiske orden må verte grunnleggjande for den politiske tenkinga, der vi verdset ordenen i naturen, i dei varene vi produserer og det samfunnet vi har bygt opp, så vi med politiske vurderingar veg desse verdiane mot kvarandre; kva bør rivast ned og kva bør byggast opp, for i fylgje entropilova riv vi ned meir enn vi bygg opp. Då må vi også hugse på at det organiske livet reproduserer seg sjølv og denne produksjonen kan vere svært så god økonomi for oss. Vi kan samanlikne desse politiske vurderingane med våre subjektive vurderingar som er med på å bestemme prisen på ei vare, men skilnaden er at vi prøver å bruke naturvitskapen til å omslutte og supplere marknadsøkonomien med meir langsiktige vurderingar.
Gass- og vindenergi
Oljen har vorte så dyr at det har vorte mindre vanleg å bruke oljefyring til oppvarming, i staden vert den brukt i motorar som gjer noko meir enn å berre gi frå seg varme. Forbrenningsmotorane bryt ned store kompliserte organiske molekyl til fleire små molekyl som vert spreidd som eksos, det vert meir uorden. Motorar og turbinar gjev frå seg varme og må kjølast ned, verknadsgraden er forholdet mellom utført arbeid og tilført energi, og den er vanlegvis mindre enn ein halv, det vil seie at over halva av forbrukt energi vert spreidd som varme, entropien aukar. Så dersom det vert bygt gasskraftverk, bør dei plasserast nær dei store byane, der kjølvatnet vert brukt til husoppvarming.
Våre naboland som Sverige, Danmark og Tyskland har vore mykje flinkare enn oss med å bygge ut vindkraftverk. Vindkrafta kan vi trygt kalle ein fornybar ressurs og vinden er heilt gratis for alle. Likevel vert det rapportert og høge driftsutgifter og dyr kraft. Problemet er at for ein stor del av tida er det ikkje nok vind til å drive kraftverket. Med alle dei lavtrykka som kjem inn mot Norskekysten og solgangsbrisen om sommaren bør dette vere ei gunstig plassering av slike kraftverk. I det planlagde vindkraftverket på Haramsøya/Flemsøya reknar dei med å produsere kraft til 29 øre pr kwh, og det skulle vel vere konkurransedyktig, ikkje minst med tanke på den høge kraftprisen når vassmagasina var nedtappa.
Kombinasjon
Når det er for lite vind må vi ta kraft frå eit anna kraftverk. Så la oss sjå det i kombinasjon med til dømes eit gasskraftverk, der vi kan auke produksjonen når det er lite vind. Om det då vert påstått at det er rimelegare å kutte heilt ut vindkraftverket og berre drive gasskraftverket, så vert det tenkt og berekna berre utifrå dagens eller gårsdagens prisar og det er kortsiktig tenking. Dersom vi i staden produserer i gjennomsnitt like mykje kraft med vindkraftverket som med gasskraftverket, så vil det bety at vi kan drive gasskraftverket dobbelt så lenge. Og mot slutten av denne tida har kanskje gassen vorte så dyr at det er mykje rimelegare å drive vindkraftverket. Vi finn at gassen helst må brukast i maskiner som gjer eit arbeid og vi konkluderer med at gasskraftverket aldri skulle ha vore bygt. Det hadde vore betre å bruke gassen i maskiner i ein fabrikk, i skip, hurtigbåtar, ferjer og turistskip som treng oppvarming av opphaldsrom. Ein kombinasjon av frakteskip og passasjerskip, slik som hurtigruta, kan derfor vere eit energiøkonomisk gunstig transportmiddel.
Å spare på olje- og gassressursane er som å ha kapital i ein sikker bank med høg rente. Mange vil kanskje rekne med at i framtida vil vi utvikle nye teknologiar som kan utnytte nye energikjelder, men då må vi vere klar over at entropilova set grenser for kva energikjelder vi kan nytte oss av. Sola er vårt varige energireservoar og den driv vindane på jorda og det biologiske livet lagrar små energireservoar av solenergien er så lette at vi kan ta dei med på reis og bruke dei som drivstoff. Men det trengst store landområde for å produsere dei om, og med det veksande folketalet på jorda trengs det stadig meir landområde til å produsere mat, ein økologisk ubalanse med press på den ville naturen med fare for utrydding av andre artar.
Utviklingslanda
Når vi får orden opp i hovudet og tenker konstruktivt, så resulterer det gjerne i at vi konstruerer og produserer varer som er av verdi for oss. Men vi gjer det oftast ved å bryte ned fossilt organisk materiale, det var den teknologien som gjorde den vestlege verda til i-land og mykje av produksjonen vart ei belastning for det økologiske systemet. Så vi må prøve å få utviklingslanda til å utvikle seg med ein ny teknologi som ikkje bruker så mykje olje og ikkje forureinar så mykje. I varmare strøk kan det til dømes vere ein god ide å bygge drivhus av solcellepanel som vernar plantane mot sollyset og som ladar opp batteri til el-bilar og elektriske apparat, til dømes pumper til vatningsanlegg og evaporatorar som lagar ferskvatn av sjøvatn. Dersom kvar kinesar erstattar sykkelen med bensin- eller dieseldriven bil, så vert det ei stor auke i forbruket av olje og om nokre år finn dei ut at det allereie er forelda teknologi. Då hadde det vore mykje betre om dei satsa på elektriske bilar og syklar. Ny teknologi er gjerne dyr, men det er oftast berre ein kneik å komme over, får ein først i gang masseproduksjon, så sekk prisane.