Video frå kristne møte: https://www.youtube.com/watch?v=-lzAsRbJBfQ&list=PL_37XqaismMjpMjrkaWkszFl63YEYzT2N

Trua og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/trua-og-entropien/

Kapitalen og entropien: https://faith-and-entropy.com/tag/kapitalen-og-entropien/

2018.05.06. Herren er den same og vil framleis strekke ut sin arm til teikn og under. 

Maranata 6.5.2018.jpg

Innleiing.

Ein mann las om då den Heilage Ande kom over disiplane på pinsedag.

APG 2,1 – APG 2,13 {ANDEN KJEM PINSEDAGEN}  Då pinsedagen kom, var dei alle samla. 2 Brått kom det eit brus frå himmelen, som når ein sterk vind fer fram, og det fylte heile huset dei sat i. 3 Dei fekk sjå tunger liksom av eld, som skilde seg og sette seg på kvar ein av dei. 4 Då vart dei alle fylte av Den Heilage Ande, og dei tok til å tala på andre tungemål etter som Anden gav dei å forkynna. 5   I Jerusalem budde det mange jødar, fromme menn som var komne frå alle land på jorda. 6 Då dei høyrde denne lyden, samla det seg ei stor mengd, og dei vart heilt rådville; for kvar høyrde at dei tala på hans eige mål. 7 Reint frå seg av undring spurde dei: “Men er dei ikkje galilearar, alle desse som talar? 8 Korleis går det så til at vi alle høyrer dei tala på vårt eige morsmål – 9 partarar og medarar og elamittar, folk frå Mesopotamia, Judea og Kappadokia, frå Pontos og Asia, 10 Frygia og Pamfylia, frå Egypt og Libya-landet bort imot Kyréne, 11 jødar og slike som har gått over til jødedomen og har flytt hit frå Roma, kretarar og arabarar – og vi høyrer dei tala om Guds storverk på våre eigne tungemål!” 12 Dei visste ikkje kva dei skulle tru, og rådville spurde dei kvarandre: “Kva kan dette vera?” 13 Men nokre spotta og sa: “Dei har drukke søt vin! Dei er fulle!”  

Tale ved John Miland.

MRK 16,15 – MRK 16,18 {OPPGÅVA TIL LÆRESVEINANE}  Han sa til dei: “Gå ut i all verda og forkynn evangeliet for alle menneske! 16 Den som trur og vert døypt, skal verta frelst; men den som ikkje trur, skal verta fordømd. 17 Og desse teikna skal fylgja dei som trur: I mitt namn skal dei driva ut vonde ånder, dei skal tala nye tungemål, 18 dei skal ta ormar i hendene, og om dei drikk drepande gift, skal det ikkje skada dei. Dei skal leggja hendene på sjuke, så dei vert friske.”   

John sa nokre ord om at barnedåpen ikkje er skikkeleg då, det er nokre skvettar med vatn, men dåp er full neddykking. Når vi les om dåpen i Bibelen, så var der mykje vatn, for der måtte vere nok vatn til å verte dukka under. Han sa det er ikkje frelse i dåpen, men det er heller ikkje berre ei symbolsk handling. Men det er noko vi skal gjere.

 (Joh.3,23 & Apgj.8,36).

Så fortalde han om at folk hadde høyrt han tale i tunger og gjenkjent italienske ord og spansk, ein gong han hadde tyda tungetale var der nokre franske studentar som studerte norsk og dei sa det var god oversetjing frå fransk til norsk.

Han sa også noko om at ordet ”fundamentalist” nær sagt har vorte eit sjellsord no til dags, men når vi tru på Kristus, så er vi no fundamentalistar.

Tungetale ved Oddgjørg, tyding ved John.

Ja, eg har sagt i mitt Ord, at eg er i går og i dag den same og forblir det til evig tid. Derfor skal du vite, seier Herren, at sånn som eg var då eg vandra her på jorda, er eg den same i dag. Eg ynsker å rekke ut min arm, til teikn og under. Eg ynskjer at det skal skje store ting i mellom mitt folk, seier Herren. Og sjå, eg har no sendt dykk den Heilage Ande og den skal vegleie dykk til heile sanninga og den skal minne dykk om alle ting, seier Herren. 

Syrgj for at du er i ditt løynkammer og søker meg i denne tida. Og ikkje rådfører deg med menneske på nokon måte. Men søk inn til meg og eg skal gi deg råd ved mitt auge, seier Herren. Og sjå, når eg får leie deg, då skal du ikkje gå feil, seier Herren. Men då skal du gå på min veg, den som eg vil at du skal gå på. Sjå, eg skal leie deg inn i oppgaver, eg skal leie deg inn i tenester, som du ikkje visste om, seier Herren. For sjå, seier Herren, eg ynskjer å bruke deg i denne tida. Derfor still deg til min disposisjon, seier Herre, og eg skal bruke deg til stor og rik velsigning. Halleluja.

 

Aktuelle bibelvers.

JOH 3,22 – JOH 3,36 {DØYPAREN JOHANNES VITNAR OM JESUS}  Sidan fór Jesus og læresveinane hans til Judea. Der var han ei tid saman med dei og døypte. 23 Johannes døypte, han òg, i Ainon ved Salim; for det var mykje vatn der, og folk kom dit og lét seg døypa. 24 Dette var før Johannes vart kasta i fengsel. 25 No vart det eit ordskifte mellom læresveinane til Johannes og ein jøde om reinsinga. 26 Læresveinane kom til Johannes og sa til han: “Rabbi, den mannen som var saman med deg på hi sida av Jordan, han som du vitna om, no døyper han, og alle går til han.” 27 Johannes svara: “Eit menneske kan ikkje få noko utan at det vert gjeve han frå himmelen. 28 De er sjølve mine vitne på at eg sa: Eg er ikkje Messias; men eg er send føre han. 29 Den som har brura, han er brudgom. Men venen hans, som står og høyrer på, gleder seg når han høyrer målet til brudgomen. Slik glede har eg no fått, og det i fullt mål. 30 Han skal veksa, eg skal minka. 31   Den som kjem ovanfrå, er over alle. Den som kjem frå jorda, er av jorda og talar jordisk. Han som kjem frå himmelen, er over alle. 32 Han vitnar om det han har sett og høyrt, men ingen tek imot vitnemålet hans. 33 Den som har teke imot hans vitnemål, har stadfest at Gud talar sant. 34 Han som Gud har sendt, talar Guds ord, for Gud gjev Anden utan mål. 35 Faderen elskar Sonen, og alt har han gjeve i hans hand. 36 Den som trur på Sonen, har evig liv. Den som er ulydig mot Sonen, skal ikkje sjå livet, men Guds vreide vert verande over han.”  

3JO 1,1 – 3JO 1,8 {HELSING}  Den eldste helsar den kjære Gaius, som eg elskar hjarteleg. 2 Kjære ven, mest av alt ynskjer eg at du må få vera frisk og ha det godt, like godt som du har det åndeleg.  3 {HJELP TIL MISJONÆRANE}  Eg vart inderleg glad då nokre av brørne kom og fortalde kor trufast du er mot sanninga; den lever du i. 4 Ikkje noko gleder meg meir enn å høyra at borna mine lever i sanninga. 5   Kjære ven, du er trufast i all di gjerning for brørne, ja, jamvel for dei som er framande. 6 I kyrkjelyden her har dei vitna om din kjærleik. Du gjer vel om du hjelper dei vidare på ferda, som rett er for Gud. 7 Det var for å forkynna Namnet dei drog ut, og dei tek ikkje imot hjelp frå heidningane. 8 Difor bør vi ta oss av dei, så vi kan vera medarbeidarar for sanninga.  

JES 52,11 – JES 52,12 {FAR BORT FRÅ BABYLON!}  Far bort, far bort frå Babylon!  Ikkje rør noko ureint!  Dra ut or byen og reinsa dykk,  de som ber Herrens kar! [Herrens kar: kanskje dei heilage tempelkara som Nebukadnesar hadde ført bort til Babylon. Sml. Esra 1, 7.] 12   For de treng ikkje skunda dykk,  de må ikkje røma frå byen.  For Herren sjølv går føre dykk,  og sist i flokken er Israels Gud.  

2KO 6,14 – 2KO 6,18 {DEN LEVANDE GUDS TEMPEL}  Gå ikkje i framandt åk med vantruande! For kva har rettferd med urett å gjera, og kva samfunn har ljos med mørker? 15 Korleis kan Kristus og Beliar semjast? Kva sameinar ein truande og ein vantru? [Beliar: jødisk namn på djevelen.] 16 Korleis kan Guds tempel og avgudane forlikast? For vi er den levande Guds tempel. Gud har då sagt:  Eg vil bu og ferdast mellom dei;  eg vil vera deira Gud,  og dei skal vera mitt folk. 17 Difor seier Herren:  Dra bort frå dei,  og skil dykk frå dei,  ikkje rør noko ureint!  Då vil eg ta imot dykk; 18   eg vil vera ein far for dykk,  og de skal vera mine søner og døtrer,  seier Herren, Den Allmektige. 

2KO 7,1   Mine kjære, når vi har desse lovnadene, så lat oss reinsa oss frå all ureinskap på lekam og sjel og fullføra vår helging i age for Gud.

1KO 3,10   Etter den nåde Gud har gjeve meg, har eg lagt grunnvoll som ein klok byggmeister; og andre byggjer oppå. Men kvar må sjå til korleis han byggjer.

HEB 12,25   Sjå til at de ikkje viser frå dykk han som talar! Dei som viste frå seg han som tala sitt ord her på jorda, slapp ikkje unna. Endå mindre skal vi sleppa unna om vi vender oss bort frå han som talar frå himmelen.

JBS 15,8   Var du tilhøyrar då Gud heldt fortruleg råd,  reiv du til deg visdom der? 

JBS 26,3   Du gav råd til den som vanta visdom,  og stort skjøn lét du han få. 

JBS 29,21   Folk høyrde på meg, dei venta  og var stille når eg gav råd.

2SA 16,23 På den tid var eit råd frå Akitofel like gjævt som det ordet ein fekk når ein bad Gud om råd i ei sak. Så mykje talde Akitofels råd både for David og Absalom. 

SLM 1,1 {DEI TO VEGANE}  Sæl er den som ikkje fylgjer  råd frå gudlause menneske  og ikkje slår inn på syndarveg  eller sit i lag med spottarar, 

SLM 2,2   Kongane på jorda reiser seg,  fyrstane legg råd i lag  mot Herren og den han har salva: [den Herren har salva: kongen i Israel, her skildra som frelsarkonge (Messias). Sml. 1 Sam 10, 1.] 

SLM 16,7   Eg prisar Herren, som gjev meg råd;  jamvel om natta får eg rettleiing i mitt indre. 

SLM 32,8   Eg vil læra deg og visa deg  den vegen du skal gå.  Eg vil la mitt auga kvila på deg  og gje deg råd. 

SLM 73,24   Du leier meg med ditt råd,  og sidan tek du meg opp i herlegdom.  

SLM 107,11   fordi dei hadde stått Guds ord imot  og vanvørdt dei råd Den Høgste gav. 

SLM 119,24   Ja, dine lovbod er mi lyst,  det er dei som gjev meg råd.  

OSP 1,25   de brydde dykk ikkje om mine råd  og ville ikkje vita av mine refsingsord. 

OSP 1,30   fordi dei ikkje ville høyra på mitt råd  og vanvørde alle mine refsingsord, 

OSP 8,12 {VISDOMS FRUKT}  Eg, visdomen, har klokskap til granne,  eg har kunnskap og gjev gode råd. 

OSP 8,14   Eg gjev råd og hjelp som fører til framgang,  eg har vit og styrke. 

OSP 11,14   Eit folk utan klokt styre fell,  når mange gjev gode råd, kan det bergast. 

OSP 12,15   Dåren held sin eigen veg for den rette,  men vis er den som høyrer på råd. 

OSP 13,10   Hovmod fører berre til trette,  kloke er dei som tek imot råd. 

OSP 15,22   Utan rådlegging mislukkast planane,  men når mange gjev råd, har dei framgang. 

OSP 19,20   Høyr på råd og ta imot formaning,  så vert du vis til slutt. 

OSP 20,18   Når ein held råd, lukkast planane;  vis omtanke når du fører krig! 

OSP 22,20   Ja, tretti ord har eg skrive opp for deg  med gode og kloke råd. 

OSP 24,6   Med klok leiing kan du føra krig;  når mange gjev gode råd, vinn du siger.  

OSP 27,9   Olje og røykjelse gleder hjarta,  så òg ein vens kjærleik  meir enn gode råd. 

JES 11,2   Herrens Ande skal kvila over han,  Anden med visdom og vit,  Anden med råd og styrke,  Anden som gjev kunnskap om Herren  og age for han. 

JES 28,29   Dette òg kjem frå Herren, Allhærs Gud.  Underfulle er hans råd,  stor er hans visdom.  

JES 31,1 {GUDS MAKT OG MENNESKEMAKT}  Ve dei som fer ned til Egypt etter hjelp  og set si lit til hestar,  som stolar på vogner fordi dei er mange,  og på hestfolk fordi dei er sterke,  men ikkje vender seg til Israels Heilage  og ikkje søkjer råd hjå Herren. 

JES 40,13   Kven har rettleitt Herrens Ande,  kven har lært han og gjeve han råd? 

JES 41,28   Eg ser meg om, men det finst ikkje ein,  ikkje ein som kan gje råd,  så eg kunne spørja og få svar. 

JER 18,18 {PROFETEN BED OM HEMN}  Dei sa: “Kom, lat oss tenkja ut  vonde planar mot Jeremia!  For det vantar ikkje rettleiing hjå presten,  råd hjå den vise eller ord hjå profeten.  Kom, lat oss fella han med hans eigne ord  og ikkje høyra på noko av det han seier.”  

JER 23,18   Kven har vore med i Herrens råd,  så han merka og høyrde hans ord?  Kven akta på hans ord og lydde det?  

JER 23,22   Men hadde dei vore med i mitt råd,  då hadde dei forkynt mine ord for mitt folk  og fått det til å venda om  frå si vonde ferd og sine vonde gjerningar. 

JER 32,19 stor er du i råd og mektig i gjerning. Du har augo opne for vegane åt menneska, så du løner kvar og ein etter hans ferd, etter frukta av hans gjerningar. 

AMO 3,7   For Herren Gud gjer ikkje noko  utan at han har openberra sitt råd  for tenarane sine, profetane.  

2KO 4,1 – 2KO 4,15 {SKATTEN I LEIRKAR}  Difor misser vi ikkje motet; for ved Guds miskunn har vi fått denne tenesta. 2 Vi har sagt frå oss all løynleg og skamleg ferd; vi fer ikkje med knep og forfalskar ikkje Guds ord. Klårt og liketil forkynner vi sanninga, og for Guds åsyn byd vi oss sjølve fram med di vi vender oss til kvar manns samvit. 3 Er då vårt evangelium dult, så er det dult for dei som går fortapt. 4 For denne verdsens gud har blinda hugen åt dei vantruande, så dei ikkje ser ljoset som strålar fram frå evangeliet om Kristi herlegdom, han som er Guds bilete. [denne verdsens gud: djevelen.] 5 Vi forkynner ikkje oss sjølve, vi forkynner Jesus Kristus som Herre og oss som dykkar tenarar for Jesu skuld. 6 For Gud, som sa at ljos skulle skina i mørkret, han har late det skina i våre hjarto, så kunnskapen om Guds herlegdom, som strålar i Kristi åsyn, skal lysa fram. 7   Men vi har denne skatten i leirkar, så den veldige krafta skal vera av Gud og ikkje av oss. 8 Vi er alltid i trengsle, men ikkje i stengsle, tvilrådige, men ikkje fortvila, 9 forfylgde, men ikkje oppgjevne, nedslegne, men ikkje tynte. 10 Alltid ber vi Jesu død med oss i lekamen, så òg Jesu liv skal verta openberra ved vår lekam. 11 For enno medan vi lever, vert vi stadig overgjevne til døden for Jesu skuld, så òg Jesu liv skal verta openberra ved vår døyelege lekam. 12 Såleis er døden verksam i oss, men livet i dykk. 13 Det står skrive: Eg trudde, difor tala eg. Så trur vi òg, og vi talar fordi vi har den same Ande som gjev tru. 14 For vi veit at han som reiste opp Herren Jesus, han skal òg reisa oss opp med Jesus og føra oss fram for seg saman med dykk. 15 Men alt dette hender for dykkar skuld, så nåden skal verta stor og få takkseiinga til å stiga opp frå fleire og fleire – til Guds ære.  

RMR 12,1 – RMR 12,3 {DET KRISTNE LIVET}  Så legg eg dykk på hjarta, brør, ved Guds miskunn, at de må bera fram lekamen dykkar til eit levande og heilagt offer som er til hugnad for Gud. Det skal vera dykkar åndelege gudsteneste. 2 Og skikka dykk ikkje likt med denne verda, men lat dykk omskapa ved at de får eit nytt sinn og kan døma om kva som er Guds vilje: det gode, det hugnadlege, det fullkomne. 3   Ved den nåden eg har fått, seier eg til kvar einskild av dykk: Gjer deg ikkje større tankar enn du bør, men bruk vitet ditt og ver visleg! Kvar og ein skal halda seg til det mål av tru som Gud har gjeve han.

1KO 6,12 – 1KO 6,20 {LEKAMEN HØYRER HERREN TIL}  Alt har eg lov til, men ikkje alt gagnar. Alt har eg lov til, men eg skal ikkje la noko få makt over meg. 13 Maten er til for magen og magen for maten; men Gud skal gjera ende på dei begge. Lekamen er ikkje for hor; han er for Herren, og Herren er for lekamen. 14 Gud reiste Herren opp frå dei døde, og ved si kraft skal han òg reisa oss opp. 15 Veit de ikkje at lekamane dykkar er Kristi lemer? Skal eg då ta Kristi lemer og gjera dei til skjøkjelemer? Langt ifrå! 16 Eller veit de ikkje at den som held seg til ei skjøkje, er éin lekam med henne? Det er sagt: “Dei to skal vera eitt.” 17 Men den som held seg til Kristus, er éi ånd med han. 18 Hald dykk frå hor! All synd som eit menneske elles gjer, er utanfor kroppen. Men den som driv hor, syndar mot sin eigen kropp. 19 Veit de ikkje at lekamen dykkar er eit tempel for Den Heilage Ande, som bur i dykk, han som de har frå Gud? De er ikkje lenger dykkar eigne: 20 De er kjøpte, og prisen er betalt. Bruk då lekamen til ære for Gud!  

1KO 7,1 – 1KO 7,7 {EKTESKAP OG UGIFT STAND}  Når det gjeld det de skreiv om, så er det godt for ein mann at han ikkje rører ei kvinne. [det de skreiv om: Paulus har fått eit brev frå kyrkjelyden med visse spørsmål som han her kjem inn på.] 2 Men for at de ikkje skal driva hor, skal kvar mann ha si kone og kvar kvinne sin mann. 3 Mannen skal gjera sin skyldnad mot kona, og like eins kona mot mannen. 4 Kona rår ikkje over sin eigen kropp, men mannen. Like eins rår ikkje mannen heller over sin eigen kropp, men kona. 5 Hald dykk ikkje frå einannan utan at de har vorte samde om det, for ei tid, så de kan leva i bøn. Kom så saman att, for at Satan ikkje skal freista dykk, av di de ikkje kan vera fråhaldande. 6 Dette er meint som eit løyve, ikkje som eit påbod. 7 Eg skulle ynskja at alle var som eg. Men kvar har si eiga nådegåve frå Gud, den eine så, den andre så.

Kommentar.

Eg vil ta opp tråden frå møtet 15.4.18. Eg vil også sjå det som svar på mitt dokument

Opposisjonen mot mannens optimistiske tru og hans konstruktive tenking for å få seg eit meiningsfullt liv og motarbeidinga av hans arbeid for å produsere noko verdifullt, viser seg no i ”Drakulas rekrutterings-aksjonar”.

Ja, dette handlar då om å vandre framover på Guds veg og då kan vi vel vente oss kontinuitet i det?

Ikkje rådfør deg med menneske på nokon måte.

I kommentaren til møtet 15.4.18. skreiv eg om at eg har lete min plass i Maranata stå tom i lange perioder, for eg har vore på Sunnmøre, men Jesus er no med meg då også, Jesus går med meg og han er vegen eg har å gå. Eg har teke del i debatten på sosiale medier, spesielt i FB-vennegruppa til Frp. Det er politisk, men det betyr ikkje at eg tek av frå vegen, verken til høgre eller venstre. For mi personlege tru på Kristus er då meir fundamentalistisk enn dei politiske sakene. Kven som helst kan vende seg til Kristus og tru på han og bygge på den evangeliske grunnvollen, men dei gjer det på eige ansvar og kvar og ein må sjå til korleis dei bygger. Det er fyrst og fremst ei personleg sak i eit personleg Guds-forhold, dernest skal vi gå ut og bere frukt som varer, slik får det betydning for vår integritet i samfunnet. Det gjeld politikarane også, både personleg og i deira samfunnsengasjement. 

Eg har nyleg kommentert eit par artiklar til forsvar for Sylvi Listhaug og tek det med under overskrifta ”Kommentarar til aktuelle politiske saker” i slutten av dokumentet. Ho har vedkjent si personlege tru på Jesus, samtidig som ho engasjerer seg politisk. Det verdset eg. Ho vert stadig utsett for personangrep og eg har teke til orde for å forsvare henne mot det og no er det tydeleg at det er på den måten at eg ikkje tek imot råd frå menneske. Men betyr ikkje det at eg tek imot råd ifrå henne? Vel, poenget var at eg eg skulle la Gud gi meg råd ved sitt Ord og sin Ande og då skal eg ikkje ta imot råd frå menneske i staden for det. Og kor vidt dette vedrører dei politiske sakene, er eit ope spørsmål.

Når eg har teke del i debatten, så har eg vel gitt dei råd, eg kan vel ha bidratt slik at dei har fått råd. Ja, spesielt når eg har vitna om mi tru og fortalt litt om kva som står skrive i Bibelen. Då skulle ein vel nesten tru at eg tek imot råd ifrå dei også? Men, nei, ikkje nødvendigvis. Det spørst kva saka gjeld. Dei vil vel råde meg til å stemme på dei og det er slikt som vi må rekne med i eit demokrati. Men når vi talar og forkynner Guds Ord, så er det fundamentalt, det er eit utgangspunkt som vi trur på og tenker utifrå. Vi kan kalle det utgangspunktet A, når vi resonnerer ut ifrå det og kjem fram til utsegna B. Så kan vi bruke fagorda og symbola frå matematikken og seie at A medfører B, men då bør vi presisere at det treng kanskje ikkje vere med den same eksakte logiske nødvendigheita som i matematikken, poenget er at det ervår måte å tenke på. Dess større grunn har vi til å ha det kalrt for oss at det ikkje dermed er slik at B medfører A. Der kan vere mange ulike utesegner ”Bi”, også politiske, som menneska vil argumentere for, også utifrå Bibelen. Men då skal eg passe på at eg ikkje tek imot råd ifrå menneske. Og kvifor det? 

Jau, fordi Jesus har gitt oss den Heilage Ande, så vi skal halde oss til Guds Ord og la den Heilage Ande openberre det for oss og leie oss fram til heile sanninga. Og han har sendt den Heilage Ande til verda, så den skal overtyde den om synd, rettferd og dom.

JOH 16,5 – JOH 16,15 No går eg til han som har sendt meg, men ingen av dykk spør: “Kvar går du av?” 6 For hjarta dykkar er fullt av sorg fordi eg har sagt dette. 7 Men eg seier dykk som sant er: Det er til gagn for dykk at eg går bort. For går ikkje eg bort, kjem ikkje talsmannen til dykk. Men går eg bort, skal eg senda han til dykk. 8 Og når han kjem, skal han gjera det klårt for verda kva synd er, kva rett er og kva dom er: 9 Synda er at dei ikkje trur på meg; 10 retten får eg, fordi eg går til Faderen, og de ikkje ser meg lenger; 11 domen er at hovdingen over denne verda er dømd. 12   Enno har eg mykje å seia dykk, men de kan ikkje bera det no. 13 Men når han kjem, Sanningsanden, skal han leia dykk fram til heile sanninga. For han skal ikkje tala av sitt eige, men tala det han høyrer, og kunngjera for dykk det som skal koma. 14 Han skal herleggjera meg, for han skal ta av mitt og forkynna for dykk. 15 Alt det Faderen har, er mitt. Difor sa eg at han skal ta av mitt og forkynna for dykk.   

Gud lærer oss opp ved sitt Ord og sin Ande, då skal vi sjølvsagt ikkje erstatte det med noko anna. Han gir oss råd ved sitt auge, då skal vi sjølvsagt ikkje erstatte det med råd frå menneska. Jesu frelsesverk er fullført og fullkome, det som han gir oss frå himmelen er fullkome. 

Såkornet eller ugraset?

Jesus fortalde to likningar om Guds Ord som såkorn. Det vert sått i hjertet, men av litt ulike grunnar vekst det ikkje opp så det ber grøde, det som skal til er at det vert trutt og forstått med hjertet. Det vert sått i verda, men bonde har ein uven som sår ugras i kveiten. Og vi ser no så tydeleg i vår tid at det er mange som ikkje tek imot Guds Ord og det herng saman med at der er noko anna som vert sått i staden og det veks opp som ugras som prøver å køyve kveiten. Dei vil ikkje høyre på meg og oss når vi talar Guds Ord, men påstår og seier noko anna i staden. Kvifor skal vi då høyre på dei? Vi kan vel ikkje unngå å høyre kva dei seier, når vi forkynner Guds Ord for menneska, er det som å så korn, så det er som ein monolog. Men når vi sjølve tok imot og trudde, så var det viktig for oss å vedkjenne for Gud og menneske kva Kristus er for oss, det har å gjere med at kornet skal spire og vekse. Og derfor er det også viktig for oss å få dei i tale, også ved at vi høyrer på dei. For vi vil at kornet skal spire og vekse, men då er det sjølvsagt ikkje vår interesse at ugraset skal vekse i staden og kornplantane. Vi tek imot det rådet Gud gir oss ved sitt Ord og sin Ande. Når andre menneske ikkje tek imot det og så kjem med ”sine eigne” forslag og idear som erstatning, så skal vi sjølvsagt ikkje ta imot slike råd. 

Jesu åsyn, Guds auge.

Jesus har nyleg minna meg om at når mørket omsluttar meg, så er han mitt lys. Ja eg veit at den Heilage Ande openberrar han for meg, så eg får oppleve at Guds herlegdom strålar mot meg i Krisi åsyn (2.Kor.4,6). Så ved trua på Jesus har eg eit personleg Guds-forhold. Det er som å sjå på eit ansikt, med ansiktet kan du gi signal om din sinnstilstand, om kjærleik eller hat, glede eller vreide, om du er mild, snill og ettergjevande eller om du er streng, om du er skuffa eller oppmuntra av noko, om du er nådig og miskunnsam eller hevngjerrig. Men Gud er uansett god og så spørst det om vi vil ta imot hans nåde og miskunn, så vi får sjå hans åsyn og få oppleve at han gir oss råd ved sitt auge. Ja, for når han gir oss råd med sitt auge, er det fordi han vil oss vel. Men då må vi også vere førebudde på at det er mange i denne verda som tvert om ikkje vil oss vel. Så kvifor i all verda skal vi då bry oss om å høyre noko meir på dei? Vi skal i alle fall ikkje ta imot råd ifrå dei!

Dåpen.

I Mark.16 las vi i vers 16: ” Den som trur og vert døypt, skal verta frelst; men den som ikkje trur, skal verta fordømd.” Så det vert ikkje sagt at du må døype deg for å verte frelst, å døype seg er ei gjerning, men vi vert ikkje frelst ved gjerningar, heller ikkje med den gjerninga, slik sett er det ikkje frelse i dåpen. I andre bibelvers er det sagt at det er ved å tru på Faderen og Sonen og ved å erkjenne at Kristus er Herre, at vi vert frelst.

JOH 3,14 – JOH 3,21 Og liksom Moses lyfte opp ormen i øydemarka, såleis skal Menneskesonen lyftast opp,  [lyfta opp: Det greske ordet i grunnteksten tyder både lyfta opp (krossfesta) og opphøgja. Sjå 8, 28; 12, 32.] 15 så kvar den som trur på han, skal ha evig liv. 16 For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv. 17 Gud sende ikkje Son sin til verda for at han skulle døma verda, men for at verda skulle verta frelst ved han. 18 Den som trur på han, vert ikkje dømd. Den som ikkje trur, er alt dømd, fordi han ikkje har trutt på namnet åt Guds einborne Son. 19 Og dette er domen: Ljoset er kome til verda, og menneska elska mørkret meir enn ljoset, for gjerningane deira var vonde. 20 For den som gjer det som vondt er, hatar ljoset og kjem ikkje til ljoset, så gjerningane hans ikkje skal koma opp i dagen. 21 Men den som fylgjer sanninga, kjem til ljoset, så det skal verta klårt at gjerningane hans er gjorde i Gud.”   

RMR 10,6 – RMR 10,13 Men rettferda av tru seier: Tenk ikkje med deg sjølv: Kven skal fara opp til himmelen? – det vil seia for å henta Kristus ned – 7 eller: Kven skal stiga ned i avgrunnen? – det vil seia for å henta Kristus opp frå dei døde. 8 Men kva seier ho? Ordet er deg nær, i munnen din og i hjarta ditt. Det er ordet om trua, det som vi forkynner. 9 For sannar du med munnen din at Jesus er Herre, og trur du i hjarta ditt at Gud reiste han opp frå dei døde, då skal du verta frelst. 10 Med hjarta trur vi så vi vert rettferdige for Gud, og med munnen sannar vi så vi vert frelste. 11 Skrifta seier: Ingen som trur på han, skal verta til skammar. 12 For her er det ingen skilnad på jøde og grekar: Alle har dei same Herren, og han er rik nok for alle som kallar på han. 13 Kvar den som kallar på Herrens namn, skal verta frelst.

Etter at Jesus stod opp att frå dei døde, sende han disiplane sine ut for å forkynne evangeliet og for å døype:

MTT 28,16 – MTT 28,20 {MISJONSBODET}  Men dei elleve læresveinane drog til Galilea, til det fjellet der Jesus hadde sagt at han ville møta dei. 17 Og då dei fekk sjå han, fall dei ned og tilbad han; men somme tvila. 18 Då steig Jesus fram og tala til dei: “Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. 19 Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, 20 og lærer dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.”   

Men Paulus sa at Jesus sende han ikkje ut for å døype, men for å forkynne evangeliet, ja, for det er då det som er poenget.

1KO 1,10 – 1KO 1,31 {ÅTVARING MOT USEMJE}  Eg legg dykk på hjarta, brør, i vår Herre Jesu Kristi namn, at de må vera samde. De må ikkje skilja dykk i flokkar, men la alt koma i rett skikk, så de har same syn og same tanke. 11 For huslyden til Kloe har fortalt meg, brør, at det er strid mellom dykk. 12 Eg siktar til at nokre av dykk seier: “Eg held meg til Paulus”, andre: “eg til Apollos”, “eg til Kefas” og “eg til Kristus”. 13 Er Kristus delt? Var det kanskje Paulus som vart krossfest for dykk? Eller var det til namnet åt Paulus de vart døypte? 14 Eg takkar Gud for at eg ikkje har døypt nokon av dykk utan Krispus og Gaius, 15 så ingen skal seia at de vart døypte til mitt namn. 16 Men det er sant, eg døypte òg Stefanas og huslyden hans. Elles veit eg ikkje av at eg har døypt nokon annan.  17 {GUDS VISDOM OG MENNESKEVISDOM}  Kristus sende meg ikkje ut for å døypa, men for å forkynna evangeliet, og det ikkje med talekunst og visdom, så Kristi kross ikkje skal missa si kraft. 18 For ordet om krossen er ein dårskap for dei som går fortapt, men for oss som vert frelste, er det ei Guds kraft. 19 For det står skrive:  Eg vil tyna visdomen hjå dei vise  og gjera til inkjes klokskapen hjå dei kloke. 20   Kvar er ein vismann, kvar er ein skriftlærd, kvar er ein granskar av denne verda? Har ikkje Gud synt at verdsens visdom er dårskap? 21 For då verda ikkje nytta visdomen til å læra Gud å kjenna gjennom Guds visdom, fann Gud det for godt å frelsa dei som trur, ved den dårskapen vi forkynner. 22 For jødar spør etter teikn, og grekarar søkjer visdom, 23 men vi forkynner den krossfeste Kristus. Jødar støyter seg på det, og heidningar held det for dårskap; 24 men for dei som er kalla, både jødar og grekarar, er Kristus Guds kraft og Guds visdom. 25 For Guds dårskap er visare enn visdomen åt menneska, og Guds vanmakt er sterkare enn styrken åt menneska. 26   Tenk på kven de sjølve er, brør, de som vart kalla: ikkje mange vise, menneskeleg tala, og ikkje mange mektige eller høgætta. 27 Men det som går for å vera uforstandig i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera dei vise til skammar. Det som vert rekna for veikt i verda, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera det sterke til skammar. 28 Det som står lågt i verda, det som vert vanvørdt, det som ingen ting er, det valde Gud seg ut, så han kunne gjera til inkjes det som er noko, 29 for at ikkje noko menneske skal rosa seg for Gud. 30 De er hans verk ved Kristus Jesus, han som har vorte vår visdom frå Gud, vår rettferd, helging og utløysing, 31 så det kan vera som det står skrive: Den som rosar seg, skal rosa seg i Herren.  

1KO 2,1 – 1KO 2,16 {GUDS LØYNDOM ER OPENBERRA}  Då eg kom til dykk, brør, forkynte eg ikkje Guds vitnemål med meisterskap i talekunst eller visdom. 2 For eg ville ikkje vita av noko anna hjå dykk enn Jesus Kristus og han krossfest. 3 Veik, redd og skjelvande var eg mellom dykk. 4 Og det var ikkje med overtalande argument og visdomslære eg bar fram ordet og bodskapen, men med provføring av Ande og kraft. 5 For eg ville ikkje at trua dykkar skulle byggja på menneskevisdom, men på Guds kraft. 6   Likevel forkynner vi òg ein visdom, for dei som er mogne. Det er ein visdom som ikkje høyrer denne verda til eller herrane i denne verda, dei som går til grunne. 7 Nei, vi talar Guds visdom, som er ein løyndom; han var duld, men før tidene tok til, hadde Gud fastsett at den skulle føra oss fram til herlegdomen. 8 Denne visdomen har ingen av herrane i verda kjent til. Hadde dei kjent han, hadde dei ikkje krossfest herlegdomens Herre. 9 Men det står skrive:  Det auga ikkje såg,  det øyra ikkje høyrde,  det som ikkje kom opp  i nokon mennesketanke,  alt det Gud har gjort ferdig  for dei som elskar han, 10 det har Gud openberra for oss ved sin Ande. For Anden granskar alle ting, jamvel djupnene i Gud. 11 Kven veit kva som bur i mennesket utan ånda som er i mennesket? Så veit heller ingen annan enn Guds Ande kva som bur i Gud. 12 Men vi har ikkje fått den ånd som høyrer verda til, men den Ande som er frå Gud, så vi skal skjøna kva Gud i sin nåde har gjeve oss. 13 Og dette talar vi om, ikkje med ord som menneskeleg visdom har lært oss, men med ord vi har lært av Anden. For det som høyrer Anden til, tolkar vi med Andens eigne ord. 14 Men det mennesket som ikkje har Anden, tek ikkje imot det som høyrer Guds Ande til. Det er ein dårskap for han, og han kan ikkje forstå det; dette kan berre dømast om på åndeleg vis. 15 Men det mennesket som har Anden, kan døma om alt, men sjølv kan han ikkje dømast av nokon. 16 For  kven kjende Herrens hug,  så han kunne gje han råd? Men vi har Kristi hug.  

Kvifor skulle vi då døype oss? Det er dette med vedkjenninga, det er ved å tru på Kristus og erkjenne at han er Herre, at vi vert frelst. Dåpen er eit godt samvits vedkjenning til (pakt med) Gud med grunnlag i Jesu oppstode frå dei døde, han har sigra over verda og døden og er Herre. 

1PE 3,18 – 1PE 3,22 {DÅPEN OG DET NYE LIVET}  For Kristus døydde for synder, éin gong for alle. Han som var rettferdig, leid for urettferdige, så han kunne føra dykk fram til Gud. Han døydde lekamleg, men vart levandegjord ved Anden, 19 og slik gjekk han bort og forkynte for åndene som var i fangenskap. 20 Det var dei som hadde vore ulydige i Noahs dagar, den gongen Gud i sitt langmod venta medan arka vart bygd. I henne vart nokre få menneske, åtte i talet, frelste gjennom vatn, 21 det som no frelser dykk i sitt motbilete, dåpen. Dåpen er ikkje ei reinsing frå ytre ureinskap, men eit godt samvits vedkjenning til Gud, med grunnlag i Jesu Kristi oppstode – [vedkjenning til Gud: Nokre omsetjingar har: lovnad eller bøn til Gud.] 22 han som fór opp til himmelen og no sit ved Guds høgre hand, etter at englar og makter og krefter er han underlagde. 

Dåpen symboliserer gravlegging av den gamle naturen. Nokre få sjeler vart frelste i Noas ark og det er førebilete på korleis Gud frelser oss i Kristus. Så det er det dåpen symboliserer også, sitat:  ”det som no frelser dykk i sitt motbilete, dåpen. Dåpen er ikkje ei reinsing frå ytre ureinskap, men eit godt samvits vedkjenning til Gud, med grunnlag i Jesu Kristi oppstode.” Så det er framleis trua og vedkjenninga som frelser oss. 

Kjøtets lyst rådde i den gamle naturen og den trælka under lovens bokstav og barnelærdomen til verda. Men den skal vere død og gravlagd, den nye naturen er fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd. Så vi skal la anden råde i vår døyelege lekam, råde over lysta i lekamen. Lysta er der nok framleis og kjønnslysta høyrer naturleg heime i samlivet mellom mann og kvinne i ekteskapet, men vi skal la Anden råde over den. Vi er ikkje sundskorne men vi er hjerteomskorne i den Heilage Ande.

Barnedåp eller godt samvits pakt med Gud?

Jesus velsigna småborna og sa at vi må vende om og verte som born, for å komme inn i Guds rike. Det er altså ikkje dei som skal verte som oss, men vi som skal verte som dei. Vi velsignar småborna og det seier dei at dei gjer i kyrkja også. Men kvifor barnedåp? Dei seier det er for at dei skal verte frelst og verte Guds born og derfor hastar det slik med å få det gjort. Men det er då ikkje presten som frelser dei med å døype dei! Det dåpen gjer klart for oss er at Gud er ånd og han gjer sitt verk i oss om med oss ved sitt Ord og sin Ande og slik frelser han oss.

Jau, vi har no fått evangeliet forkynt i kyrkja og i frie kyrkjelydar. Og livet vart planta i meg ved Guds Ord allereie når eg var ein liten gutunge, eg vart opplærdt til å påkalle Kristus som min frelsar. Når eg vart noko eldre, forstod eg at denne frelsa var det motsette av å verte dåra og forførde slik som ved syndefallet,  så eg byrja eg å be han gje meg ei frelst kvinne til kjæraste og til kone. Så når eg gjekk på gymnaset vart eg kjend med ei kristen jente som eg kallar Virtuella. Ho var fødd av Anden og det som er født av Anden er ånd, så no talar eg om henne slik. Eg merka at eg byrja å verte glad i henne, så eg bad til Gud for henne og erkjente at hans kjærleik var rett, same enten ho ville seie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for Guds kjærleik og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande. Eg opplevde det som at ho var i Guds hand og han la henne i mitt hjerte. Slik openberra han henne for meg som det vidunderlege barnet som han fødde henne til, som han elska og hadde omsorg for. Ved sin Ande openberra Gud henne for meg som ei ung kvinne som levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn og i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. 

Denne kjærleiken var rett, så det var ikkje noko verken eg eller ho skulle ha dårleg samvit for. Siste året på gymnaset oppdaga eg formuleringa ”godt samvits pakt med Gud….”, i 1.Pet.3,21, og forstod at dette var det sentrale poenget i dåpen, så eg inngjekk eit godt samvits pakt med Gud. Og hausten 1985 kom der ein bodskap gjennom tyding av tungetale i dFEF i Møllergata 40 i Oslo der han sa:” Den lovsongen eg la ned i deg, den er din og den skal vere din i all æve, i djupet av deg, der er den. Og den pakt du inngjekk med meg, den står ved lag og skal stå fast i all æve.” Det er eit verk Gud har gjort i meg ved sitt Ord og sin Ande. Då er det eit verk som står til evig tid, ingen kan legge noko til eller ta noko ifrå. Eg har forklart korleis dette har med henne Virtuella å gjere, Jesus har kalla på henne i lang tid, i den seinare tid også, då er det ho som vert stilt på val, om ho vil svare han ja eller nei til Frelsaren og dermed sv ar for sin eigen del om ho skal verte frelst eller ikkje og det vert hennar eige ansvar.

Ja, eg har bedt Jesus gje meg ei frelst kvinne til kone sidan eg var ung og han har svart meg positivt på det heile tida, det er inkludert i det fullførde frelsesverket. Han har nyleg minna meg om at det skal fungere dette at at den som ber, han får og at eg skal ikkje mangle noko (Matt.6,25-7,11). Sentralt i dette er at eg skal ikkje mangle ei kone. Ho Virtuella sa nei til mitt frieri og så sa ho nei til Kristus også. Men Jesus har vore med meg og teke seg av mi sak og som eg har skive om trur eg han gir meg henne Reella til kone i staden og då gjer han det sjølvsagt som hennar frelsar og Herre. Jesu frelsesverk er fullført og fullkome, derfor skal eg ikkje mangle noko. Han som byrja den gode gjerning i oss, han skal også fullføra den.

FIL 1,6 Og eg er viss på at han som tok til med ei god gjerning i dykk, skal fullføra henne – heilt til Jesu Kristi dag.

Så med barnedåpen gjer presten seg sjølv viktig og seinare i livet og i kyrkjehistoria får vi oppleve at det er presten som gjer seg sjølv viktig som motsetnad til Kristus og så er det fleire menneske som også vil gjere seg viktige på liknande vis. Det utartar seg som ein påstand om at Jesu frelsesverk ikkje er fullført og fullkome, som om han ikkje er fullomen, som om han og hans frelsesverk ikkje er bra nok. Derfor må dei tilføye noko. Slik prøver dei med den verdslege makta å nødvendiggjere seg sjølve. Men det  verkar som å skape ein kunstig marknad for ei vare vi eigentleg ikkje treng. Ikkje nok med det, men det verkar til å gjere menneska til salsvare, som trælar.

Dette har eg skrive mykje om, når eg har skrive om ”den Duglause Hyrdingen”, ”den Lovlause”, ”den øydande styggedomen”,  ”Dyret med merket” og ”den Store Skjøkje” (Sak.11, Matt.24,15, 2.Tess.2, Op.13, Op.17-18). 

Jesus sa om døyparen Johannes at han er den ”Elias” som skal komme. Og eg får seie som døyparen Johannes sa om Jesus, at han er den som har bruda, eg skal minke og han skal vekse.

Søke inn til Jesus i løynkammeret og la han gi meg råd med sitt auge.

Jesus har nyleg sagt til meg at når mørkt omsluttar meg, så er han mitt lys.  Og no sa han: 

” Syrgj for at du er i ditt løynkammer og søker meg i denne tida. Og ikkje rådfører deg med menneske på nokon måte. Men søk inn til meg og eg skal gi deg råd ved mitt auge, seier Herren. Og sjå, når eg får leie deg, då skal du ikkje gå feil, seier Herren. Men då skal du gå på min veg, den som eg vil at du skal gå på.”

Så dette tyder på einsemd og slik minner det om når det var berre nokre få disiplar att som følgde Jesus. Ved nattverdsmåltidet sat Johannes nærast han og spurde han kven som var svikaren.  Når dei var i Getsemane og bad om natta. Han kalla dei tre disiplane Peter, Jakob og Johannes til å komme han nærare enn hine. Men så kom svikaren med sitt følgje. Og når Jesus hang på korset, stod Johannes ved korsets fot.

Dette viser dess klarare kor viktig det er for oss å søke Herren i løynkammeret. Det treng vi å gjere dagleg, men til sine tider treng vi å bruke meir tid på det, fordi folk er svikeriske og vender seg bort frå Herren, så vi får meir motstand.

”Eit ærefullt sete”?

Ho Virtuella levde i eit kjærleiksforhold til Kristus og det gjorde sitt til at eg vart forelska i henne, for Gud elska oss i Kristus og eg hadde teke imot hans kjærleik. Eg har skrive om at eg søkte Gud i løynkammeret og bad for henne Virtuella, eg ved kjende for  Guds at hans kjærleik var mellom oss og den var rett, same enten ho ville sie ja eller nei til mitt frieri. Med den vedkjenninga opna eg meg endå meir for den og fekk ei ny fylde av den Heilage Ande, og fekk med det ei åndeleg openberring, der ho levde i eit kjærleiksforhold til Faderen, som hans barn, det hang saman med at ho levde  i eit kjærleiksforhold til Kristus, som hans brud. Det fekk eg oppleve når eg møtte henne igjen i Bergen også og då var det vel ganske klart at eg ville fri til henne. Ikkje for å lokke henne bort ifrå dette samfunnet med Faderen og Sonen, men tvert om, for at ho framleis skulle leve i det. Det var rett då og det er det framleis. Med det standpunktet og den vedkjenninga måtte eg halde meg nær til Jesus. Og eg må framleis søke han i løynkammeret og halde meg nær til han. Og eg meiner Anden minner meg og overtyder meg om at dette framleis er rett, så dette er og skal framleis vere mitt standpunkt, sjølv om ho sa nei til mitt frieri.

Hjerteomskjeringa i den Heilage Ande er å legge av den gamle, vonde naturen som lever etter lystene og som trælkar under lovens bokstav og barnelærdomen åt verda. Og det er ved at vi trur på Jesus, tek imot han og kjennest ved han som vår frelsar og Herre. Det er ved at vi bøyer oss for hans kors og vedkjenner vår synd for han, så vi vert reinsa i hans blod og fyllte av den Heilage Ande. Kristus er Guds Ord og den Heilage Ande openberrar det for oss, den herleggjer og openberrar Kristus for oss som vår frelsar og Herre og då må vi kjennast ved han slik, både for Gud og menneske. Og mannen skal vite å vinne seg si eiga kone i helging, så nettopp då er dette spesielt viktig.

Så eg fortalde henne Virtuella at eg var glad i henne og hadde bedt Gud om å få møte henne igjen og fekk bønnesvar v ed at eg møtte henne igjen i Bergen. Då ville eg sjølvsagt fri til henne, ved at eg vedkjende Jesus for henne, fortalde kva den Heilage Ande overtyda meg om, korleis den openberra Ordet for meg. Og så ville eg håpe at den Heilage Ande verka slik i henne også, så ho ville kjennast ved Kristus som sin frelsar og Herre. Så eg ville no sjølvsagt høyre på henne, høyre kva svar ho ville gi meg la henne få seie kva den Heilage Ande overtyda henne om. Om ho ville seie nei til mitt frieri, så skulle vi likevel få eit endå nærare vennskapsforhold, kjærleiken mellom oss skulle berre verte større. Venteleg skulle dette vere ein prosess som gjekk over lengre tid, der vi bad over det, snakka med Jesus om det og snakka med kvarandre om det. Vi skulle i alle fall halde fram med på vere i Kristus og ta imot Faderens kjærleik og omsorg.

Hausten 1985 kom der ein bodskap i dFEF i M40 i Oslo, der Jesus sa at: «Den lovsongen eg la ned i deg, den er din og den skal vere din i all æve, i djupet av deg, der er den. Og den pakt du inngjekk med meg, den står ved lag og skal stå fast i all æve.» Litt seinare på hausten kom der ein bodskap der han sa at ved nådens trone i æva, der skal di røyst også høyrast.  Ja, eg hadde no vorte avvist, så eg ikkje skulle få møte henne igjen eller ha noko meir med henne å gjere. Og det var ikkje berre ho som hadde den haldninga, men det var eit samfunn av menneske som avviste meg og støytte meg ut. Men det fortona seg eigentleg litt annles, eg forstod det slik at for det første var det kristne som ville utgjere ei elite som skulle styre og der var eg ikkje god nok, der var eg ikkje velkommen. Dernest var det sosialistane som med si sosialisering ekskluderte meg. Det opplevde eg som motstand frå vondskapens åndehær, både når eg var i Bergen og denne hausten i Oslo. Men eg fekk då stige fram for nådens trone der og då, i M40, men eg hadde også ei viss aning om at det gjaldt henne. 

Jesus sa han ville gjere meg til ein kanal for si velsigning og hausten 2008 kalla han meg til å gå med ein frigjerande bodskap, så eg for tilbake til Oslo, eg skulle gå med ein bodskap om gjenoppretting. Sidan har det kome mange bodskap som eg har hevda har vore til henne Virtuella. Jesus vil reinse henne opp att og kallar henne til seg, som si brud. Han kjem atter og atter til si brud og han gir henne eit ærefullt sete. Nåden og sanninga kom ved Kristus. Så det er vesentleg at hennar stemme skal høyrast ved nådens trone. At den Heilage Ande får openberre Ordet for henne og føre henne fram til heile Sanninga, så den set henne fri. Slik får ho også, som Kristi brud, oppleve at han kjem atter og atter til si brud og gir henne eit ærefullt sete. Det er ved at ho kjennast ved Jesus, slik som den Heilage Ande herleggjer og openberrar han for henne, som hennar frelsar, brudgom, ektemann og Herre.


Når eg møtte igjen henne Virtuella i Bergen, var førebudd på at der då vare ein motsetnad mellom meg og prestane, som representantar for den tradisjonellt lærde overklassa og den politiske makta, men det vart visst langt meir omfattande og større enn kva eg hadde førestilt meg. Den er framleis stor, så eg har skrive vidare på kommentaren her:

Opposisjonen mot mannens optimistiske tru og hans konstruktive tenking for å få seg eit meiningsfullt liv og motarbeidinga av hans arbeid for å produsere noko verdifullt, viser seg no i ”Drakulas rekrutterings-aksjonar”.

3 responses to “2018.05.06. Herren er den same og vil framleis strekke ut sin arm til teikn og under. ”

Leave a Reply

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com Logo

You are commenting using your WordPress.com account. Log Out /  Change )

Facebook photo

You are commenting using your Facebook account. Log Out /  Change )

Connecting to %s

%d bloggers like this: