Filadelfia Ulsteinvik, fredag 24.8.2018.
Ei møtehelg der ein svenske som heiter Morgan Carlsson taler. Under trebåt-festivalen.
Tale, vitnemål og forbønn ved Morgan.
Morgan talte over 1.Kor.2 og så vitna han om at han hadde opplevt dåpen med den Heilage så sterkt at han ramla bakover. Sidan sa Anden til han at han skulle puste menneske for å gi dei ei fylde av den Heilage Ande og då segna dei. I slutten av møtet oppfordra han nokre i forsamlinga som han ville be for, først ei dame og så eit ektepar. I begge tilfella kom han med profetisk bodskap til dei og så avslutta han med ein kraftig lyd og då segna dei om. Han pusta på dei og då laga han ein sterk lyd, poenget var at han pusta Guds Ande på dei og det opplevde dei så sterkt.
Profetisk bodskap ved ei kvinne.
I slutten av møtet vart det spurt om nokon hadde eit vitnemål og då kom der fram ei kvinne med ein profetisk bodskap, der kom ikkje tungetale først, så eg eg var ikkje klar til å spele det inn, men eg fekk med meg slutten av det:
… som du aldri har gjort før. Men våg å ta meg på ordet, våg å gå når eg seier at du skal gå, våg å tale ut det eg legg i din munn. Våg å gjere mine gjerningar. For det er eg som er krafta, det er eg som gjer det, det er ikkje du. Det er ikkje ditt ansvar når du gjer det som eg seier, det er eg som har ansvaret. Så berre gå og ten meg og fryd deg over å verte brukt. For eg vil legge ei ny glede ned i deg, som du aldri har kjent før. Ei glede og ein fryd over å vere lydig. Ei glede som skal spreiast rundt deg, så mennesker lurer på kvar du har fått den ifrå. Og då kan du vitne om at det er eg som gjer det. Det er eg som fyller deg. Det er eg som gir deg det du treng. Amen.
Filadelfia Ulsteinvik. 9.9.2018.
Tale ved Kari Marie Øvrebø.
Kari talte om å vere skjult i Kristus. Ho symboliserte det med at ein koffert skjuler det som er i den.
Ho sa at den vonde dreg på menneska og samanlikna det med ei magnetkraft som trekker dei mot jorda, trekker dei ned altså. Det hang saman med at dei kjende seg fordømde av korleis dei har levt tidlegare og av korleis dei var i seg sjølve. Så dei kunne føle seg fordømde i møte med andre kristne. Ho kunne oppleve det slik sjølv og ho hadde snakka med menneske som opplevde det slik og det høyrdest ut som det var nokon som opplevde det tungt.
Men ho hadde med seg ein svær koffert for å vise kva ho sa, den kunne innehalde mykje, men det var skjult på utsida. Slik er det å vere i Kristus.
Ho siterte eller refererte til eit bibelvers om at Jesus har sona vår synd og at vi derfor skal vere i han, eg fekk ikkje med meg kvar det stod skrive. Men det var litt tynt med bibellesinga, er det fundamentale problemet åndeleg underernæring? Det var tale om anfekting, løysinga er å vere i Kristus. Ja, kle seg i Guds full rustning og Andens sverd er Guds Ord.
Tungetale ved ei kvinne og tyding ved ei kvinne.
”Ikkje tru lengre på løgnene, ikkje ta lengre imot løgnene. Hold deg til Ordet mitt, kva Ordet mitt og lovnadane mine seier om deg. Hold deg til kva eg har sagt til deg personleg. Hald deg nær til meg. Hold deg nær til Ordet, hold deg nær til lovnadane. Lytt til kva eg seier, lytt til mitt Ord. Du kjenner igjen, du veit kva eg seier. Ikkje bry deg om det andre. Jag vekk det andre. Fyll sinnet ditt med det som er ifrå meg. Og du skal få kjenne ei ny glede spire fram, du skal få kjenne min fred komme og fylle deg. Du skal få kjenne gleda over å høyre meg til, over å vere mitt elskede barn, for å vere den blomsten eg har skapt deg til å vere. Over å bli brukt av meg. Det er eg som brukar deg, det er eg som utrustar deg, det er eg som gir deg det du skal. Og eg gjer det på ein ny måte, og eg gjer det på ein ny – raskere -, ting skal skje raskare frå no av. For eg har makt, eg har all makt og eg skal gjere det, gjennom deg og for deg og ved deg. For du er min elskede.
Legg bak deg det som har vore, for det er skjult, det er borte. Det er gøymt, det er droppa i gløyminga sitt hav. Legg det bak deg, ver ferdig med det, gjer opp hvis det er ting du ikkje har gjort opp, men så er det borte, så er det skjult og du treng ikkje å grave det fram eller ta det opp igjen og løfte det opp igjen på nytt, for det høyrer meg til og ingen har lov å røre ved det. Så gå no vidare med ei ny glede, eit nytt håp, gå vidare i mi kraft og i min styrke og med mi glede, og med min fred og min bodskap. For eg vil bruke deg. Eg kan bruke deg, eg bruker den eg vil. Og når eg ikkje brukar esler, så bruker eg deg, for eg kan bruke absolutt kven eg vil. Og du berre lytt til meg, ver nær meg, søk meg. Så legg eg det ferdig framfor deg. Kvil i min kjærleik, kvil i min nåde, kvil i min fred. Amen.”
Aktuelle bibelvers.
RMR 3,24 Men utan at dei har fortent det, vert dei sagde rettferdige av hans nåde på grunn av utløysinga i Kristus Jesus.
RMR 6,11 På same måten skal de rekna dykk som døde for synda, men levande for Gud i Kristus Jesus.
RMR 6,23 For den løn synda gjev, er døden, men Guds nådegåve er evig liv i Kristus Jesus, vår Herre.
RMR 8,1 – RMR 8,2 {LIVET I ANDEN} Så er det då inga fordøming for dei som er i Kristus Jesus. 2 For Andens lov, som gjev liv, har i Kristus Jesus gjort meg fri frå lova åt synda og døden.
RMR 8,39 korkje det som er i det høge eller i det djupe, eller nokon annan skapning skal kunna skilja oss frå Guds kjærleik i Kristus Jesus, vår Herre.
1KO 1,2 helsar Guds kyrkjelyd i Korint, de som er helga i Kristus Jesus, de heilage som er kalla; vi helsar òg alle som kvar på sin stad kallar på vår Herre Jesu Kristi namn – han som er deira og vår Herre.
1KO 1,4 {TAKK TIL GUD} Eg takkar alltid Gud for dykk, for den nåde han har gjeve dykk i Kristus Jesus.
2KO 2,14 Men Gud vere takk, som alltid fører oss fram på sigersferd i Kristus og ved oss spreier kunnskapen om seg som ein ange på kvar stad. [sigersferd, ange: Etter ein siger kunne ein romersk hærførar dra inn i Roma i eit storslege triumftog, med krigsfangar som ofte bar røykjelseskar, så angen av røykjelse spreidde seg rundt dei som drog inn.]
2KO 5,17 Difor, om nokon er i Kristus, er han ein ny skapning. Det gamle er borte, sjå, det er kome noko nytt.
2KO 5,19 Det var Gud som i Kristus forsona verda med seg sjølv, så han ikkje tilreknar dei misgjerningane deira, og han har overgjeve oss ordet om forsoninga.
EFE 1,3 – EFE 1,4 {GUD VERE LOVA FOR NÅDEN I KRISTUS!} Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i Kristus har velsigna oss med all Andens velsigning i himmelen. 4 I Kristus har han valt oss ut før verda vart skapt, så vi skulle vera heilage og lytelause for hans åsyn.
EFE 1,10 om å fullføra sin frelsesplan når tida var inne: å sameina alt i Kristus, både det i himmelen og det på jorda.
EFE 2,6 – EFE 2,7 I Kristus Jesus har han reist oss opp frå døden saman med han og sett oss i himmelen med han, 7 så han i dei komande tider kunne visa sin overstrøymande rikdom på nåde og sin godleik mot oss i Kristus Jesus.
EFE 2,10 For vi er hans verk, skapte i Kristus Jesus til gode gjerningar som Gud føreåt har lagt ferdige, så vi skulle ferdast i dei.
Kommentar.
Gå med den glade bodskapen.
Bodskapem 24.8. kom utan tungetale, så eg vart litt sein til å byrje å spele inn. Eg har meldt meg til å ta oppatt to eksamenar til jul, for å forbetre karakteren og i eine faget er der midt-termin-eksamen også. Så då tenkte eg å bruke nokre dagar i Oslo og med denne bodskapen stadfesta Herren sin plan med det, sitt kall til meg og oppmuntra meg til å våge å ta han på ordet, våge å gå når han seier det, tale dei orda han legg i min munn og gjere hans gjerningar.
Først tenkte eg at her var det berre å komme seg avgarde så fort som råd. Eg tenkte på når Jesus kalla disiplane sine, då slepte dei alt dei hadde føre seg og følgde han med ein gong. Men då gjekk Jesus sjølv her på jorda. Men no er han i himmelen og talar til oss derifrå ved sin Ande og det er det vi har å forholde oss til. Vi får sjå at han er med oss alle dagar, men det blir på ein annan måte. Eg påkallar Jesus som min frelsar og Herre og får oppleve at håpet om Guds herlegdom gjer meg ikkje til skamme, for Guds kjærleik er utrendt i mitt hjerte ved den Heilage Ande som er meg gitt. Han elskar meg og talar til meg i kjærleik og kallar meg og driv meg ved sin Ande og slik får han meg til å gå og tale og gjere hans gjerningar.
Eg har teke del i debatt på Facebook og det Jesus sa om å våge å tale det som han legg i min munn, minna meg om at eg hadde eit svar på tunga og etterfølgande kommentarar som eg enno ikkje hadde skrive, så då tok eg berre å skreiv det. I det tilfellet trengde eg altså ikkje gå så langt for å få sagt det.
Kvile og ro ved trua på Jesus, snakke med han.
Gud ville føre jødane inn til si kvile, då måtte dei tru på han og høyre på han.
JES 28,7 – JES 28,19 {DOMSORD MOT PREST OG PROFET} Men det er andre òg som sjanglar, som ragar av vin og sterk drikk: Prestar og profetar er drukne, heilt fortumla av vin. Dei ragar av den sterke drikken, dei sjanglar når dei har syner, og er ustøe når dei dømer. 8 Ja, alle bord er fulle av spy, ikkje ein flekk er rein. 9 “Kven vil profeten gje kunnskap? Kven vil han få til å skjøna sin bodskap? Born som nett er avvande, som nyss er tekne frå brystet? 10 Bod på bod, krav på krav, litt her og litt der!” [Bod på bod, krav på krav: Dei hebr. orda har inga klår meining. Truleg er det dei drukne mennene som på spottande vis hermer etter det profeten har sagt.] 11 Ja, gjennom folk med stammande lipper og med framandt tungemål skal han tala til dette folket, [framandt tungemål: det assyriske målet som fienden tala.] 12 han som sa til dei: “Her er staden der dei kan slå seg ned. Lat den trøytte få ro, her kan han kvila.” Men dei ville ikkje høyra. 13 Så skal då Herrens ord for dei verta “bod på bod, krav på krav, litt her og litt der!” Når dei går, skal dei snåva, detta bakover og skamslå seg, gå i snara og verta fanga. 14 {HJØRNESTEINEN PÅ SION} Så høyr då Herrens ord, de spottarar som rår over folket i Jerusalem! 15 De seier: “Vi har gjort ei pakt med døden, ein avtale med dødsriket. Når flaumen kjem veltande, skal han ikkje nå oss. For vi har gjort lygn til livd og løynt oss bak svik.” [gjort ei pakt med døden: Åtaket frå assyrarane har gjort at dei slo lag med Egypt, der dødsguden Osiris spela ei stor rolle, ved paktskipingar òg.] [flaumen: assyrarhæren. Sml. 8, 7 f.] 16 Difor, så seier Herren vår Gud: Sjå, eg legg ein grunnstein på Sion, ein velprøvd stein, ein dyrverdig, grunnfast hjørnestein. Den som trur, tek det med ro. 17 {UNDERLEG ER HERRENS GJERNING} Eg vil gjera rett til mælesnor, rettferd til loddsnor. Hagl skal sopa bort lygnlivda, vatn skal skylja vekk deira gøymsle. 18 Den pakt de har med døden, skal setjast ut av kraft, avtalen med dødsriket skal ikkje stå ved lag. Når flaumen kjem veltande, skal han slå dykk ned. 19 Så tidt han kjem farande, skal han riva dykk med seg. For morgon etter morgon skal han koma, ja, både dag og natt. De skal skjelva av redsle når de skjønar bodskapen.
JES 30,15 – JES 30,18 {I STILLA OG TILLIT} Så sa Herren Gud, Israels Heilage: “Vender de om og held dykk i ro, skal de verta frelste. I stilla og tillit skal dykkar styrke vera.” Men de ville ikkje. 16 De sa: “Nei, med hestar vil vi fara,” – ja, de skal så visst få fara! “og med snøgge vogner vil vi køyra.” Ja, snøgge er dei som forfylgjer dykk! 17 Tusen skal fly når ein einaste trugar, for trugsmål frå fem skal de røma, til berre ein leivning er att, som eit samlingsmerke på ein fjelltopp, som ei merkestong på ein haug. 18 Men Herren stundar etter å vera dykk nådig; difor reiser han seg og vil visa dykk miskunn. For Herren er rettens Gud. Sæle er alle som ventar på han!
Dei vart bortførde til Babylonia, men når tida var inne, fria Herren dei ut frå fangenskapet og let dei få komme heim att til landet sitt. Då gjekk han føre dei og dei trengde ikkje forhaste seg. Dei måtte berre passe på å ikkje røre noko ureint.
JES 52,11 – JES 52,12 {FAR BORT FRÅ BABYLON!} Far bort, far bort frå Babylon! Ikkje rør noko ureint! Dra ut or byen og reinsa dykk, de som ber Herrens kar! [Herrens kar: kanskje dei heilage tempelkara som Nebukadnesar hadde ført bort til Babylon. Sml. Esra 1, 7.] 12 For de treng ikkje skunda dykk, de må ikkje røma frå byen. For Herren sjølv går føre dykk, og sist i flokken er Israels Gud.
Avkoloniserings-debatten.
I det siste har mange venstre-radikale humanistar markert seg i nyhendebiletet med ein offensiv for ”avkolonisering av Akademia”, sidan universitetsmiljøet er så prega av Vesten. Men dei får motstand frå realistar. Eg har teke litt del i debatten og etter denne bodskapen skreiv eg at dette var den gamle, vonde naturen som strir mot den nye naturen, så dette har ikkje framtida for seg. Med mi tur på Kristus legg eg den gamle vonde naturen bak meg og slik avviser eg desse innvendingane. Slik litteratur som dette interesserer meg ikkje, bryr eg meg ikkje om, vil eg ikkje kaste vekk tid på. Der er mykje anna tekst som er givande og verdifull å lese og tolke.
Guds elska barn og Jesu elska brud.
Jesus sa til meg at eg er hans elska barn og at eg er hans elskede, sitat:
” Du skal få kjenne gleda over å høyre meg til, over å vere mitt elskede barn, for å vere den blomsten eg har skapt deg til å vere. Over å bli brukt av meg. Det er eg som brukar deg, det er eg som utrustar deg, det er eg som gir deg det du skal. Og eg gjer det på ein ny måte, og eg gjer det på ein ny – raskere -, ting skal skje raskare frå no av. For eg har makt, eg har all makt og eg skal gjere det, gjennom deg og for deg og ved deg. For du er min elskede.”
Vi får oppleve Guds kjærleik sterkt ved at han elskar oss som sine born og at Jesus elskar oss som si brud og det siste uttrykket minner mest om korleis ein ung mann talar til si brud, så eg forstår det slik at Kristus er hovudet for meg og eg er hovudet for henne som han gir meg til koneog slik er han hovudet for kyrkja som er hans brud. Han er min Herre og frelsar og elskar henne gjennom meg slik er han hennar Herre og frelsar også.
Og no er det mitt forhold til henne Reella eg tenker på, som det nye. Eller er dette også noko eg skal legge bak meg? Eg skal i alle fall vite å halde meg nær til Jesus, til hans ord og lovnadar, når han gir meg ei kone, så vil han føre henne til meg (1.Mos.2). Eg forstår det slik at det er henne han har tala til meg om personleg og eg meiner eg opplever det slik at han elskar henne gjennom meg.
One response to “2018.09.09. Filadelfia Ulsteinvik. 2KO 5,17: “Difor, om nokon er i Kristus, er han ein ny skapning. Det gamle er borte, sjå, det er kome noko nytt.””
[…] 2018.09.09. Filadelfia Ulsteinvik. 2KO 5,17: “Difor, om nokon er i Kristus, er han ein ny skap… […]